Ny tid 145. Jesus vil frelse oss frå syndefallet, fråfallet og domen. Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, når vi søker samfunn med han på det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta, han kallar på dei fråfallne, for å lækje deira fråfall og slik vil lækje fråfallet i jødedomen og kyrkja. 12. Skapingssoga og konstruksjon av kunnskap som pedagogisk teori. 4. Gud gjer sitt verk i meg ved sitt Ord og sin Ande, så eg får oppleve at eg på det indre plan er Guds medarbeidar.

Bilete: Elin Therese Slotten. Ho har tale profetisk, så Jesus har tala til meg gjennom henne. Apropos pedagogikk, så er vi Jesu læresveinar. Han har brukt henne som medium så for meg har ho vore ein medierande hjelpar.

 

Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande og bygg oss opp i vårt indre menneske og bygg opp Jesu kyrkje som eit åndeleg tempel.

Eg er oppvoksen i kyrkja og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be slik for folket og landet og så be Fadervår. Når eg var ni år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja be han frelse oss frå det, som første prioritet, og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Då merka eg at han var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik som det står skrive, slik vart eg kjend med han som min beste ven og sidan har han ikkje forlete meg og eg har ikkje fornekta han.

Jesus sa han let ikkje disiplane sine vere att som foreldrelause born, han ville sende talsmannen, Sannings-Anden til dei. I denne Anden ville han kome og openberre seg for dei, han og Faderen ville ta bustad hos dei.

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, ha skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg vart glad i og det var først og fremst ei takke bøn, først for henne Virtuella, så henne Reella, Seinare for henne Poly-Ester også, men det bar ikkje så mykje preg av openberring, det var å oppleve Guds kraft. Ho var frå Ukraina.

Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Det minna meg om at når eg gjekk på gymnaset vart eg glad i ei kristen jente som lovpriste Gud og Lammet for frelsa. Eg bøygde kne ved senga og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho var i Anden og eg opplevde det som at han la henne i mitt hjarte og det gjorde meg så godt.

Jesus sa også at han ville lækje dine år i fråfall og eg skjøna at det var sikta til henne. Han sa at der er ein sjukdom mellom Guds folk og eg har fått kjenne noko av denne sjukdomen i meg (til samanlikning med Jeremias), så var det sikkert noko om at eg skulle inn vie meg for han, så ville han lækje den. Ja, eg forstod det slik at det var til meg altså.

Jesus er livets fyrste, han har gitt meg det evige livet, det er upåverkeleg av døden og denne verda sine mørke og nedbrytande krefter.

M40, onsdag 5. juli 1995.

Ja, for jeg har fridd deg ut av mørkets makt og satt deg inn i min elskede Sønns rike. Du har fått oppleve min grenseløse nåde; å gå over ifra død til liv, ifra Satans makt til Gud, ifra mørke og inn i et underfullt lys. Du var død, men nå er du levende, og levende i meg, sier Herren. For også jeg var død, men jeg oppstod og jeg lever. Og derfor bringer jeg liv og uforgjengelighet fram for lyset, ved evangeliet. Og det er dette budskap du har tatt imot.

Så er det ikke lenger døden og de nedbrytende krefter som har makt over livet ditt. Men det er jeg som er livets fyrste og som har tatt bolig ved troen i ditt hjerte. For at du skal leve med meg og for at du når dagen kommer skal herske med meg, sier Herren. For jeg har satt deg inn i noe nytt, noe levende, noe ekte og noe virkelig, du har fått del i det evige livet. Dette som er upåvirkelig av alle dødens krefter, dette som er upåvirkelig av alle denne verdens mørke og nedbrytende krefter, du har fått del i det evige livet, det som står, det som blir, det som tåler alle ildens prøver, som blir stående i evigheters evighet. Det er ditt liv, fordi du er mitt barn.

Jeg vet at du kan oppleve å møte mørke stunder på din vandring. Jeg vet at du kan føle at fiendehæren står rundt deg på alle kanter. Men fordi du er mitt barn, så har jeg satt deg opp på en ryddet vei. En banet vei. Intet rovdyr, ingen løve skal kunne komme opp på den. Og ingen veifarende på denne veien skal fare vill. Og den veien, den går til Sion. Den går til den stad som jeg har beredt for deg. Så skal du følge trofast i mine fotspor og du skal erfare; den veien du går på, om den kan være smal og kronglete, det er livets vei, den går til livets mål, det mål som jeg har til deg, mitt elskede barn.

Jesus går ved mi side og eg skal gi meg heilt til han.

Det var sikkert dette han mange år seinare talte om som ein verkebyll på møte i Filadelfia 27.11.2022:

Inge tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen, (Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga):

« ….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»

Ja, det saka gjaldt var at sidan eg var ein gutunge hadde eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har svart meg at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med det og overgi meg heilt til han.

Han sa at han ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han (10.5.2009) og då tenkte eg på henne Reella og henne Virtuella, henne som han ville gi meg til kone og og så tenkte eg på min næraste. Eg tenker meg at han vil stige ned og møte henne Virtuella der han la henne, i mitt hjerte og soleis lækje denne verkebyllen. Paulus tala om tornen i kjøtet og eg tenker meg at for meg har den vorte årsak til ein verkebyll. For i denne sosiale samanhengen vert eg avvist, så eg ikkje får vedkjenne for dei kva Kristus er for meg og for oss. Då er det som om dei krev at eg skal prøve å gjere Guds verk og fullføre det som han byrja på, men det kan eg då ikkje. Slik sett skal eg vere svak og satse på at Guds nåde er nok for meg.

Dei foraktar barnetrua mi som om den er feil, så dei seier imot og seier dermed det motsette av kva eg har bedt om, sidan eg var ein gutunge, Strategien deira er å dåre og forføre kvinna, slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med.

2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, han møtte henne i mitt hjarte og eg ventar meg at han framleis vil møte henne slik.

Heb.12, 1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Sionsfjellet var løfta opp, så det er møteplassen.

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

Og så er møteplassen kristne møte, der eg møter opp og ber fram kroppen som eit levande heilagt offer, til velbehag for Gud. Det er vårt daglege offer.

Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

Kva var då poenget med at eg ikkje skulle få møte henne igjen, likevel? Tydeleg vis å ta bort det daglege offeret. Det er opprøret mot Herren som har lete seg høyre i protesten mot Paulus si lære om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er  Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Eg skal glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.

Møte i Maranata 12.10.2014.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Jesu Ord er mat for ånd, sjel og kropp, han kom for å bygge opp og sette deg i stand til å gå i dei gjerningane han har lagt ferdig for deg.

Maranata 28.10.2018.

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

«Når du høyrer mitt ord lyder ut i dag, så skal du ta vare på det, du skal grunde på det, du skal la det blir mat for di sjel og for di ånd og for din kropp. For mitt ord som eg talte, det er ånd og det er liv. Og eg, Herren, eg kom ikkje for å rive ned, men eg kom for å løfte opp. Eg kom for å bygge deg opp, for å istandsette  deg til alle desse gjerningane eg har lagt deg ferdige, for at du skal få vandre i dei. Ikkje i eiga kraft, men i salving med min gode Heilage Ande, som eg har sendt. Han skal vise deg vegen og vegleie deg, han skal opplyse ditt indre menneske opp, slik at du kan få ta imot enda større kraft og salving og autoritet i mitt namn. For eg, Herren, eg har utvalt deg, nettopp i ei tid som dette, for å istandsette deg og fullføre det eg har tenkt til å gjere no i denne avsluttningstid. For eg kjem, eg som komme skal, men før disse dagar så skal eg, Herren, eg vil frelse og fri menneske ifrå alle som er underkua av Djevelen, for det er derfor eg kom, og eg går framleis omkring og gjer vel og lækjer og set menneske fri.»

22.1.2024. No er tida inne for deg til å stole på Gud i alle ting. Du skal gå frå kraft til kraft. Du er hovud og ikkje hale. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

«No er tida inne for deg, til å stole på Gud i alle ting. Legge ned alt du har og alt du er. Dette er året for deg, da du skal sjå at Gud verkar i ditt liv. No er tida inne for å gå det neste steget med Gud, du skal gå fra kraft til kraft og ikkje frå dal til dal. Du er hovud og ikkje hale. Og Gud ynskjer å bruke deg dette året. Gud lengtar etter å sjå deg fullstendig overgitt til han og hans vegar. For deg som har sått i lang tid, med tårer og lengsel til Gud, så seier Gud at du skal ikkje gi opp og ikkje miste motet, du skal få sjå at Gud svarar deg på alle dine lengslar. Så seier Gud: eg er ein Gud som høyrer bøn og eg er ein Gud som samlar dine tårer i mi flaske, fortsett å be for din familie, de vil bli frelst. Dei vert haldne oppe av dine bønner, du er dyrebar for meg og viktig for meg og mitt rike. Eg har store planar for deg og ditt liv. Mine tankar for deg er framtid og håp. Du er ikkje forlatt og ikkje aleine. Eg ser deg og ditt liv. Du er viktig for meg og din familie er viktig for meg, seier Herren. No er tida inne for at du skal stole på at eg er ein god Gud, også i ditt liv. Kom med dine byrder og legg dei ved korsets fot. Og eg vil ta det vekk frå deg. Dette året er ei ny tid med nye dører for deg. Dette året er ei tid for overgiving og tillit. Ikkje sjå deg til høgre eller venstre, ikkje sjå på bølgene som Djevelen distraherer deg med. Løft ditt blikk opp mot meg og søk og rett ditt blikk mot det som er her oppe og ikkje på det som er på jorda. Mitt namn, seier Herren, er eit sterkt tårn. Du skal springe til det og vere trygg. Har eg ikkje befalt deg, ver frimodig og sterk. Frykt ikkje, ver ikkje redd, for Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre. Sett di lit til meg, seier Herren, og mitt ord, ikkje denne verda sine makter og alt som skjer rundt deg. Stormar og trengsle vil komme i denne verda, men dei som ser opp til meg vil skine sterkare og sterkare i denne verda sitt mørke. Dei som held seg tett til meg og let seg fylle av meg og ikkje av denne verda sitt mørke og løgner, vil bli brukt sterkare og sterkare av meg, seier Herren. Dei vil finne og føle mitt nærvær og kjærleik og det vil halde dei i glede og fred midt i stormen. Dei som kjem til meg for råd og vegleiing, vil finne det og halde seg reine frå verda sine løgner og forføring. Bedrag og løgn vil auke på denne jorda, derfor må du halde deg tett til meg og mitt ord, for å kunne sjå sanninga, seier Herren. Din heim er ikkje på denne jorda, din heim er her hos meg. Elsk ikkje denne verda og dei ting som er i denne verda, rett ditt blikk mot meg. Eg held oppe alle som snublar og reiser opp alle dei nedbøygde og vil gi dei mat i den rette tid. Eg er nådig og full av barmhjertigheit, sein til vreide og rik på trufast kjærleik. Eg vil aldrig svikte deg, eg er god mot alle. Eg er rettferdig på alle mine vegar, barmhjertig i alle mine gjerningar. Eg er nær deg når du kallar på meg, når du kallar på meg i sanning. Set din lit til meg av heile ditt hjarte. Stol ikkje på din eigen forstand. Tenk på meg på alle dine vegar, så skal eg leie dine stigar rett. Amen.»

10.2.2024. Eg har høyrt di bøn for din familie og eg vil ikkje la dine ord falle til bakken. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

«Sjå, eg kjem med skyene og kvart auge skal sjå meg, også dei som gjennomborar meg. Eg er alfa og omega, byrjinga og enden, seier Herren. Han som er og som var og som kjem, den allmektige. Frykt ikkje, mitt barn, eg er den fyrste og den siste. Sjå, eg er han som lever og var død og sjå eg er levande i all æve. Eg har nøklane til døden og dødsriket. Eg har høyrt di bøn for din familie. Eg er tru til mitt ord. Eg vil ikkje la dine ord fall i bakken. Eg etterjagar dine familiemedlemmer, når du ber. Eg skal frelse dei. Fortsett å be, for det gir meg retten til å gå etter dei med min Ande. Trengsel vil komme over denne jorda. Prøvingar vil auke, men mine heilage vil vokse og spire i mine føregardar. Dei som elskar meg og mitt ord vil blomstre og skine sterkare og sterkare. Men for dykk som frykter mitt namn, skal rettferdssola gå opp med lækjedom under sine venger og de skal gå ut og springe som kalvar når dei vert sleppte ut frå fjøsen. Min herlegdom vil fylle jorda. Store ting vil skje som ikkje har vore sett før. Eg vil vise min herlegdom. Englar vil verte meir vanleg å sjå. Det overnaturlege vil verte meir og meir vanleg, for eg er ein overnaturleg Gud. Gud er ei ånd og eg ynskjer at mine tilbedarar skal tilbe meg i ånd og i sanning. Hold deg tett til meg i denne tida. Forføringa vil verte stor over verda, men mitt Ord står for evig fast. Hos meg er det inga forandring eller skiftande skugge. Eg er sanninga, vegen og livet. Eg lutrar deg gjennom eld og prøver ditt hjarte. Eg er ein nidkjær Gud og ynskjer heile ditt hjarte, alle rom, ei tru, tillit og ein kjærleik som veks, sjølv gjennom prøvingar og smerte. Eg vil aldrig sleppe deg og aldrig forlate deg. Den som sigrar vil eg gi å ete av den skjulte manna. Eg vil gi han ein kvit stein og på steinen er det skrive inn eit nytt namn som ingen kjenner, utan den som får den. Den som sigrar, han vil eg gi å ete av Livets tre, som er midt i Guds Paradis. Den som sigrar og held fast på mine gjerningar inntil enden, han vil eg gi makt over folkeslaga, han skal herske over dei med jernstav. Som pottemakaren sine kar skal dei verte slått i stykke. Slik eg har fått det overgitt av min far og eg vil gi han morgonstjerna. Den som sigrar skal verte kledd i kvite klede og eg skal slett ikkje stryke namnet hans ut or Lammets bok, men eg skal vedkjenne hans namn for min far og hans englar. Den som sigrar vil eg gjere til ei søyle i min Guds tempel og han skal aldri meir gå utanfor. Eg vil skrive min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det Nye Jerusalem som kjem ned frå himmelen, frå min Gud. Eg vil skrive mitt nye namn på han. Den som sigrar vil eg gi å sitje med meg på mi trone, slik eg har sigra og sett meg med min far, på hans trone. Ver tru inntil døden og eg vil gi deg livets krone, seier Herren. Sjå, eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta di krone. Amen.»

2024.06.26. Eg vil smykke deg med mine gaver.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

https://www.youtube.com/@elinthereseslotten2987 , sitat:

«Du har vært gjennom mye mitt barn. Den onde har vært ute etter ditt liv igjen og igjen. Du har følt deg alene, som om at jeg ikke har sett deg og at jeg har forlatt deg. Men du var aldri alene, mitt barn. Jeg har vært der, tett ved din side igjennom hver storm som traff deg. Jeg vil aldri gå fra deg, mitt elskede barn. Du er dyrebar! Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg. Jeg har lovet deg i mitt ord at jeg vil vende alt til det gode for dem som elsker meg. Det vil komme gode frukter ut av din smerte! Det vil ikke være forgjeves! Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang. Som regnet lar alt som lever vokse og gro, kan tårer og smerte produsere blomstring og modenhet. Du står stødigere i dag enn noen gang og du vil fortsette å vokse med meg! Du vil bære min herlighet og legedom til denne verden. Du vil være mine hender og føtter. Jeg vil smykke deg med mine gaver og herlighet og dine sår vil jeg lege med gull. Det vil for alltid være et merke som hele himmelen vil se. Et synlig bevis på din seier over alt av angrep fra den onde. Din lønn vil bli stor og din glede vil aldri ta slutt. Alle dine valg og din hengivenhet er lagt merke til og sett. Du er min og jeg har behag i deg.»

Jesus sa til meg at den lovsongen han la ned i meg var min og den skulle vere min i all æve, i djupet av meg, der var den. Det verka som det gjekk mange år utan at det vart noko meir av den, i staden vart der ein verkebyll, så den kunne kjennast som den vart til ein verkebyll. 26.6.2024 sa han til meg:

«Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg. Jeg har lovet deg i mitt ord at jeg vil vende alt til det gode for dem som elsker meg.»

Eg trur det er sikta til det området der han la lovsongen i meg. Men han vil stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han, så eg ventar meg at han vil stige ned og møte henne igjen der, så ho får eit nytt møte med han og eg får sjå han igjen der. Så det vert til lækjedom for meg og for henne og for mange, han vil lækje den sjukdomen som er mellom Guds folk, heilt ifrå Israels fråfall.

Jesus sa han gav meg ein draum og vil eg skal ta fram att draumen og drøyme stort med han.

Bodskapen 31.8.2024:

«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»

2025.05.08. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten: «Djevelen har virkelig prøvd å splitte og ødelegge din familie, han kommer bare for å myrde, stjele og ødelegge. Han er en løgner og løgnens far, han har hvisket i ditt øre igjen og igjen, at det ikke er håp for din familie, det vil aldri bli bra, de vil aldri forstå eller de vil aldri bli frelst. Men det er en løgn, ingenting er umulig for meg, sier Gud.»

 

Hennar eigen opplesing: https://www.youtube.com/watch?v=-_GwDlPLzLE

Mi nedskriving:

«Jeg har sett hvordan du har blitt behandlet av din familie, jeg har sett din smerte og jeg ser dine sår. Jeg ser din frustrasjon og hvor mye det kostet deg å være god mot den som såret deg. Jeg er ikke blind overfor din situasjon jeg er en Gud som har inderlig medlidenhet med deg i dine prøvelser. Jeg ble også sviktet og misforstått av mine, jeg har blitt prøvd i alt, så jeg har inderlig medlidenhet og forståelse for din smerte, mitt barn. Djevelen har virkelig prøvd å splitte og ødelegge din familie, han kommer bare for å myrde, stjele og ødelegge. Han er en løgner og løgnens far, han har hvisket i ditt øre igjen og igjen, at det ikke er håp for din familie, det vil aldri bli bra, de vil aldri forstå eller de vil aldri bli frelst. Men det er en løgn, ingenting er umulig for meg, sier Gud. Frykt ikke, bare tro, jeg kan gjøre hva som helst gjennom hvem som helst. Jeg kan snu hver situasjon opp ned på en dag. Jeg er mektig og ingen er for vanskelig for meg å forandre. Bare be til meg og ha tro, mitt barn, til hva jeg kan gjøre. I dag er dagen for å tilgi din familie, for at de ikke elsket deg som du trengte, for at de ikke forsto deg og tok imot deg som du trengte så sårt. Tilgi dem og la meg ta meg av dem og ditt hjerte. De kan ikke elske deg som jeg kan, de kan ikke forstå deg sånn som jeg kan. Jeg vil aldri svikte deg min elskede, jeg vil aldri slippe deg eller forlate deg, fortsett å be for din familie og gi dem til meg. La meg bære dem i min sterke hånd, jeg vil høre din bønn for din familie og jeg vil etterjage dem, hvis du velger å tilgi og velsigne og ikke forbanne dem med dine ord. Jeg elsker alle i din familie og dere som familie er viktig for meg, jeg har en plan også for dere. Amen.»

Når eg gjekk på gymnaset, tenkte eg meg at når Gud gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så yngste eg å få ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med

1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Så det vart ein vakker draum for meg å få ta imot henne Virtuella slik, omfamne henne og gi henne ein klem. Når eg møtte henne igjen i Bergen og ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar fordi eg var glad i henne, så opplevde et det som ein åndeleg røyndom, sjølv om ho fysisk var langt borte frå meg. Korleis kunne eg no få henne til å møte meg fysisk også? Jesus sa til meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den.

No talte han om dette som at eg hadde drøymt stort med han, ja, for eg tenkte meg at dette høvde med skaping i 1.Mos.2, men no skaper Gud oss i Kristus, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Så han vil eg skal ta fram att draumen og drøyme stort med han igjen, han vil setje det i verk.

Gud er fullkomen og han er kjærleik, han elskar oss med  den fullkomne kjærleiken i Kristus og vi elskar fordi han elska oss først. Då er det først og fremst han vi elskar, slik elskar vi Gud.  Dette gjeld både menn og kvinner. Så skal vi elske nesten vår som oss sjølve og det også gjer vi fordi Jesus elska oss først. Sidan eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han gir meg det, så blir det då slik at eg elskar henne fordi Jesus elska meg først og så får eg oppleve det slik at han elskar henne gjennom meg. Venteleg vert det slik for henne også, så ho elskar meg fordi hen elska henne først og får oppleve det slik at han elskar meg gjennom henne. Så slik svarar Jesus meg på mi bøn om ei frelst kvinne til kone. Alt dette er åndeleg og vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Venteleg vil han gjennomføre det ved at han ved sin Ande råder i vår døyelege lekam.

Jesus gir meg framtid og von, for tid og æve.

Det verkar litt rart at eg framleis skal tru og vone på at Jesus vil gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt om frå eg var ein liten gutunge. Det verka som endåtil kristne forakta meg for mi barnetru, sidan passa eg ikkje inn og no er eg for gammal også, for det vanlege er då at ein  mann får seg ei kone når han og ho er unge. No er eg snart 69 år og så vil han framleis gi meg ei kone, kanskje endåtil 2-3 koner? Ja, Abraham var 100 år når han fekk sonen Isak og Jakob fekk to koner. David fekk fleire. Når Moses var gammal kalla Gud han til å leie folket hans ut av Egypt, mot det lova landet. Men sidan dei ikkje trudde på han, fekk dei like vel ikkje komme inn, dei måtte vente til der kom ein ny generasjon. Den fekk komme inn, men sidan fall dei ifrå han og vart bortførde til Babylonia, fordi dei ikkje trudde på han og ikkje brydde seg om det som han sa til dei. Det er til åtvaring for oss i vår tid.

Heb.3, 7 Difor, som Den Heilage Ande seier:

I dag, om de høyrer hans røyst,

8 så gjer ikkje hjarto dykkar harde

som den gongen fedrane dykkar trassa meg,

den dagen dei eggja meg i øydemarka.

9 Der eggja dei meg

og sette meg på prøve,

10 endå dei hadde sett mine gjerningar i førti år.

Difor fekk eg uvilje mot denne ætta

og sa: Dei fer alltid vilt i sitt hjarta,

dei kjenner ikkje mine vegar.

11 Så svor eg i min vreide:

Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

12 Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud. 13 Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda. 14 For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida. 15 Når det heiter:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjarto dykkar harde

som den gongen dei trassa meg,

16 kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt? 17 Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka? 18 Og kven var det han meinte då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei som var ulydige? 19 Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn.

Men Gud gav folket sitt framtid og von, endåtil når dei var i trældomen i Babylonia.

Jer.29, 4 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia: 5 Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei! 6 Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka. 7 Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg.

8 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer! 9 For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren.

10 Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

12 Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

Men etter at dei var komne attende til landet sitt, ville han gi dei draumar.

Joel.3, 1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner.

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler.

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande.

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Og så har han gitt meg ein draum og vil at eg skal ta den fram att og drøyme stort med han, det er eit kall han har gitt meg og som han vil eg skal seie ja til. Det er som ein visjon for framtida ein profeti om kva som skal komme og som han vil sette i verk og gjennomføre.

Og så har Jesus sagt at eg skal takke han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Då skal eg vende hugen opp til det som er der oppe hos han og feste blikket på han. Han gir meg ånd og liv ifrå himmelen og det er det eg skal ha hug på. Eg attrår ei kvinne, eg attrår kroppen hennar, like vel er det på den måten at eg har hug på den Anden og det livet Jesus gir oss frå himmelen. Korleis heng det i hop? Jau, ved at kroppen er eit tempel for den Heilage Ande. Vi får komme til Jesus og drikke av det levande vatnet, så det vert i oss ei kjelde som veller opp til evig liv i oss.

Jesus har kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem, det er i Guds himmel og så kjem det ned på den nye jorda. Det Nye Jerusalem er Jesus brud. Når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så kan eg tenke slik om henne, at ho er Jesus brud og slik tek han seg av mi sak, han gir meg ei kone som lever i eit kjærleiksforhold til han, som hans brud og eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Slik tek han seg av mi sak som si sak, mi sak er at eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne som kone, så eg han få han henne sjølv og hans sak er at han kyrkje hans brud, så han vil ha henne for seg sjølv. Dersom hoi vert reinsa i hans blod, så blir det slik at han får ha henne for seg sjølv.

Jesus frelseverk er fullført og fullkome, menneske kan  ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg 100 % til han, Venteleg gir han meg henne 100 % som ei gåve. Og framtidsutsiktene er evig, ettersom de Nye Jerusalem er staden med dei faste grunnvollane, byen som aldrig vert reven ned.

Korleis kan vi få dette til å stemme med Jesu ord om at i det neste livet er det inge som gifter seg eller vert bortgifte?

Matt.22, 23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24 «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. 25 No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27 Sist av alle døydde kvinna. 28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»

29 Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen. 31 Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier: 32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» 33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.

Og når Jesus kjem att og hentar sine, lever folk eit vanleg liv, gifter seg og vert bortgifte, men så kjem den dagen uventa på dei

Luk.17, 26 Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 27 Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom flaumen og gjorde ende på dei alle. 28 Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. 29 Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. 30 På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.

31 Er det nokon oppe på taket den dagen, og har sakene sine nede i huset, må han ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att. 32 Kom i hug kona åt Lot! 33 Den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser det, skal vinna det. 34 Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng; den eine skal hentast, den andre setjast att. 35 To kvinner skal mala på same kverna; den eine skal hentast, den andre setjast att. 36 To menn skal vera ute på marka; den eine skal hentast, og hin setjast att.

37 Då tok læresveinane til ords og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»

Ved syndefallet forguda menneska seg med sin eigen kunnskap og så gøymde dei seg for han med dårleg samvit, dei konkluderte altså med at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne var noko som Gud ikkje hadde noko med å gjere, så derfor levde dei ikkje lengre i samfunn med han. Men Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss på korset, på det grunnlaget får vi komme inn att i samfunnet med hand. Men når Jesus kjem att for å hente sine, kjem det uventa på mange, så dei ikkje vert med, for dei har ikkje lete seg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll like vel eller så hadde dei falle ifrå han og lever ikkje lengre i samfunn med han. Det sentrale poenget er slik som ved syndefallet at dei gøymer seg for Gud med dårleg samvit og konkluderer med at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er noko som Gud ikkje skal ha noko med og derfor lever dei ikkje lengre i samfunnet med han.

Jesus har sagt at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Ja, for hans nåde er nok for meg og dette har å gjere med at å vere som dei fem vituge brurmøyane, som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei hadde nok olje med seg. Men det er visst mange som ikkje vil godta dette, men finn på mykje anna i staden, dermed minner det om dei fem uvituge brurmøyane som for av stad og kjøpte seg olje, men som vart for seine til å verte med inn til bryllaupet (Matt.25,1….).


Leave a Reply