Ny Tid 121. Endetidssyn 97. Vekse opp som Guds born og verte vaksne, som «gudar»? Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 9. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han skal verte frelst.  Igjen stod Gud fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom. 7. Forsoning og fred. Sanninga som set fri eller lureri? 2. Kristus er hovudet for kyrkja som er hans brud og vi skal vekse opp til han.

Bilete: David, den rettferdige, spelte på harpe som terapi for Saul, den Lovlause, men fann ut at han måtte ta røminga.

I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.

Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.  

Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.

Salme.82,1 Ein Asaf-salme.

Gud står fram i gudelyden,

mellom gudar held han dom:  

2 Kor lenge vil de fella urett dom

og halda med dei ugudelege? Sela

3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,

frikjenn dei arme og trengande, 

4 berga småkårsfolk og fattige,

og fri dei ut or nidingars hand!

5 Dei har korkje vit eller skjøn,

dei ferdast ikring i mørker,

heile grunnvollen under jorda ragar.

6 Eg har sagt: «De er gudar,

søner åt Den Høgste er de alle. 

7 Men som menneske skal de døy,

som ein av fyrstane skal de falla.»

8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar.

Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn! 

2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn! 

3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!

4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!

Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.

Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.

Kom med grunnane! seier Jakobs konge.

22 Lat dei koma og kunngjera oss

det som sidan skal henda.

Fortel oss kva som før har hendt,

så vi kan merka oss det!

Eller lat oss få høyra kva som skal koma,

så vi kan vita kva utgangen vert!  

23 Kunngjer det som eingong skal henda,

så vi kan skjøna at de er gudar!

Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,

så vi alle kan sjå det og undrast! 

24 Sjå, de er reine inkjevetta,

og det de gjer, er ingenting verdt.

Ein styggedom er det å velja seg dykk. 

25 Eg har vekt ein mann frå nord,

og han kjem, frå eit land i aust;

han skal kalla på mitt namn.

Styresmenn trakkar han ned som søle,

liksom pottemakaren stampar leire.  

26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,

så vi kunne vita det?

Kven forkynte det i gamal tid,

så vi kunne seia: «Det er rett»?

Ingen har kunngjort det,

ingen har sagt frå,

ingen har høyrt eit ord frå dykk. 

27 Eg er den fyrste som seier til Sion:

«Sjå, der er dei!»

og sender gledebod til Jerusalem.

28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,

ikkje ein som kan gje råd,

så eg kunne spørja og få svar.

29 Nei, alle er dei inkjevetta,

og det dei gjer, er ingenting verdt.

Gagnlause er deira støypte bilete.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i  «gude-forsamlinga» og held dom.

Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.

Joel.3,1 Når Anden vert utrend

1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet. 

Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså. 

Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.

Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelsarkonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelsekraft som reiste han opp frå dei døde. 

Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.

Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.  16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.  17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Den Duglause Hyrdingen og den Gode Hyrdingen.

Sakarja profeterte om den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane og det verka så rart at han påstod det var Herren som gav han oppdraget, inntil han selde Herren også. Ja, Judas var ein av Jesus disiplar inntil han sveik han og selde han for 30 sølvpengar. 

Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.  6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –  8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.

Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.  11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.  13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.  14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som 

ikkje ser etter dei som går seg bort,

ikkje leitar etter dei som går seg vilt,

ikkje lækjer dei som er skadde,

ikkje syter for mat til dei friske,

men et kjøtet av dei feite dyra

og riv klauvene av dei.»

17 Ve den duglause hyrdingen min,

som går bort frå sauene!

Sverd mot armen og høgre auga hans!

Armen hans skal visna bort,

og det høgre auga sløkkjast ut.

Så Judas vart prototypen for den Duglause Hyrdingen, men motsetnaden mellom den duglause og den gode hyrdingen strekker seg over langt lengre tidsrom, både bakover og framover i tid.

Kristus er Herren som vart selt til 30 sølvpengar, han er den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han.

Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans.  5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.

7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.  9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Den gode hyrdingen

11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg,  15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.

17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att.  18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

Leve i fridomen i barnekåret hos Gud og vekse opp til Kristus, han som er hovudet for lekamen som er hans brud, hans kyrkje.

Jesus sa at vi må verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå Guds rike og komme inn i det. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Han døde i staden for oss for at vi skulle få den retten, få leve i fridomen i barnekåret hos Gud. 

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.  26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  

Det er viktig for oss så nytte oss av dei rettane, vi har då fått arverett også. Det er viktig for oss å sjå på Jesus, snakke med han og så vekse opp til han som er hovudet for lekamen, som er Jesu brud, Jesu kyrkje.

……

10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.  11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

Heb.12,

Trua sin opphavsmann og fullendar

1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Gud oppsedar oss

4 I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet. 5 Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:

Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,

miss ikkje motet når han refser deg.

6 For den Herren elskar, tuktar han,

og han refser kvar son han tek seg av. 

7 At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar? 8 Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born. 9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet? 10 For fedrane tukta oss berre ei stutt tid etter sitt eige skjøn, men han gjer det til vårt beste, så vi skal få del i hans heilagdom. 11 All tukt tykkjest vel, medan ho står på, å vera meir til sorg enn til glede. Men sidan ber ho freds- og rettferds-frukt hjå dei som er oppøvde med tukt.

Ef.4, Einskapen i kyrkja

1 Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått.  2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik.  3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman:  4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp,  6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.

7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt.  8 Difor står det:

Han steig opp i det høge

og førte bort fangar;

han gav menneska gåver.

9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda?  10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar.  12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp,  13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.

14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster.  15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.  16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/05/12/ny-tid-1-gud-gjer-noko-nytt-da-er-det-om-a-gjere-for-oss-a-innsja-det-komme-inn-i-det-og-verte-med-pa-det/ :

Finn Arne Lauvås var salva av den Heilage Ande til forkynne og her er eit døme på korleis den Heilage Ande tala gjennom han.

DFEF M40 Oslo, onsdag 19. februar 1997

Tyding av tungetale, ved Finn Arne Lauvås:

«Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.

Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.» 

Maranata Landsstevne 7.8.2015, Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Finn-Arne:

«Ja, sier Herren, jeg har steget ned og tatt bolig i mitt folk, du er et tempel for den Hellige Ånd, du er stedet hvor jeg ikke kommer på besøk, men du er stedet hvor jeg har inntatt med min herlighet. La dette komme ut i din personlighet, la det komme ut i ditt ansikt, dine øynene, din personlighet, hender og føtter, du er blitt levende menneske, fordi jeg Herren lever. Og dette vil stanse din aldringsprosess, sier Herren, det vil bryte motløshetens ånd. Det vil bryte dette tunge mørket fra avgrunnen, som vil trykke den ned, for jeg, Herren har ingen død i meg, jeg har ingen mørke i meg. Det er lys i meg siden jeg er levende og en berøring av meg og når jeg kommer ut gjennom deg blir du ung igjen som ørnen og jeg begynner å bevege meg blant dere, sier Herren, fordi jeg har vært der hele tiden, sier Herren, så la dette få rom, la det få på plass, la det komme ut i hender og føtter og bevege deg sammen med meg, den oppstandene herliggjorte. Amen.»

«Og når denne herlighet fyller huset er det ikke plass til kjød, det er ikke plass til mennesker, du er oppslukt av meg, du er et lem på meg, nå er det jeg, Herren, som beveger meg. Jeg vil bevege meg her på jorden gjennom et folk som er ett med meg. Derfor dropp alt ved siden av meg. Den som jeg lært av meg kommer til meg, sier Herren. Den som har Åndens undervisning beveger seg fra sanselige ting, til den usynlige virkeligheten i Kristus. Derfor bli kontinuerlig fylt av Ånden. Bli fylt av meg, sier Herren, bli fylt av Ånden og jeg skal komme ut gjennom deg, som strømmer av levende vann og spise opp alle ørken, spis opp all død, spis opp alt mørke og alltid ditt kjøtt, sier Herren. For jeg er levende i all evighet. Amen.» 

«For dette handler ikke om dugelighet og dyktighet, det handler om meg, jeg Herren, som leter, som farer over den ganske jord, for at kraftig støtte den hvis hjerte er helt med meg, så se jeg ikke på deg selv.»

 «For din skrøpelighet er min mulighet. Det er bare mennesker avhengig av meg, som jeg beveger meg gjennom. Derfor se ikke på deg selv, at du må være briljant på alle måter. Jeg ønsker alminnelige folk som er renset i mitt blod fylt av den Hellige Ånden og jeg vil komme ut gjennom dine øyne og din personlighet og beseire all smak av død og mørke rundt deg, fordi jeg Herren er levende. Amen.»

«Jeg er også alfa og omega, begynnelsen og enden, så alt det jeg har lagt ned i deg skal jeg fullende. Amen.»

Splitting av kyrkja på grunn av andre maktinteresser enn å vekse opp til han som er hovudet. 

Verdsleg visdom og maktinteresse kunne dra i ulike retningar, så det kunne verte usemje i kyrkjelyden, sentralt i dette var visdomen og maktinteressene til dei jødiske leiarane, dei som kravde at heidningar som hadde kome til tru på Israels Gud, skulle la seg omskjere. Men det vart også splitting i kyrkjelyden om kven av forkynnarane dei skulle halde med. Då spurde Paulus kven det var som døde for dei og kven dei vart døypte til. 

1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke.  11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus».  13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius,  15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.  19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap?  21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.  22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom,  23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap;  24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom.  25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

1.Kor.2,1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom.  2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.  3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.  4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft.  5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen.  8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.  9 Men det står skrive:

Det auga ikkje såg,

det øyra ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp

i nokon mennesketanke,

alt det Gud har gjort ferdig

for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud.  11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud.  12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.  13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord.  14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon.  16 For

kven kjende Herrens hug,

så han kunne gje han råd?

Men vi har Kristi hug.

1.Kor.3,1 Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne. 2 Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno,  3 for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei?  4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?

5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.  7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.  9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.

Det gjekk an å vere stolt av sin verdslege kunnskap, også moralske kunnskap, som motsetnad til å vere Guds born og verte oppseda og opplærde som Guds born og det kunne verke slik at dei vart umodne som Guds born, så dei kunne ikkje få fast føde, berre melk. Like v el skal vi lengte som nyfødde born etter den åndelege melka, men vi skal vekse ved den, så vi også kan ete fast føde.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.  10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.


Leave a comment