Pietisten Immanuel Kant og evangeliet. Rasjonaliteten, prestetenesta og “ødipus-syndromet”.
Universalie-striden og striden om den vitskaplege metoda.
Eg suderte realfag, ja, så la oss sjå litt på kva realisme betyr i filosofihistoria. Platon meinte at ideane (universalia) har den høgste og mest eigentlege form for eksistens, dei eksisterer uavhengig av om menneska fattar dei eller ikkje og uavhengig av om dei sansbare tinga avspeglar ideane. Dette er kalla Platonsk realisme, universalia før tingen, «universalia ante res». Aristoteles meinte at universalia finst i dei einskilde tinga (partikularia). Dette er kalla Ariostotelisk realisme, universalia i tingen, «universalia in rebus». Først kom platonisme inn i kyrkja, så aristotelisme, så i middelalderen vart det strid om dette, det vart kalla universaliestriden. Så var det nokre som meinte at universalia berre var namn vi brukte av praktiske grunnar, sidan der til dømes er mange hestar (partikularia), kallar vi dei hest, som eit fellesnamn, eit universalia etter tingen, «universalia poste res», for det kjem ført etter at menneska har erfart det. Dette er ikkje realisme, men vert kalla nominalisme. I middelalderen var det mange som hevda at universalia før tingen er slik Gud som har skapte det ser det, universalia i tingen er slik tinga faktisk er og universalia etter tingen er sett utifrå mennskeleg erkjenning. Dette var Thomas Aquinas syn og det vart filosofien til den Katolske Kyrkja. I tidleg middelalder rådde realismen grunnen, i høgmiddelalderen (1250) rådde ein moderat realisme, men i seinmiddelalderen tok nominalismen over, som til dømes ved Wilhelm Ockham og Luther. Eg synest det er rart at Luther vert plassert slik, for han forkynnte då rettferd ved tru og den kristne trua er universalia ante res. Men med vår menneskelege erkjenning, av universalia ante res, er vi feilbarlege, derfor treng vi nåde, at Gud frelser oss i Kristus og slik kjem vi til erkjenning av universalia ante res. Seinare vart det strid mellom rasjonalime og empirisme, der rasjonalisme stort sett tok over for realisme og empirisme stort sett tok over for nominalisme. Men konklusjonen vart at den moderne naturvitskapen var hypotetisk deduktiv, det kan forståast som ei syntese av rasjonalisme og empirisme. I realfag vert det i alle fall brukt begge deler.Guds rike, frelse og rasjonelle system. Mi preste-teneste.
Gud er ånd og han har skapt alle ting ved sitt Ord, det er usynleg og hans rike er usynleg for vårt fysiske auge. Så vi må verte fødde på nytt, av livets vatn og den Heilage Ande, for å sjå det og komme inni det. Vi kan godt forstå det som eit partikularia som kjem inn i eit universalia, men då tenker eg først og fremst på menneskets sjel som partikularia, for den har verdi for æva, sjølv om kroppen døyr og vert nedbroten. Gud frelser vår sjel for æva, så den får drikke av livets vatn og verte levande for Gud. Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen, han gir ånd i vår kropp og liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll samtidig som eg studerte realfag og medan eg dreiv tråling. Gud gjer sitt verk med meg og med oss, det er mest fundamentalt, så gjer eg meitt verk og andre gjer sitt verk og slik får vi vere Guds medarbeidarar, men vi må ære å skilje mellom kva han gjer og kva vi gjer. Eg kunne bebreide meg sjølv for mi tilkortkommenhet, men Jesus sa til meg at mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk. Når eg studerte realfag måtte eg innvie meg til den oppgava og då var det om å gjere for meg at det stemte overeins med å innvie meg for Herren, til å tene han. Ja, eg fekk sjå det slik at eg var hans tenar i hans heilagdom, han bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen og kalla meg til å komme etter og slik vart eg hans tenar i hans heilagdom. For å lukkast i dette, måtte eg gå legge ein gode studieplan, som passa meg, men det var ikkje alltid eg lukkast i det. Eg kan likevel hevde og meine at det er mi hensikt og det er mi presteteneste. Eit vesentleg poeng eer då å stige fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Denne prestetenesta var viktig for meg og den er viktig for mange andre også, for samfunnet. Men det betydde at eg måtte kutte ut mykje verdsleg aktivitet og ikkje bry meg om mange saker og diskusjonar som andre er engasjerte i og som dei faktisk synest er viktig, eg hevda det ikkje er viktig likevel, samanlikna med denne prestetenesta mi. Poenget var å bruke rasjonaliteten i Guds Ord og rasjonaliteten i realfag, lære matematikken og bruke den. Det høver med dei rasjonalle filosofisk systema som vart utvikla på 1600-talet. Det kunne derfor virke som eit tap at eg ikkje kom i kontakt med mange menneske og speielt at eg ikkje kom i kontakt med kvinner, med tanke på å finne meg ei kone. Men Jesus minna meg om å vitne om han for dei som eg møtte i min kvardag og gjerne gå ut for å treffe nye menneske og vitne for dei. Det gjorde eg også og fortalde det som låg meg på hjertet, at eg hadde bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone.Kants filosofi og evangeliet.
I universaliestriden var det tale om universalia før tingen, i tingen og etter tingen og så talte Kant om tingen i seg sjølv (Das ding an sich) og tingen slik som eg oppfattar den (das ding an mich). Men det som er så rart, er at det ikkje vert skilt mellom ein daud ting, ein gråstein, og ein levande ting, ein plante eller eit dyr og eit menneske.
Liksom universalia før tingen, tenkte Kant seg noko som var a priori rett, det er alltid rett og treng ikkje støtte i erfaring. Det er analytisk a priori kunnskap. Til dømes påstanden: Dette grøne huset er grønt. Så tenkte han seg ein syntetisk a priori kunnskap, til dømes påstanden om at alts som skjer har si årsak. Det vert kalla uforanderlege transendentale former, til dømes rom, tid og kausalitet. Det er felles for alle menneske og formar kunnskapen vår. Det har med sanse-erfaring å gjere, til dømes å sjå, men på den måten at vi ser gjennom same slags briller, så det formar kunnskap vår likt. Vi kan kalle det transendental innsikt. Det minner om psykologi, men er ikkje det heller, for det er likt for oss alle.
Når Einstein var ung, vart han begeistra for Kants filosofi, den bidrog til at han byrja å tenke nytt om rom og tid i forhold til absolutt tid og rom, så han oppdaga relativitetsteorien. I følge den er rom og tid relativ og i kvantefysikken blir kausaliteten borte. Konklusjonen er at desse transendentale formene er fysikk og dei er ikkje så uforanderlege likevel.
Fysikken er den same for ein daud ting og ein levande ting, ein stein, ein plante, eit dyr og eit menneske. Men der er no noko skilnad også. I følge Bibelen er der ein fundamental skilnad på det som har livsande og det som ikkje har. Så når ein lækjar skal undersøke ein pasient, vert det vesentleg å skjekke nivået av bevisstheit, er han bevisst vert det viktig å høyre på kva han seier om korleis han føler seg, korleis han har det.
Og det ville no vere frykteleg rart om prestar ikkje ville bry seg om det. Ein avgud, laga av stokk og stein har ikkje ånd. Ved å tru at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud. Men ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Kvar den som kallar på Herrens namn skal verte frelst.
I følgje Bibelen er Gud allmektig, evig og fullkommen og det er Son hans, Jesus Kristus også. Kristus er Guds Messias, vår frelseskonge, slik er han konge i Guds rike og det er evig. Hans frelseverk er fullført og fullkome. Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, han var det Guds Lam som bar verda si synd, så med eitt offer tok han den bort ein gong for alle. Med eitt offer har han gjort oss fullkomne. Slik er vår tru ein a priori kunnskap, den kjem før vår erfaring og er ikkje avhengig av den.
Heb.9, 25 Han gjekk heller ikkje inn for å bera fram seg sjølv som offer fleire gonger, slik øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger heilt frå verda vart grunnlagd. Men no, ved endetida, har han stige fram éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Slik alle menneske må døy éin gong og sidan koma for dommen, 28 slik er òg Kristus ofra éin gong for å bera syndene for dei mange, og så skal han andre gongen koma til syne, ikkje for synda si skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Heb.10, 12 Men Jesus har for alltid bore fram eit einaste offer for synder og sett seg ved Guds høgre hand. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast ned som skammel for føtene hans. 14 For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne. 15 Den heilage ande vitnar òg for oss om dette. For først seier han: 16 Dette er pakta eg vil gjera med dei i dagar som kjem, seier Herren: Eg vil leggja mine bod i hjartet deira og skriva dei i sinnet deira. 17 Og så: Eg vil ikkje lenger hugsa syndene deira og all uretten deira. 18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.
Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). For vi får oppleve at Guds skaper oss ved sitt Ord og gjer sitt verk med oss ved sin Ande. Han skaper oss i si likning. Då er vel dette som ei slags a priori syntese. Ja, for vi meiner vi opplever det og erfarer det sjølv om det ikkje er å sanse og erfare noko i det materielle miljøet, for Gud er ånd og han eksisterer, hans rike er ein åndeleg realitet. Den Heilage Ande openberrar Guds herlegdom for oss, så vi vert omskapte i det biletet. Men det blir ikkje fullstendig for oss før vi er ferdige med dette jordelivet og får komme heim til Guds himmel.
2.Kor.3, 17 Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.
Ef.2, 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.
1.Kor.13, 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn. Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege. 12 No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
Den gamle og den nye naturen.
Ormen si ætt og kvinna si ætt.
Gud skapte alle ting og såg at det var godt, så han kvilte den sjuande dagen, etter alt sitt verk. Og menneska var i hans kvile, saman med han. Men ved syndefallet fall dei ut av den og Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Det handlar om menneskelivet, ormen var skapt før mennesket, så den gamle vonde naturen ber preg av ormenaturen, kvinna var det siste Gud skapte, så frå kvinna si ætt kan vi vente oss den nye naturen. Men det er ein strid.
Guds born, opplæringa.
Når Moses vart gammal, heldt han ei slags avskilstale for folket, der han sa til dei at Guds plan med dei var at dei skulle vere hans born. Seinare profetar sa Gud gjer noko nytt, det skal spire fram, merkar de det ikkje? Dei sa det på den måten at folket var Guds kone, så borna deira skulle vere Guds born. Men ho vende seg bort frå han og han let henne gå, men då gjekk det gale med henne. Sidan ville han vise henne nåde og la henne verte kona hans igjen, dette får vi oppfylt i evangeliet om Kristus, ved at hans kyrkje er hans brud. Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud og åtvara den mot å verte forførde slik som Eva vart ved syndefallet (2.Kor.11,3). som ei rein brud som elskar Kristus, skal vi vende oss til han og vere opptekne av han, sjå på han.
Kristus forkynte at vi må verte fødde på nytt, han velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slike til, vi må vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike. Så i menneskets oppvekst kjem den nye naturen først. Kva så med opplæringa, kva med dei gamle vise, skal ikkje ungdomen høyre på dei? Jau, Gud sende då ein profet som skulle bane vegen for Kristus, han skulle vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane (Malakias.4). Det var Johannes døyparen. Han sa at Jesus hadde bruda og han gleda seg over å høyre hans stemme.
Så vi skal ikkje ete av kunnskapstreet, men kan ete av dei andre trea i hagen. Vi skal ikkje verte opplærde ved å ete av kunnskapstreet, men vi skal halde oss til Jesu ord og la han lære oss opp. Dette handlar også om kva slags næring vi får, som gir oss vekst. Den nye naturen lever av noko anna enn den gamle, så det er om å gjere at den nye naturen får næring, så den vekst og vert sterk.
Trældom eller barnekår hos Gud? Paulus forståing av den gamle og den nye naturen.
I den verdslege moralfilosofien vart vanlege folk klaga for å ha ein vond natur, som gjorde dei dumme. Derfor trongst det eit diktatur til å styre dei, ein tyrann. Men det verka også som eit krav om tilpassing, så den nye naturen ikkje passa inn i systemet, men det var den gamle vonde naturen som pass inn i det systemet. Om så dei ville gjere opprør, så vart det med den gamle vonde naturen. Om så dei klarde å styrte tyrannen, så ville dei med sin gamle vonde natur få ein ny tyrann i staden, som kanskje ville vere endå verre, endå meir tyrannisk. Men når den kristne trua vart forkynt, så fann menneska ein betre veg, for Kristus er vegen til Faderen.
Dette vart tydeleg ved at Kristus openberra seg for Paulus frå himmelen og kalla han, så det vart eit tankekors for han at han som ivrig farisear hadde forfylgt Jesu kyrkje, han hadde vore overtyda om at han hadde rett, men likevel teke så grundig feil. Han forklarde det med at den gamle vonde naturen dåra han og drap han. Slik som ved syndefallet altså. Han forklarde det også med at han hadde vorte seld som træl, utan at han var klar over det. Jesus valde altså ein som var seld som træl, Paulus, til apostel, i staden for ein som selde, Judeas. Jesus gav han barnekårs-Anden, så han fekk fridomen i barnekåret i staden for trælekåret. Dermed fekk han ei anna slags opplæring og oppseding, som var mykje betre.
Kain og Abel.
Abel bar fram eit betre offer enn Kain og vart velsigna. Derfor vart Kain misunneleg på han og slo han i hel.
Heb.11, 4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Fordi han trudde, fekk han vitnemål om at han var rettferdig, for Gud vitna om offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, sjølv om han er død.
Heb.12, 22 Men de er komne til Sions fjell og den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, og til dei mange tusund englar, 23 til høgtidsstemna og lyden av dei fyrstefødde, som er uppskrivne i himmelen, og til domaren, som er Gud for alle, og til åndene åt dei fullenda rettferdige, 24 og til Jesus, millommannen for ei ny pakt, og til skvettings-blodet, som talar betre enn Abels blod. 25 Sjå til at de ikkje viser ifrå dykk han som talar! For når hine ikkje slapp undan, dei som viste ifrå seg han som tala på jordi, kor mykje mindre skal då me sleppa undan um me vender oss ifrå han som talar frå himmelen! 26 Hans røyst riste den gong jordi; men no hev han lova og sagt: Endå ein gong rister eg ikkje berre jordi, men himmelen med. 27 Men det ordet: Endå ein gong, syner at dei ting som vert riste, skal umskiftast, av di det er skapte ting, so dei som ikkje vert riste, skal vara ved. 28 Lat difor oss som fær eit uruggeleg rike, vera takksame og dermed tena Gud til hans hugnad, med blygd og otte! 29 For vår Gud er ein øydande eld.
Apostelen Johannes taler om Guds born som den nye naturen og om Kain-naturen som den gamle vonde naturen.
1.Joh.1, 4 Kvar den som gjer synd, gjer opprør mot lova, ja, synd er opprør mot lova. 5 Og de veit at han openberra seg for å bera bort syndene våre, og i han finst det inga synd. 6 Den som blir verande i han, syndar ikkje. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han. 7 Mine born, lat ingen føra dykk vill! Den som gjer det som er rett, er rettferdig, slik Kristus er rettferdig. 8 Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg. 9 Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd. For det Gud har sådd, blir verande i han. Han kan ikkje synda, for han er fødd av Gud. 10 Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud. 11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå første stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige. 13 De må ikkje undra dykk, sysken, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, for vi elskar syskena våre. Den som ikkje elskar, er og blir i døden. 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. 16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skyldar òg vi å gje livet for syskena våre. 17 Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?
Når vi les dette må vi vel innrømme at vi får merke striden mellom dei to naturane i oss, slik som Paulus skriv om. Då er det vesentleg for oss at den nye naturen får næring, så den veks og modnast. Den nye naturen kan vi kalle Abel-naturen, han bar fram eit betre offer og vi skal nytte oss av det offeret som Jesus bar fram for oss, slik at det er vårt synde-offer.
Ødipus-syndromet.
Psykologi for å hjelpe er sameinleg med evangeliet.
Jesus er den Gode Hyrdingen, han gir oss den beste psykologiske behandlinga vi kan få. Psyke betyr sjel, så psykologi blir læra om sjela. Mange prestar vil gjerne supplere med psykologisk og psykiatrisk kunnskap, gjerne med kontakt med ekspertise. Men då må vi verke på vakt, så ikkje slik ekspertise får merksemda vår i staden for Kristus, så den ikkje erstattar han.
I psykoanalysen pratar behandlaren med pasienten og kjem fram til noko som er lagra i pasientens minne, det kan vere meir eller mindre underbevisst, men verkar dårlege på pasientens psykiske helse. Det kan vere noko vondt som har hendt, noko som har vorte gjort mot pasienten eller som pasienten har gjort mot andre. Når det gjennom psykoanalysa kjem fram att og dei talar om det, kan det hjelpe pasienten til å tenke på det på ein betre måte. Pasienten gløymer det nok ikkje, men får ei betre forståing av problemet og lagrar det dermed på ein betre måte, så de ikkje får så negative konsekvensar for hans eller hennar framtidige tenking, tale og handling.
Dette passar no godt med evangeliet.
1.Joh.1, 5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er lys; i han finst det ikkje mørker. 6 Seier vi at vi har fellesskap med han, men vandrar i mørkret, då lyg vi og følgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd. 8 Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, då gjer vi han til løgnar, og hans ord er ikkje i oss.
Men dette er ikkje berre teori, ikkje berre psykologi i den forstand, men det er ein åndeleg røyndom som vi opplever. Når Gud tilgir oss syndene, så gløymer han dei og let dei vere langt borte frå oss, slik får vi også gløyme dei. Han fyller oss med den Heilage Ande og den openberrar Guds Ord for oss. Det får som konsekvens at vi lærer å tenke rett, så vi ber god frukt og han oppseder oss til å leve rett. Derfor er det også viktig for oss å lovprise Kristus som vår frelsar og venn og vår Herre, som vår beste venn er han også vår Herre. Dette høver med at vi har fått barnekår hos Gud, han elskar oss og har omsorg for oss som sine born, derfor lærer han oss opp og oppseder oss.
Når Jesus stifta nattverden, sa han at dei skulle gjere det til minne om han. Vi har ikkje møtt han fysisk her på jorda, korleis kan vi då hugse han? Ved at vi tek vare på hans ord og ved at den Heilage Ande openberrar det for oss.
Psykologi for å få makt, gjennom moralfilosofi.
Psykologi kan også brukast av verdslege maktinteresser for å få makt over menneska, så det vert ein motsetnad mellom dette og den individuelle fridomen og maktinteresser. Det må den einskilde prøve å får klarleik i og får eit samansett bilde å forhalde seg til, men må vere kritisk til det bildet, stadig stille spørsmål om det verkeleg er slik. Men i evangeliet om Kristus har vi fått noko som er sikkert og påliteleg. Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid. Hans rike er eit evig rike.
Men i det siste har det vorte så tydeleg at det er mange som tvert om fortrenger Kristus og det livet han gir oss, så dei endåtil driv med forsking for å finne motiv for å fortrenge. Ved Universitetet i Oslo vert det kalla religionsforsking og det har vorte til kvinneforsking og kjønnsforsking. Det er då så tydeleg at her er det forskaren som erstattar mannen, når han vil finne seg ei kvinne som han vil fri til, for å få seg ein kjæraste og ei kone. Denne kunnskapssøkinga er som å ete av kunnskapstreet, det er ei vidareføring av syndefallet og fråfallet som er som syndefallet på nytt. Dei fortrenger både Kristus og mannen som trur på han. Dette har eg kalla ødipus-syndromet, fordi det er meir komplekst enn ødipus-komplekset.
Det var då som den Lovlause.
2.Tess.2,5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er lys; i han finst det ikkje mørker. 6 Seier vi at vi har fellesskap med han, men vandrar i mørkret, då lyg vi og følgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd. 8 Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, då gjer vi han til løgnar, og hans ord er ikkje i oss.
Og det er som den Katolske Kyrkja i middelalderen, som vedtok av Kristus er spå streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, dei må gå via paven, prestane og helgenane. Og prestane må leve i sølibat. Så kjærleiksforholdet mellom mann og kvinen skal ikkje ha noko med Gud å gjere, dei skal gøyme seg for Gud, slik som Adam og Eva etter syndefallet.
Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet. Når eg vart noko eldre forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kone. Då meinar dei altså at Kristus er så streng at eg kan ikkje be slik. Soleis vil dei erstatte meg og be i staden for meg. Kanskje endåtil framstille det som om dei ber for meg, men i så fall erstattar det ikkje at eg sjølv ber, det erstattar ikkje mi bøn. Det er då eit sentralt og viktig poeng at den einskilde får komme fram for nådens trone og be for seg sjølv og sine næraste.
Men om dei ikkje vil godta det, så dei seier imot, seier det stikk motsette, kva blir då det? For det første at menneska ikkje skal verte frelste, men gå fortapt. Så eg ikkje skal få meg ei frelst kvinne til kone. Om det er så at eg vil ha meg ei kone, så skal ikkje eg heller bli frelst. Strategien er som ved syndefallet og den konlusjonen dei vil fram til er at mannen vart dømd til døde som resultat av syndefallet.
Men den glade bodskapen er då at Kristus døde i staden for oss. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Men så fornektar dei han. Det var då som Antikrist, som fornektar Faderen og Sonen.
Humanistane har tydelegvis ein slik moralfilosofi med motsetnad til både kristendomen og naturvitskapen, men då sit dei att med ein livsfiendtleg og inhuman moral, religion og politikk. Den strir mot både kristendomen og naturvitskapen, i denne samanheng strir den spesielt mot biologien, den er fiendtleg både til det åndelege livet i samfunn med Gud og det biologiske livet. Ein filosofi som er så fiendtleg til det biologiske livet er ikkje egna til naturvern.
Ødipus-komplekset som bortforklaring for avgudsdyrking og som motsetnad til bodskapen til Elia.
Som kommentar til møtet på Sion Åheim 6.3.2022, skreiv eg om Freuds påstand om ødipus-komplekset. Det baserer seg på ei myte i gresk mytologi og i samsvar med den påstod Freud at guteborn på 2,5-6 år lett ser på far sin som ein konkurrent om mora. Det er no merkeleg at dei skulle forstå far sin som ein konkurrent, det høver ikkje med det Bibelen lærer og heller ikkje med naturvitskapen. Men det er nok framleis med kopling til gresk mytologi, avgudsdyrking og synd. At dei dyrker lystene sine i staden for å dyrke Gud, så faren og mora har så lyst på kvarandre at det går utover lomsorga for borna og derfor oppfattar dei faren som ein konkurrent!? I så fall skal no bodskapen til Elia gjere endring på det. I følgje Malakias.4,5, sender Gud profeten Elia, før Herrens dag kjem, den store og skræmande, dommedag altså. Han skal vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane. Forstår vi bodskapen hans slik? Døyparen Johannes forkynte no at alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born. I Johannes.3 fortel Jesus meir om gjenfødinga. Døyparen Johannes sa at Jesus er Messias og det er han som har brura og han døyper oss med den Heilage Ande. Jesus tala om Gud som ein god far, som gir oss den Heilage Ande. Luk.11,11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!» Sjølvsagt har ein far omsorg for son sin og gir han gode gåver og døyparen Johannes skulle no ha lært dei det også, så brukte Jesus det til å fortelje dei at Gud har omsorg for dei som sine born. Så hans bodskap om at han er Guds Son, vert gjennom gjenfødinga fruktbart både for kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, i ekteskapet og for deira omsorg for sine born. «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han stelte vel med henne, men ho forstod seg ikkje heilt på det, så ho vende seg bort frå han og vart ei hore, ved at ho dyrka avgudane i staden. Ho lydde dei i staden, så ho endåtil drap borna han fekk med henne. Soleis vart avgudane konkurrentar til både mannen og borna. Då vende han seg bort frå henne og ikkje gav henne omsorg lengre, så det gjekk henne ille. Men omsider ville han ta omsorg for henne igjen og då skulle ho svar han som i trulovingstida. Det var også ein profeti om evangeliet om Kristus (Esekiel.23, Hoseas 2). Finst det ein far mellom oss som ikkje har omsorg for sine born og gir dei gode gåver? Kor mykje meir vil ikkje Gud ha omsorg for sine born. Då er det meir enn merkeleg at leiinga i den katolske kyrkje i middelalderen vedtok at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, men må gå via paven, prestane og helgenane. Forklaringa på det må vel heller vere at avgudane vart konkurrentar til både Gud og borna hans. Og soleis vart dei konkurrentar til borna, om å få omsorg frå foreldra og konkurrentar til mannen med sitt krav på kvinna. Så poenget med ødipus-komplekset er å bortforklare deira eigne maktinteresse. Det er rart kor slike maktinteresse dukkar oppatt i dei utrulegaste samanhengar. Men mest tydeleg er det i kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Her vert no både mannen og borna atter erstatta av prestar og politikarar, så politiseringa av kvinna og kyrkja betyr at dei dyrkar styresmaktene som avgudar (Joh.Op.17-18). Dette har eg skrive om her: https://value-and-entropy.com/2022/07/23/adelstand-eller-barnekar-hos-gud/Den Duglause Hyrdingen. Ødipus-syndromet.
Israles-folket vende seg bort ifrå Gud og vart bortførde til Babylonia. Etter ei tid fekk dei kome attende til landet sitt, når dei då kom i gong med Guds-tenesta og byrja å bygge oppatt tempelet og murane krig Jerusalem, så vart dei velsigna (Haggai 1-2). Sentralt i Guds-tenesta er at øvstepresten ein gong i året ber fram syndeoffer, først for seg sjølv og så for folket. Sakarja oppmuntra dei med profetiar (Sak.3-4), men så profeterte han også om den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Ei tid utan at Gud viste dei miskunn og det betydde vel forbanning, dei vart selde til trældomen og til døden. Det vart ei hard tid under Selevkide-riket, sjølv om jødane frigjorde seg frå det, var problemet der framleis, det viste seg ved at Jesus vart seld for 30 sølvpengar. Sidan fekk det sin renessanse ved at den katolske kyrkja vedtok at Kristus er så streng at vanlege folk kan ikkje be til han direkte, dei må gå via prestane, paven og helgenane. Og så kom avlatshandelen, skriftestolane og gapestokkane. Her er det eit poeng at prestane skal leve i sølibat. Dersom nokon vil gifte seg, skal dei altså ikkje få komme til Jesus med si bønn lenger. Det var då som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av det. Det er rart korleis denne haldninga og maktinteressa dukkar oppatt i dei utrulegaste samanhengar i vår tid, ved at såkalla lærde vil tenke og tale i staden for vanlege folk, heilt ned til daglegdagse saker. Det utartar seg slik at dei driv ap med både ungdommar og voksne som framleis lever i si barnetru, ja, heilt ifrå dei er små born. Til tross for at det var prestane som stilte seg sjølve i den posisjonen at dei skulle lære menneska dette som er mest fundamentalt, heilt ifrå dei er småborn. Så det var lureri altså?! Det kan sikkert forklarast med interessa for keisardyrkinga, dei politiske og økonomiske interessene til den Store Skjøkje og med kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære. Men det er vel rettast å karakterisere dette som at kvinna vert misunneleg på mannen. Ja, det er nok ei anna side av same sak, så det også er rart og strir både mot kristendomen og naturvitskapen. Det er som med «Mor Israel» som var Guds kone, men forstod ikkje at det var ahn som stelte så vel med henne, så ho vart ei hore, men då gjekk det gale med henne (Esekiel.23, Hoseas.1-2). Prestane supplerer gjerne med psykologi og psykiatri, spesielt psykoanalyse, har eg fått inntrykk av og tek gjerne kontakt med fagfolk. Det kan samanliknast med å ta kontakt med ein doktor. Freud samtalte med pasienten og stilte diagnose. Men det er ikkje det same som ei vitskapleg hypotese eller teori. Det kan brukast saman med evangeliet som metode, men vi på passe på at det ikkje vert til erstatning for evangeliet. Men mykje tyder på at det er nettopp det som for ein stor del har skjett i denne siste tida, til samanlikning med korleis evangeliet vart fortrengt i middelalderen. No tenker eg også på fortrengning som eit omgrep i psykoanalysa. Freud talte om at når ein gutunge nettopp er avvend, kunne han komme til å oppleve faren som ein konkurrent om mora og det kunne visst verte så pass alvorleg at han diagnostiserte det som ødipus-komplekset. Eg har vanskeleg for å forestille meg at dette skulle verte eit problem i ein kristen familie. Kanskje det med tida kunne verte til pubertetstrass? Når ein ung mann kjem opp i den alderen at han vil ha seg ein kjæraste og ei kone, kan han komme til å oppfatte Kristus som ein konkurrent, så kanskje han då også oppfattar Faderen som ein konkurrent. Men eg hevdar det beror i så fall på ei missforståing, for Kristus døde i staden for oss, så vi skulle få barnekår hos Gud. Så kva det er problemet eigentleg består i? Det er at presten konkurrerer med mannen om kvinna, frå han er eit lite barn, ein ungdom og når han er ein voksen mann. Men då viser det seg at han også konkurrerer med Kristus og Faderen om kyrkja. Det er eigenteleg ikkje berre presten, men han representerer soleis den tradisjonelle, lærde herskarklassa. Dette er ikkje alltid så lett å sortere i og verte klok på, så eg kallar det ødipus-syndromet. Eg søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll samtidig som eg studerte realfag og medan eg dreiv tråling. Eg hadde bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone, så det var hans sak som han tok seg av, for meg var det viktig å tru på det og stole på det, så eg kunne konsentrere meg om studiane. Der er sterke øknomiske og maktpolitiske interesser som strir mot dette og eg karakteriserer det som ødipus-syndromet, for dei opptrer som konkurrentar til meg, når eg vil finne meg ei kone. Freud definerte ødipus-syndromet ved at gutebarnet som nyst var avvend oppfatta faren som ein konkurrent, med det viser seg at det er rettare og meir fundamentalt å definere eit «ødipus-syndrom» ved at dei vil konkurrere med mannen om kona hans og ved at dei vil konkurrere med sonen, når han vil verte venn med ei jente og få henne til kjæraste, når han vil fri til henne, for å få henne til kone. Slik vart det med sitt «fag», psykologi, psykiatri, filosofi, humaniora eller kva det no er for noko, konkurrentar til kristendomen og kyrkja og konkurrentar til det faget eg studerte, matematikk, fysikk og det faget eg sidan studerte, biologi. Det framstår som ein postmoderne humansime som motsetnad til både kristendom og realfag. Det minner om korleis «filosofien» i kyrkja streid mot både evangelisk kristendom og den nye naturvitskapen, men vart tilbakevist. Og det minner om korleis filosofien i Stalintida (Lysenko-fadesa) streid mot utviklingslæra og genetikken, men vart tilbakevist. Slik strir det framleis mot realfag og det går verst ut over biologien.
1 Comment »