Ny Tid 120. Endetidssyn 96. Vekse opp som Guds born og verte vaksne, som «gudar»? Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 8. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han skal verte frelst.  Igjen stod Gud fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom. 6. Forsoning og fred. Sanninga som set fri eller lureri? 1.

I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 

Bilete: David var salva til konge til erstatning for Saul. Han vart sett til å spele harpe til terapi for Saul, men måtte ta rømninga for å berge livet. Han profeterte om at Kristus var Guds Messias (salvevigde), han vart altså drepen, men Gud vekte han opp fra dei døde og innsette han som sin Messias ved si høgre hand i himmelen.

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.

Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.  

Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.

Salme.82,1 Ein Asaf-salme.

Gud står fram i gudelyden,

mellom gudar held han dom:  

2 Kor lenge vil de fella urett dom

og halda med dei ugudelege? Sela

3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,

frikjenn dei arme og trengande, 

4 berga småkårsfolk og fattige,

og fri dei ut or nidingars hand!

5 Dei har korkje vit eller skjøn,

dei ferdast ikring i mørker,

heile grunnvollen under jorda ragar.

6 Eg har sagt: «De er gudar,

søner åt Den Høgste er de alle. 

7 Men som menneske skal de døy,

som ein av fyrstane skal de falla.»

8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar.

Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn! 

2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn! 

3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!

4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!

Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.

Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.

Kom med grunnane! seier Jakobs konge.

22 Lat dei koma og kunngjera oss

det som sidan skal henda.

Fortel oss kva som før har hendt,

så vi kan merka oss det!

Eller lat oss få høyra kva som skal koma,

så vi kan vita kva utgangen vert!  

23 Kunngjer det som eingong skal henda,

så vi kan skjøna at de er gudar!

Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,

så vi alle kan sjå det og undrast! 

24 Sjå, de er reine inkjevetta,

og det de gjer, er ingenting verdt.

Ein styggedom er det å velja seg dykk. 

25 Eg har vekt ein mann frå nord,

og han kjem, frå eit land i aust;

han skal kalla på mitt namn.

Styresmenn trakkar han ned som søle,

liksom pottemakaren stampar leire.  

26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,

så vi kunne vita det?

Kven forkynte det i gamal tid,

så vi kunne seia: «Det er rett»?

Ingen har kunngjort det,

ingen har sagt frå,

ingen har høyrt eit ord frå dykk. 

27 Eg er den fyrste som seier til Sion:

«Sjå, der er dei!»

og sender gledebod til Jerusalem.

28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,

ikkje ein som kan gje råd,

så eg kunne spørja og få svar.

29 Nei, alle er dei inkjevetta,

og det dei gjer, er ingenting verdt.

Gagnlause er deira støypte bilete.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i  «gude-forsamlinga» og held dom.

Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.

Joel.3,1 Når Anden vert utrend

1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet. 

Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså. 

Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.

Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelsarkonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelsekraft som reiste han opp frå dei døde. 

Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.

Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.  16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.  17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Avgudane laga av stokk og stein er «Lygna» og Djevelen er Lygnaren. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

Lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Kristus. 

Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.  10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.  15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.  17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.  32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?»  34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda.  35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.  36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.  

Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Då kjøpte han oss også fri frå trældomen under lova.

Gal.3,1 De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest?  2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru?  3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk? 4 Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes. 5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur? 6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig.  7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born.  8 Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.  9 Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham.  10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva.  12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei.  13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.

Jesus er Guds Son, Guds Messias, han er den som døyper med den Heilage Ande. Han er den som har bruda. Jesu Kyrkje er hans brud.

Døyparen Johannes sa at Jesus er Messias, han er den som døyper med den Heilage Ande, han er den som har bruda.

Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han. 29 Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.

Å forkynne evangeliet om Kristus er som å invitere til bryllaupet til Guds Son.

Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin.  3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel.  7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd.  12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner!  14 For mange er kalla, men få er utvalde.»

Jesus er Guds Lam, som bar verda si synd og sona den med sin død på korset, han betalte prisen for si brud med sitt eige blod, så ho skal tilhøyre han. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal få vere med på å feire det. Så det vert kalla Lammets bryllaup.

Joh.19,6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:

Halleluja!

Herren vår Gud, Den Allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!

Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!

Brura har butt seg; 

8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin. 

– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»

I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen, mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 

Så det er viktig for ein mann å finne seg og vinne seg ei kone i helging.

1.Tess.4,1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette!  2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,  5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.  6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.  8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

Så når ein ung mann vil ha seg ei kone, gjer han rett i å be Jesus gi han ei frelst kvinne til kjæraste og kone, ja, byrje å be han om det lenge før han er gammal nok til det, slik at det er noko han tek sikte og som motiverer han. Om han ikkje lever klenge nok til å få oppleve det eller om så det ikkje vert noko av, er det like vel verdifullt for han, for han ser fram til å få feire Lammets bryllaup i himmelen og Lammets brud er den Nye Jerusalem, som kjem ned på den nye jorda.

Sameleis gjer ei ung jente rett i å be Jesus gi henne ein frelst gut til kjæraste og ektemann. Men det blir vel meir naturleg for henne å identifiserer seg som Jesu brud. Der er to roller og dei heilage kan vel sjå seg sjølve i begge rollene, på den måten at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så han elskar kvinna som si brud gjennom mannen.

Urett og lureri som vart til tradisjon.

Ingen må gjere bror sin urett eller lure han på nokon måte, kvifor vart det sagt akkurat her: (1.Tess.4,6)? Sikkert fordi at når ein ung mann skal vite å vinne seg si kone i helging, så er der ein viss fare for at nokon vil gjere urett mot han og prøve å lure han. Det har historia vist, det vart tradisjon og det ligg det framleis an til. Det resulterte i at dei vart selde som trælar.

Joel.3,6 For sjå, i dei dagar og på den tid,

når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 

7 då vil eg samla alle folkeslag

og føra dei ned i Josjafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei

om Israel, mitt folk og min eigedom,

som dei spreidde mellom folka.

Dei delte landet mitt  

8 og kasta lodd om folket mitt;

dei gav ein gut for ei skjøkje

og selde ei jente for vin – og drakk.

9 Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve, 10 for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel. 11 De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land.  12 No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort. 13 Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala.

Persarkongen Artaxerxes 3. selde sidonarane som slavar i 345 f.Kr. I 332 gjorde Aleksander den Store det same med folket i Tyros og Gasa.  Men når vart Israels-folket selde som slavar då? Vi kan sjå tilbake til at Nebukadnesar la Jerusalem i grus i 587 f.Kr. og bortførde folket som slavar (Esekiel.25-27), men det spørst om det også er ein profeti for framtida. Profetien om den Duglause Hyrdingen kan vi soleis sjå i eit større tids-perspektiv.

Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.  6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –  8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.

Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.  11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.  13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.  14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som 

ikkje ser etter dei som går seg bort,

ikkje leitar etter dei som går seg vilt,

ikkje lækjer dei som er skadde,

ikkje syter for mat til dei friske,

men et kjøtet av dei feite dyra

og riv klauvene av dei.»

17 Ve den duglause hyrdingen min,

som går bort frå sauene!

Sverd mot armen og høgre auga hans!

Armen hans skal visna bort,

og det høgre auga sløkkjast ut.

I vers 12 er det profetert om at dei selde Jesus for 30 sølvpengar. Men han er det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset. Han betalt prisen for oss, med sin død på korset, så dei som kjem til han, skal tilhøyre han.

Den Lovlause forførde folk med urett (1.Tess.4,6).

2.Tess.2,9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.  10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna.  12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Dette har eg skrive om her:

Dette minner også om den Falske Profet:

Jesus har høyrt mi bøn og gjort mi bøneteneste til prestetenesta i den nye pakt. Be som Elia. Forsoningstenesta.

Jesus har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakt, men eg får motstand frå den Lovlause.

Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. Sidan har han aldri forlete meg og eg har aldri fornekta han, han høyrde mi bøn og det gjer han framleis og han har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta. Dette har eg skrive om her :

 https://faith-and-entropy.com/2026/01/23/ny-tid-94-endetidssyn-69-pa-grunnlag-av-forsoninga-i-kristus-har-vi-fred-med-gud-fred-mellom-menneske-fred-mellom-mann-og-kvinne-som-grunnlag-for-ekteskap-familieliv-og-kyrkjelydsliv-fred-mello/ :

I desse evangeliske og karismatiske kyrkjelydane vert vi opplærde til at vi skal innvie oss for Herren, så han ved sin ande utrustar oss til å tene han og tene kvarandre med nådegåvene, så det vert forventa at vi skal gjere det på møtet, gjerne også i eit bønnemøte før møtet. Ja, slik er prestetenesta i den nye pakta, men den er ikkje avgrensa av slike møtelokale, den er i den himmelske heilagdomen, slik vi les i Hebrearbrevet. 

Eg skal gi meg sjølv heilt til Herren, i von om at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt han om og så skal eg innvie meg til å tene han med den nådegåva han gir meg ved sin Ande. Eg skal søke han av heile mitt hjarte, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone, som ei nådegåve altså. Og så skal eg bruke det som han har gitt meg. 

Men det har enno ikkje vorte noko av, så det er då tydeleg at der er nokon som fer med lureri og gjer urett, slik som Paulus åtvara mot (1.Tess.4,6), det er systematisk og har skjedd over lang tid, så det er tydeleg vis motstanden frå den Lovlause. Dette liknar på Israels fråfall og syndefallet, det har tydeleg vis vorte tradisjon i kyrkja, ved den Duglause Hyrdingen, den Lovlause, Dyret og den Falske profet.

Forsonings-tenesta.

Menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet og utestengde frå det nære samfunnet med Gud. Men Jesus er det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin døde på korset. På det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud er den same og skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no skaper han oss i Kristus, slik skaper han oss i si likning. Det gjeld mann og kvinne, ekteskap og familieliv, folk og samfunn.

I tru og tillit til Kristus kan eg påstå at det gjeld meg, min familie, mi slekt, mitt folk og mitt land og sentralt i dette er at eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone, så det gjeld henne også, ekteskap mellom meg og henne, hus, heim og familieliv for oss.

På grunnlag av forsoninga i Kristus, ved forsonings-tenesta og prestetenesta i den nye pakt er vi Guds folk og eit kristent land, Israels Gud er min Gud og vår Gud.

Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.  12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.  13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen.  15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske.  16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen.  17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær.  18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande.  19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.  21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel,  22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Slik har vi fått fred med Gud, fred mellom jødar og heidningar og slik får vi fred med andre folk og nasjonar også.


Leave a comment