Bilete: David, den rettferdige, spelte på harpe som terapi for Saul, den Lovlause, men fann ut at han måtte ta røminga.
I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom.
Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.
Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.
Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn!
2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn!
3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!
4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!
Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.
Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.
Kom med grunnane! seier Jakobs konge.
22 Lat dei koma og kunngjera oss
det som sidan skal henda.
Fortel oss kva som før har hendt,
så vi kan merka oss det!
Eller lat oss få høyra kva som skal koma,
så vi kan vita kva utgangen vert!
23 Kunngjer det som eingong skal henda,
så vi kan skjøna at de er gudar!
Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,
så vi alle kan sjå det og undrast!
24 Sjå, de er reine inkjevetta,
og det de gjer, er ingenting verdt.
Ein styggedom er det å velja seg dykk.
25 Eg har vekt ein mann frå nord,
og han kjem, frå eit land i aust;
han skal kalla på mitt namn.
Styresmenn trakkar han ned som søle,
liksom pottemakaren stampar leire.
26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,
så vi kunne vita det?
Kven forkynte det i gamal tid,
så vi kunne seia: «Det er rett»?
Ingen har kunngjort det,
ingen har sagt frå,
ingen har høyrt eit ord frå dykk.
27 Eg er den fyrste som seier til Sion:
«Sjå, der er dei!»
og sender gledebod til Jerusalem.
28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,
ikkje ein som kan gje råd,
så eg kunne spørja og få svar.
29 Nei, alle er dei inkjevetta,
og det dei gjer, er ingenting verdt.
Gagnlause er deira støypte bilete.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i «gude-forsamlinga» og held dom.
Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.
Joel.3,1 Når Anden vert utrend
1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet.
Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså.
Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.
Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelsarkonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelsekraft som reiste han opp frå dei døde.
Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.
Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias. 16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Kjennast ved Kristus som vår frelsar og Herre, så vi passar oss for dei som vil lure på fridomen vår.
Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør og verte straffa for det og verte bortførde frå landet sitt. Men ved Guds nåde skulle dei få komme attende til det og då skulle dei verte hjarteomskorne. Jau, når dei då kom attende til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet, for då ville Gud velsigne dei. Dei fekk motstand, men profeten Sakarja oppmuntra dei og sa at det skjer berre ved Guds Ande.
Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
Sidan kalla Paulus den nye pakta for hjarteomskjering i den Heilage Ande. Poenget er vel nettopp at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande og det er mest fundamentalt.
Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.
Rom.8,14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.
Paulus lærde oss å leve i fridomen i barnekåret hos Gud og passe på at ingen får lure på fridomen vår.
Gal.2, 3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera. 4 Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura på den fridomen vi har i Kristus Jesus, så dei kunne gjera oss til trælar.
Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og då må ikkje andre prøve å lure han (1.Tess.4,3-8). Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og så skal vi vekse opp til han som er hovudet for den kristne kyrkja, Kristus.
Vi seier kva Jesus er for oss og ærar og takkar han for det. Dersom då andre avviser det, er det som om dei vil erstatte det med menneskeverk, mest nærliggande eit krav om at vi må prøve å erstatte det med våre eigne gjerningar. Men menneske kan då ikkje gjere Guds gjerningar. Det vert som eit krav om at dei like vel må prøve å gjere Guds gjerning, men i eiga kraft altså?! Prøve å forgude seg sjølve med sin menneskelege og kjøtlege natur? Soleis ligg det an til dåringa og forføringa slik som ved syndefallet, endåtil som eit krav. Soleis kan det føre til at dei avviser og fornektar Faderen og Sonen. Og dersom dei startar med å fornekte Faderen og Sonen, vil det føre til at dei erstattar Guds verke med menneskeverk og krev at menneske skal gjere det. Men menneske kan ikkje gjere Guds verk, resultatet er at dei vert gjorde til trælar. Og det har seg slik at der er dei som vil selje dei som trælar og slaktesauer, for å tene pengar på det.
Som Guds medarbeidarar er det noko vi også skal gjere, vi må lære å skilje mellom kva han gjer i våre liv og kva vi skal gjere, det Gud gjer er mest fundamentalt, når vi erkjenner det og ærar og takkar han for det, som først prioritet, får vi vel klårleik i kva vi skal gjere, som andre prioritet.
Kristus er den Gode Hyrdingen og den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han dyrkar og vernar Guds hage for tid og æve.
Den Gode Hyrdingen.
Den Duglause Hyrdingen gjette slaktesauene for sauehandlarane, slik vart verdsleg, materiell rikdom verdsett framfor det åndelege livet i samfunn med Gud. Men Kristus er den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene.
Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.
………….
12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren. 14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.
Joh.10,11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.
17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
Kristus er vår øvsteprest hos Faderen, ved trua på han får vi ei sikker von, i vona er vi frelste.
Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane, kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud, så vi skal tilhøyre han og leve for han. Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande av berre nåde, ved å tru på han tek vi imot han, slik får vi hans Ande, då tilhøyrer vi han og er frelst. I vona er vi frelst, slik at den er eit anker for vår sjel. Då må vi halde fram med å vende oss til han, slik at vi ser framover til det vi vonar. Kristus er Guds Ord, ved reinsinga i Jesus blod og fylden av den Heilage Ande, får vi oppleve at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre.
Heb.6, 17 Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid. 18 Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging.
19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.
Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
Kristus er den siste Adam, han er den som dyrkar og vernar Guds hage for tid og æve. Han er kongars konge.
Jesus sa vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det (Matt.6,33). Slik skal vi altså prioritere den åndelege velsigning, så får vi materielle velsigning i tillegg til det.
Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!
Fungerer dette? Har vi fått det til å fungere? Klart Faderen vil gi borna sine gode gåver, men fienden er komen for å stele, slakte og øydelegge.
Rom.8,28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:
For di skuld vert vi drepne dagen lang,
vi vert rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Det har seg slik at Kristus stod oppatt frå dei døde, for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Så sende han oss den Heilage Ande. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.
1.Kor.15, 42 Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft. 44 Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. 45 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom.
Mark.8,34 Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. 35 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld og for evangeliet, han skal berga det. 36 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? 37 Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?
Adam fekk ei oppgåve med å dyrke og verne Edens hage, det vare eit forvaltaransvar. Dette vert brukt symbolsk om den åndelege velsigninga, så som Guds medarbeidar kan vi plante og vatne, men Gud gir vekst (1.Kor.3). Vi kan bygge på evangeliets grunnvoll, men det er fordi Gud gjer sitt verk med oss i Kristus Jesus. Han har Davids nøkkel og det er då ei forvaltar-oppgåve.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:
Han er kongars konge og kva betyr så det? Det betyr at dei må audmjuke seg for han og be for seg sjølve og folket sitt, lære av han kva som er rett, så dei lærer å dømme rett og ta på seg oppgåva med å forvalte naturressursane i landet til gagn for heile folket på lang sikt.
Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
Joh.Op.17,14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
Joh.Op.19,16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.
Med opplæring i realfag lærer vi å tenke sjølvstendig. Like vel står vi overfor spørsmålet med å finne meining med det. Gud skapte mannen og sette han til å dyrke og verne Guds hage, så det gav meining med livet. Men no er Kristus den siste Adam, så han er den som dyrkar og vernar Guds hage for tid og æve.
Vitskap, filosofi og kristendom.
Når vi lærer realfag, lærer vi å tenke sjølvstendig. Vi lærer ikkje å tilbe avgudar av stokk og stein, i staden lærer vi å undersøke stokk og stein med vitskaplege metode, så vi kan lage nyttige reiskap av stokk og stein. Med metodene i realfag vert vi i stand til å undersøke ei sak sjølve, soleis vert vi meir sjølvstendige.
I moderne vitskap er erfaring i det materielle miljø fundamentalt viktig, spesielt ved det repeterbare eksperimentet. Men vi brukar ein usynleg rasjonalitet, spesielt ved matematikken, til å forklare kva som skjer og eigentleg er det den som er repeterbar. Forskaren vert ein passiv observatør, som ikkje skal påverke prosessen. Men denne rolla er då ikkje heile vårt perspektiv på livet, for eigentleg er vi ikkje berre observatørar til den fysiske realiteten og det biologiske livet, men vi er ein del av det, som aktørar også. Biologen kan finne ut mykje om korleis det biologiske livet er og kan fortelje det til andre. Han og ho må vel kunne ha sine meiningar om korleis det skal vere også, så dei kan dyrke og verne Guds hage, men dersom det strir med korleis livet faktisk er og dei like vel prøver å gjennomførde det, kan det tvert om verke drepande. Det var tydeleg vis det som skjedde ved syndefallet, så i staden for ein velvatna og fruktbar hage, vart det torn og tistel som tok over. Det er ein motsetnad som vi møter igjen seinare i Bibelen og den er framleis brennaktuell.
Heb.6,1 Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, 2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen. 3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.
4 Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, 5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, 6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud. 8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.
Med realfag lærde vi moderne teknologi, med den vart produktiviteten i næringslivet forbetra og det vart avgjerande for utviklinga av rike moderne samfunn. Eg hevdar kristendomen også var grunnleggande viktig for dette, den gav oss ei åndeleg velsigning, som også resulterte i ei materiell velsigning. Derfor gjer vi rett å ære og takke Gud Fader og Kristus for det.
I følgje marxismen skal det gå slik at menneska ikkje lengre forstår seg på dette, så arbeidarane vert så framandgjorde som dei byrjar å tilbe det som dei sjølve lagar og produksjonsmidla som dei brukar til å produsere dei med. Men det betyr då at dei vert lurte, som om der er nokon som vurderer det slik at heldig vis er dei dumme nok til å verte lurte, slik at dei kan få makta over dei. Det er tydeleg vis dette som er poenget med «woke» og «pride». Dei ser ikkje meinig i ekteskapet mellom mann og kvinne, mest sannsynleg fordi dei har gitt opp, på grunn av motstanden ein mann møter når han vil finne seg ei kone. Og det er fordi der er så sterke økonomiske interesser av å gjere dei til salsvare, som trælar.
Joel.3,6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
Stephan Hawking vart berømt med den populærvitskaplege boka «Univers utan grenser». På siste sida skreiv han at på 1800- og 1900-talet vart vitskapen så teknisk og matematisk at det var berre nokre få som forstod seg på den, så i følgje Wittgenstein vart filosofane si oppgåve redusert til språkanalyse, for ein tilbakegang for den store filosofitradisjonen frå Aristoteles og Kant.
Matematikarar og teoretiske fysikarar arbeider med å sameine dei grunnleggande fysiske lovene i ei lov, det er den svake og den sterke kjernekrafta, den elektromagnetiske krafta og gravitasjonen, i ein fullstendig teori. Dersom dei klarar det, bør den vere meir forståeleg for fleire, så vanlege menneske kan vere med på å diskutere kvifor universet eksisterer. Finn vi svaret på det, vert det menneskefornufta sin endelege triumf, for då vil vi kjenne Guds meining. Slik var siste setninga i boka. Seinare skreiv han at denne siste setninga rekna han for å vere mindre viktig, som om den ikkje var så godt gjennomtenkt, ikkje ein sikker påstand. Men den gjorde sitt til at boka hans vart ein sals-suksess.
Der er nok dei som meinar at dersom dei finn ein slik fullstendig teori, så har dei motbevist Guds eksistens, det er som om dei med sin kunnskap erstattar han, men det er då heilt skrullete. Gud er ein, han talte sitt Ord og det skjedde, med eitt Ord sette han stjernene på himmelen, slik sett er der ein einskapleg teori. Men om dei finn ein slik fullstendig teori og dei seier formelen, så betyr det då ikkje at dei med det kan gjenskape Big Bang!
Hawking måtte vel ha sett meining med livet lenge før dette, han måtte vel ha sett meining i det som han dreiv med. Men skulle han ikkje for lenge sidan ha funne Guds meining med livet sitt då? Jau, i følgje evangeliet skulle han det og det skulle ikkje vere så vanskeleg heller.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Gud openberra si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande. Den openberringa er livsviktig for oss, for tid og æve og den skal gjere livet lettare for oss. Soleis er den openberringa viktig for oss, så vi må halde fram med å vende oss til Kristus, ta imot han, som Guds Ord og livnære oss av det. Sjå på han, slik som den Heilage Ande openberrar han for oss.
Platon og rasjonalistane tenkte matematisk og det vart med tida ein stor suksess. Matematikken vart utvikla vidare og vart meir og meir avansert og vanskeleg. Den moderne naturvitskapen var eksperimentell, men utvikla seg vidare med matematiske formlar som gjorde at den vart lettare å forstå, slik vart moderne teknologi utvikla, så vi fekk betre reiskap som gjorde det lettare å dyrke jorda og å drive fiske. Produktiviteten auka og derfor vart vi meir velståande.
Som andre fysikarar tala han om Gud som den første årsak til alle ting, årsaka til Big-Bang. Det treng ikkje bety at han greip inn og gjorde noko meir seinare, det kunne vere deisme altså. Men biologar meinar at livet starta med ei celle i havet og kallar det gjerne for livets Big-Bang, så vi har god grunn til å tru og tenke oss at Gud stod bak det også. Livet utvikla seg til meir og meir avanserte artar og utviklingslæra forklarar det med at det er den mest veltilpassa som overlever, livet er ein kamp for tilvære og den som vinn kampen overlever og formeirar seg mest. Venteleg vil utviklinga gå vidare mot meir avanserte artar, så menneska vil utvikle seg til å verte sterkare, smartare og meir avanserte. Men om du meiner denne teorien erstattar trua på Gud, kven skal då gjennomføre det, er det du som med din kunnskap erstattar han, så du skal gjennomføre det eller skal du få andre menneske til å prøve å gjere det? Det er syndefallet på nytt og det fører til sivilisasjonens undergang.
Men redninga er at Gud vekte Kristus oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, som sin Son og sin Messias og kongars konge. Vår redning er å vende om til han.
Eg hevdar og meinar at naturvitskapen er sameinleg med skapingssoga, inkludert den naturfaglege delen av utviklingslæra, den er også naturfilosofi og hypotese som ikkje er underbygt eksperimentelt. Skapingssogene er også naturfilosofi og seinare i Bibelen finn vi mykje naturfilosofi som gir oss gode svar på livets mange spørsmål. Gud talte og det skjedde, han baud og det stod det, då tenker vi oss nok at han skapte noko nytt momentant, som eit Gud under. Men eg tenker meg også at han skapte over lang tid, gjennom ei lang utvikling. Slik måtte det vere om det skal høve med utviklingslæra. Så slik skapte han menneska i si likning (1.Mos.1).
Korleis blir det då med den andre skapingssoga, om Adam og Eva? Eg tenker meg at den fortel om korleis Gud skapte menneska frå generasjon til generasjon. Ved syndefallet prøvde dei å forgude seg sjølve med sin eigen kunnskap, men då fall dei ut av det og forstod seg ikkje lengre på det. Like vel heldt Gud fram med å skape dei frå generasjon til generasjon, så rike oppstod og gjekk til grunne og det vart som skapinga, syndefallet og domen var historia som gjentok seg. Slik også med Israel, landet vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia.
Dersom du som fagperson i biologi seier kva du tenker og verkeleg meinar, kan det vel vere at vennane dine vert redd deg. Men kven er det vi skal frykte eigentleg. I følgje dei gamle vise var det visdom å frykte Herren, å kjenne den heilage var vit.
S.Ordt.9,10 Age for Herren er opphav til visdom,
å kjenna Den Heilage er vit.
På sine gamle dagar talte Moses til folket og sa at dei skulle vere Guds born, han åtvara dei mot å gjere opprør, men heldt det for å vere sannsynleg, nær sagt som ein profeti. Han ordla seg som om han talte til himmel og jord, landet dei var kome inni, naturen altså, jau, dette var då naturfilosofi.
1.Mos.32,1 Lyd etter, himmel, eg vil tala,
høyr orda frå min munn, du jord!
2 Lat læra mi risla som regn,
talen min drypa som dogg,
som regnskurer på grøne graset,
som regndropar over det som gror.
3 Herrens namn vil eg forkynna,
og de skal gje vår Gud ære.
4 Han er Berget,
fullkome er hans verk,
rettferdige er alle hans vegar.
Ein trufast Gud, utan svik,
rettferdig og rettvis er han.
5 Dei som ikkje er hans born,
sveik honom med si vonde ferd,
ei svikefull og rangsnudd ætt.
6 Er det så de løner Herren,
du fåvise og uvituge folk?
Er ikkje han din far og skapar,
han som skapte deg og rusta deg ut?
Dersom dei voks opp som Guds born, så skulle dei vel verte gudar då? Men korleis gjekk det? Under kong David vart Israel ei stormakt og på hans tid sa salmisten Asaf at Gud står fram i «gudeforsamlinga» og held dom.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Seinare gjekk det slik at Babylonarkongen Nebukadnbesar hærtok landet og bortførde dei som slavar. Det same gjaldt dei små nabofolka deira. Kongen i Tyrus var vis, rik og mektig, men når han stod andlet til andlet med sine mordarar, ville han då seie at han var ein gud? Nebukadnesar måtte stride hardt mot Tyrus, men klarde til slutt å ta byen. Slik gjekk den fønikiske kulturen under, dei var herrar på havet, men Babylonarane tok over handelen.
Under persarkongen Kyros fekk dei kome attende til landet sitt og det same gjaldt dei andre folka. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv (Joh.3,16). Jesus sa til jødane at han var Guds Son, men dei jødiske leiarane ville steine han fordi dei meinte han prøvde å gjere seg sjølv liksom Gud. Men Jesus refererte då til Salme 82,6 (Joh.10,34-39).
Når dei sidan greip han og dømde han, slutta han å svare dei. For han var det Guds Lam som bar verda si synd og vart ofra som syneoffer for all verda si synd. Dei drap han og gravla han, men Gud vekte han opp frå dei døde og viste soleis at han var Guds Son.
Rom.1,1 Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma. 2 Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter, 3 evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt, 4 men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde.
Jesus døde i staden for oss på korset, då sigra han over verda, Djevelen og dei vonde åndsmaktene. Så sigra han over døde også. Og han sigra for oss, så når vi trur på han og tek imot han som vår frelsar og Herre, vert hans siger vår siger også, så vi skal sigre saman med han. Då treng vi ikkje lenger frykte.
Kol.2,11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
1.Joh.4,7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.
Gud kalla fram ættene.
Persarkongen Kyros er den einaste heidningen i den gamle pakt som i Bibelen vart kalla Guds salvevigde (Jes.45,1). Under han fekk Israels-folket komme attende til landet sitt og det same gjaldt dei små nabofolka deira som også hadde vorte bortførde. Soleis vart han med politikken sin førebilete på Kristus og den glade bodskapen hans, som skulle forkynnast for alle menneske, folk og nasjonar. Og Gud forklarde det med at han var den som kalla fram folka. Det minner meg om at han gjekk i Edens hage og kalla på Adam. Han hadde ei hensikt med det, altså, men Adam og Eva gøymde seg vekk med dårleg samvit.
Jes.41,1 Ver stille, de øyar og strender,
og høyr på meg,
lat folka samla nye krefter!
Lat dei koma og tala si sak,
lat oss saman gå fram for retten!
2 Kven har vekt den mannen frå aust
som sigeren møter kvar han set foten?
Kven gjev folkeslag i hans makt
og lèt han råda over kongar?
Med sverdet gjer han dei lik støv,
med bogen lik fykande halmstrå.
3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,
er berre så vidt nedpå vegen med foten.
4 Kven var det som sette dette i verk?
Han som frå opphavet kalla ættene fram.
Eg, Herren, er den fyrste,
og eg skal vera hjå dei siste.
5 Øyar og strender ser det og reddast,
heimsens endar skjelv.
Dei stimar i hop og kjem.
Jesajas profeterte om at Gud ville gjere noko nytt og spurde dei om ikkje dei merka det.
Jes.43,18 Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var!
19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
20 Dyra på marka skal æra meg,
både sjakalar og strutsar.
For eg gjev vatn i øydemarka,
lèt elvar renna i den aude hei,
så mitt utvalde folk kan få drikka.
21 Det folket eg har skapt meg,
skal forkynna min pris.
Det var ein profeti om Kristus, sjølv om han kom vel 700 år seinare. Han kom som manna frå himmelen, han var livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv. Det ordet han tala var ånd og liv (Joh.6,63). Han er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Så han er den som dyrkar og vernar Guds hage for tid og æve. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, for å sjå Guds rike og komme inn i det må vi vende om og verte som born, ja, fødast på nytt fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er fødet av Anden er ånd.
På evangeliets grunnvoll blir vi som åndelege steinar oppbygde til eit åndeleg tempel.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Slik blir Jesu kyrkje oppbygd som hans brud, det er etter førebilete av at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Gud talte sitt Ord og det skjedde, han baud og det stod der. Men Guds Ord er også som såkorn som Gud sår i våre hjarte, så det skal spire og gro og vekse opp og gi fulle aks. Livet vart planta i oss ved Guds Ord og det skal vekse.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Så vi er Guds åkerland og Guds bygning. Samtidig er vi Guds medarbeidarar, som bygg på evangeliets grunnvoll, som plantar og vatnar. Men Gud gir vekst.
1.Kor.3,5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
Liksom Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt, så er Jesus kyrkje hans brud, hans kropp, som han er hovudet for og vi skal vekse opp til han som er hovudet.
Ef.4,9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
Dette har også å gjere med at gut og jente modnast til vokse menneske, mann og kvinne, til kjærastepar som gifter seg og verte ektepar, får seg hus og heim, born og familieliv, vert i stand til å forsørgje borna og gi dei oppseding. Så dei veks opp som Guds born, som han elskar og har omsorg for.
Dyrke og verne Guds hage.
Men når vi ser på all den liding, nød og smerte som er på jorda, både hos dyr og menneske, så dersom der er ein Gud, kvifor grip han ikkje inn og gjer noko med det? Skal vi ikkje kunne vente oss at han har omsorg for det som han har skapt? Jau, det er nettopp det Bibelen seier, Gud skapte menneska i si likning og så sette han dei til å dyrke og verne hagen som han hadde planta. Dei kunne livnære seg ved å hauste av fruktene i hagen, med unntak av frukta av kunnskapstreet, så dette også gav meining i å dyrke den, men å dyrke og verne hagen var noko meir enn å dyrke berre det som dei kunne livnære seg av.
1.Mos.2,8 Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. 9 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.
…………
15 Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen. 16 Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. 17 Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»
Men etter syndefloda let han dei livnære seg av fisk og dyr også.
1.Mos.9,1 Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «De skal veksa og aukast og fylla jorda. 2 Otte og age skal dei kjenna for dykk, alle dyra på jorda, alle fuglane under himmelen, alt som rører seg på marka, og alle fiskane i havet; de skal ha rådvelde over dei. 3 Alt som lever og rører seg, skal vera til føde for dykk. Liksom eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette. 4 Men kjøt med blod i, det som livet er knytt til, skal de ikkje eta. 5 Berre for dykkar blod vil eg krevja hemn. Eg vil krevja både dyr og menneske til rekneskap. Eg vil krevja kvar mann til rekneskap når han tek livet av nesten sin.
6 Den som tek menneskeblod,
hans blod skal menneske ta;
for i sitt bilete skapte Gud mennesket
7 Men de skal veksa og aukast,
myldra på jorda og verta mange der.»
8 Så sa Gud til Noah og sønene hans: 9 «No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar 10 og med kvar levande skapning hjå dykk, både fuglar og fe og alle villdyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arka, alle dyr på jorda. 11 Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.»
12 Og Gud sa:
«Dette er teiknet på pakta eg skipar
mellom meg og dykk
og kvar levande skapning som hjå dykk er,
for ætter som kjem i alle tider:
13 Eg set bogen min i skyene;
han skal vera eit teikn på pakta
mellom meg og jorda.
14 Når eg samlar skyer over jorda,
og bogen syner seg i skyene,
15 då skal eg koma i hug den pakta
som er mellom meg og dykk
og kvar levande skapning.
Aldri meir skal vatnet verta
til ein storflaum som tyner alt liv.
16 Bogen skal koma i skyene;
eg skal sjå han og minnast
den pakta som alltid skal vera
mellom Gud og kvar levande skapning
som rører seg på jorda.»
17 Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.»
Dersom vi kan slakte dyr og fisk, koke, steike og ete, men ikkje få lov til å drepe menneske, vil det ikkje då verte overbefolkning, slik at vi utryddar andre artar? Korleis kan vi då dyrke og verne Guds hage? Sidan Gud hadde sett menneska til å dyrke og verne Guds hage, skjøna dei vel at dei måtte la dyra vekse og formeire seg, så i jordbruket vart det slik at dei fora husdyra også og let dei vekse og formeire seg. Det var spesielle plantar dei ville dyrke, som korn, og då vart det slik at ved jorbrukets revolusjon vart mange planteartar utrydda.
Noahs Ark vart symbol på den nye pakta, med frelsa i Kristus. Han er den siste Adam, så han er den som dyrkar og vernar Guds hage for tid og æve.
Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Gud velsigna han og lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Han er den ætta som lovnaden gjeld. Gud elska verda så høgt at han sende son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Både Faderen og Sonen visste at dei kom til å hendrette han, men det hadde seg også slik at han vr det Guds Lam som bar verda si synd og vart ofra som eit syndeoffer.
Men først vart det ved at Abraham fekk sonen Isak med Sara, slik som var lova. Gud ville prøve trua hans og sa han skulle ofre han og Abraham bestod prøva, han viste at han trudde Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde, men fekk ofre eit verlam i staden. Dette er førebilete på at Kristus er det Guds Lam som bar verda si synd og vart ofra som syndeoffer (1.Mos.22, Heb.11,17-19).
Israels-folket levde i Egypt i 400 år og vart mange, så kalla Gud Moses til å leie dei ut derifrå, mot det lova landet og på vegen i øydemarka gav han dei Moselova med prestetenesta, på den store forsoningsdagen skulle øvstepresten bere fram syndoffer både for seg sjølv og for folket. Det kunne vere eit verlam eller ein okse, som vart slakta.
Men etter at dei var komne inn i det lova landet, byrja dei å vende seg bort frå han og dyrke avgudane til folka rundt dei, så dei endåtil byrja med menneske-ofring, til dømes drap dei og ofra borna sine til avgudane. Gud straffa dei for deira fråfall ved å dømme dei til døden og då vart det også som menneskeofring.
Dette viste seg også ved at dei kravde å få Kristus hendretta og ved at dei kravde kristendoms-forfølging. Ei forklaring på dette er at den Duglause Hyrdingen gjette slaktesauene for sauehandlarane og endåtil selde Herren, men då var det Kristus som var den Gode Hyrdingen som sette livet til for slaktesauene (Sak.11 & Joh.10).
Jesu syndeoffer var godt nok for oss alle, hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre for oss å ta imot i tru. Det er mange som avviser det, men legg merke til at då vert det gjerne til at dei krev ein form for menneskeofring i staden, gjerne ved krig. Ja vel, men då kan vel Gud gjere det til sin offerfest då og by inn sine gjestar.
Joh.Op.19,17 Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! 18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»
Eit hanndyr og eit hodyr av kvart slag vart berga i Noas Ark, så artane vart berga. Og så vart nokre få menneske berga, slik er den førebilete på frelsa i Kristus og den nye pakta.
1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
Jesus er vegen til Faderen, når vi går den vegen, får vi oppleve Faderens kjærleik og omsorg, vi får komme inn i Fader-huset og der vert det fest.
Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
Som Jesu kyrkje vert vi framstilt for han som hans brud, så det vert bryllaupsfest også (Matt.22,1….).
Sidan eg var eit gutebarn har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han elskar meg, så han vil gi meg det, han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den, han tek seg av mi sak som si sak, for at han gir meg ei frelst kvinne til kone heng saman med at hans kyrkje vert framstilt for han som ei rein brud.
Slutt på slavesamfunnet?! Kva er då det nye?
Fridomen i det lova landet.
Gud kalla Moses til å leie folket sitt, for å frigjere dei frå trældomen under avgudane i Egypt og føre dei til det lova landet, som flyt av melk og honning, der skulle dei vere hans folk og han skulle vere deira Gud. Etter mykje styr med opprør innimellom, tok det tid, så det vart Josva som fekk fullføre det med å føre folket inn i det lova landet. Det var og skulle vere så fruktbart at ideelt sett skulle ingen verte fattige og ingen skulle verte trælar. Like vel kunne dei ikkje utelukke at det kunne gå så dårleg økonomisk med nokon at dei vart trælar. Men i følgje «odelslova» skulle dei då verte sette fri frå trældomen etter sju sabbatsår, 49 år altså, det var frigjeringsåret, då skulle dei få att odelsjorda. Dette vert brukt på evangeliet.
Luk.4,18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
Mentaliteten i slavesamfunnet, argument for slaveri.
Mentaliteten i slavesamfunnet synest vere at folk flest er for dumme og for vonde til å tenke sjølvstendig og for hjelpelause til å klare seg sjølve, derfor treng dei nokon til å råde over seg, som slavedrivarar og diktatoriske styresmakter. Nokre vurderte det som beklageleg, så dei ville prøve å lære folket noko betre, platonismen kan vel forståast slik. Men var dei i stand til det med sin lærdom? Nei, ikkje heilt, men heldig vis kom kristendomen som ein fulltreffar som svar på platonismen og der var folk som tok imot den og lærde og vart i stand til å lære andre. Kristendomen oppfordra ikkje til opprør verken mot styresmaktene eller slavedrivarane, like vel var det ein frigjerande bodskap. Men andre vurderte det som at heldig vis var folk for dumme til å lære, så det vart lettare for dei å få makt over dei og sikre si makt. Derfor stod dei imot den kristne forkynninga.
Det kan også seiast slik at dei fattige og ulærde hadde problem med å finn meining med livet. Men dei som ville bruke dei som trælar, såg meining i det og sette dei i sving med å gjere noko som slavedrivarane såg meining og verdi i. Og så brukte dei religionen til å gi det ei overordna meining.
Gud har openberra si frelse for meg i Kristus.
Jesus kjem til oss, openberrar seg for oss og tek bustad hos oss.
Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be slik for folket og landet og så be Fadervår. Når eg var 9 år, skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse menneska frå det, som første prioritet og så be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Då merka eg at han var meg nær, så eg vart kjend med han som min beste ven, det var som det står skrive at Herren er ein skugge ved mi høgre hand.
Når eg gjekk på ungdomsskulen, merka eg at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjeldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å lese meir i Bibelen sjølv og då merka eg at det stemte med Paulus sine ord om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og vi skal vekse opp til han som er hovudet. Paulus grunngav dette både utifrå skapingssoga i 1.Mos.2, syndefallet og frelsa i Kristus. Sidan han grunngav det utifrå skapingssoga, tenkte eg meg at det stemte overeins med biologien også og at utviklingslæra langt på veg stemte overeins med skapingssoga. Då var der mykje vi trong å få klårleik i, men Kristus er Guds Ord, han er Guds svar til oss, så når Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, får vi og har vi det rette svaret.
Eg vart litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella, ho spelte gitar og lovprisa Kristus som sin frelsar og Herre. Ho elska Kristus, som bruda som elska sin brudgom. Det likte eg og eg merka at eg byrja å verte glad i henne, men var redd for å verte skuffa, så eg knelte ved senga på hybelen og bad over det og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som ei åndeleg openberring, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte. Det gjorde meg så godt og eg vart så glad i henne. Eg fekk sjå henne meir frå Guds perspektiv, som det vidunderlege barnet som han elska og hadde omsorg for og eg vart så glad i henne.
Rom.5,5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
Sommaren 1984 byrja eg å studere realfag ved Universitetet i Oslo. Eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 (dFEF M40). Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset. Det var først og fremst ei takke-bøn, å takke Jesus for at han hadde frelst meg og henne.
Seinare har Jesus tala til meg om det som ein draum han gav meg og som han ville eg skulle ta fram att og drøyme stort med han. Sitat fra https://blessings-from-heaven.com/2024/08/31/2024-08-31-jesus-gav-meg-draumar-og-lengslar-i-mitt-hjerte-han-gav-meg-visjonar-om-si-hensikt-og-sin-plan-for-mitt-liv-og-vil-gjennomfore-det/ : Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
Jesus sa at vi skulle tru på han og halde oss til hans ord og elske kvarandre, så ville han komme og openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg var glad i, då tenker eg fyrst og fremst på henne Virtuella og ei jente som eg oppdaga ved Universitetet i Oslo hausten 1988 og som eg har kalla Reella, sidan ho studerte biologi.
Ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile, så vi får oppleve at han tek omsorg for sine born og sine henders verk.
Ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile, det er på grunnlag av at Gud fullførde sitt skaparverk og på grunnlag av at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Då får vi oppleve at Gud har omsorg for oss som sine born og slik har han omsorg for sine henders verk. Denne kvila er utgangspunktet for all teneste. Sitat frå tyding av tungetale i Betel Volda, den Frie Evangeliske Forsamling, 12.11.2006, Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2006-11-12-betel-kanal-for-guds-velsigning/ :
«Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.»
Vere Guds medarbeidar, vitne om Jesus og oppleve Guds kraft.
Eg byrja å studere realfag i Oslo hausten 1984. Samtidig gjekk eg på møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 i Oslo. Sidan eg var ung hadde eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han hadde svart meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Derfor hadde eg kontakta leiinga i denne kyrkjelyden om det og skreiv til dei om det, men det var Kristus som svarde meg, både gjennom tala og tyding av tungetale, slik som tidlegare. Eg skreiv noko om at når eg studerte realfag, så forstod eg det, men syntest det var vanskeleg å hugse det. Då svarde han meg, gjennom tyding av tungetale, omlag slik: «Det er eg som gjer mitt verk med deg, sjå, dette skal du hugse». Ja, når han stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han». Han livsens brød, brødet som kom ned, som manna frå himmelen, for å gi verda liv. Det skal vi dele mellom oss og ete, så vi lever av det. Det ord han har tala til oss er ånd og liv. Sidan vi et det same brødet, er vi og blir vi eitt i han.
Ja vel, så eg fekk sjå det slik at når eg studerte realfag, var det ikkje berre eg som gjorde mitt verk, men han som gjorde sitt verk og det var då mest fundamentalt. Det var slik som ved skapinga i 1.Mos.2, Gud gjorde sitt verk med mannen, så han endåtil skapte kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Men no er Kristus den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud skaper oss i han og då skaper han oss i si likning, han skaper oss til mann og kvinne (1.Mos.1), men Kristus er mannen og kyrkja hans er kona hans.
Hausten 2008 kalla Jesus meg til å gå med den glade og frigjerande bodskapen, gå i gjerningar som han hadde lagt ferdig for meg, eg skulle få oppleve at eg på det indre plan var hans medarbeidar. Så i januar 2009 for eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning ved Universitetet i Oslo.
Eg skulle få oppleve at eg på det indre plan var hans medarbeidar, då kunne eg vel vente meg at han på det indre plan gav meg hjelp i form av ei kone, ved at han frelste henne og gav henne ånd og liv og gjorde henne levande med seg, altså. Dette eg hadde eg i grunnen i lang tid venta meg og eg trudde og meinte at på det indre plan fekk eg oppleve det også, men som Kristi medarbeidar måtte eg vel då få lov til å bruke den hjelpa han gav meg, ved at han førde henne til meg fysisk også, så ho vart til hjelp for meg som kona mi. Ja, eg måtte no vel kunne forvente det no heretter?!
Gå i ferdiglagde gjerningar, med ein frigjerande bodskap.
I ein bodskap som kom hausten 2008 talte Jesus om det ord som eg har teke i min munn, det er ånd og liv og det er ein frigjerande bodskap, eg trur det var sikta til at eg så mange gongar har talt og skrive om Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han kalla meg til å gå med denne frigjerande bodskapen og eg skulle få oppleve at på det indre plan var eg hans medarbeidar. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/ :
Det var spesielt to bibeltekstar som eg hadde tenkt på i det siste, og når eg sett meg inn i bilen og skulle til å køyre til møtet så sanna eg for meg sjølv og for Gud at desse to tekstane kunne eg godt tenke meg å lese på møtet, dersom det vart gjett moglegheit for frie vitnemål, men eg sa også at det var litt mykje å ta fram i eit vanleg vitnemøte.
Mitt innlegg/vitnemål.
Då predikanten, Arnstein Andersen, fekk ordet, opna han for frie vitnemål fyrst. Eg gjekk fram og las frå fylgjande kapittel:
1KO 3,5 – 1KO 3,23 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. 10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de. 18 Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis. 19 For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive: Han fangar dei vise i deira eiga list, 20 og ein annan stad: Herren kjenner tankane åt dei vise og veit at dei ingenting er. 21 Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til, 22 anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til. 23 Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.
FRK 3,1 – FRK 3,14 Alt har si faste tid, alt som hender under himmelen, har si tid: 2 ei tid til å fødast, ei til å døy, ei tid til å planta, ei til å riva opp; 3 ei tid til å drepa, ei til å lækja, ei tid til å riva, ei til å byggja; 4 ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å syrgja, ei til å dansa; 5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei, ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera; 6 ei tid til å leita, ei til å missa, ei tid til å gøyma, ei til å kasta; 7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta, ei tid til å teia, ei til å tala; 8 ei tid til å elska, ei til å hata, ei tid til krig og ei til fred. 9 Kva vinning har den som arbeider, av alt sitt strev? 10 Eg såg det plagsame strevet som Gud har gjeve menneska. 11 Alt skapte han fagert i si tid. Jamvel æva har han lagt i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13 Men når ein mann får eta og drikka og vera lukkeleg i alt sitt strev, er det òg ei gåve frå Gud. 14 Eg skjøna at alt det Gud gjer, varer til evig tid. Ikkje kan ein leggja noko til, og ikkje kan ein ta noko ifrå. Gud har laga det så for at menneska skal ha age for han.
I 1.Kor.3 tok eg ikkje med vers 5 og 18-23. Eg sa berre at så er det tale om visdomen og Salomo var ein vismann og så byrja eg å lese frå Forkynnaren, der hoppa eg over vers 5-8. Det var mykje Salomo hadde klart å bygge opp, men vi veit korleis det gjekk, det vart nedrive alt saman, og Jesus sa at der skulle ikkje ligge igjen stein på stein og det var etter at tempelet hadde vorte oppattbygt. Det kan godt hende Salomo såg det for seg korleis det kom til å gå, ei tid til å bygge opp, ei tid til å rive ned, alt er fåfengt, men så sa han også at Gud hadde lagt æva ned i menneskehjertet og alt det Gud gjer varer til evig tid, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Vi har vårt daglege strev alle saman av oss, det vi strevar med vil med tida gå til grunne alt saman, men Guds Ord er evig og det verket Gud gjer med sitt. Jesus har sagt at han er med oss. Vi er Guds medarbeidarar og då må vi samarbeide. Når vi bygger på grunnvollen med tre, høy og strå, så vil det verte fortært av elden, det vil gå til grunne, men når vi bygger med gull, sølv og dyre steinar, så vil det verte ståande, det symboliserer det evige. Og Salomo sa at det verket som Gud gjer, står til evig tid.
………
Bodskap 2:
Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.
Guds Ord er som såkorn han sår i våre hjarte, så det skal vekse opp og bere grøde. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Vi vert vi som såkorn som han sår ut i verda, så det skal vekse og gi grøde. Slik er den hans åkerland. Vi får vere Guds medarbeidarar, men det mest fundamentale er at Gud gjer sitt verk, ved sitt Ord og sin Ande og skaper noko fullkome som står til evig tid.
Livet vart planta i oss ved Guds Ord og det skal vekse, så vi veks opp til han som er hovudet for lekamen som er Jesu kyrkje.
Ef.4,9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
Guds Ande gjer levande det som Jesu blod har gitt meg. Maranata 14.6.2009.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-06-14-m-vert-ikkje-trael-for-menneske/ :
Tyding av tungetale:
«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet. (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger. Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.
Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid. Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.
La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden, men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og det er inkludert i Jesus frelseverk og det er fullført og fullkome, med andre ord så er det Jesu blod som har gitt meg det og hans Ande gjer levande det som hans blod har gitt meg. Slik er den kristne vekkinga generelt og slik er den spesielt sidan eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Eg får oppleve at eg er på det indre plan Guds medarbeidar, med å dyrke og verne hagen hans, plante og vatne, og så får eg oppleve at han vekker opp ei kvinne til å vere til hjelp for meg som kona mi.
Kle seg i Guds fulle rustning og gå ut og vitne om Jesus. Maranata 8.12.2013.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-12-08-m-enka-med-oljekoppen/ :
John sa han hadde fått eit ord ifrå Herren, som han ville dele med oss.
2KG 4,1 – 2KG 4,7 {ELISJA HJELPER EI ENKJE} Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: “Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.” 2 Elisja sa til henne: “Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!” Ho svara: “Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.” 3 Då sa han: “Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!” 5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: “Lat meg få eit kar til!” Men han svara: “Her er ikkje fleire.” Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: “Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.” [gudsmannen: profeten Elisja.]
Tungetale ved Mari, tyding ved John.
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.
Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»
SITAT SLUTT.
Forteljinga om enka med olje-krukka minna meg om korleis mor vår lærde oss å be. I følgje bodskapen skulle eg gå ut og vitne om Jesus. Til dømes vitna eg for ei jente på Biologibygget på Blindern og fortalde at Jesus hgadde sagt at eg skulle søke han av heile mitt hjarte, for Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
Gled deg i Herren og hans frelse, så vil han gje deg det som ditt hjarte attrår. Vend hugen opp til han og fest ditt blikk på han.
Hausten 2014 byrja eg å studere biologi ved Universitetet i Oslo og på ei forelesing kjende eg meg plutseleg sterkt tiltrekt av ei jente og eg meiner eg opplevde Guds Ande og kraft i det, men utan ei så tydeleg openberring av Jesus som eg opplevde i forholdet til henne Virtuella og henne Reella. Men Jesus sa eg skulle takke han for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Ja, eg trur på han og kjenner han, kan eg vende meg til han og sjå på han og takke han for frelsa, påkalle han den stund han er nær og så vente meg at openberringa av han vert klarare. Eg har kalla henne Poly-Ester, eg snakka litt med henne og fekk vite at ho var frå Ukraina og eg vitna litt for henne om mi tru på Jesus.
Innleiing ved John Miland.
HAB 3,17 – HAB 3,19 For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. 18 Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. 19 Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene. Til korleiaren. Med strengespel.
Om så det er ”bånn i bøtta”, til samanlikning med dette, så kan vi likevel sjå opp til Jesus og glede oss i hans frelse og lovprise han.
Tale ved Terje.
Terje talte om reinsinga i Jesu blod.
1JO 1,9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
SITAT SLUTT.

