Ny tid 140. Jesus vil frelse oss frå syndefallet, fråfallet og domen. Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, når vi søker samfunn med han på det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta, han kallar på dei fråfallne, for å lækje deira fråfall og slik vil lækje fråfallet i jødedomen og kyrkja. 7. Bibelen fortel oss kva som er mest fundamentalt, så då skulle både jødar og kristne kunne vite det, erkjenne Sanninga som frelser oss og set oss fri, så vi også kan fortelje den til andre.

Bilete: Ved gravferda til Pave Franz bad ei han om å be for dei frå himmelen, men dette er å forkynne ein falsk Messias og det er avgudsdyrking.

Bilete: Pave Franz.

Filosofi og metafysikk; kva er mest fundamentalt?

Med universaliestriden på 1100-talet e.Kr. fekk metafysikken si stordomstid, det var ei lære om kva som er mest fundamentalt i tilværet og går heilt tilbake fil antikk filosofi, som starta som naturfilosofi, først som matematikk og så kom Demokrit med si atomlære. I renessansen vart dette til moderne naturvitskap og sidan kom moderne teknologi også. Men kvar vart det då av resten av metafysikken? Mange heldt det for å vere uinteressant og uviktig, gagnlaus og meiningslaus spekulasjon. Men i vår tid er det som om mange fundamentale spørsmål dukkar oppatt og dei som vil gje seg ut for å vere vise, kjem med svar på vegne av folk, for å få makt. Svara er dårskap, så det strir både mot kristendomen og den naturfaglege tenkinga, for det viktigaste for dei er ikkje å søke noko som er sant å rett, men å få makt.

Skulle kanskje ikkje både jødar og kristne vite kva som er meste fundamentalt og erkjenne det i kyrkje og synagoge og fortelje det dei dei som  står utanfor også?

I Bibelen har vi Mose-lova og profetane, med historieskriving og skapingssogene frå lenge før antikk kultur, så skulle kanskje ikkje både kristne og jødar kunne vite kva som er mest fundamentalt og erkjenne det i kyrkje og synagoge og fortelje det til dei som står utanfor også? Visst skulle dei vel det! Men i den gresk-syriske tida vart prestetenesta i Jerusalem eit stridens eple. Antiokus 4. Epifanes sette inn ein øvsteprest som dyrka Zevs og kravde at alle i riket hans skulle dyrke denne guden og ingen annan. Det kunne ikkje jødane godta, prestesønene Maccabearane leia dei i ein motstandskamp og klarde å frigjere seg frå det. Den siste av dei, Simeon Maccabee, tok over prestetenesta etter avtale med folket og nabofolka, han og etterkomarane hans skulle vere øvsteprest inntil det stod fram ein ny profet. Men i følgje profetane skulle prestane vere etterkomarar etter presten Sadok, men det var dei ikkje. Kongen skulle ha ein heilt annan funksjon, men no vart øvstepresten høvding også, så han fungerte som ein småkonge. Dessutan måtte han gjere avtale med Gud om å vere hans øvsteprest og innvie seg til det og vert salva til det. Men dette kom då etter avtale med verdslege makter i staden.

Men Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Og han vart øvsteprest til evig tid, etter Melkesedeks vis, slik som David hadde profetert.

Heb.5, 1 Ein øvsteprest vert alltid teken blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder. 2 Han kan vera mild mot dei som feilar og fer vilt, av di han sjølv ligg under vesaldom 3 og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket. 4 Ingen tek seg sjølv den æra, men han vert kalla av Gud liksom Aron.

5 Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han:

Du er son min,

eg har født deg i dag.

6 Og som han seier ein annan stad:

Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.

7 Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud. 8 Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid. 9 Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han; 10 Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis.

Han er vår øvsteprest, vår talsmann og advokat hos Faderen, innsett av Gud Fader til å vere det, så då er det om å gjere for oss å vende oss til han og la han vere det for oss.

Den Katolske Kyrkja kom med eit alternativ, Paven, men med det fall menneska ut av barnekåret hos, Gud, slik var fråfallet i kyrkja og slik er det framleis eller ved at dei vender seg til styresmakter og «keisarar» som om dei skulle vere gudar.

Sitat frå Prekenen ved pave Frans’ begravelse :


Prekenen ved pave Frans’ begravelse

«Kjære pave Frans, nå ber vi deg om å be for oss og fra himmelen velsigne Kirken, velsigne Roma, velsigne hele verden, slik du gjorde forrige søndag fra balkongen i denne basilikaen, i en siste omfavnelse av hele Guds folk, men også av hele menneskeheten, som med oppriktig hjerte søker sannheten og holder håpets fakkel høyt.»

Her ser vi at dei ber til ein død person i staden for å vende seg til han som Gud vekte opp frå dei døde og tok opp til himmelen og innsette som vår øvsteprest.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Ormens forføring og klagemål er fundamentalt, men skapinga og frelsa i Kristus er mest fundamentalt.

Ormens forføring og klagemål.

I 1.Mos.3 er det fortalt om at ormen var det sløgaste av rovdyra, han talte til kvinna, lokka, narra og forførde henne og ho fekk med seg mannen sin. Men ein orm er då eit primitivt dyr og kan ikkje tale, så her må vere mykje symbolikk. Gud dømde ormen til å måtte krype på buken, men det gjer då all ormar. Eg meiner det er sikta til at det krypdyret som fekk føter så det kunne løfte buken frå bakken, var dinosaurane, meir presist saurischia. Men desse vart då utrydda for 62 millionar år sidan. Så dette er fundamentalt ved at det refererer til noko som skjedde lenge før menneska vart til.

Jobs bok.

Det ser vi i Jobs bok også, det er fortalt om at Guds søner steig fram for Gud og mellom dei var Satan (Job.1).

Job.1,6 Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. 7 «Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan. 8 Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.» 9 Men Satan svara Herren: «Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud? 10 Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet. 11 Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.» 12 Då sa Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.» Så gjekk Satan bort frå Herren.

Det vart økonomisk katastrofe for Job, men han heldt fram i sin gudlegdom. Så prøvde Djevelen ein gong til og fekk plage Job med ein hudsjukdom. Men her ser vi ikkje mykje til at ormen prøvde å dåre og forføre kvinne, ho kjem berre med eir forslag som han talar henne til rettes på og han fekk ha henne so seg heile tida.

Job.2, 7 Så gjekk Satan bort frå Herren, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl. 8 Job tok eit krusbrot og skrapa seg med, der han sat bortpå avfallshaugen.

9 Då sa kona hans til han: «Er du framleis like ulastande? Spotta heller Gud og døy!» 10 Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde òg?» Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job med sin munn.

Så kom dei tre venene til han og spurde om ein mann kan vere fullkomen.

Job.4, 1 Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

……

12 Eit ord kom smygande til meg,

for øyra lét det som kviskring.

13 Det kom då nattsyner gjorde meg uroleg,

medan folk låg i tung svevn.

14 Eg vart så redd at eg skalv,

redsla gjekk meg til merg og bein.

15 Ein pust strauk framom mitt andlet,

og håra reiste seg på mitt hovud.

16 Ein skapnad stogga,

men eg såg ikkje klårt korleis han var.

Han stod beint framfor augo mine,

og eg høyrde ei roleg røyst som sa:

17 Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,

kan ein mann vera rein for sin skapar?

18 Gud lit ikkje eingong på tenarane sine,

hjå englane finn han feil,

19 kor mykje meir hjå dei som bur i leirhus

og berre har jord til grunnvoll,

dei som kan knasast lettare enn mòl.

20 Før dagen er til ende, ligg dei knuste;

utan at nokon ansar det,

går dei til grunne for alltid.

21 Deira teltsnor vert oppriven,

dei døyr, men har ikkje fått visdom.

Job.25,1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2 Gud har velde og valdar redsle,

han skaper fred i sin høge himmel.

3 Kan nokon telja hans fylkingar?

Får ikkje alle sitt ljos frå han?

4 Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,

kan den som er fødd av ei kvinne, vera rein?

5 Jamvel månen skin ikkje klårt nok for han,

i hans augo er ikkje stjernene reine.

6 Kor mykje mindre då menneskekrypet,

mannen – den makken han er?

Gud skaper noko fullkome som står til evig tid.

På sine gamle dagar tala Salomo så vemodig om at det var ei tid til å plante og bygge og ei tid til å rykke opp og rive ned. Men han var ein vismann, så han innsåg at Gud like vel skapte noko fullkome, som står til evig tid.

Fork.3,1 Alt har si faste tid,

alt som hender under himmelen, har si tid:

2 ei tid til å fødast, ei til å døy,

ei tid til å planta, ei til å riva opp;

3 ei tid til å drepa, ei til å lækja,

ei tid til å riva, ei til å byggja;

4 ei tid til å gråta, ei til å le,

ei tid til å syrgja, ei til å dansa;

…..

9 Kva vinning har den som arbeider,

av alt sitt strev?

10 Eg såg det plagsame strevet

som Gud har gjeve menneska.

11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

Med arbeidsmoral kan det komme klagemål som har ei praktisk føremål, men fundamental moral som resulterer i fundamentale klagmål verkar øydeleggande.

Men arbeidsmoral kan det komme påstandar om at det er noko vi kan og bør verte betre på, vi kan oppfatte det som oppmuntring og konstruktiv tenking eller som klagemål som verkar destruktivt, om så det er rett, gjer vi lurt i å møte det med konstruktiv tenking, i tru og tillit til Gud.

Vi trur og hevdar at Jesu frelseverk er fullført og fullkome og det er det for oss, han har gjort oss fullkomne med sitt offer ein gong for alle. Like vel kan det vere mange som ikkje vikl godta at vi er fullkomne og finn argument for det ved så sjå på det ytre mennesket, det er då mold og til molda skal det attende, det vert då nedbrote og går til grunne og er ikkje evig, nei (Job.4&25). Men den fundamentale moralen fører til fundamentale klagemål om fortaping og det er den andre døden. Det er ei destruktiv tenking som også motverkar oppbygging av samfunnet og verkar tvert om nedbrytande.

La oss tenke oss at dei med sin arbeidsmoral ventar og krev at vi skal gjere det betre og brukar det som argument mot trua på at Faderen og Sonen gjer oss fullkomne, med påstand om at vi må gjere noko sjølve også, men då utartar det seg som ei forventning om at vi skal prøve å gjere oss liksom Gud, forføring slik som ved syndefallet altså, det er Djevelen som freistar altså.  Kanskje er det berre litt finpussing dei meinar som trengst, noko lite som må rettast på, men det kan fort verte slik som det er sagt om Djevelen når han freistar, at dersom du let han få tommelen, så tek han snart heile handa. Men vi er ikkje slik som Gud og kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå, så det fører berre til meiningslaust sjølvstrev som gjer folk til trælar, i verste fall fører det til fortaping.

Med avgudsdyrkinga vart argumentet for trældom fundamentalt, men Gud ville frigjere folket sitt frå den.

Gud ville frigjere folket sitt frå trældomen i Egypt og føre dei til det landet som han hadde lova dei, der skulle dei vere hans folk og han skulle vere deira Gud. På sine gamle dagar sa Moses til dei at dei skulle vere Guds born og åtvara dei mot å gjere opprør, dei kom til å miste landet sitt og verte borførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende, skulle dei verte hjerteomskorne, det er ein profeti om den nye pakta, hjarteomskjeringa i den Heilage Ande.  Så Moses heldt det for sannsynleg, mest som ein profeti og slik gjekk det.

Då sa profetane til dei at «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere hans born. Han hadde omsorg for henne og born hennar, men det skjøna ho ikkje og vart ei hore ved at ho dyrka avgudane til nabofolka og borna henna gjorde opprør mot han. Vi kan forstå det slik at kvinna vart dåra og forførde slik som ved syndefallet og det var så pass fundamentalt at endåtil Guds kone vart forførde, men der stoppa det altså, for Gud sjølv vart då ikkje forførde! Menn kunne berge seg ved at dei vart opplærde i Guds Ord og søkte tilflukt hos han. Det kunne i prinsippet kvinner også, men det var menn som vart opplærde til prestar og profetar og som Gud valde ut for å leie folket, men for det aller meste ville dei ikkje høyre på dei og der stod fram falske profetar og vranglærarar også. I Juda var der kongar som vende om til Herren, men det vart eitt steg fram og to tilbake, så dei også leia an i fråfallet. Det enda med at heile landet vart hærteke og dei vart borførde til Babylonia som slavar.

Dette vart det profetert om, men også at han ville føre dei attende til landet sitt, då skulle dei vert hjarteomskorne, slik ville han fornye si pakt med dei, men eigentleg var det som ein profeti om den nye pakta.

Hoseas var profet rett før Samaria, hovudstaden i Nord-riket, fall (722 f.Kr) og Jeremias var profet rett før Jerusalem, hovudstaden i Sør-riket, fall (587 f.Kr). Dei profeterte om det, men også at dei skulle få komme attende til landet sitt.

Hoseas.2,14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.

18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.

21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.

23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ‘Utan miskunn’. Til ‘Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»

Ved symboltolking handlar dette om den åndelege velsigninga, den er det primære, den materielle velsigninga kjem som resultat, men den kjem heilt naturleg, i alle fall tilsynelatande, som at det som vert sått og planta spirer og gror, veks, blomstrar og ber frukt. Men kornet er symbol på Guds Ord, når det ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, vert vi som korn som Gud sår i landet. Vinen er symbol på kjærleiken, spesielt kjærleiken frå Gud og spesielt slik den er brukt symbolsk som nattverdsvin. Oljen er symbol på den Heilage Ande. Jesus er Guds Messias, Guds salvevigde og han salvar oss med den Heilage Ande. Så vi er hjarteomskorne i den Heilage Ande.

Den Duglause Hyrdingen gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11, Joel.3), men Kristus var den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene. Han var det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skal tilhøyre han. Prisen er betalt, så det er berre for oss å godta kjøpet.

Den Duglause Hyrdingen gjette slaktesauene for sauehandlarane og det det var så fundamentalt at Herren sjølv vart seld. Men det var Jesus som var den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene.

Sakarja var profet når Israels-folket kom heim att til landet sitt og byrja å bygge oppatt tempelet. Han profeterte om dette og om Kristus. Hans profeti om den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane strekker seg over lang tid og fortel også om at Jesus skulle verte seld for 30 sølvpengar. No veit vi at det var den Gode Hyrdingen som sette livet til for slaktesauene (Joh.10). Like vel skulle der komme ein som atter baud seg fram som ein duglaus hyrding.

Sak.11,12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren. 14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som

ikkje ser etter dei som går seg bort,

ikkje leitar etter dei som går seg vilt,

ikkje lækjer dei som er skadde,

ikkje syter for mat til dei friske,

men et kjøtet av dei feite dyra

og riv klauvene av dei.»

17 Ve den duglause hyrdingen min,

som går bort frå sauene!

Sverd mot armen og høgre auga hans!

Armen hans skal visna bort,

og det høgre auga sløkkjast ut.

Paven vart som ein fornya versjon av den Duglause Hyrdingen.

I vers 15-17 ser vi at der kjem ein fornya versjon av den Duglause Hyrdingen. Det er då klart at den jødiske øvstepresten på denne tida var som den Duglause Hyrdingen og det var keisaren også, med keisardyrkinga. Og det var ikkje slutt med det. Paven vart som ein fornya versjon av den Duglause Hyrdingen ved at dei påstod Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Så kom skriftestolane og avlatshandelen og det var då som å gjete slaktesauene for sauehandlarane.

Men Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skal tilhøyre han, Han har kjøpt oss fri frå trælekåret og gitt oss barnekår hos Gud. Når vi godtek dette, så vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Jesus lever og meir med oss, har omsorg for oss, leier oss og samlar oss. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, han døde i staden for oss, så vi skulle få den rette, han er vegen, sanninga og livet, ved å gå den vegen kjem vi til Faderen, så vi får oppleve hans kjærleik og omsorg og at han oppseder oss og lærer oss opp.

Rom.8,12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Som Guds born er det då klart at vi får komme til han og be til han, vi må berre komme i den Anden som Faderen og Sonen gir oss.

Luk.11, 9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.

11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Jesus frelseverk er fullført og fullkome. Frelsa er ei gåve, det er berre å ta imot i tru, av berre nåde. Vi får oppleve det og inn sjå det, så vi ærar og takkar Gud og Lammet for skapinga og frelsa.

Når Jesus døde på korset, sa han at det var fullbrakt, slik er hans bodskap til oss, hans frelseverk er fullført og fullkome, så vi får ta imot frelsa som ei gåve. Synda skilde menneska frå Gud, men Jesus er det Guds Lam som bar verda si synd og tok den bort med sitt syndeoffer ein gong for alle. Med eitt offer har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Så det er berre å ta imot frelsa som ei gåve og verte helga.

Heb.9,24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Heb.10,14 Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder. 12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

15 Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:

16 Såleis er den pakta eg vil gjera

med dei i dagar som kjem.

Og så seier han:

Eg vil leggja mine bod i hjarto deira

og skriva dei i hugen deira.

17 Og syndene og misgjerningane deira

vil eg aldri meir koma i hug.

18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Han som sa at lys skulle skina fram i mørket, har lete det stråla fram i våre hjarte. Slik vert vi opplyste.

Men skulle kanskje ikkje kyrkja vite kva som er mest fundamentalt og kva som er sant og rett då? Visst skulle den vel det. Den hadde då skapingssoga frå lenge før antikk kultur:

1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos.

Så Gud, hans Ande og hans Ord er mest fundamentalt og dette vert det fortalt mykje meir om seinare i Bibelen. Og så skulle ikkje kyrkja vite det?

Han som sa at lys skulle skina fram i mørket, har lete det skina i våre hjarte. Så det er ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss. Slik vert vi opplyste.

Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

2.Kor.4,3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Kjelda med det levande vatnet og Guds Ande.

I den andre skapingssoga er det tale om ei tørr og livlaus jord, men så vart der ei oppkome og Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Dette tek eg som symbol på livsens vatn og Guds Ande.

1.Mos.2,4 På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen, 5 fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka. 6 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.

Jes.12,2 Sjå, Gud er mi frelse,

eg er trygg og ottast ikkje.

For Herren er mi kraft og min styrke,

og han har vorte mi berging.

3 Med fagnad skal de ausa vatn

or frelseskjeldene.

Jes.44, 1 Men høyr no, Jakob, min tenar,

du Israel, som eg har valt ut!

2 Så seier Herren,

han som har skapt deg og laga deg

og hjelpt deg alt frå mors liv:

Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,

Jesjurun, som eg har valt ut!

3 For eg vil renna vatn over det tyrste

og straumar over det turre.

Min Ande vil eg renna ut over di ætt

og mi velsigning over dine etterkomarar.

4 Dei skal veksa opp som sev i vatn,

som poplar attmed bekkefar.

Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:

Dei har gått bort frå meg,

kjelda med levande vatn,

og hogge seg brunnar,

leke brunnar som ikkje held vatn.

Joh.4,13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»

Denne kjelda har med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne å gjere. Det ser vi av 1.Mos.2, Joh.4 og

SO.5,15 Drikk or din eigen brunn,

rennande vatn or di eiga kjelde!

16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,

bekkene dine strøyma på torg og plassar!

17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv

og ikkje dela dei med andre.

18 Då skal kjelda di vera velsigna.

Gled deg over din ungdoms kone,

19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!

Fryd deg støtt ved hennar barm,

lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

2.Kor.11, 2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

Gal.1,6 Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. 7 Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! 9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!

1.Kor.12,3 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna er Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den Heilage Ande.

………

12 For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg. 13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka.


Leave a comment