Realistens nye sinn.
Innleiing.
Roger Penrose skreiv ei populærvitskapleg bok som han kalla «Keisarens nye sinn». Eg kallar dette dokumentet oppatt etter den boka. I ein video på youtube intervjua Lex Fridman han om medvit, kvantefysikk og det uendelege universet, det handla tydelegvis om noko som var skrive i den boka. Eg kommenterer det i slutten av dette dokumentet. Når eg studerte var det viktig for meg å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og i det siste har eg fått større forståing for kor viktig denne prestetenesta er, å bere fram lekamen som eit levande offer, for å få fornying. Derav tittelen «Realistens nye sinn».
I den hellenistiske verda (tida) vart altaret i Jerusalem eit stridens eple, det vart strid om prestetenesta og det er det framleis. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, derfor trengs det ikkje fleire syndeoffer. Så prestetenesta vert annleis i den nye pakta. I følgje Hebrearbrevet har Jesus bana vegen for oss inn i det himmelske tempelet, så vi alle kan gå inn. Og Paulus sa at vi skulle bere fram lekamen som eit levande, heilagt offer til Guds velbehag, det er vår åndelege gudsteneste (Rom.12,1-3). Det må då vere det daglege offeret. Men då er kvar og ein sin eigen prest, for det er ingen annan enn du sjølv som kan bere fram kroppen din som eit levande offer.
Rom.12, Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.
Når vi studerer realfag vert vi i stand til å tenke meir langsiktig, det gjeld økonomien også. Sjølvsagt gjeld det privatøkonomien også, men då ville det no virke svært så rart om det private initiativ ikkje var velkome. Sjølvsagt ventar vi oss å få ein kompetanse som vi kan få jobb med, men det er langt ifrå alle som får relevante jobbar. Doktorgrada er mynta på forsking, men slike jobbar er det svært få som får.
I vår tide ser vi at det politiske liv og massemedia er prega av «døgnfluger», det vert dominert av kortsiktig tenking. Ved å gjere bruk av realfag i økonomien og politikken kan vi få meir langsiktig, konstruktiv tenking. Så spørst det om der er grobunn for det og om slike røyster får komme til orde.
Ta til dømes energipolitikken. I eit par kronikkar i Sunnmørsposten har det nyleg vore skrive om å bruke thorium som energikjelde. Det er mykje thorium i Noreg, så geologar og teknikarar kunne fått jobb med å forske på førekomstar og utvinning. Her er to kjerne-reaktorar som er planlagt å verte nedstengde, men fysikarar kunne bruke dei til å forske på bruk av thorium som brensel. I Russland, Kina og India vert det forska på det, men Noreg heng etter. Når det gjeld slik langsiktig konstruktiv tenking til vårt eige gagn, verkar det som norske politikarar søv på sitt grøne øyre.
Jesus sa at vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. I følgje misjonsbefalinga skal vi søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, i heimen og i kyrkjelyden. Så skal vi gå ut og møte andre menneske og fortelje dei om Jesus, han har lova å vere med oss for å møte dei. Då får det som ikkje var gjennomtenkt og planlagt på førehand, tilfeldighetene og spontaniteten stor betydning. Er vi heldige, kan vi få ei god og konstruktiv samtale. Vi lever i notida, då har vi valmoglegheiten og må vite å nytte oss av dei. Det er vesentleg for vår fridom. Når vi får oppleve at Jesus er med oss, vert moglegheitene større.
Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Eg byrja å be han om å frelse jentene, sjølvsagt med håp om å få meg ei frelst jente til kjæraste og med tida til kone. Men det torde eg ikkje seie til nokon. No er eg voksen og tørr å seie det. Jesus sa vi må vende om å verte som born, for å komme inn i Guds rike. Tør du det? Det har med tillit å gjere, Jesus døde i staden for oss, så stod han oppatt frå dei døde. Han kan vi stole på.
Når eg studerte realfag, var det viktig for meg å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, påkalle Kristus som min frelsar og Herre, vende hugen til han og søke han av heile mitt hjerte og sjå på han med hjartets opplaten auge. Det kunne og skulle eg samtidig som eg såg og sansa den fysiske røyndomen rundt meg. Med rasjonaliteten i Bibelen og i realfag fekk eg ei heilskapleg forståing av røyndomen. Eg har bedt Jesus gi meg ei kone og då er det på den måten at han frelser henne, eg må berre tru på han og takke han for det fullførde frelseverket. Han gjer sitt verk med oss og då må eg sjå på han som gjer det og takke han for det. Er det så at eg vil ha meg ei kone, så er det sjølvsagt viktig for meg å få møte henne fysisk og prate med henne og vere saman med henne. Eg får vere realistisk slik også. Korleis det skal ordnast begriper eg ikkje no, det ser umogleg ut, slik sett verkar det ikkje realistisk. Likevel må eg heile tida sjå på Jesus og overlate det til han å gjere sitt verk med oss, den levande Gud vekte han opp frå dei døde, så han er mektig nok til å gjennomføre det. Han frelser ei kvinne og gir meg henne til kjæraste og til kone, så ho kjem til å verte saman med meg fysisk, som kjæraste og som kone. Så med den trua får både eg og ho lov til å vere realistiske slik sett. Ja, for nåden og sanninga kom ved Kristus.
Som motsetnad til dette prøver tradisjonelle moralfilosfar å erstatte våre liv på jorda med dikting og fantasering. Og så prøver dei å innbille både seg sjølve og andre at dei skal frelse verda med diktinga si. Men det har eg ikkje noko tru på.
Rasjonalitet og reduksjonisme i realfag, økonomi og kristendom.
Misjonsbefalinga.
Eg har skrive mykje om rasjonaliteten i realfag og i kristendomen og litt i økonomi også, no vil eg komme med noko presiseringar av noko som eg nyst har skrive, for rasjonaliteten betyr ofte ei redusering av den totale røyndomen som vi lever i og opplever, samtidig som rasjonaliteten betyr at vi tenker vidare i tid og rom enn det vi opplever i notid.
Jesus sa han hadde fått makt over alt som menneske heiter, med sin død på korset sigra han over Djevelen, med si oppstode frå dei døde sigra han over døden. Så viste han seg for disiplane sine og sa til dei at han har fått all makt i himmelen og på jorda.
MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET} Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”
Men dei skulle vente i Jerusalem, til dess den Heilage Ande kom over dei. Jesus er Guds Ord og Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Det er ein rasjonalitet, men vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar den for oss.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse.
På eit vidaregåande kurs i molelkylærbiologi ved Universitetet i Oslo var der ein av forelesarane som definerte livet som DNA (RNA kan også takast med). Der kan vel vere andre definisjaonar på liv, men det visste han ikkje noko om. Elles veit vi at celleveggen er viktig for at der skal vere liv.
Ja, vi trur at Jesus er livet og at det er evig. Eg byrja på studere realfag i Bergen hausten 1976 og etter nokre månadar, kanskje vel eit halvt år, talte Jesus til meg omlag slik: ”Du som fekk livet planta i deg, dette livet skal vekse.”
JAK 1,19 – JAK 1,27 {HØYR ORDET OG GJER ETTER DET!} Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning. 26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.
Då visste eg med meg sjølv at det vart planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge. Eg er oppvoksen kyrkja, vart tidleg med på bedehuset og på husmøte. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og for bygdafolket, be for folket og landet. Og så be Fadervår, men det gjorde eg ikkje til ein vane. Dei som var engasjert i kristne organisasjonar la ofte vekt på at det var viktig å vedkjenne si tru på Jesus for andre menneske. Det hadde dei rett i, men meininga var så tydeleg at dei skulle framstå som noko betre enn andre menneske, men det betydde ei einsretting som eg syntest verka kunstig, der verka som eit krav om at eg skulle fremstille meg som ein annan enn det eg var. Dette syntest eg var vanskeleg, så eg bad til Jesus over det og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse menneska frå det og be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Dette fekk eg betre forståing for med tida, det var ein modningsprosess.
Så eg vil påstå at mor mi og eg var som den frie kvinna og son hennar, sjølv om eg kjende på denne menneskefrykta, åndeleg tala tilhøyrde vi ætta til den kvinna som var fødd i sola. Etter kvart har vi vel fått betre forståing for kva motsetnaden består i. Vi ser det i Joh.Op.11-12, ormen strir mot den levande menneskejela og så strir han mot kvinna og ætta hennar og i Joh.Op.12 er det fortalt at han strir mot kvinna som var kledd i sola og ætta
Frelse for sjela og «motstandskampen», krig mellom kropp og sjel???!
Det kan ofte vere lurt å gå tilbake til utgangspunktet, både for tenke over om ein har tenkt og handla rett og lurt og for å tenke nytt, sjå dei gode moglegheitne som byr seg og nytte seg av dei. Sjølv om ein har gjort dårlege val tidlegare og opplever at fortida vil innhente ein, så ligg framtida open for ein og det er viktig for den einskilde å sjå dei gode valmoglegheitne og at det er opp til ein sjølv å velgje.
Om nokon vil referere til fortida, så den skal innhente deg, for å få makt over deg, så la oss då hugse på at Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei kome til han, for Guds rike høyrer slike til. Og vi må vende om og verte som småborn for å komme inn i Guds rike. Dette betyr at utgangspunktet som vi har å gå tilbake til også er eit historisk utgangspunkt for den einskilde.
MRK 10,13 – MRK 10,16 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei; men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: “Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje; for Guds rike høyrer slike til. 15 Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.” 16 Så tok han dei i fanget, la hendene på dei og velsigna dei.
MTT 18,1 – MTT 18,11 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. 5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Så det er rett og klokt å tenke som so at kvar morgon er ein ny start.
SLM 59,17 Men eg vil syngja om di makt og jubla kvar morgon over din truskap. For meg har du vorte ei borg, ei tilflukt den dag eg er i naud.
SLM 71,15 Kvar dag skal eg fortelja om di rettferd, om dine gjerningar til frelse; eg kjenner ikkje talet på dei.
SLM 145,2 Eg vil lova deg kvar einaste dag og prisa ditt namn til evig tid.
JES 27,1 – JES 27,5 Den dagen skal Herren med sitt sverd, det harde og store og sterke, straffa Leviatan, ormen som rømer så raskt, Leviatan, ormen som buktar seg fram. Han skal drepa draken som er i havet. 2 Den dagen skal dei seia: Syng om den herlege vingarden! 3 Det er eg, Herren, som vaktar han og vatnar han til kvar tid. Eg vaktar han dag og natt, så ingen skal skada han. 4 Eg er ikkje lenger harm. Men finn eg torn og tistel, då går eg til strid imot dei og brenner opp alt i hop, 5 – om dei då ikkje søkjer vern hjå meg, og gjer fred, ja, gjer fred med meg.
MRK 8,34 – MRK 8,38 Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: “Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. 35 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld og for evangeliet, han skal berga det. 36 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? 37 Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 38 Den som skjemmest ved meg og orda mine i denne utrue og syndige ætta, han skal òg Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin, saman med dei heilage englane.”
MRK 9,1 Og han la til: “Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå at Guds rike har kome med kraft.”
Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidlege med på bedehuset og på husmøte på ein naborgard. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han gi meg ei frelst kvinne som kjæraste og som kone. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Sidan oppdaga eg at dette høvde svært så godt med Paulus si lære, der fann eg den forklaringa eg trengde, likevel var det ikkje heilt liketil å verte klok på. På evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
I denne siste tida har det vorte protestert mot dette og utifrå Paulus si lære kan det forståast som kjøtets lyst som opponerer mot Anden. Det kan også forståast som den fysiske kroppen som strir mot sjela. Men det er no litt rart, for eit menneske har både kropp og sjel, om kroppen strir mot sjela, så er mennesket kome i strid meg seg sjølv. Korleis kan det verte slik?
RMR 6,16 De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd.
RMR 7,1 – RMR 7,25 De kjenner lova, brør, og veit at ho rår over eit menneske berre så lenge det lever. 2 Ei gift kvinne er etter lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men døyr mannen, er ho løyst frå den lova som batt henne til han. 3 Difor bryt ho ekteskapet om ho gifter seg med ein annan medan mannen lever. Men døyr mannen, er ho fri frå lova og bryt ikkje ekteskapet om ho gifter seg med ein annan. 4 Såleis er det med dykk òg, brør. Fordi Kristus døydde, er de òg døde og er ikkje under lova; de høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud. 5 Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død. 6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven. 7 Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. 8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død. 9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg. 12 Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt. 13 Men har då det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Det var synda som gjorde det. Ho nytta det gode til å føra meg i døden, og på den måten skulle det verta klårt korleis synda er. Gjennom bodet skulle synda verta over all måte syndig. 14 Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda. 15 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg. 16 Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. 17 Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 18 For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje. 19 Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20 Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 21 Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde. 22 Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. 23 Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene. 24 Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam? 25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen.
RMR 8,1 – RMR 8,14 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. 6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred. 7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller. 8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born.
Paulus seier her at sidan han gjer det han ikkje har hug til, så er det ikkje han som gjer det men synda som bur i han. I denne samanheng er han sjølv sjela altså, men kroppen har ein vond natur som strir mot sjela. Og synda fører til død, for sjela. Men når vi har teke imot det livet og den Anden som Jesus gir oss, så blir sjela levande, den er i Anden og Anden er i kroppen og den får lekamen til å lyde. Slik får vi harmoni mellom kropp og sjel.
Ein person har både kropp og sjel. Då vil det eigentleg vere litt rart om kroppen skal stride mot sjela. Det kan då ikkje vere det normale og naturlege, vi veit då at motsetnaden mellom kropp og sjel og mellom hjerte og hjerne er årsaik til psykisk sjukdom. Nei, det normale og naturlege, sunne og friske, er å vere forsona med Gud på evangeliets grunnvoll.
Problemet er nok ikkje berre motsetnaden mellom kroppen og sjela hos den einskilde personen, men at verdslege maktinteresser prøver å få makt over menneskets kropp gjennom religionen, for å selje dei som horer og trælar. Så har sosialisering og kollektivisering betytt fiendskap mot den einskilde menneskesjela. Noko anna som spelar inn, er at menneska har dyriske eigenskapar som strir mot menneskesjela. Sjå 1.Mos.2-3. Joh.Op.11-13. Så alt dette verkar altså til å få kroppen til å stride mot menneskesjela, som om det var hendsikta med kampen for tilvære og målsetjinga med politikken.
Jesus talte om den øydande styggedomen som Daniel tala om.
MTT 24,15 – MTT 24,22 {DEN STORE TRENGSLA} Når de då ser at “den øydande styggedomen”, som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – [“den øydande styggedomen”: Ordlaget er henta frå Dan 11, 31; 12, 11. Syrarkongen fekk i 167 f. Kr. reist eit heidensk altar framfor templet i Jerusalem. Dette gjorde templet ureint, og all gudsteneste laut stogga. På tilsvarande måte skal templet krenkjast, og det skal verta øydelagt.] 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; [taket: Taket var flatt og tente til opphaldsstad. Sjå Apg 10, 9. På utsida førte ei tropp opp til taket.] 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.
Vi veit at Antiokus 4. Epifanes kravde at alle skulle dyrke Zevs og ingen annan gud, så sette han opp eit altar for Zevs like ved tempelet i Jerusalem. Dette var å forby å gjere rett. Og slik er det med protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det er å forby det som er rett.
Jesus er vegen, sanninga og livet, ingne kjem til Faderen utan ved han. Men dei jødiske leiarane, den tradisjonelt, lærde overklassa, avviste han, fornekta han og kravde å få han handretta. Så stod dei bak kristendomsforfølgingane. Det betydde å nekte folk å seie sanninga og å gjere rett. Etter at den tradisjonelt lærde overklassa kom inn i kyrkja, møter vi igjen det same her. Det har vist seg å vere ein tradisjon som nektar folk å seie sanninga og snakke sant.
Ei reell eller ei virtuell hore, eller ei frelst kone?
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, våren 1977 altså, talte Jesus til meg slik:” Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse”. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og husmøte, eg fekk forkynnt den glade bodskapen og trudde. Husmøta på ein nabogard var vel helst før eg byrja på skulen. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be for bygdefolket folket og landet. Eg bad han frelse meg og gi meg evig liv og så bad eg han frelse menneske. Eg vart opplærd til at eg kunne gå til Jesus med alle mine problem og alle mine behov og han vart ein god barndomsvenn for meg og sidan har han sagt til meg at han vil vere ein trufast venn for meg heile livet. Det vart forkynt at det var viktig å vedkjenne si tru på Jesus for dei andre, dette syntest eg var vanskeleg, for eg forstod at då vart det forventa at du skulle framstille deg sjølv som noko betre enn dei andre og det syntest eg virka kunstig. Men eg vedkjende det i mi bøn til Jesus og bad han setje meg fri frå den menneskefrykta. Eg forstod etter kvart at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja be han om å gi meg ei frelst jente til kjæraste og med tida ei frelst kvinne til kone. Når eg vart noko eldre, i ungdomsskulealderen, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Eg forstod meg ikkje så godt på det, men seinare, når eg hadde lese meir i Bibelen oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære.
Matematikken er fundamental som rasjonaliteten i realfag, teknologi og økonomi og nær sagt kva som helst. Dåringa ved syndefallet opponerer mot trua og rasjonaliteten i Bibelen og eg forstår og opplever det slik at det også opponerer mot matematikken og spesielt rasjonaliteten i realfag. Når eg byrja på ungdomsskulen utmerka eg meg i matematikk, særleg i sjuande klasse og på byrjinga av niande klasse (siste året). Siste året på ungdomsskulen var der ein lærar som leia det kristne skulelaget og dei byrja halde andakter i langfriminuttet ein eller to gangar i veka. Eg byrja å gå der og syntest det verka allereie som ei frigjerande vedkjenning. Eg la merke til ei vakker jente som var eit år yngre enn meg, som engasjerte seg i det kristne skullaget, eg vart glad i henne og skreiv det til henne. Men då skreiv ho tilbake at ho ikkje følte noko for meg og at ho var ikkje kristen likevel. Så slutt ho å gå på desse møta og slo lag med ein gut som var eit år eldre enn henne og dei gjekk og kyssa og klina oppetter veggane i friminutta. Slik valde ho altså erfaring ved fysisk berøring framfor forkynninga av noko usynleg og skriveriet mitt om kjærleik. Eg skreiv til henne at eg også trudde på Jesus og prøvde å overtale henne til å komme tilbake til Jesus. Ho svarde at ho syntest det var heilt utruleg at eg også var kristen, jau, ho ville komme tilbake til han. Ho slutta med den klininga i friminutta og fortsette å gå på møte i skulelaget. Ho var den første som fortalde meg om forkynninga av dåpen med den Heilage Ande. Men eg opplevde no samfunnet i Anden i mi kjærleik til henne.
Når eg byrja på gymnaset engasjerte eg meg i det kristne skulelaget og der var eg kjend med henne Virtuella. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, samen enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Det var ein åndeleg og usynleg røyndom, men den Heilage Ande openberra det for meg, slik er det med rasjonaliteten i kristendomen.
Jesus elskar oss med kjærleiken frå Gud. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus og elskar oss i han og gjennom han. Det skal vi ikkje ha dårleg samvit for, så siste året inngjekk eg eit godt samvits pakt med han, på grunnlag av Jesu oppstode frå ei døde.
Ho var ferdig på gymnaset eit år før meg, når eg var ferdig, reiste eg ein tur på tråling. Når eg kom i land igjen, bad eg Jesus om å la meg få komme inn i eit slikt kristeleg miljø som eg var i når eg gjekk på gymnaset og så bad eg spesielt om å få møte igjen henne. Det vart til at eg for til Bergen for å studere realfag, til tross for at eg ikkje hadde tenkt på noko slikt når eg gjekk på gymnaset. Men der møtte eg henne igjen ein av første dagane. Etter ei tid skreiv eg eit lite brev til henne og gav henne det oppi handa, der eg fortalde henne at eg hadde vorte glad i henne når vi gjekk på gymnaset og at det kom som eit bønnesvar for meg at eg møtte henne igjen. Likevel gjekk det slik at eg fekk ikkje møte henne igjen og snakke noko meir med henne eller ha noko meir med henne å gjere.
På den tida gjekk eg på møte i dFEF i Skostredet 17 i Bergen og Jesus talte til meg gjennom tyding av tungetale om minna meg om Peter som gjekk på vatnet, når han byrja å sjå på bylgjene rundt seg, byrgja han å synke. Han vende seg til Jesus og bad han frelse han og han drog han oppatt og så gjekk dei saman tilbake til båten. Diskusjonane og stridane gjekk høgt, som bølgjene på Genesaret, men eg skulle ikkje som Peter sjå på dei, men vende meg til Jesus, sjå på han og vere oppteken av han.
På den tida køyrde det Kristne Studentlaget og Ungdom i Oppdrag ein evangeliserings-aksjon der dei brukte apolegetikk, der ei argumenterte for at vi trengde ein absolutt Gud med ein absolutt moral, men sidan vi ikkje klarde å oppfylle lova, trengde vi nåden som Gud har gitt oss i Kristus. Så argumenterte dei mot utviklingslæra. Evgangeliseringa hadde som mål å vinne menneske for Kristus, men der låg tydelegvis også politiske interesser i dette, dei venstreradikale vart framstilt som fienden og det vart mange andre også, på grunn av deira naturvitskaplege tenking.
Men når Jesus stod oppatt frå dei døde, sa han til disiplane sine at han hadde fått all makt i himmelen og på jorda, derfor skulle dei gå ut og gjere alle folkeslag til hans disiplar, med det dei døypte dei til Faderen, Sonen og den Heilage Ande. Så skulle dei sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende. Men først skulle dei vente i Jerusalem til dess Jesus døypte dei med den Heilage Ande og eld. Dåpen er eit godt samvits vedkjenning til Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde, då treng vi at den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Slik får vi sjå at han er med oss, når vi går ut og vitnar om han. Så Jesu oppstode frå dei døde er grunnlaget for vedkjenninga vår og vitnemålet vårt.
Eg påkalla Kristus om min frelsar og Herre og bad han frelse menneska som først prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet og det hevdar eg høver med at vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg. Eg frykta nok eg kom til å møte ein verdsleg og religiøs autoritet som sa meg imot og stod meg i mot i dette og det verka for meg som om det var nettopp det den gjorde, som om det den ville var det stikk motsette av det eg ville og som eg bad Gud om. Så ho skulle ikkje lenger vere venn med meg eller ha noko meir med meg å gjere, ho skulle ikkje verte kjærasten min, forloveden min eller kona mi og ho skulle heller ikkje verte frelst. Viljen og strategien var å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med. Sjølvsagt vil ein ung mann ha seg ei kone, det spørst berre kva slags metode han brukar for å få henne. Men eg skulle ikkje få møte henne igjen og snakke med henne, vedkjenne Jesus namn for henne, kjennast ved han for henne som vår frelsar og Herre og så fri til henne. Er det kanskje berre i forhold til henne eg vert avvist slik? Gjeld det kanskje ikkje meir generelt i kyrkje og samfunn? Er det kanskje ikkje andre menn som vert avvist på same måten? Og kva er alternativet? At kvinna vert forførd slik som ved syndefallet og så prøver å lokke med seg mannen. Eller at mannen må lokke henne og forføre henne for å få henne til kone. Elles skjer det ikkje. Stikk i strid med det Paulus skreiv om at mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Det har sidan vist seg i kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. At vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, høver med rasjonaliteten i realfag. At vi går ut og møter andre menneske og vitnar for dei om vår tru på Jesus, høver med at vi i realfag treng erfaring i det materielle miljø. Slik blir det også viktig for mann og kvinne å møtast fysisk og prate saman om kjærleiksforholdet til Gud og kjærleiken dei i mellom. For å verte inkludert i samfunnet med Gud, er vår mest fundamentale sosialisering, dernest er kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne naturleg nok vår viktigaste sosialisering.
Korleis kan det då ha seg at det har vorte så viktig for ein verdsleg autoritet å hindre at menneske møtest fysisk i kvardagen og i lokalmiljøet og snakkast? Og spesielt at mann og kvinne gjer det? Det er tydelegvis fordi at då blir det lettare for ei såkalla lærd overklasse å dikte og fantasere fritt og så forvente seg alt folk skal tru på det, så det blir til nye mytar og avgudar for folket. Det blir til forbanning for mange menn i Noreg, men også for kvinner, det viser seg ved at desse såkalla lærde støyter dei ut og innskrenker deira ytringsfridom. Protesten mot Paulus si lære er ikkje å bygge på evangeliets grunnvoll, å ynskje folk velkomne i kyrkjelyden og oppfordre dei til å lovprise Gud på det grunnalget der, er som å ynskje dei velkomne til å vere med på å nyte sin eigen sjølvdestruksjon. Det er å oppfordre folk til å vere med på ei religiøs søking som er avspora seksualitet, det fører ikkje fram til livet, det er ikkje å nyte velsigninga som Gud gir oss i livet, men på nyte lysta til sin eigen sjølvdestruksjon.
2.Tess.2, 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Det som gjer skilnaden her er at lova åt livsens ande har gjort oss fri frå lova åt synda og døden.
Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.
Men Kristus er den same, han er framleis hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Han har helde fram med å tale til meg og i mange tilfelle forstår eg det slik at då talar han til henne også. Når eg gjekk på gymnaset, vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenning opna eg meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den er framleis rett, sjølv om ho ikkje vart kona mi. Eg påkallar Kristus som vår frelsar og Herre og eg trur han kjem til henne som brudgomen som frir til si brud, han vil gjenopprette hennar kjærleiksforhold til han som si brud og hennar kjærleiksforhold til Faderen som hans barn.
Seinare bad eg Jesus gi meg henne Reella til kone og eg meiner han svarde meg positivt på det. Så fortsette eg å be for henne med denne prioritetsordninga, først og fremst at ho skulle verte frelst for æva og få evig liv, dernest hadde eg eit lite håp om at ho ville seie ja til mitt frieri og verte kona mi. Men seinare har Jesus gjort meg bevisst på at det er henne han gir meg til kone, som svar på bønn og då er det sjølvsagt på den måten at han frelser henne. Han lever i meg, eg skal berre tru på han av heile mitt hjarte, så eg skal altså tru at han frelser henne som kona mi.
Rasjonalitet i økonomien.
Gud ville frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt, så han førde dei til det lova landet, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk, hans eigedom altså. Det fekk konsekvensar for deira private økonomi, ved at dei ikkje skulle vere trælar, dei skulle dyrke jord så den bar frukt til næring og gagn for dei sjølve, dei skulle sjølve få nyte frukta av sitt eige arbeid. Likevel vart det ei konflikt innad i folket om dei skulle dyrke Israels Gud eller vende seg til avgudane, striden bølga att og fram i lange tider og gjer det framleis. Dei vart selde som trælar (Joel.3) og den Duglause Hyrdingen gjætte dei som slaktesauer, sauehandlarane tente seg rike på det (Sak.11). I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til det er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud. For så høgt elska Gud verda, at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Med den Anden og det livet vert vi i stand til å leve for han.
Vegen til livet er smal og porten til livet er trong. Men Jesus er vegen til Faderen og døra inn til sauene. Dei som går inn gjennom døra, vert frelst og dei vert hyrdingar også, ved at Kristus er overhyrdingen for dei. Dei skal gå inn og gå ut og finna føde. Jesus er komen for å gi dei liv og overflod av liv. Han leier sauene sine til grøne enger og til vatn der dei finn kvile. Han har omsorg for oss til ånd, sjel og lekam, så det får betydning for vår økonomi også.
Jesus sigra over verda og døden. Han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekekr vår sjel opp til liv i samfunn med seg og Faderen, så vi skal sigre saman med han. Det inneber å lære å tenke sjølvstendig i forhold til verdslege autoritetar, både religiøse, politiske og økonomiske autoritetar, vel og merke ved at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus og tek omsorg for oss som sine born. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Med den maten skal vi vekse opp til han som er hovudet for lekamen, Kristus. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik er evangeliet frigjerande og det er verdifullt for vår private økonomi også og dermed for familieøkonomien og økonomien til frie kristne kyrkjelydar også.
Jesus sa eg skulle få leve av overskuddet, ja, for han var då komen for å gi oss liv og overflod. Han gir liv til mi sjel og gjer meg i stand til å snakke med han og prate med dei som eg møter og forkynne evangeliet for dei. Han gir meg overflod, så det blir til dei også. Vi sår Guds Ord som kveitekorn og skal få hauste med glede. Vi gleder oss først og fremst over at Gud frelser menneske for æva og gir dei evig liv. Men det får også verdi for vår økonomi. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.
At eg soleis lærde å tenke sjølvstendig, vart viktig for meg, både når eg tok eksamen filosofikum og sidan når eg studerte realfag. Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda, den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre, den innsikta og openberringa som Gud gir meg ved sitt Ord og sin Ande har vore viktig for meg når eg har studert realfag. I realfag er rasjonaliteten viktig, slik at vi lærer av erfaring, ved bruk av rasjonaliteten, så vi forstår oss på den fysiske naturen som vi sansar. Slik også i kristendomen, vi innviar oss for Kristus, så vi får åndeleg og rasjonalistisk innsikt, så går vi ut og brukar rasjonaliteten i møte med verda og brukar den åndelege innsikta i møte med andre menneske.
Velsigninga eller forbanninga.
Etter syndefallet vart menneska utestengde frå Edens hage, jorda skulle vere forbanna for Adams skuld. Seinare vart det sagt til Abraham at i han skulle alle folkeslag velsignast, den lovnaden får vi oppfylt i Kristus.
På ein møte på Sion Åheim var der ein forkynnar som sa at på Oase-arrangementet var der nokon som sa at visse menneske burde verte utestengde, men andre sa at dei skulle berre forkynne evangeliet. Eg har aldri vore på Oven-leiren og held det ikkje for å vere aktuelt at eg skal komme der heller. Likevel svarde eg igjen med at eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, så allereie som eit gutebarn forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja be Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, for er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Eg skreiv også om at i mitt forhold til henne Virtuella gjekk det likevel ikkje etter Guds veg og vilje, slik som eg hadde bedt frå eg var ein liten gutunge. Sidan kom der ein bodskap der Jesus sa at han har sagt nei til synda som har vore i ditt liv, men han har sagt ja til deg.
Når der kjem slike bodskap forstår eg det slik at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, så han talar til mannen og til kyrkja og slik talar han til kvinna også. Så når eg får oppleve at han talar til meg, må eg forstå at det handlar om mitt forhold til ei kvinne også og dermed handlar det om mitt forhold til eit kyrkjesamfunn også. Så eg forstår det slik at det var ein bodskap til meg og det gjaldt mitt forhold til henne Virtuella, slik var det ein bodskap til henne også, eg hadde skrive noko meir om henne og mitt forhold til henne som ikkje var så bra, eg gjentek ikkje det no, men det gjaldt nok det også.
Men denne bodskapen er no eigentleg det sentrale poenget i evangeliet, det er slik som det er sagt i Rom.8.1….
Rom.8, Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.
Men det er då nettopp denne frigjerande bodskapen eg har trutt på, som eg har vedkjent for andre og som Jesus sende meg med. Eg har skrive at lova åt livsens ande ser vi allereie i 1.Mos.2, at Gud bles livets ande i nasa på mannen, så han vart til ei levande sjel. Gud er den same no og gjer sitt verk på same måten, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir meg ånd og liv og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og han gir meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg hevdar og meiner det er det verket Gud gjer i mitt liv og mitt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge, så når eg var ung, fekk eg oppleve og merke at det var det verket Gud gjorde i mitt indre menneske ved sitt ord og sin Ande, eg trudde på han og byrja å forstå det slik, eg var ung og usikker, men Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Ved rensinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande, får eg oppleve at Anden openberrar Guds Ord for meg, så eg konkluderer med at dette er den rette tolkinga av Bibelen, av 1.Mos.2, så dette er det verket Gud gjer i mitt liv og mitt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande.
Det var dette eg sa i dFEF i M40 i Oslo og det var dette dei sa nei til. Dei ville ikkje vite av meg og trua mi og vedkjenninga mi. Det var vel nettopp det ho Virtuella gjorde og det er den haldninga som viser seg i kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære. Det viser ei haldning i kyrkje og kristne organisasjonar som eigentleg går ut på å prøve å få makt gjennom religionen ved å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet. Stikk i strid med slik som eg var opplærd til og slik som eg bad frå eg var ein liten gutunge. Sjølv om eg var førebudd på det ser det ut til at dei lang på veg har klart det likevel og det viser kor sterk den moralfilosofiske tradisjonen er, kor mykje makt som ligg i den. Men Paulus har då forklart oss at den er ikkje sameinleg med evangeliet. Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Det viser seg også ved at de ikkje vil vite av den levande sjela, de vil ikkje vite av mannen som ei levande sjel som kjennest ved Kristus som sin frelsar og Herre.
Jødane fekk lova overlevert ved englar, så der låg rasjonalitet frå Gud i den, dei hadde rasjonalitet i trua på Gud, han er sjølv kjelda med det levande vatnet og det var eigentleg berre den trua og den kjelda som kunne gi dei liv. Men med denne moralfilosofiske tradisjonen treng dei erfaring som er synd, for å få makt med sin moralfilosofi, så dert verkar slik som det vart sagt om prestane i det gamle testamentet, at dei levde av folkets synder. Så med denne tradisjonen vert synda grunnlag for deira makt og deira inntekt og det utarta seg og gjennomsyra religionen og prestetenesta deira, så dei avviste den rettferdige frå Gud og rettferda ved tru, slik som disiplane han forkynte. Det utarta seg som den øydande styggedomen som stod på heilag grunn og som hordomen til den Store Skjøkje.
Når eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, var vi begge levande sjeler, Jesus hadde gitt oss ånd og liv, så vi var levande for Gud. Ho fekk vite at eg var glad i henne og at dette kom som eit bønnesvar. Eg frykta for at ho skulle verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, likevel var det vel nettopp det som skjedde, så eg fekk ikkje møte henne igjen og snakke noko meir med henne eller ha noko meir med henne å gjere. Eg forstår det slik at det er i samsvar med ein moralfilosofisk tradisjon som er komen inn i kyrkja, ein moralfilosofisk autoritet som utøver makt i staden for livsutfoldinga til den levande sjela. Kva så med erfaringsgrunnlaget? Dei har tydelegvis eit dogmatisk forhold til det, så det blir slik som med gudane laga av stokk og stein, det er det dei erfarer. Kva så med rasjonaliteten? Den vert erstatta av diktig og fantasering, slik som folka i uminneleg tider har dikta og fantasert om gudane sine. Eg hevdar at det er fyrst og fremst slik dikting og fantasering som vert til dogmer som gjer at dei manglar åndeleg og rasjonalistisk innsikt, som igjen gjer at dei ikkje forstår seg på realfag, men protesterer mot det. Der ligg opplagt religiøse maktinteresser i det og med slike maktinteresser har dei stått meg og mi sak imot, med slike maktinteresser har dei erstatta mitt liv på jorda med dikting og fantasering og det har dei gjort politikk ut av, så slik eratattar dei andre norske menn sitt liv på jorda også, med dikting og fantasering. Og det er no klart at det er livsfarleg for meg og andre menn, som dei diktar og fantaserer om og det er farleg for vårt folk og vårt land. Det kan forklarast med at Adam vart dømd til døden etter syndefallet. Ho og dei hadde initiativet og gjorde slik som dei ville. Då synest eg det er litt rart at dei likevel vil stille meg og oss til ansvar som om det var eg og vi som gjorde slik som vi ville. Og at Jesus talar til meg som om det skulle vere mitt ansvar.
Men Jesus har no altså kalla meg og tala til meg og gitt meg ånd og liv og gjort meg til kanal for si velsigning. Og han kalla meg til å studere realfag. Med den åndeleg og rasjonalistisk innsikta Gud gir meg ved sitt Ord og sin Ande og med rasjonaliteten i realfag har eg ikkje eit dogmatisk forhold verken til teori eller erfaring.
Ein frigjerande bodskap; om gjenoppretting.
Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så kalla han meg til å gå med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han kalla meg til å gå ut på Ordet og gå i ferdiglagde gjerningar.
Andre bodskapen 28.9.2008:
«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du så sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»
Så eg for til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning. Så fortalde eg om dette på eit vitnemøte i dFEF i M40 i Oslo, dette var å seie velsigninga, Gud ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så eg sa at det gjaldt meg, eg hadde bedt Gud gi meg ei kone ogt no skulle ho verte frelst og fri, så ho kunne vere saman med meg som kona mi. Eg byrja å sitere frå denne bodskapen, men møteleiaren avbraut meg, dette ville dei ikkje høyre noko meir av. Så det verka for meg som dei svarde med å forbanne.
Kyrkjelyden fekk ikkje med seg ungdommen, så dei fekk ikkje vekst, nokre ville legge den ned og sikre seg verdiane, dei ville selje og dei forestilte seg visst at dei skulle få med seg verdiane, men det tilhøyrde vel organisasjonen! Dei fekk ikkje fleirtal og gjekk ut av den, men fekk altså ikkje med seg verdiane. Dei gjekk visst over i Filadelfia og Betlehem.
Dei var nok redde for verdsleggjering av kyrkjelyden, at verdslege maktinteresser skulle komme inn i den og få makt over den. Men den bodskapen eg kom med, var då ikkje frå verdslege maktinteresser, men frå Jesus. Så dette liknar på den fyrste kristne tida, då evangeliet vart forkynt for heidningane, men dei jødiske, religiøse leiarane ville ikkje godta det eller kravde at dei skulle omskjerast. Elles vill dei ikkje godta at heidninganhe skulle verte velsigna og inkluderte i samfunnet med Gud. Men eigentleg var jødane sitt problem at Sions dotter enno ikkje hadde frigjort seg frå trældomen i Babylonia.
Eg byrja å gå i Maranatha og i Jesus Church og i Maranatha fekk eg delta på vitnemøte og fortalde litt meir om mi tru på Jesus og la fram mitt bønneemne. Her fekk eg oppleve at Jesus jamt og trutt svarde meg gjennom tyding av tungetale. På mitt første møte i Maranata sa Jesus at det riket som no vert akseptert, er mørkets rike. Men om berre nokre få reiser seg frå det og innvier seg for han, så er det nok for han til å gjere storverk. Bodskapen 10.5.2009:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg.
Seinare var eg på eit «bededags-stemne» i dFEF i M40 og fekk oppleve at Jesus talte til meg gjennom tyding av tungetale. Denne dagen hadde han gitt til min velsigning og forstand for framtida. Så kalla han Sions dotter til å frigjere seg og eg forstod det som eit svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone, den tanken var vel likevel litt fjernt eller underbevisst, for er ho frigjort og sjølvstendig, så er det eit ansvar som er lagt over på henne. Eg kjem til Herren med mi sak, så får han kalle og velje ut henne som han vil gi meg til kone.
Bodskapane 12.2.2011:
1.”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.
Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”
2. «(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»
3. «Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
På eit møte i Maranata på slutten av året, kalla Jesus igjen Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Bodskapen 18.12.2011:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Så sa han at eg skulle søke han i løynkammeret, kle meg i Guds fulle rustning og gå ut og vitne om han, han ville vere med meg og ei lita helsing frå han ville vere nok for han til å gjere storverk, for den Heilage Ande ville bruke det, det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han hadde sendt den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det. Bodskapen 8.12.2013:
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.
Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»
At nokre få innviar seg for Jesus og går ut med evangeliet, er nok for han til å gjere storverk. Eg skal takke han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.
At nokre få innviar seg for Herren (bodskapen 10.5.2009) og ein av dei kjem med ei helsing frå han, er nok for han til å gjere storverk. Dette vitnar om den åndelege røyndomen og rasjonaliteten i kristendomen, Gud er ånd og han gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande.
I 2014 byrja eg å studere biologi ved Universitetet i Oslo og på ei forelesing kjende eg meg sterkt tiltrekt av ei ung, vakker jente, av kroppen hennar, akkurat i det ho gjekk forbi meg, eg opplevde det endåtil som at den Heilage Ande dreiv meg til det. Det vedkjende eg for Kristus i kveldsbøna mi og på møtet søndagen etter, sa han at eg skulle lovprise han for frelsa, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Bodskapen 12.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»
Bodskapen 20.5.2012:
«Ja, eg har sagt i mitt ord, seier Herren, gled deg i meg, så eg skal gi deg kva ditt hjerte attrår. Og du skal vite at gleda i meg, det er din styrke. For sjå, seier Herren, når du frydar deg og gleder deg i mi frelse, ja, sjå då vert du oppteken med det som høyrer mitt rike til, seier Herren. Derfor vil eg at du mitt kjære barn, skal vende deg bort og sjå bort ifrå det som skjer i denne verda. Men du skal vere oppteken med det som er der oppe og søke meg, seier Herre. For sjå, det som skjer på jorda no i denne tida, det har eg føresagt i mitt ord. Og då har eg sagt at de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til, seier Herren. Eg kjem snart, eg kjem snart, derfor ver ikkje opptatt av det som skjer her nede.
Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg skal reinse og eg skal reinse dei nidkjært til gode gjerningar, det er eit folk som eg har heilaggjort hjertet, det er eit folk som vandrar i lyset. Og sjå, det er eit folk som søker meg og vert fylt av den Heilage Ande, for sjå, når du er fylt av den Heilage Ande, seier Herre, då kan ingenting stoppe deg. Men då (har du å) gå på og du skal få oppleve at kvar du går, så vinn du meir enn siger, for sjå, den kraft og den Ande som bur i deg, seier Herren, den er sterkare enn den som er i verda. Du har ingen ting å frykte mitt barn, derfor søk meg, vert fylt av min Ande, seier Herren, og du skal få kjenne at den kraft som kjem frå meg, den overvinner alt, seier Herren, både frykt og redsel, for sjå, seier Herren, min kjærleik, min kraft, den bringer frykta ut, seier Herren, derfor skal du vere frimodig i denne tida og bruke det som eg har gitt deg. Amen.»
Når eg møter eit anna menneske, oppdagar og ser eg kroppen først, vanlegvis påkledd. Så kan eg byrje å prate med det og verte meir kjend med det gjennom samtale. Eg kan ta kontakt med det, for å vitne om Jesus og slik kan eg verte kjend med fleire menneske eller eg kan tilfeldig komme i kontakt med det og verte kjend med det og så nytte eit lagleg høve til å vitne om han. Men eg må innstille meg på det, ved å søke han i løynkammeret og kle meg i Guds fulle fustning. Han har lova meg å vere med med meg, for å møte dei og gjere seg til kjenne for dei og det betyr vel at han vil røre ved dei. Kva slags behov dei har, veit eg fint lite om på førehand, men han veit det og i bodskapen som kom 28.9.2008 sa han kva slags problem menneske har og som han er løysinga på, det er ved fylden av den Heilage Ande. Eg vitnar om han som min frelsar og Herre, eg får be til han og han svarar meg, han har gitt meg barnekår hos Faderen, eg får komme til han med mine behov og han tilfredsstiller dei ved fylden av den Heilage Ande.
Er det ei kvinne, kan det hende eg med det same synest ho er så vakker at eg vert tiltrekt av henne, av kroppen hennar altså. Ja vel, men då takkar eg Gud for at han har skapt meg og henne slik og så gleder eg meg i Herren og hans frelse, eg takkar han for at den er fullført for både meg og henne. Då må eg løfte hugen opp til Jesus og ha hug på den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen, han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg får sjå på Jesus, han lever i meg og eg får sjå det slik at han elskar henne fordi ho er ei kvinne og då har han alltid rett, han er fullkomen og gjer ingen feil. Gud er fullkommen, Kristus er Guds Son og er fullkommen, hans frelseverk er fullført og fullkome, hans kyrkje er hans brud, han elskar henne med kjærleiken frå Gud og den er fullkommen. I hans kyrkje er det eit brodersamfunn, som Kristi brør skal vi vere samde om at Kristus elskar kvinna som si brud og det gjer han gjennom oss. Det er ein glade bodskap for både mann og kvinne, det sanne vintreet ber god frukt også i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Jesus kalla Sions dotter til å gå ut i dansen med dei glade, det har han kialla meg til også, eg skal lovprise han mellom heidningane. Bodskapen 5.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at eg har behag i dykk som lovprisar mitt namn. Derfor, mitt barn, skal du ikkje halde deg tilbake, men du skal vere frimodig og løfte di røyst og prise meg og ære meg for den frelsa eg har tilveiebrakt. Og sjå, eg skal legge ein ny pris til din pris, seier Herren. Derfor, seier Herren, ver frimodig, lovsyng meg mellom heidningane, ær meg, pris meg, lovsyng mitt heilage namn og du skal få kjenne, at min herlegdom skal fylle deg. Amen.»
Eg forstod det slik at han ville legge ein ny pris til min pris ved at han gav meg henne Reella til kone, at det er ein ny pris som vert lagt til min pris, betyr at ho lovpriser han på sin måte og det er noko nytt som Gud gjer. Ho er biolog og tenker som kvinne og biolog og det får ho halde fram med. Eg er heidning og realist som trur på Jesus, ho er også heidning og realist og Jesus sa til meg at slik som har vore mot meg, vil han også vere mot den som eg ber for, henne altså. Dette har eg nyst skrive om. Eg er realist både ved at eg har hatt praktisk arbeid og studert meir matematiske realfag, så den logiske tenkinga er viktig for meg også når eg les Bibelen og tilber Gud og Lammet, eg takkar Gud som har skapt alle ting og lovpriser Gud og Lammet for frelsa og det gjer eg når eg studerer realfag også. Den Heilage Ande openberra si frelse for meg i Kristus, den openberra den for meg og henne og det vil han halde fram med, Kristus er trua sin opphavsmann og fullendar, han som byrja den gode gjerning i oss, skal også fullføra den.
Med våre fysiske sansar sansar vi den fysiske naturen rundt oss og i oss. Med intellektet forstår vi oss på den. Men Gud er ånd og han har openberra si frelse for oss i Kristus. Ved trua på han er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot det som han gir oss, han gir oss ånd og liv frå himmlen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Den Heilage Ande openberrar Kritus for oss som vår frelsar og Herre, slik skal vi sjå på han og det skal vi halde fram med, så vi med hjertets oplatne auge ser kva han gir oss og kva han kallar oss og leier oss til. Dette kjem i tillegg til den fysiske naturen, slik som vi før sansa den med våre naturlege sansar, så vi opplever det i vårt indre menneske samtidig som vi sansar den fysiske naturen med våre fysiske sansar. Når vi innvier oss for Gud i løynkammerbøna, prioriterer vi han framfor den synlege verda, vi påkallar vi Herren, for å oppleve hans nærvær, at han rører ved oss. Det er å velje. Når vi så går ut, vert det viktigare for oss å sjå og sanse naturen rundt oss og dei menneska vi møter. Men vi har no framleis samfunn med Gud, Kristus er med oss og han vil møte dei menneska som vi møter.
Velsigning og bønn ved handspålegging.
Jesus sa til meg at han kan komme til meg direkte og det må eg vel berre satse på, når eg skal søke han i løynkammerbøna. Men oftast kjem han til meg gjennom andre som også har søkt tilflukt hos han. Då kan dei vel be for meg med handspålegging og det er no ei velsigning. Og så skal eg rette mine hender ut til andre, med velsigning, han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning.
MTT 6,6 – MTT 6,13 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg. 7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. 9 Difor skal de be såleis: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. 10 Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. 11 Gjev oss i dag vårt daglege brød. 12 Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn. 13 Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.
Andre bodskapen 12.11. 2006:
….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.
Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde i hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.
Jesus har sagt til meg at der eg møter andre mennese, der er kontaktpunktet for han, til å møte dei, tale til dei og røre ved dei altså.
Bodskapen 2.12.2001:
Ja, også i denne byen er det mennesker som lengter etter meg. I din nærhet er det mennesker som venter på et ord om meg ifra din munn, sier Herren. Jeg har plassert deg akkurat der du er, for at du skal være mitt vitne i denne tiden. Ja, lys og salt, det er det denne verden trenger. Og det er den egenskapen du har fått fra meg, sier Herren.
Oppgaven kan virke umulig, sier du, kanskje. Ja, du har følt på at du kommer til kort så mange ganger, at ordene ikke strakk til. Men det er nettopp da jeg kan få virke i deg, sier Herren, fordi jeg gav deg ikke motløshets ånd, men jeg har gitt deg min ånd i ditt indre, i ditt hjerte, for at du skal kunne tale mitt ord til de du møter, ja være en duft fra liv til liv, det skaper min ånd der du vandrer, sier Herren.
Og når du sier at din tid er over, du har gjort ditt, så skal du vite det, at ennå er det arbeidsmuligheter for deg, sier Herren. Alder og utdannelse, alle de menneskelige forutsetningene som verden ser etter, det er ubetydelig for meg. Men nettopp der du er plassert, der du bor, der du treffer et menneske, der er kontaktpunktet for meg, sier Herren. Og du skal virke, du skal forkynne mitt budskap til de du møter, for det er muligheten for dem til å høre evangeliet og bli frelst. Og det jeg vet, det er det du lengter etter, sier Herren, at mennesker rundt deg skal møte meg, og du skal kunne brukes i denne tiden, fordi jeg går med deg, jeg har ikke overlatt deg til tilfeldigheter, og dere er ikke etterlatt farløse, men jeg er midt iblant mitt folk, for å virke i dere, sier Herren.
Jesus frir til kyrkja som er hans brud og slik frir han til ei kvinne for meg, for han er framleis den som tek seg av mi sak.
Men eg skreiv noko meir, eg skreiv at eg tenkte meg at Jesus frir til henne først og når ho seier ja til hans frieri, så berører han henne (jfr. Høgsangen.2). Så frir eg til henne og det betyr at eg spør om å få berøre henne. Dette også er reduksjonistisk, både med rasjonaliteten i kristendomen og i naturfag. Så enkelt kan det seiast. Kanskje nokon vil komme med innvendingar om at dette er for enklet, om det er så at eg vil snakke med henne og fri til henne og dermed spørje om å få berøre henne på nokon måte, så betyr det at eg prøver å freiste henne, fordi eg sjølv vert freista. Forklaringa er at vi vert freista av lysta, så vi vert freista til synd og det fører til død. Då vil eg heller seie at det er endå enklare, for når Kristus frir til kvinnene og til kyrkja som er hans brud, så frir han for meg også. Når eg vitnar for kvinnene, så frir eg for han og når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så samsvarer det med at eg frir til henne og ho svarar ja til mitt frieri. No kan ein innvende at sidan Jesus frir for meg, så treng ikkje eg gjere det i tillegg, eg skal berre be til han og så vente meg at han gir meg det som eg ber han om, han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2 og Adam trengde ikkje fri til Eva, han sa berre at dette er bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt, ho skal kallast kvinne fordi ho er teken av ein kar. Ja, dette er Guds ord og det er rasjonaliteten, men då er det også svært så reduksjonistisk og det er det framleis når vi viser til det og brukar det i kristne samanhengar og i samfunnet elles. Om eg hadde ei kone hos meg og hevda at Gud hadde gitt meg henne i samsvar med 1.Mos.2, så ville eg vise takksemd ved å ta imot henne og omfavne henne og elska henne, eg ville vise henne kjærleik, ved å berøre henne. Eg ville takke Gud for at han hadde skapt oss slik og gitt meg henne til kone og så ville eg tale Guds Ord til henne og slik ville eg snakke med henne. Då ville eg likevel opptre som ein gentleman og friar, komme med forslag og spørje henne men no kunne eg til dømes stryke henne på håret og på kinnet og gi henne ein klem, for å fortelje henne på den måten at eg var glad i henne og det kunne også forståast som eit ynskje om å få oppleve noko meir saman med henne ved å berøre henne endå meir og endå meir intimt.
Jesu kyrkje vert bygt på evangeliets grunnvoll og kvar einskild av oss får vere med på å bygge på den grunnvollen. Ho er Jesus brud og han kjem til henne som hennar brudgom og det betyr at han kjem til henne som friar og opptrer som friar overfor henne, han elskar henne og ynskjer at ho skal svare på hans kjærleik med kjærleik. Slik sett baserer det seg på fri vilje og det er vesentleg for oss å forstå det, for å forstå den kristne fridomen. Likevel er det Gud som gjer sitt verk, han skaper henne til Kristi brud og Kristi kone og eg forstår det slik at det gjeld både kvar einskild kristne kyrkjelyd og kvar einskild kvinne.
Dette kan virke paradoksalt, men det er då nettopp dette eg har skrive så mykje om. Eg har skrive om korleis eg lærde å be, frå eg var ein liten gutunge, om prioritetsordninga ved at eg påkallar Kristus som min frelsar og Herre og ber han frelse menneske, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Når eg var ung, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Og det samsvarar med Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Sjå på Kristus i ein kvar samfunns-samanheng.
No er det sikkert mange som vil innvende eller tilføye at det kjem an på kva samfunss-samanheng vi står i og det gjeld kristne kyrkjelydar også. Men det sentrale poenget er at Jesus sigra over verda, Djevelen og døden, han stod oppatt frå dei døde, han lever og er med oss. Ved trua på han får vi del i hans siger og skal sigre saman med han, hans kyrkje skal sigre over verda saman med han. Han sende oss den Heilage Ande og den herleggjer og openberrar han for oss, som vår frelsar og Herre, så vi får sjå at han er med oss. Og han har sagt at eg skal sjå på han i alle livets situasjonar. Så mi tru på han er ein rasjonalitet som ikkje går til grunne, ikkje løyser seg opp og forsvinn slik som materielle ting. Eg skal berre halde fram med å søke han og halde meg nær til han, søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Og så skal eg vitne om han for dei som eg møter i kvardagen. Jesus gjer sitt verk i oss og han er med oss når vi går ut og møter andre menneske, for han vil møte dei også. Han vil gjere sitt verk i sin kyrkjelyd og i lokalsamfunnet som vi er i og som kyrkjelyden står i.
Bodskapen 17.2.2013:
Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”
Han sa han ville gi meg ei herleg og vidunderleg kvile og då tenkte eg fyrst på henne Virtuella og så på henne Reella. Og det var tydelegvis heilt rett, for sidan har eg skrive om dei begge og det er på den måten at eg velsignar dei og ber for dei, Gud svarar på mi bøn gjennom tyding av tungetale og så skriv eg om korleis eg forstår det også. Lenge har det virka som det som det handlar mest om ho Virtuella. Eg påkallar Kristus som min frelsar og Herre og så ber eg han frelse menneske og slik ber eg spesielt for desse to kvinnene. Då skal eg be med tru, eg skal trua på Kristus og hans fullførde frelseverk, så eg takkar han for det. Eg takkar Gud som har skapt alle ting og så takkar og lovprisar eg Gud og Lammet for frelsa. Eg skal ikkje be med tvil, som om problemet var at når Gud skapte, så var det noko som ikkje var bra nok og når Kristus gjorde sitt frelseverk, så var det noko som ikkje var bra nok. Nei, eg skal tru at det er fullført og fullkome og står til evig tid. Og så skal eg tenke utifrå det og leve utifrå det. Det er det som er poenget når eg skriv om mi logiske tenking i denne samanheng, liksom i realfag. Men eg må hugse og innrømme at det er ved at Gud gjer sitt verk i meg og med meg, ved sitt Ord og sin Ande.
Eg skal ikkje drikke av denne verda sine sprukne brønnar, eg har fått drikke av kjelda med det levande vatnet og det skal eg halde fram med. Det fekk eg når eg kom til Jesus og det skal eg halde fram med, det fekk eg i den kristne kyrkjelyden. Når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så finn eg den også hos henne også, liksom eg finn den i den kristne kyrkjelyden. Og då er det henne Reella eg tenker på. Når vi drikk av det vatnet Jesus gir oss, blir det i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Frå våre liv skal det som skrifta seier strøyme straumar med levande vatn. Slik når det til andre også. Jesus ville gjere meg til kanal for si velsigning og slik trur eg det når til henne Virtuella også. Jesus gir oss ånd og liv og liv i overflod, så det blir til henne Virtuella også. Jesus gav meg Anden av berre nåde, så det er berre for meg å opne meg og ta imot av berre nåde og vert fyllt av Anden, så ho også vert fylt av Anden. For Jesus døyper oss med ein Ande til å vere ein lekam. Jesus gir meg ånd og liv og liv i overflod og det var då nettop det som gjorde at eg såg på han i mitt forhold til henne og som framleis at eg kan sjå på han i mitt forhold til henne. Det er det som gjer at eg kan sjå på han i alle situasjonar og medmenneskelege forhold, også når dei oppstår uventa. Mitt mål og hendsikt er at hennar kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og hennar kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, skal gjenopprettast og fornyast så ho atter lovpriser Gud og Lammet for frelsa.
Det saka også gjaldt for mitt vedkommande, var også at eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, men no er det henne Reella eg tenker slik om, så eg finn det rett å be slik for henne. Eg skal søke Herren av heile mitt hjarte og heilhjarta halde meg til han. Eg skal sjå på Jesus og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Eg skal vere trufast mot han og slik skal eg vere trufast mot henne som han gir meg til kone. Det er eit val, det er mykje anna eg ikkje treng å vere så oppteken av og ikkje skal vere oppteken av. Eg skal søke han og vere oppteken av han. Dette får vel betydning for skriveriet mitt også, eg kan og skal avgrense det. Og så bry meg meir om mitt nærmiljø i staden. Jesus lever i meg og eg skal tru på han av heile mitt hjarte, eg skal tru at han lever i meg. Han frelser ei kvinne og gir henne ånd og liv også og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen og det er eit verk han gjer i mitt indre menneske. For han skapte kvinna av mannens sidebein og det ligg hans hjærte nær. Og no er det altså henne Reella eg tenker slik om og det trur eg og meinar eg at eg gjer rett i.
Korleis skal det så gå til at ho kjem til meg fysisk i samsvar med 1.Mos.2? Det er meg ei gåte. Men det har seg slik at den levande og sanne Gud er ånd, Jesus lever i meg. Det er ein åndeleg røyndom. Gud er kjærleik og han elskar både meg og henne og det er verdifullt for oss begge. Så er ho realist, venteleg forstår ho at konsekvensane det får for den fysiske og biologiske røyndomen er viktig og verdifullt og at det er verdifullt for realfag.
Kvar dag ta opp krossen sin og følgje Kristus.
Jesus sa at vegen til livet er smal, porten som fører inn til livet er trong. Så skal vi gå den vegen og gå inn gjennom den porten, må vi vere nøyaktige med å velje. For å vere hans læresvein, må vi kvar dag ta opp krossen vår og følgje han. Det betyr å seie ja til han og hans kall og seie nei til mykje anna. Han er sjølv vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Paulus sa at mannen skal vite å vinna seg si eiga kone i helging, ved at vi helgar Kristus som Herre i vårt hjerte, ikkje i kjøtleg lyst altså, men ved at vi let Anden råde over lysta. Vi må vende oss til han og sjå på han. Han er Sanninga, når vi ser på han vert vi opptekne av det som er sant og rett og som er viktig, det andre kan vi då berre oversjå og kutte ut. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Og det er då klart at det er viktig for ein mann å gå seg ei kone og fore ei kvinne å få seg ein mann i samsvar med dette. Og truskap mot Kristus inneber at mann og kvinne skal vere trufaste mot kvarandre slik også.
MLK 2,11 – MLK 2,16 Juda har bore seg trulaust åt, stygge ting har dei gjort i Israel og Jerusalem. Ja, Juda har vanhelga den heilagdomen Herren elskar, og gift seg med ei kvinne som dyrkar framande gudar. 12 Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt kvar ætling av den som gjer slikt, jamvel om han ber fram offergåver til Herren, Allhærs Gud. 13 Og dette er det andre de gjer: De dekkjer Herrens altar med tårer, gråt og sukkar. Men han vil ikkje lenger sjå på gåva eller ta imot dykkar offer med glede. 14 Og de spør: “Kvifor?” Fordi Herren er vitne i saka mellom deg og din ungdoms kone. Du har vore utru mot henne, endå ho er ektemaken din som du er bunden til med pakt. 15 Er det ikkje éin som har skapt henne både med lekam og ånd? Og kva vil så den eine ha? Born som høyrer Gud til. Så akta dykk vel i sjel og hug! Ver ikkje utru mot din ungdoms kone! 16 Eg vil ikkje vita av skilsmål, seier Herren, Israels Gud, og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd, seier Herren, Allhærs Gud. Så akta dykk vel i sjel og hug at de ikkje er trulause.
Adam fekk sjå og oppleve at Gud gjorde sitt verk med han og hans nærmiljø. Det får vi også, Gud gjer sitt verk med oss ved sitt ord og sin Ande, men vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar det for oss.
Då vert vi opptekne av det som er viktig. Den naturlege formeiringa er det sentrale poenget med ekteskapet, det er ein sental og viktig del av rasjonaliteten i naturfag, så det er no sjølvsagt viktig. Men sidan det er sjølvsagt, treng vi ikkje verte opptekne av det som om det skulle vere eit problem, det er også eit vesentleg poeng med å setje si tru og tillit til Gud som har skapt oss slik. Det vi treng er Faderens kjærleik og omsorg og Jesus er vegen til Faderen.
Jesus er det sanne vintreet, vi er greinene. Det er berre ved at vi er i han at vi kan leve og blomstre og bere frukt. Utan han kan vi ingen ting gjere. Faderen er vingardsmannen. Kvar grein som ikkje ber frukt, tek han bort. Og kvar grein som ber frukt, reinser han så den kan bere meir frukt (Joh.15). Den reinsinga kan vi godt oppleve slik at det som han tek bort er noko som vi ikkje lengre treng å bry oss om eller vere opptekne av. Vin vert opptekne av noko som er viktigare i staeden, så vi ber meir frukt.
Mitt frieri til henne Reella er eit ynskje og ei bøn til Jesus om å få bruke henne som mi nådegåve.
Eg har fortalt at hausten 1988, medan eg studerte i Oslo, oppdaga eg henne Reella og sa til Gud at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje hadde prata med henne og vorte kjend med henne. Seinare leia den Heilage Ande meg slik at eg møtte på henne og eg sa med meg sjølv: ”Der er ho”. Då oppelve eg ei åndeleg openberreing, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same til henne:” Der er ho”. Eg forstår dette slik at det var eg som brukte den nådegåva Gud har gitt meg ved sin Ande, det var openberring ja, men eg tenker meg også at det var å tale med engletunger, det er også ei nådegåve som Paulus talte om, men som vi har høyrt lite om. Uansett må vel eg innrømme at Jesus har gitt meg ei nådegåve og så gjenopplive den og bruke den. Korleis då? Ved at eg vender meg til Jesus og ser på han, slik at eg vår oppleve at han brukar meg som sitt reiskap.
På slutten av vår-semesteret 1989 stod ho ein gong og lente seg bakover mot et bord i kantina på Biologibygget og venninna hennar stod ved sidan av, medan eg gjekk forbi. Eg såg på henne, som om eg ville til å snakka med henne, det vart vel tydeleg, men framleis snakka eg berre med meg sjølv og gjekk berre vidare. Eigentleg snakka eg ikkje berre med meg sjølv, men eg snakka med Herren og brukte mi nådegåve, men det handla også om korleis eg kunne bruke den rett. Eg hadde sagt til Jesus at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne og det eg følte for og opplevde som riktig for meg, var å innrømme det overfor henne også, som ein friar, gå ned på eitt kne og bøye meg for henne, ta henne i handa og seie til henne at eg syntest ho var så vakker at eg må berre innrømme at eg er ein friar. Eg var ikkje impulsiv og frimodig nok til det der og då, men eg tenkte på det etterpå og innrømte at eg opplevde det som om det var det den Heilage Ande overtyda meg om og at det hong saman med å bøye meg for Kristus, bøye meg ved korsets fot. På førehand tenkte eg nok i dei baner at eg fyrst og fremst ville vitne for henne om mi tru på Jesus og sikre eg at ho sa ja til og var frelst, fortelje henne at han kjem til henne som ein friar og at eg håper ho vil seie ja til hans frieri. Men eg opplevde det heller som at eg måtte berre bøye meg for han og for henne og seie til henne at eg syntest ho var så vakker at eg måtte berre innrømme at eg var ein friar. Eg forstår dette slik at ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, så eg må berre bøye meg ved korsets fot og ta imot. Jesus gir oss livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, eg må berre bøye meg fot han og ta imot.
Bodskap 2, 12.2.2011:
eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).
Bodskapen 29.3.2015:
Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.
Om eg hadde gjort slik som eg følte for, slik som eg opplevde at den Heilage Ande overtyda meg om, ja, dreiv meg til, så eg bøygde meg for henne og tok henne i handa og fridde til henne, så ville eg då gå utifrå at Jesus var med meg, at han openberra seg for henne og fridde til henne og berørte henne før eg gjorde det og samtidig som eg gjorde det og at han framleis ville gjere det. Og det var avgjerande for meg, det var det som gav meg frimod til det. Å bøye meg for henne og ta henne i handa, ville vere å bruke kroppsspråket og berøre henne fysisk, men sjølvsagt ville eg då også seie det. Sjølv om eg ikkje gjorde det, kan eg likevel audmjuke meg slik overfor Kristus og henne og forvisse meg om at det gjer eg rett i, ved at eg framleis snakkar med Jesus om henne. Og då har han gang på gang svart meg, eg gjer rett i å bøye meg for han og ha denne audmjuke haldninga overfor han og henne, men eg kan også reise meg og takke han for det fullførde frelseverket og gå ut og fortelje andre om det og lovprise han mellom heidningane, vi skal då ut i dansene mellom dei glade. Og nyst har han minna meg og overtyda meg om at mitt frieri til henne er eit ynskje og ei bønn til Jesus om å få bruke henne som mi nådegåve, så ho vert til hjelp for meg, som kona mi, på den måten at ho vert til hjelp for Kristus som hans brud. Ja, for han har kalla meg til å tene han og då treng eg å gjere bruk av den utrustninga som han gir meg ved den Heilage Ande.
Gud elska verda så høgt at han gav son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Han frelser menneske for æva og gir dei evig liv, det er mest verdifult for oss og det er ved at v i trur på han. Det er alt som skal til. Og eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og det er veed at vi trur på han og det er ved gjenfødinga.
JOH 3,3 – JOH 3,21 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.” 4 Nikodemus seier til han: “Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?” 5 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.” 9 “Korleis kan dette gå til?” spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: “Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”
Eg bad Jesus om å få henne Reella til kone og fekk oppleve at han svarde meg med ei åndeleg openberring, der han openberra seg for meg og for henne. Det er Gud som openberrar si frelse for oss i Kristus, han frelser oss ved gjernfødinga, vi vert fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Jesus døyper oss med den Heilage Ande, til å vere ein lekam, så vi fungerer som lemer på hans lekam. Slik gir han oss åndelege nådegåver, som vi skal tene han med, som lemer på hans lekam. Så eg må forstå denne openberringa som dåpen med den Heilage Ande og den resulterer altså i ei slik kyrkjelydsoppbygging.
Bodskapen 2.12.1990:
”I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.”
I han har eg alt eg treng, i han har eg ei frelst kvinne til kone, i han er vi fødde på nytt og er Guds born, i han er vi nye skapningar. Og no er det altså henne Reella eg tenker på. Jesus døyper oss med ein Ande, til å vere ein lekam. Han er hovudet for lekamen og brukar oss som sine lemer, han gir oss åndelege nådegåver, som vi tener han med og då er det han som bruker oss som sine lemer. Då er vi også lemer for kvarandre.
Her har det visst ei vi betydning at Guds skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt, ein lekam, det gjeld framleis kjærleiksforholdet og ekteskapet mellom mann og kvinne og skal framleis resultere i ekteskap, men det gjeld også Kristi lekam, at hans kyrkje er hans brud. Jesus er med oss kvar einaste dag, også når ein ung mann vil ha seg ei kone og ei ung kvinne vil han seg ein mann og det er framleis Guds sak, som han tek seg av. Så når eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, er noko av det fyrst som skjer at han døyper både meg og henne med den Heilage Ande til å vere ein lekam, så det gjeld både ekteskapet mellom meg og henne og mellom Kristus og hans brud. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så eg skal bruke henne som mi nådegåve heile tid og det skal eg gjere når eg kjem på møte i ein kristen kyrkjelyd også. I alle fall om eg er registrert som medlem i kyrkjelyden eller organisasjonen. Men denn registreringa har eigentleg tertiær betydning eller endå mindre betydning. Det som har primær betydning er at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen. Det som då får sekundær prioritet, er at ho vert kona mi.
Jesus ville gjere meg til kanal for si velsigning. Han gir meg ånd og liv og liv i overflod og eg skal få leve av overskuddet.
Jesus ville gjere meg til ein kanal for sin velsigning og eg trur at han soleis gjer meg til ein kanal for si velsigning til henne. Han er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Han elskar oss med kjærleiken frå Gud og den er fullkommen og han elskar henne gjennom meg, med den kjærleiken. Derfor er det så viktig for meg å vende meg til han, søke han av heile mitt hjerte og sjå på han. Den Heilage Ande openberrar for meg det som han gir meg, så eg med hjertets opplyste auge kan sjå det.
1KO 2,6 – 1KO 2,12 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive: Det auga ikkje såg, det øyra ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i nokon mennesketanke, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.
EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.
Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Eg skal sjå til at det fungerer dette at den som ber han får. Han gir meg liv og liv i overflod og det gjeld henne som han gir meg til kone også. Han vekker oss oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og han har sagt til meg at eg skal få leve av overfloda.
Bodsklapen 6.11.2016:
”Eg er så glad for at han har teke meg ved si hand. Mi ånd seg frydar i min Gud. Han har kalla meg frå det djupe. Tenk han løyste syrgjekleda av meg og så sveipte han meg i frelsa si kledning. Og så kjenner eg i mitt indre, det er som nyfylte skinnsekkar. Det berre sprenger på og eg kan ikkje la vere. Eg må prise denne ……….., eg må prise han så lenge eg er til. Eg kan ikkje la vere å takke han. For store ting har han gjort imot meg. Og mi ånd kjenner det godt.
Og eg vil at alle mine born skal vere fylt av straumen som flyter fram ifrå dåp i den Heilage Ande. Dei skal få kjenne krafta si kjelde. De skal få merke det – kor overskuddet skal vere nok til å få dei til å fryde seg i sine sjeler for meg. For når eg fyller hjertet, så flyt det over. Når eg fyller sinnet, så må ein tale om Jesus. Når eg fyller ditt tilvære, då går det mot høglys dag.”
Bodskapen 3.11.2019:
”Du føler at det har vore stilt lenge, du har ikkje merka nokon bevegelse i den Heilage Ande. Du føler at det har vore trott, men du lengtar ut av den situasjon som du er i. Då skal du vite det, mitt barn, at mitt tilbod står klart, kom til meg alle de som strevar og ber tunge byrder og eg skal gi dykk kvile. Eg har venta på deg, eg har venta på ditt svar og i dag så spør eg igjen, er du villig å gå vidare på vegen med meg. Du skal verte fyllt av meg, du skal få kjenne krafta ifrå himmelen på nytt i ditt liv. Det har gått på stumpane laust, no ei tid. Men du får også tilbodet no, mitt barn. Kom til meg. Eg ventar på deg.
Der er menneske i ditt nærmiljø som sliter, som blør i livet. Dei ser inga meining, dei ser ingen vits. Der er også dei som har gått og teke – tenkt på tanken om å gjere slutt på det heile. Men du veit kva som er ditt nærmiljø, du veit kven du møter kvar dag. Men eg ber deg inn i rustningskammeret, til å ta på deg min fulle rustning og til å gå med nådens bodskap og fortelje at der er ein som elskar dei, der er ein som døde for deg og der er ein som har betalt prisen. Det er ikkje nødvendig å gå rundt i eiga kraft. Så ver frimodig, mitt barn. Ta imot det eg har å gi deg, åndeleg liv, til lækjedom, til overskudd, du skal få leve av det som er til overs. Så ver frimodig, mitt barn. Eg ventar også på deg, at du skal seie eit ja, til tenesta. Du har kjent at eg har trykt litt på, i livet ditt, ei forandring på retninga di. Eg ventar på ditt svar. Amen.”
Dette er ein viktig lærdom for privat økonomi og for økonomien i ein kristen kyrkjelyd. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og det så rikeleg at det skal verte overflod og det skal få den betydninga for vår økonomi også. Vi kan seie at dette er rasjonalisme i økonomien, men det er så reduksjonistisk at mange ikkje oppdagar og vedkjenner at det er god økonomi. Det er som å gjere gode investeringar, så det går med overskudd. Gud er som ein bonde og hans Ord er som såkorn han sår i åkeren sin, mykje av det veks opp og gir grøde. Det er som ei god investering. Hans Ord vender ikkje tomt tilbake, men utfører det som han sende det til.
Jesus er livet og det skal vekse fram i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, så verda skal sjå Kristus i oss. Vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen og Jesu kyrkje skal modne som hans brud.
Det er vanleg at ein ung mann og ei ung kvinne vert kjende med kvarandre, vert venner og kjærestar og slik vert det betre kjende med kvarandre. Så forlovar dei seg og sidan gifter dei seg. Sjølvsagt er dette verdifull tid og verdifult sosialt engasjement for dei. Og Jesus er med oss kvar einaste dag, også slike dagar, i ei slik tid og ein slik utviklingsprosess. Derfor vil eg skrive litt meir om korleis det er verdifult for oss.
Når dei vert venner og kjærestar, vert dei betre kjende med kvarandre og sidan Jesus er med dei, vert dei betre kjende med han også og han gjer Faderen kjend for dei.
JOH 1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.
JOH 17,1 – JOH 17,3 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa: Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.
Dei utviklar sine sosiale eigenskapar og veks opp til han som er hovudet for lekamen, Kristus. Dei tenker på å gifte seg og få born saman og samtalar om det og når dei forlovar seg har dei vorte samde om det og bestemt seg for det. Då må dei vere i stand til å forsyrgje både seg sjølve og borna sine, så dei gjer investeringar som lønner seg, for å klare det. Skulegang er slike investeringar, så kjærleiken mellom dei motiverer dei til å prøve å gjere det godt på skulen. Ja, slik er det då riktig å tenke tidlegare også, heilt frå dei byrja på skulen. Dei fekk kjærleik og omsorg i heimen og i kyrkjelyden og på skulen og lærde å svare med kjærleik og omsorg og når dei vert eldre vert dei også betre i stand til å gi omsorg. Men det som er så viktig for oss å ha klart for oss og gjere klart for andre også, det er at det heile tida er ved å verte verande i barnekåret hos Gud og verte verande i Kristus, som ei grein på vintreet. Der er vekst ved at vi veks opp til han som er hovudet for lekamen, Kristus, og ein modningsprosess ved at fruktene på greina modnar. Så eg vil kalle dette ein naturleg og åndeleg vekst og modningsprosess (NÅVM).
Bodskapen 19.2.1997:
”Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.
Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.”
Kristus elskar oss med kjærleiken frå Gud og når vi seier ja til han og tek imot hans kjærleik, blir vi hans kyrkje, som er hans brud. Det er som eit frieri og han held fram med å komme til henne som friar, som hennar brudgom og ektemann. Og vi er då ikkje større enn han, derfor er det då riktig for ein mann å opptre som friar overfor ei ung kvinne, for å få seg ein kjæraste og ei kone. Eg tenker meg at først snakka han med henne og fortalde at han trudde på Kristus, vitna om si tru på han og der ligg forkynning i det. Så fridde han til henne og det var å spørje henne. Og det heldt han fram med i forlovingsperioda og etter at dei var gifte også. Og så spør ho han også, kanskje endå meir (1.Kor.14,35). Men det vesentlege er då at dei vender seg til Kristus og spør han, at dei som Guds born ber Faderen om gode gåver.
Frieri, spørje, be i tru. Når Gud svarar, skal vi vere nøyaktige med å vedkjenne det, tru på det og så seie velsigninga som ligg i det.
Det er viktig å stille spørsmål for å stille problemstillingar, så hjerte og intelekt får tenke og sjela får velje, det er rett og viktig for både han og henne. Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande og vi har valt det siste. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Sjølv om vi har fri vilje og har valt Herren, så er det eigentleg han som har valt oss, han er vår Herre og vi skal tru på han og lyde han. Det er Gud som skaper oss i Kristus og han gjer slik som han vil. Dette verkar paradoksalt. Vi skal lyde han ved å tru på han og då skal vi ikkje stille spørsmål som er uttrykk for tvil, heller ikkje som bønn til han, det er ikkje slik vi skal be, men vi skal be med tru. Han er fullkommen og vi lovpriasar han som vår frelsar og Herre, hans frelseverk er fullført og fullkome, det skal vi takke han for. I den trua ber han om å få det som han gir oss frå himmelen og det er fullkome. Han er brødet frå himmelen, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Han vil gi oss liv i overflod.
Jesus sa til meg at når Gud har gitt meg ein visjon, så må eg aldri stille spørsmål ved det. Bodskapane 7.10.2007:
- Dokke er samla her no for at eg har gitt dokke nåde til å vere innfor mitt åsyn. De er samla her no for at de skal bruke tid i lag med meg og eg vil tale til dokke. Legg vekk dokka eigne tanka og legg vekk dokka eigne bekymringar. Legg det over på meg, så skal eg ta det, og så skal du få bruke tid innfor meg no og bli styrka, bli grunnfesta, få kraft til det livet du lever. Eg vil vere din Herre og eg vil vere din Gud og då må eg få forme deg, då må eg få snakke med deg og ha samfunn med deg. Eg elskar deg og eg har kjøpt deg fri. Bruk den nådestunda du har no i lag med meg. Tilbe mitt namn, ver innfor meg og merk at eg tek det som tynger deg, at eg styrker deg, eg gir deg kraft til dagen i dag og til dagen i morgon.
- De har høyrt i kveld at dokke er nye skapningar i meg. At dokke har blitt adskilt ifrå det som dokke før var, dokke har blitt noko nytt, dokke har blitt født på nytt. Når dokke tvila på at dokke kan vere av betydning for mitt rike, når dokke føler dokke fattige i dokke sjølve, når dokke føler at dokkar eige vitnesbyrd er svakt, når dokke føler at dokke ikkje får det til, så skal dokke løfte blikket dokkar og sjå på meg, sjå på Jesus, sjå på det som eg har fått til for dokke. Sjå på det at eg har tatt alt det som du har gjort, alt det som du gjere, og som du kjem til å gjere og som du skammar deg over, eg har tatt det og kasta det så langt vekk som aust er ifrå vest. Fordi eg elskar deg.
- Du skal aldri betvile kva eg kan gjere gjennom deg, du skal aldri stille spørsmålsteikn, når du trur eg kan gjere noko stort gjennom deg, men så trur du eigentleg ikkje likevel. Sjå på Moses, sjå på Israelsfolket, eg talte til Moses om at han skulle gjere noko stort, han skulle føre mitt folk ut av slaveriet. Den første gongen, når farao sa nei, så begynnte mitt folk å murre og sei til Moses: dette her er umulig. Sjå ikkje på problema, sjå ikkje på dine eigne begrensingar, di eiga svakhet, men sjå på kva eg har sagt til deg. Sjå på kva draumar og visjonar eg har lagt ned i ditt hjerte. Sjå ikkje på det som skjer rundt deg, men sjå på kva eg har sagt til deg. Og sjå på mi kraft og mi evne til å skape forandring. Eg har tatt bolig i deg med mi ånd, det er forskjellen. Då treng du ikkje lenger å sjå til deg sjølv og dine eigne gåve og dine eigne muligheter, for dei vil alltid ende opp med å bli begrensningar. Du får sjå på kva eg kan gjere gjennom deg. Eg har tatt bolig i deg, eg bor i deg, enten du er prest, eller pastor, evangelist eller sjukepleier, uansett kva slags funksjon du har i kvardagen, så har eg tatt bolig i deg. Og mi Ånd, der er ingen begrensningar, for eg er din Far, og eg er din Herre. Bruk tid i lag med meg. Må du aldri slutte å søke mitt åsyn, må du aldri slutte å la lovsongen i ditt hjerte komme fram til meg, for eg vil ha fellesskap med deg. Amen.
Jesus gir oss ånd og liv og liv i overflod og eg forstår det slik at det skal resultere i at dette fungerer. Han har sagt at eg skal få leve av overskuddet og eg forstår det som ei lønnsam investering, som går med overskudd, så eg skal få leve av overskuddet. Dette til tross for at eg enno ikkje har fått meg ei kvinne til kjæraste, forlovede og kone, så eg kunne vere sman med henne slik. Men eg har levt saman med Kristus og snakka med han om det. Så har eg skrive om det og forkynt Guds Ord og det vender ikkje tomt tilbake, men utfører det som han sender det til. Så det er ei god investering og venteleg vil det fungere som ei slik god investering for meg likevel. Og det vil studiane mine også gjere.
Eg skal fyrst og fremst tru på Jesus og sjå på han, så eg får oppleve at han gjer sitt verk med meg.
Når eg var i Bergen på slutten av 1970-talet, sa Jesus til meg at eg måtte lære å skilje mellom kva det var eg skulle gjere og kva det var han skulle gjere. Når eg studerte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet, skreiv eg at eg meinte eg forstod det som eg studerte, men det var ikkje så lett å hugse det. Då svarde Jesus meg at det var han som gjorde sitt verk med meg. ”Sjå, dette skal du hugse”, sa han. Så Jesus gjorde sitt verk med meg og det gjaldt studiane mine også. Ja, nåden og sanninga kom ved Kristus. Det var nåde at eg fekk ta imot den og tru på den. Når han stifta nattverden, sa han: ”Gjer dette til minne om meg”. Og dåpen er eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde. Så det er nåde at vi kom til tru på sanninga, fekk ta imot den, erkjenne den, lære å hugse den og verte vituge, med godt samvit. Det får den betydninga for oss når vi går på skule og studerer og forskar også. Og når vi går ut i verda og ser og sansar den og lærer av erfaring. Det får den betydninga for meg, når eg studerer realfag og når eg går ut i verda og får meg ein jobb. For eg går uansett ut i verda med evangeliet og då har Jesus lova å vere med meg. For Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda, så den rasjonaliteten eg har i trua på han, held i ein kvar situasjon. Han er trua sin opphavsmann og fullendar, han er opphavsmann til mi tru og han fullendar den, så han let meg trekke den konklusjonen og let meg gå sigrande ut av denne verda.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Han er den som tek seg av mi sak. Å fri til ei kvinne er å stille henne eit spørsmål, komme med eit forslag, men når eg ber Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, spør eg først og fremst han og ”forslaget” er at han frelser både meg og henne. Det har første prioritet. Eventuelt andre spørsmål og forslag er av sekundær betydning. Om eg ikkje får moglegheit til å møte ei kvinne og snakke med henne og fri til henne, så får eg likevel gå til Jesus med det og la han ta seg av mi sak. Så då blir det vel frieriet til bønn til Jesus, ja, så til de grader at bønna erstattar frieriet.
Når eg oppdaga henne Reella, syntest eg ho var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje hadde snakka med henne eller kjende til henne elles. Det var ei vedkjenning til Gud i tråd med at dåpen er eit godt samvits vedkjenning til Gud (pakt med Gud), med grunnlag i Jesu oppastode frå dei døde. Det var eit ynskje, ei bønn og ei velsigning. Og den Heilage Ande dreiv meg og leia meg slik at eg møtte på henne, då sa eg i mitt stille sinn: ”Der er ho”. Då opplevde eg ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same til henne: ”Der er ho”. Så han sa det til henne samtidig som eg sa det i mitt stille sinn. Det var ein påstand, ei velsigning og eit kall, det er vel rett å forstå det slik, både for meg og for henne. Eg hadde bedt Gud gi meg ei frelst kvinne til kone og han svarde meg slik, slik må vel eg forstå det. eg hadde ikkje nok grunnlag til å påstå det utifrå kva eg hadde sett og sansa i det materielle miljø. Eg hadde berre sett henne og syntest at ho var fantastisk vakker. Eg må forstå det forstå det som ei velsigning for både meg og henne, for vi fekk oppleve at Herren var nær, Jesus openberra seg for oss og vi veit at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus. Er dette Guds svar på denne bønna, så betyr det vel at eg ikkje har noko anna val, for eg må vere trufast mot Kristus og trufast mot henne, som min kjæraste og min forlovede. Eg bad med tru og då kan og skal eg tru at eg allereie har fått det. Eg har fri vilje til å velje, ja, og kva så, kva skal eg med det? Det er verdifullt for meg, ja, korleis då? Jau, ved at eg gjer gode og rett val, så det vert verdifullt for meg for tid og æve og slik vert det sikkert verdifullt for mange andre også. Har eg gjort eit godt og rett val, må eg berre vedkjenne det, vere bevisst på det og halde fram med å velje slik. Når vi lever i barnekåret hos Gud, vert vi opplærtde og oppseda, til å gjere gode og rette val. Vi treng ikkje tigge som fattige trælar for å få noko, men vi ber som born som er arvingar og han oppseder oss så vi vert i stand til å ta ansvar som arvingar.
Til hausten blir dette 32 år sidan, likevel har eg enno ikkje kome så langt at eg har fått snakke med henne, fortelje henne noko, at eg er glad i henne og fri til henne, spørje henne om noko, fri til henne. Kvar blir det då av den prosessen, utviklinga og framgangen som eg kalla NÅVM? Men eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, slik er mitt frieri til henne, spørsmålet som ligg i frieriet, ligg i mi bøn til han. Han sa eg skulle snakke med han og han har minna meg om dåpen med den Heilage Ande, om å verte fylt av Anden. Jesus gir oss ånd og liv og liv i overflod og det gjeld henne også. Slik kjem vi likevel inn i denne NÅVM-prosessen, for ved trua på han får vi komme inn til Guds kvile, vi får komme inn i det lova landet (Heb.3-4). Lekamen er eit tempel for den Heilage Ande og sidan Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt, ein lekam, så gjeld det hennar lekam også. Eg vert fylt av den Heilage Ande og då vert ho også fylt av den Heilage Ande, det skal eg halde fram med å be om. Jesus elskar oss med kjærleiken frå Gud, det er som eit frieri, vi som har kome til tru på han, teke imot han og sagt ja til hans kjærleik, vi er Jesu kyrkje, som er hans brud. Han kjem til oss som brudgom, vonleg held vi då fram med å seie ja til han og hans frieri, tek imot hans kjærleik og svarar på den med kjærleik. Han elskar meg, derfor elskar eg han. Han lever i meg og eg skal tru på han av heile mitt hjarte. Eg trur han fridde til henne Reella, så ho vart hans brud og han held fram med å komme til henne på den måten, som brudgomen som frir til si brud. Slik blir ho mi brud og mi kone, for kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud er født i meg ved den Heilage Ande. Ved trua smeltar Ordet saman med meg i hjertet mitt (Heb.3-4), så eg kan seie at det gjeld meg. Jesus har kalla og valt ut meg og så har han kalla og valt ut henne som kona mi. Då er det noko han har kalla og valt oss ut til. Han har sett framfor meg ei opna dør, som ingen kan lukke, der eg er kalla til å gå inn. Og han vil leie meg i dei ferdiglagde gjerningane.
Nye vegar og nye dører. Jesus har nye planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets.
Her på jorda har vi mange valmoglegheiter, så vi har mange vegar og dører å velje mellom. Men for oss er der ein åndeleg dimensjon også, vi lever under ein open himmel, så for oss er der i kvar tilfelle berre ein veg som vi vel, vegen til Faderen, og berre ei dør vi har å gå gjennom, døra inn til sauene. Dersom vegar vert stengde og dører vert lukka for oss, er det ikkje noko alternativ for oss å prøve å klive over ein anan stad.
Jesus har sagt til meg at når dører vert lukka for meg, så har han nye dører og nye vegar for meg.
Ein bodskap hausten 1995:
”…… med en gang du ser på de stengte dører. Men du skal vite, når dører lukkes igjen for deg, så står jeg med nye muligheter, jeg vil åpne nye dører for deg, sier Herren.
Difor ønsker jeg av deg at du vender deg mot et nytt mål, de muligheter som stiller åpen, sier Herren. Studer mitt ord og se hvilke velsignelser jeg har gitt deg der. Åpne deg for meg i bønn og lovprisning slik at jeg kan få legge ned i deg den velsignelsen som jeg ønsker å gi deg, sier Herren. Jeg har noe å gi deg, det er for deg.
Ja, bli stille for meg sier Herren. La meg få fylle dine tanker og ditt sinn. La mitt ord få gjennomsyre deg, slik at du får tenke mine tanker, sier Herren. Jeg har nye veier for deg. Og du skal få se at jeg har planer for deg, for din familie, for menigheten, for din omgangskrets. Du skal få være med på det. Midt i velsignelsen skal du stå og nyte det, sier Herren.”
Eg fortsette å drive tråling og i 2000 flytte eg tilbake til Sunnmøre. Men i 2008 kall han meg atter til å gå i ferdiglagde gjerningar, så eg for tilbake til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning. I 2014 byrja eg å studere biologi. Og det var tydeleg at Jesus var med meg og leia meg i dette. No har eg flytta tilbake til Sunnmøre og Jesus har igjen minna meg om å søke han i løynkammeret og vitne for dei eg møter i kvardagen. Han sa at eg skulle legge inn det giret at eg søker han kvar morgon og med det innstille meg på å møte andre menneske utover dagen. Eg er pensjonist, men vil likevel komme inn i ei dagsrytme der eg står opp om morgonen slik som andre som skal på jobb eller studerer. Eg har byrja å skrive før frukost og eg held det også for å vere å søke Herren, eg minner meg då om det som han har sagt til meg og minner han om det i mi bønn. Så har eg byrja å gå turar medan eg høyrer på Bibelen som lydbok, gjerne før frukost.
Bodskapane 3.2.2019:
”…., eg veit om kampane du har, eg veit om nattevåket ditt, men eg går saman med deg, eg ber det saman med deg. Så stol på mitt Ord, stol på mine lovnadar. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Eg har ikkje gløymt deg. Eg har ikkje forlete deg. Men det du opplever i livet føler du, det er ikkje rettferdig. Men livet kan vere vanskeleg, du kan møte motgang. Men hugs at eg går saman med deg. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Så skal du få kvile i mine naglemerka hender. Søk meg i løynkammeret med meg. La meg få lov til å bere saman med deg. Og bli bevisst på det at eg er ein Gud som høyrer, ein Gud som kjenner ditt namn, ein Gud som kjenner adressa di, som veit kvar du bor. Det er eg som har helde deg oppe. Amen.”
”Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. Det gjeld også i dag. Eg ser du er trøytt, eg ser du har det vanskeleg. Men overlat tinga til meg. Forstanden din vil kanskje ofte hindre deg i å gjere det. Men overlat alle ting til meg, også det som synest umogleg ut i dag. Eg gjer det umoglege mogleg. Og det som ingen ting var, valde eg ut til å gjere til skamme det som er noko. Om du føler deg som ingen ting, du er ingen ting samanlikna med andre, men hugs at eg elskar deg slik som du er. Du har ein eigen identitet, du er skapt i Guds bilete. Og du er elska av den tre gangar heilage Gud. Så søk meg, søk inn i mitt Ord, når du kjem heim att. Søk i løynkammeret og be til meg. Eg skal svare, eg skal svare i mi tid, seier Herren. Så ver frimodig og søk meg.
Livet, det er ikkje berre roser, det har du oppdaga, livet er også ting som er vanskeleg, det er kantar som møter deg. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda. Så stol på meg. Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med. Og akkurat du kan vere ein samarbeidspartnar og ein samtalepartnar som einkvan kan snakke med. Så ver frimodig. I begge mine hender har eg teikna også deg. Og du skal vite det at eg skal gå med deg, resten av livet, når du søker meg. Amen.”
Bodskapen 3.11.2019:
A.
”Du føler at det har vore stilt lenge, du har ikkje merka nokon bevegelse i den Heilage Ande. Du føler at det har vore trott, men du lengtar ut av den situasjon som du er i. Då skal du vite det, mitt barn, at mitt tilbod står klart, kom til meg alle de som strevar og ber tunge byrder og eg skal gi dykk kvile. Eg har venta på deg, eg har venta på ditt svar og i dag så spør eg igjen, er du villig å gå vidare på vegen med meg. Du skal verte fyllt av meg, du skal få kjenne krafta ifrå himmelen på nytt i ditt liv. Det har gått på stumpane laust, no ei tid. Men du får også tilbodet no, mitt barn. Kom til meg. Eg ventar på deg.”
B.
”Der er menneske i ditt nærmiljø som sliter, som blør i livet. Dei ser inga meining, dei ser ingen vits. Der er også dei som har gått og teke – tenkt på tanken om å gjere slutt på det heile. Men du veit kva som er ditt nærmiljø, du veit kven du møter kvar dag. Men eg ber deg inn i rustningskammeret, til å ta på deg min fulle rustning og til å gå med nådens bodskap og fortelje at der er ein som elskar dei, der er ein som døde for deg og der er ein som har betalt prisen. Det er ikkje nødvendig å gå rundt i eiga kraft. Så ver frimodig, mitt barn. Ta imot det eg har å gi deg, åndeleg liv, til lækjedom, til overskudd, du skal få leve av det som er til overs. Så ver frimodig, mitt barn. Eg ventar også på deg, at du skal seie eit ja, til tenesta. Du har kjent at eg har trykt litt på, i livet ditt, ei forandring på retninga di. Eg ventar på ditt svar. Amen.”
Eldste bror min møter eg nesten kvar dag og eg har no fortalt dette til syskjena mine, at Jesus sa han elskar oss.
Eg hadde nyst skrive noko om at med matematikken klarer vi å lære å forstå naturfag og det høver med mi tru på at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, derfor er naturen forståeleg. Slik har eg ogtså prøvt å forstå den og eg reknar med Gud svarde meg på det med å seie at eg er elska av ein tre gangar heilag Gud. Den matematiske forståinga av universet og verda verkar fjernt for folk flest i vårt daglege liv, men når Bibelen talar om verda er det tydeleg at det det daglege livet og den politiske og religiøse situasjonen det er tale om. Sidan minna han meg om at han elskar verda og då tenkte eg på biologien, den er ikkje så matematisk, den er meir jordnær. Eg trur han vil gi meg ei biologidame til kone, henne Reella, for han elskar meg og han elskar verda og han vil elske verda gjennom meg og henne. Han elskar verda så høgt at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Det er hendsikta og det er altså så enkelt, at det er berre på tru på han. Gud er fullkommen, Kristus er Guds Son og er fullkommen. Hans frelseverk er fullført og fullkome, han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er fullkome. Han gir oss det av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.
Realistar har rasjonalitet og er teoretikarar, samtidig som dei er jordnære, så metodene i realfag høver med metodene i kristendomen, i misjonsbefalinga. Vi skulle lese i Bibelen, søke Gud i løynkammeret og i kyrkjelyden og så skulle vi gå ut og møte andre menneske og vitne for dei om vår tru på Jesus. Det er eit val som minne om det som Jesus hadde sagt til disiplane sine tidlegare, at dersom nokon vil vere hans læresvein, så må han kvar dag ta opp krossen sin og følgje etter han. Valet er framleis å seie nei til noko og seie ja til noko anna.
Godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Det daglege offeret.
Dåpen er eit godt samvits vedkjenning til (pakt med) Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde.
1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
Den levande og sanne Gud er fullkommen, han vekte Jesus opp frå dei døde og viste dermed at han av herlegdoms Ande er Guds veldige Son. Han er fullkomen, hans frelseverk er fullført og fullkome, han er Guds Ord, han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Det er berre for oss å ta imot i tru, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Derfor har vi godt samvit, det er ikkje på grunnlag av noko vi ser eller sansar i denne verda, men det er på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde.
Slik er det også med den velsigninga og lovsangen som han har langt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, som han framleis legg ned i meg og fornyar ved fylden av den Heilage Ande. Så eg med godt samvit kan takka Gud og Lammet for at han frelser både mann og kvinne og let oss frå barnekår hos Faderen og at han bygger Jesu kyrkje som hans brud. Med godt samvit kan eg takke Gud og Lammet for den frigjerande bodskapen i evangeliet, Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Jesus er Guds Ord, den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi erkjenner at han er sanninga som set oss fri. Jesus gav oss Anden og livet frå himmelen av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, så er det heller ikkje på grunnlag av noko vi har erfart i den fysiske verda. Det gode samvitet på grunnlag av Jesu oppstode fråd ei døde betyr at det er noko vi kan vite likevel. Mange vil bruke kravet om gjerningar som innvending mot det gode samvitet og slik vil dei også bruke kravet om empirisk erfaring i det materielle miljø som innvending mot det gode samvitet, som innending mot at vi skal kunne «vite». Men det er som å krevje at vi skal ete av kunnskapstreet for å verte liksom Gud. Slik prøver dei framleis å lokke menneske til å bryte pakta med Gud og lokke dei ut av samfunnet med han. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, ved reinsinga i Jesu blod og fylden av det Heilage Ande opplever vi samfunnet med han.
Betyr dette at eg berre skal vere teoretikar? Nei, eg med godt samvit kan vere teoretikar, men eg skal ikkje la meg lokke til å tru at dette berre er teori, for det er ein åndeleg røyndom og den skal få konsekvensar for den fysiske røyndomen, Gud er ånd og han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.
Når eg då søker Gud i lønkammerbøna og i kyrkjelyden, får eg legge alle mine behov fram for Gud i påkalling, bøn, med takkseiing og Guds fred skal bevare mitt hjarte og mine tankar i Kristus.
Fil.4, 4 Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.
Så eg takkar Gud og Lammet for det fullførde frelseverket og så takkar eg også Gud for at han har skapt alle ting og for at han skaper oss på nytt i Kristus. Så ber eg lekamen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, det er det daglege offeret og den daglege Guds-tenesta, slik skal eg kvar dag ta opp korset mitt og følgje etter Kristus.
Rom.12 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
Å takke Gud for frelsa er som det gode samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde, det er å vedkjenne for Gud at han har gitt Kristus makt over alt som menneske heiter, han har vekt han opp frå dei døde og gitt han all makt i himmelen og på jorda, han har sett han ved si høgre hand i himmelen og salva han til å vere vår frelsekonge. Han skal ha makta over meg, han skal ha makta over min kropp, han utgyt sin Ande over mitt kjøt, min lekam er eit tempel for den Heilage Ande. Når eg då går ut og møter andre menneske i kvardagen og nærmiljøet, så er han med sin Ande like jordnær som kroppen min. Same enten eg studerer, er i praktisk eller teoretisk arbeid, tek meg ein tur eller trener. Eg er pensjonist, men eg skal komme meg opp om morgonen som om eg skal på jobb eller studere, for eg skal legge inn det giret at eg søker Herren kvar morgon.
For å vere Jesu læresvein, må vi kvar dag ta opp krossen vår og følgje han og eg tenker meg at eg skal gjere det med mitt gode samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde, han har fått all makt i himmelen og på jorda, eg tilhøyrer han og skal leve for han, det er ved at han gir meg ånd og liv og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen, slik har han ved sin Ande fått makta over kroppen min. Den glade og frigjerande bodskapen er ein bodskap om å tru på Kristus og å lyde han, for å få kroppen min til å lyde, treng eg å verte fylt av den Heilage Ande. Med sin Ande let han meg få kjenne i mitt indre menneske at han lever i meg. Eg skal tru på han av heile mitt hjerte. Så ventar eg meg at han gir meg ei frelst kvinne til kone ved at han gir henne også ånd og liv og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg. Så eg trur eg får kjenne og merke det i mitt indre menneske. Sjølvsagt vil eg då ha kroppen hennar, men det er ved at ho også vert fylt av den Heilage Ande. Så det er ved at både eg og ho lyder han. Og no er det altså henne Reella eg tenker på. Eg har ikkje snakka med henne, eg har berre sett henne og tenker på henne slik som eg såg henne, likevel tenker eg på henne som ei levande sjel.
Når eg står opp og går ut, får eg den fysiske naturen til å lyde meg, det vert særleg tydeleg når eg gjer eit praktisk arbeid, men også når eg gjer eit teoretisk arbeid, går på skule eller studerer. Og det sjølv om der er ein arbeidsleiar som seier kva eg skal gjere, ein lærar, ammanuensis eller professor som underviser og seier kva eg skal gjere. Det er ved at eg får min eigen fysiske natur, min eigen kropp, til å lyde meg og no talar eg om meg sjølv som ei levande sjel. Med all vår livsutfolding påverkar vi miljøet rundt oss, vi får den fysiske naturen til å lyde oss og slik legg vi verda under oss. Korleis gjere det på rett måte? Jau, ved at vi vender om til Jesus, trur på han og lyder han.
Eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone og då vil eg no sjølvsagt ha kroppen hennar, så ho vert trufast mot meg som kjærasten min, forloveden min og kona mi, men då er det altså på den måten at Jesus frelseer hannar sjel for æva og gir henne evig liv, han gir henne ånd og liv og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Han gir meg ånd og liv og liv i overflod og det gir han henne også. Han har sagt eg skal få leve av overskuddet, det viser rasjonaliteten i økonomien i privatlivet og familielivet. Det viser også rasjonaliteten i økonomien til den kristne kyrkjelyden, for vi er lemer på Jesu lekam, som er hans kyrkje.
Dåpen er eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Då er det altså ikkje grunnlagt på noko anna erfaring i det materielle miljø enn at Jesus stod lekamleg opp frå dei døde. Vi har berre fått det fortalt og forkynnt og så trur vi på det. Derfor er vi rettferdige for Gud. Så skal vi kjennast ved han for Faderen og sanne at han er Herre, til vår frelse (Rom.10).
1.Pet.3, 18 For Kristus leid og EIN gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, so han kunde føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart levandegjort i åndi; 19 i åndi gjekk han og burt og preika for åndene som var i varetekt, 20 dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, medan arki vart bygd, der nokre få – åtte sjeler – vart frelste gjenom vatn, 21 det som no og frelser oss i motbiletet sitt, dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda, 22 han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og makter og krafter er han underlagde.
Dette er 1938-oversetjinga. I 1978/85-oversetjinga er det sagt «godt samvits vedkjenning»:
1.Pet.3, 18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
I 2011-oversetjinga er det sagt «bønn til Gud om godt samvit, i kraft av Jesu oppstode»:
1.Pet.3,18 For Kristus sjølv leid for synder,
éin gong for alle,
den rettferdige for urettferdige,
for å føra dykk fram til Gud.
Med kroppen døydde han,
men ved Anden vart han gjord levande,
19 og slik gjekk han bort og forkynte
for åndene som var i fangenskap.
20 Dei hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud venta tolmodig medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn. 21 Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, og englar og makter og krefter er lagde under han.
Når eit menneske talar om seg sjølv er det vanlegvis kroppen, sjela og tankelivet vårt, det siste kan vi kalle åndslivet og for dei kristne har det stor betydning ettersom Gud er ånd og han har gitt oss sin Ande. I viss høve kan det likevel hende vi talar om kroppen i tredje person, då er vel sjela som talar, så den er første person. David sa også «mi sjel, lov Herren», så den vart andre person. Kven var då første person? Det var vel ånda hans det då, som han hadde fått frå Gud.
Thomas Aquinas talte om universalia før tingen, i tingen og etter tingen. Og Imanuel Kant talte om tingen i seg sjølv og tingen slik som han oppfatta han, slik som han såg den utanfrå. Tingen kan vere menneskets kropp, du ser og sansar andre menneske utanfrå, så dei blir tingen slik du oppfattar den. Men kva om tingen er din eigen kropp? Du kan tale om kroppen slik du ser den sjølv og slik du ser den i spegelen, men du kan også tale om tingen slik den er i seg sjølv, for sjela og ånda di er då i kroppen din, så sant du har sjel og ånd og er biologisk levande. Så dersom du tenker og talar, får vi vite mykje om tingen i seg sjølv som vi elles ikkje hadde føresetnad for å vite. Har du noko vitugt å bidra med? Kva med universalia før tingen og i tingen?
Jesus er Guds Ord, han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv, han gir oss ånd og liv frå himmelen. Så det er universalia før tingen og i tingen. Det er viktig å verdifullt for oss og det er viktig for oss å vedkjenne det for Gud og fortelje det som ein glade bodskap til andre menneske. For å verte i stand til det, må vi først og fremst ta imot den Anden og det livet som Jesus gir oss frå himmelen, verte fylt av hans Ande og hans kraft, verte fylt av hans salving, den lærer oss alt og er truverdig.
Den Heilage Ande ransakar all ting, jamvel djupnene i Gud. Då ransakar den oss sjølve, menneska, den fysiske naturen også, så det går godt an å nytte seg av det når ein studerer realfag. Ja, for meg var det og er det heilt nødvendig. Med realfag får eg ein rasjonalitet som let meg vite og forstå i eit langt større perspektiv i tid og rom enn det vi til dagleg opplever og tenker på. Det kan også bety at eg ser moglegheiter og får prognoser om kva som sannsynlegvis kjem til å skje i nær og fjern framtid.
Så er det om å gjere for meg å sjå moglegheitene og nytte meg av dei til gagn for både meg sjølv og andre. Når vi ser moglegheitene veit vi at det har med tilfeldigheit å gjere og livet er ein kamp for tilværet og der er konkurranse i økonomien, der er konkurranse i skuleverket, i idrett, arbeidsliv og næringsliv. Men når eg bygger på evangeliets grunnvoll, får eg vere Guds medarbeidar, så eg får oppleve at det ikkje berre er eg som gjer mitt verk, men han som gjer sitt verk med meg og med oss. Eg får gå ut på hans lovnadar og dei held. Jesus leier meg, han set framfor meg ei opna dør som ingen kan lukke, han vil leie meg i ferdiglagde gjerningar.
Peter talte om det som no frelser oss, dåpen, som er eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Det er ei velsigning, det kan forståast som ei vedkjenning og ein påstand som er ei velsigning og som ei bøn som Gud allereie har svart på og som vi veit at han svarar på, for han står bak sitt Ord og gjennomfører det, han er trufast og held det som han har lova. Dåpen betyr gravlegging, så då veit vi at det har ikkje sitt grunnlag i noko vi har erfart i denne fysiske verda. Det er Gud som gjer noko nytt. Det gjer han i grunnen stadig, Salomo sa at han skaper noko som står til evig tid og då tek fram att det som kvarv. Det er noko som har vore skjult for menneska frå tida sin morgon, men no har Gud openberra si frelse for oss i Kristus.
Med rasjonaliteten i realfag skulle det eigentleg ikkje vere så vanskeleg å tenke seg at der kjem noko nytt, vonleg betre enn det som var. Det er tydeleg at mange prøver å etablere makt på grunnlag av erfaring og med slik makt seier dei imot og står imot. Men for oss er det berre å gravlegge slik erfaring, for dåpen betyr gavlegging. For ved trua på Kristus skal vi få oppleve at Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande, så der kjem noko nytt i staden.
Takke Jesus for frelsa.
I dåpen vart vi også oppreist med Kristus, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Han er det evige livet. Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Eg forstår det slik at det er livsens tre. Eg skal glede meg i Herren alltid og lovprise han for at han frelser meg for æva og gir meg evig liv. Eg trur han frelser ei kvinne og gir meg henne til kone, så i tru takkar og lovpriser eg han for det også. Eg trur det er som å ta av frukta på livsens tre og dele med henne også. Eg trur faktisk eg får oppleve det i mitt indre menneske at han frelser hennar sjel, at han gir liv til hennar sjel, så eg opplever det som ei glede i mitt indre menneske. Og no er det henne Reella eg tenker på. Slik får eg kjenne og oppleve krafta i evangeliet.Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Og slik ventar eg meg at han gir meg hjelp i form av ei kone.
Dobbeltolking av 1.Mos.2. Realistisk historieskriving?!
Skapingssoga i 1.Mos.2 talar både om den fysiske røyndomen med det biologiske livet og livet i samfunnet med Gud som er ånd. Det fysiske og biologiske vert brukt symbolsk for det åndelege og det synest rart at dette er ei forteljing om begge deler. Vi er vande med å skilje det, slik at det er enten det eine eller det andre som er poenget. At det gjekk an å sameine det slik, hadde seg nok so at dei levde i samfunn med Gud som er ånd, så dei fekk harmoni mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne.
Jorda var tørr og livlaus, men Gud let ei kjelde velle fram som vatna den. Så skapte han mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Så mannen var laga av våt jord og hadde Guds Ande og vart til ei levande sjel. Denne kjelda er symbol på det levande vatnet, det gir liv til vår sjel. Livets ande er symbol på den Heilage Ande. Når vi har teke imot Kristus, så har vi fått Kristi Ande, då tilhøyrer vi han og er frelst. Han gir liv til vår sjel, den er i Anden og Anden er i kroppen. Det livet han gir oss, sigrar over synda, døden og verda og vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam.
Gud sa til menneska at dei skulle ikkje ete av kunnskapstreet, for då skulle dei døy. Men ormen sa at dei skulle ikkje døy om dei åt av det, men dei skulle vert liksom Gud og kjenne godt og vondt. Menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet, Gud sa til mannen at han var mold og til molda skulle han attende. Han var ikkje ånd slik som Gud likevel altså.
Det blir gjerne sagt at det er dei som vinn krigen som skriv historie. Ja, men vanlege folk ser det frå sin synsstad og så er der vel dei som undersøker og skriv historie også. Og i Bibelen finn vi soleis ei imponeranede historieskriving. Den fortel om kongerike som oppstod og gjekk til grunn, både som historisk forteljing og profeti, ofte får vi ei profetisk forklaring på at dei gjekk til grunne, som at kongen ovmoda seg og prøvde å gjere seg sjolv til gud eller at dei gjorde noko vondt. Profetiane fekk dei fordi dei hadde god kontakt med Gud, men det er også tydeleg at skribentane hadde gode kontakter både i Israel og i nabolanda, heilt inn i kongehusa.
I nyare tid at naturfaglege metoder vorte utvikla og tekne i bruk i arkeologi, geologi og genetikk, det fortel oss noko om historia, så vi kan kalle det ei naturfagleg historiskriving som strekker seg langt utover tradisjonell historisk tid.
Dei kjem då til at menneska kjem frå Afrika, med vår tynne hud med lite hår er vi naturleg tilpassa steppe og grasland med eit varmt klima. Eg såg ein gammal film om korleis dei jakta i slikt landskap, der var ei og anna busk, så negeren kunne snike seg inn mot ei gaselle med pil og bodge, den merka ikkje noko før pila stod i sida på den, den løfta brått hovudet og såg pila og såg seg om. Pilbrodden var forgifta, så det var berre å legge seg og daude. På ein annan film tok negeren med seg eit spyd og sprang etter ei gaselle. Han hadde på seg berre ein shorts og det passa godt i varmen, gasella kunne sprenge fort, men den hadde pels, så den klarde ikkje sprenge lang, for den vart varm, så han tok den igjen og drap den med spydet.
I 1.Mos.2 er det tale om ei tørr og livlaus jord, for der hadde ikkje kome regn og der var ikkje nokon mann til å dyrke jorda. Men så let han ei kjelde velle opp og vatne den og så skalte han mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Så planta han ein hage og sette mannen til å dyrke og verne den.
1MO 2,4 – 1MO 2,8 Dette er soga om himmelen og jorda då dei vart skapte. {MENNESKET I GUDS HAGE} På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen, 5 fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka. 6 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning. [På hebr. heiter mann adam og mark eller jord adama.] 8 Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. [Eden: Namnet likjest eit hebr. ord for glede. I den gr. oms. vert hagen kalla paradeisos, av det vårt “paradis”.]
1MO 2,9 – 1MO 2,17 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt. 10 Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner. 11 Den fyrste heiter Pisjon. Det er den som renn kring heile Havila-landet, der det er gull. [Havila-landet: i Arabia. Sml. 25, 18; 1 Sam 15, 7.] [Pisjon, Gihon og Hiddekel: paradis-elvar; dei to fyrstnemnde er ukjende, den sistnemnde er Tigris.] 12 Gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolah-kvae og karneol. [bedolah-kvae: eit slag godangande harpiks.] 13 Den andre elva heiter Gihon. Det er den som renn kring heile Nubia. 14 Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som renn austanfor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat. 15 Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen. 16 Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: “Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. 17 Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.”
Gud planta hagen i aust og flytte mannen dit. Det er tale om elvekulturen i Mesopotamia, det høver med at menneska vandra ut ifrå Afrika. Det viser kor avhengige menneska og alt levande er av å få vatn.
Etter syndefallet sa Gud til mannen at jorda skulle vere forbanna, torn og tistel skulle ho bere. Det passa no svært så dårleg for menneska med si tynne hud.
1MO 3,16 – 1MO 3,19 Til kvinna sa han: “Stor vil eg gjera di møde så tidt du er med barn; med verk og vande skal du føda. Etter mannen din skal du stunda, og han skal råda over deg.” 17 Og til Adam sa han: “Fordi du høyrde på kona di og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, skal jorda vera forbanna for di skuld. Med møde skal du næra deg av henne alle dine levedagar. 18 Torn og tistel skal ho bera, og du skal eta av vokstrane på marka. 19 Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jorda att; for av henne er du teken. Jord er du, og til jord skal du atter verta.”
Livsdrifta og/eller dødsdrifta. Vere vitug og rasjonell eller ikkje.
Sigmund Freud sa at religiøsitet er avspora seksualitet og at mennesket vert motivert av seksualitet og aggresjon. Det kan også kallast livskrafta og dødskrafta eller livsdrifta og dødsdrifta. Paulus sa at vi skulle la Anden råde over lysta i lekamen, då er det tydelegvis eit sentralt og viktig poeng at vi skal la Anden råde over kjønnslysta, sidan omskjeringa i den gamle pakt er førebilete for hjerteomskjeringa i Anden i den nye pakta. Med det tillegget finn vi at Freuds lære om motsetnaden mellom livskrafta og dødskrafta kan sameinast med Paulus si lære.
Paulus gjorde det klart at det Anden verkar til liv og erstattar dermed det som verkar til død.
RMR 8,1 – RMR 8,3 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.
Så dersom vi tenker oss at dødsdrifta er lova åt synda og døden, så skal vi altså vere fri frå den. Men vi er og blir krossfesta med Kristus, så kanskje det er rettast for oss å tenke slik at det er dødsdrifta, så vi skal vere motivert av både dødsdrifta og livsdrifta. Vi må tenke to gongar på kva betydning vi legg i desse orda, om vi brukar desse orda på vår motivasjon, må vi ta ein god porsjon av definisjonsmakta sjølve.
Når vi vil prøve å oppnå noko godt, kan vi seie at vi vert motivert av livsdrifta, men vi kan ta risiko for å oppnå det, så vi vert motivert av dødsdrifta også, men då må vi ta vel vare på den gode forståinga, at vi eigentleg vil oppnå noko godt.
Ein mann kan til dømes risikere liv og helse for kone og born og nære slektingar. Historia fortel oss at menn riskerte livet for både sine næraste og for folket sitt, ved å verte med i krig. Vi kan sjå oss nøydde til å risikere liv og helse på å prøve å berge andre. Då er det om å gjere å vere vituge og forstandige, så vi ikkje teke unødvendige risiko. Men i mange tilfelle kan menneske vere motiverte av livsdrifta, hevde det og meine det også, det kjennest godt og rett, men så verte dei freista av lysta, den fører til synd og synda fører til død. Så dei verte lurte, kanskje både av seg sjølve og andre. Dei vart dåra og vart uforstandige.
Ja vel. Men kva så når evangeliet fortel oss at dersom vi trur på Jesus, så vert vi frelst for æva og får evig liv?
1KO 1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.
FIL 3,10 – FIL 3,11 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.
Då må det vel vere om å gjere å tru på han, slik at vi vert motiverte av den livskrafta. Jesus gav livet sitt for oss medan vi endå var syndarar og stod han fjernt, men han visste at han kom til å oppnå noko godt med det. Han var vitug og forstandig nok til å la seg krossfeste og døy på korset, for å oppnå det. Og vi skal vere vituge og forstandige nok til å tenke slik at vi er krossfesta saman med han.
RMR 5,1 – RMR 5,11 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Kva kan vi så seie om dei som ikkje trur og ikkje tek imot? Dei har ikkje denne forståinga (rasjonaliteten) og vert ikkje drivne av denne livskrafta. Så dødsdrifta tek overhand altså. Det er ikkje forstandig og i mange samanhengar viser det seg å vere irrasjonelt.
Jesus sa at den som misser livet sitt, skal vinna det.
LUK 17,28 – LUK 17,33 Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. 29 Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. 30 På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg. 31 Er det nokon oppe på taket den dagen, og har sakene sine nede i huset, må han ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att. 32 Kom i hug kona åt Lot! 33 Den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser det, skal vinna det. Det er kvar einskild som sjølv må forstå kva det vil seie for han eller henne å vere krossfesta med Kristus, uansett er det ved å tru på at Jesus stod oppatt frå dei døde.
Det er kvar einskild som sjølv må forstå kva det vil seie for han eller henne å vere krossfesta med Kristus, vi må ha den forståinga at vi taper noko for å vinne noko betre. Uansett er det ved å tru på at Jesus stod oppatt frå dei døde. Når vi kjem ut mellom folk og kjem inn i kristne samanhengar, er det ikkje sikkert dei har den same forståinga, då treng vi å vere på vakt og vere førebudde på at vi får noko å bryne oss på.
Stridens eple[1].
Naturfilosofar har undra seg over kvifor den nye naturvitskapen ikkje vart oppdaga før, der har då vore mange høgtståande sivilisasjonar før oss, som dei gamle elvekulturane. I Mesopotamia vart det bygt svære vatningsanlegg og for å organisere så store prosjekt, trongs der sikkert ei sterk politisk leiing, diktatur altså. Så det vart sikkert strid om makta og det vart strid om det fruktbare området, nokre tok makta og fekk halde på ei tid, så kom andre og tok over. Så samfunnet vart ikkje stabilt nok og fekk ikkje tid nok til å utvikle naturvitskap med god innsikt.
Eg forstår det slik at det er ein slik sivilisasjon som er omtala som ein mann, Adam og kona hans Eva. Dei levde i samfunn med Gud som er ånd og hadde dermed ei god åndeleg innsikt. Det gav dei ei rasjonalistisk innsikt også, så dei forstod seg på naturen som dei var ein del av. Men sidan dei vende seg bort ifrå Gud og braut bodet han gav dei, så stengde han dei ute frå det nære samfunnet med han og dermed tapte dei mykje av den åndelege og rasjonalistiske innsikta.
Sidan valde Gud ut Abraham og israelsfolket, dei også skulle dyrke jorda og gjere den fruktbar. Dei fekk strid med nabofolka og sidan vart det indre stid også. Dei også fall ifrå Gud og vart bortførde frå landet sitt. Men Gud forbarma seg over dei og let dei få komme attende til det. Slik gjekk det med nabofolka deira også.
Guds plan med israelsfolket var å gjere namnet sitt kjent for dei andre folka og det vart tydelegvis fruktbart for gresk kultur. Dei fyrste naturfilosofane fekk den tanken at naturen er forståeleg og det høver med trua på at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Dei snakka ikkje berre om gudane, men den eine Gud. Thales sa at alt er vatn, kanskje fekk han ideen av det som står skrive i det Gamle Testamantet, om at Gud er kjelda med det levande vatnet. Elles er der ei rasjonalistisk innikt i det som kan høve med at Gud har skapt alt og som kan høve med at masse er eit mål for energi. Så kom Demokrit med si atomlære og i ettertid veit vi at den var rett. I følgje Aristoteles var der fire element, vatn, jord, luft og eld. Dette høvde nok best med antikk mytologi, men når Peter talte om elementa, så var det tydelegvis ikkje dette han sikta til, men heller til Demokrits atom-model. Pythagorearane hadde ei frelse-lære og den ideen kan dei også ha fått frå jødedommen. Og Platon tenkte i dei banene.
Aleksander den Store brakte med seg gresk kultur til heile det store riket sitt, Israel låg sentralt i denne hellenistiske verda og med tida vart altaret i Jerusalem eit stridens eple. Antiokus 4. Epifanes ville erstatte det med eit altar for Zevs og i Bibelen er det kalla ”den øydande styggedomen”. Jesus profeterte om den, så den var der framleis altså og i framtida kom den til å verte tydeleg igjen, sikkert fordi striden blussa opp att. Vi kan tenke på den seinare filosofihistoria, kyrkjehistoria og krigane og ikkje minst vår eiga tid. Kva er motsetnadane i vår tid? Altaret i Jerusalem vart eit stridens eple og er det framleis, det er stridens kjerne. Nokre ville erstatte det med altaret for Zevs, til samanlikning er det no mange som vil erstatte Kristus med Antikrist.
Realisme, trua og logikken.
Ein realist er ein person røyndoms-sans og praktisk sans. Vonleg har mange funne at det er viktig, men så har vi også funne at vi må vere kritiske til det vi sansar, korleis vi oppfattar og forstår det, så vi får ein kritisk realisme. Dersom den kritiske sansen manglar, vert realismen naiv. Vidare vert ein som har studert realfag kalla realist. Filosofisk refererer realisme til Platons idelære, trua på ei ideverd med idear som har sjølvstendig eksistens, i middelalderen vart det kalla universalia, som dei meinte hadde sjølvstendig eksistens, dei eksisterer sjølv om vår forståing av det er avgrensa, sjølv om vi ikkje er bevisste om det, ein påstand kan vere sann eller feil, sjølv om vi ikkje veit det, ein ide kan vere sann eller feil, sjølv om vi ikkje innser det.
Så realisme handlar både om det vi ser og sansar rundt oss og forståing av det og ideane vi har om det. Slik det blir forklart i den hypotetisk deduktive metode, men påstandane som blir prøvde med den, må vere negerbare og eksperimentet må kunne repiterast. Men realisme er noko meir enn det, for det kan godt verte påstått at ein ide eksisterer og er sann, utan at den kan prøvast slik.
Dermed kan eg påstå at trua på Bibelens Gud er realisme, historiene har skjedd, undera har skjedd, mange profetiar har gått i oppfylling og mange er framleis i ferd med å verte oppfyllte. Eg er sjølv ein realist som trur på Israels Gud, eg har vore i praktisk arbeid og har praktisk sans og realitetssans og eg har studert realfag, samtidig som eg har lese i Bibelen, bedt til Jesus og gått på kristne møte.
Når eg les i Bibelen og søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, er logikken som ”modus ponens”. Ei utsegn a, med kunnskapsmengde A, medfører eit utsegn b, med kunnskapsmengde B. Dersom A = B så vil b medføre a også, då er b berre ei omformulering av a. Det tilfellet tek eg ikkje med no. Då er B ei ekte delmengde av A. At a medfører b kan vere eit matematisk bevis. Det kan verte oppfatta som ei stor oppdageing og nyvinning, noko som ikkje har vorte oppdaga før, det kan vere genialt uttenkt, ære vere dei som oppdaga det først. Men eigentleg låg kunnskapsmengda B i A frå før, så slik sett førde det ikkje til ny kunnskap. Vi innsåg det berre ikkje før, nokon var først med å innsjå det, så dei også kunne forklare det til andre. Tidlegare kunne vi gå tilbake til A, utan å problemastisere over det og tenke utifrå det utgangspunktet. No heretter kan vi i mange tilfelle forenkle ved å nøye oss med å gå tilbake til B og tenke utifrå det som utgangspunkt.
Mi tru på Israles Gud og hans Ord er eit slikt utgangspunkt som eg har å tenke utifrå, men det er ikkje alle tide så lett. I matematikken er det forstanden det står i, men i Bibelen er det sagt at nåden og sanninga kom ved Kristus. Jesus gir oss ånd og liv av berre nåde, den Heilage Ande openberrar Sanninga for oss. Nåden betyr at vi treng ikkje problematisere over at vi går tilbake til utgangspunktet, vi får Anden av berre nåde, ved trua på Jesus og den openberrar Sanninga for oss.
Platon trudde på ei ideverd med fullkomne idear og det gjorde Descartes også. Det høver med vår tru på Gud og hans rike. Han sa til Moses at dei skulle kalle han ”Eg er”, for han er det han er, han eksisterer altså. Den siste setninga er ein tautologi, dei er altid sanne og det går ikkje an å prøve dei med eksperiment. Men han eksisterer og det er berre for oss å tru på han, då får det store koneskvensar for våre liv, også her på jorda.
Når israelsfolket følgde Moses i øydemarka, byrja dei å tørste og protesterte mot heile opplegget, det viste seg at til tross for alle dei undera Gud hadde gjort for å berge dei og bringe dei så langt, så trudde dei ikkje likevel. Men Gud sa til Moses at han skulle slå på klippen, så vella der fram vatn så dei fekk drikke. Men sidan dei ikkje trudde, fekk dei likevel ikkje komme inn til hans kvile, dei måtte vandre i 40 år i øydemarka til dess ein ny generasjon voks opp, før dei kom seg vidare mot det lova landet. Når dei då kom til same klippen sa Gud til Moses at han skulle tale til klippen. Men i staden slo han på klippen, slik som sist. Derfor fekk ikkje han heller koma inn i det, han fekk berre komme så langt at han fekk sjå inn i det. Josva fekk ta over leiarskapet og leie dei inn i det lova landet.
Denne klippen er symbol på Kristus, at den vart slått er symbol på at Kristus vart slått i hel for vår skuld. Ved trua på han får vi komme til han og drikke av det levande vatnet. Neste gang dei kom til klippen skulle Moses tale til den, så eg tenker meg at det er symbol på at vi ber til han og får den Heilage Ande, så får vi oppleve at den Heilage Ande kjem over oss og gir oss svar, vi talar til Jesus (klippen) og han svarar oss. Slik var Jesus for meg når eg studerte realfag og slik trur eg han vil vere for dei andre realfagsstudentane også. Det er vel det som er poenget med å vitne for dei og det er det som er poenget med dette skriveriet også, dette som Jesus gir til meg og oss, det er for andre også. For Jesus har betalt prisen for oss alle, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud. Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no.
La oss tenke oss at vi har søkt samfunn med Gud og vi merkar hans nærvær som Berget, det er eit utgangspunkt vi har å forholde oss til, referere til og tenke utifrå. Men korleis? Moses slo på berget og så kom der vatn så folket fekk drikke. Det er symbol på at Jesus vart slått i hel for vår skuld, så det er berre å bøye seg for han og drikke av det levande vatnet. Det gir liv til vår sjel, Jesus var komen for å gi oss liv og overflod (Joh.10). Når vi så skal prøve å tenke utifrå det utgangspunktet, er det berre å tale til klippen, så gir den svar.
Det som er så viktig å få med seg, er at på grunn av nåden som er oss gitt i Kristus, er det ikkje lenger vanskeleg eller problematisk å gå tilbake til utgangpunktet og vert fornya, få nytt liv og lære å tenke nytt og verte i stand til å gå det nye i møte som pionerar som inntek det lova landet. Vi må nok vere førebudde på at der er mange som vil lesse oss ned med tunge bører, for å gjere oss til deira trælar. Men Kristus har kjøpt oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han og leve for han i staden. Då er det vesentleg for oss å tru på den openberringa Gud gir oss ved sitt Ord og sin Ande.
2MO 17,1 – 2MO 17,7 Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. 2 Difor tretta folket med Moses og sa: “Gjev oss vatn, så vi får drikka!” Moses svara: “Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?” 3 Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: “Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?” 4 Då ropa Moses til Herren og sa: “Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!” 5 Herren sa til Moses: “Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! 6 Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.” Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på. 7 Den staden kalla dei sidan Massa og Meriba. For der tretta israelittane med Moses, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: “Er Herren mellom oss eller ikkje?”
4MO 20,2 – 4MO 20,13 Då folket ikkje hadde vatn, slo dei seg saman mot Moses og Aron. 3 Dei tretta med Moses og sa: “Gjev vi hadde fått døy liksom landsmennene våre døydde for Herrens åsyn! 4 Kvifor har de ført Herrens folk ut i denne øydemarka når vi må døy her, både vi og feet vårt? 5 Kvifor førte de oss ut or Egypt og lét oss koma til denne skarve staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vintre eller granateple, ja, ikkje eingong drikkevatn?” 6 Moses og Aron kom seg unna folkehopen og gjekk bort til møteteltdøra. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei, 7 og Herren sa til Moses: 8 “Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.” 9 Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn. 10 Og han og Aron kalla folket saman framfor berget og sa til dei: “Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?” 11 Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då strøymde det fram så mykje vatn at både folket og buskapen fekk drikka. 12 Men Herren sa til Moses og Aron: “Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.” 13 Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er.
5MO 32,4 Han er Berget, fullkome er hans verk, rettferdige er alle hans vegar. Ein trufast Gud, utan svik, rettferdig og rettvis er han.
SLM 95,1 – SLM 95,11 Kom, lat oss jubla for Herren og ropa høgt for vårt frelsande berg! 2 Lat oss gå fram for han med lovsong og hylla han med song og spel! 3 For Herren er ein mektig Gud, ein stor konge over alle gudar. 4 Han har jord-djupnene i si hand og fjelltoppane i si eige. 5 Havet er hans, for han har skapt det, det faste landet har hans hender forma. 6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe, bøya kne for Herren, vår skapar! 7 For han er vår Gud, vi er folket han gjæter, den hjord han leier med si hand. Å, ville de høyra på han i dag! 8 Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba, som den dagen ved Massa i øydemarka, 9 då fedrane eggja meg og sette meg på prøve, endå dei såg kva eg gjorde! 10 I førti år hadde eg uvilje mot denne ætta, og eg sa om dei: “Dei er eit folk som fer vilt i sitt hjarta, dei kjenner ikkje mine vegar.” 11 Så svor eg i min vreide: “Dei skal aldri koma inn til mi kvile!”
SLM 96,1 – SLM 96,13 Syng ein ny song for Herren, syng for han, all jorda! 2 Syng for Herren, pris hans namn, forkynn frå dag til dag hans frelse! 3 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom, mellom alle folk om hans under! 4 Ja, stor og høglova er Herren, meir ageleg enn alle gudar. 5 Alle gudane åt folka er ingenting verde. Det var Herren som skapte himmelen. 6 Høgd og herlegdom er framføre han, makt og glans i hans tempel. 7 Gjev Herren ære og makt, gjev han ære og makt, de folkeætter! 8 Gjev Herren den ære hans namn skal ha! Kom med offergåver til hans tempelgardar! 9 Bøy dykk ned for Herren og tilbed han i heilagt skrud! Skjelv for hans åsyn, all jorda! 10 Sei mellom folka: Herren er konge; ja, fast står verda, ho kan ikkje rikkast. Han dømer folka med rettferd. 11 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla, havet og alt som er i det, skal brusa. 12 Marka og alt det ho ber, skal jubla, kvart tre i skogen skal ropa av fryd. 13 Dei skal ropa for Herren, han som kjem; han kjem og vil døma jorda. Han skal døma verda med rettferd og folka med truskap.
MTT 11,25 – MTT 11,30 På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”
Forsona med Gud ved trua på Kristus.
Jesus døde i staden for oss, på det grunnlaget får vi komme inn i eit slikt forhold til Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv. Det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Det gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp.
Eg tenker meg at kjelda som velle opp i Edens hage er symbol for det levande vatnet. På evangeliets grunnvoll får vi komme til Jesus og han gir oss livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Gud bles livets ande i nasa på mannen. No får vi den Heilage Ande ved trua på Kristus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.
Den Heilage Ande ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Når eg studerte realfag ransaka den både meg og faget eg studerte. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for meg, som min frelsar og Herre, slik leia den meg vidare på den vegen. Gud er god og vil ta omsorg for oss som sine born og slik vil han ta omsorg for sine henders verk. Så denne vegen leier til noko godt for meg og for oss. Den Heilage Ande openberrar Guds Ord for meg, så eg frå ei åndeleg og rasjonalistisk innsikt, så eg forstår korleis skapingssogene, 1.Mos,1-2, høver med realfag. Gud sameiner alt i Kristus. Den nye pakta er pakt med dyra også.
EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5 I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6 til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. 7 I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8 som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 11 I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. 12 Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von til Kristus. 13 I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova, 14 han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem for Guds folk, til lov og ære for hans herlegdom.
HSE 2,14 – HSE 2,23 {GUD TEK ISRAEL TIL NÅDE ATT} Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. [ut i øydemarka: -> Jer 31, 2.] 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. [Akor-dalen: -> Jos 7, 24.] 16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. 18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. [ei pakt: Her er det nemnt visse drag som høyrer med til skildringa av freden og velsigninga i frelsestida. Sml. Jes 11, 6-9; Mi 4, 3.] 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren. 21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el. [Jisre’el: -> 1, 4.] 23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over `Utan miskunn’. Til `Ikkje mitt folk’ vil eg seia: “Du er mitt folk.” Og han skal svara: “Min Gud!”
Den siste Adam og kjelda med det levande vatnet.
Adam vart dømd til døden fordi han høyrde på kona si og åt av treet som Gud hadde forbode han å ete av. Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er fullkommen og det han gir oss frå himmelen er fullkome. Derfor er det viktig for oss å vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Så får vi oppleve at han er lik regnet som fell på nyslått eng.
SLM 72,1 – SLM 72,20 {GUD SIGNE KONGEN!} Av Salomo. Gjev kongen dine domar, Gud, lat kongssonen få rettferd frå deg! 2 Så skal han døma ditt folk med rettferd og dine armingar med lov og rett. 3 Då skal fjella gje folket fred og haugane rettferd. 4 Gjev kongen må hjelpa dei verjelause i folket, så dei får sin rett. Han skal berga dei fattige og knusa valdsmannen. 5 Lat han leva frå ætt til ætt så lenge sol og måne skin. 6 Han skal vera lik regnet som fell på nyslegen eng, lik ei regnskur som væter jorda. 7 I hans dagar skal rettferd gro og lukke og fred råda så lenge månen er til. 8 Lat han styra frå hav til hav, frå Storelva til heimsens endar. 9 Dei som bur i øydemarka, skal bøya seg for han, hans fiendar skal slikka støvet. 10 Kongar frå Tarsis og fjerne strender skal senda skatt til han. Kongane i Saba og Seba skal koma med sine gåver. [Seba: rike i Afrika, truleg sørvest for Raudehavet. Sml. Jes 43, 3.] 11 Han skal alle kongar hylla, han skal alle folkeslag tena. 12 For han bergar den fattige som ropar, armingen som ingen hjelpar har. 13 Han ynkast over småkårsfolk og bergar livet åt dei fattige. 14 Han løyser dei frå tvang og vald, deira liv er dyrt i hans augo. 15 Gjev kongen må leva og få gullet frå Saba! Folk skal alltid be for han og velsigna han dagen lang. 16 Lat det vera slik mengd med korn i landet at det bylgjar over åsane. Lat grøda vera som skogen på Libanon, lat byar bløma og breia seg som graset på marka. 17 Lat namnet hans leva til evig tid, skyta friske skot så lenge sola skin. Alle folk skal velsigna seg med det og prisa han sæl. 18 Lova vere Herren, Israels Gud, han som gjer under, einast han! 19 Hans herlege namn vere evig lova! All jorda er full av hans herlegdom. Amen, amen. * 20 Her endar bønene av David, son til Isai.
Når grunnvatnet vert fyllt opp, kan der vel verte ei oppkome som vatnar jorda i tørketider også. Vi får i alle fall komme til Jesus og han gir oss det levande vatnet gratis og det blir i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Guds bekk vert aldri tom, med glede får vi ause av frelseskjelda. Vi må lære oss å ikkje ta feil av den og verda sine sprukne brønnar.
SLM 65,10 – SLM 65,14 Du har gjesta jorda og gjeve henne regn, du har gjort henne ovende rik. Guds bekk er full av vatn; du syter for at kornet veks. Såleis legg du alt til rettes: 11 Du vatnar fòrene, jamnar veltene og bløyter opp jorda med regn; du signar hennar grøde. 12 Du kronar året med gode gåver, det spirer og gror i dine hjulspor, 13 det spirer på dei aude beitemarker, kring haugane er det jubel. 14 Markene er kledde med sauer og dalane sveipte i korn. Det lyder glederop og song.
Kong Salomo kalla kona ei kjelde med vatn og slik er det vel dersom ho er frelst. Eigentleg er det Gud som er kjelda med det levande vatnet, men den som er frelst får innlagt vatn som ei oppkome.
OSP 5,15 – OSP 5,19 Drikk or din eigen brunn, rennande vatn or di eiga kjelde! 16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata, bekkene dine strøyma på torg og plassar! 17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv og ikkje dela dei med andre. 18 Då skal kjelda di vera velsigna. Gled deg over din ungdoms kone, 19 den elskelege hind, den yndefulle gasell! Fryd deg støtt ved hennar barm, lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
JER 2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort: Dei har gått bort frå meg, kjelda med levande vatn, og hogge seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.
JER 17,13 Herre, du Israels von, alle som går bort frå deg, skal verta til skammar; dei som vik frå deg i landet, skal skrivast opp. For dei har gått bort frå Herren, kjelda med levande vatn.
Den åndelege velsigninga i hjertets jord gjer at vårt indre liv i samfunnet med Gdu blir som ein velvatna hage. Og det er tydeleg at det vert hevda at det får slike konsekvensar for markens grøde også. Korleis det heng saman, begrip vi ikkje heilt, men det har no sjølvsagt å gjere med at folk dyrkar jorda.
JOH 4,13 – JOH 4,14 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.”
Ei frelst kvinne til kone.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Han har sagt han har lagt lengselen ned i meg og han vil sjølv fylle den, då er det vel ved at han gir meg ånd og liv og liv i overflod. Lengselen er vel som ei tørr jord som tørstar etter regn og som hjorten som tørstar etter vatn.
SLM 42,1 – SLM 42,12 {LENGSLE ETTER GUD} Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane. [Korah-songarane: levittar av Korah-ætta, som hadde ansvar for songen i templet. Sjå 2 Krøn 20, 19.] 2 Liksom hjorten stundar etter rennande bekker, såleis stundar mi sjel etter deg, min Gud. 3 Mi sjel tyrstar etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg få koma og stiga fram for hans åsyn? 4 Mine tårer har vorte min mat både dag og natt. Dagen lang kjem folk og seier: “Kvar er no din Gud?” 5 Eg vil letta mi sjel og tenkja på det som var: at eg gjekk fram i det store fylgjet, drog i festtog til Guds hus med jubelrop og takkesong – ein pilegrimsskare i fest. 6 Kvifor er du full av uro, mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent på Gud! For endå ein gong skal eg takka han, min frelsar og min Gud. 7 Mi sjel er full av uro; difor kjem eg deg i hug frå Jordan-landet og Hermon-fjellet, ja, frå Misar-berget òg. [Jordan-landet: stroket nær Jordan-kjeldene, ved foten av Hermon-fjellet.] [Misar-berget: “det vesle berget”; fjell som truleg låg i same stroket.] 8 Havdjup ropar til havdjup, og dine fossar durar. Alle dine brot og bylgjer slår no over meg. 9 Gjev Herren må senda si miskunn om dagen og eg få syngja hans pris om natta; eg bed til mitt livs Gud. 10 No seier eg til Gud, mitt berg: “Kvifor har du gløymt meg, kvifor må eg gå og syrgja, medan fienden plagar meg?” 11 Det går meg gjennom merg og bein når mine fiendar spottar meg, når dei seier til meg dagen lang: “Kvar er no din Gud?” 12 Kvifor er du full av uro, mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent på Gud! For endå ein gong skal eg takka han, min frelsar og min Gud.
Jesus har sagt eg skal sjå på han og sjå på det som han gir meg, eg skal sjå på det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Det er å sjå, med hjertets opplatne auge, det som Gud openberrar for meg ved sin Ande. Då tenker eg på henne Reella, så eg vender sinn og tanke og hjerte mot henne. Så det stemmer med å søke Herren av heile mitt hjarte og heilhjarta halde meg til han. Det levande vatnet sig ned i hjertets jord og gir liv til mi sjel og til hennar sjel. Gud gjer oss til ein lekam, eitt tempel for den Heilage Ande. Så eg får oppleve det slik at mi sjel lever og hennar sjel lever i Anden i dette tempelet. Det er noko som både min kropp og mi sjel og mi ånd lengtar etter og det stemmer både med ei rasjonalistisk forståing av sjela (jfr. platon) og ei meir biologisk forståing av sjela (jfr. Aristoteles), det ligg i genane. Gud er kjærleik og han gir meg ei hjelp som høver for meg.
Gud har lagt lengselen ned i meg og han tilfredsstiller den ved at Jesus gir ånd og liv til meg og til henne og vekker oss opp til liv i samfunn med seg. Det er eit fundamentalt behov, så det ligg langt nede i Maslows behovshierarki, så det er viktig å få det tilfredsstilt, for at ein skal fungere godt sosialet og det er grunnleggande viktig i ein studiesituasjon, det faglege kjem på toppen av pyramida. Dersom ikkje dei meir grunnlegande behova er tilfredsstilte, vil det verke forstyrrande for den faglege interessa. Men det er berre Gud som kan tilfredsstille dette fundamentale behovet, eg må komme til Jesus med det. alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi fekk komme til han og drikke av livets vatn og det må vi halde fram med, med glede får vi ause or frelseskjeolda. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han, slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod.
Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyre slike til. Vi må vende om og verte som småborn for å komme inn i deet. Så gleda han seg over at Gud hadde openberra den rette visdomen for umyndige.
MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?} I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. 5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR} Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt. [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]
MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE} På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”
Så veit vi at Jesus vart seld for 30 sølvpengar, det viser den interessa som strir mot barnekåret, den duglause hyrdingen si interesse av å gjæte slaktesauene for sauehandlarane, for der var dei som tente seg rike på det. Men når Jesus døde på korset, betalte han prisen for oss alle med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skulle tilhøyre han. Alle som har teke imot hans Ande tilhøyrer han og er frelst for æva, då skal dei også leva for han og det gir meining med livet. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Som Guds born får vi komme fram for han med alle våre behov og han svarar oss ved fylden av den Heilage Ande, den openberrar for oss kva han i sin nåde har gitt oss. Vi er arvingar og får ta ut av dei verdiane vi arvar, vel og merke med Faderen som vår formyndar, som søner og døtre som ikkje er bortkomne. Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod og alt dette er innkludert i den prisen. Også den utrustninga vi treng til å leve for Herren er inkludert og det er viktig for oss å ikle oss den fulle rustning, både for å tene han på ein rett og god måte og til våre eige forsvar og til forsvar for det rike livet jesus gir oss, han gir oss liv og overflod.
Jesus har betalt prise for meg med sitt eige blod, han tok meg ikkje på avbetaling, men han betalte heile prisen. Bodskapen 12.11.2006:
”Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.
Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.”
Desse lovnadane innkluderer ei frelst kvinne til kone, for Gud skapte kvinna for at ho skulle vere ei hjelp for mannen, han skulle dyrke og verne Guds hage og det var det ho skulle hjelpe han med.
OSP 12,4 Dugande kone er ei krone for mannen, duglaus kvinne er som verk i hans bein.
OSP 18,22 Den som finn ei kone, finn lukka; han har fått velvilje hjå Herren.
OSP 19,14 Hus og gods er fedrearv, ei vitug kone er ei gåve frå Herren.
Eg ventar meg at Jesus gir meg ei frelst kvinne til kone, han gir henne ånd og liv og utrustar henne så ho kjem til å fungere som ei nådegåve i Jesu kyrkje og i forkynninga av den galede bodskapen til verda.
Velge å gå den smale vegen til livet og lære noko verdifullt. Frigjere trælar.
Problemet var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offert tok Jesus bort synda ein gong for alle. Med sitt eige blod betalte han prisen for oss alle, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane, kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skal tilhøyre han. Det er gratis for kvar einskild av oss, det stiller oss på val, enten svarar vi ja og tek imot eller så svarar vi nei og avviser det. Det er fyrst og fremst ei sak mellom den einskilde og Gud, eit lite forsiktig ja i hjertet er nok. Men det er om å gjere å halde fram med å seie ja, ta imot meir og meir av velsigninga, så det vert tydelegare og valet vert fastare. Den rettferdige sin veg er som morgonråden, den vert lysare og lysare til høglys dag.
OSP 4,18 Men stigen åt dei rettferdige er lik morgonglima, som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag.
HSA 6,10 “Kven er ho som strålar lik morgonroden, fager som fullmånen, skir som sola og ageleg som ein hær under merke?” (Jfr. Joh.Op.12).
JES 58,6 – JES 58,14 Nei, så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut dei som er trælka, ja, knekkjer kvart åk, 7 at du deler ditt brød med dei som svelt, og lèt heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser, og ikkje sviktar dine eigne. 8 Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, snart skal dei lækjast og gro, dine sår. Di rettferd skal gå føre deg og Herrens herlegdom sist i ferda. 9 Då skal Herren svara når du kallar på han, når du ropar om hjelp, skal han seia: “Her er eg!” Når du tek bort kvart tyngjande åk, held opp med å peika fingrar og tala vondt om andre, 10 når du deler ditt brød med den som svelt, og mettar den som lid naud, då skal ljoset renna for deg i mørkret, og natta skal verta som ljose dagen. 11 Herren skal alltid leia deg og metta deg i det turre land. Han skal styrkja deg; du skal verta som ein vassrik hage, ja, som ei rennande kjelde der vatnet aldri tryt. 12 Du skal byggja opp att gamle ruinar og reisa grunnmurar frå farne ætter. Då skal dei kalla deg murbrotbøtar, han som vøler vegar, så folk kan bu i landet. 13 Held du foten din att på sabbatsdagen, så du ikkje driv ditt yrke på min heilagdag, men kallar sabbaten ei lyst og Herrens helg ein høgvørd dag, held du han i ære, så du ikkje går dine eigne vegar, men avstår frå handel og snakk, 14 då skal du ha di glede i Herren. Eg lèt deg fara over høgdene i landet, du får nyta arven etter Jakob, far din. Dette er ordet frå Herrens munn.
I det gamle testamentet sa Gud til folket at han la framfor dei vegen til livet og vegen til døden og anbefalte dei å velge livet. Om dei gjkk den vegen og tok av frå den, skulle dei få høyre ei røyst bak seg som sa at dette er vegen, vandre på den. Og i slutten av Daniels bok er det tale om nokon som lærer og andre som ikkje gjer det.
DNL 12,1 – DNL 12,13 {TRENGSLE OG FRELSE I ENDETIDA} På den tid skal Mikael, den store fyrsten, stiga fram, han som vernar dine landsmenn. Det skal koma ei trengselstid som det ikkje har vore maken til heilt sidan folkeslag vart til. Men på den tid skal folket ditt verta frelst, alle som er oppskrivne i boka. [Mikael: -> 10, 13.] 2 Og mange av dei som søv i molda, skal vakna opp, somme til evig liv, andre til skam og evig avsky. 3 Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin; og dei som har ført dei mange til rettferd, skal skina som stjernene, evig og alltid. 4 Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka. 5 Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva. 6 Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: “Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?” 7 Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: “Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.” [Éi tid og tider og ei halv tid: -> 7, 25.] 8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: “Herre, kva er endelykta på dette?” 9 Då sa han til meg: “Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1.290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1.335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.”
Jesus sa til meg at i æva skal der vere nokre som strålar i avglansen av hans herlegdom (Daniel.12,3), som vart vunne ved det vitnet som eg var for dei, eller ved mitt vitnemål. Då tenkte eg fyrst og fremst på henne Reella og vennane hennar.
Jesus talte også om dei to vegane, den smale vegen og den tronge porten fører til livet, men den breie vegen og den vide porten fører til fortapinga. Det seier seg sjølv at det er vanskelegare å finne ein smal veg, det er lettare å gå feil og det er vanskelegare å komme inn gjennom ein trong port. Men når vi er himmelvende og tek imot den åndelege velsigninga frå himmelen så vil den Heilage Ande openberre Ordet for oss og rettleie oss på vegen.
SLM 119,105 Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig.
SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING} Ein Davids-salme Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3 og gjev meg ny kraft. Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. 4 Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.] 5 Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.] 6 Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.
Jesus sa at den som vil vere saman med han og vere hans læresvein, må seie nei til seg sjølv og ta opp krossen sin og følgje han. Krossfesting var ei vanleg avrettingsmetode i Romarriket, Spartacus-opprørert var eit slaveopprør i Italia (73-71 f.Kr) og det enda med at dei vart krossfesta. Så dette er den historiske bakgrunnen for desse bibelversa, Jesus kom med ein frigjerande bodskap, sjølv om metodene hans var annleis, låg det an til konflikt, det viste seg både ved at han vart krossfesta og ved kristendomsforfølgingane. Jesus vart seld for 30 sølvpengar, som ein træl altså. Det var ”den Duglause Hyrdingen” som var på ferde, hans interesse var å gjæte slaktesauene for sauehandlarane. Og Kristus vart krossfesta, til tross for at han var uskuldig, men han sona all vår synd og betalte all vår skuld med sin død på korset. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud, så vi skal tilhøyre han. Gud vekte han opp att frå dei døde og viste dermed at han av herlegdoms Ande er Guds veldige Son. Han er den evige sanninga og det evige livet. Vi skal leve for han og det gir meining med livet, vi skal fornekte oss sjølve og ta opp krosset vårt og vere saman med han og følge han, for han lever i oss og skal leve sitt liv gjennom oss.
Sodoma-politikken.
I denne siste tida har det vorte protestert mot dette, det er også ein protest mot at vi skal få leve i barnekåret hos Gud, mot at vi skal få komme fram for nådens trone med alle våre behov. Det er sikkert fordi der er nokon som meiner seg å vere betrevitande, så dei krev å få tenke og tale i staden for oss. Men det vesentlege poenget er no at dei vil prøve å få sine behov tilfredsstilte i staden for at vi skal få våre behov tilfredsstilte. Då er det er den Duglause Hyrdingen som gjæter slatesauene for sauehandlarane. Dei sel oss tilbake til trældomen og til døden. Dei gir ein gut for ei hore og sel ei jente for vin og drikk. I staden for å be andre bøna i Fadervår: ”Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen,” krev dei å få sin vilje med oss. Dei er så til de grader frekke at det byrjar å minne om mennene som kom til Lots hus når han hadde besøk.
1MO 19,1 – 1MO 19,13 {SODOMA OG GOMORRA VERT ØYDELAGDE} Dei to englane kom til Sodoma om kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk imot dei, bøygde seg til jorda 2 og sa: “Gode herrar, ver med tenaren dykkar heim, gjev dykk til der i natt og vaska føtene! Så kan de stå tidleg opp i morgon og ta i veg att.” Dei svara: “Nei, vi vil vera ute på torget i natt.” 3 Men han nøydde dei så hardt at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit måltid for dei. Han baka usyrt brød, og dei åt. 4 Men før dei hadde lagt seg, kom folket i byen, mennene i Sodoma, unge og gamle, kvar einaste mann, og slo ring om huset. 5 Dei ropa på Lot og sa til han: “Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Lat dei koma ut til oss, så vi kan få vår vilje med dei!” [få vår vilje med dei: Det vert sikta til unaturleg omgjenge med menn. Sml. Dom 19, 22 ff; 3 Mos 18, 22; 20, 13; Rom 1, 27.] 6 Då gjekk Lot ut i døra til dei, stengde henne etter seg 7 og sa: “Kjære brør, gjer ikkje slik ei ugjerning! 8 Eg har to døtrer som ingen mann har vore nær. Lat meg senda dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de lyster. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, sidan dei har funne livd under mitt tak.” 9 Men dei ropa: “Bort med deg! Her kjem denne framandkaren og vil bu hjå oss,” sa dei, “og så gjev han seg til å vera domar! No skal vi fara verre åt med deg enn med dei.” Så gjekk dei hardt inn på mannen, på Lot. Dei storma mot døra og ville bryta henne sund. 10 Då rette mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra. 11 Og dei vildra synet på mennene utanfor husdøra, både på små og store; kor mykje dei streva, fann dei ikkje døra. 12 Då sa mennene til Lot: “Har du elles nokon her, anten versøner, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så skal du ta dei med deg bort herifrå. 13 For no skal vi øydeleggja denne staden, av di eit sterkt klagerop over folket har nått opp til Herren, og han har sendt oss for å øydeleggja byen.”
ÅPE 11,7 – ÅPE 11,9 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.
Den som går inn gjennom døra, er hyrding til sauene.
Den som går inn gjennom døra til sauene er hyrding for dei.
JOH 10,1 – JOH 10,5 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.”
Jesus er døra inn til sauene og han er den Gode Hyrdingen, så då er han både døra og den som går inn gjennom den. Han er Guds lam som bar verda si synd. Så då er han sau også. Kan det vere slik for dei andre sauene også, at når dei går inn gjennom døra, så vert dei hyrdingar også?
Dei som driv med sauer brukar å skilje verane frå ho-sauene, for å halde kontroll med lambinga. Eller så kastrerer dei verane før dei slepp dei på fellesbeite, til dømes på fjellet. Dei vert slakta om hausten. Så går spring-veren i lag med sauene på fellesbeite. I fjøset må han stå i eigen garde, men vert sleppt inn i dei andre gardane ei stund kvar dag, så han får sjekke sauene.
Når eg les denne likninga, så er fyrste tanken som slår meg, at eg slepp springveren inn i garden til sauene. Det einaste interessante då, er om det vert paring, i så fall vil eg notere meg kva for ein sau det var. Det er det som betyr noko for veren og sanene også. Veren gir frå seg ein svak lyd tett ved sida av sauen, for å fortelje at han er klar, om sauen ikkje er klar, går den ifrå han.
Dette er ei viktig sak for menneska også og sjølvsagt for dei kristne også. Som det mest høgtståande pattedyret, med mest omsorg for ungane er det viktig at ekteskap og familieliv fungerer. Og det er viktig for oss å bruke språksansen til å kommunisere med tanke på å finne seg ektefelle. Men sidan prestar og predikantar krev monopol på å take i kyrkje og kristne kyrkjelydar, fungerer ikkje den kommunikasjonen slik som den skulle. Det blir som når vi slepper springveren inn i garden til sauene, det einaste han seier er eit lite bæ, det er nok for sauen til å forstå, men det er ikkje nok for menneska. Saman med diverse politikarar prøver dei å hindre denne kommunikasjonen elles i samfunnet også. I massemedia er det som om både kristne og ikkje-kristne seier bææææ og bæææ-bæææ, men dei forstår ikkje heilt kva det betyr. Sauene bræktar etter lamma sine og lamma bræktar etter mødrene sine. Og verane bræktar etter sauene. Og sauer som er vande med å ha ein hyrding bræktar etter han.
Men eg tenker meg at når sauene går inn gjennom døra til sauane, så blir dei hyrdingar også. For Kristus døyper oss med ein Ande til å vere ein lekam. Då er vi lemer for kvarandre, ved bruk av dei nådegåvene han gir oss er vi hyrdingar for kvarandre. Men han er overhyrdingen, han er hovudet for lekamen og brukar oss som sine lemer.
Jesus er den gode hyrdingen og han er døra inn til sauene.
Jesus er den gode hyrdingen som sette livet til for sauene. Med sitt eige blod kjøpte han oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Slik kjøpte han sauene fri frå sauehandlarane og dermed også frå ”den Duglause Hyrdingen” som ville gjæte dei som slaktesauer. Den som går inn gjennom døra er hyrding for sauene. Men betyr ikkje det at det er berre han sjølv og sauene hans som går inn gjennom den døra? Han var Guds lam som bar verda si synd. Så han var både sau og hyrding altså? Som øvsteprest måtte han verte oss lik.
HEB 2,17 Difor måtte han verta brørne sine lik i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest i tenesta for Gud og sona syndene åt folket.
Vi skal tenke slik at vi blir lik med han i hans død, slik går vi inn gjennom døra til sauene.
RMR 6,1 – RMR 6,11 {SAMEINA MED KRISTUS I DÅPEN} Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda, så nåden kan verta så mykje større? 2 Langt ifrå! Vi som har døytt frå synda, korleis kan vi framleis leva i synda? 3 Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? 4 Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens veldige kraft, skal vi òg leva eit nytt liv. 5 Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. 6 Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den lekamen som er under synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger træla under synda. 7 For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død. 8 Men er vi døde med Kristus, då trur vi at vi òg skal leva med han. 9 Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han. 10 Då han døydde, gjorde han opp med synda ein gong for alle. Det livet han no lever, lever han for Gud. 11 På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.
Liksom ein liten baby er heilt avhengigig av omsorg frå foreldra er vi heilt avhengige av den Anden og det livet Jesus gir oss frå himmelen, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Så må vi også ære og takke Gud og Lammet for det. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss, som vår frelsar og Herre. Slik også er han døra inn til sauene. Slik får eg sjå at han har sett framfor meg ei opna dør, som ingen kan lukke.
Ikkje forhandle, der finst ingen kompromissets veg. Men be som arving.
Jesus tok oss ikkje på avbetaling, han betalte heile prisen. Om nokon vil forhandle for å komme fram til ein pris, som eit kompromiss, så treng vi ikkje det og skal det ikkje heller, for prisen er allereie betalt. Om nokon tenker seg at dei vil forhandle, for å komme fram til eit alternativ som er bere, sett frå deira side, som eit ”kompromiss”, så kan eg fortelje at når Jesus døde i staden for oss, så gav han alt, då er der ikkje meir å hente. Dessutan er det vesentlege er at den betalinga var nok for den levande og sanne Gud, Jesus frelseverk er fullkome og fullstendig, ingen kan legge noko til eller ta noko ifrå. Jesus er fullkommen og det han gir oss frå himmelen er fullkome, arven er fullstendig, den inkluderer alt vi treng.
Slik tenker eg når eg studerer realfag også. Og Jesus har sagt eg skal legge inn det giret at eg søker han kvar morgon. Han er sanninga og det er ikkje noko som kjem fram som eit resultat av forhandlingar, for å prøve å komme fram til eit kompromiss mellom ulike verdslege maktinteresser. Slik er det med den realfaglege kunnskapen og innsikta også, vi brukar metodene i realfag og det er ikkje forhandling mellom verdslege maktinteresser, så dei kan ikkje soleis hindre vår læring og stoppe vår framgang. Vi treng ikkje vente på at nokon skal verte samde, for å ta ei avgjerd, vi kan studere realfag og vi kan lese i Bibelen. Vi kan løfte blikket opp til Jesus og kjennest ved han for Gud og menneske. Slik tek vi avgjerder steg for steg og slik får vi framgang.
Det er heilt vanleg at menneske og verdslege autoritetar forhandlar og kjem fram til avtaler. Mange gjer tydelegvis avtaler over hovudet på oss, som vedrører oss og endåtil som om det representerer oss, sjølv om vi ikkje har fått eit ord med i laget, ja, som om dei er gudar for oss. Men det går ikkje overfor den sanne og levande Gud, han har gjort pakt med oss og med alt levande på jorda, utan at vi hadde eit ord med i laget. Og det er vår berging. Han har openberra si frelse for oss i Kristus og det gjer han framleis. Det er berre for oss å høyre forkynninga av Guds Ord og ta imot i tru og inngå i pakta, så vil han openberre den for oss med sin Ande.
Det vert forhandla om pris og om lønningar og det vert gjort avtalar. Likevel kan vi ha den trua og innsikta, at Gud har omsorg for oss som sine born og gir oss det vi treng, så vi snakkar med han om det først og fremst, vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg. Vi får legge alle våre behov fram for Gud i påkalling, bøn og takkseiing og då er det viktig for oss å vere ærlege, både overfor oss sjølve og overfor Gud om kva som er våre ynskje og behov og nytte oss av at den Heilage Ande hjelper oss i vår bøn. Den ransakar oss og forstår oss betre enn vi gjer sjølve. Den sjølv tilfredsstiller våre åndelege og sjelelege behov. Jesus gir oss ånd og liv og det behovet er fundamentalt. Jesus let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han sende oss den Heilage Ande. Faderen er vår formyndar som har omsorg for oss og gjer han ved sin Ande. Derfor er det så viktig for oss å verte fylte av Anden.
Anden kjem oss til hjelp i vår bøn, det beyr ikkje at vi sjølve skal slutte å be, det er ikkej slik at den ber i staden for oss, men den ber saman med oss, hjepler oss og rettleier oss til å be rett, så våre bøner får dess større verknad.
RMR 8,26 – RMR 8,39 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage. 28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort. 31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive: For di skuld vert vi drepne dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Hos han får vi livets vatn gratis. Då må vi ære og takke han for det og halde fram med å gå til denne kjelda som aldrig vert tørrlagd. Vi drikke ikkje av verda sine sprukne brønnar i staden.
Elles skulle dette høve med marknadsøkonomien. Dersom nokon vil produsere ei vare og selgje den og tene pengar på det, så er det om å gjere for dei å produsere det som folk treng. Så vert prisen justert etter etterspurnaden. Då er det viktig for oss å nytte oss av det, gjerne ved at vi tenker to og fleire gongar over kva det er vi eigentleg treng.
Jesus sa han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, han ville sende ogg den Heilage Ande og han kjem til oss i denne Anden. Så gjennom den åndelege nådegåvevekkinga får vi oppleve at han svarar på våre bønder, vi får oppleve at Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born. I det ligg også Faderens formyndarskap, vi er heime hos Faderen og er under hans formyndarskap. Ved sin Ande openberrar han for oss det som han gir oss. Det overgår vår forstand. Ved nådegåvevekkinga vert vi hyrdingar for kvarandre, men Kristus er overhyrdingen, vi er lemner på Kristi lekam og han er sjølv hovudet for den. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Den naturlege sosialiseringa er no at ein mann får seg ei kone og at ein kvinne får seg ein mann, så det resulterer i ekteskap, heim og familieliv. Det er for å vise omsorg for kvarandre og den oppveksande slekta og Faderens omsorg gjer ikkje slutt på det, men den resulterer i det.
For omlag 30 år sidan kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40 i Oslo, der Jesus talte til oss omlag slik: ”Du som tenker at der er ein kompromissets veg …., men der finst ingen kompromissets veg”. Eg har det ikkje nedskrive, eg let det ransake meg, eg lurte på om eg hadde tenkt slik, det verka då dumt, så eg syntest det var litt irriterande. Eg hugsa ikkje om der var noko eg tenkte på den tida som kunne forståast slik. Men problemstillinga er like aktuell no, vi merkar tydeleg at verdslege interesser prøver å få makt ved å gjere ”kompromiss” for å få makt og det utan å spørje eller forhandle med dei som det gjeld. Det kan forståast utifrå Hegels dialektikk, der Gud og einskildmenneske hadde lite og ingen betydning for den intersubjektive Tidsånda som liksom skulle bringe historia framover.
Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane, kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud, så vi skal tilhøyre han. Prisen er nok for kvar einskild og for oss alle saman. Den er nok for meg, så då er det berre for meg å halde fram med å seie ja og ta imot den åndelege velsigninga som Gud har gitt meg i han. Den er nok for henne Virtuella, så då er det berre for henne på nytt å godta det og gå med på det og seie ja til Jesus og ta imot den åndelege velsigning som Gud har gitt henne i han.
Om nokon forestiller seg at dei skal kunne ”forhandle” seg fram til noko betre, så er det ikkje sant, det er løgn og bedrag, dei vert narra, så dei taper det heile. Det er slik som når ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei ikkje døy, men verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Men det vart ein durabeleg nedtur, det vart død. Og i Joh.10 er det tale om berre ei dør inn til sauene, så der er ingen alternativ ”kompromissets” dør. Der er dei som prøver å klive over ein annan stad, men dei er tjuvar og røvarar.
JOH 10,1 – JOH 10,10 {EG ER DØRA} Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7 Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Tradisjonelt har prestane hatt monopol på å forkynne Guds Ord i kyrkja og i samfunnet og det har betytt ei innskrenking av ytringsfridomen som ikkje passar seg i eit demokrati. Dei var lærde og representerte interessene til ei lærd overklasse, om folket fekk lære noko av dei, var mindre viktig. Men etter reformasjonen fekk folk lære sjølve og forkynne sjølve og då kom også prestane med meir verdifull lærdom til folket. Det sentrale, viktige og verdifulle poenget for vanlege menn og kvinner er å få komme inn i barnekåret og byrje å be til Faderen som søner, døtre og arvingar, som får vere heime hos Faderen, under hans formyndarskap og omsorg. Det vil seie at overfor han er vi umyndige og det må vi innrømme.
Jesus har sagt vi skal lese i Bibelen, påkalle han og be til han og Faderen og gå ut og prate med folk og vitne om han. Men så viser det seg at vi får motstand, som om der er ei lærd overklasse av prestar og politikarar som vil ha monopol på ytringar. Derfor vil dei ikkje vite av vår vedkjenning av Faderen og Sonene. Men då veit vi at det er Antikrist som er på ferde. Poenget er at dei ikkje representerer interessene til vanlege folk, men interessene til ei såkalla lærd overklasse. I det siste har det vorte tydelegare at det gjeld det såkalla ”proletariatest diktatur” også. Menneska vert ikkje forstått som Guds born, med barnekår og rett til å be for seg, som Guds born, dei vert forstått som trælar som må trælke under deira moralfilosofi. Argumentet er at dei er ulærde og ikkje kompetente til det, i tråd med tradisjonell morolfilosofi. Men kva er det som gjer oss kompetente til det? Det er den Anden og det livet som Jesus gir oss av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Problemet med den Duglause hyrdingen er at han ikkje har teke imot dette, derfor duger han ikkje til å vere hyrding. Men det eigentlege poenget med det er at behova til den såkalla ”lærde” overklassa skal verte tilfredsstilt i staden for at behova til vanlege folk skal verte tilfredsstilte. Men i følgje Joh.10 er dette tjuvar og røvarar som ikkje går gjennom døra til sauene, men som kliv over ein annan stad.
Den frie kvinna og son hennar eller trælkvinna og son hennar.
I mitt førre dokument skreiv eg om den frie kvinna og son hennar og trellkvinna og son hennar.
Kva er skilnaden? Kristus er Sanninga og det er han som set oss fri frå trældomen, det er ved at vi erkjenner Sanninga, kjennest ved han for Gud og menneske. Det er ved at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss. Men den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane og dei tente seg rike på det. Dei vart selde tilbake til trældomen under lovens bokstav og den verka drepande på det åndelege livet i samfunnet med Gud. Det kunne også gå så langt at det vart til fysisk død. Så vi må gjere det klart at vår interesse er å søke Sanninga og forkynne den. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så det er det primære, så skal vi få alt det andre i tillegg, så det er sekundært.
Men for trellkvinna og son hennar er det tydelegvis ikkje slik, for då hadde Sanninga sett dei fri frå trældomen. Menneske vert verdsett som træl og det vert forhandla om ein pris, Kristus vart verdsett til 30 sølvpengar, men han betalte prisen for oss med sitt eige blod. Det viser at dette ikkje er sameinleg, trellkvinna og son hennar kan ikkje vere i hus med den frie kvinna og son hennar. Trælekåret er ikkje sameinleg med barnekåret.
I vår tid er det mange som vender seg bort frå evangelisk kristendom, som om den prisen Jesus betalte for oss ikkje var nok. Dei tenker seg tydelegvis at dei skal kunne forhandle seg fram til noko betre, som eit kompromiss. Men det er som når den Duglause Hyrdingen gjæter slaktesauene for sauehandlarane og det vert forhandla om ein pris for dei, som eit ”kompromiss” og det er som når ei kvinne vert seld som hore.
I barnekåret hos Gud kjennest vi ved Kristus som vår frelsar og Herre og Faderen som vår formyndar og forsørgjar. Men vi må vere førebudde på at der er dei som fornektar Faderen og Sonen og då veit vi at det er Antikrist er på ferde. Vi skulle innvie oss og hengi oss til Faderen og Sonen og det betydde å verte hjelpelause overfor Kristus, som den levande og oppståtte Guds son, vår frelsar og Herre og vert umundige overfor Faderen som elska oss og hadde omsorg for oss som sine born. Men dersom dei ikkje vil tilalte oss det og ikkje vil vite av vår vedkjenning av Faderen og Sonen, kven vil dei då at vi skal verte hjelpelause og umyndige overfor i staden? Men vi veit no kven vi trur på og skal halde fast på vedkjenninga av Faderen og Sonen, vi skal halde fram med å vende oss til Kristus og sjå på han.
Vi søker Sanninga og slik lærer vi, den er heile tida den same, likevel er det om å gjere for oss å lære meir og meir av den og få meir og meir insikt i den, så der verkar som om vi lærer noko nytt og blir fornya. Det kan verke som verdslege interesser paralellt med dette forhandlar for å komme til semje, som kompromiss, det gjeld både økonomiske og maktpolitiske interesser. Men har dei då lært noko? Ikkje noko varig, utan at dei erkjenner Sanninga. Dersom dei tenker seg at slike forhandlingsresultat og kompromiss erstattar Sanninga, så lærer dei eigentleg ikkje å likevel, det vert slik som det vart sagt til Daniel at dei gudlause forstår ikkje, men dei vituge forstår.
DNL 12,10 – DNL 12,12 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1.290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1.335 dagar.
Det kan verke som om folk vert lurte i 1290 dagar og det er lite å gjere med det, for det er makta som rår. Det vert omtala som heidningane si tid, då dei trakkar ned føregarden, det vert kalal denn åndelge nedtrakkinga. Eg forstår det slik at det er den fysiske naturen som prøver å overvinne det åndelege livet i samfunnet med Gud, ja, som om det skulle vere målet og hendsikta med kampen for tilværet. Men eigentleg utartar det seg slik at det er den fysiske naturen som strir mot menneske-sjela, ja, som om den skulle ha som hendsikt å drepe den. Slik vert det skapt ein unaturleg motsetnad mellom menneskets kropp og menneskets sjel og den verkar til å gjere mennesket sjukt. Men dette er då eigentleg ikkje i det einskile, vanlege mennesket si interesse. Det har seg eigentleg slik at verdsleg makt prøver å få makt over menneskets kropp for å gjere det til salsvare, som trælar eller gjer dei til soldatar.
Men det er om å gjere å vere tolmodige og vente i 45 dagar til. Det kan tyde på at det er tale om ei utvikling, så det er om å gjere å vere tolmodige og la utviklinga gå sin gang, så vil dei heilage nå fram til den verdifulle konklusjonen som vert openberra som rett og sann og verdiful for både det einskilde mennesket og for folket.
Poenget med at vi skulle vere svake og hjelpelause overfor Kristus, var at vi skulle få oppleve hans frelsekraft i våre liv. Og poenget med at vi skulle vere umyndige overfor Faderen, var at vi skulle få oppleve hans kjærleik og omsorg, vi skulle få be til han og få bønnesvar. Poenget med å avvise oss er at der er ei ”lærd elite” som vil få det slik som dei vil i staden. Så det verkar som om vår audmjukhet gir rom for deira stolthet. Kva har vi å stille opp mot dette? Å verte fylt av Anden, så der ikkje vert rom for dei og stoltheita deira.
Dei ventar seg at vi skal vere med på å be for deira behov, utan at vi skal få be for våre eigne behov. Dette høver dårleg med marknadsøkonomien. Det blir som om kunden ikkje får kjøpe den vara han treng, i staden vert det forventa at han skal kjøpe den vara som selgjaren ynskjer å selgje. Korleis kan han verte narra til det? Først og fremst ved at verdslege maktinteresser ikkje vil tillate at han skal få komme fram for Gud med si bønn, så han får det innprenta at hans eigne behov skal det ikkje verte teke omsyn til. Dernest ved at han vert utsett for kjøpepress på ein eller annan måte. Dette kan endåtil verte gjort inntrykk av at selgjaren er leia av Gud. Kjøparen har vorte framstilt som umyndig og det gir selgjaren høve til å framstille seg som formyndar.
I vår tid vert det tydeleg spekulert mykje i å lure folk på denne måten, spesielt på internett. Vi kommuniserer med folk på internett og tenker og kommuniserer slik som vi er vande med, når vi møter andre fysisk, ser dei, handhelsar på dei, gjer munnlege og skriftlege avtalar, handlar og investerer, men vi har ikkje papir på det og så viser det seg at det er ikkje verdt papiret som det kunne ha vore skrive på ved ei vanleg skriftleg avtale. Dei lokka med å investere i kryptovaluta, det skulle vere så lønsamt, for dei skulle gjere bruk av ”kunstig intellignes” i valutaspekulasjon og aksjespekulasjon. Med den ”kunstige intelligensen” klarde dei å framstille seg som formyndarar for mange av oss og lure oss opp i stry. Eg har sjølv tapt mykje pengar på det og har skrive om det tidlegare og eg hevdar det viser korleis prestane har framstått som formyndarar i kyrkja i hudrevis av år og korleis prestar og politikarar gjer det i vår tid. Dei prøver å framstille det som om dei ivaretek folkets interesser, men gjer det ikkje. I staden gjer dei menneske til salsvare som trælar.
Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det er den frie kvinna. Kristus talar til meg og eg tenker meg at då talar han til ei kvinne også. Det verkar som han talar til meg på to måtar, for han talar om mitt forhold til henne Reella, som om ho er den frie kvinna, så eg ventar meg at lovnadane han har gitt meg vil han oppfylle gjennom henne, ved at ho vert kona mi. Når han talar til meg om mitt forhold til henen Virtuella, blir det meir som trellkvinna. Men den glade og frigjerande bodskapen gjeld henne også.
Korleis har dyrking av jorda vorte til miljøpolitikk og så til klimapolitikk? Dyret og den falske profet.
Olje eller vatn som indikator på utvikling.
Det er vanleg at oljeforbruket i eit land vert brukt som indikator på kor velutvikla det er. Men i Bibelen er det i staden forbruket av vatn som vert brukt som ein slik indikator, det er om å gjere å få regnvatn og grave brønnar, så dei kan vatne jorda, så og plante, så jorda ber vedifull grøde for dei, så dei kan hauste med glede. Kjelda i Edens hage og Meriba-kjelda vert brukt som symbol på kjelda med det levande vatnet, frelseskjelda, Gud er sjølv den kjelda, den gir liv til vår sjel. Så bles Gud sin Ande i oss og vekker vår sjel opp til liv i samfunn med seg. Den levande sjela dyrker hjertets jord, ved å vatne, så og plante, så vårt åndelege liv i samfunnet med Gud vert som ein velvatna hage.
Og så er det om å gjere å dyrke den fysiske jorda så den ber verdifull grøde for oss. Då kan det vere vel verdt å tenke på miljøet og tenke økologisk, vel og merke som ei levande sjel som er i stand til å tenke sjølvstendig, vi må vere førebudde på at mykje som vert framstilt som miljøvennleg og økologisk ikkje er det, ofte på grunn av at dei ikkje klarar å sjå den store samanhengen.
Det vert påstått at CO2-utslepp påverkar klimaet og at det er eit stort miljø-problem. Men dersom det vert greve brønnar og båra etter vatn i ørken og steppeland, så folk får drikke, dei får vatne marka, plante, så og hauste og dei får vatn og gras til buskapen sin, så vert deira primære behov tilfredsstilt, så det burde vi prioritere. Så veit vi at vegetasjonen vil binde til seg CO2 frå atmosfæra. Sett frå denne synsstaden er CO2 i atmosfæra ein verdifull ressurs. Så kva er eigentleg problemet?
Vingarden.
Gud planta ein vingard (sjå Høgsangen), men med tida viste det seg at den ikkje bar god frukt.
JES 5,1 – JES 5,7 {HERRENS VINGARD} Eg vil syngja ein song om min ven, songen åt min ven om hans vingard. Ein vingard hadde min ven i ein grøderik bakke. [min ven: Likninga tek til som ei kjærleiksvise, der vingarden er bilete på den avhaldne (sml. Høgs 1, 6).] 2 Han hakka han opp og reinsa han for stein og planta han til med gode vintre. Han bygde eit vakttårn i hagen og hogg ut ei vinpresse der. Så venta han ein haust av gode druer, men beisk var den frukta han fekk. 3 Og no, de Jerusalems-buar og Juda-menn: Døm mellom meg og min vingard! 4 Kva meir var det å gjera med hagen enn det eg alt hadde gjort? Kvifor bar han så beisk ei frukt, når eg venta meg gode druer? 5 No skal eg seia dykk kva eg vil gjera med vingarden min. Eg tek bort gjerdet, så han vert avbeitt, riv ned muren, så han vert nedtrakka. 6 Eg gjer han til ei øydemark. Han skal ikkje skjerast og hakkast meir, men torn og tistel skal gro der. Og skyene byd eg at dei ikkje skal senda regn over han. 7 For vingarden åt Herren, Allhærs Gud, det er Israels hus, og folket i Juda er hagen som han hadde hugnad i. Han venta rett, men sjå, det vart blodig urett! Han venta rettferd, men høyr, det vart skrik!
Guds born.
Men alle som tok imot Jesus gav hen rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han sa at vi skulle få komme til han å få livets vatn og det skulle verte i oss ei kjelde som vella opp til evig liv. Dei jødane som trudde på Israels Gud vert kalla Guds kone, så ho fødde Guds born. Men så ser vi at Draken gjekk til krig mot henne og borna hennar, så dei måtte røme frå landet.
HSA 6,10 “Kven er ho som strålar lik morgonroden, fager som fullmånen, skir som sola og ageleg som ein hær under merke?”
ÅPE 12,1 – ÅPE 12,18 {KVINNA OG DRAKEN} Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. [ei kvinne: Kvinna er eit bilete på Guds folk, som Kristus er komen frå. Sjå Jes 66, 7; Mi 4, 10.] 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier. 3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1.260 dagar. 7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; [Mikael: -> Dan 10, 13.] 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: “Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.” 13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.
Legg merke til at her er det tale om dagar igjen, som i Dan.12, her er det tale om 1260 dagar, i Dan.12,11-12 er det tale om 1290 og 1335 dagar.
Klimapolitikken og den falske profet.
I kyrkjer og bedehus vert småborn velsigna og hendsikta er no å komme til Jesu med dei så han får velsigne dei og gi dei ånd og liv. Då er det også viktig at det vert følgt opp med forkynning og opplæring seinare. Men så viser det seg at seinare i livet vert dei hata og utstøytte fordi Jesus har gitt dei ånd og liv. Det har seg nok slik at Draken hatar og forfølgjer kvinna som var kledd i sola og borna hennar. Når dei vedkjenner at Jesus lever i dei og er med dei, så vert dei spotta for å vere dumme nok til å tru på det. Det er nok fordi dei som levande sjeler er frie og er i ferd med å verte sjølvstendige og i stand til å tenke sjølvstendig. Derfor vert dei bannlyste og utstøytte, så deira tenking og deira arbeid med å dyrke og verne Guds hage vert erstatta av dikting og fantasering og slik lagar dei seg avgudar til erstatning for Gud og mannen som skulle dyrke Guds hage og jorda. Hagen vert snøyda av fiendar, der gror til med torn og tistel og ørken tek over. Dei vert lurte, at dei vet svindla med kryptovaluta er eitt døme. Dei vert umundiggjorde for at verdslege autoritetar skal myndigjere seg overfor dei. Her ved hjelp av ”kunstig intelligens”. Det er som når Moses kom til Farao og sa han skulle late folket fare, han svarde med å gjere trældomen hardare.
I klima-forskinga vert det brukt enormt mykje datakraft, dei prøver å finne ut om klima endrar seg som konsekvens av menneska sine utslepp av CO2 og andre gassar. Med klimamodellane prøver dei å lage prognoser. Så menneskeleg tenkekraft vert erstatta av svært mykje datakraft. Her også hevdar og meiner eg at den største feilen er ei altfor stor umyndiggjering av menneske, nettopp for å etablere ei lærde overklasse og no tek dei altså i bruk ei enorm datakraft nettopp derfor, for det viser seg at vanlege folke er så pass intelligente og ahr fått så pass utdanning at det er vanskeleg å overvinne deira intellekt på annan måte. Og CO2-avgiftene fungerer som avlatshandel. Men i følgje evangeliet trengst det ikkje fleire syndeoffer. Klimapolitikken byrjar å minne om ei religiøs tru på ein gud som sprang ut av kaos og som skal styre klimaet.
I Joh.Op.13 er det tale om to dyr i tillegg til draken. Det siste lagar eit bilete av det første og får menneska til å tilbe det. Eg forstår det slik at det siste dyret er den falske profet.
ÅPE 13,11 – ÅPE 13,15 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret.
ÅPE 19,20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.
Første gongane eg las dette tenkte eg at desse undera berre var juks og bedrag, men sidan byrja eg å tenke meg at kanskje Guds kraft likevel var verksam, men kva var då falskheita? I 1.Kong.18 ser vi at Elia fekk eld til å falle ned frå himmelen på offeret, som eit teikn som overtyda folket om at Herren var Gud. I 2.Kong.1 ser vi at Elia fekk eld til å falle ned frå himmelen til sitt eige forsvar.
At elden fall på offeret kan vi sjå som symbol på at i den nye pakta døyper Jesus oss med den Heilage Ande og eld, vi ber lekamen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, det er vår åndelege Guds-teneste. Og det har no som hendsikt at den heilage Ande skal komme over oss og fylle oss. Men i Joh.Op.13,13 manglar dette offeret, dermed manglar ei viktig metode til å avgjere kva som er rett og sant.
Det som manglar er at menneske sjølv møter opp fysisk i kyrkjelyden, ber fram lekaman som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, ber og får svar og får seie til seg sjølv og andre at Gud svarde meg og seie korleis det forstår det. Og så gå ut og møte andre menneske fysisk, prate med dei og vitne for dei om si tru på Faderen og Sonen. I staden prøver dei å verte ei lærd og styrande elite og prøver å underbygge det med undergjerningar.
Evangeliet og realfag.
Jesus kalla meg til å studere realfag og vitne om han.
Jesus gir oss ånd og liv og slik gjer han oss i stand til å leve for han og tene han, så kallar han og leier han oss til dei gjerningane han legg ferdige for oss og slik får vi meining med livet. Han kalla meg til å studere realfag og til å vitne om han. Då utrustar han meg også til det og eg må nytte meg av den utrustninga han gir meg, eg må kle meg i Guds fulle rustning. Eg må vende hugen opp til han og ta imot den anden og det livet han gir meg frå himmelen, eg må vende meg til han og sjå på han slik som den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for meg, eg må sjå med hjartets opplatne auge kva han kallar og leier meg til. Eg må ære og takke Gud og Lammet for frelsa. Gud er i sin evige himmel og han har nått meg med sin frelsararm. Slik vil han nå andre menneske også, han vil nå dei som eg møter i kvardagen, han vil vere med meg og kontakte dei som eg kjem i kontakt med. Dette har ikkje si årsak i noko som eg ser og sansar i det materielle miljøet rundt meg.
Det er slik som med Descartes rasjonalitet, den er fullkommen. Men eg får den på grunnlag av at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, eg får den av berre nåde, ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde.
Den subjektive innstillinga.
Eg må søke Herren av heile mitt hjarte, så får eg oppleve at han møter meg og fyller meg med den Heilage Ande og gjer sitt verk i meg, ved sitt ord og sin Ande. Det er ei subjektiv innstilling. Til samanlikning må vi heile tida velje for å ha livsutfolding og slik er vi subjektive. Skal vi lære eit fag, må vi velje å vere opptekne av det faglege og slik er vi subjektive. Jesus sa at vi må kvar dag ta opp krossen vår og følgje han, for å vere hans læresveinar. Det er å fornekte seg sjølv og i først omgang kan det virke som livsfornekting, for dei som ikkje trur på han er det og blir det nok livsfornekting. Men for dei som trur på han, er det å vinne det evige livet, han er komen for å gi dei liv og liv i overflod og det blir verdifullt for dei også her på jorda. Slik også når vi studerer realfag. Vi må gi avkall på noko, men oppnår noko verdifullt. I vår tid har folk oppdaga verdien i utdanning, så det har vorte ein økonomisk rasjonalitet. Men vi oppdagar vel også at det er ikkje alle tider det verkar slik likevel, det er ikkje gull alt som glimer. Då er det verdt å minne om Jesu ord om å søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.
Metafysikk, Guds englar, Guds born og dagleg tale.
Metafysikk er det filosofiske studiet av kva som ligg til grunn for røyndomen og antar ikkje at det er synleg. Ludvig Holberg var frå Bergen og vart professor i metafysikk og så i historie. Med sitt forfattarskap representerte han dansk-norsk åndshistorie på 1700-talet. Han forakta metafysikken og det viste seg i forfattarskapet hans, det kunne til dømes vere å studere på om englane vart til før menneska, noko som verka heilt meiningslaust og unyttig å studere på. Men han forsvarte «det protestantiske eineveldet» i Danmark-Norge.
Men det vi ser no, når dei går bort ifrå den evangeliske forkynninga, slik det utartar seg ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære, er at dei erstattar mannens tru på Kristus og hans vit og forstand med dikting og fantasering og slik erstattar dei hans liv på jorda med dikting og fantasering. Så vil dei endåtil prøve å få makt over kyrkja og dermed over mannen med slik dikting og fantasering, ved å moralisere over det, så det er som om dei lagar seg gudar av stokk og stein og fantaserer om dei, for å prøve å få makt på den måten. For kvinna er det som om ho erstattar både Kristus og mannen med slik gudar. Slik er det tydelegvis med denne kvinneforskinga og kjønnsforskinga som dei driv med på samfunnsfag eller humaniora. Det er no så tydeleg at humanismen soleis står i motsetnad både til kristendomen og realfag. Det viste seg så tydeleg når endåtil ein professor i litteratur eller litteraturhistorie argumenterte mot resultat av genforsking som gav meir informasjon om avstamninga til folkeslaga.
At dei i det heile teke kunne finne på å byrje med slik «forsking» baserer seg på dei ikkje vil anerkjenne at vi har fri vilje og ikkje vil innvilge oss ytringsfridom. Så i staden for å seie til seg sjølve kva dei vil og seie det til andre også, som til dømes når ein mann frir til ei kvinne eller når ei kvinne frir til ein mann, så studerer dei på om dei vil pule eller ikkje pule, om dei vil ha ei seksuell oppleving eller ikkje. Med sin empirisme manglar dei rasjonaliteten i biologien om kva som naturlegvis er hendsikta med det og rasjonaliteten i kristendomen, som gir dei overordna meining med livet, til samanlikning med metafysikk. Med sin empirisme er det som om dei hevdar og meiner at alt dei sansar er rett, så vert det berre eit spørsmål om kva dei har lyst på, men sidan dei manglar rasjonaliteten, manglar dei styringa. Så finn dei at dei treng moral til sitt forsvar og diktar og fantaserer for å finne noko og gjer politikk ut av det.
Denne forskinga er sjølvsagt meiningslaus og idiotisk og det verkar som eit luksusproblem å drive med slikt. Problemet er innskrenkinga av ytringsfridomen og det er andre det går utover, dei har og får problemet. Luksusen er for ei lærd overklasse som diktar og fantaserer om andre menneske, dei som har fått inskrenka ytringsfridomen. Slik er det altså ei ny «lærd» overklasse som prøver å framstå som proletariatets diktatur. Men dette er ikkje skikkeleg forsking og vitskap, men det er forføring, lygn og bedrag.
Problemet er innskrenkinga av ytringsfridomen, ved at vi ikkje får lov til å seie Sanninga. Det vi har å gjere er å nytte dei moglegheitene vi får, til å seie Sanninga og forkynne den kristne fridomen.
Når Gud skapte menneska sa han også: «Lat oss skape menneske» og etter syndefallet sa han at menneska hadde vorte slik som dei. Så kven er dei? Det er heilt sikert Faderen, Sonen og den Heilage Ande. Truleg er det englane også. Er det dei som han har skapt tidlegare også, er det dyra?
1.Mos.1, 24 Då sa Gud: «Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.» Og det vart så. 25 Gud skapte alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt.
26 Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.» 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.
1.Mos.3, 22 Og Herren Gud sa: «No har mennesket vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre og et og lever evig!» 23 Så viste Herren Gud dei ut or hagen i Eden og sette dei til å dyrka jorda, som dei var tekne av. 24 Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.
Likevel var ikkje mannen heilt slik som han, Gud er ånd, men mannen er mold og til molda skulle han attende. Men Guds opphavlege plan med menneska var at dei skulle vere hans born og Guds born vert soleis kalla gudar. Dette vert openberra for oss i lovnaden om at alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, for Gud er ånd og det som er født av anden er ånd.
I det gamle testamentet talte Gud gjennom sine profetar og englar, men i den nye pakta taler han til oss gjennom Sonen (Heb.1…). Guds englar skal tene han og tilbe han og det skal vi også, han kjem med sine englar og sine heilage, men vi skal vende oss til han og sjå på han og bøyer oss for han. Eg tenker meg at englane og profetane sin bodskap er ein rasjonalitet som får konsekvensar for verda, den rasjonaliteten er inkludert i Guds Ord og Jesus er Guds Ord. Når vi ser på han, ser vi heilskapen, men det er ikkje alltid vi innser på konsekvensen, sjølv om den er der, som ved at englane må lyde han. For han kom ikkje for å avlyse lova og profetane, men for å fullføra.
Heb.1, I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.
Sonen står over englane
4 Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira. 5 For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:
Du er son min,
eg har født deg i dag?
Eller, som det òg står:
Eg vil vera far hans,
og han skal vera son min.
6 Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:
Alle Guds englar skal tilbe han.
7 Og om englane seier han:
Han gjer englane sine til vindar,
tenarane sine til logande eld.
8 Men om Sonen:
Din kongsstol, Gud, står i all æve,
rettferds stav er din kongsstav.
9 Du har elska rettferd og hata urett;
difor, Gud, har din Gud salva deg
med fagnads olje framfor dine frendar.
10 Og vidare:
Du, Herre, i opphavet grunnla du jorda,
og himmelen er eit verk av dine hender.
11 Dei skal gå til grunne, men du vert verande.
Dei skal alle eldast som ein klednad;
12 du rullar dei saman som ei kappe,
dei vert utskifte som klede.
Men du er den same,
dine år tek aldri ende.
13 Til kven av englane har han nokon gong sagt:
Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter?
14 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?
Heb.2, Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje glid bort frå det. 2 For jamvel det ordet som vart tala gjennom englar, stod fast, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff. 3 Korleis kan då vi sleppa unna om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Ho vart fyrst forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han. 4 Gud har sjølv vitna for denne frelsa med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den Heilage Andens gåver etter sin vilje.
5 Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi talar om. 6 Om dette er det ein som har vitna ein stad:
Kva er eit menneske, sidan du kjem det i hug,
ein menneskeson, sidan du tek deg av han?
7 Ei lita stund sette du han lågare enn englane.
Så krona du han med herlegdom og ære.
8 Alt la du under hans føter.
Når det står: «Alt la du under han», då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han. 9 Men vi ser Jesus, han som for ei lita stund var sett lågare enn englane, krona med herlegdom og ære fordi han leid døden. Såleis skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.
Jesus sa til jødane at dei skulle akte seg så dei ikkje vanvørde ein einaste av hans minste små som trudde, for englane deira såg alltid Faderens åsyn. Eg tenker meg at det er ånda deira som ser Faderen. Korleis dette har med englar å gjere, er vanskeleg å forstå, men «engel» betyr bodberar og den budberinga fungerer. Vi driv ikkje med engledyrking, men vi bøyer oss for Kristus og han let den budberinga fungere.
Apostelen Judas (ikkje Iskariot) skreiv at i den siste tid skulle der komme menneske som ikkje har ånd.
Judas.17 Men de, mine kjære, kom i hug dei ord som vår Herre Jesu Kristi apostlar føreåt har tala. 18 Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.» 19 Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei.
Så det er også eit alternativ altså. Paulus sa at vi har ikkje kamp imot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær i himmelrømda. Forklaringa på det er at menneska dyrkar avgudane, så det heng saman med ei subjektiv innstilling altså. Men her verkar det som om der er eit tredje alternativ, at menneske ikkje har ånd. Men det betyr då vel ikkje at vi likevel får strid imot kjøt og blod? Biologien handlar om kjøt og blod og vi får også vite litt om kva som naturlegvis er mål og hendsikt, til dømes ved å fortelje om kampen for tilværet. Når vi opplever smerte, fortel det oss om noko som vi bør passe oss for. Når noko smakar og luktar godt, kan det bety at det er etande, dersom det smakar og luktar bederva mat, tyder det på at vi ikkje bør ete det. Vi ser kvar vi kan gå og kvar vi ikkje kan gå. Og kjønnslysta motiverer naturleg vis til formeiring. Vi må då vel få lov til å forstå såpass. Dyra også forstår så pass og soleis er der likskap mellom dyr og menneske. I 1.Mos.2 vert menneska samanlikna med dyra, Gud ikkje fann ei hjelp for mannen som høvde for han, derfor skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han. Men sidan menneska vende seg bort frå Gud, fekkd ei eit religiøst forhold til det som dei såg og sansa, så dei byrja å lage seg gudar av stokk og stein og byrja å dyrke dei og slik vart dei på sett og vis dummare enn dyr. Men menneska har no eigenskapar som gjer at dei står over dyra. Dei kan til dømes planlegge lengre fram i tid, så dei kan vere villige til å arbeide og lide vondt, for å oppnå noko godt. Slik også når vi kjem til tru på Kristus og følgjer han, vi er villige til å lide med han, så vi får eige herlegdomen saman med han.
Men i vår tid er det mange som påstår at mennesket berre er kjøt og blod, at dei ikkje har sjel heller altså, der er endåtil psykologar som påstår det om dei kristne også, til tross for at «psykologi» betyr «læra om sjela».
I Joh.Op.13 er det fortalt om det andre Dyret at det fekk eld til å falle ned frå himmelen rett framfor augo på folk, tydelegvis for å sette seg i respekt, det gjorde under for å få folk til å tilbe biletet av det første Dyret. Det minner om Elia på Karmel, først fekk han eld til å falle ned på offeret. Sidan fekk han eld til å falle ned for å øyde kongens utsending. Då var der ikkje noko offer, bortsett frå at dei som vart øydde av elden på sett og vis vart offer. I Joh.Op.13 er der ikkje noko offer, så det verkar som om det daglege offeret (Rom.12,1-3) er teke bort. Så det verkar som der er ånd og kraft frå himmlen, men kroppen vert ikkje boren fram som eit levande heilgat offer til velbehag for Gud. Sjela er då i kroppen, kan den vere på møte utan at kroppen er der? Den frelste sjela er i Anden og den er i kroppen, men ingen kan avgrense Guds Ande. Men kroppen er bustaden for sjela, den skal berast fram som eit offer så Anden fell på den, den er eit tempel for den Heilage Ande og det er om å gjere at den vert fylt av Anden, så sjela er i Anden og den er i kroppen.
Paulus sa at bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Enten tener du ette bokstaven og det fører til død eller så tener du etter Anden og det fører til liv. Det er ikkje sameinleg, liksom død er det motsette av liv.
Når Moses forkynte lova, sa han at han la fram for dei vegen til døden og vegen til livet, vel då livet, så skal de få leva. Korleis kan det då ha seg at det vart vegen til døden for dei, som om det ikkje var vegen til livet? Lova fortalde dei kva dei ikkje skulle gjere og som skulle straffast. Men det dei skulle gjere, var å vende seg til han og då måtte dei tru på han, det var vegen til livet. Profetane forkynte dei nåde og tilgjeving om dei vende om til han. Men problemet deira var at dei ikkje trudde på han, så dei vende seg til avgudane i staden.
Styresmaktene ber ikkje sverdet for inkje, dei er innsette av Gud for å straffe uretten. For å kunne gjere det, treng den erfaring i det materielle miljø om kva urett som har vore gjort. Den brukar makt for å straffe urett og slik får den gjerne meir makt. Men dersom prestar og kristne leiarar eller vanlege kristne for den saks skuld, prøver å få makt i kyrkjelyden, heimen og lokalomiljøet på den måten, er det som om dei prøver å få makt på grunnlag av synda, men det er ikkje å bygge på evangeliets grunnvoll. Det er bokstaven som slår i hel, som motsetnad til Anden som gjer levande. Det viser seg vel at dei som prøver å få makt i kristne kyrkjelydar på denne måten, er fiendtleg innstilte til den levande sjela, dei vil ikkje vite av den, men prøver å gjere slutt på sjela sitt liv i samfunnet med Gud, erstatte den, for det er på den måten dei prøver å få makt.
Men når eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, må eg vende meg til Jesus og sjå på han og då kan eg ikkje verte oppteken av slike problemstillingar og verdsleg autoritetar i staden eller i tillegg. Eg kan ikkje unngå å legge merke til deira initiativ, men eg kan velje å vere oppteken av Kristus. Det vart viktig for meg når eg studerte realfag også, deira initiativ virka distraherande,så eg måtte ha viljestyrke nok til å velje det faglege. For å klare det, måtte eg søke Herren av hjertet og i den siste tida har han sagt til meg at eg skal søke han av heile mitt hjarte.
Eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet.
Men Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Han gir oss ånd og liv og liv i overflod. Han vekker vår sjel opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det vart viktig for meg når eg byrja å studere realfag, ex.phil. og ppu, for som ei levande sjel var eg i stand til å tenke sjølvstendig. Om lag eit halvt år etter at eg byrja å studere i Bergen, talte Jesus til meg slik: «du som fekk livet planta i deg, dette livet det skal vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein gutunge, før eg byrja på skulen og lenge før eg av eige initiativ byrja å gå på kristne møte. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Når eg påkalla han og bad til han slik, vart han ein personleg venn for meg, min beste venn. Og det er rart for meg å oppleve at han samtidig er ved Guds høgre hand og har fått all makt i himmelen og på jorda, slik som han viser ved at han talar til meg frå himmelen.
Når eg studerte i Oslo på slutten av 1980-talet, oppdaga eg henne Reella (hausten 1988) og byrja å be for henne og Jesus svarde meg at slik som han hadde vore mot meg, ville han vere mot den som eg bad for, så eg tenker som so at han har vore hennar beste venn sidan ho var ein jentunge. Han har bruda og eg tenker meg at han har elska henne som si brud sidan ho var ein jentunge, i tråd med Salomos visdom i Høgsangen.8. Han elskar oss med kjærleiken frå Gud og den er at han frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv. Det er den sterkaste kjærleiken og den skal vere i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Jesus lever i meg og eg skal tru på han av heile mitt hjarte. Eg trur han har frelst henne Reella og gir henne også ånd og liv og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Og eg trur han gjer det i mitt indre menneske, så eg får oppleve det slik at livet som vart planta i meg får vekst, det vert kraftigare og sterkare, det er livets tre som veks, så stamma vert kraftigare og sterkare. Eg forstår det slik at han vil gi meg henne til kone i samsvar med sitt Ord. Med trua på han skal eg sjå på han og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Eg trur han gir meg henne til kone som ei nådegåve, så eg skal tene han med den nådegåva. Då får eg også sjå det slik at han gir henne ei nådegåve, så ho får tene han med den nådegåva. Slik vert ho til hjelp for meg som mi brud og til hjelp for Kristus som hans brud. Jesus har sagt at eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt i mitt hjerte og det er vel nettopp slik eg skal bidra. Eg får og skal bidra med noko som han gav meg før eg kom inn i den kristne kyrkjelyden og det får ho også. Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.»
Han gav livet sitt for både meg og henne, han gav meg livet og han gav henne livet og eg tenker meg at eg skal ta imot så det blir til liv for henne også, som kona mi, han gir liv til mi sjel og til hennar sjel og slik gir han henne liv som kona mi. Eg skal sjå på han og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg, det verket han har gjort i meg og gjennom meg er at han har velsigna henne gjennom meg. Eg skal sjå på henne som det verket Gud har gjort i meg og gjennom meg og sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet, så eg skal sjå til at eg bidreg med henne som kona mi.
Så vil Jesus rake glørne saman og eg tenker meg at det gjeld henne Virtuella også. Når eg gjekk på ungdomsskulen gjorde eg det godt i matematikk. Eg visste at dåringa ved syndefallet streid mot livet i samfunnet med Gud, men eg forstod etter kvart at det også streid mot intellektet og spesielt mot matematikken. Når eg gjekk på gymnaset og vart kjend med henne Virtuella, merka eg at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heialge Ande (Rom.5,5). Ho vart openberra for meg som eit Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og som ei ung kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Seinare inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Det innebar at eg skulle ikkje ha dårleg samvit på grunn av denne kjærleiken, den var rett uansett. Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den pakt du lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Då tenkte eg på henne og det gjorde eg når Jesus sa eg skulle bidra med det Gud har gitt i mitt hjerte også, men då tenkte eg på henne Reella også. Denne kjærleiken er rett uansett, det er rasjonalitet slik som matematikken, det er ikkje avhengig av kva vi ser og sansar rundt oss, men denne kjærleiken er også ein åndeleg røyndom. Eg trur Kristus frir til henne Virtuella, for at ho atter skal komme inn i dette kjærleiksforholdet til han.
Eg yngste at ho framleis skulle leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og det ynskjer eg framelis. Men eg må no innsjå og innrømme at det saka også gjaldt for meg, var at eg bad Gud gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein gutunge og det skulle vekse, det skulle vekse også ved at Gud gav meg ei jente til kjæraste og sidan ei kvinne til kone. Og eg trur og meiner det er ho Reella.
Bølgefunksjonen og bevisstheita.
«Mange verdener teori» i kvantefysikk og kristendom.
Den mest vanlege forståinga av kvantemekanikken er Kjøpenhamn-tolkinga. Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/K%C3%B8benhavn-tolkninga:
København-tolkninga er en av de mest utbredte tolkningene av kvantemekanikken. Den ble formulert av Niels Bohr og Werner Heisenberg rundt 1927 i København og ble fort akseptert av mange fysikere.
Forskjellen til andre kvantemekaniske interpretasjoner ligger i hvordan de ulike kvantemekaniske formalismene tolkes. For eksempel forstås uskarphetsrelasjonen innenfor København-tolkninga slik at visse egenskaper ved partikler er prinsipielt udefinerte. Bølge–partikkel-dualiteten tolkes slik at samme kvanteobjekt både kan være partikkel og bølge, avhengig av målinga. «Overgangen» av et kvantesystem fra en sannsynligetsfordeling til en konkret, målt verdi forklares med at bølgefunksjonen «kollapser» når en observatør utfører en måling på systemet.
København-tolkninga har lenge vært dominerende, men har også blitt kritisert fra flere hold, både med vitenskapelige og med filosofiske argumenter. Ifølge de sistnevnte kritiseres København-tolkninga for å være instrumentalistisk, subjektivistisk og anti-realistisk.
Mange-verdener-teorien er ei anna tolking av kvantefysikken, sitat ifrå https://en.wikipedia.org/wiki/Many-worlds_interpretation:
De mange-verdener tolkning ( MWI ) er en tolkning av kvantemekanikken som hevder at det universelle bølgefunksjonen er objektivt ekte , og at det ikke er noen bølgefunksjonen kollaps . [2] Dette innebærer at alle mulige utfall av kvantemålinger realiseres fysisk i en eller annen “verden” eller univers. [3] I motsetning til noen andre tolkninger, som København-tolkningen , er utviklingen av virkeligheten som helhet i MWI stivt deterministisk . [2] Mange verdener kalles ogsårelativ tilstandsformulering eller Everett-tolkningen , etter fysiker Hugh Everett , som først foreslo den i 1957. [4] [5] Bryce DeWitt populariserte formuleringen og kalte den mange verdener på 1960- og 1970-tallet. [1] [6] [7] [2]
I mange verdener forklares det subjektive utseendet ved bølgefunksjonskollaps ved mekanismen for kvantedekoherens . Dekoherens-tilnærminger til å tolke kvanteteori har blitt mye utforsket og utviklet siden 1970-tallet, [8] [9] [10] og har blitt ganske populært. MWI blir nå betraktet som en ordinær tolkning sammen med de andre decoherence tolkninger, kollaps teorier (inkludert København tolkning), og skjulte variable teorier som Bohmian mekanikk .
Tolkningen av mange verdener innebærer at det er veldig – kanskje uendelig [11] – mange universer. Det er en av mange multiverse hypoteser innen fysikk og filosofi . MWI ser på tiden som et mangegrenet tre, der hvert mulig kvanteutfall blir realisert. Dette er ment å løse noen paradokser av kvanteteori , for eksempel EPJ-paradokset [5] : 462 [2] : 118 og Schrödingers katt , [1] siden alle mulige utfall av en kvantehendelse eksisterer i sitt eget univers.
Bibelen talar om det menneskelege samfunnet og det biologiske livet som «verda» og då kan vi få utsegn som verkar som om det talar om fleire verdener. Det kan vere utsegner om at menneska er ugudlege, dei er vonde, så det er noko som er feil og gale med denne verda, den er vond. Og det kan vere utsegner om at menneska skal søke Herren og så skal dei lovprise han, «treea» skal klappe i hendene, all jorda er full av hans herlegdom. Då ser vi og forstår vi vel at det kjem an på vår subjektive innstilling.
Peter tala om den jorda som gjekk under i vassflaumen, til samanlikning er denne verda spard til elden.
2.Pet.3, 3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. 4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. 6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. 7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.
Gud lova at han ville gjere noko nytt ved sin Ande.
Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
Jesus stod lekamleg oppatt frå dei døde og vi som trur på han får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde.
Fil.3, 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.
Vi får kjenne kreftene av den komande verda.
Heb.6, Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, 2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen. 3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.
4 Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, 5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, 6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud. 8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.
Dobbeltspalte-eksperimentet på «respect your intellect».
På youtube-adressa «respect your intellect» var der ein video om dobbeltspalte-eksperimentet. Jon fortalde også om korleis det gjekk når ein detector var plassert framfor dobbeltspalta, «which way experiment», og korleis det gjekk når den vart plassert etter den, delayed choice experiment». Då fekk vi ikkje interferens lenger, men slå vi av detektorane fekk vi igjen interferens. Resultatet var sameleis, same enten det var lys, foton, eller partiklar med masse, endåtil molekyl med over 800 atom. Dei oppførte seg som bølger, så vi fekk interferens, sjølv om det vart sendt ein og ein partikkel eller molekyl. Men detektoren registrerte kva spalte partikkelen gjekk gjennom, så då for den ikkje gjennom begge som, ei bølgje. At den soleis vart registrert som ein partikkel som for gjennom den eine spalta og at den vert registrert i eit punkt på skjermen bak spalta vert kalla kollaps av bølgefunksjonen. Jon kalla det interferens mellom partikkelen og den reelle verda, den som vi sansar og opplever med klassisk mekanikk altså, så vi kan gjere målingar.
Dette er ikkje avhengig av vår bevisstheit, at vi observerer det, vi kan då ikkje sjå dette, men er avhengige av detektoren og skjermen for å oppdage og forstå kva som skjer. Detektoren og skjermen er ein del av eksperimentet.
Det verkar som partikkelen okkuperer alle moglegheiter, så den vert som ei bølgje, inntil den er nøydd til å gjere eit val. Då skjer der ei utrekning av sannsynet for dei ulike val og å gjer den eit val. Det verkar som naturen dermed minimaliserer utrekninga.
Eg forstår det slik at utrekninga og valet skjer momentant, så partikkelen har heile tida ein bølgefunksjon. Kollapsen av bølgefunksjonen betyr då at partikkelen får ein ny bølgefunksjone som er ei smal og høg bølgje. Dette er kortvarig, som når partikkelen går gjennom spalta, kva som skjer rett etterpå, ser vi på skjermen bak.
Universets store idear og «Mange verdener teorien» ved Sean Carroll.
Sean Carroll har ein video-serie på «youtube» som han kallar «Dei store ideane i universet». Han byrja med å snakke om Aristoteles og forklarde korleis utviklinga av fysikken betydde endra syn på røyndomen. Det gir oss også betre forståing for dei filosofiske konsekvensane. Det skulle eigentleg ikkje så mykje erfaring til for å oppdage at Aristoteles sin meknikk var feil, likevel gjekk det mange hundrede år. Så vart også erfaring viktig som metode i den nye naturvitskapen.
Newton tenkte seg rom og tid som absolutt, men korleis kunne der vere kraftverknad mellom kloder som var langt frå kvarandre. Det vart seinare forklart med feltteori og krumming av romet, det var ikkje absolutt altså, men relativt (generell relativitetsteori). Seinare vart det oppdaga at samanfiltra partiklar ser ut til å påverke kvarandre momentant sjølv om avstanden mellom dei er stor, både i tid og rom, skjer det noko med den eine vert den andre påverka momentant, som om der ikkje er avstand mellom dei. Det er no ubegripeleg rart.
Han fortalte om dobbelspalte-eksperimentet og presiserte at resultatet av eksperimentet er ikkje avhengig av vår bevisstheit, om vi ser det og oppfattar det eller ikkje. Han snakka om Schrødingers katt og kritiserte kjøpenhamntolkinga utifrå det. Man meiner der eigentleg ikkje skjer noko kollaps av bølgefunksjonen ved interaksjon med det som vi beskriv med klassisk fysikk, men bølgefunksjonen til partikkelen vert samanfiltra med bølgefunksjonen til systemet rundt. Bølgefunksjonen er det reelle og det er den vi må forstå betre. I staden for at bølgefunksjonen kollapsar ved at kun ei moglegheit vert vald, held den fram med alle moglegheitene, men i ulike verdener eller univers.
Bølgefunksjonen er teori som vi ikkje ser eller sansar på nokon måte, vi sansar ikkje elementærpartiklane heller, men det er då partikkelnaturen, som framkjem ved det vi kallar kollaps av bølgefunksjonen, som gjer at vi får erfaring av at dei eksisterer. Det er det vi kallar den reelle fysiske verda i dagleg tale. Elementærpartiklane ser vi like vel ikkje og bølgefunksjonen er like reell, så Platon får rett i si idelære. Sean seier at bølgefunksjonen er det reelle og framstår dermed som meir platonsk enn dei aller fleste. Men empirien er kollaps av bølgefunksjonen, slik erfarer vi denne fysiske verda. Andre «paralelle» verdener erfarer vi ikkje. Det er lov å filosofere, men naturvitskapen må framleis underbygge sine teoriar med erfaring.
Schrødingers katt er eit tenke-eksperiment. Ei radioaktiv kjelde har 50% sannsyn for å sende ut ein radioaktiv partikkel innan ein time. Den kvantemakiske forklaringa er at partikkelen befinn seg i ein superposisjon av å eksistere og ikkje eksistere. Superposisjonen vil bryte saman til at den enten ekisterer eller ikkje. Om den ekisterer, verte den utstrålt og i eksperimentet vil den utløyse ei mekanisme som opnar opp for giftgass, så katten i kassa døyr. Om noko då opnar kassa og ser etter, vil den enten vere død eller levande. Ein kunne tenke seg at før nokon opna kassa og såg etter, var katten i ein superposisjon av å vere daud og å vere levande, men det er for å vise det absurde i kvantemaknikken. Schrødinger brukte dette som innvending mot kvantemekanikken, at den ikkje kunne føreseie når superposisjonen ville kollapse.
Her må vi ikkje byrje å tulle med kva some årsak og kva som er verknad. Den radioaktive reaksjonen er ikkje avhengig av om nokon opnar kassa og ser etter, den er heller ikkje avhengig av katten i kassa, det er ikkje den som er i ein superposisjon av å vere daud eller levande og som kollapser til det eine, som så vert avgjerande for om den radioaktive reaksjonen skjer eller ikkje. Langt mindre er der to verdener der katten lever i den eine og er daud i den andre.
To bølgefunksjonar var superponerte i denne verda, kvifor skulle dei skilje lag som om dei heldt fram i to ulike verdener?
Medvit og kvantefysikk ved Roger Penrose.
Einstein fekk nobelprisen for å ha oppdaga den fotoelektriske effekt, med den var han med på å utvikle kvantefysikken. Men det var relativitetsteorien han vart kjend for. Schrødinger og Dirac utvikla kvantefysikken vidare, men dei meinte visst som Einstein at den var ufullstendig.
Eg så ein video der Roger Penrose tenkte seg at vår bevisstheit er bølgefunksjonen og så spurde han kva elles kan den vere. Men igjen støyter vi på det problemet at vi ikkje heilt forstår kvantemekanikken, det verkar som den er ufullstendig.
Lex Fridman har ein video der han intervjuar Roger Penrose om kvantemekanikk, medvit og det uendelege universet. Penrose seier her at ein elementærpartikkele kan vere på to plassar samtidig, kvantemekanikken forklarar det med bølgefunksjonar som også kan vere superponering av bølgefunksjonar. Likningane fortel korleis den kvantemekaniske tilstanden vil utvikle seg og det er deterministisk, vel og merke i den forstand at det kan reknast ut. Vi kan programmere ein computer slik at den reknar det ut. Men når vi gjer ei måling, kollapsar bølgefunksjonen, så vi kan ikkje føreseie resultatet av ei måling, berre vite sannsynet for visse resultat inntil vi faktisk får eit resultat. Det verkar som naturen reknar inntil den må gjere eit val og det kan vi ikkje vite på førehand. Det er dette som er så ubegripeleg.
Gødels teorem var ikkje akkurat slik som han hadde høyrt om og venta seg, men dersom vi fører eit matematisk bevis er det som ei algoritme vi kan bruke i ein computer. Men dersom vi forstår beviset, med sine slutningsreglar, og vedkjenner at det er sant, så kan vi oppdage noko som ligg bakanfor dette, som vi vedkjenner som sant, men som ikkje kan bevisast med dei slutningreglane vi brukte i algoritma. Menneskets hjerne kan gjere slike oppdagingar, men det kan ikkje ein computer. Han brukar ordet «utrekning» om slike algoritmer, så det verkar som han brukar det ordet på ein litt annan måte enn Jon, på «respect your intellect», Jon snakka om utrekning av tallverdiar, men Roger snakka om behandling av likningar, ei algoritme. Ved å setje inn ein verdi for tida, finn vi tilstanden ved eit tidspunkt.
Så byrja han å snakke om korleis vi tenker, korleis hjerna fungerer. I det site har det vorte oppdaga at lillehjerna har fleire nevron enn storehjerna, den reknar som ved algoritmer, men den er ikkje bevisst. Den utrekninga har likevel betydning for våre handlingar, til dømes når noko spelar tennis, for å få ein fulltreffar, når du slår ballen altså. Men storehjerna er bevisst og det er ikkje ved slik utrekning, ikkje ved slike algoritmer. Kva er det då? Er det ved kollaps av bølgefunksjonen? Underbevisstheita tenker ut noko ved å kalkulere, ved algoritmer, til samanlikning med utvikling av den kvantemekaniske tilstanden og denne tenkinga er kanskje nettopp det, den er bølgefunksjonen. Så gjer medvitet bruk av det, men dette er ikkje slik utrekning, kanskje er det kollaps av bølgefunksjonen og det forstår vi oss ikkje på. Men det kan då bety at vi kan få slike idear som låg bakanfor algoritma, forklart ved Gødels teorem.
Ved å undersøke korleis narkose verkar på cellene, kan vi kanskje finne ut av kva som slår bevisstheita på og av. Kanskje har det å gjere med mikrotubulus i cellene, små rør som er så tynne at kvanteeffekt kan vere av betydning.
Penrose snakka også om at dyra har medvit. Ein flokk villhundar i Afrika delte seg i to grupper, den eine la seg i bakhald ved ei vasskjelde og den andre jaga antiloper mot dei. Ein ho-elefant leia flokken sin over eit landområde, på vegen stoppa dei der systera hennar hadde døytt og tok opp beina av henne og la dei ned att. Det kan ikkje akkurat forståast utifrå kampen for tilværet. Dert verkar som om der er noko meir enn biologi i dette. Kva med kvantemekanikk? Men den forstår vi ikkje heilt. Der er mange andre døme på at individa i ein art samarbeider og lever i ein flokk som synest velorganisert, sjølv om dei ikkje har språk slik som vi. Til dømes ein fugleflokk og mauren. Ei termitt-tuve synest vere eit uforståeleg mirakel.
Til slutt spurde Fridman etter meininga med livet og Penrose sa at det var eit godt spørsmål, han tenkte seg at dei berre skrapar overflata.
Skapinga og Big Bang teorien.
Roger Penrose og Stephan Hawking utvikla singularitetsteoremet på grunnlag av relativitetsteorien, med det utvikla dei teorien for svarte hol og for Big Bang. Men det er noko som er ubegripeleg med dette, inflasjonsteorien er eitt forsøk på å forklare meir av det ubegripelege. Hawking streva med å finne ei betre forklaring og Penrose har lenge prøvt å tenke seg det gjekk ikkje heilt tilbake til ein singularitet, men at Big Bang kom på «levningane» av eit tidlegare univers, dei levningane var lavfrekvent elektromagnetisk stråling. Han fortalde om dette også i dette intervjuet.
Tenk deg ein brøk 1/a der a = 1*10**36, 1 med 32 nullar bak, og 1/b der b = 1*10**32. Inflasjonen verka frå 1/a s til 1/b s, der s er universets første sekund. Dei tenker seg at universet først var svært varmt, men kolna på grunn av utvidinga. Det kan samanliknast med ei gassblanding som utvidar seg, til dømes varm fuktig luft. Først kondenserer vatn, så CO2, så dei andre gassane. Først var der ei kraft, men så utartar den seg på ulike måtar til samanlikning med kondenseringa. Vatn kondenserer først og avgir varme som igjen gjer at lufta kan utvide seg endå meir. Til samanlikning vart den sterke kjernekrafta utskilt først og den frigitte energien resulterte i ei eksponentiell rask utviding i inflasjonsfasa. Men det går ikkje an å teste denne energien for vi har ikkje akseleratorar som er kraftige nok til å skape så høge temeraturar. Vi kjem visst tilbake til 1/c sekund der c = 1*10**13 eller c = 1*10**14.
Penrose har ein alternativ teori. Etter lang, lang tid vil dei svare hola sluke galaksene. Dette høver med det Peter sa som at Gud rullar himlane saman som ein klednad. Men dei svarte hola sender ut Hawking-stråling, så dei vil etter mykje lengre tid fordampe og forsvinne. Det som er igjen er elektromagnetisk stråling. Der er ikkje masse, så då er der ikkje lenger ein skala for å måle tid. Fotona går med lysets fart, så dei opplever ikkje tid. Der er heller ikkje ein skala for å måle lengde, så stort eller lite, kort tid eller lang tid, får ikkje lenger betydning. Så det blir ekvivalent med korleis universet var tidleg i Big Bang, det var elektromagnetisk stråling utan masse, foton som går med lysets fart. Men då opplever dei ikkje tid, så det tyder vel på at tida byrja når det vart masse. Etter ein svært liten brøkdel av eit sekund byrja så den sterke kjernekrafta å virke på den. Ja vel, så kan vel begge teoriane vere rette? Eg spekulerer.
Det betyr vel i så fall at dei universelle konstantane vert definerte på nytt? Kanskje med unntak av lysfarta, ved at det er frekvensen som vert endra i staden, dei andre konstantane vert definerte på nytt, slik at lavfrekvent stråling vert høgfrekvent. Men då er det temmeleg utenkeleg at vi skal få noko informasjon frå eit tidlegare univers, heller ikkje som gravitasjonsbølgjer? Fysikarane har undra seg over at universalkonstantane er definerte nøyaktig slik at vi får galakser og solsystem der det endåtil kan verte biologisk liv. Desse konstantane er noko av det sikraste og mest presise vi har av målbare verdiar. Det er uansett vanskeleg å tenke seg at dette skal kunne skje utan at Gud skaper det slik, vi som trur på han vil påstå at elles ville det vere umogleg. Dei må gjerne granske og prøve å forstå så mykje som dei orkar. Eg er viss på at det vert til Guds ære, for han har skapt dei i si likning, det viser seg ved dei er i stand til å forstå seg på universet og prøver på det.
Penrose snakka også om den kosmiske bakgrunns-strålinga, den kjem frå den tida då universet var om lag 380000 år. Før det var universet ei plasmasky der partiklane reflekterte den elektromagnetiske strålinga, så den vart innestengd. Men så fekk vi atomstruktur og gravitasjonen byrja å samle atoma, så universet vart gjennomskinleg. Den strålinga som var innestengd når oss no som kosmisk bakgrunnsstråling. Den har fått mykje lengre bølgelengde på grunn av universets utviding, men den er presis og det viser at plasmaskya var uniform, same temperatur og tettleik. Det betyr høg entropi, ja, bortimot maksimal entropi i følgje Boltzmann. Men universet utvkla seg vidare i samsvar med entropilova, som seier at entropien vil auke ved energiprosessar. For gravitasjonen sitt bidrag til entropien var minimal og det synest Penrose er noko av det merkelegaste ved kosmologien, men no byrja den altså å auke.
Gravitasjonen vert forstått slik at massen er årsak til krumming av tidromet, gravitasjonskrafta kan også forståast som akselerert referansesystem (ekvivalensprinsippet). Big Bang er ikkje masse som eksploderer ut i romet, heller ikkje elektromagnetisk stråling ut i romet, men utspenning av tidromet. Den utvidinga foregår framleis og dei har nyleg funne ut at den akselererer, men ikkje så fort som i byrjinga. Det kan forståast som negativ gravitasjon og som eit uttrykk som kan komme inn att i Einsteins likningar til erstatning for den kosmologiske konstanten. Men dette er no utspenning av sjølve tidromet og er vel meir fundamentalt enn sjølve gravitasjonen?
Skapingssoga og evangeliet.
Eg har ei dobbeltolking av av den andre skapingssoga, i 1.Mos.2, det handlar om det fysiske og biologiske miljøet og det vert brukt symbolsk på det åndelege livet i samfunnet med Gud som er ånd. Men vi finn det i den fyrste skapingssoga også, for det vart sagt at jorda var aud og øyde, men Guds Ande sveiv over vatna. Dette vert også brukt symbolsk om det åndelege livet i samfunnet med Gud.
2.Kor.4, 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
Så lyset vert brukt symbolsk på det åndelege lyset som er evig.
Joh.1, I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
Den fysiske realiteten består av elementærpartiklar og dei kan forståast som bølgefunksjon, teori altså, så det høver no med at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Bølgefunksjonen med sine samanfiltringar, superponeringar og kollapsar forstår vi likevel ikkje så mykje av. Men eg hevdar det har gitt oss litt meir forståing av at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Sameleis med Big Bang-teorien.
Tempelet, samfunnet i Anden og openberringa.
Når jødane bygde oppatt tempelet, sa profeten til dei at det skulle skje ved Guds Ande.
I eit syn fekk profeten sjå at Kristus målte opp tempelet som skulle byggast og det vart brukt alen (albulengde) og handsbredd som målestokk. Det refererer til menneskets kropp, den er eit tempel for den Heilage Ande.
Esekiel.40, 5 Utanfor templet var det ein mur på alle kantar. Mannen hadde ei mælestong i handa; ho var seks alner lang, når kvar alen er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han mælte byggverket, som var ei mælestong tjukt og ei mælestong høgt.
Seinare fekk han sjå eit syn der mannen med mælesnora (Kristus) målte opp kor langt han skulle få gå ut i livets fold, då også vart det brukt alen som målestokk.
Esekiel.47, Mannen førte meg attende til tempelinngangen. Og sjå, det rann vatn fram under dørstokken på austsida av huset. For framsida på templet vender mot aust. Vatnet rann ned på sørsida av templet, sør for altaret. 2 Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute fylgde han meg ikring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, der sildra vatnet ned frå sørsida.
3 Mannen gjekk no austover. Han hadde ei mælesnor i handa og mælte tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet, og det nådde meg til okla. 4 Han mælte tusen alner til og lét meg gå gjennom vatnet der; det nådde meg til knea. Endå ein gong mælte han tusen alner og lét meg gå gjennom vatnet att; då nådde det opp til hoftene. 5 Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja.
Sak.4, 6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9 Serubabels hender har tufta dette huset,
og hans hender skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
Peter sa at vi skulle komme til den levande steinen og verte som åndelege steinar oppbygde til eit tempel i Anden.
1.Pet.2, Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Johannes sa vi har samfunn i Anden.
1.Joh.1, Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.
5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
Paulus sa vi er Kristi kropp, han er hovudet for kroppen, vi er lemene. Som Kristi lemer tener vi han og då tener vi også kvarandre.
1.Kor.12, 12 For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg. 13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka. 14 For lekamen er heller ikkje ein lem, men mange.
Vi er fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. Så det er åndelege steinar. Vi skal la Anden råde i våre døyelege lekamar, soleis handlar det om den fysiske kroppen også, den er eit tempel for den Heilage Ande. Dette minner om samanfiltra elementærpartiklar, men det har seg altså slik at Gud er ånd og han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt, det tyder på samanfiltra partiklar.
Guds bekk, frelseskjelda, kjelda med det levande vatnet, vert aldri tørrlagd, hos Jesus får vi det av berre nåde. Gud gir oss Anden utan mål, det kan forståast slik at det ikkje kan målast eller vegast og at det er uavgrensa. Fysikarar og astronomar talar om univers utan grenser og vi talar om at der er ingen grenser for den Heilage Ande.
Joh.3, 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv.
Den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Det gir oss meining med livet, for han er livet. Eg skal sjå på han under alle omstende og i alle forhold, det er no ved at eg vender hugen til han og får ånd og liv, så eg kan sjå på han med hjertets opplatne auge. I dagleglivet kan eg vere oppteken av mykje anna som eg retter merksemda mot og bruker forstanden på, men samtidig kan eg vende hugen til Kristus og halde meg heilhjarta til han. Når eg les i Bibelen, legg eg vinn på å tenke logisk utifrå det som står skrive. Når eg søker Herren i bønn, ventar eg meg å kjenne at Anden rører ved meg så eg får openberring og så tenker eg utifrå det. Men i dagleglivet vert intellektet med den logiske tenkinga oppteke av mykje anna. Og den logiske tenkinga er no vel som algoritmer. Men i følgje Gødels teorem kan eg samtidig erkjenne noko som sant, som ligg bakanfor og utanfor desse algoritmene. Slik også med den trua og openberringa eg talar om. Med den trua og openberringa gir Jesus meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand. Bodskapen 17.2.2013:
Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”
Denne openberringa er altså avhengig av vår subjektive innstilling og vi hevdar og meiner at det er Gud som gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande. Han skaper oss i Kristus. Det er mange som kan vitne om at det har fått konsekvensar for den fysiske realiteten. Og eg hevdar det får konsekvensar for den fysiske realiteten ved at vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2. Slik også for meg. Eg må berre halde fram med å tru på Jesus og påkalle han som min frelsar og Herre og sjå på han.
Fri vilje, visdom og grense for gransking.
Eg synest det er rart at nokon kan meine at vi ikkje har ein fri vilje. Så spør eg på kor mange måtar vi fritt kan velje to par, eitt med ess og eitt med konge. Det blir 4*3 = 12 for kvart par, totalt 12*12 = 144, 144 moglegheiter. Vi kan fritt velje dei to para på 144 måtar, så den frie viljen er sikker som matematikk. Dersom korta låg med figursida ned, så dei ikkje viste, kunne vi framleis velje fritt, men vi kunne ikkje sjå kva slags kort vi valde, vi kunne ikkje velje ut dei korta vi ville. Vi vil ha to par, men det vert eit sjansespel, så vi kan rekne på sansynet for å få dei to para. Eitt er å ville, men det er ikkje sikkert vi klarer å gjennomføre det. Her blir det eit spørsmål om flaks. I andre tilfelle kan det verte meir eit spørsmål om kva vi klarar å gjennomføre. I dei fleste aktuelle saker blir det litt av begge deler.
Når du vel ut kort betyr det at du også gir avkall på dei andre korta. I eit kortspel vert korta utdelte, det blir spennande, når du spelar vel du sjølv og så vert det om å gjere å gjer gode val. Har du talent og har lært spelet, så kan du spele godt. Slik er det med livsvisdomen også, med den skal du lære å gjere gode val, til gagn for deg sjølv og andre. Du må velje noko og gi avkall på noko anna, du gir avkall på noko for å oppnå noko og då er det om å gjere å oppnå noko godt og gagnleg både for deg sjølv og dine næraste, dei du møter i dagleglivet. Det blir om å gjer å tenke og tale konstruktivt, så vi kan samarbeide om å nå felles mål. Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, bygger vi på den grunnvollen som Guds medarbeidarar, det er fundamentalt for den einskilde og for den kristne kyrkjelyden.
Når vi tenker matematisk, vil ein slik livsvisdom ligg utanfor algortimene vi tenker etter, men vi kan vel fatte det likevel. Tradisjonelt er det moralfilosofi, men for oss er det Anden som openberrar Guds Ord for oss. Og det er ikkje sameinleg, for lovens bokstav slår i hel, men Anden gjer levande. Når eg studerte realfag opplevde eg dette som ei konflikt. Men det var om å gjere for meg å sjå på Jesus, for han elska meg og ville meg vel.
Same enten eg studerer, arbeider eller trener, så vert det eit spørsmål om å prestere og det vert ein arbeidsmoral, så spørst det kor filosofisk og fundamentalt det vert. Eg må innrømme at eg ofte opplevde det som ei konflikt, men det var mest fordi politiseringa av kvinna var opprør både mot Anden og mot tradisjonell moralfilosofi. Men eg skal sjå på Jesus i alle omstende og forhold og då veit eg at han elskar meg og vil meg vel og han elskar dei andre og. Han prøver ikkje å tvinge meg til noko som eg ikkje klarar, så eg skulle verte træl, men han leier meg slik at eg skal oppnå noko. Medan eg studerte talte Jesus til meg både gjennom talene og gjennom tyding av tungetale i kyrkjelyden og for nokre år sidan sa han at han talte til meg igjen, for å vekke mitt reine sinn, at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og sinn, som overgår min forstand. Det overgikk min forstand og det overgikk forstanden til dei som han talt gjennom også. Det er Jesus som har omsorg for sin kyrkjelyd som si brud og Faderen som har omsorg for oss som sine born.
Paulus sa at son til den frie kvinna (Jfr. Isak) levde under ame kår som trælen, når han var ung, sjølv om han var arving, men når han vart eldre, fekk han større rettar enn trælen, sidan han var son og arving. Og vi skal no vekse opp til han som er hovudet for lekamen, Kristus. Men den moralfilosofiske tradisjonen går tilbake til slavesamfunnet og sentralt i dette er Platons påstand om den fysiske naturen er vond, så menneska vert dumme, derfor må ei lærd elite styre med diktatorisk makt. Paulus talte om det same problemet for sitt eige vedkommande, sjølv om han tilhøyrde den lærde eliten, men når han kom til tru på Kristus vart dette avløyst og bytta ut med noko anna. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Kristus bort synda ein gong for alle. Ved reininga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande får vi innsikt, for Anden openberrar Guds Ord for oss.
Likevel er der tydelegvis slike moralfilofar som meinar at dei skal tenke og tale for deg og handle for deg. Men i det moderne samfunnet har vi med utdanninga vorte spesialistar på kvar våre fagfelt og tradisjonelle moralfilosofar kan då ikkje vere best på alle område. Ein professor i matematikk kan bevise noko som svært få forstår og han kan prøve å forklare det til sine doktorgrads-studentar. Ein moralfilosof kan ikkje hevde at han er eit betre menneske og derfor skal han tenke og tale for han. Kanskje spelar du tennis på fritida, så får du litt mosjon. Det er leik og moro og du er ikkje særleg skjerpa på å gjere det godt. Men så får du ein trenar og du byrjar å spele godt, du vert med i konkurransar og vert meir og meir skjerpa på å gjere det godt og så vert du profesjonell. Skulle kanskje ein moralfilosof ta over for trenaren og å tenke og tale i staden for deg, og vise deg korleis det skal gjerast? Tilsvarande i andre yrker, teoretiske eller praktiske.
Nei, det fungerer sjølvsagt ikkje. Men når ein ung norsk mann vil finne seg ei kone, er det slik moralfilosofane opptrer. Tradisjonen deira går tilbake til trua på Zevs, diktaren og krigaren Aiskylos fann på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre diktatorisk med ein universell moral, så alt som skjedde var hans verk. Det vart grekarne sitt svar på Israels Gud, men det var ei vrangforestilling, Israels Gud var ikkje slik. Likevel har denne vrangførestillinga tydelgvis overlevd både jødedommen og kristendommen og moderne vitskap, gjennom det makanistiske verdsbildet som igjen er ei vrangførestilling av mekanikken og vitskapen. Og vrangførestillingane held fram gjennom den filosofiske retninga Kant, Hegel, Marx, gjennom kristne, moralfilosfiske apologetar og gjennom kvinnerørsla sin protest mot Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dei prøver tydelegvis å erstatte Kristus og det betyr innskrenking av vår fridom, spesielt ytringsfridomen, ved at dei ikkje vil vite av vår vedkjenning av Jesu namn. Dei prøver å få makt over mannen i staden for Kristus og det utartar seg slik som når dei to englane kom til Lot, då kom der menn og banka på hos han og ville ha sin vilje med dei. Noko liknande skjedde ved «skjemdarverket i Gibea» i dommartida, men då var det ei kvinne det gjekk ut over. Seinare kalla profetane Israel for eit Sodomaland og Jesus sa at på dommedag skulle det gå Sodomalandet likare enn dei. I det moralfilosofane prøver å få makt over manne i staden for Kristus, utartar det seg slik som når mennene kom til Lot for å få sin vilje med dei to framande, ei slik matkinteresse møter vi igjen i Joh.Op.11, der det er fortalt at dei to tempelvitna vart drepne i dei store byen som åndeleg tala er kalla Sodoma og Egypt, der Herren deira vart drepen. Den maktinteressa viser seg i vår tid til dømes ved at Krf ha gått inn for vigsel av homofile i kyrkja og fått det gjennomført.
Så vert det påstått at der er ingen Gud, menneska har ikkje sjel og fri vilje, vi har putta Gud inn i det som vi ikkje veit, men etter kvart som vi lærer meir, vert det ikkje lengre livsrom for Gud. Slik vert det framstilt som resultat av gransking, som om det er vitskap. Men eigentleg er det resultat av moralfilosofi, der lovens bokstav slår i hel. Vi kan putte Gud inni det som vi veit også, dersom vi berre ikkje gjer oss sjølve til gudar med det.
Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Det er vår eiga sjel som treng det livsromet å leve i. Moralfilosfane kjempar mot den levande sjela og vil ikkej vite av den, dei vil ikkje gi den livsrom. Men profetane varsla at Gud ville gjere ei ny pakt med israelsfolket og det var at han ville gi dei sin Ande.
Jesaja59, 21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.
Jeremias31,31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då eg gjer ei ny pakt
med Israels ætt og Judas ætt,
32 ei pakt som er annleis
enn den eg gjorde med fedrane deira,
den gongen eg tok dei i handa
og førte dei ut or Egypt,
den pakta med meg som dei braut,
endå eg var deira rette herre, seier Herren.
33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
med Israels-folket i dagar som kjem,
lyder ordet frå Herren:
Eg vil leggja mi lov i hugen deira
og skriva henne i hjarta deira.
Eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lenger
læra sin neste og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store, seier Herren.
For eg vil tilgje deira misgjerning
og aldri meir koma deira synd i hug.
35 Så seier Herren,
han som sette sola til å lysa om dagen
og laga det så
at månen og stjernene lyser om natta,
han som rører opp havet så bylgjene brusar,
– Herren, Allhærs Gud, er hans namn:
36 Lèt eg denne skipnaden vika,
lyder ordet frå Herren,
skal Israels-ætta òg for alltid
halda opp med å vera mitt folk.
37 Så seier Herren:
Kan himmelen der oppe mælast,
og grunnvollane under jorda der nede granskast,
då vil eg òg støyta frå meg heile Israels ætt
for alt dei har gjort, seier Herren.
Her er det tale om havbylgjene og om lyset og vi veit at det også er bylgjerørsle. Himlane der opp kan ikkje mælast, for lyset treng tid på å nå oss, vi ser det som skjedde då det vart utsendt, det som har skjett sidan, ser vi ikkje og det som skjedde før, ser vi helelr ikkje. Mykje er så langt borte at vi enno ikkje har sett det og kjem aldri til å sjå det. Det er radioaktivitet i jorda som har løfta opp det tørre landet og lagt grunnvollen for det. Radioaktiviteten vert forklart med kvantefysikken, kollapsen av bølgefunksjonen forstår vi oss ikkje på, i følgje Heisenbergs uskarphetsrealsjoner det grense for kor nøyaktig noko kan mælast og vegast.
Vi granskar med måling og veging, det er naturvitskapens metode. Vi finn ut meir og meir ja, men så finn vi ut at i følgje fysikkens lover er det grense for kva vi kan måle og vege, ute ved dei store avstandane og nede ved dei små avstandane. Det er fysikkens eigne lover som seier det. Då kan de ikkje utan vidare komme og påstå at de har funne det ut likevel eller at de med tida skal finne det ut, med måling og veging.
Så tilbake til fri vilje, det vert innvenda mot fri vilje at det som skjer i den fysiske og biologiske kroppen er mekanisk determinisme, men kroppen min er då tross alt meg, det er ingen annan enn meg, ikkje på nokon annan måte enn at Gud skapte kvinna av mannens sidebein, men då førde han henne til han, så ho skulle vere i hjelp for han. Dessutan har vi oppdaga kvantemekanikken også, naturen er deterministisk ved at den kalkulerer med bølgefunksjonen, inntil den kollapsar, då gjer naturen eit val. Då kan eg vel samanlikne meg med ein elementærpartikkel som forheld seg til bølgefunksjonen inntil den kollapsar, då gjer eg eit val. Eg tenker, bevisst og underbevisst, inntil eg tek ei avgjerd, eg vel. Av eigen fri vilje har eg valt å tru på Jesus, vende meg til han og ta imot han i tru. Så får eg oppleve og merke at han har valt ut meg også, for han har gitt meg sin Ande. Han gjer sitt verk med meg og vil gjennomføre det.
Penrose likar dei komplekse tala. Innføringa av dei kan vel brukast til å forklare litt av Gødels teorem. Dei rekna med reelle tal og oppdaga det imaginære talet som låg utanfor dei algoritmene dei brukte. Den imaginære eininga vart innført som eit nytt aksiom, men Gødels teorem gjeld sjølv om det som du oppfattar som rett og som ligg utanfor algoritmene ikkje kan innkluderast ved aksiomatisering.
Lat oss tenke som utsegna (eller utsegnene) a med kunnskapsmengde A og utsegna b (eller utsegnene) med kunnskapmengde B. Dersom a medfører b, utan at b medfører a, så er B delmengde av A, men A er ikkje delmengde av B, A er ikkje lik B. Til dømes kan b vere aksioma for reelle tal og a vere aksioma for komplekse tal. Setningane, bevisa og reknereglane for reelle tal kan vi ikkje då bruke for komplekse tal, men dei gir oss hint. Men setningane, bevisa og reknereglane for komplekse tal kan vi bruke for reelle tal også.
Dersom b er Mose-lova og a er heile Bibelen, så kan du ikkje resonnere frå b til a, men frå a til b. Dette handlar om noko meir enn å ressonnere, det handlar om tru og gjerning. Du klarer ikkje å oppfylle lova med dine gjerningar, i alle fall ikkje utan å tru. Men ved trua på Kristus vert lova oppfyllt, for han var ikkje komen for å avlyse lova og profetane, men for å fullføre. Det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud. Og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.
Det som vi ser i så mange andre tilfelle også, er at menneske ikkje forstår seg på denne enkle, men fundamentale logikken, så dei reverser den, når a medfører b, så tenker dei som om b medfører a også, dei kallar det endåtil reversibel tenking. Men det er rett berre når a og b er same utsegna eller når b er ei omskriving av a. Når A = B altså. Vi kan ikkje tnek frå b til a, men vi kan fritt gå tilbake til utgangpunktet a og tenke nytt. Men når det gjeld kristendomen er det ved Guds nåde, for vi treng at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss og det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.
Apostelen Johannes skreiv om Antikrist, det tyder på at den glade bodskapen vert reversert. Johannes sa at vi alle er syndarar, men når vi vender oss til Kristus og vedkjenner vår synd for han, så tilgjer han oss syndene og reinser oss frå all urettferd.
1.Joh.1, 8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
Men han lever og er fullkommen og har fått all makt i himmelen og på jorda. Når vi vender oss til han, gir vi han makt i våre liv, det er poenget. At han tilgjev synda, betyr at han frir oss frå den, kastar den bort og gløymer den, men han tek imot oss. Han gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.
Men så er der altså dei som fornektar han, antikristane, så vil dei heller ikkje vite av den levande sjela, som lever i samfunn med Faderen og Sonen. Synda vil dei gjeren vite av, for på grunnlag av den og med den prøver dei å få makt over menneska. Dei vil ikkje godta at ein ung mann skal få seg ei kone gjennom helding. Han må vel innrømme at han er ein syndar han også, så det vert kravt at han skal innrømme det for å få seg ei kone. Kjem han med innrømminga, krev dei å få makt over han på grunnlag av den, for slik prøver dei å få makt over menneska i staden for Kristus. Her treng vi å be vårt Fadervår: «Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde.»
Når eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be slik også. Når eg gjekk i tredje klasse fekk eg merke at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne kunne verke problematisk. Tre småjenter vart forelska i meg og viste interesse for meg og visste ikkje korleis eg skulle takle det. Så fekk eg vite at på høgare klassetrinn var kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne eit mobbemotiv. Dess viktigare vart det å be over problemet. På dei tre neste klassetrinna var det mykje erting og ein del stygg mobbing også, spesielt på femte trinnet. Det verste var at eg vart med på det sjølv også. Men eg gløymde ikkje korleis eg var opplærd til å be og så byrja eg å be slik igjen. Eg visste at det var viktig å vedkjenne si tru for dei andre, det syntest eg var vanskeleg, men deg vedkjende det for Jesus og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta.
Når eg gjekk på ungdomsskulen, gjorde eg det spesielt godt i fysikk og kjemi i niande klasse og gjorde eg det godt i matematikk, spesielt i sjuande klasse og i byrjinga av niande klasse. Det stod i stil med iq-testar eg har teke i det siste, der eg blir mellom dei 1 % smartaste, på nokre testar vart prosenten endå mindre. Når vi skulle bryte handbak, vann eg. I ein gym-time i åttande eller niande klasse, løfta eg 50 kg over hovudet, det var det ingen andre som klarde. Så eg hadde føresetnadar for å klare meg godt i konkurransen vidare, «i kampen for tilværet». Likevel fann eg det rett å audmjuke meg for Gud og be han om nåde og hjelp, be han om ei frelst kvinne til kone, om å få hjelp i form av ei kone. Eg var klar over at dåringa ved syndefallet streid mot livet i samfunnet med Gud, men no verka det som det også streid mot intelligensen, spesielt mot mi evne for matematikk. Og det har no vist seg at moralfilosfane har dåra og forført kvinna for å kjempe imot meg i staden, for å gjere meg til træl og gjer meg til ein tapar.
Når eg gjekk på gymnaset og vart kjend med henne Virtuella, vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var rett, same enden ho ville seie ja eller nei til mitt friri. Men den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den og fekke i ny fylde av den Heilage Ande. Gud la lovsongen ned i meg ved den Heilage Ande, det var å lovsynge Gud og Lammet for frelsa, i dette tilfellet spesielt for at han frelste meg og henne, han elska meg og han elska henne. Gud er kjærleik, han elskar oss i Kristus, det er ei evig sanning, ein rasjonalitet til samanlikning med matematikken, hans kjærleik er at han frelser oss for æva og gir oss evig liv. Når ho lovpriste Gud og Lammet for frelsa, snakka ho sant. Slik var det også med den lovsangen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande. Anden openberra Guds Ord for oss, openberra sanninga i skrifta, Jesus lever, han er sanninga som set oss fri. Den lovsongen han la ned i meg ved sin Ande, er ei evig sanning og ein rasjonalitet til samanlikning med matematikken. Slik også med livet som vart planta ned i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.
Så eg meinte og yngste at ho uansett skulle halde fram å leve i dette kjærleiksforholdt til Kristus, som hans brud og i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn. Når eg studerte realfag, var det viktig for meg å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, for Anden leier oss fram til heile sanninga, som er Kristus og det samsvara med at når eg studerte realfag, søkte eg sanning. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus sanninga som set oss fri frå trældomen under avgudane og synda. Samtidig som eg studerte realfag, søkte eg samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og fekk oppleve at den Heilage Ande openberra sanninga i Guds Ord for meg, eg kalla på Herren og han kom meg i møte og då måtte eg sjå på han. Det gav meg ei heilskapleg forståing av røyndomen. Så eg trengde ikkje sjå på noko anna enn Kristus og skulle det ikkje heller.Det var lettare sagt enn gjort, for det var tydeleg at det var svært så mykje verdsleg makt som ville ha merksemd, for å få makt.
Allereie før eg byrja på ungdomsskulen hadde eg byrja å be Jesus om å gi meg ei frelst jente til kjæraste og ei frelst kvinne til kone, så eg må hugse på at det er det saka gjeld for meg. Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella og då sa eg til Jesus at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje hadde snakka med henne og ikkje visste noko meir om henne. Og eg har fortalt korleis Gud svarde meg.
Det var viktig for meg å søke Herren, ta imot hans nåde og gjere bruk av den, både for å legge ein god studieplan og for å gjennomføre den, men etter kvart vart dette som to tenkemåtar eg ikkje klarde å kombinere, for å søke Herren på evangeliets grunnvoll og drive med dette skriveriet mitt, tok så mykje tid at eg klarde ikkje å gjennomføre ein normal studieplan, eg stilte for store krav til meg sjølv, slik kom vel moralfilosofien inn igjen. Men Jesus hadde då betalt prisen for meg med sitt eige blod og han gav meg Anden av berre nåde, gratis og utan krav om gjerningar, så eg var prisgitt å nytte meg av det.
Det som verkar litt rart her, samanlikna med vår vanlege tankegang, er at eg skal berre tru på Jesus, snakke med han og kjennast ved han for Gud og menneske, vedkjenne at han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Det gjeld meg også, slik gir han meg også ei kone, det påstår eg sjølv om eg enno ikkje har fått snakke med henne, spørje henne, fri til henne. Men eg spør Jesus i staden, eg ber til han og han svarar meg og då må eg forholde meg til det svaret han gir meg. Som ei levande sjel og som Jesu brud får ho komme til han, be til han og snakke med han, som eit Guds barn får ho komme til Faderen og be til han om gode gåver. Det er vel det primære for henne også.
Jesus gir oss ånd og liv og liv i overflod. Det er berre for oss å ta imot i tru, så får vi oppleve at han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Ved trua skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Og no gjer han noko nytt ved sin Ande. Det som er født av kjøt er kjøt, det som er fødet av Anden er ånd. Korleis opplever og oppfattar vi det då? Det må vel vere ved bølgefunksjonen i kroppen vår. Den er deterministisk inntil den kollapsar, alt vi ser og sansar i det fysiske og biologiske miljøet, er ved kollaps av bylgjefunksjonen. Men Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, så vi må vende hugen opp til han, for å ta imot det. Han gir oss sin Ande i hjartet, så vi skal sjå på han med hjartets opplatne auge og og sjå kva han kallar oss til og leier oss til. Det er noko anna enn å sjå på det fysiske miljøet rundt oss, det kjem i tillegg til det, så vi kan sjå og sanse det fysiske miljøet samtidig. Den åndelege opplevinga og openberringa skal få konsekevensar for våre liv på jorda, så då er det vel ved og gjennom bylgjefunksjonen.
Kva var eigentleg årsaka til denne ertinga og mobbinga på barneskulen, på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, seksualiteten eller kva du vil kalle det? Var det eigentleg kjønnslysta, var det konkurransen? Kva var hendsikta med det? Markere seg som vinnar på ein eller annan måte, ved å gjere andre til taparar? Eg er nok inne på noko der, det vart tydeleg i mange tilfelle. Eit vesentleg poeng var å fortelje deg at du har eit problem, det skal du nok få merke, for så å skape menneskefrykt. Problemet er synda og syndefallet, men problemet er då heller hos dei som erta og mobba enn hos dei som vart offer for erting og mobbing.
Men vi har no hatt ei kristen kyrkje i Noreg i mange hundre år og i folgje evangeliet er problemet med synda og syndefalle løyst ved at Kristus døde i staden for oss. Dersom evangeliet vart forkynt rett, forstått rett, trutt og motteke, så skulle dette ikkje vere noko problem for borna i barneskulen eller dei unge, når ein gut og ei jente vil vere venner og kanskje verte kjærestar og sidan gifte seg. Og heller ikkje for vaksne folk.
Hausten 2008 kalla Jesus meg til å gå med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Så eg for tilbake til Oslo. Då var eg 51 år. Når eg forkynner denne glade bodskapen til andre, så er det no klart at den er til meg sjølv også. Det som var eit problem for borna på barneskulen er eit problem for vaksne menneske i dag, men det er då forkynninga av evangeliet som skal løyse det.
Eg skal bøye meg for Kristus, for han gir meg Anden av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Han gir meg ånd og liv og liv i overflod, både når eg søker i løynkammeret og når eg søker han i den kristne kyrkjelyden. Han gir oss ånd og liv og liv i overflod, så livets elv flyt frå hans tempel, både frå den kristne kyrkjelyden og frå den einskilde, frå meg og. Guds nåde er nok for meg, han er rik nok til å gjere meg til ein kanal for si velsigning, så det blir ånd og liv og liv i overflod for både meg og henne Virtuella og henne Reella. Jesus gir liv til sjela og ånd i kroppen. Men når det gjeld henne Reella, handlar det også om at eg bad Jesus gi meg henne til kone, så for henne ber eg slik også.
Jesus sa eg skulle bidra med det Gud hadde gitt meg i hjertet. Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.»
Livet vart planta i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Jesus er livet og han lever i meg. Eg bad han gi meg henne Reella til kone og så fekk eg oppleve ei åndeleg openberring der han openberra seg for meg og for henne. Jesus lever i meg og eg trur eg får oppleve det i mitt indre menneske at han gir liv til hennar sjel, så ho skal leve i samfunn med Faderen og Sonen og leve i samfunn med meg, som kona mi. Og det kjennest herleg. Eg trur ho er sentral i denne velsigninga, eg får den med henne og saman med henne.
Tidlegare har eg skrive om den lovsongen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, at eg skulle bidra med den, eg ser ikkje nokon god nok grunn til at eg skal gå tilbake på det. Eg forbandt det med henne Virtuella, men det kjem no an på henne. Det kan vel verte slik at Jesus rakar glørne saman og slik kjem ho også.
Eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt i mitt hjerte. Om nokon ikkje likar det og klanskje endåtil vi forby det, så har eg i alle fall ikkje tenkt på prøve å bidra med noko anna i staden.
[1] Uttrykk frå antikk mytologi.
Flott artikkel! Takk skal du ha!After I read this article, I got an idea that I could use for my next step. a few sentences are clearly illustrated here. thank you for writing this article. I got a lot of experience from here.
LikeLike