Bilete: Napoleon 1 Bonaparte vart krona til fransk keisar i 1804, maleri av Jacques-Louis David. Paven kom for å krone han, men han tok sjølv krona og sette den på hovudet, som ein demonstrasjon av motsetnaden mellom pavemakta og keisarmakta. Mange vil vel påstå at her må vere noko feil, på den eine eller den andre sida eller kanskje på begge? Men er du i stand til å seie kva som er sant og rett?
I 2017 skreiv eg om apologetikk og Jesus svara meg at eg er elska av ein tre gangar heilag Gud.
Når kristendomen vart statsreligion i Romarriket, kom den tradisjonelt lærde overklassa inn i kyrkja og dei tradisjonelt kristne kom i forsvarsposisjon, for å forsvare trua si, slik vart det utvikla ein teologisk disiplin som vert kalla apologetikk. Det kjem av «apology», som betyr å unnskylde at du tok feil, tenkte feil og gjorde feil. No vert apologetikk definert slik, sitat frå apologetikk – Store norske leksikon :
Apologetikk er en teologisk disiplin som har til formål å begrunne og forsvare kristendommens krav på å bli betraktet som den sanne religion.
SITAT SLUTT.
Kva skal vi liksom be om unnskyldning for og kven skal vi be om unnskyldning? Kristendomen er at Jesus er det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset, så vi i vårt sjelsliv og tankeliv må velje å komme til han, bøye oss for korset og vedkjenne vår synd for han og be han om nåde og tilgjeving. Så får vi oppleve at hans blod reinsar oss frå all urettferd og vi vert fylt av den Heilage Ande. Jesus er livsens brød som kom ned, som manna frå himmelen, å be med tru er som å ete av brødet og få oppleve at Jesu ord er ånd og liv for oss. Slik veker han oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, slik er den kristen vekkinga. Vi får komme til han og drikke av livsens vatn og det vert i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Slik kjem vi inn i den rette tilbedinga, Gud er ånd og dei som vil tilbe han, må tilbe i ånd og sanning (Joh.4,13-26).
I den fyrste kristne tida vart det kravt at alle skulle tilbe keisaren, i tillegg til å dyrke gudane i den gamle religionen. Dette kunne ikkje dei kristen gå med på, derfor vart dei forfølgde. Når kristendomen vart statsreligion i Romarriket, fekk dei to biskopane i Roma og i Konstantinopel stor makt i kyrkja, så den vart delt i den Romerske Katolske Kyrkja og den og den Gresk Ortodokse kyrkja, slik som Romarriket vart delt. Biskopen i Roma vart kalla pave og vart etter kvart dyrka som den Romerske Keisaren. Slik kom fråfallet inn i kyrkja, pavemakta vart som den øydande styggedomen som stod på heilag grunn på nytt. Dei hevda Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane, men eigentleg var det for å presentere eit alternativ til å vende om til Kristus. Ein slik motstand og motsetnad møter vi framleis.
I 2009 skreiv eg om apologetikk, spesielt om korleis matematikk vart brukt som argument for å tru på Gud. Men Jesus sa til meg at det ordet som eg så ofte hadde talt, det var ånd og liv og det var frigjerande. Han sa eg skulle gå inn på Ordet og gå i ferdiglagde gjerningar. Eg skulle ikkje gå krylbøygd og bere han, men han skulle bere meg. Eg forstod det slik at han ville bere både meg og den matematiske beskrivinga av universet, ja, for det er då han som har skapt det slik.
Eg kan seie som Descartres «eg tenker, altså er eg». Og så kan eg tenke meg ein Gud som også tenker, men som ikkje er laga av stokk og stein. Han er ånd og han er usynleg, men eksisterer sjølv om eg ikkje tenker, sjølv om eg døyr og vert lagt i grava, så vil han frelse meg frå døden og grava og gi meg evig liv. Jesus gir meg ånd og live frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen, så eg får oppleve at han ber meg her og no. Så eg skulle få oppleve at eg er på det indre plan hans medarbeidar.
2008.09.28.Sion.Gå i ferdiglagde gjerningar. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus.
I 2009 reiste eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning ved Universitetet i Oslo. Dette har eg skrive om her:
Eg flytte tilbake til Sunnmøre i 2017 og i november hadde same predikanten møte på Sion Åheim igjen og Herre svara meg igjen, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2026/09/17/lev-i-fridomens-fullkomne-lov-sion-aheim-5-11-2017/ :
Tyding av tungetale ved Arnstein.
«Du har kjent fordømminga i ditt liv og følt at du ikkje greier dei krava som du meiner skal vere å vere ein kristen. Men du skal vite det at dei krav, som var til deg, det er oppgjort, det er betalt, det er ferdig. Du skal vite at du kan ikkje legge noko til, for det er fullt oppgjort for deg. Og du kan få glede og fryde deg i mitt Ord, glede og fryde deg i frelsa, glede og fryde deg i fridomen i mitt namn. Så gå inn i Ordet mitt og sjå der er inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. For livets ånds lov har i Kristus Jesus frigjort deg ifrå synda og dødens lov. Derfor er du fri i kraft av Golgata kors. Les det, ta imot det, tru det. Du skal få kjenne fridomen i meg, seier Herren. (Fatt)? nytt (i)? håp.
Mitt Ord, det er lys og det er lykt for foten. Og du trenge mitt Ord for å kunne gå på vegen og oppleve glede i meg, seier Herren. Derfor må du innta Ordet, du må ikkje la boka bli liggande lukka, men må innta Ordet. Opne boka, opne Bibelen din og lese Ordet og la Ordet få lov til å virke i ditt liv. Då skal du få kjenne og oppleve at Ordet gjer deg fri, du skal få kjenne at skriftene vert opna for deg, seier Herren. Så lever du i fridomens fullkomne lov. Og du kjenner det at det er ikkje du som ber Kristus, men Kristus som ber deg. Og kjenne at du har glede og fred i den Heilage Ande. Så ver frimodig, mitt barn, du er elska av Gud. Og du skal få kjenne og oppleve det at eg skal gå med deg. Eg er med deg alle dagar, når du lever i min nærleik, lever i Ordet. Amen.»
Ti år etter at eg reiste til Oslo skreiv eg om apologetikk igjen, eg skreiv om at med den matematiske beskrivinga av universet kom dei fram til Big Bang Teorien, ikkje alt dette kan underbyggast empirisk, dei naturvitskaplege metoden har si avgrensing, så vi kan ikkje heller vente oss det, som naturvitskap er det ei hypotese, men vi kan ikkje vente oss at vi skal kunne prøve den, så det er nok rettast å kalle det naturfilosofi.
Ein skal vere svært så smart og klartenkt for å få innsikt i dette og prøve å forstå seg på det, så eg kan godt sjå det som ei ære at eg har prøvt og fått litt innsikt i det, men må nok sjå mi avgrensing.
Eg måtte prioritere å halde meg heilhjarta til Herren, det var då det det viktigaste og mest fundamentale i mitt eige liv. Med reinsinga i Jesu blod kan eg søke han av eit reint hjarte, så eg kan sjå med hjartets opplatne auge og få rett åndeleg innsikt og eg meinar det er viktig for å få innsikt med sinn og forstand også.
Og han svara meg at eg er elska av ei tre gangar heilag Gud, det fekk meg til å tenke på den treeinige Gud. Eg flytte heim att til Sunnmøre og dette var på møte i Sion Åheim, igjen, med same predikant.
Profetisk bodskap ved Arnstein.
I slutten av tala kom Arnstein med denne bodskapen:
”…., eg veit om kampane du har, eg veit om nattevåket ditt, men eg går saman med deg, eg ber det saman med deg. Så stol på mitt Ord, stol på mine lovnadar. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Eg har ikkje gløymt deg. Eg har ikkje forlete deg. Men det du opplever i livet føler du, det er ikkje rettferdig. Men livet kan vere vanskeleg, du kan møte motgang. Men hugs at eg går saman med deg. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Så skal du få kvile i mine naglemerka hender. Søk meg i løynkammeret med meg. La meg få lov til å bere saman med deg. Og bli bevisst på det at eg er ein Gud som høyrer, ein Gud som kjenner ditt namn, ein Gud som kjenner adressa di, som veit kvar du bor. Det er eg som har helde deg oppe. Amen.”
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Arnstein.
”Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. Det gjeld også i dag. Eg ser du er trøytt, eg ser du har det vanskeleg. Men overlat tinga til meg. Forstanden din vil kanskje ofte hindre deg i å gjere det. Men overlat alle ting til meg, også det som synest umogleg ut i dag. Eg gjer det umoglege mogleg. Og det som ingen ting var, valde eg ut til å gjere til skamme det som er noko. Om du føler deg som ingen ting, du er ingen ting samanlikna med andre, men hugs at eg elskar deg slik som du er. Du har ein eigen identitet, du er skapt i Guds bilete. Og du er elska av den tre gangar heilage Gud. Så søk meg, søk inn i mitt Ord, når du kjem heim att. Søk i løynkammeret og be til meg. Eg skal svare, eg skal svare i mi tid, seier Herren. Så ver frimodig og søk meg.
Livet, det er ikkje berre roser, det har du oppdaga, livet er også ting som er vanskeleg, det er kantar som møter deg. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda. Så stol på meg. Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med. Og akkurat du kan vere ein samarbeidspartnar og ein samtalepartnar som einkvan kan snakke med. Så ver frimodig. I begge mine hender har eg teikna også deg. Og du skal vite det at eg skal gå med deg, resten av livet, når du søker meg. Amen.”
Relevante bibelvers.
Joh.Op.2, 12 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamon:
Dette seier han som har det kvasse tvieggja sverdet: 13 Eg veit kvar du bur, der Satan har kongsstolen sin. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart ihelslegen i byen dykkar, der Satan bur.
14 Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor. 15 Du har òg nokre hjå deg av same slaget, dei som held seg til læra åt nikolaittane. 16 Vend om! Elles kjem eg snart over deg og vil strida mot dei med sverdet som går ut or min munn.
17 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.
Jesus legg meg stadig på altaret.
På møte i Filadelfia 27.11.2022 sa Jesus til meg at han legg meg gang på gang på altaret og eg skulle gi meg heilt til han.
Tyding av tungetale.
Inge tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen, (Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga):
….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.
Eg får bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, ja, Kristus legg meg gang på gang på altaret og seier eg skal gi meg 100% til han. Når eg kommenterte dette, skreiv eg både om ho Virtuella og henne Reella. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og når eg innvia meg slik, venta eg at han ville gi meg det, i samsvar med skapingssoga og at Gud skaper oss i Kristus. Eg skulle bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud og då skulle eg gi meg heilt til han, heile kroppen altså. Og så skulle eg ikkje godta noko klagemål mot meg. Det avslører indirekte Djevelens strategi, å føre klagemål mot menneska for å prøve å få makt over dei.
Eg tenker meg at eg sjølv skal gjere meg liten som eit slikt lite barn som han tek i sin famn.
Matt.18,2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Det var sesong for meg til å søke Gud i einsemda og så skulle eg ta fram att den draumen som Gud hadde gjeve meg og drøyme stort med han.
Jesus har gjort oss til eit kongeleg presteskap. Å bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til Guds velbehag inngår i denne prestetenesta, så det er vårt daglege offer. Når vi soleis prøver kva som er Guds vilje, kan det resultere i ein profetisk bodskap.
Frå og med 2024 har Jesus talt til meg gjennom profetiar ved Elin Therese Slotten som ho har lagt ut på youtube. Han sa det var sesong for meg å søke han i einsemda, til samanlikning med Elia i øydemarka. Det var på grunn av Israels fråfall og på grunn av fråfallet vart dei seinare bortførde til Babylonia. Daniel sjekka i profetiane til Jeremias og fann at dei skulle få komme attende til landet sitt etter 70 år, men så profeterte han om at det daglege offeret skulle verte bortteke, så slik kom fråfallet inn igjen. Sidan kom det inn i kyrkja også og det verkar som dei prøvar å få det inn i dei frie kyrkjelydane også, for når eg vil vedkjenne mi tru på Kristus i kyrkjelyden, får eg motstand, det er som om dei vil erstatte sanninga med den øydande styggedomen.
Dan.12,9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»
13.1.2024 Du har gått gjennom mykje smerte, men no skal det snu. Di løn vil bli stor. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
Kommentar.
Eg er oppvoksen i kyrkja og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be slik for folket og landet også. Når eg var ni år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse mennska frå det som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet.
Men i kyrkje og samfunn er det tydeleg vis mange som reknar seg for å vere så vise at dei foraktar barnetrua og held dette for å vere dårskap, så dei endåtil reknar det for å vere feil. Men det er Djevelen som er ute og fær og prøver framleis å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Så fører han klagemål mot både kvinna og mannen, for å få makt over dei, dømme dei og drepe dei. For mannen vart då dømd til døden etter syndefallet og det er framleis Djevelens siktemål. Det er på individplan, men ikkje berre det, det er politikk. Slik strider han spesielt mot den kvite mann, sidan han har vedkjent si tru på Kristus.
Så slik har Djevelen meint å bruke kvinna til å øydelegge meg, men Jesus har sigra over han og det som Djevelen ville bruke til å øydelegge meg med, vil Jesus bruke til å øydelegge han med.
1.Mos.3, 13 Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Ormen lokka meg, og eg åt.»
14 Då sa Herren Gud til ormen:
«Fordi du gjorde dette,
skal du vera forbanna
framfor alt fe og alle villdyr.
På buken skal du krypa,
og mold skal du eta alle dine dagar.
15 Fiendskap vil eg setja
mellom deg og kvinna,
mellom ditt avkom og hennar ætt.
Dei skal krasa ditt hovud,
og du skal hogga dei i hælen.»
16 Til kvinna sa han:
«Stor vil eg gjera di møde
så tidt du er med barn;
med verk og vande skal du føda.
Etter mannen din skal du stunda,
og han skal råda over deg.»
Men eg har altså bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han han har sigra over Djevelen, verda og døden og er mektig nok til å frelse henne.
Eg snakkar med Jesus og skriv til han om mine draumar og lengslar og han held det for sin største skatt, så han vil eg skal halde fram med det. Så det er sesong for meg å sitje i ro i einsemda, til samanlikning med Elia i øydemarka.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024, sitat frå 2024.3.18. ETS: Jesus lengtar etter at du skal be han om større ting. Maranata 2.7.2023: Ver himmelvendt. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
Jesus sa han hadde lagt draumar og lengsel i mitt hjerte, lenge holdt eg fast på det, men så gav eg opp og la lok på det. Men det var mitt og han vil eg skal ta fram att draumen og drøyme stort med han.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
Kommentar.
Jesus sa at eg hadde lagt lokk på det som ein gong vart gitt meg, då tenker eg på vinteren 1977, eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen. For eg syntest det var problematisk å kombinere dei to tenkemåtane og metodene i realfag og å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Men Gud forsona verda med seg då Jesus døde i stade for oss og det er berre ved å tru at han stod oppatt frå dei døde og feste blikket på han at eg kan kombinere det.
Herren: «Din smerte har lagt lokk på ditt syn, så du ikkje har sett meg der».
2024.06.26. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten,
https://www.youtube.com/@elinthereseslotten2987 , sitat:
«Du har vært gjennom mye mitt barn. Den onde har vært ute etter ditt liv igjen og igjen. Du har følt deg alene, som om at jeg ikke har sett deg og at jeg har forlatt deg. Men du var aldri alene, mitt barn. Jeg har vært der, tett ved din side igjennom hver storm som traff deg. Jeg vil aldri gå fra deg, mitt elskede barn. Du er dyrebar! Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg. Jeg har lovet deg i mitt ord at jeg vil vende alt til det gode for dem som elsker meg. Det vil komme gode frukter ut av din smerte! Det vil ikke være forgjeves! Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang. Som regnet lar alt som lever vokse og gro, kan tårer og smerte produsere blomstring og modenhet. Du står stødigere i dag enn noen gang og du vil fortsette å vokse med meg! Du vil bære min herlighet og legedom til denne verden. Du vil være mine hender og føtter. Jeg vil smykke deg med mine gaver og herlighet og dine sår vil jeg lege med gull. Det vil for alltid være et merke som hele himmelen vil se. Et synlig bevis på din seier over alt av angrep fra den onde. Din lønn vil bli stor og din glede vil aldri ta slutt. Alle dine valg og din hengivenhet er lagt merke til og sett. Du er min og jeg har behag i deg.»
Djevelen har lagt lokk på deg, men no er tida inne for at du skal blomstre.
2024.07.17. Djevelen har lagt lok på deg. Men no er tida inne for at du skal blomstre! Profetisk bodskap ved ELT.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:
«Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker. Verden har laget seg er egent system hvor noen passer inn og andre ikke. Men jeg ønsker å bruke det som denne verden ikke ser. Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. Du har en stor rolle i mitt rike og jeg ønsker å bruke deg mektig. Ikke i egen kraft, med min herlighet, sier Herren. Du er kalt mitt barn og du er sett! Du er viktig og du har en oppgave. En stor oppgave! Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre! Du har lenge nok sett ned på deg selv og tenkt du er ubrukelig. Men i dag mitt barn kaller jeg deg til å ta et steg i tro. Stå den onde imot og han vil fly fra deg. Ta min hånd og stol på meg. Er det noe som er for vanskelig for meg? Sier Herren. Er det noe som er for vanskelig for meg å bruke? Nei! La meg lede deg ut steg for steg, i ditt nye liv med meg. Du er kalt og viktig og du er elsket! Åpne din munn, så skal jeg fylle den! Jeg vil vise deg store og ufattelige ting, ting du ikke kjenner til.»
Kommentar.
Gud skapte mannen og sette han til å dyrke og verne hagen, så skapte han kvinna så ho skulle vere i hjelp som høvde for han og det var dette ho skulle hjelpe han med. Det gav dei meining med livet.
Livet er nok ein kamp for tilvære, men det var då deira felles interesse. Men Djevelen hadde ei anna meining med det, å forføre kvinna til å motarbeide mannen og øydelegge han med. Soleis vart det kampen mot tilværet. Slik er kvinna sitt fråfall og slik er fråfallet i kyrkja.
Verda har laga seg eit system der nokre passar inn og andre ikkje, tydelegvis for å utvikle ei elite som skal regjere over andre. Men vårt oppdrag var å n å fram til heilt vanlege menneske med den glade og frigjerande bodskapen i evangeliet.
Jesus kallar til seg kristne som i sitt hjerte er stille fråfalne, for å møte dei på nytt og lækje deira fråfall.
På Maranata sitt landsstemne-møte 7.11.2026 tala Jesus til kristne som i sitt hjerte var fråfallne, men han kalla dei til seg for å lækje deira fråfall. Eg tenker meg at det var ho Virtuella, sjølv om ho neppe var der. Ho fall ifrå og mange med henne. Sitat frå Laurdag 11.7.2026. Kveld. Vende blikket og hugen opp til Kristus, verte oppteken av han og komme til han. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Birger.
«Ja, eg har født deg på ny ved min Ande, seier Herren, og eg traktar, eg lengtar, eg begjærer den ånd som eg har lagt ned i ditt hjarte, seier Herren. Søk du meg, kom til meg. Men du dreg deg unna, du let deg fylle av alle moglege ting. Og den tida som eg lengtar etter, den gir du til andre, den gir du til andre arbeidsoppgåver, andre plikter, men meg let du gå forbi. Men eg kallar deg, eg vil ha deg, eg vil kjenne deg, eg vil ha deg i tilbeding. Eg vil ha ditt hjerte, seier Herren, så kom du til meg og søk du meg og eg skal fylle deg.
Min Ande skal igjen byrje å brenne i ditt hjarte. Eg vil lækje ditt fråfall, seier Herren, eg skal lækje ditt fråfall. Alle andre trur at det er rett med deg, at du lever, at du er brennande. Men du veit sjølv i ditt hjarte, at du er fråfallen, at du er lunken. Og du har mista relasjonen og kjærleiken til meg. La det igjen få komme igjen og bøye seg innfor meg og eg vil fylle deg med den Ande og den kjærleik som igjen vil gjere at dine hender løfter seg i tilbeding av meg, seier Herren.
Ja, eg skal forløyse min herlegdom over deg. Eg skal forløyse min herlegdom over din familie. Eg skal forløyse min herlegdom over din kyrkjelyd. Eg skal forløyse min herlegdom over Noreg som nasjon. Men du skal vere med, du skal få reise deg, du skal få innta din plass, du skal igjen få tilbe meg i ånd og i sanning, seier Herren. Og når du tilber meg i ånd og sanning, så vil eg utause av min Ande, seier Herren.»
Relevante Bibelvers og kommentar.
Joh.Op.3, 14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.
19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Herren sa du er fråfallen, det sa han til engelen for kyrkjelyden i Laodikea også og rådde han til å opne opp og sleppe han inn, så skulle dei halde nattverd.
Korleis få kristen vekking?
Eg har fortalt at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ung og har hevda at han har gitt meg henne som ein lovsong i mitt hjerte og ein draum som han vil realisere ved å gi meg henne til kjæraste og kone, så det var Guds vilje og er det framleis. Så eg kan seie som David, i dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje ditt hjarte. Om du har vorte forførd og dåra av synda, så du endåtil har vorte forherda, så er der framleis ein medisin mot det, å vende seg til Kristus, bøye seg for korset og vedkjenne si synd for han, så du vert reinsa i hans blod og fylt av den Heilage Ande, så du får eit nytt møte med han, som stod oppatt og av herlegdoms Ande er Guds Son. Han bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda, for å vekke dei til liv i samfunn med seg og Faderen og det er slik vi får kristen vekking.
Jes.57, 15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Alternativt har du framleis moglegheita til å halde fram med å fornekte han og gå fortapt.

