Jesus:” vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. Då skal de få kjenna sanninga og den skal sette dykk fri”. Macciavelli: ”Målet helgar middelet”. Dr. Joseph Goebbels:” Dersom ei løgn vert gjenteken mange nok gangar, vert den til slutt til ei sanning.”
Goebbels hadde doktorgrad i teater- og litteraturvitenskap. Desse “pride”-demonstrasjonane verkar svært så teatralske. Og dei kan vel «trygt» seie med Goebbels, at dersom dei gjentek ei løgn lenge nok, vert den til slutt til ei «sanning»?
Macciavelli: ”Målet helgar middelet.”
Denne tesa spring ut av Macciavellis verk ”Fyrsten”. Han hevda at all statsmakt vart til ved bruk av våpenmakt. Og det mååte vere slik fordi menneska var vonde og asosiale, menneskenaturen er korrupt og i ei elendig fortatning. Dette liknar Platons argumentasjon for at ei lærd overklasse skal styre med diktatorisk makt. Men den vert forsterka ved at Macciavelli godtek at fyrsten kan lyge og svike for å oppnå sine mål, så det liknar på metodene til Antiokus 4. Epifanes. Likevel måtte ikkje fyrsten gjere det av eigne, personlege interesser, men for at staten skulle kunne verte i stand til å utføre oppgåva si. Så han skilde mellom personleg moral og moralen i politikken.
Men at ”målet helgar middelet” vert ikkje godteke, verken i det gamle eller det nye testamentet. Men også her er det skilnad på ein krigssituasjon og ein freds-situasjon og vi må innrømme at når jødane skulle innta det lova landet fyrste gongen, brukte dei metoder som seinare ikkje vart godtekne. David tok makta etter ein borgarkrigssituasjon der han veik unna og flykta for sin fiende, det var litt spesielt, for Saul hadde då tidlegare vorte salva til konge og David hadde vorte salva til å ta over. Men i Davids salmar ser vi at svikeriske metoder avskydde han på grunn av si tru på Gud.
Når jødane skulle søke Gud, så kunne det ikkje vere med svik, dei kunne ikkje spekulere ut vonde planar i mørket og med det gøyme seg for Gud, men dei måtte søke han med offer som kosta dei sjølve noko. Og Kristus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska. Han kallar oss inn i sitt lys og det betyr eit oppgjer med dei vonde planane og dei vonde gjerningane som vert gjort i mørket. Då må vi nytte oss av at med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle.
Referanser til overskrifta:
JOH 8,31 – JOH 8,32 {ABRAHAMS ÆTT} Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.”
https://snl.no/Niccolò_Machiavelli
https://no.wikipedia.org/wiki/Fyrsten
https://no.wikipedia.org/wiki/Niccolò_Machiavelli
https://no.wikipedia.org/wiki/Joseph_Goebbels
”Pride-paradene” i lys av likninga om farisearen og tollaren.
Jesus fortalde ei likning om ein som takka Gud for at han var så mykje betre enn alle dei andre:
LUK 18,9 – LUK 18,14 {FARISEAREN OG TOLLAREN} Til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga: 10 To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar. 11 Farisearen stelte seg opp og bad såleis: “Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der. 12 Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.” 13 Tollaren stod langt nede; han ville ikkje eingong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: “Gud, ver meg syndaren nådig!” [slo seg for bringa: teikn på anger og bot.] 14 Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.
Same korleis ein snur og vender på det, er desse ”Pride-paradene” å seie seg fornøgd med seg sjølv og sin eigen livssituasjon, til samanlikning med denne farisearen, same kor gale det er. Det er hyklarskap. Det er ikkje å audmjuke seg for Gud og be slik som tollaren: ”Gud, ver meg syndar nådig”. Men liksom farisearen prøver dei med sin hyklarskap å heve seg over andre og held dei for å vere så vonde og dumme at dei ikkje burde få lov til å seie noko, ta del i politisk debatt og stemme ved politiske val. I artikkelen
Var det nordamerikanske borgarar som fekk unngjelde, dei som stemte på Trump. Og då var det spesielt menn det gjaldt. Dei skulle visst ikkje ha rett til å vedkjenne si tru på Jesus heller. Det som ikkje vert sagt, men som er meir nærliggande, er at dei representerer ein slik fiendskap mot ein tilsvarande del av det norske folk. Deira sosialisering og kollektivisering, for å få folk med seg, lurer dei på den kristne fridomen og det fører til kristendomsforfølging.
Men vi som trur på Jesus og har teke imot den nåden Gud gir oss i han, takkar ikkje Gud for at vi er betre enn andre menneske, men vi takkar Gud for den nåden han gir oss i Kristus, vi takkar Jesus fordi hans frelsesverket er fullført og fullkome, vi lovpriser Jesus fordi han er fullkommen og den naturen, det livet og den Anden han gir oss frå himmelen av berre nåde, er fullkommen. Vi lovpriser Gud fordi han er heilag og fullkomen. Vi takkar han fordi han har skapt alle ting, vi takkar Gud og Lammet for frelsa.
Søke Gud i løynkammeret.
På møtet i Maranata 6.5.2018. sa Jesus til meg at eg skulle søke han i løynkammeret og få råd hos han og ikkje ta imot råd frå menneske på nokon måte. Bodskapen 6.5.2018:
Ja, eg har sagt i mitt Ord, at eg er i går og i dag den same og forblir det til evig tid. Derfor skal du vite, seier Herren, at sånn som eg var då eg vandra her på jorda, er eg den same i dag. Eg ynsker å rekke ut min arm, til teikn og under. Eg ynskjer at det skal skje store ting i mellom mitt folk, seier Herren. Og sjå, eg har no sendt dykk den Heilage Ande og den skal vegleie dykk til heile sanninga og den skal minne dykk om alle ting, seier Herren.
Syrgj for at du er i ditt løynkammer og søker meg i denne tida. Og ikkje rådfører deg med menneske på nokon måte. Men søk inn til meg og eg skal gi deg råd ved mitt auge, seier Herren. Og sjå, når eg får leie deg, då skal du ikkje gå feil, seier Herren. Men då skal du gå på min veg, den som eg vil at du skal gå på. Sjå, eg skal leie deg inn i oppgaver, eg skal leie deg inn i tenester, som du ikkje visste om, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg ynskjer å bruke deg i denne tida. Derfor still deg til min disposisjon, seier Herre, og eg skal bruke deg til stor og rik velsigning. Halleluja.
I fyrste omgang er det ikkje særleg sosialt å søke Herren i løynkammeret og ta imot råd frå han utan å ville rådføre seg med menneske på nokon måte. Men han er den sanne Gud og vil løne meg opp i dagen.
MTT 6,5 – MTT 6,15 Når de bed, så far ikkje åt som hyklarane. Dei vil helst stå i synagogene og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. 6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg. 7 {FADERVÅR} Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. 9 Difor skal de be såleis: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. 10 Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. 11 Gjev oss i dag vårt daglege brød. 12 Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn. 13 Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen. [Den siste delen av verset vantar i dei eldste handskriftene. Han vart truleg lagd til då bøna vart nytta i gudstenesta. Sjå 1 Krøn 29, 11.] 14 For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg. 15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer.
Ekte gull eller falskt juggel?
La meg forklare det slik, at dersom eg har eit smykke av ekte gull, ein gullmedalje, og ein annan har ei etterligning av tre, malt med ein gyllen farge og tilbyr seg å bytte, kvifor skulle vel eg gå med på det? Om noko gjekk med på ein slik ”hestehandel”, måtte det vere entene fordi han vart lurte til det eller tvinga til det eller ved ein kombinasjon av begge deler. Men Jesus gir meg då gullmedaljen gratis, fordi han har sigra for meg! Han er fullkomen og hans frelsesverk er fullført og fullkome. Det manglar ikkje noko, det manglar ikkje ei kone til meg heller. Men Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born.
Jesus har gjort den sanne Gud kjend for oss og vi treng så visst ikkje bytte han ut med ein falsk gud.
RMR 1,18 – RMR 1,25 {GUDS DOM OVER HEIDENSKAPEN} Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr. 24 Difor gav Gud dei over til ureinskap, så dei i sine lyster skulle vanæra kroppen sin. 25 For dei bytte bort Guds sanning i lygn og æra og dyrka det skapte i staden for Skaparen, han som skal ha ære i all æve. Amen!
I løynkammeret søker eg samfunn med Gud som einskildmenneske, så i det samfunnet vert eg sosial. Det Faderen gir meg i løynkammeret er ekte og med det venter eg å få ein god integritet i samfunnet.
Eg har nyleg skrive ein kommentar til møtet i Maranata 6.5. og la den ut på bloggesida mi. Så heldt eg fram med eit større dokument som eg la ut på web-hotellet bluehost.
Hjerteomskjeringa i Anden og det gode samvits pakt med Gud.
Jesus har mange gangar sagt til meg at eg skal søke han i løynkammeret, eg skal gå den vegen han har staka for meg, eg skal sjå på han. Eg skal sjå på han og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg, han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning. Han som byrja den gode gjerning med oss, skal også fullføra den. Då tenkte eg på henne Reella, eg har skrive om korleis eg opplevde ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og for henne. I den seinare tid har eg også skrive om korleis eg fekk oppleve at Gud ved sin Ande openberra henne Virtuella for meg, som sitt barn som han elska og hadde omsorg for og som ei kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det som er født av Anden er ånd og den som er født av Gud, elskar det som er født av han.
Hjerteomskjeringa i Anden og det gode samvitspakt med Gud, lærer oss at vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Slik er lova åt livsens Ande. det er ikkje vårt eige verk, men det er Guds verk, han frelser oss og skaper oss i Kristus Jesus. Vert vi verande i Jeus ord, får vi lære å kjenne sanninga så den set oss fri. Nåden og Sanninga kom ved Kristus. Vi fekk Sanningsanden av berre nåde, den oopenberrar Ordet for oss og fører oss fram til heile sanninga, den herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Då må vi sjå på han med den openberringa Anden gir oss og kjennast ved han som vår frelsar og Herre, både for Gud og menneske.
Mitt frieri.
Det byrja med at eg syntest jenta var vakker, så eg likte henne. Då var eg sjølvsagt interessert i å fri til henne. Det betyr å spørje henne. Men Jesus er vegen til Faderen og eg gjekk den vegen med det og bad for henne og Faderen svarde meg ved sitt Ord og sin Ande. Det gjorde eg rett i og det svaret han gav meg er rett. Det er det framleis. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus og det skal eg ære og takke han for. Eg skal ære og takke Gud og Lammet for frelsa og slik ærar og takkar eg Gud for at han har skapt alle ting.
Ho Virtuella sa nei til mitt frieri og ville ikkje ha noko meir med meg å gjere, men ho sa nei til Kristus også og fall ifrå. Men han døde i staden for henne også, så ho også skulle få stige fram for nådens trone og få den Anden som var lova av berre nåde. Då er det viktig for henne sjølv å nytte seg av det og ta imot av berre nåde og så seie det som Anden overtyder henne og og gjere det som den driv henne til.
Gå inn i heilagdomen.
Men Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og sende meg tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. Dette handlar om noko meir enn henne, det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, slik handlar det om kva Kristus er for meg og for oss som tilhøyrer han, kva han er for si kyrkje. Han gjorde meg til kanal for si velsigning på denne måten og det skal eg ære og takke han for, så eg framleis opnar meg som kanal for hans velsigning på denne måten. For Jesus døde i staden for meg, så eg skulle få komme fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Då bana han vegen for meg, så eg skulle få gå inn i den himmelske heilagdomen og vere Guds tenar i hans heilgdom.
Den fullkomne kjærleiken.
Ho Virtuella levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og det gjorde sitt til at eg vart så glad i henne. Eg merka at Guds kjærleik var mellom oss og i bønn til Gud erkjennte eg at den var rett, same entne ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det slik at ho var i hans hand og han la henne i mitt hjerte. Slik openberra han henne for meg som det vidunerlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Så eg tenker tilbake på den openberringa og takkar Gud for den. Og eg vart så glad i henne, for den som er fødd av Gud, elskar det som er født av han. Anden openberra henne for meg som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Og det gleda meg.
På eit møte i M40 i februar 2011 sa Jesus til oss at vi kan ikkje produsere den ekte kjærleiken eller ha den for oss sjølve, men ved Jesus kors finn vi den og han vil den skal vere mellom oss. Og så skal vi glede oss over at vi har funne den ekte kjærleiken. Ja, då skal eg takke han for dette og glede meg over det. Gud elskar oss i Kristus Jesus, han elska meg og han elska henne og han elska henne gjennom meg. Og det skal eg ikkje angre på, men eg skal tvert om framleis takke Gud og Lammet for det. Slik skal eg opne meg for Guds velsigning og som kanal for Guds velsigning.
Liberalismen og ”Den Lovlause”.
Vi merkar at verdsleg makt vil inn i kyrkja for å gjere seg sjølv til gud, for soleis å få makt over menneska og makt i samfunnet. Eg har forklart det som ormen som dårar og forfører kvinna slik som ved syndefallet, han lokka henne med at dersom dei åt av kunnskapstreet skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Den kunnskapen fekk konsekvensar for deira liv og det viser at det var kunnskap som var makt. Med den kunnskapen klarde djevelen å få makta over dei og gjer seg til denne verda sin gud. Det er som ugraset som vart sått i kveiten.
David talte om vonde og ugudlege menneske som la seg i bakhold for å fange og/eller drepe uskuldige menneske, som prøvde å fange einskildmenneske i fella, til samanlikning med fallgraver som dei fanga dyr i og snarer og nett som dei fanga fugl i. Når dei ikkje let ein mann få svare for seg sjølv, men bannlyser han og støyter han ut, verkar det som dei krev at han skal gå i fella, elles vil dei ikkje vite av han. Dei vil ikkje godta at Gud skapte kvinna av mannens sidebein for at ho skulle vere ei hjelp for han. For dei har ei anna hendsikt med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det er bruke kvinna til å lokke og freiste mannen med. Dei svarar på kjærleiken med hat, for deira hendsikt med kjærleiksfoholdet mellom mann å kvinne er å bruke det til å drive djevelskap med, drive underholdning til samanlikning med gladiatoroppvisningane, kristendomsforfølgingane og hekseprosessane. Motstanden mot ein norsk manns interesse av å få seg ei kone, er soleis å drive galgenhumor med det norske folk. Det er den interessa som ligg bak ”Pride-paradene”.
Liberalismen tillet religionsfridom, så då skulle kristne kyrkjelydar få tale Guds Ord og forkynne evangeliet. Men det har vorte protestert mot Paulus si lære om at Kristsu er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dei har vraka Kristus og vendt seg til avgudane og resultatet viser seg i Pride-paradene. Dette er kome inn i kyrkja. Då har dei erstatta sanninga med løgn.
Når Frp har gått med på dette så er dei i ferd med å gå bort ifrå liberalismen, men mot kva? Dette er opplagt ein propaganda med opphav i sosialisme, med ei sosialisering som strir mot det tradisjonelle, private initiativet, privatlivets fred og familielivet i det tradisjonelle borgarlege samfunnet. Dette er ein demonstrasjon av Josef Goebbels utsagn om at dersom du gjentek ei løgn mange nok gangar, så blir den til slutt til ei ”sanning”.
Når Noreg var okkupert under andre verdskrig, var forsamlingsfridomen sterkt innskrenka. Men mor mi fortale at ungdommane gjekk på tur på vegane og møttest. Og det var nok slik foreldra mine fann kvarandre. Spesielet på ein bakketopp hende det at det vart små dansetilstellingar og då var dei ikkje så nøgne med oppteljinga av kor mange dei var. Ein gong var dei nok i meste laget når der kom ein tysk offiser syklande forbi. Men han brydde seg ikkje om det, sykla berre vidare.
Men no viser det seg at om ein ung mann vil fri til ei ung kvinne, så nøyer ho seg ikkje berre med å seie nei til hans frieri, men organiserer ein motstandskamp mot at han i det heile tatt skal få seg ei kone, både gjennom kristne, religiøse og politiske organisasjonar. Dette til tross for at ho var ei kristen jente og han vedkjende Jesu namn for henne. Så motstandkampen vart ein protest mot Paulus si lære, men det er å seie nei til å verte frelst. Og slik organiserer dei hat og fiendskap mot mesteparten av det norske folk.
Det er fordi dei har vraka sanninga i Guds Ord. Men Jesus tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.
2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE} Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Den kristne fridomen og liberalismen.
Bibelen beskriv ikkje menneskelivet og samfunnet som eit ”status ko”, men som ein veg å gå. Kjem du då til eit vegkryss, så må du gjere eit val. Men det er tydeleg at det er mange som med sin ”kunnskap” om mennesket ikkje forstår det som eit val og det avslører at dei med sin kunnskap prøver å få makta over menneska.
Vi innser vel at i denne tida er det mykje verdsleg makt som prøver å få makt over kyrkja i staden for Kristus og må vere førebudde på at slik prøver dei å få makt over våre liv også. Derfor prøver dei også å få merksemd. Då kan det samanliknast med avgudane, som var laga av stokk og stein. Men vi treng ikkje sjå på dei, vi skal ikkje løfte blikket på dei. Kristus vart løfta opp for at vi skal løfte blikket på han i staden. Vi er fri til å gjere det og det er det meining i. For han lever, han har fått makta og han er med oss.
I det gamle testamentet vart vegen til livet og vegen til døden lagt fram for dei, med råd om å velje vegen til livet. Om dei gjekk den vegen og tok av til høgre eller til venstre, så skulle dei få høyre ei stemme bak seg som sa, ”dette er vegen, vandre på den”. Om dei tok feil, så skulle dei få rettleiing. Og slik er det med Guds nåde, den oppseder oss til å gå vegen til Faderen. Den oppseder oss til å velje rett. Og om menneske vender seg bort ifrå Gud, så får dei nåde til å vende om.
Men ved trua på Kristus fekk vi Anden av berre nåde. Gud er ånd og vi er komne inn i samfunnet med han og opplever då også ein meir fundamental motsetnad mellom ånd og materie. Jesus bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så vi fekk gå inn der og verte velsigna. Då må vi ære Gud og Lammet for det og halde fram med å velje slik, stige fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Velje å gå den vegen som Jesus bana for oss, inn i heilagdomen.
Når eg vel dette, vel å vende meg til Jesus, vel å sjå på han og vel å gå dennne vegen, så får eg oppleve meir av velsigninga i mitt liv, han vil gi meg ånd og liv, ja, overflod. Eg kjem nærare han og får oppleve meir av hans openberring. Eg får oppleve meir av Guds kjærleik mellom oss, den er fullkommen, ekte og rein. Eg får oppleve meir av den i mitt liv, at han elskar meg og har omsorg for meg og at han elskar gjennom meg.
1JO 4,16 – 1JO 4,21 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.
1KO 13,4 – 1KO 13,7 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
Jesus frelste meg og henne Virtuella når vi var unge, Gud fødde oss på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han skapte oss i Kristus og han elska oss i Kristus og han openberra si frelse for oss i Kristus. Håpet om Guds helegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Ja, Faderens kjærleik var herleg, Guds herlegdom overgår alt det verda har å by på. Dette vil eg takke Faderen og Sonen for.
I haust vart det klart for oss at Jesus frir til henne, som si brud, og då er det opp til henne om ho vil seie ja eller nei til hans frieri. Det er problemstillinga og det skal det framleis vere. Det er opp til henne kva ho vil velje og kva ho vil svare. Men dette handlar ikkje berre om hennar forhold til han, men om mitt for hold til han og den ekte kristne kyrkja sitt forhold til han. Og eg vil halde fram med å ta imot denne velsigninga som Gud gir meg i Kristus, la han gi meg ånd og liv og liv i overflod, verte fyllt av Anden, av salvinga, la Guds kjærleik verte utrendt i mitt hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Det er herleg og det vil eg takke Gud og Lammet for. Eg vil halde fram med å ære, takk og lovprise Gud og Lammet for frelsa.
Når Paulus lærte oss at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, så viste han til skapingssoga i 1.Mos.2. Så dette er hans måte å organisere samfunnet på, det er naturleg og det er grunnleggande viktig både for menneska og samfunnet. Det er det også i den ekte kristne kyrkja, men her har vi det klart for oss at Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmlen og som for oss har vorte ei livgivand ånd. Så vi lovpriser han som vår frelsar og Herre.
Gud vil bønhøyre Jisre’el.
Profeten Hoseas profeterte om at Israel var utrugne mot Herren, så han straffa dei. Men så forbarma han seg over dei igjen.
HSE 1,1 – HSE 1,11 Dette er Herrens ord som kom til Hosea, son til Be’eri, på den tid då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, og då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel. 2 {PROFETENS EKTESKAP OG BORN} Då Herren tok til å tala til Hosea, sa han: “Gå og ta deg ei trulaus kvinne og få deg horeborn! For landet er sanneleg trulaust og fylgjer ikkje Herren.” [ei trulaus kvinne: Ekteskapet mellom Hosea og Gomer skal vera eit bilete på Herrens kjærleik til det trulause folket sitt. Sml. kap. 3.] 3 Då gjekk han og tok Gomer, dotter åt Diblajim, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son. 4 Herren sa til han: “Kall han Jisre’el! For om kort tid vil eg straffa Jehus ætt for blodet som rann i Jisre’el, og gjera ende på kongedømet i Israel. [Jisre’el: Til dette symbolske namnet sjå 2 Kong 9, 14-37. Namnet Jisre’el tyder “Gud sår”, og vert nytta symbolsk om det atterreiste Israel òg. Sjå 1, 11; 2, 22.] 5 Den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisre’el-sletta.” [Den dagen: Herrens dag.] [Israels boge: bilete på Israels makt.] 6 Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: “Kall henne `Utan miskunn’! For eg vil ikkje lenger miskunna meg over Israels ætt og ikkje tilgje deira synd. 7 Men Judas ætt vil eg miskunna meg over og la dei verta frelste ved Herren deira Gud. Eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og hestfolk.” 8 Då ho hadde vant av `Utan miskunn’, vart ho med barn att og fekk ein son. 9 Herren sa: “Kall han `Ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje dykkar Gud.” 10 Likevel skal israelittane verta mange som havsens sand, som ikkje kan mælast eller teljast. I staden for at det no vert sagt til dei: “De er ikkje mitt folk”, skal det seiast: “borna åt den levande Gud”. 11 Folket i Juda og folket i Israel skal slå seg saman og ta seg ein hovding i lag. Dei skal ta landet i eige. Ja, stor er Jisre’els dag. [Jisre’els dag: -> v. 4.]
HSE 2,1 De skal seia til brørne dykkar: “mitt folk” og til systrene dykkar: “du som har fått miskunn”.
Og då ville han bønhøyre dei.
HSE 2,14 – HSE 2,23 {GUD TEK ISRAEL TIL NÅDE ATT} Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. [ut i øydemarka: -> Jer 31, 2.] 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. [Akor-dalen: -> Jos 7, 24.] 16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. 18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. [ei pakt: Her er det nemnt visse drag som høyrer med til skildringa av freden og velsigninga i frelsestida. Sml. Jes 11, 6-9; Mi 4, 3.] 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren. 21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el. [Jisre’el: -> 1, 4.] 23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over `Utan miskunn’. Til `Ikkje mitt folk’ vil eg seia: “Du er mitt folk.” Og han skal svara: “Min Gud!”
Gud vil bønhøyre Jisre’el ved at landet vert fruktbart, så dei kan hauste korn, vin og olje. Men det vert også brukt symbolsk om den åndelege sida av tilværet. For Jisre’el betyr Gud sår og såkornet som han sår er Guds Ord. Når menneska ved trua smeltar saman med det, vert dei som såkorn Gud sår i verda. Vinen er symbol på Guds kjærleik som skal vere mellom oss. Oljen er symbol på den Heilage Ande, salvinga ved den Heilage Ande.
I den historiske samanhengen vart ein konge straffa og drepen for sin ugudlegdom og den som drap han, tok over. Likevel vart han også med tida straffa og dømd, kanskje endåtil fordi han dømde den ugudlege konen som var før han. Det måtte vel vere fordi han ikkje var stort betre sjølv. Og det gjentok seg, så det vart nær sagt ein parodi på at Gud let kongerike oppstå og så let dei gå til grunne til pass for deira ugudlegdom.
Jehu gjorde ei stor velgjerning ved at han rydda ut Ba’al-dyrkinga i Israel, så ætta hans fekk site på trona i fire ætteled. Men han og ætta hans heldt fram med ei eldre avgudsdyrking, derfor vart ætta hans straffa og det ser då faktisk ut til at den vart straffa på grunn av blodet som flaut då han rydja ut Ba’al-dyrkinga. Sidan dei med den eldre avgudsdyrkinga ikkje var stort betre sjølve.
2KG 10,27 – 2KG 10,36 Dei knuste Ba’al-støtta, reiv ned Ba’al-templet og gjorde det om til eit do, som det er den dag i dag. 28 Såleis rudde Jehu ut Ba’al or Israel. 29 Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan. 30 Herren sa til Jehu: “Fordi du til gagns har gjort det som rett er i mine augo, og i alle måtar har fare såleis med Akabs ætt som eg ville, så skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol i fire ættleder.” 31 Men Jehu la ikkje vinn på å ferdast heilhjarta etter den lova som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera. 32 På den tid tok Herren til å skjera stykke or Israel. Hasael vann over israelittane langs heile grensa. [Hasael: -> 8, 8. Sml. 8, 28.] 33 På austsida av Jordan tok han heile Gilead, landet åt Gads-ætta, Rubens-ætta og Manasse-ætta, alt frå Aroer ved Arnon-elva og nordover, både Gilead og Basan. 34 Det som elles er å seia om Jehu og alt det han gjorde, alle storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. 35 Jehu gjekk til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Samaria. Og Joakas, son hans, vart konge etter han. 36 Då hadde Jehu vore konge over Israel i Samaria i tjueåtte år.
Men Gud ville miskunne seg over Judas ætt og la dei verte frelste ved Herren sin Gud. Og det skulle ikkje vere ved krig. Då ville han miskunne seg over Israel også. Israel skulle ta seg ein hovding i lag og ta landeet i eige, så stor er Jisre’els dag. Jisre’el betyr Gud sår, den hovdingen er Jesus. Ved trua på han vert vi frelst. Han er Guds Ord og han sår Guds Ord. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss, blir vi som såkorn sådde i verda. Slik blir vi Guds svar på hans bønn for oss.
Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Kristus er Guds Ord. Trur vi på han og har teke imot han, så vi har fått hans Ande, då tilhøyrer vi han og er frelst. Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus. Kristus er Guds Ord og det er sannt for oss og i oss fordi det er Gud den allmektige som seier det.
4 Comments »