Skip to content

Kva er det minste alt består av og kva er vår bevisstheit og underbervisstheit? Kva er den kristne vekkinga?

Medvitet, sansing og forstand.

I vår tid prøver lærde menneske å finne ut kva medvitet er for noko og dei diskuterer det livlig. Men kan menneskets medvit sjå menneskets medvit utanfrå og granske det på den måten? Det handlar ikkje berre om universalia etter tingen, men i tingen (Aquinas), ikkje berre om tingen sett utanfrå (Kant), men vel så mykje om det mennesket som ser tingen og om korleis det mennesket er i seg sjølv. Då er det aktuelt å bruke omgrep som sjela, som Platon og Descart, det er psykologi. Og bruke omgrep som sjølvet, egoet, som i Freuds psykoanalyse. Og sjølvsagt er det aktuelt med evangelisk kristendom.

Der har vore ein del plenumdebatt om det på youtube og svært mange prøver å forklare bevisstheita med det som vi sansar. Nokre meiner at det mest fundamentale er å føle og smake, ved fysisk berøring altså. Det er tilfelle for mikrober også, sjølv om dei ikkje har nervesystem slik som vi. Ja, det har vorte gjort forsøk med ein koloni med eincella dyr, der det har vorte lagt ut gift på ein plass og mat på ein annan plass. Då viser det seg at dei fær ikkje tilbake dit det vart gift men fær tilbake dit det var mat, så dei lærer og hugsar altså. Men korleis det minnet er representert, veit vi ikkje. Vi meiner vel at plantane og slike små mikrober ikkje er bevisst at dei eksisterer, medan større dyr er bevisst at dei eksisterer og bevisst det miljøet dei eksisterer i. Men amøba var no så pass bevisst at den visste kvar som var gift og kvar som var mat. Vi kan no i alle fall konkludere med at der er ulike nivå av medvit.

Ja, menneska har både bevisstheit og underbevisstheit og er sjølvsagt mest bevisste med bevisstheita. Til no har dei nøygt seg med den forklaringa at vi tenker med hjerna, den  og ryggmargen får informasjon gjennom nervane, tek avgjerd og sender ordre gjennom nervane. For ryggmargen kan dette skje automatisk, utan at signala går opp i hjerna og for ein del av signala som går opp i hjerna skjer det også automatisk, i dei sentrale delane av hjerna, altså utan at vi er det bevisst, utan at vi tenker på det.

Ved å studere hjerneskade og skanne hjerna, har dei funne ut kvar dei ulike eigenskapane og funksjonane er plassert. Det limbiske system er ein sentral del av storehjerna og ligg i ring rundt hjernebjelken. Det regulerer åndedrett og blodtrykk og har betydning for seksuell adferd og følelsesmessige reaksjonar som frykt og aggresjon. Hippokampus er ein del av det limbiske system, vi har eitt i kvar tinninglapp. Det er viktig for korttidsminne og læring, konsolidering av fakta og orientering. Lillehjerna er viktig for balansen, koordinasjon og regulering av rørsle.

I denne hjerneaktiviteten er det så opplagt ulik grad av medvit, det som vi er minst medvitne om, skjer mest automatisk. Vi kan bestemme oss for å ta ein sykkeltur og så merkar vi at vi vert anpusta og at pulsen går opp. Vi bestemte oss for å sykle og gjorde det, det var vi medvitne om, det andre kom som konsekvens. Vi kan overdrive pustinga eller prøve å redusere den, gå inn for å puste med mellomgolvet, men vanlegvis pustar vi utan å tenke på det. Aktiviteten i lillehjerna er også svært så automatisk. Men aktiviteten i hippokampus er vi meir bevisst på, den er svært så viljestyrt.

Det nye no er at dei tenker seg at tankane og minnet vårt, heile vår mentale aktivitet er bylgjefunksjonen eller i det minste koda og representert ved den. Mikrotubulus er nokre trådar i cellene og dei er så tynne at der kan vi kanskje få kvanteeffekt. I klassisk mekanikk vert matematikken brukt direkte på den fysiske naturen, så vi kan rekne ut kva som vil skje, berre vi har nok informasjon og brukar den rett, slik er naturen deterministisk. I mange tilfelle, slik som når det gjelde den levande naturen, vert det berre ei utrekning av kva som sannsynleg vis vil skje. Men i kvantefysikken er det annleis. Om vi har funne formelen for bylgjefunksjonen, så er determinismen gitt ved den, sjølv om vi ikkje ser det. Så naturen er kalkulatorisk og slik er den deterministisk, som om den reknar ut kor sannsynleg det er at noko vil skje når bylgjefunksjonen kollapsar. Det er som om naturen gjer eit val og vi kunne ikkje vite det på førehand, men sidan vi kjende til bølgjefunksjonen, funne vi rekne ut sannsynet for det som skulle skje. Men då må det også ha seg slik at naturen også reknar det ut og slik er den kalkulatorisk. I følgje Roger Penrose kan vår underbevisste og automatiske mentale aktivitet, til dømes i lillehjerna, soleis vere kalkulatorisk, men det er ikkje så lett å forklare vår mentale aktivitet i storehjerna på same måten, det synest som vår bevissthet med vår frie vilje, ikkje på same måten er kalkulatorisk. Det kan vere fordi kollapsen av bylgjefunksjonen får større betydning her. Men vi må innrømme at kollapsen av bylgjefunksjonen begriper vi ikkje. Så blir det også vanskeleg å forstå seg på vår eigen mentale aktivitet.

Når lærde menneske fekk spørsmål om kva bevisstheita er, så var det mange som byrja å snakke om kva dei sansar. Det vi kjenner innvendig, kan vere hunger og tørste og av og til kan vi kjenne at tarmane beveger seg og bringer innhaldet vidare. Har vi mykje kroppsleg aktivitet, kan vi verte anpusta og kanskje endåtil få smerte i sida, «vokstre-hald» kalla vi det. Elles er det vi kjenner innvendig helst smerte av ein eller annan grunn. Utvendig sansar vi mykje meir. Når ein gjenstandar ligg på ein annan, vert der temperaturutjamning, atomstrukturen trengt ikkje verte endra, så slik sett skjer der ikkje nokon kollaps av bylgjefunksjonen. Men dersom det er eit menneske som ligg på eit underlag, så kjenner det underlaget som det ligg på, for der er bylgjefunksjonar i nervane som kollapsar. Så vi sansar det som er rundt oss ved kollaps av bylgjefunksjonen, i det minste i våre eigne nervar. Kollapsen av bylgjefunksjonen skjer momentant, det vert ikkje brukt tid på den, det betyr at  bylgjefunksjonen til elementær-partikkelen får ei ny form, så den har heile tida ein bylgjefunksjon. Men vi sansar, tenker og har mental aktivitet heile tida. Så kva anna enn bylgjefunksjonen kan bevisstheita vere?

Skapinga og frelsa, den kristne vekkinga.

Bibelen seier at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det er det mest fundamentale som alt består av. Så seier den også at Ordet var frå opphavet, Ordet var hos Gud og Ordet var Gud. I han var liv og livet var lyset til menneska. Guds Ande openberrar det for oss, så vi får oppleve det. Soleis fortel det oss også noko om vår bevisstheit.

Han som sa at lys skulle skine fram or mørket, han har også late det skina i våre hjarto.

2.Kor.4,3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt.  4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.  5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.  6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
     7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Det refererer til skapingssoga i 1.Mos.1:

1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.  2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet.  3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos.  4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret.  5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

Guds Ande sveiv over vatna og den er også i våre hjarto, lyset som stråla fram i mørket skin også vi våre hjarto. Eg forstår det slik at sollyset vert brukt symbolsk for det. Der var framleis så mykje kosmisk støv inst i solsystemet og gassar i atmosfæra at sola enno ikkje var synleg, men lyset byrja å komme fram til jorda. Det vert brukt symbolsk om vårt åndeleg liv i samfunn med Gud som er ånd, slik som vi ser i 1.Mos.2. Her vert det fortalt at jorda var tørr og livlaus, men så let Gud ei oppkome velle opp og vatne den og så skapte han mannen av mold frå marka og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel.

Når eit menneske eller eit dyr som har blodomlaup og åndedrett kjem til verda og byrjar å puste, så vert det bevisst, fordi det får meir oksygen til hjerna, det er som om det vankar or svevnen. Dette vert brukt symbolsk både på skapinga og den kristne vekkinga. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Denne oppkoma som det er tale om i 1.Mos.2, er eigentleg elvesystemet i Mesopotamia, den bløytte opp marka og så skapte Gud mannen av den våte jorda og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Det er brukt symbolsk om kjelda med det levande vatnet og eg trur og meiner det er så fundamentalt, så det gir liv til både kropp og sjel. Eg hevdar og meiner eg opplever det slik sjølv. Det er frelseskjelda og med den har Gud omsorg for både min kropp og mi sjel.

Jeremias.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
        Dei har gått bort frå meg,
        kjelda med levande vatn,
        og hogge seg brunnar,
        leke brunnar som ikkje held vatn.

Jeremias.17,13 Herre, du Israels von,
        alle som går bort frå deg,
        skal verta til skammar;
        dei som vik frå deg i landet,
        skal skrivast opp.
        For dei har gått bort frå Herren,
        kjelda med levande vatn.

 Jesaja.12,2 Sjå, Gud er mi frelse,
          eg er trygg og fryktar ikkje.
          For Herren er min styrke og min song,
          og han har vorte mi frelse.
          
     3 Med glede skal de ausa vatn
          or kjeldene til frelse.

Gud vitna om son sin. Den kristne vekkinga, opplysninga og naturvitskapen. Kva alt består av og kva er bevisstheita?

Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska. Gud er lys og han har vitna om son sin, Jesus Kristus.

Joh.1, I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.  2 Han var i opphavet hjå Gud.  3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til.  4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska.  5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
     6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans.  7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han.  8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
     9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 

1.Joh.5,  5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?  6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.  7 Det er tre som vitnar:  8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.  9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

Javel, Gud er ånd og han har vitna om Son sin, så vi skal komme til tru på han og få evig liv ved trua på han. Ved å tru at Gud vekte han opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelste. Så metoden er annleis enn i realfag og det er vel ikkje så rart, for det handlar om noko anna.

Når vi tek imot Ordet i tru, så vert vi opplyste og vekte til live. Vi kan seie at det er universalia som er før tingen, der tingen er oss sjølve og så blir det til universalia i den tingen. Tingen i seg sjølv (Kant) er ikkje lengre berre tingen i seg sjølv, for vi er komne inn i samfunn med Gud, vi er i Kristus, vi ser mot det høge og ser lyset og vert opplyste innvendig. Gud gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Så kan dei tale om universalia etter tingen og tale om korleis dei oppfattar tingen. Har den forandra seg? Det er no sjølvsagt ein vesentleg skilnad på ein stein eller ein trestokk og eit menneske, det kan tenke, tale og velje. Har det teke imot Jesus, skal det kunne tenke og tale betre og hevde at det som det trur på, tenker og seier er sanning.

Når naturvitarar forskar på ein ting, så har dei med moderne metode funne ut mykje meir om korleis den er inni, den består av atom og molekyl, dei består av atomkjerne og elektron. Atomkjerna består av proton og nøytron og dei består av kvarkar. Så har dei funne frittflygande nøytrinoar og fysikarane leitar framleis etter fleire slike små partiklar og undrar på om desse partiklane kan bestå av noko endå mindre. Kva er det mest fundamentale som alt er oppbygd av. Kan det vere bylgjefunksjonen i Hilbertrom eller strengløkkene i superstrengteorien, så det minste som alt består av er usynleg, som ein ide? Ja, så kanskje det er det bevisstheita vår består av? Men det betyr no ikkje at ein stein eller ein trekubbe er bevisst. Så kva er skilnaden?

Dyrke og verne Guds hage, dyrke jorda. Realfag og moderne teknologi.

Mannen skulle dyrke og verne Guds hage, det gjaldt både den fysiske jorda og hjertets jord. Då gjeld det også ideverda og realfag. Metoden her er å bruke matematikken, konstruere eksperiment, observere, tenke og tale. Då er det vesentleg at vi ikkje påverkar det som vi observerer, naturen skal vere overleten til seg sjølv, medan vi observerer. Så kan vi bruke det vi har lært til å konstruere noko nytt, til det brukar vi anvendt forsking. Så lagar vi det nye, det er omforma natur. Slik kan vi lage reiskap til å dyrke jorda med og det er framleis det verdifulle poenget, vegetasjonen er næringsgrunnlaget og det er verdifullt for oss å gjere den fruktbar. Vi skal dyrke den fysiske jorda, også med fysisk arbeid, vi brukar makt på den fysiske jorda. Men hensikta er god og metoden er god.

Men det handlar framleis om å dyrke hjertets jord og då er det Guds Ord som er såkornet. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarto, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Vi vert såkornet som Gud sår i verda. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande og så får vi oppleve at han også gjere sitt verk i miljøet rundt oss. Så det vart då som Adam i paradis. Ja, og så skapte Gud kvinna av sidebeinet hans, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Slik vart ho laga av det same som han og fekk liknande eigenskapar, Gud hadde skapt han av våt jord og blese livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Dei var laga av jord og skulle dyrke jorda, det fortel oss at det handlar om den fysiske realiteten, samtidig som dei levde i samfunn med Gud som er ånd.

Innvendinga som fell i grus.

Tradisjonell standard innvending er at menneska har vorte dumme og vonde på grunn av den fysiske naturen, som om den fysiske naturen er dum og vond. Det fører til eit unaturleg skilje mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne.

Når Jesus gjekk her på jorda vart det demonstrert korleis det verkar. Gud var med han og gjorde sitt verk med han og gjennom han. Då kom klagemåla mot han og han vart henretta, til tross for at han var utan synd. Men Gud vekte han opp frå dei døde og viste dermed at av herlegdoms Ande var han Guds veldige Son. Ved å tru det, vert vi rettferdige for Gud. Gud tok han opp til himmelen og sett han ved si høgre hand, høgt over all anna makt og mynde. Så ved å vedkjenne at han er Herre, vert vi frelste.

Då skal vi sjå det slik at ved trua på han er vi krossfesta med han, i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han. Då skal vi vende hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen, han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Så det er det som gjer skilnaden og det skal få konsekvensar for våre liv her på jorda.

Vi ser ingen skilnad på den kroppen som steig ned i dåpsgrava og den som steig opp att, det har ikkje resultert i noko genetisk forandring, det er ikkje det som er poenget. Så den vonde naturen er ikkje einstydande med den fysiske naturen. Den gamle vonde naturen er korleis mennesket er i seg sjølv, skilde frå Gud. Det vert gjerne kalla det naturlege mennesket, men eg vil hevde at det er ikkje naturleg for menneske å leve skilde frå Gud, det naturlege for oss er å leve i samfunn med han. Når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Gud skaper oss i Kristus, så vi vert nye skapningar i han. Gud skaper oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Kjelda med det levande vatnet er like fundamentalt for oss som kjelda som vella opp og vatna jorda i Edens hage, jorda som Gud skapte mannen av. Fylden av Guds Ande er like fundamental for oss som når Gud bles livsens ande i nasa på mannen, så han vart til ei levande sjel.

Arbeidsdagen og kviledagen.

Bibelen fortel oss at Gud skapte og så kvilte han etter alt han hadde gjort. Slik er det også med Jesu frelseverk. Ved syndefallet fall menneska ut av Guds kvile, synda skilde dei frå han, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Gud forsona verda med seg sjølv ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. Det er Guds verk. Gud er fullkommen, Jesus er Guds Son, han er fullkommen og han frelseverk er fullført og fullkome. Med eitt offer gjer han oss fullkomne. Han er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome, det er berre å vende hugen og blikket opp til han og ta imot i tru. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre, då er det viktig for oss å sjå på han og halde fram med det. For slik får vi oppleve at Gud skaper oss til å likne han og slik skaper han oss i si likning.

Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. For oss betyr det kvile (Heb.3-4), for det er då ikkje vi som gjer det, men han. Den kvila er utgangspunkt for all teneste, det er då Gud som utrustar oss og set i stand til å tene han. Jesus gir oss livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde. Den utrustar oss til å tene han. Så vi får sjå det slik at vi tener han med all vår gjerning og alt vårt arbeid, sjølv om det kan vere andre som sysselsetter oss. Mannen skal dyrke og verne Guds hage og det skal kona hans hjelpe han med. Men det er Gud som set oss i stand til det.

Ved å audmjuke seg for Kristus får vi harmoni mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne.

Kva anna krev Gud av oss, enn at vi skal visa trufast kjærleik ….?

Mika.6,8 Herren har då sagt deg, menneske,
        kva godt er,
        og kva han krev av deg:
        At du skal gjera rett,
        visa trufast kjærleik
        og ferdast audmjukt med din Gud.

Ved å vere rett-lærande og rett-truande lærer vi å tenke rett og då skal det vel også føre til at vi gjer rett, viser trufast kjærleik og ferdast audmjukt med vår Gud. Det siste er vesentleg og verdifult for oss sjølve, for Gud bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Jesaja.57,15 Så seier han som er høgt opphøgd,
        han som tronar evig og heiter Den Heilage:
        I det høge og heilage bur eg
        og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
        Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
        og hjarta til liv hjå dei knuste.

Dette får vi oppfylt ved at vi bøyer oss for Kristus. Ved at vi trur på han og elskar han og elskar kvarandre, får vi oppleve at han openberrar seg for oss, han og Faderen kjem og tek bustad hos oss.

Joh.14,19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
    21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
    22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
        Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 

Samtidig som vi vender hugen opp til han og ser på han, så får vi merke at den Heilage Ande let oss få kjenne at han lever i våre hjarto, den Heilage Ande gir vårt hjerte opplaten augo så vi ser han. Det kan verke som to tenkemåtar, at vi tenker med hugen, sinnet, vitet og vi tenker med hjertet. Ikkje så at vi tenker det ut, men vi trur på han og vendert oss til han og den Heilage Ande openberrar han for oss og gir oss soleis gode tankar. Det er som om vi tenker både med hjertet og med hjerna og det samsvarar, så vi får harmoni mellom hjerte og hjerne og mellom kropp og sjel.

Faderen gir barnet sitt ei kvile som er utgangspunkt for all teneste.

Bodskapen 12.11.2006:

Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.

            Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.

Jesus gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand.

Bodskapen 17.2.2013:

Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”

Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella, så når han sa han vil gi meg ei herleg og vidunderleg kvile, tenkte eg fyrst på henne Virtuella og så på henne Reella.

Jesus vil legge ein ny pris til min pris.

Jesus har sagt eg skal lovprise han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det som mitt hjerte attrår. Eg forstår det slik at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone. Han vil legge ein ny pris til min pris. Eg lovpriser han for at han er fullkommen og fordi hans frelseverk er fullkome. Eg kan samanlikne det med Descart som trudde på det fullkomne. Eg ventar meg at han gir meg ei kone som også lovprisar han for at han er fullkommen og at han frelsegver er fullført og fullkome. Eg tenker meg at det er ei biologidame, ja, det er framleis henne Reella eg tenker på.

Bodskapen 5.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at eg har behag i dykk som lovprisar mitt namn. Derfor, mitt barn, skal du ikkje halde deg tilbake, men du skal vere frimodig og løfte di røyst og prise meg og ære meg for den frelsa eg har tilveiebrakt. Og sjå, eg skal legge ein ny pris til din pris, seier Herren. Derfor, seier Herren, ver frimodig, lovsyng meg mellom heidningane, ær meg, pris meg, lovsyng mitt heilage namn og du skal få kjenne, at min herlegdom skal fylle deg. Amen.

Bodskapen 12.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Jesus har betalt prisen for meg med sitt eige blod, så eg tilhøyrer han, derfor vil eg lovprise han som min frelsar og Herre. Han har også betalt prisen for ei kone til meg, så ho også skal tilhøyre han og tilhøyre meg som kona mi. Det trur eg, så det også vil eg lovprise han for. Så ventar eg meg at ho også vil lovprise han for det. Fyrst og fremst fordi ho tilhøyrer han, han frelser henne for æva og gir henne evig liv. Dernest at ho takkar han for at han frelser henne som kona mi. Det betyr no også at eg tilhøyrer henne som mannen hennar. For soleis elskar Faderen oss og har omsorg for oss som sine born. Om eg får barn med henne, så elskar han dei også og har omsorg for dei som sine born. Det sentrale poenget er å vende seg til Jesus, sjå på han og lovprise han som vår frelsar og Herre.

Aktuell debatt.

Kor nær er vitskapen til å forklare bevisstheita.

Vitskapsfolk diskuterer bevisstheta, utan å diskutere forklaringa til åndelige menneske. Penrose sin teori er at den oppstår som kollaps av bylgjefunksjonen for nokre partiklar, men det skjer no momentant, kan ikkje føreseiast og og er utan historie. Dei går heilt ned til Planck-skala og føreheld seg til platonske verdiar: sanning, godleik, skjønnhet.

Ei anna moglegheit er å postulere den som gitt, til samanlikning med energi. Så kan vi heller diskutere kva vi skal bruke den til. Begge deler høver med platonismen. Platon meinte sjela kom frå ideverda. Dei snakka også om sjølvforståing.

Det som dei snakka om høver i grunnen med andre skapingssoga (1.Mos.2), Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Slik vart han vekt til bevissthet og så vert det fortalt kva han vart bevisst om. Gud er ånd, så han er ei evig bevissthet og det var viktig for mannen å vere bevisst om det Gud gjorde han bevisst om.

Eg kan godt tenke meg at våre tankar og minnet er koda med bylgjefunksjonen, så det slik sett er bylgjefunksjonen. Men kva betyr då kollapsen av den?

Minste delen i universet?

«Atom» betyr udeleleg, men så viste det seg at dei også består av mindre delar og i partikkel- akseleratoren sprenger dei atomkjerner også. No tenker dei seg at «Planck-lengda» er «minste lengda» der fysikkens lover gjeld slik vi kjenner dei. Samanlikna med atomet er den som eit spikarhovud i forhold til jordkloda. I strengteorien er så små vibrerande løkker det minste som alt består av. Men det er berre noko som dei tenker seg.

Er kosmos ein komputer?

Er informasjonen og dermed matematikken mest fundamental? Her vert det sagt at det starta med null entropi (informasjon) og så aukar det. Så matematikken er ei grein av fysikken. Dei fysiske lovene er mest fundamentale.

I singularitetane i «Big Bang» og i svarte hol bryt fysikkens lover saman, sidan dei er skrivne på matematisk form. Korleis skulle dei eventuelt elles formulerast?

Vi kalkulerer med bylgjefunksjonen, men så kollapser den og det synest ubegripeleg. Det verkar som naturen kalkulerer og så vel den momentant. For elementærpartikkelen får den ein ny formel, så momentant at den heile tida har ein bylgjefunksjon.

Det synest som vår bevissthet ikkje skjer ved slike kalkulasjonar, med kollapsane brukar ikkje tid. Kva er då vår bevissthet?

Bells teorem.

Bell’s teorem enkelt og greit forklart, ikkje ante eg at vi kunne gjere eksperimentet heime, med tre polarsasjonsglas. Venteleg skulle det kunne illustrerast med å teikne tre ringar som delvis overlappar kvarandre (venn-diagram), men det rare er at so ikkje er tilfelle. Det sentrale området i bildet er dekt av tre filter og skulle dermed verte mørkest, men det er det ikkje!!!!!!!!!!

Her er også teke med vanskelegare matematiske forklaringar, men konklusjonen vart at kvantefysikken er fullstendig, der er ingen skjulte variablar.

Likevel er det mange fysikarar i vår tid som meiner at her er noko vi ikkje har oppdaga og forstått enno.

Schrødingers katt er eit tenkt eksperiment som forklarar at kvanteeffekter, i “nano-kosmos” ville verte absurde i makrokosmos. Det er berre eit tenkt eksperiment, men dette er eit reelt eksperiment som viser nettopp det. Så det avsannar tidlegare grunnleggande oppfatningar om korleis universet fungerer, at resultatet av eit eksperiment kjem som nødverndig konsekverns av eksperimentet, kjende eller førebels ukjende variablar i eksperimentet, kausalitet altså, her vert det kalla realisme. Eller så bryt det med at årsak og verknad ikkje skjer fortare enn lysfarta, Her vert det kalla lokalitet. Så det avsannar “realisme-lokalitet”.

Konklusjonen er at kvantefysikken viser ikkje-lokalitet, dersom to foton er samanfiltra og dei vert sende langt bort frå kvarandre og det eine vert polarisert, så vil det andre verte polarisert på same måten. Det er som om der ikkje er avstand mellom dei. For fotonet er det som om det ikkje brukar tid frå det vart utsendt, sidan det går med lysets fart, det følgjer av relativitetsteorien. Så det er som om det vart utsendt og passerer filtera samtidig og det skjer samtidig som det eventuelt vert absorbert ein gang i framtida.

Sean Carroll meiner at det som eigentleg skjer når vi gjer eksperiment for å granske elementærpartiklar, er at bølgefunksjonane deira vert delvis samanfiltra med bølgefunksjonane i forsøksapparatetet, i dette tilfellet polarisasjonsfilteret. Samanfiltra partiklar er då fullstendig samanfiltra, slik som når to foton ein gong var same fotonet. Dersom eitt av to samanfiltra foton vert polarisert, så vert det andre polarisert sameleis, samtidig, sjølv om det er langt borte. sjølv om dei ikkje har tid, kan vi seie at det eine skjer før det andre. og det vil vise seg når det andre så fer gjennom eit filter. Vi kan seie det slik at det eine fotonet fer gjennom filtersett A1B1C1 og det andre fotionet fer gjennom filtersett A2B2C2 og desse filtersetta er langt frå kvarandre. Innbyrdes er dei dreia på same måten og det same skjer med fotonet.

Filter C er dreia 45° i forhold til A og berre halva av lyset gjennom A passerer gjennom C. Så vert filter b sett inn mellom A og C og dreia 22,5° i forhold til A, halva så mykje som C altså. Då slepp meir lys gjennom C. B stenger for 15 % av lyset og det same gjer C og dei hadde det til felles at dei var dreia 22,5° i forhold til det tidlegare filteret. Så her er altså noko som vert repitert og det kan kanskje forklarast med delvis samanfiltrering mellom bølgefunksjonen til fotonet og bølgefunksjonane i filteret.

Det rare er likevel at det kjem meir lys ut gjennom filter C.

Når vi set inn fleire filter, vil vi vel vente oss at mindre lys slepp gjennom, men tvert om slepp meir lys gjennom.

Er sjela di kvanter.

Kvante-biologi, kvante-sinn-biologi, kvantepsykologi …… Mykje tyder på at tenkinga vår kan best forklarast med kvantemekanikk, samanfiltring av bylgjefunksjonen. Vi har inga fysisk forklaring på kollapsen av bylgjefunksjonen. Men i sinnet vårt kan det vere det som skjer når vi gjer eit val. Så tankane og sinnet vårt vert årsak til kollaps av bylgjefunksjonen.

Då kan ikkje sinnet vårt bortforklarast som noko anna, reduserast til noko anna, det er berre å postulere at vi har bevissthet, sjel og fri vilje.

Teori om alt?

Stephan Hawking avslutta si berømte bok “Univers utan grenser” (“A brief history of time”) med å skrive at dersom vi finn ein fullstendig teori, bør den vere begripeleg for alle, så vanlege folk kan vere med på å diskutere kvifor vi og universet er til. Finn vi svaret på det, vert det den endelege triumfen for mennesket fornuft, for då ville vi kjenne Guds meining.

Seinare skreiv han at det var ein mindre betydningfull kommentar, som om han ikkje var heilt seriøs med den, men han vart overraska over kor stor merksemd den fekk, den gjorde nok sitt til at boka hans selde mykje betre.

Men her ser vi at Einstein tenkte sameleis og her er ein teori om alt, «grand unified teori» (GUT), sett i nettopp dette perspektivet. Det høver med kva Don Linkoln brukar å avslutte videoane sine med, at fysikk er alt.

Det kan gå lang tid før dei finn nokon GUT, det kan gå hundrevis av år, kanskje tusen år. Og der er endåtil dei som meinar det vil vere å motbevise Guds eksistens. Så ulike kan folk sine Guds-begrep vere. Men dersom nokon tru på Gud, må dei vel kjenne han og hans meining lenge før det?

Ja, Jesus har gjort han kjend for oss, han er vegen til Faderen, hans mål og meining er at vi skal gå den vegen, slik kjem vi i samfunn med han , vert kjende med han og får lære og kjenne hans mål og meining med oss. Det er metoden, den er annleis enn metodene i realfag, men det går godt an å bruke begge metodene samtidig.

Don Lincoln jobbar ved Fermilab i USA og var med i teamet som fann topp-kvarken i 1995 og Higgs-bosonet i 2012.

Be om vekking?

Ein som er engasjert i gatemisjon spurde på Facebook kvar det står skrive i Bibelen at vi skal be om vekking. Eg kom med desse kommentarane:

I dei tilfella det er tale om vekking i Bibelen, var det Jesus som bad disiplane sine om å vake. Når dei var i Getsemane og i likninga om brurmøyane. Alle brurmøyane somna og vart vekte av ropet om at brudgommen kjem, men då var det berre halva av dei som hadde nok olje til lampane og vart med inn til bryllupet. Så vak då, sa han. Alle hadde somna, men så var der nokon som ropte og vekte dei. Men det fatale var at nokon av dei ikkje hadde nok olje.

I Heb.13,17, Joh.Op.3,3 &16,15 er det tale om å vake. I Rom.13,11, 1.Kor,15,34, Ef.514, 2.Tim.2,26 og Joh.Op.3,2 er det tale om å vakne. Det er menneske som får beskjed om å vakne, oppgåva deira er å vake. Det er ikkje menneske som ber Jesus om vekking, men det er Jesus som befaler dei om å vake.

Disiplane vart døypte med den Heilage Ande på pinsedag. Då vart det vekking. Slik skal det vere vekking både av den einskilde og i den kristne kyrkjelyden. Det er berre å ta imot i tru.

Dei frie kyrkjelydane har ein lang tradisjon av å be om vekking og det har virka og eg seier ikkje at det er feil, men vi har berre godt av å verte minna om dei bibelversa det opphavleg vart henta frå. Meir generelt har det med å forstå betydninga av bønn. Lever vi i fridomen i barnekåret, så veit vi at Faderen elskar oss og har omsorg for oss og vil gi oss gode gåver. Så bønn i tru vert å ta imot i tru det som Gud allereie har gitt oss i Kristus, vi får be som arvingar. Likevel kan det ofte høyrast svært så rart ut når kristne ber om det som står skrive i Bibelen at Gud vil gi dei, endåtil når dei har vorte minna om det i forkynninga.

Som kommentar skreiv han at ein innadvendt kyrkjelyd vert usynleg i bybildet, men ein utadvendt kyrkjelyd vert godt synleg. Til det svarde eg:

Det primære er å vere himmelvendt og ta imot det Jesus gir oss frå himmelen. Søk først Guds rike, så skal de få ….. Be til Faderen i løynkammeret, så skal de få …. Kva så? Gå ut og møt andre menneske og snakk med dei. Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga og der følgde lovnadar med den, dei skulle få sjå at han var med dei alle dagar …. Det er også ei befaling, vi skal sjå på han.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: