Definisjon av liv, biologisk liv og det evige livet.

I dagleg tale.

I dagleg tale kan vi tenke på plantelivet som noko som veks, men som har røter, så det ikkje kan bevege seg på annan måte, utan ved befruktninga. Dyra har ikkje røter som held dei att, så dei kan bevege seg og det vert viktig ved befruktninga.

Høgareståande dyr har blodomlaup og oksygenopptak, for fiskane gjennom gjellane og for landdyra gjennom lungene. Dei har hjerne og bevisstheit, så dei er bevisste på at dei eksisterer og kan sjå og sanse det som er rundt dei og kommunisere seg imellom. Slik er menneska det mest høgtståande pattedyret. Vi kan sanse det som er rundt oss, tenke, velje og tale. Så dette vert viktige definisjonar og indikasjonar på liv i det daglege liv.

Definisjon av Biologisk liv.

No har eg referert til biologi som er kjend av dei aller likevel har biologane ein annan definisjon av liv, men dei seier at der er andre definisjonar som også kan vere rett. Det seier også evolusjons-biolog Glenn Peter Sætre i boka si «To kjønn» og så kom han med den biologiske definisjonen, ved at alt liv må ha desse eigenskapane:

  1. Det må ha cellevegg.
  2. Det må kunne oppretthalde eit stabilt indre miljø, til skilnad for miljøet utanfor cella.
  3. Det må kunne lagre energi og bruke den til vekst og å halde livsmaskineriet i gang.
  4. Det må kunne formeire seg.
  5. Det må kunne tilpasse seg og utvikle seg som svar på endra forhold i miljøet.

Der er ingen fossilar av eincdella dyr, men dei tenker seg at alt liv stammar frå ei ur-celle med desse eigenskapane, dei kallar den LUKA (Last Univercal Common Ancestor). Den vart til i ei ur-suppe av organiske molekyl i havet.

Snyltarar oppfyller noko av desse eigenskapane, men ikkje alle.

Etter denne definisjonen er bakteriar liv, men ikkje virus, for dei oppfyller ikkje krava i punkt 2 og 3. Parasitt-gen er endå enklare enn virus, men har likevel eigenskapar som vi forbind med liv. Det er DNA-trådar som er komne inn i DNA-et til levande organismar, også menneske, ikkje for å bygge opp livsmaskineriet, men kun for å snylte på det. DNA koder for m-RNA, som så koder for protein, men i dette tilfellet heng proteinet seg på m-RNA-et og blir som ein sveitsisk lommekniv som klipper og limer i DNA-et til verten. Det er årsak til sjukdomar som ALS (amyotropisk lateral sklerose), Creutzfeldt-Jaskobs syndrom, MS (Multippel sklerose, lupus, blødersjukdom og kreft. 

Retro-virus har også ein slik «ein sveitsisk lommekniv» til å klippe og lime i DNA-et. Til dømes hiv-viruset, som er årsak til aids.

Kjønna formeiring.

Dei første cellene hadde ikkje cellekjerne, dei var procaryote (før kjerne). Dei formeirar seg ved celledeling. Det var bakteriar og arkebakteriar. Stoffskiftet til arkebakteriane er ikkje basert på oksygen. Eukariote celler, celler med cellekjerne, stammar frå LECA (Last Eucariote Common Ancestor).

Dei formerier seg ved celledeling som halverer kromosomane, ei diploid celle dupliserer kromosomane, rekombinerer dei og deler seg i to diploide celler som så deler seg i fire haploide celler, dei har kun halva av kromosomane. Befruktninga skjer ved at to haploide celler smeltar saman til ei diploid. Ved rekombinasjonen og ved at dei haploide cellene har ulike opphav, får vi genetiske variasjon.

Alle fleircella individ er eukariote. Hos nokre individ er den haploide kjønnscella stor, då er det hokjønn, hos andre er den liten, då er det hann-kjønn. Slik får vi kjønna formeiring. Hos pattedyra er kjønnet bestemt ved at kjønnskromosmet for hoa er XX, for hannen er det XY.

Det evige livet er meir fundamentalt enn det biologiske livet.

1.Mos.1 og evangeliet.

I Bibelen er det tale om både det biologiske livet og det evige livet. Den seier ikkje noko om eincella liv, men dei fleste trur vel at det er rett likevel. Det er meir fundamentalt enn fleircella liv, for dersom der ikkje er eincella liv, kan der ikkje vere fleircella liv heller. Då er det ikkje så rart at biologane påstår at det eincella livet kom først. Likevel er det evige livet mest fundamentalt og kom aller først.

Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

1.Mos.1, I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

Dette lyset er symbol på det åndelege lyset.

2 Kor 4,3-18 Er då enn vårt evangelium dult, so er det dult millom dei som vert fortapte;  4 for denne verdsens gud hev blinda hugen åt dei vantruande, so ljoset frå evangeliet um Kristi herlegdom, han som er Guds bilete, ikkje skal skina for dei.  5 For me forkynner ikkje oss sjølve, me forkynner Kristus Jesus som Herre, men oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.  6 For Gud, som sa at ljos skulde skina fram or myrkret, han er den som og let det skina i våre hjarto, so kunnskapen um Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skulde lysa fram frå oss.  7 Men me hev denne skatten i leirkjerald, so den rike krafti skal vera av Gud og ikkje av oss,  8 med di me stødt er i trengsla, men ikkje i stengsla, tvilande, men ikkje mistvilande,  9 forfylgde, men ikkje uppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte —  10 alltid berande Jesu daude med oss i lekamen, so og Jesu liv må verta openberra i vår lekam.  11 For endå medan me lever, vert me allstødt yvergjevne til dauden for Jesu skuld, so og Jesu liv må verta openberra i vårt døyelege kjøt.  12 Soleis er då dauden verksam i oss, men livet i dykk.  13 Men etter di me hev den same Ande med trui — etter det som stend skrive: Eg trudde, difor tala eg — so trur me og, difor talar me og,  14 for me veit at han som vekte upp Herren Jesus, skal og vekkja oss upp med Jesus og stella oss fram saman med dykk.  15 For det hender alt for dykkar skuld, so nåden kann nå til so mange fleire og verka rikleg takk til Guds æra.  16 Difor misser me ikkje modet, men um og vårt ytre menneske gjeng til grunns, so vert då det indre uppnya dag etter dag.  17 For vår trengsla, som er kortvarande og lett, verkar for oss ei æveleg nøgd av herlegdom i yvermål på yvermål,  18 med di me ikkje fester oss ved det synlege, men ved det usynlege; for det synlege er timeleg, men det usynlege æveleg.

2 Kor 5,1-9 For me veit at um vår lekams jordiske hus vert nedrive, so hev me ein bygnad av Gud, eit hus som ikkje er gjort med hender, æveleg i himmelen.  2 For ogso medan me er i dette huset, sukkar me, av di me stundar etter å verta yverklædde med vårt hus frå himmelen,  3 so sant me skal verta funne påklædde, ikkje nakne.  4 For me som er i denne hytta, sukkar under byrdi, av di me ikkje vil verta avklædde, men yverklædde, so det døyelege kann verta gløypt av livet.  5 Men den som laga oss just til dette, er Gud, som og gav oss Anden til pant.  6 Difor er me alltid frimodige og veit at so lenge me er heime i lekamen, er me burte frå Herren;  7 for me ferdast i tru, ikkje i syn.  8 Me er då frimodige og vil heller flytja burt frå lekamen og koma heim til Herren.  9 Difor, anten me er heime eller burte, set me vår æra i å vera han til hugnad.

2 Kor 5,14 For Kristi kjærleik tvingar oss,

2 Kor 5,17 Difor, um nokon er i Kristus, so er han ein ny skapning; det gamle hev forgjengest, sjå, alt hev vorte nytt!

Tredje lys-dagen skapte Gud plantelivet på jorda, fjerde dagen sette han dei to lysa på himmelen, så først då vart det jord-dagar. Men der måtte då vere fysisk lys for at der skulle vere biologisk liv, så lyset i lysdagane er fysisk lys. Eg tenker meg at atmosfæra var så tjukk at sola og månen ikkje var synlege. At den vart tynnare kunne ha noko med at plantane brukte CO2 og frigjorde O2, sjølv om CO2 er usynleg. At Gud sette dei to lysa på himmelen betyr då at dei skein gjennom, så dei vart synlege.

Femte dagen skapte han fiskane, dei store sjødyra og fuglane. Sjette dagen skapte han landdyra og menneska.

1.Mos.2 og evangeliet.

Kjelda som vella opp i Edens hage er symbol på kjelda med det levande vatnet. Gud bles livsens ande i nasa på mannen, det er symbol på den Heilage Ande. Slik er det evige livet fundamentalt også her. Gud planta livsens tre i hagen, evangeliet gir oss tilgang til det, så vi får ta av frukta og ete og få lækjedom av blada på det. Slik er det evige livet også noko vi skal nå fram til, gripe og vinne.

Gud er alfa og omega, byrjinga og enden og Jesus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

Velje gode tankar og idear og gjennomføre dei.

Vi har fri vilje, kan tenke og tale og bevege oss. Då er det viktig for oss å lære å skilje mellom kva som er gode, smarte og konstruktive tankar og idear og kva som er vonde, dumme og destruktive tankar og idear. Velje dei gode, smarte og konstruktive tankane og ideane, både med å erkjenne dei, seie dei og gjennomføre dei, både for å bygge samfunn og å lage verdifulle gjenstandar.  Velje bort og vende seg bort frå dei vonde, dumme og destruktive tankane og ideane.

Mange tankar og idear og mykje diskusjon kan vere kompleks, men likevel dum og verdilaus, så det er berre om å gjere velje det bort og ikkje la seg distrahere av det, vende seg bort ifrå det. Då skal vi heve oss over diskusjon. Slik skal vi vende oss bort frå ugudlegdom og det ugudlege tome pratet. Å dyrke avgudane er i følgje Bibelen å vere ugudleg. Dei prøvde å opphøgje avgudane sine og kongane prøvde å opphøgje seg sjølve med å prøve å gjere seg liksom Gud. Vi kan seie at slik prøvde dei å heve seg over diskusjon, der diskusjonen var ved bruk av våpen, den var krig. Men det enda med døden likevel, dei tapte i krigen og fall. I vår tid er det mange som vender seg bort frå kristendomen og resultatet er nye former for avgudsdyrking og det er framleis ugudlegdom som vi skal vende og bort ifrå og heve oss over.

Mange tankar og idear kan vere enkle, men likevel smarte, så dei forklarar svært så mykje. Nokre erkjenner vi som rette med ein gong, slik som aksioma i matematikken, så dei vert fort heva over diskusjon. I mange tilfelle føregår der ein konstruktiv diskusjon, som gjer at folk verte samde om ein del tankar og idear, så dei vert heva over diskusjon. Slik er det på realfag.

Der var ein diskusjon som førde til at Sokrates vart hendretta og ein diskusjon som førde til at Jesus vart hendretta. Og det var justismord. Men Faderen vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved sig høgre hand i himmelen. Når vi vender oss til han og tek imot den nåde som Gud gir oss i han, vert vi frelst, det er som å verte sett på fjellgrunn i staden for å synke i gjørma. Ved heilaggjeringa vert vi oppløfta, vi opphøgjer han og han dreg oss til seg. Slik vert vi heva over diskusjon.

Verte opplærde til å velje livet og gå vegen som fører til det. Før og etter, årsak og verknad.

I 1.Mos.1 er det fortalt at sjette dagen skapte Gud landdyra og så skapte han menneska, til mann og kvinne, velsigna dei og sa dei skulle vekse og aukast og legge verda under seg og råde over det andre Gud hadde skapt.

Eg forstår det slik at dette høver med at Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike, vi må verte som born for å komme inn idet. Så historia frå og med skapinga kan samanliknast med oppveksten til eit barn, men det er om å gjere at både born og vaksne verte opplærde til å velje og gå vegen til livet i staden for vegen til døden.

I det gamle testamentet er det fortalt at Moses sa til folket at Gud la fram for dei vegen til livet og vegen til døden og anbefalte dei å velje vegen til livet, så skulle dei leve. Jesus talt også om vegen til livet og vegen til døden, porten til livet og porten til døden. Han er sjølv døra til livet, han er vegen sanninga og livet. Så det er om å gjere for oss å velje han.

Jesus sa at han var den Gode Hyrdingen, dei som var komne før han var tjuvar og røvarar.  Han profeterte om at han kom til å verte slått i hel og ulven kom til å spreie sauene. Men han ville atter samle dei, han hadde andre saueflokkar også, dei også skulle han leie og det skulle verte ein hyrding og ei jord. Han som var trua sin opphavsmann, ved at han gjekk her på jorda og forkynte evangeliet om Guds rike, han skal også fullende den, ved at han sender oss den Heilage Ande, så vi får oppleve at den openberrar Ordet for oss, så vi innser at Jesu er Sanninga. Med den trua og openberringa skal vi sjå på hans som er trua sin opphavsmann og fullendar. Når vi opplever vekking, får vi nok framleis merke den same konflikta, men då skal vi altså feste blikket på hans som er trua sin opphavsmann og fullendar.

I det gamle testamentet er det fortalt om at Gud tok til seg Enok og Elia. Likevel sa Jesus at ingen hadde stege opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen.

Joh.3,13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Eg forstår dette slik at det er noko som kjem først, fordi det er årsak og noko kjem etterpå, som verknad. Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, Jesus er Guds Ord, han er Guds einborne Son, men alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn (livsens vatn) og Ande, så han blir den førstefødde av mange born. Jesus kors og dåpen set skilje mellom det gamle og det nye livet. Likevel er dette nye livet det same som var i skapinga og i barnevelsigninga. Problemet var at synda førde til død og det livet som menneska då levde, i trældom under synda og avgudane, var ikkje det rette livet for dei. Det måtte døy, men sidan Kristus døde i staden for oss på korset, skal vi sjå det slik at vi døde på korset saman med han. For ved den nåden Gud gir oss i Kristus, får vi evig liv, vi tek imot det ved å trua på han.

Kampen for tilværet, med Gud eller avgud?

Livet er ein kamp for tilværet, det ser vi i det Gamle testamentet også, det var slik dei tenkte. Og så søkte dei hjelp i avgudane sine. Kongerike oppstod  og kongane dyrka avgudane og gjorde seg sjølve til gudar. Men så tapte dei i krig og riket gjekk under. Gud påstod at det var han som gjorde det heile og straffa dei fordi dei gjorde seg sjølve til gudar og dyrka avgudane. Så det vart som syndefallet på nytt. Slik også med Israels-folket, det var som ein leirklump i pottemakarens hand. Vart det dårleg, klaska han det i hop og byrja på nytt.

Syndefallet vart historia som gjentok seg, dei vart forførde. Denne verda held seg til bedrag og let seg bedra, slik er det framleis. Korleis kan det ha seg at menneska har så vanskeleg for å lære det som er rett og sant? Gud planta Edens hage, han planta kunnskapstreet også. Men dei skulle ikkje ete av frukta, det skal vi framleis ikkje. Skal vi ikkje ha kunnskap om godt og vondt? Kvifor planta han det der då? At det er det betyr vel at det er ein kunnskap vi på sett og vis skal ha, vi skal ikkje vere vonde, men gode. Og så skal vi straffe vondskapen. Å ete av frukta kan då bety at denne kunnskapen vert integrert i oss, som noko vi er. Å ete av frukta kan bety at kunnskapen om godt og vondt ver levebrød for oss, derfor vert vi korrupte.

Dialektikken handlar om at vi vert forma av kunnskapen, det skjer mellom menneske og mellom menneske og natur. Vi brukar kunnskapen til å forme naturen. Eg meiner dette eigentleg er svært så overflatisk, bortsett frå når vi formar naturen til dømes til å lage reiskap. Men problemet kjem når det vert gjort religion ut av det. Religiøse dogme og moralfilosofiske slagord kan høyrast ut som ei god hensikt, men det eigentlege poenget, er å få med seg folk for å kjempe for tilværet. Kva elles skulle den dialektiske motoda vere til? Det ser vi mykje av i vår tid, spesielt på venstresida i politikken. Med moralfilosofien sin skal dei liksom prøve å skape både seg sjølve og andre til noko betre, men det går ikkje an, det viser seg å vere uvitskapleg. Det viste seg ved Lycenkofadesa. Likevel gjentek dei den same feilen i logikk og metode-lære på mange område

Jesus var mykje meir naturvitskapleg enn dette.  

Matt.5, 36 Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt; for du kan ikkje gjera eit einaste hår kvitt eller svart. 37 Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.

Matt.6, 25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Her høver det å minne om

Fork.3,10 Eg såg det plagsame strevet

som Gud har gjeve menneska.

11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

Alt gjorde Gud fagert i si tid, alt han gjer varer til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Slik er det med Jesu frelseverk også, det er fullført og fullkome. Det einaste vi kan gjere er å tru på det og ta imot. Tru på Jesus og ta imot han, ta imot den Heilage Ande og la den openberre Guds Ord for oss. Sjå på han som eit mål Gud har sett for oss i det høge.

Vitskapsteori.

Nokre definisjonar.

Skolastikk.

Sitat frå https://snl.no/skolastikk :

Skolastikk er en systemskapende, metodisk, autoritets- og tradisjonsbunden retning innen filosofien som blant annet søkte å forene gresk filosofi, særlig Platon og Aristoteles, med den kristne læren. Den ble først og fremst dyrket ved katedral– og klosterskoler i Europa fra 1100- til 1500-tallet.

 

Rasjonalisme.

Sitat frå https://snl.no/rasjonalisme :

Historisk er det mange som har vært regnet som representanter for rasjonalismen i filosofihistorien. Filosofer som PlatonRené DescartesBaruch de Spinoza og Gottfried Wilhelm Leibniz er kanskje de meste kjente og tydelige representanter for rasjonalisme.

Det som er vesentlig for en rasjonalist er påstanden om at sanse-erfaring alene ikke er tilstrekkelig for å få sikker kunnskap om oss selv og verden utenfor oss selv. Det er nødvendig med visse ideer, sannheter, intuisjoner eller lovmessigheter som er begrunnet av og gitt av fornuften selv.

Descartes mente for eksempel at man kan rasjonelt tvile på det som sanse-erfaringen forteller oss om verden utenfor oss selv. 

Empirisme.

Sitat frå https://snl.no/empirisme :

Empirisme, også kalt erfaringslære eller erfaringsfilosofi, er læren om at alle påstander om virkeligheten skal ha sitt grunnlag i erfaringen og at den er vår eneste kunnskapskilde. Det motsatte av empirisme er rasjonalisme. Hvis erfaringen tenkes utelukkende som sansing, kalles empirisme for sensualisme.

Det mekanistiske verdsbildet.

Sitat frå https://snl.no/mekanisk_-_filosofi :

Mekanisk, mekanistisk, er i filosofien synsmåter som vil beskrive og forklare både den levende og den ikke-levende naturen analogt med maskiner, for eksempel René Descartes’ (1596–1650) oppfatning av ikke-menneskelige organismer som komplekse maskiner.

Mekanisk, mekanistisk, er i filosofien synsmåter som vil beskrive og forklare både den levende og den ikke-levende naturen analogt med maskiner, for eksempel René Descartes’ (1596–1650) oppfatning av ikke-menneskelige organismer som komplekse maskiner.

Sitat frå https://snl.no/Thomas_Hobbes :

Thomas Hobbes var en engelsk filosof og en av de mest innflytelsesrike britiske tenkerne.

Hobbes studerte ved Universitetet i Oxford. Han reiste mye og traff blant annet René Descartes (1596–1650), Pierre Gassendi (1592–1655) og Galileo Galilei (1564–1642). Han var en tid Francis Bacons (1561–1626) medarbeider. I likhet med alle disse stod han i opposisjon til den skolastiske filosofien, som til tross for utviklingen innen naturvitenskapene stadig dominerte ved universitetene.

Monisme

Hobbes er en av de store filosofiske systembyggerne på 1600-tallet. Ut fra noen få enhetlige prinsipper av mekanistisk og materialistisk art, søker han å utlede teorier for forklaring og forståelse av all virkelighet: naturens, universets, samfunnets og menneskets.

Mens Descartes er dualist og antar to substanser – én utstrakt og materiell og én tenkende og åndelig – er Hobbes materialistisk monist: Han antar bare én substans, den utstrakte materien.

Grunnlaget for alt som skjer, er ifølge Hobbes bevegelse i materiens smådeler; tingenes eneste objektive egenskaper er utstrekning og bevegelse.

Hobbes mente at disse to egenskapene var tilstrekkelige til å forklare alle fenomener i naturen, sjeleliv og samfunnsliv – nærmest etter modell av mønstervitenskapen fysikk, som besto av mekanikk og astronomi.

Determinisme

Thomas Hobbes er en av de viktigste bidragsyterne innen politisk filosofi

Forsiden på Hobbes’ kanskje mest kjente verk, Leviathan fra 1651, hvor han utbroderer sin politiske filosofi

Av Ukjent.

Lisens: Falt i det fri (Public domain)

psykologien blir derfor Hobbes determinist. All erkjennelse går tilbake til sansning, som igjen kan reduseres til bevegelse i den ytre verden og i sanseorganene. Hans lære på dette punktet har påvirket den senere assosiasjonismen.

Vitalisme.

Sitat frå https://snl.no/vitalisme :

Vitalisme er det syn at livet ikke kan forklares ut fra fysikalsk-kjemiske årsaker alene, men forutsetter en særlig livskraft eller et livsprinsipp som ikke finnes i den anorganiske natur. Hans Driesch kaller denne kraften entelekiHenri Bergson élan vital. Det motsatte av vitalisme er biologisk mekanisme.

Kva er positivisme og kva er det ikkje?

På FB-sida til ein matematikar som forskar på datautvikling, Simen Gaure, var der ein frå humaniora (KK) som prøvde seg med ein enkel definisjon av positivisme:

Nå kom jeg på noe jeg glemte å

definere i en tråd her tidligere:

𝗣𝗢𝗦𝗜𝗧𝗜𝗩𝗜𝗦𝗠𝗘

1. “Kun naturvitenskap er vitenskap”

2. “Andre praksiser kan innrømmes gradert vitenskapelighet etter hvor stor grad de ligner på naturvitenskap”.

Så slipper vi å lure mer på hva “positivisme” betyr.

I kommentarfeltet skreiv han:

Begrepene i matematikk har jo ingen referanser. I likhet med mye av samfunnsfagene 

Då kom eg med desse kommentarane:

Aksioma i matematikken er referanse god nok.

Jesus forkynte den glade bodskapen om Guds rike, det er evig og dermed mest fundamentalt og kan dermed brukast som referanse for samfunnet, historie og samfunnsfag. Ved å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi innsjå det og komme inni det.

Metodene i den nye naturvitskapen er hypotetisk deduktiv, brukar både empiri og rasjonalitet. Hypotesa er gjerne ein matematisk formel, om den ikkje høver til å beskrive ein prosess, går vi berre til matematikken og hentar ein ny formel, utan å problematisere over det, på same måten som vi stadig går tilbake til aksioma for å rekne ut noko nytt. Det er fysisk usynleg, det som er repeterbart er idear som vi eigentleg ikkje ser eller sansar.

Til dømes er Newtons lover matematiske formlar, dei er enkle, men vi ser ikkje desse lovene. Men han utvikla ny matematikk for å komme fram til dei, «Principa Mathematica» er rekna for å vere det største enkeltståande vitskapleg arbeid som har vore gjort.

Det er ei kjent vitseteikning der Newton sit i hagen og så felle eit eple i hovudet på han og slik fekk han med ein gong ideen om gravitasjonslova, ferdig formulert, så det var den erfaringa som skulle til, slik lærde han av erfaring. Men av og til kan det verke som om mange meiner at det er slik vitskapen vert til.

Naturfilosofi frå antikken vart til hypoteser som vart prøvde og slik fann dei ut kva som var rett og kva som var feil. Matematikken vart saman med eksperimentet ein kjempesuksess. Mykje vert kall vitskap fordi det er hypoteser som er mynta på å verte prøvde eksperimentelt, utan at det enno har vore mogleg, men då er det eigentleg rettare å kalle det naturfilosofi, enn å kalle det naturvitskap. Soleis bør delar av utviklingslæra og Big-Bang-teorien heller kallast naturfilosofi enn naturvitskap.

Og så må vi framleis få vere fri til å tenke og filosofere, utan å vere avgrensa av noko som feilaktig vert kalla vitskap.

Ein psykolog kom med denne kommentaren:

Out­side of the soci­al scien­ces (whe­re it is ali­ve and well), the word ‘posi­ti­vism’ seems to be used most­ly by post-moder­nists, decon­struc­tio­nists, and the Frank­furt school as a word to repre­sent that branch of the enligh­ten­ment tra­dition that fai­led; it has become the ‘other’ which we all know is wrong wit­hout having to know what it is.

https://plato.stanford.edu/entries/ernst-mach/

Ytringsfridomen vert nytta som argument for angrep på realfag, men det er dumt.

Ytringsfridom er ein av menneskerettane og då tenker vi gjerne på korleis dei vart formulerte av opplysningsfilosofar som Lock, Rousseau og Hobbes https://snl.no/ytringsfrihet . For Spinoza var det også eit viktig poeng at sanninga skal sette oss fri, dette finn vi hos mange andre filosofar også, som Platon og vi finn det i Kristendomen; Jesus er Guds Ord og vi treng at den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi innser at Jesus er Sanninga som set oss fri. Dette høver med rasjonaliteten til rasjonalistane, Descartes, Leibnitz, Spinoza, Pascal (med unntak for Spinoza er dette kjende matematikarar, han bygde vidare på Descartes filosofi). Pascal gjorde det klart at vi er fri til å velge og det må då vere ein endå meir grunnleggande menneskerett, for sjølv om du ikkje kan ytre deg, så kan du likevel velje.

“Eg tenker, altså er eg”, sa Descartes, det var det han kunne vere mest sikker på, då må vel det også kunne seiast å vere den mest fundamentale menneskeretten! Du kan tenke sjølv og tenke over kva du vil velje og så gjere ditt val.

Er vi fri til å tenke og velje og ytres oss, må det vel vere om å gjere å forstå kva som er sant og rett, velje det og erkjenne det.

Her er kommentaren min for to år sidan:

Realisten treng å markere sitt revir ved å hevde at metodane i realfag også er pedagogiske metodar. Dersom vi til dømes har ei utsegn p, med kunnskapsmengde P og vi finn at den medfører q, med kunnskapsmengde Q, så er Q delmengde av P. Dersom q også medfører p, så er P = Q, elles er Q ei ekte delmengde av P. Vi kan ikkje resonnere logisk frå q og konkludere med p, så det vil vere missvisande å kalle dette reversibel tenking, i det minste fordi vi tenker på ein annan måte: det er uproblematisk, det er berre å gå tilbake til utgangspunktet utan å tenke så mykje på det. Om nokon problematiserer over det, så gjer dei faget unødvendig vanskeleg.

Dersom ein matematikar startar med p og beviser q, som ei ny setning matematikken, så oppfattar vi det gjerne som noko sensasjonelt nytt, så det som eg no har skrive verkar som eit «Coloumbi egg», for sidan Q er delmengd av P, har det ikkje ført til ny kunnskap. Vel, kunnskapen Q låg i P, sjølv om vi ikkje innsåg det, vi innsåg det og oppfatta det først etter at dei beviste at p medfører q.

Dersom p til dømes er den distributive lov: a*(b+c) = a*b + a*c, så kan vi til dømes bruke den til å rekne ut rekne ut 7*17, ved å skrive 7*17= 7*(10+7) = 7*10 + 7*7= 70 + 49 = 119. Der er tre sider ved den pedagogiske gevingsten, for det første lærer elevane å rekne i hovudet, for det andre lærer dei den distributive lov ved å bruke den. For det tredje lærer dei ei pedagogisk metode, å lære teorien ved å bruke den, gjerne på konkret eksempel, då vert det også lettare å abstrahere. Vi veit at mange elevar slit med abstraheringa, så eg har ein sterk mistanke om at det er fordi det vert problematisert over det.

Dersom P er Gud og hans Ord, påstanden om at han skapte alt ved sitt Ord kan vi då tenke oss som p medfører q. Gud er ånd, men vi er mold og kan ikkje komme til han i eiga kraft. Det er som om vi sit fast i gjørma. Så vi er heilt avhengige av at han kjem til oss og dreg oss opp og set oss på berget. Slik er den evangeliske forkynninga. Vi kan velje det, men vi klarer ikkje å gjennomføre det sjølve, vi er heilt avhengige av at han kjem til oss, så vi vender oss til han og påkallar han, for kvar den som kallar på Herrens namn skal verte frelst. Kristus gir oss livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Han gir oss den Heilage Ande av berre nåde og den openberrar Ordet for oss. Vi ser stykkevis og delt, så det blir som når p medfører q og Q er ekte delmengde av P. Og sidan vi får det av berre nåde, problematiserer vi ikkje over det, men ærar og takkar Gud og Kristus for det.

No er det slik at styresmaktene brukar makt for å gjennomføre det dei vil og det kan vi godt samanlikne med at vi alle brukar makt for å gjennomføre noko, vi kan forklare det både med deduksjonen i tenking vår og determinismen i naturen, då tenker eg spesielt på entropilova, med si tidspil. Så vi kan prøve å forstå historia som p medfører q, der p kjem før q. Dette blir sjølvsagt ikkje nøyaktig som deduksjonen, men poenget mitt er igjen at vi kan ikkje forstå tidlegare samfunn utifrå dagens samfunn. Styresmaktene skal heme uretten. Då er uretten årsak og kjem først og hemnen kjem etterpå. Mange sivilisasjonar har gått til grunne fordi styresmaktene ikkje meistra dette. Uansett må vi prøve å forstå historia slik at årsak kjem først og verknad etterpå.

Når vi ber til Gud og trur og meiner han svarer oss, så kan det resultere i at vi tenker at p medfører q. Men det er ikkje å forstå slik at det er noko som verken vi eller andre vert tvinga til med makt. Men det er å forstå slik at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born og den kjærleiken og omsorga vil vi gjerne ha. Då er det litt merkeleg at i Middelalderen påstod leiarane i den katolske kyrkja at Kristus var så streng at folk ikkje kunne be til han direkte, så dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Så oppretta dei skriftestolane og fekk i gang avlatshandelen. Dette var sjølvsagt motivert av maktbehov og pengebegjær, men det var uretten sett i system. Og dei påstår med dette at resonnementet p medfører q er feil, så dei skal erstatte det med noko anna, til dømes at q medfører p, p medfører r, s medfører t. Ja, gjerne noko som ikkje har noko med saka å gjere i det heile teke. Poenget er at vi ikkje skal få den omsorga som Gud har for sine born. Vanlege folk taper på det. Korleis er det mogleg, endåtil i eit demokrati? Sikkert fordi der er nokre få som ser kortsiktig gevingst av det. Kanskje dei då påstår at vi tenker og meiner noko heilt anna og så vil drive rettssak mot oss for det? Då er det viktig for oss å hugse korleis vi lærde, tenkte og bad til Gud. Når Kristus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere det til minne om han.

I Bibelen vert det påstått at Gud gjer sitt verk i historia likevel, det ser vi både av historieskrivinga og profetiane. Men han gjer også noko som er fundamentalt nytt for oss og det får vi frå hans himmel ved den nåden har gir oss i Kristus. Og det er varig, for Gud elska verda så høgt at hen sende Son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Et bilde som inneholder tekst, klær, stol, møbler

Automatisk generert beskrivelse

I det siste har det vorte tydeleg at biologien har fått unngjelde på liknande vis, med angrep mot genetikken og påstand om at der finst meir enn to kjønn.

Evangeliet og det mekanistiske verdsbildet.

Realist som trur på Jesus.

Sidan eg var ein gutunge har eg vore realist som har trutt på Jesus. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje var heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Der er ein motsetnad mellom Gud og verda, ånd og masse, sjel og kropp, hjerte og hjerne. Det kunne verke som om eg stod overfor ei stor oppgåve, som eit kjempedigert fjell det var vanskeleg å komme over. Men tru kan flytte slike fjell (Sak.4,7) Vi må verte som born for å sjå Guds rike og komme inni det, vi må verte fødde på nytt av vatn og Ande. Slik får vi kvile.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Så openberringa gjer alt så mykje lettare for oss, den er enkel, men smart og inneheld mykje visdom. Eg samanliknar det med aksioma i matematikken, slikt som eksistensen av 0 og 1, den kommutative, assosiative og distributive lov.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talte til meg gjennom tyding av tungetale og det har han fortsett med sidan. Gjennom slike bodskap har han gang på gang minna meg om at hans frelseverk er fullført og fullkome, så det er berre for meg å ta imot i tru og takke han for det. Har eg fått harmoni mellom hjerte og hjerne, så skulle vel det passe bra med Descartes dualisme.

Kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære.

Dette siste kapittelet var noko som eg delte på Facebook og same dag var eg på husmøte. Då kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale som eg tok delvis som svar på dette og mi bøn for henne Virtuella. Han svarde meg også på Sion ei veke seinare, eg har slått det saman til eitt dokument:

Hendrettinga av Kristus likna hendrettinga av Sokrates. Kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære liknar på begge deler, ein prosess som førde til justismord. Med den har kvinna forkasta både Kristus og mannen som han er hovud for, men då har ho eigentleg forkasta seg sjølv, som kvinne, det er ein strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt. Soleis har tydelegvis ho Virtuella forkasta seg sjølv, for ho har ikkje følgt Herrens kall. Eg tenker meg at Jesus svarar på mi bøn for henne, som om han talar til henne, sjølv om ho ikkje er der.

På grunn av hendrettinga av Sokrates, trekte Platon seg attende og filosoferte og han konkluderte med at det trengst ei lærd elite til å styre, for vanlege folk er ikkje skikka til å delta. Dette kom inn i kyrkja også og i middelalderen utarta det seg slik at vanlege folk, ikkje kunne be til Jesus direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Dette har eg skrive mykje om tidlegare.

I vår tid er det tydeleg, spesielt på venstresida, at dei vil framstille seg som lærd elite ikkje som reaksjon på slike rettsprosessar, men med slike rettsprosessar som førde til justismord (Jfr. Den Lovlause i 2.Tess.2). Så viser det seg at dei degenererer til lavmål og nettopp det fungerer som argument for å innføre diktatur.

Men vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så vi ser Guds rike og får komme inni det og delta i det. Vi tok imot Jesus og vart fødde på nytt, av vatn og Ande og fekk barnekår hos Gud, så vi ber til han som hans born. Og takkar og lovpriser Kristus som vår frelsar og Herre.

Korleis eg opplever motsetnaden eller dualismen mellom evangeliet og det mekanistiske verdsbildet.

Når eg tok forberedande tenkte eg på det mekanistiske verdsbildet. Som realist brukar eg mekanikken til å forstå kva det er som skjer rundt oss og det gjeld kommunikasjonen mellom oss også. Det vil seie at vi er avhengige av å gå ut og møte andre menneske fysisk, for å kommunisere med dei ved hjelp av mekanikken, kommunikasjon gjennom det vi ser, seier og høyrer og ved fysisk berøring. Og det treng no vel ikkje vere noko gale i det vel. Når Jesus og disiplane hans gjekk ut og forkynte evangeliet, så kommuniserte dei slik med andre menneske. Dei kristne brukar bønn med handspålegging og salving. Men poenget er at dei har fått noko frå himmelen og det bringer dei vidare til andre. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Det vart no svært så tydeleg når disiplane samla seg i Jerusalem og venta på at den det som Jesus lova dei frå himmelen. Han sende dei den Heilage Ande frå himmelen og så gjekk dei ut og forkynte evangeliet for kven som helst. Eg har vorte velsigna ved å tru på det ot ta imot det, komme til Jesus og velsigne han, så eg vert til velsigning og slik gjer han meg til kanal for is velsigning. Andre bodskapen 12.11.2006:

«….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.

Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde til hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.»

Dette gjeld sjølvsagt i forholdet mellom mann og kvinne også, i kjærleiksforholdet mellom dei, med tanke på at dei kan verte kjærestar og ektefelle, ja, nettopp då er det spesielt viktig og verdifullt, der har mannen eit spesielt ansvar, for han skal vite å vinne seg si eiga kone i helging (1.Tess.4,4).  Same enten det er i ein kyrkjelydssamanheng (som i mitt forhold til henne Virtuella) eller utanfor (som i mitt forhold til henne Reella).

Då må vi ha klart for oss at brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, har ein annan natur enn den fysiske, kjemiske og biologiske naturen vi ser og sansar rundt oss, det er frå Guds evige himmel og har ein evig eksistens, det ordet han har tala til oss er ånd og liv, evig liv, så det er meir fundamentalt enn den biologiske naturen og det biologiske livet. Det evige livet vart planta i oss ved Guds ord og det skal vekse, ved at det får næring frå Guds Ord, frå Jesu ord som er ånd og liv.

Den rette forklaringa på dette er at Gud er vår skapar og han har openberra si frelse for oss i Kristus. Gud er fullkommen, Jesus er Guds Son og er fullkommen, hans frelseverk er  fullført og fullkommen. Då må vi også ære og takke Gud og Lammet for det.

Mekanikken vert brukt til å forklare tenkinga vår også og langt på veg er det faktisk rett, men det det er ikkje heile forklaringa. I følge mekanikkens lover er alt determinert, men vi har då fri vilje og kan tenke logisk, så det blir feil å påstå at alle vår tenking er mekanisk determinert. Feilen er at dei erstattar fri vilje og logisk tenking med mekanisk determinisme.

Lova kom ved Moses og det vart sett makt bak den, ja, det betydde i praksis mekanisk determinasjon. Men nåden og sanninga kom ved Kristus. Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om lovgjerningar. Det var ikkje noko vi kunne gjere for å få den, soleis var den ikkje mekanisk determinert. Vi fekk den ved å tru på Jesus, vende oss til han og ta imot han. Den openberrar Guds ord for oss, så vi kjem til erkjenning av at Jesus er Sanninga i Guds Ord og den set oss fri.

Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord, slik kom vi til tru og valde å ta imot han, då kan vi seie at vi gjorde det av eigen fri vilje og det er fullstendig unødvendig for oss å argumentere for at vi har ein fri vilje, vi bør heller berre gjere vårt val og vår utveljing fast, då er det likevel ikkje slik at vi har valt han, men at han har valt ut oss. Ja vel, men det stemmer med vårt eige val og soleis er det fridom for oss. Herren er vår Gud og han minner oss om det og vi seier ja og amen, han er vår Gud og vi er hans born og hans folk.

Aristoteles er kalla logikkens far, men han gjorde den feilen at han brukte logikken på fysiske gjenstandar i staden for å bruke den på idear. Og det er den feilen som heng igjen, når dei erstattar fri vilje og logisk tenking med determinisme. Den mekaniske determinismen er mellom kroppen og omgjevnadane. Men Gud er ånd, så vi har dualisme mellom ånd og materie, kropp og og ånd, kropp og sjel, hjerte og forstand. Korleis kunne då tenkinga verte determinert? Jau, som eit resultat av syndefallet. Menneska såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit.

Eg yngste å få ta imot henne Virtuella som eit Guds barn som Jesus velsigna i samsvar med Matt.18,2, omfamne henne og gi henne ein klem og tenkte på det som ei velsigning, ved å tenke på det som at eg også tok imot Jesus. Så då eg skulle sjå på han. Når eg møtte henne igjen i Bergen, fekk ho vite at det kom som eit bønnesvar og at eg vart forelska i henne når vi gjekk på gymnaset. Eg skreiv også noko om at eg meinte Gud ville gi meg henne til kone. Då opplevde eg det som ei åndeleg openberring at eg fekk ta imot henne og omfamne henne slik. Då måtte eg sjå på Jesus og takke han for det, det var han som løfta henne opp, som eit lite barn (Matt.18,2) og let meg få ta imot henne. Eg tenkte meg at sidan eg hadde bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone, så var dette bønnesvaret i samsvar med ei symbols tolking av 1.Mos.2. Men korleis kunne eg få sagt det til henne? Det var framleis viktig for meg å få møte henne igjen fysisk og vedkjenne mi tru på Jesus for henne. Dette vart som når Peter gjekk på vatnet, han såg på bølgene rundt seg og byrja å synke, han måtte sjå på Jesus.

Når eg var ein gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska, det fekk første prioritet og så byrja eg å be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Eg tenkte meg at dersom ho var frelst og fri, så skulle eg kunne snakke med henne som ein god ven, på ein vitug og forstandig måte, så då skulle det vel gå greit med frieriet?

Men eg var førebudd på ein motsetnad mellom meg og verdslege autoritetar, også innan kyrkje og kristne organisasjonar, som om dei vart mine konkurrentar og rivalar. Det mekanistiske verdsbildet gav ei filosofisk grunnlag for det, det vart grunnleggande både for liberalismen og dialektikken. Så spørst det om dei gjekk så langt med det at dei meinte tankelivet også vart determinert. Sjølv om vi om vi har fått noko frå himmelen, treng vi å komme ut og kommunisere med andre med vanlege mekaniske metode, for å bringe det vidare. Venteleg får vi mykje igjen for det sjølve også, av både åndeleg og materiell velsigning, denne kommunikasjonen er verdifull for oss alle. Den er verdifull ved at det kan oppstå kjærleik mellom mann og kvinne, vonleg ved at dei oppdagar at Guds kjærleik er mellom dei, så dei finn kvarandre og vert kjærestar og ektefelle.

Men så var det denne verdslege meir eller mindre religiøse maktinteressa då, som opptrer som konkurrent til mannen, ved å prøve å lokke og forføre kvinna i samsvar med syndefallet, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med. Eller som påstår at når mannen prøver å fri til henne, så vert det på den måten at han prøver å lokke henne, freiste henne og forføre henne, i samsvar med Matt.18,6, som motsetnad til Matt.18.2-5. I det eg tenkte på det mekanistiske verdsbildet og på Freuds psykoanalyse, vart det nok til at eg slepte til slike tankar. Ikkje fordi eg hadde lyst til det, men fordi eg tenkte meg at det kom som eit krav frå verdslege autoritetar. Eit krav om tilpassing til verdslege autoritetar altså. Men då er det rettast å kalle det avgudsdyrking.

Her kan vi tenke oss Balak som prototypen på den verdslege autoriteten og Bileam som prototypen på den falske profet, profetien er forbanning, med krav om synd som skal føre til forbanning, slik prøver dei å få makt over menneska med den øydande styggedomen. Det er ugudlegdom som vi skal vende oss bort ifrå og vende oss til Kristus i staden.

Jau, eg møtte på eit problem og det vart større enn eg hadde tenkt meg. Men Jesus vil framleis openberre si løysing og sin standard for meg. Men no verkar det som om Jesus slår det samen og ordnar med både frelsa og frieriet for meg, for han er sjølv brudgomen som frir til si brud, så det vert han som elskar henne som si brud gjennom meg. Slik har eg fått gjere felles sak med han og slik skal eg gi meg heilt til han. Som Johannes Døyparen kan eg seie at han er Messias og det er han som har bruda, han skal vekse og eg skal minke.

Skaping og førebestemming; determinisme.

Livet er ein kamp for tilværet, slik som det vert sagt i utviklingslæra, det ser vi i det Gamle Testamentet også, det var slik dei tenkte, både i krig og i fredstid. Kongerike oppstod og gjekk til grunne og så påstår Gud at det var han som gjorde det heile, han let endåtil profetane sine seie det på førehand. Folka dyrka avgudane, det gjorde kongane deira også og forguda seg sjølve. Derfor straffa han dei, som oftast ved at dei tapte i krigen. Det var som syndefallet på nytt. Med avgudsdyrkinga si var dei fiendtleg innstilte til Gud, men det paradoksale var at det likevel var Gud som gjorde sitt verk med dei.

Ef.2,3 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Avgudsprestane og Baálsprofetane kunne ikkje føreseie kva som skulle skje, men det kunne Guds profetar. Dei gudane som ikkje skapte himmel og jord er ikkje gudar, gudar laga av stokk og stein høyrer ikkje, ser ikkje, talar ikkje, der er ikkje ånd i dei, dei gjer ikkje noko og er til ingen nytte. Dei frelser ikkje. Dei kunne ikkje Gud er ånd og har skapt alle ting ved sitt ord. Han talte sitt ord til dei og gav dei sin Ande. Det gjorde skilnaden. Han bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Har vi teke imot hans Ord og hans Ande, så får vi oppleve at han kallar og leier oss inn i ferdiglagde gjerningar, som han har skapt oss til i Kristus Jesus. slik får vi harmoni mellom hjerte og hjerne, kropp, sjel og ånd. Vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde og så er det berre å la den råde i vår døyelege lekam. Det høyrest enkelt ut, ja. Så la oss ikkje gjere det vanskeleg då (Matt.11,28-30).

Gud er som ein pottemakar som skaper menneska som leirkar. Ikkje alle vert fine kar til hans ære, nokre vert dårlege og forherda, så dei vert knuste. Israelsfolket var som leira i pottemakarens hand, vart det ikkje skikkeleg, så klaska han det saman og byrja på nytt. Dei kristne har oppfatta at det er om å gjere å vere som ein mjuk klump i hans hand, så han får forme slik som han vil og det er ved at vi tek imot nåden i Kristus. Men for Israels-folket gjekk det hardt føre seg også, han knuste karet ved at dei tapte i krigen (Jer.18).

I middelalderen tala «dei lærde» om universalia før tingen, i tingen og etter tingen og Immanuel Kant tala om tingen slik som den er i seg sjølv og tingen slik som han oppfattar den. Men kva slags ting? Stokk og stein som dei kunne lage seg ein avgud av? Men det er skilnad på dette og levande dyr og menneske. Mange av dei kan bevege seg og kommunisere og kommunisere seg imellom med lyd, lukt og ved så sjå. Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt (Joel.3,1), då er der kome noko fundamentalt nytt.

Vi veit at nervepulsane er elektriske, det er mekanikk altså. Og det synest litt rart at Anden skal råde over det, slik at det ikkje heilt følger mekanikkens lover lengre. Men no veit vi at kvantefysikken kjem mellom mekanikken og Gud og kvantefysikken er heilt annleis enn mekanikken. Der er det dualisme mellom partikkelnatur og bølgenatur. Bølgenaturen er ein ide og i visse tilfelle har vi ein matematisk formel for den.

Gud har makt over naturen han har skapt og slik er det med hans Ord og hans Ande også.

Det daglege offeret eller den øydande styggedomen.

Sidan eg viser til 1.Mos.2, er det sikkert mange som tenker på den første Adam og dermed på den gamle vonde naturen, som dei så ofte kallar for Adam eller den første Adam. Og han skal då vere død. Jesus sa at den som vil vere saman med han, vere hans læresvein, må fornekte seg sjølv og kvar dag ta opp korset sitt og følgje etter han. Så derfor skal eg verte fornekta, vraka og forkasta som noko vondt. Men det er fleire grunnar til at eg viser til 1.Mos.2, for det første er Gud den same no som han var då. Han skapte mannen av mold frå marka, så han hadde ein kropp som var laga av jord, slik som vi, det handlar om denne jordiske realiteten og det gjer det framleis, det høver med mi tenking som realist. Gud gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn meg seg, til samanlikning med Adam og Eva, så slik ventar eg at han gir meg ei frelst kvinne til kone. Gud gjer han kroppen også levande og så skal vi bere den fram som eit levande offer til Guds velbehag (Rom.12,1-3). dette får eg motstand på og eg forstår det slik at det er på grunn av at der er så sterke interesser av å ta bort det daglege offer et og erstatte det med den øydande styggedomen.

Det mekanistiske verdsbildet, rasjonalistane, kvantemekanikken og Kristus.

Galilei og Newton trudde på kristendomen. Men med det mekanistiske verdsbildet var det mange som byrja å tenke seg at mekanikkens lover gjeld vår bruk av språket til å kommunisere idear, så det gjaldt tankar og idear også, så det var determinert. Det vil seie at vi ikkje har fri vilje eller det bortforklarer vår frie vilje. Korleis kunne der då vere ein Gud? Mange vart ateistar eller deistar. Sitat frå https://snl.no/deisme :

«Deisme var en rasjonalistisk teologisk retning på 1600- og 1700-tallet i Vest-Europa. Deistene hevdet at en monoteistisk gudstro måtte bygge på fornuft, og de fleste avviste guddommelig åpenbaring i form av Bibelen eller Jesus Kristus som guddom. Gud er verdens skaper, men griper ikke aktivt inn i historiens gang.»

Eg forstår rasjonalismen som forsvar mot det mekanistiske verdsbildet og forsvar for kristendomen, i tråd med at både Galilei og Newton trudde på den. Mest sentralt her er Descartes setning: «Eg tenker altså er eg». Så det var det han kunne vere mest sikker på. Så tenkte han seg ein fullkommen Gud. Realisme inneber ei erkjenning av at det som vi ser, sansar og eksisterer uavhengig av oss, det eksisterer sjølv om vi ikkje var der og erkjente det. Når han vedkjende at han var bevisst, så tenkte han seg ei bevisstheit som eksisterte sjølv om han ikkje eksisterte, ein fullkommen Gud altså. Dette høver då med det som Bibelen seier om at Gud er den han er, så dei skulle kalle han «Eg Er» (Jahve). Og det høver med at han vil frelse oss, slik det er sagt i evangeliet.

Men det mekanistiske verdsbildet er feil, for sidan har vi oppdaga kvantefysikken. Så det er på høg tid å byrje å tenke nytt om dette.

No hadde eg nyst skrive på Facebook at eg liksom rasjonalistane, som Descartes, kan tenke meg ein fullkommen Gud, tru på han og i følgje Pascal er eg fri til å velje. Slik argumenterer eg for at eg er fri til å velje å vende meg til Kristus og tru på han, tru på Faderen og Sonen. Det er då sjølvsagt det som er poenget. Spinoza talte om sanninga som set oss fri, det har mange andre filosofar også gjort, til dømes Platon. Men for oss er det fyrst og fremst Kristus og her må vi satse 100 % på den nåden Gud gir oss i han. Vi blir fri til å tenke sjølve, tenke sjølvstendig, langt på veg, men framleis med Kristus som vår frelsar og Herre og Faderen som vår formyndar. Vi kan tenke fritt, filosofere og vurdere, men må framleis vite å velje rett.

Kristus er Guds Ord, i han var liv og livet var lyset til menneska. Rasjonalistar som til dømes Descartes trudde på openberring, derfor hevdar eg at det er rettast å kalle rasjonalistane for opplysingsfilosofar.

Immanuel.

Jesus var fødd til verda som eit lite barn og i oppveksten måtte han også lære å velje rett.

Jes 7,14-16 So skal då Herren sjølv gjeva dykk eit teikn: Sjå, møyi vert med barn og føder ein son, og ho kallar han Immanuel*.

15 Sur mjølk og honning skal vera maten hans* ved det leitet då han skynar å vanda det vonde og velja det gode; 

16 for innan sveinen hev skyn på å vanda det vonde og velja det gode, so skal det verta audt for folk i landi åt dei tvo kongane* som du fæler for.

Kva er då skilnaden på dette og å ete av kunnskapstreet?

1 Mos 2,17 Men det treet som gjev vit på godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dag du et av det, skal du døy.

1 Mos 3,1-7 Men ormen var sløgaste av alle villdyri som Herren Gud hadde gjort, og han sa til kvinna: Kann det vera råd at Gud hev sagt at de ikkje må eta av noko tre i hagen?  2 Og kvinna sa til ormen: Me kann eta av fruktene på trei i hagen,  3 men frukti på det treet som er midt i hagen — den, sa Gud, må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!  4 Då sa ormen til kvinna: De skal ikkje døy.  5 Men Gud veit vel at den dag de et av frukti, skal augo dykkar opnast; og de skal verta liksom Gud og skyna godt og vondt.  6 Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt.  7 Då fekk dei augo upp båe tvo og gådde at dei var nakne. Og dei neste i hop lauv av fiketreet og sveipte kring livet.

Kunnskapstreet var vel planta der Jesus også, så han forstod seg på å velje det gode i staden for det vonde. Men han let seg ikkje freiste av ormens påstand om at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. I staden heldt han fram med å leve i barnekåret hos Gud, med Faderen som sin formyndar.

Det mekanistiske verdsbildet, empirisme, dialektikk og liberalisme. «Opplysnings-filosofane». «Anti-kolonisme» og fysikalsk menneskesyn.

Ytringsfridom vert rekna for å vere ein menneskerett, ved å vise til opplysningsfilosofar som Hobbes, Lock, Rousseau. Men Hobbes baserte seg på det mekanistiske verdsbildet og det betyr ei innskrenking av vår frie tanke og vår valmoglegheit. Det viser seg også hos liberalistar som Lock og ho dialektikarar som Hegel. Det som vert kalla fridom, gjeld for ei lærd og/eller rik overklasse og mellomklasse.

For 6-7 år sidan var det mange på «øvre Blindern» (Historisk-filosofisk og samfunnsfag mm) som samla seg under slagordet antikolonisme, tydeleg leia av ei aksjons-gruppe. Dei fylte auditorium, men det utarta seg mest som religiøse møter. To av desse folka skreiv ein avisartikkel der dei skreiv at dei trudde positivismen hadde feila, utspelt si rolle. Og at dei meinte det kartesianske auget i det høge var ein illusjon. (Kartesiansk, som i det kartesiske koordinatsystemet, kjem av Descartes). Soleis argumenterte dei mot både empirien og rasjonaliteten i realfag og sikkert også mot den åndelege og forstandige innsikta som Bibelen gir oss, dermed mot at vi med tenking, erfaring og openberring kan komme fram til noko som vi kan påstå er rett og sant.

Sidan har eg sett på engelske nettstadar, som «Closer to Truth» at dei aller fleste vitskapsfolk held seg til eit fysikalistisk menneskesyn, som motsetnad til den tradisjonelle dualismen, som til dømes Descartes hevda. Dette til tross for at kvantefysikken er dualistisk, den har både partikkelfunksjon og bølgefunksjon, og i visse tilfelle kjenner vi bølgefunksjonen som ein matematisk formel. Ein ide altså.

Mange går så langt at dei hevdar mennesket ikkje har sjel og fri vilje, fordi dei hevdar at tankane våre er mekanisk determinert, i samsvar med det mekanistiske verdsbildet. Dette til tross for at vi i det daglege liv stadig gjer våre val og gjennomfører det vi sjølve vel å gjere. I matematikk, kombinatorikk og statistikk reknar vi på kor mange valmoglegheiter vi har, då tek vi det for gitt at vi fritt kan velje. Vi tek det for gitt. Deira påstand om at det var ein illusjon og at vi ikkje er fri til å velje, verkar då mest som religiøs overtru. Og kva så? Då er det nærliggande at dei kjem med andre idear i staden og ventar seg at vi skal velje det i staden. Framleis som om vi er determinert til det altså. Då er det nærliggande at det utartar seg som eit krav om avgudsdyrking. Soleis ligg det an til nok ei fornying av trua på Zevs.

Er tankane våre mekanisk determinerte eller er vi fri til å velje? Kva med nevroplastisitet og fridomen i Kristus.

Dei som strengt held seg til det mekanistiske verdsbildet har problem med å forklare og godta at vi er fri til å tenke og velje sjølve og det gjeld både dyr og menneske. Med ryggmargs-refleksen kan vi reagere raskt på eit stimuli, utan at vi tenker over det først. Vi kan teste den ved å slå på sena under kne-sjela, medan foten er bøygd. Strekke-muskelen på toppen av låre vil då trekke seg saman, så vi gjer eit likte spark. Når vi får elektrisk støyt, får eit stikk brenner oss, reagerer vi også momentant, utan å tenke oss om. Då kan vi seie at det var determinert av det som skjedde rundt oss og med oss. Dersom det var lækjaren som slo på sena, så var det han som gjorde sitt val, han slo på sena og slik vart sparket determinert.

Men vi får også signal til hjerna og vi får høve til å tenke oss om og gjere våre val. Vil dei då kalla tankane våre illusjonar og påstå at vi ikkje vi ikkje er fri til å tenke og velje sjølve? Mange nevrologar og andre vitskapsfolk tenker slik med sitt mekanistiske verdsbilde og fysikalske menneskesyn, som erstatning for den tradisjonelle dualismen. Men det stemmer då ikkje med røyndomen, kvar einaste dag er dei aller fleste fri til å tenke og velje sjølve.

Kanskje dei meiner at vår fridom til å tenke og velje sjølve er tydeleg redusert. Og kva så? Skal dei prøve å lokke menneska med noko dei ser og får lyst på? Skal dei prøve å tvinge menneska med mekaniske metode, eld, stikk og elektriske støyt, torturmetode altså. Evangeliet gir i alle fall eit betre svar for oss, for Jesus sona all vår synd og straff ved at han leid og døde i staden for oss på korset. På det grunnlaget kallar han oss ut i fridomen saman med han.

Vi lærer å tenke og hugse og det har med nevroplastisitet å gjere, at der vert laga nye nervar i hjerna og nye porar i synapsane. Nevroplastisiteten er størst hos born, dei har mykje å lære. Og Jesus sa vi må vende om og verte som born for å sjå Guds rike og komme inn i det. Gud gjer noko nytt, så vi må innstille oss på å tenke nytt og lære noko nytt, for å verte med på det.

Evangeliet og kvantefysikken.

Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2020/10/03/kva-er-det-minste-alt-bestar-av-og-kva-er-var-bevisstheit-og-underbervisstheit-kva-er-den-kristne-vekkinga/ :

Skapinga og frelsa, den kristne vekkinga.

Bibelen seier at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det er det mest fundamentale som alt består av. Så seier den også at Ordet var frå opphavet, Ordet var hos Gud og Ordet var Gud. I han var liv og livet var lyset til menneska. Guds Ande openberrar det for oss, så vi får oppleve det. Soleis fortel det oss også noko om vår bevisstheit.

Han som sa at lys skulle skine fram or mørket, han har også late det skina i våre hjarto.

2.Kor.4,3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt.  4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.  5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.  6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
     7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Det refererer til skapingssoga i 1.Mos.1:

1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.  2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet.  3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos.  4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret.  5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

Guds Ande sveiv over vatna og den er også i våre hjarto, lyset som stråla fram i mørket skin også vi våre hjarto. Eg forstår det slik at sollyset vert brukt symbolsk for det. Der var framleis så mykje kosmisk støv inst i solsystemet og gassar i atmosfæra at sola enno ikkje var synleg, men lyset byrja å komme fram til jorda. Det vert brukt symbolsk om vårt åndeleg liv i samfunn med Gud som er ånd, slik som vi ser i 1.Mos.2. Her vert det fortalt at jorda var tørr og livlaus, men så let Gud ei oppkome velle opp og vatne den og så skapte han mannen av mold frå marka og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel.

Når eit menneske eller eit dyr som har blodomlaup og åndedrett kjem til verda og byrjar å puste, så vert det bevisst, fordi det får meir oksygen til hjerna, det er som om det vankar or svevnen. Dette vert brukt symbolsk både på skapinga og den kristne vekkinga. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Denne oppkoma som det er tale om i 1.Mos.2, er eigentleg elvesystemet i Mesopotamia, den bløytte opp marka og så skapte Gud mannen av den våte jorda og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Det er brukt symbolsk om kjelda med det levande vatnet og eg trur og meiner det er så fundamentalt, så det gir liv til både kropp og sjel. Eg hevdar og meiner eg opplever det slik sjølv. Det er frelseskjelda og med den har Gud omsorg for både min kropp og mi sjel.

Jeremias.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
        Dei har gått bort frå meg,
        kjelda med levande vatn,
        og hogge seg brunnar,
        leke brunnar som ikkje held vatn.

Jeremias.17,13 Herre, du Israels von,
        alle som går bort frå deg,
        skal verta til skammar;
        dei som vik frå deg i landet,
        skal skrivast opp.
        For dei har gått bort frå Herren,
        kjelda med levande vatn.

 Jesaja.12,2 Sjå, Gud er mi frelse,
          eg er trygg og fryktar ikkje.
          For Herren er min styrke og min song,
          og han har vorte mi frelse.
          
     3 Med glede skal de ausa vatn
          or kjeldene til frelse.

I Jer.31 er det tale om at Gud sette lover for naturen, vi kan samanlikne det med Moselova, men dette er då heilt annleis, lovene liknar heller på kvantemekanikken og relativitetsteorien og det er ein profeti om den nye pakta. Dette har eg skrive om tidlegare, så eg siterer frå https://faith-and-entropy.com/2021/08/26/kristen-filosofi-1/ :

GUDS LOVNAD OM DEN NYE PAKTA TYDER PÅ AT HAN KJENDE TIL MODERNE FYSIKK.

Gud lovde jødane at han ville gjere ei ny pakt med dei og då formulerte han seg slik at det får meg til å tenke på moderne fysikk.

JER 31,31 – JER 31,37 {DEN NYE PAKTA}  Sjå, dagar skal koma, seier Herren,  då eg gjer ei ny pakt  med Israels ætt og Judas ætt, 32   ei pakt som er annleis  enn den eg gjorde med fedrane deira,  den gongen eg tok dei i handa  og førte dei ut or Egypt,  den pakta med meg som dei braut,  endå eg var deira rette herre, seier Herren. 33   Nei, såleis er den pakta eg vil gjera  med Israels-folket i dagar som kjem,  lyder ordet frå Herren:  Eg vil leggja mi lov i hugen deira  og skriva henne i hjarta deira.  Eg vil vera deira Gud,  og dei skal vera mitt folk. 34   Då skal ingen lenger  læra sin neste og sin bror  og seia: “Kjenn Herren!”  For dei skal alle kjenna meg,  både små og store, seier Herren.  For eg vil tilgje deira misgjerning  og aldri meir koma deira synd i hug.  35   Så seier Herren,  han som sette sola til å lysa om dagen  og laga det så  at månen og stjernene lyser om natta,  han som rører opp havet så bylgjene brusar,  – Herren, Allhærs Gud, er hans namn: 36   Lèt eg denne skipnaden vika,  lyder ordet frå Herren,  skal Israels-ætta òg for alltid  halda opp med å vera mitt folk.  37   Så seier Herren:  Kan himmelen der oppe mælast,  og grunnvollane under jorda der nede granskast,  då vil eg òg støyta frå meg heile Israels ætt  for alt dei har gjort, seier Herren.

Han talar om sola som skin til å lysa om dagen og månen og stjernene som lyser om natta og seier at dersom han let den skipnaden vika, så skal israelsætta halda opp med å vera hans folk, det er tydeleg at det vert brukt som symbol på den nye pakta, dersom Gud let den skipnaden vika, så skal israelsætta halde opp med å vere hans folk. Sola månen og stjernene finn vi igjen i Op.12.

ÅPE 12,1 – ÅPE 12,6 {KVINNA OG DRAKEN}  Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. [ei kvinne: Kvinna er eit bilete på Guds folk, som Kristus er komen frå. Sjå Jes 66, 7; Mi 4, 10.] 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier. 3   På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1.260 dagar.

Vi kan tenke på rettferdssola og vi kan tenke på stjernene som Guds folk, dei rettferdige var som stjerner som skein på himmelkvelven. Men kva var då månen? Det måtte vel vere israelslandet det då?

Det minner oss om lyset som er omtala i 1.Mos.2, Joh.1, 1.Joh.1 og i 2.Kor.4.

1MO 1,1 – 1MO 1,5 {GUD SKAPER VERDA}  I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. [skapte: Det hebr. verbet som vert nytta her, står alltid med Gud som subjekt.] 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

JOH 1,1 – JOH 1,18 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. 6   Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. 9   Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

1JO 1,1 – 1JO 1,10 {LIVSENS ORD}  Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.  5 {LEV I LJOSET!}  Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd. 8   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

1JO 2,1 – 1JO 2,2   Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. 2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.

2KO 4,6 – 2KO 4,7 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Vi fekk den Heilage Ande av berre nåde, ved fylden av den Heilage Ande vart vår lekam eit tempel for den Heilage Ande. Slik fekk vi oppleve Guds kraft i vårt indre menneske. Så det kan samanliknast med ein slik vakumenergi. Men sidan vi har fått det av berre nåde, kjem det i tillegg til det som naturvitarar og realistar vanlegvis forskar på.Her er ein artikkel som fortel om forsking på universets utviding, den fortel om vakumenergi og spekulerer i om den kan brukast til å forklare universets akselererande utviding: http://forskning.no/2017/03/verdensrommet-hubble-hvor-fort-utvider-universet-seg#.WMqq9Ufsh84.facebook

I Jer.31,35 talar Herren fyrst om at han let det verte lys og så talar han om at han rører opp havet så bylgjene brusar. Det kan nok hende menneske såg effekta av sollyset i solgangsbrisen som laga havbylgjer og at det forklarer samanhengen, men eg tenker på at lyset også er ei bylgjerørsle. I vers 37 talar Herren som om himmelen der oppe ikkje kan mælast. I fylgje relativitetsteorien og Big-Bang-teorien kan den ikkje det. Lyset treng tid frå stjernene til oss og dess lengre unna dei er dess lengre tid treng det, det betyr at det vi ser har skjett for lenge sidan. Dess lengre borte galaksene er, dess lengre tilbake i tid ser vi, så då vil tida for ”Big-Bang” sette ei grense for kor langt vi kan sjå, lyset frå det som ligg utanfor dette har ikkje nått oss enno.

I vers 37 vert det også sagt at grunnvollande under jorda kan ikkje granskast. Då kan vi tenke på at det er radioaktivitet som driv dei geologiske prosessane til fjellkjedefolding som gjer at det vert tørt land, så ikkje heile kloda vert overflødd. Radioaktiviteten kan forklarast ut ifrå kvantefysikken. Ein elementærpartikkel kan forklarast som ei materiebylgje som fortel noko om sannsyne fort kvar vi kan finne partikkelen, når vi skal måle posisjonen den har og energien den har, vert det eit spørsmål om sannsyn. I fylgje Heisenbergs usikkerhetsrelasjon er der ei nedre grense for kor nøyaktig posisjonen og energien kan målast. Om vi ser på desse elementærpartiklane som grunnvollane under jorda, så kan vi seie at der er ei grense for gor godt dei kan granskast. Dette er grunnlaget for at vi i statistisk fysikk reknar med teoretiske moglegheiter som er så usannsynlege at vi i klassisk fysikk reknar dei for å vere umoglege. Etter klassisk fysikk er der ikkje nok energi i kjernen til å forklare den tilfeldige kjernereaksjonen, men sannsynet i materiebylgja og Heisenbergs usikkerhetsrelasjon forklarer at det skjer likevel.

Så materien kan målast ned til ei viss grense. Men slik er det ikkje med Guds Ande, den er ikkje slik som elementærpartiklane og kan ikkje målast slik i det heile tatt. Når vi får oppleve at Gud fyller oss med sin Ande, så blir vår lekam eit tempel for den Heilage Ande og då er der inga grense for kor små rom Anden er verksam på, men det får betydning for korleis elementærpartiklar i kroppen beveger seg, for vi merkar at Gud verkar i oss med si ånd og si kraft til å ville og virke til hans velbehag. Vi merkar at Gud verkar i oss med si skaparkraft og si frelseskraft og at han kan la det usannsynlege og umoglege skje, som til dømes at han lækjer oss frå sjukdom.

Her er ein artikkel som fortel om forsking på universets utviding, den fortel om vakumenergi og spekulerer i om den kan brukast til å forklare universets akselererande utviding: http://forskning.no/2017/03/verdensrommet-hubble-hvor-fort-utvider-universet-seg#.WMqq9Ufsh84.facebook

Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Vi fekk den Heilage Ande av berre nåde, ved fylden av den Heilage Ande vart vår lekam eit tempel for den Heilage Ande. Slik fekk vi oppleve Guds kraft i vårt indre menneske. Så det kan samanliknast med ein slik vakumenergi. Men sidan vi har fått det av berre nåde, kjem det i tillegg til det som naturvitarar og realistar vanlegvis forskar på.

Kvantemekanikken er annleis enn mekanikken.

Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2023/12/07/evangeliet-og-kvante-fysikken-guds-ord-bolgje-funksjonen/ :

Platonisme eller Kant-isme? Bibelen og kyrkja sin rasjonalitet eksisterer.

For Immanuel Kant var tid og rom, kausalitet og kontradisjonsprinsippet uforanderlege transendentale former. Slik vart det psykologi for han. Men dette er realfag og her må vi bruke metodene i realfag, det viktige spørsmålet her er om dei metodene er forstått rett. Sidan kan vi godt kalle matematikk for psykologi også, men det er ikkje berre det. Vi brukar kontradiksjonsprinsippet i matematikken, men i kvantefysikken verkar det som om Schrødingers katt bryt med det. Den bryt med den vanlege kausaliteten vi er vande til. I relativitetsteorien er tid og rom ikkje noko absolutt og uforanderleg, men noko relativt, noko som har vorte til, i følgje Big Bang-teorien. Så Kant kjem ikkje langt med sine uforanderlege transendentale former her.

Men vi kjem likevel langt med matematikken. Platon meinte at ideane eksisterte og var uavhengige av tid og rom, så det stemmer faktisk betre med moderne fysikk. Kva slags idear då? Han tenkte matematisk, ja, den er grei. Det godes ide er idealet. Men kva er det, kven kan formulere det? Det vonde kan også kallast ein ide, kva slags eksistens har den då? Platonismen gir vel ikkje akkurat svar på det, men den forklarer det vondes problem som mangel på innsikt. Dersom berre menneska får rett opplæring, så dei får den rette innsikta i ideverda, med det godes ide, så vil dei komme til å velje det gode, det er eigentleg ein lærdom som den har med seg frå Sokrates.

Men det gjekk no ikkje så bra med Sokrates då, så derfor meinte Platon at ei lærd overklasse skulle styre med diktatorisk makt. Ekspertane skulle styre og i vårt moderne samfunn har vi fått mange ekspertar som er spesialistar på sine fagområde og som får makt med sin ekspertise. Men Platon snakka også om ekspertar i «det godes ide». Kvar finn vi den og kven er slike ekspertar?

Platons holelikning.

Platons hulelikning er som eit dukketeater, der tilskodarane ser berre skuggane av dukkene. Det er ei steinhole med inngang i full bredde av hola. Utanfor er det ein mur med ein veg på andre sida. Lengre borte er eit bål som kastar lys heilt inn i hola. Folk går på vegen og held figuar over muren, det kan vere figurar av reiskap av stokk og stein. Nokre av dei pratar med an dei går med figurane. Inni hola sit der fangar lenka faste, så dei ser berre skuggebileta på bakveggen av hola og høyrer ekko frå den.

Denne hulelikninga brukte han til å forklare si idelære. Ja vel, då tenkte han seg vel at ideane var som skuggebileta av dei reelle tinga? Men nei, ideane var som dei reelle tinga som vart løfta over muren, dei ser vi ikkje, vi ser berre skuggebileta på bakveggen i holda, slik er det med den røyndomen vi sansar.

Det verkar absurd, men det passar faktisk ganske bra med moderne fysikk og spesielt med kvantemekanikken, den er den eigentleg røyndomen og den verkar absurd for oss, den er teoretisk, det vi sansar har si årsak i kollaps av bølgefunksjonen, då opptrer partikkelen som partikkel, det er noko som skjer momentant, likevel har ein partikkel alltid ein bølgefuksjon og det kan forståast slik at den eksisterer som ein bølgefunksjon, teori og ide altså.

Ta vare på den fagre skatten. Bruke nådegåva.

Jorda var aud og øyde og mørker låg over havet. Men Guds Ande sveiv over vatnet, då sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Og Gud som sa at lys skulle skina fram or mørkret, han har late det skina i våre hjarte. Slik har vi fått ein dyrebar og fager skatt i leirkar og det er viktig for oss å ta vare på den. Skatten er Guds Ord og Guds Ande og den Heilage Ande skal hjelpe oss til det. Då høyrest det ut som skatten er noko meir, ja, frelste sjeler, menneske som er fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Alt gjorde Gud fager i si tid, han skapte noko som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.

Moses sa til jødane at dei skulle vere Guds born, men han profeterte også om at dei ville komme til å gjere opprør. Gud sa til David at son hans Salomo skulle få fred som konge og han skulle bygge tempelet. Han skulle vere Guds son. Når han var ung, bad han Gud gi han visdom og Gud gav han ein visdom som var større enn visdomen til dei gamle vise. Eg meiner vi finn mykje av denne visdomen i Salomos Høgsang. Her er det tale om kjærleiken mellom brudgomen og bruda og vi skjønar vel at det har med Guds kjærleik å gjere, sjå til dømes Høgsangen 8.

Det er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Jesus sa om seg sjølv at han hadde større visdom enn Salomo. Johannes døyparen sa at Jesus har bruda og han er den som døyper med den Heilage Ande.

Jesus døyper oss med den Heilage Ande til å vere ein lekam, slik utruster han oss med nådegåver som vi skal bruke til å tene han med og tene kvarandre med. Han er hovudet for lekamen, så er han som bruker oss. Slik vert vi også lemer for kvarandre.

Når ein frelst mann får seg ei frelst kvinne til kone, blir ho ein slik fager skatt for han og ho vert ei nådegåve for han, som han skal bruke. Samtidig er det Kristus som brukar både han og henne, ved at han brukar si nådegåve og ho brukar si nådegåve.

2 Kor 4,6 For Gud, som sa at ljos skulde skina fram or myrkret, han er den som og let det skina i våre hjarto, so kunnskapen um Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skulde lysa fram frå oss. 

2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.  

1.Tess.4,1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

9 Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.

Ein ung mann ser naturleg vis fram til å få seg ei kone og ei ung kvinne ser fram til å få seg ein mann. Kjærestetida og forlovingstida er også ei gledeleg tid som dei ser fram til. Korleis høver dette med den glade bodskapen, å verte invitert til bryllaupet til kongssonen? Mange meinar det er ein motsetnad, som motsetnaden mellom Gud og verda, men då blir det ein motsetnad mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel, menneskets kropp og Guds Ande.

Når eg gjekk på ungdomsskulen skjøna eg at der var ein slik motsetnad, men eg meinte den var kunstig. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære og det som står skrive i Heb.3-4 om at når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, så får vi komme inn til Guds kvile.

Vi skal sjå fram til at Jesus kjem og hentar oss heim til seg, då får vi feire Lammets bryllaup i himmelen og vi får det fulle barnekåret (Rom.8,18-24). Det blir herleg, men då vert det ei fæl trengsletid på jorda. Med den innstillinga har vi hugen vendt opp til Jesus og tek imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, så vi får oppleve både barnekåret og kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud i våre hjarte, at det gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og kjærleiksforholdet mellom foreldre og born. Så vi kan seie som det står skrive i

Rom.5, 1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Så vi får oppleve å komme heime til Faderhuset og i bryllaupssalen i den kristne kyrkja allereie no, medan vi er på denne jorda. Det skal også gjere oss i stand til å invitere fleire.

Jesus kalla til seg alle som streve og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
    28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Det er ved openberring, så openberringa gjer alt mykje enklare for oss. Den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, så vi innser at Jesus er sanninga i Ordet og den set oss fri, den set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

Lureriet og forbanninga.

Gud er ånd og han er allmektig og har makt over den fysiske naturen han har skapt. Når Gud hadde skapt landdyra og menneska, så velsigna han dei og det betydde at dei skulle leve i samfunn med han. Ved syndefallet vart dei lokka, forførde og lurte, jorda vart forbanna og dei vart dømde til døden.

Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Gud velsigna han og gav han den lovnaden at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, dei som forbanna han, skulle verte forbanna.

Livet er ein kamp for til tilværet, det ser vi også i det Gamle Testamentet, både for folk og kongerike, kongane dyrka avgudane sine og trudde dei skulle hjelpe dei og så forguda dei seg sjølve også, men Gud straffa dei for det, så det enda med at dei tapte i krigen og fall. Og så påstod Gud at det var han som gjorde det heile, men det vart som syndefallet på nytt, altså.

Når Israels-folket var på veg til det lov landet, fekk dei Moselova, pakta og lovnadane. Så med Mose-lova skulle dei ha noko å styre etter, som kom frå den sanne Gud og ikkje nokon avgud. Men sjølv om dei braut den pakta, vart ikkje lovnadane til Abraham kansellerte. Kong Balak ville betale profeten Bileam for å forbanne Israels-folket, men han kunne ikkje seie anna enn det Gud sa til han. Men så fekk han Midjanitt-kvinner til å lokke jødiske menn til hor. Synda førde forbanning med seg, så no fekk Bileam ein grunn til å seie forbanninga likevel og vart med i krigen mot jødane, men fall i krigen. Slik er falskheita til den falske profet.

Kong Salomo fekk seg etter kvart mange utanlandske koner og på hans gamle dagar klarde dei å vende hjarta hans til avgudane og det vart årsak til ei avgudsdyrking som vart verre og verre. Inntil landet vart hærteke og folket vart bortførde til Babylonia. Profetane sa til dei at «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne, men det forstod ho seg ikkje på. Ho hugsa korleis ho dreiv hor i Egypt og heldt fram med å tenke sameleis. Ho byrja å dyrke avgudane til folke rundt dei, då tok han vekk omsorga si for henne og då gjekk det dårleg med henne. Dei som dreiv hor med henne skulle komme å ta henne med makt. Mennene fall i krigen og kvinnene vart voldtekne. Elles vart dei bortførde som slavar, berre nokre få vart att i landet.

Jødane fekk ei liknande hardfør behandling under Antiokus 4. Epifanes, dei vart drepne, og i dei jødisk-romerske krigane, då vart dei også bortførde. Når kristendomen vart statsreligion i Romarriket, vart det tydelegare og tydelegare at keisarmakta kom inn i kyrkja og fortrengde evangelisk kristendom, Paven vart som ein keisar. Det er tydeleg at den falske profet tente Dyret, ved å få i stand keisardyrking. Dette står i motsetnad til at dei kristne skulle vere Guds born, på liknande vis som avgudsdyrkinga stod i motsetnad til at jødane skulle vere Guds born. Avgudsdyrkinga førde til at jødane vart bortførde til Babylonia som trælar. Slik er den Store Skjøkje for både heidningar og jødar. Folk vert lurte. Dersom ein ung mann vil prøve å vinne seg ei kone i helging, er der slike sterke interesser for å lure han (1.Tess.4,3-5). Men Gud kallar folket sitt ut av Babylonia, alias den store Skjøkje.

Med arvesyndslæra vert det argumentert utifrå historia, syndefallet har gjenteke seg og slik vil det framleis vere. Som om der ikkje har kome noko nytt likevel, slik som Bibelen seier, det er berre ein illusjon og derfor har vi heller ikkje moglegheit til å velje det. Slik prøver den falske profet å ta over for ein profet som Elia.

I https://faith-and-entropy.com/2023/10/20/ein-profet-som-elia-eller-den-falske-profet/ har eg skrive om at der er ein viss fare for at unge menn og kvinner tvert om vert lurte av ormen, Dyret og den falske profet. Slik også med dei liberale både på høgresida og venstresida (dialektikken). Ved at dei tenker seg at det mekanistiske verdsbildet gjeld for tenkinga til vanlege folk, vert deira fridom sterkt innsnevra, så det vert fridom for herskarane på kostand av fridomen for undersottane. Dette er så pass fundamental tenking at eigentleg er det Bibelens Gud som soleis vert erstatta av ein avgud.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Det kristne livet i samfunnet

11 Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela. 12 Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem.

Jes.58,11 Ja, så sa Herren til meg då handa hans greip meg med makt, og han åtvara meg mot å gå same vegen som dette folket:

12 Kall ikkje alt for samansverjing

som dette folket kallar samansverjing!

De skal ikkje ottast og ikkje skjelva

for det som folket ottast.

13 Herren, Allhærs Gud,

han skal de halda heilag.

Han skal de ottast

og for han skal de skjelva.

14 Han skal vera ein heilagdom,

ein støytestein og eit berg til fall

for begge Israels rike,

ei snare og ei felle

for dei som bur i Jerusalem.

15 Mange av dei skal snåva;

dei skal falla og skamslå seg,

gå i snara og verta fanga.

Vitnemål og venting

16 Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine. 17 Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han. 18 Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet.

Guds Ord og mekanikken, Evangeliet og kvantemekanikken.

Mekanikkens lover stemmer med trua på at der er ein Gud som har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er naturen forståeleg. I det mekanistiske verdsbildet blir det ein motsetnad mellom desse lovene og trua på at Gud gjer under og openberrar si frelse for oss i Kristus, men Gud har skapt alt, han er allmektig og har makt over det han har skapt, så han kan gjer under. Dessutan kjem kvantemekanikken mellom mekanikken og Gud og der er det andre reglar som gjeld. Den har ikkje kausalitet og det høver med at vi har ein fri vilje og kan tenkte fritt og gjere våre eigne val og soleis får eit godt liv. Og med den vert det lettare å tru og godta at Gud gjer under og openberrar si frelse for oss i Kristus.

Jesus sa han ville stige ned og befrukte min kjærleik frå han.

Bodskapen i MARANATA Oslo søndag 10.5.2009. Kl 18:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg, som når ho fekk komme heim att frå Babylonia, ho trengde ikkje tenke på at ho hadde vore langt borte, ho skulle berre lengte etter han som gir liv. Han ville vende hennar ansikt mot framtida.

Tredje bodskapen 12.2.2011:

«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»

Bodskapen 18.12.2011:

«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og  oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde  og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»

Med reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande, får vi opprydding i toppetasjen.

Sitat frå: https://blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-og-seier-eg-skal-ga-inn/

Vi elskar fordi Kristus elska oss først. Så ikkje bytt om på årsak og verknad.

I følgje apostelen Johannes har vi alle synda, derfor treng vi den nåden Gud gir oss i Kristus. Då tala han til vaksne menneske. Kva så med småborna? Jesus velsigna dei og sa at vi skulle la dei komme til han for Guds rike høyrer slike til. Han sa ikkje at det var fordi dei var syndarar, men han sa til dei vokse at dei måtte vere som born for å komme inn i det.

1.Joh.1, 5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.

8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

Nåden, tilgjevinga og frelsa som Gud gir oss i Kristus er vår første kjærleik.

Joh.Op.2, Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om.

Vi elskar fordi Gud elska oss først, det er vår første kjærleik (1.Joh.4,7).  

I Joh.10 sa Jesus at han er den Gode Hyrdingen og at han er døra inn til sauene. Dei som stig over ein annan stad og er komne før han, dei er tjuvar og røvarar som slaktar og øyder. Ulven kjem og hans om var leigd til å gjete dei, rømer. Ulven kjem etter den Gode Hyrdingen også, men han set livet til for sauene. Så samlar han dei og går føre dei og dei kjem etter han.

Det verkar som vi får problem med logikken her, kva kom først og kva kom etter, kva er årsak og kva er verknad. Det er to tenkemåtar, Gud gjer noko nytt. Og vi har moglegheit til å velje det og dermed byrje å tenke nytt. Og så hevdar eg at det nye er mest fundamentalt. Vi kan framleis feile, men har framleis moglegheit til å velje det meste fundamentale og byrje å lære å tenke nytt.

Paulus forklarer godt motsetnaden mellom dei to tenkemåtane og i Romarbrevet kjem han inn på dette dilemmaet om kva som er årsak og kva som er verknad.

Rom.3, 5 Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss? 6 Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna døma verda? 7 Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar? 8 Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den domen dei fortener.

Her ser vi at dei bytter om på årsak og verknad. Eg trur det er det dei også gjer som er komne før Kristus, så dei vert feil utgangspunkt å tenke utifrå, så dei blir som avgudar altså. Men reinsinga i Jesu blod og fylden med den Heilage Ande skal rette på dette. Johannes døyparen sa at Jesus har bruda og han er den som døyper med den Heilage Ande. Slik skal alt verte sett i rett stand.

Johannes døyparen vart drepen, det vart Jesus også. Men han stod oppatt frå dei døde, gav disiplane misjonsbefalinga, for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand, så sende han disiplane sine den Heilage Ande, døypte dei med den Heilage Ande. Dei gjekk ut og forkynte evangeliet, men vart forfølgde, fordi dei ikkje ville tilbe keisaren. Kristendomen vart rekna som synd og villfaring i forhold til den gamle religionen, det skulle dei straffast for. Dersom dei ville fornekte Kristus og vende om til den gamle religionen og tilbe keisaren, så var dei benåda med ei mild straff. Det var eit falske evangelium. Slik bytte dei om årsak og verknad.

Det høver med strategien til Balak og Bileam Beorson, så eg tenker meg at det er førebilete på Dyret og den falske profet i Op.13. Etter at Kristendomen vart statsreligion i romarriket har forføringa til Draken, Dyret og den Falske profet gjort seg gjeldande i kyrkja opp gjennom historia. Vi møter det igjen framleis i korleis lutheranarane bruker Freuds psykoanalyse, for å trekke den konklusjonen at der var noko som var gale med vår barnetru, som dei skulle straffast for og som vi framleis skal verte forfølgde og straffast for. Ved at dei prøver å bytte om på årsak og verkande altså. Dersom du trengde Guds nåde og tilgjeving, når du var ein liten unge, så måtte det vere fordi du gjorde noko gale allereie då, du vart forførde slik som ved syndefallet allereie då. Men dette er å bytte om årsak og verknad. Gud eksisterer, han er ånd og kjærleik. Barnevelsigninga betyr at dei får komme inn i samfunnet med han.

Apostelen Johannes sa at Djevelen synda frå opphavet. Det viste seg ved at han lokka og forførde kvinna, så ved syndefallet fekk menneska ein vond natur, den likna på Djevelen. Derfor vart dei dømde til døden. Men Kristus døde i staden for oss, så vi ved trua på han får ein ny natur, ved at vi tek imot han og vert fødde på nytt. Slik talar både Paulus og Johannes om ein gammal vond natur og ein ny natur (1.Joh.3). Då er det om å gjere for oss å vende oss til Kristus og tru på han og ta imot han i tru.

Paulus sa at når du har teke imot nåden i Kristus, så må du satse fullt og heilt på det, Guds nåde var nok for han, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. I Hebrearbrevet er det sagt noko om at dersom du avviser nåden, så er der ikkje lengre håp for deg. Det høyrest skræmande ut.

Heb.6, 1 Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, 2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen. 3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.

4 Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, 5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, 6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud. 8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.

Det minner om

Matt.12, 31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.

Treet og fruktene

33 Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta.

Når vi les Heb.6,1… er det lett å tenke på kva som kom først i tid og kva som kom etterpå og for mange er det nok og blir det nok dessverre slik.  Men igjen trur eg det er rett å tenke på kva som kom først som årsak og kva som vart verknad og så gjere bruk av det som var årsak gang på gang. Leve i nåden og så veit vi at vi har ei nådetid og då er det om å gjere å gjere bruk av nåden.

Jesus vekker mitt reine samvit, at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i hjerte og sinn, eg treng ikkje prøve å tenke ut noko, eg skal berre stole på at han fullender vår tru.

Eg skal sjå at Jesus har sett fram for meg ei open dør og gå inn der. I Joh.10 er det sagt at vi skal gå inn og ut og eg tenker meg at kvar gong får eg repetisjon på at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Han har staka vegen for meg inn i det høgheilage, så eg skal gå inn der og stige fram for nådens trone, så eg kan få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Då må eg gjere det gang på gang og innsjå at den rette tid er no.

Eg har samanlikna trua med rasjonaliteten i realfag, aksioma i matematikken, det er eit utgangspunkt vi har å tenke utifrå, vi går stadig tilbake til utgangspunktet og brukar det igjen i rekning. Om vi reknar feil, må vi gå tilbake til utgangspunktet og rekne på nytt.

Gud sende Son sin til verda, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alles om tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn (livsens vatn) og Ande. Vi fekk komme til han og drikke av kjelda med det levande vatnet og det vart i oss ei kjelde som veller opp til evig liv (Jer.2,13). Då må vi fortsette å drikke av den. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Då må vi fortsette å ete av det.

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, med det har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Ved å tru at Gud vekte han opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å kalle han Herre, vert vi frelste. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus, til gode gjerningar som han har lagt ferdige, så vi skal ferdast i dei.

Gud er fullkommen, Jesus er fullkommen og han frelseverk er fullført og fullkome, så når vi trur på det, er det eit utgangspunkt vi trygt kan tenke utifrå. Likevel kan vi tenke og handle feil. Kva så? Gud, hans Ord, hans Ande og hans rike eksisterer, han skaper oss ved sitt Ord og då skaper han oss i si likning og så openberrar det ved sin Ande, så vi skal få den rette innsikta. Å tru er å ete Guds Ord, drikke det levande vatnet, puste inn den Heilage Ande, la den openberre Kristus for oss, så vi ser på han som i ein spegel, for Gud skaper oss i han og då skaper han oss i si likning. Ved trua på han skal vi hugse på han slik, nattverden minner oss om det. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. For det er ikkje vi som gjer det men han.

Jesus har sagt at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Det verkar som om det kjem i staden for at eg skal prøve å tenke ut noko sjølv, så det vert kvile slik også.

Profetisk bodskap med adresse Maranata Oslo og Matematisk Naturvitskapeleg Fakultet ved Universitetet i Oslo.

Ein profet som Elia eller den falske profet.

Maranata og realfag på Blindern står vel så langt ifrå kvarandre som det går an, ja, med den tradisjonelle filosofien verkar det sikkert slik for mange. Men eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus, sidan eg var ein gutunge. Til tider har det verka som ei dobbelt-rolle som eg ikkje har vore heilt komfortabel med, eg meinte motsetnaden var kunstig, men det verka som eg stod overfor eit stort problem, ei stor oppgåve, som eit stort fjell å komme over. Men evangeliet er løysinga på problemet, så i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme. Korleis då? Der er då ein motsetnad mellom Gud og verda! Ja, då må eg ta parti med Gud og Son hans Jesus Kristus, han har sigra over verda og døden og ved trua på han skal eg sigre saman med han, så det er på den måten eg skal få det til å stemme altså.

Jesus har mange gangar sagt til meg at eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og kalla meg til å gå inn, som han sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia (Joh.Op.3,7-13). Ein Herrens engel er ein bodberar frå han. Eg ser det på bakgrunn av Joh.10, der Jesus sa at han var døra inn til sauene. Først og fremst skal vi få inn gjennom døra, så vi vert frelst og vert hyrdingar  og så skal vi gå ut att og finne føde. Då går vi ut på lovnadane og går med den glade bodskapen til kyrkjelyden sitt distrikt.

Soleis tenker eg meg at han sende meg med den same bodskapen til Maranata Oslo og til matematisk naturvitskapleg fakultet ved Universitetet i Oslo, det er mykje godt den same profetiske bodskapen som har vorte forkynt til meg og mitt distriket, Vanylven, Sunnmøre, det er bodskapen til Johannes, Døyparen, alias Elia, han forkynte at Kristus er Messias, han har bruda og han skal døype oss med den Heilage Ande og eld. At det er akkurat meg han sender med den bodskapen, har seg slik at det er eit verk Gud har byrja i mitt liv og som han vil fullføre. Samtidig som eg studerte realfag på Blindern og gjekk eg på møte i Maranata fekk oppleve at Jesus talte til meg, både gjennom talene og gjennom tyding av tungetale. Slik har eg fått ein bodskap som eg skal tru på og forkynne vidare.

Dette har eg skrive om her

Gud er alfa og omega, byrjinga og enden. Han er den han er.

Gud sa til Moses at dei skulle kalle han «Eg Er» (Jahve), for han er den han er. Setninga «Eg er» er ufullstendig, setninga «Eg er den eg er», er ein tautologi, den er alltid sann. Ein vitskapleg påstand skal vere negerbar, så den kan prøvast. Slike påstandar som har bestått si prøve, vert verdifulle for oss, som vitskap, dei fortel oss gjerne korleis naturprosessar skjer, så vi får endring, så vi kann legge ein god plan. Men korleis kan ein tautologi få betydning for oss?

Gud sa noko meir enn ei ufullstendig setning og ein tautologi, han sa at han er ånd og kjærleik, og at han er alfa og omega, byrjinga og enden. «Eg er» betyr at han eksisterer uavhengig av det han har skapt, slik er han også alfa og omega, men eg tenker meg også at sidan han er alfa er han den første årsak og sidan han er omega er han er den endelege hensikt.

At han er alfa, ser vi i den første skapingssoga.

1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

2.Kor.4, For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Kjelda som vella fram i Edens hage (1.Mos.2) er symbol på det levande vatnet. Gud bles livsens ande i nasa på mannen, så han vart ei levande sjel. Det var Guds Ande altså og Gud er også kjelda med det levande vatnet. Slik er han alfa og byrjinga for oss. Dette får vi hos Jesus og vi møter det igjen i sluten av Johannes Openberring. Jau, han er omega også.

Etter at Gud skapte menneska, velsigna han dei og sa dei skulle veksa og aukast og legge verda under seg. I den andre skapingssoga er det fortalt at han gjekk i hagen og kalla på menneska, men då gøymde dei seg for han med dårleg samvit, på grunn av syndefallet. Her møter vi eit heilt anna perspektiv, som om han er omega, den siste som kjem dei i møte frå framtida for å kalle dei og dra dei til seg, for å leie og føre dei inn i den framtida som han har for dei, som han velsignar dei til. Men dette forstod dei seg ikkje på.

Men Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, slik er han komen fram om oss, for å kalle oss og leie oss vidare inn i samfunnet med Gud som er ånd.

Entropilova og logikken.

Entropien er eit mål for uorden og i følgje entropilova vert det i ein kvar energiprosess meir og meir uorden globalt eller universelt, sjølv om det lokalt kan verte opparbeidd meir orden. Då må universet ha starta med mykje orden. Korleis kan det ha seg? Dette er eit godt argument for at Gud har skapt det slik. Han er alfa, byrjinga, men han er også omega, enden, den første og den siste og han er evig og alltid den same. Han er allmektig og har makt over det han har skapt, han gjer alle ting nye, til siste gjeld det nok heile universet, så då står han overfor ei kjempediger oppgåve.

I eit logisk resonnement startar vi med ein premiss og kjem fram til eit resultat. Dersom resultatet ikkje berre er ei omskriving av premissen, inneheld resultatet mindre kunnskap enn premissen. Dersom vi kallar kunnskapen for orden, stemmer dette med entropilova. Men ideelt sett er det ikkje noko i vegen for at vi kann gå tilbake til utgangspunktet og tenke nytt. Kanskje kom vi til at vi tenkte vi feil første gangen og prøver på nytt.

Ved trua på Gud er han og hans ord utgangspunktet vi har å tenke utifrå, sjølv om vår innsikt i denne evige Sanninga er avgrensa. Sidan vi har tenkt feil og gjort feil, minkar vår innsikt i den evige Sanninga, så det er ikkje lenger så lett å vende tilbake til utgangspunktet og tenke og leve utifrå det. Derfor treng vi evangeliet om Kristus, Guds Son, han er Guds Ord.

 

Big Bang teorien.

Med Big-Bang-teorien er det over med avgudane for alltid. Men den avsannar ikkje trua på Bibelens Gud. Ved trua skjønar vi at Gud skapte alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Soleis trur vi at naturen er forståeleg, og det har vitskapen stadfesta, til dømes med Big Bang teorien. Det er rettare å kalle det naturfilosofi enn å kalle det vitskap og det utelukker ikkje at der kan vere ein Gud som har skapt det slik.

Inflasjonsteorien og finjusteringa.

Resultat frå partikkelakseleratorane vert brukt til støtte for Big-Bang-teorien heil tilbake til omlag 1/10 000 milliarder  av eit sekund. Tenk deg ein brøk med 1 i teljar og 1 med 33 nullar bak i nemnaren. Etter så liten brøkdel av eit sekund tok inflasjonen slutt og då hadde den starta etter ein brøkdel med nokre få nullar meir i nemnaren. Inflasjonen betyr at då utvida universet seg ekstremt fort og derfor vart det så homogent, same trykk og temperatur. Derfor vart det så stor orden altså. Men dei har ikkje noko empirisk grunnlag for å påstå dette. Det er spekulasjonar der dei prøver å finne ei forklaring for forstå seg på det på det. Om så det skulle vere rett, så kan eg likevel tru og påstå at det er uansett Guds som har skapt det slik, derfor var det så stor orden frå opphavet.

Dei kjem til at universet måtte vere finjustert frå opphavet, for at det skulle verte galakser og solsystem med moglegheit for liv, at det er svært lite sannsynleg at det skulle verte slik tilfeldig. I følgje kvantefysikken er tilfeldigheita meir fundamental enn kva vi tidlegare visste, den er ein eigenskap ved både massen og det tome romet.

Men dersom Gud har skapt alle ting, så har han vel både skapt finjusteringa og tilfeldigheita. Så tilfeldigheita er like vel ikkje fundamental nok til å bruke på finjusteringa.

Konform syklisk kosmologi.

Roger Penrose har utvikla ein konform syklisk kosmologi til erstatning for den første fasa av den tradisjonelle Big-Bang-teorien, som ikkje har støtte frå eksperiment med partikkelakseleratorar. For han påstår at inflasjonsteorien ikkje er vitskap. Han tenker seg at det som skjedde i staden, var kollapsen av eit tidlegare univers. Det vert eit spørsmål om korleis vi i matematikken reknar med det uendelege.

Han tenker seg at lys frå eit tidlegare univers skin igjennom til eit nytt univers, Ein lyspartikkel (foton) går med lysets fart, så i følgje relativitets-teorien «opplever» ikkje fotonet noko tid frå det vert utsendt til det vert absorbert. Sidan alt er stråling, vert målestokken borte, så der skjer ein kollaps, lange bølgelengder vert skvisa ned til korte, lav frekvens vert høg, kald stråling vert varm.

Så kanskje det er Gud som med sitt Ord set målestokken på nytt?

Gud gir oss den Heilage Ande utan mål.

Bibelen seier vi skal vere nøyaktige med mål og vekt i handelen, ikkje noko juks altså. Ei alen vart brukt som målestokk, til dømes når tempelet og føregarden skulle målast. Det er ei standard albuelengde, så det vert målt i forhold til mennesket altså. Men Gud gir oss den Heilage Ande utan mål, den er uavgrensa.

Esekiel.40, Sjå, der var det ein mann som var lik bronse å sjå til. Han stod i porten og hadde ei linsnor og ei mælestong i handa. 4 Mannen sa til meg: Menneske, bruk augo og øyro og legg merke til alt det eg lèt deg sjå. Du er ført hit, så eg kan få syna deg det. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels-ætta.

5 Utanfor templet var det ein mur på alle kantar. Mannen hadde ei mælestong i handa; ho var seks alner lang, når kvar alen er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han mælte byggverket, som var ei mælestong tjukt og ei mælestong høgt.

Joh.3, 31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»

Jesus er den gode hyrdingen.

Eg skal gå inn gjennom døra til sauene.

Jesus sa at vi skulle tru på han, elske han og elske kvarandre og halde fast på hans ord, så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss (Joh.14,15-24). dette fekk eg oppleve sterkast når eg bad for ei jente som eg var glad i, eg meiner det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus.

Jesus har sagt eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, snakke med han, takke han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg forstår det slik at eg skal takke han for det verk han allereie har gjort med meg og med oss, med forventning om at han som byrja den gode gjerning, han skal også fullføra den. Han gir ikkje si ære til nokon annan.

Dette har eg skrive om her: https://blessings-from-heaven.com/2023/06/26/2023-06-24-husmote-hald-fast-pa-det-du-har-du-skal-bli-frelst-med-heile-ditt-hus/

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han har sagt at han tek seg av mi sak, eg skal komme til han med den, eg skal sjå at han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og han har kalla meg til å gå inn der. Eg forstår det slik at det er både med min bodskap og med mi sak, som altså han vil ta seg av. For han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Så eg skal gå inn gjennom døra både for å takke han for det verket han har byrja på og for å la han fullføra det.

Dette har eg skrive om her: https://blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-og-seier-eg-skal-ga-inn/

For hans frelseverk er fullført og fullkome, det inkluderer alt det eg treng, så eg skal ikkje mangle noko. Eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone, det er inkludert i det fullførde frelseverket, så då skal ho ikkje mangle. Han tok meg ikkje på avbetaling, men han betalte heile prisen for meg med det same, så då betalte han prisen for ei kone til meg også.

Herren er min hyrde.

Kong David sa at Herren var hans hyrde, han hadde omsorg for han altså, så han hadde det godt, han hadde ein god Herre altså.

Salme.23, 1 Ein Davids-salme.

Herren er min hyrding,

det vantar meg ingen ting.

2 Han lèt meg liggja i grøne enger;

han fører meg til vatn der eg finn kvile,

3 og gjev meg ny kraft.

Han leier meg på dei rette stigar

for sitt namn skuld.

4 Om eg så går i dødsskuggens dal,

ottast eg ikkje for noko vondt.

For du er med meg.

Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.

5 Du dukar bord åt meg

framfor augo på mine fiendar.

Du salvar mitt hovud med olje;

mitt staup fløder over.

6 Berre godleik og miskunn

skal fylgja meg alle mine dagar,

og eg skal bu i Herrens hus

i lange tider.

David levde lenge som ein fredlaus og utstøytt med hæren sin, som om dei var ein røvarflokk. Ja, for korleis kunne dei elles brødføde seg, når våpen var den reiskapen dei hadde? Men Herren var hans hyrding, som hadde omsorg for han og hæren hans, til kropp, sjel og lekam.

Herren er min øvsteprest og talsmann hos Faderen.

Salme.110, 1 Ein Davids-salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter!»

2 Frå Sion retter Herren ut

din mektige kongsstav.

Ver herre mellom dine fiendar!

3 Ditt folk møter viljug fram

den dagen du mønstrar din hær.

I heilagt skrud kjem din ungdom til deg

som dogg ut or morgonrodens fang.

4 Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.»

5 Herren er ved di høgre side,

han knuser kongar på sin vreidedag.

6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,

hovdingar knuser han vidt over jord.

7 Kongen drikk or bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.

Jesus er døra inn til sauene, gå inn og ut gjennom den.

Jesus sa han var den gode hyrdingen, slik som han var for David altså. Han leia disiplane sine rundt om i landet, til samanlikning med korleis han leia David og soldatane hans rundt om i landet. Og dei fekk oppleve at Faderen var med dei og hadde omsorg for dei.

Men så seier han også at han er døra inn til sauene og dette er nytt. Moses la fram for folket vegen til døden og vegen til livet og anbefalte dei å velje vegen til livet, så skulle dei leve. Profetane sa til dei som gjekk på Guds veg at dersom dei tok av frå vegen, skulle dei få høyre ei stemme bak seg som sa, dette er vegen, vandre på den. Dei vart rettleia og korrigerte altså.

Jesus sa at vegen til døden var brei og porten til døden var vid, mange var dei som gjekk den vegen og gjekk gjennom den porten. Men vegen til livet er smal og porten til livet er trong. Jesus sa også at han er vegen til Faderen og han er døra inn til sauene, dei som går inn gjennom den vert frelst, det er døra til livet altså, for han er sjølv livet.

Joh.14, 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Joh.17, Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:

Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.

Joh.10, 1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.

7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Den gode hyrdingen

11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.

17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

19 No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: «Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?» 21 Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.»

Her er det først tale om ein som ikkje går inn gjennom døra, men kliv over ein annan plass. Han er ein tjuv og ein røvar. Men så kjem der ein og går inn gjennom døra. Det er den gode hyrdingen, han slepper sauene ut, det er frigjerande, ja, han kom då med ein frigjerande bodskap.

Kvar brukte dei å samlast? I tempelet og på tempelplassen, i synagogene og rundt om i heimane. Men Jesus leia dei ut derifrå, ut på landsbygda og så samla han dei i nye heimar. Jesus var døra inn til sauene, dei som gjekk inn gjennom den, vart frelst og så skal han gå inn og ut og finna beite.

Så kom ulven og spreidde dei, men den Gode Hyrdingen sette livet til for sauene. Men Gud vekte han opp frå dei døde og då samla han dei igjen. Han hadde andre flokkar også, som ikkje høyrde til denne hjorda, heidningar altså. Og så skulle det verte ein hyrding og ei hjord.

Med eitt syneoffer tok han bort synda ein gong for alle, med det offeret har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Han er fullkomen som Faderen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Slik har han sett framfor oss ei open dør, som ingen kan lukke (Joh.Op.3,8). Han har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen. Derfor får vi komme heim til Guds himmel når dette jordelivet er slutt og det ser vi fram til med glede og forventning.

Kva var det då han leidde dei ut ifrå? Profetane sa at Israels-folket var Guds kone, men ho vart ei hore, dei vart eit Sodoma-land og eit Sodoma-folk. Derfor vart dei bortførde til Babylonia. Så kom den glade bodskapen om at dei skulle få vende heim att til landet sitt. Det same gjaldt dei andre folka. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, han kom med ein frigjerande bodskap, så den vart som å frigjere dei frå trældomen i Babylonia og komme ut i fridomen. Ja, så på eit møte i dFEF i Oslo vinteren 2012 kalla Jesus Sions dotter til å løyse seg frå halsbandet og komme ut i fridomen. Og på eit møte i Maranata på slutten av året kalla han Sions dotter til å komme ut i dansen med dei glade, for han var Herren hennar brudgom, han var Herren hennar ektemann.

Men det skal også få betydning for vårt liv her på denne jorda, for etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, viste han seg for disiplane sine og gav dei misjonsbefalinga og sa dei skulle sjå at han var med dei alle dagar, inntil verdens ende. Først skulle dei vente på det som var dei lova frå himmelen, så for han opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand, så sende han dei den Heilage Ande, døypte dei med den Heilage Ande. Og så gjekk dei ut med den glade bodskapen. Dei hadde gått inn gjennom døra og vorte ein kristen kyrkjelyd, likevel gjekk dei ut gjennom same døra som dei kom inn, så dei gjekk ut på lovnadane, for soleis å innta det lova landet.

Gud openberra si frelse for dei i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande, så dei fekk sjå at han var med dei alle dagar. Slik fekk dei sjå på han som den vegen dei framleis hadde å gå, ved at dei følgde han altså, og den døra dei hadde å gå inn gjennom, samle seg i ein kyrkjelyd altså, for å forkynne evangeliet på ein ny plass og samle menneske i ein ny kyrkjelyd der. Den som soleis er hyrding, går inn gjennom døra, for å leie andre med seg inn gjennom døra, så dei vert frelste.

Dei som dreiv «Misjon bak jernteppet» møtte stengde dører. Men så byrja dei å snakke om opne dører og kvifor det? Jau, fordi døra til Guds himmel er open, Jesus har opna den for oss og han er sjølv døra. Vi må først og fremst gå inn gjennom den døra, så får vi noko oppleve at dører opnar seg for oss her på jorda. Vi må først og fremst gå den vegen som Jesus har bana for oss inn i den himmelske heilagdomen, stige fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Så vil nok vegar opne seg for oss her på jorda.

Dei to tempelvitna.

I Johannes Openberring 11 er det fortalt at apostelen Johannes fekk oppgåva med å måle tempelet og så er det tale om dei to tempelvitna, dei to oliventrea, det refererer seg til Sak.3-4, øvstepresten Josva og byggmeisteren Serubabel, dei er førebilete på prestetenesta og kyrkjelydsoppbygginga i den nye pakta.

Joh.Op.11, 1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. 3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. 5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.

7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.

14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.

Vi ser at dei har fått makt over naturen til samanlikning med profeten Elia. Han vart teken opp til himmelen og det vart desse to tempelvitna også. For Jesus hadde bana vegen for dei opp dit og opna døra for dei.

Dei vart drepne i Jerusalem, der Jesus, Herren deira vart drepen. Byen vert kalla Sodoma og Egypt. Egypt står for avgudsdyrking, Gud hadde då frigjort dei frå trældomen under avgudane i Egypt, likevel dyrka dei avgudane i staden for å vende om til han. Avgudsdyrkinga er synd og førde til avspora seksualitet, som også er synd. Jfr. Rom.1 og Freuds påstand om at religiøsitet er avspora seksualitet, menneske vert motiverte av seksualitet og aggresjon. Her gjekk altså aggresjonen ut over dei to tempelvitna.

Likevel vart dei levande att og Kristus tok dei opp i himmelen. Eg har høyrt dei som seier dette talar om Jesus gjenkomst, når han hentar si brud. Ja, for oljetrea betyr då at dei er salva med den Heilage Ande og slik vert heile Jesu kyrkje salva med den Heilage Ande.

Men eg trur det fortel noko meir, det fortel om den fyrste kristendomsforfølginga. Som Jesu sauer vart dei rekna for slaktesauer, som stadig vart drepne, men sidan Jesus hadde døytt for dei og stått opp att frå dei døde tredje dagen, vart det også liv i dei igjen etter tre dagar.

Sal.44, 23 Men for di skuld

vert vi drepne dagen lang,

vi vert rekna som slaktesauer.

24 Vakna! Kvifor søv du, Herre?

Vakna, støyt oss ikkje bort for alltid!

25 Kvifor løyner du ditt andlet,

kvifor gløymer du vår naud og trengsle?

26 Vår sjel er bøygd i støvet,

vår kropp ligg trykt til jorda.

27 Reis deg og hjelp oss,

fri oss ut for din truskap skuld!

Rom.8, 33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:

For di skuld vert vi drepne dagen lang,

vi vert rekna som slaktesauer.

37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Dei to tempelvitna forkynte det som var rett. Korleis kunne då nokon føre klagemål mot dei, for å dømme dei og drepe dei? Det måtte vel vere ved at dei endra retten, ved å krevje at avspora seksualitet, som til dømes homoseksualitet, skulle verte rekna for å vere rett.

Kom i hug dei to englane som kom på besøk til Lot i Sodoma. Seint på kvelden samla det seg menn rundt huset og ville ha dei ut for å voldta dei. Men englane vildra synet deira så dei fann ikkje døra og kom seg ikkje inn (1.Mos.19).

Farisearane og dei skriftlærde laga menneskebod i tillegg til Guds bod og Paulus profeterte om at slikk ville der komme vranglære inn i kyrkja også.

1.Tim.4, 1 Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vilt, og til lærdomar som kjem frå vonde makter. 2 Dei vert narra av hyklarar som fer med lygn og er brennemerkte i sitt eige samvit. 3 Dei nektar folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga. 4 For alt det Gud har skapt, er godt, og ingen ting treng vrakast når det vert motteke med takk. 5 Det vert helga med Guds ord og bøn.

Formeiringa er den naturfaglege forklaringa og hensikta med det kjønnlege samlivet mellom mann og kvinne og dermed hensikta med ekteskapet. Paulus tala om den vonde naturen som er dominert av kjøtets lyst, den er syndig og har feil og gjer feil. Vi forstår vel at det fyrst og fremst er sikta til kjønnslysta, men det er også sikta til eit overdreve behov for materiell rikdom. Med ekteskap og familieliv følgde det naturleg vis med meir behov for materielle ting. Derfor anbefalte han folk å ikkje gifte seg.

Men når dei stikk i strid med Guds Ord, forbyr folk å gifte seg, så kjem grådigheita frå ein annan kant. Derfor forvrenger dei retten. Paulus seier då klart at det naturlege samlivet mellom mann og kvinne, i ekteskapet, er rett. Men så kjem altså postmoderne moralfilosofar og seier at det er feil, stikk i strid med både Bibel-kunnskap, naturvitskap og vanleg sunn fornuft.

Prestetenesta i den nye pakta.

I Sak.3 er øvstepresten og hans embetsbrør førebilete på prestetenesta i den nye pakta. No har Jesus bore fram eitt offer for synder og det er nok, han har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så vi får gå inn og stige fram for nådens trone og finne miskunn og få nåde til hjelp i rette tid. Vi skal også bere kroppen fram som eit levande heilagt offer (Rom.12,1-3). Og så skal vi bere fram lovprisingsoffer.

Det verkar for meg som den er noko annleis enn predikanten som stiller seg fram og er salva til å tale og tyde tungetale. Kanskje fungerer han som engelen i Sak.3 eller kanskje fungerer han som byggherren Serubabel. Medan prestetenesta vert meir som å komme traskande opp midtangen og stille seg framfor Herrens åsyn, med sitt offer og si bøn.

Han får motstand, tydeleg vis basert på klagemålet frå den vonde, for kroppen er då kjøt og blod, laga av mold frå marka, men då skal han sjå på Jesus, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Salme 103,1 Av David.

Mi sjel, lov Herren!

Ja, alt som i meg er,

skal lova hans heilage namn.

2 Mi sjel, lov Herren,

gløym ikkje alle hans velgjerningar!

3 Han tilgjev all di skuld

og lækjer all din sjukdom.

4 Han friar ditt liv frå grava

og kronar deg med godleik og miskunn.

5 Han fyller ditt liv med det som godt er,

og gjer deg ung att som ørna.

6 Herren grip inn og frelser,

lèt alle som er trælka, få sin rett.

7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,

sine gjerningar for Israels folk.

8 Mild og nådig er Herren,

langmodig og rik på miskunn.

9 Han kjem ikkje alltid med klagemål

og er ikkje evig harm.

10 Han gjer ikkje med oss etter våre synder

og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.

11 Så høg som himmelen er over jorda,

så stor er Herrens nåde

over dei som ottast han.

12 Så langt som aust er frå vest,

så langt tek han våre synder bort frå oss.

13 Som ein far er miskunnsam mot borna sine,

er Herren miskunnsam

mot dei som ottast han.

14 For han veit korleis vi er skapte,

han kjem i hug at vi er støv.

15 Menneskelivet er som graset.

Mennesket er som blomen på marka.

16 Når vinden fer framom, er han borte,

staden han stod på, veit ikkje meir av han.

17 Frå æve til æve er Herrens miskunn

over dei som ottast han.

Hans rettferd når til barneborn

18 når fedrane held hans pakt

og kjem i hug hans bod,

så dei lever etter dei.

19 Herren har reist sin kongsstol i himmelen,

han rår som konge over alle ting.

20 Lov Herren, de hans englar,

de sterke heltar, som set hans ord i verk,

så snart de høyrer hans røyst.

21 Lov Herren, alle hans hærskarar,

de hans tenarar, som gjer hans vilje!

22 Lov Herren, heile hans skaparverk,

på alle stader der han rår!

Mi sjel, lov Herren!

Prestetenesta i den nye pakta får motstand og det går ut over realfag.

Kristendomen vart statsreligion i Romarriket rett før 400 e.Kr. dermed vart kyrkja åstad for mykje av den maktkampen vi les om i Johannes Openberring. Så i Joh.Op.13 set det ut til at den andre dyret har fått makt til å få eld til å falle ned frå himmelen, rett framfor augo på folk, til samanlikning med profeten Elia. Men lureriet er at den fell ikkje på noko offer, slik som når Elia ofra på Karmel. For det daglege offeret er teke bort (Dan.11-12).

I den nye pakt er det daglege offeret at vi ber fram kroppen som eit levande heilagt offer og ber fram lovprisingsoffer. Når dette vert teke bort og folk i staden vert lurte av den falske profet på denne måten, så er det klart at det resulterer i sentralisering av makt ved at Dyret vert dyrka som ein god. Folk vert lurte og vert trælar.

Det er tydeleg vis dette som viser seg på humaniora ved Universitetet i Oslo i denne tida, så det politiske livet vert inspirert av det. Men det er avgudsdyrking som strir mot både trua på Faderen og Sonen og mot naturvitskapen.

Jesus har gitt meg ei presteteneste og eg får motstand.

Mitt daglege offer.

Jesus har gitt meg ei presteteneste i samsvar med prestetenesta i den nye pakta, derfor får eg slik motstand som den generelt sett har fått, så det vert motstand mot meg personleg også. Eg skal dagleg bere fram kroppen som eit levande heilagt offer. Men motstanden går ut på å ta borte det daglege offeret. Men eg må berre halde fram med å vende meg til Jesus, han vil gi meg siger.

Der to eller tre er samla i Jesu namn, er han midt i mellom.

Der to eller tre er samla i Jesus namn, er han midt i mellom. Vi får nok sjå at Jesus er med oss elles også, men ein spesiell lovnad om å møtest og samlast, fysisk altså, i Jesu namn, då er han midt i mellom oss, i han har vi den åndelege velsigninga.

Når eg gjekk på gymnaset merka eg at eg byrja å verte glad i ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande.

Rom.5,5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til faderen, som hans barn og eg vart så glad i henne. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Når eg besøkte henne på hybelen fekk eg oppleve at Jesus var midt i mellom oss.

Som svar på bøn møtte eg henne igjen ved Universitetet i Bergen, det fekk ho vite og at eg var forelska i henne. Den Heilage Ande openberra henne for meg igjen som eit Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til han og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Eg yngste ho skulle halde fram med å leve i det kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og derfor yngste eg å få henne til kone, derfor yngste eg å få møte henne igjen fysisk og snakke med henne om det, fri til henne på ein skikkeleg måte. Dette skreiv eg om hausten 2022 og Jesus svara meg slik, sitat frå bodskapen 27.11.2022:

Sitat: «ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen».

Sjå https://blessings-from-heaven.com/2022/12/03/2022-11-27-filadelfia-ulsteinvik-jesus-er-med-oss-ver-heilhjerta-med-han/

Han sa «ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv». Det fekk meg til å tenke på henne Reella. Ho studerte biologi, ho var realist altså. Så ho forstod sikkert at sjølv om Gud er ånd og kjærleik, som han har vist oss ved å openberre si frelse for oss i Kristus, så har det likevel med desse biologiske og fysiske realitetane å gjere og dermed kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, med tanke på eit kjæresteforhold og ekteskap.

Jesus sa også at han tek meg på altaret og då er det kroppen det er tale om, kjøt og blod, laga av mold på marka. Men han har utgytt sin Ande over mitt kjøt og det held han fram med.

Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;

Vi skal bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer. Den er framleis laga av mold, vi skal sjå det slik at den var krossfesta og døde med Kristus. Men den vert gjort levande ved Guds Ande, den har vorte eit tempel for den Heilage Ande. Den er frå himmelen. Slik har vi fått himmel på jord. Vi har begge føtene på jorda, samtidig som vi har begge føtene i himmelen.

Vil ikkje la meg vitne om mi tru på Jesus.

DFEF M40 Oslo.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/ .

Så eg reiste til Oslo på nyåret og på eit møte i dFEF i M40 i Oslo, der det var gitt høve til frie vitnemål, gjekk eg fram om prøvde å seie noko om det, eg endåtil siterte frå denne bodskapen. Likevel vart eg avbroten, dette fekk eg ikkje seie noko meir om.

Det vil seie at den glade bodskapen som eg har teke imot og som Jesus sender meg med og som eg går ut og bringar vidare, den får motstand endåtil i slike kyrkjelydar denne bodskapen vert forkynt og der Jesus kjem med slike bodskapar til oss. Då har kyrkjelyden byrja å motarbeide både sin Herre og seg sjølv.

Eit par år seinare, når eg var der på møte igjen, kom der ein bodskap der Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg, til å lengte etter han som gav liv og soleis sjå framover. Ja, for han er då vegen vi skal gå, for å komme vidare framover.

Sion Åheim.

Rett før jul var eg på eit bønne- og delemøte på Sion Åheim. Der vart ei kort samtale om at kvinna skulle ha på seg noko på hovudet i forsamlinga. Der var nokon som sa noko om at i den kulturen brukte dei slør til vern mot sola, eg tilføya at dei brukte det også for å skjule seg, men her brukar vi hue for å halde varmen.  

Seinare kom eg med eitt innlegg, eg nemnde eg først det som var mi sak, at eg hadde bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone. Så sa eg noko om å gå inn gjennom døra (Joh.10,1… og Joh.Op.3,13….), om at ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile og då må vi sjå til at ingen vert liggande etter (Heb.3-4). Likevel kan vi prøve å gå vidare framover, om Gud så vil (Heb.6,1…).

Då var der er ein som stadig prøvde å avbryte meg, med spørsmål, for så å ta over med noko anna. Eg måtte stadig prøve å ta oppatt tråden, for å komme vidare.

Det får meg til å tenke på kvifor Paulus sa at kvinna ha noko på hovudet, det var som teikn på at ho skulle lyde ektemannen sin og så skulle ho teie i forsamlinga, for ho skulle ikkje drive å avbryte dei som tala. Om dei hadde noko å spørje om, skulle dei spørje sine eigne menn heime med seg. Så då kan eg vel bruke same argumentasjonen mot han, i staden for å avbryte meg, bør han spørje kona si heime med seg sjølv. Kanskje han må ha på seg slør også, som lydskyldnadsmerke? Nei, men eg skjønar at motstanden er slik som når Dyret i Joh.Op.11 gjekk til krig mot dei to tempelvitna.

Gå inn gjennom døra.

I det siste har Jesus sagt til meg mange gangar at eg skal sjå han har sett framfor meg ei open dør og kalla meg til å gå inn. Det refererer seg til Joh.Op.3,8 og eg ser det på bakgrunn av Joh.10,1…

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
        Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:  8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.  9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
    12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
    13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Jesu frelseverk er fullført og fullkome, med det har han opna døra for meg inn til livet, inn i himmelen, bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, så eg får stige fram for nådens trone og finne miskunn og få nåde til hjelp i rette tid.

Eg tenker meg at engelen for kyrkjelyden var hadde ein bodskap frå Gud, så han skulle sjå at Jesus hadde opna døra for han og bodskapen hans, ved at hans frelseverk var fullført og fullkome. Slik har eg ein bodskap å komme med, men det er også eit problem som eg vil ha løysing på. Korleis heng det i hop? Jau, for Gud har byrja ei god gjerning i meg og oss, det trur eg og det har eg fått oppleve, så eg vil takke han for det. Og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den, slik ventar eg å få løysing på problemet. Med den trua og den forventinga skal eg feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Heb.12, 1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Gud oppsedar oss

4 I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet. 5 Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:

Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,

miss ikkje motet når han refser deg.

6 For den Herren elskar, tuktar han,

og han refser kvar son han tek seg av.

7 At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar? 8 Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.

Rett etter at eg byrja å studere i Bergen, gjekk eg på måte i dFEF i Skostredet 17, eg gjekk til forbønn. Og Jesus sa til meg at eg er hans son og at han ville gjere meg til ei søyle i sin Guds tempel. På den tida eller noko seinare, sa han også at eg skulle halde fast på det som eg har, så ingen skal ta krona mi. Ja, for der kjem ei prøvingstid over heile verda, men Jesus sa at dei som er tolmodige skal vere salige, for dei skal arva jorda. Sidan eg held fast på hans ord om tolmod, ventar eg at han vil halde fast på meg i denne prøvingstida. Eg skal sigre i denne prøvingstida, så vil han gjere meg til ei støtte i sin Guds tempel.

Han legg meg på altaret, så eg skal la meg omskapa, ved at eg får eit nytt sinn, så eg kan dømme om kva som er Guds vilje, det gode, hugnadlege og fullkomne (Rom.12,2).

I det siste har eg skrive om korleis Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella, for meg var det ei takkebøn og det vart ein lovsang som Gud gav meg i hjertet ved fylden av den Heilage Ande, det var ei velsigning og slik er mi bøn for henne framleis. Og Jesus svarde meg først med ein bodskap som eg trur var til meg sjølv og så med ein bodskap som eg trur var til henne:

Bodskap 1, 2.12.2023:

«Eg har sett ei opa dør framfor deg, gå inn og du skal få svar og mange andre ting som du har stussa på. Berre gå inn. Det er åpen.»

 Bodskap 2, 2.12.2023:

«Jeg er Herren din Gud, jeg har følgt deg gjennom et langt liv. Ja, eg skulle ynskje at du ville komme inn i min nærleik, i min favn. Eg vil ta deg, legge mine hender på deg og seie til deg; du mitt elskede barn. Men du har ein avstand til meg, dit og ikkje lenger. Du har ein fot hos meg, du har ein fot i verda. Men du mitt elskede barn, jeg taler med deg no. Det er som jeg har sagt, jeg har opnet en dør. Jeg vil at du skal komme inn i min fars hus. Du skal få kvile der. Du skal få ta av deg dine sko, du skal få ta av deg di jakke. Jeg skal føre deg inn i min Fars hus. Du er kommet hjem. Men du må bestemme. Jeg står i døropningen og tar imot deg. Jeg roper på deg. Jeg ser deg når du er langt borte. Du har så mye så streve med. Du har så mye å styre med. Du tenker i ditt sinn eg vil vente. Din sak er nok i orden. Nei, mitt barn, din sak er ikke i orden. Du må komme hjem, inn til meg. Jeg er døren inn til Fars-huset. Jeg kaller på deg i denne stund, jeg roper på deg i denne stund. Jeg er ikkje kommet for å dømme, jeg er kommet for å hjelpe deg. Jeg er kommet for å frelse deg. Kom til meg, du mitt elskede barn.»

Ja, det er ikkje vanskeleg å sjå den andre bodskapen som svar på mi bøn for henne. Legg merke til at det er tale om å ta av seg jakka og skorne og komme inn, så det handlar då om fysisk møte mellom menneske her på jorda.

At det soleis handlar om fysiske og biologiske realitetar høver med realfag. Gud er ånd, hans barn er fødde av Guds Ande og er ånd, Han har omsorg for sine born og slik har han omsorg for sine henders verk. Det høver med realfag.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord.

Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: «du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be slik for folket og landet.

På den tida gjekk vi på skule berre annankvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. Når eg var 9 år og gjekk i tredje klasse gjekk bror min i fjerde klasse og han fortale om stygg mobbing på skulen, det hadde med seksualiteten å gjere. Mor mi bad kveldsbøna i lag med oss og tok dette problemet med i kveldsbøna. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse oss frå det, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. allereie når eg var ni år, skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gi meg eir frelst kvinne som andre prioritet. Då merka eg at Jesus var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand og han vart min beste venn. Slik vart eg kjend med han og sidan har han ikkje forlete meg. Eg trur det er livsens tre som vart planta i meg, så det skulle vekse. Det treng det vatning av kjelda som vella opp i Edens hage, det er symbol på kjelda med det levande vatnet. Det vart planta ved Guds Ord og treng næring av Guds Ord og Guds Ande.

Eg er viss på at ho Virtuella også fekk oppleve dette og det saman med meg, ja, det var då for henne også. Guds kjærleik var mellom oss og eg vedkjende for Gud at den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, den openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen som han barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Dette er visdom som Gud gav meg frå himmelen ved sitt Ord og sin Ande. Jau, vi var i Guds Paradis og eg yngste vil skulle fortsette med det, at ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen.

Jak.1, 1 Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som lever i framandt land.

Prøving og freisting

2 Hald det berre for ei glede, mine brør, når de møter alle slag prøvingar; 3 for de veit at når trua dykkar vert prøvd, lærer de tolmod. 4 Men tolmodet må syna seg i fullført gjerning, så de kan vera fullkomne og heile og ikkje liggja etter i noko.

Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord. 6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden. 7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, 8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

9 Den bror som står lågt i verda, skal rosa seg av sitt høge stand. 10 Men den rike skal rosa seg av sitt låge stand; for som blomen i graset skal han gå til grunne. 11 Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell og all hans venleik kverv. På same måte skal den rike visna midt i alt sitt arbeid.

12 Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen må seia når han vert freista: «Eg vert freista av Gud.» For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst. 15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død. 16 Far ikkje vilt, mine kjære brør!

17 All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker. 18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

Høyr Ordet og gjer etter det!

19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.

Tenk deg at du ikkje har sette det sjølv i nokon spegel enno, så du veit ikkje korleis du ser ut. Om du då får sjå deg i spegelen, vil du nok sjå godt etter og hugs på korleis du såg ut. Når Gud har født oss på nytt korleis kan vi då vite korleis vi er? Ved å sjå oss i spegelen, det vil seie ved å sjå på Jesus. For han er Guds speilbilde. Gud skaper oss i han, då skaper han oss i si likning.

2.Kor.2,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Han som byrja den gode gjerning i oss, skal også fullføra den.

I dFEF i Skostredet 17 vart det forkynt at han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Jesus sa at han gir ikkje si ære til nokon annan. Eg måtte lære å skilje mellom det som eg skulle gjere og det som han skulle gjere.

Fil.3, 6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Gud gir ikkje si ære til nokon annan.

Ho Virtuella gjekk samfunnslinja på gymnaset og så tok ho psykologi grunnfag ved UiB etterpå. Med tanke på Freuds psykoanalyse, bekymra det meg litt, eg frykta at den kunne verte brukt til å bortforklare den kjærleiken Gud har til oss i Kristus Jesus. Det er vel nettopp med den strategien kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne vert eit mobbemotiv, slik vart det også årsak til kristendomsforfølging og det er det framleis.

I samfunnsfag er det mykje historie og historia langt bak i tid fortel om at kongane fekk makt over folk gjennom religionen, der avgudane kom i staden for den sanne og levande Gud. Profetane i GT forkynte at Guds folk var kona hans, han hadde omsorg for henne og stelte vel med henne, så ho vart dronning. Men det forstod ho ikkje, så ho byrja å ære avgudane til folka rundt seg i staden, som om det var dei som hadde slik omsorg for henne. Det var ikkje den rette forklaringa, men ei bortforklaring. Slik vart ho ei hore. I Johannes Openberring møter vi igjen eit liknande problem ved tilbedinga av draken og Dyret og avgudsdyrkinga til den Store Skjøkje.

Jesajas.42,1 Sjå, min tenar, som eg støttar,
          min utvalde, i han har eg mi glede!
          Eg har lagt min Ande på han,
          han skal føra retten ut til folkeslaga.
          
     2 Han skrik ikkje og ropar ikkje,
          røysta hans høyrest ikkje i gatene.
          
     3 Han bryt ikkje eit knekt siv
          og sløkkjer ikkje ein rykande veike.
          Med truskap skal han føra retten ut.
          
     4 Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt
          før han har sett retten igjennom på jorda.
          Fjerne kystar ventar på hans lov.
          
     5 Så seier Gud Herren,
          som skapte himmelen og spente han ut,
          som breidde ut jorda og alt som spirer der,
          som gjev pust til folket på jorda
          og ånd til dei som ferdast der:
          
     6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
          og gripe handa di.
          Eg har forma deg
          og gjort deg til ei pakt for folket,
          til eit lys for folkeslaga,
          
     7 for å opna blinde auge
          og føra fangar ut or fengselet,
          dei som sit i mørkret,
          ut frå fangehola.
          
     8 Eg er Herren, det er mitt namn.
          Mi ære gjev eg ikkje til andre,
          min lovsong ikkje til gudebilete.
          
     9 Dei første ting, sjå, dei er komne.
          No fortel eg noko nytt.
          Før det spirer fram,
          får de høyra om det.
Den nye songen
    10 Syng for Herren ein ny song,
          ein lovsong for han frå endane av jorda,
          de som ferdast på havet,
          og alt som fyller det,
          de kystar og alle som bur der!
          
    11 Ørkenen og byane der skal stemma i,
          landsbyane der Kedar bur.
          Dei som bur i Sela, skal jubla,
          dei skal ropa frå fjelltoppane.
          
    12 Dei skal gje Herren ære,
          forkynna hans pris på kystane.
          
    13 Herren dreg ut som ein helt,
          som ein krigar eggjar han si stridslyst,
          han ropar, ja, lèt hærrop ljoma,
          han viser sin styrke for fiendane:
          
    14 Eg har vore taus i lange tider,
          har tagd og halde meg tilbake.
          No skrik eg som ei fødande kvinne,
          eg stønnar og snappar etter pusten.
          
    15 Eg gjer fjell og haugar aude
          og tørkar ut alt grønt på dei.
          Elvar gjer eg til tørt land,
          sjøar tørkar eg ut.
          
    16 Eg fører dei blinde
          på ein veg dei ikkje kjenner,
          på stigar dei ikkje kjenner,
          leier eg dei.
          Eg gjer mørkret framfor dei til lys
          og ulendt mark til slette.
          Dette er det eg vil gjera,
          og eg skal ikkje la det vera.
          
    17 Med skam må dei vika tilbake,
          dei som stolar på gudebilete,
          dei som seier til støypte bilete:
          «De er våre gudar.»

Luk.17,11 Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12 Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna 13 og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» 14 Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. 15 Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, 16 kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17 Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18 Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?» 19 Og han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»

Eg byrja å studere realfag i Oslo hausten 1984 og gjekk på møte i dFEF i M40 i Oslo og hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale der Jesus sa til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fat i all æve.» Det minna meg om at når eg gjekk på gymnaset, så spelte ho Virtuella gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa. Eg såg og tenkte på henne som bruda som elska og lovprisa Kristus som sin brudgom og det gleda meg, så det vart ein lovsong i meg. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller neit til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Denne openberra henne for meg som eig Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn. Når eg møtte henne igjen i Bergen openberra den henne for eg som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.

Så dette var den nye songen som er omtala i Jes.42,10…

Eg må lære å skilje mellom kva Jesus gjer og kva eg sjølv skal gjera.

Skulle eg studere realfag, måtte eg opplagt gjere ein jobb sjølv, eg måtte gjere noko sjølv, prøve å prestere noko, ja. Samtidig var det Guds som gjorde sitt verk med meg, ved sitt Ord og sin Ande.  Det baserer seg på Jesu frelseverk, Han er fullkomen, liksom Faderen og hans frelseverk er fullført og fullkome, ingen kan legge til noko eller ta noko ifrå. Som Guds medarbeidar skal eg bygge på grunnvollen, som er Kristus, og då er det om å gjere å bygge med noko varig, noko som toler eld-prøva, gull, sølv og edle steinar. Gud gjorde sitt verk med meg gjennom dei som forkynte Guds Ord i kyrkjelyden.

Til samanlikning kunne eg forstå det slik at han gjorde sitt verk med meg gjennom dei som underviste og som hadde skrive lærebøkene og utvikla faget. Så eg kunne og skulle takke for begge deler og ta imot denne kunnskapen. Ja, for dette er då ikkje som å ete av kunnskapstreet, det gav vit på godt og vondt og ved å ete av kunnskapstreet prøvde menneska å forgude seg med sin kunnskap.

Eg forstår det slik at dette heller var som å ete av dei andre trea, men livsens tre fann i den evangeliske kyrkjelyden og så var det planta i meg sjølv også. Gjennom bønn og Bibel-lesing, både heime og i kyrkjelyden  fekk det næring, så det levde og voks. Dei som forkynte i dFEF var trugne mot Herren og gav meg det eg trengde i rette tid, så eg fekk stadig oppleve at Jesus svarde meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale.

Kristne som gjekk på Bibelskule, studerte teologi, psykologi, historie og filosofi kunne vel tenke sameleis. Vi må hugse på det fundamentale i kristendomen (Matt.18,1-4&19,14 Jesaja 57,15 Rom.18,8-10 Joh.1,1.. Joh.3,3-16 Joh.14,4 1.Joh.1,5-10 1.Joh.4,17-19). Det gav oss liv, det skal leve og vekse.

Vi må forstå og hugse på den dyrebare lærdomen Paulus fekk då Kristus openberra seg for han og frelste han. Det vart eit tankekors for han at han som ein ivrig farisear hadde forfølgt Guds born. Han forklarde det med at synda i den gamle vonde naturen dåra han, så den endå til brukte Mose-lova som reiskap. Dåring slik som ved syndefallet altså. Den andre forklaringa var at han var seld som træl utan å vite det. Jesus valde han altså som apostel i staden for Judas, då valde han ein som var seld utan å vite det, i staden for ein som selde og visste kva han gjorde.

Paulus var ein vismann, men konkluderte med at denne verda sin visdom er dårskap for Gud. Men evangeliet er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Vi forkynner Guds Ord, ja, men det er om å gjere å ta imot det i tru, så vi får oppleve at det gir liv og kraft, det er poenget,  for Guds rike står ikkje i ord, men i kraft. Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.

1.Kor.1, 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

1.Kor.4, 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

Rom.7, 6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven.

2.Kor.3, 4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. 7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. 10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande?

12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande, ja. Det er ein motsetnad som vi alle får oppleve, men når vi trur på Jesus og vel han, så skal ikkje verke synda eller bokstaven slå i hel livet. Han er brødet frå himmelen, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Det er berre for oss å ta imot den anden og det livet han gir oss frå himmelen og så leve med han.

Då får vi nok merke at dei som har valt å tene etter bokstaven strir imot oss, for å gjere slutt på det åndelege livet vi har fått i samfunnet med Faderen og Sonen. Strategien er utspekulert, som når ormen dåra og forførde kvinna i Edens hage og når Bileam Beorson sa til Moabitt-kvinnene at dei skulle prøve å lokke israelittane til hor. Det er tydeleg at dei satsar stort på dette med kvinneforskinga og kjønnsforskinga på humaniora.

Men Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp, som heilhjarta held seg til han. Slik vonar eg han vil gi meg hjelp i form av ei kone.

2.Krøn.16,9 9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.

Eg skal glede meg i frelsa og bidra med det som Gud har gitt meg i hjertet.

Jesus sa at eg skulle glede meg i frelsa, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår og så skulle eg sjå til at eg bidrog med det Gud har gitt meg i hjertet.

Bodskapen 12.10.2014: 

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda. 

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger. 

Bodskapen 29.3.2015: 

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg. 

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod. 

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske. 

Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg først på lovsongen som vart lagt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Den var å lovprise Gud og Lammet for frelsa, for at han frelser meg og frelser andre menneske og spesielt for at han frelste henne Virtuella, men det er og blir avhengig av om ho sjølv seier ja til Kristus og let han frelse henne. Slik er det for dei andre også, men eg kan då vere viss på at det er mange som tek imot han og vert Guds born og får evig liv.

Sidan har eg tenkt på at livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge, så eg skal bidra med det. Ja, for Jesus har då bestemt at midt i hans kyrkjelyd, der skal livet vere. Allereie når eg var ni år merka eg at eg vart kjend med han Jesus som min beste ven, Herren var ein skugge ved mi høgre hand. Det evige livet er at vi kjenner han og Faderen, det evige livet var planta i meg ved Guds Ord.

Gå inn gjennom døra, Joh.Op.3,7-13.

Jesus har sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og kalla meg til å gå inn. Det refererer seg til Joh.10,1…. Den som går inn gjennom døra vert frelst og han kan endåtil verte hyrding, i teneste for overhyrdingen og han leier sauene både ut og inn gjennom døra. Når sauene følger han inn, vert dei meir eller mindre hyrdingar for kvarandre altså. Vi vert lemer på Jesu lekam, så vi tener han og slik tener vi kvarandre, som lemer på same lekamen.

 I bodskapen som kom 2.12.2023 ser vi at det også er døra til Faderhuset. Den heimeverande sonen er vand med å bruke døra til å gå både ut og inn, han går ut for å jobbe på garden og går inn for å få mat og kvile og sove med natta.

Det refererer seg også til Joh.Op.3,7-13 og sidan Jesus har sagt eg skal sjå at han har sett fram for meg ei open dør, refererer det spesielt til dette.

Joh.Op.3, 7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:

Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!

12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Deg har ikkje fornekta namnet hans nei, så eg har heller ikkje nekta for at han er livet som vart planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge. Eg har nok fått merke at der er mange som prøver å gjere slutt på det, tjuvar og røvarar som er komne inn mellom sauene for å stele og slakte og øyde. Ulven er komen for spreie dei og drepe ned for fote. Dei første kristen vart forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren, for dei vedkjende Kristus som Herre i staden. Derfor vart det kravt at dei skulle fornekte han og tilbe keisaren som gud og vere med i avgudsdyrkinga i den gamle religionen. Likevel voks kyrkja, fordi Jesus hadde stått oppatt frå dei døde og sett seg ved Faderens høgre hand i himmelen. Han var med dei, så Gud gav dei vekst.

Likevel får vi framleis motstand på liknande måte. Når eg har gått på desse evangeliske møta, har eg fått oppleve at Jesus har svart meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har eg vore glad og tilfreds med, for eg har fått oppleve at han som eg vart kjend med som min beste venn når eg var ein liten gutunge, han er Guds Son som sit ved Faderens høgre hand i himmelen, han er det evige livet som vart planta i meg når eg var ein liten gutunge og som er planta i hans kyrkjelyd, han har sytt for at det har fått næring, så det lever og veks, så det har overlevt til no. Allereie når eg var ni år bad eg han gi meg ei frelst kvinne som kjæraste og kone og eg vart kjend med han som Guds Ord og dermed som hans svar på den bøna, ja, livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det har overlevt til no.

Korleis høver det med at Jesus sa at den som taper livet sitt for hans skuld, skal vinna det. Den bortkomne er funnen att, han var død, men har vorte levande igjen. Vel, det livet som vart planta i meg ved Guds Ord, hadde ikkje sitt grunnlag i noko i meg sjølv, men det hadde sitt grunnlag i Guds Ord og det har ein evig eksistens, slik som Gud og hans Ande. Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska. Det er det evige livet.

Jesus talar til meg slik som til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia i vers 8 i Joh.Op.3. Han veit om gjerningane mine, han veit at eg har lite kraft og det heng saman med at eg har tråkka feil. Men eg har halde fast ve hans Ord, som eg har lese i Bibelen og som har vorte forkynt til meg gjennom talene og gjennom tyding av tungetale i den evangeliske kyrkjelyden. Derfor skal eg sjå at han har sett framfor meg ei open dør som ingen kan lukke. Ja, for Jesu frelseverk er fullført og fullkome.

Joh.14, Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Eg har ikkje fornekta Jesu namn, men helde fast på hans Ord. Derfor skal eg gå inn gjennom døra. Engelen for ein kyrkjelyd har ein bodskap frå Gud og det hadde engelen for kyrkjelyden i Filadelfia også og han skulle gå inn gjennom døra med den. Slik har eg også fått ein bodskap frå Gud og skal gå inn gjennom døra med den. Det er ikkje tome ord, men Gud har planta livet i meg ved sitt Ord og gitt meg sin Ande og sin kjærleik i hjertet og eg skal så til at eg bidreg med det i kyrkjelyden.

Første året mitt i Bergen gjekk eg på møte i dFEF i Skostredet 17 og Jesus til meg at han ville gjere meg til ei søyle i sin Guds tempel og at eg skulle ta vare på det som eg hadde, så ingen skulle ta krona mi. Det refererer seg til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia.

Joh.Op.3, 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!

12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Der kom ei prøvingstid, altså, og då måtte han sigre. Slik også for meg. Eg måtte halde fast på det som eg hadde, så ingen skulle ta krona mi. Korleis kunne eg klare det? Ved å gå inn gjennom døra. Og slik er det framleis. Kva var det eg hadde og kva er det eg har, som er så viktig for meg å halde fast på, då? Det har eg allereie skrive mykje om. Det er først og fremst livet som vart planta i meg ved Guds Ord, Anden og livet som Jesus gir oss frå himmelen. Det er den fagre skatten som Gud gir oss i leirkar. Ved sin Ande har han også gitt meg ei nådegåve som eg skal bruke.

Bodskapen 13.7.2020:

«Jeg ser deg, sier Herren, du er nedbøygd, men jeg er kommet for å rette deg opp igjen. Jeg ser deg, sier Herren, du har sett deg tilbake og er lei deg. Og jeg vil at du skal se framover og oppover, for jeg har sett deg og jeg vil at du skal se meg. For jeg er kommet for å gi deg framtid og håp. Dette er den første dag i resten av livet ditt. Og jeg har ikke gitt deg opp. Du har gitt opp, men jeg har ikke gitt deg opp. Jeg vil godtgjøre deg og gi deg et liv som er verdt å leve, så lenge du lever.

Din egen styrke er ikke mye å sette sin lit til. Jeg vet om deg, du har liten styrke. Men min styrke vil jeg gjøre tilgjengelig for deg. Min styrke ønsker jeg skal fylle ditt hjerte, så du kan se på meg og kjenne at jeg løfter deg opp, jeg er den som har satt dine føtter på en klippe. Jeg er den som legger en ny sang inni ditt hjerte og i din munn, en lovsang til Herren. Og jeg vil at du skal se opp til meg utan å rødme av skam. Slutt å tenk på det du har gjort, se på det jeg har gjort, sier Herren. Det er nok det som jeg har gjort for deg. Og jeg har kommet for å fullføre den gjerning som jeg begynte i deg. Jeg vil ikke stoppe halvveis og jeg som har begynt en god gjerning i deg, jeg skal fullføre den, i Jesu navn. Amen.»

Bodskapen 22.8.2021:

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Kva er det eg kan vere mest sikker på at eg har fått? Ved trua på Kristus fekk eg evig liv (Joh.3,16), så namnet mitt vart oppskrive i livets bok i himmelen. Livet vart planta i meg ved Guds ord og det skulle vekse. Det livet fekk motstand av dei som tener etter bokstaven, for bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Dei som var komne før Kristus, var tjuvar og røvarar og så kom ulven, for å slakte og øyde og spreie sauene. Men Jesus sette livet til for sauene, han er komen for at vi skal ha liv og overflod av liv. Han er brødet som kom med frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han tala til oss er ånd og liv. Det gir han oss frå himmelen.

Jes.57,14 Det lydde eit ord:
        Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
        Ta bort kvar støytestein
        frå vegen åt mitt folk!
    15 Så seier han som er høgt opphøgd,
        han som tronar evig og heiter Den Heilage:
        I det høge og heilage bur eg
        og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
        Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
        og hjarta til liv hjå dei knuste.
    16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
        og ikkje alltid vera harm.
        Elles kom deira ånd
        til å missa si kraft for mitt åsyn,
        deira livsande som eg har skapt.

Overleving for den mest veltilpassa.

Plassert i den åndelege velsigninga og er veltilpassa.

Paulus skreiv til kyrkjelyden i Efesos at Gud hadde frelst dei og skapt dei i Kristus til gode gjerningar som han hadde lagt ferdige, for at dei skulle vandre i dei. Då skulle det vere noko som dei passa til og som dei meistra, dei skulle vere veltilpassa altså.

Ef.1,3 3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus har velsigna oss

med all Andens velsigning i himmelen.

Ef.2,4 4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Gud gjer noko nytt og ved trua på Kristus får vi komme inn i det. Det skulle i utgangspunktet vere enkelt, det er berre å ta imot Guds rike som eit lite barn. Jesus er døra og det er berre å gå inn gjennom den, for å verte frelst og komme inn i det nye. Vi skal gå ut att gjennom den også og då går vi ut på lovnadane. Vi skal gå inn gjennom døra og få fornying og gå ut gjennom den for å gå i ferdiglagde gjerningar.

Dette har eg skrive om her https://blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-og-seier-eg-skal-ga-inn/

Likevel møter vi mange prøvingar og vanskar, kva består utfordringane i? Vi må tilpasse oss naturen og samfunnet og nå må vi forstå at det er til vårt eige gagn. Vi må tilpasse oss verdslege autoritetar, men pass på om kravet vert kunstig, til samanlikning med avgudsdyrking. Det er ei sak som eg tek opp her.

Tilpassing til Gud og naturen.

Overleving for den mest veltilpassa sa Darwin, det er vel det mest sentrale poenget i utviklingslæra. Det spørst om kven som har best evne til å overleve i eit natur-miljø og som soleis passar best inn i miljøet. Det må resultere i at dei individa i ein art får mest avkom gjennom formeiringa, slik at der skjer ei utvikling der arten tilpassar seg naturmiljøet den lever i. Det vert gjerne kalla ei nisje som dei lever i og utvikler seg inn i, arten kan utvikle seg inn i ei ny nisje. Det kan utarte seg som den sterkaste sin rett, til dømes når hanndyra i ein art slost om revir for å samle seg eit harem og er det rovdyr, så er det også for å sikre seg jaktområde. Som oftast er det hanndyra som konkurrerer og det er ikkje bestandig ved å måle krafter. Det er hodyra som vel etter visse konkurransereglar og det vert kalla kjønnleg seleksjon. Ho-fuglen kan til dømes velje etter songen og fargeprakta til hannfuglen. Slik får arten sitt særpreg. Dette ser vi mange døme på, men så spørst det kor stor betydning dette har.

Den biologiske organisma må ha evne til å formeire seg om det skal verte kalla biologisk liv og for menneska er det ved kjønnleg formeiring. Det høver med det som står skrive i 1.Mos.1-2 om at Gud skapte menneska til mann og kvinne.

Gud skapte himmelen og jorda, men jorda var aud og tom og mørker låg over havdjupet. Då sa han at det skulle verte lys, så vart det lys. Og så kom nokre lysdagar der Gud talte og det skjedde, slik skapte han livet på jorda, men kvar dag såg han etter at det var godt. Eg tenker meg at han gav det tid til å leve og utfolde seg og dermed utvikle seg og så såg han etter at det var godt. Så eg tenker meg at han også skapte gjennom utvikling.

1.Mos.1, 26 Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.» 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. 28 Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!» 29 Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. 30 Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.» Og det vart så. 31 Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Dei skulle leve av frukt og nøtter, meir slik som apekattane altså. Dei skulle råde over både dyr, fugl og fisk, men korleis skulle dei då tilpasse seg naturen?

I 1.Mos.2 kjem det ei ny skapingssoge som er ulik den i 1.Mos.1 og eg trur det er for å fortelje oss noko som ikkje vert fortalt i 1.Mos.1, Gud er ånd og dette handlar om det åndelege sida av saka, ved at menneska levde i samfunn med han. Først er det tale om ei tørr og livlaus jord, men som let Gud der velle opp ei oppkome. Dette høver med eit ørken og steppelandskap i Afrika, der det er oaser i ørkensanden. Det var den nisja dei levde i.

Men så planta han ein hage i Eden og der sette han mannen og sette han til å dyrke og verne hagen. Dette må no ha skjett over mange generasjonar, men først no er det sagt at han skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp for han. Det kann ein saktens filosofere over, men eg tenker meg at det har å gjere med at ho også fekk oppleve at ho levde i samfunn med Gud og vart bevisst om det og så har det å gjere med at dette vart ein høgtståande elvekultur.

Hagen var den nisja dei levde i og då måtte dei tilpasse seg det naturmiljøet, det stemte med at Herren var deira Gud, så dei måtte underkaste seg han og lyde han. Først og fremst måtte mannen gjere det og så kvinna, ved at ho vart ei hjelp for han.

1.Mos.2,4 Dette er soga om himmelen og jorda då dei vart skapte.

Mennesket i Guds hage

På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen, 5 fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka. 6 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.

8 Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. 9 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.

10 Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner. 11 Den fyrste heiter Pisjon. Det er den som renn kring heile Havila-landet, der det er gull. 12 Gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolah-kvae og karneol. 13 Den andre elva heiter Gihon. Det er den som renn kring heile Nubia. 14 Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som renn austanfor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.

15 Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen. 16 Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. 17 Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»

18 Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.» 19 Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita. 20 Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han.

21 Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt. 22 Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han.

23 Då sa mannen:

«Dette er då bein av mine bein

og kjøt av mitt kjøt.

Ho skal kallast kvinne,

for ho er teken av ein mann.»

24 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.

25 Dei var nakne, både mannen og kona hans, og dei blygdest ikkje.

Frå syndefallet til syndefloda.

Ved syndefallet prøvde menneska å forgude seg sjølve med sin eigen kunnskap, men det stemte ikkje verken med å tilpasse seg Gud eller naturen, så dei vart utestengde frå Edens hage. Menneske utvikla seg til kjemper.

1.Mos.6, 1 Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer. 2 Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha. 3 Då sa Herren: «Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.»

4 På den tid, og sidan òg, var det kjemper på jorda. For gudesønene levde saman med menneskedøtrene og fekk born med dei. Det var dei veldige mennene frå eldgamal tid, dei namngjetne.

5 Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang. 6 Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt. 7 Han sa: «Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.» 8 Men Noah fann nåde hjå Herren.

Dei finn spor av folkesetnad på botnen av Svartehavet, så dei meinar at for meir enn 7500 år sidan var Svartehavet var ein mykje mindre ferskvatns-innjø som låg under havnivå, men så kollapsa demninga ved Bosporos, så Middelhavet fløymde inn i Svartehavet. Mange meinar at dette var syndefloda.

Der er funne fossil av kjemper, så då går det langt tilbake i tid, meir enn 100 000 år. Der er mange legender om kjemper også, endåtil etter syndefloda. Goliat var ei kjempe på over tre meter.

Etter syndefloda gjorde Gud ei ny pakt med Noah.

1.Mos.9, Guds pakt med Noah

1 Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «De skal veksa og aukast og fylla jorda. 2 Otte og age skal dei kjenna for dykk, alle dyra på jorda, alle fuglane under himmelen, alt som rører seg på marka, og alle fiskane i havet; de skal ha rådvelde over dei. 3 Alt som lever og rører seg, skal vera til føde for dykk. Liksom eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette. 4 Men kjøt med blod i, det som livet er knytt til, skal de ikkje eta. 5 Berre for dykkar blod vil eg krevja hemn. Eg vil krevja både dyr og menneske til rekneskap. Eg vil krevja kvar mann til rekneskap når han tek livet av nesten sin.

6 Den som tek menneskeblod,

hans blod skal menneske ta;

for i sitt bilete skapte Gud mennesket

7 Men de skal veksa og aukast,

myldra på jorda og verta mange der.»

8 Så sa Gud til Noah og sønene hans: 9 «No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar 10 og med kvar levande skapning hjå dykk, både fuglar og fe og alle villdyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arka, alle dyr på jorda. 11 Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.»

12 Og Gud sa:

«Dette er teiknet på pakta eg skipar

mellom meg og dykk

og kvar levande skapning som hjå dykk er,

for ætter som kjem i alle tider:

13 Eg set bogen min i skyene;

han skal vera eit teikn på pakta

mellom meg og jorda.

14 Når eg samlar skyer over jorda,

og bogen syner seg i skyene,

15 då skal eg koma i hug den pakta

som er mellom meg og dykk

og kvar levande skapning.

Aldri meir skal vatnet verta

til ein storflaum som tyner alt liv.

16 Bogen skal koma i skyene;

eg skal sjå han og minnast

den pakta som alltid skal vera

mellom Gud og kvar levande skapning

som rører seg på jorda.»

17 Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.»

Dette handlar framleis om å finne i nisje i naturen og tilpasse seg den, igjen ved at dei tilpassar seg Gud, bøyer seg for han og lyder han.

Tru på Gud eller avgud?

Abrahams tru.

Seinare velsigna Gud Abraham.

1.Mos.12, 1 Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!

3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,

og forbanna den som forbannar deg.

I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»

(1.Mos.15 & 17 &18 & 22 ).

Eg tek med:

1.Mos.17, 1 Då Abram var 99 år gamal, synte Herren seg for han og sa:

«Eg er Gud Den Allmektige.

Lev for mitt åsyn,

ver heil i di ferd!

2 Eg vil skipa ei pakt

mellom meg og deg

og gjera ætta di uhorveleg stor.»

3 Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han:

4 «Sjå, eg gjer ei pakt med deg,

du skal verta far til mange folk.

5 Du skal ikkje lenger heita Abram,

men Abraham skal namnet ditt vera;

for eg gjer deg til far åt mange folk.

1.Mos.22, 15 Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, 17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, 18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.»

Gud lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Abraham trudde at Gud kunne vekke Isak oppatt frå dei døde. Om vi trur at han vekte Kristus opp frå dei døde, så har vi Abrahams tru og vert rettferdige ved tru.

Rom.4, Abrahams tru

1 Kva skal vi då seia om Abraham, ættefar vår? Kva vann han fram til? 2 Vart Abraham rettferdig for Gud på grunn av gjerningar, då har han noko å rosa seg av. Men det har han ikkje for Gud. 3 For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. 4 Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde. 5 Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som seier den ugudelege rettferdig. Han får rettferda tilrekna fordi han trur. 6 Såleis prisar òg David det mennesket sælt som Gud tilreknar rettferd utan at det har gjerningar:

7 Sæle er dei

som har fått sine brot tilgjevne

og sine synder tildekte.

8 Sælt er det menneske

som Herren ikkje tilreknar synd.

9 Dei som her vert prisa sæle, er det berre dei omskorne, eller er det dei uomskorne med? Vi sa då at Abraham vart rekna for rettferdig fordi han trudde. 10 Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren. 11 Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. På den måten skulle han verta far til alle uomskorne som trur, så rettferda kan tilreknast dei. 12 Men han skulle òg verta far til dei omskorne, når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg fylgjer etter Abraham, far vår, og eig den tru han hadde før han vart omskoren.

Lovnaden til Abraham

13 For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk den lovnaden at han skulle verta arving til verda, men ved den rettferd som kjem av tru. 14 Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua gagnlaus, og lovnaden er gjord til inkjes. 15 For lova verkar vreide hjå Gud, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot. 16 Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile ætta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. Han er då far for oss alle, 17 som det står skrive: Eg har gjort deg til far åt mange folk. Han er vår far i Guds augo; for han trudde på Gud, han som gjer dei døde levande og byd det som ikkje er, at det skal verta til. 18 Endå all von var ute, heldt Abraham fast på vona og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di verta. 19 Han var då mest hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft, og at Sara var for gamal til å verta mor. 20 Han var ikkje vantruen, så han tvila på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. 21 For han var fullviss på at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera. 22 Difor vart han rekna for rettferdig. 23 Men det var ikkje berre for hans skuld at dette vart skrive om han. 24 Det gjeld oss òg. Vi skal få rettferda tilrekna når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde, 25 han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle verta rettferdige for Gud.

Gud eller avgud.

Israels-folket leve i Egypt i 450 år, men vart trælar. Så Gud sende Moses for å frigjere dei frå trælehuset, han ville frigjere dei frå trældomen under avgudane i Egypt og føre dei til det lova landet, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Likevel vart det ei konflikt mellom trua på Gud og å dyrke avgudane i det landet som Gud gav dei, derfor let han landet deira verte hærteke og dei verte bortførde til Babylonia som trælar.

Under persarkongen Kyros fekk dei kome heim att til landet sitt og det same gjaldt dei små nabofolka deira. Gud sa det var han som kalla fram folkeslaga og eg tenker meg at det var slik som når han gjekk i hagen og kalla på Adam og Eva. Men det var ikkje alltid det verka slik som det skulle altså, det var ikkje alltid han fekk den rette responsen. No kalla han Kyros til å føre dei heim att til landa sine. Då skulle dei vel få ei god tilpassing til naturen, for dei kjende best til det landet dei kom ifrå.

Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.

Åndeleg velsigning ved å velsigne Kristus, materielle velsigning ved å tilpasse seg naturen og studere realfag. Korleis kan det henge i hop?

Jau, det er mogleg å få den åndelege velsigning ved trua på Jesus og så få materiell velsigning (velstand), ved å tilpasse seg naturen og lære realfag og teknologi. I eit moderne samfunn trengst det spesialisering, så vi kan forstå det slik at det gjeld heile folket. Men vi må søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Slik må vi prioritere den åndelege velsigninga.

Men korleis er det mogleg både å dyrke Gud og tilpasse seg naturen og den moderne teknologien? Jau, ved ei dobbeltolking av 1.Mos.2, det handlar både om det åndelege livet i samfunnet med Gud som er ånd og å dyrke og verne ein botanisk hage med livet som er der. Eg forstår det slik at kjelda som vella opp er symbol på det levande vatnet. Gud bles livsens ande i nasa på mannen, så han vart ei levande sjel. det er symbol på at han fekk Guds Ande.

Gud hadde gitt folket sitt eit land som fløymde av melk og honning. Då måtte dei vatne det, dyrke det og halde det ved like. Dei liv skulle verte som ein vassrik hage, det tala om deira åndelege liv, slik var den åndelege velsigninga. Men då skulle det også resultere i at dei dyrka sine botaniske hagar, så dei fekk mat, vin og velstand.

Jesajas.58, 6 Nei, så er den faste som eg vil ha:

at du løyser dei som med urett er bundne,

sprengjer banda i åket

og friar ut dei som er trælka,

ja, knekkjer kvart åk,

7 at du deler ditt brød med dei som svelt,

og lèt heimlause stakkarar koma i hus,

at du kler den nakne som du ser,

og ikkje sviktar dine eigne.

8 Då skal ljoset ditt renna som morgonroden,

snart skal dei lækjast og gro, dine sår.

Di rettferd skal gå føre deg

og Herrens herlegdom sist i ferda.

9 Då skal Herren svara

når du kallar på han,

når du ropar om hjelp,

skal han seia: «Her er eg!»

Når du tek bort kvart tyngjande åk,

held opp med å peika fingrar

og tala vondt om andre,

10 når du deler ditt brød med den som svelt,

og mettar den som lid naud,

då skal ljoset renna for deg i mørkret,

og natta skal verta som ljose dagen.

11 Herren skal alltid leia deg

og metta deg i det turre land.

Han skal styrkja deg;

du skal verta som ein vassrik hage,

ja, som ei rennande kjelde

der vatnet aldri tryt.

12 Du skal byggja opp att gamle ruinar

og reisa grunnmurar frå farne ætter.

Då skal dei kalla deg murbrot-bøtar,

han som vøler vegar,

så folk kan bu i landet.

13 Held du foten din att på sabbatsdagen,

så du ikkje driv ditt yrke på min heilagdag,

men kallar sabbaten ei lyst

og Herrens helg ein høgvørd dag,

held du han i ære,

så du ikkje går dine eigne vegar,

men avstår frå handel og snakk,

14 då skal du ha di glede i Herren.

Eg lèt deg fara over høgdene i landet,

du får nyta arven etter Jakob, far din.

Dette er ordet frå Herrens munn.

Men dei hadde vendt seg bort frå Gud, kjelda med det levande vatnet.

Jer.2, Far over til kittearøyane og sjå,

send bod til Kedar og røk vel etter,

ja, sjå om noko slikt har hendt!

11 Har noko folk bytt bort sine gudar

– endå dei ikkje er gudar?

Men mitt folk har bytt bort si ære

mot det som ikkje gagnar.

12 Reddast, du himmel,

ja, skjelv av redsle over dette!

lyder ordet frå Herren.

13 For to vonde ting har folket mitt gjort:

Dei har gått bort frå meg,

kjelda med levande vatn,

og hogge seg brunnar,

leke brunnar som ikkje held vatn.

Jer.17, 13 Herre, du Israels von,

alle som går bort frå deg,

skal verta til skammar;

dei som vik frå deg i landet,

skal skrivast opp.

For dei har gått bort frå Herren,

kjelda med levande vatn.

Verte frelst for æva og få evig liv.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn (livsens vatn) og Ande og det som er født av Anden er ånd. Då er det berre å tru og ta imot av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Det er ikkje på grunnlag av noko vi har gjort, skal gjere eller kan gjere, det er berre på grunnlag av at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, stod oppatt frå dei døde. Har vi teke imot hans Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst, våre namn er oppskrivne i livets bok i himmelen. I vona er vi frelste, von er som eit anker for vår sjel og det er plassert innom forhenget i den himmelske heilagdomen.

Heb.6, Vi ynskjer berre at kvar ein av dykk må vera like ivrig etter å eiga full visse i vona heilt til det siste. 12 Då må de ikkje vera likesæle, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod får del i lovnadene.

…..

19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.

Heb.9, 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Der kjem ein dommedag, men Guds kjærleik er at Jesus sona vår synd og skuld, så vi ikkje skal verta dømde.

1.Joh.4, 7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

Komme inn til Guds kvile, den er utgangspunkt for all Guds-teneste.

Adam skulle dyrke og verne Guds hage og det var det kona hans skulle hjelpe han med, så dei var dei som dyrka hagen som også skulle verne den. Det gjaldt både å dyrke jorda og dyrke hjertets jord i samfunn med Gud som er ånd, å verne hagen kan dermed kallast både naturvern og miljøvern og kva meir? Det gjenstår no ein del spesifisering, den som lever får sjå. Det blir om å gjere å leve i trua på Jesus og setje si von til han, om frelse og evig liv. Då gjenstår det svært så mykje å få sjå og oppleve.

Gud laga den første Adam av våt jord og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Men Jesus er den siste Adam, han er ifrå himmelen og har for oss vorte ei livgivande ånd. Har vi teke imot han og fått hans Ande, så tilhøyrer vi han og skal leve for han. Han er i Guds himmel og når vi lever for han og tener han, så tener vi himmelen.

Ved trua på han får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4), for det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Sidan Jesus er den siste Adam, så er det han som dyrkar og vernar Guds hage, hans kyrkje er hans brud, så ho skal hjelpe han med det. Det er ved at vi tek imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, så det er den dyerebare skatten vi skal ta vare på og verne om. Den gir liv til Guds hage og er soleis fundamental viktig. Ved fylden av Guds Ande får vi også nådegåve til å tene han med, så vi vert betre i stand til å dyrke hagen. Igjen er det tale om både å dyrke og verne.

2.Tim.1,1 Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden om liv i Kristus Jesus,  2 helsar Timoteus, sin kjære son. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
   
 3 Med takk til Gud som eg tener med reint samvit, liksom fedrane mine, nemner eg deg støtt i mine bøner, natt og dag.  4 Eg minnest tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att; det ville gjera meg hjarteglad.  5 Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg.
     6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.  8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev.  9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for. 12 Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem.
    13 Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

Gud er ånd og hans born er fødde av hans Ande, det som er født av Anden er ånd. Han har omsorg for sine born, Gud vil at menneske skal verte frelste og fødd på nytt, så dei vert hans born og så vil han ta omsorg for dei som sine born og slik vil han ta omsorg for sine henders verk.

Då er det viktig for oss også å prioritere slik, søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.

Gud gjer noko nytt, legge bak seg det gamle og ta imot det nye. Vere himmelvend.

Jesajas profeterte om at Gud ville gjere noko nytt og spurde om dei ikkje merka det. Som om han hadde byrja på det allereie då, altså.

Jes.43,18 Tenk ikkje på det som hende før,

gjev ikkje akt på det som eingong var!

19 Sjå, eg skaper noko nytt.

No gror det fram.

Merkar de det ikkje?

Ja, eg legg veg i øydemarka

og stigar i den aude hei.

20 Dyra på marka skal æra meg,

både sjakalar og strutsar.

For eg gjev vatn i øydemarka,

lèt elvar renna i den aude hei,

så mitt utvalde folk kan få drikka.

21 Det folket eg har skapt meg,

skal forkynna min pris.

Då måtte dei legge bak seg det gamle og verte med inn i det nye. Det vart så pass brutal omstilling at landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Så kom den glade bodskapen om at dei fekk vende heim att. Det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dette er førebilete på evangeliet om Jesus Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Han kom med det nye og mange fekk merke det og vart med i det. Jesus gjorde klart for dei ville vere hans disiplar at dei måtte legge bak seg det gamle, dei måtte kvar dag ta opp korset sitt og følge han. Mange følgde han, men så vart dei færre etter kvart, Jesus hadde førebudd sine næraste disiplar på at ulven ville komme til å spreie sauene, men han var den gode Hyrdingen som sette livet til for dei og som så ville samle dei igjen, etter at han stod opp frå dei døde, altså.

I si «øvsteprest-tale» sa han at dei ikkje skulle undre seg over at verda hata dei, for ho hadde hata han først. 

Joh.15, 18 Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk. 20 Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei halda fast på dykkar ord òg. 21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg. 22 Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan skuld. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med. 23 Den som hatar meg, hatar Far min òg. 24 Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett dei, og likevel hatar dei både meg og Far min. 25 Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn. 26 Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. 27 Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste.

Det gamle tok ikkje imot det nye, derfor vart Kristus hendretta. Det viste at det var ikkje mogleg både å vere himmelvend og heilhjarta med Gud og samtidig tilpasse seg samfunnet og naturen for å overleve. Kvifor det? Fordi Djevelen var denne verda sin gud. Han var ei løgnar og far til løgna. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Løgna. Som motsetnad til dette var Jesus Sanninga som var komen for å sette dei fri frå trældomen under synda og avgudane. Løgn og sanning kan ikkje sameinast.

Naturkatastrofer som dommedagar og eit ledd i utviklinga av livet.

I det gamle testamentet er det fortalt om at Gud straffa menneska både med naturkatastrofer og krig, det ser vi også i Johannes Openberring, det er som om der kjem mange domedagar, men den siste er når det er slutt på denne jorda. Då skal dei døde stå opp og komme for den store kvite trone. Berre dei som er oppskrivne i livets bok vert berga frå domen. Så kjem der ei ny jord.

Og kva seier naturvitskapen om slike naturkatastrofer med massedød? Den seier at det er spesielt etter slike katastrofer der vert utvikla nytt liv. Det gamle måtte bort for at det nye skulle få livsutfolding. Det er då klart at dersom vi skal verte berga frå så store katastrofe som verda sin undergang, så må det vere ved Guds under. Når Jesus kjem og hentar sine, skal dei verte omskapte, så dei kan verte med han i det nye.

Naturkatastrofene har si naturlege forklaring, det ser vi i Bibelen også. Der kom uhorveleg mykje regn som vart årsak til syndefloda. Mange har påstått at ikkje er mogleg at det kunne ha regna så mykje at heile jorda vart overfløymd. Men syndefloda er det fortalt om i mange kulturar, så det er sannsynleg at det var noko som verkeleg hende, som at demninga ved Bosporos kollapsa, så sjøvatnet fløymde inn i det som no er Svartehavet. I Nord-Amerika hadde isen stengt inne sin stor innsjø, demninga der brast og dette kunne vere forårsaka av mykje regn. Denne innsjøen var så stor at havnivået steig, så demninga ved Bosporos brast. Der måtte vere mykje skyar for at der skulle komme mykje regn og det er vanleg at regnbogen viser seg når det klarnar. Men sidan Gud no brukte den som eit teikn på pakta han ville gjere med dei, kan det tyde på at det var ei klimaendring.

Men kunne det også vere Guds straffedom, det hadde då si naturlege forklaring. Ved at han ikkje åtvara dei og berga dei frå ulykka. Men no har han åtvara oss, Noahs ark er førebilete på den frelsa Gud gir oss i Kristus, symbolisert ved dåpen.

Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og dømde ormen til å måtte krype på buken. Dette refererer til utrydding av dinosaurane for 62-65 millionar år sidan. Der var to typer, Saurischia (øglehoftediosaur) og Ornithischia (Fuglehofte-dinosaur). Saurischia kunne sette føten rett under seg og løfte buken frå bakken. Men dei vart for det meste utrydda, der finst ikkje krypdyr lenger som kan sette føte rett under buken og løfte seg frå bakken slik. Ordet Ornithischia kjem av ornotologi, så ein skulle tru at fuglane stamma frå Ornithischia, kanskje var det det dei først meinte også, men likskapen med fuglebekken er i grunnen overdriven. No meiner dei i alle fall at fuglane stammar frå saurischia, men dei har med tida utvikla eit bekken som liknar meir på ornithischia. Det er no litt rart, for det skulle no vere ein fordel og eit framsteg i utviklinga å få sette føtene rett ned under buken, for å gå på landjorda. Men mange fuglar brukar føtene mest til å padle med. forfedre til fuglane (derav ordet ornitologi, læra om fuglane), ormane og andre nolevande krypdyr.

Meir presist har saurischia og fuglar ein felles forfader. Den og ornithischia har ein felles forfader. Den og krokodiller har ein felles forfader, den og ormar og øgler har ein felles forfader. Så fuglar er einaste etterkomarane etter dinosaurane.

Djevelens klagemål mot menneska er fundamentalt, men evangeliet om Kristus, Guds Son, er mest fundamentalt.

Satan, motstandaren, baktalaren og klagaren.

Satan betyr «motstandaren», han står imot menneske som dyrkar Gud. Sitat frå https://snl.no/djevelen_-_i_banning :

kristendommen har særlig det opphavelig latinske ordet djevel blitt brukt, særlig fordi Bibelen ble mest brukt i latinsk utgave. Det latinske diabolus er lånt fra gammelgresk διάβολος [diábolos]. I gammelgresk var det egentlig et verdslig ord med betydningen ‘baktaler’ eller ‘anklager’, det vil si ‘en som gjør skade på andres rykte’. Det greske ordet er brukt i den norske Bibelen som oversettelse av det hebraiske satan, som er en modifisering av det hebraiske Shaitan, det vil si ‘mørkets fyrste’. Allerede i norrønt kan djevel bety ‘ond ånd/person’, i tillegg til å betegne selveste djevelen.

Forestillingen om det onde eller den onde har forskjellige betegnelser, avhengig av hvilken språkkultur man kommer fra. Den latinske betegnelsen ble lånt inn i norsk allerede i norrøn tid i formen djǫfull. Det kan spores tilbake til gammelsaksisk diabol, som i gammelengelsk ble deōfel. Dette kan være mulig kilde for det norrøne djǫfull, siden kristendommen kom til Norge fra England.

Faen er sannsynligvis det mest brukte banneordet i norsk. Det er en forkortet form av det norrøne ordet for djevelen, fándinn. Det brukes alene, eller som forsterking av spørsmål, påstander, fornektelse og i annet argumenterende språk.

Forestillingen om djevelen er typisk for kristendommen, og også i islam har man Satan eller Iblis, som ifølge islamsk lære er en fallen engel, men de fleste religioner eller kulturer har en eller annen betegnelse på ondskapen eller den onde. Svært ofte er det en betegnelse på fienden (jamfør det norrøne fjándin som er grunnlaget for det moderne fanden/faen).

Job.

I Jobs bok er det fortalt om at Guds søner steig fram for Gud og mellom dei var Satan,

Job.1, 6 Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. 7 «Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan. 8 Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.» 9 Men Satan svara Herren: «Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud? 10 Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet. 11 Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.» 12 Då sa Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.» Så gjekk Satan bort frå Herren.

Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og vi forstår at det er menneskelivet det handlar om. Ormen vart dømd til å krype på buken, så det refererer til dinosaurtida, for saurischia kunne sette føtene rett under seg og løfte buken frå bakken. Dei var herskarar på jorda, pattedyra var små og smarte med å flykte og gøyme seg vekk. Det var ei naturkatastrofe som gjorde at dei vart utrydda og då fekk pattedyra overtaket og menneska vart det mest avanserte pattedyret. Men det var altså ikkje fordi pattedyra vann over dinosaurane. Så når Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, låg menneska tynt an.

For Job og venene hans var det viktig å vere gudlege og rettferdige, for at det skulle gå dei godt. Dersom det var nokon det ikkje gjekk godt for, var det då fordi dei ikkje var gudlege og rettferdige? Ikkje nødvendig vis. Djevelen snudde resonnementet ved å påstå at dersom det ikkje gjekk Job vel, så skulle det nok vise seg at han ikkje var så gudleg likevel.

Job hadde ikkje noko han skulle ha sagt og kvifor det? Sikkert fordi dinosaurane var til lenge før menneska og då var dei sigerherrar i kampen for tilværet. I Jobs bok er det også tale om Guds søner som jubla når Gud skapte, men kvar var menneska då? Dei var ikkje skapte enno og hadde derfor ikkje noko dei skulle ha sagt.

Herren svara Job med ei førelesing som alle bør få med seg, den byrja slik:

Job.38,1 Då svara Herren Job or stormen:

2 Kven er det som gjer mi rådgjerd uklår

med uvituge ord?

3 Spenn beltet om livet som ein mann!

Så vil eg spørja deg,

og du skal svara meg.

4 Kvar var du då eg grunnla jorda?

Sei fram, om du har skjøn!

5 Kven har fastsett hennar mål – det veit du vel?

Kven spente mælesnor ut over henne?

6 Kvar vart hennar soklar søkkte ned,

og kven la hennar hjørnestein,

7 medan alle morgonstjerner jubla,

og alle Guds søner ropa av fryd?

……

Jesus er Guds einborne Son, evangeliet om han er mest fundamentalt og er soleis frigjerande.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Slik blir han den førstefødde av mange born. Han er den første og er soleis mest fundamental i skapinga og trua på han er mest fundamental og er soleis frigjerande. Frigjerande frå alt som kom seinare og som la menneska i band og lenker og heldt dei i trældom.

I Joh.Op. 12 er det fortalt om eit syn på himmelen, der draken som reiv ned ein tredjedel av stjernene. Himmelens stjerner vert brukt som symbol på Guds englar, Guds bodberarar. Men det vert også brukt om Guds folk, sidan Gud har gitt dei ånd og liv er dei lys og Guds vitne og bodberarar. Det vert også fortalt at Draken stod klar for å sluke gutebarnet som skulle verte født. Det minner om at når Herodes fekk høyre at ein konge var fødd, la han ein plan for å drepe han, men misslukka med det. Straks etter at det vart født, vart det teke opp til himmelen. Her vert det ikkje sagt noko om at Kristus døde først og stod opp att, før han vart teken opp til himmelen. Her er det tale om eit gutebarn og det er poenget, for Jesus hadde då sagt at vi må verte som born, ja verte fødde på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Guds rike er mest fundamentalt i samfunnet og det er om å gjere å finne det, sjå det og komme inn i det.

Så er det fortalt at overengelen Mikael gjekk til strid mot Draken og kasta han ned på jorda, det hang saman med at dei kristne brørne vann over Draken i kraft av Jesu blod og ved å vitne om han.

Joh.Op.12, 1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.

3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.

7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

Noahs ark er symbol på frelsa i Kristus, slik også med dåpen og den er eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,18-22). Ved reinsinga i Jesus blod, vert hjerte, sinn og samvit reint, så vi vert kjend med Jesus og slik vert vi kjend med Faderen, vi ser på Jesus og då ser vi Faderen og. Vi får sjå at Jesus er med oss og finn meining med livet ved å leve for han og vert utrusta til det. Det følgjer som resultat.

Men grunnlaget var ikkje noko vi gjorde. Det var noko Faderen og Sonen gjorde, med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for all og har for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Gud vekte Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Det er berre for oss å ta imot i tru og takke for det og vedkjenne det for både gud og menneske, makter og autoritetar.

Søke først Guds rike og tilpasse seg naturen. Kva med samfunnet?

I Israel.

Jesus sa vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det.

Matt.6, 25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Matt.5, 36 Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt; for du kan ikkje gjera eit einaste hår kvitt eller svart.

Når Israel var på høgda av si makt, under kong David og kong Salomo, så var Israels-folket ei herskarklasse i eit storrike. Når vi les dette, så skulle ein nesten tru det var noko slikt Jesus tok sikte på, men det var ikkje akkurat slik det fungerte. Dei prioriterte heller å gå til dei fattige i landet. Faderen var med dei og gjorde sitt verk og han hadde omsorg for dei på alle måtar. Jesus gjorde nokre under, då han velsigna ein liten grann mat og så vart det nok til ei stor folkemengde. Det vart bakgrunnen for at han forkynnte at han var brødet frå himmelen. Det får vi gratis, utan å måtte arbeide for det. Men vi kjem ikkje forbi at dei brukte av verdiar som folk hadde arbeidt for tidlegare og som dei gav eller brakte med seg når dei vart med i følgjet. Dei kom inn i heimar der det vart laga til gjestebod for dei og det låg det ein god del arbeid bak.

I den kristne kyrkja.

I den fyrste kristne kyrkjelyden i Jerusalem delte dei det som dei eigde og der vart folk som tok seg av den oppgåva. Det var for nøda, slik det viste seg når Paulus samla inn ei gåve til dei. Han sjølv var seglmakar og prøvde å brødfø seg med det, men han fekk også gåver, så han kunne ta seg meir av den tenesta han hadde fått.

Jesus frelste og frigjorde folk frå trældomen under synda og avgudane, slik er evangeliet ein frigjerande bodskap. Likevel gjorde ikkje Jesus eller disiplane hans mot styresmaktene, verken i Israel eller Romarriket elles. Paulus sa at dei skulle vere styresmaktene undergjevne, ja, vere kvar menneskeleg ordning undergjevne. Slik skulle dei tilpasse seg styresmaktene og verdslege autoritetar altså. Likevel hadde dei kamp mot verdslege autoritetar, men det var ein åndskamp. Så skulle dei nytte seg av at Gud er den sterkaste, han har vekt Kristus opp frå dei døde og sett han ved si høgre hand i himmelen, han har sigra over verda, djevelen og døden og ved trua på han skal vi sigre saman med han. Gud skaper noko nytt i Jesu kyrkje, det har vi vorte med i og det er det vi må satse på.

I det moderne samfunnet.

Guds rike er evig og det er Jesus kyrkje også, vi får sjå at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende. Så dette gjeld i det moderne samfunnet også. Moderne vitskap og teknologi har vorte viktig og verdifullt for det moderne samfunnet, vi får lære om det på skulen og gjennom skulegangen lærer vi å tilpasse oss dette samfunnet. Vi må tilpasse oss verdslege autoritetar og lyde dei, både i skulegangen og i arbeidslivet.

Kva er då skilnaden på dette og avgudsdyrking? Det er det fyrst og fremst den einskilde som sjølv må prøve å finne ut av, ved å søke fyrst Guds rike og hans rettferd og så tilpasse seg naturen og samfunnet. Vi må vere førebudde på at kravet og forventninga om at i skal tilpasse oss  autoritetar kan utarte seg som krav om at vi skal verte trælar under avgudar. For å finne ut av det, kan det vere lurt å spørje etter kva som er den naturlege hensikta, kva er den naturlege tilpassinga. Du finn ut av kva du har naturlege anlegg for og kva som interesserer deg. Så satsar du på det og lærer deg til eit yrke som du passar til og trivest i. Då tek du også økonomiske omsyn.

Fork.3, 9 Kva vinning har den som arbeider,

av alt sitt strev?

10 Eg såg det plagsame strevet

som Gud har gjeve menneska.

11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.