Ny Tid 123. Endetidssyn 99. Vekse opp som Guds born og verte vaksne, som «gudar»? Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 11. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han skal verte frelst.  Igjen stod Gud fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom. 9. Forsoning og fred. Sanninga som set fri eller lureri? 4. Gud skaper oss og frelser oss i Kristus og så vert vi hans medarbeidarar.

Bilete: David, den rettferdige, spelte på harpe som terapi for Saul, den Lovlause, men fann ut at han måtte ta røminga.

I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.

Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.  

Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.

Salme.82,1 Ein Asaf-salme.

Gud står fram i gudelyden,

mellom gudar held han dom:  

2 Kor lenge vil de fella urett dom

og halda med dei ugudelege? Sela

3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,

frikjenn dei arme og trengande, 

4 berga småkårsfolk og fattige,

og fri dei ut or nidingars hand!

5 Dei har korkje vit eller skjøn,

dei ferdast ikring i mørker,

heile grunnvollen under jorda ragar.

6 Eg har sagt: «De er gudar,

søner åt Den Høgste er de alle. 

7 Men som menneske skal de døy,

som ein av fyrstane skal de falla.»

8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar.

Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn! 

2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn! 

3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!

4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!

Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.

Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.

Kom med grunnane! seier Jakobs konge.

22 Lat dei koma og kunngjera oss

det som sidan skal henda.

Fortel oss kva som før har hendt,

så vi kan merka oss det!

Eller lat oss få høyra kva som skal koma,

så vi kan vita kva utgangen vert!  

23 Kunngjer det som eingong skal henda,

så vi kan skjøna at de er gudar!

Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,

så vi alle kan sjå det og undrast! 

24 Sjå, de er reine inkjevetta,

og det de gjer, er ingenting verdt.

Ein styggedom er det å velja seg dykk. 

25 Eg har vekt ein mann frå nord,

og han kjem, frå eit land i aust;

han skal kalla på mitt namn.

Styresmenn trakkar han ned som søle,

liksom pottemakaren stampar leire.  

26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,

så vi kunne vita det?

Kven forkynte det i gamal tid,

så vi kunne seia: «Det er rett»?

Ingen har kunngjort det,

ingen har sagt frå,

ingen har høyrt eit ord frå dykk. 

27 Eg er den fyrste som seier til Sion:

«Sjå, der er dei!»

og sender gledebod til Jerusalem.

28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,

ikkje ein som kan gje råd,

så eg kunne spørja og få svar.

29 Nei, alle er dei inkjevetta,

og det dei gjer, er ingenting verdt.

Gagnlause er deira støypte bilete.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i  «gude-forsamlinga» og held dom.

Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.

Joel.3,1 Når Anden vert utrend

1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet. 

Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså. 

Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.

Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelsarkonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelsekraft som reiste han opp frå dei døde. 

Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.

Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.  16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.  17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Kristus er Sanninga som set oss fri.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Jesus sa at Djevelen er Lygnaren. Som motsetnad til dette er Kristus er Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. 

Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2026/04/24/ny-tid-120-endetidssyn-96-vekse-opp-som-guds-born-og-verte-vaksne-som-gudar-gud-ville-sta-fram-i-gude-forsamlinga-og-halde-dom-8-gud-elska-verda-sa-hogt-at-han-sende-son/ Sitat:

Lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Kristus. 

Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.  10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

……..

Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Då kjøpte han oss også fri frå trældomen under lova.

………

Døyparen Johannes sa at Jesus er Messias, han er den som døyper med den Heilage Ande, han er den som har bruda.

Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han. 29 Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.

Å forkynne evangeliet om Kristus er som å invitere til bryllaupet til Guds Son.

………….

Så det er viktig for ein mann å finne seg og vinne seg ei kone i helging.

……..

Ingen må gjere bror sin urett eller lure han på nokon måte, kvifor vart det sagt akkurat her: (1.Tess.4,6)? Sikkert fordi at når ein ung mann skal vite å vinne seg si kone i helging, så er der ein viss fare for at nokon vil gjere urett mot han og prøve å lure han. Det har historia vist, det vart tradisjon og det ligg det framleis an til. Det resulterte i at dei vart selde som trælar.

Joel.3,6 For sjå, i dei dagar og på den tid,

når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 

7 då vil eg samla alle folkeslag

og føra dei ned i Josjafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei

om Israel, mitt folk og min eigedom,

som dei spreidde mellom folka.

Dei delte landet mitt  

8 og kasta lodd om folket mitt;

dei gav ein gut for ei skjøkje

og selde ei jente for vin – og drakk.

SITAT SLUTT.

Jesus vitna om Gud Fader og Faderen vitna om Sonen.

Jesus forkynte evangeliet om Guds rike, Faderen var med han og gjorde sine gjerningar, Jesus æra han for det og slik vitna han om Faderen.

Joh.10,31 Atter tok jødane opp steinar og ville steina han.  32 Jesus sa til dei: «Mange gode gjerningar frå Faderen har eg synt dykk. Kva for ei av dei er det de vil steina meg for?» 33 «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje,» svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.»  34 Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt de er gudar?  35 Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje gjerast om inkje. 36 Kvifor seier de då til han som Gud har helga og sendt til verda: Du spottar Gud, fordi eg sa: Eg er Guds Son? 37 Gjer eg ikkje gjerningane åt Far min, så tru meg ikkje. 38 Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Faderen er i meg og eg i Faderen.»  39 Då prøvde dei atter å gripa han, men han slapp ut or hendene deira.

Matt.11,1 Då Jesus hadde sagt det han ville leggja dei tolv læresveinane sine på hjarta, fór han derifrå og tok til å læra og forkynna kring i byane.

2 Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde:  3 «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»  4 Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: 5 Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige;  6 og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!»

Jesus vitnar om Johannes

7 Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden?  8 Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. 9 Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet!  10 Det er om han dette er skrive:

Sjå, eg sender min bodberar føre deg,

han skal rydja vegen for deg.

11 Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han. 12 Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg.  13 For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom. 14 Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma.  15 Den som har øyro, han høyre!

Matt.12,15 Mange fylgde han, og han lækte dei alle. 16 Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera han kjend.  17 Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:

18 Sjå, min tenar som eg har valt ut,

han som eg elskar og har hugnad i!

Eg vil leggja min Ande på han,

og han skal kunngjera for folkeslaga det som rett er. 

19 Han skal ikkje tretta og ikkje ropa,

og ingen skal høyra hans røyst i gatene.

20 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik

før han har ført retten fram til siger.

21 Og til hans namn skal folkeslaga setja si von.

Jesu makt over dei vonde åndene

22 Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå.  23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?»  24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.»  25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg? 27 Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk.  28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk.  29 Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast.  32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.

Treet og fruktene

33 Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta.  34 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen.  35 Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på. 36 Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag.  37 Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.»

Ei vond ætt krev teikn

38 Nokre skriftlærde og farisearar tok då til ords og sa: «Meister, vi ville gjerne sjå deg gjera eit teikn.»  39 Han svara: «Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. 40 For liksom Jona var tre dagar og tre netter i buken på den store fisken, såleis skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jord-djupet.  41 Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona.  42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.

43 Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter kvilestad, men finn ingen. 44 Då seier ho: Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå. Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og fjelga. 45 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. Såleis kjem det òg til å gå med denne vonde ætta.»

Faderen vitna om Sonen.

1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?  6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.  7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.  10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin.  11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

Ved trua på Jesus vert vi Guds medarbeidarar og får komme inn til hans kvile. Då er det viktig for oss å takke og ære han for det han gjer. 

Jesus sa at vi må vende om og verte som born, ja, fødast på nytt av vatn (livsens vatn) og Guds Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Han lærde oss å be «Fader vår, du som er i himmelen. ….» Og så sa han at vi skal ikkje kalla nokon annan far i staden for han.

Når vi har kome til tru på Kristus og teke imot han som vår frelsar og Herre, vert det viktig for oss å kjennast ved han for Gud og menneske, som vår frelsar og Herren, vel og merke på den måten som vi opplever han som vår personlege frelsar og Herre. Det er individuelt og treng ikkje høve med standardiserte forventningar i eit bestemt kristeleg miljø. Kvar og ein må komme til Kristus slik som han eller ho er. Vi trur og får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande, derfor er det viktig for oss å takke Gud og Lammet for skapinga og frelsa (Joh.Op.4-5).

Dette kjem i konflikt med verdslege maktinteresser, men Jesus er brødet som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Den rettferdige skal leve ved tru, så han skal leve av dette brødet. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande og så vert vi hans medarbeidarar. Jesu åk er godt og hans bør er lett.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.  26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Openberringa gjer alt lettare for oss og så får vi oppleve at han styrker oss med si kraft.

2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

1.Kor.1, 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 

2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.  10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Ved å ta imot nåden Gud gir oss i Kristus, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande og vi vert hans medarbeidarar.

1.Kor.3,5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.  7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.  9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.

10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer.  11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.  

Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, då må vi ære og takke han for det, slik at vi ved trua på Jesus let han fullføre sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Fil.1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.  

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut. 

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

5 Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der: 

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga. 

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet. 

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete. 

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei. 

Den nye songen

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der! 

11 Øydemarka med sine byar skal syngja,

landsbyane der Kedar held til.

Dei som bur på fjellet, skal jubla,

frå fjelltoppane skal dei ropa høgt. 

12 Dei skal gje Herren ære,

forkynna hans pris på øyar og strender.

Vi er ikkje under lova lengre og gjer ikkje lovgjerningar, men vi skal gjere trua sine gjerningar og det er fyrst og fremst å tru på Kristus, som om det er ei gjerning, altså!

Joh.6,28 Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»  30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera?  31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.»  32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.

…..

63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.  

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.  22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.  23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

Trua sine gjerningar er først og fremst det verket som Gud gjer i oss ved sitt Ord og sin Ande, ingen annan kan gjere det og ingen annan kan ta æra for det, heller ikkje eg sjølv, når eg får oppleve at han gjer sitt verk i meg ved sitt Ord og sin Ande. Det einaste eg kan gjere er å bøye meg for Kristus og ta imot han, så eg får oppleve at han lever i meg, han er Guds Ord og eg får oppleve at Gud gjer sitt verk i meg ved sitt Ord og sin Ande. Det må eg ære og takke Gud og Lammet for (Joh.Op.4-5), slik vert eg med på å tilbe Gud i ånd og Sanning.

Joh.4,21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.  23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»  25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.»  26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»

Når vi kjennest ved Jesu namn for menneska, vil han kjennast ved oss for Faderen og hans englar og det betyr for oss at vi får hjelp frå himmelen. Men det sentrale poenget er at vi erkjenner at Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande.

Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.  10 Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving.  11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia.  12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.

Heb.1,4-14 Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira.  5 For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:

Du er son min,

eg har født deg i dag?

Eller, som det òg står:

Eg vil vera far hans,

og han skal vera son min.

6 Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:

Alle Guds englar skal tilbe han.

………

13 Til kven av englane har han nokon gong sagt:

Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter?

14 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?


Leave a comment