Israels Gud er alt kjøts Gud og han utgyte sin Ande over alt kjøt.
Israels Gud er alt kjøts Gud og han utgyt sin Ande over alt kjøt.
I følgje Bibelen har Gud skapt himmel og jord og han har skapt livet på jorda. Dette er fundamentalistisk tenking, det er meir omfattande enn kva vi vanlegvis forstår som naturfag, slik sett kan vi samanlikne det med filosofi, usynlege menneskelege idear. Vår tru på Gud og hans Ord er usynleg for vårt fysiske auge, men det er ikkje berre idear, men det er ein åndeleg røyndom.
Gud er ånd. Han skapte Adam og Eva, dei levde i samfunn med han og han talt til dei. Men sidan dei braut det bodet han gav dei, vart dei utestengde frå det nære samfunnet med han i Edens hage og dømde til døden.
Men Gud forsona verda med seg, ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta, slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Vi er Jesus kyrkje, hans brud, så vi held det som ei sjølvfylgje at han elskar oss og vil oss vel. Som hans brud vender vi oss til han, for å ta imot hans kjærleik og omsorg og svarar på han kjærleik med kjærleik. Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levanede sjel. Så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Han skulle dyrke og verne Guds hage og ho skulle hjelpe han med det. Dette var Guds verk og han såg at det var godt. Det vart godt for både mannen og kvinna og det er det framleis. Gud er god og det verket han gjer er godt.
Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Det var ikkje ei trældomsånd han gav oss, så vi atter skulle reddast, men det var barnekårsanden, som gjer at vi ropar Abba Far. Gud er ånd og Gud er kjærleik, han elskar oss og har omsorg for oss som sine born, det får vi oppleve som ein åndeleg røyndom. Som Guds born vender vi oss til han i bøn, for å ta imot det gode som han vil gi oss.
Jesus sa vi skulle tru på han og verte verande i hans ord, så skulle vi få lære å kjenne sanninga og den skulle setje oss fri. Vi skulle elske han elske han og og halde oss til hans ord og elske kvarandre, så ville han openberre seg for oss og han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss.
Jesus er det sanne vintreet, vi er greinene, vi må vere i han som greina i vintreet, for å bere frukt. Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus, der har han sett oss.
Israels Gud er alt kjøts Gud og på grunnlag av forsoninga i Kristus utgyt han sin Ande over alt kjøt. Han ville gi folket sitt eit kjøthjerte i staden for eit steinhjarte og så gi dei sitt Ord og sin Ande i hjertet.
JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND} Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord; dei gamle mellom dykk skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner. 2 Jamvel over trælar og trælkvinner vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
ESK 11,17 – ESK 11,21 Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Eg vil samla dykk ute mellom folka, føra dykk saman frå dei landa de er spreidde i, og gje dykk Israels land. 18 Når dei kjem dit, skal dei ta bort alle avskyelege gudebilete og all den styggedom som finst der. 19 Då vil eg gje dei eit nytt hjarta og la dei få ei ny ånd. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen deira og gje dei eit kjøthjarta i staden. [eit nytt hjarta: Sml. 36, 26; Jer 31, 31 ff.] 20 Så skal dei fylgja mine føreskrifter og ta vare på mine lover og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud. 21 Men dei som i hjarta fylgjer dei avskyelege gudane sine og all den andre styggedomen, dei gjev eg att for det dei har gjort, lyder ordet frå Herren Gud.
ESK 36,22 – ESK 36,30 Difor skal du seia til israelittane: Så seier Herren Gud: Når eg grip inn, de israelittar, gjer eg det ikkje for dykkar skuld, men for mitt heilage namn skuld, som de har vanæra mellom dei folka de kom til. 23 Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanæra mellom folka, ja, som de vanæra mellom dei. Folkeslaga skal sanna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg midt imellom dykk, beint framfor augo deira, viser kor heilag eg er. 24 Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land. 25 Og eg skvetter reint vatn på dykk, så de vert reine. For all ureinskapen som kjem frå dei mange avgudane, vil eg reinsa dykk. 26 Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden. 27 Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei. 28 Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud. 29 Eg friar dykk for all dykkar ureinskap. Så kallar eg fram kornet og gjer grøda stor; eg lèt ikkje hungersnaud koma over dykk. 30 Eg gjev mykje frukt på trea og stor avling på marka. Så skal de ikkje meir møta spott mellom folka fordi de svelt.
2KO 3,1 – 2KO 3,18 {TENARAR FOR EI NY PAKT} Tek vi no atter til å gje oss sjølve lovord? Eller treng vi, som visse andre, tilrådingsbrev frå dykk eller til dykk? 2 Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske. 3 For de syner dykk som Kristi brev, eit brev som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i menneskehjarto. 4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. 7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. 10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande? 12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Bodskapen 18.9.2016:
”For om du ser opp til meg, så vil du stråle av glede og du vil ikkje raudne av skam. For eg er Herren, som ropte ut for deg, det er fullbrakt. Og mitt fullbrakte verk, det gjeld nettopp for deg, i denne kveldsstund, så kan du få komme som du er. Og eg Herren vil røre ved deg og eg vil løfte deg opp på ein klippe som (er så/elles er for)? høg for deg, slik at du vert løfta inn i nye dimensjonar i min Ande, for eg er Herren, som er Anden og der Anden er, der er det fridom. Eg har kalla deg til fridom, så la deg ikkje atter ein gong bli lagt under for trældomens åk, men sett deg fri, i mitt namn, for eg Herren har sett deg fri.
For åpne din munn vidt opp og eg, Herren, skal fylle den. Eg skal ikkje fylle den til randen, men det skal flyte over. For som skrifta har sagt, (ifrå ditt indre)?, så skal det flyte straumar av levande vatn. Og det er mitt eige liv eg har planta ned i deg, eg har født deg på nytt, du er ein ny skapning i meg. For eg, Herren, har gjort det og eg, Herren, skal fullføre min plan i deg. Om du er villig til å gi deg over heilt og fullt til meg, så skal eg, Herren, eg vil forme og danne deg til eit ærens kar, for mitt namns skuld. Ikkje for nokon bevegelsar, ikkje for noko kyrkjesamfunn, for det er eg som i alle ting skal vere den fremste, det er eg, Herren, det er eg som har talt. Derfor kom til meg, du som strevar og har tunge byrder og eg Herren vil gje deg kvile.
Fryd deg og gled deg i meg. For gleda i meg, det skal vere din styrke. Derfor, meg skal du (opent bekjenne?), for eg er Herren, som har kalla deg, det er eg Herren, som har bestemmt, for at mitt liv skal verte openberra i deg og gjennom deg. Derfor, frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, som har gjort det, alle ting, og det er eg Herren, som all ære skal ha. Derfor, pris meg og lov meg og opphøy mitt namn, så skal eg Herren, dra menneske til meg. Halleluja. I Jesu namn.”
Jesus vil utgyte av nådens og bønnens ånd over meg.
Eg har ikkje vore på møte sidan eg var på Sion Åheim 28.4.2019. På internett fekk eg sjå møtet som var i Maranata same dag, der kom det bodskap gjennom tyding av tungetale, så eg la begge deler ut på tsivert.com. Eg fekk sjå møta som var i Maranata seinare også og skrive liknande møtereferat, men sidan der ikkje var bodskap gjennom tyding av tungetale, la eg det ikkje ut på tsivet.com. I staden skreiv eg større dokument der eg viste til bodskap som var komne gjennom tyding av tungetale langt bak i tid og la dei ut på bluehost944.com. Eg takka Gud for det og mykje av det eg skreiv var bønn til Gud. For han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den, det var det også eg bad han om.
No har Maranata hatt sitt landsstevne på Seljord og herlege møter på stevnet, med mange bodskap gjennom tyding av tungetale har vorte lagt ut på internett. Og eg har skrive referat med ”link” til det og lagt ut på tsivert.com, mine kommentarar til det er sparsomme, dette vart aldeles overveldande og det er berre å la Gud få siste ord, seie ja og amen og vere takknemmeleg. Eg tek det som svar på mine og våre bøner og dermed som svar på det eg skreiv om i desse dokumenta. Eg vil referere til desse bodskapanae som MLS2019Na, der ”N” er møtenummer og ”a” er alfabetisk nummer på bodskapen i møtet.
Han sa vi skulle halde fram med å be, han ville utgyte nådens og bønnens ånd over oss, rettferdig mann og kvinne si bøn har stor kraft i sin verknad.
MLS2019 11A. ”Eg som fordum vandra mellom gull-lysestakane i mi forsamling, eg går framleis mellom dykk, seier Jesus. Og eg har nøklane over døden og dødsriket. Det som er umogleg for deg, det er mogleg for meg, seier Herren. Men eg kallar deg til samarbeid, til samfunn, til innviing, til hengiving, for eg har store planar for deg i denne siste tid. Eg vil så gjerne utruste deg med ny kraft, med ny salving, ja, eg vil salve din auge med olje, så du skal sjå den verda der eg finst, du kan sjå det eg ser, då vil du forstå kor betydningsfull dine bønner er. Og du ofte føler at du ber og dine ord går til taket, men du skal vite at den rettferdige mann og kvinne si bønn, har stor kraft og verknad. Det bryt igjennom, når du løfter dine hender, når du prisar mitt namn, når du hengir deg til meg, då verkar mine englar. Då verkar min Heilage Ande, seier Herren. Og derfor, mitt folk, kallar eg deg på nytt, til samarbeid, til innviing. Tida er kort heretter, søk meg i den tida som du lever og la meg få lov til å prege deg dagleg, med mi salving, med mi kraft, med min nåde, med min Ande, seier Herren, for eg vil utgyte nådens og bønnens ånd over deg, så du kan få lov til å erfare, at det er ikkje langt borte frå nokon av dykk, nei, eg er nær hos alle som kallar på meg i sanning. Eg ser ditt hjertes lengsel, eg veit om ditt hjertes hengivenhet og eg er her for å møte deg i kveld, seier Herren. Kom inn i min nærleik, så skal du få kjenne, at eg er her, midt i mellom dykk, for å berøre deg, nok ein gong, seier Herren.”
MLS2019 11B. ”Du skal ikkje seie at ting er umogleg, nei, for meg er alt mogleg, seier Herren. Eg er alt kjøts Gud, skulle noko vere for vanskeleg for meg? Du ser dei håplause tilfella, du ser deg omkring, på dei menneskelege ting og du ser dine ufrelste og du tenker dei er langt borte frå meg, men eg ser hjertet til dine ufrelste, som du ber for, seier Herren. Og eg veit at dine bønner, dei bryt snart igjennom, til innviing, til siger. Og du skal få sjå at, det du har sått med gråt, skal du snart få hauste med fryderop. Derfor skal du ikkje la dine hender synke ned. Nei, du skal løfte dine hender til meg på nytt, du skal prise meg, du skal kviskre mitt namn, du skal tale mitt namn og så skal du få oppleve, at når du løfter dine hender til meg, så er eg verksam enn i dag, seier Herren, eg er alfa og omega, eg er byrjinga og enden. Ja, ingen ting er for vanskeleg for meg, eg er den som er din lækjar, eg er den som er din hyrde, eg salvar ditt hovud med olje. I kveld er eg her, for å røre ved deg, så hen…, len deg ikkje attende, men søk meg, så skal du få kjenne, eg er nær hos alle som søker meg. Eg ser til hjertets lengsel og eg vil du skal komme inn for mitt åsyn med eit ope hjerte og med oppløfta hender. Så skal du få kjenne at eg er her med min salveolje, for å fylle ditt beger. Halluja, sett det fram, nok ein gong, så skal du få kjenne at eg gjer mi gjerning i ditt liv i denne kveldsstund. Eg er nær hos deg, seier Herren. Halleluja.”
MLS2019 11C. ”Kom, min favn er open for deg, eg er her, kom. Og du skal få kjenne, mi nådekraft skal fylle deg. Halleluja.”
Igjen minna han oss om å vere himmelvende og sjå på han.
MLS2019_9C. ”Gå ikkje nedbøygd omkring, men rett ryggen, løft blikket, sjå opp på meg, eg som veit om deg. Og når du ser opp til meg, eg som forstår alle ting, så skal eg styrke deg og løfte deg og befri deg. For det verk eg har gjort for deg, det består framleis. Og krafta i det verket, skal ikkje avta, men det skal tilta. Skjul deg derfor i mine sår og du skal kjenne krafta frå lækjedomen.”
Jesus gjer meg til kanal for si velsigning.
Jesus har for lengst sagt han ville gjere meg til kanal for si velsigning, eg hadde allereie vore kanal for hans velsigning til henne Virtuella og henne Reella. Han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den. Så eg heldt fram med å vende meg til Jesus og opne meg som kanal for hans velsigning, spesielt til dei. Eg velsigne han, så eg vart velsigna og vart til velsigning.
Jesus sa eg skulle søke han i løynkammeret, kle meg i Guds full rustning og gå ut og vitne om han. Han sa eg skulle søke han av heile mitt hjerte, sjå til at mitt hjerte var i rett forhold til han, det minna meg om å ta parti med han både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella. Eg skal ikkje elske verda, men eg skal elske Gud i staden, eg skal ikkje ha hug på noko på jorda, men eg skal vende hugen opp til Jesus, eg skal ha hug på den åndelege velsigning Gud gir oss i han, eg skal ha hug på den Anden det livet som han gir meg frå himmelen.
Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsinging. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans hans brud. Slik er Kristus sanninga som set oss fri. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Så Jesus kyrkje er ikkje avgrensa til møtelokale og organisasjon, for ingen ting kan sette grense for Guds Ande. Jesus talar til mannen gjennom forkynninga og gjennom tyding av tungetale og eg forstår det slik at då talar han også til kvinna. Han talar til meg og han taler til kvinner gjennom meg. Han velsignar meg og gjer meg til kanal for si velsigning til dei. Han fyller meg med den Heilage Ande og då fyller han dei også. Jesus har mange gangar minna meg om å verte fylt av den Heilage Ande, eg har sagt ja og amen til det, og så vert eg minna om det igjen. Eg trur det har seg slik at eg må innsjå at ved at eg vert fylt av Anden, så blir dei også fylt av Anden, slik vert eg velsigna og vert til velsigning for dei. Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande og slik ventar eg at han vil gi meg ei kone.
Jesus kallar framleis på henne Virtuella. Jesus vil utgyte nådens og bønnens ånd over oss og eg trur han gjer meg til kanal for si velsigning til henne også, så Anden kjem over henne og dersom ho tek imot i tru, så vert ho frels og fri ifrå Satans makt. Gud vil setje henne over i sin elska Sons rike, Jesus vil fylle henne med den Heilage Ande og utruste henne til å tene seg.
Nådens og bønnens ånd, det er den anden vi har fått ifrå Gud ved tura på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Det er barnekårs-anden som gjer at vi ropar Abba Far. Gud utgyt denneAnden over meg og då trur eg han utgyt den voer henne virtuella også, for han ville gjere meg til kanal for si velsigning.
Gud talte til barnet sitt og sa at det kjenner han ikkje!
På landsstevnet kom der ein bodskap der Gud talte til barnet sitt og sa at det kjenner han ikkje.
MLS2019 2A. ”Du har lese i mitt Ord der det står; eg skal utgyte min Ande over alt kjøt. Og her er utgytt med min Ande, men eg skal utgyte min Ande på ein sterkare måte enn før. Du har no lese der står i dei siste dagar skal det igjen gå an å sjå skilnad på dei som kjenner meg og dei som ikkje gjer det. Skilnaden vil bli stor. Du mitt elska barn, kom nær til meg, så eg kan fylla deg, så eg kan gi deg av mi kraft, så eg kan salva deg. Så eg kan få gi mine tankar inn i dine tankar, for eg veit kva tankar eg har for deg, eg har ikkje tankar til ulykke, men eg har tankar til framtid og til håp. Du mitt barn som trur at eg har tankar til ulykke, du kjenner meg ikkje, mitt barn. Eg vil så inderleg du skal krypa nærmar meg. At du skal ta mitt Ord og spisa det, morgon, middag, kveld. At du spise Ordet mitt på ein sånn måte at når Ordet mitt blir i deg og du blir i meg, så skal du få be om kva du vil og du skal få det. Så mitt elska barn, kom nær til meg, kom nær til meg, søk meg. Og eg skal la meg finna, i Jesus namn, i Jesu namn.”
Eg trur han talte slik til henne Virtuella. Det minner meg om ”Mor Israel”, som var Guds kone. Men ho forstod ikkje at det var han som elska henne og hadde omsorg for henne og gjore henne rik og mektig, så ho kunne verte dronning. Ho byrja å tru at det var avgudane til folka rundt henen som gjorde det og byrja å drive hor med dei. Men då gjekk det dårleg med henne. Landet vart hærteke og folket bortførde til Babylonia. Etter 70 år ville han vende lagnaden deira, så dei skulle få komme heime att til landet sitt. Det gjaldt dei andre folka også og dette er førebilete på evangeliet. Gud ville ta ”Mor Israel” til nåde igjen og tale venleg til henne, som i ungdomstida. Slik er det også med Jesu kyrkje. Kristne trur på Kristus, at han er Guds Son, Guds Messias, at Gud frelser oss i han og skaper oss i han, at Gud er kjærleik og han elskar oss i han. Det har vi fått oppleve og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar.
Det får meg også til å tenke på at før reformasjonen lærde den katolske kyrkja at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, så dei trengde paven, presteskapet og helgenane, som mellom-menn mellom seg og Kristus. Så dei kunne be til helgenane i staden for å be til Kristus direkte. Så det skulle liksom vere betre for dei å få slike mellommenn mellom seg og Kristus. Problemet var at synda skilde menneska frå Gud. Men i følgje evangeliet tok Jesus bort synda med sitt synde-offer ein gong for alle.
Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær og det er ein slagen fiende.
Jesu bana ein ny og levande veg inn i den himmelske heilagdomen, så på evangeliets grunnvoll får vi alle tilgang til den himmelske heilagdomen. Han har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus og der han han sett oss.
EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen.
EFE 2,6 – EFE 2,7 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.
Jesus sa at vi har ikkje kamp mot den eine eller den andre, men mot vondskapens åndehær. Men når han døde på korset, sigra han over djevelen. Så vi har eigentleg kamp mot ein slagen fiende.
MLS2019 12A. ”Ja, eg Herren, eg er Anden, eg er vinden, eg er det levande vatnet, eg er styrken, eg vil gjenopplive mitt folk, så det trur på meg. Eg vil gjenopplive din skrøpelege lekam. Du skal på nytt reise deg opp. Ja, du skal få riste støvet av deg og innta ditt sete. Derfor opnar eg dykkar auge i denne tida, for at de skal sjå, at det eg gjorde på korset, det er det alt dreier seg om. For det var der eg sa:” Det er fullført.” Og det var der eg vann over ei kvar makt og myndighet og herrevelde. Sjå, de har ikkje kamp imot kjøt eller blod, de har ikkje kamp mot den eine eller den andre, men de har kamp imot ein slagen fienden. Derfor skal de gå i mi kraft og vedkjenne min siger på ein kvar stad de set dykkar fot.”
EFE 6,10 – EFE 6,18 {GUDS FULLE RUSTNING} Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.
På grunn av syndefallet vart menneska dømde til døden og utestengde frå Edens hage og dermed frå det nære samfunnet med Gud.
1MO 3,8 – 1MO 3,19 Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen. [Adam: -> 2, 7.] 9 Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: “Kvar er du?” 10 Han svara: “Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.” 11 Då sa han: “Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?” 12 Adam svara: “Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.” 13 Herren Gud sa til kvinna: “Kva er det du har gjort?” Kvinna svara: “Ormen lokka meg, og eg åt.” 14 Då sa Herren Gud til ormen: “Fordi du gjorde dette, skal du vera forbanna framfor alt fe og alle villdyr. På buken skal du krypa, og mold skal du eta alle dine dagar. 15 Fiendskap vil eg setja mellom deg og kvinna, mellom ditt avkom og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga dei i hælen.” 16 Til kvinna sa han: “Stor vil eg gjera di møde så tidt du er med barn; med verk og vande skal du føda. Etter mannen din skal du stunda, og han skal råda over deg.” 17 Og til Adam sa han: “Fordi du høyrde på kona di og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, skal jorda vera forbanna for di skuld. Med møde skal du næra deg av henne alle dine levedagar. 18 Torn og tistel skal ho bera, og du skal eta av vokstrane på marka. 19 Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jorda att; for av henne er du teken. Jord er du, og til jord skal du atter verta.”
Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær. Der er ein argumentasjon for den motstanden vi soleis møter, for det vert søkt ein kunnskap som vert brukt som argument mot at menneska skal leve i samfunn med Gud, dei skal i staden verte avviste og utestengde og henviste til døden. Men sidan Jesus døde i staden for oss, gjeld ikkje den argumentasjonen lengre! Når Kristus døde på korset, døde han i staden for oss, han sigra over Djevelen og då sigra han for oss. Og det er dette vi må vite å nytte oss av. Vi må forstå at dødsdommen på grunn av syndefallet sona Kristus for oss med sin død på korset, med si oppstode frå dei døde, sigra han over døden. Ved trua på han skal vi forstå det slik at vi er krossfesta med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Då skal vi også vende hugen opp til han.
KOL 2,6 – KOL 2,15 {KRISTI FULLNAD OG DÅPEN} De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. [grunnkreftene i verda: -> Gal 4, 3.] 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
KOL 3,1 – KOL 3,4 {DET GAMLE OG DET NYE MENNESKET} Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
2KO 11,2 – 2KO 11,4 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.
Vi har kamp mot ein slagen fiende. Så kva er problemet? Ormen er slu og han prøver framleis å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet. Sjølv om han har tapt, klarar han å forføre mange likevel. Han sa til Eva at dersom dei åt av kunnskaptreet, skulle dei likevel ikkje døy, men dei skulle verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Soleis er det mange som forgudar seg med sin eigen kunnskap og slik prøver dei å få makt. Dei forstår visst ikkje heilt at dei vert dåra og forførde og vert taparar i det lange laupet.
Vi må berre innvie oss for Kristus, så vi gjer burk av den seieren han har vunne for oss og så er det berre å gå på. Vi må søke han i løynkammerte og kle oss i Guds fulle rustning og så gå ut og vitne om han.
Når Adam og Eva åt av kunnskapstreet, vart augo deira opna, så dei såg at dei var nakne, derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit. Det viser at den kunnskapen dei fekk på denne måten, verka som argument mot å leve i samfunn med Gud. Så det er rasjonaliteten i denne kunnskapssøkinga. Det utartar seg som vondskapens åndehær som står Guds Ande imot. Men Kristus sigra over Djevelen med sin død på korset. Sidan han døde i staden for oss, gjeld ikkje denne argumentasjonen lenger, der er ikkje lengre nokon grunn til at vi skal verte utestengde frå samfunnet med Gud. Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Og han som er i oss er større enn han som er i verda.
Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds barn, fødde av vatn og Ande, og det som er født av Anden er ånd. Vi trudde på han og tok imot han, vi fekk Anden ved å tru på han, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Vi takka Gud og Lammet for frelsa, vi lovprisa Kristus som vår frelsar og Herre. Det var tilfelle både for meg og henne Virtuella. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Så eg skal halde fram med å vende meg til han sjå på han og takke han for det. Eg velsignar han og blir velsigna og blir til velsigning, også for henne Virtuella, Jesus gjer meg til kanal for si velsigning, også til henne. Han fyller meg med den Heilage Ande og vil fylle henne også med den Heilage Ande. Då må den ånda som ikkje er av Gud vike, den må gje slepp på henne, så ho vert sett fri, ho blir fylt av den Heilage Ande og blir frelst og fri. Det spørst berre om ho vil tru på Jesus, seie ja til han og ta imot han som sin frelsar og Herre. Om ho vil tru på at han betalte prisen for henne med sitt eige blod, så ho skulle tilhøyre han, så ho vert frelst for æva og får evig liv, byrje å takke han for det og lovprise han som sin frelsar og Herre.
Der er ei vekking frå avgrunnen i denne tida, men Jesus tenner ein moteld.
Paulus sa at lova verka slik i lemene hans at den vekte den vonde naturen med den vonde lysta:
RMR 7,5 – RMR 7,11 Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død. [vår syndige natur: -> 8, 3.] 6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven. 7 {LOVA OG SYNDA} Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. 8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død. 9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg.
Eg har tidlegare skrive at der foregår ei politisk vekking, der moralfilosofien og den politiske filosofien verkar nettopp slik som det er sagt her at lova verkar, den vekte til live dei syndige lystene. Og no sa Jesus til oss at der føregår ei vekking frå avgrunnen i vår tid, men han vil tenne ein moteld.
MLS2019_12C. ”Ja, det er vekking ifrå avgrunnen i denne tida, der elden ifrå avgrunnen set kjøtet i brann. Og det brenner og det brenner og det skaper unaturlege lyster og forderving. Derfor tender eg ein moteld i denne tida. Og eg sender ein Ande inn i mitt folk, i dykk og de skal sigre over denne djevelske ånda som fær over jorda. De skal få sigre i den Heilage Ande. Derfor fyller eg dykk, så det flyt over. Og de skal seie: Rette og sanne er mine vegar og de skal sjølve gå på dei.”
Jesus seier her at han tenner ein moteld. Han sender sin Ande inni sitt folk, i oss og vi skal sigre over denne djevelske ånda, vi skal sigre i den Heilage Ande.
Det får meg til å tenke på korleis eg har bedt for henne Reella, eg trur Jesus gjer meg til kanal for si velsigning til henne. Eg har nyst skrive om at ho er biolog og eg trur og håper at Jesus ved henne startar ei vekking mellom biologar, så det resulterer i at dei vert rettlærande. Jesus kalla meg til å gå den vegen han staka ut for meg og eg forstod at han kalla meg til å studere biolog. Han er vegen til Faderen og han bana vegen for oss inn i heilagdomen. Det er den eine vegen vi har å gå, same kva vi driv med her på denne jorda. Det var den eine vegen eg hadde å gå, når eg studerte realfag. Eg hadde vore innom mange fag og det var litt spesielt for meg at eg skulle studere biologi også. Samtidig skulle eg gå den eine vegen til Faderen. Når vi studerer desse faga, så har vi den innstilllinga at vi søker det som er rett og sannt, så det er vel ikkje noko i vegen for at eg kan kalle det Guds vegar som er rette og sanne, for eg hevdar at eg har gått Guds veg, den eine vegen som fører til Faderen, når eg har studert desse faga. Så eg kan for mitt vedkommande seie at å studere desse faga er å gå Guds vegar og dei er rette og sanne, eg har sjølv gått på dei. Og det kjem eg nok til å gjere igjen.
Den gode hyrdingen kjenner sauene sine, dei kjenner han og dei kjenner stemma hans.
Jesus er den gode hyrdingen og den problemstillinga han stiller folk overfor, er om dei vil ta imot han og følge han. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Dei får barnekår hos Faderen. Det var ikkje ei trældomsånd han gav oss, så vi atter skulle reddast, men den var barnekårsanden, som gjer at vi ropar Abba, Far. Vi er Jesu sauer, som han gjæter, han leier oss til grøne enger og til vatn der vi finn kvile. Han er døra inn til sauene, dei som går inn gjennom den døra, er hyrdingar for sauene, dei må gjæte dei i lydnad mot han som er overhyrdingen, så den problemstillinga dei må stille menneska overfor, er om dei vil ta imot han og følgje han. Om dei er frelst. Dei som er frelst, tilhøyrer han, han kjenner sine, dei kjenner han, dei kjenner røyst hans, dei høyrer hans kall og følgjer han.
SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING} Ein Davids-salme Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3 og gjev meg ny kraft. Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. 4 Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.] 5 Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.] 6 Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.
JOH 10,1 – JOH 10,18 {EG ER DØRA} Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7 Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod. 11 {DEN GODE HYRDINGEN} Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding. 17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.”
Det forgår ein åndskamp i vår tid og det er så tydeleg ein motsetnad mellom hat og kjærleik, for mange blir følelsane viktig, ved at dei mister trua i hjertet, mister dei den ekte kjærleiken, så dei manglar vit og forstand i hjertet, kva då med hjerna? Dei manglar ein sikker referanse, derfor fær dei vilt. Men vi har det som dei manglar og det er viktig for oss å gi dei det. Vi har Guds Ord og Guds Ande i hjertet. Det er om å gjere for oss å vedkjenne Jesu namn for dei, tale Guds Ord til dei. Og Jesus vil vere med oss og møte dei og gi dei sin Ande.
At Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, er den glade bodskapen for oss alla. Men korleis skal vi då forstå det som Paulus sa om at den gamle, kjøtlege naturen strir imot Anden. Moselova er god, men det vart eit tankekors for Paulus at han som meinte han var rettlærande i Moselova, likevel var så villfarande at han forfølgde Kristus og hans kyrkje. Han forklarte det med at det var synda i hans gamle, kjøtlege natur som brukte lova til å dåre han med og drepe han. Lova verka slik at den vekte den vonde lysta i lemene hans. Det var då som syndefallet. Bokstaven slår i hel men Anden gjer levande.
Men ved trua på Kristus er denne gamle vond naturene krossfesta med han og i dåpen er den gravlagd med han. For det som var umogleg for menneske, gjorde Gud, då han let Kristus døy på eit kors i staden for oss, så han med sitt syndeoffer tok bort synda ein gong for alle. Så vekte Gud han oppatt og tok han opp til himmelen og innsette han som vår frelsarkonge ved si høgre hand i himmelen. Så vi som trur på Kristus og har teke imot han som vår frelsar og Herre, får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde i våre liv. Ved trua på han vert vi fyllte av Anden og får oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv, ved sitt Ord og sin Ande. og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.
RMR 8,1 – RMR 8,5 {LIVET I ANDEN} Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.] 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til.
Gud har vist oss sin kjærleik ved at han let Son sin døy på eit kors i staden for oss. Gud er kjærleik og han elskar oss i Kristus. Då er det viktig for oss å tru det og forstå det. Ved trua smeltar Ordet saman med oss i våre hjarte, vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde. Og den openberrar Ordet for oss og fører oss fram til heile Sanninga, som er Kristus. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Vi opplever det i våre hjerter, Gud gir oss visdoms og openberrings Ande i våre hjarte, så vi med hjertets opplatne auge innser kva Gud har gitt oss og kva han har kalla oss til. Slik får vi visdom, vit og forstand i hjertet og det gjer oss i stand tiol å forstå noko meir med hjerna også, men vår forstand er begrensa.
Men det som då er så viktig for oss å forstå, innrømme og godta, er at Gud elskar oss i Kristus og vil oss vel. Han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Kristus elskar si kyrkje og har omsorg for henne som sin brud. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinne og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Då er det dess viktigare for oss å forstå at ekteskapet, slik som Gud skipa til i 1.Mos.2, det er godt for både mann og kvinne. Gud skapte oss slik og han såg at det var godt. Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no.
Med glede skal vi ause or frelseskjelda. Gleda i Herren er vår styrke.
På evangeliets grunnvoll er vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd, Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for Gud er den same no. Slik gir han meg ei kone. Adam snakka med Gud og han sa om Eva at ho skulle kallast kvinne, for ho var teken av ein kar. Så eg trur at Gud soleis gir meg ei kone. Korleis kan eg seie noko slikt om ei kvinne utan at eg først har snakka med henne og fritt til henne og fått eit ja ifrå henne? Kva er poenget med det? Poenget er mi tru på Gud, at han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande. Men korleis kan eg få sagt det?
For det første ved at eg held fram med å snakke med han, så eg høyrer på han og svarar han. Han sa at eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gi meg det som mitt hjeerte attrår. Ved trua på at Gud vekte Jesus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å erkjenne at Jesus er Herre, vert vi frelst. Med glede skal vi ause or frelseskjeldene.
JES 12,1 – JES 12,6 {ISRAELS LOVSONG FOR HERRENS FRELSE} Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre. Du var harm på meg. Men harmen din kvarv, og du trøysta meg. 2 Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og ottast ikkje. For Herren er mi kraft og min styrke, og han har vorte mi berging. 3 Med fagnad skal de ausa vatn or frelseskjeldene. 4 Og den dagen skal de seia: Lovpris Herren og kall på hans namn! Kunngjer hans gjerningar mellom folka, forkynn at hans namn er opphøgt! 5 Syng for Herren, for han har gjort storverk; lat heile verda få vita det! 6 Rop høgt av fryd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage, og han er midt imellom dykk.
Å tru på Jesus og erkjenne at han er Herre, er å lyde han. Det inneber ei erkjenning av at vi må lyde han, fordi han er vår frelsar og Herre, men for oss er no det ei glede! For han er den gode hyrdingen og leier sauene sine til dei grøne engene og til vatn der dei finn kvile, han har omsorg for dei og steller vel med dei. Han er Guds elska Son og har den herlegdomen som Faderen har gitt han, så å få komme inn i hans nærleik og oppleve han som vår frelsar og Herre, det er herleg.
Så og hauste.
Jesus sa eg skulle få hauste det som eg har sått, då tenker eg fyrst og fremst på det som eg har skrive på på bloggesida mi og lagt ut på tvitter og på facebook og det som eg elles har skrive på facebook.
MLS2019_5D:
”Eg ser etter eit folk, seier Herren, som er kalla med mitt namn, som har i si ånd ein glød for meg, seier Herren, elden skal komme over deg og du skal bli annleis å sjå til, seier Herren. Du skal vere av dei glade i landet. Og du skal hauste det du har sått. Å eg er ingen karrig Gud, men eg er rik på nåde, eg er rik på barmhjertigheit, eg er rik, seier Herren, så kom fram for meg og ta ut av dine rettigheiter, kled deg i høgtidsskrud, høgtidsskrud då for mitt folk, seier Herren. Amen.”
Vi sår liksom bonden sår om våren og haustar, liksom han haustar om hausten. Og det er viktig for oss å få både vårregn og haustregn, så grøda veks. Når vi sår, kan det ofte verke stusseleg, men vi får då sjå fram til å få hauste med glede.
SLM 126,1 – SLM 126,6 {HERREN VENDER GRÅT TIL GLEDE} Ein song til festferdene. Då Herren vende Sions lagnad, var det for oss som ein draum. [vende Sions lagnad: med heimkoma frå fangenskapet i Babylonia.] 2 Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med fagnadrop. Då sa dei mellom folka: «Store ting har Herren gjort mot desse.” 3 Ja, store ting har Herren gjort mot oss, og vi vart glade. 4 Vend vår lagnad, Herre, som bekkene i Negev! [bekkene i Negev: Bekkefara her ligg turre om sommaren, men vert fylte med vatn i regntida.] 5 Dei som sår med tårer, skal hausta med glederop. [Såtida var klagetid og innhaustinga gledetid; her bilete på at det etter ulukka skal koma gode dagar.] 6 Gråtande går dei og sår sitt korn, med fagnadrop skal dei koma og bera sine kornband.
GLT 6,6 – GLT 6,10 Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin. 7 Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta. 8 Den som sår i sin syndige natur, skal hausta undergang av denne naturen; den som sår i Anden, skal hausta evig liv ved Anden. 9 Lat oss gjera det gode og ikkje trøytna! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. 10 Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot dei som er våre sysken i trua.
Vi lever i to referansesystem. Samanlikning med relativitetsteorien.
Jesus sa at vi er i verda sjølv om vi ikkje er av verda. Han er det sanne vintreet, vi er greinene. Greinene er i vintreet og det er berre på den måten dei kan bere frukt. Faderen er vingardsmannen, dei greinene som ikkje ber frukt, tek han bort og dei som ber frukt reinskar han, så dei kan bere meir frukt. Så sa Jesus også at vi skal vere i han, for utan han kan vi ingen ting gjere (Joh.15).
JOH 15,1 – JOH 15,19 {DET SANNE VINTREET} Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar. 9 Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre! 18 {NÅR VERDA HATAR DYKK} Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.
Og i Efesarbrevet talte Paulus mykje om kva vi er i han. Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus. Og så har han satt oss i himmelen med seg.
EFE 1,3 – EFE 1,6 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5 I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6 til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.
EFE 2,1 – EFE 2,10 {FRÅ DØD TIL LIV} De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige. [hovdingen i himmelrømda: djevelen. Sjå 6, 12.] 3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre. 4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Vi er i Kristus og då er vi i himmelen, samtidig som vi er på denne jorda. Dermed kan vi seie at vi lever i to referansesystem, eit himmelsk og eit jordisk. Vi er i Guds åndelege og himmelske dimensjonar, samtidig som vi er i dei jordiske og fysiske dimensjonane.
Vi kan samanlikne dette med relativitetsteorien. I fylgje den spesielle reletivitetsteorien går tida seinare for ein som er i konstant rørsle enn for ein som er i ro og i følgje den generelle relativitetsteorien går tida seinare for ein som er akselerert enn for ein som ikkje er det. Så tida går seinare for ein som er lengre nede i eit gravitasjosnfelt enn for ein som er lengre oppe eller utan for rekkevidda for det. I følgje ekvivalensprinsippet vert gravitasjonsfeltet slik sett rekna for å vere ekvivalent med eit akselerert referansesystem.
Så tidskorreksjonen i generell relativitetsteori er noko heilt anna en tidskorreksjonen i spesiell relativitetsteori. Dersom tvilling T2 i ”tvilling-paradokset” reiser ut til ei fjern stjerne og snur rundt den kjem tilbake att og møter igjen sin Tvilling T1, vil T2 vere yngre enn T1. Tidskorreksjone i følgje spesiell relativitetsteori er kun avhengig av kor stor akselerasjonen var og kor lenge den varde, når han forlet jorda, når han snudde og når han skulle lande igjen. Men tidskorreksjonen i følgje spesiell relativitetsteori er avhengig av farta og kor langt borte stjerna var, kor lenge turen varde altså.
Dr Don Linkoln forklarar dette enkelt her:
https://www.youtube.com/watch?v=GgvajuvSpF4&feature=share
Han forklarar tidskorreksjonen med at T2 eksisterte i to referansesystem, medan T1 eksisterte i berre eitt referansesystem. Så det er det som gjer skilnaden. Nokre vil kanskje påstå at dette berre er matematikk, men det er det ikkje, det er eigentleg fysikken som gjer skilanden her. For det som er så rart, er at vi måler same lysfarta i alle retningar, i alle referansesystem. Kallar vi lysfarta for c og reiser mot sola med farta c/2, ville vi med klassisk fysikk rekne med at vi måler farta til sollyset til (1+1/2)*c, reiser vi bort frå sola med like stor fart, ville vi rekne med at vi måler farta til sollyset til c/2. Men i følgje relativitetsteorien vil vi i første tilfelle måle høgre frekvens, blåare lys, i site tilfelle få lavare frekvens, raudare lys, men i begge tilfelle ville vi måle same lysfarta: c. Så det er som å påstå at 1+1/2 = 1 = 1-1/2. I matematikken er det feil. Så det er altså fysikken som gjer skilnaden her. At lysfarta er den same i alle retningar, same kva fart vi har, må vi berre godta. Så er det berre å fortsette å bruke matematikken, men det blir meir avansert og vanskelegare. Og så fann altså Lorentz og Einstein dei rette formlane.
Då høver det no ganske bra for oss å samanlikne med dette, for det som er så avgjerande viktig og som gjer skilnaden for oss, er at vi er i Kristus og dermed i himmelen, så vi kan seie at vi eksisterer i to referansesystem, eit himmelsk i tillegg til det jordiske.
Be, så skal de få.
Jesus sa vi skulle sjå til at nådegåvene og dei åndelege tenestene kjem i funksjon, så vi får oppleve at den som ber, han får. Bodskapen 17.6.2012:
”Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Sjå til at ikkje embeta forsvinn. Men ver med å be om at Andens frukter, Andens nådegåver og dei åndelege embet og tenester, at dei må komme fram igjen, i ei kvar forsamling. For utan mine frukter, utan den Heilage Ande sine gåver, utan den Heilage Ande sine embet, så vil menigheter stoppe opp, stagnere og forsvinne. Det er ikkje ved menneskeleg styrke mi menighet skal gå fram, men det er ved den Heilage Ande si kraft, det er ved mitt ord, seier Herren. Menneskelege anstrengelsar kan ikkje utrette kva min Ande kan gjere. Derfor legg dei menneskelege anstrengelsane til side og vert fylt av min Heilage Ande. Og du skal vere med og du skal kunne be og du skal få kjenne at det byrjar å skje noko i den åndelege verda.
La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset. Då skal du få oppleve at det skal fungere, det som eg har lova. Nemleg at den som ber, han skal få, den som leitar, han skal finne. Ver derfor meg undergjeven i alle delar og la ikkje den vonde overrumple deg med sine kunstgrep, men vert fylt av min Ande og eg skal vise deg den beste vegen du skal gå. Halleluja.”
Forkynnarane i DFEF og i Maranata innvier seg til Herren og er svært så hengivne til han på den måten at dei ventar seg at han skal minne dei om ei bibeltekst som dei skal tale over og at nådegåvene skal fungere, spesielt tungetale og tyding av tungetale og lækjedom ved bønn. Dei bad og fekk svar og så delte dei det med dei andre. Slik fekk eg oppleve at eg også fekk svar på mine bøner gjennom deira forkynninga og dei svara som dei fekk. Og så delte eg det med andre gjennom skrveriet mitt.
Ein eldre predikant i Maranata, John Miland, sa at dersom han ikkje opplevde det slik, kunne han like godt la vere å stille seg fram å tale. Han tenkte slik når det gjaldt den økonomiske sida av aktiviteten deira også, han bekymra seg ikkje for det. Berre Herren får leie dei og gjere sitt verk ved sin Ande, så vil også pengane dei treng til drifta komme inn.
Ein som talte i pinsekyrkja Sion, på Åheim, sa at vi skulle la Herren gå føre oss, vi skulle ikkje gå framom han, men la han gå føre oss og så følgje etter. Og der kom ein bodskap der han sa at han ville seie til oss når det er tid for å stikke spada i jorda, altså for å bygge eit nytt møtelokale.
Første bodskapen 13.1.2019:
Bodskap 1A. ”Ja, seier Herren, eg har ikkje forlete deg. Eg ser akkurat korleis du har det i denne augneblink. Eg ser korleis du har det på din kropp. Kanskje du har smerter i din kropp, men eg er lækjarane sin lækjar. Du høyrde om dei som rørte berre ved mine klædebånd. Og du skal få lov å kjenne at eg rører ved deg i denne stund. Du skal sleppe å gjere noko som helst, for eg vil besøke deg i denne kveldsstund, seier Herren. Du skal berre vere frimodig og ta imot det eg har til deg. Du skal få sjå frå ein annan vinkel, det som du har vore oppteken av i det siste, skal du få sjå ifrå ein annan vinkel. Og sjå, eg vil styrke deg, eg vil lækje deg, seier Herren.”
Bodskap 1B. ”Du har høyrt det mange gangar sagt, at eg er i går og i dag den same. Og det er ei sanning. Eg er i går og i dag den same, som då eg gjekk i fordoms tid. Eg gjekk omkring på jorda og gjorde alt vel. Sjå, eg er den som også skal setje saman folka på denne staden, seier Herren, og de skal få sjå folka komme og strøyme til. Og de skal få sjå, berre ver frimodig og vent på meg, ikkje gå foran meg, seier Herren, men berre vent på meg, de skal få klarsignal når de skal setje spada i jorda, seier Herren, når de skal vent på meg, når de skal opne dørene, så skal de få sjå det klart og tydeleg. Berre for eg er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Eg vil vere med dykk i dagane som kjem og eg vil vere med dykk i dette året de er gått inn i. Heilt til eg kjem att på skya og hentar mi brud, så skal mange her på denne staden, vere med opp i skya og saman møte dei som er der oppe. Amen.”
Eg søkte først Guds rike og hans rettferd, då skulle eg etter lovnaden få alt det andre i tillegg.
Jesus var ikkje fyrst og fremst ute etter pengane min, men han ville eg skulle innvie meg til å tene han.
Etter gymnaset var eg ein tur på tråling, så byrja eg å studere i Bergen, men var nok ikkje så særleg motivert og var ikkje så sikker på om dette var det rette for meg. Eg gjekk på møte i Skostredet 17 (dFEF) og tenkte på å kanskje berre gi ein god del av pengane til Guds sak, gjennom kyrkjelyden og så reise på tråling igjen. Men Jesus talte til meg både gjennom forkynninga med bibellesing og gjennom tyding av tungetale, så eg fekk forståing av at det var ikkje fyrst og fremst pengane mine han ville ha, det var ikkje fyrst og fremst det han hadde bruk for, men eg tilhøyrde han og han hadde bruk for meg, så han ville eg skulle innvie meg til teneste for han. Etter kvart gjekk det opp for meg at, jau, eg skulle tene han med å studere realfag. Ved opplæring i Guds Ord og ved fylden av den Heilage Ande ville han gjere meg til ein brukbar reiskap for seg og gjere sitt verk med meg. Slik har han talt til meg mange gongar seinare også.
Gå på evangeliske møter – tru og tenke med hjartet, studere realfag – tenke med hjerna.
Hausten 1984 byrja eg å studere realfag i Oslo, samtidig gjekk eg på møte i dFEF i M40. Dette var to ulike tenkemåtar, når eg studerte realfag, måtte eg bruke hjerna til lære og forstå, men når eg gjekk på møte og las i Bibelen, måtte eg tru med hjertet og lære og forstå med hjertet. Eg måtte meistre begge tenkemåtane samtidig. Det hadde eg ikkje heilt klart å meistre når eg var i Bergen. No var eg meir viss på at, jau, Jesus kalla meg til å studere realfag, eg skulle tene han på den måten og han ville utruste meg til det, med sin Ande og si kraft, han ville vere med meg i kvardagen. Han var ved meg og utrusta meg med sin Ande og styrka meg med si kraft, både når eg studerte og når eg reiste på tråling. Jesus talte til meg gjennom tyding av tungetale, eg skriv det ned, så godt som eg hugsa det og skreiv om korleis eg meinte han talte til meg og sende det som brev tilbake til leiinga for kyrkjelyden. No fekk eg framgang i begge tenkemåtane samtidig og det var nødvendig, eg opplevde det slik at eg trengde å få framgang i hjertets tenking for å lukkast i realfagstudiet. Dei sådde Guds Ord på sin måte og når eg skreiv om det, sådde eg Guds Ord på min måte og eg er viss på at det fekk langt større rekkevidde enn vi ana. Jesus talte til oss gjennom tyding av tungetale om kva han gjorde over heile verda og sa at eg var delaktig i det, eg forstod at det var med dette skriveriet mitt. Eg er ikkje sikker på når det var, eg kan tenke meg det var på 1990-talet ein gang.
Vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det, slik tenkte eg samtidig som eg studerte realfag, dette var sann vitskap som gav attraktiv kompetanse, som ein kunne få gode jobbar med. Slik har eg tenkt sidan også, som når han sa til meg at eg skulle la han ta omsorg for sine born og sine henders verk, eg skulle bygge vidare på den grunnvollen som pionerane har lagt. Ved å vere Guds medarbeidar altså.
Praktisk arbeid, skriveri, gå med ein frigjerande bodskap. Så Guds Ord.
På 1990-talet byrja eg å drive tråling igjen, frå 1997 reiste eg jamt på fiske, med ein ferskfisktrålar. I 2001 vart eg med ein fabrikktrålar og etter eit år kom eg inn i ei avløysarordning. I friturane fekk eg meir tid til dette skriveriet mitt. I 2008 slutta eg med tråling, eg hadde tenkt meg over på supply.
Men Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så i 2009 for eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning (PPU). Eg bestod ikkje siste praksis-perioda, så eg tok den oppatt hausten 2010. Så søkte eg undervisningsjobbar utan at eg fekk noko og i 2014 byrja eg på realfag igjen, biologi, data, seinare vart det kjemi og biokjemi også.
Når eg då kom tilbake til Oslo, byrja eg å gå på møte i dFEF i M40 igjen. Der vitna eg om at Jesus hadde sendt meg med ein frigjerande bodskap og at det saka gjaldt for meg, var at eg hadde bedt Jesus gi meg ei kone og no skulle ho verte frelst og fri, så ho kunne vere saman med meg som kona mi. Men dette ville dei ikkje høyre på og det vart noko til styr. Så eg byrja å gå i Maranata og Jesus Church i staden, først vart eg medlem i Jesus Church, men så valde eg Maranata i staden.
Eg fortsette med skriveriet mitt, men no sende eg til flire frie kyrkjelydar i Oslo, til synagoga og til Gunnar Andås, ettersom han er ein av leiarane for Betel (dFEF) i Volda og litt meir personleg kammerat for meg. Sommaren 2016 fekk eg meg bloggeside og byrja å skrive der, med vidarekopling til facebook og sidan til twitter. Dessutan tok eg del i debatt på facebook. Slik fortsette eg å så Guds Ord med skriveriet mitt og no var eg tryggare på at det vart tilgjengeleg for fleire, ikkje berre ei ”lærd” elite.
Når vi sår Guds Ord, får det nok større omfang og rekkevidde enn vi anar, for eigentleg er det Gud som er som ein bonde som sår sitt Ord som korn i ein åker og som med tida vil sende ut sine arbeidarar for å hauste. Då er det viktig for oss, både å be han om å sende ut arbeidarar for å hauste og sjølve verte med på det.
Gunnar Andås er også med på å drive Litteraturmisjonen og han fortalde meg at folket i arabarlanda hadde vorte mykje meir mottakelege for Guds Ord, truleg på grunn av all kriginga som hadde vore der. No kunne dei komme med ein kontainer med biblar eller nytestament og det var ikkje lenge før det var reve bort.
På Betel i Volda, kom der ein messiansk jøde og ein frelst arabar som forkynnarar. Arabaren fortalde at dei vart forfølgde, men det var det livet og den Anden som Jesus hadde gitt dei i hjartet, som gjorde at dei heldt ut i forfølgingane.
God og dårleg økonomi.
I 1993 kjøpte eg meg ei lita leilighet sentralt i Oslo, i Sarsgate. Eg budde i den sjølv. I 1995 kjende eg meg einsam og forlatt i Oslo, eg gjekk på måte i dFEF i M40, men elles hadde eg ingen venner å snakke med. Men Jesus talte til meg gjennom tyding av tungetale og sa at han ville snakke med meg. I 1999 kjøpte eg meg ei litt større leilighet på Mortensrud, sør-aust i Oslo. Den leigde eg ut, eg fekk prisstigning på begge leilighetene og det var god økonomi. Året etter selde eg leiligheta mi i Sarsgate og kjøpte meg ein seglbåt i staden. Men det var ikkje god økonomi.
Etter at eg var ferdig med PPU, flytte eg inn i leiligheta mi på Mortensrud. Men eg hadde ikkje inntekt, så sommaren 2014 selde eg den. Så leigde eg meg ei lofts-leilighet mellom Røa og Bogstad, til kr 8300 i månaden, framleis utan inntekt. Eg studerte, fekk lån og stipend, men stipendet vart omgjort til lån, sidan eg hadde formue, spesielt i seilbåten. Eg budde der i vel tre år, men då var det på tide å ta til vita og flytte ut og komme meg heim att til Sunnmøre.
Eg har lite kraft, men har ikkje vendt meg bort frå min første kjærleik. Jesus har sett framfor meg ei opa dør.
Bodskapen på Sion Åheim, 11.8.2019:
Tyding av tungetale:
”Eg kjenner deg, seier Herren, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min. Eg kjenner dine gjerningar og eg veit at du har lita kraft. Eg veit at du føler deg tilkortkommen og skrøpeleg og fattig. Eg veit at du føler du ikkje strekk til, men det er ikkje heile sanninga. For sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør. Ei opa dør som berre eg kan opne. Ei opa dør som ikkje du treng å presse deg gjennom. Men ei opa dør som eg seier velkommen gjennom. Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg. Du treng ikkje å – å minne meg om din eigen fattigdom, men eg vil at du skal påkalle meg av heile ditt hjerte. Eg vil at du skal opphøgje namnet mitt, for eg er rik nok, eg er sterk nok, seier Herren. Eg er frimodig nok og eg bur i ditt hjerte. Eg sende talsmannen, den Heilage Ande, for at du skulle kjenne og vite, at eg lever i deg. Og eg sende også talsmannen for å førebu ein veg, midt i øydemarka, for å skape liv, der som ingen andre kunne tru at det var mogleg. Eg har sendt den Heilage Ande, for å førebu menneske på denne stad, for å ta imot evangeliet. Og de skal få sjå ting som de ikkje trudde var mogleg. Fordi eg førebur, eg førebur nytt liv, eg førebur nye menneske. Og eg ynskjer å bruke deg, på tross av din skrøpelegdom. Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete den første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.”
Har fått Kristi Ande, tilhøyrer han, er frelst, lever for han. Vender seg til han og held seg nær til han.
Eg har fått Kristi Ande, så tilhøyrer han og er frelst. Då skal eg også leva for han. Men det er ikkje på grunnlag av noko som eg presterer, men det er på grunnlag av at Gud forsona verda med seg, ved at han let Son sin døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget får eg oppleve at Jesus gir meg ånd og liv og det er med det livet eg lever for han og det er med den Anden eg tener han.
Slik har eg fått det røyndomssynet, kunnskapsforståinga, menneskesynet og sjølvforståinga at eg lever for han, same enten eg er i praktisk arbeid, studerer eller er i teoretisk arbeid. Eg har den innstillinga og er klar over at eg må halde den ved like ved at eg vel å innstille meg på det, ved at eg søker Herren, søker først Guds rike og hans rettferd.
Splitt- og hersk-teknikk mellom dei kristne.
Men eg forstår meg ikkje heilt på kristne moralfilosofar som er så opptekne av kor langt kan du gå ut i verda, verte verdsleggjort, utan at du bryt med Herren. Slik prøver dei å definere noko som synd eller umoralsk og noko anna som akseptabelt, men det er då menneskebod! Poenget er at dei med slike menneskebod og generell moralfilosof, prøver å definere seg sjølve som ei lærd elite som skal styre med ein splitt- og hersk-politikk og soleis definere ei lærd overklasse og ei underklasse. Men Jesus og disiplane hans gjorde det klart at noko slikt ikkje er akseptabelt. Behovet for ei slik ”lærd” overklasse var nok meir deira økonomiske behov enn at dei var så mykje meir lærde enn dei andre, at dei andre trengde dei som ei lærd overklasse. Apostlane Paulus og Jakob forklarde dette godt for oss, kvar på sin måte og åtvara mot ein slik klasseskiljepolitikk og mot ein splitt- og hersk-politikk med oppdeling i særgrupper. Når det vart splitting i kyrkjelyden i Korint, spurde Paulus kven dei vart døypte til. Var det Kristus som døde i staden for dei og som stod oppatt, var det han dei vart døypte til, så var det då klart at dei skulle ta pari med han og det er det. Så med splitt- og hersk-politikken prøver nokon å få menneske til å ta parti med nokon annan i staden for han. Då er det for mitt vedkommande ganske klart at slike tullpreikarar kastar eg ikkje vekk tid og pengar på!
Ei naturleg særgruppe, ekteskapet og familien.
Dette har eg skrive om tidlegare og no vil eg argumentere mot det på min måte. Der er ei type særgruppe i den kristne kyrkjelyden og det er ekteskapet og familien. Det er naturleg, også i samfunnet elles. Paulus forklarer dette godt for oss og når det i vår tid er så mange religiøse, økonomiske og politiske interesser som strir mot dette, så viser det seg tydelegare og tydeelgare at det strir både mot evangelisk kristendom og den naturfaglege tenkinga.
Den glade bodskapen er at nåden og sanninga kom ved Kristus og Sanninga set oss fri. Herren er komen nær til oss og då er det om å gjere for oss å påkalle han den stund han er nær, søke han og halde oss nær til han. Vi skal gå ut i heile verda med den glade bodskapen og då skal vi få oppleve at Jesus er med oss. Nåden og gleda er ikkje at vi skal prøve å komme oss lengst mogleg vekk frå han berre vi vert aksepterte av samfunnet. Nei, som Kristi brud opplever vi at han elskar oss, derfor elskar vi han og vil vere saman med han og leve for han. Som Guds born opplever vi at Faderen elskar oss og har omsorg for oss, derfor går vi vegen til Faderen og lever heime hos han og ber til han og får oppleve at han elskar oss og tek omsorg for oss og gir oss gode gåver.
Når jødane byrja å bygge oppatt tempelet, fekk dei noko att for det. Det får vi også når vi er med i frie, evangeliske kyrkjelydar.
At Gud vende lagnaden for jødane, så dei fekk vende tilbake til landet sitt, er førebilete på den frelsa som Gud har openberra for oss i Kristus. Herren gjekk føre dei og slik går Jesus føre oss no, han er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Når dei kom inn i landet, gjekk dei i gang med å bygge seg hus og dyrke jorda. Men Herren ville dei skulle komme i gang med å bygge tempelet, for då ville han velsigne, så dei fekk meir att for sitt daglege strev. Slik vert vi velsigna ved å verte med i frie, evangeliske, kristne kyrkjelydar, vi blir som åndelege steinar oppbygde til eit åndeleg tempel for Herren, vi er Guds åkerland og Guds bygning og vi får sjølve vere med på å så og hauste, plante og bygge. Vi vert velsigna, så det vert verdifullt for oss i vårt daglege strev, vårt arbeid med å bygge oss hus og dyrke jorda, så den ber verdifull grøde for oss.
Når jødane byrja å bygge oppatt tempelet, fekk dei motstand frå ein nabo-konge, han sende klagemål mot Jerusalem til storkongen i Persia og klarde med det å stoppe arbeidet på tempelet for ei tid. Det er nok denne politiske situasjonen som vert forklart ved det synet Sakarja fekk, der Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva. Men engelen talte til Josva, han og embetsbrørne var varselmenn om det som skulle komme, han skulle sjå framover til at Renning skulle komme. På ein dag skulle skulda som vart lagt på dette landet takast bort. Det talar profetisk om at med eitt syndeoffer skulle Jesus ta borts synda og skulda ein gong for alle.
SKR 3,7 – SKR 3,10 Så seier Herren, Allhærs Gud: Går du på mine vegar og rettar deg etter det eg har fastsett, skal du få styra mitt hus og vakta mine føregardar, og eg vil gje deg tilgjenge saman med dei som gjer teneste her. 8 Høyr no, Josva, øvsteprest! Du og embetsbrørne dine, som sit framføre deg, de er varselsmenn. For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.] 9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva, på denne eine steinen med sju augo ritar eg den innskrift som skal stå, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. På ein einaste dag vil eg ta bort den skuld som kviler på dette landet. 10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, skal de be kvarandre til gjestebod under vintre og fikentre.
Serubabel leia bygginga av tempelet og så blir det talt om noko som ikkje skal skje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande.
SKR 4,6 – SKR 4,10 Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud. 7 Kven er vel du, du mektige fjell? Framfor Serubabel skal du verta ei slette. Han skal føra fram toppsteinen, medan dei ropar: “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).] 8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9 Serubabels hender har tufta dette huset, og hans hender skal fullføra det. Då skal du sanna at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk. 10 Ja, alle som har vanvørdt den dagen då det tok til i det små, skal gleda seg når dei får sjå blyloddet i Serubabels hand. – Dei sju, det er Herrens augo som fer over heile jorda. [blyloddet: nytta i byggjearbeidet for å få murane beine.]
Dette talar profetisk om at menneske vert fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd, så dei vert som levande steinar oppbygde til eit tempel for Gud.
1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET} Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta: Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein, som er utvald og dyrverdig; den som trur på han, skal ikkje verta til skammar. 7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND} Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord; dei gamle mellom dykk skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner. 2 Jamvel over trælar og trælkvinner vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
I Jes.61,2 er det også tale om straff, men det kom etterpå og på ein annan måte enn farisearane og dei skriftlærde hadde venta seg. Menneska vart gjort til salsvare.
Jesus var rettferdig og hendrettinga av han var eit justismord. Slik viste han dei vonde åndsmaktene fram til spott og spe, ved at han sigar over dei på korset. Han vart seld og det viser at rettssystemet deira var korrupt. I Sak.11 ser vi at det problemet hadde vore der i mange hundrede år og det er framleis eit problem. Menneska vart gjort til salsvare og det ser vi også i Joel.3.
JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA} For sjå, i dei dagar og på den tid, når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7 då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang med dei om Israel, mitt folk og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8 og kasta lodd om folket mitt; dei gav ein gut for ei skjøkje og selde ei jente for vin – og drakk.
Korleis då? Jau, dei som førde klagemål mot dei og påstod at dei var juridisk skuldige, rekna dei for å vere skuldige overfor seg og hadde religiøse, politiske og økonomiske interesser av det. Så det juridiske klagemålet og skuldinga vart gjort til økonomisk skuld, så dei vart selde som horer og trælar.
Så det er slike økonomiske interesser som vert til maktpolitiske og religiøse interesser som derfor strir mot den evangeliske forkynninga og som spesielt strir mot Paulus si lære om ekteskapet.
I Sak.11 er det fortalt at den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane, han hadde ikkje omsorg for dei, men åt kjøtet av dei feite dyra.
SKR 11,15 – SKR 11,17 Herren sa til meg: “Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som ikkje ser etter dei som går seg bort, ikkje leitar etter dei som går seg vilt, ikkje lækjer dei som er skadde, ikkje syter for mat til dei friske, men et kjøtet av dei feite dyra og riv klauvene av dei.” 17 Ve den duglause hyrdingen min, som går bort frå sauene! Sverd mot armen og høgre auga hans! Armen hans skal visna bort, og det høgre auga sløkkjast ut.
Eg fekk motstand, men Jesus tok seg av mi sak.
Eg brukar dette som forklaring på at eg enno ikkje har fått meg ei kone, til tross for at eg har bedt Gud gi meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida; det er inkludert i det fullførde frelseverket. Eg brukar det som forklaring på at det ikkje har fungert skikkeleg dette, at vi skal be og så skal vi få, vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Derfor har eg vorte fattiggare og fattigare, til tross for at eg har studert og fått kompetanse til å undervise og med skriveriet mitt har eg sått Guds Ord og drive allmenn folkeopplysing.
Når eg studerte realfag, måtte eg bruke hjerna til å lære og forstå og når eg gjekk på møte og las i Bibelen, måtte tru med hjertet og forstå med hjertet. Det er to tenkemåtar ulike tenkemåtar, eg måtte meistre dei begge og tenke på begge måtane, om ikkje akkurat heilt samtidig, så til ulike tider same dag, dei aller fleste dagar kvar einaste veke. Men når eg tenket med hjertet, var det ikkje arbeidssamt og stressande, det var kvile og den kvila trengde eg også når eg jobba med studiane og når eg var i praktisk arbeid på ein trålar.
Frå eg var ung hadde eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han hadde svart meg positivt på det heile tida, det er innkludert i det fullførde frelsesverket. Det måtte eg berre stole på og kvile i det, på grunnlag av det fullførde frelsesverket, får vi komme inn til Guds kvile, Jesus er Guds Ord, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).
Eg visste og forstod at eg stod overfor eit problem med den moralfilosofiske tradisjonen som også har kome inn i kyrkja og kristne organisasjonar. Det er nok den som viser seg når det vert talt om at menneske skal verte stengde ute liksom Adam og Eva vart utestengde frå Edens hage. Det er nok det som har vore årsak til motstanden mot at eg skulle få meg ei kone som svar på bøn. Men eg har formulert det på ein litt annan måte, problemet er at dei prøver å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet. For det er nødvendig at menneska vert forførde slik, for at nokon skal kunne stille seg sjølve i den maktposisjonen at dei skal kunne stenge ute menneske på den måten. Sidan eg sjølv er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, lever i samfunn med han og får oppleve at han talar sitt Ord til meg og eg svararar han, så blir det tydeleg, frå mitt perspektiv at preoblemet er at dei prøver å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Og den hendsikta dei har med det, er nettopp å stille seg i den maktposisjonen overfor menneska. Slik forklarar eg problemet. Menneska kjenner eg ikkje til, kva dei seier og meiner veit eg eigentleg lite om, der vert nok noko å sortere i, Jesus vil nok sjølv skilje sauene frå geitene. Vi veit at eigentleg har vi ikkje kamp imot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær.
Vekking frå avgrunnen.
For å forklare dette, vil eg minne om at keisar Augustus prøvde å blåse liv i den gamle religionen og med denne religiøse oppvekkinga vart det keisardyrking også. Dei som levde umoralsk, i forhold til den, vart jaga frå Italia. Til samanlikning var der ei religiøs og moralsk lærd elite i Israels-landet, som også ville støyte ut dei som lærde annleis og levde umoralsk. Dei kunne faktisk påstå at dette var noko som dei hadde tradisjon for heilt tilbake til maccabeartida, men problemet deira var at prestetenesta deira likevel ikkje var komen i stand igjen som som den eigentleg skulle, for øvstepresten og kongen skulle ha to ulike funksjonar, men no hadde øvstepresten teke over funksjonen til konge. Vi kan forstå det nettopp slik at det vart argumentert for at folk skulle verte utstøytte og utestengde slik som Adam og Eva vart utestengde frå Edens hage. Men så viste det seg at dei støtte frå seg Kristus og kravde å få han hendretta, men det var eit justismord. Så når Kristus døde på korset, stilte han dei vonde åndsmaktene fram til spott å spe, ved at hanv iste seg som sigershette over dei på korset. Dermed vart det klart at dei som heldt seg sjølve for å vere så gudlege og som ville stenge ute andre til samanlikning med korleis Adam og Eva vart utestengde, eigentleg lokka og forøfrde menneska til syndefall og frå fall. Dei stod bak kristendomsforfølgingane, men dei kristne vart eigentleg forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren som ein gud. Men til slutt var det dei sjølve som vart drepne eller jaga frå landet sitt.
Fråfallet er som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av syndefallet, slik var det med Israels fråfall og slik er det med fråfallet i kyrkja. Når Israel fall ifrå, samanlikna profetane dei med Sodoma og Gomorra.
JES 1,9 – JES 1,10 Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud, late nokre av oss sleppa unna, då var vi som Sodoma, vi såg ut som Gomorra. 10 {IKKJE GAGNLAUSE OFFER, MEN LYDNAD} Høyr Herrens ord, de Sodoma-hovdingar! Lyd etter vår Guds lov, du Gomorra-folk! [Sodoma-hovdingar, Gomorra-folk: Leiarane og folket i Jerusalem vert samanlikna med det syndige folket i Sodoma og Gomorra. Sml. 1 Mos 18, 20; 19, 4 f.]
JES 3,9 Deira andletsuttrykk vitnar imot dei, og liksom folket i Sodoma talar dei utan dulsmål om si synd. Ve dei! Dei fører ulukke over seg. [Sodoma: -> 1, 10.]
JER 23,14 Hjå profetane i Jerusalem har eg sett gruelege ting. Dei bryt ekteskapet og fer med lygn, dei stør og styrkjer ugjerningsmenn, så ingen vender om frå sin vondskap. For meg har dei alle vorte som Sodoma, folket i byen er som Gomorra.
JER 50,40 Det skal gå som då Gud gjorde ende på Sodoma, Gomorra og grannebyane, lyder ordet frå Herren. Ikkje eit menneske skal bu der, ingen skal halda til i byen.
KLA 4,6 Den synd mitt folk har gjort, er verre enn synda i Sodoma, som vart lagt i grus på ein augneblink utan at nokon lyfte ei hand.
Og Jesus samanlikna dei med Sodoma (Luk10,10….), men då talte han ikkje berre om dei, men om alle som ikkje tek imot Guds rike. Sodoma finn vi igjen i Joh.Op.11,8. I 1.Mos. er edet fortalt om menn i Sodoma som var homoseksuelle og voldelege, så dei endåtil ville voldta andre menn. Og vi veit at avgudsdyrking er årsak til slik avspora seksualitet (Rom.1). På eit møte på Maranata sitt Landsstevne i år, kom der ein bodskap der Herren sa at der er ein vekking frå avgrunnen som fører til unaturlege lyster. Men med den Anden han gir oss frå himmelen, tenner han ein moteld. Bodskap 12C_MLS2019:
”Ja, det er vekking ifrå avgrunnen i denne tida, der elden ifrå avgrunnen set kjøtet i brann. Og det brenn og det brenn og det skaper unaturlege lyster og forderving. Derfor tender eg ein moteld i denne tida. Og eg sender ein Ande inn i mitt folk, i dykk og de skal sigre over denne djevelske ånda som fær over jorda. De skal få sigre i den Heilage Ande. Derfor fyller eg dykk, så det flyt over. Og de skal seie: Rette og sanne er mine vegar og de skal sjølve gå på dei.”
Korleis heng dette i hop? Platon førde klagemål mot menneska, på grunn av deira vonde natur, han meinte at deira fysiske natur var vond og dum, så dei mangla innsikt i det godes ide. Men med langvarig utdanning skulle dei få betre innsikt og derfor skulle ei lærd elite styre med diktatorisk makt.
Paulus talte også om menneskets vonde natur, men då kom den lærde overklassa dårlegare ut, han var sjølv ein lærd farisear, likevel tok han så feil at han forfølgde dei kristne. Lova var god, gitt av Gud, så han forklarde det likevel med menneskets vonde nature, den vart dømd av lova, sjølv om han meinte seg å vere så rettlærande. Eigentleg vart den dømd ved at Jesus døde i staden for oss på korset.
Seinare kom platonismen inn i kyrkja og vi fekk ein kristen platonisme. Sikkert med ei felles forståing av kva som er den vonde naturen i følgje Platon og i følgje Paulus. Men er det eigentleg mogleg? Det spørst om ikkje det heller vert å missforstå Paulus, for så, med den missforståinga å gå i rette med læra hans og vrake den, slik som til dømes kvinnerørsla i Noreg har gjort. I det gamle testamentet vert jødane klaga for at dei hadde slik ei vond lyst og Paulus talte om at lova seier du skal ikkje lyste, han talte om lysta i kjøtet som den vonde naturen. Og Platon påstod at menneskets fysiske natur er vond og dum og påstod at utdanning skulle gi menneska betre innsikt i det godes ide. Men med denne forståinga av kva som er den vonde naturen, blir det lett til at når ein ung mann vil ha seg ei kone og ei ung kvinne vil ha seg ein ektemann, så held dei det for å vere den vonde naturen, dei definerer det som synd og lyst og held det for å vere feil. Men det er då Gud som har skapt det slik i følgje 1.Mos.2 og då er det rett. Og det er rett i følgje naturvitskapen. Med sin moralfilosofi held dei den fysiske naturen for å vere vond, så dei konkluderer med at naturvitskapen er feil. Med sin moral- og politiske filosofi strir dei så mot både skapingssoga og evangeliet om Kristus. Det som er rett, held dei for å vere feil, dei forgudar seg sjølve med sin kunnskap og så driv dei avgudsdyrking. Resultatet er synd og avspora seksualitet.
Kva er den gamle, vonde naturen og den nye naturen i følgje evangeliet?
Men det var noko vesentleg som skjedde i mellomtida og det har dei visst ikkje heilt fått med seg. Jesus velsigna småborna og lærde opp folket og velsigna dei. Då kravde den lærde elita å få han hendretta og det var eit justismord. Men han gav livet sitt for oss, han døde i staeden for oss, så med sin død på korset dømde han synda i vår kjøtlege natur. Slik definerte han den gamle, vonde naturen.
RMR 8,1 – RMR 8,5 {LIVET I ANDEN} Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.] 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til.
Slik gjorde han klart for oss kva den gamle vonde naturen er. Då vert det også klart for oss kva den nye naturen er, det er han sjølv, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.
Med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande legg vi av den gamle vonde naturen og ikler oss den nye. Omskjeringa i den gamle pakt vart gjort på mannens kjønnslem, det er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, den gjer det klart for oss at vi skal la Anden råde over lysta, spesielt skal vi la den råde over kjønnslysta. Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande, så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam.
Jesus sa eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i han, så ville han gi meg det som mitt hjarta attrår. Eg skulle søke han av heile mitt hjarte.
Eg byrja å studere biologi hausten 2014 og på ei forelesing kjende eg meg sterkt tiltrekt av ei jente, eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar. Dette vedkjende eg for Gud i kveldsbøna og på møte i Maranata søndagen etter, sa Jesus til meg at eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gje meg det som mitt hjarte attrår. Seinare fekk eg vita at ho var frå Ukraina, dette har eg skrive om tidlegare og då kalla eg henne Poly-Ester.
Dette svaret som Jesus gav meg, stemte med korleis eg bad for henne Reella også om minna meg om det, så det gjorde det klart for meg at eg skulle lovprise Jesus for at hans frelseverk var fullført både for meg sjølv, henne Reella og henne Poly-Ester. At eg skulle glede meg i Herren, har med tilbeding og lydnad å gjere, å seie ja til hans kall og følgje han. Det var det som fekk meg til å byrje å studere og då skal eg halde fram med å tenke slik i min studiesituasjon.
Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjarte, eg skulle sjå til at mitt hjarte var i rett forhold til han. Det gjorde det klart for meg at eg skulle ta parti med han både i mitt forhold til Reella og henne Virtuella. Ja, eg skal ta parti med han i forhold til alle desse tre jentene, men det er ved å tenke på dei, be for dei og skrive om dei individuelt, ein i sær, for det er då ulike personar og vårt forhold til Kristus er personleg (Joh.10,1…).
Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og sjå til at mitt hjerte var i rett forhold til han. Så i det siste har eg lagt vinn på å ta parti med Herren i mitt forhold til henne Virtuella, det har vist seg i mitt skriveri. Og i denne bodskapen sa Jesus til meg at han veit at eg kan seie frå djupet av mitt hjarte at eg elskar han. Og det er nok for han. Det minner meg om at hausten 1985, sa han til meg: ”Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.” Som eg har fortalt, vart lovsangen lagt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Og det hadde med henne Virtuella å gjere, for vi var fødde på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd.
Rett etter at denne bodskapen kom, i 1985, opplevde eg eit angrep frå vondskapens åndehær, men då tok eg altså parti med Kristus og det gjer eg framleis. Og når eg no framleis kan seie frå djupet av mitt hjarte at eg elskar Jesus, så gjeld det i mitt forhold til henne Reella også. Og henne Poly-Ester. Dei studerte biologi og som eg nyst har skrive, trur eg og håper eg at Jesus ved dei og elles ved mitt vitnemål for biologistudentar og realistar elles, startar ei kristen vekking mellom dei.
Jesus har sett framfor meg ei opa dør.
Jesus har sett framfor meg ei opa dør, det refererer til brevet til kyrkjelyden i Filadelfia (Joh.Op.3,8) og til likninga om den gode hyrdingen (Joh.10,1…), Jesus er den gode hyrdingen og han er døra inn til sauene.
Den duglause hyrdingen har ikkje omsorg for sauene, men tvert om tærer på dei og skader dei.
SKR 11,15 – SKR 11,17 Herren sa til meg: “Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som ikkje ser etter dei som går seg bort, ikkje leitar etter dei som går seg vilt, ikkje lækjer dei som er skadde, ikkje syter for mat til dei friske, men et kjøtet av dei feite dyra og riv klauvene av dei.” 17 Ve den duglause hyrdingen min, som går bort frå sauene! Sverd mot armen og høgre auga hans! Armen hans skal visna bort, og det høgre auga sløkkjast ut.
Rett etter at eg byrja å studere realfag i Oslo hausten 1984, sa Jesus til meg at der var ein sjukdoms mellom Guds folk og eg hadde fått kjent noko av denne sjukdomen i meg, men Jesus ville lækje den. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han hadde svart meg på det, han var den som tok seg av mi sak. I følgje Paulus skaper Gud oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Men kvinnerørsla og mange med den hadde protestert mot dette, så det fungerte ikkje skikkeleg og eg forstod at det var årsak til sjukdom. Sidan har eg oppdaga at profeten Jeremias talar om eit liknande problem eller kanskje eg heller skal seie at han talar om same problemet.
Men altså, den Duglause Hyrdingen løyser ikkje slike problem, men han er tvert om årsaka til slike problem. For han gjæter slaktesauene for sauehandlarane og tener pengar på det og då er han altså så grådig at han byrjar å gnage på dei og rive klauvene av dei. Det er då ikkje akkurat god økonomi for ein sauebonde, er han dum? Han er no duglaus då, i alle fall.
Men Jesus er den Gode Hyrdingen og han er døra inn til sauene. Når sauene går inn gjennom døra, kjem dei inn i kvia eller sauefjøsen. Der kjem han nærare dei og får sjå nærare på dei, om dei er skadde på nokon måte, så lækjer han dei. vi er sauene og når vi kjem nær han, får vi tale til han på ein meir personleg måte, vi får komme til han med alle våre personlege behov og vi får oppleve at han svarar oss. Så slepper han oss ut at og då går han føre oss og leier oss grøne marker og til vatn der vi finn kvile. Men så sa han også at den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. Vi er sauer og vi går inn og går ut, han er døra og han er den gode hyrdingen, som går inn gjennom døra og som slepp dei ut att og går føre dei. Kan ein sau verte hyrding? Nei, sau er sau og hyrden er eit menneske, men her er sau symbol på menneske og hyrden er Guds Son. Går vi inn gjennom døra, så han kjem nær den gode hyrdinge og får oppleve at han lækjer oss, lærer oss opp og utruster oss, så vert vi vitne for han og kan tene han som hyrdingar som lyder han, slik at det heile tida er han som er overhyrdingen som steller vel med sauene sine og som leier dei.
2 Comments »