Bilete: David, den rettferdige, spelte på harpe som terapi for Saul, den Lovlause, men fann ut at han måtte ta røminga.
I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom.
Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.
Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.
Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn!
2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn!
3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!
4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!
Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.
Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.
Kom med grunnane! seier Jakobs konge.
22 Lat dei koma og kunngjera oss
det som sidan skal henda.
Fortel oss kva som før har hendt,
så vi kan merka oss det!
Eller lat oss få høyra kva som skal koma,
så vi kan vita kva utgangen vert!
23 Kunngjer det som eingong skal henda,
så vi kan skjøna at de er gudar!
Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,
så vi alle kan sjå det og undrast!
24 Sjå, de er reine inkjevetta,
og det de gjer, er ingenting verdt.
Ein styggedom er det å velja seg dykk.
25 Eg har vekt ein mann frå nord,
og han kjem, frå eit land i aust;
han skal kalla på mitt namn.
Styresmenn trakkar han ned som søle,
liksom pottemakaren stampar leire.
26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,
så vi kunne vita det?
Kven forkynte det i gamal tid,
så vi kunne seia: «Det er rett»?
Ingen har kunngjort det,
ingen har sagt frå,
ingen har høyrt eit ord frå dykk.
27 Eg er den fyrste som seier til Sion:
«Sjå, der er dei!»
og sender gledebod til Jerusalem.
28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,
ikkje ein som kan gje råd,
så eg kunne spørja og få svar.
29 Nei, alle er dei inkjevetta,
og det dei gjer, er ingenting verdt.
Gagnlause er deira støypte bilete.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i «gude-forsamlinga» og held dom.
Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.
Joel.3,1 Når Anden vert utrend
1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet.
Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså.
Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.
Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelsarkonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelsekraft som reiste han opp frå dei døde.
Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.
Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias. 16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Kjennast ved Kristus som vår frelsar og Herre, så vi passar oss for dei som vil lure på fridomen vår.
Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør og verte straffa for det og verte bortførde frå landet sitt. Men ved Guds nåde skulle dei få komme attende til det og då skulle dei verte hjarteomskorne. Jau, når dei då kom attende til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet, for då ville Gud velsigne dei. Dei fekk motstand, men profeten Sakarja oppmuntra dei og sa at det skjer berre ved Guds Ande.
Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
Sidan kalla Paulus den nye pakta for hjarteomskjering i den Heilage Ande. Poenget er vel nettopp at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande og det er mest fundamentalt.
Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.
Rom.8,14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.
Paulus lærde oss å leve i fridomen i barnekåret hos Gud og passe på at ingen får lure på fridomen vår.
Gal.2, 3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera. 4 Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura på den fridomen vi har i Kristus Jesus, så dei kunne gjera oss til trælar.
Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og då må ikkje andre prøve å lure han (1.Tess.4,3-8). Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og så skal vi vekse opp til han som er hovudet for den kristne kyrkja, Kristus.
Vi seier kva Jesus er for oss og ærar og takkar han for det. Dersom då andre avviser det, er det som om dei vil erstatte det med menneskeverk, mest nærliggande eit krav om at vi må prøve å erstatte det med våre eigne gjerningar. Men menneske kan då ikkje gjere Guds gjerningar. Det vert som eit krav om at dei like vel må prøve å gjere Guds gjerning, men i eiga kraft altså?! Prøve å forgude seg sjølve med sin menneskelege og kjøtlege natur? Soleis ligg det an til dåringa og forføringa slik som ved syndefallet, endåtil som eit krav. Soleis kan det føre til at dei avviser og fornektar Faderen og Sonen. Og dersom dei startar med å fornekte Faderen og Sonen, vil det føre til at dei erstattar Guds verke med menneskeverk og krev at menneske skal gjere det. Men menneske kan ikkje gjere Guds verk, resultatet er at dei vert gjorde til trælar. Og det har seg slik at der er dei som vil selje dei som trælar og slaktesauer, for å tene pengar på det.
Som Guds medarbeidarar er det noko vi også skal gjere, vi må lære å skilje mellom kva han gjer i våre liv og kva vi skal gjere, det Gud gjer er mest fundamentalt, når vi erkjenner det og ærar og takkar han for det, som først prioritet, får vi vel klårleik i kva vi skal gjere, som andre prioritet.
Eg voks opp i kyrkja og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, og be han frelse menneske, be Fadervår og be slik for folket og landet. Og han har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta.
Det følgjande er sitat frå desse dokumenta:
Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Å be slik er det sentrale poenget med prestetenesta, i den nye pakt vart dette heilt klart. Jesus har vore trufast mot meg, han har aldrig forlete meg og eg har aldrig fornekta han. Eg får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande.
Eg trur og hevdar at på evangeliets grunnvoll, vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, så vi får oppleve at Gud framleis skaper oss slik, for han er den same, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning.
Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, det er ei sak som han tek seg av, så eg skal komme til han med den og gi meg heilt til han. Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Eg får oppleve frelsekrafta både for meg sjølv og for henne.
1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.
Sjølv om dette ikkje enno har kome heilt i orden i mitt liv, det har enno ikkje vorte noko av det, så er det like vel den bodskapen eg har teke imot og som eg trur på og som eg har å forkynne til andre også. Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile, denne kvila er utgangspunkt for all teneste. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, med det livet kan vi leve for han og med den Anden vert vi utrusta til å tene han og tene kvarandre med dei åndelege nådegåvene, som tyding av tungetale og profetiske bodskap. Og med den Anden kan eg forstå bodskapane og erkjenne at dei er til meg og forkynne det vidare til andre. Jesus har gitt meg sin Ande og utrusta meg med nådegåve til å tene han og då skal eg tene han med det som han har gitt meg.
Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Eg skal søke han av heile mitt hjerte, så eg ventar at han kjem meg til hjelp med si kraft, slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. For eg tok imot han som min frelsar og Herre og bad han gi meg ei frelst kvinne til kone, så då ventar eg at både eg og ho får oppleve frelsekrafta. Eg kan og skal tru at på grunnlag av hans forsoningsverk har han allereie gitt meg det, så i Guds frelsekraft og skaparkraft er ho kona mi. Det er ikkje noko som eg presterer, men det er han som gjer sitt verk. Og så skal eg bruke det som han har gitt meg.
Jesus er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, soleis representerer han meg for Faderen. Når eg ber til han for andre, ber eg han representere dei også for Faderen, mine næraste, ei kvinne som eg likte og vart glad i, be han gi meg ei frelst kvinne til kone, be for ekteskap, familieliv, bygge hus, heim og kyrkjelyd. Og be slik for folket og landet også. For på evangeliets grunnvoll er vi som folk og nasjon forsona med Gud på evangeliets grunnvoll. Så skal vi også forkynne denne glade bodskapen til andre einskildmenneske, folk og nasjonar, så dette vert ein måte å representere folket og landet overfor Gud og dernest overfor andre folk og nasjonar.
I januar 2024 oppdaga eg at Elin Therese Slotten la ut profetiske bodskap på facebook og youtube og eg forstod det som svar til meg, spesielt sidan eg hadde vitna om mi tru på Jesus på Facebook og på heimesida mi, der eg refererte til video frå møte, som eg hadde lagt ut på youtube. Desse bodskapane kan vere til mange andre også.
Jesus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen, han bana vegen for oss inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen, det er berre på grunnlag av Jesus forsoningsverk, så vi fekk den Heilage Ande ved trua på han, av berre nåde. Det er berre ved at vi vert reinsa i hans blod. Slik er prestetenesta i den nye pakta, vi får den av berre nåde, det er det også han kallar oss til. Slik har han staka vegen for meg og kalla meg til å komme etter. Denne prestetenesta gjer meg i stand til å representere mange andre også, for Kristus og Faderen, så ved at eg kommenterer desse bodskapane og erkjenner at det er til meg og forklarar korleis, kan mange oppdage at det er til dei også og eg kan erkjenne dei er til meg og mange med meg.
Eg innser at dei kjem som svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge.
Jesus er vår øvsteprest hos Faderen, han er vår advokat og talsmann som ber for oss hos Faderen. Med prestetenesta i den nye pakta skal vi då be saman med han, først og fremst for oss sjølve, så for andre.
På den store forsoningsdagen i den gamle pakta, skulle øvstepresten først bere fram eit syndeoffer for seg sjølv, så for folket. Dette er førebilete på prestetenesta i den nye pakta, men no har Kristus bore fram eitt syndeoffer for oss alle, ein gong for alle. På det grunnlaget får kvar og ein av oss då inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen, til samanlikning med øvstepresten på den store forsoningsdagen.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Då gjer kvar og ein av oss rett i å tenke seg at det var for meg, til samanlikning med at øvstepresten fyrst bar fram eit syndeoffer for seg sjølv. Så eg tenker meg at eg fyrst og fremst stig fram for Kristus med mi bøn om å få ei frelst kvinne til kone. Eg skal søke han av heile mitt hjarte, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
2.Krøn.16,9 9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Dernest får kvar og ein av oss tenke seg at du stig fram med bøn for andre, til samanlikning med at øvstepresten steig fram med eit offer for resten av folket. Så eg kan be slik for resten av folket også og med mi bøn representere det ved å hevde at på evangeliets grunnvoll er vi som folk og nasjon forsona med Gud, det er ei bøn til Gud, men også ei bøn til folket om å la seg forsone med Gud.
2.Kor.5, 14 For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt. 15 Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.
16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. 17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! 21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.
Eg er misforstått og forkasta. Men Jesus har svart mi bøn og bønnesvaret er større enn eg har sett for meg, han vil nok openberre det for meg, ved sitt Ord og sin Ande, så eg får endå meir å takke han for.
«Mine svar er større enn dine forventningar» (Eg gjer meir enn det du ber om). Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, tysdag 6.5.2026.
Bibel-lesing.
2.Kong.5,1 Na’aman, hærføraren åt aramearkongen, hadde mykje å seia hjå herren sin og var høgt vørd; for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Han var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.
…….
9 Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja. 10 Elisja sende ut ein mann som skulle seia: «Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.» 11 Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen. 12 Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?» Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne.
13 Men tenarane hans kom til han og sa: «Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!» 14 Så gjekk Na’aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein smågut, og han vart rein.
Profetisk bodskap ved Elin:
«Mine vegar er ikkje som dine vegar. Eg er din Gud, eg er også din pappa, du er mitt barn. Og sånn som eit far-barn-forhold er på jorda, sånn er det også i det åndelege. Du veit ikkje alt og ser ikkje alt. Eg veit kva som er til det beste for deg. Eg veit kva eg må gjere i ditt liv for å få deg til å vekse og bli fri. Eg treng at du stoler på meg som din pappa, som elskar deg og veit kva som er det beste for deg. Ikkje set din lit til din eigen forstand, ikkje forvent at eg vil svare deg utifrå det du tenker eg vil gjere. Eg er større enn dine tankar og det du ser. Ikkje tvil eller vert engsteleg når eg vel å gjere det litt annleis enn du såg for deg. Eg veit det beste. Stol på meg og mine vegar og prosessar i deg. Eg vel nokre gongar å utsetje mine svar, for å auke di tru til meg, prøve di tru. Eg vel å gjere det annleis enn det du såg for deg, for å lære deg mine vegar. Eg kan ikkje gjere alt etter dine vegar, då ville du aldri lære kven eg er og mine vegar. Og du ville aldri kunne vokse. Bønnesvaret ditt kan sjå veldig annleis ut enn det du såg for deg. Men det er framleis mitt svar til deg. Ta det imot og pris mitt namn, for eg veit kva som er best. Amen.»
………
Kommentar; Jesus har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta og hans bønnesvar er tilsvarande stort.
Jesus har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta.
Ved å vere trugen i det små og bruke talentane Gud har gitt meg, får eg oppleve at han set meg over noko større, så bønesvaret vert tilsvarande større.
Profetiske bodskap ved Elin og korleis vi tek imot slike bodskap.
Det er lenge sidan Elin kom med ein så lang samanhengande profetisk bodskap, eg kjem til at det var 8.5.2025. Ho kom med ein forholdsvis kort bodskap 22.5.2025 og den var oppstykka med kommentarar mellom setningane, sidan har det vore bodskapar med ei lita setning. 26.1.2026 kom ho til dømes med denne bodskapen: «Gud seier: Eg ser at du har vorte forkasta og misforstått.» Ho kommenterte det og sa at umodne kristne kan krangle som ungar og det kan resultere i at du vert utstøtt fordi du er komen lengre og er meir moden. Då må du erkjenne at slik er det og så heve deg over det som den modne og voksne og vere overberande med dei.
Der kom ein samanhengande bodskap i Maranata Oslo 29.6.2025 og så mange samanhengande bodskapar på Maranata sitt Landsstemne 7-13.7.2025. Og no kom der ein lang samanhengande bodskap ved Elin igjen. Som vanleg vil eg først og fremst tenke meg at det er til meg sjølv, men det er ikkje noko i vegen for at andre kan tenke seg at det er til dei også, sidan vi trur, så tek vi imot i tru. Men ingen treng å gjere seg til for å få det til å stemme. Den einskilde må få komme til Jesus slik som han eller ho er og ærleg innrømme korleis vi treng Guds nåde til oss i Kristus.
Gud og kona hans. Guds Son og bruda hans. Vere bakvende eller omvende.
Israels-folket skjøna ikkje at Gud skapte dei liksom pottemakaren formar leira, men tenkte så bakvendt som om leira kunne seie til pottemakaren; «Kvifor formar du meg slik». Så dei vende ryggen til han og gøymde seg vekk for å gjere sitt eige verk i staden.
Mor Israel var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han elska og hadde omsorg for henne og borna hennar. Dette skjøna ho ikkje, så ho æra og dyrka avgudane i staden, slik vart ho ei hore. Han kalla «Mor Jerusalem» til å vende om, men ho berre lest som ho gjorde det (Jer.3,10). Derfor vart Jerusalem lagt i grus og folket vart bortførde til Babylonia.
Jesajas profeterte om dette og om at dei skulle få komme attende til landet sitt og så profeterte han om at Messias skulle verte fødd av ei jomfru. Sjølv om Gud sende døyparen Johannes for å førebu dei på dette, vart det like vel til at dei avviste han. Men alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og alt som er født av Anden er ånd.
Men no har Gud sett han ved si høgre hand i himmelen, Som sin Son, Messias, hovudet for kyrkja som er hans brud og kongars konge. Sidan vi har teke imot han til frelse og gjenføding, skal vi innstille oss på å ta imot han slik som han kjem til oss, som vår frelsar og Herre, kyrkjelyden sin brudgom og ektemann og kongars konge.
I bodskap 3, 12.2.2011, kalla Jesus Sions Dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia. I same bodskapen sa han at han gret når dei kristen gøymde seg vekk, dei hadde då fått nåde nok så det rakk til andre også. Kanskje fordi dei tenker seg at med utdanning skal dei verte ei lærd elite, som skal herske over andre. Men det er å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet. Og så vert det til at dei gøymer seg vekk med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet.
På Maranata sitt Landsstemne 2025, kveldsmøtet 7.juli, minna Jesus oss om at han vil bruke det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme. Så slik vil han bruke meg altså. Han har ikkje gløymt Noreg, men vi utgyte sin Ande over bygd og by. Like vel er mitt bønnesvar større enn dette, for ikkje noko kan avgrense Guds Ande. Det same evangeliet skal forkynnast for alle folk og nasjonar. Gud gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, både i Noreg og i fjerne folk og land.
SITAT SLUTT.
Eg er misforstått og forkasta. Men Jesus har ikkje forkasta meg, han har høyrt mi bøn og bønesvaret er større enn eg har forventa meg.
Det same evangeliet som vi sjølve har teke imot, har vi å forkynne for andre, både einskildmenneske, folk og nasjonar. Guds rike skulle breie seg utover heile jorda, så dette er den rett globalismen. Ekte vitskap, realfag, er også globalt, men det biologiske livet må tilpasse seg naturmiljøet og det er lokalt. Så naturvern og miljøvern må vi drive på med lokalt, så det globalistiske grøne skiftet er stort sett ei avsporing i forhold til dette. Det har stort sett vorte til religion som er avspora seksualitet, stikk i strid med både kristendom og naturfagleg tenking.
Vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll og gjer rett i å takke Gud og Lammet for skapinga og frelsa. Vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Gud har omsorg for sine born og sine henders verk, så det er for oss berre å ta imot og ære og takke han for det.
Den økonomiske politikken i Noreg etter andre verdskrig har vore ein suksess og det er viktig for oss å forstå det rett. Etter krigen var det lavkonjunktur, men Marshjallhjelpa fekk fart på økonomien i tråd med Keynes økonomiske teori. Det vart ein suksess i Vest-Europa, i kontrast til den økonomiske politikken i austblokk-landa.
Nasjonalstaten er viktig for å få ei god forvalting av ressursane, med naturvern og miljøvern, spesielt med folkets eige tilpassing til sitt naturmiljø. I Noreg vart dette spesielt viktig for å få ei god forvalting av fiskeressursane og olje- og gass-ressursane. Soleis vart også utviding til 200 mils økonomisk sone viktig. Det vart høgkonjunktur, spesielt på grunn av oljeutvinninga og det vart ei utfordring å dempe inflasjonen. Då sparde staten pengar i oljefondet, framleis i tråd med Keynes økonomiske politikk og igjen vart det ein suksess.
Dette samsvarar ganske bra med korleis eg har tenkt, yngst og korleis eg har bedt til Gud. Men så seier Jesus at han ser eg har vorte misforstått og forkasta. Det trur eg har seg slik at syndefallet og fråfallet har vorte tradisjon og der ligg makt bak det, som motsetnad til å la seg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll og stikk i strid med korleis eg har bedt.
Det er tydeleg vis mange som har det kunnskapssynet at kunnskapen får dei ved å ete av kunnskapstreet, så dei prøver å forgude seg sjølve med sin eigen kunnskap. Vel er det slik at vi alle er syndarar, på grunn av syndefallet. Men ved evangeliet om Kristus vert vi løyste frå det. Så eg har fått ei anna kunnskapsforståing, når eg studerer realfag, er det ikkje som å ete av kunnskapstreet, eg prøver ikkje å forgude meg sjølv med min kunnskap. Men samtidig som eg studerer realfag eller er i fysisk arbeid på ei trålar og lærer av erfaring, så får eg oppleve at Gud gjer sitt verk i mitt hjerte ved sitt Ord og sin Ande, så på det indre plan får eg oppleve å vere Guds medarbeidar. Då blir det vesentleg å ære og takke Gud og Lammet for skapinga og frelsa. For Gud gir ikkje si ære til nokon anna og ingen kan gjere som han. Det er noko som eg får oppleve og erfare, sjølv om Gud, hans Ord og hans Ande og er fysisk usynleg. For Gud er ånd, han er skapar og ikkje skaparverk.
Djevelens strategi er framleis å lokke freiste og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Dernest fører han klagemål mot mannen, med påstand om at slik er det og det utartar seg også som eit krav om at slik skal det vere. Slik klarde han å gjere seg til denne verda sin gud. Det førde til at menneska dyrka avgudane i staden for å vende seg til den sanne og levande Gud. Avgudane laga av stokk og stein var «Lygna», dei var stokk stein daude og langt fra gudar. Djevelen var Lygnaren som narra menneska. Han lurte dei til å dyrke kongane (styresmaktene) som gudar og dyrke keisaren som ein Gud. Vi må berre rekne med at soleis kan stor-rike framleis oppstå, der styresmakta er som ein keisar som vert dyrka som ein gud. Kva kan vi gjere med det? Halde fram med å vende oss til Kristus og forkynne evangeliet om Guds rike.
Eg har fortalt korleis eg har bedt sidan eg var ein gutunge og at Jesus har svart meg på den bøna. Der er tydeleg vis mange som hevdar og meiner at dette er dårskap, på grunnlag av tradisjonen frå Israels fråfall og tradisjonen frå syndefallet, det har seg slik at det vart vidareført ved keisardyrkinga (Joh.Op.13). Djevelens klagemål er fundamentalt, at du prøver å gjere deg sjølv liksom Gud med din kunnskap og det utartar seg som eit krav, at du sjølv skal prøve å gjere Guds verk. Det klarar du sjølvsagt ikkje, så soleis vert du gjort til træl.
Mellomkrigstida med fasisme, nazisme og kommunisme i Europa kan forståast som dåringa og forføringa slik som ved syndefallet, så styresmaktene forguda seg sjølve med sin kunnskap (moral- og politiske-filosofi) og folket dyrka dei som gudar. Men menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet og ved andre verdskrig kom blodbadet. I vår tid er det mange venstreradikale som framleis fører klagemål mot vanlege menneske, for å vere rasistar, fasistar og nazistar, men det utartar seg som eit krav om at slik skal det vere. Som om dei ikkje har noko anna alternativ enn å verte venstre-radikale?! Men det har seg slik at dei fornektar Faderen og Sonen, så dei ikkje reknar med det alternativet Gud gir oss i evangeliet om Son sin, evangeliet om Guds rike.
Det vert påstått at i Jerusalem steig Mohammed opp i himmelen, Klippemoskeen vart bygd over ein klippe der det vert påstått at det viser fotmerke ned i berget, på grunn av hans fråspark for å hoppe til himmels. Så det var i hans eiga kraft altså! Dette som erstatning for trua på at Gud ved sin Ande og si kraft vekte Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, høgt over all makt og mynde. Som om han med si eiga kraft var liksom Gud og kunne gjere som han. Og så utartar det seg som eit krav om at andre skal prøve på det same. Det klarar dei sjølvsagt ikkje, derfor vert dei rekna som skuldige. Dette vert det gjort økonomi ut av, som om dei er skuldige til å betale. Slik vert dei gjorde til gjeldsslavar. Så slik gjeter den Duglause Hyrdingen slaktesauene for sauehandlarane.
Men Noreg har då ikkje drive med slik slavehandel og det er slett ikkje det som har gjort Noreg til eit rikt velferdssamfunn, så det er ubegripeleg rart at dei venstreradikale, ja, endåtil sosialdemokratar, vil framstille det slik. Det er som om sosialdemokratane ikkje har funne si rette sjølvforståing, for dei finn den ikkje ved å prøve å forgude seg sjølve med sin kunnskap, for så å forakte vanlege folk, arbeidarar, bønder og fiskarar mm. Forsøket på å forgude seg sjølve med sin kunnskap, finn vi også i marxismen, leninismen, stalinismen og maoismen, så det vert religion ut av det, men det passar seg ikkje for vanlege folk, det gjer dei tvert om til trælar. Det er religiøsitet som er avspora seksualitet (Rom.1,18-32). Men det var då ikkje slik Noreg vart eit rikt velferdssamfunn. Her treng sosialdemokratane i staden å finne si rette sjølvforståing i Keynes økonomiske teori.
Slik er den økonomiske politikken som har vorte ført i Noreg og det har vore ein suksess. Og eg kan sjå det som eit bønnesvar, for eg skulle søke først Guds rike og hans rettferd, då skulle eg få alt det andre i tillegg til det.
Bønnesvaret mitt er større enn eg ser for meg. Korleis då? Gud gjer sitt verk i vårt folk og vårt land og kan gjere det i andre folk og land også, Guds rike er globalt og soleis er bønene mine globale også. Eg kan ære og takke Gud med munnen, men eg må også søke han av heile mitt hjarte, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Gud skaper og former meg så eg vert eit kar til hans ære, til vitnemål om han, ja, han vil gjere seg til kjenne gjennom meg.
Når eg gjekk på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling. Gunnar Andås var 3-4 år eldre enn meg og var med på å drive den kyrkjelyden og så var han med på å drive eit trykkeri på Sri Lanka, som trykte biblar, spesielt på språk der det var lite biblar, der biblar endåtil kunne vere forbode, så dei måtte satse på at nokon ville smugle dei inn i landet. Det hang gjerne saman med at folket avviste det, så det var heller ikkje så lett å komme der og prøve å gi fra seg biblar. Strategien var som vanleg å få kontakt med kristne kyrkjelydar og gi dei biblar, dei tok imot med glede, fordelte dei, las i dei og brukte dei til å forkynne vidare til andre. Men etter nokre år sa han til meg at dei kunne komme inn i eit land der folket tidlegare hadde vore så avvisande, sette frå seg ein konteinar med biblar og byrje å dele ut og etter nokre timar var det reve bor. Så Gud hadde skapt eit stort behov i folket etter hans Ord og det vender ikkje tomt tilbake, men gjer det verket som han sender det til.
Sjølvsagt takkar vi Gud for dette, ja, det kjem som svar på mi bøn, så då kan eg endå til takke han for det, som svar på mi bøn, soleis er bønnesvaret større enn kva eg har vore klar over.

