Ny Tid 119. Endetidssyn 95. Vekse opp som Guds born og verte vaksne, som «gudar»? Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 7. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han skal verte frelst.  Igjen stod Gud fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom. 5. Den rettferdige og den Lovlause.

Bilete: David, den rettferdige, spelte på harpe som terapi for Saul, den Lovlause, men fann ut at han måtte ta røminga.

I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.

Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.  

Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.

Salme.82,1 Ein Asaf-salme.

Gud står fram i gudelyden,

mellom gudar held han dom:  

2 Kor lenge vil de fella urett dom

og halda med dei ugudelege? Sela

3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,

frikjenn dei arme og trengande, 

4 berga småkårsfolk og fattige,

og fri dei ut or nidingars hand!

5 Dei har korkje vit eller skjøn,

dei ferdast ikring i mørker,

heile grunnvollen under jorda ragar.

6 Eg har sagt: «De er gudar,

søner åt Den Høgste er de alle. 

7 Men som menneske skal de døy,

som ein av fyrstane skal de falla.»

8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar.

Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn! 

2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn! 

3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!

4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!

Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.

Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.

Kom med grunnane! seier Jakobs konge.

22 Lat dei koma og kunngjera oss

det som sidan skal henda.

Fortel oss kva som før har hendt,

så vi kan merka oss det!

Eller lat oss få høyra kva som skal koma,

så vi kan vita kva utgangen vert!  

23 Kunngjer det som eingong skal henda,

så vi kan skjøna at de er gudar!

Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,

så vi alle kan sjå det og undrast! 

24 Sjå, de er reine inkjevetta,

og det de gjer, er ingenting verdt.

Ein styggedom er det å velja seg dykk. 

25 Eg har vekt ein mann frå nord,

og han kjem, frå eit land i aust;

han skal kalla på mitt namn.

Styresmenn trakkar han ned som søle,

liksom pottemakaren stampar leire.  

26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,

så vi kunne vita det?

Kven forkynte det i gamal tid,

så vi kunne seia: «Det er rett»?

Ingen har kunngjort det,

ingen har sagt frå,

ingen har høyrt eit ord frå dykk. 

27 Eg er den fyrste som seier til Sion:

«Sjå, der er dei!»

og sender gledebod til Jerusalem.

28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,

ikkje ein som kan gje råd,

så eg kunne spørja og få svar.

29 Nei, alle er dei inkjevetta,

og det dei gjer, er ingenting verdt.

Gagnlause er deira støypte bilete.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i  «gude-forsamlinga» og held dom.

Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.

Joel.3,1 Når Anden vert utrend

1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet. 

Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså. 

Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.

Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelseskonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelseskraft som reiste han opp frå dei døde. 

Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.

Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.  16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.  17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Jobs bok.

Jobs bok er eit meisterverk i verds-litteraturen. Ingen veit når den vart skriven, men ramma rundt det heile tyder på at det var på patriarkane si tid. Han var ein rik og mektig sjeik, det vil seie at rikdomen hans vart målt i buskap i staden for pengar (Biblex s. 349). Dette er både naturfilosofi og juss.

Guds søner steig fram for Gud og mellom dei var Djevelen, han førde klagemål mot Job og fekk lov til å prøve han. Det høyrest horribelt ut. Job var gudeleg (rettferdig) og velståande, men så ramma den eine ulykka han etter den andre. Naturkatastrofe og bandittar (lovlause) tok rikdomen hans og så fekk han ein hudsjukdom sjukdom. Dei tre gamle venene hans prøvde å forklare det med at han ikkje var så gudleg og rettferdig som dei hadde trutt og som han sjølv hadde meint og trutt. Men han fortsette med å setje si tru til Gud og forsvarte seg som best han kunne med si tale, følgande vers er velkjende:

Job.19,25 Men eg veit at min utløysar lever,

og som den siste skal han stå fram på molda.  

26 Når det ikkje er noko att av mi hud

og mitt kjøt er borttært,

då skal eg skoda Gud. 

27 Med eigne augo skal eg sjå han,

eg sjølv og ikkje ein framand.

Å, eg tærest bort av lengsle!

Ein yngre mann talte annleis enn dei tre venene hans og så kom Gud han i møte før det og irettesette han og gav han eit svar som høver med naturfag, biologi med utviklingslæra, for ut i den ville naturen er dyra fri, men det er risikabelt, for der gjeld jungelens lov, med den sterkaste sin rett. Dette som motsetnad til det siviliserte bysamfunnet på den tida, der folk hadde gardar med husdyr i fangenskap. Men Gud var vreid på dei tre venene hans for det som dei hadde sagt, dei måtte komme til Job med sju oksar og sju verar og ofre dei, så skulle Job be for dei, så ulykka ikkje skulle ramme dei. Deretter vende Gud lagnaden for Job, han fekk dobbelt så mykje som han før hadde hatt, Gud velsigna han endå meir, der stor buskap og mange barn vart rekna for velsigning.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, så han vart velsigna. Så fekk han omskjeringspakta.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, så han vart velsigna. Så fekk han omskjeringspakta, men det var då lenge før Israels-folket fekk Lova. Korleis skal vi forstå det?

1.Mos.12,1 Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg!  2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!

3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,

og forbanna den som forbannar deg.

I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»

Gud gav Abraham omskjeringspakta og lova at han skulle få dei son med Sara, kona si.

1.Mos.17,1 Då Abram var 99 år gamal, synte Herren seg for han og sa:

«Eg er Gud Den Allmektige.

Lev for mitt åsyn,

ver heil i di ferd!

2 Eg vil skipa ei pakt

mellom meg og deg

og gjera ætta di uhorveleg stor.» 

3 Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han:

4 «Sjå, eg gjer ei pakt med deg,

du skal verta far til mange folk.

5 Du skal ikkje lenger heita Abram,

men Abraham skal namnet ditt vera;

for eg gjer deg til far åt mange folk.  

6 Eg lèt deg veksa og aukast og gjer deg til folkeslag; kongar skal gå ut frå deg. 7 Eg skipar ei pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine, frå ættled til ættled, ei evig pakt. Eg vil vera Gud for deg og for ætta di etter deg. 8 Og eg vil gje deg og ætta di etter deg det landet du no held til i, heile Kanaan-landet, til eige i all æve; og eg vil vera deira Gud.»

9 Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå ættled til ættled. 10 Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alle menn og gutar hjå dykk skal omskjerast.  11 De skal la førehuda dykkar verta avskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk. 12 I ætt etter ætt skal kvart gutebarn hjå dykk omskjerast når det er åtte dagar gamalt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hjå framande, som ikkje er av di ætt. 13 Omskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei du har kjøpt for pengar. Såleis skal pakta mi syna seg på kroppen deira, ei evig pakt. 14 Men den som ikkje er omskoren, den som ikkje har fått førehuda avskoren, den mannen skal rydjast ut or folket sitt; for han har brote mi pakt.»

15 Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai; Sara skal ho heita.  16 Eg vil velsigna henne og gje deg ein son med henne òg. Ja, eg vil velsigna henne, og ho skal verta mor til mange folk; kongar over folkeslag skal ættast frå henne.»

17 Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Og han sa med seg sjølv: «Kan ein mann som er hundre år, få barn? Og Sara, som er nitti år, kan ho verta mor?»  18 Og Abraham sa til Gud: «Gjev Ismael må få leva for ditt åsyn!» 19 Men Gud sa: «Nei, Sara, kona di, skal få ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil gjera mi pakt med han, ei evig pakt for ætta hans etter han.  20 Og bøna di for Ismael har eg høyrt. Eg vil velsigna han og la han få mange etterkomarar og ei stor ætt. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk.  21 Men pakta mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal få til års på denne tid.»  22 Då Gud var ferdig med å tala til Abraham, fór han opp frå han.

23 Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle mennene i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av førehuda på dei, som Gud hadde sagt. 24 Abraham var 99 år gamal då han vart omskoren. 25 Og Ismael, son hans, var 13 år då han vart omskoren. 26 Same dagen vart dei omskorne, Abraham og Ismael, son hans. 27 Og alle mennene i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte hjå framande, vart omskorne saman med han.

Moses sa til Israels-folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet sitt. Når dei då vende om til Herren, skulle dei verte omskorne på hjartet. 

5.Mos.32,4 Han er Berget,

fullkome er hans verk,

rettferdige er alle hans vegar.

Ein trufast Gud, utan svik,

rettferdig og rettvis er han.  

5 Dei som ikkje er hans born,

sveik honom med si vonde ferd,

ei svikefull og rangsnudd ætt. 

6 Er det så de løner Herren,

du fåvise og uvituge folk?

Er ikkje han din far og skapar,

han som skapte deg og rusta deg ut?

5.Mos.30,1 Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til hjarta ute mellom alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til,  2 og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug og lyder han i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine,  3 då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Atter skal han samla deg frå alle dei folk han har spreitt deg imellom.  4 Om du så er bortdriven til verdsens ende, skal Herren din Gud samla deg og henta deg der.  5 Herren din Gud skal føra deg heim til det landet fedrane dine tok i eige, og du skal vinna det att. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå talrikare enn fedrane dine.

6 Då skal Herren din Gud omskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug, og du skal få leva.

Symbolikken i omskjeringa; ikkje ved menneskeleg makt, men ved Guds Ande.

Når jødane var komne attende til landet sitt og byrja å bygge oppatt tempelet, fekk dei motstand. Men profeten Sakarja oppmuntra dei og sa at det det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande.

Sak.4,6 Då svara han:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren over hærskarane.

7 Kven er vel du, store fjell?

Framfor Serubabel skal du bli til ei slette.

Han skal føra fram sluttsteinen under jubelrop:

«Nåde, nåde vere med han!»

I følgje Moses skulle dei verte hjerteomskorne og dette måtte vel vere poenget, så det kan kallast hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Den gjer det klart at det er Gud som gjer sitt verk med dei ved sin Ande og han gir ikkje i ære til nokon annan, han gir ikkje si ære til avgudane (Jes.42,8).

Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen.  29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud. 

Omskjeringa har ei symbolsk tyding, den er førebilete på hjerte-omskjeringa i den Heilage Ande, poenget er at vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus og skal la den råde i vår døyelege lekam.

Rom.8,12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den.  13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva.  14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.  17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Jødane forstod seg ikkje lengre på symbolikken i omskjeringa, sidan dei ikkje trudde slik som Abraham, så det vart ein formalitet utan at dei forstod meininga i symbolikken. Det vart slik som Paulus sa når dei kravde at dei heidning-kristne skulle la seg omskjere, at det var for at dei kunne verte stolte over det som var gjort med kroppane deira. Som om det var dei som utførde omskjeringa på kroppen som gjorde sitt verk og ville ha ære for det. Men Gud er ånd og dersom dei trudde på han, skulle dei skjøne at det var han som gjorde sitt verk og det var det symbolske poenget.

Gal.6,11 Sjå kor store bokstavar eg bruker når eg no med mi eiga hand skriv dette til dykk: 12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa å bli forfølgde på grunn av Kristi kross. 13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan vera stolte av det som er gjort med kroppen dykkar. 14 Men eg vil aldri i livet vera stolt av noko anna enn vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er ikkje å vera omskoren eller å vera uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Alle som følgjer denne rettesnora – fred og miskunn vere med dei og med Guds Israel!

Til samanlikning er også dåpen ei symbolsk handling, så det verkar rart at dei med barnedåpen har slik hast med å utføre den symbolske handlinga. Så dersom barnet er sjukt får dei hast med å tilkalle presten for å døype det, til samanlikning med å tilkalle doktor. Som om det er presten som skal frelse det, med den symbolske handlinga?! Kvar har det då vorte av trua på Kristus som vår frelsar og Herre?

1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke. 11 For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon andre av dykk enn Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Rett nok har eg òg døypt Stefanas og alle heime hos han, men elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan. 17 For Kristus har ikkje sendt meg ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og då ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal mista si kraft.

Abraham fekk ein son med Sara, som lova og var villig til å ofre han, men fekk ofre eit lam i staden. Det er førebilete på Kristus.

Når Gud gav Abraham omskjeringspakta lova han at han skulle få ein son med Sara, men så ville Gud prøve han og sa at hans skulle ofre han. Han bestod prøva, men fekk ofre ein ver i staden.

1.Mos.22,1 Ei tid etter at dette hadde hendt, ville Gud setja Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og Abraham svara: «Ja, her er eg.» 2 Då sa han: «Ta Isak, einaste son din, som du held så av, og far til Moria-landet! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella som eg vil syna deg!»

3 Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, kløvja eselet sitt og tok med seg to av tenestgutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. 4 Tredje dagen, då Abraham såg seg ikring, fekk han auga på staden langt borte. 5 Då sa Abraham til tenestgutane sine: «Ver de her med eselet! Eg og guten vil gå dit bort og tilbe; og så kjem vi hit til dykk att.» 6 Så tok Abraham offerveden og la på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa; og så gjekk dei saman, dei to. 7 Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, guten min.» Isak sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet som vi skal ofra?» 8 Abraham svara: «Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, guten min.» Og så gjekk dei frametter, dei to.

9 Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. 10 Og Abraham rette ut handa og tok kniven og ville ofra son sin. 11 Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» 12 Då sa engelen: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.»  13 Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. 14 Og Abraham kalla den staden «Herren ser». Og den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»

15 Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din,  17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar,  18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.» 19 Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.

Han fekk ofre eit lam i staden for å ofre sonen som var lova, dette er eit førebilete og ein profeti om at Kristus er det Guds Lam som bar verda si synd og som døde i staden for oss, for å sone synda. Abraham trudde at Gud kunne vekke han opp frå dei døde. Trur vi at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, så har vi Abrahams tru og vert velsigna som han.

Rom.10,5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova.  6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst.  10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste.  11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.  12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.  13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

Paulus sa at i Kristus betyr det ikkje noko å vere omskoren eller ikkje, det einaste som betyr noko er trua, verksam i kjærleik. Men dersom nokon då let seg omskjere, fell dei ut av nåden og er skuldige til å halde heile lova. 

Gal.5,1 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk.  2 Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk.  3 Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova.  4 De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5 Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von. 6 For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.

Her talar han om omskjeringa som om den var gitt av Moses, som ein del av lova, men Abraham hadde då for lengst fått omskjeringspakta. Javel, men det var altså som førebilete på den nye pakta som kom ved Kristus og det som er så viktig er å komme inn i den og verte ståande i den.

David, den Rettferdige, og Saul, den Lovlause.

Israelsfolket levde lenge utan verken konge eller hær, den einaste statsforvaltinga deira var presteskapet og dei gjorde teneste for Gud i eit møtetelt. Dei måtte stadig audmjuke seg for Gud og be om nåde og hjelp mot fienden. Då reiste han opp ein dommar som leia dei i kampen og berga dei. Men så kravde dei å få ein konge og Gud let dei få ein slik konge som dei yngste seg, ved å la Samuel salve Saul til konge over dei. Men han vraka Guds Or, derfor vraka Gud han som konge. Han såg seg ut ein konge etter sitt hjarte og let Samuel salve David til konge over dei. Men han måtte røme for Saul og då var det på den måten at han måtte søke tilflukt hos Herren og be han om berging. Og han fekk oppleve at Gud var med han med sin Ande og svara han og leia han og berga han. Det hadde seg slik at Salvinga er symbol på den Heilage Ande, så den er ofte kalla salvinga, men Saul mista salvinga i den forstand, så for han vart den berre ein formalitet og det enda med at han tapte mot filistrane. Då vart David konge, først over Juda-ætta, så over heile Israels-folket.

David skreiv salmar der han lovprisa Gud for at han fekk ta si tilflukt til han og verte berga frå dei gudlause og lovlause som prøvde å fange han i fella. Då var det altså først og fremst Saul, Israels konge, som var den ugudlege og lovlause.

Dette har eg skrive om her :

Den Lovlause set seg inn i Guds hus og gjer seg sjølv til gud.

Paulus profeterte om at den Lovlause skulle setje seg inn i Guds hus og gjere seg sjølv gud. Soleis er fråfallet som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av syndefallet, ormen lokka Eva med at dersom dei åt av frukta på kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt.

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:  2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.  3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?  6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.  9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.  10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna.  12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Selevkide-kongen Antipokus 4. Epifanes hadde fjerna den jødiske øvstepresten og erstatta han med ein som dyrka Zevs. Maccabearane var prestesøner som leia folket i motstandskampen til dei fekk frigitt landet og tempelet. Den siste av dei, Simeon Maccabee sat igjen med prestetenesta og så vart det til at dei valde seg både øvsteprest og konge utan å spørje Gud om kva han salva til den tenesta. Derfor vart dei fiendtlege til Kristus til samanlikning med korleis Saul var fiendtleg mot David og leia folket til strid imot han. Men Kristus rømde frå dei nokre gongar, men så let han seg fange og vart  hendretta med krossfesting, for han var det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset. Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, for å vere vår øvsteprest, frelsarkonge og kongars konge.

Salme 110,1 Av David. Ein salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

som skammel for dine føter!»

2 Frå Sion retter Herren ut ditt mektige septer.

Du skal herska mellom dine fiendar!

3 Folket ditt møter villig fram

den dagen du viser di kraft.

Din ungdoms dogg kjem til deg

i heilag prakt, or morgonròdens fang.

4  Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»

5 Herren er ved di høgre hand,

han knuser kongar på sin vreidedag.

6 Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik,

han knuser hovud vidt over jord.

7 Han drikk av bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.


Leave a comment