Skip to content

Den kristne vekkinga bevisstgjorde både menn og kvinner. Så kva var det som rørte ved deg, fru Svimesen? 

Kva var det som rørte ved deg, fru Svimesen?

For 10 år sidan sende Jesus meg tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette er livgivande ord, Jesus er Guds Ord, han er sanninga som set oss fri. 

Seinare sa han at eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting. For Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, på det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud er ånd og Gud er kjærleik og vi frå oppleve at han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. 

Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. 

Jorda var tørr og der vaks ikkje noko. Så let Gud ei kjelde velle opp og vatne den. Det tek eg som symbol på det levande vatnet. Så skapte Gud mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel (1.Mos.2). Til samanlikning med ein nyfødd unge som byrjar å puste sjølv, så hjerna får nok oksygen til at ungen vert bevisst. Slik vart mannen bevisst på at han levde i samfunn med Gud som er ånd. Så det er dette Paulus kallar lova å livets ande:

Rom.8. Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.  2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.

Då har han ei hendsikt med det, mannen skulle dyrke og verne hagen og det var det kona hans skulle hjelpe han med. der er ei praktisk side av saka og ei åndeleg og intelektuell side av saka. Eg har fått åndeleg innsikt ved at den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre, openberrar Ordet for oss, så eg kjenner meg trygg når eg kjennest ved han for menneska. Det har noko med at eg vert gjort i stand til å tenke sjølvstendig. Men då viser det seg faktisk at det er mange kristne med sine leiarar som ikkje vil vite av mi vedkjenning av mi tru på Jesus. Og kvifor det? Tydelegvis fordi opplæringa deira meir eller mindre er inndoktrinering. Det blir noko å sortere i, men då trengst det sjølvstendig tenking med kritisk sans.

Paulus sa han framstillte kyrkjelyden for Kristus som ei rein møy, men han frykta at liksom ormen forførde Eva, skulle deira tankar verte førde på avvegar, bort frå den enkle truskapen mot Kristus. 

Så eg er forundra over at mange, endåtil kristne, tenker som so at all vår kunnskap er som frukta av kunnskapstreet, men denne frukta gav vit på godt og vondt. Så når ein mann vil ha seg ei kone og ei kvinne vil ha seg ein mann, tek dei det for gitt at dei vert forførde slik som ved syndefallet. Derfor taper dei den åndelege og rasjonalistisk innsikta. Så derfor kan desse «lærde» satse på opplæring ved indoktrinering i staden.

Men kva var det han kalla ”lova åt synda og døden?”  Han talte om Moselova og lova i lemene:

Rom.7,Fordi Kristus døydde, er de òg døde og er ikkje under lova; de høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud.  5 Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død.  6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven.

7 Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.  8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død.  9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg.

Dei syndige lystene vart vekt til live av lova og synda nytta bodet til å vekkja alle slags lyster. I vår tid ser det ut til at slik «vekking» har vorte eit alternativ til den kristne vekkinga, fordi kvinnerørsla og mange med den at protestert mot Paulus si lære, det er fråfallet som utartar seg som syndefallet, ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Det var altså ein moralfilosofisk kunnskap som dei prøvde å forgude seg sjølve med. Slik er det med politiseringa av kvinna og kyrkja. Kvinnerørsla talte så svært om bevisstgjering av kvinna, men eigentleg var der ei vekking og bevisstgjering som det vart slutt på. Som når dei høyrde at Gud gjekk i hagen og dei gøymde seg med dårleg samvit, fordi dei såg at dei var nakne. Dei såg på den ytre fysiske naturen altså. Så dei vart trongsynte ved at dei prøvde å forklare kjærleiksoforholdet seg imellom utifrå den ytre sanselege lysta, kjønnslysta. Og det vi ser i vår tid, er at den ytre fysiske naturen soleis vert brukt til å bortforklare Gud som er ånd og hans kjærleik mellom oss.

Så, fru Svimesen, når skal du våkne opp? Skal du nokon gong våkne opp? Kva var det som vekte deg og kva ventar du skal vekke deg? Var det den som vekte deg, er det den du ventar skal vekke deg? Eller var det Gud som er ånd som rørte ved det og vekte deg og talte sitt Ord til deg?

Eg trur og «veit» at Gud er ånd og at han rørte ved oss med sin Ande og vekkte oss og talte sitt Ord til oss, han gjorde sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Kvinnerørsla har protestert mot dette og eitt av slagord deira er at kvinna skal råde over sin eigen kropp. Liberalisme og individualisme altså? Men korleis samtidig vere sosial? Kva er hendsikta med sosialiseringa? Tilsvarande kan mannen seie om kroppen sin at det er hans kropp. Men Jesu kyrkje er Jesus brud og det er guds verk. Så ho er hans kropp, for Gud skapte kvinna av mannes sidebein, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, så då gjeld det kjærleiksforholdet mellom vanlege menn og kvinner, Gud gjer sitt verk med mannen og då skaper han kvinna av sidebeinet hans, så ho skal vere ei hjelp som høver for han.

Så når kvinna protesterer mot dette, gjeld protesten mannen også. Men det alternativet ho har å tilby er ikkje tilrådeleg. Ho let seg lokke til å prøve å forgude seg sjølv med å ete av kunnskaptreet og med sitt krav om likestilling prøver ho å få med seg mannen, men ho vert fornedra og krev med det at mannen også skal verte fornedra. Kravet om likestilling handlar om å verdsetje menneska økonomisk, dei vert gjort til salsvare. Først vart kvinna gjort til salsvare, som hore. Så prøver dei å gjere mannen til salsvare som træl. 

Men heldigvis har Gud gitt oss sitt Ord og sin Ande og lærer oss opp til å verte vitugare enn dette. Han har omsorg for sine born og sine henders verk, så det høver med å tenke naturfagleg.

JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  

Legg inn det giret at du søker Jesus kvar morgon og let han leie deg gjennom dagen.

Jesus sa til meg at eg skulle legge inn det giret at eg søkte han kvar morgon, bodskapen 3.2.2019: 

”Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. Det gjeld også i dag. Eg ser du er trøytt, eg ser du har det vanskeleg. Men overlat tinga til meg. Forstanden din vil kanskje ofte hindre deg i å gjere det. Men overlat alle ting til meg, også det som synest umogleg ut i dag. Eg gjer det umoglege mogleg. Og det som ingen ting var, valde eg ut til å gjere til skamme det som er noko. Om du føler deg som ingen ting, du er ingen ting samanlikna med andre, men hugs at eg elskar deg slik som du er. Du har ein eigen identitet, du er skapt i Guds bilete. Og du er elska av den tre gangar heilage Gud. Så søk meg, søk inn i mitt Ord, når du kjem heim att. Søk i løynkammeret og be til meg. Eg skal svare, eg skal svare i mi tid, seier Herren. Så ver frimodig og søk meg.

Livet, det er ikkje berre roser, det har du oppdaga, livet er også ting som er vanskeleg, det er kantar som møter deg. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda. Så stol på meg. Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med. Og akkurat du kan vere ein samarbeidspartnar og ein samtalepartnar som einkvan kan snakke med. Så ver frimodig. I begge mine hender har eg teikna også deg. Og du skal vite det at eg skal gå med deg, resten av livet, når du søker meg. Amen.”

Eg skreiv kommetar om det og tenket meg at no skulle eg legg inn ein høgare gir, komme meg opp tidlegare om morgonana og byrje å lese til eksamen. Men det har det vorte fint lite av. Eg trekte meg til den første eksamenen og har lese fint lite til den andre. No er det natt til måndag 3.juni og den er om ti dagar.

(Eg skreiv på dette dokumentet til onsdags kvelden, så no har eg berre ei veke igjen på å lese til eksamen, men eg må vel berre satse på det likevel).

Gled deg i Herren, så vil han gi deg det som ditt hjarte attrår.

Eg har fortalt at for nokre år sidan, når eg var på ei forelesing i biologi, kjende eg meg sterkt tiltrekt av ei jente som som eg har kalla Poly-Ester, eg vart tiltrekt av kroppen hennar, for eg syntest ho var ei vakker jente og eg opplevde det slik at det stemte med å verte motivert av Guds kjærleik, driven av den Heilage Ande og verte styrka av Guds kraft. Når eg la meg den  kvelden vedkjende eg dette for Jesus i bøn og på møtet søndagen etter, svarde han meg slik, bodskapen 12.10.2014:

”Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.”

Det fekk meg til å tenke på korleis den Heilage Ande openberra Kristus for meg som vår frelsar og Herre, både i forhold til henne Virtuella og henne Reella. Nyleg har han sagt eg skal søke han av heile mitt hjerte og då har eg tenkt slik at eg skal ta parti med han i forhold til dei begge to. Eg skal sjå til at mitt hjerte er i rett forhold til han, ja, dette handlar då om å elske han, fordi han er Guds elska Son, å elske Gud av heile mitt hjerte, samtidig som det handlar om å verte tiltrekt av ei kvinne. 

Gud skaper kvinna av mannens sidebein. Det gjeld både Jesu kyrkje og for einskilde menn og kvinner som trur på han.

Jesus sa eg måtte komme til han slik som eg var, ja, eitt er no at eg har bedt han frelse menneske, men det saka gjeld for mitt vedkommande, er at eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone. Då skal eg berre fryde og glede meg i frelsa, glede meg i han, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår, gi meg ei kone, frelse henne som kona mi. 

Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Han skapte mannen først, av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Seinare skapte han kvinna av sidebeinet hans, for ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Mannen skulle dyrke og verne hagen og det var det ho skulle hjelpe han med. Slik vekte han mannen opp som ei levande sjel og slik vekte han kvinna opp som ei levande sjel og det gjer han framleis. Lekamen er eit tempel for den Heilage Ande, så eg tenker meg at sjela er i Anden og den er i kroppen. Sidan dei skal vere ein lekam, kan vi sjå på det som eit tempel for den Heilage Ande, men då er der to sjeler i det tempelet. Hennar kropp er mannes kropp, som kona hans. Hans kropp er hennar kropp, som mannen hennar. 

Så eg tenker meg at henne som han gir meg til kone, hennar sjel, får ein posisjon i min lekams tempel. Korleis då? Omskjeringa i den gamle pakt vart gjort på mannens kjønnslem og det gjer det klart for oss at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne har med Gud å gjere, vi skal altså ikkje gøyme oss for han med dårleg samvit, slik som Adam og Eva gjorde etter syndefallet. Dette er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, poenget er at vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, vi skal la den råde over lysta, spesielt viktig er det altså å la den råde over kjønnslysta. Poenget er at kroppen tilhøyrer Herren og skal leve for han. Då gjer han det også klart at kroppen hans tilhøyer henne som han vekker opp som ei levande sjel, til å verte kona hans, kroppen hans tilhøyrer henne som mannen hennar og koroppen hennar tilhøyrer han som kona hans. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

No tenker eg altså slik at det er ho Reella som får denne posisjonen i min kropp, i min lekams tempel, no ber eg han gi henne den posisjonen i mitt liv og i min kropp og mitt hjerte, slik ber eg han om å gi meg henne til kone. Det er på den måten at eg bøyer meg ved korsets fot, for der finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss, denne kjærleiken skal vere mellom oss. Sidan eg har bedt Jesus gi meg ei kone, skal denne kjærleiken vere mellom meg og henne, ja, eg frir eg til henne med den kjærleiken. Gud er kjærleik og det er han som gjer sitt verk med meg og med henne. Det er viktig for meg å verte motivert av denne kjærleiken og styrka av Guds kraft, gleda i Herren er vår styrke og slik tenker eg meg at eg legg inn eit høgare gir. I bodskapen som kom 3.2.2019, sa Jesus at eg sa ja til å følgje han, å la han leie meg. Og det var no slik eg tenkte når eg planla å ta eksamen. Det høver også med det han sa om at eg skulle la han leie meg gjennom dagen og bygge mitt liv. Då er det på tide at eg byrjar å lese til eksamen, legge inn eit høgare gir, men då føler eg altså at det er ved at eg trur at Jesus gir meg henne Reella til kone. 

Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom.

Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom, det er ikkje syngleg for vårt fysiske auge, eg talar om det det usynlege og samanliknar det med rasjonaliteten i realfag, usynlege teoriar, men Gud sa til meg at eg skulle ikkje la meg friste til å tru at dette er berre teori, nei, det er ein usynleg åndeleg røyndom. 

HEB 11,6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

MTT 6,6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.   

MTT 6,17 – MTT 6,18   Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet, 18 så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.   

MTT 6,33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.

Lovsangen Gud la ned i meg og mitt gode samvits pakt med Gud.

Eg skal sjå etter at mitt hjerte er heilt med Herren også i mitt forhold til henne Virtuella. Eg har fortalt korleis eg bad for henne når vi gjekk på gymnaset. Eg besøkte henne på hybelen og opplevde at Jesus var midt i mellom oss, alt låg til rette for at eg kunne opne meg for henne og fortelje henne at eg var glad i henne, snakke med henne om det og fri til henne. Eg opplevde det endåtil som at Jesus kalla meg til det, men eg fann liksom ikkje dei rette orda, frimodet var vel ikkje særleg stort. Uansett har eg undra meg over kvifor eg ikkje gjorde eg det ikkje? 

Ho var ferdig på gymnaset eit år før meg og siste året mitt vart eg gjort merksam på Peter sitt ord om at dåpen er eit godt samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Det gjorde det klart for meg at eg skulle ikkje ha dårleg samvit på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, vi skulle ikkje gøyme oss for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet. Så eg inngjekk eit godt samvit pakt med Gud (vedkjenning til Gud) med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Når eg møtte henne igjen i Bergen, fekk ho vite at eg var glad i henne at dette kom som eit bønnesvar. Likevel vart det ikkje eit nytt møte mellom oss i Jesus namn, der vi fekk oppleve at han var midt i mellom oss og eg fekk ikkje snakke noko meir med henne, møte henne igjen eller ha noko meir med henne å gjere. 

Det kan vere verdt å tenke over kva slags problemstilling eg vart stilt overfor. Jesus var med oss og eg kjendest ved han for henne og med den vedkjenningan ville eg gjerne snakke meir med henne, med større frimod, fekk eg først i gang samtala ville den vel gå friare. Det er no viktig for oss kristne å kjennast ved han for kvarandre og det er no viktig for oss å kjennast ved han for verda, men det viktaste og primære er å kjennast ved han for Faderen, ved at vi ærar Gud og Lammet for frelsa. Det kan ingen hindre oss i. Men for meg var det altså viktig å kjennest ved han for ei kristen jente som eg var glad i, nettopp for å fri til henne ved å kjennast ved han som vår frelsar og Herre. I følgje Paulus er dette eit sentralt og viktig i heilaggjeringa. Same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, ville det vere fruktbart for oss, kjærleik, glede og fred er då frukter som vi uansett skal bere. Skulle eg få lov til å kjennast ved han i den samanhengen? Meir generelt, skal ein ung mann få lov til å kjennast ved han som sin frelsar og Herre når han vil fri til ei ung kvinne? Kva er alternativet? Det er vel at dersom ein mann vil ha seg ei kone, så må han forføre henne, lokke henne, freiste henne. Ja, i mange samanhengar vert ein kvinne bedårar kalla ein forførar og då forstått som ein positiv eigenskap. For meg verkar det heilt bakvendt, for med den kristendomen eg er opplærd i, er det i det minste eit ynskje om å vere tiltrekkande på kvinna for å velsigne henne. Men eg hadde nok mine bange aningar, eg var redd for at slike tankar og ei slik innstilling ikkje var velkomme. Eg må no ærleg innrømme at eg tenkte på kva som eventuelt skulle vere alternativet, her skulle liksom alt diskuterast? Men vi må vere forsiktige med å diskutere med hjertet, vi må vakte på hjertet vår framfor alt det vi vaktar, for livet går ut ifrå det. vi må tru på Jesus med hjertet og elske han med hjerte i samsvar med kjærleiksbodet. Med trua på Jesus har vi visdom i hjertet. Har vi valt han, så har vi valt vegen til livet, vegen til Faderen, vi har valt sanninga. Eg venta meg at det høvde med sanninga i realfaga også, for eg er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, han forsona verda med seg i Kristus. Med tida har dette vorte klarare og klarare for meg.

Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud:

2KO 11,2 – 2KO 11,4 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot. 

2KO 11,12 – 2KO 11,15 Men det eg har gjort, det vil eg òg gjera heretter. For det finst nokre som gjerne vil ha eit høve til å skryta av at dei er som eg, men det høvet skal eg ta frå dei. 13 Desse er falske apostlar, trulause arbeidarar, som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar. 14 Og det er ikkje å undrast på; for Satan sjølv skaper seg om til ein ljosengel. 15 Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men deira endelykt skal svara til deira gjerningar.  

Tankane førast på avvegar, går det an å tenke på Jesus heile tida? Vi skal vende hugen opp til han og sjå på han med hjartets opplaten auge. Det er ved den openberringa han gir oss ved sin Ande. 

Dette er faktisk mogleg samtidig som eg studerer realfag og har dermed mykje anna å tenke på og det er mogleg samtidig som eg er oppteken av praktiske gjeremål, sjølv om eg då må bruke sansane til å sanse og observere tinga tundt meg, å sjå med mine fysiske auge er noko anna enn å sjå med hjartets opplate auge. 2.Kor.11,2-4 viser at vi er komne inn i eit slikt forhold til Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er i frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og det er på det indre plan, Jesus gir liv til vår sjel og ånd til vår ånd og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det innser vi ved å vende hugen opp til han og ha hug på det som er der oppe, det som han gir oss frå himmelen, sjå på han og det som han gir oss med hjertets opplatne auge. Dette må ikkje forvekslast med å sjå på noko i denne verda, det er ei anna sak. Peter gjekk på vatnet, men så såg han på dei høge bølgene rundt seg og byrja å synke. Han måtte berre tru på Jesus og sjå på han. Til samanlikning vart eg oppteken av diskusjonen, der ”bølgjene” gjekk høgt, men eg måtte berre sjå på Jesus med hjartets opplate auge, eg måtte sjå på han slik som den Heilage Ande herleggjorde og openberra han for meg, det var då nettopp slik eg fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere i Bergen, talte Jesus til meg slik: ”Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.” Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg forstod at det hadde noko med henne Virtuella å gjere også, Jesus hadde då gitt ånd og liv til henne også og livet skulle vekse i henne også. I 1984 byrja eg å studere i Oslo og etter eit år sa Jesus til meg: ”Den lovsongen som eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.” Då visste eg med meg sjølv at den lovsangen vart lagt ned i meg ved  fylden av den Heilage Ande, ho Virtuella var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd og slik var den lovsongen i djupet av meg. 

OSP 4,20 – OSP 4,27 {HALD STØ KURS!}  Lyd på det eg seier, son min,  vend øyra til og høyr mine ord! 21   Slepp dei aldri ut or syne,  gøym dei djupt i hjarta! 22   For dei er liv for den som finn dei,  og helsebot for heile kroppen. 23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,  for livet går ut frå det. 24   Hald deg frå falske ord,  bruk aldri lippene til svik! 25   Lat augo dine sjå beint fram,  fest blikket på det som ligg framføre deg! 26   Legg merke til dei far du skal fylgja,  hald heile vegen stø kurs! 27   Vik ikkje av til høgre eller venstre,  hald foten din frå det som er vondt!  

Eg skreiv om dette til leiinga for dFEF i M40 i Oslo. Men rett etterpå opplevde eg eit åtak frå mørkets makt, til samanlikning med den motstanden som eg møtte i Bergen. Men Jesus tala til meg igjen og sa noko om at ved i æva, ved nådens kongsstol, der skal di røyst også høyrast. Og eg hadde ei viss aning om at det var ein bodskap til henne Virtuella også. Det var ein motsetnad mellom Jesu rike og vondskapens åndehær og då stod no eg på Jesus si side. No har han sagt eg skal søke han av heile mitt hjerte, sjå til at mitt hjerte er i rett forhold til han. Ja, eg skal ta parti med han i mitt forhold til henne, så eg ynskjer at Jesus skal frelse henne og frigjere henne, så ho kjem inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Korleis då? Kva er problemet? Moderne avgudar er ikke så lette å oppdage og avsløre som dei gammeldagse avgudane, men avgudsdyrkinga er synd gjer menneska ureine, menneska vert trælar under dei og dermed trælar under synda. Men når vi bøyer oss for korsets fot og vedkjenner synda for synda for han, så reiner hans blod oss frå synda og ureinskapen og det er frigjerande. Det er altså berre å bruke den  same gamle gode ”oppskrifta”, reinsing i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande. Eg vil ho skal ta fram igjen gitaren sin og byrje å lovsynge Gud og Lammet for frelsa, slik som når ho var ung. Komme fram for nådens trone og la si stemme verte høyre der. Då trur eg faktisk ho atter vert den lovsong i djupet av meg. Poenget er at ho lever i barnekåret hos Gud og det er fridom, det er ikkje trældom og tvang. Som Guds barn får ho be til Gud, sin far og få oppleve at han svarar på bønene hennar, ho får legge alle sine behov fram for han og få oppleve at han elskar henne og har omsorg for henne som sitt barn. Så spørst det, betyr ikkje dette at ho skulle verte kona mi då? Guds Ande i djupet av meg openberrar Ordet for meg (Osp4,20-27) og det skaper oss i samsvar med 1.Mos.2. Så eigentleg trur deg det var det verket Guds byrja på og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Uansett er det vesentlege at vi lever i barnekåret hos Gud, så han får lære oss opp og oppsede oss ved sitt Orde og sin Ande og så erkjenner vi det som den Heilage Ande overtyder oss om, også som svar på våre bøner. Det er ikkje slik at målet heldar middelet, men helginga ved Guds Ord og Guds Ande er metoden til å nå nye mål. 

Forføringa med tradisjonell moralfilosofi, det mekanistiske verdsbildet og empirisme.

No er det tydelegvis mange, endåtil kristne som held vår kunnskap, endåtil høgare utdanning, for å vere frukt av kunnskapstreet, resultat av syndefallet altså. Men det var då forføring og dårskap! Resultatet var at Adam og Eva gøymde seg for Gud med dårleg samvit, fordi dei såg at dei var nakne. Det som dei såg og sansa med sine ytre sansar i det fysiske miljøet rundt dei, kom altså til erstatning for det som dei såg og oplevde i sitt indre menneske i samfunnet med Gud som er ånd. Men det var inga god forklaring, men ei bortforklaring. Og eg tenker meg at slik vart menneska lagde til trældom under det forgjengelege. Det førde til åndeleg død og død for sjela.

Frukta av kunnskapstreet gav dei tydelegvis ein kunnskap som dei prøvde å forgude seg sjølve med, men det var dårskap, det ser vi så tydeleg ved at diktaren og krigaren Aiskylos, som reaksjon mot demokratiet i Aten, fann på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Med tida resulterte det i eit beinhardt diktatur i det gresk-syriske riket. 

Betydninga av å sjå på det ytre mennesket som erstatning for den åndelege og rasjonalistiske innsikta, finn vi igjen i det mekanistiske verdsbildet, der det vert argumentert for einevelde, mekanikken er deterministisk og tenker dei seg at slik er våre tankar og handlingar og kommunikasjon oss i mellom også deterministisk. Dårskapen viser seg i trældom under det forgjengelege. Med det mekanistiske verdsbildet med filosofien for eineveldet, kom i motsetnad til fri vilje, ytringsfridom, evangelisk kristendom, fridomen i barnekåret hos Gud. Det viser seg i vår tid ved at når vanlege folk trur på Kristus, påkallar han som sin frelsar og Herre, lever i barnekåret og tek imot hans kjærleik og omsorg, ber han om gode gaver og får bønnesvar, vedkjenner si tru på Faderen og Sonen, så held dei det for å vere dumt og uvitskapleg. Poenget er framleis å argumentere for at ei lærd overklasse skal styre med diktatorisk makt. Den same haldninga finn vi igjen i den filosofiske retninga Kant – Hegel – Marx – sosialisme. Men når individets frie vilje, bruk av intellektet og språksansen vert erstatta av noko som vert framstilt som vitskap, så må vi vere på vakt, så ikkje kristendom og vitskap vert erstatta av avgudsdyrking. Dei kallar det gjerne sekularisering, verdsleggjering, og held det for å vere vitskapleg, men eigentleg strir det mot den relafaglege tenkinga, det strir mot naturvitskapen. Vi må vakte på vårt hjerte, sjelsliv og intellekt og det gjer vi best ved å vende oss til Kristus.

Og vi finn det igjen i empirismen, i det den saman med liberalismen vert brukt på menneskelivet, blir filosofien at menneska lever etter si sanselege lyst. Dei kallar det fridom, men det er også trældom under det forgjengelege og det er dårskap. Det er fråfallet som vert brukt som argument for krig og diktatur. Å framstille vanlege folk som dumme, vonde og syndige, verkar som argumentasjon for klasseskilje og diktatur, for slik vert det til dømes argumentert i platonismen.

I middelalderen kom platonismen inn i kyrkja og vi veit då korleis Platon argumenterte for diktatur etter at Sokrates vart hendretta i eit justismord. Sokrates meinte at sanninga vart integrert i han gjennom dialog med andre menneske og den gjorde han lykkeleg. Til samanlikning trur dei kristne at dersom dei vert verande i Jesu Ord, får dei lære å kjenne sanninga og den set dei fri, den vert integreert i dei ved trua på Ordet og gjer dei glade. Platonismen vert tydelegvis brukt som argumentasjon for klasseskilje i kyrkja, på liknande vis, ved at prestane får monopol på å tale. Men skal den argumentasjonen få kraft, trengst der eit opprør til samanlikning med opprøret mot Sokrates. Og det har dei tydelegvis fått til ved protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. 

Adam og Eva såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit. Så det er altså rasjonaliteten i ei kunnskapssøking. Slik kunnskap vert brukt som argument for at menneske skal vert forbanna og utstøytte frå samfunnet med Gud, for at jorda skal verte forbanna, for at menneske skal døy og gå fortapt. 

Eg reknar med at slik vart det argumentert for at ho Virtuella ikkje skulle møte meg igjen, snakke med meg eller ha noko med meg å gjere, ho skulle ikkje lenger leve i samfunn med Faderen og Sonen, ho skulle verte utstøytt og gå fortapt. Men Jesus var komen for å frelse det som var fortapt.

Slik kunnskap som dette kallar ikkje eg for visdom og det er heller ikkje vitskap. Men det er dårskap. Det er noko som er gale med metodene. Det er bestillingsverk. Det er tankebygningar som vi berre skal rive ned og få vekk.

2KO 10,3 – 2KO 10,6 Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis. 4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus. 6 Vi er budde til å straffa all ulydnad, så snart de har nått fram til full lydnad.

Evangelisering, ytringsfridom og forsamlingsrett.

Møte menneske i lokalmiljøet med den glade og frigjerande bodskapen. 

Jesus sa der er mange rundt meg som treng hjelp og eg kan vere til hjelp for dei som samtalepartnar og samarbeidspartnar. No har eg prata mykje på facebook og med det håper eg at eg har vore til hjelp for mange som samtalepartnar og samarbeidspartnar. Men eg tenkte då først og fremst på å møte folk i lokalmiljøet og prate med dei, ja, det har no vorte litt av det også. Det er mange som er einsame på grunn av protesten mot det gode, gammeldagse ekteskapet. Det gjeld meg også. Men eg har lese i Bibelen og bedt Jesus om å gi meg ei kone og han har svart meg positivt på det sidan eg var ung, det er inkludert i det fullførde frelsesverket, for på grunnlag av forsoninga i Kristus, får vi komme inn til Guds kvile. Det er den glade bodskapen til den einskilde, både mann og kvinne og til heile folket.

Det hender eg går turar på vegen og då høver det å høyre på lydbok; Bibelen. Når eg skal handle går eg gjerne nordover eine vegen og tek bussen tilbake, eller tek bussen sørover, men då er det litt ventetid før eg kjem meg heim att. Eller eg haikar med ein kvan, når dei skal handle. Elles brukar eg å sykle i fineverte, ein kan ikkje berre ete og sove, ein treng vel litt trim også. Når eg då er ute og fær, er det ei ypperleg moglegheit til å komme i part med folk, kanskje endåtil besøke ein nabo.

Samanlikn med forsamlingsretten og ytringsfridomen i okkupasjonstida.

Dette fekk meg til å tenke på noko mor mi fortalde om då ho var ung. I krigens dagar var forsamlingsretten sterkt innskrenka, berre små forsamlingar var lovlege. Men ungdommen brukte å gå tur på vegane og slik kom dei saman og det var vel slik mor mi og far min fann kvarandre. Ein gong hadde det samla seg mange ungdommar på ein liten bakketopp og der vart det dans og fest. Så kom der ein tysk offiser syklande, men dei hadde då ikkje hatt noko oppteljing på kor mange dei var, så dei vart vel litt spake då. Men han brydde seg ikkje om det, tok inga oppteljing, men berre sykla vidare. Han forstod no sjølvsagt kva som var poenget med at dei samlast slik, ein ung mann ville finne seg ei kone og ei ung kvinne ville finne seg ein mann, det er ei naturleg sak og dei hadde då ikkje noko imot det. Dei var då ikkje så fundamentalt fiendtlege til det norske folk, dei hadde ikkje som hendsikt å utrydde det norske folk. 

Be slik som når eg var ung. 

Eg er oppvokst i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset, evangeliet om Kristus vart forkynnt og eg trudde på han, så livet vart planta i meg ved Guds Ord. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalla Jesus som vår frelsar og Herre, be han frelse menneske, be for vårt folk og land. Eg trudde på han og påkalla han som min frelsar og Herre. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefalelt, så eg byrja å be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud (kyrkje) var fødd i meg ved en Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Etter kvart oppdaga eg at dette høvde med Paulus si lære. No er eg heime på Sunnmøre og Jesus har sagt eg skal søke han i løynkammerbøna, så då ber eg til han slik.

Jesus sona vår synd og betalte vår skuld med sin død på korset, han døde i staden for oss. Så ved å tru på han og ta imot den nåden Gud gir oss i han, vert vi frelst for æva og får evig liv. Det er så enkelt at kvar og ein kan gå inn i sitt løynkammer og bøye seg for korsets fot og vedkjenne si synd for han og verte reinsa frå synda ved Jesus blod. Tru at han stod oppatt frå dei døde og ta imot han i tru, slik får vi hans Ande. Og har vi hans Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst. Så skal vi glede oss framfor alt over at våre namn er skriven i livets bok i himmelen.

Eg skal lovprise Jesus for frelsa, glede meg i han, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, så eg skal tru at han frelser ei kvinne, at han frelser hennar sjel for æva og gir henne evig liv. Og det skal eg glede meg over, framfor alt, liksom eg gleder meg framfor alt over at mitt namn er oppskrive i livets bok i himmelen. Og eg trur og håper han frelser henne Reella og eg tur eg kan glede meg over det slik, eg kan glede meg over at ho lever i kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud og i kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn. Eg vel å gjere det og slik tek eg parti med Kristus i mitt forhold til henne.

Jesus kallar si brud, det er som eit frieri.

I Høgsangen les vi om kjærleiksforholdet mellom kongen og henne ”lytelause reine”. Det er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud, han kallar henne og det er som eit frieri. Då er det altså ikkje determinisme, men fridom.

Kva så med henne Virtuella? Når eg var ung, gleda eg meg over at ho levde i kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud og i kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn, og eg er viss på at det var eit verk av den Heilage Ande. Eg skal ta parti med Kristus i mitt forhold til henne, så eg vil ho skal komme innatt i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Har ho det? 

I Maranata 10.9.2017. vart det frå Høgsongen om brudgomen som fridde til si brud. Det er eit førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud (kyrkje). Etterpå kom der ein bodskap som gjekk på akkurat det:

HSA 4,8 – HSA 4,16 {MI SYSTER, MI BRUR}  Kom med meg frå Libanon, mi brur,  kom med meg frå Libanon!  Stig ned frå Amanas tind,  frå toppen av Senir og Hermon,  frå løveheimar, frå panterfjell. [Amanas tind: fjelltopp i Antilibanon, nord for Hermon.]  9   Du har fanga min hug, mi syster, mi brur.  Du har fanga min hug med eit einaste augnekast,  med ei av lekkjene om din hals. 10   Kor fager din kjærleik er, mi syster, mi brur!  Din kjærleik er betre enn vin,  og angen av dine salvar  meir ljuvleg enn balsam.  11   Av honning dryp dine lipper, mi brur.  Honning og mjølk er under di tunge.  Angen av kleda dine  er som angen på Libanon. 12   Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,  ein avstengd hage med kjelda forsegla.  13   Dine lemer er som ein lund av granataplar  med den gildaste frukt,  av hennabuskar og nardusplanter, 14   nardus, krokus, kalmus og kanel  og angande tre av alle slag,  myrra, aloë og alle slag balsam. 15   Du er som kjelda i ein hage,  ei oppkome med sildrande vatn,  som bekker frå Libanon.  16   “Vakna, nordavind!  Kom, sønnavind!  Blås igjennom min hage,  så angen får strøyma fritt.  Gjev min ven ville koma til sin hage  og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]  

HSA 5,1   “Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,  og plukkar min myrra og balsam.  Eg et min honning og mi honningkake  og drikk min vin og mi mjølk.”   Ja, et og drikk, mine vener,  og lat kjærleiken riva dykk med!  

Tyding av tungetale:

”A. Eg er kongane sin konge, eg er herrane sin Herre. Ja, det er eg som frelser, det er eg som løyser ut av lenkjer og bande. Det er eg som set fangane fri. Det er eg, eg som har teke bustad i ditt hjerte. Du skal ikkje tvile. Du skal ikkje syrgje. Du skal berre glede deg i meg. For eg, eg er Herren din Gud, som veit om alle ting. Eg er også den som veit alt i alle. Ingen ting kan skjulast for meg. For eg som er Herren din Gud er den som skal gjere det, alle ting i stand. Når du søker meg av heile ditt hjerte, så skal du få sjå og erfare, at eg er kongane sin konge, herrane sin Herre, eg er også lækjarane sin lækjar. For eg er den som kan gjere alt som er umogeleg for menneske, det er mogleg for meg.

B. Eg har teke bustad i ditt hjerte og eg snur meg aldri ifrå deg. Det er du som må ta det val om du vil bli hos meg. For eg blir hos deg til evig tid, men det er du som må velje om du vil fortsette å leve med meg. For eg som er Herren din Gud, er med deg alle dagar. For om du vel å ta meg bort ifrå ditt liv, så er det ditt eige ansvar, fordi eg kan ikkje gjere noko før du har sagt: Her er eg Herre, kom og ta meg igjen, for eg, eg vil ta bustad i ditt hjerte, men eg kan ikkje gjere det, før du gjer det mogleg sjølv.”

Eg reknar med denne bodskapen var til henne Virtuella, sjølv om ho ikkje var der.

Når ho gjekk på gymnaset, sa ho ja til Jesus, ho spelte gitar og lovprisa han som sin frelsar og Herre. Eg gleda meg over det og ho vart ein lovsong i mitt hjerte og eg er viss på at det var eit verk av den Heilage Ande. Men dersom ho avviser Kristus og ikkje lenger vil leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og ikkje lenger vil lovprise Gud og Lammet for frelsa, så stemmer det ikkje lenger med denne gleda og lovsongen. 

Bodskap1, 19.6.2016:

”Sjå, eg er alt kjøts Gud. Skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg?  Nei, du skal vite at eg som skapte himmel og jord, eg som tala og det skjedde, ingen ting er umogleg for meg. Derfor skal du setje di lit til meg, du skal trygt kunne gå ut på mine lovnadar. Og du skal få sjå at det held, seier Herren. For sjå, eg har kalla deg ved namn, du er min. Eg har skrive ditt namn i livets bok. Derfor vil eg at du mitt barn, du skal fryde deg og du skal glede deg i mi frelse. Ver ikkje tilbakehalden, men strekk deg ut mot det som ligg foran, seier Herren. Og du skal skal få oppleve at eg skal fylle ditt beger, så det flyt over.  Du skal få oppleve at eg dekker bord for deg, seier Herren, med feite og med margfylte rettar. Og du skal ete av landets gode ting.

Ja, eg skal føre ut eit folk i denne siste tida, før eg kjem igjen, eg skal ta meg ut eit folk som eg skal reinse og eg skal lutre dei og dei skal vere med og dei skal forkynne min pris, seier Herren. Det er eit folk som eg har helga, tvers gjennom og som eg skal leie og eg skal salve dei med mi kraft. Og sjå, eg skal vere med og stadfeste Ordet, med dei teikn og under som skal følgje dei som trur. For sjå, seier Herren, eg har jo sagt i mitt Ord, eg skal gjere langt meir enn de har forstand til  å be meg om. Amen.

Ja, eg prisar og lovar deg Herre, eg vil takke deg midt i forsamlinga. Eg takkar deg for di frelse og din nåde som du har vist imot meg. Eg har opplevt at du har vore med meg gjennom prøvingar, gjennom trengsler, så er du ein trufast Gud forutan svik.  Derfor så prisar eg deg og lovar deg midt i forsamlinga. Amen.”

Dei har forkasta Guds Son, kva er då alternativet?

Men kva er alternativet? Kva er alternativet til å elske sanninga og glede seg i frelsa? Det ser vi her:

2TE 2,9 – 2TE 2,12 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.  

Så her må eg vakte hjertet mitt framfor alt som eg vaktar. Vert evangeliet erstatta av eit falske evangelium, den Anden Jesus har gitt oss erstatta av ei anna ånd, sanninga erstatta med lygn, kjærleiken til sanninga erstatta av glede i uretten, så gleder ikkje eg meg i det. Men eg kler meg i Guds full rustning og står den vonde imot. 

Kva er det som gjer skilnaden? Det kan enkelt forklarast med denne prioritetsordninga, søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det, gled dykk framfor alt over at dykkar namn er oppskrivene i livets bok i himmelen, så eg bad Jesus frelse menneska som først prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet.

Dersom vi snur denne prioritetsordninga, så vert det som om ein mann må vinne (frelse) ei kvinne som kona si, for at ho skal verte frelst, eller noko i den dur. Vi skulle la Anden råde i vår døyelege lekam, men dette vert i staden kroppen som prøver å overvinne Anden, resultatet er åndeleg død. Så viser det seg at då srir dei mot sjela og forstanden også. Som om dei ikkje treng at Kristus frelser dei likevel? Dei forkastar Guds Son og så innbiller dei seg kanskje at dei skal få evig liv likevel? Det minner om ormen som sa til Eva at de skal ikkje døy, men …. Dette er lygnarisk.

Sidan eg var ung har eg bedt Jesus frelse menneska, som første prioritet, og gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet, og sidan eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling, tidleg i gymnastida, har Jesus svart meg positivt på det gjennom tyding av tungetale, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Men eg har fått motstand, som om nokon vil negere det som vert sagt, når eg ber og får svar og når eg vedkjenner mi tru på Kristus og kjennest ved han som min frelsar og Herre. Så det er tydelegvis Antikrist som er på ferde. Negeringa betyr for det første at ho ikkje skal verte kona mi og for det andre at ho ikkje skal verte frelst, ho skal falle ifrå og gå fortapt og ”likestillingskravet” blir eit krav om om at mannen også skal falle ifrå og gå fortapt. Så å få seg ei slik kvinne til kjæraste og kone er ei skjebne verre enn døden. 

I følgje Bibelen skapte Gud kvinna av mannens sidebein, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Dette også vert det protestert imot. Ormens strategi er framleis å dåre og forføre kvinna og så bruke henne til å lokke mannen med, slik prøver han å få makta over dei og gjere seg til denne verda sin gud. Sidan eg framleis held meg til Kristus, utartar det seg slik at den forførde kvinna tvert om motarbeider meg og forfølgjer meg. Slik driv kyrkja, kristne organisasjonar og politiske parti i Noreg med kristendomsforfølging.

Bodskap2, 19.6.2016:

I slutten av møtet kom John med ein kommentar om parader gjennom gatene, eg reknar med det var ”homo-parader”. Då kom Mari med tungetale og John tyda det:

”Når eg såg ned på Sodoma og Gomorra, då såg eg at synda var så stor, forfallet var så stort, at eg bestemmte meg for å utslette desse byane, seier Herren. Og sjå, eg skodar ut over denne verda og eg ser det også i dag, seier Herren, kor synda er stor og når menneska syndar  og dei vil ikkje ha noko med meg å gjere, dei forkastar min Son, sjå, det kjem, det kjem straffedommar over land, over by, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg manar dykk, mitt folk, til å gå i forbønn for dykkar land. Rop til meg og be om at eg må halde min vreide tilbake, seier Herren. For sjå, eg ser at synda er stor og eg har sagt i mitt Ord, synda si løn, det er døden, seier Herren. Sjå, seier Herren, det får konsekvensar, når menneska ikkje vil gå på mine vegar. For sjå, dei som vendar om, seier Herren og ropar til meg om frelse og om barmhjertighet, dei får oppleve, at eg er ein nådig, ein barmhjertig Gud, som tilgjev og som vil reinse og som vil gjere noko nytt for den einskilde. Derfor, mitt barn, rop til meg, gå inn i ditt løynkammer og rop til meg, seier Herren. Og eg skal svare på din bønner. Halleluja.”

Gud brukar framleis menneske av kjøt og blod, laga av mold frå marka. Men det er ved at dei trur på Kristus.

Kristendomen er populistisk. For det første ved at Jesus og disiplane hans forkynnte den glade bodskapen for heile folket, men prioriterte dei som trengde det mest, dei fattige og ulærde, syndarar, sjuke, misslukka og utstøtte. For det andre ved at han velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som småborn, for å komme inn i det. vi må vakte oss så vi ikkje vnavørder ein av hans minste små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. 

Likevel er det mange som vanvørder dei som trur som barnslege og ulærde, «trur på englar». Men kva er ein engel? Det er ein bodberar, i dette tilfellet tenker eg meg at det er ånda deira. Så når den Heilage Ande kom over disiplane på pinsedag talte dei drivne av den Heilage Ande om kom med bodskapar frå Gud. Ved trua på Kristus får vi framleis oppleve at han døyper med den Heilage Ande, så nådegåvene kjem i funksjon i kyrkjelyden.

Vi vert velsigna ved trua på Jesus, ved å tru at han stod opp att frå dei døde og er Guds Son, ved å ta imot han i tru. Velsigninga er den Anden og det livet han gir oss frå himmelen (Joh.6 Joh.10,1….). Anden openberrar Ordet for oss, slik openberrar Gud si frelse i Kristus, han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Vi vert velsigna ved å velsigne han og vi må vere velsinga for å velsigne. Velsigninga betyr å komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).

Prestane talar varmt om at Jesus velsigna småborna, dei legg handa på barnet og velsignar det og dei legg handa på konfirmanten og velsignar han. Og i frie kyrkjelydar er det vanlege å velsigne og be for nokon med handspålegging. Det viser at den fysiske, menneskelege nærleiken er verdifull og soleis viktig, det ser vi også ved at Jesus kom til vår jord som eit menneske og stod lekamleg oppatt frå dei døde.

JOH 1,9 – JOH 1,18   Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.  

1JO 1,1 – 1JO 1,4 {LIVSENS ORD}  Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.  

LUK 24,36 – LUK 24,43 {JESUS SYNER SEG FOR LÆRESVEINANE}  Medan dei tala om dette, stod Jesus midt imellom dei og sa: “Fred vere med dykk!” 37 Dei stokk til og vart redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. 38 Men han sa til dei: “Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk? 39 Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.” 40 Så synte han dei hendene og føtene sine. 41 Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: “Har de noko etande her?” 42 Dei gav han eit stykke steikt fisk, 43 og han tok det og åt medan dei såg på.  

Jesus er den site Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik er ho Jesu kropp. Gud brukar framleis menneske av kjøt og blod, laga av mold frå marka, slik er Jesu kyrkje Jesu kropp. Som ulike lemer på den kroppen har vi ulike oppgåver. 

Det seier seg sjølv at når ein mann vil ha seg ei kone og ein kvinne vil ha seg ein mann, så er den fysiske nærleiken viktig for dei. Når eg vart forelska i ei kvinne, yngste eg å omfavne henne og la den meininga i det at eg velsigna henne. Men velsigninga var likevel ikkje betinga av den fysiske nærleiken, for Jesus stod oppatt frå dei døde og eg vert velsigna ved å velsigne han. Velsigninga betyr at vi får komme inn til Guds kvile, så då ventar eg meg at han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Så her er då den fysiske nærleiken endå viktigare. Men Gud er ånd og han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, det er det fundamentale.

Eg har gått til forbønn i frie kyrkjelydar og vorte velsigna ved handspålegging. Og Jesus har sagt til meg at han vil bruke mine, hender og føter, mine auge og min munn. Han vil eg skal strekke ut mine hender til andre, med velsigning. Bodskapen 22.10.2000:

”… ut gjennom dine hender og dine føter.  Og det er eg som begynner, det er eg som fortsetter, og det er eg som fullfører. Eg vil virka i deg til å villa og virka til mitt behag. Eg vil skua nøden gjennom dine øyne, eg vil vera dine øre som kan høra sukken om hjelp. Og eg vil også vera din munn, slik at du kan gi de evangelium, som bringer håp, både til ånd og til sjel og til legem. Du er min medarbeidar. Ver open for meg, eg har kraften som trengst, eg har utrustningen som, som trengst, og eg vil at du skal få kjenna dette som en glede. Og at du fyrst og fremst har sett det eg har gjort for deg. Eg satte mitt liv til, eg lot mitt blod flyta,  for å løfta deg inn i min nærhet, inn til fars hjertet. Og så vil eg også bevirke og utføre at det sinn som er i mitt hjerte også kan få prega ditt hjerte. Så skal du få kjenna at det er godt, det er godt å følga meg. Mine fotspor drypper av fedme. Løft blikket, markene er hvite til høsten. Det er mange som trenger hjelp. Og eg vil gi de hjelp, gjennom min menighet. Gjennom mitt folk. Følg meg, sier Herren, du skal få kjenna gleden og velsignelse, vella tilbake over ditt eget hode. Amen. Amen.”

Bodskap1 12.11.2006:

”Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.

Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.” 

Bodskap2 12.11.2006:

”….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.

Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde i hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.”

Sidan eg var ein gutunge har eg vore realist, samtidig som eg har trutt på Jesus. Til tider Har eg opplevdt det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt konfortabel med, men i det eg let meg forsone med gud på evangeliets grunnvooll, trur eg at eg får det til å stemme, for Gud forsona verda med seg i Kristus. Eg har nok vore gjennom store prøvingar, også med fall og nederlag, men eg har likevel vorte verande i mi barnetru. No er der tydelegvis mange som foraktar meg for mi barnetru, endåtil prestar og kristne leiarar. Og det er nok fordi dei med sin moralfilosofi vil vere i lærd overklasse i tråd med den moralfilosfiske tradisjonen frå antikken. Dei foraktar slike skrøpelege menneske som finn at dei må bøye seg for korsets fot. Spesielt fordi eg ber Jesus gi meg ei kone. Og kvifor det? Fordi dei argumenterer for keisardyrking. Kvinna let seg lokke med at dersom det et av kunnskapstreet, skal de verte likson Gud ….. Derfor foraktar dei slike menn som trur på Jesus og bøyer seg for han og ber om nåde. Men resultatet av syndefallt var at dei såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit. Slik vart menneska fornedra. Det viste seg ved avgudsdyrkinga og keisardyrkinga og det viser seg i #metoo-aksjonane og pride-paradene. Er det dette de kallar sekularisering, verdsleggjering? 

Det er i alle fall ikkje slik eg har tenkt meg sekularisering, verdsleggjering. Eg har lagt vinn på å studere realfag for å forstå verda, så for meg er sekularisering realfagleg tenking. Naturen er forståeleg og det er om å gjere å forstå den rett, men det er avgrensa kor mykje vi forstår. Dess meir vi forstår, dess vanskelegare vert det å forstå meir. Uansett treng vi at gud lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande.

Men korleis går det med denne stoltheta dykkar, der de heldt meg for å vere for dum og for vond til at de kunne snakke med meg eller i det heile teke ha noko med meg å gjere? Korleis går det med kvinnefrigjeringa, kravet om likestilling, kvinneforskinga og kjønnsforskinga, #metoo-aksjonane og pride-paradene? Det strir no så tydeleg både mot kristendomen og naturvitskapen. De har så lite naturvitskapleg kunnskap og forståing og er så historielause at de ikkje klarer å sjå så langt som til dykkar eingen navle. Og så vil de likevel vere globalistar og framstille det som at de skal frelse verda?

Postmoderne Antikrist.

Liberalismen (Lock) har religionsfridom. Men i det siste har det vorte proteset mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for si kyrkje. Og så har det vorte innført vigsel av homofile i kyrkja. Dette er ikkje religionsfridom, dette er ikkje å tillate kristendom i den såkalla kristne kyrkja og i vårt land. Dermed er det eit brot med liberalismen også.

Paulus sa at dersom nokon forkynner eit anna evangelium enn det som han har forkynt, så skal han vere forbanna. Men lovnaden som vart gitt allereie til Abraham, står ved lag, den som velsignar Kristus, vert velsigna, men den som forbannar han vert forbanna. 

Dei som velsignar han vert velsigna og vert til velsigning, slik vert kyrkjelyden velsigna og dei som kjem til vert velsigna, så når dei kjem der, får dei noko.

Men dersom dei i staden forbannar han, blir dei forbanna og vert til forbanning. Og så undrar de dykk over at kyrkjer og bedehus vert ståande tome og vert forfæra over at muslimane tek over?
 Dersom de meiner alvor med dykkar liberalisme, så den gjeld for vanlege menneske også, så de tillet den kristne trua, så vil de finne at evangeliet gir det beste grunnlaget for nasjonsbygging, altså ei nasjonalkonservativ retning. Dessutan bør de lære av historia kor viktig kristendomen og den kristne kyrkja har vore for fridom, demokrati og nasjonal frigjering og sjølvstende.

KONKLUSJON: Politikken til Venstre og Krf, med Knut Arild Hareide i leiiinga, har vist seg å vere noko utspekulert djevelskap for å forføre kvinna, kyrkja, Frp og regjeringa. 

Vi lever visst i eit demokrati, men når politikken vert definert som å drive på med utspekulert djeveleskap, forfell demokratiet, fridomen og nasjonalkjensla innanfrå.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: