Skip to content

Skaping og sjølvbilde. Big Bang, kvantefysikk og bevissthet.

Gud har skapt alle ting med sitt Ord og med sitt Ord gir han oss rett forståing av røyndomen og rett sjølvforståing.

Forståing av tilværet og sjølvforståing, med ulike perspektiv.

Opphavleg levde menneska i samfunn med Gud.

Gud skapte land-dyra og menneska sjette dagen, igjen såg han at det var godt og velsigna dei, menneska fekk ei spesiell velsigning. Så kvilte han sjuande dagen.

Opphavleg levde menneska i samfunn med Gud og fekk oppleve at han skapte både dei og miljøet som dei levde i. Han sette mannen til å dyrke og verne hagen og det var det kvinna skulle hjelpe han med. Det gav dei meining med livet.

Etter syndefallet vart det strid og forbanning.

Ved syndefallet braut menneska med Gud og han sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Ormen var det sløgaste av rovdyra. Likevel har menneska større hjerne og er meir intelligente, vi veit no at krypdyra manglar både storhjerna og lillehjerna, dei har berre den inste hjernebarken. Pattedyra har langt meir omsorg for avkommet enn andre dyr, som det mest høgtståande pattedyret har menneska mest omsorg for sine ungar. Det som elles særmerker menneska er språksansen og den eigenskapen er i storehjerna.

Gud er ånd, men mannen var laga av mold og til molda skulle han attende. Dette forklarer tydeleg for oss todelinga og motsetnaden mellom ånd og materie. Gud er ånd og har skapt alle ting og er suveren over den materien han har skapt.

Kampen for tilværet, striden mellom kvinna og ormen. Verte godtekne som menneske.

I følgje utviklingslæra er livet er ein kamp for tilværet. Edens hage var den hagen som Gud planta, der var det orden, så eg går ut ifrå at det talar om det økologiske systemet.  Men her vart mennesket til først og det skil seg frå både den første skapingssoga og naturvitskapen, som seier at menneske vart til sist og er den mest suverene skapningen som råder over dei andre artane. I den andre skapingssoga får vi altså eit anna perspektiv på tilværet, der mennesket som ei levande sjel lever i samfunn med Gud som er ånd og får oppleve at han gjer sitt verk. At dei soleis er den suverene skapningen betyr vel at dei med si tenking og sin kunnskap hever seg over den primitive dyriske kampen for tilværet. Dei vinn med å bruke sitt intellekt og sin språksans på toppen av den levanede naturen som elles er ein kamp for tilværet.

Men ormen forvrengde Guds ord og talte så stikk i strid med det og lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei likevel ikkje døy, men verte slik som Gud og kjenne godt og vondt. Men resultatet var at dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit. Med denne ”moralfilosofiske” kunnskapen mista dei den sjølvforståinga dei tidlegare hadde og mista oppleveinga av livet i samfunn med Gud. for ein stor del mista dei også sin eigen naturelge og rette integritet i det økologiske system, for med denne ”moralfilosfiske” kunnskapen forstod dei seg ikkje lengre på det.

Etter syndefallet sett Guds trid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og vi forstår vel at dette gjeld menneskelivet. Menneska prøvde å heve seg over det dyriske, med sin religion og moral prøvde dei å verte godtekne som menneske som stod over det primitivt dyrsike. Men når vi les i det gamle testamentet, ser vi at det likevel var ein svært så dyrisk kamp for tilværet, både med kriminalitet og krig. Dette blir godt forklart for oss i Jobs bok.

Heidningane dyrka himmelhæren som gudar, men Gud sa til israelsfolket at dette ikkje var gudar, han var den einaste Gud og dei gudane som ikkje skapte himmel og jord, var ikkje gudar.

5MO 4,15 – 5MO 4,20 {LAG DYKK IKKJE GUDEBILETE!}  De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk på Horeb, midt ut or elden. Ta dykk difor vel i vare, 16 og far ikkje så ille åt at de lagar dykk gudebilete i nokon skapnad, bilete av mann eller kvinne, 17 bilete av noko dyr på jorda eller nokon fugl som flyg under himmelen, 18 bilete av noko kryp på marka eller av nokon fisk i vatnet under jorda. 19 Og når du lyfter augo dine opp mot himmelen og ser sola og månen og stjernene, heile himmelhæren, då må du ikkje la deg riva med, så du bøyer deg og tilbed dei og dyrkar dei. Alt dette har Herren din Gud gjeve til alle andre folk under himmelen, 20 men dykk har Herren teke og ført ut or smelteomnen, or Egypt, så de skal vera hans eige folk, som de er i dag.

Dei som dyrka himmelhæren som gudar og dyrka avgudar av stokk og stein, dei kalla ikkje David for gudlege, men tvert om ugudlege. Jødane skulle dyrke Israels Gud, den Gud som har skapte himmel og jord. Dei skulle bere fram offer til han og søke han av heile sitt hjarte. Når han då kom til dei og bønhøyrde dei, talte til dei og gjorde under og berga dei, betydde det at han godkjende dei som sitt utvalde folk, som menneske som levde i samfunn med han.

Dette var altså ved bruk av menneskets intelekt og språksans, at dei trudde på han og tok imot hans Ord og trudde på det, at dei kalla på han, bad til han og fekk bønesvar.

Dei vise i auterlanda hadde ein tradisjon med å sjå på stjernehimmelen, men med den nye naturvitskapen oppdaga menneska at det var soler, planetar og månar. Så den gamle gudeverda kollapsa. Det er den historiske bakgrunnen for at mange kallar seg ateistar på grunnlag av naturvitskapen.

Dei som soleis har lært seg realfagleg og teknisk kunnskap, har lært seg ekte vitskap, som dei med sine metoder, kan hevde er rett og sant. Slik har vi også fått fagarbeidarar. Dei har brukt sitt intellekt og sin språksans til å lære seg det, samtidig som dei har lært av erfaring. Då kan dei vel vente seg å verte godtekne som menneske, som har brukt dei mest typiske menneskelege evnene, intelektet, språksansen og evna til å bruke reiskap (tommelen), til å lære noko som er rett og sannt og verdifullt. Dette som motsetnad til dei religiøse, har vel dei lært noko som er rett og sant og verdifullt? Har vel dei gjort noko som er til gagn for seg sjølve og andre?

Men når vi les om korleis jødane skulle dyrke Gud i det gamle testamentet, blir denne motsetnaden kunstig. Menneska skulle dyrke og verne Guds hage og der var både ei fysisk og ei åndeleg side av saka. Dei skulle dyrke Gud i landet sitt, så deira åndelege liv med han vart som ein velvatna hage. Då skulle dei også dyrke jorda så den vart fruktbar, så dei fekk nyte frukta.

I vår tid er det mange som vil bruke naturvitskapen som argument mot trua på Bibelens Gud også, liksom dei andre gudane. Og så argumenterer dei som om all vår tenking og kommunikasjon er vitskap og som om all vitskap er naturvitskap. Men kva med Karl Popper sin velkjende påstand om at ei vitskapleg utsegn skal vere negerbar. Det er då mykje vi seier i dagleg tale som ikkje er negerbart, men som likevel er viktig for oss i kommunikasjonen oss i mellom. Samfunnsvitskapane kan godt prøve å bruke same metode som naturvitskapane, men dei har då så tyedeleg problem med det. Mange av dei prøver så å framstille det som om det er metodene i realfag som er feil. Men det er då så tydeleg at det er dei sjølve som har problem med sine metoder.

Dersom dei då, som samfunnsvitarar og politikarar, vil hevde seg å vere å lærde at dei skal utgjere ei lærd overklasse, som ikkje bør bry seg med å snakke med slike ulærde menneske, såkalla uvitskaplege menneske, men heller vil innskrenke deira ytringsfridom, så er ikkje det å bruke og utvikle den mest typiske menneskelege evna, språksansen. Så spørst det om ikkje dette tvert om er det dyrsike som strir mot det menneskelege? Problemstillinga som melder seg er ikkje berre vitskapleg, moralfilosofisk og politisk, om du skal verte godteken og inkludert i samfunnet, reint filosofisk blir spørsmålet om du skal verte godteken som menneske.

Påstanden er at du ikkje er bra nok som menneske, den fysiske naturen er ikkje bra nok. Sidan du med den kunnskap som du fekk av kunnskapstreet vart liksom Gud og kunne kjenne godt og vondt, så må du vel klare å skape noko betre. Det vert kravt at du skal gjere Guds verk, men det er umogleg og med det moralfilosofiske kravet vert du gjort til træl.

Empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterte. Men forstod han då at metoda i den nye naturvitskapen var hypotetisk deduktiv, så den hadde både empiri og rasjonalitet? Det er tydeleg at mange samfunnsvitarar og politiske aktivstar ikkje forstår det og tenker langt på veg som om den ”vitskaplege” metoda er empirisme. Men erfaring har då menneska hatt til alle tider og vi kan tenke på det som to steinaldermenn som står og kranglar med kvar si klubbe i handa, inntil den eine druser den andre i hovudet med klubba. Slik vart diskusjonen avgjort ved empiriske metode i staden for ved bruk av språksansen. For kvar var forstanden og rasjonaliteten som dei kunne bruke til å avgjere diskusjonen med?

Men når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og så går ut og møter menneske i kvardagen og snakkar med dei og forkynner evangeliet for dei, då brukar vi den rette samfunnsfaglege metoda og den er uerstatteleg. I trua på Gud og hans Ord og i samfunnet med han, har vi åndeleg og rasjonalistisk innsikt og i møtet med andre menneske i kvardagen får vi erfaring.

Prøver menneske å forgude seg sjølve med sin kunnskap?

Det er mange som kallar seg ateistar og mange av dei er er så skråsikre på at der ikkje er nokon gud at det blir mest som ei religiøs tru. Andre har den haldninga at det er noko som vi ikkje kan vite, det er eit ope spørsmål, det er mogleg at der er ein Gud som står bak det heile, men dei er ikkje overtyda om det. Og eg har inntrykk av at i det siste er det fleire som kallar seg agnostikarar i staden for ateistar.

Det er mange som brukar den naturvitskaplege kunnskapen som argument mot trua på gud og religion generelt og i mange tilfelle er det sakleg og berettiga. Men overfor Bibelens Gud vert det annleis. Heile tilværet kan ikkje forklarast ved naturfagleg kunnskap, så om dei brukar vitskapen til å argumentere mot trua på Gud, gå dei eigentleg ut om naturvitskapen sitt mandat og då bør dei heller passe seg litt, for ikkje å verte dogmatiske i staden for vitskaplege. Slike tabber har vorte gjort før og det er den viktige og dyrebare historisk-filosofiske lærdomen som realistar må hugse å ta med seg. Eg ser det slik at den åtvaringa stemmer overeins med forbodet mot å ete av kunnskaptreet, det treet som gav vit på godt og vondt.

Dette blir tydeleg når det er snakk om å få til noko og skape noko for framtida, vi alle vil vel prøve å skape oss ei gode framtid. Ein mann sette si tru at Gud er allmektig og god og søke samfunn med han på evangeliets grunnvoll og verte hans medarbeidar, for å skape ei god framtid. Han trur at Gud er god og vil oss vel og med den instillinga kan han hevde at han sjølv også har ein god vilje. Ja, det skulle no opplagt komme som resultat av gjenfødinga. Han har ein  god vilje og sidan han er glad i henne, reknar han henne for noko godt og hans vilje med henne er god.

Kva betydning får det då om andre ikkje trur? Dei fornektar Gud som er god og verker i dei med sin gode vilje. Retter merksemda på dei og påstår at det ikkje er godt, deira vilje er ikkje god. Dei vurderer det heilt annanleis enn mannen og påstår noko heilt anna en det som han vedkjende. Og kvifor det? fordi deira interesse er noko heilt anna, å gjere dei til salsvare, så dei kan tene pengar på dei. Derfor seier imot og strir imot. Blir det ikkje då tydeleg at det er ei subjektiv innstilling, med ein vond vilje? Så det er ikkje objektiv kunnskap og det er ikkje i samsvar med naturvitskapen, for det er ein primitiv krypedyr-natur som strir mot den menneskelege naturen og det er ikkje naturleg for menneske å leve på eit så lavtståande dyrisk nivå.

Det vert argumentert med at Guds skaparverk ikkje er bra nok, at det han har gitt menneska ikkje er bra nok og så vert det presentert eit alternativ som vert framstilt som betre.

1MO 3,1 – 1MO 3,8 {SYNDEFALLET}  Ormen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: “Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?” [Ormen: her talerøyr for ei vond og freistande makt. Sml. 2 Kor 11, 3; Op 12, 9.] 2 Kvinna svara: “Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen. 3 Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!” 4 Då sa ormen til kvinna: “De skal ikkje døy! 5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.” 6 No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt. 7 Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet. 8   Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen. [Adam: -> 2, 7.]

Men den problemstillinga dei då vert stilt overfor, er om dei kan gjere Guds verk, kan dei kanskje endåtil gjere det betre? Svaret er nei. Det sa Gud til mannen med det same, Gud er ånd, men mannen er mold og til molda skulle han attende.

Skjebna til assyrarkongen og babylonarkongen.

Menge kongar vart mektige, men feilen deira var at dei prøvde å gjere seg sjølve liksom Gud. Assyrarkongen skrytte av at han hadde kasta gudane til folka på bålet. Han påstod at det var hans verk, i staden for å ære den sanne Gud. Derfor enda det dårleg for han. Når han kom heim att tilbad han dei gamel avgudane sine, men då gjekk det endå verre.

JES 10,5 – JES 10,19 {DOMEN OVER ASSURS HOVMOD}  Ve Assur, mitt vreideris!  Min harme er staven i hans hand. 6   Eg sende han mot eit gudlaust folk,  baud han fara mot det folk eg var harm på,  så han kan røva og rana og plyndra  og trakka det ned som avfall i gata. [eit gudlaust folk: Israel, som har falle frå Herren.] 7   Men han har ikkje meint det så  og gjer seg ikkje slike tankar.  Nei, til å øyda står hans hug  og til å rydja ut mange folk.  8   Han seier: “Er ikkje mine stormenn  kongar alle saman? 9   Gjekk det ikkje Kalno som Karkemisj?  Gjekk det ikkje Hamat som Arpad,  og Samaria som Damaskus? [Kalno (= Kalne, Am 6, 2), Hamat og Arpad: arameiske bystatar som vart hærtekne av assyrarane.] [Karkemisj: viktig by ved øvre Eufrat. Sml. Jer 46, 2.] 10   Når mi hand har nått til dei rika  der dei dyrka andre gudar,  og der det var fleire gudebilete  enn i Jerusalem og Samaria, 11   skulle eg ikkje då kunna gjera det same  med Jerusalem og gudebileta der  som eg gjorde med Samaria og gudane der?”  12   Men når Herren har fullført alt sitt verk  på Sion-fjellet og i Jerusalem,  då krev eg Assur-kongen til rekneskap  for fylgjene av hans hovmodige ferd  og for trassen i hans stolte augo. 13   For han har sagt:  “Dette har eg gjort med mi sterke hand,  og i min visdom, for eg er klok.  Eg sletta ut grenser mellom folkeslag  og plyndra skattane deira.  I mitt velde støytte eg fyrstar frå trona. 14   Mi hand greip etter rikdomen åt folka  som ein grip etter eit fuglereir.  Som ein samlar inn egg når fuglen er flogen,  har eg samla alle land på jorda.  Det fanst ingen som rørte ein veng  eller opna nebben og peip.”  15   Briskar vel øksa seg mot den som høgg,  set saga seg over den som sagar?  Som om staven skulle svinga han som lyfter han,  og stokken lyfta han som ikkje er av tre!  16   Difor skal Herren, Allhærs Gud,  senda tærande sjukdom  mellom assyrarkongens sterke menn.  Under all hans herlegdom skal det kveikjast ein eld,  og som eit bål skal han loga. 17   Israels ljos skal verta ein eld,  Israels Heilage ein loge  som brenn i landet hans  og øyder både torn og tistel  på ein einaste dag. 18   Han skal gjera ende på rubb og stubb  i dei herlege skogane og hagane hans.  Det skal gå som når ein sjuk tærest bort. 19   Dei tre som vert att i skogen,  skal vera lette å telja;  ein smågut kan skriva dei opp.

2KG 19,15 – 2KG 19,19 Hiskia bad til Herren og sa: “Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda. 16 Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud. 17 Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt både land og folkeslag. 18 Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei. 19 Men berga oss no frå hans velde, Herre, vår Gud, så alle rike på jorda kan sjå at einast du, Herre, er Gud.”

2KG 19,25 – 2KG 19,28   Har du ikkje høyrt om dette?  Eg planla det for lenge sidan;  eg laga det så i eldgamal tid,  og no har eg sett det i verk.  Så kunne du øyda festningsbyar  og gjera dei til ruinhaugar. 26   Dei som budde der,  stod med kraftlause hender,  fylte av redsle og skam.  Dei likna vokstrane på marka,  den grøne groen og graset på tak,  som svid av før det veks til. 27   Om du sit eller står,  om du kjem eller går,  så kjenner eg til det.  Når du rasar mot meg, veit eg om det. 28   Men fordi du rasar mot meg,  og eg har høyrt kor sorglaus du er,  set eg ring i nasen din  og legg beisel i munnen din.  Så fører eg deg attende  den vegen du kom.

2KG 19,35 – 2KG 19,37   Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185.000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der. 36 Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive. 37   Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.

Babylonarkongen vart endå mektigare og hærtok heile Israels-landet, men forguda seg dess meir, som om hans kongsstol var oppe mellom stjernene. Men han også fall og riket hans gjekk under.

JES 14,9 – JES 14,20   Dødsriket der nede kjem i uro  når det skal ta imot deg.  For di skuld vekkjer det daudingar,  alle som var fyrstar på jorda;  det får alle kongane over folka  til å reisa seg frå sine troner. 10   Dei tek til ords og seier til deg:  “Så er du òg vorten kraftlaus som vi,  no er vi alle like. 11   Du som var så stor og stolt,  til dødsriket er du nedstøytt  med dine klingande harper.  No ligg du på ei roten lege,  mòl og makk er ditt teppe.”  12   Kor du er fallen frå himmelen,  du strålande morgonstjerne, du son åt morgonroden!  Kor du er slengd til jorda,  du som la under deg folkeslag! [morgonstjerne: bilete på babylonarkongen.] 13   Det var du som tenkte med deg:  “Til himmelen vil eg stiga opp;  høgt over Guds stjerner  reiser eg min kongsstol.  Eg tek sete på tingfjellet lengst i nord. 14   Eg vil stiga opp over dei høge skyer  og gjera meg lik Den Høgste.” 15   Nei, til dødsriket er du nedstøytt,  lengst ned i den djupe hola.  16   Dei som ser deg, stirer på deg,  undrast og seier:  “Er dette den mannen som skok jorda  og fekk kongerike til å skjelva, 17   han som gjorde verda til ei øydemark,  la byar i grus  og aldri lét fangar få fara heim?” 18   Alle kongane over folka kviler  med ære, kvar i sitt hus. 19   Men du ligg bortslengd og har inga grav,  du er som ein vanvørd kvist.  Du er overbreidd av drepne menn,  som er gjennombora med sverd  og kasta ned i ei steingrav,  som eit nedtrakka åtsel. 20   Du får ikkje koma i grav med andre,  for landet ditt har du øydt,  og folket ditt har du drepe.   Dei som er ætta frå ugjerningsmenn,  skal aldri nemnast meir.

Abraham vart far til mange folk. Asyrarkongen ville rydja ut mange folk (Jesaja.10,7…), men hæren hans tapte mot Herrens engel og det vart eit stor mannefall. For Babylonarkongen også gjekk det slik at mange av hans eige folk vart drepne.

Er det nokon som ser likskapen med norsk politikk? Dei har vraka den glade bodskapen om Guds rike og så prøver dei å få internasjonalt gjennombrot med eit alternativ.

Forsoninga, frelsa og barnkåret.

Gud forsona verda med seg ved at Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd, som vart ofra som eit syndeoffer for å sone vår synd og betale vår skuld. På det grunnlaget vert vi forsona med Gud.

Alle som kallar på Herrens namn, skal verte frelst, det vert sagt både i det gamle og det nye testamentet. Kalla på Herren den stund han er nær. Og kvifor det? Jau, rimeleg vis for å gå til han med alle våre problem og behov. Vi har fått barnekår hos Gud og får komme til han med alle våre behov.

Primatar har storehjerne, men menneska har nesten tre gangar så stor hjerne som sjimpansar. Det som særmerker menneska framfor dyra er språksansen. Fysikaren Michio Kaku har nysleg sagt i ein video på youtube at det er evna til å tenke på morgondagen, framtida. Vi planlegg noko for framtida og set det i verk. Og vi brukar språksansen for verte samde om å samarbeide om eit prosjekt for framtida.

Gud har skapt talar til oss, Jesus er hans Ord og det treng vi. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Då er det viktig for oss å høyre kva han seier og så snakke med han om det. Dernest treng vi det til å kommunisere med andre menneske og spesielt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne (1.Mos.2).

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, derfor er tilværet forståeleg. Men vi treng at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss.

Bibelen fortel oss at Gud har skapt alle ting med sitt Ord. Så derfor er naturen forståeleg. Men som menneske laga av mold, liksom resten av naturen, er det avgrensa kor mykje vi for står og kor godt vi forstår det. Derfor treng vi at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, så vi forstår det med hjertet. Slik får vi ei åndeleg og rasjonalistisk innsikt  så vi får ei betre forståing av tilværet. Bibelen talar om skapinga, naturen, samfunnet og dagleglivet og brukar det symbolsk til å fortelje om Guds rike og då må vi tru på Gud og hans Ord og la den Heilage Ande openberre Ordet for oss, så vi finn den rette symbol-tolkinga.

Dette ser vi allereie i byrjinga av den fyrste skapingssoga:

1MO 1,1 – 1MO 1,4 {GUD SKAPER VERDA}  I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. [skapte: Det hebr. verbet som vert nytta her, står alltid med Gud som subjekt.] 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret.

For Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel (1.Mos.2, Joh.1). Og han som sa at lys skulle skine fram or mørkret, han har også late det skina i våre hjerte:

2KO 4,5 – 2KO 4,7 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Psykologiske metode.

Psyke betyr sjel, så psykologi er læra om sjela. I kyrkja vart intraspeksjon etter kvart tradisjon som psykologisk metode, menneske såg inn i seg sjølv, gjerne med ein god porsjon sjølvfordømming, for den veik av frå den evangeliske forkynninga. Men så fann dei ut at intraspeksjonen var feilbarleg og sidan det var så viktig for den nye naturvitskapen å basere påstandane sine på erfaring og observasjonar, vart det utvikla erfaringsbasert psykologi.

Psykoanalyse vert vel rekna for å vere intraspeksjon, men treng vel ikkje nødvendigvis vere berre det? Carl Gustav Jung var ein sveitsisk psykiater som vart opphavsmann til den djupnepsykologiske eller psykodynamiske retninga analytisk psykologi. Han samarbeidde lenge med Sigmund Freud, men i 1913 braut han med Freud og året etter sa han opp stillinga ved universitetet i Zürisch og braut kontakta med venner og kollegar, no skulle han utforske si eiga underbevisstheit (1914-1919).

Den messianske jøden David H. Stern kom med ei jødisk bibeloversetting og i innleiinga skreiv han at vesten er bygd på kulturen frå Aten og Jerusalem (Bibelen). Han beundra den analytiske tenkinga frå Aten, men den klarde ikkje å sameine hjerte og hjerne, kropp og sjel og det er årsak til mykje sjukdom i Vesten. Men kulturen frå Jerusalem sameinar det. Vel, når vi les Bibelen ser vi at det var problematisk i Jerusalem også. Men ved at vi let oss forsone md Gud på evangeliets grunnvoll, skal vi få ei slik sameining og harmoni.

I psykologisk analyse eller psykoanalyse er det noko som vert analysert, men kva er det eigentleg? Sjela? Men så er dei kanskje ikkje sikre på om dei har ei sjel. I matematikk og data-fag vert det brukt mykje analyse og så vert det sagt at matematikk er psykologi også. Her er det kortfatta tekst med bruk av matematiske symbol som vert analysert og ein må bruke mykjke analyse for å forstå den.

Men det er også mykje anna høgverdig litteratur som må verte analysert for at vi skal forstå det, både vitskapleg litteratur og anna fagleg litteratur. Det trengst tekstanalyse til å forstå skjønnlitteratur også. Bibel-tekstane må også tolkast og analyserast for at vi skal forstå dei.

Problemet var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort syna ein gong for alle. Så når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll vert vi reinsa frå synda og fyllte medd en Heilage Ande. Den openberrar Guds Ord for oss og då er det om å gjere for oss å tru på det og tenke utifrå det utgangspunktet og leve i samsvar med det. Då må vi vel kunne kalle det logisk og analytisk tenking.

Der er mykje anna som vi også tenker ut ifrå og som vi vert motiverte av og med litt psykoanalyse kan vi godt tenker over det. Er vi interessert i matematiske og logiske fag, der vi analyserer tekst, så er det vel ikkje så rart om vi vil analysere for å tenke logisk elles også, fro å få harmoni i vår tenking.

Jesus sa at han var brødet som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv, det ord han har tala til oss er ånd og liv. Paulus sa at Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Då må vi sjå opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen og så takke han for det. Dette er ikkje å drive intraspeksjon og det er heller ikkje å sjå rundt seg, men det er å sjå opp til han og så verte ein ny skapning i han.

Dernest er det viktig å gå ut og møte andre menneske og fortelje dei om han. Først og fremst fordi det er verdifullt for dei. Dernest blir det verdifullt for oss også, for det er viktig og verdifullt for oss å få bruke Guds Ord i kommunikasjon med andre menneske.

Rasjonalitet og livsutfolding, gå i ferdiglagde gjerningar

I Bibelen finn vi Moselova, den fortel oss fyrst og fremst kva vi ikkje har lov til. Men den forklarer ikkje heile røyndomen, lova gir rom for livsutfolding og dermed fridom, men oppdagar vi og fattar vi den? Kan vi formulere det med ord? Jau, med trua på Gud og hans Ord ligg moglegheita der. Men problemet for jødane var at dei ikkje trudde, men prøvde å forklare heile livet og tilværet utifrå ei moralsk lovmessighet og dermed fortrengde dei fridomen, livsutfoldinga og det gode liv.

Men med den nåden Gud gir oss i Kristus gjenvinn vi det. Jesus gir oss ånd og liv og vekekr oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Slik er evangeliet er ein frigjeranede bodskap.

Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss til å gå i gjerningar som han har lagt ferdige for at vi skal vandre i dei.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Og Gud skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no.

Veg å gå, plante som veks, bygning som vert bygt.

Bibelen forklarer livet som ei vendring med himmelen som mål, vegen til livet er smal, proten for å komme inn er trong. Mange er dei som ikkje finn den, men går den breide vegen og går inn gjennom den vide porten som fører i fortapinga.

Den forklarere livet som ein plante som veks. Til dømes ein kornplante og det er om å gjere at den ber aks med mykje korn. Gud er bonden som vil hauste inn kornet. Vi er greiner på vintreet og det er om å gjere å verte verande i det, så vi ber mykje frukt (Joh.15).

Den forklarer livet som eit bygningsarbeid, vi bygger på evangeliets grunnvoll og det er om å gjere for oss å bygge med noko som varer, edelsteinar som ikkje brenn opp.

Utdanning, med vitskap, to perspektiv; tilskodar eller aktør, gransking eller livsutfolding?

I mange tilfelle kan vi ha eit tilskodar-perspektiv, i andre tilfelle kan vi ha eit aktør-perspektiv. I begge tilfelle kan vi lære noko. I dei fleste tilfelle vil vi vel seie at vi brukar begge perspektiva, vi vekslar litt på kor mykje vi brukar eine eller det andre.

Slik også når vi går på skule og studerer. I vitskapen legg vi vinn på å observere for å lære, vi gjer bruk av observatør-perspektivet. Det blir spesielt viktig når vi gjere eit eksperiment. Det betyr at vitskapsfolk må innskrenke sine moglegheiter til å vere aktørar. Like vel høver fri forsking bra med fri livsutfolding. Kva slags reglar som gjeld for vår livsutfolding, reglar som set grenser for vår frie livsutfolding og gir retningslinjer for det gode liv, er ei anna sak.

I dalbotnen eller på fjelltoppen, froske-perspektiv eller fugle-perspektiv.

Når du er på ein fjelltopp, vil du vel helst gi deg tid til å nyte utsikta, du er tilskodar. Men når du er i dalbotnen, vil du vel heslt gå ikring og sjå deg om og kanskje gjere noko nyttig, så du er aktør og der kan vere andre som ser deg og er tilskodarar.

I det gamle testamentet er det tale om å ferdast på høgdene eller å vere i dalen. På fjelltoppane har dei oversikt og kan sjå om ein fare nermar seg, røvarar eller krigarar. I dalen har dei ikkje den oversikta, men den kan vere fruktbar.

SLM 23,4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]

SLM 121,1 – SLM 121,8 {HERREN ER DIN VAKTAR}  Ein song til festferdene.   Eg lyfter mine augo til fjella:  Kvar kjem mi hjelp ifrå? 2   Mi hjelp kjem frå Herren,  han som skapte himmel og jord.  3   Han lèt ikkje foten din vera ustø,  din vaktar blundar ikkje. 4   Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,  Israels vaktar.  5   Herren er din vaktar, Herren er din skugge,  han er ved di høgre hand. 6   Sola skal ikkje stikka deg om dagen  og månen ikkje skada deg om natta. [månen: Etter gamal tru kunne månen valda sjukdom og anna ulukke. Sml. Matt 17, 15.]  7   Herren skal vara deg frå alt vondt  og verna om ditt liv. 8   Herren skal vara din utgang og din inngang  frå no og til evig tid.

I Joel.3 er det sagt at Gud ville føre folkeslaga ned i ein dal, for å gå i rette med dei.

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.

JOH 16,5 – JOH 16,15 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: “Kvar går du av?” 6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd. 12   Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

Fuglefangarens snare. Satans snare.

David talte om at dei ugudlege la seg i bakhold for å angripe dei gudlege og rettferdige og sette snarer for å fange dei. Men han prisa Gud for at han frelste dei or fuglefangarens snare.

SLM 124,1 – SLM 124,8 {VI FÅR HJELP FRÅ HERREN}  Ein song til festferdene. Av David.   Hadde ikkje Herren vore med oss  – så skal Israel seia – 2   hadde ikkje Herren vore med  då menneske reiste seg mot oss, 3   så hadde dei slukt oss levande  då deira vreide loga imot oss; 4   då hadde vatnet rive oss bort  og flaumen skylt over oss, [vatnet, flaumen: bilete på fiendane som stormar fram.] 5   då hadde dei veldige vassmengdene  kome veltande over oss.  6   Lova vere Herren,  som ikkje gav oss til rov for deira tenner! 7   Vi slapp fri som fuglen  or fuglefangarens snare.  Snara rivna, og vi slapp fri. 8   Vi har vår hjelp i Herrens namn,  han som skapte himmel og jord.

Og dei kristne talar gjerne om Satans snare. Han prøver framleis å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet, resultatet av det var at menneska såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud. Det dei såg og sansa og soleis erfarde i det materielle miljø, fekk soleis makt over dei i staden for Gud. Og det viste seg ved at dei laga seg avgudar av stokk og stein.

Menneska forguda seg sjølve og erstatta både Gud og menneske med skulpturar og bilete og dyrka dei som gudar. Slik avgudsdyrking er avspora seksualitet.

2TI 2,22 – 2TI 2,26   Fly frå ungdomens lyster og jag etter rettferd, truskap og kjærleik, og etter fred med dei som kallar på Herren av eit reint hjarta. 23 Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du visa frå deg, for du veit at dei skaper strid. 24 Og ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid, men vera venleg mot alle. Han skal vera ein god lærar, viljug til å tola vondt, 25 så han med spaklynde talar til rettes dei som seier imot. For kanskje vil Gud ein gong gje dei omvending, så dei lærer sanninga å kjenna. 26 Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje.

Frelse og frigjering, tilbe Gud i ånd og sanning.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri. Han sa at dersom vi vert verande i hans ord, så skulle vi få lære å kjenne sanninga og den skulle sette oss fri.

JOH 8,31 – JOH 8,36 {ABRAHAMS ÆTT}  Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.” 33 “Vi er Abrahams ætt,” la dei imot, “og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?” 34 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

Han gir oss den Heilage Ande gratis, av berre nåde, utan krav om gjerningar. Og den openberrar Guds ord for oss og leier oss fram til heile Sanninga.

Paulus lærde oss å tenke slik at ved trua på Kristus vert vi krossfesta saman med han og ved dåpen vert vi gravlagde med han. Der vert vi også oppreiste med han. Derfor skal vi vende hugen opp til Jesus og ta imot det som han gir oss frå himmelen, verte fyllte av den Heilage Ande.  Og så skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam. Dette er usynleg for vårt fysiske auge. Så det er eit vesentleg poeng at vi skal la den Heilage Ande herleggjere og openberre Kristus for oss, som vår frelsar og Herre og openberre for oss kva Gud har gitt oss i han.

KOL 2,11 – KOL 2,12 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde.

KOL 3,1 – KOL 3,4 {DET GAMLE OG DET NYE MENNESKET}  Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Vi let Gud få makt i våre liv ved sitt Ord og sin Ande, så vi tilber han i ånd og sanning. Vi må vakte oss, så ikkje noko av det vi ser og sansar rundt oss får makt over oss i staden. Vi skal vakte våre hjerte framfor allt vi vaktar, for livet går ut ifrå det.

JOH 4,23 – JOH 4,24 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.”

OSP 4,23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,  for livet går ut frå det.

Dåpen forklarer for oss korleis Jesus frelser oss, den er eit godt samvits vedkjenning til Gud med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde. Det viser kor viktig det er for oss å kjennast ved han for Gud.

1PE 3,18 – 1PE 3,22 {DÅPEN OG DET NYE LIVET}  For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – [vedkjenning til Gud: Nokre omsetjingar har: lovnad eller bøn til Gud.] 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.

1PE 4,1 – 1PE 4,2   Når Kristus no har lide i sitt jordeliv, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide her i livet, er ferdig med synda. 2 Difor skal han ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stund han har att på jorda.

Entropi og verdifull orden.

Entropi er eit mål for uorden og i følgje entropilova vil entropien auke i ein kvar energi-prosess. Det er det som er årsaka til drivkrafta som vi kan gjere oss nytte av, til dømes i ein motor. Men vi kan få auka orden i eit lokalt system, ved at vi får meir uorden utanfor. Til dømes ved at vi bygg eit hus. At der er materielle ting som vi verdset, har seg slik at der lokalt er opparbeidd ein orden.

Ja, vi sjølve er slike lokale system der det er opparbeidd ein orden. Og der blir opparbeidd ein orden i oss, ved at vi lærer, men vi veit fint lite om korleis den ordenen er representert. Men både den indre ordenen vi får i vår hukommelse og vår tenking og den ordenen som er opparbeidd i dei tinga vi verdset er verdifull for oss. Og den kan gi verdifull avkastning, til dømes ved at vi lærer å bruke reiskap.

Dette høver med Jesu ord om at vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre etterpå.

Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande.

Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande og då skaper han noko som står til evig tid. Jesus frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv. Han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Gud gjer sitt verk i den einskilde og i Jesu kyrkjelyd og då skapar han ein orden. Den er lokal men den er ikkje på kostnad av meir uorden utanfor, slik som ved ein energiprosess i følgje entropilova. For Gud har skapt alle ting og er suveren over det han har skapt og held fram med å skape og gjer soleis under. Ja, vi får oppleve hans skaparkraft, frelseskraft og undergjerning i vårt daglege liv.

Og det er meininga dette skal verte verdifullt for verda, ved at vi går ut og ber frukt som varer. Ved at vi går ut og møter folk i vårt lokalmiljø og forkynner evangeliet for dei og ser at Jesus er med oss alle dagar.

Stole på Jesus i skulegang og arbeidsliv.

I skulegang og studie prøver vi å opparbeide ein orden ved at vi lærer, i von om at den er verdifull for oss. Då er det vesentleg for oss at det som vi lærer er rett og sant. I arbeidet held vi fram med å lære, men det vesentelge no er å tene pengar og soleis opparbeide ein orden, då er det vel fyrst og fremst materielle verdiar vi tenker på.

Samtidig er det viktig for oss å vere Guds medarbeidarar, så vi let han gjere sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Då er det viktig for oss å stole på han, så vi let han gjere sitt verk og så gjer vi vårt verk, så det blir ei arbeidsdeling. Då skulle vi vel få mykje gjort.

Sidan eg var ung har eg bedt Gud gje meg ei frelst kvinne til kone og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Eg kunne få kvile i den trua, både når eg var i arbeid, som fiskar på ein trålar, og når eg studerte realfag. I tillit til Jesus kunne eg overlate det til han og ta seg av den saka, så eg kunne konsentrere meg om studiane og vere oppteken av å gjere ein god jobb.

Og i byrjinga av 2012 minna han meg igjen om at han gir meg kvile, bodskapen 17.2.2013:

Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”

 

Ved at Ordet, ved trua, smeltar saman med oss i våre hjarto, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Så ved at vi trur på Gud og hans Ord, får vi oppleve at Guds skaper ein orden i oss, ved sitt Ord.

Jesus stod opp frå dei døde og gir oss håp.

Ved at vi trur at Jesus stod opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud. Og ved at vi sannar at han er Herre, vert vi frelst (Rom.10). Dersom han ikkje var oppstått, så var vi dei skrøpelegaste av alle menneske.

1KO 15,3 – 1KO 15,4 For fyrst og fremst overgav eg dykk det som eg sjølv hadde motteke,  at Kristus døydde for syndene våre etter skriftene, 4   at han vart gravlagd,  at han stod opp att tredje dagen etter skriftene,

1KO 15,12 – 1KO 15,22   Men når det vert forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at dei døde ikkje står opp? 13 For står ikkje dei døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. 14 Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus. 15 Då står vi som falske vitne om Gud; for vi har vitna imot Gud at han har reist Kristus opp, og det har han ikkje gjort dersom dei døde ikkje står opp. 16 For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. 17 Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar gagnlaus, og de er enno i syndene dykkar. 18 Då er òg dei fortapte som er avsovna i trua på Kristus. 19 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. 20   Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.] 21 Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske. 22 For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

Antikrist.

Jesus sa at Djevelen har vore ein manndrepar frå opphavet og at han er ein lygnar og far til lygna.

JOH 8,42 – JOH 8,45 Jesus sa til dei: “Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje.

Og Johannes spurde kven som er lygnaren om ikkje han som nektar for at Jesus er Messias.

1JO 2,18 – 1JO 2,27 {FORNEKTING OG VEDKJENNING}  Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. [salva: Salving er eit bilete på Den Heilage Andens gåve. Sjå 2, 27.] 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet. 26   Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

Vi har sett kor viktig det er for oss å tru at Jesus stod oppatt frå dei døde, dersom so ikkje var, så var vi skrøpelegare enn alle menneske, men no er han oppstått og ved å tru det, vert vi rettferdige for Gud. Ved å erkjenne at han er sanninga, vert vi fri, ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelst.

Då forstår vi også kva betydning det har for menneske å fornekte han og kva hendsikt dei kan ha med det overfor oss og andre menneske også. Dei gjer menneska til trælar, så dei vert salsvare. Dei vert fanga i Satans snare og det kan ende med at dei går fortapt.

2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE}  Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Dersom Kristus ikkje er oppstått, så er vi skrøplegare enn alle menneske. Men no er han oppstått og då er det så viktig for oss å tru det, tru på han og kjennast ved han. Når dei fornektar han og ikkje vil vite av vedkjenninga vår, så kan det ha som hendsikt å gjere oss til taparar. Og vi må nok vere førebudde på at det er mange sosialiastar som har det som mål og hendsikt med klassekampen.

Men Kristus har sigra over verda, Djevelen og døden, han stod oppatt frå dei døde og lever. Så ved å tru på han skal vi sigre saman med han.

Sjel og livsform, menneske og dyr.

Sjel og livsform.

Platon meinte at ved fødselen kom sjela frå ideverda og stupte inn i kroppen. Men vi må vel ta med svangerskapstida også. Aristoteles tenkte seg sjela meir som ei biologisk livsform. I 1.Mos.2 er det sagt at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Når ein nyfødt unge byrjar å puste, får den nok oksygen til hjerna til at den vert bevisst. Dette høver med det som er sagt i det gamle testamantet om at sjela til dyret er i blodet.  Så dyra også har sjel altså, i alle fall alle dei dyra som har blod. Eg forstår det slik at dette vert brukt symbolsk til å forklare at Gud bles sin Ande i oss for å blåse liv i oss og vekke oss opp til liv i samfunn  med seg, slik vert vi bevisst på at vi lever i samfunn med han. Eg tenker meg at her har vi soleis noko som liknar både på Platon sitt syn og Aristoteles sitt syn på sjela.

Så vart det sagt at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Hadde ho ikkje sjel ho då? Jau, for då var mannen allereie ei levande sjel. Dessutan har ho blod og har derfor sjel, om så ho skulle vere dyrisk, men at ho var skapt av mannens sidebein fortel oss at det var same art, arten menneske. Det viser at vi her har ei aristotelisk forståing av sjela også, at det handlar om biologi også.

Så blir det sagt om Jesus at han var hos Faderen og kom til vår jord, så det høver endå tydelegare med Platon sitt syn på sjela. Og no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Anakonda-samfunnet.

Anakondaen er ein einstøing, den har sitt territorium der den jaktar, snik seg inn på sitt bytte, gjerne bakfra, og bit seg fast i leggen, held det fast, kveiler seg rundt det og kveler det, det får ikkje nok surstoff og då går det ikkje lenger før det svimer av.

I paringstida blir dei svært så sosiale, men dei har ikkje språksans og brukar ikkje språket for å avtale eit møte. Det vanlege for dyra er å sende ut ei lukt som varslar om brunst, i dette tilfellet er det vel hoa som sender ut lukt som får hannane til å samle seg om henne. Dei er mykje mindre enn hoa og ein heil gjeng av dei kveler seg rundt hoa og parar seg med henne etter tur. Eg såg ein film-snutt av det, det såg ut som eit nøste med mange lause endar stikkande ut og det vart fortalt at dette kunne vare i fleire veker eller det var vel helst snakk om månadar. Når dei var ferdige kunne hoa finne på å ete ein av hannane. Dei fekk prøve å føre genane sine vidare ved å verte opphav til ein ny generasjon og slik går livet sin gang. Dei gjorde noko meiningfullt og meinte vel dei gjorde rett, sjølv om ein av dei kanskje måtte bøte med livet og verte til næring for hoa og dermed for den komande generasjonen. Ho føder ei drøss av ungar, men har ikkje omsorg for dei og då er det berre ein liten prosent som overlevert til dei er voksne individ. Kven av dei som var heldige nok til å verte far til eit vokse individ er det ingen som veit.

Saue-samfunnet og ”Ver-ringen”.

Far min var styrmann i utanriksfart og når han pensjonerte seg dreiv han garden, eit småbruk med omlag 30 sauer pluss lam. Når han hadde silo i ”ætene” (krybbene) til dei, kjempa dei for å komme først til å få mat og sidan for å få ein betre plass, ved å hoppe opp på sauen som stod der og sette framføtene ned i ryggen på den og kanskje grave litt. Han var bekymar for at dei kanskje kunne skade kvarandre, spesielt når dei gjekk med lam, kanskje skade lamma. Han kalla dei ”animalusa” og sa at dersom dei hadde hatt klør, slik som rovdyra, så hadde dei rive kvarandre sønde.

Eldste bror min var fiskar, dreiv tråling. Men når far min døde, slutta han på sjøen for å drive garden. Sidan fekk han seg jobb på fiskeoppdrett, så han dreiv garden i tillegg. Han vart med i ein ”Ver-ringen”, det var sauebønder som roterte avlsverane frå gard til gard, for å unngå innavl. I vinterhalvåret stod veren i eigen garde og om hausten vart han slept inn i sauegardane kvar dag. Så var det om å gjere å følgje med om det såg ut til å verte ei fullenda paring. Sauene hadde merkelapp med nummer i øya, så då var det berre å notere seg det. Og kvifor var dette så viktig? Jau, det var om å gjere at alle sauene vart fullenda og vellukka para, slik at vi fekk mange slaktesauer til neste haust.

Ut på våren slepte dei avlsverane på fellesbeite. Då måtte dei komme med alle på same dag, for ein gong hadde dei kome med ein dagen etter dei andre og sidan fann dei han daud. Då hadde dei altså stanga han i hel.

Gud kalla folket sitt sauer og dei trengde ein hyrding. Han hadde eit liknande problem med dei.

ESK 34,1 – ESK 34,31 {DEI RINGE HYRDINGANE OG DEN GODE HYRDINGEN}  Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, tal profetord mot Israels hyrdingar! Tal profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Ve Israels hyrdingar, som berre syter for seg sjølve! Er det ikkje saueflokken dei skal syta for? [Israels hyrdingar: -> Jer 2, 8.] 3 Mjølka brukar de til mat, ulla tek de til klede, og gjøfeet slaktar de; men sauene gjæter de ikkje. 4 De har ikkje styrkt dei veike, ikkje lækt dei sjuke og ikkje bunde om dei skadde. Dei som er drivne frå kvarandre, har de ikkje samla, dei bortkomne har de ikkje leita opp, og dei sterke har de kua med vald og makt. 5 Så vart sauene mine spreidde, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding; dei vart til føde for alle slag villdyr. 6 Då flokken min vart spreidd, villa han seg bort på alle fjell og høge haugar. Ut over heile landet vart sauene spreidde, og det er ingen som spør eller leitar etter dei. 7   Difor, hyrdingar, høyr Herrens ord! 8 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sauene mine er sanneleg røva og har vorte til føde for alle slag villdyr, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding. Hyrdingane mine spurde ikkje etter sauene. Dei sytte for seg sjølve og gjætte ikkje sauene mine. 9 Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord! 10 Så seier Herren Gud: Eg kjem over hyrdingane og krev dei til rekneskap for sauene mine. Eg set dei av som hyrdingar. Dei skal ikkje lenger syta for seg sjølve. Eg vil berga sauene ut or gapet deira; dei skal ikkje ha dei til føde. 11   Så seier Herren Gud: Eg vil sjølv leita etter sauene mine og ha tilsyn med dei. 12 Liksom ein gjætar er mellom sauene og tek seg av dei den dagen dei vert spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til den mørke og skytunge dagen då dei vart spreidde. 13 Eg vil henta dei frå folka, samla dei frå landa og føra dei til deira eige land. Så skal eg gjæta dei på Israels-fjella, i dalane og kvar dei elles bur i landet. 14 På gode beitemarker vil eg gjæta dei; på Israels høge fjell skal dei ha sin hamnegang. Der oppe på Israels fjell skal dei roa seg på grøne vollar og gå på feite beite. 15 Sjølv vil eg gjæta sauene mine og la dei få roa seg, seier Herren Gud. 16 Dei bortkomne vil eg leita opp, og dei som er drivne frå kvarandre, vil eg samla. Dei skadde vil eg binda om, og dei sjuke vil eg styrkja. Dei feite og sterke vil eg vakta og gjæta på rett vis. 17   De som høyrer flokken min til, seier Herren Gud, no vil eg skifta rett mellom sauene og mellom verar og bukkar. 18 Er det ikkje nok at de får gå på det beste beitet, om de ikkje òg skal trakka ned det som står att i beitemarka dykkar? Og er det ikkje nok at de får drikka det klåre vatnet, om de ikkje skal grumsa til resten med føtene? 19 Skal sauene mine eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til? 20   Difor seier Herren Gud: Sjå, eg vil skifta rett mellom dei feite og dei magre sauene. 21 Sidan de trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna, til de får spreitt dei og drive dei ut, 22 så vil eg berga sauene mine, og dei skal ikkje meir verta til rov. Såleis vil eg skifta rett mellom dei. 23   Eg vil setja éin hyrding over dei, min tenar David, som skal gjæta dei. Han skal gjæta dei og vera hyrdingen deira. 24 Eg, Herren, vil vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala. 25   Så gjer eg ei fredspakt med dei. Eg rydjar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i øydemarka og sova i skogane. 26 Eg lèt både dei og landet ikring min haug, verta velsigna. Eg sender regn i rett tid, regn som vert til velsigning. 27 Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i landet. Dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengene i åket deira og bergar dei frå folk som held dei i trældom. 28 Dei skal ikkje lenger verta eit bytte for folka, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skræma dei. 29   Då steller eg til ein hage som vert til berging for dei. No skal ingen i landet rivast bort av svolt, og dei skal aldri meir måtta tola spott frå dei andre folka. 30 Då skal dei sanna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israel, seier Herren Gud. 31 De, sauene mine, flokken som eg gjæter, de er berre menneske, men eg er dykkar Gud, lyder ordet frå Herren Gud.

Så eg opplever og tenker av og til på dei som vil vere hyrdingar som gjæter menneska som sauer og ser, oppdagar og opplever slike problem. For det viser seg at deira måte å gjete på, strir med korleis den gode hyrdingen gjeter. Ved at eg let han gjæte meg og leie meg, vert det avslørt. Då er det vesentleg for meg å kjennast ved han for Gud og menneske, så eg vitnar om han for dei eg møter i kvardagen. Soleis går eg med den glade bodskapen som han sende oss med.

Då viser det seg at det er mange som ikkje vil høyre på det, for dei vil ikkje godta det. Og kvifor det? Fordi der er så mange som har framstilt seg som hyrdingar, for å syte for seg sjølve, utan eigentleg å ha omsorg for sauene.

”Den Duglause Hyrdingen” eller ”den Gode Hyrdingen”. Fullenda og vellukka paring?

Prestane sikra seg monopol på å forkynne Guds ord og det betyde ei innskrenking av ytringsfridomen. Dei forkynnte endåtil på latin, så folket forstod det ikkje. Så dei sytte altså berre for seg sjølve, utan å ha omsorg for sauene. Men så viste det seg at dei var ikkje i stand til å ha omsorg for seg sjølve heller, for dei erstatta Guds Ord med noko anna. Og kvifor det? Jau, frodi dei forstod seg ikkje på skriftene og var ikkje i stand til å forkynne det verken for seg sjølve eller andre. Derfor vart deira interesse redusert til å syte for seg sjølve.

På evangeliets grunnvoll får vi komme inn att i samfunnet med Gud. Soleis vert vi sosialiserte og derfor er det også så viktig for oss å kjennast ved Jesus for dei vi møter i kvardagen og tale Guds Ord til dei. Det har med vår sosialisering å gjere. Ein mann si interesse av å finne seg ei kone er naturleg vis fundamantalt viktig i vår sosialisering og då er det sjølvsagt viktig for kvinna også. Paulus sa at kvar mann skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og vi vert helga ved Guds Ord og den Heilage Ande.

Prestane sitt monopol på å forkynne Guds Ord verkar dermed øydeleggande for vår sosialisering. Spesielt verkar det øydeleggande for ein manns interesse av å finne seg ei kone og då verkar det øydeleggande for kvinna også. Langt på veg verkar det slik at menneskets språksans vert satt ut av spel, så forståinga og vedkjenninga av at vil tilhøyrer Kristus og lever for han, forvitarar og so gjer forståinga og opplevinga av at Jesus er den gode hyrdingen som gjerter oss som sine sauer. For det vert erstatta av at ”den Duglause Hyrdingen” gjæter slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Men så vert det visst smått med vellukka paring likevel. Og kvifor det? Det blir så tydeleg at deira hendsikt er å få flest moglag slaktesauer, så sauene gjennomskodar det. Men dersom sauene gjennomskodar at gjætarane syter for seg sjølve, utan å ha omsorg for dei, så skulle dei vel vere i stand til på gjere noko med det?

Hendsikta med å sleppe avlsveren inn til sauene, var å få fullenda og vellukka paring, for å få flest mogleg slaktesauer til neste haust og det vert den dominerande interessa til desse duglause hyrdingane også, til tross for at det er menneske dei gjæter. Men menneska har språksans og Guds Ord er føde for vår språksans. Jesus er Guds ord og han er den gode hyrdingen, som leier oss til dei grøne markene og til vatn der vi finn kvile. Han er hyrding for vår sjel og gir oss Guds Ord til føde og livets vatn til drikke.

Men då skulle vi vel etter kvart få fullenda og vellukka paring også?

Jobs bok. Kampen for tilværet. Gud er sterkast, han er fullkommen og allmektig.

Dette er også tema i Jobs bok. Jobs hadde tre vener som kom for å trøyste han sidan ulykka hadde råka han, men vart i staden til byrder for han i tillegg til ulykka som hadde ramma han. Med sin moralfilosofi meinte dei at det skulle gå den gudlege og rettferdige vel, men kvifor hadde då desse ulykkene ramma han. Ordskiftet mellom dei vart som ein strid, men dei klarde ikkje å vinne. Men så kom Job med nokre påstandar som var kritikk og klagemål mot Gud. Dei tre venene hadde tagna, men då var dei ein yngre mann som tok ordet og korrigerte han på det. Så kom Gud og talte til han. Og det han sa var då rett og slett å forklare han at livet er ein kamp for tilværet, så det blir eit spørsmål om kven som er sterkast. Dyra lever fritt i naturen og om han prøver å overvinne og fange friske, sterke dyr, får han kamp og den kan verte hard, spesielt om det er rovdyr som til dømes krokodilla.

Men Gud er den sterkaste, han er fullkommen og allmektig. Kven kan kritisere han? Kven kan gjere noko betre enn han? Kan du fiske krokodilla og gjere henne til kjæledyr for borna dine? Kan du knyte sjustjernebandet eller løyse orions lekkjer?

JBS 38,31 – JBS 38,32   Kan du knyta Sjustjerne-bandet  eller løysa Orions lekkjer? 32   Kan du få kveldsstjerna fram i rette tid,  eller leia Løva og hennar ungar? [Løva: stjernebilete.]

Mannen som var fødd blind.

Når Jesus displar møtte ein blind mann, lurte dei på om det var han eller foreldra hans som hadde synda, sidan han var blind. Her møter vi altså ei liknande problemstilling som i Jobs bok. Dei prøvde å forklare det med moralfilosofi og skuld, men Jesus gav dei ikkje rett i den forklaringa. Han sa at det var for at Guds gjerningar skulle vise seg på han. Guds gjerning var vel at han skapte menneska med syn og alle dei andre sansane også. Så lækte Jesus han, då var det Gud som gjorde si gjerning, så den viste seg på han.

JOH 9,1 – JOH 9,41 {DEN BLINDFØDDE}  Då Jesus gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. 2 Læresveinane spurde: “Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?” 3 Jesus svara: “Korkje han eller foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han. 4 Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. 5 Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda.” 6 Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga ei gjørme og smurde på augo til mannen. 7 Så sa han til han: “Gå og vask deg i Siloa-dammen.” Siloa tyder “utsend”. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. 8   Grannane og dei som før hadde sett at han tigga, sa då: “Er ikkje dette han som sat og bad seg?” 9 “Jau, det er han,” sa somme. Andre sa: “Nei, men han er lik han.” Sjølv sa han: “Det er eg.” 10 “Korleis vart augo dine opna?” spurde dei. 11 Han svara: “Den mannen som heiter Jesus, laga ei gjørme og smurde på augo mine og sa: Gå til Siloa og vask deg! Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.” 12 “Kvar er denne mannen?” spurde dei. “Eg veit ikkje,” svara han. 13   Så førte dei han som hadde vore blind, til farisearane. 14 Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga gjørma og opna augo hans. 15 Farisearane òg spurde korleis han hadde fått synet. “Han la ei gjørme på augo mine,” svara mannen, “så vaska eg meg, og no ser eg.” 16 Då sa nokre av farisearane: “Denne mannen er ikkje frå Gud, sidan han ikkje held sabbaten.” Andre sa: “Korleis kan ein syndig mann gjera slike teikn?” Det vart usemje mellom dei om dette. 17 Så spurde dei den blinde på nytt: “Kva meiner du om han, sidan det var dine augo han opna?” “Han er ein profet,” svara mannen. 18   Jødane ville ikkje tru at han hadde vore blind og fått synet, før dei hadde henta foreldra hans. Dei sende bod etter dei 19 og spurde: “Er dette dykkar son, han som de seier er fødd blind? Korleis har det seg då at han kan sjå?” 20 Foreldra svara: “Vi veit at dette er vår son, og at han er fødd blind. 21 Men korleis det har seg at han no kan sjå, det veit vi ikkje; og heller ikkje veit vi kven som har opna augo hans. Spør han sjølv! Han er gamal nok til å svara for seg.” 22 Dette sa dei fordi dei var redde jødane. For jødane hadde alt vorte samde om at den som sanna at Jesus var Messias, skulle støytast ut or synagoga. 23 Difor sa foreldra hans: “Han er gamal nok, spør han sjølv!” 24   Andre gongen henta dei han som hadde vore blind, og sa til han: “Gjev Gud ære og tilstå! Vi veit at denne mannen er ein syndar.” 25 Han svara: “Om han er ein syndar, det veit eg ikkje. Men eitt veit eg: Eg var blind, og no ser eg.” 26 “Kva gjorde han med deg?” spurde dei. “Korleis opna han augo dine?” 27 “Eg har alt sagt dykk det,” sa han, “og de ville ikkje høyra på meg. Kvifor vil de høyra det om att? Kan henda de òg vil verta læresveinane hans?” 28 Dei skjelte han ut og sa: “Du er hans læresvein, vi er læresveinane til Moses. 29 Vi veit at Gud har tala til Moses, men om denne mannen veit vi ikkje kvar han er ifrå.” 30 “Det er då underleg,” sa mannen, “at de ikkje veit kvar han er ifrå, endå han har opna augo mine. 31 Vi veit at Gud ikkje høyrer på syndarar, men han høyrer på den som har age for han og gjer etter hans vilje. 32 Frå opphavs tid har det aldri vore spurt at nokon har opna augo på ein blindfødd. 33 Var ikkje denne mannen frå Gud, kunne han ingen ting gjera.” 34 Dei svara: “Du er fødd syndar tvers igjennom, og du vil læra oss?” Så kasta dei han ut. 35   Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte han, spurde han: “Trur du på Menneskesonen?” 36 Mannen svara: “Kven er han, Herre, så eg kan tru på han?” 37 “Du har sett han,” sa Jesus. “Det er han som no talar med deg.” 38 “Eg trur, Herre,” sa mannen og kasta seg ned for han. 39   Då sa Jesus: “Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.” 40 Nokre av farisearane som stod der, høyrde dette og sa til han: “Kan henda vi òg er blinde?” 41 Jesus svara: “Var de blinde, hadde de inga skuld. Men no seier de at de ser, og difor er og vert de skuldige.

Snyltarar snyltar og parasittar parasitterer, endåtil på menneske.

I det siste er det visst mange som tenker seg at utviklingslæra kan vere sameinleg med kreasjonismen og der er skapingssoga i Bibelen sentral. Så naturfotografen David Attenburg fekk spørsmål om han soleis kunne tru på Gud og han svarde meir som ein agnostikar, eigentleg med å stille opp ei problemstilling og svare på den. Vakker natur som blomster og kolibri vert brukt som argument for at der er ein Gud som har skapt alle ting og som er god. Men kva med ein liten gut i Vest-Afrika som har fått ein makk inn i auget og som gjer han blind innen fem år, så han vert blind på det auget resten av livet? Og dette er einaste plassen denne makken kan leve. Det kan då vel ikkje vere ein god Gud som har skapt denne makken med denne hendsikt? Då har han ei betre forklaring, at denne makken har utvikla seg frå makkar som lever i vatnet.

Vert dette klagemålet brukt mot Gud, så må vi berre rekne med at det vert brukt mot menneske også. Men då må vi ta og tenke oss litt om, kva er logikken i dette? La oss tenke oss ein liten gut i Vest-Afrika som får ein slik makk i auget. Det vert brukt som argument for at den fysiske naturen er vond og det gjeld guten også. Det blir som å påstå at hans eigen fysiske natur er vond og derfor fekk han ein makk inn på auget, som om det var hans eigen skuld. Så det var hans eigen feil, til pass åt han altså? Det er i alle fall ikkje det Bibelen lærer.

Då liknar platonismen meir på Bibelens lære. Platon trudde på ei ideverd med fullkome idear, inkludert det godes ide. Det høver med trua på Israels Gud, som er i sin himmel, så dermed vart ikkje klagemålet retta mot han. Men han påstod at den fysiske naturen var vond og då var ikkje menneske unnateke, på bakgrunn av justismordet mot Sokrates vart det mynta nettopp på mennesket. Og det vart brukt som argument for at ei lærd overklasse skulle styre med diktatorisk makt. I praksis verka det då til å legitimere slike justismord som mot Sokrates. Det viste seg sidan i kristendomsforfølgingane.

Likevel gir Bibelen ei betre forståinga av det vondes problem og den gir ei løysing på det. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, på det grunnlaget får vi atter komme inn i samfunn med Gud. Jesus er fullkommen og det som han gir oss frå himmelen er fullkome, han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Dette er nytt i forhold til den fysiske verda. Gud gjer noko nytt og då byrjar han med den ypperste og mest utvikla skapningen, mennesket. Derfor må vi tru på han og ta imot i tru og la han gjere sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Så får vi også sjå resultat av det. Slik er logikken og det høver med den logiske tenkinga i matematikken, her er det berre om å gjere å tenke rett og rekne rett.

Falske gudar og falske Messiasar.

Syndefallet kan forståast som eit misstillits-forslag, som om Gud og det han hadde gitt dei ikkje var bra nok, som om der var eit betre alternativ? Ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei likevel ikkje døy, men verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Som om dei var gode og mektige nok til å skape noko som var like bra? Men det gjekk no ikkje akkurat slik då. Likevel framstår det framleis falske gudar og falske Messiasar på liknande måte.

Deira misstillitsforslag vert brukt som argument for at dei med sin moralfilosofi og politikk skal skape noko betre, men eigentleg legg dei oppgåva på folket og lesser soleis tunge byrder på dei. Men ingen av oss er i stand til å gjere Guds verk likevel. Resultatet er at menneska vert gjort til trælar. I det menneske prøver å gjere Guds verk, vert resultatet dårlegare.

Ære og takke skaparen og frelsaren. Gud er god og han har skapt alle ting. Men kvifor er det då så mykje smertefullt og vondt som skjer?

I følgje Bibelen er Gud god, han skapte alle ting og såg at det var godt. Han har skapt oss til si ære, så vi skal ære og lovprise han med det vi tenker, seier og gjer. Vi finn lovprising med påstand om at all jorda er full av hans herlegdom.

SLM 72,19   Hans herlege namn vere evig lova!  All jorda er full av hans herlegdom.  Amen, amen. *

JES 6,3 Dei ropa til kvarandre:  “Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.  All jorda er full av hans herlegdom.” [Herren Sebaot: elles omsett “Herren, Allhærs Gud”.]

HAB 3,3   Gud kjem frå Teman,  Den Heilage frå Paran-fjellet. `Sela’  Hans herlegdom er utbreidd over himmelen,  jorda er full av hans pris. [Teman: -> Job 2, 11.] [Paran-fjellet: -> 5 Mos 33, 2. Når Gud openberrar seg, vert det stundom sagt at han kjem frå fjella i sør, der han synte seg for Israel på ferda gjennom øydemarka.]

Likevel ser og opplever vi at det er mykje smertefullt og vondt som skjer, både for menneske og dyr. Slik har det vore i uminnelege tider, vi får vite det både som nyhende og historiske forteljingar.

Korleis skal vi forstå det? Vel, då vil eg starte med å fortelje kva som ikkje gjer oss i stand til å forstå det. I 1.Mos.3 er det fortalt at ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei ikkje døy, men dei skulle verte som Gud og kjenne godt og vondt. Dei åt av frukta og då vart augo deira opplatne, så dei såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit. Så dei såg og sansa den fysiske naturen, men tapte den åndelege og rasjonalistiske innsikta.

Men på evangeliets grunnvoll får vi atter komme inn i samfunn med Gud, då er det viktig for oss å vere himmelvende, å sjå på Jesus, slik gjenvinn vi den åndelege og rasjonalistiske innsikta.

JES 11,10   Den dagen skal folkeslag søkja  til renningen or Isais rot.  Han skal stå som eit samlingsmerke for folka,  og bustaden hans skal vera full av herlegdom. [renningen or Isais rot: Sml. v. 1.]

JOH 1,14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

RMR 8,22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag.

I Bibelen vert vi opplærde til å ære og takke Gud for at han har skapt alle ting og ære og takke Gud og Lammet for frelsa.

ÅPE 4,1 – ÅPE 4,11 {TILBEDING I HIMMELEN}  Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: “Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.” 2   I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen. 3 Han som sat der, var å sjå til som jaspis og karneol, og kring kongsstolen var ein regnboge; han var som smaragd. [jaspis, karneol, smaragd: namn på edelsteinar. Sjå 21, 18 ff.] 4 I ein ring kring kongsstolen såg eg tjuefire andre stolar, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede og med gullkransar på hovudet. 5 Frå kongsstolen gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor stolen brann det sju faklar; det er dei sju Guds ånder. 6 Framfor kongsstolen var det som eit glashav, likt krystall. Og kringom kongsstolen, midt på kvar side, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av augo framme og bak. 7   Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg. 8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:  Heilag, heilag, heilag  er Herren Gud, Den Allmektige,  han som var og som er og som kjem. 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: 11   Verdig er du, vår Herre og Gud,  til å få all pris og ære og makt.  For du har skapt alle ting;  du ville det, og dei vart til, skapte av deg.

ÅPE 5,1 – ÅPE 5,14 {BOKA MED SJU SEGL}  Eg såg at han som sat på kongsstolen, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. 2 Då såg eg ein mektig engel, som ropa med høg røyst: “Kven er verdig til å opna boka og bryta segla på henne?” 3 Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne. 4 Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne. 5 Men ein av dei eldste sa til meg: “Gråt ikkje! For løva av Juda ætt, Davids rotrenning, han har sigra og kan opna boka med dei sju segla.” 6   Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda. 7   Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:  Verdig er du til å ta imot boka  og bryta segla på henne.  For du vart slakta  og har med ditt blod frikjøpt for Gud  menneske av alle ætter og tungemål,  av alle folk og folkeslag. 10   Du har gjort dei til eit kongerike,  til prestar for vår Gud,  og dei skal råda på jorda. 11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:  Verdig er Lammet som vart slakta,  verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,  ære og pris og takk. 13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:  Han som sit på kongsstolen,  han og Lammet skal ha all takk og ære,  pris og makt i all æve. 14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad. 

 

Tre av skapningane var pattedyr, løva kan kallast det mest høgtståande rovdyret, oksen det mest høgtståande hjortedyret. Det kan nok diskuterast, men eg tenker meg at løva representerte rovdyra og oksen representerte hjortedyra. Mennesket er den mest høgtståande primaten og representerer dei og ørna er den mest høgtståande fuglen og representerer fuglane. Eg tenker meg at det fortel om korleis Gud råder over naturen han har skapt og det til tross for at løva er eit rovdyr og ørna er ein rovfugl og når dei drep sitt bytte er det ikkje akkurat humant.

Når naturvitarar observerer og kanskje filmar naturen, er dei vitne til mykje smerte og pine, ved at rovdyr drep sine byttedyr. Likevel moraliserer dei ikkje over det, men let naturen gå sin gang. Og når vi studerer realfag, er det ikkje for å rette på naturen og prøve å endre den. Men for å forstå korleis den fungerer.

Men realfagleg og teknisk kunnskap kan vil konstruere og produsere nye ting som vi kan bruke som reiskap. Og med betre kunnskap og forståing for korleis naturen fungerer kan vi vel dyrke og verne ”Guds hage” på ein betre måte, så den vert meir produktiv.

Vi vert opplærde til å takke Gud for at han har skapt alle ting og eg hevdar det høver med realistane si søking etter objektiv kunnskap, deira søking etter innsikt, utvikle sin forstand for å forstå naturen og tilværet. Som innvending mot dette vil mange hevde at det er så mykje smertefullt og vondt som skjer, så det høver ikkje med trua på ein allmektig Gud som er god. Men kva er alternativet? Moralfilosofi og politisk filosofi til erstatning for trua på at Gud er allmektig og god? Då vil eg hevde at det er tvert om det som ikkje passar inn her. Med sin moralfilosofi påstår dei at naturen er vond og framstiller det som om det er menneska si eiga oppgåve å endre den til noko betre. Så det er den moral-filosofiske og politisk-filosfiske hendsikta dei har med å fornekte Faderen og Sonen. Som om Gud ikkje er god nok og mektig nok, hans skaparverk ikkje er bra nok og hans frelseverk ikkje er bra nok. Som om menneska er gudar som er betre og mektigare og skal gjere det betre. Dette er kort og godt tullprat. Det er som om dei er rusa og forgifta av ormegift og ikkje lenger i stand til å tenke klart.

 

 

 

Monte Python; krise og katastrofe for ”Monte-Python-moralen”.

Eg såg ei episode av ”Monte Python” den ein representant for styresmaktene (A) skulle gi dei andre beskjed om at det var eit ord dei ikkje hadde lov til å seie, dersom dei sa det, skulle dei steinast. Eg hugsar ikkje kva det var, det var kanskje Jehova, det gir ei viss meining, sidan det er eit engelsk ”bastardord” til erstatning for Jahve, dessutan har jødane gløymt korleis ”tetragrammet” eigentleg skulle uttalast. Men problemet var at A måtte bruke ordet for å fortelje dei at dei ikkje hadde lov til å bruke det og etter mykje krangling enda det med at han sjølv vart steina.

Det var eit forsøk på innskrenke ytringsfridomen, men som representant for herskarane, måtte han sjølv bruke den. Det forklarar godt prestane sitt problem med å krevje monopol på å forkynne Guds Ord, det var ei innskrenking av ytringsfridomen. For dei skulle vere ei lærd overklasse. Og i vår tid er det mange som vil innskrenke ytringsfridomen, sjølvsagt fordi dei vil vere ei lærd overklasse. Det vert ofte argumentert med at dei føler seg krenka av det du seier og poenget med det er å definere seg sjølve som ei lærd overklasse. I det siste har dei endåtil funne på at dei skal føle seg krenka om nokon seier ”jula”, så derfor vil dei forby folk å seie det. Men Monte-Python-ironien er minst like treffande i slike tilfelle.

For å forklare at problemet likevel kan vere seriøst, vil eg referere til det Paulus sa om at ingen kan seie ”Jesus er Herre” utan i den Heilage Ande og ingen kan seie ”forbanna vere Jesus”i den Heilage Ande.

1KO 12,3 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: “Forbanna er Jesus!” Og ingen kan seia: “Jesus er Herre!” utan i Den Heilage Ande.

Dersom vi tenker oss at dette er ei politisk sak, så poltikarane med lovverket skal innskrenke ytringsfridomen, korleis kan dei då unngå å bryte lova sjølve. Om dei vil forby folk å seie ”forbanna er Jesus”, korleis skal dei då unngå å seie det sjølve. Eller om andre vil forby folk å seie ”Jesus er Herre”, korleis kan dei då unngå å seie det sjølve. Skal vi kanskje ikkje lenger ha lov til å lese dette bibelverset?

Vi må forstå Paulus slik at desse orda får denne betydninga for dei som seier det berre når seier det som noko som dei sjølve meiner, når det er deira subjektive innstilling og meining. Men så viser det seg at når ein mann vedkjenner si tru på Jesus og meiner noko med det, så han med ei subjektiv innstilling prøver å oppnå noko med det, så vil dei ikkje la han få ytre seg. Og kvifor det? Gud elska oss i Kristus og det fekk han oppleve i sitt liv, som ein åndeleg røyndom. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrend i våre hjerter ved den Heilage Ande som er oss gitt. Den kjærleiken svar mellom oss og det var den også når han vart klad i ei jente. Så han hadde godt håp om at han skulle få seg ei kone, i samsvar med Guds Ord og spesielt på grunn av Paulus si lære.

Men så har dei protestert mot Paulus si lære og det har dei gjort politikk ut av  og slik har dei prøvt å innskrenke ytringsfridomen. Kva var det som var problemet? Ein ung mann vart glad i ei ung gjente og fortalde det til henne, sjølvsagt for å fri til henne. Då ville dei ikkje tillate han å seie noko meir og slik har dei prøvt å stenge vegen for han, så han ikkje skal komme seg vidare her i livet. Noko så livsfiendtleg. Korleis kunne det ha seg. Jau, fordi Gud elska oss i Kristus, han elska både han og henne, han elska henne gjennom han og gjorde han til kanal for si velsigning til henne. Det vart visst ei krise og ei katastrofe for den tradisjonelt lærde overklassa i kyrkja og i kristne organisasjonar, for i fylgje dei og tradisjonen deira, var han ulærd.

Det er som om rådet av dei heilage har vorte erstatta av rådet på Areopagos og så har det vorte erstatta av Monte Python.

JER 23,21 – JER 23,24   Eg har ikkje sendt profetane,  og likevel spring dei av stad;  eg har ikkje tala til dei,  og likevel stig dei fram som profetar. 22   Men hadde dei vore med i mitt råd,  då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk  og fått det til å venda om  frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar. 23   Er eg ein gud som berre er nær, seier Herren,  og ikkje ein gud langt borte? 24   Kan nokon gøyma seg på løynlege stader  så eg ikkje ser han? seier Herren.  Fyller ikkje eg både himmel og jord?  lyder ordet frå Herren.

 

Mi sak.

Eg snakkar med Jesus.

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedhuset og husmøte. Eg vart opplærd til å tru på Jesus og påkalle han som min frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å veret dår og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangelsike Forsamling og då fekk eg oppleve at Jesus svarde meg på den bøna gjennom tyding av tugetale og det har han halde fram med sidan, det er innkludert i det fullførde frelseverket.

Medan eg gjekk på gymnaset vart eg glad i henne Virtuella og bad for henne og etter gymnaset bad eg om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar så eg møtte henne igjen ved Universitetet i Bergen. Eg såg henne og møtte henne igjen og prata litt med henne fleire gongar og tenkte på korleis eg skulle fortelje henne at eg var glad i henne så eg kunne få i gang ein prat om det, så eg skreiv eit brev om det og gav det til henne. Eg såg henne igjen nokre få gongar, men sidan fekk eg ikkje møte henne igjen og snakke med henne eller ha noko meir med henne å gjere. Ho og diverse geistlege og lærde har tydelegvis helde meg for å vere for dum og ulærd til å snakke med henne om det. Eg forklarar det utifrå den moral- og politisk filosofiske tradisjonen som går tilbake til Platon og antikken. Dei forheldt seg altså til meg og mi sak som om det var ei sak som eg ikkje hadde noko med å gjere.

Men eg gjekk på møte i dFEF i Skostredet 17 i Bergen og Jesus sa til meg at han var den som tok seg av mi sak. Han var min øvsteprest og min talsmann hos Faderen. Noko seinare gjekk eg på møte i pinsekyrkjelyden Tabernaklet i Marken i Bergen og Jesus kalla meg til å komme til han med dette som var mi sak, så eg prata med leiarane her om det. Seinare snakka eg med leiinga i dFEF i M40 i Oslo og det og så byrja eg å skrive til dei om det. Jesus talte framleis til meg gjennom tyding av tungetale og no svarde eg han ved å skrive til leiinga i M40. Slik snakka eg med Jesus medan eg studerte realfag og det var viktig for meg.

I 1995 kjende eg meg einsam og forlatt i Oslo, eg møtte og snakka med andre menneske berre på møta i M40, men Jesus sa til meg at eg skulle snakke med han. Det sa han til meg seinare også, etter at eg var komen tilbake til Oslo i 2009. Når eg snakkar med han, så er det opplagt ein sofistikert måte å bruke språksansen og det er å kommunisere om korleis framtida skal verte, tenke konstruktivt om det byggverket eg bygg som Guds medarbeidar, men det vesentlege då er at eg let Gud gjere sitt verk. Han talte og det skjedde, han baud og det stod der og han taler framleis om det som ikkje er til, som om det var til, eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone og den bøna er det han  svarar meg på.

Dei såkalla ”lærde”  samtalte og diskuterte nok kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Eg forstod nok at spesielt gjaldt det meg og mi sak også, men for meg var det viktig å kutte ut dette og ikkje bry meg om det, for å få fred til å konsentrere meg om studiane. Jesus hadde då sagt at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den og så stole på han (Matt.11,28-31).

Og no har eg fått mykje meir bibelkunnskap og lært mykje meir realfag. Så spørst det om desse som meina seg å vere så vise at dei heldt meg for å vere for dum til å seie noko dei og gjengen deira skulle bry seg med å høyre på, om dei framleis held seg meinar seg å vere det. Eg vil hevde at for ein stor del, for svært mange av dei, så var det heller dei som var for dumme til å snakke med meg og det viser seg endå tydlegare no. Dei dreiv på med noko tullprat som eg ikkje brydde meg med å høyre på eller svare på. For eg brukte i staden tid til å vere oppteken av det som var verdifull visdom og kunnskap, ved å studere realfag og lese i Bibelen. Og eg ser ikkje akkurat nokon særleg grunn til at eg skal bry meg om å høyre på dei no heller, når eg ser på kva slags politiske saker dei er opptekne av, skal eg berre vere glad for at eg ikkje engasjerer meg politisk, slikt tullprat bryr eg meg ikkje med. Teologar og politikarar kan stelle seg fram på talarstolen og kanskje endåtil tenke seg og forestille seg at dei talar til meg, men eg er berre glad dess eg slepp å høyre på dei, så slepp eg å bry hovudet mitt med det. For eg har vitugare og meir verdifulle idear å tenke på.

Men når eg går på møte i karismatiske kyrkjelydar, får eg oppleve at her er menneske som Gud har valt ut og salva til teneste og som talar drevne av den Heilage Ande. Og det som er om å gjere for meg no, er å verte fylt av den Heilage Ande og vere brennande i ånda, meir slik som når eg var ung og så gå ut og møte andre menneske og fortelje dei om mi tru på Jesus. At Jesus salvar meg til teneste, så eg får oppleve å gå i ferdiglagde gjerningar.

Denne verda sin visdom er dårskap for Gud. Det viser seg framleis ved at dei driv med tullprat.

Så når ein ung mann vil ha seg ei kone, tek desse lærde seg av den saka som om det er ei sak han ikkje har noko med å gjere, dei talar om det og diskuterer det utan å gi han høve til å uttale seg om det og svare for seg. Dei talar over hovudet på ein mann og dermed over hovudet på mange andre også, som om dei er ei lærd overklasse, eliteparti av overmenneske og gudar. Då er det vel ganske klart at dei ikkje ivaretek hans interesser, men det er andre interesser dei ivaretek. Dette strir imot barnekåret vi får hos Gud ved trua på Jesus, av berre nåde. Likevel kallar dei det frigjering og spesielt kvinnefrigjering, men det kan nok best forklarast med at dei gjer menneska til salsvare som trælar.

Den samtala eller ”diskursen” som dei soleis driv på med kallar dei endåtil vitskap, tydelegvis. Til dømes den såkalla kvinne-forskinga og kjønnsforskinga, lausreve frå naturfag,  som dei driv på med på nokre institutt, samfunnsvitskapleg eller humanvitskapleg institutt eller kva det no er for noko, til dømes på Blindern.

Dette strir mot metoda i kristendomen. For i følgje evangeliet skal vi lese i Bibelen og søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, verte reinsa i Jesu blod og fylte av den Heilage Ande. Slik får vi åndeleg og rasjonalistisk innsikt. Så skal vi gå ut og møte folk og prate med dei og fortelje dei om vår tru på Jesus, forkynne evangeliet for dei. Når vi soleis går ut, får vi erfaring i det fysiske miljøet og spesielt ved å prate med andre menneske.

Til samanlikning strir det mot metodene i realfag, her har vi både rasjonalitet og erfaring, den hypotetisk deduktive metode er både rasjonalistisk og empirisk. Vi brukar rasjonalitet (forstand) og spesielt matematikk til å tolke og forstå det vi ser og sansar og til å kommunisere om det.

Språksansen, det å tenke symbolsk og å tenke på framtida og planlegge den, er den mest typiske menneskeleg eigenskapen som gjer dei suverene over dyra. Men når dei soleis talar over hovudet på folk, set dei den langt på veg ut av spel, nær sagt som om den vert skada og amputert. For menneske som prøver å bruke den, vert skvisa ut.

Det vert endåtilt framstilt som om deira bruk av språksansen og deira tankar for framtida er uvitskapleg, i følgje empirismen, for dei manglar empiri om det dei talar om. Men det er då ingen av oss som enno har erfart framtida. Og slik kan kravet om empiri alltid brukast til å konservere det beståande, men altså på den måten at det hindrar utvikling og framgang.

I det menneskets mest typiske eigenskapar, som særmerker dei framfor dyra, langt på veg vert sett ut av spel, degenererer menneske til eit meir dyrisk nivå, jfr. tilbeding av Dyret i Op.13. Men det blir heilt feil, for det høver ikkje med korleis menneska er skapte.

De prøver altså å organisere samfunnet ved å fortrenge den mest typiske menneskelege eigenskapen. Den mest avanserte eigenskapen til det mest høgtståande individet set de ut av spel. Og så prøver de å innbille dykk sjølv og andre at det er det som skal til for å frelse verda?

Eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt i mitt hjerte.

I 2009 byrja eg å gå på møte i Maranata og etter kvart gjekke eg jamt her og melde meg inn også. Eg skreiv, spesielt til leiinga i Maranata, om at hausten 1985 kom der ein bodskap i dFEF i M40, der Jesus sa til meg:” Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.” Eg forstår det slik at Jesus svarde meg på dette i ein bodskap der han sa at eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt meg i hjertet, Bodskapen 29.3.2015:

”Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.”

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg bad han frelse menneska som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone som andre prioritet. Når eg var i ten-åra, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg bad for ei jente som eg vart glad i, fekk eg oppleve at håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrendt i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt. Eg meiner eg opplevde det allereie når eg vart forelska i ei kristen jente når eg gjekk i 8. klasse på ungdomsskulen og eg opplevde det endå sterkare når eg vart forelska i ei kristen jente når eg gjekk på gymnaset, ho Virtuella. Og når eg studerte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet, opplevde eg det i forhold til henne Reella. Når eg gjekk på gymnaset byrja eg å gå i karismatiske kyrkjelydar og fekk oppleve at Jesus svarde på mi bøn, det vart tydeleg både når eg bad for henne Virtuella og henne Reella.

Siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,18….). For meg betyr det at vi skal ikkje gøyme oss for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet, men søke samfunn med han på evangeliets grunnvoll og leve i samfunn med han, slik som Adam og Eva før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Gud skaper oss i Kristus, til å gå i ferdiglagde gjerningar. Då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, mannens oppgåve var å dyrke og verne Edens hage og det var det kvinna skulle hjelpe han med. Jesus gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Slik ventar eg meg at han gir meg ei frelst kvinne til kone og slik ventar eg meg at vekkinga, livet, overfloda og fornyinga skal vere i den kristne forsamlinga. I dette tilfellet gjaldt det Maranata i Oslo.

Jesus har talt til meg slik i dFEF og i pinsekyrkjer også, i det siste har eg gått på møte i Sion Åheim og han talar til meg der også. Men eg er framleis medlem av Maranata Oslo og trur framleis Jesu har noko på gang for meg der.

Retning på livet.

Jesus sa han ville svare på mi bøn, kanskje ikkje i den retninga eg tenkte, men i den retninga og med det mål som han såg var best for meg. Bodskapen 23.1.2016:

Våk i bønna med takkseiing. Og når du våker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fyll mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken.

Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du befridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.

Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.

Vi veit at vegen til livet er smal, men om vi vandrar på den og tek av frå den, så skal vi få høyre ei stemme bak oss som seier: ”dette er vegen, vandre på den”. Jesus er vegen til Faderen, han er med oss. Og no har han nyleg sagt at han prøver å endre retninga på livet mitt. Bodskapen 3.11.2019:

A.

”Du føler at det har vore stilt lenge, du har ikkje merka nokon bevegelse i den Heilage Ande. Du føler at det har vore trott, men du lengtar ut av den situasjon som du er i. Då skal du vite det, mitt barn, at mitt tilbod står klart, kom til meg alle de som strevar og ber tunge byrder og eg skal gi dykk kvile. Eg har venta på deg, eg har venta på ditt svar og i dag så spør eg igjen, er du villig å gå vidare på vegen med meg. Du skal verte fyllt av meg, du skal få kjenne krafta ifrå himmelen på nytt i ditt liv. Det har gått på stumpane laust, no ei tid. Men du får også tilbodet no, mitt barn. Kom til meg. Eg ventar på deg.”

B.

”Der er menneske i ditt nærmiljø som sliter, som blør i livet. Dei ser inga meining, dei ser ingen vits. Der er også dei som har gått og teke – tenkt på tanken om å gjere slutt på det heile. Men du veit kva som er ditt nærmiljø, du veit kven du møter kvar dag. Men eg ber deg inn i rustningskammeret, til å ta på deg min fulle rustning og til å gå med nådens bodskap og fortelje at der er ein som elskar dei, der er ein som døde for deg og der er ein som har betalt prisen. Det er ikkje nødvendig å gå rundt i eiga kraft. Så ver frimodig, mitt barn. Ta imot det eg har å gi deg, åndeleg liv, til lækjedom, til overskudd, du skal få leve av det som er til overs. Så ver frimodig, mitt barn. Eg ventar også på deg, at du skal seie eit ja, til tenesta. Du har kjent at eg har trykt litt på, i livet ditt, ei forandring på retninga di. Eg ventar på ditt svar. Amen.”

Eg har fortalt om korleis eg bad for henne Virtuella og henne Reella og korleis eg fekk oppleve at Jesus svarde meg, både ved fylden av den Heilage Ande, at Anden herleggjorde og openberra Jesus for oss og ved bodskap gjennom tyding av tungetale. Jesus kalla meg til å søke han av heile mitt hjerte og då vedkjende eg at dette var heilt rett og at eg skulle ta parti med han forhold til dei begge. Han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg tenkte meg at det var til dei begge.

Men eg kjem ikkje forbi at det saka gjaldt for meg, var at eg bad Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone, då kom frelsa som fyrste prioritet, at Jesus frelser henne, at han gir meg henen til kone, kjem så som andre prioritet. Jesus sa at eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Då kan eg slå det saman og seie at han frelser henne som kona mi. Bodskapen 12.10.2014:

”Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.”

Slik som eg bad for henne Virtuella og slik som Gud svarde meg, var det vel ganske klart at det saka gjaldt var at eg bad Gud gi meg ei frelst kvinne til kone og det var det han svarde meg på, det var eigentleg det verk han  byrja på, med oss. Og han som byrja den gode gjering i oss, han skal også fullføra den. Det er i samsvar med Guds Ord, slik vi ser i Rom.8,1 og 1.Mos.2, det er i samsvar med Paulus si lære. Jesus gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, slik som vi ser i 1.Mos.2. Slik er den kristne vekkinga.

Men så viser det seg at der er så mange såkalla lærde som tydelegvis ikkje forstår seg på kva den kriste dåpen betyr, så dei vil ikkje godta at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal ha noko med Gud å gjere, dei gøymer seg for Gud med dårleg samvit, liksom Adam og Eva etter syndefallet.

Men når eg bad for henne Reella vedkjende eg for Jesus at eg ville ha henne til kone og fekk oppleve at han svarde meg på liknande vis. For nokre år sidan sa han at eg måtte komme til han slik som eg var og det minna meg om at det saka gjaldt for meg, var at eg hadde bedt han om ei frelst kvinne til kone og eg forstår det altså slik at det er ho Reella. Og eg forstår det slik ate g skal endre retninga på livet mitt ved at eg byrjar å be slik for henne i staden for henne Virtuella.

Ho Reella er biolog, så eg reknar med ho tenker biologisk om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og om hendsikta med det. Jesus har vist oss at Gud er kjærleik og den kjærleiken er mellom oss og skal vere det. Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunne med seg og Faderen. Han gir liv til vår sjel, så vi kan snakke med han og då kan vi vel også snakke med kvarandre.

Kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er ei naturleg og sjølvsagt sak og det meiner eg høver med det gode samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde, men det sentalre poenget her er at Jesus frelser oss for æva og gir oss evig liv. Den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome og suverent over den fysiske naturen og det er med det livet og den Anden at det naturelge vert sett i sitt rette stand. Gud er ånd og det som er født av Anden er ånd. Han har omsorg for sine born og slik har han omsorg for sine henders verk.

Det er fråfallet i kyrkja som er som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av syndefallet og det resulterer i ei fornying av antikk mytologi, både i kyrkja og utanfor kyrkja. Det er avgudsdyrking som er årsak til avspora seksualitet. Men ved at eg ber Jesus gi meg ei biologidame til kone, håper eg å erstatte denne mytologien med ekte vitskap.

Sjå i eit nytt perspektiv.

Med vår livsutfolding her på jorda, er vi alle verdslege autoritetar. Men i det vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, er vi ikkje berre verdslege autoritetar, for Jesus sigra over Djevelen, verda og døden og stod oppatt frå dei døde, han har fått all makt i himmelen og på jorda, det trur vi og vi bøyer oss for han og erkjenner at han er Herre. Vi audmjukar oss for han og vert fylte av den Heilage Ande og så let vi den råde i vår døyelege lekam. Den openberrar Guds Ord for oss og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre.

Med denne openberringa får vi sjå tilværet i eit nytt perspektiv, at Gud er alfa og omega, den fyrste og den siste, han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Ingen var før han og ingen kjem etter han og ingen verdsleg autoritet kan erstatte han. Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Bodskapen i Sion Åheim 13.1.2019:

Bodskap 1A. ”Ja, seier Herren, eg har ikkje forlete deg. Eg ser akkurat korleis du har det i denne augneblink. Eg ser korleis du har det på din kropp. Kanskje du har smerter i din kropp, men eg er lækjarane sin lækjar. Du høyrde om dei som rørte berre ved mine klædebånd. Og du skal få lov å kjenne at eg rører ved deg i denne stund. Du skal sleppe å gjere noko som helst, for eg vil besøke deg i denne kveldsstund, seier Herren. Du skal berre vere frimodig og ta imot det eg har til deg. Du skal få sjå frå ein annan vinkel, det som du har vore oppteken av i det siste, skal du få sjå ifrå ein annan vinkel. Og sjå, eg vil styrke deg, eg vil lækje deg, seier Herren.”

Bodskap 1B. ”Du har høyrt det mange gangar sagt, at eg er i går og i dag den same. Og det er ei sanning. Eg er i går og i dag den same, som då eg gjekk i fordoms tid. Eg gjekk omkring på jorda og gjorde alt vel. Sjå, eg er den som også skal setje saman folka på denne staden, seier Herren, og de skal få sjå folka komme og strøyme til. Og de skal få sjå, berre ver frimodig og vent på meg, ikkje gå foran meg, seier Herren, men berre vent på meg, de skal få klarsignal når de skal setje spada i jorda, seier Herren, når de skal vent på meg, når de skal opne dørene, så skal de få sjå det klart og tydeleg. Berre for eg er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Eg vil vere med dykk i dagane som kjem og eg vil vere med dykk i dette året de er gått inn i. Heilt til eg kjem att på skya og hentar mi brud, så skal mange her på denne staden, vere med opp i skya og saman møte dei som er der oppe. Amen.”

Verdslege autoritetar tenker og talar og kommuniserer med kvarandre og utøver makt ved fysisk berøring, som når vi slår inn ein spikar med ein hammar. Det vi ser, høyrer og sansar er også fysisk berøring, men det er ikkje utøving av makt på same måten. Ein bodskap må kodast, sendast og mottakast og verte forstått for å få til kommunikajson, det kan vere utveksling av informasjon, forslag til samarbeid og/eller tussel om fiendskap.

Men i følgje Bibelen er likevel Gud som gjer sitt verk med oss, veds itt Ord og sin Ande og i det vi let oss forsone med han på evangeliets grunnvoll, let vi han gjere det i våre liv. Medd en openberringa han gir oss ved sitt Ord og sin Ande, får vi sjå tilværet frå ein ny vinkel, at Gud er ånd og han røre ved oss med sin Ande og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.

Jesus har noko til meg, eg skal berre tru på han av heile mitt hjarte.

Eg har bedt Jeus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket.

Gud skaper oss i Kristus Jesus, til å gå i gode gjerningar som han har lagt ferdige for at vi skal vandre i dei. Då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no, Adam skulle dyrke og verne Edens hage og det det var det Eva skulle hjelpe han med. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Har vi fått Kristis Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst. Då skal vi også leva for han. Så den Kristne vekkinga har dette som mål og hendsikt.

Jesus har jamt og trutt minna oss om at det er viktig for oss å verte fylte av den Heilage Ande. Ved fylden av den Heilage Ande får eg kjenne at Jesus lever i mitt hjerte. Då er det også viktig for meg å tru på han som den som lever i mitt hjerte. Og så tru at han gir ånd og liv til henne som han vil gi meg til kone og så vekke henne også opp til liv med seg og Faderen. Så har eg håp om at han vil gi meg ei kone på denne måten, som svar på mi bøn og i samsvar med sitt eige Ord (1.Mos.2). Han seier visst at det er berre å ta imot, det er til meg. Og det har seg no slik at vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Så det er berre om å gjere å ta imot det som er gratis og verte fylt av den Heilage Ande. Bodskapen i Sion Åheim 25.8.2019:

Bodskap 1A. ”Ja, seier Herren, du har søkt meg mange gangar og mange gangar har du gått skuffa bort, seier Herren. Det har ikkje skjett noko og du tvilar på om det i det heile teke skal skje noko. Men eg seier deg, hald ut, mitt barn, hald ut og frykt ikkje. Stol på meg, eg har full kontroll over ditt liv, seier Herren. Eg har full kontroll over deg. Eg ser kva du styrar med, eg ser kva det du – du styrer med i din kvardag, der du går omkring, der du er, så ser eg kva du styrer med og eg veit også kva du skal møte. For eg har full kontroll, stol på meg, seier Herren. For eg har verkeleg full kontroll over ditt liv, så ver ikkje -, ver ikkje -, slutt ikkje å søke meg, for eg vil svare i mi tid, seier Herren. Søk inn til meg og søk meg, av heile ditt hjerte, seier Herren.”

Bodskap 1B. ”Du har mange gangar tvilt på om eg verkeleg lever, seier Herren. Men sjå, eg lever, og eg er den same i dag som i fordums tid. Eg er den same som går omkring i benkeradene her i denne stund. Eg vil røre ved deg i denne stund. Om ikkje du retta opp di hand, eller du – eg ser til ditt inste hjerte og din inste lengsel. Eg vil røre ved deg i denne stund, seier Herren, og det skal verte eit føre og eit etter, seier Herren. Du skal få oppleve at eg kjem til deg. Og eg vil – din lækjedom skal gå over tid, seier Herren. Du skal verte stadig betre av det som du plagest av, seier Herren. Du skal berre få sjå, at når du stolar på meg, av heile ditt hjarte og ikkje tvilar, så skal det skje. Men vit, eg også ser til deg som tvilar, seier Herren. Eg ser til deg som tvilar, eg har deg verkeleg kjær, seier Herren. Du er dyrebar i mine auge og eg vil at du skal stole på meg, eg forlangar det ikkje seier Herren, men eg vil at du skal ta meg på alvor. Og du skal sjå, du skal sjå større ting enn det som du har sett hittil, seier Herren. Du skal få sjå det lille og du skal bli også det store – den store samanheng. Og du skal få sjå, eg er i går og i dag den same, til evig tid. Amen.”

Protest mot mine referat frå møte i Maranata på mi bloggeside.

Protest frå JLL.

Ein som går på møte i Maranata Oslo, JLL, sende meg sms-meldingar om at det vart protestert mot at eg refererte til møte i Maranata på mi bloggeside. Eg hadde i lang tid gjort lyd-opptak av bodskap som kom gjennom tyding av tungetale og siste åra brukte eg ein smart mobiltelefon, så eg også fekk filme det. Så flytta eg til Sunnmøre og fekk ikkje vere med på møta lengre. Men no hadde han byrja å filme møta og legge dei ut på internett. Han tipsa meg om det, så eg fekk det med meg og det var no bra.

Men så sa han at Maranata kravde eigedomsretten til det som dei hadde produsert og kravde at eg skulle slette alle mine referat til møta. Men det nekta eg. Han byrja å filme for TVØstfold og la ut møta på livestream.com og la ut link til dei på Maranata si heimeside og på si eiga facebookside. Så sende han meg sms om at han og TVØstfold vurderte søksmål mot meg fordi eg hadde referert til møta.

Då sletta eg dei møtereferata der eg hadde link til filmane hans. Det avgjerande for meg då, var at Jesus har kalla meg til å snakke med han, så eg vil ikkje kaste bort tid på å snakke med ein kvan annan i staden. Jesus har kalla meg til å gå ut og forkynne evangeliet, då må eg passe på at eg ikkje kastar bort tid på unyttige diskusjonar og gagnlaust tullprat. Eg har ikkje råd til det heller.

Her er sms-ane:

Først 30.1.2019.

 

JLL:

Hei Torbjørn. Fjern Maran Ata fra innleggene dine nå. Jeg vil ikke at du bruker det. Jeg blir nedringt med at det er flere skrivefeil. Nå har du fått klar beskjed. Vi går ikke god for det du skriver, dessuten er det flere skrivefeil i det du la ut i går. Når du gjør dette ser det ut som det er gjort i fullfart og det ser ut som det er gjort med en viss vilje. Mvh. Jan Ludvig Ludvigsen Mvh. Jan Ludvig Ludvigsen

Eg:

Eg skriv det på nynorsk ja.

Dersom dei vil ha forandring på noko, kan dei kommentere det, eventuelt kontakte meg direkte. Eg står sjølv inne for det som eg skriv. Eg går ikkje med på ei slik innskrenking av min ytringsfridom. NO har du fått klar beskjed.

JLL:

Du vil da bli rapotert. Mvh. Jan Ludvig Ludvigsen

Så 10.11.2019:

JLL:

Hei. Åndsverksloven er klikkene klar. Jan Ludvig Ludvigsen og TV Østfold vurderer søksmål mot deg. Erstatningskravet vil bli satt i forhold til gjeldene lover og satser. Videre bruk av våre copy beskyttet bilder, og eller filmsnutter vil bli politianmeldt. Til din orientering kan det dreie seg om størrelse på 150.000 kr. Mvh. Jan Ludvig Ludvigsen

Kven eig kva og kven gjer kva?

Dei som har teke imot Kristi Ande, tilhøyrer han og er frelst. Då skal dei også leve for han. Det gjeld for den einskilde og for den kristne kyrkjelyden. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande og det må vi ære og takke Gud og Lammet for (Joh.Op.4).

Jesus døyper oss med ein Ande til å vere ein lekam, slik utruster han oss med ulike nådegåver, så vi skal tene kvarandre med dei i hans kyrkjelyd. Vi kan ha ulike nådegåver, men då er det samtidig noko som kyrkjelyden hans skal ha (sjå bodskapen 29.3.2015). Jesus svarar på mine bøner, han svarar på dei heilage sine bøner og det gjer han gjennom tyding av tungetale. Då er det om å gjere for oss å tru på det med hjertet og forstå det med hjertet. Den som har øyre, han høyre kva Anden talar til kyrkjelydane.

Men så påstår JLL at han og TVØstfold eig det som han har filma frå møta i Maranata og viser til åndsverkslova og vil forby meg å referere til det og trugar med å melde meg til politiet og krevje erstatningskrav for det. Som om det er han og TVØstfold som har gjort sitt verk og eig det som har vorte sagt i den kristne forsamlinga? Som om det at han filmar for TVØstfold erstattar det at Jesus høyrer mine bøner og bønene til dei heilage.

Men det er då dei som har gjort teneste i kyrkjelyden som har gjort sitt verk, ved den nåden og utrustninga som Jesus har gitt dei og eg ventar meg at dei vil vedkjenne at det er han som brukar dei, dei er hans eigedom og han brukar dei som sine reiskap. Dei talar Guds Ord og det er framleis Guds Ord. Ingen verdsleg autoritet kan gjere krav på det som om dei var gudane som sa det. Men Jesu Ord er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Ved trua på han får vi ta imot det gratis, av berre nåde, så vi får oppleve at det er ånd og liv for oss. Slik sett blir det vår eigedom og vi blir hans eigdeom, for det er framleis hans Ord og hans Ande.

Gud er ånd og han talar sitt Ord til oss og gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Då er det ingen verdsleg autoritet som kan komme og påstå at det var dei som talte sitt ord i staden og som gjorde sitt verk og så krevje betaling for det.

Poenget med å referere og dokumentere.

For 40-50 år sidan vart det protestert mot den karismatiske rørsla, det folk fekk høyre var det som vart sagt i massemedia og slikt som tungetale og tyding vart framstilt som om det var noko idiotisk tullprat, lækjedom ved bønn var eit narrespel for å lure pengar frå folk og det var rrisikabelt for dei som eigentleg trengde lækjar. Dei prøvde ikkje å forstå, men avviste det og protesteerte. Men eg forstår det som svar på bønn og slik har eg skrive om det og fortalt om det, så menneske får vite korleis eg forstår det. Eg er viss på at det har hjelpt mange til å forstå det. Det er ikkje sikkert eg forstår alt rett og det hindrer ikkje andre i å forstå det annleis, vi ser stykkevis og delt, men det er viktig for oss å høyre og forstå med hjertet. Eit vesentleg poeng med å referere til ein film som er lagt ut på internett, er å dokumentere, så andre kan sjekke det. Men dersom de no protesterer mot det, bør de spørje dykk kva som er alternativet, vil de heller ha folk som protesterer og avviser det?

På facebook og youtube er det ein dele-knapp og då vil det no vere merkeleg om den som har lagt ut artikkelen eller filmen vil nekte nokon å bruke den. Som oftast oppfordrer dei heller folk til å gjere det, for dei vil gjerne nå flest mogleg med det. Den innstillinga ventar eg meg frå dei som forkynner evangeliet også, for det er ikkje for sin eigen del dei gjere det, men for andre sin del. Kornet må no såast ut før grøda kan haustast.

Det som vert sagt i massemedia vert lagra på data, så det kan dokumenterast, så aviser og fjernsynstasjonar kan referere til kva som har vorte sagt både av dei sjølve og andre. Dei som har sagt eller skrive noko kan verte konfrontert med det og kravt til rekneskap for det, då er det viktig for partane å kunne dokumentere det, så det ikkje vart krangling om kva som vart sagt. La oss til dømes tenke oss at nokon vil gå til rettssak mot VG på grunn av noko dei har skrive. Men så legg VG seg på den linja at dei ikkje vil tillate nokon å referere til det som har vorte skrive i avisa, fordi dei hevdar at det er deria eigedom. Sidan dei har skrive om ei sak, krev dei monopol på å uttale seg om den saka. Så endåtil den som dei skreiv om ikkje får lov til å uttale seg og svare for seg. Dette er justismordet satt i system, det har vore tradisjon i kyrkje og kristne organisasjonar i fleire hundre år. Men vi ser det også i moderne massemedia og i postmodernismen har det eskalert.

I 20 år har eg gjort audio-opptak av bodskap som er komne gjennom tyding av tungetale og det viktigaste er sjølvsagt å få med meg alt, så nøyaktig som mogleg og ta vare på det, så eg kan minne meg sjølv på det. Eg gleder meg over det som noko verdifullt og eg gleder meg over å dele det med andre. Då synest eg det er rart at de vil forby meg det. Er de kanskje ikkje i stand til å stå inne for det som de seier og som de legg ut på internett? Men Kristus står inne for det, han vart kravt til rekneskap og då døde han i staden for oss. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han.

Jesus er trufast mot dei som han har kalla og valt ut.

Gud er mektig nok til å gjere slik som han vil. Men han har valt å gjere seg avhengig av menneske. Han brukar menneske som har teke tilflukt hos han. Jesus kallar og vel ut menneske til å følge han og tene han og han er trufast mot dei som han har valt ut. Det viste han ved at han døde i staden for oss.

Jesus sa til meg, på møte i Maranata, at eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt i mitt hjerte. Det prøvde eg i Maranata Oslo og gjer det framleis og det prøver eg i Sion Åheim. Jesus har kalla og valt ut menneske som han brukar, både i Maranata og i Sion Åheim og han vil vere trufast mot dei og bruke dei framleis.

Han har kalla og valt ut meg også og vil bruke meg og då er han trufast mot meg også. Han har sagt eg skal sjå til at eg bidreg med det som Gud har gitt meg i hjertet, han har minna meg om å kveike den nådegåva som er i meg. Eg har prøvt å bidra med skriveriet mitt og det er då tydeleg at det får respons i kyrkjelyden ved at andre bruker sine nådegåver, Jesus svarar meg gjennom tyding av tungetale. Ja, Jesus har då sagt at vi skal be til Faderen i løynkammeret, så vil han løne oss opp i dagen.

Det som vert sagt går sjølvsagt an å høyre på filmen. Men korleis kan då den som filmar det påstå at dette er hans verk og hans eigedom? Kva med alle dei som brukar sine nådegåver til å tene dei andre med og kva med alle dei andre som let seg betene slik? Skal journalisten som filma det kunne komme og hevde at dette er hans verk og hans eigedom og dei får det ikkje utan at dei betalar han for det? Det strir i så fall mot den glade bodskapen, for i følgje den får vi det gratis, av berre nåde, ved trua på Jesus.

Gjere slutt på den kristne fridomen?Demokratiets undergang?

Den frigjerande bodskapen i evangeliet har vore grunnleggande viktig for utvikling av fridom og demokrati. Det viser historia. Demokrati over røysteseddelen er likevel ikkje grunnleggande viktig for den kristne kyrkja, den er kun bygd på evangeliets grunnvoll. Men når de vil innskrenke den kristne fridomen, korleis går det då med samfunnet elles og spesielt med demokratiet?

Vi kan samanlikne med undergangen av demokratiet i det gamle Hellas. Dei lærde vart kalla sofistar og var pratmakarar, journalistar og advokatar. Men dei var korrupte og prosessen mot Sokrates vart avslørande for lovløysa og gjorde sitt til at demokratiet gjekk under. Menneska røver å gjere ein jobb til gagn både for seg sjølve og andre, både med sitt fysiske arbeid, sine studier og sitt teoretiske arbeid, med å tenke og tale. Samfunnsvitarar og journalistar observerer det som skjer, filmar det og skriv om det, det kan vere dokumentar og i tillegg er der diktarar som diktar i hop noko. Men korleis skal det gå om desse prøver å framstille det som om det er dei som gjer jobben og soleis prøver å erstatte dei som eigentleg tenker, talar og jobbar konstruktivt for å skape verdiar for seg sjølve og i samfunnet? Kvar blir det då av det som eigentleg er av verdi for folk?

Er det kanskje ikkje nettopp noko så meiningslaust og verdilaust dei har påvt å få til med sin kulturrevolusjon og kvinnerevolusjon? Det er å samanlikne med avgudane som ingen hadde noko gagn av.

Jesus har sett framfor meg ei open dør.

Jesus har nyleg sagt til meg at eg har lite kraft, men eg har ikkje vendt meg bort frå min fyrste kjærleik, eg skulle sjå at han har sett fram for meg ei open dør.

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,8 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

JOH 10,1 – JOH 10,10 {EG ER DØRA}  Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Jesus er døra inn til sauene og den som går inn gjennom den blir hyrding for dei. Det høyrest no litt merkeleg ut, for han er den gode hyrdingen som gjæter dei. Eg tenker meg at eg går inn gjennom døra, men berre i eigenskap av at han er hyrding for meg. Det vesentlege og verdifulle poenget er no at han får gjæte og leie både meg og resten av sauegjengen. Sauene går inn og blir frelst dei går inn og dei går ut og finn beite.

Jesus sa at vi skulle tru på han og elske han og halde oss til hans ord og elske kvarandre. Så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 6,35 Jesus svara: “Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.

JOH 6,47 – JOH 6,48 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød.

JOH 6,53 – JOH 6,58 Jesus sa til dei: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. 57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.”

JOH 6,63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.

JOH 13,34 – JOH 13,35 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.”

JOH 14,15 – JOH 14,23 {LOVNAD OM DEN HEILAGE ANDE}  Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  [talsmann: Det greske ordet kan òg tyda: hjelpar, trøystar, advokat.] 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21   Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.” 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: “Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?” 23 Jesus svara:  “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

Eg har fortalt om korleis eg bad for henne Virtuella og fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne og om korleis eg bad for henne Reella og fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne. Eg skal søke Herren av heile mitt hjarte, så eg skal ta parti med han i forhold til dei begge.

Eg skal søke Herren av heile mitt hjarte og då må eg komme til han slik som eg er, eg må innrømme at det saka gjaldt for meg, var at eg hadde bedt han frelse menneske og gi meg ei frelst kvinne til kone, så eg vil søke han av heile mitt hjarte ved at eg kjem til han med den saka og let han få ta seg av den. Så ventar eg meg at han kjem meg i møte, at han kjem til meg og til oss og til henne som han vil gi meg til kone og openberrar seg for oss og talar til oss.

Slik trur eg han vil gjere meg til kanal for si velsigning. Det er nok mange som vil bygge demningar for å stoppe Guds velsigning, men det held ikkje i lengda, demningane brest. Ingen klarer å stoppe Guds Ord og Guds Ande.

Manga gangar har eg skrive om at Kristus openberra seg for meg og henne Virtuella og seinare for meg og henne Reella. Fordi det er viktig. Korleis då? Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, han er Guds Ord og den Heilage Ande openberrar det for oss og leier oss fram til heile Sanninga, som er Kristus, så den set oss fri. Han er døra inn til sauene, den som går inn gjennom døra blir frelst og blir hyrding for sauene og då er det i eigenskap av at Kristus er den gode hyrdingen for oss alle. Sauene går inn  og går ut og finn beite.

Han har sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør, der eg er kalla til å gå inn, han ynskjer meg velkommen inn. Så korleis ser eg det? Han er døra, så det er ved at den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for meg og for oss.

Brurmøyane.

I likninga om brurmøyane (Matt.25) stod ti brurmøyar og venta på at brudgomen skulle komme og dei få vere med inn til bryllaupsfesten. Alle hadde lys i oljelampane, men det drygde før han kom og alle sovna. Dei vart vekte av eit rop om at brudgomen kjem og dei ville gjere lampane sine klare, dei trengde påfyll, men det var berre fem av dei som hadde vore vise nok til å ta med seg olje i kanner i tillegg. Dei fem uvituge spurde dei fem vituge om å få olje, men fekk som svar at då hadde dei ikkje nok til seg sjølve. Dei fekk heller gå og kjøpe seg olje og dei så gjorde. Men då vart dei for seine. Dei banka på, men brudgomen svarde at han ikkje kjende dei.

MTT 25,11 – MTT 25,13 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: “Herre, herre, lat opp for oss!” 12 Men han svara: “Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.” 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

Dei kjøpte seg olje, så dei fekk det som forteneste altså. Dei vituge trengde ikkje gå og kjøpe seg olje, dei hadde nok likevel. Og kvifor det? Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord. Derfor er det viktig å høyre på den og lese i Bibelen. Tek vi oljen som symbol på den Heilage Ande, så veit vi at vi får den ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Guds nåde er nok for oss.

Eg studerer ikkje realfag for å få den Heilage Ande, det er heller slik at eg studerer realfag fordi eg allereie har fått den Heilage Ande, for den ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Eg arbeider ikkje for å få den Heilage Ande, det er heller slik at eg arbeider for å oppnå noko, fordi eg allereie har fått den Heilage Ande gratis, av berre nåde.

Jesus sa at vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Og vi tek imot Guds rike som små born, ved fyldena v den Heilage Ande.

MRK 10,15 Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.”

LUK 17,21 Ingen kan seia: “Sjå her er det,” eller: “Der er det.” For Guds rike er midt imellom dykk.  [Siste delen av verset kan omsetjast: For Guds rike er inne i dykk.]

Jesus har gong på gong minna meg om å verte fylt av den Heilage Ande, slik er vel den åndelege velsigninga. Og så har han sagt at eg skal ikkje mangle noko. Nei, for den materielle velsigninga kjem vel som resultat av den åndelege velsigninga. Når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så er ho fødd på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Då er den åndelege velsigninga der. Då ventar eg meg også den materielle velsigninga ved at ho kjem til meg fysisk og vert til hjelp for meg på den måten også.

Når vi liksom dei fem vituge brurmøyane har nok olje med oss, på kanner it tillegg til lampane, så erkjenner vi at Guds nåde er nok for oss, så det er om å gjere for oss å nytte oss av det, ved fylden av den Heilage Ande. då innser vi vel at det er om å gjere for oss å verte fyllte av den Heilage Ande, slik at Gud på den måten får ta omsorg for oss og tilfredsstille all vår trong i herlegdom i Kristus Jesus.

FIL 4,19 Og min Gud skal etter sin rikdom fullt upp bøta på all dykkar trong i herlegdom i Kristus Jesus.

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Vitne for dei vi møter i kvardagen og då kjem vår familie og vår næraste slekt i ei særstilling.

Når eg var ein liten gutunge lærde mor mi meg å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og bed han frelse mi næraste slekt og bydafolket og be for folket og landet. Etter kvart forstodet eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gi meg ei frelst kvinne til kone. Når eg byrja på gymnaset byrja eg å gå i frie evangeliske kyrkjelydar og fekk oppleve at Jesus svarde meg på den bøna både gjennom forkynninga av ved bodskap som kom gjennom tyding av tungetale, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Slik har han helde fram med å svare meg jamt og trutt sidan, sjølv om det enno ikkje har vorte noko av.

Eg tenker meg at desse enkle bønene heng saman, at eg ber han gi meg ei frelst kvinne til kone, heng saman med at eg ber for min familie, mi næraste slekt, bygdafolket, kollega, medstudentar, dei som eg møter i lokalmiljøet. Eg tenkte meg lenge at eg skulle la Jesus ta seg av mi sak og gjer meg til vitne på den måten. Men eg skal no uansett søke han i løynkammeret og gå ut og vitne om han og det er visst det som trengst for å få framgang i saka.

Eg vil sitere nokre bodskap som tyder på det. Bodskapen 11.8.2019:

”Eg kjenner deg, seier Herren, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min. Eg kjenner dine gjerningar og eg veit at du har lita kraft. Eg veit at du føler deg tilkortkommen og skrøpeleg og fattig. Eg veit at du føler du ikkje strekk til, men det er ikkje heile sanninga. For sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør. Ei opa dør som berre eg kan opne. Ei opa dør som ikkje du treng å presse deg gjennom. Men ei opa dør som eg seier velkommen gjennom. Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg. Du treng ikkje å – å minne meg om din eigen fattigdom, men eg vil at du skal påkalle meg av heile ditt hjerte. Eg vil at du skal opphøgje namnet mitt, for eg er rik nok, eg er sterk nok, seier Herren. Eg er frimodig nok og eg bur i ditt hjerte. Eg sende talsmannen, den Heilage Ande, for at du skulle kjenne og vite, at eg lever i deg. Og eg sende også talsmannen for å førebu ein veg, midt i øydemarka, for å skape liv, der som ingen andre kunne tru at det var mogleg. Eg har sendt den Heilage Ande, for å førebu menneske på denne stad, for å ta imot evangeliet. Og de skal få sjå ting som de ikkje trudde var mogleg. Fordi eg førebur, eg førebur nytt liv, eg førebur nye menneske. Og eg ynskjer å bruke deg, på tross av din skrøpelegdom. Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete den første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.

Bodskapen 3.11.2019:

A.

”Du føler at det har vore stilt lenge, du har ikkje merka nokon bevegelse i den Heilage Ande. Du føler at det har vore trott, men du lengtar ut av den situasjon som du er i. Då skal du vite det, mitt barn, at mitt tilbod står klart, kom til meg alle de som strevar og ber tunge byrder og eg skal gi dykk kvile. Eg har venta på deg, eg har venta på ditt svar og i dag så spør eg igjen, er du villig å gå vidare på vegen med meg. Du skal verte fyllt av meg, du skal få kjenne krafta ifrå himmelen på nytt i ditt liv. Det har gått på stumpane laust, no ei tid. Men du får også tilbodet no, mitt barn. Kom til meg. Eg ventar på deg.”

B.

”Der er menneske i ditt nærmiljø som sliter, som blør i livet. Dei ser inga meining, dei ser ingen vits. Der er også dei som har gått og teke – tenkt på tanken om å gjere slutt på det heile. Men du veit kva som er ditt nærmiljø, du veit kven du møter kvar dag. Men eg ber deg inn i rustningskammeret, til å ta på deg min fulle rustning og til å gå med nådens bodskap og fortelje at der er ein som elskar dei, der er ein som døde for deg og der er ein som har betalt prisen. Det er ikkje nødvendig å gå rundt i eiga kraft. Så ver frimodig, mitt barn. Ta imot det eg har å gi deg, åndeleg liv, til lækjedom, til overskudd, du skal få leve av det som er til overs. Så ver frimodig, mitt barn. Eg ventar også på deg, at du skal seie eit ja, til tenesta. Du har kjent at eg har trykt litt på, i livet ditt, ei forandring på retninga di. Eg ventar på ditt svar. Amen.”

Eldste bror min pratar eg med neste kvar dag, så då var det ikkje lenge før eg sa til han at eg var på dette møtet og då var han Jesus der også og han sa at han elska oss og det skulle eg seie til dei som eg møtte på min veg. Ein gong eg besøkte han, ringde nest eldste bror min frå Seattle og då sa eg det til han også.

I denne bodskapen var det tale om retninga mi og då har eg tenkt på kven det er han gir meg til kone. Men deet har då opplagt med metode å gjere, at eg skal vinne meg ei kone i helging og vi veit at vi vert helga ved å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande. Men så skulle vi også gå ut og vitne om han. Og det er slik vi skal arbeide for å få framgang for Guds rike og Guds sak og då er det vel slik eg skal få framgang for mi sak også.

I det høge og heilage og hos den audmjuke.

I det gamle testamentet er det fortalt at jødane audmjuka seg for Gud ved å minne han om at dei er støv. Det minner om at Gud sa til Adam, etter syndefallet, at han var mold.

SLM 103,8 – SLM 103,16   Mild og nådig er Herren,  langmodig og rik på miskunn.  9   Han kjem ikkje alltid med klagemål  og er ikkje evig harm. 10   Han gjer ikkje med oss etter våre synder  og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.  11   Så høg som himmelen er over jorda,  så stor er Herrens nåde  over dei som ottast han. 12   Så langt som aust er frå vest,  så langt tek han våre synder bort frå oss.  13   Som ein far er miskunnsam mot borna sine,  er Herren miskunnsam  mot dei som ottast han. 14   For han veit korleis vi er skapte,  han kjem i hug at vi er støv.  15   Menneskelivet er som graset.  Mennesket er som blomen på marka. 16   Når vinden fer framom, er han borte,  staden han stod på, veit ikkje meir av han.

JES 57,15   Så seier han som er høgt opphøgd,  han som tronar evig og heiter Den Heilage:  I det høge og heilage bur eg  og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.  Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde  og hjarta til liv hjå dei knuste.

SLM 51,18 – SLM 51,19   For slaktoffer har du ikkje hug på;  kjem eg med brennoffer, vil du ikkje ha det. 19   Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd.  Eit sundbrote og knust hjarta,  det vanvørder du ikkje, Gud.

Kain og Abel.

Abel bar fram eit betre offer enn Kain og derfor brydde Gud seg meir om Abel enn Kain. Men Kain vart misunneleg og slo han i hel.

HEB 11,4   I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

1JO 3,12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

HEB 12,24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om å verte som småborn, for å komme inn i det, vi må ta imot det som småborn, vi får det gratis av berre nåde, ved trua på Jesus. Gud gir oss visdom ved sitt Ord og sin Ande. Då kan det vere mange lærde som vil prøve å erstatte dette riket og denne visdomen og derfor er dei fiendtlege til oss.

Eg lever framleis i mi barnetru, Jesus er med meg og lever i meg. Gud svarer på mine bøner, slik gir han meg stor merksemd, til samanlikning med Abel, då kan det vere mange som vert misunneleg på meg og hatar meg for det, til samanlikning med Kain. Det er sikkert mange som meiner eg ikkje er rette typen til det, eg er ein fiskar frå ein avsides plass i ei bygd på Sunnmøre, eg er realist med høgare utdanning i realfag.

Eg meiner eg har søkt Sanninga når eg har lese i bibelen og høyrt forkynninga av Guds Ord og teke imot det i tru, når eg søkt samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Og når eg har vedkjent mi tru på Jesus, så har eg sagt Sanninga. Og når eg har studert realfag, så har eg også søkt sanning, eg har snakka med Jesus medan eg har studert realfag.

Så kvifor er det eit problem for ei såkalla lærd overklasse? Sikkert nok fordi deei har tradisjon av å framstille seg sjølve som ei lærd overklasse ved å lyge seg til det. for å klare det, treng dei å framstille ein stor del av folket som dumme og vonde nok til å gå med på det.

Eit samfunn av menneske infiltrert av parasittar.

Det er mykje vondt og smertefullt som skjer og det vert brukt som argument mot trua på at ein allmektig Gud som er god har skapt alle ting. Til dømes at ein makk kunne komme inn i auget til ein liten gut og gjere han blind. Då er utviklingslæra betre egna til å forklare det. Men trua på Bibelens Gud utelukker ikkje at noko skjer tilfeldig, for både menneske og dyr har fri vilje i den forstand at dei har moglegheit til fri livsutfolding og det er vesentleg for at dei i det heile teke skal kunne overleve. Det viser seg ved at Gud skapte og så overlet han det til seg sjølv, men følgde med og såg korleis det gjekk. Så konkluderte han med at det var godt. Og så skapte han noko nytt dagen etterpå.

Ormen lokka Eva med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Men det var dei likevel ikkje kompetente til, med den kunnskapen vart dei eigentleg inkompetente, så dei fall ut av den opphøgde stillinga dei var i, innfor Gud. Gud var ånd, men mannen var mold og til molda skulle han attende.

Det som skjer når moralfilosofar med den kunnskapen dei fekk av kunnskapstreet, argumenterer mot trua på at Gud er god og allmektig, er at dei konkluderer med at den fysiske naturen er vond og det gjeld guten som fekk ormen inn på auget også, som om det var hans eigen feil, som om det er hans eigen natur som er så vond.

Det viser seg når ein ung gut kjem opp i den alderen at han vil ha seg ein kjæraste og ei kone, då held dei det for å vere den vonde naturen. Men Bibelen gir ei betre forklaring, at Gud sette strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt. Vi forstår at det gjeld menneskelivet. Sjølv om ormen var det sløgaste rovdyret, så er menneska langt meir avanserte og høgtståande. Ormen vart degenerert ved at han måtte skride på buken (utryddinga av dinosaurane) og ete mold. Mannen også vart degenerert ved at Gud sa til han at han var mold og til molda skulle han attende. Men så sett sette altså Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Og då er det viktig for oss å vere klar over kva som er dei typisk menneskelege eigenskapane som gjer oss til ein meir høgtståande skapning. I fylgje naturvitskapen er det vår evne til å bruke reiskap, ved den godt utvikla tommelen. Så at vi er det mest høgtståande pattedyret, med mest omsorg for avkommet. På toppen av det heile dei intellektuelle evnene, språksansen og evna til å tenke fram i tid og planlegge.

Men så viser det seg at såkalla ”lærde”, med sin moralfilosofi, prøver å kriminalisere den einskilde mann sin bruk av desse evnene, då er det tydelegvis ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt.

Evangelisk kristendom og ekte vitskap eller postmoderne antikristendom og antivitskap. Vituge eller uvituge brurmøyer.

Dei ti brurmøyane hadde først olje på lampane sine alla saman. Eg forstår det slik at oljen er symbol på den Heilage Ande. Den har vi fått ved trua på Jesus av berre nåde, gratis utan krav om gjerningar. Vi har ikkje gjort oss fortente til det, men vi må ære og takke Gud og Lammet for det. Og den nåden Gud gir oss i Kristus er nok.

Men fem av brurmøyane var ikkje så kloke at dei hadde teke med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei brukte opp oljen og lampane slokna. Dei hadde ikkje noko olje, som om nåden ikkje var nok for dei altså. Dei kloke trur, veit og reknar med at nåden er nok, men dei som ikkje er kloke, trur og veit det ikkje og reknar ikkje med det. Så dei gjekk stad og kjøpte seg olje i staden, den fekk dei av forteneste altså. Men då vart dei for seine, når dei kom og banka på gav brudgomen dei det svaret at han kjende dei ikkje. Kvifor det? Han hadde då sagt at alle som kjendest ved han for menneske, ville han kjennast ved. Men det hadde dei altså ikkje gjort. Det var nok ein annan slags olje, ei anna ånd.

Paulus sa at den som forkynte eit anna evangelium enn det som han hadde forkynt, skulle vere forbanna. Dersom dei tok imot eit anna evangelium, ville det bety å få ei anna ånd (Gal.1,6-9, Rom.8,15, 2.Kor.11,2-4).

Paulus lærer oss at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og han grunngav det både utifrå skapingssoga og evangeliet. I det han grunngav det utifrå skapingssoga, blir det klart at det stemmer overeins med naturvitskapen. Dette har kvinnerørsla og norske politikarar protestert mot, inkludert Krf. Det blir presentert som kristendom, men eigentleg er det antikristendom. Det blir presentert som vitskap, men eigentleg er det antivitskap.

Jesus sa at Gud er god og han gir son sin gode gåver.

LUK 11,5 – LUK 11,13   Så sa han til dei: “Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: Kjære, lån meg tre brød, 6 for ein ven som er på ferd, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han. 7 Trur de at han der inne då vil svara: Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko. 8 Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det fordi det er venen hans, så står han då opp og lèt han få alt han treng fordi han er så pågåande. 9   Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate. 11   Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!”

Korleis har det seg då at de har så mykje imot at Gud gir son sin gode gåver? Vi har sett døme på korleis det vert argumentert mot trua på at Gud er god. Men forklaringa på det er at de vert forførde slik som ved syndefallet. Med den kunnskapssøkinga søker de etter argument mot at menneske skal ta imot Guds Ande og komme inn i samfunnet med han og leve i det. Slik prøver de å finne motiv for dykkar hat, så det er altså rasjonaliteten i kunnskapssøkinga dykkar, det er ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt.

I fylgje Bibelen skapte Gud kvinna for at ho skulle vere ei hjelp for mannen. Det har de protestert imot. Kva er alternativet? Å bruke hennen til underhaldning? Til politikk, så det også vert underhaldning? Men altså, i det det er i slikt fundamentalt, religiøst fiendskap og hat mot mannen, så er det djevelen som brukar henne til å drive utspekulert djevelskap med og slik er politikken dykkar.

Det er visst mange kristen-platonistar og kristen-sosialistar som vanvørder dei som trur på Jesus og vedkjenner at han lever og er med dei. Spesielt dersom det er ein ung mann som trur på han og kjennest ved han, endåtil når han vert glad i ei jente og vil fri til henne. Dei held han for å vere så ulærd, dum og vond at dei ikkje vil snakke med han, men støyter han ut. Og nokre, spesielt mellom dei venstre-radikale, har eg fått inntrykk av, refererer til dei kriste sitt slagord ”Jesus lever”, som om det var dårskap som taparar sverma for. Ja, er han ikkje oppstått, så er vi dei skrøpelegaste av alle menneske. Men no er han oppstått.

Men så viser det seg at desse som heldt seg for å vere så vise, tek seg av denne saka for den unge mannen som om det var ei sak som han ikkje hadde noko med å gjere, som om det ikkje var hans sak likevel. Og slik tek dei seg av den saka for andre menn også, som om det er ei sak ikkje ikkje har noko med å gjere. Det har vorte tydeleg i mitt tilfelle. Men eg har nom gått til Herren med den saka og han har svart meg og sagt at han er den som tek seg av m i sak. Han har tala til meg jevnt og trutt sidan eg var ung og han har sagt at eg skal snakke med han. Ja, eg snakkar med han.

Men desse som då held seg for å vere for kloke til å snakke med meg, fordi eg snakka med han eller til tross for at eg gjorde det. Har dei snakka med han? Eller har dei snakka med dei vonde åndsmaktene i staden. Har dei drive avgudsdyrking og hatt samfunn med vonde ånder og gjort avtale med den vonde i staden for å ha samfunn med Herren og snakke med han? Så norsk politikk har vorte meir og meir prega av ”politikken til dei vonde åndene”. Arbeidarrørsla, sosialistane og sosialdemokratane skulle visst ivareta interessa til arbeidarane, men det verkar som dei meir og meir driv på med ”politikken til dei vonde åndene” i staden for å ivareta interessene til mannen, sjølv om han er ein kroppsarbeidar. Kvinna har vorte så forgjorde at ho ikkje lenger veit og forstår kva ho er til for, ho har problem med å forstå seg sjølv som kone og får problem med å forstå seg sjølv som kvinne. Folk har vorte så forgjorde at det har voret vanskeleg å snakke med dei på ein vitug og forstandig måte, spesielt om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Heilt vanleg ytring vert forsøkt kriminalisert.

Dei har prøvt å erstatte meg og det er nok det dei prøvar på enno (2.Tess.2). Men eg søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, då søkte eg Sanninga, Kristus er Sanninga, han svarde meg, så eg heldt fram med å snakke med han, også når eg studerte realfag, så eg fann at det høvde med å søke den realfaglege sanninga. Jesus sa eg skulle sjå på han og snakke med han og det vart viktig for meg, for å konsentrere meg om studiane. Så eg skulle ikkje og kunne ikkje bry meg om tullpratet deira, for eg hadde viktigare og vitugare saker og problemstillingar å tenke på. Dermed utartar det seg heller slik at det er eg med min kristendom, min platonisme og min realfaglege innsikt og kunnskap som må halde dei for å vere for dumme og for vonde til at eg skal bry meg med å snakke med dei, for eg kan ikkje kaste vekk tid og pengar på unyttig og meiningslaus aktivitet. For Jesus elska meg og sytte for meg og sytte for at eg skulle vere mellom dei vituge brurmøyane som hadde med meg olje på kanner i tillegg til oljen på lampen.

Det svaret som dei vituge brurmøyane hadde å gi til dei uvituge, var at dei kunne ikkje gi dei av oljen sin, for at dei sjølve ikkje skulle ha for lite olje, så dei fekk heller gå og kjøpe seg olje. Så får det vise seg då, kven som er mellom dei vituge. Så la oss vake då, for vi veit ikkje når Herren vår kjem. Men vi skal syte for at vi har nok olje med oss, på kanner i tillegg til lampane, så vi gjer lampane våre klare, så vi står med lys på lampane når han kjem. Med den openberringa som Anden gir oss, innser vi og ser vi at han kjem. Maranata, amen, ja, kom Herre Jesus.

Forsking, vitskap og den kristne trua.

Vitskaplege og filosofiske foredrag og diskusjonar.

I det siste har eg kome over mange videoar på youtube med vitskaplege, populærvitskaplege og filosofiske foredrag og diskusjonar. Det er om fysikk, astronomi, psykologi og trua på Gud. Same tema som eg har skrive så mykje om altså. I desse videoane får eg vite kva slags problemstillingar dei er opptekne av og vil ta opp noko av det her.

Peter Atkins om termodynamikken, Big Bang og trua på Gud.

Kjemikurs med lærebøker av Peter Atkins.

Eg har faktisk to lærerbøker som han har skrive, ”General Chemistry”, og ”Physical Chemistry”. Den første er grunnleggande, lærebok i grunnkurset. Den andre er vidaregåande, var lærebok i kurset fysikals kjemi og i kurset kvantekjemi. Det siste har eg ikkje eksamen i enno, eg tok midtveis-eksamenen, men på slutteksamenen møtte eg ikkje opp. Det er ei interessant og god bok, kvantekjemien er vanskeleg, men interessant. Eg håper å få ta eksmenen til våren.

Men kvifor møtte eg ikkje opp på slutteksamenen? Eg vart så oppteken av dette skriveriet mitt midt i eksamenstida, så eg syntest hendsikta med det forvitra. Men kvifor følte eg at eg måtte drive med dette skriveriet i staden, endåtil midt i eksamenstida, som så mange andre gongar? Jau, det har med min sosialiseringsprossess å gjere, sosiale interesser som gjer krav på merksemda mi, så eg føler at eg må gi svar. På sett og vis kan det verke som om der føregår ei rettssak, der klagemålet resulterer i ein protest mot mitt bruk av vit og forstand. Så eg føler det som om eg må svare for meg i retten. På den andre side sett elskar Gud oss og har omsorg for oss som sine born og det er den interessa som kjem til uttrykk i skriveriet mitt.

Er det latskap å tru på Gud og Jesu fullførde frelseverk?

Nokre naturvitarar seier at dei gjer ein nyttig jobb, medan dei som trur på Gud hengir seg til latskap. Eg har nyst kome over ein videosnutt der kjemiprofessor ved Oxford University, Peter Atkins, argumenterer slik. Dette er ei problemstilling som eg har diskutert utifrå Jesu likning om talentane. Han som fekk berre ein talent, heldt Herren for å vers så streng at han vart redd, så han gjekk og grov den ned. Men på reknskapets time sa Herren til han at han var ein dårleg og lat tenar. Slik vil ikkje eg vere, eg vil vere som han som fekk to talentar eller aller helst som han som fekk 5, dei handla med dei og fekk dobling. Då tenker eg fyrst og fremst på Guds nåde, å ta imot den og bruke den. På den måten trur eg også at eg gjer betre bruk av mine naturtalent.

No har ikkje eg fått med meg alt som har vorte sagt i desse videoane, men eg synest no det er rart om ikkje dei som forsvarar trua på Gud og kristendomen har eit godt svar på dette. Ei anna side av saka er at forskarar har fått meir press på seg frå økonomiske og politiske interesser, så det går så langt at dei føler dei ikkje får arbeidsro, spesielt til å drive grunnforsking.

Men når der kjem slike argument mot dei kristne og spesielt om dei ikkje er i stand til gi eit godt svar, kva har de då forstått av evangelisk kristendom? I det gamle testamentet er avgudane laga av stokk og stein kalla Lygna. Dei gjorde ikkje noko og dei talte ikkje, der var ikkje ånd i dei. Menneska trælka under dei og prøvde å tilfredsstille dei, men det var gagnlaust og idiotisk, denne trældomen gjorde livet meiningslaust for folk og den virka fordummande. Menneske som dyrka avgudane kasta vekk tid og krefter og arbeid på det som ikkje var noko verdt, så dei hadde ikkje noko igjen for det.

Men som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Når Jesus frelser menneske og set dei fri, så vert dei fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Dei får barnkår hos Gud og det betyr fridom, som motsetnad til trælekåret. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Han gir dei meining med livet. Faderen elskar dei og har omsorg for dei som sine born, han oppseder dei og lærer dei opp ved sitt Ord og sin Ande. Så han lærer dei noko som dei har gagn av, dei skal innta det lova landet og dyrke jorda så den vert fruktbar. Oppdraget er framleis å dyrke og verne Guds hage.

Pionerane i realfag var kristne og dei var arbeidsomme, så eg synest det er svært så rart at det vert påstått at dei er uvitskaplege og late, når vart dei det då? Personleg har eg drive tråling og det har ikkje akkurat vore latskap, eg vil heller karakterisere det som ein kamp for tilværet, både for å få god fangst og for å produsere fangsten før den vert bederva. Eg har studert realfag og då måtte eg også gjere ein innsats. Men då var viktig for meg å tru og rekne med at det var først og fremst Guds som gjorde sitt verk ved sitt Ord og sin Ande. Kristus var grunnvollen som allereie var lagt og som eg bygde oppå, som Guds medarbeidar. Moralfilosofar lesser tunge byrder på folk, men Jesus kallar til seg dei som strevar og har tungt å bere, hos han får dei kvile (Matt.11,28-31). For meg var det viktig for at eg i det heile teke skulle klare å studere realfag. Forklaringa på det har eg allereie gitt.

I det dei fornektar trua på Gud, kjem dei med krav om at menneske skal gjere Guds verk og det kravet lesser dei på andre. Men menneske er ikkje slik som Gud og er ikkje i stand til å gjere hans verk. Resultatet er at dei vert gjort til trælar.

MTT 23,4 Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

Termodynamikken og det økonomiske og politiske liv.

Eg har nyleg sett ein videosnutt der Atkins heldt foredrag om termodynamikkens første og andre hovudlov. Han talte om den første lova som om Gud opphavleg sette totalenergien på eit bestemt nivå og den er og blir den same, ”bevaring av energien”. I følgje den andre lova (entropilova) vert det meir og meir uorden, likevel vert det skapt orden lokalt og vi kan nytte oss av det ved å skape noko verdifullt. Det har vi lært og det har vi gjort og slik har ”Vesten” vorte oppbygt. Ironisk nok kalla han dette korrupsjon, det var satire altså. Det har seg vel slik at det er den alternative politiske forklaringa frå dei venstreradikale, men då er det altså ei bortforklaring, det er sjølvsagt ikkje den rette forklaringa. Når han snakka om dette ringde mobiltelefonen hans og då sa han at det var Gud, han brukar å ringe han når han kjem til dette punktet.

Big Bang.

I eit foredrag om Big Bang sa han at mange trur at Gud har sett lover for naturen liksom dei ti boda i Bibelen. Men no ville han gå ut ifrå at det heile hadde vorte til av absoultt ingen ting, så der var ikkje vakum heller. Med absolutt ingen ting meinte han uniformitet, isotropi og tomhet.  I realfag søker vi etter enkle forklaringar, men kor langt kan vi gå med det. Han ville bruke tre enkle forklaringar, latskap (”indolance”), anarki og uvitenhet (”ignorance”). Dette var før Big Bang og då finn vi det etter Big Bang også og kan vel føre til nye Big Bang.

Dette er opplagt satire, utan rom kan vi ikkje tenke oss uniformitet, isotropi og tomhet. Big Bang er grunnlagt på relativitetsteorien, vi tenker relativt i staden for absolutt og så startar han med absolutt ingen ting. Energien er bevart og det er ein konsekvens av uniform tid. Så tenkte han seg at energien adderte til null. Ladninga adderer til null og vi kan vel tenke oss at vinkelmomentet adderer til null. At dette adderer til null, kalla han latskap.

For å forklare anarkiet tenkte han seg at lyset kunne følge krokets spor, men då kansellerte det seg sjølv, så berre den rette linja gjenstod, den kortaste vegen mellom to punkt. Så det vart naturlova.

Uvitenhet forklarde han med vi ikkje veit korleis atoma og molekyla beveger seg, likevel får vi gasslovene og Boltzamanns fordelingslov. Men han gremma seg over at så mange har gått i grava utan å forstå entropilova.

Big Bang høver med skapingssoga, skaparverket vitnar om skaparen.

Men kva seier Bibelen? Den seier at i opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Så sa Gud noko og så skjedde det.

1MO 1,1 – 1MO 1,3 {GUD SKAPER VERDA}  I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. [skapte: Det hebr. verbet som vert nytta her, står alltid med Gud som subjekt.] 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos.

Den seier at i opphavet var Ordet og Ordet var hos Gud og Ordet var Gud. Alt har vorte til ved han.

JOH 1,1 – JOH 1,4 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska.

HEB 11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Gud har skapt alle ting med sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er naturen forståeleg. Dette høver med platonismen og det høver med realfag. Men så spørst det kor mykje vi veit og forstår.

I fylgje Bibelen vitnar den fysiske naturen om at Gud har skapt den, ved å trur det, blir vi forstandige.

RMR 1,1 – RMR 1,5 {HELSING}  Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma. 2 Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter, 3 evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt, 4 men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde. 5 Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn.

RMR 1,14 – RMR 1,23 For eg står i skuld både til grekarar og andre folkeslag, til lærde og ulærde. 15 Difor er det eg ynskjer å forkynna evangeliet for dykk i Roma òg.  16 {EVANGELIET, GUDS KRAFT TIL FRELSE}  For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.  18 {GUDS DOM OVER HEIDENSKAPEN}  Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr.

Ikkje lov å forske på menneske.

Forsking på borelia.

Turgåaren, naturfilmaren og TV-kjendisen Lars Monsen fekk borelia og biologiprofessor  emiritus, Morten Laane, undersøkte han og det vart laga TV-reportasje om det. Liksom ved lækjar-undersøkingar var det viktig å tale med pasienten. Lane brukte resultata i forsking og TV-programmet verka til gjere folk interessert i forsking og opplyse dei. Men etter regelen var det ikkje lov til å forske på menneske, så han kunne ikkje bruke resultata av undersøkingane.

Dette synest eg høyrest rart ut, mennesket er då den mest høgtståande skapningen, med språksans og er i stand til å svare for seg, så kvifor ikkje nytte seg av det? Føresetnaden må no vere at mennesket er fritt og ikkje tvungent. Forskarar har kultur for kritisk sans og lækjarar er sikkert opplærde i å vurdere kva pasientane seier.

Kvinne-forsking og kjønnsforsking.

Men kva så med denne kvinneforskinga og kjønnsforskinga som dei driv med på desse andre fakulteta, samfunnsfagleg eller humaniora eller kva det no er for noko. Der låg opplagt mykje politisk maktinteresse i kvinnerørsla og på den måten at mannen vart skvisa ut, han skulle dei ikkje høyre på, hans interesser skulle dei ikkje ivareta. Så kalla dei det forsking og framstiller det dermed som om det er representativt for alle kvinner. Så går dei vidare og byrjar med kjønnsforsking, lausrive frå biologi. Det er eigentleg nok til å vite at det er noko antivitskapleg tøv. Dei påstår altså at dei forskar på mannen, til tross for at dei har skvisa han ut på denne måten. For dei krev at mannen skal underkaste seg den politiske makta som dei representerer, for å verte godkjende og inkluderte i det samfunnet som dei prøver å skape. Det politiske kravet som dei stiller, kallar dei forsking, som om det er representativt for alle kvinner og menn. Det kan samanliknast med Lysenko-fadesa og dei som kjem etter oss får vurdere kor stor fadesa var. Men det ser ut til at den har vorte så stor at dei prøver å få verda til å tru at dei skal frelse henne med ein stor bløff. For dei har då prøvt å erstatte Kristus med noko anna.

Hjerneforsking.

Når nokon vert hjerneskada kan dei miste noko av sine eigenskapar også noko av sin hukommelse. Det siste kan verte brukt som argument mot at der er eit liv etter døden. Men menneske som har hatt nær døden-oppleving, han fortelje om at dei såg sin eigne kropp utanfrå, vore på toppen av sjukehuset som kroppen var i. Og det som dei kan fortelje at dei såg og høyrde, stemmer. Elles opplever dei det slik at dei kom mot eit sterkt lys og nokre av dei fortel at dei opplevde det slik at kom dei eit stykke lengre, så ville dei ikkje kunne komme tilbake.

Med CT-undersøking (computertomografi) kan dei loklisere hjerneslag og hjerneblødning. Dersom det resulterer i hjerneskade, så ein kroppsleg funksjon vert skada, så finn dei ut kva del av hjerna som hadde den funksjonen.

Med fMRI (functional magnetic resonance imaging) måler dei blodstraumen i hjerna, det er vel mest brukbart i friske hjerner. Dess meir hjerneaktivitet, dess meir blodgjennomstrømming. Dersom den undersøkte pratar mykje vert det stor blodgjennomstrøyming gjennom språksenteret og slik vert det lokalisert. Men dei er visst ikkje så trygge på denne metoda.

Hjernebarken (cerebral cortex) kontrollerer viljestyrte handlingar og kognitive funksjonar, språk, tenking, minne, bevissthet og oppfatting av omgjevnadane. Vi held informajon i eit korttidsminne medan vi avgjer om vi vil lagre det i eit langtidsminn, begge deler i hjernebarken. Informasjonen i korttidsminnet er tilgjengeleg gjennom midlertidig tråd i hippokampus. Når det vert langtidsminne, vert den erstatta av kontakt gjennom hjernebarken sjølv. Hippokampus er essensielle for å lage nye langtidsminne, men ikkje for å lagre dei. Den ligg under cerebrum og er todelt, ein del på kvar side av thalamus og/eller midthjerna.

Ekteparet May Britt og Edvard Moser fekk i 2014 Nobelprisen i medisin for å ha oppdaga og forklart korleis gittercellene fungerer som stadsans. Dei har forska på korleis hjerna vert utvikla i tinninglappen, spesielt hippokampus og entorhinal cortex som er viktig for stadsans og minne.

Når vi lærer motoriske eigenskapar, som å knyte skoreima og å sykle, er det ved cellulære mekanismen som når hjerna vaks og utvikla seg, nevronane lagar nye kontaktar. Dersom nokon har drive styrketrening og fått store sterke musklar, så vil kroppen hugse det, slik at det blir lettare å trene seg oppatt etter eit opphald. Men når vi skal hugse tall, fakta og plassar vert eksisterande nevronkontaktar styrka. Dei veit at der ligg minne i at synapsane får fleire porar som slepp gjennom nevrotransmittarar. Synapsar som har glutamat som nevrotransmittar spelar ei nøkkelrolle i langtidsminnet.

Gliaceller dannar gliavevet (nevroglia) saman med nervecellene. Dess meir avansert ein art er, dess meir gliaceller for kvar nervecelle, menneske har flest, med 9-10 gliaceller pr nervecelle. Målt i volun utgjer gliacellene over halvparten av volumet til menneskehjerna.

Astrocyttar er ei type gliacelle om omgir synapsane. Ved obduksjon av hjerna til Einstein fann dei uvanleg mange astrocyttar i hjernebarken. Kanskje det er ei forklaring på hans genialitet.

Oligodendrocytt er ei anna type gliacelle. Den dannar myelin, kjeder av fett. Nervetrådane er omgitt av hylser av myelin som får nervesignalet til å gå fortare. Multiple sklerose er ein sjukdom der dei mister noko av dette myelinet, så nervesignala går saktare. Dei misstenker at det er kroppens imunforsvar som angrip det.

Når menneske vert løysemiddelskadde, går det ut over hukommelsen. Løysemiddel løyser fett, også myelin. På biologibygget ved Universitetet i Oslo dreiv dei å forska på rottehjerner, nedfrosne rottehjerner vart kutta opp i små skiver og studert i mikroskop. Dei meinte at tap av  myelin rundt nervetrådane førde til tap av minne, så der låg minne i dette myelinet.

Einstein påstod at hans evne for matematikk ikkje hadde noko med språksansen å gjere og nyare forsking tyder på at han hadde rett. Med fMRI har dei funne ut at evnene for matematikk ligg i pannelappen, isselappen og tinninglappen, her lyste det opp i fMRI-biletet når dei som vart undersøkte prøvde seg på matematikk-oppgåver. Men det viste ingen aktivitet i språksenteret, som ligg i venstre hjernehalvdel.

Depresjon.

Ved obduksjon av deprimerte personar, fann dei store tap av astrocyttar i delar av pannelappen, som regulerer humøret. Og dei fann tap av oligodendryttar i amygdala, ein struktur i tinninglappen som er viktig for følelsar, motivasjon, aggresjon, eting og minne-prosessar.

Det kan tenkast at tap av slike celler fører til depresjon, men det kan også tenkast at depresjon fører til tap av slike celler. Eg veit at ved depresjon vert det produsert nokre hormon som over lang tid er skadeleg for hjerna, så den intellektuelle evna vert redusert.

Når det som menneske trur på og håpar på slår feil, så er det naturleg å verte deprimerte, slik kan vi også få ei økonomisk depresjonstid. Så når Jesus vart krossfesta, vart disiplane hans deprimerte. Men han stod opp att og det gjer skilnaden. Det trur vi, så vi trur på han og set vårt håp til han. Då er det viktig for oss å glede oss i frelsa, ause or frelseskjelda med glede, glede oss i Herren alltid. Det er bra for vår psyke.

Den kristne trua.

I skapingssoga vert det fortalt at Gud skapte ein dag og såg at det var godt og så skapte han noko nytt dagen etter. Den sjuande dagen kvilte han og kalla den heilag. Det betydde kvile for menneska også. Men dei fall ut av den kvila. Så Gud heldt fram med å arbeide og fullførde sitt frelseverk i Kristus, så på evangeliet grunnvoll får vi komme inn att til Guds kvile, dermed ligg den sjuande dagen i framtida, men på evangeliets grunnvoll finn vi kvile allereie no, ved trua på Kristus (Heb.3-4).

Gud skapte noko og så overlet han det til seg sjølv, så dei levande skapningane fekk på sett og vis fri livsutfolding. Men han såg etter og følgde med korleis det gjekk og han hugsa. Dermed er der ei overvåking og eit minne som folk flest ikkje er klar over. Men det har også med vårt eige minne å gjere. Menneska synda, dei gjorede det som var vondt og det vondes problem viste seg ved at synda skilde dei frå Gud. Men når vi bøyer oss ved korsets fot og vedkjenner vår synd for han, så tilgir han oss syndene og Kristi blod reinser oss frå all synd. Tilgjevinga inneber at Gud gløymer synda og derfor får vi også lov til å gløyme den. Han er Guds Ord, ved trua på han fårm vi den Heilage Ande, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Den openberrar Ordet for oss.

Jesu lekam er livets brød som kom ned frå himmelen, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Jesus er den site Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er fullkommen og det som han gir oss frå himmelen er fullkome. Og det er nytt for oss. Ved å ta imot det i tru, lærer vi å tenke nytt og tenke rett. Hans salving lærer oss alt.

Den Heilage Ande ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Javel, då kan eg fungere som eit reiskap for den Heilage Ande når eg studerer realfag. Den ransakar meg, den ransakar hjerte og nyre, kva er det eg vil oppnå? Kva er det den vil oppnå? Gud sa til meg at eg skulle la han ta omsorg for sine born og sine henders verk. Det gjer han med sitt Ord og sin Ande. Og eg forstår det slik at han også vil gjere det med realfagleg og teknologisk kunnskap.

Entropi og bølgefunksjon, kjemi og minne.

Entropi er eit mål for uorden og i følgje entropilova (termodynamikkens første hovudlov), vil den totale entropien ikkje minke i ein energiprosess. Den vil heller auke og då er dette sjølve drivkrafta i energiprosessen. I eit lokalt delsystem kan likevel entropien minke, om berre den totale entropien ikkje gjer det. Så det vert meir og meir uorden i universet.

Opphavleg måtte det då vere stor orden, ja, så men, universet vart til ved eit ”Big Bang”. Fantastisk mykje skjedde i universets første sekund. Fysikarar og astronomar snakkar om den første brøkdelen av eit sekund, der det kan stå 1 over brøkstreken og under brøkstreken kan det vere 1 med eit drøss av nullar bak, 10, 20, 30 nullar eller meir. Dette høver med det som står skrive i Bibelen om at Gud sakpte alle ting ved sitt Ord. Han talte og det skjedde, han baud og det stod der.

Termodynamikken er statistisk fysikk, som igjen er basert på kvantemekanikken. Liksom vi kan bruke statistikk på sandkorn og terningar er der visse diskret kvanta som vi kan bruke statistikk på. Entropilova kan forklarast slik at det er det mest sannsynlege som skjer. Dersom vi til dømes kastar fem terningar er det meir sannsynleg å få 15,16 eller 17 enn å få 5 eller 30.

Kvantefysikken er basert på Schrødingers bølgelikning og Heisenbergs uskarpheits-relasjon, den siste fortel oss at ved ei måling er der visse minimums kvanta vi må rekne med i produktet av energi og tid eller i produktet av posisjon og rørslemengde. Ein elementærpartikkel har ein bølgefunksjon. Kvadratet av amplituden fortel om sannsynet for å finne partikkelen i den posisjonen. Når vi festar ein streng i to punkt og strammar den, kan vi slå på den og få ståande bølger, slik får vi eit bestemt tone på ein gitarstreng. Dette vert brukt til å forklare korleis vi kan få ståande bølger med bølgefunksjonen i ein ”potensialbrønn”, til dømes når eit elektron vert innfanga av ei atomkjærne, det fell ned i ein potesialbrønn, der bølgefunksjonen får ståande bølger, det er orbitalane. I den inste er det ei bølgelengde, med fleire og fleire bølgelengder vår vi eine orbitalen utanpå den andre. Det viser seg at orbitalane er svært så godt eigna til å forklare kjemien, kva som gjer at to og to atom bind seg saman eller kvifor dei ikkje gjer det.

I det siste har dei prøvt å finne ”molekyl-orbitalar” for heile molekyl utifrå kvantemekanikken. Dette vert forklart i kvantekjemien. Det er om å gjere å finne dei bølgefunksjonane som gir minimal energi. Det er ein arbeidsom prosess, men i det siste har nanoteknologi gjort det mogleg å rekne ut molekylorbitalar for større og større molekyl.

I store organiske molekyl er det mykje orden og betyr lagra kjemisk energi, ein indre potensiell energi. Når dyr og menneske et, fordøyer dei store organiske molekyl, slik får dei næring både som kjemisk energi og byggesteinar til kroppen, energi vert frigjort når molekylet vert nedbrote til mindre molekyl, noko vert lagra og noko vert oppbygt igjen og brukt til  byggesteinar i kroppen.

Når store organiske molekyl vert nedbroten, vert store molekylorbitalar oppdelte til mindre molekylorbitalar. Slik vert det meir uorden, entropien aukar. Det kan også forståast som tap av informasjon som vi kan ha om systemet, om desse atoma. Når vi visste posisjonen til eit atom i molekylet, var det lettare å vite kvar dei andre var. Men etter at det vart delt i mange små molekyl, vart det vansekelegare å vite kvar dei andre vart av. Så vi kan seie at det betyr nedbryting av eit minne og det sjølv om vi ikkje har den informasjonen.

Kva slags informasjon vi har og kva vi hugsar, blir ei litt anna sak. Vi veit fint lite om korleis minnet er koda i hjerna, men sidan minnet går tapt og kroppslege funksjonar vert skada ved hjerneskade, må det vere koda ved ein struktur av organiske molekyl i hjerna. Og denne strukturen må verte halden ved like for å bevare minnet og behalde funksjonen.

Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Men ved syndefallet fall han ut av kvila i Gud, så Gud sa til han at han var mold og til molda skulle han attende. Det var nok ein måte å fortelje han det på, at han var svært så avgrensa og slik var det med hans kunnskap og innsikt også.

1MO 3,17 – 1MO 3,19   Og til Adam sa han:  “Fordi du høyrde på kona di  og åt av treet  som eg forbaud deg å eta av,  skal jorda vera forbanna for di skuld.  Med møde skal du næra deg av henne  alle dine levedagar. 18   Torn og tistel skal ho bera,  og du skal eta av vokstrane på marka. 19   Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,  til dess du fer i jorda att;  for av henne er du teken.  Jord er du,  og til jord skal du atter verta.”

Likevel levde han i mange år, han hadde kunnskap og idear, tenkte og talte, la planar og iverksette dei, jobba og streva. På ein eller annan måte måtte tankane og ideane verte avgjerande for kva han fysisk gjorde, men korleis då? Det måtte i alle fall vere ved at han sjølv valde å gjennomføre det.

Korleis er tankane, kunnskapen og ideane representert i hjerna. Vi har klart å formulere fysikkens lover matematisk og det høver godt med Platons idelære. Men det er noko som er spesielt med bølgefunksjonene, ved at det er så tydeleg at ideen, bølgefunksjonen, og partikkelen er to sider av same sak. Så eg spør om kunnskapen, ideane og tankane våre er ei samling av bølgefunksjonar i hjerna.

Aktuell debatt om kvantemekanikken.

Linkoln ved Fermilab.

Professor Don Linkoln ved Fermilab har lagt ut mange korte videoar om fysikk og astronomi, han forklarar det på ein enkel og grei måte. Når han heldt foredrag om kvantemekanikken sa han at bølgefunksjonen er noko som dei eigentleg ikkje forstår skikkeleg kva det er for noko. Kanskje ein eller annan i framtida kan vere genial nok til å fortelje dei kva det er for noko.

Roger Penrose, bølgefunksjon og medvit, fleire dimensjonar eller tvistorteori.

Mange har diskutert kva vår bevissthet er for noko, kvar kjem den ifrå, er der ei bevissthet som har forårsaka den fysisk synlege naturen, har Gud skapt det heile. Når William Lane Craig i ”The Big Conversation”, stilte Roger Penrose dette spørsmålet, svarde han at han nekta ikkje for det, det er mogleg han har rett i det, men han såg ikkje noko som kunne få han til å tru på det. Då syntest eg det var pussig at Craig ikkje kunne gi han det enkle svaret at trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord, Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar. Penrose kunne godt tenke seg at der er eit bevissthet som står bak det heile, men om vi kallar det Gud, kva då med religion generelt? Som platonist ville han tenke filosofisk som motsetnad til religion.

”Closer to truth” er ein fjernsynsserie om universet, bevissthet, Gud. Programleiaren Robert Lawrence Kuhn er hjernekirurg og når han interjuva Roger Penrose, sa han at han syntest det var så spennande når han, som ein matematikar av verdensklasse, byrja å snakke om vår bevisstheit. Penrose sa at når han var ung tenkte han å gå same vegen, medisin altså, men det vart matematikk i staden. Dei stilte seg problemstillinga om bølgefunksjonen var vår bevisstheit og Penrose spurde om kva elles kunne vår bevisstheit vere. Igjen var det med ei innrømming av at dei ikkje heilt fatta kva bølgefunksjonen eigentleg er for noko.

Fysikarane har lange rekna med 10-11 dimensjonar og det er for å gjere fysikkens lover enklare. Dei brukar superstrengteori, det er matematikk. Dersom det fører fram, så det forklarer fysikken, vil dei hevde at det er fysikken som er slik, den har 10-11 dimensjonar.

Roger Penrose har arbeidt med å utvikle ein matematikk som han kallar tvistorteori og når han brukar den til å forklare fysikken, treng han berre det 4-dimensjonale tidromet. Der kan likevel vere fleire dimensjonar, men han misstenker at dei kollapsar fort.

Når eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll opplever eg det som nye dimensjonar i Anden, eg opplever at himmelen opnar seg for meg, ja, Gud har no sagt at eg skal gå inn i hans dimensjonar. Men då er no dette noko som står over den fysiske naturen, det er som om det kjem i tillegg til den. Men det kan no vel hende der er fleire dimensjonar i fysikken, sjølv om vi ikkje oppdagar og sansar dei.

To tolkingar av kvantemekanikken.

Der er to tolkingar av kvantemekanikken. Kjøpenhamn-tolkinga (Niels Bohr) er at ved ei måling kollapsar bølgefunksjonen, ved at Heisenbergs uskarphetsrelasjon tek over, ved måling av posisjon, får vi eit lite intervall på x-aksen i staden for ein bølgefunksjon som breier seg mykje lengre på aksen. Bølgefunksjonen fortalde oss sannsynet for å finne den der på førehand, men etter målinga veit vi sikkert at den var i det vesle intervallet då, så sannsynet for det er i ettertid 1. Dette samsvarar med med vanleg statistikk.

Matematikarar og teoretiske fysikarar har prøvt å sameine dei fire fundamentale kreftene, den elektromagnetiske krafta, den svake og sterke kjernekrafta og gravitasjonen i ei kraft, i ein ”Grand Unified Theory” (GUT), men det er vanskeleg å inkludere gravitasjonen. Det blir eit spørsmål om å sameine relativitetsteorien og kvantemekanikken. Penrose vil arbeide utifrå relativitetsteorien, Sean Caroll vil arbeide utifrå kvantemekanikken. Einstein kritiserte kvantemakanikken og no innrømmer dei som han at der er noko dei ikkje forstår med den. Begge kritiserer dette synet at bølgefunksjonen kollapsar ved måling, til tross for at det fungerer både ved målingar og ved å gi føreseiingar.

Sean Carroll og Everet’s tolking.

Carroll seier der er alternativ, den beste meiner han er Huge Everett’s teori, at kvantemekanikken er bølgefunksjonen og den følgjer Schrødingers likning. Det er ein ”Many-Worlds-Interpretation” (MWI) med ein universell bølgefunksjon som er objektivt reell og som ikkje kollapsar, kvadratet av amplituda er ikkje sannsynet for kvar partikkelen er. Dette fører til at alle moglege kvantemekaniske målingar blir realisert, men i ulike verdener eller univers. Det er vel same teorien som ”Multivers-forklaringa” ved Big Bang, at mange univers vart til. For meg verkar det som ei bortforklaring på at det usannsynlege skjedde og på tilfeldighetene i naturen, dei er viktige i kjemien, biologien og utviklingslæra og eg kan ikkje fatte at dette er brukbart til å forklare dei biologiske livsprosessane.

Bølgefunksjonen blir deterministisk. Kvadratet av amplituda blir sannsynet for at vi hamna i den verda vi sansar og observerar.  I den verda opplever vi berre den eine målinga, derfor blir sannsynet 1 i ettertid. På ein film vart dette vist som om ein mann sat i ein lenestol, men samtidig reiste han seg opp og gjekk i ulike retningar. Som om han og verda han var i vart klona til mange kopiar og dei viste ikkje om kvarandre. Dette høyrest no heilt skrullete ut.

Carroll meiner feilen med Kjøpenhamn-tolkinga er at det vert brukt klassisk mekanikk på observatøren (forskaren) og miljøet rundt elementærpartikkelen som det vert brukt kvantemekanikk på. Men i følgje Everett-tolkinga må vi bruke kvatemekanikk på heile greia, ein bølgefunksjon for partikkelen, ein for forskaren og ein for miljøet og så sette dei saman til ein bølgefunksjon. Som om alt er meir eller mindre samanfiltra. Men kven er i stand til å gjere noko slikt?

Som døme viste han ei prøve av uran i eit bølgekammer, det viste spor av ladde partiklar som stråla ut fra prøva i alle retningar. Slik ser det ut i vår verden, men i MWI er bølgefunsjonen sfærisk. Som inste orbitalen i eit atom altså? Men dette er då ikkje elektron som har falt ned i ein potensialbrønn, men som har kome ut av ein potensialbrønn i ei atomkjerne, det blir forklart med at bølgefunksjonen trenger inn i potensialsperra, men då minker amplituden raskt. Og det vert forklart med Heisenbergs uskarphetsrelasjon på produktet av energien og tida. Partiklane strålar ut og då brukar vi bølgefunksjonen på ein stråle.

Carroll meiner at i MWI er bølgefunksjonane deterministiske, som i det mekanistiske verdsbildet altså, men no med mange verdener, som om dei formeirar seg noko så enormt. Håper det er berre i teorien, det betyr vel då at moglegheitene er der, ja, alt er mogleg for Gud, så vi kan no vone han vil skape noko betre. Men det minner desverre om diktaren og krigaren Aiskylos, som fann på at Zevs skulle vere gud for alle gudar og styre med ein universal moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Men Israels Gud er ikkje slik. Dette har eg skrive mykje om tidlegare.

Heisenbergs usikkerheitsrelasjon, forklart som å gjere måling med ei skrustikke.

Sean Carroll talar om forsking med Kjøpenhamn-tolkinga som om det vi ser på vert endra av at vi ser på det, men det er då heilt vilt. Det brukar han altså som arguemnt for Heisenbergs usikkerheitsrelasjon. Men det er då ingen av oss som ser elementærpartiklane, vi må få dei til å setje spor etter seg og det vi brukar til å registre dei med, påverkar dei. Slik får vi ein prinsipal akse for spinn og aksar for orbitalane.

Men Heisenbergs usikkerheitsrelasjon kan vi forklare med eit eksperiment der vi prøver å bestemme posisjonen til ein partikkel på x-aksen så nøyaktig som mogleg. Den er i eit lite intervall på x-aksen og vi vil redusere det. Det blir som å sette noko i ei skrustikke og skrue åt så hardt vi maktar. Kva vil skje? Vil det gå sundt? Nei, partikkelen vil bli tilført meir og meir energi, inntil den flyr ut, kanskje rett gjennom skrustikka.

Dette betyr ikkje at forskaren er ein passiv tilskodar, men det har å gjere med at han stiller opp eksperimentet. Men når han observerer kva som skjer, er han likevel passiv tilskodar. Så vurderer han måleusikkerheitene, men Heisenbergs usikkerheitsrelasjon er noko meir fundamentalt enn det, det er slik fysikken er.

Enkelt-spalte-eksperiment.

Vi brukar sjølvsagt ikkje skrustikke, men kva gjer vi. Vi set opp ei smal spalte og skyt ein stråle med partiklar gjennom den, så vi har gitt dei nok rørsleenergi til å komme gjennom. Er det lys, så veit vi at lysfarta er konstant, fotona har ikkje masse, men dei har meir energi dess lengre mot den blå side av spekteret dei er, dess mindre bølgelengde, dess høgare frekvens og dess meir energi. Spalteopninga må høve med bølgelengda.

Då vart posisjonen langs x-aksen så nøyaktig bestemt at momentet vart dess meir usikkert, i følgje Heisenbergs usikkerheitsrelasjon. Det betyr at retninga vart endra, sidan momentet er ein vektor. Er partiklane ein lasarståle, skulle vi etter klassisk fysikk sjå eit lysande bilete av spalta på skjermen på baksida. Der får vi sterkast lys, men så får vi svakare og svakare lys ut til sidene i tillegg.

Dobblet-spalte-eksperimentet.

I dobblet-spalte-eksperimentet er der to slike smale spalter tett ved siden av kvarandre. Og her må bredda mellom spaltene høve med bølgelengda. No får vi fleire bileter av spalta på skjermen på baksida, den lysaste midt på og symmetrisk om denne får vi svakare og svakare bileter av spalta ut til sidene.

Dette vert forklart slik at kvar einskild partikkel for gjennom begge spaltene. Og det vert forklart med superposisjon. Så i dette tilfellet kollapsa ikkje superposisjonen.

Men når partikkelen traff skjermen på baksida, vart der ein lysglimt på ein bestemt plass. Betyr ikkje det kollaps av bølgefunksjonen? Noko av lyset vart reflektert, framleis som bølgefunksjon. Men noko vart absorbert av skjermen og noko vart absorbert i auget, så då kollapsa vel bølgefunksjonen? Ja vel, men ikkje i den forstand at kvantemekanikk vert erstatta av klassisk fysikk. Det inntreff ikkje ein situasjon, eit lite tidsintervall der partikkelen ikkje lengre han bølgefunksjon.

Men når partiklar med bølgefunksjon møter andre partiklar med bølgefunksjon, får dei ei ny form. Og Carroll snakkar om dette som grad av entanglement.

Samanlikne dobbelt-spalte-eksperimentet med eit vegkryss.

Vi kan samanlikne dobbeltspalte-eksperimentet med eit vegkryss, ei diger rundkøyring der all trafikken går i ei retning på ein hovudveg inn mot vegkrysset og ut av krysset er det mest trafikk på vegen som fører vidare rett fram. På dei andre vegane ut av krysset vert det mindre og mindre trafikk dess meir ut til sidene dei fører.

For å planlegge samferdsle-politikk undersøker dei kor mykje trafikk som er på desse vegane. Resultatet er statistiske data. Men dersom vi observerer ein bil på veg inn mot krysset veit vi likevel ikkje på førehand kva veg den vil ta ut av krysset. Vonleg vil den halde seg på vegen og velje ein av vegane ut av krysset. Den kan i alle fall ikkje velje alle vegane.

Slik er det med kvantemekanikken også, den kan ikkje velje alle vegane og slik er der ikkje fleire verdener. Skilnaden er at vi kan site i passasjersetet i ein bil og spørje den som  køyrer kva veg han vil ta ut av krysset. Eller han kan fortlje kva han skal og du kan sjå i kartet og fortelje han kva veg han bør velje for å komme dit. Det kan vi ikkje spørje ein elementær-partikkel om. Vi kan ikkje bestemme på førehand kva den skal velje. Det er som om den har fri vilje, bestemmer seg og vel spontant når den kjem til ”krysset”. Så det er den klassiske determinsimen som kollapsar.

Sannsynet på førehand er ikkje 1. Likevel får vi ei bestemmt sannsynsfordeling. Så kan ein spørje seg om ikkje det betyr at den har sin eigen informasjon og sin eigen vilje og vel utifrå det. Men den vil visst ikkje fortelje oss det. Den kan det visst ikkje heller. Det som er heilt sikkert er at vi ikkje veit ordet av det før den har gjort sitt val.

Big Bang, inflasjonsteorien og MWI.

Universet utvidar seg og det vert meir og meir uorden, entropien aukar. Langt tilbake i tid då har vore mykje mindre og mykje meir ordna. Kvantefysikken har gjort det mogleg og meiningfylt for astronomar, fysikarar og matematikarar å diskutere universets første sekund. Så dette har vorte sentralt i ”Big Bang-teorien”. Dei diskuterer kva som skjedde og korleis det skjedde, korleis det kunne ha skjett og prøver å forklare det med fysikk. Likevel har dei ikkje forklaring på kva som forårsaka det.

Men det høver no godt med trua på at Gud skapte det med sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Han talte og det skjedde, han baud og det stod det. Derfor er det forståeleg. Men kor mykje forstår vi?

Det starta svært så ordna og utvida seg enormt fort, det er vanskeleg å forklare på annan måte enn at Gud valde denne ordenen og så skape han det slik. Det har vorte forsøkt å forklare det med ein inflasjonsteori, men der er eigentleg ikkje grunnlag for den i fysikken. Det opphavleg ordna universet var lite sannsynleg, men det var nødvendig for at det skulle kunne verte galakser og solsystem, der det kunne verte liv, slik vi kjenner det. Då er det mange som brukar den forklaringa at der kunne ha vorte skapt mange univers, så det vart eit ”multi-vers”. Og vi lever i eit univers der slikt liv vart mogleg. Men eg synest no dette høyrest mest ut som eit forsøk på å bortforklare at det var det usannsynlege underet som faktisk skjedde.

Kvantefysikken er meir fundamental enn klassisk fysikk, vi kan bruke kvantefysikken til å forklare klassisk mekanikk, men vi kan ikkje bruke klassisk mekanikk til å forklare kvantemeknikken. Determinismen i klassisk mekanikk er ikkje brukande i kvantefysikken. Fysikken er meir fundamental enn biologien, vi brukar fysikken til å forklare kjemien og så brukar vi kjemien til å forklare biologien. Men ikkje bruke biologien til å forklare fysikken, vi kan ikkje bruke ideane frå utviklingslæra til å forklare Big Bang.

I tospalte-eksperimentet gjer elementærpartikkelen eit val og det er ei irreversibel avgjerd. Noko av fotona vert sikkert absorberte, slik skjer der ein energiprosess. I alle energiprosessar vil entropien ikkje minke, når entropien aukar er det irreversible prosessar, slik vert det gjort avgjerder undervegs. I fylgje utviklingslæra utvikler livet seg ved naturleg utval, då skjer der slike val og avgjerder undervegs.

Vi kan forklare det utifrå kvantemekanikken. Elementærpartikkelen har ein fri vilje til å gjere visse val. I viss tilfelle kan du rekne med kva sannsyn den vil gjere eit bestemmt val, men den vil ikkje fortelje deg det på førehand. Den kan heller ikkje gjere det. Den forheld seg til bølgefunksjonen og så gjer den sitt val. Spontant, ser det ut til, for oss. Om den hadde bestemt seg for det på førehand veit vi dermed ikkje.

Slik har dermed også individet ein fri vilje, ja, den er fundamental for all livsutfolding. Individet vert påverka av miljøet og vel utifrå det. Om nokon prøver å tvinge individet litt for mykje, kan det bli drepande. Slik har menneska også fri vilje og det er om å gjere å lære å gjere gode val. For å sikre seg at ein beheld retten til å velje og moglegheita til å gjennomfør, kan det vere lurt å vere forsiktig med å fortelje kva ein vil velje.

Men MWI er eit forsøk på å bortforklare dette. Den påstår at alle moglege val vert tekne, same kor dumme dei er. Dersom du då meiner du har gjort eit godt val og vil gjennomføre det, vil MWI altså fort fungere som ein protest mot det valet du gjorde og mot at du skal få gjennomføre det. Det vil fungere som eit forsøk på å likestille alle moglege val, som om det er ein slags ”objektiv” kunnskap. Men då fungerer det som eit forsøk på å nekte deg retten til å velje og hindre deg i å gjennomføre. Livsfiendtleg altså, slik vil det virke fiendtleg til all livsutfolding. Det vil då vere ein svært så dårleg biologisk teori.

Matematikk, fri vilje, sjel.

Men det interessante alternative perspektivet må no vel vere levande individ med hjerner. Eg er mold, sjølv om eg er eit levande menneske, kroppen min er laga av mold, hjerna også. Det er laga av elemenetærpartiklar, hjerna også. Kva er då mitt minne, min kunnskap og mine tankar, korleis er det representert? Er det ei samling av bølgefunksjonar i hjerna, så det som eg ser kan verte lagra som bilder som eg kan lese igjen, til samanlikning med ein computer? Er det lagar i eit kvantefelt? Kanskje. Eg har ein misstanke om at vår bevisstheit er noko meir fundamenetalt.

Med determinismen vert det vanskeleg å begripe at vi har fri vilje, så mange meiner vi ikkje har det. Men eg likar å bruke matematikk til å forklare vår frie vilje, så eg spør kor mange måtar vi kan velje fire kort frå ein kortstokk, utan å legge kortet tilbake for kvar gong? Det er (52*51*50*49)/(4*3*2) = 270725 gangar. Så vi kan fritt velje fire kort frå ein kortstokk på 270725 måtar. Korleis kan då nokon påstå at vi ikkje har fri vilje i det heile teke? Det strir då mot matematikken! Så vil dei innvende at det er molekyla og elementærpartiklane i kroppen min som gjer det og dei følgjer lovene i fysikken, kjemien og biologien. Ja vel, men dersom det ikkje er eg, kven er det då? Eg er mold, eg er desse molekyla og partiklane, så då er det no nettopp eg som gjer det! Det kan godt hende kunnskapen, ideane og tankane mine er ei samling av bølgefunksjonar som eg altså opplever på min måte. Eg såg og tenke på kva for eit kort eg skulle velje og så gjorde eg det. Ideen førde til at nevrotransmittarar vert sendt gjennom nervetrådane, så  ideen vart til handling. Var det ideen som gjorde det eller kva var det? Eg gjorde det, kroppen min  gjorde det og vil de ha ei meir inngåande forklaring, så vil eg hevde at eg har ei sjel, eg er ei levande sjel og det var den som valde og fekk kroppen min til å gjere det, så den utførde det. Men eg kunne ikkje bestemme at eg skulle trekke 4 kongar, slik sett er det ikkje determinisme.

La oss tenke oss at der er fire lag som gambler, lag S satsar på at det skal verte trekt 4 spar, lag H; 4 hjerte, lag K; 4 kløver og lag R; 4 ruter. Sannsynet for å vinne er då (1/4)*( 1/4)*( 1/4)*( 1/4) = 1/256, omlag 0,39%. Dei bytter på å trekke. Eg er på lag H og skal til å trekke. Men så er der nokon frå S som foreslar at eg skal trekke frå toppen. Nokon frå K foreslår at eg skal ta av 13 kort og så trekke 4. Nokon frå K foreslår at eg skal svi av 13 kort til og så trekke 4. Nokon frå lag K foreslår at eg skal trekke frå botnen. Då får eg misstanke om at korta er ordna slik at spar kjem øvst, så hjerter, så kløver og ruter nedst. Då ville eg vel velje å gjere slik som dei på mitt eige lag sa? Eg får misstanke om at det vert fuska og alle laga prøvar å nytte seg av det. Då er det vel best å gjere slik som nokon på mitt eige lag foreslo. Men då er ikkje dette er skikkeleg gamling lengre.

Eg vil bruke dette til å forklare korleis livet er. Når dei spelte rett, gambla dei, men om eg visste korleis kortstokken var ordna, kunne eg bestemme meg for å trekke 4 hjerter. Livet er litt av begge deler, eg kan bestemme meg for eit val, eit ynskje for framtida. Men når eg skal prøve å oppnå det, er det ikkje til å komme forbi at livet er eit sjangsespel og eg må jobbe for å prøve å skape meg ei god framtid. Ja, men korleis skal eg klare det?

Då er det godt at vi har Bibelen. For i den finn vi lovnaden som vart gitt til Abraham om at i han skulle alle folkeslag velsignast. Den lovnaden får vi oppfylt ved trua på Jesus. Han er Guds Ord, når det ved trua smeltar saman med oss i våre hjarto, får vi komme inn til Guds kvile.

Tingen i seg sjølv og tingen sett utanfrå, to perspektiv.

Immanuel Kant snakka om ”das Ding an sich”, tingen i seg sjølv og om ”das Ding an mich”, tingen slik som eg oppfattar den. Men korleis kan vi forstå ”tingen” i seg sjølv og snakke rett om den, utan at der er menneske som erkjenner at eg er sjølv tingen, eg sansar, eg hugsar, eg tenker, eg talar og eg svarar for meg sjølv? Då får vi to perspektiv, det eine er at vi ser tingen utanfrå. Det andre er at tingen forstår seg sjølv innanfrå.

Gud sa til mannen at han var mold og til molda skulle han attende. Og vi studerer mold, og vi ser det utanfrå, både når vi ser på radioaktiv stråling tåkekammeret og når vi ser på organisk materiale i mikroskopet, når vi dissikerer daude hjerner og ser på snittflatene i mikroskopet. Ein elemetærpartikkel har ein bølgefunksjon som vi prøver å finne ein matematisk formel for og i dei enklaste tilfella har vi visst klart det ganske bra. Mykje kjemi vert forklart fantastisk bra med det og det er no ein kjempesuksess.

Men når eit menneske forstår seg sjølv innanfrå, kan vi tenke oss at minnet vert lagra i bølgefunksjonen, kanskje minnet og tankane er bølgefunksjonen, altså ei samling av bølgefunksjonar, men mennesket opplever det som sitt minne og sine tankar. Då er det kanskje rettare å bruke Everetts tolking, for dei har denne betydninga berre så lenge bølgefunksjonen ikkje kollapsar. Dei mange verdener er då berre i tankane.

Eg vil prøve å forklare det med Newtons gravitasjonslov, vi har ein gravitasjonskonstant på jordoverflata, ein på mars, ein på venus, slik har kvar klode ein gravitasjonskonstant. Men Newtons gravitasjonslov slår det samen i ein formel, så det blir som ein superposisjon av bølgefunksjonen. Når vi set inn gravitasjonskonstanten på joroverflata kollapser den. Men vi kan likevel påstå at den kollapser slik at den på tilsvarande vis er brukbar på alle moglege kloder.

Og kva med resten av den matematiske ideverda? Vi kan hente uendeleg mange matematisk formlar, vi kan fritt velje mellom dei og prøve dei som hypotese, om dei ikkje høver til å beskrive til dømes gravitasjonen, så kollapsar ikkje ideane av den grunn. Vi prøver alltid å tenke logisk rett i matematikken, vi deduserer. Og det gjer vi både i grunnforsking og i anvendt forsking. Det er ikkje determinisme. Det er først når vi byrjar å produsere noko materielt at vi brukar den mekaniske determinismen.

Eg tenker meg at når Adam og Eva levde i samfunn med Gud i Edens hage, hadde dei ei rik og fruktbar ideverd, som den velvatna Edens hage. Og her har eg prøvt å forklar det som samansetning og superponering av bølgefunksjonar. Likevel gjorde dei det og vart utestengde frå hagen. Heretter skulle jorda bere torn og tistel, så med sveitte i andletet skulle mannen ete sitt brød. Med denne tolkinga vart det altså som ein kollaps av superponerte bølgefunksjonar.

Adam og Eva åt av kunnskapstreet og såg at dei var nakne. Og det vart ei då følelsesmessig sterk oppleving for dei at dei miste bevisstheita. Når dei då vokna opp att kjende dei seg ikkje lenger igjen, som om dei ikkje lenger var dei same og ikkje lenger visste og forstod kva for ei verd dei var i. Dei forstod seg ikkje lengre på det, som om dei likevel ikkje var heilt bevisst sin situasjon. Når fru Svimesen først sovnar, er det ikkje så lett å vekke henne igjen.

Samanfiltra partiklar.

Einstein, Podolsky og Rosen skreiv ein artikkel om samanfiltra partiklar og konkluderte med at enten måtte kvantefysikken vere ufullstendig eller så måtte fysikken vise ikkje-lokasjon og det siste er absurd. For ikkje noko kan gå fortare enn lyset, så informasjon kan ikkje verte sendt mellom partikklane som om der ikkje var avstand mellom dei. Han var jøde, men likevel reserverte han seg mot mykje av det som stod skrive i det gamle testamentet, at Gud var personleg og snakka med menneska som person til person og gjorde under. Dermed var også trua hans på Gud ufullstendig.

Sidan var der ein som gjorde eit eksperiment som viste at fysikken viser ikkje-lokasjon. Men har kvantefysikken dermed vorte fullstendig? I fyrste omgang forsvarte den kvatnefysikken, så vi kan seie at den på sett og vis er fullstendig. Men det betyr ikkje at vi forstår alt. Det forstod Einstein og no er det visst fleire som innrømmer det. Men korleis kan vi forstå noko meir?

Vi kan tenke oss at to partiklar A og B er samanfiltra. Dersom B kjem til eit vegkryss og må gjere eit val, så vil A med ein gong gjere eit val bestemt av samanfiltringa. Same kor langt borte dei er frå kvarandre. Einstein  meinte at A derfor måtte ha ein indre informasjon som vi ikkje veit om og slik sett er kvantefysikken ufullstendig.

No kan eg tenke meg inn i den situasjonen at eg er A. Som elementærpartikkel forheld eg meg til bølgefunksjonen og då har eg nok å gjere med det. Når eg kjem til eit vegkryss fortel eg ingen utanfor kva eg kjem til å gjere og eg spør dei heller ikkje om kva eg skal gjere. Forstyrr ikkje føraren, han må sjå på trafikkbildet og gjer sine val utifrå det. Men då betyr det vel også at han ahr ein indre informasjon om korleis han skal køyre, han har sertifikat. Men har han også ein bestemt vilje om å gjere eit bestemt val, velje ein bestemt veg ut av krysset? Dersom B gjer eit bestemt val, er det som om A går på autopilot og den vart innstilt på eit bestemt val med det same B gjorde sitt val. Partiklane har no så tydeleg ein indre informasjon og/eller vilje som vi ikkje kjenner til, men poenget med ikkje-lokasjon er at informasjon vert overført mellom dei momentant, som om der ikkje var avstand mellom dei.

”Grand unified theory” og trua på Gud.

Einstein formulerte sin kritikk av kvantemekanikken som at ”Gud kastar ikkje med terningar”. Stephan Hawking svarde med å seie at Gud er ein stor gamblar. Så begge tala om det som ligg bak og som styrer naturen som Gud. Hawking søkte etter ein ”Grand Unified theory” (GUT) som kunne sameine dei fundamentale fysiske kreftene i ei kraft, ein formel altså. Den berømte boka si ”Univers utan grenser” avslutta han med å skrive at dersom vi oppdagar ein fullstendig teori, bør den med tida i store trekk verte fattbar for alle, så vi alle kan vere i stand til å vere med på å diskutere kvifor vi og universet eksisterer. Å finne svaret på det vil vere menneskeheita sin endelege triumf, for då ville vi kjenne Guds meining. I bøker som han skreiv seinare heldt han dette for å vere ei mindere betydeleg setning, som om han ikkje hadde så sterke meiningar med det, som om den vart så spekulativ. Men han rekna med at den gjorde sitt til at boka selde så godt og vart så berømt.

Fysikarane prøver å finne ein GUT, men det verkar temmeleg umulig å inkludere gravitasjonen, å sameine kvantefysikken og relativitetsteorien. Dei prøver med superstreng-teori og fysikaren Michio Kaku er svært entusistisk for dette, han meir det gir grunn til å tru på ein ny gud, som er meir slik som den guden Einstein trudde på. Dei prøver med kvateløkke-gravitasjon og fysikaren Jim Al Kalili prøver visst med noko som ligg mellom dette og superstrengteori. Svarte hol og ”makk-hol” framkjem som løysing på likningane i generell relativitetsteori, men Einstein likte ikkje singulariteten i svarte hol. Eit makkhol har ei opning til ein anna stad i universet, kanskje endåtil fleire og kanskje endåtil i eit anna univers. Kalili tenkte seg at der kanskje kunne vere eit mini-makkhol mellom samanfiltra partiklar.

Ein GUT ville høve med at Gud skapte alt ved sitt Ord og det er eitt Ord. Og vi trur no og veit no at Jesus er Guds Ord, han er Ordet. Og det er ein person. Så der finst ein slik GUT, men kan dei formulere den matematisk? Dei kan no prøve og sjå kor nær Sanninga dei kjem med det. Men eg har tenkt heilt annleis, for Jesus er livet, så han gir meg meining med livet, også med å studere realfag. Han har gjort Gud kjend for oss. Og eg er viss på at kristendomen allereie har vore fundamentalt viktig for utviklinga av realfag.

Søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og be til han.

Vi høyrde forkynninga av den glade bodskapen om Jesus og kom til tru på han, i tru tok vi imot han og alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi ber til vår himmelske Far og han høyrer oss og gir oss gode gåver og det er ved fylden av den Heilage Ande.

Opphavleg levde menneska i samfunn med Gud, dei var velsigna og fekk oppleve at han gjorde sitt verk med dei ved sitt Ord og sin Ande. Syndefallet resulterte i at synda skilde dei frå Gud, dei vart forbanna og det vart jorda også. Men Gud lova Abraham at i han skulle alle folkeslag og den lovnaden får vi oppfylt ved trua på Jesus. Med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Når vi bøyer oss for Jesus kors og vedkjenner vår synd for han, reinser Jesu blod oss frå all synd. Så vert vi fylte av den Heilage Ande, slik får vi samfunn med Gud. Vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.

Vi får oppleve at Gud er komen nær til oss og då er det viktig for oss å kalle på han den stund han er nær og så be til han, legge alle våre behov fram for han i bøn. Han svarar oss ved fylden av den Heilage Ande og ved at han talar til oss, han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Han rører ved oss ved sin Ande og slik viser han lokasjon. Men han er ikkje avgrensa av lokasjonen, så vi kan godt be for andre menneske og han vil svare vår bøn ved å røre ved dei tale til dei og kalle dei, sjølv om dei er langt borte. Vi trur og vi veit at Gud har svart på bøn om frelse og lækjedom, også når den vi ber for er langt borte frå oss. For Gud er ikkje avgrensa av lokasjonen, så ein kan kalle det ikkje-lokasjon, men det er vel rettare å kalle det ”all-lokasjon”, for han er eigentleg alle stadar nærverande. Vi er opplærde til å vende hugen opp til Jesus, søke han av heile vårt hjerte og sjå på han med hjertets opplatne auge, det er ved at den Heilage Ande herleggjrer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Då får vi sjå at han er med oss, alle og ein kvar av oss, sjølv om vi er spreidde over heile jorda. Gud er allmektig og han gjer slik som han vil. Men han har valt å gjere seg avhengig av menneske. Korleis då? Ved at Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga.

Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og vi opplever det som at han kjem utanfrå og inn til oss og berører oss ved sin Ande, ja, som om det er frå romet utanfor oss, men vi veit at det er frå sin evige himmel, så det kan best forklarast med at det er gjennom andre dimensjonar. Vi merkar og kjenner at han rører ved oss og eg tenker meg at det er ved at han påverkar bølgefunksjonen og ved at han skaper nye elementærpartiklar med nye bølgefunksjonar.

Eg er mold og består av atom og elementærpartiklar. Eg vel å vende meg til han, men det ville ha  lite betydning om ikkje det var for at han valde meg. Gud valde ut Kristus og reiste han opp får dei døde og sidan han valde ut meg i Kristus, får det stor betydning både i det hinsidige og i det ”dennesidige”.

Evne og interesse for matematikk og musikalsk sans for det vakre. Guds herlegdom.

Matamatikarane forstår gjerne sin sans for matematikk som ein estetisk sans, dei likar matematiske formlar, dei synest dei er vakre. Mange samanliknar det med å like musikk, særleg klassisk musikk og held det for å vere beslekta estetisk sans. Dei har brukt matematikken til å forklare naturen og det har vore ein kjempesuksess, både i vitskap og teknologi.

Så spørst det kor mykje vi kan forstå, formulere og forklare med matematikk. Sidan vi har klart å forklare så mykje med vår bevisstheit og vårt intellekt, så kan det vel godt tenkast at der er ei bevisstheit med eit intellekt som står bak det heile og har forårsaka det, ein allmektig Gud som har skapt det.

Ja vel, det må vel gå an som ein filosofisk tanke, men der er då ein motsetnad mellom denne tenkemåten og religionane, trua på gudane, vi reknar då ikkje med ånder, vi snakkar ikkje med ånder. Nei, i det vitskaplege miljøet er det menneske som snakkar med andre menneske på ein vitug og forstandig måte.

Og kristendomen er nettopp så ulik religionane. Synda skilde menneska frå Gud, dei laga seg avgudar av stokk og stein, men i det gamle testamentet er det kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Når vi bøyer oss for korsets fot og vedkjenner for synd for han, reinser Kristi blod oss frå all synd. Ved trua på han får vi den Heilage Ande, han sender den til oss frå himmelen, så det er berre å vende hugen opp til han å ta imot i tru og verte fylte av Anden og det er herleg. Den herleggjer Kristus for oss som vår frelsar og Herre, den får oss til å lovprise Gud og Lammet.

Lovsangen, himmeldøra og det Nye Jerusalem.

Eg har skrive om at Gud la lovsongen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg bad for ei kvinne som eg vart glad i og fekk oppleve at den Heilage Ande herleggjorde og openberra Kristus for meg og for henne, eg opplevde det først i forhold til henne Virtuella og seinare i forhold til henne Reella. Jesus har sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og ynskjer meg velkommen inn. Han er Guds Ord og han er den døra og eg får sjå det ved at den Heilage Ande openberrar Ordet for meg, den openberrar Kristus for meg. Der er eit kjærleiksforhold mellom Kristus og hans brud og det er født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same. Han skaper oss til gode gjerningar som han har lagt fedige, så vi skal vandre i dei. Vi skal gå inn gjennom døra og så skal vi gå inn og gå ut og finne beite, slik skal vi halde fram med å bruke den døra.

Dette har også å gjere med å vere som dei fem vituge brurmøyane, som hadde nok olje med seg, så dei stod med lys på lampane når brudgomen kom og vart med han inn til bryllaupet. Og Jesus har kalla meg og leia meg vidare på vegen mot det nye Jerusalem. Det er Jesu brud og det kjem ned frå himmelen. Det er på den nye jorda med den nye himmelen (OP.21,1…). Gud gjer noko nytt, men det har han allereie byrja med i våre liv her og no, på denne jorda.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: