Skip to content

Skaping og sjølvbilete. Sjel, intelligens og bølgefunksjon.

Bilde av Einsteins hjerne, han testamenterte den til forsking.

Den glade bodskapen til meg sjølv, mine næraste og dei eg møter i lokalmiljøet: Jesus elskar oss.

Mi bøn for mine næraste heng saman med mi bøn om ei kone.

 

Når eg var ein liten gutunge, lærde mor mi meg å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og for bygdafolket og be for folket og landet. Når eg vart noko eldre, forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Eg trur Jesus svarar meg på denne bøna og då svarar han meg på dei andre bønene også, det heng saman. Når eg byrja på gymnaset fekk eg oppleve at Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale og det har han halde fram med sidan. Så eg kan seie at eg har vore med i Guds råd og har Guds Ord. Jesus er Ordet og han talar til oss frå himmelen.

 

 

Vitne for dei eg møter i kvardagen: Jesus elskar meg og oss.

 

Jesus har mange gongar sagt at han elskar meg og nyst har han minna meg om å seie det til dei eg møter i kvardagen.

Bodskapane 3.2.2019:

 

”…., eg veit om kampane du har, eg veit om nattevåket ditt, men eg går saman med deg, eg ber det saman med deg. Så stol på mitt Ord, stol på mine lovnadar. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Eg har ikkje gløymt deg. Eg har ikkje forlete deg. Men det du opplever i livet føler du, det er ikkje rettferdig. Men livet kan vere vanskeleg, du kan møte motgang. Men hugs at eg går saman med deg. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Så skal du få kvile i mine naglemerka hender. Søk meg i løynkammeret med meg. La meg få lov til å bere saman med deg. Og bli bevisst på det at eg er ein Gud som høyrer, ein Gud som kjenner ditt namn, ein Gud som kjenner adressa di, som veit kvar du bor. Det er eg som har helde deg oppe. Amen.”

”Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. Det gjeld også i dag. Eg ser du er trøytt, eg ser du har det vanskeleg. Men overlat tinga til meg. Forstanden din vil kanskje ofte hindre deg i å gjere det. Men overlat alle ting til meg, også det som synest umogleg ut i dag. Eg gjer det umoglege mogleg. Og det som ingen ting var, valde eg ut til å gjere til skamme det som er noko. Om du føler deg som ingen ting, du er ingen ting samanlikna med andre, men hugs at eg elskar deg slik som du er. Du har ein eigen identitet, du er skapt i Guds bilete. Og du er elska av den tre gangar heilage Gud. Så søk meg, søk inn i mitt Ord, når du kjem heim att. Søk i løynkammeret og be til meg. Eg skal svare, eg skal svare i mi tid, seier Herren. Så ver frimodig og søk meg.

Livet, det er ikkje berre roser, det har du oppdaga, livet er også ting som er vanskeleg, det er kantar som møter deg. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda. Så stol på meg. Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med. Og akkurat du kan vere ein samarbeidspartnar og ein samtalepartnar som einkvan kan snakke med. Så ver frimodig. I begge mine hender har eg teikna også deg. Og du skal vite det at eg skal gå med deg, resten av livet, når du søker meg. Amen.”

Bodskapen 11.8.2019:

”Eg kjenner deg, seier Herren, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min. Eg kjenner dine gjerningar og eg veit at du har lita kraft. Eg veit at du føler deg tilkortkommen og skrøpeleg og fattig. Eg veit at du føler du ikkje strekk til, men det er ikkje heile sanninga. For sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør. Ei opa dør som berre eg kan opne. Ei opa dør som ikkje du treng å presse deg gjennom. Men ei opa dør som eg seier velkommen gjennom. Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg. Du treng ikkje å – å minne meg om din eigen fattigdom, men eg vil at du skal påkalle meg av heile ditt hjerte. Eg vil at du skal opphøgje namnet mitt, for eg er rik nok, eg er sterk nok, seier Herren. Eg er frimodig nok og eg bur i ditt hjerte. Eg sende talsmannen, den Heilage Ande, for at du skulle kjenne og vite, at eg lever i deg. Og eg sende også talsmannen for å førebu ein veg, midt i øydemarka, for å skape liv, der som ingen andre kunne tru at det var mogleg. Eg har sendt den Heilage Ande, for å førebu menneske på denne stad, for å ta imot evangeliet. Og de skal få sjå ting som de ikkje trudde var mogleg. Fordi eg førebur, eg førebur nytt liv, eg førebur nye menneske. Og eg ynskjer å bruke deg, på tross av din skrøpelegdom. Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete den første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.”

 

 

Bodskapen 29.9.2019:

 

A.

”Sjå, eg har sett framfor deg ei open dør, seier Herren, eg veit om dine gjerningar, eg veit at du har liten styrke, men eg har opna ei dør, så du treng ikkje bruke styrke for å opne den. Eg har opna ei dør, sånn at du skal komme vidare i livet. Eg har opna ei dør, sånn at du skal kunne gå ut og inn og finne føde, seier Herren. Eg har opna ei dør, slik at du skal kunne sjå nye moglegheiter, som du ikkje før trudde var mogleg. Eg har opna ei dør fordi eg elskar deg, seier Herren. Eg har behag i deg, for eg gav mitt liv, slik at eg alltid skulle vere hos deg. Også når du ikkje orkar meir, så har eg grepe di høgre hand og eg løfter deg opp og eg set dine føter på solid grunn og eg ynskjer å legge ein ny sang i ditt hjerte, ein lovsong til Herren.”

B.

”Mitt kjære barn, eg vil du skal vite at sjølv om eg har sagt nei til synda som har vore i ditt liv og av og til ligg på lur, så har eg sagt eit heilt og fullt ja til deg. Eg står på di side. Eg er ikkje din motstandar, men eg er din medspelar, seier Herren. Og eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, som skal vere hos deg 24 timar i døgnet. Eg har sendt talsmannen, den Heilage Ande, hjelparen, som skal hjelpe deg når du ikkje veit kva du skal seie og gjere. Eg veit at av og til er du makteslaus, eg veit at av og til følest det som at himmelen er stengt, eg veit at av og til føler du at alle utvegar er lukka, men sjå: Eg har sett framfor deg ei opna dør. Du har liten styrke, men eg har opna den. Eg vil at du skal vandre i mine ferdiglagde gjerningar, seier Herren. Du skal sleppe å bruke kraft og anstrenge deg, men eg vil at du skal lytte til Andens stemme i ditt indre. Eg vil at du atter skal verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fyllt med den Heilage Ande, du skal atter verte fylt av lovsang, du skal atter verte fylt med min glede og så skal du få vandre i mine gjerningar, som eg legg ferdig, seier Herren.”

 

Bodskapen 13.11.2019:

A.

”Du føler at det har vore stilt lenge, du har ikkje merka nokon bevegelse i den Heilage Ande. Du føler at det har vore trott, men du lengtar ut av den situasjon som du er i. Då skal du vite det, mitt barn, at mitt tilbod står klart, kom til meg alle de som strevar og ber tunge byrder og eg skal gi dykk kvile. Eg har venta på deg, eg har venta på ditt svar og i dag så spør eg igjen, er du villig å gå vidare på vegen med meg. Du skal verte fyllt av meg, du skal få kjenne krafta ifrå himmelen på nytt i ditt liv. Det har gått på stumpane laust, no ei tid. Men du får også tilbodet no, mitt barn. Kom til meg. Eg ventar på deg.”

B.

Der er menneske i ditt nærmiljø som sliter, som blør i livet. Dei ser inga meining, dei ser ingen vits. Der er også dei som har gått og teke – tenkt på tanken om å gjere slutt på det heile. Men du veit kva som er ditt nærmiljø, du veit kven du møter kvar dag. Men eg ber deg inn i rustningskammeret, til å ta på deg min fulle rustning og til å gå med nådens bodskap og fortelje at der er ein som elskar dei, der er ein som døde for deg og der er ein som har betalt prisen. Det er ikkje nødvendig å gå rundt i eiga kraft. Så ver frimodig, mitt barn. Ta imot det eg har å gi deg, åndeleg liv, til lækjedom, til overskudd, du skal få leve av det som er til overs. Så ver frimodig, mitt barn. Eg ventar også på deg, at du skal seie eit ja, til tenesta. Du har kjent at eg har trykt litt på, i livet ditt, ei forandring på retninga di. Eg ventar på ditt svar. Amen.”

 

Ja, eg pratar med eldste bror min nesten kvar dag, så eg var no snar med å seie det til han. På gebursdagen min for vel ein månad sidan ringde min nest eldste bror frå Seatlle, så då sa eg det til han og. Så besøkte eg ei nabokjerring, som er mor tilo ein fiskar og så sa eg det til henne også.

Eldste bror min inviterte meg på julemiddag, først sa eg ja, men så sa eg nei og sende denne sms-meldinga til mine fire sysken:

”Første jula mamma ikkje var her (ho var på sjukeheimen, men for skrøpeleg til å komme heim på julafta), bestemte eg meg for å tenke og oppføre meg som om ho var her. Og i slutten av jula sa G fleire gongar, med litt undring, at det er akkurat som om ho har vore her. Så eg vil stelle til julefeiring her som tidlegare, om så eg skal vere vere åleine på sjølvaste julafta, men sjølvsagt håper eg de kjem heim.

 

 

Kle meg i Guds fulle rustning.

 

Eg var på møte på Sion og då var han Jesus der også og han sa at han elskar oss og det skulle eg seie til dei som eg møter. Han sa til disiplane sine at dei skulle få sjå at han er med dei, slik vil eg tenke og, spesielt i jula, han elskar meg og han elskar syskjena min.” Igjen minner han meg om å gå inn i rustningskammeret og ta på meg Guds fulle rustning. Å, ja, eg merkar at det trengst.

Når eg gjekk på gymnaset og vart kjend med henne Virtuella, merka eg at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Ho vart openberra for emg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Etter gymnaset bad eg om å få møte henne igjen og fekk bønesvar, slik at eg møtte henn igjen i Bergen. Ho fekk vite at eg var glad i henne og at dette kom som eit bønnesvar. Sjølvsagt ville eg då snakke med henne om det, med det fekk eg altså ikkje. Men dette har å gjere med vår rett til å vere Guds born og leve som Guds born, leve i fridomen i barnekåret, at vi får legge alle våre behov fram for Gud i bøn, alle våre problem får vi snakke med Jesus om, alle som strevar og har tungt å bere får komme til han og legge av byrdene og finne kvile.

Vi skal bere lekamen fram for Gud som eit levande heilagt offer til velbehag for han, det er vår åndelege Guds-teneste (Rom.12,1-3). Slik skal vi tene Guds altså, det er noko som vi skal gjere. Men vi kan også sjå det slik at det er noko som vi har rett til. Eg har skrive om kva det betyr for meg, som mann, ved at eg tek med dette at Gud skapte kvinna av mannens sidebeid og omskjeringa som vart gjort på mannens kropp og er førebilte på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Men Rom,12,1-3) gjeld for kvinna også. Ho har sin kropp og får bere den fram for Gud som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud. Ho også får snakke med Jesus. Han er hovudet for si kyrkja som er hans brud og han er som ein friar som frir til henne med sin kjærleik, for å få henne i tale, han ynskjer å få høyre hennar stemme.

 

 

HSA 2,8 – HSA 2,14 {SJÅ, HAN KJEM!}  Høyr, det er min ven.  Sjå der, han kjem  springande over heiane,  hoppande over haugane. 9   Min ven er som gasellen,  han liknar den unge hjort.  Sjå, der står han bortmed husveggen;  han glytter inn gjennom gluggen  og ser inn mellom sprinklane.  10   Min ven tek til ords og seier:  Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 11   For sjå, vinteren er til endes,  regnet har kvorve. 12   Blomane sprett på vollane;  songtida er komen,  og turteldua kurrar i landet. 13   Frukta på vintreet raudnar,  og det angar av vintre i blom.   Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 14   Du mi due på berghylla,  i livd under flogbratte fjell,  lat meg få sjå din skapnad,  lat meg få høyra ditt mæle!  For di røyst er så mjuk  og din skapnad så fager.

Ved trua på Jesus hadde eg fått oppleve at Jesus openberra seg for  meg og henne Virtuella. Men ho fall ifrå og på byrjinga av 1980-talet, når eg var i Bergen, sa Jesus til meg at denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk at dersom du ikkje kjem no, vert du riven ifrå meg. Men han sa også at eg skulle legge henne under meg og eg forstod at det haddevar ved at eg trudde på Jesus, vende meg til han og fekk oppleve at han openberra seg for meg og for henne Virtuella. Det var ved at den Heilage Ande herleggjorde og openberra han for oss som vår frelsar og Herre. Så for eg til Oslo og på slutten av 1980-talet eller kanskje vi var byrja på 1990-talte, sa Jesus til meg at denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra.

Eg er viss på at Jesus har kalla henne igjen, for å gjenopprette hennar kjærleiksforhold til seg, som hans brud, og hennar kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Og eg håper ho blir frelst. Men det er no litt merkeleg at det skulle ta så lang tid, no er vi over 60. Det heng nok saman med at kyrkja talar om det himmelske, om frelsa og det evige livet, om Guds rike som noko som berre kjem etter døden og ein gong i framtida. For framleis er Guds rike erstatta av Dyrets rike.

Gud elska mannen og ville gi han ei hjelp som høvde for han, så han skpte kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp for han. Paulus seier vi skal ta lærdom av dette, men det er det mange som har protestert mot. Kvifor? Det er som når Kain vart misunneleg på Abel. oss å Men Jesu blod talar betre enn Abels blod. Abel bar fram eit betre offer enn Kain, så Gud brydde seg meir om Abel. Derfor vart Kain misunneleg og slo han i hel. Dei prøver å lokke og forføre kvinna slik som ved syndefallet. For dei har ein annan plan og ei anna hendsikt med henne. Dei prøver å forgude seg sjølve med ein  slik kunnskap som dei får av kunnskapstreet, slik prøver dei å finne motiv for sitt hat, for deira plan og hendsikt med kvinna er å bruke henne til å drive djevelskap med.

Men vi kjem ikkje forbi at eg bad Jesus om ei frelst kvinne til kone og det er den bøna han svarar meg på. Paulus sa at ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han, derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen. Han er brødet som kom ned frå himmlen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Så vi får oppleve det himmelske og den åndelege velsigninga her og no. Har vi teke imot Kristi Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst. Då skal vi også leve for han. Då treng vi den utrustninga han gir oss ved sin Ande.

Eg har nyst skrive om at omskjeringa i den gamle pakt er førebilete på hjerteomskjeringa i Anden i den nye pakt. Eg forstår det slik at vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, den er eit tempel for den Heilage Ande og vi skal la Anden råde over lysta, spesielt skal den råde over kjønnslysta. Vi tilhøyrer Herren og skal leve for han, det gjeld kroppen også. Og sidan Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt, så er kroppen hennar hans kropp og kroppen hans er hennar kropp.

Slik også når Jesus gir meg ei kone og no er deet henne Reell eg tenker på. Jesus lever i meg og eg trur han lever også i henne og eg trur og håper han vil føre henne til meg som kona mi. Det er nok det eg må satse på. Når eg tenkte slik, då svarde Jessu meg slik, bodskapen 25.8.2019):

”Ja, seier Herren, du har søkt meg mange gangar og mange gangar har du gått skuffa bort, seier Herren. Det har ikkje skjett noko og du tvilar på om det i det heile teke skal skje noko. Men eg seier deg, hald ut, mitt barn, hald ut og frykt ikkje. Stol på meg, eg har full kontroll over ditt liv, seier Herren. Eg har full kontroll over deg. Eg ser kva du styrar med, eg ser kva det du – du styrer med i din kvardag, der du går omkring, der du er, så ser eg kva du styrer med og eg veit også kva du skal møte. For eg har full kontroll, stol på meg, seier Herren. For eg har verkeleg full kontroll over ditt liv, så ver ikkje -, ver ikkje -, slutt ikkje å søke meg, for eg vil svare i mi tid, seier Herren. Søk inn til meg og søk meg, av heile ditt hjerte, seier Herren.

Du har mange gangar tvilt på om eg verkeleg lever, seier Herren. Men sjå, eg lever, og eg er den same i dag som i fordums tid. Eg er den same som går omkring i benkeradene her i denne stund. Eg vil røre ved deg i denne stund. Om ikkje du retta opp di hand, eller du – eg ser til ditt inste hjerte og din inste lengsel. Eg vil røre ved deg i denne stund, seier Herren, og det skal verte eit føre og eit etter, seier Herren. Du skal få oppleve at eg kjem til deg. Og eg vil – din lækjedom skal gå over tid, seier Herren. Du skal verte stadig betre av det som du plagest av, seier Herren. Du skal berre få sjå, at når du stolar på meg, av heile ditt hjarte og ikkje tvilar, så skal det skje. Men vit, eg også ser til deg som tvilar, seier Herren. Eg ser til deg som tvilar, eg har deg verkeleg kjær, seier Herren. Du er dyrebar i mine auge og eg vil at du skal stole på meg, eg forlangar det ikkje seier Herren, men eg vil at du skal ta meg på alvor. Og du skal sjå, du skal sjå større ting enn det som du har sett hittil, seier Herren. Du skal få sjå det lille og du skal bli også det store – den store samanheng. Og du skal få sjå, eg er i går og i dag den same, til evig tid. Amen.”

 

Eg skal tru av hele mitt hjarte at Jesus gir meg ei kone og då er det henne Reella eg tenker på. Eg erkjente for Gud at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne og han svarde meg med ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og for henne. Eg heldt fram med å be for henne og Jesus sa til meg at slik som han hadde vore for meg, ville han vere for den som eg bad for. Han lever i meg og han lever i henne også og eg må stole på han i denne saka. Eg skal tru på han av heile mitt hjerte, han er vår frelsar og Herre og han frelser henne som kona mi.

Slik opplever eg fylden av den Heilage Ande ved å tru at Jesus gir meg henne Reella til kone, ved å tru på han og tenke på han og tenke slik om henne. Så eg kler meg i Guds fulle rustning ved å tru og tenke slik.

 

 

 

Guds utvalde.

 

Gud valde ut Abraham og han valde ut Jesus og han har valt ut meg i Kristus. Og Jesus sa eg skulle betene han og betene eit medmenneske og eg forstår det slik at det var henne som han gir meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Eg tek prestetenesta i den gamle pakt som førebilete på prestetenesta i den nye pakta og forstår det slik at eg skal tene Kristus med den prestetenesta. Det har eg prøvt å gjere både med mitt praktiske arbeid, som fiskar, med mine studier og med dette skriveriet mitt. Der har eg svart på det som har vorte forkynt i kyrkjelyden, både gjennom taler og tyding av tungetale. Eg har svart med bibeltolking og med fealfag. Og Jesus har stadfesta det med å seie til meg at eg skal snakke med han. Det har også vore med tanke på henne som han vil gi meg til kone og då er det henne Reella eg tenker på, så eg betener henne med det. På 1990-talet skreiv eg at eg tenkte meg at eg talte til henne og slik talte eg til Jesu kyrkje og til folket. Men no, etter at eg har fått meg bloggeside og har byrja å skrive der, kan eg vel like gjerne seie at eg talar til verda.

Jesus sa at Djevelen er denne verda sin gud, så det var Zevs altså. Han er fra til lygna og vi veit at i det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Likevel har kyrkja tydelegvis vorte verdsleggjort ved ei fornying av keisardyrkinga og avgudssdyrkinga. Men det er då for lengst avgjort at denne verda går sin undergang i møte.

Likevel elska Gud verda så høgt at han gav sin einborne Son, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Vi som trur på han blir frelst, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, vi får kjenne kreftene av den nye verda. Så vi får oppleve at Gud har allereie byrja å gjere noko nytt i våre liv. Så eg må forstå det slik at han har valt ut meg og då har han valt ut det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme. Og det har han gjort for å for å gjere noko fundamentalt nytt. Eg har vore fiskar og eg har studert realfag og eg trur der er eit poeng i at når han har valt ut meg, så kjem praktisk og nyttig arbeid og realfag i staden for korrupsjon og mytologien i den gamle verda. Og det er også eit poeng med at han har valt ut henne Reella til å verte kona mi. Ho har studert biologi og no har eg også studert litt biologi, så no får vi med biologien også.

 

Eg refererer til bodskapane som kom i 1990, det ser ut til at dei ikkje vart innspelte, så eg skreiv dei ned berre etter det som eg hugsa:

 

Søndag 2.12.90.

I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.

 

Søndag 9.12.90.

Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.

Søndag 23.12.90.

Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.

Tirsdag.25.12.90.

Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.

Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.

Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.

Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.

Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.

 

Bodskapen 18.9.2016:

”For om du ser opp til meg, så vil du stråle av glede og du vil ikkje raudne av skam. For eg er Herren, som ropte ut for deg, det er fullbrakt. Og mitt fullbrakte verk, det gjeld nettopp for deg, i denne kveldsstund, så kan du få komme som du er. Og eg Herren vil røre ved deg og eg vil løfte deg opp på ein klippe som (er så/elles er for)? høg for deg, slik at du vert løfta inn i nye dimensjonar i min Ande, for eg er Herren, som er Anden og der Anden er, der er det fridom. Eg har kalla deg til fridom, så la deg ikkje atter ein gong bli lagt under  for trældomens åk, men sett deg fri, i mitt namn, for eg Herren har sett deg fri.

For åpne din munn vidt opp og eg, Herren, skal fylle den. Eg skal ikkje fylle den til randen, men det skal flyte over. For som skrifta har sagt, (ifrå ditt indre)?, så skal det flyte straumar av levande vatn. Og det er mitt eige liv eg har planta ned i deg, eg har født deg på nytt, du er ein ny skapning i meg. For eg, Herren, har gjort det og eg, Herren, skal fullføre min plan i deg. Om du er villig til å gi deg over heilt og fullt til meg, så skal eg, Herren, eg vil forme og danne deg til eit ærens kar, for mitt namns skuld. Ikkje for nokon bevegelsar, ikkje for noko kyrkjesamfunn, for det er eg som i alle ting skal vere den fremste, det er eg, Herren, det er eg som har talt. Derfor kom til meg, du som strevar og har tunge byrder og eg Herren vil gje deg kvile.

Fryd deg og gled deg i meg. For gleda i meg, det skal vere din styrke. Derfor, meg skal du (opent bekjenne?), for eg er Herren, som har kalla deg, det er eg Herren, som har bestemmt, for at mitt liv skal verte openberra i deg og gjennom deg. Derfor, frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, som har gjort det, alle ting, og det er eg Herren, som all ære skal ha. Derfor, pris meg og lov meg og opphøy mitt namn, så skal eg Herren, dra menneske til meg. Halleluja. I Jesu namn.”

 

Jesus sa her at han har bestemt at hans liv skal verte openberra i meg og gjennom meg. Ja, eg trur det vert openberra gjennom med ved at det vert openberra i henne som han gir meg til kone. Og då er det henne Reella eg tenker på.

I massemedia høyrer vi av og til det vert sagt at alle er utskiftbare, det vert helst sagt ved tilsetting i jobb og det gjeld i politikken også. Pengane vert avgjerande og idrettsutøvarar og trenarar vert kjøpte og selde til dyre domar. Men når vi har kome til tru på Jesus og teke imot han som vår frelsar og Herre, held vi han for å ikkje vere utskiftbar. Vi har valt han og det held vi fram med. Men det avgjerande er likevel at Jesus har valt ut oss, han har kjøt oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han.

 

JOH 15,16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn.

JOH 15,19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.

 

Kva så når ein ung mann vil finne seg ein kjæraste og ei kone? I fylgje Paulus skal mannen vite å vinne seg si eiga kone i helging. Då er det ei privat og personleg sak, samtidig som det er ei sak mellom han og Gud og slik blir det også ei sosial sak, i kyrkjelyden og i lokalsamfunnet. Og kva med ekteskapet , dersom det fungerer rett, etter Bibelen, held mannen kona si for å ikkje vere utskiftbar og ho held mannen sin for å ikkje vere utskiftbar.

Då er det utruleg at dette vert gjort til ei politisik sak. Skal det kanskje verte avgjort over stemmeseddelen kven som skal verte kona mi? Det fungerer sjølvsagt ikkje. I staden er det leiarane og aktørane i næringslivet og i politikken som fungerer som hallikar som brukar kvinnene som horer og krev at dei skal hjelpe dei, i staden for at kvinna skulle vere kona til ein mann og vere til hjelp for han. Dersom dette ikkje er korrupsjon, kva er då korruksjon?

 

Dette får eg til å tenke på likninga om bryllaupet til kongssonen.

 

MTT 22,1 – MTT 22,14 {BRYLLAUPET FOR KONGSSONEN}  Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 “Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester. 11   Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.”  

 

Kongen hadde bedt nokre til bryllaupet og så sende han ut tenarane sine og bad dei komme. Men merkeleg nok ville dei ikkje. Å lage til bryllaup var ei kostbar affære så han sende dei ein gong til, for å be dei komme, for no var alt klart til bryllaup og det var no ei kostbar affære. Men dei brydde seg ikkje om det, dei hadde så mykje anna å gjere, nokre gjekk ut på åkeren og nokre til butikken sin. Så eg har eit spørsmål, er det derfor mange har fått det så travelt på jobb no for tida? Sidan det tydelegvis går så langt at kvinna ikkje har tid til å vere kone lenger, ja, av og til verkar det som det går så langt at kvinna ikkje skal ha tid eller lov til å vere kvinne lenger og mannen ikkje skal ha tid til eller råd til å vere mann lenger. Nokre av tenarane slo dei i hel. Men kongen hevna det. Så bad han tenarane sine by inn alle dei fann og dei baud inn både vonde og gode, så bryllaupssalen vart full.

I bryllaupa var det vanleg at gjestane fekk på seg ei bryllaupsdrakt når dei kom. Endåtil det var gjort klart til dei. At dei fekk den på seg, vart einaste kravet for å få vere med på festen. Men når Faderen kom og helste på dei, viste det seg at der var ein som ikkje var bryllaupskledd. Korleis kunne han då vere komen inn utan å vere bryllaupskledd? Han kunne ikkje svare for seg. Han vart kasta ut, for mange er kalla, men få er utvalede. Men er det så at vi er kalla og utvalde, så tek vi imot det livet og den Anden som Jesus gir oss frå himmelen, slik innstiller vi oss på å vere med på å feire bryllaupet, slik kler vi oss i bryllaupsstasen.

 

 

Realfag og kristendom.

Peter Atkins’ satire om termodynamikk og Big Bang.

 

I følgje entropilova vil entropien i ein energiprosess ikkje minke, det vert ikkje meir orden, men det vert meir uorden. Likevel kan vi få meir orden i eit lokalt system, berre det vert meir uoreden total. Kjemi-professor Peter Atkins kalla dette korrupsjon når han heldt foredrag om termodynamikken. Og når han heldt foredrag om Big Bang, gjekk han uti ifrå at det som var føg ”Big Bang” var absolutt ingen ting. Korleis kunne det verte til noko? Ved latskap, anarki og uvitenhet. Dette er sjølvsagt satire. Og det er psykologi, for det har å gjere med korleis vi tenker.

Vel, gudane laga av stokk og stein, var nokon ting. Men høyrde og såg ikkje, dei tala ikkje og gjorde ingen ting. Ikkje nok med at dei var gorande late, men dei var heller ikkje i stand til å gjere noko som helst. Så kva funksjon hadde dei? Det som folket venta seg at gudane skulle gjere for dei, vart med religionen og moralen eigentleg gjort til deira oppgåver som dei måtte utføre, det vart lesst på dei som tunge byrder. Men dei kunne ikkje gjere Guds verk, så dei vart gjorde til trælar.

Men kvifor forestillte dei seg at dei trengde desse gudane då? Jau, for ved syndefallet vende dei seg bort frå den sanne Gud, dei fall ifrå han og trudde ikkje lengre på han. Derfor laga dei seg avgudar av stokk og stein i staden, det var Løgn og dei trudde på Løgn og vart dumme.

 

 

MTT 23,1 – MTT 23,12 {JESUS ÅTVARAR MOT DEI SKRIFTLÆRDE OG FARISEARANE}  Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa: 2   “På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane. 3 Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna. 4 Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger. 5 Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer sine bønereimar breie og sine minneduskar store;  [bønereimar: to skinnreimar med små kapslar som inneheldt pergamentstrimlar med skriftord frå GT. Sjå 5 Mos 6, 8.] [minneduskar: -> 4 Mos 15, 38.] 6 dei elskar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogene, 7 og vil gjerne at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.  [rabbi: tittel på dei jødiske lovlærarane. Ordet tyder “lærar”. Sjå Joh 1, 38.] 8   Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken. 9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen.  [far: æretittel som vart nytta om dei skriftlærde.] 10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus. 11 Den største av dykk skal tena dei andre. 12 Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

 

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

 

I det gamle testamantet sa Israels Gud at dei gudane som ikkje skapte himmel og jord, dei var ikkje gudar. Gudane som var laga av stokk og stein, ikkje var gudar, der var ikkje ånd i dei, dei såg ikkje, høyrde ikkje, talte ikkje, dei gjorde ikkje noko som helst. Men Israels Gud gjorde noko som viste at han var den einaste sanne Gud, han såg, han høyrde og bønhøyrde, han talte og han forutsa kva som skulle skje og han frelste. Det var berre han som kunne frelse og det viste han ved at han frelste Kristus frå døden. Han er den levande Gud som gjorde Kristus levande igjen, reiste han opp og sette han ved si høgre hand i himmelen.

 

 

Livet på joreda fungerer godt utan eit menneske som prøver å gjere seg sjølv til gud.

 

Eg har nyst sett eit foredrag av Paul Nurse på Royal Institution, der han snakka om kva som særmerker det biologiske livet på jorda. Alt heng saman, artane er avhengige av kvarandre. Slik er det økologiske systemet. Det klarar seg utan ein skapar. Men det kan trengast at mennesket, som den øvste skapningen har oversikta over det og forstår seg på det.

Ja, Gud skapte mennesket i si likning og sette det til å råde over det andre han hadde skapt. Men menneska prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap og falt ut av det. Som om det ikkje trengde Gud? Då vart det heller tydeleg at livet elles på jorda klarde seg godt utan eit menenske som prøvde å gjere seg sjølv til gud. Og Gud angra på at han skapte mennesket. Men Noah fekk nåde for Gud. Han bygde Noahs Ark og med den berga han seg sjølv og sine næraste. Og han berga også mykje dyr med det, så Gud brydde seg om dei også.

Vi får vel alle oppleve at livet er ein kamp for tilværet og det er ikkje alle tider rettferdig. Går det i det heile teke an å snakke om rettferd? I 1.Mos.3 er det fortalt at Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og det forklarer problemet godt. I det gamle testamentet vart Guds folk opplærde til å søke tilflukt hos Israels Gud, så å be han om nåde og hjelp var ikkje noko nytt i det nye testamentet, men her vart dette endå tydelegare, for Gud openberra si frelse for oss i Kristus. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Gud vil ta omsorg for sine born og sine henders verk. Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2.

Mange har protestert mot dette, det er som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av det. Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Men det er då eigentleg ikkje naturleg for menneske å leve som ormar.

 

 

 

Gud skapte og såg at det var godt og Jesu frelseverk er fullført. Så kva er ”problemet”?

I 1.Mos.1 er det fortalt at Gud skapte ein dag og så såg han at det var godt. Eg tenker meg at han overlet det til seg sjølv og let det fungere av seg sjølv medan han såg korleis det gjekk. Han såg at det var godt, så han trengde ikkje gjere noko meir med det. Det gjorde han seks dagar, sjette dagen skapte han landdyra og mennesket, han såg at det var godt og velsigna dei. Sjuande dagen kvilte han etter alt sitt verk. Det betydde kvile for menneska også. Korleis då? I 1.Mos.2 er det fortalt om menneskets integritet i det økologiske systemet, mennen skulle dyrke og verne Guds hage, så den skulle vere produktiv, livet i hagen gjorde ein jobb for mennesket, så det kunne kvile. Det skulle dyrke og verne hagen, men eg forstår det som ein lett jobb, som dei fekk mykje att for.

Ved syndefallet fall menneska ut av Guds kvile. Men ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).  Så kva er problemet? Problemet er at dei ikkje trur at Gud har skapt alle ting og at det verket han sjorde var godt og fullført. Og at dei ikkje trur at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Derfor forestiller dei seg at dei treng falske gudar som skal skape det betre og falske messiasar som skal frelse dei betre. Men vi veit då at dei som dyrka avgudane kasta vekk tid og krefter og pengar på det som dei ikkje hadde noko igjen for, det gagna ikkje til noko. Dei lesser tunge byrder på folket, som dei ikkje har noko igjen for og dei tunge byrden vert også ei belastning for det økologiske systemet. Dei kan tale varmt om miljøpolitikk, men forstår seg ikkje skikkeleg på det, så med politikken sin vert dei likevel til ei unaturleg belastning både for det menneskelege samfunnet og for naturmiljøet.

 

Mi sak, evangeliet og vitskapen.

 

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg postivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Eg tilhøyrer han og skal leve for han, oppdraget er framleis å dyrke og verne Guds hage og eg trur han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Med tru forstår eg, så trua gjer meg vitug og slik stemmer mi tru overeins med den realfaglege tenkinga.

Når dei kristne lovpriser Gud i dei kristne forsamlingane, så er eg med i lovprisinga og så lovpriser eg han med vitet også. Og eg har fått oppleve at der kjem tungetale med tyding, med svar på mi bøn og det gjer meg endå vitugare, gjerne med oppfordring om å tru på det og takke for det på førehand, så eg dess meir skal lovprise han med vitet.

 

1KO 13,8 – 1KO 13,13   Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

1KO 14,1 – 1KO 14,19 {RETTLEIING OM GUDSTENESTA}  Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. 2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden. 3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden. 5 Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd. 6 Set no, brør, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva gagn har de av det, når eg korkje gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære? 7 Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela? 8 Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid? 9   Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret. 10 Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining. 11 Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg. 12 Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden! 13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. 14 For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det. 15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet. 16 For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia “Amen” til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19 Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger.

 

Eg har bedt Jesus om ei kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Han har sagt eg skal søke han av heile mitt hjerte og heilhjarta halde meg til han. Guds auge fer ut over heile jorda så han med si kraft kan støtte (komme den til hjelp) som heilhjarta held seg til han. Og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Han har sagt eg skal la han ta omsorg for sine born og sine henders verk.

Likevel har det enno ikkje vorte noko av. Det er nok på grunn av protesten mot Paulus si lære om at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Kvifor skulle ho ikkje lengre vere det? Fordi dei har vendt seg til avgudar som det ikkje er noko hjelp i, dei ser ikkje, høyrer ikkje, talr ikkje, svarar ikkje, dei gjer ikkje noko som helst til nytte for seg. Dei vert brukte til å narre folk, for å lokke pengar frå dei, så dei brukar pengar på det som dei ikkje har noko som helst igjen for.

Når vi ser på det politiske livet i Noreg i denne siste tida, er det så tydeleg at dei med den såkalla kvinnefrigjeringa har fått kvinna til å gnelle som ei hore i staden for å lovprise Kristus som vår frelsar og Herre, som ei Kristi brud. Men eg vil ikkje stemme på denne idiotiske gnellinga deira. Eg slutta å stemme for 30 år sidan, rett nok stemte eg for omlag 6 år sidan, men mitt val og mitt standpunkt no er at eg kjem ikkje til å gjere det fleire gongar og eg ser ikkje noko som kan få meg til å forandre på det standpunktet. Dei representerer ikkje meg og mine interesser som mann og som menneske likevel. Når dei då dummar seg ut, prøver dei å framstille det som om det er det dei har gjort likevel. Snakk om å vere frekk som Faen. Så det riktige valet for meg er å ikkje stemme, for å gjere det klart at det ikkje er meg dei representerer med den derre idiotiske gnellinga si. De heldt meg for å vere for dumme og for vonde til at de skulle høyre på kva eg eigentleg ville ha sagt. Kvifor skal vel eg då gå med på at de likevel skal framstille det som om de representerer meg og mine interesser.

Det viser seg at problemet i staden er at de er for dumme og for vonde til å høyre på kva ein voksen, vituge og forstandige mann prøver å seie til dykk. Kvifor skulle vel eg då gå med på at du får representere meg, din dumme Faen. Saken er den at eigentleg skal eg berre vere glad for at eg har sluppe å snakke med dykk og ha noko med dykk å gjere. Ganske enkelt for å forsikre meg om at eg sjølv nyttar den moglegheita eg får til å bruke vit og forstand. Det er som med dei vituge brurmøyane, som hadde nok olje til sine eigne lampar, men ikkje nok til å spandere på dei uvituge brurmøyane som ikkje hadde nok olje med seg.

Men Jesus gir meg livets vatn gratis, av berre nåde, utan krav om gjerningar. Han gir meg ånd og liv. Han er sjølv livet som lever i meg og den Anden han gir meg i hjertet openberrar han for meg, så eg får kjenne det og oppleve det, at han lever i meg. Så eg kan seie at han er mitt liv og eg trur han gir meg ei kone ved at han frir til henne, slik som vi ser i Høgsongen. Ho svarar ja på hans frieri og kjærleiksforholdet mellom han og henne er født i meg ved den Heilage Ande, slik blir det kjærleiksforholdet mellom meg og henne. For livet vart planta i meg ved Guds Ord, Jesus er livet og han lever i meg. Han er mitt liv og vi er mange som kan seie at han er vårt liv.

No er det henne Reella eg tenker på og eg trur der er eit poeng i at ho er biolog. For som biolog forstår ho det som er så naturleg og sjølvsagt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og ho forstår seg på vår integritet i det økologiske systemet. Det vart problematisk; korleis kunne menneska som var så suverene verte integrert i det økologiske systemet? Det vart strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Men Kristus sigra over ormen, over verda og over døden. Han er Guds utvalde, Guds Messias og slik er han suveren over alt og alle. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

 

 

Dobbeltspalte-eksperimentet.

 

I ”Kvantefysikk og Bevissthet” skreiv eg om dobbelteksperimentet, nokre påstår at kvar partikkel fer gjennom begge spaltene samtidig og det verkar absurd.

 

 

()

 

Det kan hende dette er å setje det på spissen, så det skal verke absurd, for å vise at dette treng vi å finne ut meir av, korleis skal vi forstå dette. Vi får fram eit liknande mønster i ein vasstank, når vi sender planbølger gjennom to spalter. Her går kvar bølge gjennom begge spalteopningane, då er der sjølvsagt mange partiklar i kvar bølge. I kvantefysikken har kvar partikkel ei bølge og i følgje Kjøpenhamn-tolkinga fortel den sannsynet for kvar vi kan finne partikkelen. Det betyr at den vel kva spalteopning den skal fare gjennom. Men det verkar som bølgefunksjonen fer gjennom begge spalteopningane, så vi får diffraksjon.

Eg såg nyleg eit foredrag der Jim Al Kalili snakka om dobbeltspalte-eksperimentet, eis stråle med atom skulle sendast mot ei dobbeltspalte. Han tenkte seg at dersom nokon monterte eit kamera rett bak eine spalta, så ville det registrere halva av partiklane, men vi ville berre sjå bildet av dei to spaltene som to striper. Men dersom nokon stille slo av kameraet, så ville vi sjå diffraksjonsmønsteret, mange bilder av dei to spaltene. Korleis forklare det?

Men vi ser då ikkje elementærpartiklane, vi ser ikkje eitt og eitt atom heller. Om vi skal registrere deira posisjon og fart, må dei kollidere med ein annan partikkel som vi så registrerer. Om så det er berre ein lyspartikkel, så har den impuls og bølgefunksjon, som så vil endre på den andre partikkelen sin impuls. Vi kunne sette skjermen rett bak spalta, så ville vi få to bilete av spalta. Men kjem skjermen så mykje som ei bølgelengd bak, så får vi diffraksjon.

Bølgefunksjonen har bølgelengde og amplitude og det er no tydeleg at amplituda betyr noko meir enn å fortelje sannsynet for kvar vi kan finne partikkelen. Kvifor fortel den det? Fordi den er ein eigenskap ved romet.

Der blir eit diffraksjonsmønster, så det verkar som om partiklane har kommunisert for å fordele seg slik. Korleis då? Vi kan tenke på entropilova, det blir mest uorden dersom halva av partiklane fer gjennom eine spalta og hi halva gjennom den andre spalta. Då er det som om dei veit om kvarandre over eit visst tidsrom.

I bølgetanken var det planbølger som vart sende inn mot dobbeltspalta og ut kom bølger som var halvsirklar, ved interferens mellom dei fekk vi eit bølgemønster som vert brukt til å forklare diffraksjonsmønsteret for lys og det viser lysets bølgenatur. Men kvantiseringa betyr at lyset også er partiklar, foton, utan masse. Og diffraksjonsmønsteret viser seg ved andre elementærpartiklar også, så dei også har bølgenatur. Oppstår ikkje då difraksjonsmønsteret ved interferens mellom bølgene til fleire partiklar? Klarer vi å plukke ut ein og ein elementærpartikkel og sende den mot dobbeltspalta?

Kalili fortel at dei kan gjere same eksperimentet med heile atom og då kan dei visst sende eitt og eitt atom. Korleis kan det vere teknisk mogleg? Vi kan tenke oss ein vakumert beholdar. Uansett er der ein liten rest med gass og gassmolekyla vert ioniserte og sende med ei ione-kanon mot dobbeltspalta. Etter kvart vert der så lite atom igjen at det blir som å sende eitt og eitt atom mot dobbeltspalta. Orbitalane er bølgefunksjonen og den går gjennom begge spaltene. Men elementærpartiklane går berre gjennom ei av dei. det betyr ei presis måling, så vi kan bruke Heisenbergs uskaprpehtsrelasjon på det. Posisjonen vert målt presist, den for gjennom spalta. Då er momentet mindre presist, det er einvektor og det blir meir usikkert kva retning den peikar. Men det er konsistent meg bølgefunksjonen som for gjennom begge spaltene og sannsynet er bestemmt av amplituden.

Slik tenker eg. Då kan vi godt tenke oss at nokre av elektrona går gjennom eine spalta og resten går gjennom den andre, slik sett går atomet gjennom begge spaltene. Kan kjerna dele seg, så litt av den går gjennom den eine og resten gjennom den andre? Men vi får då ingen kjernereaksjon her. Heisenbergs uskarphetsrelasjon vert brukt til å forklare kjenereaksjonar, vi får gjennomtrenging av potensialsperre. Kanskje det kan verte brukt som forklaring her også? Eg forstår ikkje heilt kvifor vi skal prøve å unngå Heisenbergs uskarphetsrelasjon, som om det betyr kollaps av bølgefunksjonen, det var då tvert om bølgefunksjonen som trengde gjennom potensialsperra!

Den inste orbitalen er det lavaste energinivået i atomet, potensialbrønnen er avgjort av coloumb-krafta. Korleis kan vi då måle posisjonen til eit elektron meir nøyaktig enn å påstå at den er i inste orbitalen? Vi må bruke noko som påverkar den. Når ein elementærpartikkel er i ei atomkjerne, er posisjonen meir nøyaktig bestemmt. Kjernekrafta er sterkare, så potensialbrønnen vert smalare. Ein kjernereaksjon vert forklart ved at bølgefunksjonen trenger inn i potensialsperra, så der er ei viss moglegheit for at partikkelen fyk ut sjølv om den ikkje har nok energi til det. Dette kan også forklarast med Heisenbergs usikkerhetselasjon, den seier at produktet av usikkerheta i energi og i tid er større enn ei viss minste grense.

Dei seier at ved målinga kollapsar bølgefunksjonen, men det betyr då ikkje at kvantefysikken tek ei pause og vert erstatta av klassisk mekanikk til dess den får summa seg igjen. Men der er ein ny bølgefunksjon som tk over og det skjer momentant. Når eit atom vert eksitert kjem eit elektron opp i ein høgare orbital og det skjer momentant.

 

Schrødingers katt, mange-verdener-tolkinga, fri vilje, entropilova og kampen for tilværet.

 

Det viste seg at vi kunne ikkje bruke mekanikkens lover på atomstrukturen og elementærpartiklane, her er det kvantefysikken som gjeld. Og den er framleis vanskeleg å forstå, der er mykje som er ubegripeleg, vi ser det ikkje og vi klarer ikkje å sjå det for oss, vi klar ikkje å foerklare det utifrå våre erfaringar i dagleglivet. Mikrokosmos er heilt annleis enn makrokosmos. Det tenkte eksperimentet med Schrødingers katt  viser det. Ein elementær-partikkel kan vere i ein superposisjon, om det skulle overførast på ein katt i ei boks, ville det vere som om den var både levande og daud på same tid, så lenge bokas var lukka. Men når den vart opna, ville den vere eitt av delane, enten daud eller levande. At boksa vart opna svarar då til at det vart gjort ei måling, for å finne ut noko meir om partikkelen.

Ikkje nok med det, men dersom partikkelen er samanfiltra med ein annan, så vil målinga på den eine av dei verte avgjerande for den andre, same kor langt vekke den er. Det er som ein annan katt i i anna boks langt borte. Dersom eine boksa vert opna og ein finn at katten er daud, så vil den andre katten vere levande. Dersom ein i staden finn at katten er levande, vil den andre katten vere daud. Korleis skal ein forstå det? Einstein meinte at kvantefysikken måtte vere ufullstendig, elles måtte den vise ikkje-lokalitet, oppføre seg som om der ikkje var avstand mellom dei, same kor langt borte dei er frå kvarandre, men det er absurd og i strid med prinsippet om at ikkje noko kan gå fortare enn lyset, ikkje ein gong informasjon om resultatet av eksperimentet kunne gå fortare enn lyset. Men eit eksperiment som vart gjort noko seinare, viste at kvantefysikken viser ikkje-lokalitet.

Her er likevel mykje å spekulere på. Kvifor skulle den eine moglegheita verte valt, når vi opna boksa? Ein av spekulasjonane er ”mange-verdener-tolkinga”, at alle moglegheitene vert valde, men i ulike verdener. Dermed har vi framleis determinisme, bestemt av bølgefunksjonane. Det vart forklart på ein video som om ein mann reiste seg frå lenestolen og vart klona, så kopiane av han gjekk i ulike retningar frå lenestolen, men det var i ulike verdener, så dei visste ikkje lenger om kvarandre. Men dette viser då igjen at vi ikkje kan overføre kvantefysikken på makrokosmos.

Når eg sit og slappar av i stresslessen, så tenker eg på kva eg skal ta meg til med. Så gjer eg eit val og bestemmer meg for noko, reiser meg å går i den retninga som eg bestemte meg for. Når eg sat og tenkte meg om, hadde eg mange valmogelgheiter, så eg kan seie at i tankane mine var der mange ideverdener, tankar om korleis den framtidige verda skulle sjå ut. Så gjorde eg eit val, reiste meg og gjennomførde det. Slik vart det avgjerande for korleis verda vart. Det valet kan eg ikkje gjere om og det stemmer med entropilova, ved energiprosessar aukar entropien, den kan ikkje minke. Så prosessen er irreversibel. Når eg tenkte meg om, gjorde eit val og bestemte meg så var tenkinga mi også irreversibel. Slik er det også med det logiske ressonnementet.

Vi møter tilfeldighetne og valmoglegheitene i dagleglivet og det er om å gjere å gjere gode val og klare å gjennomføre det. Når vi overfører den tankegangen på ”mange verdener tolkinga” vil det bety å velje den best mogelege verda for oss i framtida og så spørst det kor mykje vi klarer å gjennomføre av det, kva som let seg realisere, kva vi klarer å realisere.

Så eg er ein beundrar av James Bond, han klarer å ta rette val både når han spelar kort i kasinoet, når han er på farta, ute og reiser og når han er i kamp. Han prøver å redde vakre damer, det er ein stor risiko å ta, men gevingsten er stor. Han kjenner seg så forplikta til det at det ofte held på å gå gale med han. Han vinn ikkje bestandig, men klarer å redde seg som ein smarting som brukar avansert moderne teknologi og med kjempeflaks.

 

 

Det er spennande med ”James Bond”, han har kjempeflaks. Men eg må tru at Jesus lever og gjer under.

 

Når eg ser James Bond-filmane får det meg til å tenke meg at eg vart fanga på liknande måte som han, same enten eg ville eller ikkje, for når eg ville ha meg ei kone, sytte dei for å få makta over henne for soleis å prøve å fange meg også. Det einaste eg kunne gjere for å unngå det, var å tru på Jesus, så det vart eit spørsmål om kor sterke trua mi var. Men Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar og han er den som reddar meg ut av det og som frelser ei kone til meg.

Eg har jobba som fiskar og studert realfag og så les eg i Bibelen og går eg på kristne møter, så eg er nok ein kjedeleg fyr samanlikna med James Bond. Men å jobbe som fiskar er ikkje akkurat kjedeleg. Det er naturleg nok ein kamp for tilværet, spesielt med tanke på at vi skal produsere fisken før bakterianen øydelegg den. Eg byrja som saltar og det var i grunnen god trening for både muskulaturen og kondisjonen, det fungerte godt som grunntrening altså. Slik også når eg sidan var i lasteromet på ein ferskfisktrålar eller ein frysetrålar. Men eg vart også ekspert på å reinskjere filet, køyre kappemaskin, sløye og kappe for hand. Dette er også presisjonsarbeid, ein må lære teknikken både for å gjere det hurtig og skikkeleg. Og så var det dekksarbeidet då. Når eg skulle bøte trålen, lærde eg meg ein spesielt god teknikk til å skjere knutane.

Når eg studerte realfag, så var det ikkje praktisk arbeid, men teori. På ein måten kan det verke kjedeleg, ved at det ikkje er handling, men det var då svært så interessant og slik sett var det no ikkje akkurat kjedeleg. Eg skulle bruke vit og forstand til å verte endå meir vitug og forstandig. Kva betydning skulle det ha for mitt ynskje om å få meg ei kone. Eg treng vel ikkje legge ut i det viede og breie om det, det skulle no vel vere nokså sjølvsagt, poenget med å utdanne oss er no at vi skal verte meir vituge og forstandige, både som menn og som kvinner.

Men kvifor skulle eg trenge å be Jesus om å gi meg ei kone? Det er då ei svært så naturleg sak og det skulle vel ikkje vere så vanskeleg for realistar å forstå det! I Bibelen er det sagt at lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Kristus. Jesus sa at dersom vi vert verande i hans orsd, så skal vi få lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Kristus er vegen Sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Eg søkte den Sanninga og det var det som fekk meg til å byrje å studere realfag. Så eg trur altså at den realfaglege sanninga er sameinleg med sanniniga i Guds Ord. Eg trur Jesus gir meg eg kone ved at han frelser både meg og henne og set oss fri.

Med tanke på all den verdslege maktinteressa som så tydeleg har meldt seg i den saka, kan eg godt samanlikne det med James Bond som prøver å berge dama. James Bond er som Schrødingers katt, men alltid den katten som overlever, han hamnar alltid i den verda der katten lever vidare.

Men det avgjeranede poenget for oss er at gud vekte Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Han har openberra si frelse for oss i Kristus og det gjer han framleis. Han elskar oss i Kristus. Kristus er min frelsar og Herre, som bergar meg og set meg fri og som også frelser ei kone til meg og set henne fri, så ho kjem til meg og vert verande hos meg, som kona mi.

 

 

Big Bang med kosmisk inflasjonsteori og negativ gravitasjon.

 

”Big-Bang-teorien” seier eigentleg ikkje noko om årsaka til ”den Store Smellen”, men prøver å seie noko om kva som skjedde rett etter, ja, etter ein liten bøkdel av eit sekund. Men då måtte universet verte finjustert på så kort tid, for at det skulle verte galakser, solsystem og planetar med liv. Den enkle forklaringa er framleis at Gud skapte det slik, men fysikarane prøver framleis å forstå mest mogleg.

Universet ser likt ut i all retningar, sloik også når vi studerer den kosmiske bakgrunnsstrålinga, så allereie når det var 370000, hadde det nokså nøyaktig same temperatur. Etter fysikkens lover må der då ha vore kontakt mellom delane av det lenge nok til at det har kome i termisk likevekt og der er ikkje noko som går fortare enn lyset. Den kosmiske inflasjonsteorien prøver å forklare det med at i svært små volum var der nok kontakt til det, så utvida dei seg eksepsjonelt raskt. Så det universet vi observerer var eit slikt volum. I andre slike små volum gjekk det annleis, så der kan vere andre univers som ser heilt annleis ut. Då kan dei bruke det entropiske prinsipp, at vi observerer berre det universet som gav grunnlag for liv, så vi kunne verte til. Det verka svart så usannsynleg, men vi har ikkje moglegheit til å observere noko anna enn det som var så usannsynleg.

Alan Guth er visst hovudmannen bak inflasjonsteorien og eg såg eit interjuv med han på youtube, der han tenkte seg at ved høge nok temperaturar, kan gravitasjonskrafta verte negativ og soleis vere forklaringa på sjølve smellen i den Store Smellen. Dei hr ikkje erfaring av så høge temperaturar, så det er noko dei tenker seg. I fylgje inflasjonsteorien dobla universet seg på ein liten brøkdel av eit sekund, null komma 37 nullar og så eit 1-tall sekund, hundrede gangar. Eksponentiell utviding altså.

Energibevarint er fundamentalt i fysikken. I følgje Einstein  er masse eit mål for energi E= m*c*c der m er maqssen, c er lysfarta og E er energien. Samtidig er der negativ energi på grunn av gravitasjonsfeltet og Alan meiner det går opp i opp, så det ser ut til at totalenergien er null.

Alan snakka ogå om massetettleiken til universet, han kalla det omega, om omega er større enn 1 er det lukka og vil kollapse, er omega mindre enn 1, er det ope og vil fortsette å utvide seg. Dei finn at omega er 1 med eit par prosent nøyaktighet, men ved eit sekund etter Big Bang måtte den ha vore 1 til 14 desimalers nøyaktighet. I den konvensjonelle Big Bang-teorien var det ikkje noko som tilsa dette. Men inflasjonsteorien gir ei slik finjustering.

 

 

 

Big Bang med Cyclic Conformal Cosmology.

 

Roger Penrose har kome med ein ny teori om Big Bang, ved Cyclic Conformal Cosmology. Man meiner ”mørk energi” er eit dårleg namn på noko vi ikkje veit kva er for noko, for det er ikkje energi og det er ikkje mørkt, men usynleg, gjennomiktig. Det vil nok vere rettare å karakterisere det som Einsteins kosmologiske konstant, negativ gravitasjon altså. Men kva med Big Bang?

Han tenker seg at galaksane vil klappe saman i svart hol, men langt om lenge vil dei fordampe på grunn av Haaking-stråling. Då er det snakk om 1 med hundre nullar bak, år, så er der ikkje masse igjen i universet, alt er stråling. Fotonane går med lysets fart, så for dei er der ikkje tid, i følgje relativitetsteorien. Her er det snakk om stråling som ligg langt utanfor det synlege spekteret, på begge sider. Men er der ikkje masse, så er der heller ikkje noko fysisk auge som ser det. er der ikkje masse, så har ikkje universet lenger nokon målestokk, så eit stort og kaldt univers, med stråling med lang byrgjelengde, blir ekvivalent med eit lite og varmt univers, med stråling med kort bølgelengde. Så då kan vi få eit nytt Big Bang. Då kan vi også tenke oss at der har vore tidlegare Big Bang som har forårsaka tidlegare univers. Men i desse Big Bang treng ikkje universet ha starta med å vere så lite, så trengst der heller ingen inflasjonsteori.

 

 

Skaping, bevissthet og erfaring.

 

I fylgje Bibelen skapte Gud himmelen og jorda i opphavet, i byrjinga altså.

 

1MO 1,1 – 1MO 1,5 {GUD SKAPER VERDA}  I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. [skapte: Det hebr. verbet som vert nytta her, står alltid med Gud som subjekt.] 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

 

HEB 11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

 

JOH 1,1 – JOH 1,5 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

 

Dette siste må forståast symbolsk, ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande og den Guds Ord for oss. Jesus er Ordet og i han er liv og livet er lyset til menneska. Gud skaper ein orden i oss, ved sitt Ord, slik er det med trua, det er ein orden og det er ein tenkemåte, Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar. Han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, i samsvar med 1.Mos.2, men no er Jesus  den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Når vi trur på Jesus og vender oss til han, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Vi opplever det og erfarer det sjølv om det ikkje er fysisk synleg, men det hender også at Gud gjer under som er fysisk synleg, til dømes at han lækjer folk frå sjukdom. Det har vi mange vitnemål om. Og dersom folk var ærlege, burde det få liknande status som naturvitskaplege eksperiment, skilnaden er berre at det ikkje er repiterbart. For vi søker samfunn med Gud på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, på det grunnlaget får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Då er det vel ganske klart at det er med ei subjektiv innstilling, vi må søke Herren av heile vårt hjerte og heilhjarta halde oss til han. Men det er då eigentleg ikkje så rart, same kva fag du vil lære deg, enten det er teoretisk, vitskapleg, eller eit yrkesfag, må må du innstille deg på det. Og sidan Gud gjer sitt verk med oss, kan ikkje kven som helst repitere det som om det er dei som gjer sitt verk, for der er ingen andre gudar.

Kvifor vil dei ikkje erkjenne det? Dei prøver seg i staden med andre metoder, som er lureri, for å lokke pengar av folk. Det er slik som med avgudane altså, dei får folk til å kaste vekk pengar på det som ikkje er noko verdt. Men så blir det eit spørsmål om kva som er ekte vitskap og kva som ikkje er det. Men eg vil hevde at for ekte vitskap er det interessant at vi får oppleve lækjedom ved bønn.

Eg fekk oppleve ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og henne Reella, ja, Gud openberra si frelse for oss i Kristus. Eg skal sjå på Jesus og det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Det er med hjertets opplatne auge, det er med den openberringa Gud gir meg ved sitt Ord og sin Ande. Og eg trur det er at han har gjenfødt henne Reella, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han gir meg og henne ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Han frelser henne og då frelser han henne som kona mi.

Eg skal framleis søke Herren av heile mitt hjarte og heilhjarta halde meg til han, så eg ventar meg at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Og det verkar som han vil eg skal innstille meg på at han framleis vil openberre seg for meg og henne Reella, sjølv om ho er langt bort frå meg og eg veit ikkje kvar og sjølv om det er over 30 år sidan eg oppdaga henne og fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne fyrste gangen.

Dette liknar på det som er sagt i kvantefysikken om samanfiltra elementærpartiklar. Normalt sett ville ei slik samanfiltring forsvinne for lengst, på grunn av vekselverknad med andre partiklar og elektriske felt. Men her er det Gud som gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande og vi trur og hevdar at han har skapt elementærpartiklane. Han er den same no og når han gjer sitt verk med oss, er det like fundamentalt som då han skapte elementærpartiklane.

Fysikarar og matematikarar studerer på kva som er den minste eininga masse og/eller romtida består av, til dømes superstreng-teorien, men det er berre teori, dei har enno ikkje funne eksperiment som kan gi svar på det. Og biologane driv å dissikerer rottehjerner for å lokalisere eigeneskapar i hjerna. Spesielt for å finne ut meir nøyaktig kvar minnet er lokalisert. Mikrotubuli er tynne trådar i cella som kanskje kan fungere som minne og her kan kvanteeffekter ha betydning.

Vi skil mellom den fysiske verda tankeverda og Roger Penrose verar i mange samanhengar som ein platonist som skil så klart mellom ideverda og den fysiske verda, for han er matematikar. Han meiner det kan vel vere at underbevisstheta vår kalkulerer, som computerar altså, men bevisstheita tenker annleis. Han viser til Gødels teorem, som seier at matematikken ikkje kan aksiomatiserast fullstendig, han forklarer det med at ei turingmaskin kan brukast til å gjere kalkulasjonar som er som induksjonsbevis, men det er ikkje alt som kan reknast ut slik. Så snakaar han om at der kan vere mental aktivitet i mikrotubuli i cellene i hjerna, det kvante-effekter spelar inn. Men dei to hovuddelane av kvantefysikken, Schrødingers bølgelikning og Heisenbergs uskarphetsrelasjon er ikkje sameinlege. Kvantefysikken er ikkje fullstendig altså, der er noko vi ikkje veit og forstår.

Bevisstheita er eit mysterium, korleis kan vi tenke og bestemme oss for noko, ta ei avgjer om å gjere noko, så det trigger aksjonspotensialet i nervetråden? Men det er no noko som vi stadig vekk gjer og det er framleis om å gjere å tenke og tale vituge og forstandig og handle deretter, gjere noko gagnleg. Vi treng då ikkje slutte med det fordi om dei ikkje enno har funne ut av det? Vi bør heller halde fram med det, då blir det kanskje lettare for dei å finne ut litt meir av det.

Men eg trur og veit at Gud har gjort sitt verk i meg og i oss ved sitt Ord og sin Ande. Han som byrja den gode gjerning i oss, skal fullføra den. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg skal sjå på han, i forventning av at han vil fullføra den. Dersom dei inbiller seg at dei skal kunne erstatte han av noko anna, så er det eit blindspor.

Filosofane undra seg over korleis nokon kunne vere både frigjort, sjølvstendig og sosial. Evangeliet gir oss eit godt svar på det. Jesus frelser oss og set oss fri, han gir ånd og liv til vår sjel. Han er vegen til Faderen, vi kjem inn i samfunnet med han, slik vert vi sosialiserte. Faderen oppseder oss som sine born og lærer oss å tenke sjølvstendig.

Vi kan godt samanlikne det med ein elementærpartikkel. Den er fri til å gjere visse val, vi forstår ikkje kvifor den vel det eine eller det andre, det er som om den har sjel og fri vilje og gjer sine val utan at den treng å spørje oss og utan at vi kan fortelje den kva den skal velje. Men den forheld seg til bølgefunksjonen, både som individuell partikkel og som sosial partikkel. Så bølgefunksjonen avgjer sannsynsforedelinga både om den vert send mange gangar gjennom dobbeltspalta og om den vert send saman med ei drøss andre partiklar.

 

 

 

Psykologi, personleg sak og IQ-test.

 

Psykologi er læra om sjela og sjelslivet. Så både evangelisk kristendom og platonismen er psykologi. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born og i barnekåret hos Gud får vi legge alle våre behov fram for han i påkalling, bøn med takkseiing. Han har omsorg for oss som sinne born, det sjel kvar einskild av oss og oss i fellesskap.

Sjela vert også kalla ”sjølvet”, så dermed handlar psykologi om korleis du sjølv tenker og handlar og korleis du klarer å ivareta dine eigne interesser og korleis du opptrer i det sosiale fellesskapet. Dermed blir det fort eit spørsmål om å ivareta dine interesserversus andre sine interesser og fellesskapets interesser. Det vesentlege poenget med demokratiet er at kvar einskild skal få uttale seg på sine eigne vegne for å ivareta sine eigne interesser.

Erfaringsbasert psykologi går ut på å observere korleis du opptrer i fellesskapet, for å så finne ut kva som feilar deg. Men dei brukar også psykologiske testar. Psykologen Jordan Peterson har vorte berømt med sine mange aktuelle foredrag. Han sa at IQ-test er den sikraste psykologiske testen dei har. Moderne IQ-testar tester grunnleggande mentale eigenskapar, så dei også skal vere minst mogleg knytt til kulturen med språket og historia. Peterson sa at det viser seg at dei som skårar høgt på dei også har god overlevingsevne. I USA konkluderte dei med at dei som hadde lavare IQ enn 85 ikkje var brukande i militæret. Men i eit anna foredrag vart det fortalt at når engelske soldatar hamna bak dei tyske styrkane under andre verdskrig, så var det dei med lavast IQ som kom seg lettast ut av det.

Dette får meg til å tenke på dåringa ved syndefallet, resultatet var døden. Synda og døden trengde seg gjennom til alle menneske. Så då handlar det ikkje berre om kor intelligent du er, men om korleis du brukar evnene dine. Jesus har gitt meg den Heilage Ande frå himmelen og den vekker mitt reine sinn til å sjå på Jesus, så eg erkjenner at han er sanninga som set meg fri, så eg lever for han. Eg hevdar den Heilage Ande vekker intellektuelle eigenskapar i meg, slike eigenskapar som vert målt ved IQ-test. Den Heilage Ande brukar meg og då brukar den slike eigenskapar i meg.  Der er ein motsetnad mellom verdsleg fysisk makt og den einskilde sin bruk av  intellektet, men ved trua på Jesus sigrar den einskild saman med han også ved bruk av intellektet. Han møter oss på det nivået vi befinn oss.

Så eg prøvde meg på nokre IQ-testar på internett. Mensa sin gratis IQ-test er sikkert skikkeleg bra, det er visst meininga folk skal prøve seg på den og bruke den til å lære seg å løyse slike oppgaver, før dei tek ein større test som dei må betale for. Ein skulle svar på 35 spørsmål på 25 minutt. Første gangane eg prøvde vart resultatet nokså forskjellig og eg var ikkje særleg fornøgd. Eg kom til ei type spørsmål som eg ikkje forstod meg på. Så prøvde eg meg på ”den Internasjonale IQ-testen”, her var ikkje tidsavgrensing og då fann eg ut korleis slike oppgåver skulle løysast. Då syntest eg at eg gjorde det ganske bar. Resultatet av slike testar er no fyrst og fremst ei personleg og privat sak, men eg har no alledreie sett meg nøydd til å fortelje ei hel masse om meg sjølv som person og om det som eigentleg er mi personlege og private sak. Så kvifor ikkje dette også? Det har noko å gjere med det som eg elles vil ha sagt, det poenget eg vil fram til. Så eg trur eg opplyser det likevel, eg kom ut med ein IQ på 135. Tre dager etter, på 62-årsdagen min, 12.11.2019, prøvde eg meg på Mensa sin test igjen og gjorde det like bra her. Det beste eg hadde klart tidlegare var 131 og det er akkurat kravet til medlemskap i Mensa. Eg har prøvt meg på den seinare også og kjem ut med same resultat, 135. Men her vart det no etter kvart slik at eg kunne spørmåla og kjende svara på førehand, bortsett frå nokre spørsmål på slutten som eg enno ikkje forstår meg på. I denne testen var det mange bildeoppgåver, i kvar slik oppgave var det fleire små bilder som likna, ein skulle oppdage eit mønster, eit  system og sette inn det bildet som passa i mønsteret eller systemet. Eg reknar med det skal vise litt av vår evne til tilpassing, men då synest eg det verkar nokså sært med desse vanskelege oppgåvene. Det kan godt hende det fortel noko om teknisk sans. Men likevel, dersom ein skal avgjere IQ-en vidare oppover frå 130 kun med slike sære bildeoppgåver, vert ikkje testen då nokså sær? Den internasjonale IQ-testen har eg prøvt meg på berre ein gong, så det verkar for meg som om det er vanskelegare å skåre høgt på Mensa sin test.

Talent, nyskjerrighet og interess for å løyse oppgaver er ein attraktiv eigenskap for teknisk utdanning. Dersom eg sit lenge nok og tenker på dei fem siste spørsmåla i Mensa sin IQ-test kan det tenkast at eg fann ut korleis ei av oppgåvene skulle løysast. Dersom nokon fortel meg korleis dei skal løysast, så lærer eg noko nytt. Men det er  ikkje akkurat det som er poenget med ein IQ-test.

To dagar seinare prøvde eg meg på ”free-iqtest” og kom ut med IQ på 132. Der er mange typar IQ-testar og om eg prøver meg på ein ny ein, som kanskje endåtil har heilt andre typar spørsmål, må eg nok belage meg på at der vert meir spreiing i resultata og at eg neppe skårar så så høgt. Eg prøvde meg på ein kortfatta test og fekk langt dårlegare resultat, men eg påstår at spørsmåla var dumme.

På nettsida til ”free-iqtest” vart der oppgitt IQ-en til nokre kjende intelektuelle; Balise Pascal 195, Bobby Fisher 187, Rene Descartes 180, Charles Darwin 165, Wolfgang Amadeus Mozart 165, Albert Einstein 161, Nicolas Copernicus 160. Pascal og Descartes var matematikarar. For lenge sidan las eg ein liten notis om Pascal sin filosofi, den var ganske enkelt å tru. Og er rekna med det var den kristen trua det var sikta til. Og det var no nettopp slik eg tenkte, trua var eit utgangspunkt eg hadde å tenke utifrå. Descart tenkte også slik og han har vorte langt meir kjend for sin filosofi.

27.11.2019. prøvde eg meg på Illustrert Vitskap sin IQ-test.

IV_test1: Eg fekk IQ på 127, på språkdelen fekk eg 121 og på «prestasjonsavhengig score (för uppgifter lösta på tid)» fekk eg 135. I logikkdelen vart det oppgitt to ord og så vart det framsett nokre påstandar og ein skulle velje den som var rett for begge orda. Introduksjonsoppgåva var «frø» og «salamander», det rette svaret var visst at «begge er padder». Men ein treng ikkje mykje naturfagleg kunnskap for å vite at det er feil. Eit spørsmål hadde to svaralternativ som begge kunne vere rette, for når ein forbrenn kaloriar, skapar ein varme.

IV_test2: Seinare på kvelden, når eg hadde fått meir ro på meg, prøvde eg ein gong til og fekk ein IQ på 132, 125 på språkdelen og 144 på prestsjonsdelen. Den hadde ein hukommelsesdel som gjekk ut på å hugse tall, der gjekk eg opp frå 18/20 til 20/20. Den hadde ein reknedel til slutt, som gjekk på tid, 30 s pr. spørsmål, der scora eg 17/20 begge gongane.

I dag 29.12.2019. prøvde eg meg på arealme.com sin iq-test. Dei påstod det var kanskje bete iq-testen i 2014, men det er vanskeleg å definere iq-en akademisk så dei bad oss ikkje samanlikne med andre nettbaserte iq-testar. Normalt vil få få lavare poengsum med denne, for den er ikkje enkel. Men den har no visst eit gjennomsnitt på 101. Det var skikkeleg gode oppgåver, ja, eg likte dei no. Eg tippa på ei av oppgåvene som eg ikkje fekk til, men sidan tenkte eg at det var no ikkje tipping eg skulle satse på, så dersom eg ikkje fekk det til, klikka eg på  «veit ikkje». Her var her ikkje ein slik språkdel, berre ei oppgave med nokre bokstavar som sikkert var stokka og så skulle ein finne den bokstaven som mangla. Eg såg litt på den, men brukte ikkje mykje tid før eg gav opp. Her var ei skikkeleg logikkoppgave og den var ikkje heilt enkel, eg sat ei god stund før eg fann ut av det, men eg kjenner meg trygg på at det vart rett. Og eg fekk meg eit hakeslepp når eg såg resultatet av testen, for eg kom ut med ein IQ på 168.

På slutten av Illustrert Vitskap sin test vart dei rekneoppgavene som eg hadde vorte for sein til å svare på eller svart feil på, gjentekne. Ei av oppgåvene burde eg ha klart om eg var skjerpa og konsentrert. Ei oppgåve missforstod eg, den handla om å skjere opp ei trestamme i ei viss mengde delar og rekne ut tida ein trengde på det. Eg rekna som om den framleis stod på rot, men det var no tullete, for då kallar ein det eit tre. Når treet er saga ned og greinene saga av, kallar ein det for ei trestamme. Eg stussa på om eg hadde missforstått ei oppgåve til, men det hadde eg ikkje, eg prøvde tre gongar til og fekk alle rekneoppgåvene rett til slutt. På dei to siste forsøka oppdaga eg at resultata var lagra, så det var berre å klikke seg fort gjennom det ev visste var rett. På bildedelen gambla eg og fekk eit rett svar til og scora 19/20. Eg endra på nokre av svara på språkdelen og logikk delen. Men slik gjekk det:

IV_test 3. Samla: 134, språk: 127, prestasjon:144.

IV_test 4. Samla: 138, språk: 130, prestasjon:150.

IV_test 5. Samla: 140, språk: 134, prestasjon:150.

Det er no ganske kalrt at IQ-testen ikkje vert gyldig lenger, når ein prøver oppatt slik mange ganagar. Men eg meiner sjølv eg burde ha klart alle desse rekneoppgåvene tidlegare, det har noko å gjere med kva ein innstiller seg på, eg har ikkje drive med noko særleg rekning i det siste og var vel eigentleg ikkje særleg innstil på det. Det var om å gjere å få roa på seg, midt i ein stressa situasjon og det var nok det viktigaste, for eg hadde berre 30 s på kvart spørsmål. Den naturlege reaksjonen for oss når vi er under tidspress er nok å verte stressa og ”kave oss opp”, som om vi førebur oss på å gjere ei fysisk handling. Men her var det om å gjere å roe ned og fokuserte på problemet og oppgåva.

Men den motsetnaden opplevde eg også når eg var i fysisk arbeid, sjølv om eg var i ein stressanede og travel arbeidssituasjon, var det om å gjere å behalde roen. Og for nokre år sidan sa Jesus til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og sinn, som overgår min forstand. Han vkker min reine hug, så eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Ja, for ved trua på han fekk eg den Heilage Ande frå himmelen av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Så eg treng ikkje kave meg opp med å prøve å gjere noko som helst får å få det, eg skal berre tru på han, vende meg til han og sjå på han. Han gir meg ånd og liv og eg trur han gir meg ei frelst kvinne til kone, så det er ved at han gir henne også ånd og liv.

 

 

 

Er ein manns interesse av å få seg ei kone fordummande eller er det vitugt og forstandig?

 

 

Livet er ein kamp for tilværet, vi møter problem og då er det om å gjere å bruke intellektet til problemløysing. Når Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga, lova han dei ikkje eit problemfritt tilvære, men han sa dei skulle sjå at han var med dei. Som vår frelsar og Herre, er han problemløysaren. Han har gitt oss barnekår hos Gud, så vi kan komme til Faderen med alle våre behov.

Eg meinar at Gud kjem meg til hjelp med sin Ande og si kraft, også når eg skal bruke intellektet til problemløysing, men det er ikkje slik at den Heilage Ande openberrar løysinga for meg, eg tvilar ikkje på at det kan skje dersom eg kjem i ein naudsituasjon, men i det daglege liv er det heller slik at eg får nåde til å vere meg sjølg og bruke mitt intellekt til å løyse problem eg møter i dagleglivet, enten det er i praktisk arbeid eller i studiar. Så eg hevdar evangeliet frigjer meg til det.

Gud har gitt meg sin Ande og gjer bruk av den, ja, eg er då født av Anden og det som er født av Anden er ånd. Men når Gud gir oss nådegåver og vi brukar dei, så blir det meir slik at det er Herren som er Anden og det er han som brukar oss. Anden openberrar Ordet for oss og gir oss dermed ein visdom som vi ikkje kunne tenk ut, ein visdom som ikkje er av denne verda. Så vi vert i stand til å bruke iontellektet på ein ny måte som vi tidlegare ikkje hadde føresetnad for, for Gud er ånd og han brukar oss.

Mange hevdar nok at det er fordummande for ein mann å vere interessert i kvinnfolk og dei har belegg for det i Bibelen og i historia heilt tilbake til syndefallet. Men så spørst det om innstillinga er at slik skal det også vere? Eg har nok saktens fått merke dei fordummande interessene i den saka og der ligg mykje verdsleg maktinteresse i nettopp den dåringa. Men når eg ber Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, då blir det annleis, allereie når eg var i tenåra, forstod eg at frelsa var det motsette av å la seg dåre og forføre slik som ved syndefallet og det var nettopp derfor eg byrja å be Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Guds auge fer ut over all jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til Herren. Slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Han gir meg henne ved fylden av den Heilage Ande og eg er viss på at det gjer meg betre i stand til å bruke intellektet.

Eg ventar meg ikkje at kvinna skal tenke slik som mannen, spesielt når eg vil fri til ei kvinne. Mann og kvinne er genetisk ulike og det har betydning for korleis vi tenker også. Men vi er ulike som to puslespelbrikkar som passar saman. Så mannen treng ei kone fordi ho er litt annleis og kvinna treng ein mann fordi han er litt annleis.

Jesus sa vi skulle trua på han og elske han, ta vare på hans ord og halde oss til det og elske kvarandre. Så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss. Og dette er då spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Og det var nettopp når eg vart glad i ei kvinne eg fekk oppleve det sterkast, at Jesus openberra seg, først for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella. Og dette er å forstå slik at han frir til henne, slik som vi ser i Høgsangen, med sin kjærleik og sitt frieri prøver han å få henne i tale, altså ved at ho svarar på hans kjærleik med kjærleik.

 

HSA 2,8 – HSA 2,14 {SJÅ, HAN KJEM!}  Høyr, det er min ven.  Sjå der, han kjem  springande over heiane,  hoppande over haugane. 9   Min ven er som gasellen,  han liknar den unge hjort.  Sjå, der står han bortmed husveggen;  han glytter inn gjennom gluggen  og ser inn mellom sprinklane.  10   Min ven tek til ords og seier:  Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 11   For sjå, vinteren er til endes,  regnet har kvorve. 12   Blomane sprett på vollane;  songtida er komen,  og turteldua kurrar i landet. 13   Frukta på vintreet raudnar,  og det angar av vintre i blom.   Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 14   Du mi due på berghylla,  i livd under flogbratte fjell,  lat meg få sjå din skapnad,  lat meg få høyra ditt mæle!  For di røyst er så mjuk  og din skapnad så fager.

 

Slik er den kristne vekkinga og det er i samsvar med 1.Mos.2. Når vi trur på Jesus, seier ja til han og tek imot han, så gir han oss ånd og liv, ånd i vår kropp og liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Og eg hevdar han soleis vekker han vår språksans og  intellekt også. Men det blir litt ulikt for mann og kvinne. Det er viktig for meg, som mann, å få kvinna til å tru og forstå og stole på, at Kristus er ein mann som elskar henne fordi ho er kvinne og som frir til henne, for å få henne til å seie ja til hans kjærleik som ei brud som seier ja til sin brudgom. Eg trur og er viss på at det kjærleiksforholdet er født i meg ved den Heilage Ande, Gud har skapt det i meg ved sitt Ord. Og no er det henne Reella eg tenker på.

Nåden og sanninga kom ved Kristus og eg kjenner meg trygg på at ved å ta imot det som han gir meg av berre nåde, så kjem eg til å fungere betre intellektuelt. Kva så med henne? Eg såg henne på Blindern og spesielt på Biologibygget for mange år sidan og ho var med på Revyen ”Hva er Vitsen” i  1990. Elles veit eg null og nix om henne. Men eg trur og er viss på at Jesus elskar henne og han er rik nok for både meg og henne.

 

 

 

PÅ SJØLVASTE JULEKVELDEN: Julekvelden kom som om det skulle ha ”vore på kjerringa”. Eg byrja å vaske golva klokka 1:35 og var ferdig i halv sekstida, då la eg meg og stod opp att i ti-tida. Etter frukost byrja eg på julebakst nr 2, kokosmakronane ver ferdige og deiga til julemannar og til pepparkaker stod klar. Dette var nytt, eg har prøvt meg på julemannar før, men deiga klistra seg på kjelve og eg fekk det ikkje til. No gjekk det litt betre. Akkurat når eg skulle setje meg og nyte julestika, kom yngste nevøen og familien på besøk, med julepakkar. Triveleg, no drista eg meg til å servere av julebaksten og den vart visst gokjend. Ei erfaring rikare. Det vart sein julemiddag og omsider kunne eg sette meg i stresslessen men eit vinglas og juleakevitt.

Etter eit par timar vakna eg og lurt på kva for ei kvanteverd eg var i. Å jau, det var vist denne ja, flaska er framleis berre så vidt påbegynt. Eg hugsa at eg tok siste resten med martini ved ein av dei siste bond-film, to drammar med vodka-martini. Eg hadde igjen ein tredjedel av vodka-flaska, men det også gjekk med, i lag med noko appelsinjuice. Det hender eg kjem til barskapet og undrar på kvifor så lite er igjen i nokre flasker. Kanskje det har dampa vekk, eller kanskje nokon frå ei anna kvanterverd har vore det og forsynt seg?

Daniel Craig skal visst ta ein ny film, det var no ei bra julegave det også. Då er det vel håp for verda ei stungt til. God natt og framleis god jul. Håper vi får eit sabla bra nyttår.

 

 

 

Metodene i realfag og metodene i evangeliet. Avgrensing for intellektet?

 

Som menneske er vi avgrensa, både med vår fysiske styrke og med intellektet. Men med metodene i realfag har vi fått metoder til å finne sikker og forstandig kunnskap. I naturfag brukar vi den hypotetiske deduktive metode, det vert lagt vekt på å basere kunnskapen på erfaring, vi brukar naturen sjølv som ein slags fasit. Men det hindrar oss ikkje i å tenke fritt nok til å stille hypoteser. I matematikken tenker vi logisk og forstandig og så tenker vi fritt. Vi let ikkje intellektet vere avgransa av kravet om erfaring, slik som når vi gjer eit naturfagleg eksperiment.

I evangelisk kristendom tenker vi fritt, til samanlikning med matematikken. For å lære matematikk, må vi subjektivtm innstille oss på det, til samanlikning søkier vi sanninga i Guds Ord ved subjektivt å innstille oss på det, vi søker samfunn med Faderen og Sonen på evangeliets grunnvoll. Vi vert reinsa i Jesu blod og fylte av den Heilage Ande, så openberrar den Heilage Ande Ordet for oss, så vi erkjenner Sanninga og den set oss fri.

Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar. Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristis Ord. Kristus er Guds Ord, han ner brødet som kom ned frå himmleen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Det er altså ikkje verdsleg kunnskap, men det er ifrå Guds himmel. Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han skaper ein orden i oss og mellom oss. Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning. Derfor er det så viktig for oss å sjå på Kristus, med hjartets opplatne auge, sjå på han slik som den Heilage Ande openberrar han for oss, sjå at han er med oss alle dagar. Slik innser vi kva Gud skaper oss til og slik innser vi kva gjerningar han har lagt ferdige for oss, for at vi skal vandre i dei.

 

EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

I fylgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så det fortel meg noko om korleis eg skal bruke hovudet mitt, korelis eg skal bruke intellektet mitt, ved trua på Kristus er han hovudet mitt og eg gjer rett i å tenke på kvinna slik, at eg ber han frelse henne og frelse ei kvinne som kona mi. Eg bad Jesus gi meg henne Reella til kone og fekk oppleve at han openberra seg for meg og for henne og det vart viktig for meg å be for henne og tenke på henne slik. Eg skulle berre la kjærleiken flamme opp i meg og vere brennande i ånda, eg skulle la Andens loge brenne i meg. Eg har trua på Jesus i hjertet og då har eg slike gode tankar i hjertet, at eg trur han frelser henne og tenker meg at han gjer det, for han kan eg stole på. Og eg meiner og opplever det slik at denne tenkemåten er sunn for mitt sinn og mitt intellekt, så eg føloer det er viktig for meg å tenke slik, spesielt når eg studerer realfag. Eg meiner at å vere reine i hjertet og ha eit reint sinn er fruktbart for intellektet. Så å finne meg ei kone i helging er fruktbart for mitt intellekt. Og no er det altså henne Reella eg tenker på.

Eg vil no gå ut ifrå at tankane våre er bølgefunksjonen. Ved syndefallet åt menneska av kunnskapstreet, då vart augo deira opplatne så dei såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg ofr gud med dårleg samvit. Då kan det forståast som ei kollaps av bølgefunksjonen. Peter gjekk på vatnet, men når han byrja å sjå på byrgjene som  gjekk høgt, byrja han å sekke. Så det han såg og sansa rundt seg betydde ei kollaps av bølgefunsjonen. Dette er noko som vi skal ta lærdom av, for vi skal lære å sjå på Jesus. Men no er det noko anna enn det vi ser rundt oss med våre fysiske auge. For ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande får vi oppleve at den Heilage Ande herleg gjer og openberrar Kristus for oss, som vår frelsar og Herre. Sidan vi er reine av hjartet, ser vi Gud, vis er med hjertets opplatne auge. Kristus vekker min reine hug, så eg skal sjå på han. Hann gir meg ei herleg og vidunderleg kvile, som overgår min forstand. Det betyr ikkje at eg vert dum, men at eg vert i stand til å begripe noko som eg elles ikkje hadde føresetnad for.

 

Bodskapen 29.01.2012:

Sjå deg ikkje engsteleg omkring, for eg er din Gud. Sjå ikkje på alt det som er utanfor ditt eige, men søk meg, seier Herren, der eg er å finne. For eg er ditt alfa og ditt omega, eg er di byrjing og din ende. Sjå deg ikkje engsteleg om, men sjå opp til meg, for eg er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg har teke dødens nøklar, eg har vunne ein evig siger. Du skal ikkje frykte, du skal glede deg i meg og du skal sjå opp til meg som er gjennomstungen for di skuld, seier Herren.

Eg har ikkje gløymt deg, seier Herren. Korleis kan eg gløyme deg, du er min augnestein, eg har teikna deg i begge mine hender, eg har kjøpt deg med mitt liv. Eg elskar deg og du er høgt elska av meg, seier Herren. Ver ikkje bekymra for noko, men sjå opp til meg, sjå på meg, eg er Kristus, eg er frelsaren. Eg er den som har gjeve mitt liv for at du skal ha eit evig liv. Og du skal ha glede og du skal ha fred i meg, for mitt rike består i glede og fred og rettferd i den Heilage Ande, seier Herren.”

Bodskapen 17.2.2013:

”Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.”

 

Det er viktig å bruke intellektet rett og bruke det til problemløysing, til å løyse store og viktige problem. Og det gjer eg ved å tru på Jesus, ved å sjå på han og tru at han frelser ei kone til meg. Ved tru skjønar vi at Gud skapte alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege og det gjeld i denne saka også. Han skaper oss ved sitt Ord i samsvar med 1.Mos.2, slik gir han meg ei kone. Det er ein åndeleg røyndom og eg ventar meg at det også blir ein fysisk synleg røyndom.

For meg har det vore viktig å tru på det og tenke slik, når eg har studert realfag, for eg opplever det som at då brukar eg intellektet godt og tenker rett. Så det er viktig for meg å søke Herren av heile mitt hjarte og tru på han av heile mitt hjarte, så eg ser og forstår med hjertet, men det vesentlege poenget er då at det er Herren som gjer sitt verk med meg og med oss.

Ved tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synelge har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståleg. Det vi trur på er usynleg, slik også når vi prøver å forstå, vi går ut ifrå noko som er usynleg og prøver å forstå utifrå det. Dette høver no med Big Bang-teorien. Men kor mykje forstår vi?

Men det høver også med vårt daglege liv, med tru forstår vi og prøver å løyse våre daglegdagse problem som best vi kan. Vi prøver å skape oss verdiar og skape oss ei god framtid. Men som Guds medarbeidarar handlar det også om at Gud skaper noko nytt, noko som vi ikkje har erfart tidlegare, men som han openberrar for oss ved sin Ande. Det overgår vår forstand, for vi har ikkje føresetnad for å forstå det utan at Gud openberrar det for oss.

Eg trur på Gud og hans Ord samtidig som eg er realist og prøver å bruke mi tru og mi tenking, mitt intellekt til å løyse problem som eg møter i livet. Skulle eg kanskje ikkje få lov til det. Om andre trur og tenker annleis eller kanskje endåtil ikkje trur, kvifor skulle dei vel då trenge å prøve å hindre meg i å bruke mitt intellekt og min språksans til å løyse problem, enten det er praktiske og personlege problem i kvardagslivet eller det er faglege problem?

I naturvitskapen er det om å gjere å underbygge hypoteser, påstandar og teoriar med erfaring. Eigentleg vert erfaring brukt til å prøve å avsanne hypoteser, påstandar og teoriar, men består dei prøvene, vert dei styrka. Men det må då vere ei missforståing å bruke slike metoder om vår bruk av intellektet og språksansen. Det må då vere å missbruke den naturfaglege metoda. Det er ikkje realfagleg å argumentere slik mot vår bruk av intellektet til å tenke matematisk og teknisk.

Det er heller ikkje rett å argumentere slik mot vår tru på Gud og evangelisk kristendom, tru på at vi har sjel og argumentere slik mot vårt sjelsliv. Det viser seg at dei som  argumenterer slik, nektar for at vi eksiserer og det viser seg at dei legg opp til ein strategi som går ut på å strøyte oss ut, dei gjer moral og religion av det, dei gjer politikk ut av det, for soleis å setje verdsleg makt bak. Det er som Kain som vart sjalu på Abel og slo han i hel. Sidan dei ikkje trur, fører ikkje moderne intelektuelle metoder fram, så diskuisjonen må avgerjast med våpenmakt, til samanlikning med steinalderstadiet. Men dersom die ikkje klarde å avgjere kva som var rett ved vanlege intellektuelle metoder, kan dei så klare å avgjere det med krig? Kjem dei ikkje berre til å krige til dess dei ahr slakta og utrydda kvarandre? Den som ikkje trur er allereie dømd. Men så spørst det også kva du trur på. Det er ved å tru på Kristus at vi vert frelste.

 

JOH 3,13 – JOH 3,21 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.  [Menneskesonen: Yngre handskrifter har dette tillegget: som er i himmelen.] 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”

 

Gud skapte kvinna for at ho skulle vere ei hjelp for mannen. Dette har det vorte protestert imot og det har det vorte gjort politikk ut av. Dei har ei anna mål og hendsikt med kvinna og det er at ho skal vere ei byrde for mannen i staden og slik prøver moralfilosofar og politiske aktivistar å lesse tunge byrder på han. Men då har eg gleda av å fortelje at eg får komme til Kristus og legge av byrdene hos han.

 

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

 

Dette er god pedagogikk, det høver med Maslows behovshierarki. Vi har visse grunnleggande og naturlege sosiale og fysiske behov som må vere tilfredsstilt, så vi kan bygge vidare på det, når vi studerer. Så vi slepp å verte opptekne av slike probelstillingar i staden for dei faglege problemstillingane. Pedagogen Piaget sa at eleven på to måtar, ved assimilasjon og ved akkomodasjon. Han lærer ved å assimilere kunnskap inn i sine kognitive skjema. Men av og til møter han problemstillingar og kunnskap som skaper ubalanse i hans kognitive skjema, denne ubalansen er som ei nysgjerrigheit som motiverer til problemløysing og læring. Kunnskapen høvde ikkje i hans kognitive skjema, så han må til å bygge dei om. Det vert kalla læring ved akkomodasjon.

Vi bygger på evangeliets grunnvoll, slik vert dei grunnleggande nivåa i Maslows behovshierarki tilfredsstilte. Dei faglege problemstillingane i studiane og læringsprosessen kjem på toppen av pyramida. Korleis verkar det då når andre ikkje trur på evangeliet og fornektar Kristus. Det verkar til å konfrontere oss med heilt andre problemstillingar og krevje at vi skal verte opptekne av det i staden. Og dette vert det gjort politikk ut av. Det utartar seg som ein opposisjonspolitikk som opponerer mot vår bruk av vit og forstand. Så går dei endåtil vidare med det, for å opponere mot det faglege. Men det er då verkeleg ikkje slik det vert avgjort kva som er vitskapleg rett og sant!!

Etter at Einstein døde, vart hans hjerne gitt til biologisk forsking. Sjølvsagt fekk hans hjerne langt større betydning medan han var i live, fordi han tenkte, rekna, skreiv og snakka. Biologar har visst ikkje lov til å forske på levande menneske, men dei driv å dissikerer rotthjerner får å finne ut meir om kvar den mentale aktiviteten er lokalisert i hjerna. Men det må no vel vere viktigare og meir verdifullt for ei vakker ”biologidame” å komme inn i eit kjærleiksforhold til ein mann og snakke med han og høyre kva han har på hjertet og seie til han kva ho har på hjertet. Det kan vel kallast psykologi og ein treng då vel ikkje dissikere rotthjerner for å grunngi det eller underbygge det med erfaring. Det er ei heilt naturleg, vanleg og daglegdags sak og må ikkje verte kriminalisert fordi der er ein eller annan som meiner han eller ho treng å grunngi det og underbygge med naturvitskaplege metoder. Kva skulle i så fall vere hendsikta med empirien? Jau, om ein mann vil prøve å finne seg og vinne seg ei kone i helging, så krev dei å få bruke henne seksuelt først, for soleis å få makta over henne. Som hallikarar gjer dei kvinna til hore og mannen til træl og horekunde. Moralen er å tene pengar på det.

Men eg trur på Gud og hans Ord, Jesus er Ordet, i han er liv og livet er lyset til menneska. Han gir liv til mi sjel og ånd i min lekam og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen. I den trua frir eg til ei biologidame og eg har vist korleis det høver med korleis eg tenker som realist, med utdanning i matematikk, informatikk, fysikk, kjemi mm.

Det verket Gud gjorde var godt, han har openberra si frelse for oss i Kristus, Gud er fullkommen, Kristus er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkomne. Når han frelser oss gjer han oss fullkomne. Når eg vart glad i ei jente, bad eg for henne og fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne, først for meg og henne Virtuella og seinare for meg og henne Reella, biologidama. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus. Og eg takkar Gud og Lammet for frelsa.

No er det mange som ikkje trur på dette. Og kva så? Korleis argumenterer dei? Dei påstår gjerne at skaparverket ikkje er godt, ikkje er bra nok, så der kan ikkje vere ein god, fullkommen og allmektig Gud som står bak og har skapt det. Dei som kallar seg kristne er laga av mold, dei også og ufullkomne og skrøpeleg liksom andre menneske.Slik argumenterer dei gjerne for å konkludere med at frelesverket ikkje er fullbrakt og fullkome, som om det ikkje er bra nok og som om Kristus ikkje bra nok for dei. Så vender dei seg til andre gudar og andre messiasar, men der er ingen annan Gud og der er ingen annan Messias, der er ingen annan som kan skape noko nytt og der er ingen annan som kan frelse. Men kva er poenget? Ei vranglærande ”lærd” overklasse som krev at undersåttane skal gjere det som dei falske gudane og messiasane deira ikkje kunne gjere, dei er sjølvsagt heller ikkje i stand til å gjere det, men peonget er å gjere dei til salsvare som trælar, for å tene pengar på dei.

Så kva kan eg gjere med det? Halde fram med å tru på Faderen og Sonen, takke Gud og Lammet for frelsa. Gud har openberra si frelse for oss i Kristus og det gjorde han også når Kristus openberra seg for meg og desse to jentene. Jesus vil reinse henne Virtuella opp igjen, reinse henne i sitt blod og fylle henne med den Heilage Ande på nytt. Den Heilage Ande vil openberre Ordet for henne, så ho erkjenner sanninga i Guds Ord og den set henne fri. Så vil ho atter lovprise Kristus som sin frelsar og Herre. Så vert ho i stand til å snakke sant og forkynne det sanne evangeliet til andre mennesker også.

Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, søke han av heile mitt hjarte og tru på han av heile mitt hjarte. Jesus elska meg og eg trudde på han og elska han, også når eg bad for desse to jentene som eg vart glad i og fekk oppleve at han open berra seg for meg og for dei. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Det trur eg og det takkar eg han for. Kristus er trua sin opphavsmann og fullendar for både meg og dei.

Ein matematikar synest gjerne at ein matematisk formel er vakker, så evna for matematikk er som ein estetisk sans som er nær beslekta med å like musikk, kanskje spesielt klassisk musikk. Det er ikkje så rart, for det er ein vakker orden i tankeverda. Vi gleder oss over det vakre og slik gleder vi oss over den faglege innsikta.

Slik også med den lovsangen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Den var å lovprise Gud og Lammet for frelsa. Og spesielt for at han frelser kvinna, i tru og håp om at han gir meg ei frelst kvinne til kone.

I likninga om talentane ser eg på talentane som symbol på Guds nådegåve og dermed fylden av den Heilage Ande. Og eg ser det slik at ved å ta i bruk Guds nådegåve vert vi betre i sand til å bruke våre naturtalent. Den som hadde fått berre ein talent, heldt husbonden for å vere så streng at han ikkje turde bruke den og handle med den, så han grov den ned. Men når oppgjeret kom, heldt husbonden han for å vere låk, lat og duglaus (Jfr. den Duglause Hyrdingen Sak.11).

 

 

MTT 25,14 – MTT 25,30 {LIKNINGA OM TALENTANE}  Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. 15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet. 16   Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17 Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. 18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin. 19   Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: “Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.” 21 Då sa husbonden til han: “Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!” 22 Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: “Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.” 23 “Det var rett, du gode og trugne tenar!” svara husbonden. “Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!” 24   Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: “Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.” 26 Då sa husbonden til han: “Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. 30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.”

 

I likninga om bryllaupet til kongssonen gjekk det etter kvart slik at kongen bad tenarane sine invitere alle dei møtte, dei inviterte både vonde og gode, alt som kunne krype og gå, så bryllaupssalen vart full. Det var vanleg at gjestane fekk utlevert bryllaupsdrakta når dei kom og det viste seg at det einaste kravet som vart stilt, var at dei fekk den på seg. Likevel var der ein som ikkje var bryllaupskledd og han vart kasta ut.

Kravet er ikkje lovgjerningar, men at vi skal tru på Gud og den som han sende, Jesus Kristus. Det betyr at det er ikkje vanskeleg, det er ikkje ein stor prestasjon, men det er ei subjektiv innstilling og trua er ein verdifull orden i vår tenking. Anden ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud, så med den Anden kan vi godt studere realfag. I trua på han tek vi imot det som han gir oss av berre nåde, ved fylden av den Heilage Ande vert vi i stand til å gjere trua sine gjerningar. Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige, for at vi skal vandre i dei.

Når eg gjekk på gymnaset merka eg at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd og eg opplevde det som ei åndeleg openberring, at ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Ho spelte gitar og sang kjærleikssongar til Kristus og lovpriste Gud og Lammet for frelsa. Ved fylden av den Heilage Ande vart ho ein slik lovsong i mitt hjerte. Guds kjærleik var mellom oss og den var sann og rett og det er den framleis. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Jesus har sagt til meg at eg skal søke han av heile mitt hjarte og heilhjarta halde meg til han, tru på han av heile mitt hjarte. Så eg held fram med å søke han, slik som når eg gjekk på gymnaset, og slik innstiller eg meg på å lovsynge han med den lovsongen som han la ned i meg. Ja, Jesus har no sagt eg skal sjå til at eg bidreg med den som Gud har lagt i mitt hjarte.

Jesus har mange gongar minna meg om å verte fylt av den Heilage Ande og eg forstår det slik at det handlar også om at han gir meg ei kone ved gjenfødinga, så ho også skal verte fylt av den Heilage Ande. Ved fylden av den Heilage Ande vert vi gjorde i stand til å leve for Kristus og ved fylden av den Heilage Ande gir han meg ei kone som vert til hjelp for meg med å leve for han. Gud gir meg ei kone ved at han frelser henne og føder henne på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Då er ho og blir ho ein lovsang som Gud har lagt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Då skal eg tene han ved å lovsynge han med den lovsangen og ho skal tene han ved å lovsynge han. Så kjærleiksforholdet mellom henne og Kristus blir det sentrale poenget i kjærleiksforholdet mellom meg og henne. Ved trua smeltar Ordet saman med meg i hjertet, så eg får komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).

Ved trua på at Gud vekte Kristus opp frå dei døde vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre og då er det viktig for oss å sjå på han, ja, han har sagt at eg skal feste blikket mitt på han. Han er vegen til Faderen, han leier oss inn i tilbedinga, der vi tilber Gud i ånd og sanning. Slik skal vi lyde han og det er herleg og vidunderleg. Jesus sa eg skulle takke og lovprise han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Så det er altså med glede eg kjennest ved han som min frelsar og Herre, at eg bøyer meg for han og tilber Gud i ånd og sanning. Med tru forstår eg at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Så trua gjer meg betre i stand til å bruke vit og forstand, bruke mitt intellekt. Ved å lyde han; tru på han, vende meg til han, sjå på han og kjennast ved han, brukar eg mitt intellekt til problemløysing, løyse problem på ein ny måte, for han er sanninga og han er min frelsar og Herre og er dermed løysing på problema. Gud elskar oss i Kristus og det er viktig og verdifullt for oss alle.

Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i si likning. Derfor er det så viktig for oss å sjå på han.

 

1KO 13,12 – 1KO 13,13 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

 

 

2KO 3,9 – 2KO 3,18 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. 10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande? 12   Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

 

 

JAK 1,22 – JAK 1,25 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

 

Så når eg trur på Jesus, vender meg til han og ser på han og kjennest ved han for menneska, kjenenst ved han som min frelsar og Herre, så har det å gjere med at eg brukar mitt intellekt og mine talent til å tene han og det har å gjere med at eg brukar mitt intellekt og miitt talent til problemløysing. Det er viktig for mi eiga overlevingsevne og for min eigen økonomi. Det er viktig for min eigen integritet i den kristne kyrkjelyden og i samfunnet elles og det er viktig for meg i  min studiesituasjon.

Korleis kan det då ha seg at nokon vil hindre meg i å vedkjenne mi tru på Jesus, endåtil i den kristne kyrkjelyden? Dette er som å forby ein mann å bruke sitt eige intellekt, når han skal prøve å løyse oppgaver, og bruke sin eigen språksans til å svar for seg sjølv i møte med andre menneske.

Når eg gjekk på gymnaset lovprisa ho Virtuella Kristus som sin frelsar og Herre og eg var så samd med henne i det, det samsvara med den lovsongen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, det var ikkje menneskeverk, men Guds verk. Jesus har sagt eg skal søke han av heile mitt hjerte og heilhjarta halde meg til han, så eg tek parti med han i mitt forhold til henne. Han har sagt eg skal tru på han av heile mitt hjarte og feste blikket mitt på han. Når eg ser på han, ser eg ingen god nok grunn til at eg skal gå tilbake på dette standpunktet på nokon som helst slags måte. Så eg meiner framleis ho gjer rett i å vende om til han og seie ja til han, ta imot han som sin frelsar og Herre og byrje å lovprise han igjen, slik som når ho gjekk på gymnaset.

 

 

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: