Skip to content

Naturen har ein skapar og han får den til å fungere rett, om så han skal skape den på nytt. Så spørst det om menneska vil vere med på det og byrje å samarbeide med han.

Skapinga og frelsa.

Skapinga.

I Bibelen er der to skapingssoge, den fyrste byrja med at i opphavet skapte Gud himmelen og jorda, jorda var aud og øyde, men Guds Ande sveiv over vatna. Då sa Gud at det skulle verte lys, så vart det lys. Han såg at lyset var godt og kalle det dag, mørket kalla han natt. Så vi kan kalle det «lysdagar», til skilnad for jo rd-dagar. Så heldt han fram å skape i 7 lysdagar. Det må vere lange epoker og då oppdagar vi at det høver bra med utviklingslæra, geologien og biologien. Gud er ånd og god er god og han såg at det verket han gjorde var godt.

Den andre skapingssoga byrja med ei tørr og livlaus jord, for Gud hadde ikkje lete det regne og der var ikkje nokon mann til å dyrke jorda. Den byrja mykje seinare altså. Så let Gud det velle opp ei oppkome som vatna heile marka, så skapte han mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel.  Så planta Gud ei hage langt aust, i Eden, der sette han mannen og sette han til å dyrke og verne hagen. Han ville gi han ei hjelp som høvde for han , men først skapte han dyra og fuglane av mold frå marka og leia dei fram for mannen, så han skulle gi dei namn. Men han fann ikkje noko hjelp som høvde for mannen, så han skapte kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han.

Eg forstår det slik at dette handlar både om biologien og om menneske som ei levande sjel, som levde i samfunn med Gud som er ånd. Det er personleg, så det handlar om ein mann og kona hans. Vi kan forstå det både som partikularia, mannen Adam og kvinna Eva og som universalia, mann (Adam tyder menneske) og kvinne. Eg forstår det slik at Adam representerte menneska overfor Gud, gjerne ved at han var hovdingen for eit folk, at Gud skape Eva av sidebeinet hans, betydde dermed at ho var av hans eige folk.

I 1.Mos.1 er det fortalt at Gud skapte menneska i si likning. I 1.Mos.2 er det fortalt at Gud skapte mannen og at han levde i samfunn med Gud, så han fekk oppleve at Guds skapte. Eg forstår det slik at Gud skapte både momentant, som eit under og gjennom utvikling og det det fekk mannen oppleve. Gud gjorde verket sitt ferdig og hans plan og vilje men menneska var at dei skulle halde fram med å leve i samfunn med han i Edens hage, som han hadde planta, dei skulle dyrke og verne den og soleis halde den ved like. Soleis fortel dette om Guds skapargjerning i eit større tidsperspektiv, både bakover og framover i tid.

Syndefallet.

Men menneska braut med han og fall ut av det, så dei forstod seg ikkje lengre på det.  Dei vart utestengde og fekk ikkje lengre oppleve det nære samfunnet med Gud. I 1.Mos.3 er det fortalt at etter syndefallet dømde Gud ormen til at han skulle krype på buken. Det gjer alle krypdyra. Men i dinosaurtida var der ei type dinosaurar som kunne setje føtene rett under seg og løfte buken frå bakken. Det var sauropoder. Dei vart utrydda for knapt 65 millionar år sidan. Den andre typa var ornithopoder. Noverande krypdyr og fuglar stammar frå dei.

Så sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Vi forstår vel at dette gjeld menneske. Det har seg slik at menneska har ein viss likskap med dyra. Adam vart dømd til døden, mold var han og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men mannen er mold, liksom dyra.

Frelsa.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Gud er ånd og Gud er kjærleik og han er fullkommen, hans kjærleik er fullkommen. Gud viste oss sin kjærleik ved at Kristus døde i staden for oss, slik sona han vår synd. På det grunnlaget kan vi ha frimod på dommedag, frykta ber straff i seg, men den fullkomne kjærleiken driv angsten ut. Jesus er Guds Son. Han er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkomen.

Heb.9, 14 Kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud. For Kristus har i kraft av ein evig Ande bore seg sjølv fram som eit feilfritt offer for Gud.

Heb.9, 23 Så må dei då reinsast på denne måten, dei jordiske etterlikningane av det som er i himmelen. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse. 24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen og stig no fram for Guds andlet for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å bera fram seg sjølv som offer fleire gonger, slik øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger heilt frå verda vart grunnlagd. Men no, ved endetida, har han stige fram éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Slik alle menneske må døy éin gong og sidan koma for dommen, 28 slik er òg Kristus ofra éin gong for å bera syndene for dei mange, og så skal han andre gongen koma til syne, ikkje for synda si skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Heb.10, Alle prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som aldri kan ta bort synder. 12 Men Jesus har for alltid bore fram eit einaste offer for synder og sett seg ved Guds høgre hand. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast ned som skammel for føtene hans. 14 For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne. 15 Den heilage ande vitnar òg for oss om dette. For først seier han:
          
    16  Dette er pakta eg vil gjera med dei
           i dagar som kjem, seier Herren:
           Eg vil leggja mine bod i hjartet deira
           og skriva dei i sinnet deira.
17 Og så:
           Eg vil ikkje lenger hugsa
           syndene deira og all uretten deira.
18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

På evangeliets grunnvoll får vi atter komme inn i det nære samfunnet med Gud, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Ved at vi trur på Jesus og tek imot han, vert vi fødde på nytt, av vatn og Ande, og det som er født av Anden er ånd. Gud skaper oss i Kristus Jesus, til gode gjerningar som han legg ferdige, så vi skal vandre i dei.

Oppdraget er framleis å dyrke og verne Guds hage. Verda er Guds åkerland, det er den kristne kyrkjelyden også. Som Guds medarbeidarar skal vi så hans Ord, plante og vatne. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, så vi vert vituge. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Vi får glede oss i Herren alltid og gleda i Herren er vår styrke. Slik får vi oppleve Guds kraft.

Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt.

Rom.5, Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.  5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne.  7 Knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig mann – endå det kan vel henda at nokon vågar livet for ein som er god.  8 Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han bli frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då hans Son døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv! 11 Ja, ikkje berre det, men vi er glade og stolte i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre (1.Joh.4). vi elskar han fordi han elska oss først. Derfor elskar vi også kvarandre. Jesus sa at vi skulle tru på han og elske han og elske kvarandre, så ville han openberre seg for oss. Ja, han og Faderen vil komme og ta bustad hos oss. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken. Jesus vil at den skal vere mellom oss og at vi skal glede oss for at vi har funne den. Vi skal glede oss framfor alt over at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen.

Eg er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll og får oppleve at Gud gjer sitt verk med meg, ved sitt Ord og sin Ande.

Frå eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst jente til kjæraste og ei frelst kvinne til kone. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Livet var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse.

Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone, eg skal vite å vinne meg mi eiga kone i helging. Gud gjer sitt verk med meg, ved sitt Ord og sin Ande. Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Eg skal sjå på Jesus og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Han gir meg ånd og liv ifrå himmelen. Det er om å gjere for meg å vende meg til han, sjå på han og verte fylt av hans Ande, hans salving og hans kraft. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, eg får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Jesus gir liv til mi sjel og ånd i min kropp, slik vert eg styrka ved hans kraft. Han har sett fram for meg ei opna dør, slik har han gjort si kraft tilgjengeleg for meg. Han er sjølv døra inn til sauene. Han gir meg ei frelst kvinne til kone i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2, så eg får oppleve at når han gir liv til både mi sjel og hennar sjel, han gir ånd i både min kropp og hennar kropp, han styrker meg og då styrker han henne også. Han har sett framfor meg ei opna dør og slik har han gjort si kraft tilgjengeleg for meg. Eg ventar meg at han kjem meg til hjelp med si kraft og at han soleis gir meg hjelp i form av ei kone. Ja vel, så det er berre for meg å subjektivt innstille meg på det og ta imot i tru og gjere bruk av hans kraft og det gjeld henne også, så vert styrka ved hans kraft og det får eg oppleve som styrke og kraft i mitt indre menneske. Det er frelseskrafta og eg skal verte styrka av den i mitt daglege liv. Eg skal verte styrka av den til både ånd, sjel og lekam.

Den lovlause og dommedag.

Job og Leviatan.

Job var ein gudleg og rik mann, men så ramma ulykka han, både som naturkatastrofe og røverbander som drap gjetarane hans og stal buskapen. Så vart han ramma av ei sjukdom. I følgje visdomen til dei lærde skulle det gå den gudlege og rettferdige vel, så dei tre venene hans argumenterte som om han ikkje var så gudleg og rettferdig likevel, det måtte han innrømme og vende om. Men når Gud kom Job i møte forklarde han for han at dette var noko som streid mot læra til dei gamle vise og han var harm på dei tre venene hans.

Gud forklarde det med å tale om dei ville dyra uti i naturen, som ikkje er ein del av buskapen til eit menneske. Slik sett er dei fri og dei let seg ikkje godvillig fange for å verte husdyr eller kjeledyr. Men i jungelen gjeld også jungelens lov, den sterkaste sin rett, både for rovdyr og planteetarar. Gud er likevel den sterkaste, så han vende lagnaden for Job.

Eg tek med nokre sitat om leviatan og ormen.

Job.3,      Job tok til ords og sa:
          
     3 Bort med den dagen eg vart fødd,
          den natta det vart sagt: «Ein gut er unnfanga.»
          
     4 Den dagen – lat han bli mørker,
          så Gud i det høge ikkje spør etter han
          og dagslys aldri fell på han!
          
     5 Lat mørker og dødsskugge få han,
          lat skyer kvila over han
          og formørking skremma han!
          
     6 Den natta – lat mørke skuggar ta henne
          så ho ikkje finst mellom dagane i året
          og ikkje kjem med når månader skal teljast.
          
     7 Ja, måtte den natta bli ufruktbar
          og glederop ikkje høyrast.
          
     8 Lat dei lysa forbanning over henne,
          dei som manar fram ulukkedagar,
          dei som kan vekkja Leviatan.
          
     9 Lat hennar morgonstjerner slokna,
          lat ho venta på lys som ikkje kjem,
          og aldri sjå morgonròden slå auga opp!
          
    10 For ho stengde ikkje morlivs dører for meg
          og løynde ikkje lidinga for auga mine.
          
    11 Kvifor døydde eg ikkje då eg vart fødd,
          anda ut då eg kom frå mors liv?
          
    12 Kvifor tok dei meg på fanget,
          la meg til brystet for å suga?

Job.40, Og Herren svara Job or stormen og sa:  2 Spenn beltet på deg som ein mann! So vil eg spyrja deg, og du skal læra meg.  3 Vil du då jamvel gjera retten min til inkjes, døma meg skuldig, so du sjølv fær rett?  4 Hev du vel slik ein arm som Gud, og kann du dundra med ei røyst som hans?  5 Pryd deg med høgd og herredom, klæd deg i glans og herlegdom!  6 Lat so din vreide strøyma fram, og sjå på alle dei ovmodige og gjer dei mjuke!  7 Ja, sjå på alle dei ovmodige og bøyg dei ned, og trakka ned dei gudlause på flekken!  8 Gøym dei i moldi alle saman, bind deira andlet fast i myrkret!  9 Då skal eg prisa deg, eg og, for di høgre hand kann hjelpa deg. 10 Sjå Behemot, som eg hev skapt so vel som deg; plent som ein ukse et han gras. / 11 Sjå for ei kraft i lendene, for styrke i hans bukmusklar! 12 Han strekkjer halen som ein seder; lårsenane er samantvinna. 13 Hans knokar er som koparrøyrer, hans bein som stenger utav jarn. 14 Han er det fremste av Guds verk; av skaparen fekk han sitt sverd. / 15 Fjelli gjev av seg fôr åt han, og alle villdyr leikar der. 16 Han kviler under lotusbuskor og ligg i livd av røyr og sev. 17 Lotusbuskor gjev han tak og skugge, og piletrei attmed bekken hegnar han. 18 Gjeng elvi strid – han ottast ikkje; trygg er han um so sjølve Jordan kjem fossande imot hans gap. 19 Tru nokon tek han so han ser det, og dreg ei snara gjenom nosi hans? 20 Tru du kann draga Leviatan upp med krok og tvinga tunga hans med snøre? / 21 Kann du få sett ei sevlina i nosi hans, bora ein krok igjenom kjaken hans? 22 Tru han vil beda mykje for seg eller tala mjuke ord til deg? 23 Tru han vil gjera samband med deg, so han vert trælen din for alltid? 24 Kann du vel leika med han liksom med ein fugl og halda han i band til gjenteborni dine? 25 Skal tru eit fiskarlag kann kjøpslå um han, stykkja han ut imillom kræmarane? 26 Kann du vel fylla hudi hans med spjot og like eins hans hovud med harpunar? 27 Ja, prøv å leggja hand på han! Den striden kjem du til å minnast og gjer det ikkje ein gong til! 28 Nei, den som vågar slikt, lid vonbrot; berre han ser han, stuper han i koll.

Salme104, Herre, kor mange dine gjerningar er!
        Og alle har du gjort dei med visdom;
        jorda er full av det du har skapt.
    25 Der er havet, så stort og vidt,
        med ei uteljande mengd
        av små og store dyr.
    26 Der går skipa, der er Leviatan,
        som du har skapt til å leika seg i havet.
    27 Alle ventar dei på deg,
        at du skal gje dei mat i rette tid.
    28 Du strøyer ut, og dei kan sanka;
        du opnar handa
        og mettar dei med gode gåver.
    29 Løyner du ditt andlet, vert dei gripne av redsle;
        tek du livsanden frå dei, døyr dei
        og vert atter til jord.
    30 Du sender din Ande, og liv vert skapt,
        heile jordflata nyar du opp att.
    31 Gjev Herrens ære må vara evig,
        og Herren gleda seg over sitt verk!
    

Jesaja27, Den dagen skal Herren med sitt sverd,
        det harde og store og sterke,
        straffa Leviatan,
        ormen som rømer så raskt,
        Leviatan, ormen som buktar seg fram.
        Han skal drepa draken som er i havet.
Herren vaktar vingarden sin
 2 Den dagen skal dei seia:
        Syng om den herlege vingarden!
     3 Det er eg, Herren, som vaktar han
        og vatnar han til kvar tid.
        Eg vaktar han dag og natt,
        så ingen skal skada han.
     4 Eg er ikkje lenger harm.
        Men finn eg torn og tistel,
        då går eg til strid imot dei
        og brenner opp alt i hop,
     5 – om dei då ikkje søkjer vern hjå meg,
        og gjer fred,
        ja, gjer fred med meg.

Her ser vi at «den herlege vingarden» svarar til Edens Hage.

Den øydande styggedomen.

Jesus talte om «den øydande styggedomen» som Daniel profeterte om. Då var det allereie historie, likevel talte Jesus profetisk om det, så det verkar som om historia held fram og gjentek seg.

Daniel.11,  29 Til fastsett tid dreg han mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist. 30 For skip frå vest kjem mot han. Då misser han motet, snur om og lèt harmen sin gå ut over den heilage pakta. Så vender han tilbake og merkar seg dei som har svikta denne pakta. 31 Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen. 32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning. 33 Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring. 34 Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege. 35 Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida. For enno er det ei stund att til den fastsette tid.

Matt.24,15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

Eg har også forklart «den øydande styggedomen» som «den duglause hyrdingen», (Sak.11) «den Lovlause» (2.Tess.2) og Antikrist (1.Joh.4). Den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane og dei tente seg rike på det. Det var slik som det er sagt i Joel.3, at heidningfolka selde Guds folk som trælar. Dei gav ein gut for ei hore og selde ei jente for vin og drakk. Dette er uretten sett i system, derfor ville også Gud halde rettargang med dei.

Og i 2.Tess.2 ser vi at med all slags urett forfører den Lovlause dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verte frelste. Derfor sender Gud over dei ei villfaring og derfor vert dei dømde.

2.Tess.2, Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:  2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.  3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?  6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem.  7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen.  8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.  9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Paulus sa at den som talar profetisk, talar til oppbygging av kyrkjelyden og oppbygging av den einskilde, det handlar om det verket Gud gjer i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande, det handlar om oppbygging av våre liv her på jorda. Vi lærer å tenke og tale forstandig og konstruktivt, som Guds medarbeidarar, vi bygger på evangeliets grunnvoll og då er det om å gjere å bygge med noko om er varig og evig.

1.Kor.14, Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk.  2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden.  3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst.  4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden.

1.Kor.14, 14 For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det. 15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet. 16 For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19 Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger. 20 Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne.

Som motsetnad til ei slik forstandig og konstruktiv tenking og tale, verkar «den øydande styggedomen» til å øydelegge og rive ned. Vi bygger på evangeliets grunnvoll, likevel får vi merke at «den Lovlause» står imot.

Keisaren og paven.

Gladiator-kampane og kristendoms-forfølginga.

Paulus sa at dei kristne skulle vere undergitt styresmaktene, for dei var innsett av Gud og bar ikkje sverdet for inkje, dei var Guds hemnar og skulle straffe uretten. Det lærde han altså sjølv om keisaren vart dyrka som ein gud, noko som dei kristne ikkje kunne vere med på. Derfor vart dei også forfølgde.

På den tida vart det arrangert gladiatorkampar som underholdning. Gladiatorane var dødsdømde, men ein gladiator vart sett til å kjempe på liv og død mot ein annan gladiator. Den som vann, kunne keisaren benåde ved å vende tommelen opp. Vende han tommelen ned, vart han ikkje benåda.

Under kristendomsforfølgingane vart dei kristne trua med pisking og henretting, dersom dei var villige til å fornekte Kristus og komme tilbake til den gamle religionen og dyrke paven som gud, så vart dei benåda og slapp unna med ei mildare straff. Elles vart dei henretta og det vart det gjort underhaldning ut av. Dei kunne verte brende eller gitt til rovdyra.

Keisar-makta og pave-makta, aktuell problemstilling?

Likevel gjekk kristendomen fram og kyrkja voks kyrkja. Den vart legalisert og då var det ikkje lenge før kristendomen var stats-religion. Dei lærde tok imot kristendomen, men så tok dei også med seg meir og meir av gresk filosofi inn i kyrkja og klostera. Først platonismen og så Aristoteles sin filosofi.

Moses var mellommann mellom Gud og menneske i den gamle pakta, Jesus er mellommann mellom Gud og menneske i den nye pakta. Men no vart det påstått at Kristus  var så streng menneska trengde paven som mellommann mellom seg og Kristus og slik trengde dei helgenane også. Men paven er eit menneske av kjøt og blod og det er ikkje det ytre menneske som er fullkome og kan ikkje verte det heller. Kristus gjekk her på jorda som eit vanleg menneske, men vi ser han ikkje lengre slik. Av herlegdoms Ande var han Guds veldige son, slik det viste seg når Gud vekte han opp frå dei døde. Han for opp til himmelen og vart herleggjord. Han er ved Faderens høgre hand og har fått all makt i himmelen og på jorda. Han er fullkommen og den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.

Men paven vart ein verdsleg autoritet og så viste det seg at han vart som ein keisar, som vart dyrka som ein gud, medan det gjekk attende med evangelisk kristendom. Med avlatshandelen vart han ein fornya versjon av Den Duglause Hyrdingen, som gjætte slaktesauene for sauehandlarane.

Dette står klart i motsetnad til den evangeliske forkynninga, for Kristus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne Gud, så vi skal tilhøyre han og tene han. Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande av berre nåde. Vi får livets vatn gratis, utan krav om gjerningar.

Dersom vi går med på at paven eller ei anna verdsleg makt skal vere mellommenn mellom oss og Kristus, så dei endåtil erstattar han, så vert vi fort som bortkomne søner. Den verdslege autoriteten vert som keisaren som vi gir autoritet til å vende tommelen opp eller ned for oss i mange av livets spørsmål og til sist kan det vel gjelde heile vårt liv, eit vere eller ikkje vere, liksom for gladiatoren som vann sin siste kamp.

Når vi seier at livet er ein kamp for tilværet, så gjeld det både for den einskilde og for slekta. Og det har også å gjere med å formeire seg og soleis føre slekta vidare. Men også då ser vi at der ligg maktinteresse i å kunne avgjere ei sak ved å vende tommelen opp eller ned. Det ser vi både hos religiøse leiarar og politikarar.

Det vart påstått at Kristus var så streng, så derfor skulle paven vere mellommann mellom han og menneske og det skulle helgenane også vere. Det vart framstilt som om det skulle vere eit betre alternativ altså, men det vart fort som den bortkomne sonen. Det kan samanliknast med at ormen innbilte kvinna at han hadde eit betre alternativ til henne og lokka henne soleis til å ete av kunnskapstreet. Han sa til henne at dei skulle ikkje døy, sjølv om dei åt av kunnskaptreet. Det er nærliggande at dette blir paveversjonen av nåden, sidan han liksom skal snildare og meir tolerant enn Kristus. Eigentleg krev han makt på den måten og då blir det å krevje makt på grunnlag av synda. Men synda si løn er framleis døden. Så viste det seg at eigentleg vart han strengare enn Kristus og attpåtil nådelaus. Denne metoda til å få makt gjennom religionen viste seg også etter reformasjonen, til dømes i hekseprosessane, det vart tydeleg i Sverige på 1600-talet.

Denne metoda er tydeleg i dagens samfunn, i politikken, i Noreg i vår tid. Det er politisk metode, dei lovar fridom, men strategien er å få makt gjennom religionen, så menneska kjem i trældom og det vert diktatur.

Paven, prestane, munkane og nonnene vart då så opplagt ei lærd overklasse. Men korleis utarta det seg? Prestane talar varm om at Jesus velsigna småborna og så døyper dei småborn og gjer då avtale med foreldra om at dei skal opplærast i den kristne trua. Prestane stilte seg dermed i ei suveren stilling overfor borna. Og så veit vi korleis det gjekk, den evangeliske forkynninga vart fortrengd for noko anna. Og kva var det? Antikk filosofi. Og prestane beheldt si suverene stilling over borna etter at dei var vaksne. Argumentasjonen for det vart som i platonismen. Påstanden var at folk flest var for dumme og for vonde og for ulærde til å tenke og tale og vere med på å bestemme. Derfor måtte ei lærd overklasse tenke og tale for dei og styre. Men det var då nettopp slik dei vart gjorde til trælar under avgudane.

Kristenplatonisme og fri vilje.

Henrettinga av Sokrates var eit justismord og det førde til at Platon trekte seg attende og filosoferte. Han tenkte seg at der er ei ideverd med fullkomne idear og med det godes ide, før fødselen var menneskesjela i ideverda og hadde innsikt i dei fullkomne ideane, men når eit menneske vert født til vår jord, stuper den inn i materien og mister dermed mykje av den innsikta. Men med langvarig opplæring kan eit menneske vinne tilbake mykje av den. Derfor skal ei lærd elite styre med diktatorisk makt.

Dette liknar på det som er skrive i Bibelen, så fekk vi også ein kristenplatonisme i kyrkja. Men då må vi også merke oss skilnaden på platonisme og det som står skrive i Bibelen. Platons forklaring på det vonde sitt problem liknar på syndefallet, men syndefallet skjedde fyrst når Adam og Eva var vaksne og gifte. Det skjedde ved at dei åt av kunnskapstreet, så feilen var at dei tok til seg kunnskap på den måten, i staden for å halde seg til Guds Ord.

Så Bibelen har ei litt anna forklaring på det vondes problem og ei betre løysing på det. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget får vi atter komme inn i det nære samfunnet med Gud. Jesus sa at vi skulle gå inn i løynkammeret og be til Faderen i det dulde og Faderen som ser i det dulde skal løne oss opp i dagen. Og etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde og vorte teken opp til himmelen, stengde disiplane seg inn i Jerusalem og der søkte dei Herren i fellesskap. Dei skulle vente på at Jesus gav dei det som var lova frå himmelen og det skjedde på pinsedag, dei vart døypte med den Heilage Ande og soleis utrusta til å tene Kristus. Så gjekk dei ut og vitna om han. Slik vart den kristne kyrkja fødd og slik voks den.

I dei kristne klostera i middelalderen søkte dei kristne sikkert samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, både i løynkammerbøna og i fellesskap. Men det vart ikkje mykje av at dei gjekk ut mellom andre folk og talte Guds Ord til dei, i samsvar med misjonsbefalinga. Tydelegvis fordi dei la for stor vekt på at dei skulle verte ei lærd elite, i samsvar med platonismen. Men då forfall også den evangeliske forkynninga og opplæringa i både kloster og kyrkje.

Dette er tydelegvis framleis eit problem i kyrkja og i kristne organisasjonar. Eg trur det er ein grunn til at Jesus stadig minner meg og oss om å takke han for hans fullførde frelseverk og så gå ut og snakke med andre menneske og fortelje dei om vår tru på Jesus.

Vi kan sjølve samanlikne platonismen med kristendomen. Platon tenkte seg at opphavleg var sjela i ideverda og hadde god innsikt i ideane, med det godes ide, men når eit menneske kom til verda, stupte sjela inn i materien og miste dermed mykje av den innsikta.  Men i følgje Bibelen skjedde syndefallet etter at menneska var vaksne. Dei åt av kunnskapstreet, men det verka som der var noko gale med den lærdomen dei soleis fekk, for dei mista dermed den gode innsikta, så dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit.

Paulus var opplærd i Moselova og det vart eit tankekors for han at han som meinte han var rettlærande, likevel forfølgde Kristus. Han forklarde det slik at lova var heilag og gode, men synda som budde i lemene hans nytta den likevel til å dåre han og drepe han.

Rom.7. De kjenner lova, brør, og veit at ho rår over eit menneske berre så lenge det lever.  2 Ei gift kvinne er etter lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men døyr mannen, er ho løyst frå den lova som batt henne til han.  3 Difor bryt ho ekteskapet om ho gifter seg med ein annan medan mannen lever. Men døyr mannen, er ho fri frå lova og bryt ikkje ekteskapet om ho gifter seg med ein annan.  4 Såleis er det med dykk òg, brør. Fordi Kristus døydde, er de òg døde og er ikkje under lova; de høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud.  5 Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død.  6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven.
   
 7 Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.  8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død.  9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg. 12 Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt. 13 Men har då det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Det var synda som gjorde det. Ho nytta det gode til å føra meg i døden, og på den måten skulle det verta klårt korleis synda er. Gjennom bodet skulle synda verta over all måte syndig.
    14 Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda15 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg. 16 Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. 17 Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 18 For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje. 19 Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20 Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 21 Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde. 22 Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. 23 Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene. 24 Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam? 25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen.

Så lova gav han ei viss innsikt i det godes ide, han var så pass opplyst av lova at han hadde hug til å gjere det gode, det var det han ville, men han makta det ikkje, for i lemene merka han ei anna lov, som streid mot Guds lov.

Men Jesus tala også om kor klarsynte vi er.

Matt.6, Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 22 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!
    24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Gud har openberra si frelse for oss i Kristus. Då blir det om å gjere for oss å velje å vende seg til han, så vi får oppleve at den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss, som vår frelsar og Herre.

Matt.11, 25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
    28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den. Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born, så han oppseder oss og lærer oss opp. Jesus døyper oss med den Heilage Ande til å vere ein lekam, han utruster oss med dei åndelege nådegåvene og gjer oss soleis i stand til tenke og tale rett, leve for han og tene han. Jesus er sanninga som set oss fri, vi lærer å erkjenne sanninga, så vi får oppleve at den frelser oss og set oss fri. Slik lærer vi å snakke sant.

Antikristeleg platonisme? Gamle-Eirik!

Prestane i kyrkja talar varmt om at Jesus velsigna småborna og så døyper dei småborna og gjer avtale med foreldra om at dei skal opplærast i den kristne trua. I lang tid hadde dei monopol på å tale Guds Ord, nettopp for at dei skulle lære opp folket i den kristne trua, men så viste det seg at dei likevel ikkje gjorde det. Kvifor? Jau, for dersom dei forkynte evangeliet rett, så ville dei dermed lyde Kristus og soleis ivareta folkets interesse, men dei representerte i staden ei lærd overklasse som ville han makta over det.

Når ein ung mann vil fri til ei ung kvinne, for å få seg ein kjæraste og ei kone, så vil han sjølvsagt fortelje henne kor glad han er i henne, i von om at ho vil svare på hans kjærleik med kjærleik. Det kan det vel vere at han får avslag. Men så viser det seg at vert avvist og utstøytt og det vert det gjort religion og politikk ut av, i tråd med den moralfilosfiske tradisjonen, som om han er dum og vond og ikkje er lærd nok. Det vert teke for gitt at han er ein forførar, når han vil ha seg eit kvinnfolk, så er det altså på den måten at han vil prøve å dåre og forføre henne slik som ved syndefallet.

Men kva om den unge mannen har høyrt på forkynninga av evangeliet i frie kyrkjelydar og lese i Bibelen sjølv og trur at Jesus er Guds Ord og vedkjenner si tru for andre, også den kvinna han vil fri til? Då får han likevel ikkje snakke med henne og vert likevel utstøytt. For han talar Guds Ord og er dermed ein konkurrent med prestane i strid med det monopolet dei hadde. Så det viser seg at dei er hans rivalar og konkurrentar om kvinna.

Når ein ung mann vil fri til ei kvinne, så vil han også spørje henne om noko. Men det får han heller ikkje. Det er som om det vert teke for gitt at kvinna et av kunnskapstreet og gir mannen sin med seg. Og etter syndefallet dømde Gud mannen fordi han høyrde på kona si og åt av frukta.

Det som er så rart, er at dette vert teke for gitt. Men det er då prestane i kyrkja som liksom skulle lære opp folket i den kristne trua og som endåtil kravde monopol på det, så dei har tradisjon av å skulle vere dei som lærer opp folket. Men med tida viser det seg at dei held ikkje den kristen trua for å vere eit lovleg alternativ.

Vi trur at Jesus lever og er med oss og så kjennest vi ved han for både Gud og menneske. Paulus sa at dersom Kristus ikkje har stått opp frå dei døde, så er vi skrøpelegare enn alle menneske, vi er falske vitne, trua vår eg gagnlaus og vi er framleis i syndene våre. Men no er Kristus oppstått og det gjer heile skilnaden for oss.

1.Kor.15,12 Men når det vert forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at dei døde ikkje står opp? 13 For står ikkje dei døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. 14 Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus. 15 Då står vi som falske vitne om Gud; for vi har vitna imot Gud at han har reist Kristus opp, og det har han ikkje gjort dersom dei døde ikkje står opp. 16 For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. 17 Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar gagnlaus, og de er enno i syndene dykkar. 18 Då er òg dei fortapte som er avsovna i trua på Kristus. 19 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.
    20 Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. 21 Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske. 22 For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. 23 Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. 24 Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde. 25 For han skal vera konge til Gud har «lagt alle fiendar under hans føter». 26 Den siste fienden som vert tynt, er døden. 27 For «alt har han lagt under hans føter». Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er han som har lagt alt under han. 28 Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.

Men Antikrist nektar for at Kristus har stått opp frå dei døde, han fornektar både Faderen og Sonen. I vår tid ser vi og forstår vi vel at der ligg politisk maktinteresse i det. Men korleis? Jau, dersom Kristus ikkje er oppstått, så er vi skrøpelegare enn alle menneske. Og ved å nekte for at han har oppstått, prøver dei å gjere oss så skrøpelege, for å få makt over oss. Dei prøver å gjere menneska så skrøpelege og framstille dei som dumme og vonde, for å få makt over dei som ei «lærd» og herskande overklasse, også som proletariatets diktatur. Det er slik som når det vart kravt at dei kristne skulle fornekte Kristus og vende tilbake til den gamle religionen og dyrke keisaren som gud. Då får syndserkjenninga ei anna hensikt enn det vi ser i evangeliet, for der er ei verdsleg makt som vil vinne makt over mennesket gjennom synda. Det er litt vanskeleg å seie kva den verdslege makta er for noko, eg kallar det berre for han Gamle-Eirik.

I følgje Bibelen er vi alle syndarar. Kva betyr den erkjenninga dersom dei nektar for at Kristus stod opp att frå dei døde? Betyr det at vi alle vert lovlause og må kjempe for livet som gladiatorar og så trengst der ein herskar som vender tommelen opp eller ned for den som vinn ein gladiatorkamp? I teorien eller i prinsippet «ja», men i praksis treng det ikkje vere så organisert og arrangert. Vi får alle merke at livet er ein naturleg kamp for tilværet, men det er då ikkje bestandig ved at menneske kjemper mot menneske med våpen. Det er ved at menneske gjer eit arbeid, lagar seg reiskap og brukar det til å gjere ein jobb, for å opparbeide seg verdiar. Då er det litt rart å kalle det ein kamp, som om den fysiske naturen skulle vere ein fiende som vi skal vinne over. Det ville vel vere rettare å seie at livet er eit arbeid for tilværet. I arbeidsliv og næringsliv er det ein konkurranse, men vi kan då ikkje fokusere på konkurrenten heile tida, som om det er ein fiende vi skal kjempe imot. Men vi må fokusere på jobben som skal gjerast og prøve å få til samarbeid for å få den gjort.

Ved trua på at Gud vekte Kristus opp frå dei døde vert vi erklært rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Vi trur at Jesus lever og er med oss og det skal vi få sjå og oppleve, då er det også viktig for oss å sjå på han, for vi skal leve for han. Hans kyrkje er hans kropp, han er hovudet for den, han brukar lemene og får dei til å samarbeide om hans sak.

Kva betydning får det då at dei fornektar han? Det er å avvise rettferda frå Gud, så ingen vert erklært rettferdige for Gud. I praksis vert det lagt opp til eit justismord, til samanlikning med henrettinga av Sokrates og henrettinga av Jesus og kristendoms-forfølgingane. Soleis er der nokon som må rydjast av vegen, for at den Lovlause skal stige fram, men det er visst fyrst ved at Jesus kjem att og hentar sine, at dei vert rydja godt nok or vegen.

Kristenplatonisme i praksis?

Jesus sa at vi skulle ikkje frykte dei som kan drepe kroppen og som så ikkje har makt til å gjere noko meir, men vi skal frykte Gud som kan tyne både kropp og sjel i helvete.

Matt.10,  28 Ver ikkje redde dei som drep kroppen, men ikkje kan drepa sjela. Frykt heller han som kan øydeleggja både sjel og kropp i helvete. 

Men Jesus kom for å frelse menneske og så sa han til disiplane sine at dei skulle glede seg framfor alt over at deira namn var skrivne i livets bok i himmelen.

Joh.3, 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn att i samfunnet med Gud, verte frelste for æva og få evig liv, så vi er ikkje lengre utestengde frå Edens hage med livets tre. Dette er fundamentet og hovudsaka i kristendomen. Vi har hatt ei kristen kyrkje i Noreg i om lag 1000 år, men kor mange kan seie at dei kom til tru på Kristus ved forkynninga av evangeliet, at dei vart rettferdige for Gud ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde og at dei vart frelste ved vedkjenninga av at Kristus er Herre? Sikkert fleire enn vi anar, hausten er stor, men onnefolket er få. Mange av dei tørr nok ikkje heilt å seie det, for då må dei belage seg på å verte forfølgde.  Og det er endåtil kristne som står bak og er med på kristendoms-forfølgingane.

Adam skulle dyrke og verne Guds hage og det var det Eva skulle hjelpe han med. No er Kristus den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Så det er han som dyrkar og vernar Guds hage. Hans kyrkje er hans brud, så ho skal hjelpe han med det. Det gir oss meining med livet. Midt i vårt daglege strev lærer han oss å dyrke og verne Guds hage, det er framleis det mannen skal gjere og det kona hans skal hjelpe han med.

Det er no så tydeleg at der er komne heilt andre interesser inn i kyrkja og kristne organisasjonar enn dette som er hovudsaka og Kristi sak, ja, som tvert om strir imot det. Korleis kan det ha seg? Kristendomen vart legalisert i Romarriket og då var det ikkje lenge før den vart gjort til stats-religion. I Middelalderen kom platonismen inn i kyrkja, dei meinte den kunne sameinast med kristendomen, så vi fekk kristenplatonisme. Det var sikkert sameinleg med at vi skal lyde styresmakta, for ho ber ikkje sverdet for inkje, ho er Guds hemnar. Men er det sameinleg med evangelisk kristendom? Eg har skrive om det før og vi kan godt la det vere eit ope spørsmål, for det kjem an på korleis du tenker deg at det er sameinleg. Platon hadde si forklaring på det vondes problem og det liknar på Bibelens forklaring. Henrettinga av Sokrates var eit justismord, etter det trekte Platon seg attende og filosoferte og utvikla si idelære. Han meinte at sjela kom frå ideverda inn i kroppen til fosteret og då mista den mykje av innsikta i ideverda med det godes ide. Men ved lang opplæring får vi betre innsikt i ideverda igjen. Derfor skal ei lærd elite styre med diktatorisk makt.

Her er ein viss likskap med Bibelen si lære om sjela og om syndefallet som årsaka til det vondes problem, men også ein vesentleg ulikskap. Mannen var skapt av våt jord og så bles Gud livets ande i nasa på han, så han vart til i levande sjel. Gud er ånd og han er i sin himmel, så vi kan seie at den svarar til Platons ideverd. Og det var livets ande som kom frå Gud. Vidare var Adam og Eva vaksne når ormen forførde Eva, så ho åt av kunnskapstreet og gav mannen sin med seg, så han også åt av det. Det var på den måten synda kom inn i verda og det var årsaka til det vondes problem.

Når Jesus gjekk her på jorda, velsigna han småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som småborn, for å komme inn i det. Så forkynte han evangeliet om Guds rike for kven som helst og då prioriterte han tydelegvis den ulærde underklassa. Han tilgav syndarar, sette fangar fri og lækte sjuke. Dette var no tydeleg vis stikk i strid med det som Platon satsa på. Det streid mot interessene til den lærde overklassa og derfor ville dei rydje han or vegen, derfor fekk dei han hendretta. Og han let seg henrette, for å løyse det vondes problem. Det viser at Bibelen har den rett forklaringa på det vondes problem og den rett løysinga på det. Gud er god, men synda skilde menneska frå han, det er det vondes problem og årsaka til det er syndefallet. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Det er den rett løysinga på det.

Liknande prosedyre som vart brukt for å få Kristus henretta, vart også brukt mot Sokrates. Det var eit justismord og Platon gjekk i rette med det, slik påpeikte han det vondes problem. Men Jesus løyste det. Slik kan vi seie at platonisme er sameinleg med kristendomen. Ei slik sameining kan vi kalle kristenplatonisme. Men det betyr ikkje at vi tilføyer noko til kristendomen. Det er kristendomen som kjem til heidningane, inkludert grekarane, med deira kultur. Men for å forstå kristendomen rett, må vi gå til det gamle testamentet. Bibelen forklarar seg sjølv og må forståast utifrå seg sjølv.

Slik sett kan eg godt kalle meg kristen-platonist. Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska. Gud som sa at lys skulle skina fram av mørke, han har også late det skina i våre hjarto. Slik er eg opplyst og det har vore viktig for meg når eg har studert realfag. Eg trur og hevdar at Gud gjer sitt verk med meg og med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Det gjorde han også når eg studerte realfag og det gjer han framleis. Han gjer sitt verk på universitetet også.

I bodskapen 28.6.2020 sa Jesus at det som menneska i denne tida fryktar, kjem ikkje frå han. For Gud er kjærleik og den fullkomne kjærleiken driv angsten ut. Etter syndefallet gøymde Adam og Eva seg for Gud med dårleg samvit, Gud kalla på dei og Adam svarde at han vart redd, fordi han var naken. Otten ber straff i seg, men Gud viste oss sin kjærleik ved at han let son sin, Jesus Kristus døy på eit kors i staden for oss, for å sone vår synd. Så i følgje det gode samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde, skal vi ikkje gøyme oss for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva gjorde. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den skal vere mellom oss, derfor skal vi glede oss. Då er det også klart at det er spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Likevel vert kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne gjort til eit erte-tema og eit mobbemotiv for skuleborn frå dei er 10 år. Om når ein ung mann som trur på Kristus vil finne seg ein kjæraste og ei kone, vert han møtt med den haldninga at det er noko som Gud ikkje har noko med å gjere. Og det endå til i typisk kristne miljø. Det er fråfallet som er syndefallet på nytt eller ei vidareføring av syndefallet, som gjer at vi framleis vert konfrontert med syndefallet som vårt livs problem. Derfor vert skuleborn erta og mobba med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne frå dei er ti år og om ein ung mann som vil finne seg ei kone, meiner det har med Gud og hans kjærleik å gjere, så vert han forfølgd.

Dette har eg skrive mykje om og eg treng vel ikkje gjenta det. Men er det akkurat dette folk fryktar, eller er det årsak til det? Ved syndefallet klarde Djevelen å gjere seg til denne verda sin gud og det resulterte i avgudsdyrkinga og keisardyrkinga. I vår tid kan det vere mange domedagsprofetar som skapar frykt, for så å argumentere for keisardyrkinga, å tilbe Dyret, slik vi ser i Joh.Op.13. Og for mange skaper det endå større frykt.

Dei fyrste kristne vart forfølgde fordi dei ikkje ville dyrke keisaren som ein gud og dyrke avgudane i den gamle religionen. Det vart kravt at dei skulle fornekte Kristus, erkjenne at dei tok feil og vende om frå denne villfaringa, dyrke keisaren som gud og vende tilbake til den gamle religionen. Det verka altså som ei syndserkjenning, men det vart trekt ein annan konklusjon. Men no er tydelegvis det alternativet kome inn i kyrkja og kristne organisasjonar, så endåtil Krf brukar den metoda og det alternativet, som om dei førestiller seg at keisaren og kongen skal dyrkast som gud og slik skal dei få gjennomført sin politikk. Det er no ikkje akkurat slik det har gått og dei har visst enno ikkje forstått kvifor dei ikkje har fått gjennom slag for sin politikk, dei har stort sett berre gått frå nederlag til nederlag dei siste 40 åra.

Men Jesus er fullkomen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Og han har sagt at eg skal sjå på han og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Og så skal eg takke og lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Så eg ventar meg at han vil gi meg ei kone. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.

I vår tid er det tydelegvis mange som meiner det ikkje er bra nok, så dei skal vere misfornøgde i staden for å ta imot med tru og takke han for det. Som om dei vil tilføye noko sjølve og mange har endåtil vraka han som sin frelsar og Herre. Og det var nettopp slik ormens strategi verka. Han spurde kvinna om det kan vere mogleg at Gud ikkje let dei få ete av noko av trea i hagen. Nei det var no berre eitt tre dei ikkje hadde lov til å ete av. Men så presenterte han det for henne som eit betre alternativ. Men det var lureri og så veit vi korleis det gjekk. Slik er den alternative syndserkjenninga, det er å lokke og narre menneska til å ete av kunnskaptreet, så dei skal konkludere med at dei må gøyme seg for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva gjorde etter syndefallet.

Dei vil ikkje godta at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal ha noko med Gud å gjere. Så menneska skal gøyme seg for Gud slik som Adam og Eva gjorde etter syndefallet altså! Det er moralfilosofien deira, den kunnskapen dei fekk som ei frukt av kunnskapstreet. Så i følgje dei går utdanninga ut på å ete av kunnskapstreet, så dei skal verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Slik skal dei verte ei herskande elite.

Det er tydeleg at mange ventar seg ei herskane elite eller ein eineherskar som skal styre verda eller som får så stor makt at den vert leiande for verda. Som om det er det som trengst for å berge verda. Men vil dei ikkje tru på Gud og hans Messias, så er i alle fall ikkje eg villig til å bøye meg for nokon annan gud eller messias. Post-moderne dommedagsprofetar skapar frykt og så kjem dei falske messiasane med sine løysingar. Og det er noko slikt klimapolitikken legg opp til, men det minner mistenkeleg om ein antikk gud som etter kaoskampen fekk sitt område i naturen å herske over. Men det strir mot den åndelege og rasjonalistiske innsikta vi får i trua på Jesus og det strir mot rasjonaliteten i realfag.

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, sa han til disiplane sine at han hadde fått all makt i himmelen og på jorda. Derfor skulle dei gå ut og gjere alle folkeslag til hans disiplar. Men har dei kristne gløymt kven dei skulle verte døypte til?

Kapitalen og kampen.

Eg har i lang tid hatt to bloggesider, på tsivert.com skriv eg referat frå kristne møte, så den har fått domenenamna blessingsfromheaven.com og goodnewsfromchristian-meetings.com. På «webhotellet» bluehost944.com skriv eg større artiklar om kristendom, filosofi og realfag, så den har fått domenenamnet truaogentropien.com. Ved ei missforståing oppretta eg ei bloggeside til på wordpress.com, den har eg no kalla valueandentropi.com. Det har seg slik at eg brukar entropilova til å forklare at vi må arbeide for å opp nå noko verdifullt. Slik sett er livet ein kamp for tilværet, men i det lengste vil vi nok håpe på at det er med fredelege metoder, at vi får ro og fred til å tenke og tale konstruktivt og arbeide for å oppnå noko veredifullt. Karl Marx sitt bokverk «Das Kapital» og Adolf Hitlers «Mein Kampf» handler også om arbeid og kamp for verdiar og soleis om kampen for tilværet. Men til skilnad frå slike totalitære ideologiar erkjenner eg at vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot makter og myndigheiter, mot verda sine herskarar i dette mørket, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. Oppbygginga av Herrens tempel skjer ikkje ved hær og ved makt, men ved Guds Ande. Slik bygger vi på evangeliets grunnvoll, både i våre private liv og i den kristne kyrkjelyden.

Kle deg i Guds fulle rustning.

I følgje Platon var menneskets fysisk natur vond. Men Bibelen gir ei betre forklaring på det vondes problem. Menneska vart dåra og forførde ved syndefallet, synda skilde dei frå den sanne Gud. Dei dyrka avgudane og soleis klarde Djevelen å gjere seg til denne verda sin gud.

Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane, så vi skal tilhøyre han og leve for han. Vert vi verande i Jesu ord, skal vi få lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande får vi harmoni mellom kropp, sjel og ånd.

Når jødane skulle bygge opp att tempelet, sa profeten til dei at dei skulle ikkje skje med hær og makt, men ved Guds Ande (Sak.4). Og Paulus sa at vi har ikkje kamp mot kjøt og blod. Då kan vi vel påstå at den mest fundamentale forklaringa på det vondes problem er ikkje at vår fysisk natur er vond. Men vi har ein fri vilje og kan av vår eigen fri vilje velje å tene Herren. Men for å klare det, treng vi å verte fylt av den Heilage Ande, så vi får oppleve at det er Herren som gjer sitt verk med oss og brukar oss som reiskap.

Joh.8, 31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»

Rom.6, 15 Kva så? Skal vi synda, sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå! 16 De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd. 17 Men Gud vere takk! De som før træla under synda, har no av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk overgjeven. 18 De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda – 19 eg brukar eit bilete frå dagleglivet fordi de er skrøpelege menneske. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for umoral og urett, og det førte berre til endå meir urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for det som er rett, så de kan verta helga. 20 Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett. 21 Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden. 22 Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv. 23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

Ef.6, 10Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

Mi sak, som realist som tur på Jesus. Kristenplatonist?

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og på husmøte. Den kristne trua vart forkynt for meg, eg trudde og vart velsigna. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska.  Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst jente til kjæraste og ei frelst kvinne til kone. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Men når eg kom inn i kristne samanhengar og viste interesse for å få eit nærare vennskapsforhold til i ei kristen jente, med tanke på å få meg ein kjæraste, så vart eg møtt med den haldninga at det var einstydande med å prøve å dåre og forføre henne Sjølv om eg vedkjende Kristus som vår frelsar og Herre, vart eg avvist slik. Så du må prøve deg med andre metode og ta sjansen på å lukkast med det.  I praksis betyr det at du overlet det til prestane og diverse verdslege autoritetar å vende tommelen opp eller ned for å avgjere om du skal lukkast med det. Men prestane og diverse verdslege autoritetar står bak og vender tommelen konsekvent ned. For dei har avvist Paulus si lære og alternativet er å forføre kvinna. Soleis vert faktisk ein som sjarmerer kvinner og verkar tiltrekkande på dei kalla ein kvinnebedårar og kvinneforførar, ein som dårar og forfører kvinner altså. Men dette beror eigentleg på ein livsfiendtleg mørkemannsteologi, ein antikristeleg platonismen.

Den haldninga viser seg også i protesten mot Paulus si lære. I følgje Paulus skal ein mann vite å vinne seg si eiga kone i helging. Men protesten mot Paulus si lære betyr at i praksis vert det sett ein stoppar for det. Så det verkar slik at det som er rett, vert forbode. Du kjem til erkjenning av at Kristus er sanninga som set oss fri, men du får ikkje lov til å seie sanninga.

Dersom eg vil ha meg ei kone, må eg gjere det på ein annan måte altså. Kva er alternativet? Det er å dåre og forføre henne slik som ved syndefallet, kanskje berre få seg ei hore. Men då er svaret mitt nei. Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og ventar at han vil gi meg det og då skal det skje ved helging.

På grunnlag av Jesu forsoningsverk kom eg inn i samfunn med den sanne Gud, slik fekk eg åndeleg innsikt og det høver no bra med å få innsikt i ideverda. Nok er no det at på skulen byrja eg å like matematikk og naturfag. Det høver no bra med å vere platonist, men eg var klar over at eg var velsigna ved trua på Kristus allereie som eit lite gutebarn og det var viktig for meg å vere verande i den velsigninga.

Når eg gjekk på skule, studerte eller var i praktisk arbeid, som fiskar, så var det viktig for me gå bygge på evangeliets grunnvoll. Jesus frelseverk er fullført og fullkome, det er Guds verk, alt Guds verk er fullkome, ingen kan legge til noko eller ta noko ifrå, det står til evig tid.  Jesus har satt mine føter på ein klippe, den held. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Så eg studerer og jobbar ikkje for å fullføre Guds verk. Men det er Gud som gjer sitt verk med meg og med oss og han skal også fullføra det. Slik også når eg studerer. Men som Guds medarbeidar bygger eg på evangeliets grunnvoll og då er det om å gjere å bygge med noko som er varig og evig.

I følgje Sigmund Freud vert vi motiverte av seksualitet og aggresjon, det vert også kalla livsdrifta og dødsdrifta. Men sidan eg trur at Jesus stod opp att frå dei døde og vedkjenner at han er Herre og sidan eg fekk den Heilage Ande ved trua på han, av berre nåde, så bøyer eg meg for han og let han overstyre meg ved sitt Ord og sin Ande. Eg stiller meg til teneste for han, han er rettferdig så då stiller eg meg til teneste for rettferda. Så let eg meg motivere av Guds kjærleik og drive av den Heilage Ande.

Soleis prøver eg å vinne meg mi eiga kone i helging. Venteleg vil eg då oppleve åndeleg openberring, der han openberrar seg for meg og for henne, han vil tale til meg og til henne, han styrker meg med si kraft og då styrker han henne også. Han kjem meg til hjelp med si kraft og slik gir han meg hjelp i form av ei kone. Han har sett framfor meg ei opna dør og slik har han gjort si kraft tilgjengeleg for meg. Då er det berre for meg å ta imot i tru og gjere bruk av den krafta.

Eg skal verte motivert av kjærleik til henne i mitt daglege liv og det verkar for meg som at eg skal verte motivert av Guds kjærleik til henne i Kristus Jesus. Slik får eg gjere bruk av Guds kraft, frelseskrafta, den krafta Jesus har gjort tilgjengeleg for meg.

Ved trua på Jesus får eg tru og tenke slik, sjølv om eg enno ikkje har snakka med henne, ikkje har fritt til henne og ikkje fått eit ja frå henne. Ved trua på han kan eg sjå opp til han og vende blikket mot framtida.

Livet vart planta i meg ved Guds ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Men i visse kristne samanhengar fekk eg ikkje vekstvilkår. Eg vart avvist og det måtte eg innsjå og ta konsekvensen av. Dører vart stengde for meg og vegar vart uframkomelege. Men Jesus hadde nye vegar og nye dører for meg. Jesus var då likevel vegen til Faderen og den var framkomeleg, sjølv om den var smal. Porten som fører inn til livet er trong, men den er ikkje stengd for meg. Jesus har sett fram for meg ei open dør, han er sjølv døra inn til sauene.

Pascal var ein stor matematikar, han trudde på Gud og erkjente ganske enkelt at det var eit utgangspunkt han hadde å tenke utifrå. Slik tenkte eg også. Descart var også ein stor matematikar. Han trudde på Gud og dermed på det fullkomne og argumenterte for det på sin måte og det er svært verdifullt og har stor betydning i filosofihistoria. Det er sameinleg med mi tru, men då vil eg presisere eller tilføye at ved trua på Jesus får eg den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Det er ikkje noko eg presterer, det einaste eg har å gjere er å velje å tru på han og vende meg til han og sjå på han. Gud er fullkommen, Jesus er Guds Son og er fullkommen, hans frelseverk er fullført og fullkome. Det livet og den Anden han gir oss frå himmelen er fullkome. Det takkar og lovpriser eg han for, eg drikk av frelseskjelda, Guds gledeskjelde og så gleder eg meg i Herren. Eg takkar og lovpriser Gud for at han har skapt alle ting og så takkar og lovpriser eg Gud og Lammet for frelsa.

Så trur eg og ventar eg meg at han gir meg ei frelst kvinne til kone og slik legg han ein ny pris til min pris. Eg trur og vonar han gir meg ei biologidame til kone. Eg lovsyng Gud med vitet og det gjer eg med mi rasjonalistiske innsikt som realist også, som matematikar og databehandlar, fysikar, kjemikar og biolog mm. Så håper eg ho også vil lovprise Gud for at han har skapt alle ting og lovprise Gud og Lammet for frelsa, lovsynge han med vitet, med si forstandige innsikt som realist og naturvitar.

Jesus sa at vi skulle tru på han, elske han og elske kvarandre, så det er å lyde han. Då vil han komme til oss og openberre seg for oss. Då er det også viktig for oss å vende oss til han og sjå på han. Vi kan og skal glede oss i Herren og hans frelse, så det også er å lyde han. Han elskar oss med kjærleiken frå Gud, det er den ekte kjærleiken. Å underkaste seg han, er ei glede, ja, vi lyder han ved å glede oss i han.

Eg takkar Gud for utviklinga av realfaga også, i det eg trur og meiner det er hans verk. For han har skapt menneska i si likning og gjort dei i stand til å erkjenne kva som er sant og rett. Det gjer han oss også i stand til med si frelse, ved å oppsede oss og lære oss opp ved sitt Ord og sin Ande. Eg trur Gud gjer storverk med meg og med oss, så eg ser det i filosofisk og vitskapleg samanheng. Gud har skapt alle ting og han vil få naturen til å fungere rett.

Forsoninga, let vi oss forsone?

Kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er ei naturleg og sjølvsagt sak, så det er no meir enn merkeleg at ungar skal terge kvarandre med det, det vert eit mobbemotiv, så dei får det presentert som eit personleg problem allereie frå dei er 10 år. Og kvifor det? Jau, på grunn av syndefallet, menneska fekk dårleg fordi dei hadde brote Guds lov, brote pakta med han, og ete av kunnskapstreet, det dårlege samvitet viste seg ved at dei såg at dei var nakne, så når Gud gjekk i hagen, gøymde de seg. Slik vart kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne forbunde med straff. Men Jesus sona synda med sin død på korset ein gong for alle, gjelda er betalt. Og vi har hatt ei kristen kyrkje her i landet i om lag 1000 år. Har den enno ikkje forstått kva den er til for? Å forkynne den glade bodskapen. Har folket enno ikkje forstått det? Eller kven den er til for? Har dei kristne enno ikkje forstått kven dei skulle la seg døype til.

Og jaggu held det fram i voksen alder også. Det er vel ikkje så lett å finne den rette og soleis lukkast med det, men dei treng vel ikkje gjere det vanskelegare enn det er. Ein må ha lov til å prøve seg med eit frieri og rekne med at det blir ein del prøving og feiling. Kanskje finn ein ut at det virka dumt, det vart klovnete, det var å trakke i salaten. Det har å gjere med å tilpasse seg og lære seg å vere sosial. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Der har vi noko viktig og verdifullt å lære.

Men så var det den der åndelege nedtrakkinga då, nedtrakkinga av føregarden. Vi må passe oss, så vi ikkje vert med på den. Korleis då? Korleis kan vi då nærme oss Gud? Jau, Jesus har bana ein ny og levande veg inni den himmelske heilagdomen. Vi må velje å gå den vegen.

Når ein ung mann som trur på Jesus kjem inn i eit typisk kristeleg miljø og byrjar å verte glad i ei ung jente, så vil han sjølvsagt gjerne vere venn med henne og vere saman med henne, prate med henne og vise henne og fortelje henne at han er glad i henne og fri til henne. Men så vert han fort møtt med den haldninga at dei held han for å vere ung, dum og ulærd, ja, endåtil vond, så han får ikkje snakke meir med henne eller ha noko meir med henne å gjere. Det høver med prestens monopol på å tale Guds Ord, som representant for den tradisjonelt lærde overklassa. Det er opplagt ei verdsleg og religiøs maktinteresse i det, som ikkje er så lett å verte klok på, men tradisjonen går nok tilbake til keisardyrkinga.

Så dei vil ikkje tillate ditt initiativ for å prøve å vinne deg ei kone i helging. Dei vil ikkje tillate det for du er liksom ikkje heilt godteken som ein av gjengen. Du er ikkje god nok til det, du er ikkje rette typa til det. Er den moraliseringa fundamentalistisk, så betyr det at dersom du vil ha deg ei kone, så må du prøve på ein annan måte. Det må vel vere å lokke henne og freiste henne det då, forføre henne slik som ved syndefallet. Ja, men er det ikkje nettopp det som skjer då? Er det ikkje nettopp slik fråfallet har kome inn i kyrkja? Vi kan også forstå det slik at dei prøver å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for å få makt over henne og så prøver dei å bruke henne til å lokke mannen med. Ormen lokka henne med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei likevel ikkje døy, men verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Ho let seg forføre og åt av frukta og gav mannen sin med seg og han åt. Men dei vart grundig lurte på det. Dei vart utestengde frå Edens hage og mannen vart dømd til døden.

Dei forfører kvinna, for å få makt over henne og så brukar dei henne til å lokke mannen med, for å få makt over han også. Det kan utarte seg som eit krav overfor mannen, for at han skal få seg ei kone. Kravet er at du skal godta synda som metode for å nå dine mål. Det kan endåtil verte argumentert utifrå bibelvers, til dømes bibelvers som seier at vi alle er syndarar. Men poenget er at slik prøver den vonde å få makt. Synda fører til død, fyrst for åndslivet, så for sjelelivet og så kan det også føre til ein tidleg død for kroppen. Den som rår verd døden, er Djevelen. Det resulterer i at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne ikkje lenger fungerer rett. Så den biologisk og fysiske naturen ikkje lenger fungerer rett. Det kan endåtil gå så langt at folket døyr ut. Ja, der kjem då ein dommedag og så spørst det korleis det går då.

Vi er alle syndarar og synda skilde oss frå Gud. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Og det er det vi må vite å nytte oss av, ved å vende oss til han.

1.Joh.1,  8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss.  9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

Frå eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gi meg ei frelst jente til kjæraste og ei frelst kvinne til kone. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.  No brukar eg universalia, mann og kvinne, eg kan godt forstå det som bylgjefunksjonen, men den kollapsar ikkje i den forstand at den blir borte. Når eg talar om meg sjølv og den kvinna Gud gir meg til kone, så talar eg om partikularia. Likevel kan eg forstå det som bylgjefunksjonen, men den kollapsar ikkje i den forstand at den blir borte. For den vert fornya ved Guds Ord og Guds Ande. Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og held alt oppe ved sitt Ord. Han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og han styrker oss ved si kraft.

Gud sameinar alt i Kristus.

Jesus er trua sin opphavsmann. Ved å tru at Gud vekte han opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud. Ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Slik er han trua sin fullendar. Slik skal eg sjå på han og kjennast ved han som min frelsar og Herre.

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men når eg let meg forsone på evangeliets grunnvoll, trur eg og meinar eg at eg får det til å stemme, så eg får harmoni mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne.

Frå eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Etter kvart forstod eg at det var det motsette av å la seg dåre og forføre slik som ved syndefallet, så eg byrja be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Sidan eg byrja på gymnaset og byrja å gå i dFEF og pinsekyrkjer, har Jesus svart meg positivt på det, både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud og hans kjærleik er mellom oss og det er spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. I fylgje det gode samvits pakt med Gud er det ikkje noko vi skal ha dårleg samvit for. Men mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.

Når ein mann vil ha seg ei kone, er det då sjølvsagt at han vil ha kroppen hennar, for den naturlege hensikta med det er formeiringa, slik som biologien og naturvitskapen lærer oss. Gud har også ei overordna hensikt med det og det gir oss meining med livet, han elskar oss og har omsorg for oss som sine born, så eg kunne trygt overlate det til han å ta seg av denne saka for meg. Så eg kunne trygt reise på tråling og gjere ein jobb til gagn for meg sjølv og samfunnet og eg kunne trygt studere realfag og forvente at det også vart til gagn både for meg sjølv og samfunnet, for Gud og menneske. Sidan eg kunne stole på at Gud tok seg av mi sak, var eg fri til å gjere noko gagnleg på min måte.

Og når Gud tek seg av mi sak, er det på den måten at Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, han gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det skal eg takke han for, eg skal takke Gud for at han har skapt alle ting og så skal eg takke og lovprise Gud og Lammet for frelsa. Det trur og håper eg ho også vil gjere og slik legg Gud ein ny pris til min pris. Og då er det altså henne Reella eg tenker på.

Paulus sa at vi skulle la Anden råde i vår døyelege lekam, vi skulle verte drivne av den Heilage Ande. Det er spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, for mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Mannens kropp er laga av mold frå marka og sidan Gud skapte kvinna av mannens sidebein, gjeld det kroppen hennar også. Så er det sikkert mange som vil bruke dette som argument mot at eg skal få meg ei kone på denne måten. Endåtil mellom dei kristne. Dei viser til Paulus sine ord om at den gamle vonde naturen opponerer mot Anden. Ja vel, men korleis kan dei argumentere slik utan at dei sjølve opponerer slik, den opponeringa ligg då i sjølve argumentasjonen deira! Der er ein moralfilosofisk tradisjon for det og dei som følgjer den linja trekker eigentleg ikkje den konklusjonen som Paulus gjorde. Dette har eg skrive mykje om og eg tek ikkje opp den diskusjonen no igjen.

Naturvitarar, realistar og fleire med dei kan også vise til at kroppen består av mold frå marka og så bruke det som argument mot sjelelivet og åndslivet i samfunn med Gud som er ånd. Soleis kan det dermed verte argumentert mot at eg skal få meg ei kone på den måten. Soleis vert dert altså argumentert mot at eg skal få meg ei kone. Men eg også er naturvitar og realist, så eg også held det for å vere ei naturleg sak. Så det vert argumentert utifrå naturen, korleis den er og verkar og så vert det konkludert mot naturen, korleis den er og verkar. Her er noko som ikkje stemmer.

Vel er det så at kroppane våre er laga av mold frå marka, men for meg er det ikkje noko motargument. Kroppen består av celler, i cellekjernene er det DNA, det er arvematerialet. Dette har med formeiringa å gjere, så i biologien finn eg ikkje noko motargument. Molekyla i kroppen består av atom og dei består av elementærpartiklar og dei har bylgjefunksjonar, dei er partiklar og dei er bylgjefunksjonar. Det er det kroppen består av. Bylgjefunksjonane er idear. Då kan vel eg også seie at eg har idear. At eg består av partiklar er ikkje noko argument mot at eg har tankar og idear. Biologien klassifiserer oss som intelligente menneskevesen og partikkelenaturen er då ikkje noko argument mot å ha tankar og idear og å tenke og tale.

Eg elskar Jesus fordi han elska meg fyrst, eg kan frå djupet av mitt hjerte seie at eg elskar han og det er nok for han. Den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i meg. Eg trur at både eg og ho Reella er fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Den som er fødd av Gud, elskar det som er født av han. Så mi sjel og mi ånd elskar hennar sjel og hennar ånd, min kropp og mi sjel lengtar etter hennar kropp og hennar sjel. Eg hevdar det stemmer med desse bibelversa:

Rom.8, 18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Ef.1,  3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
        han som i Kristus har velsigna oss
        med all Andens velsigning i himmelen.
     
4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,
        så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.
     5 I kjærleik og av eigen fri vilje
        har han føreåt etla oss
        til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus,
     6 til lov og ære for hans herlegdom
        og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.
     7 I han har vi utløysinga
        som vart vunnen ved hans blod,
        forlating for syndene.
        Så rik er hans nåde,
     8 som han i rikt mål har late oss få.
        Han gav oss all visdom og alt skjøn,
     9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,
        den frie avgjerd han hadde teke
    10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:
        å sameina alt i Kristus,
        både det i himmelen og det på jorda.
    11 I han har vi fått arvelut,
        vi som føreåt var etla til det
        etter Guds forsett,
        han som gjennomfører alle ting
        etter sin plan og vilje.
    12 Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom,
        vi som alt no har sett vår von til Kristus.
    13 I han kom de òg til tru
        då de høyrde sanningsordet,
        evangeliet om frelsa dykkar.
        I han er de merkte med eit segl,
        Den Heilage Ande som var lova,
    14 han som er pantet på arven vår
        til dess utløysinga kjem for Guds folk,
        til lov og ære for hans herlegdom.

De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar.  2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige.  3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre.
     4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik,  5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han,  7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.  8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Dyrke og verne Guds hage. Sjel med fri vilje. Intellekt med analytisk og logisk tenking. Kroppsleg arbeid og determinisme.

Vingarden.

I det gamle testamentet er det tale om vingarden og det er tydeleg at det får same tydinga som Edens hage.

Jes.27,1 Den dagen skal Herren med sitt sverd,
        det harde og store og sterke,
        straffa Leviatan,
        ormen som rømer så raskt,
        Leviatan, ormen som buktar seg fram.
        Han skal drepa draken som er i havet.
Herren vaktar vingarden sin
 2 Den dagen skal dei seia:
        Syng om den herlege vingarden!
     3 Det er eg, Herren, som vaktar han
        og vatnar han til kvar tid.
        Eg vaktar han dag og natt,
        så ingen skal skada han.
     4 Eg er ikkje lenger harm.
        Men finn eg torn og tistel,
        då går eg til strid imot dei
        og brenner opp alt i hop,
     5 – om dei då ikkje søkjer vern hjå meg,
        og gjer fred,
        ja, gjer fred med meg.

Jesus talte om Guds rike i likningar og då talte han også om vingarden.

Matt.21, 33 Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.
    34 Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga. 35 Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei. 36 Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei. 37 Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for. 38 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår. 39 Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel.
    40 Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?» 41 «Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.» 42 Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:
        Den steinen bygningsmennene vraka,
        har vorte hjørnestein.
        Det er Herrens eige verk,
        underfullt er det i våre augo.
    43 Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til. 44 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

Vi forstår at dyrking av jorda vert brukt symbolsk om hjertets jord.

Dyrke opp ei øydemark.

La oss tenke oss at du tek over eit jordstykke og vil dyrke det opp. Du går ein tur og ser over det, men der veks torn og tistel, du tek bort i vegetasjonen og stikk deg , så du trekker handa raskt til deg, instinktivt. Du følte du vart tvinga til det, på grunn av smerten, så slik sett kan vi vel kalle det determinisme, det er nesten som makanisk determinisme.

Men så tek du å set fyr på det og svir det av, pløyer det opp, sår og plantar det du vil, det som gir deg verdifull grøde. Sidan ser du etter det, vatnar det og kanskje luggar ugras til vern for dei mest ømfintlege plantane. Det som skjer når du soleis arbeider med jorda, er determinisme. Men det kjem også som resultat av din kunnskap og di tenking. Du såg og observerte og analyserte situasjonen. Så tenkte du logisk om kva som måtte gjerast for å endre situasjonen og handla deretter. Du sette det i verk, så skjedde det deterministisk, men i botn og grunn på grunn av di logiske tenking.

Når du stakk deg på torn og tistel, sa du kanskje nokre stygge ord. Men det hadde ikkje særleg hensikt å byrje å moralisere over det med påstand om at den fysiske naturen er vond. Det er heller slik tenking som er årsak til at dyrka jord gror igjen på denne måten. For Adam og Eva åt av det treet som gav vit på godt og vondt, derfor vart jorda forbanna, så ho bar torn og tistel. Men er du vitug og forstandig, så tek du heller å tenker nytt, svir den av og pløyer den om, sår og plantar noko nytt. Om det vert mykje tungt arbeid, så tenker du vel ikkje at det er fordi jorda og den fysiske naturen er vond og fiendtleg. Det er vel betre for deg sjølv og din eigen psyke og ditt eige hjarte å tenke slik at du dyrker den med kjærleik og med von om at den skal gi deg grøde.

Når du har gjort ditt, overlet du jorda til seg sjølv, det som skjer er soleis tilfeldig, samtidig som det er determinisme. Man sannsynleg vis vil det veks opp noko som gir verdifull grøde for deg.

Løyse praktiske og sosial problem med forstandig og åndeleg innsikt.

Når vi skal gjere eit praktisk arbeid treng vi ofte bruke makt og vere uthaldande. Vi finn at vi treng ein passeleg porsjon aggresjon når vi skal ta eit krafttak. Når vi balar med noko, kan det hende at ein kvan vert sint og bannar. Vi kan ikkje tenke gjennom og planlegge alt i detalj på førehand. Det som ofte trengst er at ein må tenke gjennom problemet og tenke nytt, vi gjer stadig nye erfaringar og må tenke nytt etter kvart, det er som ei vandring. Men når noko kjeftar og bannar for problema dei møter kan det verke som om dei påstår at den fysiske naturen er vond eller at der er ein kva som arrangert det med ein vond vilje. Det kjem som ein naturleg reaksjon, men er ikkje særleg godt gjennomtenkt. Men dersom nokon byrjar å moralisere over det utan å forstå, så er dei på ville vegar. Det er vel nettopp slik det verkar, når menneska et av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondt. Dei prøver å forgude seg sjølve med sin moralfilosofi, men eigentleg vert dei dumme.

Jesus sa til læresveinane sine at verda hatar han og at den kom til å hate dei også. Vi skal ikkje elske verda, vi skal ikkje vere ven med verda, men vi skal elske Faderen og Sonen.

1.Joh.2, 15 Elska ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Faderen i seg. 16 For alt her i verda, sanseleg lyst, augnelyst og hovmod fordi ein er rik, det er ikkje av Faderen, men av verda. 17 Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, vert verande til evig tid.

Jak.4,4 De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende. 

Dei fyrste kristne vart forfølgde fordi dei trudde på Jesus og kjendest ved han for menneska og spesielt fordi dei ikkje ville dyrke keisaren som ein gud. Då er det lett å påstå at verda er vond, at den fysiske og biologiske naturen er vond. Men Jesus har sigra over verda og ved trua på han skal vi sigre saman med han. Han har fått all makt i himmelen og på jorda, derfor skulle vi gå ut og gjere alle folkeslag til hans læresveinar. Gud elska verda så høgt at han gav Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Vi ser at ordet «verda» og uttrykket «menneskets natur» vert brukt på ein annan måte enn slik vi er vand til i realfag, for når mennesket vert født på nytt, får det ein ny natur, slik blir det med verda også, for Gud gjer alle ting nye. Kanskje vi kan bruke «mange-verdener-teorien» til å forklare det?

Gud gav den kristne kyrkja vekst og metoda var fredeleg.

 

Når jødane gjekk i gang med å bygg oppatt tempelet, profeterte Sakarja om at det skulle ikkje skje med hær eller makt, men berre ved Guds Ande.

Sak.4, 6 Då tok han til ords og sa til meg:
        Dette er Herrens ord til Serubabel:
        Ikkje med makt og ikkje med kraft,
        men med min Ande,
        seier Herren, Allhærs Gud.
     7 Kven er vel du, du mektige fjell?
        Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
        Han skal føra fram toppsteinen,
        medan dei ropar:
        «Nåde, nåde vere med han!»
     8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:  9 Serubabels hender har tufta dette huset,
        og hans hender skal fullføra det.
        Då skal du sanna
        at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
    10 Ja, alle som har vanvørdt
        den dagen då det tok til i det små,
        skal gleda seg når dei får sjå
        blyloddet i Serubabels hand.
        – Dei sju, det er Herrens augo
        som fer over heile jorda.

Slik vart den kristne kyrkja oppbygd, for Gud hadde lova at han ville utgyte sin Ande over alt kjøt og det gjekk i oppfylling frå om med pinsedag. Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag og dei som skulle forkynne det, vart utrusta til det ved å ta imot Guds Ord og verte fylte av den Heilage Ande. Dei som høyrde forkynninga og kom til tru, vart opplærde og utrusta på same måten. Det gjaldt både jødar og heidningar, så dei vart med i den same kristne kyrkja. Det var ikkje ved bruk av hær eller makt, men ved Guds Ande. Dei søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og kom til erkjenninga av sanninga i Guds Ord. Så dei vart opplærde ved fredelege metode.

Det var den levande Gud som gjorde sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, han la fleire og fleire menneske til den kristne kyrkja, så den voks, sjølv om dei vart forfølgde. Etter vel tre hundre år var den så stor at den vart legalisert i Romarriket og då var det ikkje lenge før kristendomen vart gjort til statsreligion. Det er framleis slik at styresmakta ber ikkje sverdet for inkje, men den er Guds hemnar, for å straffe uretten. Derfor fann dei også ut at dei gjorde rett i å basere statsmakta på kristendomen. Men her må vi ha klart for oss kva som er årsak og kva som er verknad. Den kristne kyrkja er bygd på evangeliets grunnvoll og metoda er og blir dei same, med den metode lever og veks den kristne kyrkja framleis og det er sjølvsagt den metoda vi framleis må bruke og satse på.

Middelalderen, den kristne metoda og strategien overfor dei lærde sin filosofi.

Den lærde overklassa både hos jødar og heidningar hadde meint at vanlege folk var for dumme og for vonde til å lære og til å verte opplærde til å lære andre. Men det vart tydeleg at det hadde dei teke feil av, for kristendomen gjekk fram og den kristne kyrkja voks.

På 300-talet vart Romarriket delt og før år 400 vart kristendomen den dominerande religionen med støtte frå styresmaktene. Dei intellektuelle var skulert i gresk og hellenistisk filosofi. Korleis skulle dei kristne forhalde seg til det? Ein «katolsk» strategi ville vere at den filosofiske tradisjonen er skapt av Gud og derfor skal vi ikkje vere redde for å uttrykke kristne førestillingar ved hjelp av filosofien. Ein «protestantisk» strategi vil vere at Bibelen åleine er den kristne sanninga og den må ikkje forkludrast av heidenske tradisjonar.

Skirbekk, 1972 s.151.

Den «katolske» metoda vart dominerande, fyrst kom platonismen inn i kyrkja så der vart ei syntese mellom kristendom og platonisme, ein kristen-platonisme som vart dominerande i kyrkja frå 300 til 1200 e.Kr. På 1200-talet kom der ei teologisk syntese mellom kristendom og aristotelisme og den har sidan vore katolisismens filosofi framfor noko.

Sitat frå  https://no.wikipedia.org/wiki/Skolastikk (29.8.2020):

Skolastikken var en teologisk og filosofisk vitenskap i middelalderen som forsøkte å systematisere troslæren ved hjelp av Aristoteles‘ logikk. Thomas Aquinas var den mest betydningsfulle bidragsyteren til skolastikken og ønsket å bygge bro mellom tro og fornuft. Han mente at vi må forstå Gud gjennom verden, og ikke «verden gjennom Gud» som Augustin kunne ha sagt. Thomas Aquinas var dessuten som alle andre skolastikere inspirert av Aristoteles og hevdet blant annet at privat eiendomsrett ikke var syndig, men en del av den naturlige orden. Sosiale forskjeller var fortsatt akseptert, og ble forklart med at det var «vår herres mening».

Skolastikken satte kristne standarder for hvordan man utfører økonomisk aktivitet, og forklarte dette ut i fra viktige prinsipper som privat eiendomsrett, rettferdig pris, og ågerrenter som var sett på som syndig og forkastelig. Man skulle ikke tjene penger på penger.

Middelalderen vart prega av filosofien frå Hellas og teologien frå Bibelen. Det vert ofte framstilt som om filosofien vart lidande under teologien, slik var det vel i byrjinga, men ein kan like gjerne seie at teologien vart lidande under filosofien, det vart sterkare med tida. Teologien vart hengande fast i den filosofiske terminologien også etter at folk slutta å tenke nyplatonsk. Det viser at teologien vart lidande under filosofien.

Men evangeliet er den glade bodskapen som skulle forkynnast for alle folkeslag, jøde fyrst og så grekar og soleis til alle heidningar, same enten dei var lære eller ulærde. Alle tenker og handlar nok utifrå sin eigen natur, kven dei er som menneske og kva dei har lært og opplevt tidlegare. Men vi er alle feilbarlege, Bibelen seier at vi er alle syndarar og derfor treng vi den nåden Gud gir oss i Kristus og derfor treng vi også opplæringa og vegleiinga han gir oss ved sitt Ord og sin Ande. Soleis kan det vere mykje i vår tenking som må rettast på og mykje av det vi har lært, må verte erstatta av noko anna og betre. Det gjeld dei lærde sin filosofi også.

Renessansen og den nye naturvitskapen.

Då Aust-Romarriket braut saman, i 1453, reiste mange intelektuelle vestover og tok med seg ein fornye kjennskap til gresk filosofi, særleg Platon, liksom arabarane eit par hundre år tidlegare hadde teke med seg Aristoteles. Denne gjenfødinga av antikk filosofi vert kalla renessansen og fekk betydning for utviklinga av den eksperimentelle naturvitskapen. På den eine sida var der adekvate begrep og teoriar frå gresk filosofi og teoretisk skolering frå treninga med skolastisk filosofi i middelalderen. På den andre side var der ei nyvekt interesse av å utnytte og kontrollere verda, ei sekularisering av interessene, som er typisk for renessansen.

I sein-mellomalderen var der ein overgang frå begrepsrealisme til nominalisme, så interessa vart vend meir mot dei konkrete tinga. Det kan ha vore med på å fremje utviklinga av den eksperimentelel naturvitskapen, men truleg var dei spekulative greske teoriane viktigare, Demokrits atommodell og framfor alt den begrepsrealistiske nyplatonske tallmystikken.

Sitat frå https://snl.no/nominalisme (29.8.2020)  :

Nominalisme er en lære, særlig i middelalderens filosofi, som hevder at allmennbegrepene (universalia) ikke har reell, selvstendig eksistens, men bare er navn eller begreper. Begrepet «hest» eksisterer bare som et navn, som nok har anvendelse på alle hester, men bare hestene selv har faktisk eksistens, ikke begrepet «hest». Det motsatte er realisme.

Nominalisme fører gjerne til empirisme, for det som først og fremst eksisterer og er virkelig for nominalistene, er sansbare størrelser. Representanter for nominalisme er RoscelinOckham, og i nyere filosofi BerkeleyHume og Quine.

Sitat frå https://snl.no/realisme_-_filosofi (29.8.2020) :

Realisme er i filosofien det syn at den ytre virkelighet eksisterer uavhengig av vår bevissthet. Den såkalte naive realisme mener virkeligheten er slik den fortoner seg for sansene. Den kritiske realisme mener at sansenes virkelighetsbilde først må korrigeres. Representanter for et slikt syn er blant annet John Locke og R. H. Lotze. Det motsatte av realisme kan sies å være idealisme.

Begrepet realisme betegner i utgangspunktet en metafysisk retning i middelalderfilosofien som ut fra Platons idélære hevdet at allmennbegrepene (se universalia) har selvstendig eksistens uavhengig av de enkeltting som faller inn under begrepene. «Godhet» har, eksempelvis, eksistens som en abstrakt realitet i tillegg til og forut for godheten i enkelte handlinger og personer. Representant for et slikt syn var blant annet Anselm av Canterbury. Motsatt: nominalisme.

I samtidsfilosofien benyttes termen om en rekke ulike filosofiske posisjoner. En grunnantagelse for disse posisjonene synes å være at man aksepterer tertium non datur og bivalensprinsippet, det vil si at man mener at setninger har mening og er sanne eller usanne uavhengig av om vi rent faktisk, eller til og med i prinsippet, er i stand til å avgjøre deres sannhetsverdi. En antirealistisk posisjon tilsier at en setnings mening og sannhetsverdi er knyttet til våre metoder for å avgjøre setningens sannhetsverdi. Dersom en slik metode av en eller annen grunn ikke kan forefinnes, er setningen verken sann eller usann, og den er uten mening.

Renessansen var ei forvirra tid, den var ikkje lyset som kom, men lyset som nesten forsvann, inntil det vart klart at den nye naturvitskapen verken var reint deduktiv eller reint  induktiv, men hypotetisk deduktiv.

Skirbekk 1972, s 200-202.

Naturfag er realfag og det er avgjerande for vår forståing av kva realisme er, ordet vert til vanleg brukt som om det inkluderer nominalisme, så det ordet er ikkje i bruk i dagleg tale. Det vert erstatta av realitetssans, men det mange i vår tid ikkje er klar over, er at realisme også er å ha sans for usynlege teoriar og det var eigentleg det ordet opphavleg vart brukt om.

Det viste seg at antikk filosofi hadde vorte dominert av noko som var feil, ved det geosentriske verdsbiletet og Aristoteles si lære om dei fire elementa, jord, vatn, luft og eld. Det hadde vore godteke i så lang tid, utan å verte sjekka empirisk. Observasjon og eksperiment viste først at det heliosentriske verdsbiletet var rett og etter nokre hundre år vart det klart at Demokrits atomlære var rett. Så det måtte vere noko som var gale med metoda. Aristoteles vert kalla logikkens far, men han brukte den på den fysisk synlege naturen og det vart feil. Den må brukast på ideane som vert uttrykte ved språket og matematikken. Han meinte at eit element høyrer naturleg saman med same slags element, derfor vert dei fire elementa sorterte slik at dei samlar seg på sine plassar, jord på jorda, luft i atmosfæra, vatn i elvane og i havet og elden på sin stad. Det er logisk. Det var hans rørsle-lære. Men det skulle då ikkje vere så vanskeleg å skjekke dette eksperimentelt og få det avsanna. Kvifor gjekk det så lang tid før Galilei avsanna det med sitt eksperiment? Problemet var nok at den antikke filosofien var kopla til antikk mytologi, i følgje den sprang gudane ut av ein kaoskamp og fekk herredøme på ulike områder av tilværet. Og planetane var gudar.

Galilei takka Gud for sine oppdagingar. Likevel ville ikkje den Katolske Kyrkja godta hans teoriar, spesielt ville den ikkje godta hans teori om at jorda bevegde seg, så han vart stemd for inkvisisjonen og dømd. Galilei konkluderte med at der finst ikkje noko voldsomare hat enn uvitenskapens hat mot vitskapen.

https://snl.no/Galileo_Galilei

Den øydande styggedomen som står på heilag grunn, «målet helgar middelet».

Gud skapte alle ting og han såg at det var godt. Han forbaud menneska å ete av kunnskapstreet, det treet som gav vit på godt og vondet. Men ormen sa til kvinna at dei likevel ikkje skulle døy, om dei åt av det, men dei skulle verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Så braut dei Guds bod og åt av det. Då sette Gud fiendskap mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, han skulle hogge henne i hælen og ho skulle krase hovudet hans. Jorda skulle vere forbanna for mannens skuld, torn og tistel skulle ho bere, med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød, til han for i jorda igjen, mold var han og til molda skulle han attende. Soleis møtte dei ei jord og ein natur som verka vond og fiendtleg for dei. Men eigentleg hadde det seg slik at dei vart dåra og forførde, med kunnskapen dei fekk av kunnskapstreet mista dei den gode innsikta, det viste seg ved at dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit.

Platon tenkte seg at opphavleg var sjela i ideverda og hadde innsikt i dei fullkomne ideane med det godes ide, men når mennesket kom til verda stupte sjela inn i materien og då mista det mykje av innsikta i ideverda. Men ved langvarig og god opplæring gjenvinn vi mykje av innsikta og derfor skal ei lærd overklasse styre med diktatorisk makt. Det var eit ideal og eit ynskje, men det var ikkje dermed sagt at det fungerte slik i praksis. Det vart nok ei aktuell problemstilling for klassekampen i Romarriket og i meir moderne tid også.

I Bibelen er det tale om den øydande styggedomen som står på heilag grunn, i ettertid veit vi at det fyrst og fremst var sikta til altaret for Zevs, som Antiokus 4. Epifanes fekk sett opp i Jerusalem, tett ved tempelet. Han var ikkje etla til å verte konge, men kom uventa og reiv til seg makta med list (Daniel 11,21). Hans metode til å få makt var løgn og list, korrupsjon og svik. Han kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs.

Matt.24, 15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

Lovløyse, korrupsjon, opprør og krig vert ofte brukt som argument for å innføre diktatur. Slik også for Macciavelli, sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Fyrsten

Fyrsten (Il Principe) er en bok skrevet av Niccolò Machiavelli (14691527), som levde i den norditalienske bystaten Firenze under renessansen. Boken ble skrevet rundt 1513, men ikke utgitt før 1532, fem år etter Machiavellis død.

Machiavelli var samtidig med flere store renessansekunstnere som BotticelliRafaelMichelangelo og Leonardo da Vinci. Machiavelli var en sentral skikkelse i Firenze, og virket i perioder som politisk rådgiver for byens leder. Hans samtid var preget av et politisk og menneskelig drama, strukturer som bystatene sto for fall, og stadige kriger så ut til aldri å ville ta slutt. Mot denne bakgrunn utviklet Machiavelli verket Fyrsten.

Machiavellis hensikter med Fyrsten var dobbel. På overflaten og tilsynelatende var det et verk i fyrstespeilers tradisjon, for å forklare hvordan en leder kan gjenopprette en tilstand av sivilisert orden gjennom bruk av alle nødvendige midler. Han skriver at fysisk vold er all makts opphav, og at alle statsgrunnleggere bare har ett middel, nemlig vold. Uttrykket om at målet helliger midlene kan belyses fra debatten omkring Fyrsten. Grunnen til at det er slik, mener boken, er fordi menneskenaturen er korrumpert og i elendig forfatning, og at samfunnet trenger en sterk leder for å skape orden. Men for at en fyrste, eller makthaver skal kunne utøve legitim vold, er det en forutsetning at denne utøves i statens interesser, aldri personlig interesse. Machiavelli skiller således skarpt mellom den personlige moral, som må være upåklagelig, og den offentlige moral hvor handlingene er legitime når de tjener statens, eller fellesskapets interesser.

Han skilte mellom privatlivet og politikken, folks skulle leve moralsk, men dei stadige krigane var eit politisk problem, fyrsten måtte bruke fysisk vold for å få makt, så landet kunne få fred. Så det var det han meinte med at målet helgar middelet. Og Paulus sa no at styresmakta ber ikkje sverdet for inkje, ho er Guds hemnar. David vart ein stor konge fordi Gud valde han ut og let sin profet salve han til det. Det var likevel ikkje likegyldig kva slags privatliv han hadde og kva slags metode han brukte, men det er då heilt klart at i ein krigssituasjon gjeld heilt andre reglar enn i ei fredstid. David såg det som si oppgåve å straffe uretten, både i krig og fred, men måtte likevel innrømme at han sjølv trengde Guds nåde og tilgjeving. Seinare i kongesagaen til Israel og Juda, hende det at kongar fall i krig og då var det vanleg skikk at ein av sønene tok over. Davids-ætta styrte i Juda og Jerusalem, men etter kong Salomo gjorde resten av folket opprør og tok seg ein annan konge. Det var profetert, Juda ville gå til krig mot dei men ein profet avverga det ved å gi dei beskjed om at dette kom får Herren. I Israel vart kongar stadig felte i attentat og den som soleis tok over kongsmakta utrydda mykje av ætta til den tidlegare kongen. Dette vart også profetert, så vi kan godt seie at målet helga middelet. Men kvifor skjedde det same oppatt gang på gang? Gud ville ha ein ny konge for at han skulle tene han, det var Guds målsetting og det skulle vere kongens målsetting også. Men så viste det seg at den nye kongen hadde ikkje den rett målsettinga og tente han heller ikkje. Han audmjuka seg ikkje for Gud og vart ikkje salva til ei kongsgjerning.

Macciavelli skilde mellom privatlivet og politikken, men ein politikar og herskar har også privatliv. Bibelen forklarar det vondes problem med syndefallet og det gjaldt privatlivet. Paulus sa at på grunn av det eine mennesket sitt fall, trengde synda og døden gjennom til alle menneske, så det vart som om vi alle synda på same måten. Så det ligg i vår natur. Men Kristus levde eit syndefritt liv, han levde heilagt og rettferdig, ved trua på at Gud vekte han oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelste.

Rom.5,12 Lat oss samanlikna dette med det som hende då synda kom inn i verda. Synda kom ved eitt menneske, og med synda kom døden. Og døden nådde alle menneske fordi dei alle synda. 13 Det var synd i verda før lova kom. Og endå synda ikkje vert rekna for synd der det ikkje er noka lov, 14 rådde likevel døden frå Adam til Moses også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot liksom Adam. Adam står her som eit motstykke til han som skulle koma. 15 Likevel er det ikkje såleis med Guds nådegåve som med Adams fall. Mange laut døy fordi den eine fall, men Guds nåde er så mykje større: Han er ei gåve, som i rikt mål vert gjeven til dei mange på grunn av det eine menneske Jesu Kristi nåde. 16 Og det er annleis med gåva enn med den synd som den eine gjorde. For domen over ein mann førte til fordøming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. 17 Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve.
    18 Difor: Liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, så fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19 Liksom dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, så skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. 20 Lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda var stor, vart nåden endå større. 21 Og liksom synda rådde der døden var, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.

Nåden skal råda gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre. Jesus er fullkommen, han er den nye naturen, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.

Synda skilde menneska frå Gud, det er Bibelens forklaring på det vonde sitt problem. Løysinga på det er at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Då gjeld ikkje lengre argumentasjonen om å bruke vold. For vert vi verande i Kristi ord, får vi lære å kjenne sanninga og den set oss fri, for den Heilage Ande openberrar Ordet for oss og fører oss fram til heile sanninga. Ja, og når vi studerer realfag, kjem vi til erkjenning til dei realfaglege sanningane ved andre metode enn med synd og vold. Det høver med trua på at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Det høver med å takke han for det og å takke og lovprise Gud og Lammet for frelsa.

Platon påstod soleis at vår fysiske natur er vond, men eg vil presisere at han forklarde det vondes problem med at vi mista mykje av innsikta fordi vi er i materien. Så det treng ikkje bety at materien i seg sjølv er vond. Og når vi studerer naturfag, tek vi ikkje stilling til om naturen er god eller vond. Det er dermed som om vi ikkje at ete av kunnskapstreet.

Paulus sa at ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og å dåpen er vi gravlagde med han, så vi skal tekne som so at den gamle vonde naturen er død og gravlagd. I dåpen er vi også oppreist med han. Det er då den same kroppen som stig oppatt or dåpsgrava, men likevel er der kome noko nytt og det er den Anden og det livet Jesus gir oss frå himmelen, derfor skal vi også vende hugen opp til han.

Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Så fekk mannen oppleve at Gud gjorde sitt verk og Gud talte til han og sette han til å dyrke og verne hagen. Det var ei vekking og bevisstgjering av mannen. Men Gud såg at det var ikkje godt for han at han var åleine, så han ville gi han ei hjelp som høvde for han. Han let ein djup søvn falle på han og så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han og han kalla henne kvinne, for ho var teken av ein kar. Det vart ei ny vekking og bevisstgjering for han og det vart det for henne også. Slik er den kristne vekkinga også, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Faderen elska oss og har omsorg for oss som sine born og slik har han omsorg for sine henders verk. Og det er i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2.

Vi er velsigna og blir til velsigning i vårt lokalmiljø. Fyrst kjem den åndelege velsigninga, ved at vi dyrkar hjartets jord, så våre liv vert som ein vassrik hage. Så kjem den materielle velsigninga ved at di dyrkar jorda i vid forstand. Mannen skulle dyrke og verne Guds hage og det var det kona hans skulle hjelpe han med. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han kyrkje er hans brud. Det er Guds verk. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarto, får vi komme inn til Guds kvile, så for oss blir det slik at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Det er ved å gå den smale vegen som fører til Faderen. Her er det ikkje slik at målet helgar middelet. I vår tid har det vorte protestert mot dette og det vert kalla frigjering og det har vorte gjort politikk ut av. Men alternativet er å gå den breie vegen og gå inn gjennom den vide porten som fører til døden og fortapinga. Det er å fornekte sanninga som set oss fri og forby det som er rett. Så dersom du vil ha deg eit kvinnfolk, ei kone, så må du prøve å få deg det på ein annan måte. Det blir som eit krav altså, for at du skal få deg eit kvinnfolk. Men det viser seg at hensikta med det er verken frelse eller eit kjærleiksforhold mellom mann og kvinne, dei som vi reknar for å vere den gode hensikta og målsettinga. Denne målsettinga helgar ikkje det middelet som vert brukt, men det er den gode målsettinga som vert brukt som lureri. Hensikta er ikkje det gode privatliv, familieliv og kyrkjelydsliv, men å få politisk makt på kostnad av det gode liv, som om den målsettinga helgar metoden som strir mot det gode liv. I ein krigssituasjon blir det slik. Men det viser seg at argumentasjonen går motsett veg. Menneska vert forførde slik at dei ikkje får oppleve det gode liv og derfor blir det krig.

Denne strategien og dette lureriet minner om korleis ormen forførde kvinna ved syndefallet. Gud hadde sagt til mannen at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei døy. Men ormen sa til kvinna at dei likevel ikkje skulle døy, men om dei åt av det skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Ho let seg lure til det og gav mannen sin med seg og han åt. Derfor vart dei straffa.

Gud er ånd, han er god og han er kjærleik. Han har vist oss sin godleik og kjærleik  ved at han sende Son sin til vår jord, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Då får vi oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born og slik har han omsorg for sine henders verk. Vi trur på han med hjartet og med forstanden og då forstår vi vel med hjartet og med forstanden at han vil oss vel.

I fylgje Paulus får vi den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Har vi Kristi Ande, så tilhøyrer vi han, då er vi frelste for æva. Då skal vi også leve for han og det er ved at vi let Anden råde i vår døyelege lekam. Det vesentleg og mest fundamentale er då at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige, for at vi skal vandre i dei.

Vi er i Kristus, vi er i Anden og opplever at vi har fått ein ny natur. Vi har ei overtyding om at Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born, han vil oss vel og det er best for oss. Likevel må vi rekne med at den gamle vonde naturen vil opponere mot den nye, derfor er det viktig for oss å tenke som so at ved trua på Kristus er den gamle naturen krossfesta med han og i dåpen er den gravlagd med han, derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot det han gir oss frå himmelen.

I Romarbrevet har Paulus forklart for oss korleis den vonde naturen vart vekt, synda som er i lemene brukte Moselova til å vekke den vonde naturen. Meir generelt vert barnelærdomen til verda brukt slik. Det er moralske reglar og krav om at du skal prestere, men utelukker at Gud er god og gjer sitt verk med oss til vårt eige beste. Sjølv om dei kanskje refererer til Gud eller gudane, handlar det om krav om at menneska skal prestere, så det utartar seg som krav frå verdslege autoritetar og slik gjer dei menneska til trælar. Den vesentlege skilnaden er at vi har fått barnekår hos Gud, så då må vi forstå at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born og derfor lærer han oss opp og oppseder oss til vårt eige beste.

Kvinnerørsla protestert mot skapingssoga og Paulus si lære om at Gud skapte kvinna så ho skulle vere ei hjelp for mannen. Så den såkalla kvinnefrigjeringa vart å opponere mot Herren som er Anden og soleis motarbeide mannen. Det er den gamle vonde naturen. Det har det vorte gjort politikk ut av. Argumentasjonen er nok at målet helgar middelet. Den politiske målsettinga er vel å straffe vondskapen og Bibelen forklarar det vondes problem med syndefallet, det er rota til det vonde. Men dette utartar seg slik at dei gjer bruk av rota til det det vonde som metode, så den vert årsak til noko vondt, for så å bruke det som argument for å bruke vold og det gjer dei politikk ut av. Det kan resultere i lovløyse og kaos som så vert argument for krig og innføring av diktatur.

Biologisk og guddommeleg natur.

Bibelen brukar såkornet som symbol på menneske og det høver no bra med det vi veit om befrukting og svangerskap hos menneske. Men også her har Bibelen eit symbolsk poeng. Guds Ord er Guds såkorn, det blir sått i våre hjarto, når det ved trua smeltar saman med oss i våre hjarto, får vi komme inn til Guds kvile. Vi blir som såkorn som Gud sår i verda.

Vi har ein biologisk natur til samanlikning med såkornet. Men ved trua på Kristus vert vi blir fødde på nytt, av vatn og Ande, og det som er født av Anden er ånd. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Jesus er den nye naturen, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

2.Pet.1,4 Dermed har han gjeve oss dei dyraste og største lovnader; ved dei skulle de få del i guddommeleg natur etter at de har sloppe bort frå oppløysinga i verda, den som kjem av lystene.

1.Kor.15,35 Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?» 36 Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr. 37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad. 39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. 40 Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41 Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.
    42 Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft. 44 Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. 45 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom.
    51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.

Gud er ånd. Han har skapt alle ting ved sitt Ord. Det naturleg er at han råder over det som han har skapt, så han får det til å fungere rett. Då får vi også oppleve at han gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande.

Kristeleg eller antikristeleg psykoanalyse?

Sigmund Freud samtalte med folk som hadde psykiske problem, som var psykisk sjuke og vart hans pasientar. Så analysert han korleis dei tenkte og trekte lærdom av det. Slik utvikla han si psykoanalyse. Ja, for som menneske har vi eit visst slektskap og likskap og det viser seg også i korleis vi tenker.

Så Freud påstod at religiøsitet er avspora seksualitet. Det inneber ei erkjenning av at der er noko som er naturleg og som er rett, som motsetnad til det er religiøsiteten feil. Vi vert motiverte av seksualitet og aggresjon. Det kan også kallast livsdrifta og dødsdrifta. Det høver no bra med det som biologien og utviklingslæra seier om at livet er ein kamp for tilværet. Dermed får vi ein psykologi som høver med naturvitskapen.

Vi opplever vel alle at der kjem tankar til oss utan at det var noko vi planla og soleis tenkte ut. Og vi kan lure på kvar dei kjem ifrå, dei kan komme få vår eigen fysiske natur, det kan vere noko vi minnest frå fortida eller dei kan komme frå miljøet rundt oss. Kva elles? Dei kan vere dumme og komiske, slikt som det i visse miljø vert tøysa med. Dei kan verke ærekrenkande, men vi tek det ikkje heilt seriøst og vi tek det ikkje så høgtideleg. Tøys er tøys. Men det kan også verte meir alvorleg og vondt meint, som eit klagemål mot deg. Det er sjølvsagt ikkje så kjekt, då må ein vere på vakt.

Det kan også vere gode og konstruktive tankar, smarte påfunn og intelligente idear, noko som eg godt gjennomtenkt og det også kan vere underhaldande. Det er sjølvsagt meir verdifullt for oss, då vil vi vel rimelegvis velje det.

Slik er også den vitskaplege metoda i realfag, den hypotetisk, deduktive metode. Vi kan få mange idear som hypotese, men vel dei som vi synest er best og så prøver vi dei med eksperiment. Består ei hypotese mange nok prøver, utan å verte avsanna i ei prøve, blir den til teori.

Men menneske kan få psykiske problem, dei kan til dømes få traumer og så mykje negative, destruktive tankar at dei vert deprimerte eller kanskje dei vert aggressive. Då kjem det vel med evangelisk forkynning og sjelesorg. Når vi bøyer oss for Kristi kors og vedkjenner vår synd for han, så reinsar han blod oss frå all synd. Så vert vi fylt av den Heilage Ande. Det verkar forløysande og frigjerande. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus Jesus. Sidan vi trur på Kristus og elskar han, må vi også tru på den openberringa og elske den. Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen, han er Guds Ord og den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss. Slik gir han oss gode tankar og idear frå himmelen. Då må det tunge og vonde fly frå oss.

Men så viser det seg at der er mange prestar og andre «lærde» som avviser den openberringa og slik står dei imot den evangeliske forkynninga og den karismatiske vekkinga. Soleis avviser dei den åndelege velsigninga og visdomen i Bibelen. Så viser det seg at for ein stor del avviser dei rasjonaliteten (forstanden) i realfaga også. Eg vel visdomen og forstanden, men det verkar som om dei vel dårskapen i staden, for så å opponere mot mine tankar og idear, min visdom og forstand. Så det kan endåtil verke som om dei vil velje i staden for meg. Det er tydelegvis den Lovlause som står imot (2.Tess.2). Påstanden er at fridomen resulterer i at menneska degernererer til lavmål, så poenget er å framstille folk som dumme og vonde, for soleis å argumentere for diktatur. Men det som eigentleg er problemet, er at dei ikkje vil tillate vanlege folk å verte opplyste av Guds Ord, så dei kan verte vituge og forstandige og lære å tenke sjølvstendig.

Paulus sa at han hadde hug til å gjere det gode, det var det han ville, men han makta det ikkje. Men det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud.

Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.  2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. 

Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande, så vi skal la den råde i vår døyelege lekam. Det er nok framleis slik at vi vert motiverte av seksualitet og aggresjon, men no får det likevel eit anna innhald, så det vert forstandig, meiningsfylt, rett og rettferdig.

Her er det på sin plass å minne om likninga om dei ti brurmøyane. Fem av dei var vituge, så dei hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Dei vart ståande på sin plass, med lys på lampane når brudgomen kom og fekk vere med han inn til bryllaupet. Dei valde Kristus og fekk vere med han inn til gleda og herlegdomen. Dei fem uvituge brurmøyane hadde ikkje nok olje og vart ikkje ståande med lys på lampane når han kom. Oljen er symbol på den Heilage Ande, som vi får av berre nåde. Så nåden og Anden og openberringa sitt lys tok slutt for dei. For dei hadde ikkje høyrt nok på forkynninga av noden og ikkje teke imot nok av den. Når dei då sidan ville velje Kristus, så var det for seint, dei fekk ikkje vere med han likevel.

I vår tid er det mange som kallar seg ateistar, for dei påstår at Kristus ikkje lever og eksisterer. Det betyr vel også ein påstand om at han heller ikkje er noko valmoglegheit for nokon, det går ikkje an å velje han. Det blir vel konsekvensen dersom dei held sin ateisme for å vere vitskap. Men då vil eg komme med ein åtvarande peikefinger, for det blir fort å gjere vitskapen til religion og det er nettopp det vi må ha lært å ta skrekken av, i henhold til filosofihistoria. Men mange av dei respekterer vår tru og vårt val.

Men det kan vere mange prestar, geistlege, kristne, religiøse og politiske leiarar som ikkje respekterer di tru og ditt val. Dei kan endåtil prøve å posisjonere seg overfor oss freudianske psykoanalytikarar som vil gjere oss til sine pasientar, til tross for at dei ikkje vil høyre på kva pasienten seier, dei vil ikkje vite av hans einen analysering og logiske tenking. For dei vil definere seg sjølve som overklasse og deg som underklasse og træl. Er det med Hegels dialektikk, så kjem du ikkje ein gong opp på knektens nivå. Vi må forstå at det har seg slik at dei vert dåra og forførde slik som ved syndefallet, så dei prøver å forgude seg sjølve med den kunnskapen dei fekk av kunnskapstreet. Så prøver dei å forgude seg sjølve overfor oss. Dei valde å ta av kunnskapstreet, men det er ikkje vårt val. Så då er det berre å halde seg unna dei.

Den problemstillinga vi då må stille oss overfor er om vi liksom dei vituge brurmøyane har med oss nok olje til lampane våre. Då må vi også vere førebudde på at dei uvituge brurmøyane vil be oss om olje, men det har vi ikkje nok til.

På slutten av 1970-talet protesterte kvinnerørsla mot Paulus si lære, men alternativet var dermed å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet og å vere som dei uvituge brurmøyane. Eva Lundgren dreiv med religionsforsking og det var visst noko nytt. Eg forstår det slik at det var som å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, at det var som å velje å ete av kunnskapstreet. Det hadde seg slik at desse «lærde» forguda seg sjølve med sin kunnskap for å stille seg sjølve i ein slik maktposisjon overfor vanlege menneske, så dei ikkje lenger skulle ha moglegheit til å tenke, tale og velje sjølve. Men innsjå og erkjenn at eigentleg kan dei ikkje det, det er då du sjølv som tenker, talar og vel. Det vert tydeleg i ditt eige nærmiljø. Vi bøyer oss for Kristus og audmjukar oss for han. Då treng vi ikkje audmjuke oss slik for nokon annan.

 

Skapinga og striden, trua og vitskapen.

Skapinga.

I Bibelen er det sagt at Gud skapte alle ting ved sitt Ord, Jesus er Ordet, i han var liv og livet var lyset til menneska (Joh.1). Gud talte og det skjedde og det er framleis slik at hans Ord gjennomfører det som han sender det til. Så han har «definisjonsmakta» som skapar. I den fyrste skapingssoga er det sagt at Gud skapte menneska i si likning, til mann og kvinne skapte han dei. Den andre skapingssoga, om Adam og Eva, handlar om mennesket som ei levande sjel, som levde i samfunn med Gud, som er ånd. Så førde Gud dyra fram for mannen, så han skulle gi dei namn, så mannen laga namn på dei og det skulle dei heite. Det høver med ein naturvitar som set namn på dyra, men det høver også for bonden heime på garden, som kallar huskatten for pus, fordi han synest det passar på han og han opplever at katten fort oppfattar at det er han, så han svarar fort med å seie mjau.

Striden mellom ormen si ætt og kvinna si ætt.

Så sa ormen til kvinna at dersom de et av kunnskapstreet, så skal de verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Ho let seg forføre og freiste og åt av det og gav mannen sin med seg. Men då gjekk det gale. For sjølv om dei brukte språket, så hadde dei likevel ikkje definisjonsmakta som skapar. Om så vi forkynner Guds Ord, så er det likevel ikkje vi som har den definisjonsmakta som skapar. Guds Ord er ikkje berre ein teori, Gud er ånd, han har skapt alle ting ved sitt Ord og held alt oppe med sitt Ord. Jesus er Ordet, i han er liv og livet er lyset til menneska. Ved trua på han får vi oppleve Guds skaparkraft og frelseskraft. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.1 & 2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Med si død på korset, sigra Kristus over ormen, slik sigra kvinna si ætt over ormen si ætt. Ved å tru at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at Jesus er Herre, vert vi frelst. Då skal vi også sigre saman med han. Det er den kvinne-ætta som sigrar over ormen si ætt.

Religionsforsking, kvinneforsking og kjønnsforsking. Men det er forsking på menneske og det er ulovleg.

På slutten av 1970-talet protesterte kvinnerørsla og dei venstre-radikale mot Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Den karismatiske rørsla var tydelegvis fienden og dei kom med klagemål mot dei. Eva Lundgren dreiv med religionsforsking og kom soleis med klagemål mot dei. Seinare har visst dette forskingsopplegget vorte utvida, fyrst til kvinneforsking og så til kjønnsforsking.

Men det er lausrive frå naturfag og det er no så tydeleg at det er med ein rasjonalitet som strir både mot den evangeliske forkynninga om mot realfag, spesielt mot biologien. Dessutan er det forsking på menneske og det er ikkje lovleg. Kvifor skulle det vere ulovleg? Rimeleg vis fordi det strir mot menneskets fridom, det er kunnskap som er makt, som strir mot menneskets fridom til å velje, til å tru og tenke sjølve.

Mannen vart utstøytt så han ikkje skulle få moglegheit til å uttale seg sjølv, på sine eigne vegne og svare for seg. Så når ein mann vil fri til ei kvinne, vert han erstatta av ein prest som skal tale i staden for han og ein forskar som skal spørje og granske i staden for han. Det passar vel bra med opplegget til den Lovlause (2.Tess.2). Og så vil dei endåtil framstille det som om dei talar mannens sak og gi inntrykk av at der er demokrati. Men det er det ikkje. Det er å lure på den kristne fridomen for å prøve å gjere dei kristne til trælar att, det er å krenke menneskets fridom, menneskets frie tanke og ytringsfridom.

Kvinneforskinga og kjønnsforskinga er uvitskapleg.

Naturvitarar granskar naturen og då er det vesentleg at dei ikkje skal påverke den naturen dei granskar. I mange tilfelle kan dei ikkje unngå det, men då skal det takast med som feilkilder.

Men for kvinneforskinga og kjønnsforskinga er det annleis. Der er det menneske som påverkar menneske og så prøver dei å finne ut av kva det resulterer i. Det som er vanleg og menneskeleg, er den frie kommunikasjonen mellom menneske ved bruk av språket. Men her vert det altså erstatta av ein moralfilosofisk autoritet som vil fortelje deg kva du er som skapning. Og så kallar dei det likevel forsking?!

29.6.2020. kom der ein artikkel i Aftenposten om kjønn, men her vart det referert til biologi. Likevel ignorerte dei betydninga av kromosomane, så eg kommenterte det på mi facebook-side og fekk kommentarar på det. Eg tek det med her.

Den Store Skjøkje eller Jesu Kyrkje?

Eg er oppvaksen i kyrkja og vart tideleg med på bedehuset og på husmøte, ja, før eg byrja på skulen. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Då var det nærliggande å tenke som so at eg ville ha meg ei kristen kvinne til kone og det bad eg om også. Men når det vart tydeleg at eg ville snakke med ei kristen kvinne med tanke på å fri til henne, så vart eg avvist, så eg ikkje fekk snakke med henne eller ha noko meir med henne å gjere. Eg fekk ikkje prøve å fortelje henne noko og heller ikkje spørje henne om noko. Det verkar som det vert teke for gitt at dersom ein vanleg mann vil ha seg eit kvinnfolk, så må det på den måten at han må dåre og forføre henne slik som ved syndefallet.  Dåringa ved syndefallet er årsak til vondskapen, den er rota til det vonde. Og styresmakta er Guds hemnar, som skal straffe vondskapen. Målsettinga er vel å straffe vondskapen og så skal målsettinga helge middelet. Men kva om middelet er å gjere bruk av vondskapen, forby det som er rett og så tillate det som er urett, i fridomen og demokratiets namn. Så vert uretten stor og det vert meir og meir maktpåliggande å straffe den. Slik verkar denne såkalla frigjeringa som argument for å innføre diktatur.

Vi vart opplærde til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og det må vi halde fram med og sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Gud gjorde sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Men kva skjer? Folk ropar på politikarane som om dei var gudar, i staden for å påkalle Herren. Som om dei kan og skal fullføre Guds verk, altså. Det kan dei ikkje. Men som styresmakt kan dei bruke voldsmakta til å straffe uretten og føre krig og soleis går det mot dommedag. Eigentleg er det historia som gjentek seg, Gud gjorde sitt verk med menneska, men dei let seg forføre og vende seg bort ifrå han. Dei let seg lokke med at dei skulle verte liksom Gud, som om dei sjølve kunne gjere Guds verk og fullføre det altså? Men eigentleg var det ormen som tok over og klarde å gjere seg til denne verda sin gud.

Det minner om den Store Skjøkje, i staden for å vere Guds kone, dreiv ho hor med kongane rundt om på jorda. Slik fekk ho makt til å gjere urett. Men Dyret gjekk til strid mot henne og la henne øyde. Det hadde seg slik at Gud dømde henne. Dette er ein profeti som går i oppfylling (Joh.17-18).  

 

Maktutøving, empirisme og metode i krigstid og i fredstid.

 Vi dyrkar jorda så den vert meir fruktbar for oss. Då brukar vi makt på den fysiske naturen. Får vi arbeide med den i fred og ro, kan jordlappen verte ein verdifull fruktbar hage. Då kan der vere andre som vil gjere den til eit ran og eit krigsutbytte, får ranarar og krigarar herje fritt, kan den fort verte til ei øydemark der det veks torn og tistel. Det vil vi verne den mot og rustar oss til det. Med rasjonaliteten som Gud gir oss i sitt Ord, vil vi dyrke og verne hagen.

På 1400-talet byrja utviklinga av den nye naturvitskapen og med tida vart det klart kva slags metode som vart brukte. Då vart det også klart at vanlege folke kunne lære og forstå på denne måten, sjølv om det er stor skilnad på kor mykje vi klarer å lære og forstå. På 1500-talet kom reformasjonen, Bibelen skulle forkynnast for alle, på deira eigne språk så dei alle kunne lære og forstå. Denne opplysninga verka frigjerande. Folk lærde å tenke meir sjølvstendig. Soleis fekk vi liberalisme, nasjonal frigjering og demokrati.

Empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterte. Rasjonalitet betyr forstand og det som skjedde no vart at folk vart meir opplyste og forstandige. Å påstå at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst, betydde ikkje det å påstå at folket ikkje vart forstandige likevel? Vi fekk den filosofiske retninga Kant, Hegel, Marx … og den ber no preg av å påstå at folket ikkje er vituge og forstandige og derfor trengst diktatur. Metoden er opprør og krig. Poenget er at nokon satsar på å verte den rike og herskande overklassa på den måten.

Empirien refererer til fortida og kan brukast som argument mot at der skal komme noko nytt og betre. Slik verkar den øydande styggedomen. Korleis er det mogleg? Ved at folk manglar rasjonaliteten, så dei ikkje innser og forstår korleis noko nytt og betre kan realiserast i deira liv, med fredelege metode.

Gud skapte mannen av mold frå marka og sette han til å dyrke og verne Edens hage. Så skapte han kvinna av sidebeinet hans, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Kvinna vart forførd og fekk med seg mannen på det. Men Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, i følgje Paulus er han den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Dette har det vorte protestert imot og slik kuttar dei ut rasjonaliteten. Slik vert menneska framtilte som dumme og vonde og hensikta med det er å argumentere for diktatuer. Det er nok hensikta med denne såkalla forskinga som dei har drive med på samfunnsfag og/eller humanioria, religionsforskinga, kvinneforskinga og kjønnsforskinga, lausrive frå realfag. Det er med empiriske metode som avviser mannens rasjonalitet, vit og forstand og dersom dei verkeleg skal prøve å få makt med slike metode, blir det tydelegvis med å bruke vold og tortur som metode. Ja, så vil dei kanskje endåtil kalle det forsking? Dette blir nok oppfatta som ironi, men i mange diktatur er det realiteten.

Paulus lærer oss at ved trua på Kristus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Då skal vi også la Anden råde i vår døyelege lekam. Vi må vere førbudde på at verda og den gamle vonde naturen vil opponere mot Anden og protesten mot Paulus si lære har verka nettopp slik. Dette handlar først og fremst om å dyrke hjertets jord og dernest om å dyrke jorda. Og ein mann treng sjølvsagt å bruke makt til å dyrke jorda. Soleis handlar det om å gjere eit arbeid, praktisk eller teoretisk, til gagn for seg sjølv og sine næraste og gjerne for andre også. Hans primære interesse er sjølvsagt å gjere eit arbeid til gagn for seg sjølv og sine næraste. Og det var no nettopp det kona hans skulle hjelpe han med. Han får barn med henne og i familien har dei omsorg for kvarandre og for borna sine.

Når ein mann gjer eit praktisk arbeid, brukar han makt på den fysiske naturen. Det kallar dei den vonde naturen, med religiøs overtyding og det til tross for at han søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Han vert fylt av Anden og skal la den råde i sin døyelege lekam, også når han gjere eit praktisk arbeid og soleis brukar makt på den fysiske naturen. Dei opponerer med si moralisering og religiøse overtyding, men det er då nettopp det som er den gamle vonde naturen, i følgje Paulus. Naturleg nok vil ein mann gjere eit arbeid til gagn for seg sjølv og for kone og born, men dei motarbeider han så han ikkje får seg kone og born og når han vil gjere eit arbeid, motarbeider dei han. Dei sel folket som slavar og lesser tunge byrder på dei. Dei protesterte mot at kvinna skulle vere ei hjelp for mannen, men kva var alternativet? Det var at ho med den gamle vonde naturen skulle motarbeide mannen i staden. Dei hadde ei anna hensikt med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det var å drive djevelskap.

Galilei takka Gud for dei vitskaplege sanningane han hadde oppdaga og sa han trudde det ikkje fanst noko voldsomare hat i heile verda enn uvitskapens hat mot vitskapen. No har det vorte klart at biologien og utviklingslæra høver med Bibelen, vel og merke med si avgrensing, for menneska er med sin kunnskap avgrensa, vi er ikkje liksom Gud, det er likevel han som har skapt det heile og som framleis gjer sitt verk med oss. For nokre tiår sidan godtok den Katolske Kyrkja soleis utviklingslæra. Men i Noreg vert denne tanken møtt med hat og motstand både mot evangeliet og mot biologien. Det er den gamle vonde naturen som strir mot det som er sant og rett, det han Gaml-Eirik sjølv som står bak.

   Realfag og kristendom.

 

Bibelens røyndomssyn.

Bibelen gir meg det røyndomssynet at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, så vi kan forstå den utifrå usynlege teoriar. Det skulle vel høve bra med realfag.

Den fortel også at Gud handla i historia og skapte slik også. Han let store rike oppstå med sine mektige herskarar. Dei forstod ikkje at det var han som gjorde sitt verk. Dei hevda det var dei som gjorde sitt verk og så prøvde dei å gjere seg sjølv liksom Gud. Då straffa han dei og let dei og rika deira gå til grunne. Slik forklarar Bibelen det, det er historia som gjentek seg.

Israelsfolket fekk Moselova og i den åtvara Gud dei. Likevel vende dei seg bort frå han og vart straffa for det. Lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Kristus. Så no må vi vel lære å forstå.

Realfag og kristendom har det til felles at metodene er fredelege.

Mange har undra seg over kvifor den nye naturvitskapen ikkje vart oppdaga før og mange framstiller det som om empirismen var det nye og det store og så kritiserer dei maktutøvinga som kom som følgje av rasjonaliteten. Men empiri har no menneska hatt til alle tider og dei har utøvt makt både til å dyrke jorda og til å føre krig. Det er ikkje noko nytt. Men det nye var rasjonaliteten både i Bibelen og i Antikk filosofi. I den historiske samanhengen var det spesielt viktig at kristendomen gjekk fram med fredelege metode, for slik fekk menneska fred og ro til å utvikle rasjonaliteten og bruke den til å granske og forstå naturen betre. Så kristendom og realfag har det til felles at menneska vert overtyda om kva som er sant og rett ved fredelege metode.

Eigentleg må vi utøve makt for å leve, å gjere ei handling er å utøve makt. Men vi kan no tenke oss om for å utøve makt på ein god og konstruktiv måte. Og så bruke språket til å kommunisere for å få til eit konstruktivt og nyttig samarbeid. I følgje Bibelen er vi feilbarlege, men den lærer oss opp til å leve rett. Slik er rasjonaliteten i Bibelen. Den vert ikkje avsanna av om vi gjer feil, nåden og sanninga kom ved Kristus, sanninga set oss fri, vi vert frelst og fri ved erkjenning av sanninga. Den lærer oss å leve rett og den gjer oss også i stand til det.

I realfag granskar vi den fysiske naturen ved å vere passive tilskodarar, då er det viktig at vi ikkje påverkar den på nokon måte. Men vi brukar rasjonaliteten i matematikken til å prøve å forstå korleis den verkar. Slik er grunnforskinga. I meir anvendt forsking brukar vi både rasjonaliteten og resultata frå grunnforskinga til å konstruere nok, enn om vi kan konstruere og produsere noko som er nyttig for oss. Soleis er det maktutøving.

Rett nok seier biologien at livet er ein kamp for tilværet og det er ikkje alltid fredeleg. Hanndyra kjempar om hodyra og det kan ende med drap. Rovdyr lever av byttedyr og det er ein kamp på liv og død. Men biologien som fag har vorte utvikla ved fredelege metode og det forklarast biologisk ved at menneska som livsform står over dyra.

Eit hanndyr og eit hodyr av same art formeirer seg og då forstår dei no at det er i deira eigne felles interesse. Soleis har dei også utvikla ei viss omsorg for avkommet, hos pattedyra er den omsorga mest utvikla og mellom pattedyra er den mest utvikla hos menneska. Kristendomen og biologien som fag er samde om det.

Mange menneske har bidrege i utviklinga av realfag og dei vert rettmessig æra for det. Likevel er det framleis Gud som handlar i historia, så eg ærer og takkar han for det. Eg har søkt samfunn med han på evangeliets medan eg har studert realfag, så det har ikkje vore berre ved at eg har gjort mitt verk, men det har vore ved at han har gjort sitt verk med meg og med oss.

Sidan eg var ung har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur framleis han vil gi meg det. Han har gang på gang minna meg om å sjå på han og slik innser eg at det er han som gjer sitt verk med meg og med oss. Eg skal lovprise han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Så eg trur framleis han gir meg ei kone ved at han frelser henne som kona mi.

Reella og kyrkja som er Jesu brud.

Sjå på Jesus.

Eg søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling. Så byrja eg å studere realfag. Gud er ånd og eg levde i samfunn med han og det vart som når Peter gjekk på vatnet. Han såg på bylgjene som gjekk høgt og byrja å synke. Men han måtte vende seg til Jesus og be han frelse han, han måtte sjå på han. For meg vart dei politiske og religiøse maktinteressene som stormen og bølgjene som gjekk høgt. Men eg måtte vende meg til Jesus og sjå på han. Eg hadde bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og han var den som tok seg av mi sak. I tru og tillit til han kunne og skulle overlate det til han og det måtte eg nytte meg av, for å få fred til å konsentrere meg om studiane. Eg måtte la Jesus leie meg i studiane, med å setje opp studieplan også, det burde nok ha fungert betre.

Snakke med Jesus.

På slutten av 1980-talet studerte eg realfag i Oslo og hausten 1988 oppdaga eg henne Reella. Ho studerte biologi. Det burde nok eg også ha byrja med då, også for å komme i kontakt med henne og så ta praktisk pedagogisk undervisning. Nokre år seinare kjende eg meg einsam og forleten i Oslo. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og no var det henne Reella eg tenkte på. Då var det no ganske klart at eg kjende det som viktig for meg å få møte henne igjen og snakke med henne. Eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og Jesus sa til meg at eg skulle snakke med han. Om eg ikkje får snakke med ei kvinne for å fri til henne, så får eg snakke med han i staden, det som eg har på hjertet og som eg vil seie til den kvinna som eg vil fri til, det får eg komme til han med og seie til han i staden og det som eg gjerne vil spørje henne om, ved å fri til henne, det legg eg fram for han i bøn. Han frir til kyrkja som er hans brud og når han frelser henne, blir ho med i hans kyrkje, då kjem ho inn i dette kjærleiksforholdet til han, som hans brud, han frir til henne og ho svarar ja på hans frieri og svarar på hans kjærleik med kjærleik. Han tek seg av mi sak og då blir det som om han frir til henne for meg.

Jesus er vegen eg har å gå og døra eg har å gå gjennom. Metoden er helging.

Jesus sa eg skulle sjå at han har sett fram for meg ei open dør, der eg er kalla til å gå inn. Eg forstod det slik at det var på biologibygget på Blindern. Jesus er sjølv døra inn til sauene, slik er han døra inn i den kristne kyrkjelyden, ja, men han kan reise opp sin kyrkjelyd kvar som helst, uavhengig av korleis menneske vil styre og organisere. Han er døra inn i himmelen og det er den døra vi brukar. Han er vegen til Faderen, vegen til livet og porten til livet. Vi vel å gå den vegen og gå gjennom den porten. Då er det ikkje slik at målet helgar middelet, men metoden for å nå målet er helging.

Gjere bruk av Guds kraft, frelsekrafta. Guds kjærleik er at han frelser oss for æva og gir oss evig liv.

Jesus sa eg har lita kraft, men han har sett framfor meg ei open døra, slik har han gjort si kraft tilgjengeleg for meg. Det er frelsekrafta. Så eg skal bruke den altså. Korleis? Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og då blir det altså på den måten at han frelser henne som kona mi, så eg forstår det slik at han har gjort si kraft tilgjengeleg for meg, så eg får og skal gjere bruk av den nettopp til det. Det må då vere ganske enkelt ved at eg opnar meg for den i tru og gjer bruk av den, for eigentleg er det då han som frelser og det er hans kraft. Så høgt elska Gud verda, at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Så Guds kjærleik er at han frelser oss for æva og gir oss evig liv. Og det er då nettopp den kjærleiken som er så viktig for meg, så eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone.

Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska, slik fekk eg eit personleg kjennskap til han, så han vart min beste venn. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be gi meg ei frelst jente til kjæraste og ei frelst kvinne til kone. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom han og hans brud var født i med ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med. Når eg byrja å studere vart litt rart for meg å tenke på at han som eg rekna for å vere min beste venn når eg var ein liten gutunge, står ved Faderens høgre hand og har fått all makt i himmelen og på jorda.  Når eg oppdaga henne Reella og byrja å be for henne, sa Jesus til meg at slik som han hadde vore for meg, ville han vere for den som eg bad for. Så ho også får tenke som so at han har vore hennar beste venn frå ho var ein liten jentunge. Ho får tenke som so at han er Herren hennar brudgom og Herren hennar ektemann. Han er ein mann som elskar henne fordi ho er ei kvinne og det gjer han rett i, for han er fullkommen og gjer ingen feil.

Jesus sa eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Han sa han ville legge ein ny pris til min pris. Eg lovprisar han som min frelsar og Herre. Eg trur han gir meg ei kone ved at han frelser henne også, som kona mi, så ho også vil lovprise han som sin frelsar og Herre. Slik trur eg Jesus ville legge ein ny pris til min pris.

Matematikken og trua på ein usynleg rasjonalitet som eksisterer.

Når eg gjekk i sjuande klasse, første året på ungdomsskulen altså, vart det klart at eg hadde spesielt gode evner i matematikk. Når eg tok eksamen filosofikum ved Universitetet i Bergen, oppdaga eg Pascals og Descarts rasjonalitet. Dei var store matematikarar. Descart trudde på det fullkomne og forklarde at det ikkje er avhengig av det som vi ser og sansar rundt oss. Han sa: «Eg tenker, altså er eg.» Det kunne han vere mest sikker på, sikrare enn det han såg og sansa rundt seg. Det fortel noko om matematikken, men det høver også med den kristne trua og det var nok nettopp den han gav uttrykk for på denne måten.

Men eg vil presisere at vi får den Heilage Ande ved trua på Kristus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Den herleggjer Kristus for oss, som vår frelsar og Herre. Han gjer Faderen kjend for oss. Faderen er fullkommen, Kristus er fullkommen og den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt. Ved den openberringa som Anden gir oss, får våre hjarto opplatne augo, så vi ser kva Gud gir oss og kva han kallar oss til.

Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme…

Vona om Guds herlegdom gjer meg ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i mitt hjarte ved den Heilage Ande som er meg gitt (Rom.5,5).  Så eg elskar fordi Gud elska meg først. Eg kan frå djupet av mitt hjerte seie at eg elskar Jesus, fordi han elska meg først. Den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i meg. Eg trur Jesus gir meg ei kone ved at han gir ånd og liv til henne også og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen og eg trur eg får oppleve det i hitt hjerte. Jesus elskar meg og han elskar henne gjennom meg og det er himmelsk salig og herleg.

Jesus vil legge ein ny pris til min pris.

Jesus har sagt at han vil legge ein ny pris til min pris. Han har sagt eg skal lovprise han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Det er at han gir meg ei kone og det er ved helging, det er ved at eg lovpriser han for frelsa og gleder meg i Herren, så det er ved at han frelser henne også, han frelser henne som kona mi.

Eg takkar Gud for at han har skapt alle ting og at han har skapt meg og så lovpriser eg Gud og Lammet for frelsa. Eg lovpriser Gud og Lammet med vitet, så eg lovpriser Gud og Lammet også for det eg har fått lære av realfag og med det eg har fått lære av realfag. Eg har fyrst og fremst studert matematiske realfag og tenker meir slik som Descartes, at eg trur på det fullkomne, som er usynleg, liksom usynlege idear og teoriar, men trur og hevdar at det likevel eksisterer. Slik er det også med den lovsongen Gud har lagt ned i meg ved den Heilage Ande.

Jesus har sagt han vil legge ein ny pris til min pris og det trur eg er ved at han frelser ei biologidame og gir meg henne til kone. Biologien er mellom dei mindre matematiske realfaga, men eg brukar logikken på Bibelen og på den openberringa Gud gir meg ved sitt Ord og sin Ande, eg tilber Gud i ånd og sanning og soleis tenker eg logisk utifrå sanninga i Guds Ord.

No er det 32 år sidan eg oppdaga henne Reella og det verkar ikkje særleg fornuftig av meg framleis å tenke meg at eg skal få henne til kone. Kanskje eg kan få meg ei kone som har doktorgrad i biologi. Då er ho utdanna til å vere forskar og har dermed mykje meir ho skulle ha sagt i Akademiet. Då er ho betre rusta til å hamle opp med denne humbugforskinga som dei har drive med og denne kvasivitskapen som dei har utvikla på andre fakultet.

Jesus har sagt han vil gi meg hjelp slik som han ser det er best for meg. Eg skal søke han av heile mitt hjarte. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Vi må verte sterke i Herren og i hans veldes kraft, for vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot makter og myndigheter, mot verda sine herskarar i dette mørket, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. Derfor må vi ta Guds fulle rustning på.

Jesus har sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør, slik har han gjort si kraft tilgjengeleg for meg. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, så vi som trur skal verte styrka av den krafta. Så eg skal gjere bruk av den altså, slik at eg sjølv vert styrka av den og slik at ho som Gud gir meg til kone også vert styrka av den, så eg får oppleve at Gud kjem meg til hjelp med si kraft og slik gir han meg hjelp i form av ei kone. Slik har eg tenkt om henne Reella og no verkar det for meg som om det er berre henne eg kan tenke slik om, som om det er den einaste aktuelle moglegheita. Og kvifor det? Alt gjorde Gud fagert i si tid, sjølv æva la han ned i menneskehjarta. Menneska kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.

Fork.3, 9 Kva vinning har den som arbeider,
        av alt sitt strev?
    10 Eg såg det plagsame strevet
        som Gud har gjeve menneska.
    11 Alt skapte han fagert i si tid.
        Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
        Men dei skjønar ikkje det verk
        som Gud har gjort frå fyrst til sist.
    12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
        enn å gleda seg og gjera vel i livet.
    13 Men når ein mann får eta og drikka
        og vera lukkeleg i alt sitt strev,
        er det òg ei gåve frå Gud.
    14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
        varer til evig tid.
        Ikkje kan ein leggja noko til,
        og ikkje kan ein ta noko ifrå.
        Gud har laga det så
        for at menneska skal ha age for han.
    15 Det som er, har eingong vore,
        og det som skal henda, har hendt før.
        Gud tek fram att det som kvarv.
    16 Elles såg eg under sola:
        Der retten skulle rå, var vondskap,
        på rettferds stad var gudløyse.
    17 Då tenkte eg med meg:
        Det er Gud som skal døma
        både rettferdige og vonde.
        Han har fastsett ei tid
        for kvart tiltak og kvar gjerning.

Eg følte at eg kunne ikkje gløyme henne og det føler eg framleis, eg meiner det var ikkje berre noko eg følte, men noko eg opplevde ved at Gud la æva ned i mitt hjerte, han gjorde sitt verk i mitt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande. Gud elska verda så høgt at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Så Guds kjærleik er at han frelser oss for æva og gir oss evig liv. Eg fekk oppleve at han elska henne gjennom meg og det ynskjer eg å få oppleve meir av. Å få oppleve at Jesus elskar henne gjennom meg, er himmelsk salig og herleg. Eg vonar ho vil svare han med kjærleik, glede seg i Herren og lovprise han for frelsa. Så dyrkar vi hjertets jord og den fysiske jorda med kjærleik, ho vert til hjelp for meg, med å dyrke og verne Guds hage.

 

Det mekanistiske verdsbildet har si avgrensing, men realfag, liberalisme og evangelisk kristendom er OK fundamentalisme.

I mekanikken vert rørslene til dei fysiske tinga forklart med Newtons lover, heilt ned til atom. Det som skjer er deterministisk. I det mekanistiske verdsbildet vert tenkinga og talen vår også forsøkt forklart slik, så det også er deterministisk. Menneska vart sett på som atom som skubba bort i kvarandre og som soleis inngjekk i eit samfunn. Det vart brukt til å forklare korleis eineveldet vart til. Sjølvsagt måtte dei bruke språket til å kommunisere, for å etablere styresmakta, men det er klart at då var det dei som hadde makt, som hadde noko dei skulle ha sagt. Kva folk lengre nede i samfunnslaga, tenkte, meinte og ville ha sagt, hadde lite å bety. Dette finn vi igjen i den filosfiske retninga Kant, Hegel, Marx ….

Sjølv om Newton utvikla mekanikken, betyr det ikkje at han heldt seg til det mekanistiske verdsbildet. Når han skreiv «Principa Mathematica», så var ikkje tenkinga hans deterministisk, men den var logisk deduksjon. Metoda i den nye naturvitskapen er hypotetisk deduktiv. Å stille ei hypotese er å byrje med ein ny tanke. Å byrje med ein ny tanke er noko som vi stadig gjer, vi er fri til å velje å byrje med ein ny tanke. Slik er vi fri til å velje, så eg ser ikkje nokon grunn til å diskutere om vi har ein fri vilje, sjølvsagt har vi det. Det vi heller bør tenke på, vurdere og kanskje diskutere, er om vi gjer gode val.

Liberalismen er atomistisk ved at den ser på mennesket som eit atom, det er fritt og sjølvstendig. Og som sjølvstendige individ går vi saman i eit samfunn, så til ein viss grad vert vi sosialiserte. Og det er sjølvsagt ved at vi brukar språket til å kommunisere. I eit fredeleg og fritt samfunn er det då ikkje slik at vi går og skubbar bort i kvarandre som nokre atom, til dess vi finn vår plass i samfunnet. Likevel har innvendinga vore at dersom vi er autonome, korleis kan vi då vere sosiale, korleis kan vi utvikle språk. Det er heller slik at menneska er fødde sosial, som for små born treng vi omsorg frå foreldra. Så vert vi meir sjølvstendige når vi vert vaksne.

Ja, men det atomistiske samfunnssynet betyr at mennesket er sjølvstendig og autonomt heime med seg sjølv og så går vi ut og er sosiale. Det er gagnleg til å gjere oss klartenkte og gjer oss i stand til å tenke sjølvstendig. Jesus sa vi skulle gå inn i løynkammeret vårt og be til Faderen som er i det dulde og Faderen som ser i det dulde, skal løne deg opp i dagen. Vi skal kle oss i Guds fulle rustning og så skal vi gå ut og vitne om Jesus.

Men i kvantefysikken er det annleis. Elementærpartikkelen og bylgjefunksjonen er to sider av same sak. Utviklinga er i følgje bylgjefunksjonen deterministisk, men ved kollaps av bylgjefunksjonen gjer naturen eit val og det er ikkje deterministisk. Bylgjefunksjonen gav berre sannsynet for dei ulike moglege vala. For elementærpartikkelen betyr kollapsen av bylgjefunksjonen at den får ein ny formel, ein ny fasong. Dersom tankane våre er elementærpartiklar, så må det vel vere som bylgjefunksjon. Så kan kollapsen av bylgjefunksjonen betyr at vi resonnerer ferdig og avsluttar den tanken. Og så byrjar vi å tenke nytt. Eg har av og til lurt på korleis vi kan ha plass til å hugse så mykje og ha så mange tankar og idear i hjerna, men kanskje mange-verdener-teorien gjeld eigentleg bylgjefunksjonen, så kanskje den kan brukast på tankane våre?

La oss tenke oss at nokon påstår at vi består av atom og dei rører seg deterministisk etter meknikkens lover. Og så brukar dei det som argument mot våre tankar og idear. Då er det usakleg. Det kan samanliknast med at vi har tankane våre nedskrivne på papir, i bøker, blad og aviser og på computer. Så påstår nokon at tankane og ideane våre er berre papir, blekk, trykksverte, harddisk og computerskjerm. Og så brukar dei det som argument om tankane og ideane våre. Det er usakleg.

Eit atom består av elementærpartiklar, partikkelnaturen viser seg ved kollaps av bølgefunksjonen, men det er ikkje noko argument mot at partikkelen har bølgenatur og bylgjefunksjonen er som ein ide vi ikkje ser og sansar utan at den kollapsar, i alle fall i våre sanseorgan. Då gjer elementærpartikkelen eit val og det vert avgjerande for den nye bylgjefunksjonen som den får. Men den har heile tida ein bylgjefunksjon. Så partikkelnaturen er ikkje noko argument mot bylgje-eigenskapen, at partikkelen har ein slik «ide». Då er vel ikkje partikkeleigenskapen noko argument mot at vi skal ha tankar og idear heller?

Vi trur at Jesus er Guds Ord, han er brødet som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv. Det Ordet han har tala til oss er ånd og liv, han gir oss ånd og liv frå himmelen. Ved trua smeltar Ordet saman med oss i våre hjarte. Så det får konsekvensar for våre liv på jorda. Det må vel vere ved at det får betydning for bylgjefunksjonen i kroppen vår. For Gud er ånd og han gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Gud er som ein bonde og hans Ord er som såkorn som han sår i våre hjarto og i verda. Det spirer og det veks og ber grøde for bonden.

Kvantefysikk.

Klassisk er lyset elektromagnetiske bylgjer. Det vart påvist ved å sende lyset gjennom smale spalter, då fekk vi interferens bak spaltene. Men kvantemekanisk er det også lyspartiklar, foton, med diskret verdiar av bølgelengde og frekvens og med det får vi kvantisering av energi og moment. I kvantefysikken vert elementærpartiklar med masse forstått som eit massefelt som vert beskrive ved bølgefunksjonen, men den gjeld for masselause partiklar også. Bylgjenaturen vert påvist ved liknande interferensforsøk som vart gjort for lyset, med enkeltspalte og dobbeltspalte.

Heisenbergs uskarphetsrelasjon, ei presisering.

Når eg studerte kventefysikk var der ein førsteammanuensis som sa at Heisenbergs usikkerhetsrealsjon ikkje var måleusikkerheit, det var fysikken som var slik, så vi burde kanskje heller kalle det Heisenbergs uskarphetsrelasjon, for å presisere det. Nyleg har Don Lincoln lagt ut ein video om det på youtube adressa Fermilab, der han seier det ikkje har noko med måling å gjere. Det høyrest ut som ein sterk påstand, for dersom det er fysikken som er slik, så må det vel gi utslag når vi gjer målingar.

Han tok som døme at vi skulle finne posisjonen til eit elektron ved å sende lys mot det. Sidan det er så lite, måtte bølgelengda til lyset vere liten, for at fotonet skulle kollidere med elektronet, slik at posisjonen vart bestemt presist. Lita bølgelengde betyr høg frekvens og stort moment, så kollisjonen vart kraftigare. Derfor vart momentet til elektronet meir usikkert. Han innrømte at i byrjinga vart det undervist slik, men det var heilt feil, dette er måleusikkerheit og har ingen ting med Heisenbergs uskarpheitsrelasjon å gjere.

Men vi kan også tenke oss at partikkelen vert reflekterte att og fram mellom veggane i eit rom, er avstanden a eit heilt tal av bylgjelengder, får vi ståande bylgjer med ei bestemt tal av bylgjelengder, til samanlikning med at ein gitarstreng gir ein bestemt tone. I kvantefysikken treng det ikkje vere fysisk synlege vegger, men det må vere eit potensial, så vi kallar romet ein potensialbrønn, brønn-veggane er potensialsperrer. Den bestemte bylgjelengda betyr at momentet er eksakt, det skifter berre forteikn når partikkelen vert reflektert. Då er også frekvensen og energien eksakt. Slik får vi atom-orbitalar med bestemte diskret energinivå. Den smalaste potensialbrønnen vi kan ha, har ei breidde a= λ/2, der λ er bylgjelengda til materiebylgja. Då får vi ein enkelt bylgjetopp, det fekk vi også ved superponeringa. Er spalta smal, må λ vere liten, det betyr stort moment, men i y-retninga, og høg frekvens og stor energi. Men partikkelen smett raskt gjennom, så då trengst der vel ikkje verte etablert ståande bylgjer?

Heisenbergs uskarpheitsrelasjon følgjer eine og aleine av bølgjefunksjonen. Dersom bylgjelengda og frekvensen er presist bestemt, så har bølgjefunksjonen ei bestemt bylgjelengde λ og frekvens ν, den er ein sinusfunksjon som strekker seg frå minus uendeleg til pluss uendeleg. Svinginga gjentek seg over heile linja og vi veit ikkje kvar den er, men energien er E = hν og momentet er p = h/λ, det er presist bestemt. Her er h Plancks konstant. Skal vi kunne få informasjon om kvar partikkelen er, må vi ha superponering av bylgjefunksjonar med ulike bylgjelengder. For å få ein bylgjefunksjon med ein smal bylgjetopp, må vi superponere mange bylgjefunksjonar med ulike bylgjelengder, fleire dess smalare bylgjetopp.  Bylgjetoppen fortel kvar vi sannsynlegvis finn partikkelen, så posisjonen vert meir presis dess smalare den er. Men bylgjetoppen var superponert av mange bylgjefunksjonar med ulike bylgjelengder og derfor veit vi dess mindre om verdien for energien E = hν og momentet p = h/λ.

Sender vi partiklar mot ei smal spalte, får vi ein slik bylgjetopp i spalta og bylgjefunksjonen bak spalta fortel sannsynet for kvar partikkelen vil hamne på ein skjerm bak spalta. Er det til dømes eit foton, så er bylgjelengda, frekvensen, energien og momentet er like presist bestemt for det.  Men partikkelen gjekk i x-retninga og spalta låg vinkelrett på den, i z-retninga. Y-aksen ligg vinklerett på både x-aksen og z-aksen, så breidda av spalta vert Δy og det er den som inngår i Heisenbergs uskarpheitsrelasjon her, saman med komponenten av momentet i y-retninga, vi kan kalle det Py. Heisenbergs uskarpheitsrelasjon vert då:

Δy * ΔPy ≥ h

I y-retninga får vi ei superponering av bylgjefunksjonar som resulterer i ein bylgjetopp som er smal nok for spalta, det vert også kalla ein bylgjepakke.

Veit vi at partikkelen gjekk gjennom spalta, kan vi kalle det ei måling, men no kallar dei det kollaps av bølgjefunksjonen, det må då vere den tidlegare bylgjefunksjonen, for bylgjetoppen er då også ein bylgjefunksjon, vi kan kalle den Ψ1. Har vi ei dobbeltspalte  så får vi ein bølgjefunksjon bak den også, så vi kan kalle den Ψ2. Bak spaltene får vi interferens, så vi får ein ny bylgjefunksjon: Ψ =  Ψ1 +  Ψ2, ved superponering altså. Men gjer vi ei måling som viser kva spalte partikkelen for gjennom, til dømes spalte 1, så kollapsar Ψ og vi sit igjen med berre Ψ1. Og det er kollapsen av bylgjefunksjonen som er så ubegripeleg. Med meir sofistikerte eksperiment med dobbeltspalte, har det vorte berre meir og meir merkeleg og ubegripeleg. Dei får det ikkje til å stemme med Schrødingers likning og det er då den generelle bylgjefunksjonen.

Men dersom bylgjetoppen kan forståast som superponering av bylgjefunksjonar, så får vi vel samsvar likevel då? Heisenbergs uskarpheitsrelasjon er så fundamental som bylgjefunksjonen sjølv, så den er ikkje avhengig av om vi gjer ei måling eller ikkje. Men gjeld den når vi gjer ei måling, så må den vel få betydning for målinga også? Ved målinga kollapsar bylgjefunksjonen, så dermed kollapsar vel Heisenbergs uskarphetsrelasjon også? Og det er denne kollapsen som er så ubegripeleg. Men kollapsen betyr berre at den får ein ny formel og det skjer momentant, så ein kvar elementærpartikkel har ein bylgjefunksjon heile tida.

I læreboka mi vart uskarpheitsrelasjonen forklart slik at vi kan ikkje måle verken  posisjonen eller momentet til ein elementærpartikkel utan å forstyrre rørsla til den og det er det som skjer når partikkelen går gjennom den trange spalta også, den forstyrrer feltet som den er assosiert med og derfor påverkar den rørsla til den, så vi får diffraksjonsmønster på ein skjerm bak spalta.

Kva vi består av?

Vi består av mold frå marka og den består av atom og molekyl.

I 1.Mos.2 vert det fortalt at marka var tørr og livlaus, men så vella der opp ei oppkome som vatna den. Så skapte Gud mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Men etter syndefallet stengde han dei ute frå Edens hage, så dei ikkje skulle få ete av livsens tre. Han sa til mannen at han var mold og til molda skulle han attende.

No veit vi at vi består av komplekse molekyl som er oppbygde av mindre molekyl og atom frå marka. Vi ernærer oss av meir komplekse molekyl enn det som er i marka, vi et då ikkje mold. Dei komplekse molekyla vert nedbrotne i fordøyinga og i forbrenninga og så skjer der også ei oppbygging av komplekse molekyl i kroppen.

Ormen skulle få mold å ete, men tek vi dette bokstaveleg, så veit vi då at krypdyra ikkje lever av mold, ormen var den sløgaste av rovdyra og vi veit då kva rovdyr lever av. Så sa Gud til mannen at han er mold og til molda skulle han attende. Vi må forstå det som motsetnad til Gud som er ånd. Gud hadde gitt han ånd og liv, men det skulle det altså verte slutt på.

Vi består av kvarkar og lepton. Men kva med bylgje-funksjonen?

Fysikaren Sean Carroll har ei heil drøss av vitskaplege og populærvitskaplege foredrag på youtube i tillegg til diskusjonar som han har teke del i, eg vil heller kalle det samtalar, for fysikarane er då samde om det meste og det som ligg i forskingsfronten er slikt som dei ikkje kan vere så heilt sikre på, dei har sine hypotesar og teoriar som dei arbeider med.

Ein gong sa han at atoma består av kvarkar og lepton, så det er det vi består av, så vidt vi veit til no, er det alt vi består av, så vidt vi veit er der altså ikkje noko evig liv. Med den påstanden vende han seg tydelegvis til prestar og kristne leiarar.

I eit intervju vart han spurt om kva han meinte var det mest fundamentale og då svarde han at det var bylgjefunksjonen i eit Hilbert-rom. Kva så med kollapsen av bylgjefunksjonen? Han meiner at eigentleg kollapsar den ikkje, det som skjerer at partiklane vert meir eller mindre samanfiltra og det prøver han å forklare med superponering av bylgjefunksjonar.

Ja vel, men kva skjer når vi får eit diffraksjonsmønster på ein skjerm bak ei spalte eller ei dobbeltspalte. Det vert gjort ei måling for å finne posisjonen til partikkelen og det viser seg at sansynet for å finne den i ein posisjon er lik kvadratet av amplituda til bylgjefunksjonen. Det som skjer kan faktisk beskrivast slik at partikkelen vel kvar den vil hamne, men sannsynet for kva den vel er gitt ved bylgjefunksjonen. Det er ubegripeleg ja, men det er fakta, det er det vi kan seie vi veit til no. Det vert kalla kollaps av bylgjefunksjonen, ja, for når der soleis vert gjort eit val, så er dei andre vala, gitt ved amplitudene andre stadar på bylgjefunksjonen utelukka. Mange fysikarar, inkludert Sean Carroll, hevdar og meiner at kollapsen av bylgjefunksjonen betyr at kvantefysikken ikkje er fullstendig, dei meiner dei som fysikarar bør klare betre, dei bør kunne føreseie kva som skjer utifrå bylgjefunksjonen eller ein betre teori. Men det er då ikkje fakta.

Vitskapsfolk diskuterer kva bevisstheita er.

Schrødingers katt og mange-univers-teorien. Tingen i seg sjølv og fri vilje.

Schrødingers katt er eit tenkt eksperiment der eit radioaktivt element kan sende ut ein elementærpartikkel. I så fall blir det slept ut giftgass i ei boks der det er ein katt, så katten døyr. Når nokon opnar boksa vil katten vere enten død eller levande. Men i det radioaktive elementet er der to bølgefunksjonar (tilstandar), i den eine eksisterer partikkelen, i den andre eksisterer den ikkje. Og desse bylgjefunksjonane er superponerte. Det er som om partikkelen både eksisterer og ikkje eksisterer samtidig. Så då skulle katten vere både død og levande samtidig. Dette er eit tenkt eksperiment som viser det absurde i kvantefysiken. No er det fleire som byrjar å tenke som so at kvantefysikken verkeleg er så absurd og det er røyndomen, som om katten er både død og levande, men i ulike verdener.

Dobbeltspalte-eksperimentet er eit verkeleg eksperiment og det vert forklart med kollaps av bylgjefunksjonen, at den superponerte bylgjefunksjonen kollapsar. Determinismen ligg i bylgjefunksjonen, men når den kollapsar, verkar det som partikkelen gjer eit val. Etter mange nok val framkjem ei sansynsfordeling som er bestemt av bylgjefunksjonen. Dette er ubegripeleg, men det er fakta. Men no er det fleire som meiner at bylgjefunksjonane som var superponerte held fram kvar for seg i ulike verdener. Men det verkar no endå meir ubegripeleg.

Sean Carroll held seg til ein «mange-univers-teori», at den superponerte bylgjefunksjonen likevel ikkje kollapsar, men at bylgjefunksjonane som den var superponert av, held fram i ulike univers eller verdener. Desse universa kan ikkje vite om kvarandre. Det er som om du eksisterer i eitt univers og eksisterer samtidig i eit anna univers, men det kan ikkje du sjølv vite. Du røyser det or stolen og går i ei retning, men samtidig går du i andre retningar også og er ikkje klar over det. Men kven kan då vite det? Er det kanskje nokon som kan vite det betre enn du sjølv? Då må du i det minste ha lov til å verte skeptisk.

Dette handlar om kva konsekvensar mikrokosmos får for makrokosmos. Mikrokosmos er meir reelt enn makrokosmos, men kven kan vite og forstå skikkeleg kva som skjer i mikrokosmos, vi kan då ikkje sjå det. I universaliestriden var det tale om universalia før tingen, i tingen og etter tingen. Og Immanuel Kant talte om tingen for han, slik som han sansa den, og om tingen i seg sjølv.

Men eit levande individ, eit menneske, er både tingen som vert observert utanfrå og tingen i seg sjølv. Då kan slik kvante-effekt som vi tenkte oss ved Schrødingers katt og som vi observerte i dobbeltspalte-eksperimentet ha betydning for vår tenking og våre handlingar, soleis får det som skjer i mikrokosmos direkte konsekvensar for det som skjer i makrokosmos. Så eg kan seie som so at eg som elementærpartikkel forheld meg til bylgjefunksjonen og då har eg nok å gjere. Elementærpartikkelen forheld seg til bylgjefunksjonen, ja, den er bylgjefunksjonen og kalkuleringa skje automatisk, det er naturen som er slik. Partikkelen gjer eit val og då kollapsar bylgjefunksjonen, det skjer automatisk og momentant og det betyr at bylgjefunksjonen for partikkelen får ei ny form, ein ny formel. Det er ubegripeleg, men det er fakta. At vi har ein fri vilje synest også vere noko som mange «lærde» synest vere ubegripeleg og som dei ikkje vil godta. Men for meg er det ubegripeleg, den beste forklaringa eg har på det er deira behov for å få makt over andre. Men det vi ser og opplever er at vi har fri vilje til å velje. Du vel å røyse deg frå stolen og gå i ei bestemt retning og så gjer du det. Det er dei realitetane vi ser og sansar. I ideverda kan du tenke deg at du går i andre retningar, men då må du likevel passe deg, så du ikkje trakkar feil. Når du pratar med andre menneske kan du byrje å tenke på noko heilt anna og så vert du så åndsfråverande at du ikkje følgjer med på kva som vert sagt. Slik sett har du rett nok fri vilje og det lite og ingen hensikt å diskutere det. Men det spørsmålet som er verdt å stille seg overfor, er om du gjer gode val.

I mange tilfelle har menneska klart å finne matematiske formlar for bylgjefunksjonen. Det kan vel vere at tenkinga, bevisstheta og minnet vårt er bylgjefunksjonen, men då blir det vel rettare å seie at det er koda ved bylgjefunksjonen. Naturen reknar på bylgjefunksjonen, men det skjer automatisk. Vi har eit anna perspektiv, vi tenker på noko anna. Bevisstheita, tenkinga og minnet kan likevel vere ved at elementærpartiklane forheld seg til bylgjefunksjonen, så det er koda ved bylgjefunksjonen, når vi gjer ei handling må tanken og ideen vere koda ved bylgjefunksjonen, for determinismen ligg i bylgjefunksjonen.

Det kan vel vere at tankane og minnet vårt er koda ved bylgjefunksjonen og vi har funne mange matematiske formlar for byrgjefunksjonen og det fortel mykje om korleis tingen er inni. Det er framleis ved å observere tingen utanfrå. Men eit menneske er tingen i seg sjølv, det er eit anna perspektiv, så kva eit menneske hugsar, vel og tenker er og blir ei anna sak. Det er og blir eit spørsmål om kor mykje vi forstår, kor godt vi forstår, kva er verdt å hugse og tenke på, korleis gjere gode val.

Ein kvar er seg sjølv nærast, men poenget er ikkje at ein kvar er seg sjølv nok, men at ein kvar må ta ansvar for seg sjølv og sitt eige liv ved å forstå kva som er godt for seg sjølv og gagnar seg sjølv. Eg er velkommen til å tru og tenke slik at Gud elskar meg sjølv og sjølv om han elskar andre også, er det ikkje slik at han elskar dei i staden for å elske meg. Gud elskar meg i Kristus, derfor elskar eg han. Gud er kjærleik, vi elskar fordi han elska oss fyrst. Vi får oppleve at han elskar gjennom oss. Jesus har då sagt at han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning.

Schrødingerds katt er eit tenkt eksperiment, det er ikkje reelt, denne kontakta mellom mikrokosmos og makrokosmos er ikkje reell. Men det verkar som mange likevel tenker som om den er reell og derfor får vi ein endå meir absurd «mange univers teori». Men i ein levande skapning kan det vel vere at vi han ei slik kontakt og spesielt i eit individ som er bevisst, eit menneske. Og det kan vel vere at det er sjela som er den kontakt eller at det er den kontakta som viser seg i våre sjelelege eigenskapar, til dømes med vår frie vilje.

Kva er så poenget med å tru på Gud? Jau, han lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande, til å gjere gode val, både kortsiktig og langsiktig. Gud er ånd og Gud er kjærleik og vårt beste val er alltid å velje han. Let vi oss forsone med han, på evangeliets grunnvoll, så får vi oppleve at han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Han er den same no som han var då han skapte alle ting ved sitt Ord, han er den same som han var då han skapte elementærpartiklane og som han var då hans Ande sveiv over vatna og han sa at det skulle vere lys og så vart det lys, så når han gjer sitt verk i oss, ved sitt Ord og sin Ande, så er det like fundamentalt. Gud openberrar si frelse for meg i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande, så det får konsekvensar for mitt liv her på jorda. Så på ein eller annan måte må det då få konsekvensar for bylgjefunksjonen i kroppen min. Eg tenker meg at det har seg slik at han har skapt bylgjefunksjonen ved sitt Ord. Så ved trua på Jesus får eg den rette innsikta.

Ved å tru at Jesus stod oppatt får dei døde, vert vi rettferdige for Gud. Ved å sanne at Jesus er Herre, vert vi frelst. Korleis kan dei kalle på ein som dei ikkje trur på? Trua kjem av forkynninga og forkynninga kjem av Jesu ord. Slik vert vi kjende med Jesus, så det vert meiningsfylt for oss å påkalle han. Og han gjer Faderen kjend for oss.

Joh.17, Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
        Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg.  2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.  3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.  4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera.  5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.

I klassisk mekanikk vert matematikken brukt på daude ting, ting som ikkje beveger seg av seg sjølv. Den vert også brukt på levande ting, ting som beveger seg av seg sjølv. Dersom vi veit kva kraft den brukar for å bevege seg, kan vi rekne ut korleis den vil bevege seg. Dersom vi ikkje veit det, kan vi finne det ut i ettertid, ved å måle korleis den har bevega seg. Då er sannsynet i teorien 1, det vil seie at det er heilt sikkert, men i praksis må vi rene med målusikkerheit, så den vert litt mindre enn 1. Denne bruken av matematikk har vorte ein kjempesuksess.

Men dette betyr ikkje at vi kan føreseie korleis levande individ vil bevege seg. Det einaste vi kan gjere er å rekne med sannsynet for korleis dei vil bevege seg, med ei sansyns-fordeling der sannsynet for ei hending ikkje er 1. Vi kan «synse» om det og gamble på det.

Slik er det med elementærpartikklane også. Dei også beveger seg, det vi kan vere heilt sikre på er nettopp at dei beveger seg, så vi får ikkje sannsynet 1 for ein bestemt posisjon, derimot kan vi få sannsynet 0 for ein bestemt posisjon, sjølv om det er svært sannsynleg at den vil dukke opp både på den eine og den andre sida av den posisjonen.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Jesus er Ordet, Gud har ved sin Ande openberra si frelse for oss i han. Når vi får oppleve det i våre liv, så kan det vel vere at det har seg slik at elementærpartiklane i kroppen vår ser sin skapar, for Gud har skapt dei ved sitt Ord, soleis har dei fått ein bylgjefunksjon å forhalde seg til, så det er deira natur.

Livet treng fridom til livsutfolding, for å overleve.

Biologane definerer livet som DNA, arvematerialet altså. Og så trengs der ein cellevegg for å verne det, så den er også ein føresetnad for at vi skal ha liv. Slik vert livet definert med atom og elementærpartiklar.

Men livet treng fridom til livsutfolding for å overleve, det treng å røre på seg og å vekse. DNA-molekylet rører på seg, det formeirar seg og det koder for RNA, som igjen koder for protein, som er byggesteinar i organismen. I ein fleircella organisme samarbeider cellene for at heile organismen skal overleve og samarbeidet inneber også at cellene formerier seg, men nokre av dei døyr bort. Oppbygging av større molekyl og organisering i celler skjer ved superponering og samanfiltring av bylgjefunksjonar, men då skjer vel nedbrytinga ved at bylgjefunksjonane kollapsar og samanfiltreringa vert mindre. Når individet døyr fordi visse celler i kroppen døyr, likevel er der mange celler i kroppen som lever ei stund lengre, før di går i oppløysing og DNA-et vert øydelagt.

Ei celle treng å vere i eit bestemt miljø og den treng livsrom, for å overleve. Dersom du tenker deg at du skal forske på mindre delar av den og du vil gjere det ved å prøve å  bestemme posisjonen på den meir nøyaktig, ved å klemme den saman, så vil du fort komme til å sprenge celleveggen, så den døyr. Forskarar drep både celler og større dyr, for å forske på dei, om ikkje akkurat på denne måten.

Men no talar vi om livet og eg tenker på menneskets liv. Og eg tenker på Paulus sine ord om at bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Det er moralfilosofane som brukar lovens bokstav og «barnelærdomen til denne verda» på denne måten. Det vert også kalla kunnskapens bokstav og eg forstår det slik at når moralfilosofane vil framstille moralfilosofien sin som vitskap og grunngi den med erfaring, for å argumentere for ein politikk, så blir metodene deira slik. Dei innskrenkar menneskets moglegheit til livsutfolding og i mange tilfelle går det så langt at det fører til biologisk død.  

Dei seier og meinar at universet er uendeleg, det er ubegripeleg. Men Gud er også uendeleg, ikkje noko kan avgrense hans Ande. Paulus sa at Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Og Gud har kalla meg til å gå inn i hans dimensjonar, til å gå inn i nye dimensjonar i Anden. Det minner om at i fysikken, til dømes i strengteorien, reknar dei med mange dimensjonar. Vi kan be for nokon som er nær og for nokon som er langt borte og få bønnesvar, til dømes at nokon vert lækt frå ein sjukdom. Det minner om samanfiltra foton. Men det saka gjeld for meg, er at eg har bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kone.

Vi kan også gå nedover i skala og sjå på kva det er som rører seg, heilt ned til nullpunkts-energien. Vel, det er dei ytste elektrona i atomet som gjer at dei reagerer og bind seg saman til større molekyl. Men poenget mitt er at rørslene kan forklarast utifrå Heisenbergs uskarpheitsrelasjon brukt på elementærpartikkelen.

Elektronet er eit lepton og er mykje mindre enn protonet, men har mykje meir plass i atomet. Atomkjerna består at proton og nøytron. Den sterke kjernekrafta må vere enormt sterk, for å halde dei på plass i kjerna.  Dei er kalla nukleon og består av tre kvarkar. Ein kvark har så liten plass at den må ha ei lita bylgjelengde og dermed stort moment, høg frekvens og stor energi. Farta deira ligg tett under lysets fart, då er det klart at «fargekrafta» som held dei på plass, må vere enormt sterk.

I atomet såg vi at den lavaste orbitalen hadde lavast energi, i høgare orbitalar vart energien høgare, men der fekk vi også plass til meir enn ei halv bylgjelengde i breidda. Men på så små skala som nukleon, må bylgjelengda vere liten og frekvensen høg, for å få plass til ei halv bylgjelengde i breidda og derfor vert energien høg.

Så Heisenbergs uskarpheitsrelasjon kan forklarast slik at partikkelen har den eigenskapen at den rører på seg og derfor er det grense for kor nøyaktig du kan bestemme posisjonen på den. Det er ein fundamental eigenskap ved alle elementærpartiklar, både dei som har kvilemasse og dei som ikkje har det. Det betyr også at du kan ikkje føreseie nøyaktig kva posisjon du vil komme til å måle. Målte du posisjonen langs y-aksen nøyaktig, ved at partikkelen gjekk gjennom spalta, så vart også momentet langs y-aksen meir uvisst, derfor kunne du ikkje føreseie posisjonen den ville hamne i. Men etter at mange partiklar har gått gjennom spalta, får du eit diffraksjonsmønster på skjermen bak spalta. Den sannsynsfordelinga er bestemt av bylgjefunksjonen. For den einskilde partikkelen kollapsa bylgjefunksjonen når den traff denne skjermen, men det betyr då berre at den får ei ny form. Det er no slik eg har forstått det og eg ser ikkje nokon grunn til å formulere det annleis.

Dersom bylgjefunksjonen er ståande bylgjer, som for ein partikkel i ei boks, så er det sannsynleg at den vere der vi har ein bylgjetopp, til dømes i posisjon a og b. Men grafen skjer x-aksen i minst ein posisjon mellom a og b, der er sannsynet null, så der kan den ikkje vere. Så den beveger seg ikkje frå a til b gjennom alle mellomliggande posisjonar. Men den «beveger» seg ved å velje å vere i a og så velje å vere i b. Elementærpartikkelen har den eigenskapen at den beveger seg og at den vel, slik som det viste seg ved kollapsen av bylgjefunksjonen. Og eg tenker meg at det er fundamentale eigenskapar ved alt biologisk liv.

Ved kollaps av bylgjefunksjonen kan vi sjå og sanse det fysiske miljøet, oss sjølve og den verda og det universet vi lever i, det er røyndomen. Kjem der noko nytt, i tillegg til det, så må det vere fordi den sanne Gud skaper det.

For å forklare vår fridom til å velje, kan vi samanlikne livsvisdomen med reglane for eit pokerspel, men du får utdelt til dømes 13 kort og du vel fem av dei, for å setje saman ei best mogleg pokerhand. Dersom du ikkje kan og forstår reglane skikkeleg eller du er likegyldig, så gjer du kanskje ikkje det beste valet. Men dersom korta vart lagt oppned på bordet og du måtte trekke fem av dei utan å vite kva du valde, så fekk du ikkje bruke den «livsvisdomen» når du valde. Du har framleis fridom til å velje, men sidan du ikkje veit kva du vel, har du ikkje lenger like stor fridom til å velje det du aller helst ville. Du er framleis fri til å velje, men sjansespelet vert større. No blir det rett nok lettare å sjå kva som er den beste pokerhanda.

Velje å gå vegen som fører til livet.

I det gamle testamentet sa Gud til jødane at han la fram for dei vegen til livet og vegen til døden, vel då livet, så skal de leva. Men dei trudde ikkje på han og kjende han ikkje, synda skilde dei frå han. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, slik gjorde Gud ei ny pakt med dei og i den pakta skulle dei alle kjenne han. Jesus har gjort han kjend for oss.

Joh.14, Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!  2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk.  3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.  4 Og dit eg går, veit de vegen.»
     5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?»  6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.  7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Joh.17, Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
        Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg.  2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.  3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 

Det som er født av Anden er ånd.

Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, slik har han lete oss få vite at vi har den valmoglegheita. Om vi berre gjer det valet og vender oss til han og tek imot han, så vil han openberre meir av kva det valet betyr for oss. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born.

Joh.1, I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.  2 Han var i opphavet hjå Gud.  3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til.  4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska.  5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
     6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans.  7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han.  8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
     9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Joh.3,  3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.»  4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?»  5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd.  7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt.  8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 

Gud er ånd, når han føder oss på nytt, blir vi fødde av hans Ande og det som er født av Anden er ånd. Kroppen er framleis laga av mold frå marka. Men Jesus gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp, så vi vert drivne av den Heilage Ande. Då kan du seie at du har kropp, sjel og lekam, det er det du består av. Eller kanskje du heller vil seie at du er ei levande sjel, du har ånd og du har lekam. Sjela er i Anden og Anden er i kroppen.

Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, så vi skal tilhøyre han og leve for han. Då skal vi leve rett. Om vi feilar, så får vi korreks. Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born, så han oppseder oss og lærer oss opp.

Joh.3, 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Ved tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Det høver med at det mest fundamentale i fysikken er bylgjefunksjonen i eit Hilbert-rom.

I det gamle testamentet sa Gud at han ville gjere noko nytt ved sin Ande.

Sak.4,  6 Då tok han til ords og sa til meg:
        Dette er Herrens ord til Serubabel:
        Ikkje med makt og ikkje med kraft,
        men med min Ande,
        seier Herren, Allhærs Gud.
     7 Kven er vel du, du mektige fjell?
        Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
        Han skal føra fram toppsteinen,
        medan dei ropar:
        «Nåde, nåde vere med han!»
     8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:  9 Serubabels hender har tufta dette huset,
        og hans hender skal fullføra det.
        Då skal du sanna
        at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
    10 Ja, alle som har vanvørdt
        den dagen då det tok til i det små,
        skal gleda seg når dei får sjå
        blyloddet i Serubabels hand.
        – Dei sju, det er Herrens augo
        som fer over heile jorda.

Vi ser og sansar ikkje Gud, hans Ande og hans rike, slik som den fysiske naturen rundt oss. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, så det er av ein annan natur. Likevel opplever vi det i sjel og kropp og det må vel vere ved at det får betydning for bølgefunksjonane og den samla bølgefunksjonen i kroppen vår. Skal det få konsekvensar for denne fysiske verda, så må det vere ved kollaps av bølgefunksjonar i kroppen vår. Vi er gjenstand for det nye som Gud gjer, med sitt Ord og sin Ande, og vi vert med på det, som hans medarbeidarar.

Skaping og gjenføding. Eit nytt menneske, ein ny himmel og ei ny jord.

Gud skaper ved sitt Ord, gjenføder ved sin Ande og let nytt liv spire fram.

Jesaja.11, Ein kvist skal renna or Isai-stuven,
        ein renning skal skyta opp frå hans røter.
     2 Herrens Ande skal kvila over han,
        Anden med visdom og vit,
        Anden med råd og styrke,
        Anden som gjev kunnskap om Herren
        og age for han.
     3 Han skal ha sin hugnad i age for Herren.
        Han skal ikkje døma etter det han ser,
        og ikkje skifta rett etter det han høyrer.
     4 Han skal døma armingar med rettferd,
        fella rettvis dom for dei verjelause i landet.
        Han skal slå valdsmenn med riset i sin munn
        og drepa dei gudlause med anden frå sine lipper.
     5 Rettferd skal vera beltet om livet
        og truskap beltet om hoftene hans.

Jesaja.53, Kven trudde
        det bodet vi høyrde,
        og kven fekk sjå Herrens makt?
     2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
        som ein renning or turr jord.
        Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
        det var ingen hugnad å sjå han.
     3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
        ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
        ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
        vi rekna han for inkje.
     4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
        og våre pinsler bar han.
        Vi trudde han var heimsøkt,
        slegen av Gud og ille plaga.
     5 Men han vart såra for våre brot
        og sundbroten for våre synder.
        Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
        og ved hans sår har vi fått lækjedom.
     6 Vi fór alle vilt som sauer,
        vi vende oss kvar til sin veg.
        Men Herren lét råka han
        det vi alle var skuld i.
     7 Ille medfaren vart han,
        men bar det audmjukt;
        han lét ikkje opp sin munn,
        som lammet dei fører til slakting,
        og sauen som teier når han vert klypt;
        han lét ikkje opp sin munn.
     8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
        Men kven i hans samtid vørde vel det?
        Bortriven vart han or levandelandet,
        for sitt folks brot laut han døy.
     9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
        hjå ein rikmann, då han var død,
        endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
        og det ikkje fanst svik i hans munn.
    10 Det var Herrens vilje
        å knusa han med sjukdom.
        Men fordi han gav sitt liv til soning,
        skal han få etterkomarar og leva lenge,
        og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
    11 Etter all si møde og sjelenaud
        skal han sjå ljos og mettast.
        Og når dei kjenner han,
        skal han, min rettferdige tenar,
        gjera dei mange rettferdige;
        for han har bore deira synder.
    12 Difor gjev eg han dei mange til del,
        og dei sterke skal han få til hærfang,
        fordi han gav sitt liv i døden
        og vart rekna mellom brotsmenn.
        Han tok på seg synda åt dei mange
        og bad for brotsmenn.

Sak.3,1 Høyr no, Josva, øvsteprest!
        Du og embetsbrørne dine,
        som sit framføre deg,
        de er varselsmenn.
        For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
     9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
        på denne eine steinen med sju augo
        ritar eg den innskrift som skal stå,
        lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
        På ein einaste dag vil eg ta bort
        den skuld som kviler på dette landet.

Sak.4, 6 Då tok han til ords og sa til meg:
        Dette er Herrens ord til Serubabel:
        Ikkje med makt og ikkje med kraft,
        men med min Ande,
        seier Herren, Allhærs Gud.
     7 Kven er vel du, du mektige fjell?
        Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
        Han skal føra fram toppsteinen,
        medan dei ropar:
        «Nåde, nåde vere med han!»
     8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:  9 Serubabels hender har tufta dette huset,
        og hans hender skal fullføra det.
        Då skal du sanna
        at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
    10 Ja, alle som har vanvørdt
        den dagen då det tok til i det små,
        skal gleda seg når dei får sjå
        blyloddet i Serubabels hand.
        – Dei sju, det er Herrens augo
        som fer over heile jorda.

Joel.3, Ein gong skal det henda
        at eg renner ut min Ande over alle menneske.
        Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
        dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
        og dei unge skal sjå syner.
     2 Jamvel over trælar og trælkvinner
        vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Ja, Jesus kom til vår jord og Guds Ande kom over han og han forkynte den glade bodskapen til menneska. Han vart dømd som ein forbrytar og krossfesta, døde og vart gravlagd. Han stod opp att og for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, vi får kjenne kreftene av den komande verda. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er den nye naturen og vi får den ved å ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen av berre nåde. Derfor må vi også vende hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen og så sjå på han og kjennast ved han, både for Gud og menneske. For han er trua sin opphavsmann og fullendar, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Så vi har fått ein ny natur og opplever den nye verda allereie no.

Rom.5, 17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! 21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.

Himmel og jord skal forgå, men Gud skaper ein ny himmel og ei ny jord.

Jesus sa at himmel og jord skal forgå, men hans ord skal aldri forgå. Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og han skaper framleis noko nytt og vil skape ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

Matt.24, 32 Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 33 Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra. 34 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

2.Pet.3, Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om  2 det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug.
     3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster.  4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.»  5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn.  6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd.  7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
     8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.  9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.
    11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

Med det perspektivet vi har på universet i vår tid, høyrest dette voldsamt ut, men eit astroidenedslag er nok til at denne profetien går i oppfylling. Så det er nok med området frå atmosfæra ut til astroidebeltet, eigentleg frå jordbana ut til astroidebeltet.

Heb.1,  8 Men om Sonen:
        Din kongsstol, Gud, står i all æve,
        rettferds stav er din kongsstav.
     9 Du har elska rettferd og hata urett;
        difor, Gud, har din Gud salva deg
        med fagnads olje framfor dine frendar.
    10 Og vidare:
        Du, Herre, i opphavet grunnla du jorda,
        og himmelen er eit verk av dine hender.
    11 Dei skal gå til grunne, men du vert verande.
        Dei skal alle eldast som ein klednad;
    12 du rullar dei saman som ei kappe,
        dei vert utskifte som klede.
        Men du er den same,
        dine år tek aldri ende.
    13 Til kven av englane har han nokon gong sagt:
        Set deg ved mi høgre hand
        til eg får lagt dine fiendar
        til skammel for dine føter?
    14 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?

Svarte hol og galaksar. Himlar!?

La oss tenke oss at vi legg fire gulvtepper i ein stabel og brettar dei dubbelt. Så rullar vi dei i hop og set rullen på høgkant og let endane stikke litt ut frå rullen, vi kan henge dei opp, så dei ikkje fell ned. Når vi då ser på rullen ovanfrå, minner det om ei spiralgalakse. Den roterer så armane sleng etter. I det siste har det vorte oppdaga at dei roterer så fort at armane skulle verte avrivne og verte slengde ut i romet. At so ikkje skjer, prøver dei å forklare med mørk masse. Det er ei hypotese som dei har vorte nokså trygg på, men dei anar ikkje kva det er for noko.

På Peters tid visste dei ikkje noko om galaksar. Det som er sagt om himlane her, høver like vel med galaksane. Gud er ånd og hans himmel er ein åndeleg røyndom. Jesus kjem tilbake for å hente sine og seinare ein gong kjem han tilbake med sine. Seinare ein gong kjem der ei ny jord, der dei som tilhøyrer han har tilgang til det nye Jerusalem. Dette kan vi lese om i Johannes Openberring. Ved trua på Jesus får du evig liv, så det verkar som i himmelen får du evig ungdom og så reiser du i tid og rom.

Men i sentrum av dei fleste galakser er der eit stort svart hol og det vil med tida sluke heile galaksa. Så det høver no med det som står skrive her. Dei vert utskifta, vert det sagt. Etter lang tid vil dei svarte hola likevel «fordampe» på grunn av Hawking-stråling. Men det tek ubegripeleg lang tid. Universet er 13,8 milliardar år. Å setje ein null bak betyr ti gangar så lang tid. Men vi må setje omlag 90 nullar til bak, for å få den tida dei svarte hola treng på å «fordampe».

Universet er større enn det vi kan sjå. Om den nye og dei nye himlane kjem i det same solsystemet, ein annan stad i galaksen, i ei anna galakse eller i eit nytt univers, det veit vi ikkje. Men har Gud gitt oss evig liv, kan det vere mykje vi får verte med på, med tid og stunder.

Det er teoretisk mogleg at eit svart hol kan krumme tid-romet så mykje at det når i hop med eit svart hol ein annan stad i universet, så det vert til eit «makke-hol». Om det eksisterer, veit vi ikkje. Men det er ikkje å anbefale å prøve å reise gjennom, for sidan ikkje ein gong lyset kjem ut, kan ikkje noko anna komme ut heller. Det einaste som kjem ut, er Hawking-stråling og det vert forklart med kvantemekanikk. Kjem du ut att som Hawking-stråling, er du temmeleg ugjenkjenneleg. Vert du dregen inn i eit ordinært svart hol med føtene først, vert du dregen ut som spagetti, fordi gravitasjonen som verkar på føtene er så mykje større enn gravitasjonen som verkar på hovudet. Men ikkje dersom det er eit slikt super-massivt svart hol som er i sentrum av galaksane. Det kan rotere og det heng saman med at galaksa roterer, så massen som vert dregen inn mot det går i piruett i ei akkresjons-skive, så dess meir massen vert dregen inn, dess større vert rotasjonsfarta, også når den kjem innom hending-horisonten, så vi ikkje ser den igjen. Men den kan då ikkje gå fortare enn lysfarta. Dette betyr vel at der kan vere mykje masse som enno ikkje har klappa saman, sjølv om den er komen inn i det svarte holet.

Her følgjer nokre kommentarar til nokre av fermilab sine foredrag om dette på youtube.

Jesus talar til oss frå himmelen og kallar oss til seg. Høyrer vi og svarar vi han? Kva svarar vi?

Skapinga og dialektikken.

I 1.Mos.1 er det fortalt at Gud talte og det skjedde. Han skapte mennesket i si likning, til mann og kvinne skapte han dei. I 1.Mos.2 er det fortalt at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Slik vekte han mannen opp til liv i samfunn med seg, så mannen fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk og talte til han. Og når Gud talar sitt Ord, har det den eigenskapen at det skaper, det utfører det som han sender det til. Gud planta hagen og sette mannen til å dyrke og verne den. Det var vedlikehaldsarbeid altså, Gud planta den, men mannen skulle halde den ved like. Så skapte Gud dyra av mold frå marka og så skapte han kvinna av sidebeinet hans, så ho skulle ver ei hjelp som høvde for han. Han skulle dyrke og verne hagen og det skulle ho hjelpe han med.

Men så snakka ormen med kvinna og ho høyrde på han og så høyrde mannen på henne. Og seinare, når Gud gjekk i hagen, gøymde dei seg for han med dårleg samvit. Men han kalla på Adam. Det viser at Gud plan og vilje med dei var at dei skulle dyrke og verne hagen og halde fram med å leve i samfunn med han, så han framleis fekk tale til dei og dei skulle høyre på han og svare han. Men dei fall ut av det.

Slik vart den vonde naturen vekt i menneska og slik fekk ormen og avgudane makt over dei. Det er ormens metoden og slik vart Djevelen denne verda sin gud. Det er også med den metoda at den øydande styggedomen vart oppsett på heilag grunn.

Paulus sa at lova var god, men synda som var i han brukte den likevel til å dåre og forføre han. Vi må hugse på at då var Paulus ein ihuga farisear og representerte soleis den lærde overklassa.

Rom.7, Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.  8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død.  9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg. 12 Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt. 13 Men har då det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Det var synda som gjorde det. Ho nytta det gode til å føra meg i døden, og på den måten skulle det verta klårt korleis synda er. Gjennom bodet skulle synda verta over all måte syndig.
    14 Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda. 15 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg. 16 Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. 17 Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 18 For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje. 19 Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20 Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 21 Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde. 22 Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. 23 Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene. 24 Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam? 25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen.

Paulus sa også at som du sår, skal du hauste.

Gal.6, 7 Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta.  8 Den som sår i sin syndige natur, skal hausta undergang av denne naturen; den som sår i Anden, skal hausta evig liv ved Anden.  

Platon hadde si idelære, det var om å gjere at folk vart opplærde til å få innsikt i dei fullkomne ideane og spesielt det godes ide. Men dei som fekk mest opplæring skulle også få praksis ved at dei gjekk ut og møtte folket, snakka med dei, såg og observerte samfunnet og den fysiske naturen.

Ved Immanuel Kant fekk vi ein ny moralfilosofi, ved Hegel fekk vi ein ny dialektikk, mellom herre og knekt, der knekten var dei nye lærde, som hadde vorte opplærde i den nye naturvitskapen og teknologien. Dialektikken skulle resultere i ei intersubjektiv tidsånd som skulle drive historia framover. Til tross for at Hegel var prest, hadde Gud og den einskile lite og ingen betydning for dette. Så kom Marx med sin dialektikk, den hadde i tillegg ein dialektikk mellom knekten og den fysiske naturen og det gjaldt vanlege arbeidarar også. Men det som er så rart her, er at omforminga av mennesket gjennom opplæringa vert omtala på same måten som omforminga av den daude fysiske naturen når det vert produsert ei vare i ein fabrikk og det skjer no sjølvsagt ved bruk av makt. Knekten og arbeidarane levde nærast naturen og skapte dei materielle verdiane og det vart mest avgjerande for å drive historia framover. Med tida skulle det resultere i revolusjon.

Men feilen var at den øydande styggedomen stod på heilag grunn og fekk makt over menneska og det vart feilen med dialektikken også. Den vonde naturen vert vekt både i underklassa og i overklassa, den vonde naturen i underklassa vekker den vonde naturen i overklassa og den vonde naturen i overklassa vekker den vonde naturen i under klassa, så vi får ei dialektisk omforming av den vonde naturen. Det blir ein vond sirkel.

Men ved trua på Jesus får vi ein utanforståande rasjonalitet å forhalde oss til. Gud er fullkommen og god. Jesus er fullkommen og hans frelseverk er fullkome og fullført.  Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er Guds Ord og det er som såkorn som vert sått i våre hjarto og som vert sått i verda, den er Guds åker og Jesu kyrkjelyd er Guds åkerland.

Mi sak; frelsa, skapinga, arbeidet og studiane.

Frå eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone.

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk, ytst i fjorden og vart opplærd i praktisk arbeid på garden og på sjøen og eg vart fiskar. Eg måtte bruke sansane, bruke vit og forstand og bruke makt for å gjere jobben.

Eg oppdaga tidleg at eg hadde gode evner i matematikk og naturfag og likte det. Det vart til at eg studerte realfag. Då måtte eg sjølvsagt bruke mine evne for matematikk og min logiske sans og det såg eg i relasjon til å få innsikt i Guds Ord ved trua på Jesus. Så eg fekk det røyndomssynet at Gud gjer sitt verk med meg og med oss, ved sitt Ord og sin Ande, i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Då er det ved at han brukar makt på den fysiske naturen, så det får konsekvensar for denne verda. Det er vi innforstått med, for vi trur og veit at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Eg ventar meg at han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2 og då er det viktig at ho også er innforstått med det. Han elskar meg og han elskar henne, han frelser meg og han frelser henne. Jesus gir meg ånd og liv og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen, han talar til meg og eg vender meg til han og snakkar med han. Eg snakkar med han om henne og han gir henne også ånd og liv og vekker henne opp til samfunn med seg og Faderen. Så ho også får snakke med han. Vi får snakke med han som vår frelsar og Herre og han gir oss barnekår hos Faderen, så vi får komme til han med alle våre behov.

Motstanden frå den Lovlause.

For omlag 11 år sidan kalla Jesus meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, Jesus er sanninga som set oss fri. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Eg rekna med at prestane i kyrkja står imot, for ved at folket vert dåra og forførde opprettheld dei tradisjonen som representantar for den tradisjonelt lærde overklassa. Men no fekk eg også motstand i den Frie Evangeliske Forsamling. Eg er ikkje alfa og omega, det verste er ikkje at eg får motstand, men at den evangeliske forkynninga får motstand. Eg forklarar det med motstanden frå den Lovlause.

2.Tess.2. Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:  2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.  3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?  6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem.  7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen.  8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.  9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Den Lovlause prøver tydelegvis å infiltrere religionsutøvinga, sikkert ved at både lærde og ulærde vert forførde, for å få makt som ein gud. Men for å få det til, er der ein som må rydjast or vegen. Samanlikn med korleis Antiokus 4. Epifanes rydja vekk den jødiske øvstepresten. Han tok parti med dei som sveik pakta med Israels Gud og forfølgde dei som heldt seg til den. Vi kan samanlikne det med den romerske keisaren som etter ein gladiatorkamp vende tommelen opp eller ned. Vende han tommelen opp, vart den sigrande gladiatoren benåda. Slik kan den Lovlause vere partisk med benådinga, sjølv om det ser ut til å vere den nåden Gud gir oss i evangeliet. Dei som gir han makt som ein gud vert liksom benåda. Men det er då ikkje det same som å ta imot den nåden Gud gir oss på grunnlag av Jesu forsoningsverk.

Eg er tydelegvis den typen som mange prestar og kristne leiarar vender tommelen ned for. Og kvifor det? Det kan eg spekulere på, men kanskje aller helst la vere å spekulere så mykje på det, for Jesus sa at verda hata han og derfor skal vi ikkje undre oss over at ho hatar oss også. Først og fremst skal eg ha det klart for meg at eg vart benåda ved at eg bøygde meg ved korsets fot og tok imot den nåden Gud gav meg på grunnlag av at Jesus døde i staden for meg. Eg bøygde meg for Kristus og han gav meg livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Og det skal eg halde fram med. Når dei då like vel vender tommelen ned for meg, blir det tydeleg at det er fordi eg ikkje er den rette typa for dei, som representantar for den tradisjonelt lærde overklassa. Eg er frå ein utkant på Sunnmøre, eg er kroppsarbeidar, fiskar. Og så har eg studert realfag.

Så den Lovlause står meg imot, både som representant for den herskande overklassa og som representant for ein opposisjon. Det viser seg ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære og protest mot skapingssoga, at Gud skapte kvinne av mannens sidebein, så ho skulle ver ei hjelp for han. I staden skal ho motarbeide han. Når eg gjer eit praktisk arbeid, brukar eg makt på den fysiske naturen. Men då vil ho altså motarbeide meg. Når eg studerer realfag brukar eg rasjonaliteten og tenker logisk utifrå visse utgangspunkt. Men då vil ho altså opponere mot tenkinga mi. Det er sikkert med ei moralfilosofi med klassekamp, kvinnekamp og likestilling, men det er så dumt og sjølvmotseiande, jfr. Postmodernismen, at eg bryr meg ikkje med å spekulere så mykje på det. Saken er den at eg er ein kroppsarbeidar og likevel held dei det for å vere klassekamp å kjempe imot meg. Dette strir både mot evangeliet og mot biologien. Det er sjølvsagt ikkje slik naturen skal fungere.

Eg vender meg til Kristus og vert fylt av den Heilage Ande og styrka av Guds kraft. Då vert det klart at eg får motstand frå ei åndsmakt som ikkje er av Gud. Denne verda si ånd og kraft er sterk og djevelsk, men han som er i meg er sterkare enn han som er i verda.

Zombie-klassekamp og zombie-sosialisme.

Gud byrja den gode gjerning i oss og han skal fullføre den. Det er ved at vi ser på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde og kreftene av den komande verda.

I vår tid er det visst mange som tenker som so at der er ein eller annen verdsleg religiøs og politisk autoritet som skal fullføre verket i staden. Og så vert dei som nokre zombiar som strir mot dei som held seg til evangeliet, så det blir som eins slags zombie-klassekamp. Kanskje dei ser for seg ein zombie-sosialisme, men det blir nok til at dei halvlevande og halvdaude vert verande i gravene sine.

Det minner meg om at dei gamle grekarane oppdaga at i koloniane var der kannibalar. Det var avskyeleg for grekarane. Korelis kunne dei utvikle ein moralfilosofi som kunne vere gangbar politikk i eit stor-rike?

Det minner meg også om at Jesus sa vi må ete kroppen hans og drikke blodet hans, for å få liv. Det vert symbolisert i nattverden og poenget er at han døde i staden for oss. Det er Anden som gjer levande, det ordet han har tala til oss er ånd og liv.

I vår tid er det mange som avviser dette og derfor får vi ein zombie-klassekamp, for sosialistane vert så blodtørstige i sin klassekamp.

Jesus har sett framfor meg ei open dør og staka ut vegen for meg. Det er hans kall til meg og det er mitt val og det er godt.

Jesus har sagt eg skal sjå på han og at eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør, han har kalla meg til å gå inn og ynskjer meg velkommen. Han er sjølv døra inn til sauene og døra inn i himmelen. Han har bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, så eg får stige fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Guds auge fer ut over heile jorda så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Han elskar meg og han elskar henne og hans kjærleik er at han frelser oss for æva og gir oss evig liv. Hans kjærleik og omsorg er både målsetting og metode for å nå målet. Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning og då er det no sjølvsagt at eg vert kanal for hans velsigning til henne som han gir meg til kone, så ho vert velsigna saman med meg.

Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born. Då får vi også leve i fridomen i barnkåret, går vi vegen til Faderen, får vi oppleve at han elskar oss, vi får legge alle våre behov fram for Faderen og får oppleve at han tek omsorg for oss som sine born. Denne kjærleiken og omsorga har betydning for æva, den heng saman med at Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad for oss.

Joh.14, Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!  2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk.  3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.  4 Og dit eg går, veit de vegen.»

Salme.23,1 Ein Davids-salme.
        Herren er min hyrding,
        det vantar meg ingen ting.
     2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
        han fører meg til vatn der eg finn kvile,
     3 og gjev meg ny kraft.
        Han leier meg på dei rette stigar
        for sitt namn skuld.
     4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
        ottast eg ikkje for noko vondt.
        For du er med meg.
        Din kjepp og din stav,
        dei trøystar meg.
     5 Du dukar bord åt meg
        framfor augo på mine fiendar.
        Du salvar mitt hovud med olje;
        mitt staup fløder over.
     6 Berre godleik og miskunn
        skal fylgja meg alle mine dagar,
        og eg skal bu i Herrens hus
        i lange tider.

Litteraturliste.

Gunnar Skirbekk (1972). Politisk Filosofi. Bergen. Universitetsforlaget.

Marcelo Alonso, Edward J. Finn. (1968) Fundamental Univercity Physics III Quantum and Statistical Physics. Reading, Massachusetts.  Addison-Wesley Publishing Company.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: