Skip to content

Fridom og frimod eller utspekulert plan? Kva med barneoppsedinga?

Bildetekst: Ormen var den listigaste av villdyra i Edens hage, han klarde å forføre kvinna. Men så sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt.

Innleiing.

Mange har kritisert den strenge oppsedinga i kyrkja, gjerne ved å vise til Salomos Ordtøke der han seier at den som elskar son sin, tuktar han tidleg, og Herren er tuktar den han elskar, som ein god far refser den son han har kjær. I det nye testamentet blir det endå tydlegare at Gud er god og han elskar oss som sine born og då  tek omsorg for oss og oppseder oss.

Då viser det seg at der framleis er dei som kritiserer dette, fordi dei ikkje trur på denne Gud, der er dei som påstår at dersom der skulle vere ein allmektig gud som har skapt alle ting, så må han vere vond. Så når det kjem til fundamentalistisk tenking blir det som om deira gud er vond. Då seier eg: stakkars småborn og skuleelvar som skal møte foreldre og lærarar med eit slikt grunnsyn. Og på eit slikt grunnlag vil dei drive storpolitikk. Ja, vi byrjar å sjå resultatet av det både i lokalsamfunnet, særleg i dei store byane og i internasjonal politikk.

Jeremias talte Guds Ord til folket, men dei straffa han for det. Så Gud straffa dei for den uretten dei gjorde.

Gud talte til israelsfolket gjennom profeten Jeremias og sa at dei skulle akte seg vel, så dei ikkje bar byrder inn gjennom Jerusalems portar på sabbaten (Jer.18). Men Jesus lekte ein lam mann på sabbaten og sa han skulle ta senga si og gå. Og farisearane og dei skriftlærde protesterte mot dette. Men Jesus sa at det var dei som lesste tunge byrder på folket, men han kalla til seg alle som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei finne kvile (Matt11).

Tilbake til Jeremias, så ser vi at han talte folket si sak og det verka til å fri de ifrå byrdene av si syndeskuld. Men dei lønte godt med vondt. Dei sette snarer for han, derfor talte han imot dei i staden og førde klagemål mot dei. Sidan fengsla dei han, fordi han talte Guds Ord. Så dei kom med skuldingar mot han, for å gjere han til træl.

Men Gud førde klagemål mot heile folket fordi dei hadde falle ifrå han og ikkje ville høyre på han og spesielt på grunn av kong Manasse si synd, han hadde massakrert mange menneske i Jerusalem.

https://tsivert.com/2017/03/23/2017-03-19-frimodet-ma-du-ikkje-kaste-bort-for-det-har-stor-lonn/

Klagemål mot menneska var argument for eit overnasjonalt storrike, men evangeliet gjev eit godt grunnlag for nasjonal frigjering og sjølvstende.

Så dei vart bortførde frå landet sitt og slik gjekk det med mange andre folk også, under det Babylonske Storriket. Under det persiske storriket fekk dei komme tilbake til landet sitt og slik gjekk det med dei andre folka også. Dette vert brukt som førebilete på at evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag, som ein frigjerande bodskap. Så det gjev eit godt grunnlag for nasjonal frigjering og demokrati.

Grekarane søkte ein felles moral som dei kunne bruke i koloniane sine også, og Platon utvikla ein moralfilosofi, der han førde klagemål mot alle menneske og det var ikkje heilt utan grunn. Denne moralen vart nok grunnleggande i det gresk-syriske storriket, men det var nok verre med den moralen som låg i avgudsdyrkinga deira, det var nok heller der sjølve vondskapen låg. Og jødedommen vart infiltrert av dette. Det viste seg ved at dei støytte frå seg Kristus.

Heilt opp til vår tid er der jødar som tenker slik.

Den kjende skodespelaren og forfattaren Stephan Fry er til dømes av jødisk avstamming, han er kjend for roller i Blackadder. Det er ikkje lenge sidan eg såg eit interjuv med han på Fasebook, der han tydelegvis var representant for organisasjonen «In science we thrust», der han påstod at dersom der skulle vere ein allmektig Gud, som har skapt alle ting, så måtte han vere vond, sidan der naturleg nok er så mykje vondt (smertefullt) som skjer. Det var ein grunn til at han ikkje trudde på Gud. Om der skulle vere ein slik allmektig Gud, så ville han ikkje møte han, for han måtte vere vond. Då ville han heller møte ein av dei greske gudane. Dette er ikkje å seie at Abrahams Gud er den han er, men det er å seie at han er ein annan enn den han er. Det er som å seie at Zevs er den allmektige gud, som grekarane sitt svar på Abrahams Gud. Det er ikkje vanskeleg å forklare dette som fråfallet, som utartar seg som syndefallet på nytt. Han sette si eiga dømmekraft som den høgste autoriteten og kvifor det? Jau, fordi ormen lokka Eva med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei vere liksom Gud og kjenne godt og vondt. Så ho tok av treet og åt og gav mannen sin med seg og han også åt av det.

Det plotonske klagemålet mot menneska er fundamentalt. Og Bibelen fortel at synda skilde menneska frå Gud. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Men med sin død på korset sona Jesus vår synd og skuld, så med sitt blod kjøpte han oss fri frå den, han kjøpte oss fri trå trældomen under synda og avgudane. Så når Jesus døde på korset, skapte Gud noko fundamentalt nytt. Det er ikkje noko som er meir fundamentalt enn det verket Gud gjer ved sitt Ord og sin Ande. Slik er evangeliet ein glade bodskap til alle folkeslaga og eit godt grunnlag for nasjonal frigjering og demokrati.

https://bluehost944.com/2017/03/26/nasjonal-frigjering-pa-evangeliets-grunnvoll/

Jesu kyrkje er Jesu brud.

Ved at vi trur på Jesus og tek imot han, får vi dette fundamentalt nye av berre nåde. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av manns vilje, men av Gud. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, får vi komme inn til Guds kvile, vårt forhold til Gud vert gjenoppretta, slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Gud er den same og han gjer framleis sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2.

I Høgsongen er det tale om kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og henne «Lytelause Reine», vingarden er symbol å kjærleikslivet deira og kjærleiksforholdet mellom dei og vinen er symbol på kjærleiken. Dei levde i samfunn med Gud, så dei opplevde det slik at hans kjærleik var i kjærleiksforholdet mellom dei. Dette er symbol på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Ved at Ordet ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, gjeld dette kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også. Så Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

I Høgs.8 er det tale om ei jente som er så ung at ho ikkje er kjønnsmoden enno, så hennar eldre søsken vil verne henne mot friarane. Likevel er det tale om at kjærleiken er sterk og eg forstår det slik at den er ikkje betinga av det kjønnlege samlivet, for dei lever i samfunn med Gud og opplever hans kjærleik seg imellom, ja, også i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, gut og jente. Og eg forstår det slik at sjølv om Gud føder oss på nytt, av vatn og Ande, og denne Anden er suveren over det materielle, det kjøtelege, den kjønnlege samlivet, så innkluderer det likevel kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, mellom gut og jente. For kjærleiksforholdet mellom dei har ei djupare og meir fundamental hendsikt, Kristus er den siste Adam, så det er han som dyrkar og vernar Guds hage. Han er ifrå himmelen og har for oss vorte ei livgjevande ånd, med den Anden og det livet som han gjev oss frå himmelen, skal vi leve for han. Så mannen skal framleis dyrke og verne Guds hage, det er den hendsikta og meininga Gud har med livet hans. Og når Gud gjev han hjelp i form av ei kone, er det for at ho skal hjelpe han med det.

https://bluehost944.com/2016/07/30/jerusalem-guds-kone/

Eit vondt tre som ber vond frukt som motsetnad til eit godt tre som ber god frukt.

Psykologar og pedagogar har kristisert den strenge barneoppsedinga i kyrkja, det har sosialistar og sosialdemokratar også gjort og så har dei forklart det uruifrå nokre bibelvers i Salomos Ordspråk, der det er sagt at faren tuktar den son han har kjær.

OSP 3,11 – OSP 3,12   Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,  miss ikkje motet når han refser! 12   For Herren tuktar den han elskar,  som ein far refser den son han har kjær.

OSP 13,24   Den som sparer på riset, hatar son sin,  den som elskar han, tuktar han tidleg.

OSP 18,6   Dårens lipper valdar strid,  og munnen hans ropar etter riset.

OSP 22,8   Den som sår urett, haustar vondskap,  riset han brukar i sinne, tek slutt.

OSP 23,13 – OSP 23,16   Lat ikkje guten vera utan tukt!  Gjev du han ris, skal han ikkje døy. 14   For når du slår han med riset,  bergar du han frå dødsriket. 15   Son min, har du visdom i hjarta,  vert eg òg inderleg glad. 16   Det jublar inni meg  når du talar det som er rett.

Dette er ordtøke, så dei er som klipt ut av ein samanheng og då må vi bruke vit og forstand, både med hjerte og med hjerne for å tenke oss kva slags samanheng dei er relevante i. På Sunnmøre har det vorte fortalt ein vits om ei kvinne som hadde lese Osp.13,24, så når ho vekte ungane banka ho dei, då fekk dei straffa tidleg, før dei rakk å gjere noko gale, for dei kom sikkert til å gjere noko gale likevel.

Men eg må nok innrømme at svært ofte verkar det som det var tankegangen, derfor hadde eg grunn til å frykte, men sidan eg forstod det, klarde eg å styre unna også. Sidan har eg forstått at denne tankegangen og mørkemannskulturen, kjem meir ifrå gresk filosofi, platonismen enn frå Bibelen. Men også i Bibelen er der ein motsetnad mellom dei gamle vise og dei unge og det var ikkje bestandig dei gamel vise som fekk rett. I Jobs bok var der ein ung vismann som fekk siste ord, inntil Herren kom og møtte dei. Kong Salomo bad om visdom når han var ung og Gud gjorde han visare enn alle. Til tross for desse ordtøka som han hadde samla, sikkert mange frå dei gamle vise, så vart han sjølv dummare når han vart gamal. Den eineståande visdom som Gud hadde gjeve han, når han var ung, finn vi nok i Høgsongen. Og det verkar som Jesus tek opp att den tråden, for døyparen Johannes sa om han at han er brudgomen som har bruda. Og no er hans kyrkje hans brud. I Høgsongen kapittel 8 er det tale om ei jente som er så ung at ho enno ikkje er kjønnsmoden, så hennar eldre søsken vil verne henne mot friarane. Det er sagt i ein samanheng der kjærleiken mellom mann og kvinne vert lovprisa, den er sterk som døden, så vi forstår vel at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne har med Guds kjærleik å gjere og er ikkje betinga av det kjønnlege samlivet, det er ikkje avgrensa til det.  Jesus sa vi må vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike, det skal gjennomsyre oss, så då blir det ein åndeleg røyndom i våre liv at Gud elskar oss i Kristus Jesus og vi opplever hans kjærleik i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også. Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Då er det ein åndeleg røyndom. Og eg trur det var dette Descart talte om også, når han talte om det fullkomne. For meg har det vore viktig å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, når eg studerer, eg får oppleve At Jesus gjev meg ånd og liv frå himmelen og det er fullkome, det gjev meg ei åndeleg innsikt som er verdifull for meg når eg studerer.

Jesus sa til oss at ved korsets fort fann vi den ekte kjærleiken og han vil at den skaol vere mellom oss og vi skal glede oss over at vi har funne den. Ein av bodskapane 12.2.2011:

(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  …… 

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).

JOH 13,1 {JESUS VASKAR FØTENE TIL LÆRESVEINANE}  Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.

JOH 13,34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

JOH 14,21   Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.”

JOH 14,23 Jesus svara:  “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

JOH 14,28 De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Faderen; for Faderen er større enn eg.

JOH 15,9   Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!

JOH 15,12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.

JOH 15,17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

JOH 15,19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.

JOH 16,27 for Faderen sjølv elskar dykk, av di de har elska meg og trutt at eg har gått ut frå Gud.

JOH 17,23 – JOH 17,24 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 12,36 Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born åt ljoset.” Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.

JOH 14,1 {VEGEN, SANNINGA OG LIVET}  Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!

JOH 14,11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.

Gud er god, han er kjærleik og han elskar oss i Kristus Jesus. Det er den ekte og fullkomne kjærleiken.

RMR 5,1 – RMR 5,11 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Då må vi vere førebudde på at verda hatar oss. Og kvifor det? Fordi vi ikkje er av verda. Denne verda trur ikkje på han, ho held seg til bedrag og ho let seg bedra. Men når vi er eitt i Kristus, skal verda skjøna at Faderen har sendt han til verda.

For oss som trur på Gud er han det mest fundamentale, hans Ord og hans Ande, hans godleik og kjærleik er fundamental for oss. Evangeliet er fundamentalt for oss, det er den grunnvollen vi har å bygge på. Ved trua på Kristus vert vi rekna for rettferdige, ja, fullkomne, det er berre for oss å ta imot i tru. Likevel er vi framleis feilbarlege, så lenger vi lever i desse jordiske kroppane her på denne jorda. Men Gud rettleir oss med sitt Ord og sin Ande og oppseder oss, også med tukt, men det er fordi han elskar oss.

Men kva så med dei som ikkje trur på han? Der er dei som har tenkt igjennom det og som kjem til at dersom der er ein allmektig gud, så må han vere vond. Resonnementet kan starte med platonismen, med trua på det godes ide og klagemål mot menneskets fysiske natur, men så trur dei ikkje på det godes ide likevel og det som står igjen er klagemålet mot mennesket. Slik utartar det seg når dei vender seg bort frå den evangeliske forkynninga i kyrkja. Men det har seg slik at der er økonomiske og politiske maktinteresser som ligg bak, slik som det til dømes har vist seg hos Krf og ein del kristne organisasjonar. Det kan utarte seg slik at dei gladeleg brukar bibelvers som fortel at vi er syndarar og må erkjenne vår synd for Kristus, så vi får tilgjeving og vert reinsa i Jesus blod. Ja, og dersom vi då tek imot i tru og vert fylte av den Heilage Ande, så vil den føre oss fram til heile Sanninga og den set oss fri, den herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Men så viser det seg at deira hendsikt var ei anna, den var keisardyrking, det var økonomiske og maktpolitiske interesser som låg bak. Slik vert folk lurte. I staden for at syndserkjenninga skulle føre menneska inn att i samfunnet med Gud, verkar det som ei angivarteneste og som argument for diktatur, argument for at styresmaktene skal dyrkast som gudar.

Så kjem sosialistane og sosialdemokratane og seier at denne guden er vond. Og kva så? Så vil dei erstatte denne ”keisaren” med sin eingen keisar. Vidare vert det argumentert utifrå naturvitskapen, det vert vist til at individ naturleg nok opplever smerte og lid vondt. Og så vert det konkludert med at dersom der er ein allmektig gud, så må han vere vond.

Men la oss no ta dinosaurane som eksempel, pattedyra og dinosaurane har eit felels opphav i ei pattedyrlignande øgle som leve før dinosaurane. Men det betyr ikkje at det er den øgla som har skapt dinosaurane og pattedyra, som om vår livsform skulle vere som for krypdyra. Men når dei tenker fundamentalistisk er det visst på den måten, det betyr eigentleg å degenerere til lavmål, som om vår livsform skulle vere på krypdyrstadiet. Her kan det ogå vere på sin plass å nemne at i kvantefysikken er det ikkje kasualitet.

Men mennesket er den siste og mest høgtståande skapningen, vi har eigenskapar som andre ikkje har, så om vi studerer andre artar er det ikkje nok til å gje oss den rette sjølvforståinga. Men Gud skapte menensket i si likning og då kan han gje oss den rette sjølvforståinga. Mennesket er det mest høgtståande pattedyret med mest omsorg for sine ungar og det som vidare særmerker oss er språksansen. Det høver med trua på at Gud er god, han er ånd og han er kjærleik og han talar sitt Ord til oss og har omsorg for oss som sine born og slik vil han ha omsorg for sine henders verk.

Ved at vi trur på han, får vi oppleve at han leier oss og gjev oss utvikling, framgang og velstand. Men dei som ikkje trur, vil då etter resonnementet ovanfor, degenerere til lavmål, til ei lavareståande livsform, ned mot krypdyrstadiet, for soleis med ei reaksjonær haldning å stå imot den utviklinga og framgangen. Så dei svarar på kjærleiken med eit fundamentalt hat.

Så tilbake til kritikken av det som stod skrive i Salomos Ordtøke om at ein god far tuktar den son han har kjær, kva blir deira alternativ som ikkje ville tru at Gud er god? Deira alternativ blir eit fundamentalt hat i staden for fundamental kjærleik. Når Jesus velsigna småborna, var det ei fundamental velsigning av mennesket, men dei påatår at mennesket er fundamentalt vondt og ber med seg ei fundamental fordømming og bannlysing av mennesket. Strategien deira er først og fremst å la det gå ut over andre og slik er det gjennomført hyklarisk.

Og vi ser korleis samfunnet ber meir og meir preg av svik, bannlysing og hat. Men Jesus sa då at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre.

MTT 24,9 – MTT 24,14   Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.

Då var det på tide å gå på møte i Maranata 2017.04.09 og det som vart sagt passa fint inn i denne samanhengen.

https://tsivert.com/2017/04/13/2017-04-09-stormen-er-allereie-i-gang-men-jesus-vil-bevare-alle-dei-som-tek-si-tilflukt-til-han/

Descarts rasjonalisme, intelektuell semje? Samhald i trua, i Jesu kyrkje, i slekta og folket.

Descart var eit matematisk geni, han var rasjonalist, både med matematikken og med si tru på det fullkomne. Sansane var feilbarlege, men dette var ikkje avhengig av det fysisk sanselege. Det er teori, men teorien vert ikkje prøvd slik som ein naturvitskapleg teori og vert ikkje avsanna av det fysisk sanselege. Einstein fann at han måtte bruke Riemanns differensialgeometri for krumme flater for å forklare gravitasjonen, men differensialgeometrien i euklidsk rom vart ikkje avsanna av den grunn. Den rasjonalistiske tenkinga, både matematikken og trua på det fullkomne er psykologi, eg hevdar den er meir enn psykologi. Intraspeksjonen var feilbarleg, så dei prøvde med empiri i psykologien, men den også er feilbarlege, for sansane er feilbarlege og vår sansing av den fysiske verda er ikkje heile røyndomen. Men Jesus gjev oss ånd og liv i frå himmelen og det er fullkome og eg må innrømme at dett er ikkje berre teori, men det er ein åndeleg røyndom som eg opplever og erfarer. For meg er det viktig når eg studerer, det gjev meg ei åndelege innsikt som er verdifull for mi rasjonalistiske innsikt, i matematikk, fysikk, informatikk etc. Og i andre naturvitskaplege fag også, der det vert lagt meir vekt på å forstå og kommunisere med vanleg språk.

Jesus sa at han og Faderen er eitt og at vi som trur på han skal elske kvarandre og vere eitt i han, då skal verda skjøne at Faderen har sendt han til verda. Eg trur at då skal verda skjøne at Gud skapte den slik som i 1.Mos.2, at han skapte kvinna av mannens sidebein, betyr at ho var av hans folk og slik skapte han dei ulike folka med sine særpreg. Så dette høver med den naturvitskaplege tenkinga. Samhald i trua på Jesus gjev samhald i hans kyrkje og samhald i slekta og folket.

Dette har eg skrive om i artiklane nedanfor:

https://tsivert.com/2017/03/12/mitt-minneord-om-mor/

https://bluehost944.com/2016/07/30/korleis-vere-liberal-og-sosial/

Venstre var det partiet som leia det norske folk til nasjonal frigjering og det gjekk forholdsvis fredleg for seg. Det viser at evangeliet er eit godt grunnlag å bygge samfunn og nasjon på:

https://bluehost944.com/2017/03/26/nasjonal-frigjering-pa-evangeliets-grunnvoll/

Men no er her sterke politiske interesser av å få bort evangeliet og då undergrev dei heile den vestlege kulturen og sivilisasjonen:

https://bluehost944.com/2017/04/05/big-bang-teorien-og-skapingssoga-lovmessigheit-og-tilfeldigheit-i-fysikken-og-i-samfunnet-planlegging-eller-spontanitet-fridomen-og-frimodet-pa-evangeliets-grunnvoll/

Svik og hat i den siste tida.

Det er mange som brukar naturvitskapen som argument mot den kristne trua og denne rasjonalismen, men då viser det seg at feilen er at dei som representerer kristendomen, presenterer ein kristendom som ikkje stemmer med Bibelen, for dei er så korrupte, at dei er meir interessert i økonomisk gevingst og politisk makt, enn å søke Sanninga og halde seg til den. Så det går slik som profeten Sakarja profeterte, om den Duglause Hyrdingen, som gjætte slaktesauene for sauehandlarane. Dei selde dei og tente seg rike på det:

SKR 11,4 – SKR 11,6 {DEN GODE OG DEN DUGLAUSE HYRDINGEN}  Så har Herren min Gud sagt: “Gjæt sauene som skal slaktast!” 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: “Lova vere Herren, eg vart rik!” Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje. [Dei som kjøper dei: dei låke styrarane.] 6 “For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,” lyder ordet frå Herren. “Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.”

Dette ser ut som lovløyse (2.Tess.2) og svik (Matt.24,10), noko som vår tid ser ut til å verte meir og meir prega av. Menneska vert selde som slavar tilbake til trældomen under avgudane, det vert jødar og kristne også og dei vert selde som slaktesauer. Dette bryt med samhaldet mellom dei som trur på Jesus, samhaldet i hans kyrkje, samhaldet i slekta og i folket. Men då strir det også mot den naturvitskaplege tenkinga.

MTT 10,16 – MTT 10,31 {DET SKAL KOMA FORFYLGINGAR}  Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer! 17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene. 18 Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga. 19 Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda. 20 For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk. 21 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr. 22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 23   Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem. 24 Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin. 25 Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?  [Beelsebul: Sjå Tillegg.] 26   Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent. 27 Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i ljoset; det som vert kviskra dykk i øyra, skal de ropa ut frå hustaka. 28   Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete. 29 Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda. 30 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. 31 Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.

MTT 24,4 – MTT 24,22   Jesus tok til ords og sa:  Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: “Eg er Messias.” Og dei skal føra mange på villspor. 6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen. 7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. 8 Men alt dette er berre dei fyrste føderiene. 9   Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.   15 {DEN STORE TRENGSLA}  Når de då ser at “den øydande styggedomen”, som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –  [“den øydande styggedomen”: Ordlaget er henta frå Dan 11, 31; 12, 11. Syrarkongen fekk i 167 f. Kr. reist eit heidensk altar framfor templet i Jerusalem. Dette gjorde templet ureint, og all gudsteneste laut stogga. På tilsvarande måte skal templet krenkjast, og det skal verta øydelagt.] 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;  [taket: Taket var flatt og tente til opphaldsstad. Sjå Apg 10, 9. På utsida førte ei tropp opp til taket.] 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

Dei har stelt i stand eit svik, ved at dei kalla Jesus Beelzebul. Faderen var med han og gjorde sitt verk gjennom han, men dei sa ikkje at han var den han var, men dei sa at han var ein annan enn den han var. Slik vart det fundamentale samhaldet øydelagt av svik og det ser vi i vår tid også. Dess viktigare er det for oss å halde oss nær til Jesus og bevare dette samhaldet. Han har betalt prisen for eit kvart menneske, med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne Gud, så vi skal tilhøyre han og leve for han. Og han kjem til å dømme folka fordi dei selde folket hans.

JOE 3,1 – JOE 3,8 {NÅR ANDEN VERT UTREND}  Ein gong skal det henda  at eg renner ut min Ande over alle menneske.  Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;  dei gamle mellom dykk skal ha draumar,  og dei unge skal sjå syner. 2   Jamvel over trælar og trælkvinner  vil eg renna ut min Ande i dei dagane. 3   Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:  blod og eld og røyksøyler. [teikn: varsel før Herrens dag kjem.] 4   Sola vert omskapt, ho svartnar,  og månen vert som blod,  før Herrens dag kjem, den store og skræmande. 5   Men kvar den som kallar på Herrens namn,  skal verta frelst.  For på Sion-fjellet og i Jerusalem  skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,  så som Herren har sagt.  Og mellom dei som har berga seg,  er dei som Herren kallar.  6 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.

Aktuell sak: Klagemål om ”kvardagsrasisme ”? Seld som træl! Men Jesus gjev oss eit betre svar og alternativ.

I vår tid høyrer vi stadig at norsk folk vert klaga for rasisme fordi dei er motstandarar av innvandringa eller på grunn av frykt, kva er dei redde for? Det ukjedne og framande? Islam? Eller andre framande religionar? Som om det var irrelevant? Fordommar? Men det minner om forføringa slik som ved syndefallet, når ormen sa til kvinna at dei skulle ikkje døy, men om dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Det høyrest ut som ein moral-etisk kunnskap som dei skulle kunne forgude seg sjølve med. Men vi veit då at det er fråfallet som er på gang og det er som syndefallet på nytt og veit vi korleis det gjekk.

Nyleg har der vore ein avisartikkel i VG men interjuv med Venstres Raja, der han kritiserer Listhaugs restriktive innvandringspolitikk.
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/rasisme/venstre-raja-listhaug-fremmer-hverdagsrasisme/a/23888283/

Eg oppdaga det ved at Listhaug la ut ein liten video på facebook, der ho svarde han, eg såg lit på den, men når eg seinare såg etter den, fann eg den ikkje igjen. Han påstår at det nører opp under ”kvardagsrasisme”, så den skuldinga er no retta mot kven som helst. Kva meinte han med det? Han ville ikkje bruke konkrete døme, for då ville mange hevde at det ikkje var noko godt døme på kvardagsrasisme, men det var heilskapen i hennar bodskap som bidrog til kvardagsrasisme. Dette er eit klagemål mot den einskilde etniske nordmann i kvardagen, mot kven som helst og dermed mot alle og ein kvar. Men den eingskilde, kven som helst, får ikkje høve til å svare for seg. Dette minner om Djevelens fundamentale klagemåle mot det eineskile mennesket og dermed mot kven som helst og alle og ein kvar, der ingen får høve til å svare for seg. Men Listhaug har vedkjent si tru på Jesus. Med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle, så dette fundamentale klagemålet mot menneska er ikkje gyldig lenger. For Jesus har sigra over Djevelen.

Vi kan samanlikne dette med jødane når dei var komne tilbake til landet sitt, dei busette seg og bygde seg hus, men det vart smått med økonomisk framgang. Dei mått byrje å bygge på Guds hus og komme seg i gong med prestetenesta, så ville Gud velsigne (Hag.1,1-15). Då kom nokre av nabofolka deira og ville vere med på bygginga, men det fekk dei ikkje lov til. Då førde dei klagemål mot dei, overfor den persiske storkongen, for å prøve å stoppe arbeidet. Det klarde dei midlertidig. Men profetane Haggai og Sakarja talte til dei og fekk til til å komme i gong igjen med å bygge tempelet. Sakraja fekk eit syn der han såg at Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva, men Herrens engel var der og svarde Djevelen og så talte han til Josva, han måtte sjå framover til at Renning skulle koma, på ein dag skulle synda som kvilte på dette landet takast bort.

I ettertid veit vi at Renning var Jesus, med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle. Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og vi bygger på den grunnvollen. Likevel er der dei som står imot, slik som desse nabofolka som førde klagemål mot jødane og det heng saman med at Djevelen fører klagemål mot oss og det er i grunnen eit fundamentalt klagemål mot alle menneske. Men Jesus har sigra over han og bana vegen for oss inn i det himmelske tempelet, når han har opna himmelen for oss, er der ingen som kan stenge den for oss.

Korleis kan dei då likevel halde på slik? Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen, tilbake til den sanne Gud, så vi skal tilhøyre han og leve for han. Det er berre for oss å tru på han og kjennast ved han som vår frelsar og Herre og innvie oss til å leve for han. Men så er der dei som ikkje trur og ikkje kjennest ved han slik og dei blir som salsvare, som trælar som vert selde og andre tener pengar på det. Den Duglause Hyrdingen gjæter slaktesauene for sauehandlarane og dei tener seg rike på det. Der er sterke økonomiske, religiøse og maktpolitiske interesser i det, så det utartar seg som eit krav, både jødar og kristne får merke at det soleis vert gjort krav på dei. Djevelens forføring og klagemål mot mennesket er det fundamentale kravet, men Jesus har sigra over han med sin død på korset. Han sona vår synd og betalte vår skuld med sin død på korset. Så då har ikkje Djevelen krav på oss lenger. Likevel merkar vi motstanden frå den vonde og vi må vite å kle oss i Guds full rustning og stå han i mot, trauste i trua (Ef.6,10-10 & 1.Pet.5,6-11).

Raja sa vidare at foreldra hans kom til Noreg på 1970-talet og dei jobba hardt og han hadde det inntrykket av andre innvandrarar også og brukte det som argument for meir innvandring. Og påstod så igjen at Listhaugs motstand mot innvandring nøra opp om ”kvardagsrasisme”. Her vert det argumentert med at dei jobbar for seg og er i stand til å forsørgje seg sjølve. Så då er dei også verdifull arbeidskraft. Her vert det argumentert som om det er alt som tel, som om dei økonomiske kreftene er alt vi har å ta omsyn til og rekne med, som om det er  heile røyndoms-forståinga. Kva elles? Så kjem påstanden om ”kvardagsrasisme”. Så dersom der skulle vere nokon som tenkte på noko anna enn å ta omsyn til dei økonomiske kreftene, så må det altså vere ”kvardagsrasisme”. Det tyder på at folk er selde som slavar til marknadskreftene og slik vert det argumentert for det, på grunnlag av det fundamentale klagemålet mot mennesket. Det tyder på at den Duglause Hyrdingen er på ferde, han som gjætte slaktesauene for sauehandlarane. Han rydja vekk dei tre hyrdingane, han rydja vekk den Gode Hyrdingen og den nytestamentlege versjonen av øvstepresten Josva og byggmeistern Serubabel (Op.11 & 2.Tess.2). Josva bar først fram eit syndeoffer for seg sjølv, så eitt for heile folket. Men når Djevelen likevel førde klagemål mot han, så verka nok det som eit klagemål mot heile folket og landet. Men Josva skulle sjå fram over til at Renning skulle koma, på ein dag skulle skulda som kvilte på dette landet takast bort. Den vart teken bort ved Jesu offer og det gjeld for oss også, det skal vi nytte oss av, for vår eigen del og så langt som mogleg for andre sin del også, for vår land og vårt folk.

https://bluehost944.com/2016/07/30/korleis-vere-liberal-og-sosial/

Eg har vore realist og tenkt naturfagleg, samtidig som eg har trutt på Jesus, sidan eg var ein liten gutunge. Om andre ikkje trudde på kristendomen, og spesielt om dei var lærde og opplyste med realfag og tenkte og argumenterte utifrå realfag, ja, så kunne eg også tenke slik og venta meg at då kunne dei vel i det minste tenke og kommunisere med meg naturvitskapleg, spesielt når det gjeld ei så naturleg sak som at eg ville ha meg ei kone. Men nei, og det er heilt absurd, då viser det seg at sjølv om dei byrjar med å argumenterer utifrå naturvitskap, så går dei over til å resonnerer og argumentere som reiliøse, moralfilosofar med det fundamentale klagemålet mot den fysiske naturen, for så å konkludere med det fundamentale klagemålet mot menneskets fysiske natur, så dei konkluderer med at der er noko fundamentalt feil med den og med naturvitskapen, dei fører klagemål mot begge deler og kallar det kvardagsrasisme. Men kva er det for slags naturvitenskap? Den motseier då seg sjølv. Dei tek utgangspunkt i naturvitskapen og resonnerer utifrå den om kjem fram til eit resulatat som dei hevdar er feil. Men i følgje den hypotetisk deduktive metode, må då enten teorien vere feil eller så er resonnementet feil. Men dette er ikkje lenger naturvitskap, og dei gjer feil i å framstille det som om det er vitskap, det er religion, djevelen prøver framleis å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet og så fører han klagemål mot dei, slik prøver han å gjere krav på dei. Det er nok det som kjem til uttykk i klagemålet om kvardagsrasisme. Det er som å påstå at mennesket har lete seg dåre og forføre slik som ved syndefallet og forgudar seg sjølve med sin kunnskap. Slik verkar det også når dei sluttar å forkynne evangelisk kristendom og ikkje til godta at vi får nåde hos Gud, slik svik dei oss. Slik verkar det også når dei fornektar Faderen og Sonen.

Eg forstår det slik at Jesus svarde meg på dette i bodskapen som kom i Maranata 2017.04.09:

Ikkje rekn med deg sjølv. All din styrke kjem til kort i kampen mot vondskapens velde. Men rekn med meg, sett din lit til meg, av heile ditt hjerte. I kampen mot det vonde, så sjå opp til meg. Eg er sterk, eg har vunne, sigeren er fullkomen. Den sigeren eg vann, den er din, seier Herren. Skjul deg i mine vunder og sår. Gøym deg i mitt blod. Og du skal få oppleve at når stormen kjem, så skal inkje vondt nå deg. Men du skal verte bevara gjennom det heile. For eg, eg vil bevare den som tek si tilflukt til meg.

Stormen, den kjem, er allereie i gang over denne klode. Angsten tek folk, og fortvilinga. Du ser det med dine auge. Men klyng deg inn til meg og vert buande i min lovnads ord. Så skal du midt i all denne strid og denne larm og virvar, få kjenne du vert bevara rein og sunn i trua på mitt herlege namn. Og når alt det som eg har sagt skal komme, kjem, då skal du få oppleve at den lovnaden eg gav, eg kjem att for at du skal sjå min herlegdom, det skal du få oppleve. Men bli hos meg, uansett, og du skal få kjenne, du skal bevarast.

https://tsivert.com/2017/04/13/2017-04-09-stormen-er-allereie-i-gang-men-jesus-vil-bevare-alle-dei-som-tek-si-tilflukt-til-han/

https://bluehost944.com/2016/11/05/bibelsk-preste-teneste-og-motstand-fra-verda-fra-slavesamfunn-til-kapitalisme-kva-med-klassekampen/

Kommentar på Facebook.

Eg la ut link til ”Barneoppseding” på Facebook og mesteparten av avsnittet om Raja interjuvet i VG la eg inn i kommentarfelta. Då fekk eg følgjande kommentar frå H.H.:

Abid Raja har rett og Listhaug skulle aldri ha vært minister. Jobb bak kassa på Rema 1000 e.l hadde passet bedre.

Og eg svarde:

Sylvi Listhaug og Siv Jensen har vedkjent si tru på Jesus, så når det kjem til fundamentalistisk tenking har dei rett. Evangelisk kristendom var eit godt og viktig fundament å bygge på for å få nasjonalt sjølvstende, så det skjedde forholdsvis fredeleg. Men Raja kjem i staden med eit fundamentalistisk klagemål mot det norske folk og brukar det som argument for innvandring. Kva skal ein kalle slikt? Dersom han i staden hadde argumentert med at der er folk som lid naud og treng hjelp, då måtte han vel ha teke med og dei som lid mest naud, dei kristen som er forfølgde i dei muslimske landa og så kanskje diskutere kva som er årsaka til problema, diskutere det med Listhaug, ho har då vist interesse for å hjelpe dei. Men her blir det i staden påstått at Listhaug har feil, ho burde heller vore kassadame. Dette bryt med det demokratiske prinsipp og det bryt med politikken til det gamle Venstre. Kva skal ein kalle slikt? Det er å påstå at ein stor del av det norske folk ikkje er kompetente til å delta i den demokratske prosessen. Men er det nokon som ikkje er kompetente til å delta, så er det fyrst og fremst dykk sjølve, med dykkar moralfilosofi overprøver dei andre si tenking og tale i staden for å vere saklege.

Ja, kva skal ein kalle slikt? Raja kjem med eit fundamentalt klagemål mot og legg dermed opp til rasehat mot det norske folk, det er retorikk for krig mellom folkeslag og mellom nasjonar, det er  krigsretorikk.

Gud forsona verda med seg i Kristus, på evangeliets grunnvoll vart vårt forhold til han gjennoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp for han. Det betyr at ho var av hans eige folk og slik skapte han folkeslaga med sine særpreg. Er vi forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at han gjer sitt verk med oss i Kristus Jesus og det er i samsvar med 1.Mos.2, for Gud er den same no.

I den siste tid har kvinnerørsla protestert mot dette og det er fråfallet som viser seg i det, det er som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av syndefallet, det er Djevelen som forfører kvinna. Slik klarde han å gjere seg til denne verda sin gud og derfor konkluderer dei med at gud er vond.

Korleis har det gått til? Bibelen seier at menneska er syndarar, så vi må erkjenne vår synd for Gud og be om nåde og tilgjeving og det får vi på grunnlag av at Jesus sona vår synd og betalte vår skuld med sin død på korset. Det skriv apostelen Johannes også:

1JO 1,5 – 1JO 1,10 {LEV I LJOSET!}  Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd. 8   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

1JO 2,1 – 1JO 2,2   Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. 2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.

Under hekseprosessane brukte prestane dette til å få folk til å erkjenne synder som dei ikkje hadde gjort, metoden var å få born til å fantasere og slik vart det ført klagemål mot både born, ungdom  og vaksne, dei lokka med lovnaden i evangeliet om tilgjeving og evig liv, dersom dei berre ville vedkjenne at dei var syndarar, så dei fantaserte for å få det som var lova. Men det var tvert om  planlagt svik og resulterte i at mange vart hendretta.

https://bluehost944.com/2017/02/18/sataniske-vers/

Det er ein liknande strategi vi ser i vår tid også, det er mange som har forkynt evangeliet og det har gode lovnadar, både for tid og æva, men så viser det seg at det er mange som har hatt andre hensikter enn det, så når det kom til stykket viste det seg at det var planlagt svik. Så det har fungert som ei angivarteneste i eit diktatur, Drakens fundamentale klagemål mot mennesket vert brukt som argument for keiardyrking.

ÅPE 13,1 – ÅPE 13,3 {DRAKEN OG DEI TO DYRA}  Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det.

Så det går slik som Jesus sa, at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. Og rike skal reise seg mot rike.

Tillitsmann, haugianar, presteteneste?

Eg har vore fiskar og vore tilltismann. I 1995 kjende eg meg einsam og forlatt i Oslo, men eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og Jesus sa til meg gjennom tyding av tungetale at han ville snakke med meg.  Eit par år seinare vart eg med ein ferskfisk-trålar og der vart eg tillitsmann, organisert gjennom Sjømannsforbundet (LO). Skipperen høyrde på meg, Sjømannsforbundet og reiarlaget høyrde på meg. Eg var der i 4 år, så vart eg med ein fabrikktrålar og der vart eg andrebas. Og eg byrja å skrive kronikkar i Sunnmørsposten om fiskeripolitikk.

Der vart ei oppheita konflikt mellom kystfiskarane (sjark-fiskarane) og havfiskeflåten, Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) i Norges Fiskarlag om kvotetildeling. Peter Angelsen, frå Senterpartiet, var fiskeriminister i Bondeviks regjering og tok klart parti med kystfiskarane i denne saka. Han talte på eit møte der partane var til stades, kanskje det var i Fiskarlaget. Ein frå Fiskebåt kommenterte det i ei avis og sa at når han byrja å snakke om korleis ein tillitsmann skal oppføre seg, då byrja han å svette. Kva han hadde sagt, vart ikkje gjengitt, men han frå Fiskebåt gav uttrykk for at han var heilt forferda over det som han kom med, det var heilt bort i natta. Og han uttalte seg heilt sikkert på vegne av dei andre i Fiskebåt også.

Han byrja altså å tale om korleis ein tillitsmann skal oppføre seg, men kva hadde dette med denne saka å gjere? Dette skal vi merke oss, for det avslører korleis moralfilosofien med klagemålet mot det einskilde mennesket vert brukt for å få politisk makt og økonomisk vinning.

I 2008 slutta eg med tråling og hadde tenkt meg over på supply. Men når eg var på eit møte i ei pinsemenigheit kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale og det fekk meg til å forandre planar, eg forstod det slik at Jesus kalla meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, så eg for til Oslo og byrja på praktisk pedagagogisk undervisning. Dette vitna eg om i den Frie Evangeliske Forsamling, men dei ville ikkje høyre på meg. Men Jesus har vore med meg og leia meg vidare. I 2011 talte han til oss gjennom tyding av tungetale, først i den Frie Evangeliske Fosamling og sidan i Maranata og kalla Sions dotter til å frigjere seg. Då er det vel ikkje så vanskeleg å forså kva det er for slags interesser som strir mot at ho skal frigjere seg?

Hans Nilsen Hauge forkynte Guds Ord i Noreg og prestane ville forby det og prøvde å stoppe han og på liknande vis har dei prøvt å forby meg å tale og prøvt å stoppe meg. For dei er redde for at eg skal seie Sanninga som frigjer menneska. Derfor var eg einsam og forlatt i Oslo.

Når eg skreiv artiklar i Sunnmørsposten, var prest og politikar og Krf-leiar Kjell Magne Bondevik statsminister og så viste det seg at når fiskeriministeren skulle tale om ei fiskeripolitisk sak, så byrja å tale om korleis ein tillitsmann skal oppføre seg, heilt utan samanheng, som teke ut av lufta. Tydelegvis med klagemål mot ein tillitsmann i havfiskeflåten, som innvending mot at han skulle få ha noko som helst han skulle ha sagt og så for å bruke det mot «Fiskebåt» og deira standpunkt. Det viser at moralfilosofien deira verkar som eit krav om at du som fiskar (arbeidar), skal berre halde kjeft og jobbe, slik krev dei strengare disiplin og stiller hardare krav og det er heilt kunstig motivert, det er kun for å kue folk.

https://tsivert.com/2017/03/26/nasjonal-frigjering-og-forvalting-av-fiske-ressursane/

Ved trua på Jesus har vi fått barnekår hos Gud, det betyr fridom, vi få komme til han og be til han som eit barn til sin Far, han elskar oss og har omsorg for oss og gjev oss gode gåver. Eg har bedt til han sidan eg var ein gutunge og fått oppleve at han har svart meg gjennom tyding av tungetale sidan eg byrja på gymnaset. Så viser det seg at dei kristne ikkje vil vite av det og det tyder på at det er den Duglause Hyrdingen som er på ferde. Korleis då? Hans Nilsen Hauge var ein  pioner med å starte fritt kristent arbeid. Og Krf har prøvt å grunnlegge makta si på slike frie, kristne organisasjonar og har framstått som leiing for dei. Men så viser det seg at Krf-leiinga med Kjell Magne Bondevik i spissen, fungerer slik som prestane som ville forby lekfolk å tale Guds Ord, slik framstår dei som den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane.

Ein tillitmann representerer sine kollega. Men ein prest skal represenetere ein kyrkjelyd overfor Gud og det er om å gjere for han og kyrkjelyden å å be til Gud for folket i nærmiljøet for soleis å representere dei også. Dette har eg skrive om i dokumentet:

https://bluehost944.com/2016/11/05/bibelsk-preste-teneste-og-motstand-fra-verda-fra-slavesamfunn-til-kapitalisme-kva-med-klassekampen/

4 Comments »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: