Bilete: David, den rettferdige, spelte på harpe som terapi for Saul, den Lovlause, men fann ut at han måtte ta røminga.
I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom.
Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.
Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.
Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn!
2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn!
3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!
4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!
Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.
Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.
Kom med grunnane! seier Jakobs konge.
22 Lat dei koma og kunngjera oss
det som sidan skal henda.
Fortel oss kva som før har hendt,
så vi kan merka oss det!
Eller lat oss få høyra kva som skal koma,
så vi kan vita kva utgangen vert!
23 Kunngjer det som eingong skal henda,
så vi kan skjøna at de er gudar!
Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,
så vi alle kan sjå det og undrast!
24 Sjå, de er reine inkjevetta,
og det de gjer, er ingenting verdt.
Ein styggedom er det å velja seg dykk.
25 Eg har vekt ein mann frå nord,
og han kjem, frå eit land i aust;
han skal kalla på mitt namn.
Styresmenn trakkar han ned som søle,
liksom pottemakaren stampar leire.
26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,
så vi kunne vita det?
Kven forkynte det i gamal tid,
så vi kunne seia: «Det er rett»?
Ingen har kunngjort det,
ingen har sagt frå,
ingen har høyrt eit ord frå dykk.
27 Eg er den fyrste som seier til Sion:
«Sjå, der er dei!»
og sender gledebod til Jerusalem.
28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,
ikkje ein som kan gje råd,
så eg kunne spørja og få svar.
29 Nei, alle er dei inkjevetta,
og det dei gjer, er ingenting verdt.
Gagnlause er deira støypte bilete.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i «gude-forsamlinga» og held dom.
Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.
Joel.3,1 Når Anden vert utrend
1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet.
Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså.
Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.
Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelsarkonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelsekraft som reiste han opp frå dei døde.
Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.
Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias. 16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Den Duglause Hyrdingen på nytt. Paven?!
Den Duglause Hyrdingen gjette slaktesauene for sauehandlarane og så påstod han at Herren hadde kalla han til tenesta, men så vart det til at han selde Herren for 30 sølvpengar. Så Kristus døde på korset, men då betalte han prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Han er den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene, for å berge dei. Dei som var kome før han, var tjuvar og røvarar som var komne for å stele og slakte og øydelegge, men han var komen for å gi dei liv og overflod. Han slepte dei ut, men så kom ulven og herja og spreidde dei, men han sette livet til for å berge dei. Men sidan han stod oppatt frå dei døde, var han framleis i stand til å gjete dei (Joh.10,1…).
Så kalla han Paulus til apostel og han gjette dei lenge, men når det gjekk til slutten med hans teneste, føresåg han at der kom til å komme grådige ulvar mellom dei.
Ap.gj.20,28 Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. 32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33 Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34 De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35 Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få.
Då var det allereie den Duglause Hyrdingen som framstilte seg til teneste igjen.
Sak.11,15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som
ikkje ser etter dei som går seg bort,
ikkje leitar etter dei som går seg vilt,
ikkje lækjer dei som er skadde,
ikkje syter for mat til dei friske,
men et kjøtet av dei feite dyra
og riv klauvene av dei.»
17 Ve den duglause hyrdingen min,
som går bort frå sauene!
Sverd mot armen og høgre auga hans!
Armen hans skal visna bort,
og det høgre auga sløkkjast ut.
Ein hyrding som ikkje gjette sauene altså, men som var der for å snylte på dei.
Og nokre hundrede år seinare vedtok den Katolske Kyrkja at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Soleis framstod dette som ei verdsleg makt som erstatning for Kristus, som hovudet for si kyrkje, som ei avsporing frå å gå vegen til Faderen og erstatning for å vekse opp til Kristus som hovudet for kyrkja som er hans brud. det var i strid mot den glade bodskapen om at alle som tok imot Kristus, gav han rett til å verte Guds born, det streid mot fridomen i barnekåret hos Gud, for eit barn får då komme til sin far med sine behov. Kristus hadde betalt prisen for oss med si eige blod, så vi skulle tilhøyre han og få barnekår hos Gud. Det var den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane, altså. Det vart då tydeleg ved avlatshandelen.
Og har de ikkje høyrt om at Jesus lærde folket å be og då byrja han slik: «Fader vår, du som er i himmelen…..». Og han sa at vi skulle ikkje kalle nokon anna for far i staden for han.
Matt.23,8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken. 9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. 10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus. 11 Den største av dykk skal tena dei andre. 12 Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.
Det skulle vel høve bra med første bodet, at vi ikkje skal ha nokon annan gud. Men «pave» kjem av det latinske ordet «papa» og betyr far. Så han kjem til erstatning for den Faderen som Jesus tala om, han som er i himmelen. Det gjer resten av «Fadervår» temmeleg meiningslaust.
Vitskapen, det mekanistiske verdsbiletet, rasjonalistane og liberalistane.
Thomismen var ei syntese mellom kristendom og aristotelisme og den Katolske Kyrkja godtok den som sin filosofi. Aristoteles vert kalla «logikkens far», men han gjorde den feilen at han brukte logikken på den synlege naturen, i staden for å bruke den på idear og det var dette som kom i konflikt med den moderne vitskapen, som byrja med astronomi og fysikk. Både Galilei og Newton trudde på kristendomen, men på grunnlag av Newtons mekanikk og Demokrits atomteori kom Thomas Hobbes med det mekanistiske verdsbiletet, som påstod at tankane våre og kommunikasjonen mellom menneske også var mekanisk determinisme.
Descartes heldt seg til den klassiske dualismen mellom ånd og materie og hans filosofiske metode kalla han metodisk tvil, der han spørja ikkje berre etter kva det er rimeleg å tvile på, men kva det er mogleg å tvile på. Den sikraste påstanden han sat igjen med då, var «eg tenker, altså er eg». Det gjekk det ikkje an å tvile på. Så tenkte han seg ein usynleg Gud som tenkte og eksisterte sjølv om han sjølv ikkje lengre gjorde det. Dette høver då med Bibelens bodskap om at Gud har openberra si frelse for oss i Kristus. Vi kan godt seie det slik at han var bevisst og så tenkte han seg at der er ei bevisstheit som eksisterer sjølv om han sjølv ikkje gjer det.
Ein professor i biologi brukar fredelege metode i faget og kan godt bruke polemikk (polemos er gresk og betyr krig) i diskusjon elles. Metodene er fredelege, sjølv om utviklingslæra inngår i faget og i følgje den er livet ein kamp for tilvære og det er ein kamp på liv og død, det kan vere kortvarig dramatikk og lange periodar som synest fredelege. Slik er det for menneska også. Like vel er metodene hans fredelege, for der er ein psykofysisk dualisme (Descartes) eller parallellisme (Leibnitz).
I følgje Pascal har vi i den kristne trua eit godt utgangspunkt å tenke utifrå og vi er fri til å velje det. Generelt er det eit spørsmål om kva som er verdt å tru og tenkje på og så gjere gode val. Soleis hadde rasjonalistane rett altså.
Dette som motsetnad til det mekanistiske verdsbiletet, som hevdar at tankane våre også er mekanisk determinerte og derfor har vi ikkje ein fri vilje. Sidan kom elektromagnetismen og kvantefysikken og det er vel det som gjer at dei no talar om eit fysikalistisk menneskesyn i staden, framleis som motsetnad til dualismen. Mange «lærde» hevdar framleis at vi ikkje har ein fri vilje, fri vilje er ubegripeleg for dei altså, til tross for at det er realiteten. Men i kvantefysikken er der ein dualisme mellom partiklar og bylgjefunksjonen. Og no spekulerer dei i kva bylgjefunksjonen er for noko og kva bevisstheita er for noko, om det heng saman.
Empirismen (erfaringsvitskap) stod i motsetnad til rasjonalismen og vart vitskapssynet i liberalismen. Liberalismen godtok religionsfridom også for dei kristne. Men liberalismen gjaldt i byrjinga berre ei lærd og rik overklasse. Dermed vart dette atter som den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane.
Det same gjaldt den filosofiske retninga Kant – Hegel – Marx. Kant og Hegel sin filosofi kom inn i protestantisk teologi, men med marxismen skulle liksom kommunismen komme i staden og metodene deira var ikkje fredelege.
Når Kristus stod opp frå dei døde og for opp til himmelen, var det som om Sionfjelet vart løfta opp, så vi møter han der framleis.
Jødane ventar framleis på at Messias skal komme og stå på oljeberget, som profetert i Sak.14, men vi som trur at Jesus er Messias, trur at han allereie har gjort det. Karismatiske kristne er opptekne av å vente på at Jesus skal komme att og hente dei heim til himmelen, først vekker han opp dei som er døde i trua på han, så vert både dei og dei som lever og ventar på han, omskapte så dei får ein himmelsk lekam, liksom han og så vert dei med han heim til himmelen og skal alltid vere med han. Det vert bryllaup i himmelen, bruda er det nye Jerusalem, som kjem ned på den nye jorda.
Men så er det mange som meiner at han kjem att ein gang til, etter dette, saman med sine heilage, så då skal dei vere med han. Då skal han komme og stå på oljeberget og oppfylle profetien i Sak.14 og gjenopprette Israels rike, så då kjem tusenårsriket (Joh.Op.20, Apgj.1,4-12, Amos.9,11 Ap.gj.15,5-19). Men når Jesus for opp til himmelen, var det som om tempelberget vart løfta opp (Jes.2,2 Mika.4,1) og sidan han sende oss den Heilage Ande frå himmelen, er det som om vi har møte med han der oppe.
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.
Jesus har høyrt mi bøn og gjort mi bøneteneste til prestetenesta i den nye pakt. Og så skal eg søke Herren i einsemda som Elia i øydemarka.
Elia levde på ei tid då Israels konge, Akab, fall ifrå Herren og dyrka Baál og leia Israelsfolket i fråfall og forfølgde og drap Guds profetar. Elia bad om at det ikkje skulle regne, dette til tross for at regnet vart rekna for å vere ei velsigning og vart brukt som symbol på den åndelege velsigninga. Sjølvsagt hadde han sjølv den åndelege velsigninga like vel. Så steig han fram på Karmel og bad om både eld og regn frå himmelen og fekk bønnesvar, som vitne om at Herren er Gud.
Jak.5,17 Elia var eit menneske under same kår som vi. Han bad at det ikkje skulle regna, og det regnde ikkje i landet på tre år og seks månader. 18 Så bad han på nytt, og himmelen gav regn, og jorda bar atter si grøde.
Sidan eg skal søke Gud i einsemda, slik som Elia, kan vel eg ta sikte på noko liknande, der både eld og regn frå himmelen er symbol på den åndelege velsigninga. Ja, kom i hug at Johannes døyparen skulle gå fram i Elia si ånd og kraft og han bana vegen for Kristus, han sa at Jesus er Messias, han er den som har bruda og han er den som døyper med den Heilage Ande.
Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og når han frelser henne, så frelser han henne som si brud. Korleis kan ho då verte mi brud? Fordi han døde i staden for meg og er den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd, så han elskar henne som si brud gjennom meg. Han gjer både meg og henne levande og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det vert eit møte på Sionfjellet til samanlikning med møtet på Karmel, men no er Sionfjellet løfta opp, så det vert berre for dei som er kalla og utvalde til å vere med i Lammets bryllaup.
Joh.Op.19,5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»
Dette betyr at det er noko vi får oppleve allereie no, ja, for vi forkynner då evangeliet som ein invitasjon til Lammets bryllaup. Korleis kan då nokon hevde at vi og dei ikkje får komme og vere med på det like vel?
Dette betyr ikkje at eg meiner oppstoda allereie har vore, men vi ser fram til at Jesus skal komme att og vekke opp dei som er døde i trua på han og hente dei saman med oss. Då feirar vi bryllaupet i himmelen, Jesu brud er det Nye Jerusalem som kjem ned på den nye jorda. Han gjekk då bort for å stelle til ein verestad til oss, så vi skal vere der som han er.
Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
Sidan vi innstiller oss på det, går vi denne vegen og får oppleve at han kjem oss i møte.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Jesus skal tyne den Lovlause med pusten frå sin munn. Korleis då? Han pusta på disiplane sine og sa at dei skulle ta imot den Heilage Ande.
Joh.20, 21 Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.» 22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!
Han døyper oss med den Heilage Ande til å vere ein lekam og så brukar han oss som lemer på sin lekam. Så slik tyner han den Lovlause med pusten frå sin munn. Den Lovlause forgudar seg sjølv med sin kjøtlege natur, slik står han Anden imot. Men vi skal nytte oss av den utrustninga Jesus gir oss ved sin Ande og sigre saman med han.
Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
Lovprisinga i Josjafat-dalen, republikansk politikk?
Kong Josjafat i Juda samarbeidde først med kong Akab i Israel, men sidan vende han seg meir og meir til Herren. Han fekk vite at fiendehærer kom mot han og då kalla han saman folket for å be til Herren. Han fekk bønesvar, at dei skulle ikkje frykte, men gå mot fienden, så skulle Herren stride for dei. Derfor prioriterte dei å lovprise Herren.
2.Krøn.20,12 Vår Gud, vil du ikkje halda dom over dei? For vi har ikkje makt nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss. Vi veit ikkje kva vi skal gjera; men augo våre er vende mot deg.
13 Imedan stod alle judearane der for Herrens åsyn; jamvel småborna og konene og sønene deira var med. 14 Då kom Herrens Ande – midt imellom folket som var samla – over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je’iel, son til Mattanja, som var ein av Asaf-sønene. 15 Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds. 16 Far ned mot dei i morgon! Då dreg dei oppetter Hassis-bakken, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen ut mot Jeruel-øydemarka. 17 Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stella dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk, de Juda-menn og Jerusalems-buar. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»
18 Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og alt folket frå Juda og Jerusalem kasta seg ned for Herren og tilbad han. 19 Og dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med sterk og høg røyst.
20 Dagen etter tok dei ut i otta og fór til Tekoa-øydemarka. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de Juda-menn og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!» 21 Sidan samrådde han seg med folket og stelte så opp ein flokk med songarar, som skulle lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut føre den væpna hæren. Dei skulle syngja: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»
22 Så snart dei tok til med fagnadrop og lovsong, lét Herren ein flokk som låg i bakhald, ta på ammonittane, moabittane og mennene frå Se’ir-fjellet, dei som rykte fram mot Juda, og dei vart slegne. 23 Då vende ammonittane og moabittane seg mot Se’ir-buane og hogg dei ned til siste mann. Og då dei hadde gjort ende på Se’ir-buane, gav dei seg til å drepa kvarandre. 24 Då judearane kom opp til den staden der ein kunne sjå utover øydemarka, og såg seg om etter hæren, fekk dei auga på alle som låg livlause på marka; ingen hadde sloppe unna. 25 Josjafat og mennene hans drog då dit og ville ta hærfang, og dei fann ei mengd med gods og lik og dyre eigneluter. Dei reiv til seg så mykje at dei ikkje kunne bera det alt. Tre dagar heldt dei på med å plyndra; så stort var hærfanget.
26 Fjerde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen, og der lova dei Herren. Difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det namnet har han hatt til denne dag.
Joel.3,6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
Til samanlikning ber republikanarane i USA for folket og landet sitt og Israel og eg vonar dei vil ta Josjafat og lovprisinga i Josjafatdalen som føredøme.
Med Keynes økonomiske politikk fekk vi eit konstruktivt samarbeid med USA.
John Maynard Keynes vert rekna for å vere sosialliberal og det betyr fridom, ytringsfridom, menneskerettar og dermed demokrati for vanlege folk også. Det trongst ei god og rett folkeopplysing for å få dette til og eg hevdar kristendomen var sentral og viktig i dette. Det står i motsetning til at herskarane prøver å få makt med sine avgudar og forgude seg sjølve, men det var vel nettopp det som skjedde både med fasisme, nazisme og kommunisme. Like vel vart Hitlers økonomiske politikk ein demonstrasjon av at Keynes økonomiske politikk fungerte. Sidan demonstrerte Marshallhjelpa det i heile Vest-Europa og USA. Gerhardsen-regjeringa og arbeidarrørsla demonstrerte det i Noreg med ein moderat klassekamp.
Ved hjelp av investeringar og teknologisk ekspertise frå USA kom vi oss i gang med eit olje-eventyr i Nordsjøen og etter kvart fekk vi utvikla norsk ekspertise og norske investeringar også.
Det var viktig for staten å markere seg som eigar av naturressursane, slik vart også utvidinga til 200 nm økonomisk sone, det vart viktig for forvalting av fiskeressursane også. Nettopp slik var statsmakta viktig, altså.
På 1980-talet vart inflasjonen eit problem for Keynes økonomiske politikk, så spørst det kor vidt det var på grunn av overdreven lønnskamp, Kåre Willock kritiserte i alle fall at det førde til høg inflasjon. Sidan har oljefondet vorte eit nytt døme på at Keynes økonomiske politikk fungerer godt.
Vi bør seie med oss sjølve at dette har vore ein god politikk, slik at vi held fram med ein god økonomisk politikk. Og fortelje det til andre folk og nasjonar også, som eit godt føredøme.
Eg meiner vi må takke Gud for det, for på evangeliets grunnvoll har vi fått fred med Gud og fred mellom folk og nasjonar, så vi har fått tenke og arbeide konstruktivt.

