Ny Tid 127. Endetidssyn 103. Vekse opp som Guds born og verte vaksne, som «gudar»? Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 15. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han skal verte frelst.  Igjen stod Gud fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom. 13. Forsoning og fred. Sanninga som set fri eller lureri? 8. Til fridom har Kristus frigjort oss. Den fridomen må vi passe på. Keynes økonomiske teori vart ein suksess i USA, Europa og særleg i Noreg. 4. Jesus sa at vi skulle søke først Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Men ved oppløysinga av Sovjetunionen, kvar vart det då av statskassa og kvar vart det av nasjonane?

Bilete: David, den rettferdige, spelte på harpe som terapi for Saul, den Lovlause, men fann ut at han måtte ta røminga.

I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.

Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.  

Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.

Salme.82,1 Ein Asaf-salme.

Gud står fram i gudelyden,

mellom gudar held han dom:  

2 Kor lenge vil de fella urett dom

og halda med dei ugudelege? Sela

3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,

frikjenn dei arme og trengande, 

4 berga småkårsfolk og fattige,

og fri dei ut or nidingars hand!

5 Dei har korkje vit eller skjøn,

dei ferdast ikring i mørker,

heile grunnvollen under jorda ragar.

6 Eg har sagt: «De er gudar,

søner åt Den Høgste er de alle. 

7 Men som menneske skal de døy,

som ein av fyrstane skal de falla.»

8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar.

Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn! 

2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn! 

3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!

4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!

Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.

Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.

Kom med grunnane! seier Jakobs konge.

22 Lat dei koma og kunngjera oss

det som sidan skal henda.

Fortel oss kva som før har hendt,

så vi kan merka oss det!

Eller lat oss få høyra kva som skal koma,

så vi kan vita kva utgangen vert!  

23 Kunngjer det som eingong skal henda,

så vi kan skjøna at de er gudar!

Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,

så vi alle kan sjå det og undrast! 

24 Sjå, de er reine inkjevetta,

og det de gjer, er ingenting verdt.

Ein styggedom er det å velja seg dykk. 

25 Eg har vekt ein mann frå nord,

og han kjem, frå eit land i aust;

han skal kalla på mitt namn.

Styresmenn trakkar han ned som søle,

liksom pottemakaren stampar leire.  

26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,

så vi kunne vita det?

Kven forkynte det i gamal tid,

så vi kunne seia: «Det er rett»?

Ingen har kunngjort det,

ingen har sagt frå,

ingen har høyrt eit ord frå dykk. 

27 Eg er den fyrste som seier til Sion:

«Sjå, der er dei!»

og sender gledebod til Jerusalem.

28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,

ikkje ein som kan gje råd,

så eg kunne spørja og få svar.

29 Nei, alle er dei inkjevetta,

og det dei gjer, er ingenting verdt.

Gagnlause er deira støypte bilete.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i  «gude-forsamlinga» og held dom.

Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.

Joel.3,1 Når Anden vert utrend

1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet. 

Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså. 

Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.

Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelsarkonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelsekraft som reiste han opp frå dei døde. 

Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.

Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.  16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.  17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Kjennast ved Kristus som vår frelsar og Herre, så vi passar oss for dei som vil lure på fridomen vår.

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør og verte straffa for det og verte bortførde frå landet sitt. Men ved Guds nåde skulle dei få komme attende til det og då skulle dei verte hjarteomskorne. Jau, når dei då kom attende til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet, for då ville Gud velsigne dei. Dei fekk motstand, men profeten Sakarja oppmuntra dei og sa at det skjer berre ved Guds Ande.

Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

7 Kven er vel du, du mektige fjell?

Framfor Serubabel skal du verta ei slette.

Han skal føra fram toppsteinen,

medan dei ropar:

«Nåde, nåde vere med han!»

Sidan kalla Paulus den nye pakta for hjarteomskjering i den Heilage Ande. Poenget er vel nettopp at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande og det er mest fundamentalt.

Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen.  29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.

Rom.8,14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.  17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Paulus lærde oss å leve i fridomen i barnekåret hos Gud og passe på at ingen får lure på fridomen vår. 

Gal.2, 3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.  4 Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura på den fridomen vi har i Kristus Jesus, så dei kunne gjera oss til trælar.

Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og då må ikkje andre prøve å lure han (1.Tess.4,3-8). Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og så skal vi vekse opp til han som er hovudet for den kristne kyrkja, Kristus.

Vi seier kva Jesus er for oss og ærar og takkar han for det. Dersom då andre avviser det, er det som om dei vil erstatte det med menneskeverk, mest nærliggande eit krav om at vi må prøve å erstatte det med våre eigne gjerningar. Men menneske kan då ikkje gjere Guds gjerningar. Det vert som eit krav om at dei like vel må prøve å gjere Guds gjerning, men i eiga kraft altså?! Prøve å forgude seg sjølve med sin menneskelege og kjøtlege natur? Soleis ligg det an til dåringa og forføringa slik som ved syndefallet, endåtil som eit krav. Soleis kan det føre til at dei avviser og fornektar Faderen og Sonen. Og dersom dei startar med å fornekte Faderen og Sonen, vil det føre til at dei erstattar Guds verke med menneskeverk og krev at menneske skal gjere det. Men menneske kan ikkje gjere Guds verk, resultatet er at dei vert gjorde til trælar. Og det har seg slik at der er dei som vil selje dei som trælar og slaktesauer, for å tene pengar på det.

Som Guds medarbeidarar er det noko vi også skal gjere, vi må lære å skilje mellom kva  han gjer i våre liv og kva vi skal gjere, det Gud gjer er mest fundamentalt, når vi erkjenner det og ærar og takkar han for det, som først prioritet, får vi vel klårleik i kva vi skal gjere, som andre prioritet. 

Kristus er den Gode Hyrdingen og den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han dyrkar og vernar Guds hage for tid og æve.

Den Gode Hyrdingen.

Den Duglause Hyrdingen gjette slaktesauene for sauehandlarane, slik vart verdsleg, materiell rikdom verdsett framfor det åndelege livet i samfunn med Gud. Men Kristus er den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene.

Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.  

………….

12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.  13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.  14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

Joh.10,11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg,  15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.

17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att.  18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

Kristus er vår øvsteprest hos Faderen, ved trua på han får vi ei sikker von, i vona er vi frelste.

Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane, kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud, så vi skal tilhøyre han og leve for han. Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande av berre nåde, ved å tru på han tek vi imot han, slik får vi hans Ande, då tilhøyrer vi han og er frelst. I vona er vi frelst, slik at den er eit anker for vår sjel. Då må vi halde fram med å vende oss til han, slik at vi ser framover til det vi vonar. Kristus er Guds Ord, ved reinsinga i Jesus blod og fylden av den Heilage Ande, får vi oppleve at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre.

Heb.6, 17 Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid. 18 Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging. 

19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen,  20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.

Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår.  19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret.  24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser?  25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod.  26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Kristus er den siste Adam, han er den som dyrkar og vernar Guds hage for tid og æve. Han er kongars konge.

Jesus sa vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det (Matt.6,33). Slik skal vi altså prioritere den åndelege velsigning, så får vi materielle velsigning i tillegg til det. 

Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.

9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

Fungerer dette? Har vi fått det til å fungere? Klart Faderen vil gi borna sine gode gåver, men fienden er komen for å stele, slakte og øydelegge.

Rom.8,28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken.  30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.

31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?  32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?

33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner.  34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss.  35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:

For di skuld vert vi drepne dagen lang,

vi vert rekna som slaktesauer.

37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss.  38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt,  39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.  7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv.  11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Det har seg slik at Kristus stod oppatt frå dei døde, for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Så sende han oss den Heilage Ande. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

1.Kor.15, 42 Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft.  44 Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. 45 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv.  46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen.  48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske.  50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom. 

Mark.8,34 Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg.  35 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld og for evangeliet, han skal berga det. 36 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? 37 Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

Adam fekk ei oppgåve med å dyrke og verne Edens hage, det vare eit forvaltaransvar. Dette vert brukt symbolsk om den åndelege velsigninga, så som Guds medarbeidar kan vi plante og vatne, men Gud gir vekst (1.Kor.3). Vi kan bygge på evangeliets grunnvoll, men det er fordi Gud gjer sitt verk med oss i Kristus Jesus. Han har Davids nøkkel og det er då ei forvaltar-oppgåve.

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:

Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:  

Han er kongars konge og kva betyr så det? Det betyr at dei må audmjuke seg for han og be for seg sjølve og folket sitt, lære av han kva som er rett, så dei lærer å dømme rett og ta på seg oppgåva med å forvalte naturressursane i landet til gagn for heile folket på lang sikt. 

Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.  

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut. 

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

Joh.Op.17,14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

Joh.Op.19,16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

Kvar vart det av statskassa i Sovjetunionen? Så kva var ideologien?

Keynes økonomiske teori vart ein suksess i Vest-Europa, det vart tydeleg som motsetnad til Aust-Europa. På 1980-talet dabba den kalde krigen av med avspenning og avtaler om nedrusting av atomvåpen. Økonomiske problem i Aust-Tyskland førde så til Berlin-murens fall. Sitat frå https://snl.no/Berlinmuren :

Høsten 1989 var DDR-regimet inne i en dyp krise. Sovjetunionens leder Mikhail Gorbatsjov hadde lagt om kursen med slagordene Glasnost og Perestrojka. Denne nye kursen innebar også en slutt på Brezjnev-doktrinen om full sovjetisk kontroll over satellittstatene øst i Europa. DDR var dessuten inne i et dypt økonomisk uføre og hadde en uhåndterlig høy utenlandsgjeld.

Etter at Ungarn åpnet grensene mot Østerrike 11. september 1989, tok flyktningstrømmen ut av DDR seg kraftig opp. I tillegg var misnøyen i DDRs gjenværende befolkning stor; over hele landet ble det holdt store demonstrasjoner mot styresmaktene.

9. november 1989 besluttet DDRs myndigheter med øyeblikkelig virkning å gi muligheter for fri utreise. Den påfølgende natten ble grenseovergangene åpnet for østtyskere, og denne hendelsen er i ettertid betegnet som «Berlinmurens fall». Murens fall betydde også i praksis slutten på DDR som egen stat. Flere nye grenseoverganger ble åpnet, og i løpet av 1990 ble hele muren fjernet, bortsett fra noen få deler som er bevart.

SITAT SLUTT.

I 1991 kollapsa Sovjetunionen også, på grunn av økonomiske problem. 

Sitat frå https://snl.no/Russlands_historie_etter_1991 :

Russlands samtidshistorie er Russlands historie etter 1991. Russlandvar en del av Sovjetunionen fra 1922 til 1991. I denne perioden hadde den russiske unionsrepublikken (RSFSR) i likhet med de øvrige republikkene innenfor Sovjetunionen svært begrenset selvstendighet i forhold til kommunistpartiet og den sovjetiske sentralmakten.

I perioden 1986–1987, da kommunistpartiets nyvalgte generalsekretær Mikhail Gorbatsjov innledet sitt reformprogram for perestrojka(reorganisering) og glasnost (åpenhet), fikk imidlertid republikkene gradvis større betydning. Dermed ble det viktig å etablere egne, sterke, politiske organer.

Våren 1990 ble det holdt valg til en egen russisk folkekongress, og denne valgte så Boris Jeltsin til formann for Det øverste russiske sovjet, kongressens permanente organ. Jeltsin, som hadde markert seg som en sterk reformtilhenger, nøt stor folkelig popularitet og ble i juni 1991 også valgt til det nyopprettede embetet som president for RSFSR.

Den russiske presidenten hadde i utgangspunktet begrensede formelle fullmakter. Det faktum at Jeltsin, i motsetning til Gorbatsjov, kunne vise til et folkelig mandat for sin politikk, ble imidlertid viktig i den videre maktkampen. At Jeltsin i august 1991 spilte en avgjørende rolle i å slå tilbake et kuppforsøk iscenesatt av konservative lederskikkelser i kommunistpartiet og det sovjetiske statsapparatet, bidro også til å styrke hans popularitet og posisjon.

I etterkant av det mislykkede kuppet gikk den sovjetiske sentralmakten gradvis i oppløsning. Etter at lederne i den russiske, ukrainske og hviterussiske unionsrepublikken i desember 1991 avtalte å opprette Samveldet av uavhengige stater (SUS), måtte Gorbatsjov oppgi kampen for å bevare den sovjetiske overbygningen, og 26. desember 1991 gikk Sovjetunionen over i historien.

SITAT SLUTT.

Det følgde ei periode med strid mellom regjeringa og parlamentet, inntil det vart ei tredelinga av makta, i utøvande, lovgivande og dømmande makt. Sitat frå https://snl.no/Russlands_historie_etter_1991 :

Striden mellom Folkekongressen og presidenten/regjeringen stod ikke bare om tempoet i den økonomiske omstillingen, men også om fordeling av politisk makt mellom parlament og president. Utover våren 1993 ble frontene mellom lovgivende og utøvende makt stadig mer uforsonlige, men 21. september skar Jeltsin igjennom: I strid med eksisterende grunnlov oppløste han Folkekongressen/Det øverste sovjet og erklærte at det skulle holdes valg til et nytt parlament, Den føderale forsamling.

Det øverste sovjet svarte med å avsette Jeltsin og erstatte ham med visepresident Aleksandr Rutskoj. Konflikten kulminerte med at Jeltsin beordret militære styrker satt inn mot parlamentet. Etter en kort, men intens kamp ble parlamentsbygningen stormet 4. oktober og opposisjonens ledere arrestert.

Parallelt med valget til nytt parlament 12. desember 1993 ble det avholdt en folkeavstemning om en ny grunnlov. Den nye grunnloven fastslår en tredeling av makten mellom utøvende (president og regjering), lovgivende (Den føderale forsamling, som består av et underhus, Statsdumaen, og et overhus, Føderasjonsrådet) og dømmende makt. Av disse organene er presidentembetet det klart sterkeste, mens Statsdumaen fremstår som relativt vingeklippet sammenlignet med Det øverste sovjet.

Parlamentsvalget i 1993 representerte imidlertid et klart tilbakeslag for reformkreftene. Selv om regjeringens uoffisielle støtteparti, Russlands valg, vant flest mandater, ble det populistiske Liberaldemokratiske parti (LDPR) ledet av Vladimir Zjirinovskij valgets store vinner som største parti i listevalget.

SITAT SLUTT.

Men kvar vart det av statskassa i Sovjetunionen? Folk i kommunistpartiet eller med gode kontaktar i kommunistpartiet delte den seg imellom, gjennom eit taktisk politisk spel. Nær sagt som om det var deira private eigedom. Så det var slik proletariatets diktatur fungerte i praksis, altså. Dette var då ikkje rettferd, men heller uretten sett i system. Kommunistpartiet vart meir som ein mafia-organisasjon som delte byttet seg imellom, så det vart gjort ein urett som ikkje gav noko godt grunnlag for seinare samarbeid med konstruktiv tenking for samfunnsbygging. Det var langt ifrå å søke først Guds rike og hans rettferd. Skulle ikkje den dømmande makt klare å rydje opp i dette?

Det hadde vel vore rettare å sjå på det som folkets felles eigedom. Ei rimeleg moglegheit ville då vere å dele det ut til folket, slik at alle fekk likt. Det ville høve bra med Keynes økonomiske teori, til samanlikning med Marshallhjelpa, men då måtte varer også vere tilgjengelege, elles ville verdien verte oppeten av inflasjonen. Det måtte settast på lukka konto, så dei berre kunne ta ut litt pr år i ei høveleg tid framover. Når dei byrja med marknadspris, var det nettopp det som skjedde, at det vart høg inflasjon og vi veit frå før at det kunne verte eit problem med Keynes økonomiske teori.

Sitat frå https://snl.no/Russlands_historie_etter_1991 :

Under Boris Jeltsins ledelse ble det satt i gang et omfattende reformprogram i det nye, selvstendige Russland. Høyest prioritet ble gitt den økonomiske omstillingen med innføring av prisliberalisering og privatisering. En gruppe unge, liberalistiske økonomer under ledelse av Jegor Gajdar fikk hovedansvar for reformene.

Jeltsin hadde allerede høsten 1991 tatt til orde for «sjokkterapi», og 2. januar 1992 ble prisene på de fleste varer sluppet fri. Dette førte umiddelbart til et økt utbud av varer i russiske butikker, men samtidig til kraftig inflasjon (i 1992 steg prisene med mer enn 2500 prosent). Folks sparepenger ble dermed raskt spist opp av inflasjonen, og etterslep i justeringer av lønn og pensjoner førte til et kraftig fall i levestandard for store deler av befolkningen.

Den økonomiske omstillingen bidro også til et dramatisk fall i produksjonen. Oppslutningen om markedsreformene begynte derfor raskt å avta, og Folkekongressen presset i desember 1992 gjennom at Gajdar skulle skiftes ut med den mer sentrumsorienterte Viktor Tsjernomyrdin som ny statsminister.

SITAT SLUTT.

I Sovjetunionen var bedriftene statseigde, så statskassa var ikkje berre reine pengar, men bedrifter som dei delte mellom seg og det var då ei merkeleg form for privatisering. Korleis kunne det gå så stille for seg utan protest? Dette var då ikkje rettferdig! Desse selskapa burde heller verte nasjonaliserte i delstatane. Mykje av desse selskapa var internasjonale for delstatane, ja, men det hadde gått an å dele det opp i nasjonale avdelingar eller dotterselskap, med ein felles overnasjonal administrasjon. Det sentrale poenget ville då vere å bruke verdiane til å bygge nasjonalitetar som stod for ei god forvalting av naturressursane. Om dei ville privatisere statsbedrifter, måtte det skje på ein nokolunde skikkeleg og rettferdig måte.

Oligarkar som restar av eit oligarki.

Sovjetunionen vart styrt av kommunistpartiet, det var eit oligarki. Sovjetunionen vart oppløyst, like vel er oligarkane nokre merkelege levningar av oligarkiet. 

Oligark.

 Sitat frå https://snl.no/oligark :

En oligark er et medlem av et oligarki, altså et fåmannsvelde. Ordet stammer fra den greske antikken, men er siden 1990-årene blitt en betegnelse på rike bedriftseiere i tidligere sovjetrepublikker som Russland og Ukraina. Oligarkene spilte en sentral rolle i Russlandunder Boris Jeltsins presidentperiode på 1990-tallet. Under Vladimir Putin har oligarkenes makt blitt redusert. Noen av dem har et nært forhold til Putin, mens andre har falt i unåde og blitt fengslet eller tvunget i eksil. I Ukraina er oligarkene fra 1990-tallet fremdeles en politisk maktfaktor.

Oligarker i tidligere sovjetrepublikker

Oligark fikk en ny betydning etter Sovjetunionens oppløsning i 1991. Ordet ble en betegnelse på dem som benyttet seg av forbindelser og manøvreringsevne til å skaffe seg eierskap i bedrifter og naturressurser under privatiseringen i de tidligere sovjetrepublikkeneKorrupsjon var ofte en del av bildet.

I første omgang hadde mange av oligarkene skaffet seg rikdommer under Mikhail Gorbatsjovs perestrojka-periode i siste halvdel av 1980-tallet. I denne perioden eksisterte en kombinasjon av statlig fastsatte priser og delvis markedspriser. Dette gjorde det mulig for bedriftsledere å tjene store summer på å motta råvarer til statlige priser og selge deler av produksjonen til markedspriser.

Da de statseide bedriftene ble privatisert etter Sovjetunionens oppløsning i 1991, ble det mulig for de som hadde akkumulert rikdommer, å skaffe seg ytterligere eiendommer. Da kunne de i tillegg utnytte forskjellen på hjemlige priser og verdensmarkedspriser på naturressurser. En viktig faktor bak oligarkenes makt og rikdom er tilgangen på kontaktnett og innsideinformasjon. Uformelle kontakter med høytstående politikere og administrativt ansatte har spilt, og spiller fremdeles, en viktig rolle i de tidligere sovjetrepublikkene hvis man vil få noe gjort.

Oligarkene spilte en sentral rolle i Russland under Boris Jeltsinspresidentperiode på 1990-tallet. Under Vladimir Putin har oligarkenes makt blitt redusert. Noen av dem har et nært forhold til Putin, mens andre har falt i unåde og blitt fengslet eller tvunget i eksil. I Ukraina er oligarkene fra 1990-tallet fremdeles en politisk maktfaktor.

Oligarker i Russland

 På 1990-tallet hadde oligarkene stor innflytelse på russisk politikk og bidro til gjenvalget av president Boris Jeltsin, som de anså som sin beskytter. En av de tidligste endringene Vladimir Putin gjennomførte etter at han ble valgt til president i 2000, var å få politisk kontroll på oligarkene. Heretter var det de som skulle rette seg etter statens politikk og ikke omvendt. Et fåtall av oligarkene nektet dette og dro utenlands. Under Putin har det vært et tett samrøre mellom myndighetene og oligarkene, men under presidentens ledelse. Oligarkene leder som regel bedrifter med strategisk betydning for landet innen naturressurser og teknologi. Avsløringer viser at Putin og folk i hans nære krets har nytt godt økonomisk av dette samrøret.

Kjente russiske oligarker er Boris BerezovskijMikhail KhodorkovskijRoman Abramovitsj, Jevgenij Prigozjin, brødrene Boris og Arkadij Rotenberg, Sergej Tsjemesjov og Alisjer Usmanov. Utenlandske sanksjoner mot Russland siden Ukraina-krisen tok til i 2014, har delvis rettet seg mot oligarkenes private formuer.

Oligarker i Ukraina

Mangelen på naturressurser gjør at Ukrainas økonomi er langt svakere enn Russlands. I Kyiv (Kiev) og øst i Ukraina (Donbas) har det likevel vært sterke bedrifter, særlig innen metallurgi og kull, men også flyindustri og våpensystemer. Disse har i all hovedsak produsert for det russiske og øvrige post-sovjetiske markedet. Bedriftene er eid av en rekke ukrainske oligarker. Disse spiller en meget stor rolle i ukrainsk politikk. De kontrollerer nøkkelindustri og massemedier.

Ukrainsk politikk er, i motsetning til den russiske, preget av hyppige maktskifter mellom ulike politiske leire. De ukrainske oligarkene støtter ulike politiske partier, og til tider skifter de side etter hvem som til enhver tid sitter med den politiske makten.

Kjente ukrainske oligarker er Rinat Akhmetov og Dmytro Firtasj, som begge spilte en viktig rolle under president Viktor Janukovytsj. Siden 2014 har Ihor Kolomojskyj vært en toneangivende oligark.

Petro Porosjenko ble regnet som en «annenrangs» oligark før han ble valgt til president i 2014. På den motsatte – og russlandsvennlige – siden i ukrainsk politikk finner vi oligarken og partilederen Viktor Medvedtsjuk.


Leave a comment