Biletet: Det andre dyret i Joh.Op.13 såg ut som eit lam med to horn, men det tala som ein drake.
I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom.
Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.
Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.
Dette har eg skrive om her:
Og her:
Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn!
2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn!
3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!
4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!
Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.
Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.
Kom med grunnane! seier Jakobs konge.
22 Lat dei koma og kunngjera oss
det som sidan skal henda.
Fortel oss kva som før har hendt,
så vi kan merka oss det!
Eller lat oss få høyra kva som skal koma,
så vi kan vita kva utgangen vert!
23 Kunngjer det som eingong skal henda,
så vi kan skjøna at de er gudar!
Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,
så vi alle kan sjå det og undrast!
24 Sjå, de er reine inkjevetta,
og det de gjer, er ingenting verdt.
Ein styggedom er det å velja seg dykk.
25 Eg har vekt ein mann frå nord,
og han kjem, frå eit land i aust;
han skal kalla på mitt namn.
Styresmenn trakkar han ned som søle,
liksom pottemakaren stampar leire.
26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,
så vi kunne vita det?
Kven forkynte det i gamal tid,
så vi kunne seia: «Det er rett»?
Ingen har kunngjort det,
ingen har sagt frå,
ingen har høyrt eit ord frå dykk.
27 Eg er den fyrste som seier til Sion:
«Sjå, der er dei!»
og sender gledebod til Jerusalem.
28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,
ikkje ein som kan gje råd,
så eg kunne spørja og få svar.
29 Nei, alle er dei inkjevetta,
og det dei gjer, er ingenting verdt.
Gagnlause er deira støypte bilete.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i «gude-forsamlinga» og held dom.
Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.
Joel.3,1 Når Anden vert utrend
1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet.
Dette har eg skrive om her:
Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså.
Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.
Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelseskonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelseskraft som reiste han opp frå dei døde.
Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.
Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias. 16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Dette har eg skrive meir om her:
Første Dyret i Joh.Op.13.
Nebukadnesar fekk ein draum og kravde at vismennene skulle fortelje draumen og tyde den, det var det berre Daniel som kunne, det var eit biletstøtte i fire etasjar, der den øvste var Nebukadnesar sitt rike, etasjane nedover var tre rike til som skulle kome. Ein stein skulle treffe fotstykket og knuse det så heile biletstøtta ramla i knas. Den vesle steinen som traff fotstykket var Guds rike, det var Kristus og hans rike, det skulle vekse over heile verda og var eit evig rike. Heile biletestøtta ramla i knas, alle dei fire rika på ein gang altså, då måtte vel det vere Romarriket og vel så det?
Det første Dyret i Joh.Op.13 likna alle dei fire dyra som Daniel profeterte om i Dan.7. Romarriket låg lengre vest, men inkluderte dei vestlegaste områda av alle desse fire rika, det kan vere betydninga av at det likna litt på dei alle, men det har nok med politikken å gjere også.
Dan.7,2 1 I det fyrste året Belsasar var konge i Babylonia, hadde Daniel draumar og syner medan han låg på lega si. Han skreiv opp synene, og her tek forteljinga hans til.
2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til. 4 Det fyrste dyret var som ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene avrivne, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarta. 5 Så fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja. Det var likt ein bjørn, og det reiste seg halvveges opp. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!» 6 Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt. 7 Så fekk eg i nattsynene mine sjå eit fjerde dyr, fælt og skræmeleg og uhorveleg sterkt. Det hadde store tenner av jern og åt og krasa; og leivningane trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle hine dyra og hadde ti horn. 8 Då eg såg vel på horna, fekk eg auga på eit anna lite horn som skaut opp mellom dei. Og tre av dei andre horna vart opprykte, så det kunne få rom. Dette hornet hadde augo som eit menneske og ein munn som tala store ord.
9 Så såg eg:
Tronstolar vart sette fram,
og ein som var gamal av dagar, tok sete.
Hans klednad var snøkvit
og håret på hovudet hans som rein ull.
Hans trone var eldslogar
og hjula under brennande eld.
10 Ei elv av eld strøymde fram,
og ho gjekk ut framføre han.
Tusen på tusen tente han,
titusen på titusen stod framføre han.
Retten vart sett, og bøker vart opna.
11 Medan eg såg på dette, vart dyret drepe fordi hornet tala store ord. Kroppen vart øydelagd og kasta på elden; han skulle brennast. 12 Frå dei andre dyra òg vart herredømet teke; tid og stund var fastsett for deira levetid.
13 Så såg eg i nattsynene mine:
Sjå, med himmelens skyer
kom det ein som var lik ein menneskeson.
Han gjekk bort mot den gamle av dagar
og vart ført fram for han.
14 Han fekk herredøme, ære og rike;
folk og ætter med ulike språk,
alle folkeslag skal tena han.
Hans velde er eit evig velde,
det skal ikkje forgå;
hans rike går aldri til grunne. Dette var fire store rike, det første var der allereie, det var Babylonia. Så kom Media, Persia og det Greske Riket, dynastiet Filip av Makedonia og son hans Aleksander den Store er det store hornet ellevte hornet.
…….
Dei fire vindane sette storhavet i opprør, så fire dyr steig opp or det. Det gjorde Dyret i Op.13 også, men her er det ikkje tale om dei fire vindane. Men Draken gav Dyret si trone.
Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
5 Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader. 6 Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet og bustaden hans, ja, alle som bur i himmelen. 7 Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over kvar ætt og kvart folk, kvart tungemål og kvart folkeslag. 8 Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lammet som vart slakta. 9 Den som har øyro, han høyre dette! 10 Den som skal i fangenskap, han må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, han må døy for sverd. Her gjeld det at dei heilage held ut og har tru.
Eg tenker meg at hovudet i vers 3 var keisar Nero, han vart mistenkt for å ha gitt ordre om å sette fyr på Roma, så slik fekk han ulivssår. Men ved at han skulda det på dei kristne, vart ulivssåret hans lækt. I staden resulterte det i ei fæl kristendomsforfølging. Det fungerte altså som «ein falskt flagg aksjon», kanskje det endåtil vart opphav til dette uttrykket??
Der ligg meir i dette, som ei politisk linje i historia, med bruk av liknande metode.
Vers 10 liknar på Jer.15,2.
Jer.15, 1 Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel steig fram for meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei bort frå meg, lat dei fara! 2 Og spør dei deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren:
Til døden med dei som er etla til å døy,
lat sverdet råka dei som skal falla for sverd,
og svolt dei som skal svelta i hel,
i fangenskap med dei som skal takast til fange!
3 På fire måtar vil eg straffa dei, lyder ordet frå Herren: Med sverd til å drepa, med hundar til å slepa bort, med fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øyda. 4 Eg gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, på grunn av det som Juda-kongen Manasse, son til Hiskia, har gjort i Jerusalem.
5 Ja, kven tykkjer synd i deg, Jerusalem,
kven syner medkjensle med deg?
Kven tek av frå vegen og spør
korleis det står til med deg?
6 Du støytte meg frå deg, lyder ordet frå Herren,
og snudde ryggen til.
Difor rette eg handa ut
og ville gjera ende på deg;
eg var trøytt av å ynkast.
Det hadde seg nok slik at dei jødiske, religiøse leiarane starta ei kristendoms-forfølging, som om dei var blodtørstige ulvar, til samanlikning med korleis kong Manasse drap ned folk i Jerusalem.
Det andre Dyret i Joh.Op.13.
I Joh.Op.13 er det tale om eit dyr til, så vi kan kalle dei Dyr1 og Dyr2.
Joh.13,11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret. 16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.
Referanse til andre bibelvers.
La oss fyrst og fremst sjå korleis dette minner om tekst ifrå det gamle testamentet.
Eld frå himmelen (v13).
1.Krøn.21,25 Så vog David opp seks hundre sekel gull og gav Ornan for treskjevollen. 26 Han bygde eit altar for Herren der, og bar fram brennoffer og måltidsoffer og ropa til Herren. Og Herren svara han med eld som kom frå himmelen og fór ned på brennofferaltaret. 27 Så sa Herren til engelen at han skulle stikka sverdet sitt i slira att. 28 Då David såg at Herren hadde høyrt bøna hans på treskjevollen åt jebusitten Ornan, ofra han der. 29 Herrens møtetelt, som Moses hadde fått laga i øydemarka, og brennofferaltaret stod den gongen på haugen i Gibeon. 30 Men David torde ikkje gå dit og søkja Gud, så redd var han for sverdet åt Herrens engel.
2.Krøn.7, Tempelvigsla
1 Då Salomo hadde enda bøna si, fór det eld ned frå himmelen og øydde brennofferet og slaktoffera, og Herrens herlegdom fylte huset. 2 Prestane kunne ikkje gå inn i Herrens hus fordi det var fylt av Herrens herlegdom. 3 Då alle israelittane såg at elden fór ned, og at Herrens herlegdom kom over huset, kasta dei seg ned med andletet mot steingolvet og tilbad og lova Herren, fordi han er god og hans miskunn varer til evig tid.
2.Kong.1,13 Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Denne føraren gjekk opp til Elia, la seg på kne for han og bad for seg. «Gudsmann,» sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine! 14 Det fór eld ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må du spara meg!»
15 Då sa Herrens engel til Elia: «Gå med han og ver ikkje redd han!» Så reiste han seg, fylgde føraren ned til kongen 16 og sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» 1
1.Kong.18,36 Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det verta kjent i dag at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette! 37 Svar meg, Herre, svar meg, så dette folket kan sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarta deira attende til deg!» 38 Då fór Herrens eld ned og øydde både offeret og veden, steinane og molda, og sleikte opp vatnet som var i veita. 39 Då folket såg det, kasta dei seg til jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!» 40 Elia sa til dei: «Ta Ba’al-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Ba’al-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.
41 Sidan sa Elia til Akab: «No kan du gå opp og få deg mat og drikke; for eg høyrer susen av regnet.» 42 Då gjekk Akab opp og heldt måltid. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea. 43 Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!» 44 Sjuande gongen sa guten: «Eg ser ei lita sky som stig opp or havet. Ho er ikkje større enn neven på ein mann.» Då sa Elia: «Gå og sei til Akab at han må spenna føre og fara heim, så regnet ikkje skal hefta han!» 45 På ein augneblink svartna himmelen til med skyer og storm, og det tok til å stridregna. Akab steig opp i vogna si og køyrde til Jisre’el. 46 Då kom Herrens hand over Elia. Han batt beltet om livet og sprang føre Akab heilt til Jisre’el.
I det Nye Testamentet får eld frå himmelen ei symbolsk tyding.
Matt.3,10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 12 Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.»
Apgj.2,1 Då pinsedagen kom, var dei alle samla. 2 Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i. 3 Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.
5 I Jerusalem budde det mange jødar, fromme menn som var komne frå alle land på jorda. 6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål.
Merke på høgre handa eller panna (v16).
2.Mos.13,1 Herren sa til Moses: 2 «Alt fyrstefødt skal du helga åt meg. Alt som kjem fyrst frå mors liv i Israel, anten det er folk eller fe, høyrer meg til.»
3 Og Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de slapp ut or Egypt, or trælehuset! For med sterk hand leidde Herren dykk ut. Då skal de ikkje eta noko med surdeig i. 4 I dag tek de ut, i abib månad. 5 Når så Herren fører deg inn i landet åt kanaanearane, hetittane, amorittane, hevittane og jebusittane, det som han lova fedrane dine å gje deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudsteneste på dette viset i denne månaden. 6 I sju dagar skal du eta usyrt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren. 7 Alle dei sju dagane skal du eta usyrt brød. Det må ikkje finnast noko som er syrt hjå deg, og ingen surdeig så langt landemerka dine når. 8 Den dagen skal du seia til son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg fór frå Egypt. 9 Det skal vera eit merke for deg på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på lippene dine. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egypt. 10 Så skal du kvart år og til fastsett tid gjera det denne lova krev.»
11 Når Herren har ført deg inn i Kanaan, som han lova deg og fedrane dine, og gjev deg det, 12 då skal du bera fram for han alt som kjem fyrst frå mors liv. Alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, høyrer Herren til. 13 Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. 14 Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt, or trælehuset. 15 Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt, både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle hanndyr som kjem fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg. 16 Det skal vera eit merke på handa di og ein minnesetel på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt.»
Dyrets tall, 666.
1.Kong.10,14 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. 15 Til det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.
Kommentar; Gud står fram i «gude-forsamlinga» og held dom.
Dyr2 likna eit lam med to horn, så det er nærliggande å tolke det slik at det likna kristendomen. At det hadde to horn kunne då svare til at Romarriket vart delt, mellom ein keisar i Roma og ein i Konstantinopel. Men det vart også slik at kyrkja vart leia av to erkebiskopar, ein i Roma og ein i Konstantinopel og slik vart den delt i den Romersk-katolske kyrkja og den ortodokse kyrkja. Soleis må vi også tenke lengre fram i tid og sjå kva dette vart til. Der kom i alle fall mykje vranglære i den Katolske Kyrkja og kva betydning hadde då det Tysk-Romerske Keisarriket?
Merket på panna eller på handa viser til den gamle pakt ved Moses. Seinare fekk David eld til å falle ned frå himmelen. Salmisten Asaf levde på Davids tid og han sa at Gud stod fram i gude-forsamlinga og heldt dom. Salomo også fekk eld til å falle ned frå himmelen og talet 666 minner om kor mykje gull han fekk inn på eitt år. Seinare fekk Elia eld til å falle ned frå himmelen tre gongar. Endå seinare profeterte Jesajas om at Gud ville gjere noko nytt.
Jesaja.43,16 Så seier Herren,
han som gjorde veg gjennom sjøen,
ein stig i det veldige vatnet,
17 som førte hestar og vogner,
hær og hovdingar uti.
Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,
dei slokna som ein veik.
18 Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var!
19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
20 Dyra på marka skal æra meg,
både sjakalar og strutsar.
For eg gjev vatn i øydemarka,
lèt elvar renna i den aude hei,
så mitt utvalde folk kan få drikka.
21 Det folket eg har skapt meg,
skal forkynna min pris.
I den gamle pakt skulle dei slakte påskelammet til minne om at Gud førde dei ut or Egypt, det skulle vere som eit minne-merke på handa og panna. Men no er Jesus Guds Lam som bar verda si synd, han er det påskelammet vi skal minnast i den nye pakta.
1.Kor.11,23 For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk:
Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» 26 For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem. 27 Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. 28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. 29 For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms. 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av. 31 Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde. 32 Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.
Gud stod fram i gude-forsamlinga og heldt dom ved at Jesus med sin død på korset fordømde synda i kjøtet og han står fram i kyrkjelyden og dømmer på denne måten, det skal verte tydeleg og klart for oss ved nattverden.
I Joh.Op.18-19 er det tydeleg at Gud står fram i gude-forsamlinga og held dom. I Joh.Op.19,20 vert Dyr2 kalla den Falske Profet.
Joh.Op.19,19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.
Historisk oversikt om dei fire verds-rika, Romarriket og det Tysk-Romerske Keisarriket.
Eg bladar litt i «Historisk Skole-Atlas», ved Oddvar Bjørklund, Cappelen Forlag 1974 og finn at Det gammalbabylonske riket var på 1700 f.Kr, men 1500 f.Kr. var Egypt eit større rike i landområde, det inkluderte Kusj (Nubia) (Etiopia) i sør, Libya og aust-kysten av Middelhavet, inkludert Syria. 668-631 var Assyria storriket. Det tok heile Babylonia om område lengre nord og vest , Austkysten av Middelhavet og område langs Nilen. Men 600 f.Kr. hadde det Ny-Babylonske riket teke over og nådde sør til Jerusalem. Dette var det første riket som Daniel profeterte om. Det andre riket var det Mediske Riket, det var nord-aust for det Nybabylonske Riket og var mykje større i landområde, for det meste det som no er Iran. Lydia var den vestlege halva av det som no er Tyrkia. Egypt var ikkje lenger så stort. Det tredje riket var Persia, det vart mykje større, rundt 500 f. Kr nådde det heilt til Indus, inkluderte Egypt, Lydia og delar av Makedonia og Trakia.
Aleksander den Store vann over heile dette riket, dermed vart det Greske riket endå større, men det vart raskt delt i fire, etter dei fire himmelretningane, i følgje profetien i Dan.8,21-22. Det vert kalla den hellenistiske verda, fordi gresk kultur vart spreidd til heile dette området. 200 f.Kr var det austlege riket størst og vart kalla Partarriket og det Baktriske Riket. Nord-riket vart kalla Selevkideriket, det var det sørlege Tyrkia og strakte seg aust til Babylon, Susa og omlag halvvegs inn i det som no er Iran. No hadde det teke dei sentrale områda langs austkysten av Middelhavet. Sør-riket var Egypt. Det vestlege riket måtte då vere Hellas og Makedonia, men kva med det nordlege Tyrkia? Makedonia var no eit eige riket og sør for det var greske småstatar. Det nordlege Tyrkia og det austlege riket vart no kalla andre hellenistiske småstatar.
133 f.Kr hadde Romarriket ekspandert til Spania og Portugal, Carthago i Nord-Afrika, Makedonia og Hellas og vestkysten av Tyrkia. Ved keisar Augustus sin død i 14 e.Kr, hadde det teke kystområda rundt heile Middelhavet, mesteparten av områda rundt Svartehavet, Egypt og Frankrike. Ved keisar Marc Aurels død i 180 e.Kr hadde dei teke England, meir land i området Romania og Mauretania og pressa grensa lengre aust i Tyrkia og Midt-Austen. Noko seinare tok dei det nord-vestlege Mesopotamia. Austan for dette var arabarane, Partar-riket og Armenia.
I 300 e.Kr var små område av dette riket rekna for kristne område, dei største var område kring Roma, Jerusalem, Carthago, sørspissen av Spania, rundt dei joniske byane og austover i Tyrkia, området rundt Antiokia, nord-aust for Middelhavet. I 3013 e.Kr legaliserte keisar Konstantin kristendomen og i 392 e.Kr. gjorde keisar Teodosius den Store kristendomen til statsreligion i Romarriket. Før han døde i 395 e.Kr delte han riket mellom die to sønene sine. Vest-Romarriket gjekk under i 476 e.Kr. Men i 500 e.Kr vart stort sett desse landområda framleis rekna for kristne område.
Romarriket var på sitt største i 115-117 e.Kr, då keisar Trajan invaderte og kontrollerte store delar av Mesopotamia. Sjå https://snl.no/Romerriket .
Det Tysk-Romerske Keisarriket varde frå 962 til 1806 e.Kr. Det strakte seg ned til Kyrkje-staten i Italia, som om det var siste rest av det opphavelege Vest-Romarriket, og nord til Austersjøen, Danmark, Nordsjøen og Benelux-landa.
Sitat frå https://snl.no/Det_tysk-romerske_riket :
Det tysk-romerske riket var et keiserdømme i Vest-Europa fra 962 til 1806, som bestod av en rekke fyrstedømmer og andre territorier der keiseren var øverste myndighet. Riket var egentlig en videreføring av to eldre statsdannelser, Frankerriket og dets etterfølger det østfrankiske riket, men dets historie regnes likevel fra år 962 evt., da den tyske kongen Otto 1 ble kronet til romersk keiser.
Gjennom store deler av rikets tidlige historie var keiseren (eller hans utpekte etterfølger, den tyske kongen), ved siden av paven, den sentrale aktøren i vesteuropeisk politikk. Mot slutten av middelalderenble det bygd opp et system av riksinstitusjoner og felles regler, men noen egentlig riksenhet eksisterte aldri.
Framveksten av sterke nasjonalstater og lokale herskere, både innenfor og utenfor rikets grenser, fra 1200-tallet av førte til hyppige interne konflikter og bidro til å svekke keiserens betydning som internasjonal aktør. Denne tendensen ble forsterket under religionskrigene på 1500- og 1600-tallet, der keiseren engasjerte seg på den katolske kirkens side mot de protestantiske fyrstene i nord.
SITAT SLUTT.
Aust-Romarriket vart kalla det Bysantiske Riket og eksisterte lenge samtidig som det Tysk-Romerske Riket.
Sitat frå https://snl.no/Bysants :
Bysants var et keiserrike i senantikken og middelalderen som utviklet seg fra de østlige delene av Romerriket. Historikere setter starten på riket til ulike tidspunkt, men Konstantin den stores nygrunnleggelse av den gamle byen Bysants som Konstantinopel, i samtiden ofte omtalt som «Nye Roma», i 330 evt., var av avgjørende betydning.
På sitt største omfattet riket store deler av det nåværende Europa, Nord-Afrika, Midtøsten og deler av det vestlige Asia. Det bysantinske riket kjennetegnes gjerne ved sin sterke kristne religiøse identitet, der keiseren og patriarken var de to mektigste skikkelsene. Kristendommen, slik den utviklet seg i det bysantinske riket, kjenner vi i dag som ortodoks kristendom.
Det bysantinske riket ble oppløst da Konstantinopel ble erobret av osmanene og inkludert i Det osmanske riket i 1453.Navnet
Navnet Bysants eller Det bysantinske riket er etter byen Bysants, som ble gjort til rikets hovedstad i 330 under navnet Konstantinopel.
Bysants, Det bysantinske riket eller Det østromerske riket er moderne navn på den østlige delen av Romerriket. Disse betegnelsene var ikke i bruk mens riket eksisterte. I samtiden ble Romerriket eller Romania brukt, og innbyggerne kalte seg for romere.
SITAT SLUTT.

