Peter lova Gud for at han har gjenfødt oss til ei levande von, ved Jesu oppstode frå dei døde. Renessansen betyr gjenføding av gresk kultur. Betyr dette eit nytt fødsels-aristokrati?
Bilde-tekst: Kong David ville ha folketeljing. Det var no med matematikk og dermed rasjonell innsikt. Men då vart det noko til styr, kva med den åndelege innsikta?
Striden mellom ormen si ætt og kvinna si ætt.
Ved syndefallet tapte menneska innsikta og velsigninga og jorda vart forbanna.
Gud skapte Adam og Eva, det handlar også om at Gud skapte det første folket, det er eit poeng at det personlege Guds-forholdet er viktig for heile folket. Dei var velsigna, så dei levde i samfunn med Gud og fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med dei. Men etter syndefallet forstod dei seg ikkje lengre på det, så når Gud gjekk i hagen, gøymde dei seg med dårleg samvit. Deretter vart dei utestengde frå hagen og dermed frå det nære samfunnet med Gud. Dei vart forbanna altså og jorda vart forbanna. Gud sa forbanninga for ormen også, men der står ikkje noko om at ormen vart utestengde frå Edens hage.
Sidan vart det sagt om Abraham at han trudde Gud og derfor vart han rekna for rettferdig og Gud velsigna han og sa at i han skulle alle folkeslag velsignast. Gud ville gjere ætta hans så stor som stjernene på himmelen og sanden på havets strand, ei mengde som ikkje kunne teljast.
Kvifor var det feil av David å arrangere folketeljing og kvifor samsvarar ikkje fortellingane om det?
Men så ville David telje dei og det samsvara ikkje heilt med denne trua, velsigninga og lovnaden. Han kom til at han hadde gjort ein feil og vedkjende det for Gud som ei synd og bad om nåde.
I 2.Samuels bok er det fortalt at Herren eggja David arrangerte folketeljing.
2.Sam.24,1 Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han eggja David opp mot dei og sa: «Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!» 2 Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hjå han: «Far ikring til alle Israels-ættene, frå Dan til Be’er-Sjeba, og mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.» 3 Joab svara kongen: «Gjev Herren din Gud må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er, og gjev du, herre konge, sjølv må få sjå det! Men kvifor vil du gjera dette, herre konge?» 4 Kongen stod likevel fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab og hærførarane.
Sidan angra David på det. Krønikebøkene kom seinare og der vert det sagt at det v ar Satan som eggja han til det.
1.Krøn.21,1 Satan stod fram mot Israel og eggja David til å halda folketeljing i landet. 2 Då sa David til Joab og dei andre hærførarane: «Gå av stad og tel israelittane frå Be’er-Sjeba til Dan, og lat meg få melding, så eg kan vita kor mange dei er.» 3 Joab svara; «Gjev Herren må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er! Er dei ikkje alle dine tenarar, herre konge? Kvifor krev du då dette, herre? Kvifor skal dette føra skuld over Israel?» 4 Men kongen stod fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab.
Derfor er det visst mange som hevdar at no hadde Israels-folket oppdaga at der var ein gud til, at Satan også var gud altså.
Bibel-historia vert fortalt slik som menneska opplevde det og slik som Gud vurderte den.
I Bibelen er det fortalt og profetert om mange riker som oppstod, med mektige kongar, men så gjekk dei til grunne, gjerne ved at kongen fall i krigen eller i attentat. Dei dyrka avgudane sine og kongane prøvde å gjere seg til gudar, men nettopp derfor straffa Gud dei og gjorde slutt på makta deira. Og likevel påstod han at det var han som gjorde det heile frå først til sist. Dei forstod det ikkje, på grunn av syndefallet, men Israelsfolket, deira profetar, prestar og kongar skulle vel forstå det. Så vi kan rekne med at denne innsikta vert teken for gitt i dei bibelske tekstane, utan at det stadig vert gjenteke og forklart. Historiske tekster vert vert gjengjevne slik som folket opplevde det, så syndefloda vart til dømes skildra som verdsomspennande, men høver best med at demninga ved Bosporos-stredet brast, så mykje tørrlagt land vart oversvømt av Svartehavet. Og i 2.Sam.24 vert det skildra slik som David opplevde det, at det var Gud som sette han på ideen om å telje folket. Men så kom han til at han hadde gjort feil, han hadde ikkje hatt god nok innsikt når han bestemte seg for dette. Derfor angra han og vedkjende det som synd og fekk velje mellom tre straffedomar. Då er det ikkje lenger så rart at det sidan vart påstått at det var Satan som lokka han til dette (1.Krøn.24). I historisk tekstar må vi rekne med at det vert skrive slik som folket opplevde det, utan at dennes innsikta vert gjentatt, men det er viktig for oss å få den åndelege velsigninga, for å forstå Bibelens bodskap.
Korleis fekk Draken gudestatus?
Krypdyra og pattedyra har ein felles stamfar, men krypdyra vann i konkurransen om å dominere verda, dei vart store og kraftige, pattedyra måtte lære å røme for dei store rovdyra og gøyme seg vekk, så dei vart små, men smarte. Dinosaurane vart utrydda ved eit astroide-nedslag, men mange pattedyr overlevde, vesentleg fordi dei var betre tilpassa temperatur-variasjon og kunne søke ly i sine huler. Dermed vart dei herskarar på jorda og vart større. I dinosaur-tida måtte dei frykte det store rovdyret og det kan vel vere at det ligg att i genane. Menneska kan ha kome over fossiler og beinrestar og forstått eit kvart om tidlegare tider. Men etter syndefallet sette Gud strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt, sjølv om vi forstår at dette handlar om menneskelivet. Spørsmålet vert korleis kvinna si ætt kan vinne over ormen si ætt, slik at vi utviklar dei typisk menneskelege eigenskapane.
Jobs bok er både Bibel-soge og filosofisk diskusjon.
I Jobs bok vert det ført ein filosofisk diskusjon, om trua på Gud og om korleis naturen er, om moralfilosofi og om korleis livet på jorda er. Job var ein rettvis mann, som gjorde det godt. Men så steig Guds søner fram for Gud og mellom dei var Satan. Han eggja Gud til å prøve Job og det betydde at Satan fekk delegert makt til det. Job og venene hans visste ikkje noko om dette, men så vert rikdomen til Job øydelagt av uver og rana frå han av bandittar, det siste kan dermed karateriserast som at Djevelen fekk lov til å drive djevelskap. Men Job var like rettvis. Så steig Satan og dei andre Guds søner fram for Gud igjen og Satan eggje Gud til å få prøve Job endå meir og han fekk delegert endå meir makt til det, så no vart Job ramma av ein pinefull hudsjukdom også. Tre av Jobs vener fekk høyre om det og kom og besøkte han og då vart det diskusjon. Men Job stod på sitt, så dei kom ingen veg med skuldingane sine. Då var der ein fjerde mann, som var yngre, som tok ordet og påstod at Job hadde prøvt å skulde Gud for det som hadde skjett. så kom Gud og talter han til rette på nettopp det punktet, deretter refsa han venene hans. Så konklusjonen vart at Gud er fullkommen og allmektig og gjer ingen feil, i tråd med det som elles er sagt i Bibelen om at Gud er ein og der er ingen annan gud. Kva er Satan for noko då? I byrjinga av Jobs bok var han mellom Guds søner. Men seinare i Jobs bok vart han kalla Leviatan, ormen, eit krypdyr altså. Eg ser dette i samanheng med at dinosaurane var krypdyr som regjerte jorda før menneska var til.
Satan kan gjere seg om til ein lysets engel, men han vart kasta ned frå himmelen.
Paulus skreiv at Satan kunne gjere seg om til ein lysets engel, då er det ikkje rart at tenarane hans kan skape seg om til tenarar for rettferda (2.Kor.11,13-15). Så det verka som Satan hadde visse gudommelege eigenskapar. Det ser vi også i Johannes Openberring, apostelen Johannes fekk sjå eit på himmelen, der Draken reiv ned stjerner med halen. Desse stjernerne er symbol på Guds folk og englar (bodberarar), eg forstår det slik at det er menneske som har liv i Gud, så dei er lys, dei har fått Guds Ande og derfor er dei hans bodberarar. Men dei som trudde på Jesus og vitna om han, fekk hjelp av overengelen Mikael og hans englehær, så draken vart kasta ned frå himmelen. Han var rasande, for han visste at han hadde berre ei kort tide att. Når han oppdaga at han var kasta ned, forfølgde han Guds folk (Joh.Op.12). Når han vart kasta ned på jorda, vart det sikkert tydeleg at han ikkje var nokon gud likevel, men han var berre eit dyr. Slik vart ei religiøs myte erstatta av ei naturfagleg forklaring. Soleis vert mange religiøse myter erstatta av vitskap.
Frelse og frigjering ved trua på Kristus.
Bibelsoge: Frelse og frigjering frå trældomen under synda og avgudane.
Gud frigjorde folket sitt trå trældomen under avgudane i Egypt og førde dei til det lova landet, der dei skulle vere hans folk og han skulle vere deira Gud. Der var også eit økonomisk poeng ved det, om det gjekk så dårleg med nokon at dei vart slavar, så skulle dei innan sju sabbatsår (49år), få igjen garden på odelen (3.Mos.25).
Israel fekk ei stordomstid under kong David tusen år før Kristus, men så vende dei seg bort frå Gud og makta og riket deira minka inntil Jerusalem fall og dei vart bortførde til Babylonia, som slavar. Men så fekk dei kome attende til landet sitt og det same gjaldt nabofolka deira. Det var ein frigjerande bodskap som er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkesalg.
Profeten Sakarja profeterte om at den Duglause Hyrdingen skulle gjete dei som slaktesauer for sauehandlarane (Sak.11), dette vart tydeleg i Selevkide-riket.
I det Gamle Testamentet er avgudane kalla Lygna, som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud. Dette var soleis ein frigjerande bodskap utan at slavane skulle gjere opprør mot herrane sine. Poenget var at dei skulle søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og det virka, dei fekk samfunn med han og derfor voks kyrkja.
Kristendomen var ikkje eit opprør mot slavesamfunnet, den gjorde ikkje slutt på slavehandelen, men dei skulle ikkje dyrke avgudane, heller ikkje dyrke keisaren, for Kristus var Sanninga som sette dei fri. Den frigjeringa er meir fundamental og den er fruktbar.
Synda skilde menneska frå Gud, dei vart slavar under synda og avgudane. Syndeskulda vart gjort til økonomisk skuld og slik vart dei slavar. Typisk for diktatorar og slavedrivar er at dei påstår andre menneske pratar tøv, så dei har med å klappe igjen og gjere jobben sin, inntil dei blir kanonføde.
Men med eitt synde-offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud. Når vi bøyer oss for Kristus og erkjenner vår synd for han, reinser hans blod oss frå all synd (1.Joh.1,8-10). Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Den er som eit segl (stempel) som viser at vi tilhøyrer han. Slik blir vi frelst og fri.
Frelse og frigjering for den einskilde.
Når eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse og frigjere både meg sjølv og andre. Foreldra mine tok meg med i kyrkja og på bedehuset og det var mi eiga mor som lærde meg å be på den måten, så det hang saman med at foreldra mine elska meg som sitt barn, det var dei som hadde jobben med å forsørgje meg og oppsede meg. Det skal eg heidre dei for. Og så skal eg takke Gud og Kristus for skapinga og for frelseverket. Det held eg for å vere mest fundamentalt.
Eg vart opplærd til å gå til han med alle mine problem, slik vart han min beste venn. Eg prøver ikkje dermed å framstille meg som ein helgen etter katolsk standard. Men slik har det altså vorte viktig for meg å prioritere å snakke med han som det som er viktig for meg. Det betyr også at når eg ikkje har hatt særleg mange gode venner å snakke med, så har eg likevel kunna snakke med han. Og det fungerer, fordi han har sett seg ved Faderens høgre hand i himmelen og sendt oss den Heilage Ande.
Syndefallet og fødsels-aristokratiet.
Syndefallet.
Ved syndefallet lokka ormen kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Men resultatet vart at dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit. Deretter vart dei utestengde frå hagen og det nære samfunnet med Gud. Og jorda vart forbanna.
1.Mos.3,17 Og til Adam sa han:
«Fordi du høyrde på kona di
og åt av treet
som eg forbaud deg å eta av,
skal jorda vera forbanna for di skuld.
Med møde skal du næra deg av henne
alle dine levedagar.
18 Torn og tistel skal ho bera,
og du skal eta av vokstrane på marka.
19 Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,
til dess du fer i jorda att;
for av henne er du teken.
Jord er du,
og til jord skal du atter verta.»
Sidan laga menneska seg gudar av stokk og stein, det var skulpturar og bilete av menneske og dyr. Men det hang saman med at herskarane deira framleis prøvde å gjere seg liksom Gud.
Fødselsaristokrati.
Mange herskarar påstod at dei var gudar og etterkommarane deira påstod at dei ætta frå gudane. Slik fekk dei eit fødsels-aristokrati som meint dei ætta frå gudane, slik vart det i Romarriket også.
Adel, sitat frå https://snl.no/adel :
Ordet adel kom til de nordiske landene fra tysk i slutten av middelalderen som betegnelse for den fornemste standen i landet, og ble alminnelig brukt fra 1500-tallet. I engelsk, fransk og andre vesteuropeiske språk fikk det latinske ordet nobilis (egentlig «lett å kjenne») samme betydning.
I samfunnsmessig sammenheng betegner adel en klasse eller en stand som i eldre tid hadde særlige rettigheter fremfor samfunnets øvrige medlemmer. Slike særrettigheter bestod gjerne i skattefrihet og enerett til embeter i administrasjonen og til offisersstillinger i hæren. Oftest var tilhørighet til denne klassen basert på fødsel, idet adelsrettighetene gikk i arv, men adelskap kunne også oppnås gjennom spesiell gunst fra fyrstens (kongens) side (se adelsbrev).
Opprinnelsen til fødselsadelen er uklar. Den forekommer i alle gamle samfunn fra de eldste tider – foruten i Europa også i India, Kina, Persia, Egypt, Japan og hos andre orientalske folk. I mange tilfeller kan adelsslektene føres tilbake til overhodene for de slektene de opprinnelige stammene bestod av.
Et minne om dette er betegnelsen patrisier (av latin patres, «fedre»), hos romerne, hvor enkelte gamle slekter mente at de nedstammet fra de gamle gudene. Det samme finner man i Japan, hvor de slektene som kunne føre sitt stamtre tilbake til naturguddommene hadde en særlig fremtredende stilling.
Det vart til dømes påstått at Harald Hårfagre ætta frå guden Frøy (https://books.google.no/books?id=43HN7vNWddgC&pg=PA37&lpg=PA37&dq=%C3%A6tta+fr%C3%A5+gudane&source=bl&ots=h1DsKPnTuJ&sig=ACfU3U140RO3kYvxNDCfFdwG0fx-isWuiw&hl=no&sa=X&ved=2ahUKEwiuyeXsg6P6AhUdSfEDHdvsCKoQ6AF6BAgQEAM#v=onepage&q=%C3%A6tta%20fr%C3%A5%20gudane&f=false ).
I Europa var det først eit fødsels-aristokrati, så kom eit embets-aristokrati, men det også svann hen.
Aristokrati, sitat frå https://snl.no/aristokrati :
Aristokrati er en styreform hvor en overklasse (adel, geistlighet, rikmenn eller storbønder) utøver den politiske makten. Statsformen kalles oligarki dersom makten ligger hos et fåtall slekter (eller personer), plutokrati eller timokrati dersom den utøves av rikmennene.
Begrepet aristokrati brukes også om selve overklassen som samfunnsgruppe, særlig om adelen.
Historikk
De fleste land har gått gjennom en periode med aristokratisk styre. Dette gjelder også republikker, særlig i antikken og i middelalderens bystater.
Spartas «gerusia» (egentlig «de eldstes råd») var et gammelmannsaristokrati hvor makten bygde på de gamle slekter ved deres eldre ledere. I Athen grunnla evpatridene, den gamle adel, et aristokrati som hvilte på fødselsfortrinn.
I den romerske republikks senere tid ble fødselsaristokratiet fortrengt av et embetsaristokrati, etter hvert sterkt isprengt elementer som bare skyldte rikdommen sin makt og innflytelse (ridderklassen). Et utpreget aristokrati var forfatningen i flere av Italias (særlig Venezias) og Sveits‘ republikker i middelalderen og renessansetiden.
I de større statsdannelsene i Europa var det først og fremst i Preussen, Østerrike, Ungarn, Russland og Storbritannia at aristokratiet formådde å bevare en betydelig og anerkjent makt nesten opp til vår egen tid.
Det egentlige middelalderske, føydale aristokrati fikk etter hvert sin maktstilling kraftig beskåret; først av kongemakten, senere av enevoldstidens kongevalgte embetsstand. I Frankrike ble revolusjonen i 1789 det avgjørende skillet. I andre europeiske land, som Ungarn, Preussen og Russland, fortsatte aristokratiet å øve politisk innflytelse helt til omveltningene under og etter første verdenskrig brått (og til dels brutalt) gjorde slutt på deres privilegerte stilling.
De nordiske landene
Den gamle norske fylkesstat var i sin organisasjon og forfatning demokratisk, fordi tinget var stats- og samfunnslivets midtpunkt. Men makten lå i virkeligheten hos et aristokrati av høvdinger og storættede, rike godseiere. Dette gamle norske aristokratiet fikk sin knekk ved borgerkrigene på 1100- og 1200-tallet, og mistet etter hvert mye av sin betydning, dels på grunn av svartedauden, og dels fordi de hanseatiske kjøpmennene og andre byborgere gradvis fikk større økonomisk makt.
Statsrettslig spilte aristokratiet likevel en rolle frem til innføringen av eneveldet i 1660, idet det utgjorde rekrutteringsgrunnlaget for riksrådet (se riksrådskonstitusjonalisme).
Både Sverige og Danmark har hatt en aristokratisk statsform da adelen via riksrådet hadde mye av den politiske makt. Aristokratiets blomstringstid var i begge land på 1200-tallet og strakte seg til siste halvdel av 1600-tallet, da kongemakten ble eneveldig; i Danmark og Norge i 1660, i Sverige i 1680. I Sverige finnes fremdeles et fødselsaristokrati med en viss sosial innflytelse, det samme gjelder i mindre grad i Danmark.
I Norge ble adelskapet avskaffet ved lov av 1821, men det hadde da lenge vært uten reell politisk eller økonomisk makt. Derimot hadde det byråkratiske styret, som utviklet seg under eneveldet, frembrakt et utpreget embetsaristokrati, men den innflytelsen denne samfunnsklassen utøvet var likevel mer av faktisk enn privilegert art, og den forsvant etter hvert som de andre samfunnsklassene økte sine politiske innflytelser utover på 1800- og 1900-tallet.
Velsigninga i Abraham.
Abraham og Jesus.
Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, han trudde endåtil at Gud kunne vekke Isak opp igjen fråd ei døde. Så i han skulle alle folkeslag velsignast. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus, ved trua på at Gud vekte han opp att frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, slik som Abraham og ved vedkjenning av at Kristus er Herre vert vi frelste.
1.Mos.22,9 Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. 10 Og Abraham rette ut handa og tok kniven og ville ofra son sin. 11 Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» 12 Då sa engelen: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.» 13 Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. 14 Og Abraham kalla den staden «Herren ser». Og den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»
15 Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, 17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, 18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.» 19 Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.
Rom.10,9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Moses.
Israels-folket vart velsigna ved tru, det betydde å komme inn i samfunn med Gud, så dei fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med dei. I tru innsåg dei og vedkjende at Gud gjorde sitt verk med dei. Likevel var det ikkje alle som trudde, så det vart noko styr med det. Når det leit mot slutten med Moses, heldt han ei slags avslutningstale der han sa til dei at Guds plan med dei var at dei skulle vere hans born.
5.Mos.32,1 Lyd etter, himmel, eg vil tala,
høyr orda frå min munn, du jord!
2 Lat læra mi risla som regn,
talen min drypa som dogg,
som regnskurer på grøne graset,
som regndropar over det som gror.
3 Herrens namn vil eg forkynna,
og de skal gje vår Gud ære.
4 Han er Berget,
fullkome er hans verk,
rettferdige er alle hans vegar.
Ein trufast Gud, utan svik,
rettferdig og rettvis er han.
5 Dei som ikkje er hans born,
sveik honom med si vonde ferd,
ei svikefull og rangsnudd ætt.
6 Er det så de løner Herren,
du fåvise og uvituge folk?
Er ikkje han din far og skapar,
han som skapte deg og rusta deg ut?
7 Kom framfarne dagar i hug,
gjev akt på åra frå ætt til ætt!
Spør far din, han fortel deg,
dei gamle, dei gjev deg svar.
8 Då Den Høgste gav folkeslaga land
og skilde menneska frå kvarandre,
sette han grenser mellom folka
etter talet på Israels søner.
9 Herrens del vart hans eige folk,
Jakob vart hans arvelut.
10 Herren fann han i øydemarka,
i tome audna med ulande lydar.
Han verna han og sytte for han
og vakta han som sin augnestein.
11 Som ei ørn sviv over ungane sine
når ho lèt dei flyga frå reiret,
så breidde han ut sine vengefjører,
tok og bar han på sine venger.
David.
Teksta vidare viser også korleis det gjekk og seinare profetar sa det også, dei omtalte folket som Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Kong David var den store kongen deira, det eit vesentleg poeng for han å forsvar den einskilde som søkte Herre.
Salme 14,1 Til korleiaren. Av David.
Dåren seier i sitt hjarta:
«Det er ingen Gud.»
Vonde og stygge er deira gjerningar,
det finst ikkje ein som gjer godt.
2 Frå himmelen skodar Herren
ned på menneska.
Han vil sjå om det finst nokon vitug,
nokon som søkjer Gud.
3 Alle er komne på avveg,
alle er dei vonde.
Det finst ikkje éin som gjer godt,
ikkje ein einaste.
4 Skjønar dei då ingen ting,
desse ugjerningsmennene?
Dei sluker mitt folk,
som ein et opp brød,
og kallar ikkje på Herren.
5 Men dei skal skjelva av redsle,
for Gud er med den rettferdige ætt.
6 Gjer berre stakkarens plan til skammar!
Hjå Herren finn han livd.
7 Å, gjev det må koma
frelse for Israel frå Sion!
Når Herren vender lagnaden for sitt folk,
skal Jakob jubla og Israel gleda seg.
På Davids tid var Israelsfolket Guds kone, men sidan vart ho ei hore og då gjekk det ikkje så bra med henne lengre. Sidan tok han henne til nåde igjen. Ein slik nåde han har sidan gitt til alle folkeslag, ved at Kristi kyrkje er hans brud.
Kong David og kong Salomo vart mektige og rike kongar og i Salme.45 er det tale om ein fest i kongens slott, men dette er då ein profeti om Messias, Guds Son, om Guds born og om hans kyrkje som er hans brud.
Salme 45,1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.
2 Mitt hjarte strøymer over av gode ord,
eg diktar mine songar for kongen.
Tunga er lik pennen til ein dyktig skrivar.
3 Du er den fagraste av menneske,
vakker tale er lagd på dine lepper.
Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4 Spenn sverdet fast ved hofta, du krigar,
i di høgd og din herlegdom!
5 Vinn siger i din herlegdom!
Ri ut til strid for sanning, mildskap og rett!
Di høgre hand lèt deg sjå skremmande gjerningar.
6 Pilene dine er kvasse, folkeslag stuper for deg.
Kongens fiendar er råka i hjartet.
7 Din kongsstol, Gud, står til evig tid,
din kongsstav er rettferds stav.
8 Du har elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med gledes olje framfor dine vener.
9 Du er sveipt i angen frå myrra, aloe og kassia.
Strengespel frå elfenbeinshallar gjev deg glede.
10 Kongsdøtrer er mellom dine utvalde,
ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull.
11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyret til!
Gløym ditt folk og di slekt,
12 for kongen attrår din venleik.
Han er din herre, bøy deg ned for han!
13 Tyros’ dotter og dei rike i folket
skal søkja din gunst med gåver.
14 Fullkomen, herleg trer kongsdottera inn,
kjolen hennar er gjennomvoven med gull.
15 I fargerik bunad blir ho leidd til kongen.
Unge jenter er bak henne,
veninnene hennar blir førte fram for deg.
16 Dei blir leidde inn med fryd og glede,
dei går inn i kongens slott.
17 Sønene dine skal koma i staden for fedrane,
set dei til hovdingar kringom i landet!
18 Frå slekt til slekt vil eg minnast ditt namn,
difor skal folka lova deg til evig tid.
Det må vel vere Gud som talar i vers 11 og kallar ei ung kvinne for si dotter og ber henne sjå hit og høyre etter (2.Kor.11,3), gløyme sitt folk og si slekt. For kongen, Messias, attrår hennar venleik. Han er hennar Herre, så ho skal bøye seg ned for han. Så dette er ein profeti om gjenfødinga.
Profeten Jesajas.
Når Gud gjorde sitt verk med folket sitt, oppdaga dei og vedkjende at Gud gjorde sitt verk med heidningane også, sjølv om dei ikkje innsåg det og vedkjende det sjølve. Dette vart tydeleg når assyrar-kongen hadde teke Samaria og så ville ta Jerusalem også.
2.Kong.19,14 Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn. 15 Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda. 16 Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud. 17 Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt både land og folkeslag. 18 Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei. 19 Men berga oss no frå hans velde, Herre, vår Gud, så alle rike på jorda kan sjå at einast du, Herre, er Gud.»
20 Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria. 21 Og dette er det ordet Herren talar mot han:
Ho hånar deg og spottar deg,
Sions dotter, den unge møy;
ho rister på hovudet etter deg,
Jerusalem, den unge jenta.
22 Kven er det du krenkjer og vanærar?
Kven tek du til ords imot?
Høgt lyfter du augo dine
mot Israels Heilage.
23 Du lét dine sendemenn spotta Herren
og sa: «Med mine mange vogner
fór eg opp til dei høge fjell,
langt inn på Libanon.
Der felte eg høgvaksne sedrar
og dei finaste sypressar.
Eg nådde til den høgaste topp,
der skogen står som ein hage.
24 Eg har grave etter vatn
og drukke or framande kjelder.
Med mine fotsolar turka eg ut
alle elvane i Egypt.»
25 Har du ikkje høyrt om dette?
Eg planla det for lenge sidan;
eg laga det så i eldgamal tid,
og no har eg sett det i verk.
Så kunne du øyda festningsbyar
og gjera dei til ruinhaugar.
26 Dei som budde der,
stod med kraftlause hender,
fylte av redsle og skam.
Dei likna vokstrane på marka,
den grøne groen og graset på tak,
som svid av før det veks til.
27 Om du sit eller står,
om du kjem eller går,
så kjenner eg til det.
Når du rasar mot meg, veit eg om det.
28 Men fordi du rasar mot meg,
og eg har høyrt kor sorglaus du er,
set eg ring i nasen din
og legg beisel i munnen din.
Så fører eg deg attende
den vegen du kom.
29 Dette skal du ha til teikn:
I år må de eta det som gror av spillkorn,
og til års korn som har sått seg sjølv.
Men tredje året skal de så og hausta,
planta vingardar og eta frukta.
30 Den resten av Juda som vert berga,
skal atter skyta djupe røter,
og greinene skal bera frukt.
31 For frå Jerusalem kjem det ein rest,
frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.
I sin brennhug skal Herren gjera dette.
32 Ja, så seier Herren om assyrarkongen:
Han skal ikkje koma inn i denne byen
og ikkje skyta ei pil dit inn.
Han skal ikkje gå imot han med skjold
og ikkje kasta opp ein voll imot han.
33 Den vegen han kom, skal han fara attende;
i denne byen skal han ikkje koma inn,
lyder ordet frå Herren.
34 Eg vil verna byen og berga han
for mi eiga og for min tenar Davids skuld.
Jesajas profeterte også om at persarkongen Kyros skulle la Israelsfolket fare heim att til landet sitt. Det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.
Jesaja.41,1 Ver stille, de øyar og strender,
og høyr på meg,
lat folka samla nye krefter!
Lat dei koma og tala si sak,
lat oss saman gå fram for retten!
2 Kven har vekt den mannen frå aust
som sigeren møter kvar han set foten?
Kven gjev folkeslag i hans makt
og lèt han råda over kongar?
Med sverdet gjer han dei lik støv,
med bogen lik fykande halmstrå.
3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,
er berre så vidt nedpå vegen med foten.
4 Kven var det som sette dette i verk?
Han som frå opphavet kalla ættene fram.
Eg, Herren, er den fyrste,
og eg skal vera hjå dei siste.
5 Øyar og strender ser det og reddast,
heimsens endar skjelv.
Dei stimar i hop og kjem.
Her sa Herren at det var han som frå opphavet kalla ættene fram. Dert minner meg om at når Gud gjekk i hagen, gøymde Adam og Eva seg for han med dårleg samvit. Men her ser vi at når han kalla på ættene, så fekk det likevel ei effekt. Han kalla på ættene og når dei kom til han, fekk dei utvikling og framgang, slik skapte Gud gjennom utvikling.
Jesaja profetert om at Gud gjorde noko nytt.
Jesaja 43, 16 Så seier Herren,
han som gjorde veg gjennom sjøen,
ein stig i det veldige vatnet,
17 som førte hestar og vogner,
hær og hovdingar uti.
Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,
dei slokna som ein veik.
18 Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var!
19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
20 Dyra på marka skal æra meg,
både sjakalar og strutsar.
For eg gjev vatn i øydemarka,
lèt elvar renna i den aude hei,
så mitt utvalde folk kan få drikka.
21 Det folket eg har skapt meg,
skal forkynna min pris.
Profetane Haggai, Sakarja og Joel.
Når dei kom tilbake til landet sitt, talte Gud til dei gjennom profetane Haggai og Sakarja og sette dei til å bygge oppatt tempelet. Sakarja sa at det skjedde berre ved Guds Ande.
Haggai.2,1 Den 21. dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde så: 2 Sei til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til dei som er att av folket:
3 Er det enno nokon att av dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva tykkjer de om det no? Ser det ikkje smått ut?
4 Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel!
lyder ordet frå Herren.
Ver frimodig, Josva Jehosadaksson,
du øvsteprest!
Ver frimodig, alt folket i landet!
lyder ordet frå Herren.
Gå og arbeid, for eg er med dykk!
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
5 Den lovnaden gav eg dykk
då de drog ut or Egypt.
Og min Ande bur imellom dykk.
Ver ikkje redde!
6 For så seier Herren, Allhærs Gud:
Endå ein gong, om ei lita stund,
vil eg skaka himmel og jord,
havet og det turre land.
7 Eg skjek alle folkeslag,
så skattane deira kjem hit.
Og eg fyller dette huset med herlegdom,
seier Herren, Allhærs Gud.
8 Sølvet er mitt, og gullet er mitt,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
9 Dette nye huset skal verta
herlegare enn det førre,
seier Herren, Allhærs Gud.
På denne staden vil eg gje fred,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
……
18 Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til 19 om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt.
Frå i dag vil eg velsigna.
Sak.3,8 Så høyr, Josva, øvsteprest!
Du og dei andre prestane
som sit framfor deg, er eit varsel.
For sjå, eg lèt min tenar Spire koma.
9 Sjå, eg ritar ei innskrift
på den steinen eg har lagt framfor Josva,
denne eine steinen med sju auge,
seier Herren over hærskarane.
Eg stryk ut skulda til dette landet
på ein einaste dag.
10 Den dagen, seier Herren over hærskarane,
skal de be kvarandre inn
under vinstokk og fikentre.
Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt.
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
Då ville han også drive rettssak med folka fordi dei selde folket hans, dei selde den einskilde mann og kvinne.
Joel.3, 6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
Johannes Døyparen og Jesus.
Gud ville skape noko nytt, han ville sende Son sin, Renning, då skulle dei ikkje tenke på det som før hadde vore, for dei skulle sjå framover mot det nye. Så han sende ein profet som skulle bane vegen for han, det var Johannes døyparen.
Jesajas.40,1 Trøyst,
trøyst mitt folk,
seier dykkar Gud.
2 Tal til Jerusalems hjarte
og rop til henne
at hennar strid er fullført,
at hennar skuld er betalt,
at ho har fått dobbelt av Herrens hand
for alle sine synder.
3 Ei røyst ropar:
Rydd Herrens veg i ørkenen,
jamn ut i øydemarka
ein veg for vår Gud!
4 Kvar dal skal hevast,
kvart fjell og kvar haug
skal senkast.
Bakkete land skal bli til slette
og kollane til flat mark.
5 Herrens herlegdom
skal openberra seg,
alle menneske skal saman sjå det.
For Herrens munn har tala.
Malakias.4,1 Sjå, dagen kjem,
han brenn som ein omn.
Alle frekke og alle som gjer urett,
skal då vera som halm,
dagen som kjem, skal brenna dei opp,
seier Herren over hærskarane.
Korkje rot eller grein blir att.
2 Men for dykk som fryktar for mitt namn,
skal rettferdssola stå opp
med lækjedom under vengene sine.
De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
3 Då skal de trakka ned dei urettferdige,
dei skal vera støv under føtene dykkar
den dagen eg grip inn,
seier Herren over hærskarane.
4 Kom i hug lova eg gav Moses, tenaren min,
på Horeb for heile Israel,
med forskrifter og bod.
5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skremmande.
6 Han skal venda fedrehjarta til borna
og barnehjarta til fedrane,
så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.
Dei skal komme i hug lova til Moses og sjå at han sender ein profet som Elia, han skal vende fedrehjarta til borna og barnehjarta til fedrane. Men korleis høver det med at dei skulle gløyme det som har vore og sjå framover til det nye? Det betyr i alle fall dei skal få gløyme at dei var langt borte og i trældom, både i Egypt og i Babylonia. Både Moses og Elia forkynte det nye som Gud kalla dei inni.
Joh.1, 6 Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. 7 Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.
9 Det sanne lyset,
som lyser for kvart menneske,
kom no til verda.
10 Han var i verda,
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.
11 Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.
12 Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.
13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
ikkje av menneskevilje
og ikkje av manns vilje,
men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning.
15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.»
16 Av hans overflod har vi alle fått,
nåde over nåde.
17 For lova vart gjeven ved Moses,
nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
18 Ingen har nokon gong sett Gud,
men den einborne, som er Gud,
og som er i fanget til Far,
han har synt oss kven han er.
19 Dette var vitneutsegna til Johannes då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: «Kven er du?» 20 Då vedkjende han og nekta ikkje, men sa rett fram: «Eg er ikkje Messias.» 21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje», svara han. «Er du profeten?» «Nei», sa han. 22 «Sei oss då kven du er», sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23 Han sa:
«Eg er ei røyst som ropar i øydemarka:
Gjer Herrens veg bein,
som profeten Jesaja har sagt.»
24 Nokre av dei som var utsende, var farisearar, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og heller ikkje Elia eller profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27 han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.» 28 Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29 Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31 Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.» 32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»
Gjenfødinga betyr at menneske ikkje lengre er fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje, ikkje av manns vilje, men av Gud. Så då skal vi berre gløyme vårt folk og vår slekt, endåtil Israelsfolket skulle ikkje lengre tenke på det som før har vore. Men korleis passar dette med det som står skrive i Malakias.4 om at vi skal komme i hug Moses og at Gud ville sende ein profet som Elia, som skulle vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane?
Dei ti bodorda i Moselova handla først og fremst om kva du ikkje skal gjere, berre to av boda handlar om kva du skal gjere og då er hovudsaka likevel ikkje noko du skal gjere, men at du skal vere takksame for det Gud har gjort for deg og for det foreldra dine har gjort for deg. Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk og lyste den heilag, vi skal halde den heilag ved at vi kviler på grunnlag av det han har gjort for oss, så vi kviler saman med han. Og så skal vi heidra far og mor for det som dei har gjort for oss og for den opplæringa og oppsedinga dei har gitt oss. Dei har hatt arbeidet med det og sett verdien i både arbeidet og opplæringa og oppsedinga.
Jesus sa til dei vaksne at når de som er vonde veit å gi borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gi den Heilage Ande til dei som ber han. Så sa han at dei måtte vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike. Då innser vi vel at det heng saman likevel, Elia (Johannes Døyparen) skulle vende fedrehjarta til borna og barnehjarta til fedrane, høver med bodskapen til Jesus om å vende om og verte som born. Då er det vesentleg at vi skal stole på Gud som eit barn stoler på sin far.
Vinne over verda.
Gud gjer noko nytt, då er det vesentleg for oss å vende oss til han og innstille oss på å verte med på det nye som han gjer og så må vi tru på han og stole på han, som born som stolar på sin far og ventar seg at han elskar dei og har omsorg for dei.
Det nye får motstand frå det gamle og frå dei som ikkje trur, ja, endå til frå vår eigen mangel på tru. Kva kan vi gjere med det? Halde fram med å vende oss til Kristus, sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, så skal vi sigre saman med han.
Fødselsaristokratiet.
Det gamle fødselsaristokratiet fekk makt gjennom religionen og for heidningane var det den gamle religionen med mange gudar, som var skulpturar og bilete av menneske og dyr. Dei var jordeigarar og hadde slavar. Men kristendomen breidde seg i Romarriket og vart til statsreligion. Evangeliet er ein glade bodskap om frelse og frigjering ved trua på Kristus, så det skulle gjere alle friare.
Frå gammalt av hadde fødsels-aristokratiet vore den rike og priviligerte overklassa, som eigde mykje jord, då derfor ville dei gjere framleis ha det slik, soleis vart dei konservative. Ville det då bety at dei vart motstandarar av det nye som Gud ville gjere ved sitt Ord og sin Ande? Det fekk vise seg. Og det har vist seg ved motstand mot den evangeliske forkynninga i kyrkja og dermed i samfunnet elles.
Kva kan vi gjere med det? Sjå dei moglegheitene vi får og nytte dei!
Forføring, falske profetar og vranglære.
Gud gjer noko nytt, men det kan få motstand ved at nokon erstattar det med falske profetiar. Folk kan verte forførde og lurte til å erstatte det med noko anna, det kan verte gjort til politikk og religion, slik blir dei vidare forførde av falske profetiar og vranglære.
Fordømmande moralfilosofi.
Det tradisjonelle aristokratiet hadde ein moralfilosofisk tradisjon av å hevde at vanlege folk er for dumme og for vonde til å tenke sjølvstendig og leve som frie og sjølvstendige menneske og soleis finne meining med livet.
Gud let ei prøvingstid komme over alle menneske, både lærde og ulærde, men då la han også ein hjørnestein på Sion, ein velprøvd stein og den vart til ein prøvestein også for dei lærde.
Jesaja.28, Storm over leiarane i Samaria
Ve den prektige kransen,
Efraims herlege hovudpryd,
ein visnande blome.
Efraims fruktbare landskap
er krona av fulle menn
utslegne av vin.
2 Sjå, Herren har ein som er sterk og mektig
som ei haglskur og ein herjande storm,
som ei kraftig regnskur med vatn som fløymer.
Med handa slår han den prektige kransen til jorda,
3 Efraims fulle menn skal trakkast under fot.
4 Den visnande blomen, hans herlege hovudpryd
på toppen av den grøderike dalsida,
skal bli som ein forsommarfiken:
Ikkje før har nokon sett han og fått han i handa,
så er han slukt.
5 Den dagen skal Herren over hærskarane
bli ein fager krans og ei strålande krone
for den resten som er att av hans folk.
6 Han skal gje rettens ånd til den som sit til doms,
og styrke til dei som slår åtak tilbake frå porten.
Domsord mot prest og profet
7 Også desse sjanglar av vin,
ravar av sterk drikk:
prest og profet sjanglar av drikk,
er fortumla av vin,
ravar av drikk,
sjanglar når dei har syn,
vaklar når dei dømmer.
8 For alle bord er fulle av spy og skit.
Ikkje ein rein flekk!
9 Kven vil han gje kunnskap?
Og kven vil han forklara sin bodskap?
Dei som er avvande frå mjølk,
dei som er tekne frå brysta?
10 «Sav lasav, sav lasav,
kav lakav, kav lakav,
litt her, litt der!»
11 For med stammande lepper
og på framandt tungemål
skal han tala til dette folket,
12 han som sa til dei:
«Her er kvila, lat den trøytte få kvila,
her er ro.»
Men dei ville ikkje høyra.
13 Så skal Herrens ord til dei bli:
«Sav lasav, sav lasav,
kav lakav, kav lakav,
litt her, litt der!»
– så dei skal snubla når dei går,
falla bakover og skamslå seg,
gå i snara og bli fanga.
Hjørnesteinen på Sion
14 Difor, høyr Herrens ord, de spottarar
som herskar over dette folket i Jerusalem!
15 For de seier:
«Vi har gjort pakt med døden
og gjort avtale med dødsriket.
Når flaumen kjem fløymande,
skal han ikkje nå oss.
For vi har gjort løgn til vårt ly
og gøymt oss bak svik.»
16 Difor, så seier Herren Gud:
Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,
ein stein som er utprøvd,
ein kostesam hjørnestein,
eit sikkert fundament.
Den som trur, har inga hast.
Underleg er Herrens gjerning
17 Eg vil gjera rett til målesnor,
rettferd til vektlodd.
Hagl skal sopa bort lyet av løgn,
vatn skal fløyma over gøymestaden.
18 Pakta med døden skal opphevast,
avtalen med dødsriket
skal ikkje stå ved lag.
Når flaumen kjem fløymande,
skal de trakkast ned.
19 Kvar gong han kjem,
skal han ta dykk.
For han kjem, morgon etter morgon,
dag og natt.
Den som skjønar bodskapen, må skjelva.
20 Senga er for kort til å strekkja seg i
og teppet for lite til å dekkja seg med.
21 For Herren skal reisa seg
som på Perasim-fjellet
og rasa som i dalen ved Gibeon.
Han skal gjera si gjerning,
ei underleg gjerning.
Han skal utføra sitt verk,
eit framandt verk.
22 Og no, hald opp med å spotta
så lenkjene ikkje blir stramma!
For frå Herren, allhærs Gud, har eg høyrt
at utsletting er fastsett for heile jorda.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse. 3 For de har smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud. 5 Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, på Sion legg eg ein hjørnestein,
utvald og kosteleg;
den som trur på han,
skal ikkje bli til skamme.
7 Så blir han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur,
har steinen som bygningsmennene vraka,
vorte hjørnestein,
8 ein snublestein og eit berg til fall.
Fordi dei ikkje er lydige mot Ordet, snublar dei. Slik var det òg fastsett at det skulle gå dei.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.
10 De som før ikkje var eit folk,
er no Guds folk.
De som før ikkje fann miskunn,
har no funne miskunn.
Empirismen som metode for eit nytt fødsels-aristokrati.
I tråd med den tradisjonelle moralfilosofien påstod leiarskapet i den katolske kyrkja at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Så innførde dei avlatshandelen. Det var då som den Duglause Hyrdingen (Sak.11).
Pionerane i den nye naturvitskapen var likevel lærde, også om kristendom, men dei fekk seg også kunnskap gjennom erfaring i det materielle miljøet og kom fram til teoriar som streid mot lærdomen til leiarane i den katolske kyrkja, vel å merke lærdom som dei hadde frå antikk filosofi. No vart det ein strid om kva som var metodene i den nye naturvitskapen, konklusjonen vart at den hadde både rasjonalitet og empiri, den var hypotetisk deduktiv.
Likevel er det mange som framleis har den innstillinga at den er empirisk, som motsetnad til rasjonaliteten, der rasjonaliteten inkluderer både matematikken og kristendomen. Men rasjonalitet betyr forstand, dermed inneber det framleis eit klagemål mot mennesket om at det er uforstandig, så det ikkje er i stand til å tenke sjølvstendig og leve som eit fritt og sjølvstendig individ.
Gjett kva som blir det neste. Hensikta er sjølvsagt på nytt å definere eit aristokrati som skal ha makta i samfunnet. Men metoda er ytst tvilsam. Det er som om dei på førehand gjer krav på jorda, som jordeigarar og soleis gjer dei krav på erfaringa som metode, som om det berre er deira erfaring som har betydning for å etablere kunnskap og få makt. Til tross for at vi alle har lært av erfaring så langt vi kan hugse, så langt vi har historie, sjølvsagt lærde menneska slik i forhistorisk tid også. Så det som møter oss her er eit krav om å gjere menneska til trælar igjen, slik som det tradisjonelle aristokratiet.
Den som har lært og forstått noko, har fått åndeleg og rasjonell og innsikt å gjere, slik at han kan leie og lære opp andre. Dersom folk ikkje vil vite av ei slik innsikt, då er alternativet at nokon gjer seg til herre, slik at andre vert undersottar. Slik får vi eit nytt aristokrati, men dess mindre kunnskap, rasjonell og åndeleg innsikt det har, dess meir ber det preg av å vere eit fødsels-aristokrati.
Ved trua på Kristus skal vi sigre over verda.
Det vesentlege for oss i denne samanheng, vert då å forstå betydninga av gjenfødinga. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen og få gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Han frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv, han vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp.
Ved den anden og det livet som Jesus gir oss frå himmelen, skal vi sigre over verda.
1.Pet.1,1 Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever som framande, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia. 2 De er utvalde slik Gud, vår Far, på førehand hadde fastsett, og ved Anden vigde til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!
Ei levande von
3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! 4 Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.
6 Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar. 7 Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord, 9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.