Bilete: Immanuel Kant (1724-1804), var ein tysk pietist som reagerte negative på liberalismen i Frankrike og England, med han tok tysk filosofi ei anna retning; Kant, Hegel Marx….. Personleg var Kant og Hegel protestantar, filosofien deira var ei anna sak. Men sidan kom tysk filosofi inn i protestantisk teologi.
Frå antikken til mellomalderen.
Den store fadesa med universaliestriden i mellomalderen var at dei ikkje skilde mellom ein daud ting og eit levande menneske, for i det gamle testamentet står det skrive om avgudar laga av stokk og stein, at der er ikkje ånd i dei, dei høyrer ikkje, svarar ikkje, frelser ikkje, dei gjer ikkje noko, så å vende seg til dei er dumt. Wilhelm Ockham var munk og meinte at dei kunne ha universalia etter tingen (Filosofiprofessor Gunnar Skirbekk, Politisk Filosofi 1, side 170), det vil seie universelle idear om tingen etter at dei hadde sett den og undersøkt den. Desse universalia var namn som dei sette på tingen og deira idear om den, så det vart kalla nominalisme. Men hans tru på Gud og liv med han var ei heilt anna sak. Ja, han og kroppen hans var då ikkje ein daud skulptur, så dei måtte då vel sjå og forstå skilnaden på det. Martin Luther vert også kalla nominalist, men han var prest og eg har ikkje lese noko om at han i det heile teke var interessert i å undersøke verken daude eller levande ting. Dei var protestantar, så dei meinte trua kom av forkynninga av evangeliet om Kristus, ved å tru på han vert vi rettferdige for Gud.
Men begge trudde då på Gud Fader og Son hans Jesus Kristus og det forstår eg som platonsk realisme, at der var usynlege idear som eksisterte før vi såg og granska ein fysisk ting, for Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så ved trua skjønar vi at det synlege har vorte til av det usynlege.
Heb.11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.
Antikk filosofi starta som naturfilosofi og det starta med matematikaren Thales, sitat frå Thales fra Milet – Store norske leksikon :
Thales fra Milet var en gresk filosof fra Milet i Lilleasia som var grunnlegger av den joniske naturfilosofi.
Han regnes som den vestlige kulturs første vitenskapsmann og filosof fordi han synes å være den første som søker og foreslår naturlige forklaringer på naturprosessene, dette i motsetning til for eksempel Homers mytologisk-religiøse beretninger. Thales skal ha ment at vann er alle tings egentlige urstoff eller grunnstoff, kanskje også at alt er levende og besjelet. Han var etter tradisjonen også forretningsmann og politiker og fikk status som en av Hellas‘ sju vise. Thales tidfestes etter sin forutsigelse av en solformørkelse, som man nå regner fant sted 585 fvt.
Platon og Aristoteles formidler hver sin historie om Thales som et slags urbilde på filosofen.
SITAT SLUTT.
Det verkar merkeleg å påstå at alt er vatn, men eg held det for sannsynleg at han fekk ideen frå jødedomen, sidan deira Gud var kjelda med det levande vatnet, ved å vende seg til den og drikke av den, vart dei frelst. Dei kunne oppleve tørke, så då var det livsviktig å finne kjelder med vatn, dette vart brukt symbolsk.
Poenget er at han meinte alt bestod av det same, no veit vi at masse er eit mål for energi, så alt består av energi, slik sett fekk han rett. Seinare kom Demokrit med sin atommodell og no veit vi at han også hadde rett.
Å meine at der er idear, som matematiske formlar som ligg bak det heile, kan kallast platonsk realisme, å hevde at vi kan forstå kan kallast platonsk rasjonalisme, men så spørst det kor mykje vi kan forstå.
Nyplatonismen var ein religiøs lengsel på 200-talet etter Kristus, og i følgje evangeliet om Kristus kunne folk framleis komme til han og drikke av det levande vatnet, slik fekk dei tilfredsstilt sin lengsel.
Men omgrepa frå middelalderen kan vi seie det slik at Jesus gjekk her på jorda og folket såg han, høyrde på han og opplevde undera han gjorde. Då var det nominalisme. Etter at han for opp til himmelen, sende han den Heilage Ande til disiplane sine, så den openberra han for dei og han gjorde framleis Faderen kjend for dei. Det var då «universalia før tingen» og så vart det «universalia i tingen», ved at dei tok imot. Og så kunne dei gå og lære opp folket, slik som Jesus hadde gjort og slik gjekk vekkinga vidare.
Slik hadde vi dualisme mellom ånd og materie, sjel og kropp og det var det Descartes også sa, men han forklarde det på ein spesiell måte. Hans metodiske tvil var ikkje berre kva det var rimeleg å tvile på, men kva det gjekk and å tvile på og sat igjen med påstanden «eg tenker, altså er eg», som den sikraste påstanden. Så tenkte han seg at Gud tenker og eksisterer sjølv om han ikkje er fysisk synleg og sjølv om han sjølv ikkje eksisterer.
Og det er då slik den kristne trua er, men vi må presisere at Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Ved å gå den vegen, kjem vi inn i samfunnet med Gud, då må vi ære og takke han for det, slik vert vi hans vitne.
Moderne tid med liberalisme.
Thomas Aquinas hevda ein naturrett for alle menneske, grunnlagt både i naturen og i trua på Gud. Men ved renessansen og den nye naturvitskapen vart universalstriden avløyst av striden om metoden, om den var empirisme eller rasjonalisme. For den moderne naturvitskapen vart konklusjonen etter kvart at den var ei syntese mellom rasjonalisme og empirisme, den var hypotetisk deduktiv, der hypotesa måtte vere ein forstandig utsagn, som ein kunne tenke logisk utifrå, det vart kalla deduksjon. Så måtte den prøvast empirisk, i det materielle miljø, før den vart teori. Svært ofte kunne det verte små forbetringar av hypotese/teori. Dette har fungert fint i realfag og moderne teknologi og ført til ein enorm framgang.
Men i andre disiplinar vart det store problem og det er det tydeleg vis enno. Hos liberalisten John Lock vart naturrettstanken subjektivisert, dei ukrenkelege rettane låg hos individet sjølv. Utover 1700-talet vart naturrettstanken kritisert både av romantikken og empirismen (Hume). Romantikken hevda at kvart folk har sine særeigne lover, bestemt av historia. Empirismen kritiserte naturrettstanken ut ifrå ei kunn skapsteoretisk analyse, der empiristane hevda vi ikkje kunne ha normativ innsikt, slik som naturrettstanken impliserer (Gunnar Skirbekk, Politisk filosofi 2, s15). Liberalistane hevda ytringsfridom som ein menneskerett, men ført var det i praksis berre for den lærde og rike overklassa. Dei hevda religionsfridom, også for dei kriste. Det skulle vel berre mangle i det som har vorte kalla kristne samfunn i fleire hundrede år?
Immanuel Kant, protestantisk tru og tysk filosofi.
Med Immanuel Kant tok tysk filosofi ei anna retning (Kant, Hegel, Marx ) enn liberalismen i Frankrike og England. Personleg var Kant og Hegel protestantar. Så det skulle vel høve med trua til Luther og Ockham og med den personlege fridomen og religionsfridomen til liberalistane? Og det skulle høve med rasjonaliteten til Descartes også! Filosofien deira var ei anna sak enn deira personlege tru, til samanlikning med Ockham. Men sidan kom tysk filosofi inn i protestantisk teologi, så då låg det an til at evangelisk kristendom kunne verte fortrengd, til samanlikning med mellomalderen. Er det ikkje det vi får merke i vår tid då? Men sidan dei var personleg kristne, ja, protestantar, så skulle vel filosofien deira gje rom for evangelisk kristendom. Gjer den ikkje det då?
Empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst. Med sin transendental-filosofi prøvde han å overvinne både empirismen (Lock, Hume) og rasjonalismen (Descartes), for å berge fornufta både i etikken og naturvitskapen. Han sa seg samd i at våre kunnskap stammar frå erfaring, men det er som om vi ser gjennom same slags briller, som formar kunnskapen vår og kalla det uforanderlege transcendentale former. Som om brillene har same farge, så sanseinntrykket er ei syntese av det vi sansa og fargen i brilleglaset. Slik er sanseinntrykket forma av subjektet, men subjekta er like. Formene var uforanderlege og det var ikkje psykologi heller, men det var slikt som rom, tid og kausalitet. Og han kalla det for uforanderlege transcendentale former og kategoriar. Men dette er då fysikk og i nyare fysikk har det vorte oppdaga at dei ikkje er så uforanderlege like vel.
Kant innrømma at det var noko i vår erkjenning som kom før vår erfaring i det fysiske miljø, til samanlikning med universalia før tingen og karakteriserte det som «analytisk a priori». Å lære av erfaring i det materielle miljø karakteriserte han som «syntetisk aposterior», det skulle svare til å lære av erfaring. Det vesentleg nye var at han karakteriserte noko som «syntetisk apriori». Som om det var syntese mellom rasjonalitet og erfaring, slik som hypotese og teori i den hypotetisk deduktive metode, men like vel kom før erfaring.
Sitat frå kategori – Store norske leksikon :
Kategori er en klasse av ting med felles trekk (som skiller dem fra andre ting), det kan være en art, slag, type eller rubrikk.
Aristoteles
Hos Aristoteles angir kategori de mest allmenne bestemmelser av det som er til eller det mest allmenne som kan sies om det som er til. Det som er til, er enten:
- en ting eller substans – for eksempel menneske, hest, stol
- en beskaffenhet – for eksempel klok, hvit, glatt
- størrelse eller mengde – for eksempel 80 cm lang, 20 kg og så videre
Disse bestemmelser, det vil si «ting» («substans»), «beskaffenhet», «mengde», «forhold» (til andre gjenstander), «sted» og så videre kalte Aristoteles kategorier. Han regnet som oftest med ti kategorier.
Immanuel Kant
Hos Kant betegner kategori aprioriske begreper med nødvendig gyldighet for vår erfaringsverden. Hans 12 kategorier eller tankeformer er inndelt i fire grupper:
- kvantitet – enhet, mangfold og allhet
- kvalitet – realitet, negasjon og begrensning
- relasjon – substans, kausalitet og vekselvirkning
- modalitet – mulighet, virkelighet og nødvendighet
Ifølge Kant kan man ikke tenke seg noen gjenstand uten at den, når den fremtrer for oss i erfaringen, enten er en enhet (for eksempel et element, et atom), et mangfold (en sum, en mengde) eller en allhet (et hele med sine deler) og så videre.
SITAT SLUTT.
Moralfilosofien hans var «syntetisk apriori» og vert kalla kategoriske imperativ, med referanse til Aristoteles, men hypotetiske imperativ kunne komme i tillegg.
Sitat frå det kategoriske imperativ – Store norske leksikon :
Det kategoriske imperativ er den tyske filosofen Immanuel Kants navn på den moralske loven han hevder gjelder ubetinget for alle mennesker. Denne moralloven består av et prinsipp som kan formuleres på flere måter. Den mest kjente er universallovformuleringen: «Handle bare etter den maksime gjennom hvilken du samtidig kan ville at det skal bli en allmenn lov.»
Navnet på prinsippet
Betydningen av navnet «det kategoriske imperativ» er ikke så intuitiv å forstå, men gir et visst innblikk i hva Kant tenker moral er for noe.
For det første består moralloven av et imperativ. At noe er et imperativ betyr at det er et påbud eller forbud om å gjøre noe. Moralen består altså av påbud eller forbud som sier oss noe om hva vi skal og ikke skal gjøre.
For det andre er moralen kategorisk. At noe er kategorisk betyr at det gjelder uansett og uten betingelser. I denne sammenhengen peker det på at disse moralske påbudene eller forbudene gjelder uavhengig av det Kant kaller indre og ytre krefter. Til indre krefter kan vi regne psykologiske tilstander som begjær og aversjon. Moralske påbud og forbud gjelder altså uavhengig av hva vi ønsker oss eller ikke ønsker å gjøre. Påbudet om å hjelpe noen i nød er for eksempel ikke betinget av om vi ønsker å hjelpe denne personen. Til ytre krefter kan vi regne ting som sosiale forventninger og autoriteter. Det moralske forbudet mot ikke å forfølge og drepe en befolkningsgruppe gjelder uavhengig av hva folk rundt deg forventer av deg eller hva autoriteter ber deg om.
Hva som er moralsk rett og galt er altså i følge Kant ikke bestemt av ytre sosiale krefter eller indre psykologiske krefter, men i stedet av fornuften. Den moralske loven gjelder dermed for alle «fornuftsvesener». Dette inkluderer mennesker, men også alle andre vesener med tilgang til fornuft, dersom det finnes noen. Gjennom å regulere sin atferd gjennom fornuften, så mener Kant at vi blir «selvlovgivende» eller autonome.
………..
Det kategoriske imperativ står i kontrast til det Kant kaller hypotetiske imperativ. De hypotetiske imperativene er avhengige av kontingente forhold og har dermed ikke den uunngåelige formen som det kategoriske imperativ skal ha.
Et eksempel på et hypotetisk imperativ kan være «hvis du vil virke ærlig, ikke fortell unødvendige løgner». Dette imperativet gjelder bare for de som ønsker å framstå som ærlige og kan unngås ved å ikke ha et slikt ønske. Slike imperativ er ikke av moralsk art, ifølge Kant.
Det kategoriske imperativ gjelder altså for alle vesen med evne til fornuft. Den gjelder i kraft av deres egen fornuft og er derfor uunngåelig og bindende. For Kant innebærer dette at det kategoriske imperativ er det øverste prinsippet for moralen og den praktiske fornuften.
SITAT SLUTT.
Kva er analytisk apriori, syntetisk apriori eller syntetisk aposteriori? Korleis avgjere kva som er rett og sant?
Kant meinte at matematikken var syntetisk apriori, men dei fleste meiner den er analytisk apriori, det meinar eg også. Men korleis skilje mellom syntetisk apriori og syntetisk aposteriori? Det verkar som svært mykje kan karakteriserast som syntetisk apriori, utan at det stemmer overeins, der kan endåtil verte sjølvmotseiing. Så metodene i realfag er ikkje forklart og forstått og høver ikkje inn her like vel.
Morlafilosofien høver med at du skal elska nesten din som deg sjølv. Det er neppe nokon som har levt ut det i det politiske livet meir enn Fritjof Nansen. Men då bør vi også ta med at vi skal elske Gud. Apostelen Johannes sa at Gud er kjærleik og at han elska oss og viste det ved at han sende Son sin., det er analytisk apriori. Så spørst det om vi trur det. Dersom vi trur det og elskar han fordi han elska oss, så kan vi vel kalla det for syntetisk apriori.
Matt.12,29 Jesus svara: «Dette er det fyrste bodet: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin; 30 og du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt. 31 Det andre er dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Noko større bod enn desse finst ikkje.»
Elles kan det minne om at som reaksjon mot demokratiet i antikkens Athen, fann diktaren og krigaren Aiskhylos på Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Sjølv om han var ein av dei gudane som sprang ut av kaos, så dette var då eigentleg ei sjølvmotseiing, men det vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige. Og dette vart det religionskrig utav. Skilnaden på dette og at dei på grunnlag av det mekanistiske verdsbiletet i renessansen tenkte seg ein deistisk gud som hadde starta det heile, er at han sidan ikkje greip inn og gjorde noko meir med det, alt var berre mekaniske prosessar og der var ingen moral som styrte noko som helst av dette.
Med tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, derfor er naturen forståeleg og derfor kan vi godt granske den med von om å forstå seg på den. Men om vi granskar stokk og stein, betyr det ikkje at vi lagar gudar av det. Om vi granskar fuglar og dyr, betyr det ikkje at vi byrjar å tilbe dei. Vi kan lære å forstå oss på psyken til eit dyr, så vi tek omsyn til det. Folk som vil ha seg ein hund, går endåtil på dresurkurs med hunden og konkluderer med at dei sjølve lærde meir enn hunden.
Men i dei ti boda i Moselova var imperativet «du skal ikkje», berre i to av boda var det «du skal» og då var det at du skulle ære andre for kva dei hadde gjort for deg, du skal halde kviledagen heilag, så du æra og takka Gud for det han hadde gjort for deg. Og så skal du heidra far din og mor di, så det går deg vel og du får leve lenge i landet som Herren di Gud gjev deg.
I evangeliet om Kristus er det sagt at Gud sende Son sin til verda, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Det kategoriske imperium er at vi skal tru på Kristus og elske han. Det skulle vel vere midt i blinken i protestantismen.
Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»
Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så han og hans Ord er for oss analytisk apriorio. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile, vi får kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk og får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Sjølv om Ordet smeltar saman med oss, så har det framleis sjølvstendig og evig eksistens, det er det som gjer sitt verk utan at vi kan tilføye noko sjølve.
Ikkje noko kjem opp mot dette og Gud gjev ikkje si ære til nokon annan, han gir ikkje si ære til avgudane. Vi må passe på hjertet vårt, så ikkje noko kjem opp mot dette og vert som ein avgud for oss. Menneska vart ureine av avgudsdyrkinga, så dei ikkje såg og tenkte klart lengre, men vi skal ta eit oppgjer med det, ved at vi bøyer oss for Jesus kors, vedkjenner vår synd for han, så vi vert reinsa i hans blod og fylte av den Heilage Ande.
Realfag har sine metode til å finne ut kva som er rett og sant, men evangeliet fortel oss Sanninga som set oss fri frå trældomen og gir oss barnekår hos Gud, det gir oss ei metode og viser oss ein veg til å komme inn i samfunn med Gud Fader, så vi får oppleve hans kjærleik og omsorg.
Men det verkar som Kant ikkje heilt fann ut korleis vi kan avgjere kva som er rett og sant, verken i realfag eller når det gjeld å vere rett-truande rett-lærande.
Psykologi og psykiatri.
Psykologi kjem av «psyke», som betyr sjel, så vi kan kalle det sjelelogi. Og kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel.
Dette synest stemme bra med ei platonsk forståing av sjela. Aristoteles tenkte meir biologisk, også om sjela, som om det var det som var typisk for dei ulike dyreartane. Men vi finn noko liknande til det også i Bibelen, ved at det vart sagt at sjela til dyret er i blodet. Og kong Salomo meinte dyra også har ånd (Fork.3,21). Paulus sa at all skapningen lengtar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom (Rom.8,19). Det er når Jesus kjem att og hentar oss, det er det vi skal sjå fram til med von. Men då får vi også oppleve at han kjem til oss her og no, så vi får oppleve noko av den komande herlegdomen her og no og det er slik gjer han oss til sine vitne.
Psykologien var lenge intraspeksjon, å sjå innover i seg sjølv, men det var nifst kor mange som gjekk seg vill på den måten og var forkomne. Men vi skal då ha vona som eit anker for sjela oppe i Guds herlegdom og skal vende hugen opp der i von om å få noko av Herren. Seinare vart psykologien erfaringsbasert, dei skulle observere pasienten for å finne ut om han eller ho var sjuk og kva som eventuelt feila dei. Sjølvsagt skulle dei prat med pasienten også, men det vart mindre viktig. Men korleis er det ute i samfunnet, der kan vi vel fritt prøve å ta kontakt med kven vi vil og prate med dei. For oss er det viktig for å vitne om vår tru på Kristus og det kan vere ein måte å få kontakt med andre menneske, så vi vert meir sosiale.
Freuds psykoanalyse gjekk ut på å samtale med pasienten som kunne sitte eller ligge i ro. Dette også bar preg av å vere intraspeksjon, men kvar var referansen? Når eg gjekk på gymnaset fekk eg høyre om Sigmund Freud sine påstandar om at menneske vert motiverte av seksualitet og aggresjon og at religiøsitet er avspora seksualitet. Det høver med det Paulus seier om avgudsdyrkinga i Rom.1. Dei er syndarar altså, men det er då nettopp derfor vi treng den nåden Gud gir oss i Kristus, så vi vert reinsa i Jesu blod og fylt av den Heilage Ande. Når det gjeld seksualitet og aggresjon kan vi forstå det utifrå det utviklingslæra seier om at livet er ein kamp for tilværet, men vi skal la Guds Ande råde i vår døyelege lekam. Vi kan forstå det som kjøtets lyst, men vi skal sjå det slik at vi er krossfesta og døde med Kristus og i døden gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han ved Gud kraft.
Kjønnslysta er nok sentral og vesentleg i det som Paulus kalla kjøtets lyst og den gamle vonde naturen, men vi skal sjå det slik at den er krossfesta og døde med Kristus. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, slik vekker han den nye naturen i oss. Så skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam. Vi må like vel rekne med at der blir strid mellom den gamle og den nye naturen og det heng saman med at denne verda gjer opprør. Men Kristus har sigra over Djevelen, verda og døden og ved trua på han skal vi sigre saman med han.
Freud var psykiater og desse utsagna kom nok som diagnose på psykisk sjuke menneske og kan sjølvsagt ikkje brukast på friske menneske med same tyngde, elles kan dei verke som ein sjølvoppfyllande profeti som gjer dei sjuke. Men det er då vel ikkje slik psykologar, lækjarar og psykiaterar skal verke og det er ikkje slik vitskapen er. Eitt er å påstå at menneska kan verte freista av kjønnslysta og verte prega av det. Men kva skulle vere hensikta med på påstå at slik er det? At menneske treng å bøye seg for Kristus eller ein annan autoritet, som til dømes ein keisar eller konge? Om dei meinar pasienten treng medisinsk hjelp, så er dette like vel ei relevant og viktig problemstilling.
Freud var jøde og dei fleste av dei trur ikkje på evangeliet om Kristus. Frå det gamle testamentet veit vi at Sions Dotter fall ifrå Gud og derfor vart ho sjuk. Så det er nok det som kjem til uttrykk i desse påstandane også. Jeremias sa at Sions Dotter var sjuk fordi ho hadde falle ifrå og dyrka avgudane og han kjende det som ei smerte i sitt indre menneske. Gud kalla dei til å vend om, så ville han lækje deira fråfall.
«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere hans born. Så han hadde omsorg for henne og borna hennar og verna dei, men det skjøn ho ikkje og vart ei hore ved at ho dyrka avgudane til folka rundt dei og borna hennar gjorde opprør mot han. Då tok han bort si omsorg og sitt vern og då gjekk det dei ille. Landet vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men då ville han tale venleg til henne att, som i ungdomsdagane og ta henne til ekte igjen og la henne få komme heim att til landet sitt. Då skulle ho ikkje lengre kalle han for sin Ba’al, men kalle han for sin mann (Hoseas 2).
Hoseas.2, 14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.
16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
Gud kalla dei til å vend om, så ville han lækja deira fråfall.
Hoseas.14, 1 Samaria skal bøta,
fordi folket i byen var trassig mot sin Gud.
Dei skal falla for sverd,
deira småborn skal knusast,
og kvinnene som ventar barn,
skal skjerast opp.
Eg vil lækja deira fråfall
2 Vend om, Israel, til Herren din Gud,
for synda di har ført deg til fall.
3 Kom med dei rette ord,
vend om til Herren og sei:
«Tilgjev all vår skuld,
og ta imot vår gode gåve,
så gjev vi deg lovsong med våre lipper!
4 Assur kan ikkje hjelpa oss.
Vi vil ikkje ri på hestar
og ikkje lenger seia: Vår gud!
til det våre hender har gjort.
Hjå deg finn den farlause miskunn.»
5 Eg vil lækja deira fråfall,
og eg vil elska dei av hjarta,
for vreiden min har vendt seg frå dei.
6 Eg vil vera som dogg for Israel;
han skal bløma som ei lilje
og røta seg som trea på Libanon.
7 Hans renningar skal breia seg utover,
han skal vera fager som oliventreet
og anga som skogen på Libanon.
8 Atter skal dei bu i min skugge,
endå ein gong skal dei dyrka korn.
Dei skal bløma som eit vintre,
få ry som vinen frå Libanon.
9 Kva skal Efraim med avgudar meir?
Eg vil bønhøyra han og sjå til han.
Eg er som ein grøn sypress,
frå meg skal frukta di koma.
10 Kven er så klok at han skjønar dette,
så vitug at han merkar seg det?
Ja, Herrens vegar er rette,
dei rettferdige ferdast på dei,
men illgjerdsmennene snåvar.
I Johannes Openberring.17-19 er det profetert om «den Store Skjøkje», «den Store Hore», som dreiv hor med kongane rund om på jorda. Venteleg var ho opphavleg Guds kone, men ho vart ei hore ved at ho dyrka kongane på jorda som gudar, i staden for å dyrke den sanne Gud. Så slik er fråfallet. Gud kalla folket sitt til å berge seg få henne, for han kjem til å dømme henne.
Joh.Op.18, 4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. 6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt. 7 Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.» 8 Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne.
Hans Nilsen Hauge.
Hans Nilsen Hauge var påverka av pietismen og puritanismen og fekk ei åndeleg oppleving med Gud, som gjorde at han vart ein pioner som lekmannspredikant. Han skreiv bøker om si tru og det tente han godt på og så vart han ein pioner også med å starte bedrifter, så folk skulle få seg arbeid. Prestar og andre embetsmenn prøvde å stoppe han ved så setje han i fengsle, men hadde problem med å finne noko å dømme han for. Det hadde seg nok slik at dei var redd for at folket skulle reise seg mot danskeveldet og frigjer seg som ein sjølvstendig nasjon. Dette var tett før 1814, jau, det gjorde nok sitt til at Noreg vart ein sjølvstendig nasjon.
Professor Olav Honningdal Grytten kalla han ein liberalist og då er det menneskeleg liberalisme heilt ned til vanlege folk, ved at dei vert opplærde til i vere seg sjølve og å svare for seg sjølve. Det sentrale poenget er då å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så vi får komme til hans som hans born.
Hans Nielsen Hauge – Fryktløse Nordmenn med Ola Grytten, Herland Report
Som Guds born får vi be til han og få bønnesvar.
Matt.6,6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.
Fadervår
7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. 9 Difor skal de be såleis:
Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
10 Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
11 Gjev oss i dag vårt daglege brød.
12 Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlèt våre skuldmenn.
13 Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.
14 For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg. 15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer.
Matt.6,33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.
Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!
Joh.10, 1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Heb.11,6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.
Relevante bibelvers.
1.Joh.1,5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
1.Joh.4,7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.
Matt.16,24 Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. 25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. 26 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort. 28 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike.»
Luk.10,19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»
Heb.6, 18 Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging.
19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.
1.Kor.13,12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.
Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:
For di skuld vert vi drepne dagen lang,
vi vert rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Jer.6,13 For alle saman, små og store,
søkjer urett vinning.
Profetar og prestar fer alle med svik.
14 Lettvint lækjer dei skaden i mitt folk,
når dei seier: «Fred, fred!»
– og så er det ingen fred.
Jer.10,17 Pakk sekken, far ut or landet,
du som bur i ein kringsett by!
18 For så seier Herren:
Denne gongen slengjer eg bort
dei som bur i landet;
eg fører dei ut i trengsle,
så dei skal finna meg.
19 Ve meg, for eit slag!
Ulækjande er mitt sår.
Dette er berre ei liding
som eg må tola, tenkte eg.
20 Teltet mitt er herja,
og alle teltsnorer avslitne.
Borna mine har fare frå meg, dei er borte;
det er ikkje lenger nokon
som set opp teltet mitt
og spenner ut teltdukane.
21 For gjætarane er dumme som fe,
dei søkjer ikkje Herren.
Difor har dei ikkje lukka med seg,
og heile flokken deira er spreidd.
22 Høyr, det kjem ei melding
og eit kraftig drøn frå landet i nord.
Byane i Juda skal gjerast til ei audn,
ein tilhaldsstad for sjakalar.
Andre referansar.
Sitat frå Baal – Store norske leksikon :
Baal er navnet på en vestsemittisk gud som var en av de viktigste gudene i Det gamle Midtøsten. I noen tekster er han sønn av skaperguden El, i andre er han sønn av kornguden Dagon. Hans viktigste ledsager er søsteren Anat.
Baal var opprinnelig en fruktbarhetsgud som styrte årstidene, og i noen tilfeller var han også en himmelgud. Fra å være en ren vær- og fruktbarhetsgud ble han etter hvert også knyttet til solsymbolikk.
Baal kunne smelte sammen med stormguden Adad/Hadad og i noen tilfeller også med den egyptiske guden Seth. Hans mange tilleggsnavn, som Baal Shamem (Himmelens herre), Baal Safon (Fjellets herre), Baal Hamon (Herren over mangfoldet/mengden), viser til hans forskjellige roller. Det er ofte vanskelig å avgjøre hvorvidt vi har å gjøre med en rekke lokalkulter og lokalguder, eller om det dreier seg om ulike manifestasjoner av den samme guden Baal.
I de fønikiske koloniene i det vestlige Middelhavsområdet, og ikke minst i Karthago, var Baal Hamon den øverste guden, og ble av grekere og romere assosiert med Kronos og Zevs.
Gudsnavnet Baal nevnes rundt 90 ganger i Det gamle testamentet og Tanakh. Vi finner også mange kanaaneiske og israelittiske stedsnavn som inkluderer ordet Baal.
SITAT SLUTT.

