Skip to content

Kristendomen er populistisk og opnar Guds himmel for oss. Til samanlikning har realfag både empiri og rasjonalitet.

Gud bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda (Jesaja.57,15). Til samanlikning har realfag både empiri og rasjonalitet.

Mange har undra seg over kvifor den nye naturvitskapen ikkje vart oppdaga før. Den er eksperimentell, så den har både rasjonalitet og empiri (erfaring). Mange gjer eit vesen ut av at den har erfaring, for det vart tydeleg at erfaringane streid mot teologien til kyrkja, men det var fordi platonismen kom inn i kyrkja på 300-talet og Aristoteles si lære på 1200-talet og med det kom ein moralfilosofi og ei røyndomsforståing frå det gamle Hellas som ikkje stemte med Bibelen. Men i skolastikken vart matematikken og logikken teken vel vare på.

Erfaring av naturen har då menneska hatt til alle tider, problemet var nok heller at dei laga seg gudar av stokk og stein, som dei kunne sjå og sanse. Og med trua på slike gudar vart dei dumme. Der var ikkje ånd i dei, dei høyrde ikkje og talte ikkje. 

I Bibelen er det mykje naturvitskapleg tenking, men det er gjerne formulert poetisk, med takk til Gud som har skapt det slik. Der er mykje historieskriving, men mykje av det vert det profetert om og mykje av det har skjett og er historie og noko skjer i vår tid. Med tru skjønar vi at alt vart skapt ved Guds Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg. Det tek eg som forklaring på at for omlag 3000 år sidan oppstod den tanken i Hellas at naturen er forsåtleg og slik byrja den greske naturfilosofien.

I Bibelen finn vi ikkje mykje matematikk, men det finn vi i den analytiske tenkinga frå Aten. Newton og fleire med han utvikla matematikken til moderne matematikk og Newton brukte den til å utvikle klassisk mekanikk. 

John Lock konfererte med Newton når han skulle utvikle liberalismen. Pietisten Imanuel Kant vart inspirert av Lock. Likevel vart empirismen og liberalismen ei katastrofe for han, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst. Frå Kant går ei filosofiske retning til Hegel og Marx og dermed til totalitær politisk filosofi på heile den politiske skalaen. Og i vår tid ser vi at politiske grupper, særleg på venstresida opponerer mot forstanden (rasjonaliteten) og strir mot sjela. 

Men matematikken vart vidareutvikla først, så vart den brukt i fysikken og slik vart den vidareutvikla. Det vart tydeleg både i relativitetsteorien og kvantefysikken. Relativitetsteorien og teorien om Higgs-bosonet vart utvikla før der vart funne empirisk støtte for det. 

Einstein kalla seg agnostikar, men kunne godt tenke seg «Gud» som det usynlege som låg bak og styrte naturen. Higgs kalla seg ateist, for det var då utruleg at universet kunne har vorte til på sju dagar. Men den oppfatninga er då ei feiltolking av Bibelen.

Likevel brukar eg den forklaringa at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er naturen forståeleg. Han skapte menneska i si likning, derfor er vi i stand til å forstå naturen. Men det er stor skilnad på kor mykje vi forstår, i alle fall med den matematiske og analytiske tenkinga.

Når eg skreiv om dette, svarde Jesus meg at eg har min eigen identitet, eg er skapt i Guds likning og er elska av den tre gangar heilage Gud, tyding av tungetale 3.2.2019:

”Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. Det gjeld også i dag. Eg ser du er trøytt, eg ser du har det vanskeleg. Men overlat tinga til meg. Forstanden din vil kanskje ofte hindre deg i å gjere det. Men overlat alle ting til meg, også det som synest umogleg ut i dag. Eg gjer det umoglege mogleg. Og det som ingen ting var, valde eg ut til å gjere til skamme det som er noko. Om du føler deg som ingen ting, du er ingen ting samanlikna med andre, men hugs at eg elskar deg slik som du er. Du har ein eigen identitet, du er skapt i Guds bilete. Og du er elska av den tre gangar heilage Gud. Så søk meg, søk inn i mitt Ord, når du kjem heim att. Søk i løynkammeret og be til meg. Eg skal svare, eg skal svare i mi tid, seier Herren. Så ver frimodig og søk meg.

Livet, det er ikkje berre roser, det har du oppdaga, livet er også ting som er vanskeleg, det er kantar som møter deg. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda. Så stol på meg. Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med. Og akkurat du kan vere ein samarbeidspartnar og ein samtalepartnar som einkvan kan snakke med. Så ver frimodig. I begge mine hender har eg teikna også deg. Og du skal vite det at eg skal gå med deg, resten av livet, når du søker meg. Amen.”

Pytagorearane hadde ei frelseslære og Platon brukte matematikken til å forklare si tru på «det godes ide». Sidan har det vore tradisjon å samanlikne, for ikkje å seie koble, moralfilosofien med matematikken. 

For nokre tiår sidan var akademiske kristne svært så hekta på å forklare si tru på Gud på liknande vis, med behovet for ein allmenngyldig moral og behovet for nåden i Kristus, dei kalla det apologetikk. Utviklingslæra fekk unngjelde, men for meg var ikkje poenget å avsanne den, men å tru at Gud har skapt alle ting, også gjennom utvikling. Og det gjer han framleis.

Eg tenkte ikkje så mykje på moralfilosofi, eg tenkte meir på å samanlikne trua med aksioma i matematikken. Men ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande, så det er ikkje berre teori, men Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom. På ei tid då eg tenkte på dette sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale at eg skal ikkje gå krokbøygd og bere han, men han skal bere meg. Det er ikkje slik som med avgudane laga av stokk og stein, som folk må bere og som dei vert trælar under. Men den sanne og levande Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, ved han han vekte han opp frå dei døde. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde.

Herrens auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan styrkje dei som heilhjerta held seg til han (2.Krøn.16,9). Det er viktig for meg, spesielt fordi eg ventar meg at slik vil han gje meg hjelp i form av ei kone.

Kristendomen er populistisk med sin bodskap frå himmelen. Jesus er vegen til Faderen.

Kristus kom med ein bodskap frå Gud, likevel er kristendomen populistisk ved at han talte til heile folket og prioriterte den ulærde underklassa, han takka Faderen for at han hadde openberra visdom frå himmelen for dei umyndige, men løynt det for dei vise og forstandige (Matt.11,25). 

Den er populistisk ved at han velsigna småborna og sa at vi skulle la dei kome til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som småborn, for å komme inn i det. Han sa til jødane at dei måtte vakte seg så dei ikkje vanvørde ein einaste av hans små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Likevel vert dei vanvørda, «trur på englar». Men kva er ein engel? Det er ein bodberar, så eg tenker meg at det er ånda deira. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud og det er fridom, som motsetnad til trælekår. Som Guds born får vi legge alle våre behov fram for han i bøn og vi får oppelve at han svarar oss. Når Jesus døyper sine disiplar med den Heilage Ande, får dei bodskapar frå Gud, både ved forkynninga av Guds Ord og gjennom tyding av tungetale. 

Jesus sa til oss at ved korsets fot fann vi den ekte kjærleiken, derfor skulle vi glede oss, denne kjærleiken ville han skulle vere mellom oss. Han kalla «Sions dotter» til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade. For han er Herren hennar brudgom.

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ 

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-12-18-maranata-jesus-kalla-sions-dotter-ut-i-fridomen/ 

Ja, eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung, og då er det på denne måten, at eg bøyer meg ved korsets fot, for den fann eg den ekte kjærleiken og den ville eg skulle vere mellom meg og den jenta som eg byrja å vere glad i. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,1-5). Slik svarde han meg og han har svart meg jevnt og trutt gjennom tyding av tugnetale. Med glede skal vi ause or frelseskjelda, Jesus gir oss livets vatn gratis, så når han gir meg ei frelst kvinne til kone, får eg henne gratis. Eg skal berre framleis halde meg heilhjarta til han og søke han av heile mitt hjarte og det er no nettopp ved at eg framleis bøyer meg for korsets fot, vender hugen opp til han og vert fylt av den Heilage Ande og så ærar og takkar han for frelsa.

Den tradisjonelle moralfilosofien gjorde menneska til salsvare, som trælar. Slik fungerer dialektikken også, den fungerer som avsporing frå vegen til Faderen.

Men så er det tydelegvis mange som foraktar meg for dette, endåtil prestar og kristne leiarar.  Og det trur eg har seg slik at dei vil utgjere ei tradisjonell, moralfilosofisk overklasse. Presten har monopol på å tale i kyrkja, så blir det utvida til monopol på å be og gjennom politikken vert det utvida til resten av samfunnet også, med ein hegeliansk dialektikk, der knekten ber og herren svarar. Den intersubjektive Tidsånda skal liksom drive historia framover, men Gud og den einskilde vert sett utanfor. Slik vidarefører dei eit tradisjonelt, moralfilosofisk klasseskilje mellom herskarklassa og dei utstøytte. Herskarklassa får komme med sine behov, seie det og vente å få behova sine tilfredsstilte. Dei prøver tydelegvis å lokke kvinna med at dersom dei et av kunnskapstreet, så skal dei ikkje døy, men verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Og så bruke henne til å lokke mannen med. Men resultatat av syndefallet var at dei såg at dei var nakne, så dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit. Så vart stengde ute frå Edens hage. Mannen vart dømd til døden og det vart strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt. Menneska vart fornedra.

Men Kristus døde i staden for oss, då sigra han over ormen og med si oppstode sigra han over døden. Med sitt eige blod betalte han prisen for oss, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skal tilhøyre han. Og det er dette vi må vite å nytte oss av.

I Joel 3,1 er det fortalt at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt og så er det fortalt at han vil gå i rette med folka, fordi dei gjorde folket hans til salsvare (Joel.3,6-8). Når vi høyrer på dagens politiske debatt, der det er tale om kristne verdiar, med til dømes likestilling, men det handlar då om menneske som vert verdsett økonomisk, som salsvare, som om det var slavar til sals. Men kristne verdiar må då vere det som Kristus verdset og han døde i staden for oss, for å frelse vår sjel for æva og gi oss evig liv, gi oss barnekår hos Faderen. Då må vi vende hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen.

Men underklassa blir møtt av den herskande elita med den haldninga at dei ikkje får komme med sine behov og seie kva dei vil, som om dei ikkje får barnekår hos Gud likevel. Poenget med at dei dialektiske omforminga er å framstille dei som noko anna enn det dei er, som om behova deira er noko anna, så det dei seier vert oversett til noko anna, samanlikn gjerne med opprørert mot Sokrartes. Det er tydelegvis også hendsikta med å vike av frå forkynninga av evangeliet. Du får ikkje komme slik som du er og seie det som du meinar er rett og sant, men med den dialektiske omforminga vil dei fremstille deg som noko anna og framstille det som om det du meiner og vil ha sagt er noko anna. Poenget er tydelegvis å argumentere for eit moralfilosofisk klasseskilje, der underklassa erstattar den einskilde som trur på Kristus og overklassa erstattar Kristus. 

Men då er dialektikken avgudsdyrking som gjer menneska ureine og gjer dei til trælar. Dei treng at Jesus frelser og frigjer dei frå trældomen under synda og avgudane, dei treng å verte reinsa i Jesu blod og fylte av den Heilage Ande. 

Men Gud og hans Ord vert ikkje endra av den dialektiske omforminga. Gud er den same og hans Ord er det same, Jesus er i går og i dag den same til evig tid. Det er ein gledens bodskap for oss som vert frelst. Jesus har sagt eg må komme til han slik som eg er og då får eg no legge alle mine behov fram for han i bøn. Eg skal halde meg nær til han, lese i Bibelen, bøye meg for korsets fot og søke han av heile mitt hjarte, vende hugen opp til han og ta imot det han gir meg frå himmelen og takke han for frelsa. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Eg har min eigen identitet, ja, eg er skapt i Guds likning og er elska av den tre gangar heilage Gud (Bodskapen.3.2.2019), så eg frå komme til Jesus slik som eg er.

Syndefallet og fråfallet.

Adam vart dømd til døden på grunn av syndefallet, og synda og døden trengde seg gjennom til alle menneske (Rom.5,12-21), døden fekk herredøme fordi eitt menneske fall. Men sidan eitt menneske, Kristus, var lydig,vert vi erklært rettferdige for Gud ved å tru på han og ta imot den nåden Gud gir oss i han, vi lyder han ved å tru på han og slik får vi liv og herredøme.

Men dersom nokon fell ifrå han, så nyttar dei seg ikkje lenger av dette, så då gjeld i staden dette at synda, domen og døden trengde seg gjennom til dei. Det gjeld heile folket og det er tydelegvis dette som kjem til uttrykk i den såkalla antirasismen. Men hugs då på at den dommen du dømmer med, skal du sjølv dømmast med. Kristus er øvsteprest til evig tid, etter Melkesediks vis og han er kongars konge. Så det gjeld styresmakta også.

Salme.1,1 Kvifor ståkar folkeslaga,

kvifor legg folka gagnlause planar?

2 Kongane på jorda reiser seg,

fyrstane legg råd i lag

mot Herren og den han har salva:

3 «Lat oss slita sund deira lekkjer

og kasta deira reip av oss!»

4 Han som tronar i himmelen, ler,

Herren spottar dei.

5 Så talar han til dei i sin vreide,

med brennande harme skræmer han dei:

6 «Det er eg som har sett inn min konge

på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.

Han sa til meg: «Du er son min,

eg har født deg i dag.

8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv

og heile jorda til eige.

9 Du skal knusa dei med jernstav

og slå dei sund som leirkar.»

10 Og no, de kongar, far visleg fram,

ta imot åtvaring, de styrarar på jord!

11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,

så han ikkje skal verta vreid

og de gå til grunne på vegen.

For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.

Ved å ta imot den nåden Gud gir oss i Kristus, får vi oppleve at Gud gjer alle ting nye. Han får naturen til å fungere rett.

Med den naturfaglege tenkinga og trua på Guds Ord (1.Mos.2), vil ein ung mann naturleg nok tru og håpe på å få seg ei kone, få born med henne, familieliv, hus og heim mm. Men Jesus sa at dersom nokon ser med lyst på ei kvinne, så har han allereie gjort hor med henne i hjertet sitt. Det er synd, det strir mot den kristne trua og det høver ikkje med naturvitskapen, for der er ikkje samsvar mellom det korleis han tenker i sitt hjerte og det som faktisk skjer, han tenker med lyst på henne i hjertet, men som ein utopi for han. Ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei likevel ikkje døy, men verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Sidan laga dei seg avgudar av stokk og stein og det fungerte som slike utopiar for dei. «Mor Israel» var Guds kone, men ho fall ifrå og dyrka avgudane, så ho dreiv hor med dei. Dei fungerte som utopiar, dei kunne ikkje tilfredsstille henne. Dei såg ikkje, høyrde ikkje, tala ikkje og hadde ikkje omsorg for henne. Så det gjekk dårleg.

Men når Jesus døde på korset, fordømde han synda i kjøtet og sigra over ormen. Ved trua på at Gud vekte han oppatt frå dei døde, skal vi rekne oss som krossfesta med han, synda i kjøtet er dømd, lysta i kjøtet er krossfesta med han, for ved trua på at han stod oppatt frå dei døde, kjem trua i staden for lysta. Med den trua i hjertet, vert vi vituge og forstandige i hjartet, så vi tenker vitugt og forstandig om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Han sette mannen til å dyrke og verne hagen og det var det kvinna skulle hjelpe han med. Gud gjer alle ting nye og det får vi oppleve litt av allereie her og no, vi får kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde. 

Johannes Openbrring.21,5 Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»  6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.  7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.

Korleis kan eg i mitt hjerte tenke vitugt og forstandig om kvinna? Ved å tru i mitt hjerte at Jesus gir henne ånd og liv og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Salomos Ordtøke.4,20 Lyd på det eg seier, son min,

vend øyra til og høyr mine ord!

21 Slepp dei aldri ut or syne,

gøym dei djupt i hjarta!

22 For dei er liv for den som finn dei,

og helsebot for heile kroppen.

23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,

for livet går ut frå det.

    24 Hald deg frå falske ord,

bruk aldri lippene til svik!

25 Lat augo dine sjå beint fram,

fest blikket på det som ligg framføre deg!

26 Legg merke til dei far du skal fylgja,

hald heile vegen stø kurs!

27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,

hald foten din frå det som er vondt!

Fri vilje eller determinisme.

Fri vilje – determinisme 2-0. 1-0 ved kvantemekanikken. 2-0 ved evolusjonsbiologiske betraktningar av sinnet, det er då ikkje berre ein illusjon, men vel naturleg og fornuftig.

Beviset for fri vilje

Ja, du hørte riktig: fri vilje kan bevises. I Ayn Rands filosofi Objektivismen er det vanlig å omtale fri vilje som et aksiom, altså som en i
Dersom du trekker tombola, får du fritt velje ein tombola, altså har du fri vilje til å velje. Men dersom du ikkje fuskar, kan du ikkje bestemme på førehand at du skal velje ein vinnande tombola. Det er eit sjansespel. Dersom du speler poker, kan du rekne på sannsynlegheiter for å vinne, men du kan ikkje førebestemme det (determinere det). For dei andre skjuler korta sine. Spelar du sjakk er heile spelet synleg, du kan tenke ut korleis det kan gå, men det er grense for kor mykje du klarar å tenke ut. Begge sjakkspelarane har mange moglege val og dei er fri til å velje. Slik er det elles i livet også, vi er fri til å velje og det er eit sjansespel.

Er eg usakleg? Nei. Om de talar om fysiske og kjemiske prosessar i kroppen, som er mekanisk determinisme, så er det då likevel eg som vel. Det er ikkje nokon annan, om ikkje nokon tvingar meg då. Det er ikkje dermed sagt at tenking og tale er determinert (mekanistisk verdsbilde). Kva med kvantemekanikken? Der er tilfeldigheitene meir fundamentale, kausaliteten er borte.

Har vi lært matematikk, så kan vi fritt velje ein formel som hypotese og prøve den. Det også er gambling, men med god fagkunnskap har vi teft for å gjere eit godt val, som aukar sannsynet for å vinne i gamblingen. Men for å prøve hypotesa må vi tenke logisk utifrå den, vi må rekne utifrå formelen. Det kallar vi deduksjon.

Då blir det tilslørande og feil å tale om determinisme her, det er sjansespel, synsing og logisk deduksjon.

I det gamle testamentet er det fortalt at Gud stilte folket sitt overfor eit val, vegen til livet eller vegen til døden og anbrfalte di å velje vegen til livet, så skulle dei få leve. Men uansett så skaper han folket sitt liksom pottemakaren skaper ei krukke, leiren er ikkje i stand til å seie til pottemakarane, «kvifor skaper du meg slik?».

Jesaja.29,16 Kor bakvendt de tenkjer!

Skal ikkje krusmakaren

aktast høgare enn leira?

Kan verket seia om handverkaren:

«Han har ikkje laga meg,»

og kjeraldet om krusmakaren:

«Han skjønar seg ikkje på slikt»?

Jeremias sa også at krukka kunne verte misslukka, då ville pottemakaren byrje på nytt igjen. Så dette biletet er ynda i kristne forsamlingar, ved Guds nåde får vi vere som ein mjuk leirklump i mesterens hand, som han får skape slik som han vil, så det vert eit kar til Guds ære. Men når vi les dette, ser vi at det er sett inn i ein brutal samanheng og det gjeld for alle folkeslag. Det stemmer no eigentleg med utviklingslæra, men så vert det også argumentert for å verte vituge ved å verte opplærte av Guds Ord. Men ved nåden i Kristus får vi oppleve Guds godleik i våre liv, som eit under.

Jer.18,1 Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 «Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.» 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.

5 Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt. 7 Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde. 8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det. 9 Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

11 Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast! 12 Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»

Har vi mennesker en fri vilje? | ResettMeningerHar vi mennesker en fri vilje? Av Sverre Avnskog – 13. mai 2019 | 19:01 Illustrasjonsbilde. Foto av Philippe Echaroux/REX (9220887d) annonseTweetShareShareNår man lanserer tanken om at vi mennesker har en fri vilje, møter man alltid sterk motbør fra folk som er sikre på det motsatte. Vi …

I det gamle testamentet er det fortalt at Gud stilte folket sitt overfor eit val, vegen til livet eller vegen til døden og anbrfalte di å velje vegen til livet, så skulle dei få leve. Men uansett så skaper han folket sitt liksom pottemakaren skaper ei krukke,  leiren er ikkje i stand til å seie til pottemakarane, «kvifor skaper du meg slik?». 

Jesaja.2916 Kor bakvendt de tenkjer!

Skal ikkje krusmakaren

aktast høgare enn leira?

Kan verket seia om handverkaren:

«Han har ikkje laga meg,»

og kjeraldet om krusmakaren:

«Han skjønar seg ikkje på slikt»?

Jeremias sa også at krukka kunne verte misslukka, då ville pottemakaren byrje på nytt igjen. Så dette biletet er ynda i kristne forsamlingar, ved Guds nåde får vi vere som ein mjuk leirklump i mesterens hand, som han får skape slik som han vil, så det vert eit kar til Guds ære. Men når vi les dette, ser vi at det er sett inn i ein brutal samanheng og det gjeld for alle folkeslag.

Jer.18,1 Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:  2 «Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.»  3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva.  4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.

5 Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:  6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.  7 Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.  8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.  9 Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

11 Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast! 12 Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»

Psyke betyr sjel. Men det viste seg at intraspeksjonen var feilbarleg og dessutan fekk psykologien problem med å behalde statusen som vitskap, når det vart klart at naturvitskapen trengde erfaring. Naturvitskapen har rasjonalitet også og psykologien treng Descarts rasjonalitet.

Når eg var ung og fekk høyre om Freuds påstandar om at religiøsitet er avspora seksualitet og at menneske vert motivert av seksualitet og aggresjon. Eg vegra meg litt for det, men innsåg at dersom noko er avspora, så relaterer det til noko som er rett både i biologien og i kristendomen. Det stemmer med at livet naturleg nok er ein kamp for tilverde, men då var eg glad for at eg hadde vorte opplærd i Paulus sine ord om at vi skulle la Anden råde i vår døyelege lekam. Så eg hadde det klart for meg at eg skulle la meg verte driven av Anden, motivere av Guds kjærleik og styrkte ved Guds kraft.

I det gamle testamentet vart omskjeringa gjort på mannens kjønnslem. Poenget er vel at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal ha med Gud å gjere, dei skal ikkje gøyme seg for han med dårleg samvit, slik som Adam og Eva gjorde. Korleis då? Les Høgsangen, det er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Dette har Paulus forklart godt for oss. Omskjeringa er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, i den nye pakta. 

Adam vart dømd til døden og utestengde frå Edens hage og dermed frå det nære samfunnet med Gud. Men Kristus døde i staden for oss, så på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og somf or oss har vorte ei livgivande ånd. Ved trua på han får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Og då skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam, vi skal la den råde over lystene i lekamen, spesielt skal vi la den råde over kjønnslysta. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same. 

Jesus gir oss livets vatn gratis, så same kor mykje dei vil gjere menneska til salsvare, så fungerer ikkje dette som salsvare, det er og blir gratis. Det blir i meg ei kjelde som veller opp til evig liv, det gir liv til mi sjel og eg ventar meg at Gud gir meg ei kone ved at det gir liv til hennar sjel også, så eg får henne gratis.

Ytringsfridom, utdanning og klimapolitikk.

Jusprofessor ved UiO kaller Resett en «rasistblogg» og kartlegger nettavisens annonsørerResett-sabotører støttes av ansatte ved Universitet i Oslo.I forrige måned startet en gruppe venstreaktivister på Twitter å kontakte firma som fikk annonser vist i Resett gjennom annonseplatt

Ville ikke delta i klimastreik, ble mobbet av læreren og frosset ut av venneneNår «Sanna» ikke ville delta i skolestreik for klimaet ble hun mobbet av læreren i klasserommet. Dette skjedde på en videregående skole i Sverige.Hennes mor forteller på det svenske nettste

Det har visst vorte «post-moderne» å stemple folk som rasistar, klimafornektarar og kva meir? Eitt eller anna for å støyte dei ut. Det utartar seg som propaganda og verkar som Goebbels-retorikk. Så det er tydelegvis fundamentalistisk og då står det i motsetnad til evangelisk kristendom og naturvitskapen. Så eg trur det er rett å så det på grunnlag av antikk filosofihistorie.

For vel 3000 år sidan oppstod den tanken i Hellas, at naturen er forståeleg, det streid med antikk mytologi der gudane regjerete i sine ulike områder av tilværet, men det høvde betre med israelsgolket si tru på at der var ein Gud som hadde skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har fvorte til av det usynlege, så derfor er naturen forståeleg. 

Dei fyrste greske filosofane var naturfilosofar, men dei klarde ikkje verte samde, for dei hadde ikkje metoder til å avgjere kva teori som var rett. Men så vart det no demokrati. Dei lærde «sofistane» var juristar, journalistar og pratmakarar, men dei vart korrupte. Sokrates gjekk ut og prata med folk, han stilte dei spørsmål for å få dei i tale og han meinte sanninga vart integrert i han ved slike dialogar og den gjorde han lykkeleg. Men så vart det egla til opprør mot han, så han vart hendretta, men det var då eit justismord. Etter dette trekte Platon seg attende og filosoferte, han påstod at den fysiske naturen var vond og dum, så menneskesjela tapte mykje av sin opphavlege innsikt i ideverda, spesielet mangla det innsikt i det godes ide. Det kunne bøtast på med langvarig utdanning, derfor skulle ei lærd elite styre med diktatorisk makt. 

Som reaksjon mot demokratiet i Aten, fann diktaren og krigaren Aiskhylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Men desse gudane sprang då ut av kaos og det er ustyrleg, så dette er då ei sjølvmotseiing. Det verka som grekarane sitt svar på Israels Gud, men Moselova er anneleis. Dei ti boda (pakta) fortel kva du ikkje skal gjere, kun to er dei er formulert som at det er noko du skal gjere, du skal halde kviledagen heilag og du skal heidra far din og mor di. Då handlar det likevel ikkje fyrst og fremst om noko du skal gjere, men om å ære Gud for det han har gjort for deg og ære foreldra dine for det som dei har gjort for deg. 

Då vert det lettare å forstå det som apostelen Johannes sa om at lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Kristus. I det gamle testamentet vert avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus sanninga som set oss fri frå trældomen under avgudane og synda. Vert vi verande i hans ord, får vi lære å kjenne sanninga og den set oss fri. Sanninga vert integrert i oss og den set oss fri og gjer oss glade. Jesus er Guds Ord, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (1.Mos.2 Heb.3-4).

Egyptiske og greske naturfilosofar postulerte heliosentrisk verdsbilete, men Platon og Aristoteles heldt seg til det geosentriske og det hadde seg nok slik at det høvde best med antikk mytologi, men profetane i det gamle testamentet hadde for lengst sagt at planetane og stjernene ikkje var gudar. Og Paulus sa at denne verda sin visdom var dårskap for Gud. Profetane og apostlane fekk rett, denne verda sin visdom, mytologien med sin moralfilosofi havarerte på den nye naturvitskapen.

Likevel har mange «lærde» enno ikkje lært av dette, så dei prøver seg framleis med moral- og poltitisk filosofi som stri mot både evangeliet og naturvitskapen, dei prøver seg med «kunnskap» som strir mot sjela og forstanden.

Kristendom eller keisardyrking?

KlimasjamanismenUmberto Ecos store klassiker vil i fremtiden ikke være Rosens navn, men Foucaults pendel. Med denne boka skildrer Eco på en fantastisk måte en grunnleggende menneskelig egenskap:Vi elsker å b

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse menneske og be for landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gje meg ei frelst kvinne til kone. Eg kom inn i frie, evangeliske forsamlingar og fekk oppleve at Jesus svarde meg på den bøna, både gjennom tale og tyding av tungetale, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Slik har han svart meg jevn og trutt, sidan eg var ung og eg har gjort rett i å tru på det, sjølv om det enno ikkje har vorte noko av.

For vel ti år sidan kalla han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, for Kristus er sanninga som set oss fri, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. 

Eg skulle søke han i «løynkammerbøna», kle meg i Guds fulle rustning og gå ut og vitne om han (Joel3,1), ei lita helsing frå han ville vere nok for han til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det eg sa. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det (Joel.3,6-8 Joh.16,8-11).

Styresmaktene har autoritet og makt til å dømme og her er sikket mange som er interessert i politikk. Ja vel, så spørst det om de har lært og lærer å dømme rett.

Kristus kom med ein bodskap frå Gud, likevel er kristendomen populistisk ved at han talte til heile folket og prioriterte den ulærde underklassa, han takka Faderen for at han hadde openberra visdom frå himmelen for dei umyndige, men løynt det for dei vise og forstandige (Matt.11,25).  Han velsigna småborna og sa at vi skulle la dei kome til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som småborn, for å komme inn i det. Han sa til jødane at dei måtte vakte seg så dei ikkje vanvørde ein einaste av hans små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Likevel vert dei vanvørda, «trur på englar». Men kva er ein engel? Det er ein bodberar, så eg tenker meg at det er ånda deira. Og når Jesus døyper sine disiplar med den Heilage Ande, får dei bodskapar frå Gud, til dømes gjennom tyding av tungetale.

Ytringsfrihetens historiske utvikling | ResettMeningerYtringsfrihetens historiske utvikling Av Liv Erlandsen – 11. mai 2019 | 08:00 Illustrasjonsfoto: Shutterstock/NicoElNino annonseTweetShareShareKampen for ytringsfriheten har pågått opp gjennom historien. Lover er blitt vedtatt, kriger er blitt utkjempet, og liv er gått tapt p.g.a retten t…

Jesus sa til meg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og for vel ti år sidan, kalla han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap; på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er i frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Eg har vorte bevart i barnetrua og held fram med å be slik som når eg var ein gutunge. Jesus sa til meg at eg skulle søke han i løynkammerbøna, kle meg i Guds fulle rustning og så gå ut og vitne om han, ei lita helsing frå han ville vere nok for han til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det (Joh.16,8-11). 

Dette minner meg om:

JOE 3,1 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  

Gud frigjorde folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt. Men dei vart selde som slavar. I det gamle testamentet vert avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skal tilhøyre han og leve for han. På det grunnlaget får vi den Heilage Ande ved trua på han av berre nåde, utan krav om gjerningar. Vi får livets vatn gratis. Det gir liv til vår sjel, det veller opp i oss som ei kjelde til evig liv.

”Bileams villfaring”.  Han var ein profet og på den tida då israelsfolket var på vandring mot det lova landet, ville kong Balak betale han for å forbanne dei. Men Gud sa til han at han måtte ikkje seie anna enn den bodskapen som han ville gi han og det vart velsigning. Men seinare fall Bileam i striden mot israelsfolket. Hugsa han ikkje lengre altså? Det hadde visst ikkje gått inn, så han hadde ikkje lært av den bodskapen Gud gav han å komme med, så han stilte på feil side og fall. 

I denne samanheng vil eg minne om lovnaden som vart gitt til Abraham, i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han, skulle velsignast, men dei som forbanna han skulle forbannast. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Alle som tok imot han, gav han rett til å vere Guds born. Då velsigna vi han og det må vi halde fram med.

Men i vår tid er der tydelegvis ein ”Balak” som prøver å få politisk makt ved korrupsjon, ved å betale ein ”Bileam” for å forbanne. Sik definerer dei seg sjølve som eit herrefolk og ei privilegert overklasse. Med forbanninga vert folk utstøtte, som slike dei ikkje skal høyre på eller ha noko med å gjere, dei vert gjerne kalla ulærde, dumme og vonde og kva meir? Slik definerer dei seg sjølve som ei herskande overklasse med sine privilegium. Og som ei herskande overklasse ventar dei seg at dei skal få det slik som dei vil.

Kristendom eller Anti-kristendom?

Appell om forfulgte kristne | ResettKommentarAppell om forfulgte kristne Av Lars Akerhaug – 11. mai 2019 | 15:00 Lars Akerhaug annonseTweetShareShareJeg har reist i Midtøsten i mange år. Mitt første møte med kristendommen i denne regionen var i fjellandsbyen Maaloula, i 2001, noen få uker etter terrorangrepet mot tvillingtårnene…

Jesus sa til meg at eg skulle søke han i løynkammerbøna, kle meg i Guds fulle rustning og så gå ut og vitne om han, ei lita helsing frå han ville vere nok for han til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det (Joh.16,8-11).

Kristus sigra med sin død på korset, det er det vi skal nytte oss av, så korset er vårt sigersmerke.

Kol.2,13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Han stod oppatt frå dei døde, så ved å tru på han får vi kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde i våre liv. Det er dette vi må vite å nytte oss av. Vi merkar at det hardnar til i denne verda, då må vi løfte hugen og blikket opp til han og rope på han.

For å verte vituge og forstandige i hjertet, treng vi å tru med hjertet at Gud vekte Jesus opp får dei døde. Vi vert rettferdige for Gud ved den trua, for Jesus fekk retten ved at han gjekk til Faderen.

Har Den norske kirke sendt seg selv til evig fortapelse? | ResettKommentarHar Den norske kirke sendt seg selv til evig fortapelse? Av John M. Johansen – 12. mai 2019 | 21:01 Illustrasjonsfoto: Pixabay/jclk8888 annonseTweetShareShareSpørsmålet er så absolutt reelt av flere grunner. Men den aller viktigste finner man i de ti bud. Det som er hele hjørnesteinen o…

Eg lever i barnekåret hos Gud og ber til han og får oppleve at han svarar meg. Så kjennest eg ved Jesu namn og vedkjenner kva han er for meg og vedkjenner dei svara han har gitt meg, men då viser det seg at dei ikkje har brytt seg om det. Dei har tenkt og gjort slik som dei ville, men Gud har då ikkje gitt dei svar stikk i strid med dei svara han har gitt meg. 

Korleis klarar dei då å få svar stikk i strid med det, som dei held seg til så dogmatisk, at det vert brukt til å avvise mi vedkjenning av Kristus, kvar kjem det ifrå? Det er då Antikrist (1.Joh.3-4, Op.13,15). Og det er tydeleg vis ved hjelp av Hegels dialektikk, knekten spør og herren svarar. Knekten kan vel vere venstre-radikale politikarar. Slik vet dei også med i den herskande overklassa, dei priviligerte. Gud og den einskilde har lite og ingen betyding i Hegels dialektikk, det er den intersubjektive Tidsånda som driv historia framover. Derfor prøver dei å innskrenke ytringsfridomen. 

Eg ber på den måten at eg påkallar Jesus som min frelsar og Herre og så ber eg han frelse menneske og gi meg ei frelst kvinne til kone. Det høver med Guds Ord, å be i Jesus namn, å søke fyrst Guds rike og hans rettferd og det høver med naturen og samsvarar med naturvitskapen. Så det stiller menneska overfor det fundamentalt viktige spørsmålet om dei vil verte frelst eller ikkje. Men så avviser dei dette og erstattar det med spørsmålet om å verte godteken av den lærde og herskande overklassa og kanskje endåtil verte oppteken i den. Dei er herren i Hegels dialektikk og mange vert som knekten, tydelegvis mange på venstresida av politikken. Saman utgjer dei ei ny overklasse, med likestillinga som ei samlande fanesak. Deira krav er likestilling. Ja vel, dei må vel få lov til å ytre seg? Men var det dette eg bad Gud om? Var det dette svaret han gav meg? Eller skal dei erstatte mi bøn med deira krav? Erstatte Guds svar med sitt eige svar?

Antiokus 4. Epifanes krrvde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen anna gud. Han avsette den jødiske øvstepresten og innsette ein øvsteprest som dyrka Zevs i staden og ofra ein gris. Jødane hadde ikkje ein gong lov til å ete svinekjøt. Jødane gjorde opprør og klarde å frigjere seg. Men jødedomen vart likevel infiltrert, det viste seg når dei avviste Kristus. Han profeterte om den øydande styggedomen som stod på heilag grunn.

Bibelen seier at vi alle er syndarar, synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Kristus bort synda ein gong for alle. Men moraliseringa i Romarriket verka som argument for avgudsdyrkinga og keisardyrkinga, men det var først og fremst kravet om keisardyrking som resulterte i kristendomsforfølging. Moraliseringa verka som argumentasjon for å vende om frå synda til avgudane og til å dyrke keisaren som gud og slik vart det argumentert for å vende om frå Kristus til keisaren og den gamle religionen. Altså som om det syndeofferet Jesus bar fram ikkje var bra nok. Men då verkar det som krav om å bere fram eit anna offer i staden, til samanlikning med korleis Antiokus 4. Epifanes ofra ein gris i Jerusalem.

For nokre år sidan var eg på eit møte på ein Jesus-festival på Ekeberg. Der var det ein predikant som talte som ein personleg sjelesyrgjar til ein vilkårleg mann i forsamlinga og moraliserte over at du må vere villige til å vaske barneræv om du skal få deg ei kone. For det første så påstod han at du ikkje var villige til det og gav deg dermed det sjølvbildet, som om han prenta det inni deg. Og dette måtte du vende om ifrå, for å få deg ei kone. Alle som elskar borna sine har då så pass omsorg for dei. Det er ein bagatell, eit påfunn, poenget er at han stiller krav for at du skal få deg ei kone, for å setje seg sjølv i ein slik maktposisjon overfor deg. Som om du må be han om å få deg ei kone. Men det er då ikkje han som er guden vi ber til!

Sameleis når ein politikar krev likestilling, til dømes Ap-leiaren som sa at dersom du ikkje godtek demokrati og likestilling, så må du forlate landet. Og så stiller dei seg i den maktposisjonen overfor deg at det er dei som har definisjonsmakta, så dei definerer kravet om likestilling. I praksis fungerer det som du må spørje dei om å få deg ei kone, som om partileiinga var hallikar som styrte eit horehus. Som om mannen må be til dei som om dei var gudar, for å få deg ei kone. 

Dei dårar og forfører kvinna slik som ved syndefallet og så prøver dei å bruke henne til lokke mannen med. Ormen lokka henne med at dei skulle verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Og det var nok eigentleg det ynskje som låg i kravet om likestilling. Men menneska vart i staden fornedra. Kvinna fall i frå og vart fornedra, så hennar krav om likestilling utartar seg som eit krav om at mannen også skal falle ifrå og verte fornedra. Det er denne maktinteressa som viser seg i mykje av kvinnepolitikken, slik som i kvinneforskinga og kjønnsforskinga, avkoloniseringsaksjonen, pride-paradene og #metoo-aksjonen. Dette viser at verdslege maktinteresser gjer bruk av slikt som strir mot sjela. Synda si løn er døden. Bokstaven slår i hel. Her er det tale om synd, men det vert ikkje brukt som argument for å vende om til Kristus, med det er avsporing som er resultat av avgudsdyrking og keisardyrking og vert brukt som argument for det.

1PE 2,11 – 1PE 2,17 {DET KRISTNE LIVET I SAMFUNNET} Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela. 12 Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem. 13 For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste, 14 eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt. 15 For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og målbinda uforstandige menneske som ikkje veit kva dei talar om. 16 De er frie; bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera det som vondt er; men bruk han som Guds tenarar! 17 De skal ha vørdnad for alle, elska brorskapen, ottast Gud og æra keisaren.

Kanskje det blir litt sjamanismeutøvelseSKAL PÅ SHOW: Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk har tidligere kritisert Märtha Louises bruk av prinsessetittelen sin i showet «The Princess and The Shaman». Nå er han i Stavanger for å se det med egne øyne.

Biologiprofessor Kristian Gundersen kommenterte på si FB-side:

Alf Petter Høgberg, prodekan på jus skrev følgende kommentar til lenken ( med forbehold om at han er hacket, eller det er en parodi:
«Nesten festlig å se hvordan Märtha Louise og Durek Verrett lokker frem de nedrigste impulser i oss alle. Saken handler tilsynelatende ikke om fordekt rasisme, homofobi, skandalesøken, hat til kongehuset, overdreven selvrettferdig prektighet, men om «kommersialisering», «humbug» og «misbruk av titler». Det vekker imidlertid en viss mistenksomhet når prester og biskoper tar voldsomt avstand fra helbredelse (så vidt jeg husker er denne Durek en smågutt i forhold til Jesus Kristus, som vekket døde til live og jaget ut onde ånder i øst og vest, selv om begge riktignok snakker forførende om kjærlighet). Og hvorfor skriver pressen ikke bare om sjamenen Durek, slik de skriver om healeren Hans og astrologen Grete, men den såkalte og selvutvnevnte «sjamanen». Ikke bare er han altså «såkalt» og «selvutnevnt», men det er altså så ille at ordet «sjaman» må settes i anførselstegn. (Eller er det slik at virkelige, utnevnte sjamaner finnes?) Og pasientforeninger advarer mot at behandlingen kan interferere på annen behandling. (De mener den har effekt?) Og man henter inn uttalelser fra såkalte «professorer» i biologi og fysikk for å uttale seg om noe de ikke har greie på: Sjamanisme. Og det påpekes ikke at disse såkalte «professorene» er som sjarlataner å regne når de misbruker både tittelen «professor» og institusjonen de er ansatt ved til å uttale seg om områder de ikke har noen greie på. Og til overmål viser de såkalte og selvutnevnte journalistene at de hverken har greie på norsk språkbruk eller juss når de påstår at det foreligger misbruk av noen tittel fra Märtha Louises side. Hun sa i 2002 fra seg sin tittel «Hennes kongelige høyhet» ettersom hun ønsket å være selvstendig næringsdrivende, og hennes fødselsdag er følgelig heller ikke flaggdag. Når det gjelder det alminnelige norske ordet «prinsesse» er det navn på kongens datter etter alminnelig språkbruk («dotter til (regjerande) konge eller dronning»), og selv om enkelte byråkrater og redaktører insisterer på at et vanlig ord er en formell tittel, er det altså primært et ord i språket som betegner den realitet at hun er kongens datter. Hun kan ikke endre denne realitet, og det er selvsagt ikke slik at noen vi bør endre på språket fordi vi ikke liker realiteten. Dette er nesten festlig, men bare nesten. For det vi ser nå minner jo veldig om middelalderens prosesser for å forfølge den som tenker annerledes, bare slik at vitenskapen har erstattet religionen, slik at der man fant inkvisisjonen tidligere, finner man nå professorer, redaktører og journalister. Argumentasjonsmønstrene er imidlertid de samme, og den voldsomhet og den overdrivelse som preger retorikken (påpekt ovenfor) viser med all tydelighet at disse ikke rent mel i posen. Det kan selvsagt være at noen er veldig irriterte på alminnelig språkbruk, kommersialisering, humbug og alternativt livssyn. Men angrip da gjerne hvite, heterofile biskoper og redaktører som aldri har prøvd narkotika i stedet, de som lever av å selge en løgn de nå ikke engang tror på selv.»

MITT SVAR:
Dei fyrste greske filosofane var naturfilosofar, men dei klarde ikkje verte samde, for dei hadde ikkje metoder til å avgjere kva teori som var rett. Men så vart det no demokrati. Dei lærde «sofistane» var juristar, journalistar og pratmakarar, men dei vart korrupte. Sokrates gjekk ut og prata med folk, han stilte dei spørsmål for å få dei i tale og han meinte sanninga vart integrert i han ved slike dialogar og den gjorde han lykkeleg. Men så vart det egla til opprør mot han, så han vart hendretta, men det var då eit justismord. Etter dette trekte Platon seg attende og filosoferte, han påstod at den fysiske naturen var vond og dum, så menneskesjela tapte mykje av sin opphavlege innsikt i ideverda, spesielet mangla det innsikt i det godes ide. Det kunne bøtast på med langvarig utdanning, derfor skulle ei lærd elite styre med diktatorisk makt. 

Som reaksjon mot demokratiet i Aten, fann diktaren og krigaren Aiskhylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Men desse gudane sprang då ut av kaos og det er ustyrleg, så dette er då ei sjølvmotseiing. Det verka som grekarane sitt svar på Israels Gud, men Moselova er anneleis. Dei ti boda (pakta) fortel kva du ikkje skal gjere, kun to er dei er formulert som at det er noko du skal gjere, du skal halde kviledagen heilag og du skal heidra far din og mor di. Då handlar det likevel ikkje fyrst og fremst om noko du skal gjere, men om å ære Gud for det han har gjort for deg og ære foreldra dine for det som dei har gjort for deg. 

Då vert det lettare å forstå det som apostelen Johannes sa om at lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Kristus. I det gamle testamentet vert avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus sanninga som set oss fri frå trældomen under avgudane og synda. Vert vi verande i hans ord, får vi lære å kjenne sanninga og den set oss fri. Sanninga vert integrert i oss og den set oss fri og gjer oss glade. Jesus er Guds Ord, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (1.Mos.2 Heb.3-4).

Egyptiske og greske naturfilosofar postulerte heliosentrisk verdsbilete, men Platon og Aristoteles heldt seg til det geosentriske og det hadde seg nok slik at det høvde best med antikk mytologi, men profetane i det gamle testamentet hadde for lengst sagt at planetane og stjernene ikkje var gudar. Og Paulus sa at denne verda sin visdom var dårskap for Gud. Profetane og apostlane fekk rett, denne verda sin visdom, mytologien med sin moralfilosofi havarerte på den nye naturvitskapen.

Likevel har mange «lærde» enno ikkje lært av dette, så dei prøver seg framleis med moral- og poltitisk filosofi som stri mot både evangeliet og naturvitskapen, dei prøver seg med «kunnskap» som strir mot sjela og forstanden.

Venstresiden har byttet ut Gud med seg selv | ResettVenstresiden har byttet ut Gud med seg selv Av Erling Marthinsen – 14. mai 2019 | 06:58 Dennis Prager taler til CPAC i mars 2019. Foto: REX/SHUTTERSTOCK annonseTweetShareShareDennis Prager er en konservativ amerikansk forfatter, radiovert og grunnlegger av PragerU. annonseDet var i en samtale på po…

Det er visst mange revolusjonære som forestiller seg at dei med sin alternative moralfilosofi treng å opponere mot matematikken og vidare mot sjølve rasjonaliteten i realfaga.

Dei dårar og forfører kvinna slik som ved syndefallet og så prøver dei å bruke henne til lokke mannen med. Ormen lokka henne med at dei skulle verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Og det var nok eigentleg det ynskje som låg i kravet om likestilling. Men menneska vart i staden fornedra. Kvinna fall i frå og vart fornedra, så hennar krav om likestilling utartar seg som eit krav om at mannen også skal falle ifrå og verte fornedra. Kvifor skal vel mannen gå med på eit slikt krav om likestilling?

Det er denne maktinteressa som viser seg i mykje av kvinnepolitikken, slik som i kvinneforskinga og kjønnsforskinga, avkoloniseringsaksjonen, pride-paradene og #metoo-aksjonen. Dette viser at verdslege maktinteresser gjer bruk av slikt som strir mot sjela. Synda si løn er døden. Bokstaven slår i hel. Her er det tale om synd, men det vert ikkje brukt som argument for å vende om til Kristus, med det er avsporing som er resultat av avgudsdyrking og keisardyrking og vert brukt som argument for det.

1PE 2,11 – 1PE 2,17 {DET KRISTNE LIVET I SAMFUNNET} Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela. 12 Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem. 13 For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste, 14 eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt. 15 For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og målbinda uforstandige menneske som ikkje veit kva dei talar om. 16 De er frie; bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera det som vondt er; men bruk han som Guds tenarar! 17 De skal ha vørdnad for alle, elska brorskapen, ottast Gud og æra keisaren.

Det vert gjerne spurt etter bevis for Guds eksistens, men kva er då meint med bevis? Dersom ei utsegn skal vere vitskapleg, som hypotese, må den vere negerbar, så den kan prøvast ekperimentelt. Dersom eksperimentet avsannar den, så må den forkastast, eventuelt justerast. Dersom den har beståt mange slike prøver, blir den til ein teori. Eksperimenta beviser den ikkje, men underbygger den. Derimot kan empirisk undersøking fungere som bevis i ei straffesak og til å stille diagnose. 

Til samanlikning med at empiri underbygger teorien, vitnar Guds undergjerningar om han. Kva kunne eventuelt fungere som den negerbare utsegna her? «Gud lækjer alltid bønn»? Nei, det veit vi ikkje stemmer. Men vi kunne ta kontraposisjonen: «Gud lækjer aldri nokon ved bønn» Då er eitt tilfell av at Gud lækjer ved bønn nok til å avsanne påstanden. Og det fungere dermed som bevis på «posisjonen»: Det har hendt at Gud har lækt ved bønn. Meir generelt påstår eg og mange fleire at det hender Gud lækjer ved bønn. 

Men vi hevdar det er Gud som gjer under og då vert det feil å bruke dette som argument mot lovmessigheta i naturen, som vi studerer i realfag.

Nasjonal frigjering og nasjonal identitet.

Trollstaten og dens mangehodete trollunger | ResettMeningerTrollstaten og dens mangehodete trollunger Av Yfo-medlem – 13. mai 2019 | 01:00 Illustrasjonsbilde. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix annonseTweetShareShareTrollene har vært en del av Norges kulturhistorie i hundrevis av år. De levde sitt eget liv i eventyr, sagn og myter, hvor de ble en de…

Nietze er død, Montanus lever vidare, men dama hans er Bergteken. Jesus lever og nokre norske menn kjennest ved han. Men diverse prestar og politikarar vil ikkje vite av den vedkjenninga, som om det var «flat-earthers» som ikkje ville høyre på Montanus og derfor kravde å få makta over dama hans. Så diverse postmoderne troll går og gliser åpenlyst i gata, i demonstrajonstog og engsjerer seg politisk, vel vitande om at dei har bergteke kvinna og gjer bruk av den makta dei soleis har fått over henne. Dei brukar endåtil “Montanuslogikk” for å få det til. Dei sit ved kongens bord og gliser vel vitande om at dei har bergteke prinsessa.

Eg har av og til lurt på kvar troll-ideen kom ifrå, eg kan tenke meg dei hadde høyrt rykte om apekattar med lange naser og så vart det dikta og fantasert over det.

Liberal og motsatt | ResettMeningerLiberal og motsatt Av Gregers Werle – 13. mai 2019 | 10:08 Illustrasjonsbilde. / AFP PHOTO / ATTILA KISBENEDEK / annonseTweetShareShareÅ forsvare liberalisme er å forsvare anstendighet og ansvarlighet. Liberalisme som begrep blir ofte misbrukt som om det skulle bety noe negativt. annonseDe…

Gud ville frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt, så han førde dei til det landet han hadde lova dei, der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Dei fekk Moselova og så heldt han fram med å tale til dei gjennom profetane. Dei måtte høyre på kva han sa og tru på det, slik skulle dei få komme inn til Guds kvile (1.Mos.2 Heb.3-4). 

Jødane skulle elska innflyttarane og ha omsorg for dei, for dei hadde sjølve vore innflyttarar i Egypt. 5.Mos.10,19. Men i dommartida, før dei fekk seg konge, hende det gong på gong at framande folk kom inn i landet med sin eigen hær og styresett, overtok jorda og fortrengde dei. Det kom som straff frå Gud, fordi dei hadde vendt seg bort frå han. Då vende dei seg til han og ropte på han i si nsud og bad han hjelpe dei. Då reiste han opp ein dommar som han leia og som han brukte til å leie israelsfolket i ein frigjeringskamp, så dei klarde å ta tilbake landet sitt.

Så dette er altså ei anna sak. http://www.katolsk.no/…/matlary-om-migrasjon-2013-vi…

Men dei ville ikkje høyre på han og fall ifrå og dyrka avgudane til folka rundt dei. Gud kalla folket for kona hans, men ho forstod ikkje at det var han som stelte så vel med henne, så ho vart ei hore som dreiv hor med avgudane. Andre horer får horepengar, men ho gav seg vekk gratis og endåtil betalte horekundane sine. 

Derfor vart landet hærteke og folket bortført til Babylonia. Etter 70 år vende Gud lagnaden deria og let dei få komme heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre folka. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.

Dei skulle dyrke landet og så skulle dei sjølve få behalde avlinga, dei skulle sleppe at nokon kom og rana det frå dei. Dei skulle sleppe å vere trælar for andre.

I det gamle testamentet vart det profetert om at menneska kom til å verte selde (Sak.11 & Joel.3), altså same enten dei ville eller ikkje. Og det viste seg ved at Jesus vart seld for 30 sølvpengar. For menneska hadde eit problem, at synda skilde dei frå Gud, men Kristus var det Guds lam som bar verda si synd, med eitt syndeoffer tok han bort synda ein gong for alle. Med sitt blod betalte han prisen for oss, for å kjøpe oss tilbake til Gud.

Då er det om å gjere for oss å nytte oss av det. Paulus sa at ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Så det er om å gjere å verte reinsa i Jesu blod og fylt av den Heilage Ande, så vi får oppleve frelseskrafta i våre liv. Er vi frelst, så tilhøyrer vi Kristus og skal leve for han og det gir oss meining med livet. Det er frigjerande. Då vil han også utruste oss til den gjerninga han kallar oss til.

Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjerte. Ja, Gud har då sagt at hans auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone, så eg trur eg får oppleve frelseskrafta ved at han frelser henne også.

For meg er det vorte spesielt viktig å få oppleve å verte styrka av Guds kraft i mitt indre menneske og eg trur det heng saman med at eg har vore i tungt fysisk arbeid som fiskar. Det har også vore viktig for meg når eg har studert realfag og med den faglege interessa har det berre vorte endå meir interessant. 

Kvinnerørsla og mange prestar og politikarar har protestert mot Paulus si lære.  Og så kallar dei det for frigjering. Men eigentleg er det å gjere menneska til trælar. 

Nokre snakkar om eit kommunistisk samfunn som alternativ, der slagordet er at «menneska skal yte etter evne og få etter behov». Men kven skal ha definisjonsmakta og seie kva dette skal bety i praksis? Slik har det vore diktaturet over proletarane. Og kven som skal ha resten? Herskarane har stilleteiande stukke av med det.

Ordføreren i Kristiansand ville ikke flagge på frigjøringsdagen: – For kostbart | ResettOrdføreren i Kristiansand ville ikke flagge på frigjøringsdagen: – For kostbart Av Maria Zähler – 10. mai 2019 | 23:01 Regnbueflagget flagrer i vinden på gamle Lundsbroa i Kristiansand i forbindelse med Skeive Sørlandsdager som arrangeres i byen. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix annons…

Liberalismen (Lock) har religionsfridom. Men i det siste har det vorte proteset mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for si kyrkje. Og så har det vorte innført vigsel av homofile i kyrkja. Dette er ikkje religionsfridom, dette er ikkje å tillate kristendom i den såkalla kristne kyrkja og i vårt land. Dermed er det eit brot med liberalismen også.

Paulus sa at dersom nokon forkynner eit anna evangelium enn det som han har forkynt, så skal han vere forbanna. Men lovnaden som vart gitt allereie til Abraham, står ved lag, den som velsignar Kristus, vert velsigna, men den som forbannar han vert forbanna. 

Dei som velsignar han vert velsigna og vert til velsigning, slik vert kyrkjelyden velsigna og dei som kjem til vert velsigna, så når dei kjem der, får dei noko.

Men dersom dei i staden forbannar han, blir dei forbanna og vert til forbanning. Og så undrar de dykk over at kyrkjer og bedehus vert ståande tome og vert forfæra over at muslimane tek over?
 Dersom de meiner alvor med dykkar liberalisme, så den gjeld for vanlege menneske også, så de tillet den kristne trua, så vil de finne at evangeliet gir det beste grunnlaget for nasjonsbygging, altså ei nasjonalkonservativ retning. Dessutan bør de lære av historia kor viktig kristendomen og den kristne kyrkja har vore for fridom, demokrati og nasjonal frigjering og sjølvstende.

KONKLUSJON: Politikken til Venstre og Krf, med Knut Arild Hareide i leiiinga, har vist seg å vere noko utspekulert djevelskap for å forføre kvinna, kyrkja, Frp og regjeringa. 

Vi lever visst i eit demokrati, men når politikken vert definert som å drive på med utspekulert djeveleskap, forfell demokratiet, fridomen og nasjonalkjensla innanfrå.

Torbjørn Sivertstøl Jesus sa til meg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og for vel ti år sidan, kalla han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap; på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er i frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Jesus sa til meg at eg skulle søke han i løynkammerbøna, kle meg i Guds fulle rustning og så gå ut og vitne om han, ei lita helsing frå han ville vere nok for han til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det (Joh.16,8-11). 

Dette minner meg om:

JOE 3,1 {NÅR ANDEN VERT UTREND} Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord; dei gamle mellom dykk skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner. 

JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA} For sjå, i dei dagar og på den tid, når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7 då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang med dei om Israel, mitt folk og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8 og kasta lodd om folket mitt; dei gav ein gut for ei skjøkje og selde ei jente for vin – og drakk. 

Gud frigjorde folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt. Men dei vart selde som slavar. I det gamle testamentet vert avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skal tilhøyre han og leve for han. På det grunnlaget får vi den Heilage Ande ved trua på han av berre nåde, utan krav om gjerningar. Vi får livets vatn gratis. Det gir liv til vår sjel, det veller opp i oss som ei kjelde til evig liv.

Eg velsignar Jesus, derfor blir eg velsigna og derfor blir eg til velsigning, derfor velsignar eg, eg har sagt velsigninga. Og det kjem eg til å halde fram med. Eg trur og håper mange tek imot og vert velsigna. Dessverre er det nok mange som seier imot og avviser det glade bodskapen og forbannar Kristus og vert forbanna og vert til forbanning for folket, så i vår tid er det mange prestar og politikarar som forbannar folket.

Samhaldet i Jesu kyrkje, Gud gjer ikkje skil på folk.

Bedre med en ærlig kommunist, enn en falsk skapsosialist | ResettKommentarMedlemskapssakerBedre med en ærlig kommunist, enn en falsk skapsosialist Av Helge Lurås – 12. mai 2019 | 09:00 Bildet er fra partiets sommerpressekonferanse i Oslo i juni i fjor. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix annonseTweetShareShareÅ ha et maxistisk parti som Rødt i den partipoliti…

Når det var splitting i kyrkjelyden i Korint, spurde Paulus dei kven dei vart døypte til.

1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?

1.Kor.3,1 Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne. 2 Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno, 3 for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei? 4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?

5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.

10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.

Og Jesus kritiserte det hyklariske klasseskiljet.

Luk.18,9 9 Til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:

10 To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar. 11 Farisearen stelte seg opp og bad såleis: «Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der. 12 Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.» 13 Tollaren stod langt nede; han ville ikkje eingong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: «Gud, ver meg syndaren nådig!»

14 Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

Apostelen Jakob åtvara også mot klasseskilje i kyrkjelyden, når det var strid og usemje i kyrkjkelyden, spurde han dei om ikkje det var lystene som dreiv krig i kroppen.

Jak.2,1 Mine brør, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samstundes gjera skil på folk. 2 Set at det kjem to menn inn i kyrkjelyden vår – den eine i fine klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede. 3 Så seier de til han i dei fine kleda: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der,» eller: «Set deg her på golvet ved føtene mine!» Om de berre bryr dykk om han i fine klede, 4 gjer de ikkje då skil på folk? Har de ikkje vorte domarar med vonde tankar? 5 Høyr no, mine kjære brør: Har ikkje Gud valt ut dei som denne verda reknar for fattige, til å vera rike i trua og arva det riket han har lova dei som elskar han? 6 Men de har vanvørdt den fattige! Er det ikkje dei rike som held dykk nede og dreg dykk fram for domstolen? 7 Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som er nemnt over dykk?

Jak.4,1 Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden hjå dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar? 2 De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De ligg i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed. 3 Og bed de, så får de ikkje, fordi de bed gale; de vil øyda det i nyting.

4 De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende. 5 Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss. 6 Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk. 8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga! 9 Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg! 10 Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk.

Jesus sa vi skulle vere i han, som greina på vintreet (Joh.15) og vere eitt i han. Då skulle verda skjøne at Faderen har sendt han.

Joh.17,20 Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.

Den fyrste kristne kyrkja i Jerusalem var eit klasselaust samfunn og i dei heidenske kyrkjelydane vart det åtvar mot å gjere skil på folk.

Paulus prøvde å livnære seg med sitt eige arbeid, han var visst seglmakar, samtidig som han tenestegjorde som apostel, slik vart han ein pioner som grunnla nye kyrkjelydar, så hende det dei samla inn pengar til han. Han var klar over at der var dei som forkynnt evangeliet mest for å tene pengar på det, men det viktigaste var likevel at det vart forkynnt. Men han profeterte at det kom til å verte eit problem for kyrkja at der kom til å komme grådige ulvar. I det gamle testamentet er det profetert om at menneske vert gjort til salsvare. Ikkje nok med at dei tek kollekt altså, men dei sel menneska som trælar. Korleis då? Kristus har då kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, hans frelsesverk er fullført for oss alle. Men ved at dei argumenterer som om det ikkje er fullført og fullkome, så gjer dei menneska til salsvare.

Dei kan ikkje vise til eit einaste vellukka kommunistisk eller sosialistisk samfunn, berre misslukka eksperiment. Herer eit filosofihistorisk poeng, det var lenge strid mellom empirisme og rasjonalisme, empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst. Men den nye naturvitskapen hadde begge deler, den var hypotetisk deduktiv. Men forstod Kant det? Kant vart starten på ei filosofiske retnigar til Hegel, Marx mm. Så erfaring vert brukt til å opponere mot rasjonaliteten og det vert sett makt bak. Men det beror på ei missforståing av rasjonaliteten og metoden. Så sanse-erfaringa vert brukt for å mønste til strid mot forstanden (realfag) og til strid mot sjela (kristendom).

1 Comment »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: