Teologisk, vitskapleg og pedagogisk metode. Åndskampen.
Bilete: Piaget (1896-1980) var frå Sveits og tok doktorgrad i biologi når han var 22 år. Sidan vart han berømt for sin pedagogiske teori som vert karakterisert som kognitiv konstruktivisme.
Vilhelm Ockham, vitskap og trusliv.
Med den moderne naturvitskapen vart det strid om metoden og konklusjonen vart at metoda var hypotetisk deduktiv. Hypotese og teori var rasjonalitet som det kunne brukast logikk og matematikk på og tenke deduktivt. Men det skulle prøvast empirisk, soleis vart det syntese mellom rasjonalitet og empiri.
I realfag har vitskapleg metode også vorte brukt som pedagogisk metode, det skulle vel vere trygt oss sikkert, gi gode forklaringar som dermed er god pedagogikk. Spesielt ved bruk av eksperiment. Til dømes er ei god og enkel forklaring på kva kvantefysikk er for noko, er å referere til dobbelt-spalte-eksperimentet eller gjere det.
Munken Wilhelm Ockham kom med eit godt råd som vert kalla Ockhams barberkniv, sitat frå Ockhams barberkniv – Store norske leksikon :
Ockhams barberkniv er et metodologisk enkelhets- eller økonomiprinsipp som kan formuleres slik: Man bør ikke innføre flere begreper og størrelser enn nødvendig for den sak det gjelder.
Skjønt prinsippet er eldre enn William Ockham, tilskrives det ham fordi han gjorde så bevisst og systematisk bruk av det.
SITAT SLUTT.
Så han skilte klart mellom naturfagleg gransking og sitt liv med Gud, ja, for Gud er ånd, men naturen er stein, tre, jord og slikt som er laga av jord, det er noko anna enn han som har skapt det. Gud er ånd og har makt over naturen han har skapt og kan gjere under, men dersom han gjorde under i vårt naturfaglege eksperiment, ville han øydelegge det for oss. Det ville vere som om han fuska i eksperimentet.
Men når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Gud som er ånd gjer sitt verk med oss, med sitt Ord og sin Ande. Då kan vi oppleve at Gud gjer under ved sin Ande og då må vi takke Gud og Lammet for det. Gud er ånd og han har rørt ved oss med sin Ande, det er den rette forklaringa. Då er det berre for oss å gå ut og vitne om han, slik som disiplane gjorde då den Heilage Ande kom over dei på pinsedag. Og slik var den karismatiske vekkinga på 1970-talet.
Gud gir ikkje si ære til avgudane, som er laga av stokk og stein og heller ikkje til menneske som prøver å gjere seg liksom Gud. Dersom nokon gjer det, så seier dei ikkje Sanninga. Avgudane er Lygn og Djevelen er Lygnaren, men Jesus er Sanninga som kom for å setje oss fri frå trældomen under synda og avgudane og gi oss barnekår hos Gud.
Behaviorisme.
Behaviorisme er den klassiske pedagogiske teorien. Det høyrest ut som det handlar om å oppføre seg, så det skulle vel passe med å lære å gjere eit praktisk arbeid. Pavlov hadde nokre hundar og så byrja han å gi eit signal tett før han gav dei mat. Så merka han at når han gav signalet, byrja dei å sikle etter mat. Stimulus var mat, responsen var sikling, men no vart signalet kalla betinga stimulus og responsen var også betinga. Slik hadde dei lært noko altså. Dei vart stimulerte og gav respons, slik er desse læringsteoriane og dei har tydelege hedoniske trekk, du vel bor det som kjennest vondt og vel det som kjennest godt. Slik ligg det nærare eit mekanistisk verdsbilete.
Men dersom dei andre læringsteopriane kjem med noko anna i tillegg, så spørst det om elevane berre vert narra av det.
Positivisme-debatten.
Logisk positivisme kom på 1920-talet, tydeleg vis meint som ei forfrisking empirismen eller den hypotetisk deduktive metode, sitat frå logisk positivisme – Store norske leksikon :
Logisk positivisme er en filosofisk retning som oppstod i Wien i 1920-årene i og rundt den såkalte Wiener-kretsen ledet av blant andre Rudolf Carnap og Moritz Schlick. De logiske positivistene var inspirert av fremskrittene innen moderne empirisk vitenskap på den ene siden og utviklingen innen moderne logikk og matematikk på den andre.
De så på seg selv som en fornyelse og en forlengelse av den empiristiske tradisjonen fra blant andre David Hume, John Stuart Mill og Ernst Mach, der man mente at kildene til all kunnskap kan spores tilbake til empiriske observasjoner og sanseerfaringer. De logiske positivistene hadde som mål å vitenskapeliggjøre filosofien gjennom å rense den helt for påstander som en ikke kunne avgjøre sannheten av ved enten empirisk basert observasjon eller ved å vise at de er logiske eller matematiske teoremer og tautologier. De ønsket med dette å gi filosofien et nytt og vitenskapelig grunnlag, fritt for det de avviste som spekulasjon, tradisjonell metafysikk og påstander som er meningsløse fordi en ikke kan avgjøre sannhetsverdien av dem.
SITAT SLUTT.
Nokre av dei som vart påstått å forsvare positivismen, kalle seg eigentleg kritiske rasjonalistar, så metoda deira var tydeleg vis hypotetisk deduktiv, sitat frå Positivismestriden – Wikipedia :
Den opprinnelige positivismestriden startet i Tyskland og stod mellom den kritiske rasjonalismen (Karl Popper, Hans Albert m.fl.) og Frankfurtskolen (Theodor Adorno, Jürgen Habermas m.fl.). Opptakten var foredragene om samfunnsvitenskapenes metode som Popper og Adorno holdt på en konferanse til Det tyske sosiologiske selskap i 1961. Foredragene førte ikke til umiddelbare reaksjoner, men debatten utviklet seg i etterkant, spesielt mellom Habermas og Albert.
Navnet på debatten er i seg selv et partsinnlegg i striden, siden Adorno betegnet antagonistene sine som positivister, mens kritiske rasjonalister ser på seg selv som motstandere av positivismen, slik begrepet vanligvis forstås. Betegnelsen ble for første gang brukt i tittelen på boken Der Positivismusstreit in der deutschen Soziologie («Positivismestriden i den tyske sosiologien»), som Adorno ga ut i 1969. Boken var et samlebind med de ulike foredragene og debattinnleggene, innledet med et lengre essay ved Adorno.
En av de sentrale uenighetene bestod i forståelsen av samfunnet. Frankfurtskolen så på samfunnet som en totalitet, og argumenterte derfor at en løsning av samfunnsproblemene krever en gjennomgripende reform av denne helheten, heller enn ren «symptombehandling». Den kritiske rasjonalismen hevdet derimot at gjennomgripende endringer er farlige og forutsetter en totalitær stat, slik at samfunnet heller bør endres gjennom målrettede tiltak mot de enkelte samfunnsproblemene.
SITAT SLUTT.
På 1800-talet kom der eit skilje mellom samfunnsfag og realfag. Vi kan godt samanlikne det med Ockhams skilje mellom sitt liv med Gud og naturfagleg interesse og gransking. Han var munk og dei levde gjerne eit tilbaketrekt liv frå samfunnet. Deira oppdrag var å gå ut med evangeliet, så slik vart då deira samfunnsengasjement.
Positivismestriden kom som ein strid mellom metodene i samfunnsfag og i realfag i det mange forestilte seg at dei kunne ha same metode, men metodene i realfag var for lengst avklarde, dei gav objektiv og sikker kunnskap med god innsikt, sjølv om den stadig kunne og måtte forbetrast, med slike metoder, men av og til oppdaga dei at der trongst ein heilt ny teori, til dømes kvantefysikken. Det vanlege då er å påstå at den gamle var feil, så der trongst ein nye, slik er metoden, men vi har då framleis klassisk fysikk, sjølv om kvantefysikken og relativitetsteorien kjem i tillegg. Det er ikkje rett å konkludere med at metodene er feil, så det gir ikkje objektiv kunnskap. Kvantefysikken er på nanonivå og den viser seg i makrokosmos i visse spesialtilfelle og vi gjerne brukar som eksperiment. Eg har ei viss tru på at den viser seg i levande skapningar også, til dømes ved at vi har fri vilje. Dette som motsetnad til det mekanistiske verdsbiletet.
Men det er i samfunnsvitskapane problemet er, spesielt ved at dei hekta seg opp i det mekanistiske verdsbiletet, til tross for at pionerane som utvikla klassisk mekanikk ikkje gjorde det, for både Galilei og Newton trudde på kristendomen. Sidan har vi fått elektromagnetisme også, så eg får ut ifrå at det er derfor dei talar om det fysiklistiske mennessynet i staden. Men kva kvantefysikken har å bety for mennskesynet er framleis ei gåte.
Hans Skjervheim.
Sitat frå Hans Skjervheim – filosof og faglitterær forfattar :
I 1960-åra var Skjervheim verksam som positivismekritikar. I skrifter frå denne perioden tok han for seg visse former for sosiologi. Det han då fokuserte på, var den implisitte filosofien i vitskapen.
Frå 1800-talet av var det ei kløyving mellom naturvitskap og humanvitskap. Skjervheim gjekk inn i denne problemstillinga via samfunnsvitskapane, som like etter andre verdskrigen var farga av objektivistiske tilnærmingar. Poenget til Skjervheim var at dei filosofiske ideane i sosiologien i 1950- og 1960-åra hindra samfunnsvitarane i å få kontakt med den sosiale realiteten. Det han kritiserte, var scientismen, den då rådande positivistiske filosofien. Med utgangspunkt i fenomenologi og eksistensfilosofi viste han relevansen av forståings- og tolkingsproblematikken i dei sosiale vitskapane. Dette skjedde i krinsen rundt professor Arne Næss, der ein dyrka impulsar frå wienerkrinsen og ideen om einskapsvitskap – ein felles metode for all vitskap. Hovudsiktemålet hans var å vise at der er ein prinsipiell skilnad mellom naturfenomen og sosiale fenomen, og at det følgjeleg også må vere ein prinsipiell skilnad mellom samfunnsvitskap og naturvitskap.
……
I 1960-åra introduserte Skjervheim det han kalla filosofien bak studentopprøret: Theodor W. Adorno, Max Horkheimer, Herbert Marcuse og Jürgen Habermas. Men på same måten som Habermas i Tyskland åtvara han mot politisk dogmatisme. Då maoistar, leninistar og stalinistar overtok delar av debatten ved norske universitet, vart Skjervheim meir og meir kritisk til fundamentet for det heile, nemleg marxismen. I 1970-åra åtvara han sterkt mot dogmatisme innanfor politisk teori, og han reagerte sterkt mot det intellektuelle klimaet han møtte på Roskilde Universitetscenter midt i 1970-åra. Han åtvara mot det han såg som konsekvensar av den lange marsjen til venstreradikalarane gjennom institusjonane, særleg dei universitetspolitiske konsekvensane.
Han tok opp dette emnet på fleire måtar, mellom anna ved å drøfte grensene for ideologi-kritikken i boka Ideologianalyse, dialektikk, sosiologi (1973). Han formulerte også ein kritikk av verditeorien til Marx, og han var med på å introdusere dei franske nyfilosofane sin marxkritikk på norsk i 1978. På denne tida var han knytt til det marxisme-kritiske tidsskriftet Kontinent Skandinavia. Han hevda at delar av venstresida brukte marxistiske dogme til å hindre frie drøftingar og observerte at gyldige innsikter frå positivismestriden vart kompromitterte gjennom politisk ortodoksi.
…….
Pedagogikk
Skjervheim var fyrst og fremst oppteken av grunnleggjande spørsmål i dei nye samfunnsvitskapane som fekk aukande innverknad ved vestlege universitet i 1950- og 1960-åra. Han hevda at vitskapar som studerte mennesket måtte byggje på filosofisk refleksjon i ein annan forstand enn naturvitskap. Det same gjaldt for fagleg og yrkesverksemd med menneske som måtte utvikle eit subjekt-subjekt-forhold der alle partar deltek i ein dialog.
Ut frå eit slikt prinsipielt syn leverte Skjervheim ein grunnleggjande kritikk av det han meinte var ein dominerande instrumentalisme i den herskande pedagogikken ved Pedagogisk forskningsinstitutt, Universitetet i Oslo. Hovudargumentet var at instrumentalistisk bruk av kunnskap var eit maktmiddel til å påverke elevar og studentar slik at dei tilpassa seg andres vilje utan å ta ansvar sjølv. Skjervheim kalla ei slik undervisning for «overtaling», og lanserte som eit kritisk alternativ ein undervisningsmåte som i staden bygde på å «overtyde». Der føremålet var å overtyde andre, måtte begge partar ha status som sjølvstendige subjekt, og ikkje inngå i eit asymmetrisk forhold der læraren var det einaste subjekt som behandla eleven som objekt. Skjervheim kunne her vise til den sokratiske dialogen som han framheva som døme på intellektuell, sakleg og kunnskapsbasert dialog.
For Skjervheim var innhaldet i ein pedagogisk dialog like viktig som subjekt-subjekt-forholdet. Han kritiserte òg det han kalla «fri vekst-pedagogikken» der fri utfalding var viktigare enn eit saksforhold som det del vart skild mellom sant og falskt, og der føremålet var å krinse inn gyldig, velgrunna kunnskap. Skjervheims synspunkt på pedagogikk har hatt vesentleg innverknad på utviklinga av dette faget.
Postmodernisme og målstyring
I 1980-åra hadde marxismen i praksis utspela si rolle ved universiteta. Skjervheim lét seg utfordre av to tilsynelatande motsette straumdrag. Han kritiserte postmoderne teoriar for å invitere til ei form for skeptisisme som undergrov det intellektuelle livet. Og han gjekk til åtak på bruken av økonomiske modellar brukte på område der dei ikkje høvde, til dømes innanfor universitet, helsestell og så vidare. I begge delar såg han den kritiske fornufta utfordra, gjennom prinsipiell skeptisisme eller gjennom praktisk anti-intellektualitet.
SITAT SLUTT.
Konstruktivisme.
Konstruktivisme er ein teori både om kva kunnskap er og korleis læring skjer, den tek avstand frå den positivistiske oppfatninga at kunnskap finst som ei objektiv sanning og at det er mogleg å avdekke den gjennom sansedata og ved heile tida å korrigere den mot sansedata. Konstruktivismen meiner at kunnskap ikkje finst i seg sjølv, men berre som eit menneskeleg produkt i vårt strev etter å forstå verda rundt oss, kunnskapen er menneskeskapt. Dette er radikal konstruktivisme. Eit tilbakevendande spørsmål er korleis denne konstrueringa skjer.
I følgje kognitiv konstruktivisme skjer læringa individuelt, gjennom eit samspel mellom barnet og den fysiske naturen rundt det. I sosial konstruktivisme skjer læringa i sosialt samkvem, debatt og diskusjon. Objektiv sanning finst ikkje, i staden vert kunnskapen godkjend i fellesskap av forskarar og lærde eller på andre måtar gjennom diskursar. Men kunnskapen finst ikkje i seg sjølv. Imsen, Gunn (2005) ELEVENS VERDEN Innføring i pedagogisk psykologi, fjerde utgave. Universitetsforlaget. Side 227-228.
Piaget.
Jean Piaget(1896-1980) er den store pedagogen i kognitiv konstruktivisme. Han var frå Sveits og tok doktorgrad i biologi allereie når han var 22 år. Han tenker seg sinnet som kognitive skjema som vi lagrar kunnskapen i, den vert assimilert inn i skjema og det går liksom av seg sjølv i vårt daglege liv. Men så møter vi på noko som ikkje passar inn i skjemaet, så det vert ubalanse i skjemaet, at han kalla det ubalanse refererer til biologiske prosessar, til dømes temperaturskilnad som gjer at du frys eller svettar og reagerer på det. Du finn at du må bygge om skjemaet ditt for at det skal romme den nye kunnskapen, derfor vert det kalla læring ved akkomodasjon. Læringa vart motivert av ubalansen, det er god pedagogikk og dette er viktig læring.
Han rekna med fire stadier i barnets utvikling,
- Sensomotorisk periode, 0-2 år
- Preoperasjonell periode, 2-7 år.
- Konkret-operasjonell periode, 7-11 år.
- Formal-operasjonell metode, frå 11 år.
I den siste perioda lærer dei å tenke symbolsk og det er då viktig i matematikk og når dei sidan skal abstrahere, slik vi gjer i den hypotetisk deduktive metode, men ofte viser det seg at dei vert ein god del eldre før dei meistrar det. Men det er viktig for dei allereie når dei skal lære gangetabellen, då må læraren pass på kvar einskilde elev, så ikkje nokon av dei byrjar å utvikle matematikkvanskar, elles kan det verte vanskeleg å gjere noko med det seinare.
Vygotsky.
Lev Vygotsky (1896-1934) var ein russisk jøde og ein pioner for det sosiokulturelle perspektivet. I det psykologiske miljøet i Moskva på 1920-talet vart det viktig å etablere ein ny psykologi på marxistisk grunnlag, sidan Vygotsky var lærd og kjende godt til Hegels filosofi, vart han leiande i dette arbeidet.
Samanlikna med behaviorisme, sette Vygotsky inn eit kognitivt reiskap mellom stimulus og respons, han kalla det for teikn og det fungerte som ein 2. ordens stimulus. Slik som Pavlovs hundar lærde å reagere på signal som betinga stimuli, lærer menneske å erstatte tingen med språklege symbol i tankane. At det spåklege teiknet vert sett inn mellom stimuli og respons, vert kalla mediering. Den medierande hjelparen mellom stimuli og respons vert viktig ikkje berre for læring, men for heile kulturen, så dette vert kalla eit sosiokulturelt perspektivet på læring.
Læraren fungerer som den medierande hjelparen og det er om å gjere å møte eleven og prate på elevens nivå. Vi kan tenke oss eleven som ei sirkleskive. Utanfor den er det ei grense for kva eleven kan klare åleine og utanfor den igjen er det ei grense for kva eleven kan klare ved hjelp av andre. Området mellom desse grensene vert kalla den proksimale utviklingssone.
Paulo Freire.
Paulo Freire var ein brasiliansk pedagog som også heldt seg til det sosiokulturelle perspektivet og framstod som ein «frigjerings-pedagog» som samarbeidde med den Katolske Kyrkja i Sør-Amerika. Paulo Freire – Store norske leksikon :
Paulo Freire var en brasiliansk pedagog. Han ble internasjonalt kjent gjennom boken De undertryktes pedagogikk som ble oversatt til norsk i 1974, og han var en innflytelsesrik pedagog de siste tiårene av 1900-tallet. Freire er særlig kjent for sitt program for alfabetisering som bygde på et dialogbegrep som innebar både personlig bevisstgjøring og arbeid for politisk samfunnsforandring. Han gjorde også en betydelig innsats for skoleutvikling i Brasil og land i Mellom-Amerika og Afrika. I 1990-årene arbeidet Freire med store skoleutviklingsprosjekter i Brasil.
…….
SITAT SLUTT.
Sokrates meinte sanninga vart integrert i han og gjorde han lykkeleg og fri. Slik er kristendomen også, men Jesus sa at han var Sanninga. Men konstruktivismen minner om sofistane, kva kan det resultere i då?
Antikk filosofi byrja som naturfilosofi, men dei fann ikkje metode til å avgjere kva som var rett. Så vart moralfilosofi og politisk filosofi dominerande. Dei lærde vart kalla sofistar, dei var lærarar, journalistar og advokatar, samfunnsvitarar altså. Det var eit avgrensa demokrati og dei meinte etter kvart at der ikkje var nokon moral som kunne seiast å vere rett for alle, ingen absolutt moral, med tydeleg opposisjon mot den religiøse leiinga. Dei dyrka avgudane, men heilt ifrå byrjinga hadde naturfilosofane tenkt seg ein Gud, meir som Israels Gud.
Sokrates gjekk ut og prata med folk og stilte dei overfor problemstillingar som skulle få dei til å tenke seg om. Sjølv meinte han at gjennom slike samtalar innsåg han sanninga og den vart integrert i han og det gjorde han lukkeleg, den sette han fri. Dette vert det referert til som god pedagogikk, når kunnskapen vert integrert i deg, då lærer du.
Aten tapte krigen mot Sparta og då vart det eit rettsoppgjer der sofistane vart skulda for å ha villeia ungdomen, slik at samfunn forfall, derfor tapte dei krigen, Sjølv om Sokrates sa der var noko som var sant og rett, som motsetnad til sofistane, så vart han også dømd og henderetta. Sokrates meinte at sanninga gav han ei indre glede som gjorde at han kom til å tole flammane frå bålet.
Platon meinte at hendrettinga av Sokrates var eit justismord og dette vart viktig for han filosofering. Kristendomen kom som eit treffande svar på dette. I følgje det Gamle Testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, Lygna, Djevelen er Lygnaren, som motsetnad til detter Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Metafysikk er læra om kva som er mest fundamentalt, den har tradisjon heilt ifrå byrjinga av antikk naturfilosofi og fekk sin stordomstid i universaliestriden frå 1100 e.Kr, men med den nye naturvitskapen på 1600-talet fann dei metode til å finne ut kva som var rett, så det gjekk kraftig attende med dei gamle, antikke gudane. Mange kom til at mykje av denne diskusjonen hadde vore meiningslaus og gagnlaus. Men skulle kanskje ikkje kyrkja vite kva som var mest fundamentalt då? Det var då berre å lese skapingssogene i Bibelen og fortsette å lese i den så dei fekk med seg evangeliet om Kristus.
I følgje det konstruktivistiske, pedagogiske perspektivet er kunnskapen menneskeskapt, det er noko som dei vert samde om. Forskarar vert samde på grunnlag av det repeterbare eksperimentet, så langt er det gangbart perspektiv, men det betyr også at det er objektiv kunnskap. Men konstruktivismen er også ein ideologi som hevdar at objektiv kunnskap ikkje finst, sidan den er menneskeskapt. Så filosofien deira er framleis som hos sofistane, til tross for at vi no har fått funne metode til å avgjere kva som er rett. Og til tross for at vi no har fått evangeliet om Kristus, han som er Sanninga som set oss fri og som har sendt oss Sanningsanden, så den skal leie oss fram til heile Sanninga.
Platon trudde på det godes ide, han tenkte matematisk for å forklare det, han fekk problem med det vondes ide, men forklarde det som mangel på innsikt i ideverda. Rasjonalistane på 1600-talet tok oppatt tråden og hevda at vi har ein fri vilje og gjer klokt i å velje det godes ide.
Aristoteles såg på sinnet som ei rein tavle, «tabula rasa» som det vert skrive på ved at vi gjer erfaring i det materielle miljø, empiri altså. Dette møter vi igjen i liberalismen, den hevdar menneskerettar, inkludert ytringsfridom, men i byrjinga gjaldt det i praksis berre for dei rike og mektige. Ville sinnet til underklassa vere som «tabula rasa» for dei? Men no er har dei vorte klar over klar over at ein stor del av vår kunnskap ligg i genane.
Nazistane sin propaganda vert karakterisert som at Goebbels slagord var «dersom ei løgn vert gjenteken mange nok gangar, vert den til slutt ei sanning». «MeToo#»-aksjonen gav inntrykk av at kvinna sin kunnskap hadde si opphav i at ein mann røte ved henne for å gjere kjønnlege tilnærmingar til henne, så slik er empirismen i psykologi, psykiatri og samfunnsfag. Men det var ingen menn som kom til synest i «Me-Too#»-aksjonen. Det var noko dei vart samde om, utan at mannen som det gjaldt skulle ha noko han skulle ha sagt. Så når ein mann prøvde å finne seg ei kone, var det ei sak som han ikkje skulle ha noko med å gjere.
Det viser at det var kvinner som fantaserte om mannfolk, til samanlikning med korleis «Mor Israel» fall ifrå Herren og byrja å dyrke avgudane av stokk og stein i staden. Herren var ånd og rørte ved henne og hadde omsorg for henne, men han var ikkje fysisk synleg, det var avgudane, men dei hadde ikkje ånd, dei verken såg eller høyrde og gav ikkje svar. Slik vert altså den empiriske erfaringa brukt som argument mot trua på Gud som er ånd. Elles har ikkje empirien stor betydning i samfunnsfaga, sidan dei påstår at der ikkje finst objektiv kunnskap. Dei meinar kunnskapen er menneskeskapt og så prøver dei å få makt over andre menneske med sin kunnskap. Det er som om dei prøver å forgude seg sjølve med sin kunnskap. Paulus sa at dei er ikkje gudar, men dei som dyrkar dei kan komme i samfunn med vonde ånder.
Det er då tydeleg at der ligg ein kollektiv diskurs bak klimapolitikken, «MeToo-aksjonen». Pride og Woke, så vi skjønar vel at det er ein form for sosialistiske maktinteresse som ligg bak. Det vert presentert som frigjering og avkolonisering, men eigentleg resulterer det i trældom og ei alternativ form for kolonisering. Som om Grønland og Canada framleis skal vere europeiske koloniar, i staden for å vere frie og sjølvstendige nasjonar på det amerikanske kontinentet, med evne til å samarbeide med andre frie og sjølvstendige nasjonar på same kontinent.
Dei amerikanske domstolane krev at du skal seie sanninga og ikkje noko anna enn sanninga, men med det konstruistiske perspektivet vert det til du kan seie nett kva du vil, berre du ikkje seier sanninga.
Vert sterke i Herren og hans veldige kraft.
På møte i Maranata 10.5.2009 talte Jesus til oss om det som no vert akseptert og som er mørkets rike, sitat frå 2009.05.10. Maranata. Finn vegen til å skode Jesus i hans herlegdom. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. ;
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Det er ikkje noko i vegen for at vi kan bruke konstruktivismen som pedagogisk perspektiv. Eg har sans for Piagets pedagogiske teori og kan vise til mange tilfelle som kan karakteriserast som at eg har lært ved akkomodasjon. Til dømes når det vart påstått at skapingssoga i 1.Mos.1 seier at Guds skapte alle ting på seks jorddagar. Dei kallar det endåtil for bokstavtolking, men det er då ikkje dette som faktisk står skrive, for det var først tredje dagen Gud sette dei to store ljosa på himmelen, så først då vart det jord-dagar.
I følgje konstruktivismen er det menneske som konstruerer kunnskapen, så vi kan mistenke at det er mennesket som prøver å gjere seg sjølv liksom Gud med sin kunnskap og det vert tydeleg når det vert gjort til filosofisk ideologi, så det betyr å fornekte Faderen og Sonen og avvise Guds Ande.
I vår tid er det tydeleg vis mange som har vorte samde om ein kunnskap og med den prøver dei å få makt over andre menneske og det utan at dei skal få rett til å svare for seg sjølve. Til dømes woke-rørsla. Det er anti-kolonialisme som eigentleg utartar seg som ein annan form for kolonialisme. Dei har vorte samde om mange vonde idear som dei prøver å få makt over andre menneske med og kanskje endåtil over seg sjølve, dersom slikt vert til avgudsdyrking, så kan dei komme i samfunn med vonde ånder, så dei får makt over dei. Dei vonde åndene får gjerne med seg fleire, så dei skal stå sterkare. Er det kopla til keisardyrking kan det bety at det bety at diktaturet vert verre, for at det skal stå seg.
Matt.12,22 Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?» 24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.» 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg? 27 Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk. 28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 29 Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.
33 Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta. 34 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen. 35 Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på. 36 Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag. 37 Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.»
38 Nokre skriftlærde og farisearar tok då til ords og sa: «Meister, vi ville gjerne sjå deg gjera eit teikn.» 39 Han svara: «Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. 40 For liksom Jona var tre dagar og tre netter i buken på den store fisken, såleis skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jord-djupet. 41 Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona. 42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.
43 Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter kvilestad, men finn ingen. 44 Då seier ho: Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå. Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og fjelga. 45 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. Såleis kjem det òg til å gå med denne vonde ætta.»
Paulus sa at vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot makter og vondskapens åndehær, derfor skal vi kle oss i Guds fulle rustning.
Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.
Han som er i meg er større enn han som er i verda, derfor har eg siger. Sitat frå 12.10.2014. Møte i Maranata. «Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår.» – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

