Skip to content

Skapinga, frelsa og vitskapen.

Dobbel tolking av den andre skapingssoga.

I 1.Mos.2 er det sagt at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans og han vart til ei levande sjel og Gud talte til han. Slik fortel dette om ånd og materie og det gjev ei dobbel  tolking, mennesket er laga av mold, Gud er ånd og han bles livsens ande i nasa på mannen, så han vart ei levande sjel som vart vekt opp til liv i samfunn med Gud som er ånd. Slik handlar det om vårt åndsliv, sjeleliv og tankeliv. Idealet er at det blir som ein velvatna hage. Men det handlar også om å dyrke den fysiske jorda, så den vert fruktbar, til gagn for oss. Så vi kan seie det handlar om å vere naturvitar og bruke den naturvitskaplege kunnskapen til å dyrke jorda, slik at den kunnskapen vert til gagn for oss. Eg forstår det slik at den kunnskapen er som å ta av andre tre enn kunnskapstreet, men livsens tre har med den evangeliske forkynninga å gjere. Eg tenker på korleis vi stiller hypoteser, vi går til matematikken og finn ein formel og brukar den, utan å problematisere over det. Det er som å ta av eitt av desse trea.

Så er det fortalt at Gud ville gje mannen ei hjelp som passa for han, så han skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, mannen erkjente at det var kjøt av hans kjøt og bein av hans bein, så han kalla henne kvinne, for ho var teken av ein kar. Og mannen var laga av mold frå marka. Slik blir det klart for oss at dette har med denne fysiske verda å gjere. Gud er ånd og han gjorde sitt verk med menneske som var laga av mold, så får konsekvensar for denne fysiske verda.

Gud er den same no og han gjer framleis sitt verk, han har gitt oss sitt Ord, så vi skal vite og forstå det verket han gjer. Likevel er her ein skilnad og det er at no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte i livgjevande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud.  Den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, så vi erkjenner at Gud gjer sitt verk med oss framleis i samsvar med 1.Mos.2.Vert vi verande i hans Ord, så får vi lære å kjenne Sanninga, så den set oss fri. Den Heilage Ande fører oss fram til heile Sanninga, som er Kristus.

Ved trua på Kristus tek vi imot hans Ande, så er vi frelst og tilhøyrer han. Det er som å ete av livsens tre og det er det viktigaste og mest verdifulle for oss. Tilhøyrer vi han, så skal vi leve for han og når vi soleis lyder han, får det slike konsekvensar for denne fysiske verda og det er verdifullt for oss også når det gjeld verdsleg rikdom.

Det er verdifullt for oss som realistar, med vår realfaglege tenking, for med denne lydnaden får vi samsvar mellom teori og dei fysiske realitetane som vi studerer. For Gud forsona verda med seg i Kristus, så i denne forsoninga får vi samsvar mellom teori fysisk realitet. Gud skaper og gjer under ved sitt Ord og sin Ande og han held alt opp med sitt Ord. Derfor er det forståeleg for oss.

Fråfallet, syndefallet på nytt.

Platonismen, geosentrisk verdbilete og Bibelen.

Platon meinte at planetane gjekk i perfekte sirkalar om jorda, sirkelen var den fullkome iden og slik tente han seg at der var ein fullkommen moral som ide. Vi kan forstå det på bakgrunn avden gamle religionen der dei heldt planetane for å vere gudar. Men profetane i det gamle testamentet hadde for lengst sagt at dei ikkje er gudar.

Fråfallet i kyrkja.

I middelalderen kom gresk filosofi inn i kyrkja og moralfilosofien fortrengde den evangeliske forkynninga. Dette var som å ta av kunnskapstreet og slik er fråfallet som syndefallet. Men observasjonar viste at det geosentriske verdsbiletet var feil, det heliosentriske verdsbiletet var rett. No vart det klart at naturvitskapen måtte bygge på erfaring, empiri, og dette vart sett i samanheng med ei frigjeringa frå moralfilosofien (platonismen) som var knytt til det geosentriske verdsbiletet.

Dersom menneska med sin empirisme og liberalismen har mista sin opphavlege rasjonalitet, så samanliknar eg det med Adam og Eva som såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud. Så spørst det om menneska har mista sin rasjonalitet. Det blir også eit spørsmål om kva rasjonaliteten er og korleis vi forstår den.

Immanuel Kant.

Slik vart empirismen og liberalismen ei katastrofe for pietisten Imanuel Kant. Han postulerte nokre uforanderlege transendentale former, det var eigentleg matematikk og fysikk og moderne fysikk har rokka ved dei. Men han gjorde det til psyke som er felles for oss og slik meinte han at vi alle har ein felles moral. Så spørst dette at han fornekt trua på Gud? Var det mennesket om igjen pøvde å forgude seg sjølv ved å ete av kunnskapstreet? Han meinte vi har noko felles i og med vår psyke og då kan vi tenke biologi og psykologi, det har med vår livsform, tenkemåte og levemåte å gjere. Og då veit vi at etter syndefallet sette Gud strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt, ein strid mellom to svært så ulike psyker, tenkemåtar og levemåtar og begge gjeld menneske.

Kant vart starten på ei filosofisk retning: Hegel, Marx…. Den store feilen som forplanta seg her er fråfallet, at kyrkja ikkje heldt seg til den evangeliske forkynninga. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Går vi den vegen kjem vi til den evige og uforanderlege Gud som gjer oss vituge ved sitt Ord, så trua på Gud og hans Ord vert vår rasjonalitet. Med den trua er det ingen tin i vegen for at matematikken forblir vår rasjonalitet.

Hypotetisk deduktiv metode.

Dersom Kant forstod at den nye naturvtiskapen var hypotetisk deduktiv, så måtte han ta med matematikken som rasjonalitet vidare. Her verkar det som mange har missforstått og reknar vitskapen som berre empirisk, men erfaringane er nok til å danne vitskapleg teori, det trengst det rasjonalitet til. Om ei hypotese eller ein teori vert falsifisert av empiri, så blir ikkje matematikken (rasjonaliteten) feil av den grunn. Det er berre å gå til matematikkne på nytt og finne ein ny formel og prøve den og bruke den. Slik er matematikken fundamental, som ein felles tenkemåte.

I den hypotetisk deduktive metode går vi berre til matematikken og vel ein formel, utan å problematisere noko meir over det, og så prøver vi den som hypotese, har den bestått nok prøver, blir den til teori som vi kan bruke til å rekne ut kva som skjer, det gjorde vi når vi prøvde hypotesa også, men no kjenner i oss tryggare på at det som skjer vil stemme med det vi rekna oss fram til. Då tek vi det for gitt at vi kan matematikken.

Konstruktivisme og trua på Gud.

Konstruktivismen er ein pedagogikk som legg vekt på at eleven skal arbeide med læringstoffet og konstruere sin kunnskap og det kan innbere å bygge om sine kognitive skjema, for å tenke nytt. Men vi er forsona med Gud, så vi er Guds medarbeidarar og får oppleve at det er ikkje berre vi som konstruerer, men Gud er med oss og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.

Dette ser eg på bakgrunn av at Adam fekk oppleve at Gud sjorde sitt verk, men etter at han braut bodet fekk han streve, med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød. Konstruktivismen er uansett bra, men eg hevdar at dersom ein har frimod til å tru på teoriane (matematikken), vert det lettare, det er berre å erkjenne at matematikken ikkje avsanna av empiri.

Gud lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande og hans pedagogiske metode er god.

Ved at vi trur på Gud er han med sitt Ord og sin Ande vår rasjonalitet og den rasjonaliteten treng vi for å lære og forså rett. Vi trur at Gud er til og at han løner dei som søker han, slik er vår røyndomsforståing.

Heb.11.

Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.  2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål.  3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Ved tru skjønar vi og vi treng å vekse i tru, skjøn og kjennskap til Gud. Så der er ei pedagogisk side av saka, eg samanliknar det med å lære matematikk, for det er også ein rasjonalitet. Men Gud er ånd og han kjem oss til hjelp med sin Ande og si kraft.

Joh.1.

I opphavet var Ordet,

Ordet var hos Gud,

og Ordet var Gud.

2 Han var i opphavet hos Gud.

3 Alt vart til ved han,

og utan han vart ikkje noko til.

Det som vart til

4 i han, var liv,

og livet var lyset for menneska.

5 Lyset skin i mørkret,

og mørkret har ikkje overvunne det.

6 Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes.  7 Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.  8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.

9 Det sanne lyset,

som lyser for kvart menneske,

kom no til verda.

10 Han var i verda,

og verda vart til ved han,

og verda kjende han ikkje.

11 Han kom til sitt eige,

og hans eigne tok ikkje imot han.

12 Men alle som tok imot han,

dei gav han rett til å bli Guds born,

dei som trur på namnet hans.

13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,

ikkje av menneskevilje

og ikkje av manns vilje,

men av Gud.

Joh.3.

Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane.  2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.»  3 Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»  4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?»  5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd.  7 Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’  8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.»  9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, *som er i himmelen•. 14 Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18 Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son. 19 Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Jesus berre velsigna småborna og så for han derifrå. Kva så?

Foreldre får oppgåva med å oppsede og lære opp borna sine frå dei er små og sidan tek lærarar og teologar over opplæringa. Den hypotetisk deduktive metode er ei forskingsmetode, men den er også ei pedagogisk metode, den vert til dømes brukt når det vert gjort eksperiment i realfag. Konstruktivismen er ei pedagogisk metode.

Matt.19.

13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be; men læresveinane viste dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så drog han derifrå.

MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]

Her er det om å gjere å gjere seg sjølv liten, som eit lite barn som kjem til Jesus. Og så skal vi ha den prioritetsordninga og innstillinga til eit annan menneske at vi vil at det fyrst og fremst skal komme til Jesus slik, så det får oppleve at det vert teke imot av han. Så vil vi ta imot det i Jesu namn. Slik skal vi ha den felles forståinga og semja, at vi lever for han.

Jesus sa vi ikkje skulle vanvyrde nokon av desse små, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Ein engel er ein bodberar, den ber bod frå Gud til menneske og den gjev melding frå menneske til Gud. Eg tenker meg at det har å gjere med den ånda Gud har gjeve dei, det har å gjere med deira «rasjonalitet», Gud, hans Ord og hans Ande er deira rasjonalitet. Den er ikkje avhengig eller underlagt noko av det fysiske vi ser og sansar rundt oss.

Jfr. https://tsivert.com/2017/03/11/2017-03-05-jesu-frelsesverk-er-fullfort-og-fullkome-derfor-er-du-frelst-ved-trua-pa-han-derfor-er-du-fri-og-har-sigra-aleine-ved-tru-far-du-komme-til-han/

Jesus sende disiplane sine ut i verda med evangeliet og sa at dei skulle så at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Slik skulle dei ha med seg denne rasjonaliteten. Når dei kom ut i verda, fekk dei nok lære mykje nytt, men Jesus hadde sigra over verda, så denne rasjonaliteten var suveren over det ny som møtte dei som som dei fekk lære, så det var nettopp med denne rasjonaliteten dei skulle lære å forstå seg på det.

Poenget med å komme til han er at han skal be for oss og velsigne oss og velsigninga er å komme inn  i samfunnet med Gud og få oppleve hans nærvær og at han førebestemmer oss til noko godt. Jesus vert kalla Immanuel, «Gud med oss», og velsigninga er å oppleve at han er med oss og leve i samfunn med han.

Det er tydelegvis mange som tenker slik at når ei hypotese eller ein teori vert avsanna av eit eksperiment eller ein observasjon, så vert rasjonaliteten avsanna, men det beror på ei missforståing av kva rasjonaliteten er. Er rasjonaliteten matematikken så vert ikkje den avsanna slik, kva som er rett i matematikken vert avgjort på andre måtar. Slik også når det vert påstått at observasjonar (fakta) avsannar trua på Gud, men det tyder på at han har vorte forveksla med ein avgud, så det beror på ei missforståing av kva Gud er. Vi må berre halde det klart for oss at Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Det er han åleine som gjer Faderen kjend for oss.

Jesus sa ve over verda for hennar freistingar, det er tydeleg at freistingane er på den måten at det du ser og sansar i det fysiske miljøet rundt deg, vert brukt som motargument og som motsetnad til trua, slik at menneske vert trekt bort frå den rasjonaliteten vi har ved trua, i staden for å bruke den til å lære og forstå rett. Men den strategien er dårleg forskingsmetode og pedagogikk.

2.Pet.2.

9 Så veit då Herren å fria dei gudfryktige ut or prøvingar, men å halda dei vonde i varetekt til straffa på domedag, 10 fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.

17 Slike menneske er som brunnar utan vatn, skodde som driv med vinden. Det svartaste mørker har dei i vente. 18 For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt.

GUD SKAPER JESU KYRKJE. DET BETYR AUKA ORDEN,  REDUSERT ENTROPI.

Vi seier gjerne at vi brukar energi, men i fysikken er energien konstant, vi brukar den ikkje. Vi brukar orden, så når vi i dagleg tale seier at vi brukar energi, kan vi halde det for synonymt med ordna energi. Vi brukar ordna energi for å bygge opp ein orden som er verdifull for oss, lokalt vert det då auka orden og det betyr redusert entropi. Men globalt vert det auka entropi (uorden) i alle prosessane, det seier entropilova (termodynamikkens andre hovudlov). Det er dette som er drivkrafta i alle energiprosessane, når du reiser deg opp og står, når du køyrer bilen og når du eiser opp material til å bygge huset med. Der er ein orden i universet og den vert brukt i prosessar som går sin gang, så universet er som eit opptrekt urverk. Då er det ei gåte korelis den ordenen vart til. Vi trur og hevdar Gud har skapt det slik.

Når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, vi får oppleve hans kraft i vårt indre menneske, han skaper oss og bygg oss opp i vår indre menneske og han bygg oss opp som Jesu kyrkjelyd. Det betyr auka orden, redusert entropi. Då hevdar eg at totalentropien i universet vert redusert, den totale ordenen aukar, for vi hentar ikkje ordna energi til det utanfrå, men vi vedkjenner at det er Gud som gjer sitt verk med oss.

For menneska er det ei tid til å plante, ei tid til å rykke opp, ei tid til å bygge, ei tid til å rive ned. Men Gud skaper noko som er evig.

FRK 3,1 – FRK 3,15 {ALT HAR SI TID}  Alt har si faste tid,  alt som hender under himmelen, har si tid: 2   ei tid til å fødast, ei til å døy,  ei tid til å planta, ei til å riva opp; 3   ei tid til å drepa, ei til å lækja,  ei tid til å riva, ei til å byggja; 4   ei tid til å gråta, ei til å le,  ei tid til å syrgja, ei til å dansa; 5   ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,  ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera; 6   ei tid til å leita, ei til å missa,  ei tid til å gøyma, ei til å kasta; 7   ei tid til å riva sund, ei til å bøta,  ei tid til å teia, ei til å tala; 8   ei tid til å elska, ei til å hata,  ei tid til krig og ei til fred.  9 {TID OG ÆVE}  Kva vinning har den som arbeider,  av alt sitt strev? 10   Eg såg det plagsame strevet  som Gud har gjeve menneska. 11   Alt skapte han fagert i si tid.  Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.  Men dei skjønar ikkje det verk  som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12   Eg skjøna at ingen ting er betre for dei  enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13   Men når ein mann får eta og drikka  og vera lukkeleg i alt sitt strev,  er det òg ei gåve frå Gud. 14   Eg skjøna at alt det Gud gjer,  varer til evig tid.  Ikkje kan ein leggja noko til,  og ikkje kan ein ta noko ifrå.  Gud har laga det så  for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore,  og det som skal henda, har hendt før.  Gud tek fram att det som kvarv.

Når jødane kom tilbake til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge på tempelet og komme i gang med prestetenesta, så dei fekk oppleve at Gud velsigna dei.

HAG 1,3 – HAG 1,11 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:  4   Er det tid for dykk  til å bu i bordkledde hus  så lenge templet ligg i røys?  5   No seier Herren, Allhærs Gud:  Legg merke til korleis det går dykk! 6   De sår mykje, men haustar lite;  de et, men vert ikkje mette;  de drikk, men sløkkjer ikkje torsten;  de kler dykk, men vert ikkje varme;  og leigekaren får si løn  i ein botnlaus pung.  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Legg merke til korleis det går dykk! 8   Far opp i fjellet og henta tømmer!  Bygg templet, så vil eg ha hugnad i det  og visa min herlegdom der, seier Herren. 9   De ventar mykje, men sjå, det vert lite.  De får det i hus, men eg blæs det bort.  Kvifor? seier Herren, Allhærs Gud.  Fordi mitt tempel ligg i røys,  medan de har det annsamt  kvar med sitt eige hus. 10   Difor held himmelen dogga att,  og jorda gjev ikkje grøde. 11   Eg har kalla turk  over jord og fjell,  over korn og vin og olje,  over alt som gror på marka,  ja, over folk og fe  og over alt arbeid som vert gjort.

HAG 2,15 – HAG 2,19   Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter! Før de la stein på stein i Herrens tempel, 16 korleis gjekk det dykk då? Kom nokon til ein kornhaug der det skulle vera tjue mål, fann han berre ti; kom nokon til ein pressekum og ville ausa opp femti spann, vart det berre tjue. 17 Eg slo dykk med kornbrann og rust, med hagl over alt dykkar arbeid. Men ingen av dykk kom til meg, lyder ordet frå Herren. [kornbrann og rust: -> Am 4, 9.] 18   Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til 19 om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt.  Frå i dag vil eg velsigna. [såkornet: er ikkje lenger lagra i kummen; frå no gjev Gud si velsigning, så dei atter kan så og hausta.]

SKR 3,6 – SKR 3,10 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Går du på mine vegar  og rettar deg etter det eg har fastsett,  skal du få styra mitt hus  og vakta mine føregardar,  og eg vil gje deg tilgjenge  saman med dei som gjer teneste her.  8   Høyr no, Josva, øvsteprest!  Du og embetsbrørne dine,  som sit framføre deg,  de er varselsmenn.  For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.] 9   Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,  på denne eine steinen med sju augo  ritar eg den innskrift som skal stå,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  På ein einaste dag vil eg ta bort  den skuld som kviler på dette landet. 10   Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,  skal de be kvarandre til gjestebod  under vintre og fikentre.

SKR 4,1 – SKR 4,14 {LJOSESTAKEN OG VINTREA}  Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: “Kva ser du?” Eg svara: “Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.” [to oliventre: bilete på dei to leiarane som Gud har salva: Josva og Serubabel. Sml. v. 14.] 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: “Kva tyder dette, herre?” 5 Engelen som tala med meg, sa: “Veit du ikkje kva dette tyder?” Eg svara: “Nei, herre.” 6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  7   Kven er vel du, du mektige fjell?  Framfor Serubabel skal du verta ei slette.  Han skal føra fram toppsteinen,  medan dei ropar:  “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]  8   Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9   Serubabels hender har tufta dette huset,  og hans hender skal fullføra det.  Då skal du sanna  at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk. 10   Ja, alle som har vanvørdt  den dagen då det tok til i det små,  skal gleda seg når dei får sjå  blyloddet i Serubabels hand.  – Dei sju, det er Herrens augo  som fer over heile jorda. [blyloddet: nytta i byggjearbeidet for å få murane beine.]  11   Då tok eg til ords og spurde han: “Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?” 12 Atter tok eg til ords og spurde: “Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?” 13 Han sa til meg: “Veit du ikkje kva dei tyder?” “Nei, herre,” svara eg. 14 Då sa han: “Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.” [dei to: -> v. 3.]

Ved trua på Guds Ord har det evige livet vorte planta inni oss, vi er Guds åkerland, Guds bygning.

1KO 3,6 – 1KO 3,17 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. 10   Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.

1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET}  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Bodskapen i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 i Oslo, onsdag 5. juli 1995:

Ja, for jeg har fridd deg ut av mørkets makt og satt deg inn i min elskede Sønns rike. Du har fått oppleve min grenseløse nåde; å gå over ifra død til liv, ifra Satans makt til Gud, ifra mørke og inn i et underfullt lys. Du var død, men nå er du levende, og levende i meg, sier Herren. For også jeg var død, men jeg oppstod og jeg lever. Og derfor bringer jeg liv og uforgjengelighet fram for lyset, ved evangeliet. Og det er dette budskap du har tatt imot.

Så er det ikke lenger døden og de nedbrytende krefter som har makt over livet ditt.Men det er jeg som er livets fyrste og som har tatt bolig ved troen i ditt hjerte. For at du skal leve med meg og for at du når dagen kommer skal herske med meg, sier Herren. For jeg har satt deg inn i noe nytt, noe levende, noe ekte og noe virkelig, du har fått del i det evige livet. Dette som er upåvirkelig av alle dødens krefter, dette som er upåvirkelig av alle denne verdens mørke og nedbrytende krefter, du har fått del i det evige livet, det som står, det som blir, det som tåler alle ildens prøver, som blir stående i evigheters evighet. Det er ditt liv, fordi du er mitt barn.

Jeg vet at du kan oppleve å møte mørke stunder på din vandring. Jeg vet at du kan føle at fiendehæren står rundt deg på alle kanter. Men fordi du er mitt barn, så har jeg satt deg opp på en ryddet vei. En banet vei. Intet rovdyr, ingen løve skal kunne komme opp på den. Og ingen veifarende på denne veien skal fare vill. Og den veien, den går til Sion. Den går til den stad som jeg har beredt for deg. Så skal du følge trofast i mine fotspor og du skal erfare; den veien du går på, om den kan være smal og kronglete, det er livets vei, den går til livets mål, det mål som jeg har til deg, mitt elskede barn.

GUDS LOVNAD OM DEN NYE PAKTA TYDER PÅ AT HAN KJENDE TIL MODERNE FYSIKK.

Gud lovde jødane at han ville gjere ei ny pakt med dei og då formulerte han seg slik at det får meg til å tenke på moderne fysikk.

JER 31,31 – JER 31,37 {DEN NYE PAKTA}  Sjå, dagar skal koma, seier Herren,  då eg gjer ei ny pakt  med Israels ætt og Judas ætt, 32   ei pakt som er annleis  enn den eg gjorde med fedrane deira,  den gongen eg tok dei i handa  og førte dei ut or Egypt,  den pakta med meg som dei braut,  endå eg var deira rette herre, seier Herren. 33   Nei, såleis er den pakta eg vil gjera  med Israels-folket i dagar som kjem,  lyder ordet frå Herren:  Eg vil leggja mi lov i hugen deira  og skriva henne i hjarta deira.  Eg vil vera deira Gud,  og dei skal vera mitt folk. 34   Då skal ingen lenger  læra sin neste og sin bror  og seia: “Kjenn Herren!”  For dei skal alle kjenna meg,  både små og store, seier Herren.  For eg vil tilgje deira misgjerning  og aldri meir koma deira synd i hug.  35   Så seier Herren,  han som sette sola til å lysa om dagen  og laga det så  at månen og stjernene lyser om natta,  han som rører opp havet så bylgjene brusar,  – Herren, Allhærs Gud, er hans namn: 36   Lèt eg denne skipnaden vika,  lyder ordet frå Herren,  skal Israels-ætta òg for alltid  halda opp med å vera mitt folk.  37   Så seier Herren:  Kan himmelen der oppe mælast,  og grunnvollane under jorda der nede granskast,  då vil eg òg støyta frå meg heile Israels ætt  for alt dei har gjort, seier Herren.

Han talar om sola som skin til å lysa om dagen og månen og stjernene som lyser om natta og seier at dersom han let den skipnaden vika, så skal israelsætta halda opp med å vera hans folk, det er tydeleg at det vert brukt som symbol på den nye pakta, dersom Gud let den skipnaden vika, så skal israelsætta halde opp med å vere hans folk. Sola månen og stjernene finn vi igjen i Op.12.

ÅPE 12,1 – ÅPE 12,6 {KVINNA OG DRAKEN}  Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. [ei kvinne: Kvinna er eit bilete på Guds folk, som Kristus er komen frå. Sjå Jes 66, 7; Mi 4, 10.] 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier. 3   På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1.260 dagar.

Vi kan tenke på rettferdssola og vi kan tenke på stjernene som Guds folk, dei rettferdige var som stjerner som skein på himmelkvelven. Men kva var då månen? Det måtte vel vere israelslandet det då?

Det minner oss om lyset som er omtala i 1.Mos.2, Joh.1, 1.Joh.1 og i 2.Kor.4.

1MO 1,1 – 1MO 1,5 {GUD SKAPER VERDA}  I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. [skapte: Det hebr. verbet som vert nytta her, står alltid med Gud som subjekt.] 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

JOH 1,1 – JOH 1,18 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. 6   Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. 9   Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

1JO 1,1 – 1JO 1,10 {LIVSENS ORD}  Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.  5 {LEV I LJOSET!}  Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd. 8   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

1JO 2,1 – 1JO 2,2   Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. 2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.

2KO 4,6 – 2KO 4,7 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Vi fekk den Heilage Ande av berre nåde, ved fylden av den Heilage Ande vart vår lekam eit tempel for den Heilage Ande. Slik fekk vi oppleve Guds kraft i vårt indre menneske. Så det kan samanliknast med ein slik vakumenergi. Men sidan vi har fått det av berre nåde, kjem det i tillegg til det som naturvitarar og realistar vanlegvis forskar på.Her er ein artikkel som fortel om forsking på universets utviding, den fortel om vakumenergi og spekulerer i om den kan brukast til å forklare universets akselererande utviding: http://forskning.no/2017/03/verdensrommet-hubble-hvor-fort-utvider-universet-seg#.WMqq9Ufsh84.facebook

I Jer.31,35 talar Herren fyrst om at han let det verte lys og så talar han om at han rører opp havet så bylgjene brusar. Det kan nok hende menneske såg effekta av sollyset i solgangsbrisen som laga havbylgjer og at det forklarer samanhengen, men eg tenker på at lyset også er ei bylgjerørsle. I vers 37 talar Herren som om himmelen der oppe ikkje kan mælast. I fylgje relativitetsteorien og Big-Bang-teorien kan den ikkje det. Lyset treng tid frå stjernene til oss og dess lengre unna dei er dess lengre tid treng det, det betyr at det vi ser har skjett for lenge sidan. Dess lengre borte galaksene er, dess lengre tilbake i tid ser vi, så då vil tida for ”Big-Bang” sette ei grense for kor langt vi kan sjå, lyset frå det som ligg utanfor dette har ikkje nått oss enno.

I vers 37 vert det også sagt at grunnvollande under jorda kan ikkje granskast. Då kan vi tenke på at det er radioaktivitet som driv dei geologiske prosessane til fjellkjedefolding som gjer at det vert tørt land, så ikkje heile kloda vert overflødd. Radioaktiviteten kan forklarast ut ifrå kvantefysikken. Ein elementærpartikkel kan forklarast som ei materiebylgje som fortel noko om sannsyne fort kvar vi kan finne partikkelen, når vi skal måle posisjonen den har og energien den har, vert det eit spørsmål om sannsyn. I fylgje Heisenbergs usikkerhetsrelasjon er der ei nedre grense for kor nøyaktig posisjonen og energien kan målast. Om vi ser på desse elementærpartiklane som grunnvollane under jorda, så kan vi seie at der er ei grense for gor godt dei kan granskast. Dette er grunnlaget for at vi i statistisk fysikk reknar med teoretiske moglegheiter som er så usannsynlege at vi i klassisk fysikk reknar dei for å vere umoglege. Etter klassisk fysikk er der ikkje nok energi i kjernen til å forklare den tilfeldige kjernereaksjonen, men sannsynet i materiebylgja og Heisenbergs usikkerhetsrelasjon forklarer at det skjer likevel.

Så materien kan målast ned til ei viss grense. Men slik er det ikkje med Guds Ande, den er ikkje slik som elementærpartiklane og kan ikkje målast slik i det heile tatt. Når vi får oppleve at Gud fyller oss med sin Ande, så blir vår lekam eit tempel for den Heilage Ande og då er der inga grense for kor små rom Anden er verksam på, men det får betydning for korleis elementærpartiklar i kroppen beveger seg, for vi merkar at Gud verkar i oss med si ånd og si kraft til å ville og virke til hans velbehag. Vi merkar at Gud verkar i oss med si skaparkraft og si frelseskraft og at han kan la det usannsynlege og umoglege skje, som til dømes at han lækjer oss frå sjukdom.

Her er ein artikkel som fortel om forsking på universets utviding, den fortel om vakumenergi og spekulerer i om den kan brukast til å forklare universets akselererande utviding: http://forskning.no/2017/03/verdensrommet-hubble-hvor-fort-utvider-universet-seg#.WMqq9Ufsh84.facebook

Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Vi fekk den Heilage Ande av berre nåde, ved fylden av den Heilage Ande vart vår lekam eit tempel for den Heilage Ande. Slik fekk vi oppleve Guds kraft i vårt indre menneske. Så det kan samanliknast med ein slik vakumenergi. Men sidan vi har fått det av berre nåde, kjem det i tillegg til det som naturvitarar og realistar vanlegvis forskar på.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: