Ny tid 144. Jesus vil frelse oss frå syndefallet, fråfallet og domen. Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, når vi søker samfunn med han på det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta, han kallar på dei fråfallne, for å lækje deira fråfall og slik vil lækje fråfallet i jødedomen og kyrkja. 11. Skapingssoga og konstruksjon av kunnskap som pedagogisk teori. 3. Gud bygger Sions Dotter, slik bygger han kyrkja som Jesu brud.

Bilete: Lev Vygotsky.

Sitat frå Lev Vygotskij – Store norske leksikon :

Lev Vygotskij var ein russisk–jødisk psykolog. Han blir rekna som grunnleggjaren av kulturhistorisk psykologi, men har også gitt viktige bidrag innanfor psykologisk metodologi, pedagogikk og spesialpedagogikk, kulturantropologi, utviklings- og kognitiv psykologi, psykolingvistikk, nevropsykologi og -patologi.

…….

Vygotskij kan seiast å føre vidare Marx og Engels dialektiske materialisme som hevda at menneskets medvit var bestemd av økonomiske og teknologiske faktorar og at reiskapar speler ei viktig rolle i utviklinga av samfunn og menneske. Vygotskij brukte dette utgangspunktet til å fremje ideen om at teikn leidde til utvikling av både samfunnet og menneskets medvit.

Til liks med Wilhelm Wundt skilde han mellom elementære psykologiske prosessar og høgare mentale prosessar. Dei siste meinte han var eit resultat av bruken av teikn. Teikna har opphavet sitt i kulturen, og ved at mennesket lærer å meistre bruken av teikn blir dei ein del av den kulturen dei veks opp i. Han meinte at bruk av teikn utvikla menneskets medvit og at menneskets medvit dermed var eit resultat av kulturen. Ved å utvide Marx’ ide om reiskapars rolle i utviklinga av samfunnet til å omfatte kulturelle teikn meinte han å kunne byggje bru mellom marxistisk filosofi og Wundts psykologi.

Sions dotter er Jesu brud og det er identiteten til den kristne kyrkja.

Kritikken av den tradisjonelle pedagogikken, behaviorismen og positivismen var at den gjorde elevane til instrument og reiskap for herskarane. På 1970-talet låg det an til at elevane skulle verte reiskap for marxistiske herskarar i staden, men på 1980-talet hadde dette mykje godt utspelt si rolle. Sidan synest det for meg som moralfilosofi har vorte dominerande, spesielt gjennom kvinnerørsla, som motsetnad til den frigjerande bodskapen eg har å bringe.

Personleg meinte og hevda eg at med metodene og lærdomen i realfag lærde eg å tenke sjølvstendig. Men den frigjerande bodskapen i evangeliet var mest fundamental. Vel bøyer vi oss for Kristus som vår frelsar og Herre, men det er ikkje ein verdsleg autoritet, han er den siste Adam, som er frå himmelen og han har for oss vorte ei livgivande ånd. Han har sigra over verda og i den Anden og det livet han gir oss frå himmelen skal vi sigre saman med han. Med ein Ande døyper han oss til å vere ein lekam, vi vert lemer på hans kyrkje, som er hans brud og hans lekam i følgje 1.Mos.2 og han er hovudet for lekamen. Soleis vert vi reiskap for han. Den karismatiske rørsla markerte seg i universitetsmiljøet med denne forkynninga på slutten av 1970-talet.

1.Kor.12,12 For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg. 13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka. 14 For lekamen er heller ikkje ein lem, men mange.

Kol.1, 9 Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og alt det skjøn som Anden gjev. 10 Då kan de leva eit liv som er Herren verdig, og som i alt er til hugnad for han; og de skal bera frukt i all god gjerning og veksa i kjennskap til Gud. 11 De skal styrkjast og få kraft, av den kraft som han i sin herlegdom eig, så de alltid er uthaldande og tolmodige. 12 Og med glede skal de takka Faderen, som gjorde dykk dugande til å få del i den arven dei heilage får i ljoset. 13 For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike. 14 Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene.

Skaping og forsoning ved Kristus

15 Han er bilete av den usynlege Gud,

den fyrstefødde som står over alt det skapte.

16 For i han vart alt skapt,

i himmelen og på jorda,

det synlege og det usynlege,

dei som tronar og dei som styrer,

både makter og herredøme –

alt er skapt ved han og til han.

17 Han er før alle ting,

og alle ting står ved lag ved han,

18 han er hovudet for lekamen, som er kyrkja.

Han er opphavet,

den fyrstefødde av dei døde,

så han i eitt og alt skal vera den fremste.

19 For det var Guds vilje

at heile hans fullnad skulle bu i han,

20 og ved han ville Gud forsona alle ting med seg,

det som er i himmelen og det som er på jorda,

då han skapte fred ved hans blod, på krossen.

Gud valde meg ut og kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem.

DFEF M40 Oslo. Søndag 2.12.90.

Tyding av tungetale:

«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»

Jesus kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade, fordi han er Herren hennar brudgom og ektemann.

Sitat frå 2011.12.18. Maranata. Jesus kalla Sions dotter ut i fridomen. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :

I slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:

«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»

Gud ville bygge oppatt Sion.

Jerusalem vert omtala som ei ung kvinne som Gud bygde (Salomos Høgsang), men så vart det ei tid til å bygge opp og ei til å rive ned (Fork.3). Han fostra henne frå ho var ei baby og når ho vart voksen, vart ho kona hans. Men ho falla ifrå og dyrka avgudane til nabofolka, som ei hore, då gjekk det henne ille (Esekiel.16). Sidan ville han bygge henne oppatt, då måtte dei skjøne med hjartet at det skjer ikkje med hær eller makt, men berre ved Guds Ande (Sak.14). Soleis er den nye pakta hjerte-omskjering i den Heilage Ande, det er Gud som gjer sitt verk med oss i vårt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande.

Sions Dotter er Jesu brud, det er identiteten til den Kristne Kyrkja. Å forkynne evangeliet er å invitere til bryllaupet og no skal denne glade bodskapen forkynnast for alle folkeslag.

Salme.102,13 Men du, Herre, tronar til evig tid,

ditt minne varer frå ætt til ætt.

14 Du vil reisa deg og miskunna Sion,

for no er timen komen,

tida då du vil visa nåde.

15 Dine tenarar elskar steinane på Sion

og ynkast over grushaugane der.

16 Folkeslag skal ottast ditt namn, Herre,

alle kongane på jorda din herlegdom.

17 For Herren vil byggja opp att Sion

og syna seg i sin herlegdom.

18 Han lyder etter når armingar bed,

og vanvørder ikkje deira bøn.

19 Dette er skrive for komande ætter,

eit nyskapt folk skal prisa Herren.

20 For Herren ser ned frå sin heilage høgsal,

frå himmelen skodar han ned på jorda.

21 Han vil høyra når fangane sukkar,

og løysa dei som er vigde til døden.

22 Så skal Herrens namn forkynnast på Sion,

hans lov og pris i Jerusalem,

23 når folkeslag og kongerike

samlar seg og tener Herren.

Salme.69, 22 Dei hadde gift i maten min,

for torsten gav dei meg eddik å drikka.

23 Lat bordet deira verta ei snare

og offermåltidet ei felle for dei.

24 Lat augo deira dimmast,

så dei ikkje kan sjå!

Lat alltid deira hofter skjelva!

25 Renn ut din vreide over dei,

lat din brennande harme nå dei!

26 Lat leiren deira verta aud,

så ingen bur i deira telt.

27 For dei forfylgjer den du har slege,

og aukar pinsla åt den du har gjennomstunge.

28 Legg skuld til den skulda dei har,

lat dei ikkje få del i di frelse!

29 Lat dei strykast ut or livsens bok

og ikkje skrivast opp med dei rettferdige.

30 Men eg er arm og full av liding;

Gud, lat di frelse verna meg!

31 Eg vil prisa Guds namn med song

og hylla han med takkesong.

32 Det vil Herren heller ha enn offerdyr,

enn oksar med horn og klauver.

33 Dei hjelpelause skal sjå det med glede.

Gjev de må leva,

de som søkjer Gud!

34 For Herren høyrer bøna åt dei fattige,

han vanvørder ikkje sine eigne som er fangar.

35 Himmel og jord skal prisa han,

havet og alt som rører seg der.

36 For Gud vil frelsa Sion

og byggja opp att byane i Juda.

Folk skal få bu der og eiga landet.

37 Hans tenarars ætt skal arva det,

dei som elskar hans namn, skal bu der.

Matt.21,1 Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg 2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg. 3 Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong.» 4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten, når han seier:

5 Sei til Sions dotter:

Sjå, kongen din kjem til deg,

audmjuk rid han på eit esel,

folen til eit kløvdyr.

6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. 7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. 8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen. 9 Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:

Hosianna, Davids son!

Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!

Hosianna i det høgste!

10 Då han drog inn i Jerusalem, kom heile byen i rørsle og spurde: «Kven er dette?» 11 Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

Sak.2, 10 Sing and rejoice, O daughter of Zion, for behold, I come and I will dwell in your midst, declares the Lord.

11 And many nations shall join themselves to the Lord in that day, and shall be my people. And I will dwell in your midst, and you shall know that the Lord of hosts has sent me to you.

12 And the Lord will inherit Judah as his portion in the holy land, and will again choose Jerusalem. ”

13 Be silent, all flesh, before the Lord, for he has roused himself from his holy dwelling.

Sak.9,9 Gled deg storleg, Sions dotter,

set i og jubla, Jerusalem!

Sjå, kongen din kjem til deg.

Rettferdig er han, og siger har han fått;

audmjuk rid han på eit esel,

på den unge eselfolen.

10 Eg vil rydja ut vognene i Efraim

og hestane i Jerusalem,

og stridsbogen skal brytast sund.

Han skal skapa fred for folka,

hans velde skal nå frå hav til hav,

frå Eufrat til heimsens endar.

Jes.62, 1 For Sions skuld vil eg ikkje teia,

for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still,

før hennar rett strålar fram med glans

og hennar frelse som ein brennande fakkel.

2 Då skal folkeslag sjå di rettferd

og alle kongar din herlegdom.

Du skal få eit nytt namn,

som Herren sjølv skal gje deg.

3 Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand,

ein kongeleg hovudprydnad

i handa åt din Gud.

4 Du skal ikkje lenger kallast «Den forlatne»,

og ditt land skal ikkje meir heita «Øydemark».

Men du skal kallast «Mi kjære»,

og landet ditt skal heita «Kone».

For Herren skal ha deg kjær,

og landet ditt skal takast til ekte.

5 Som ein ungdom gifter seg med ei møy,

skal dine søner ta deg til ekte.

Og som ein brudgom gleder seg over si brur,

skal din Gud gleda seg over deg.

6 På murane dine, Jerusalem,

har eg sett vaktmenn.

Og dei skal aldri teia

anten dag eller natt.

De som prisar Herren,

unn dykk ikkje ro!

7 Lat heller ikkje han få ro

før han byggjer opp att Jerusalem

og gjer byen til ein lovsong på jorda.

8 Herren har svore ved si høgre hand

og ved sin veldige arm:

Aldri meir skal eg gje ditt korn

til føde for dine fiendar,

og ikkje skal framande drikka din vin,

som du har hatt møda med.

9 Nei, dei som haustar kornet,

skal eta det og prisa Herren;

og dei som sankar druene,

skal drikka vinen

i mine heilage tempelgardar.

På heimveg

10 Dra ut, dra ut gjennom portane,

og ryd ein veg for folket!

Bygg, ja bygg ein kongsveg

og reinsa han vel for stein!

Reis ei merkestong for folka!

11 Høyr, Herren lèt det ljoma

til heimsens ende:

Sei til Sions dotter:

Sjå, di frelse kjem!

Sjå, dei han fekk i løn, er med han,

dei han vann, går føre han.

12 Dei skal kallast det heilage folket,

dei som Herren har løyst ut.

Og sjølv skal du kallast den søkte,

byen som ikkje ligg aud og tom.

Jes.52, 1 Vakna, vakna,

kled deg i styrke, Sion!

Ta på deg ditt høgtidsskrud,

Jerusalem, du heilage by!

For aldri meir skal det koma inn i deg

ein uomskoren eller urein.

2 Rist av deg støvet og reis deg,

set deg på trona, Jerusalem!

Løys lekkjene du har om halsen,

du hærtekne Sion-dotter!

3 Så seier Herren:

For inkje vart de selde,

og utan pengar skal de løysast ut.

4 For så seier Herren din Gud:

I si fyrste tid drog folket mitt til Egypt

og heldt til der.

Sidan vart dei utan grunn trælka av Assur.

5 Og no, lyder ordet frå Herren,

kva skal eg gjera her

når folket mitt er bortført utan vederlag?

Valdsherrane hyler, seier Herren,

dagen lang vert namnet mitt spotta.

6 Difor skal folket mitt

læra mitt namn å kjenna,

ja, den dagen skal dei skjøna

at det er eg som seier: «Her er eg!»

7 Kor fagert det er

når han som ber gledebod,

kjem springande over fjell,

melder fred og ber god bodskap,

forkynner frelse og seier til Sion:

«Din Gud er konge!»

8 Høyr, dine vaktmenn ropar,

dei jublar alle i hop.

For med eigne augo ser dei

at Herren kjem heim att til Sion.

9 Set i med jubelrop,

de aude tufter i Jerusalem!

For Herren trøystar sitt folk

og løyser ut Jerusalem.

10 Herren syner sin heilage arm

for augo på alle folkeslag.

Heile den vide jord får sjå

frelsa frå vår Gud.

Far bort frå Babylon!

11 Far bort, far bort frå Babylon!

Ikkje rør noko ureint!

Dra ut or byen og reinsa dykk,

de som ber Herrens kar!

12 For de treng ikkje skunda dykk,

de må ikkje røma frå byen.

For Herren sjølv går føre dykk,

og sist i flokken er Israels Gud.

Herrens lidande tenar

13 Sjå, min tenar skal ha framgang,

han skal stiga og lyftast og opphøgjast.

14 Liksom mange stokk til då dei såg han

– meir skamfaren var han enn nokon mann,

han såg ikkje ut som eit menneske,

15 så skal mange folkeslag undrast over han,

og kongar skal lata att sin munn.

For dei får sjå det som aldri vart sagt dei,

uhøyrde ting vert dei vitne til.

Matt.21,33 Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.

34 Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga. 35 Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei. 36 Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei. 37 Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for. 38 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår. 39 Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel.

40 Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?» 41 «Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.» 42 Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:

Den steinen bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein.

Det er Herrens eige verk,

underfullt er det i våre augo.

43 Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til. 44 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

1.Pet.2,1  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.


Leave a Reply