Skip to content

Heilag kvardag.

Innleiing.

Når Jesus gav læresveinane sine misjonsbefalinga, sa han at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Det skjer ved at vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande. Paulus sa at dersom vi trur at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, så vert vi rettferdiggjorde og dersom vi sannar at Jesus er Herre, så vert vi frelst, kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst. Vi trur at han har stått opp att og har fått makta og vi lyder han ved å tru på han. Vi lyder han, ikkje fordi det er nokon som tvingar oss til det, med fysisk makt, men vi lyder han ved å tru at Gud vekte han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Slik får vi oppleve at Faderen elskar oss i han og tek omsorg for oss som sine barn. Vi er ikkje trælar, men vi er fri, vi har fått barnekår hos Gud.

Gud skapte folkeslaga og evangeliet skal forkynnast for alle folkeslag.

Moses sa at Gud gav folkeslaga land, skilde dei og sette grenser mellom dei.

5MO 32,1 – 5MO 32,9   Lyd etter, himmel, eg vil tala,  høyr orda frå min munn, du jord! 2   Lat læra mi risla som regn,  talen min drypa som dogg,  som regnskurer på grøne graset,  som regndropar over det som gror. 3   Herrens namn vil eg forkynna,  og de skal gje vår Gud ære.  4   Han er Berget,  fullkome er hans verk,  rettferdige er alle hans vegar.  Ein trufast Gud, utan svik,  rettferdig og rettvis er han. [Berget: Gud. Sml. v. 18 og 30.] 5   Dei som ikkje er hans born,  sveik honom med si vonde ferd,  ei svikefull og rangsnudd ætt. 6   Er det så de løner Herren,  du fåvise og uvituge folk?  Er ikkje han din far og skapar,  han som skapte deg og rusta deg ut? 7   Kom framfarne dagar i hug,  gjev akt på åra frå ætt til ætt!  Spør far din, han fortel deg,  dei gamle, dei gjev deg svar.  8   Då Den Høgste gav folkeslaga land  og skilde menneska frå kvarandre,  sette han grenser mellom folka  etter talet på Israels søner. 9   Herrens del vart hans eige folk,  Jakob vart hans arvelut.

Jesajas sa at Gud opphavleg kalla fram ættene:

JES 41,1 – JES 41,5 {HERREN HAR KALLA KYROS}  Ver stille, de øyar og strender,  og høyr på meg,  lat folka samla nye krefter!  Lat dei koma og tala si sak,  lat oss saman gå fram for retten!  2   Kven har vekt den mannen frå aust  som sigeren møter kvar han set foten?  Kven gjev folkeslag i hans makt  og lèt han råda over kongar?  Med sverdet gjer han dei lik støv,  med bogen lik fykande halmstrå. [mannen frå aust: persarkongen Kyros, som i 540-åra f. Kr. gjekk sigrande fram i Vesleasia. Sml. v. 25; 44, 28; 45, 1.] 3   Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,  er berre så vidt nedpå vegen med foten. 4   Kven var det som sette dette i verk?  Han som frå opphavet kalla ættene fram.  Eg, Herren, er den fyrste,  og eg skal vera hjå dei siste.  5   Øyar og strender ser det og reddast,  heimsens endar skjelv.  Dei stimar i hop og kjem.

Eg forstår det slik at han kalla dei og skapte dei gjennom utvikluing. Han skapte kvinna av mannens sidebein og det betyr at ho var av hans eige folk, slik skapte han folka med sitt særpreg. Etter syndefallet gøymde dei seg for han med dårleg samvit, når dei høyrde han gjekk i hagen, men han kalla likevel på dei. Dei vart dømde. Seinare i Bibelen ser vi at Gud framleis såg etter menneska og kalla på dei. Evangeliet om Kristus skal forkynnast for alle folkeslag og då vert dette kallet dess tydlegare.

Ved at Ordet ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. Slik skal vi ved trua innta det lova landet. Dette er den glade bodskapen som skal forkynnast til alle folkeslag. Eg forklarar dette med ei dobbel tolking av 1.Mos.2, at det handlar fyrst og fremst om hjertets jord, dernest om den fysiske jorda. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, blir eit åndeleg landskap vårt, det opnar seg vidstrakt og det er berre om å gjere for oss å få sjå meir og innta meir land. Vi har teke imot Guds rike som små born og får oppleve at det er inni oss. Og så er det om å gjere for oss at det får konsekvensar for verda, for vi er lys og salt i verda og skal gå ut og bere frukt som varer.

MTT 5,13 – MTT 5,16 {SALTET PÅ JORDA OG LJOSET I VERDA}  De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned. 14   De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. 15 Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset. 16 Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

JOH 15,1 – JOH 15,17 {DET SANNE VINTREET}  Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar. 9   Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

IMG_0170.jpg

Tekst til bildet.

På biletet ser vi mi mormor. Ho leier på bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg, medan eg sit på bakken. Ho var lærar i heimbygda mi og på den tida var det sjelden at ei kvinne på landsbygda hadde så mykje utdanning. For å tene pengar til skulegangen hadde ho gått på fjellet og plukka blåbær og selt det, så det vart sendt med båt over til England. Politisk var ho Venstre-kvinne og mannen var Arbeidarpartimann og dei hadde mange livlege diskusjonar. Men dei var begge engasjerte kristne og det var ein glad kristendom, han likte å synge kristne songar og kjærleikssongar. Han sa til tenestejentene at ingen fekk lov til å slå hans born og eg veit at folk undra seg over at ho som var kvinne hadde så god disiplin på elevane utan å tukte dei med fysisk makt. Ho døde forholdsvis ung, før eg byrja på skulen, men morfar vart over 90 år.

Aktuell sak: Ferdigutdanna studentar har problem med å finne relevante jobbar. Men ved trua på Jesus, finn vi mål og meining med livet.

Ferdigutdanna studentar har problem med å finne relevante jobbar, doktorgrad tek sikte på forskarjobb og der er mange søkarar med doktorgrad til slike jobbar. Då er det ikkje rart at der vert mange overkvalifiserte søkarar til mange andre jobbar og mange får jobbar som ikkje er heilt relevante for den utdanninga dei har, deira faglege kvalifikasjonar er ofte ikkje det viktigaste, men det som ofte tel meir, er at dei har lært seg sosiale eigenskapar, å kommunisere konstruktivt med andre i  læringsprosessen. Og mange med realfagleg kunnskap får jobbar i offentleg administrasjon, då har det tydelegvis lite å gjere med deira realfaglege kompetanse. Det kunne ha vore ein god ide å byrje å tenke på det tidlegare, kva er hendsikta med å studere, kva skal vi nytte det til. Det er vanskeleg å spå å framtida, men vi reknar med at den realfaglege sanninga har verdi i seg sjølv. Dessutan fekk vi klar beskjed om at dette var kunnskap som samfunnet trengde, både næringslivet og offentleg sektor.

Og eg har møtt realistar som er fagleg sterke, som har hovudfag/mastergrad, men som likevel har problem med å få seg jobb, nokre har endåtil enda opp som psykiatriske pasientar og får stønad frå NAV. Tydelegvis fordi dei har problem med å fungere sosialt, å kommunisere konstruktivt med andre. Det er sjølvsagt eit stort tap, både for dei sjølve og for samfunnet. Det er noko som ikkje har fungert skikkeleg, men kva?

Det får meg til å tenke på Jesus likning om arbeidarane i vingarden:

MTT 20,1 – MTT 20,16 {ARBEIDARANE I VINGARDEN}  Himmelriket kan liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg om morgonen og ville leiga arbeidsfolk til vingarden sin. 2 Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden. 3 Så gjekk han ut ikring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. 4 Han sa til dei: Gå bort i vingarden, de òg! Så skal de få det som rett er. 5 Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut ikring den sjette og niande timen og gjorde like eins. 6 Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: Kvifor står de her arbeidslause heile dagen? 7 Fordi ingen har leigt oss, svara dei. Då sa han: Gå bort i vingarden, de òg. 8   Om kvelden sa vingardseigaren til hushaldaren sin: Rop inn arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei fyrste. 9 Så kom dei som var leigde ikring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar. 10 Då dei fyrste kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg. 11 Dei tok imot pengane, men murra mot husbonden 12 og sa: Dei som kom sist, har ikkje arbeidt meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen! 13 Han sa til ein av dei: Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var vi ikkje samde om ein denar? 14 Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. 15 Har eg ikkje lov å gjera med mitt som eg vil? Eller gjer det deg vondt å sjå at eg er god? 16 Såleis skal dei siste verta dei fyrste og dei fyrste dei siste.”

Ved trua på Jesus finn vi meining med livet. Når han gav disiplane sine misjonsbefalinga, sa han at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Og det er vel nettopp det heilaggjeringa tek sikte på, vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande, den Heilage Ande openberrar Ordet for oss og fører oss fram til heile Sanninga, så den set oss fri. Kristus har kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han og leve for han og det gjev oss meining med livet.

Her er det opplagt noko som ikkje har fungert, som om det å prøve å sjå mål og meining med det vi held  på med er eit ”ikkje-tema”, nærmast som om det ikkje er vitskapleg. Men då er det noko verdifullt som vert amputert og det er eit tap, både for den einskilde, for universitets-miljøet og skuleverket, for kyrkje og kristne organisasjonar og for heile samfunnet. Det kan vel vere det vert argumentert utifrå vitskapleg interesse, men det viser seg at eigentleg strir det mot naturvitskap og realfag.

Dette dokumentet kjem som ei oppfølgjing til:

https://bluehost944.com/2017/04/13/fridom-og-frimod-eller-utspekulert-plan-kva-med-barneoppsedinga/

Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile.

Ved trua på Jesus og hans fullførde frelseverk, får vi komme inn til Guds kvile. Då får vi motstand frå verda og frå dei som ikkje vil tru. Men Jesus gjev meg ånd og liv ifrå himmelen og slik gjev han meg ei vidunderleg kvile som overgår min forstand. Og Det har å gjere med at han gjev meg ei frelst kvinne til kone. Det har eg bedt han om sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Eg dreiv lenge som fiskar, på tråling, men Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, ved trua på Jesus vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik som det var før syndefallet, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd.

Det ser ut til at ”Oase” og ”Hellig Hverdag” er komne inn på sporet til det som eigentleg var mål og hendsikt med den kristne vekkinga, at ved trua på Jesus skulle vi få komme inn til Guds kvile, han er den same no som då han skapte Adam og Eva og vi får atter oppleve at han gjer sitt verk med oss og i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Og han har framleis den hendsika med våre liv, at vi skal dyrke og verne den hagen han plantar.

Jesus sa til meg at eg skulle søke han i løynkammerbøna og kle meg i Guds fulle rustning. Så skulle eg gå ut og viten om han. Ei lita helsing frå han kunne vere nok for han til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det eg sa. For det var ikkje som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det.

https://tsivert.com/2016/08/05/2013-12-08-m-enka-med-oljekoppen/

Og nyleg har Jesus minna meg om at eg ikkje må kaste bort frimodet mitt, for det har stor løn, han vil føre meg ut i dobbelbekken, den Heilage Ande vil leie meg vidare. Han har kalla meg til å gå ut i det frie området. Då har eg tenkt på korelis munkar og nonner vart sitjande i sine kloster, i staden for å gå ut i verda med evangeliet, slik som Jesus sa i misjonsbefalinga.

2017.04.17 Gå ut i det frie området og legg ut på djupt vatn.

Møte i Maranata 2. påskedag.

Tale ved Tore Kristiansen.

1KG 17,1 – 1KG 17,16 {ELIA OG RAMNANE}  Elia frå Tisjbe, ein av innflyttarane i Gilead, sa til Akab: “Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei fyrste åra skal det korkje koma dogg eller regn utan at eg seier det.” [Tisjbe: stad i Gilead, aust for Jordan.] 2   Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: 3 “Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg i Krit-dalen, austanfor Jordan! 4 Der kan du drikka or bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.” 5 Så tok Elia ut og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til Krit-dalen, austanfor Jordan, og der gav han seg til. 6 Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk or bekken.  7 {ELIA OG ENKJA I SAREPTA}  Men då det leid av ei tid, turka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet. 8 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: 9 “Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg.” [Sarepta: by i Fønikia, sør for Sidon.] 10   Så tok Elia ut og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: “Henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!” 11 Då ho gjekk og ville henta vatn, ropa han etter henne: “Ta med deg eit stykke brød til meg òg!” 12 Ho svara: “Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødbit; eg har berre ein neve mjøl i krukka og eit grann olje i krusa. No fer eg her og sankar nokre vedpinnar og vil gå heim og laga mat til meg og son min. Så vil vi eta og leggja oss til å døy.” 13 Elia sa til henne: “Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak fyrst eit lite brød av mjølet, og kom ut til meg med det! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. 14 For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje tryta i krusa til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.” 15 Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket i huset hennar. 16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusa. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

Gilead betyr “Vitnebyrdets røyst”.

Tungetale ved Karl, tyding ved Tore:

Eg, Herren, seier: Gå ut frå ditt tronge rom, gå ut i det frie området. Stol ikkje på dine eigne evner, men stol på at min Ande skal leie deg framover. Og så når min Ande leier deg, så skal du få oppleve at alt kva du gjer, skal du ha lykke til. Du skal få så ved alle vatn og du skal få oppleve at i tida sitt laup, skal du finne det igjen.

Legg båten ut på djupt vatn, lat all fortøying gå. Ikkje sit og tenk på omkostnadane, men kast det på meg, Herren, så skal eg føre deg ut i dobbeltbekken, eg skal føre deg ut i velsigninga, eg skal føre deg ut i denne herlege floda og du skal få kjenne, at livet ditt skal bli som ein blomstrande hage, for vinteren er borte, sommaren er komen og songens tid er inne.

Aktuelle bibelvers.

SLM 18,34   Han gjev meg føter som ei hind  og lèt meg stå på høgdene.

HAB 3,19   Herren Gud er min styrke.  Han gjev meg føter som ei hind  og lèt meg ferdast på høgdene.   Til korleiaren. Med strengespel.

FRK 11,1 – FRK 11,6 {DU VEIT IKKJE KVA SOM VIL LUKKAST}  Kast brødet ditt på vatnet;  for med tida finn du det att. [Kast brødet ditt osb.: oppmoding til å våga noko, endå om ein ikkje kan rekna ut resultatet.] 2   Del det du har med sju eller åtte;  for du veit ikkje kva for ulukker  som kan henda på jorda. 3   Når skyene vert fulle av regn,  auser dei det ut over jorda.  Fell eit tre, mot sør eller nord,  vert det liggjande der det fall. 4   Den som aktar på vinden, får ikkje så,  den som kikkar på skyene, får ikkje hausta. 5   Likså lite som du veit  kva veg vinden blæs,  eller korleis beina vert til  hjå fosteret i mors liv,  likså lite kan du vita  korleis Gud som skaper alt, gjer sitt verk. 6   Så ditt sæde om morgonen,  og lat ikkje handa kvila om kvelden.  Du veit då ikkje kva som vil lukkast,  anten det eine eller det andre,  eller om alt er like godt.

FIL 3,1 – FIL 3,11 {Å VINNA KRISTUS}  Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. [skamskjer seg: Paulus siktar til omskjeringa.] 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve. 4 Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir. 5 Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear, 6 så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova. 7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. 8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.

ESK 47,1 – ESK 47,12 {LIVSENS ELV}  Mannen førte meg attende til tempelinngangen. Og sjå, det rann vatn fram under dørstokken på austsida av huset. For framsida på templet vender mot aust. Vatnet rann ned på sørsida av templet, sør for altaret. 2 Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute fylgde han meg ikring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, der sildra vatnet ned frå sørsida. 3   Mannen gjekk no austover. Han hadde ei mælesnor i handa og mælte tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet, og det nådde meg til okla. 4 Han mælte tusen alner til og lét meg gå gjennom vatnet der; det nådde meg til knea. Endå ein gong mælte han tusen alner og lét meg gå gjennom vatnet att; då nådde det opp til hoftene. 5 Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja. 6   Han sa til meg: “Har du sett det, menneske?” Så førte han meg til elvebredda og lét meg sitja der. 7 Då eg snudde meg, såg eg ei mengd med tre på begge sider av elva. 8 Han sa til meg: “Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordan-dalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt. [sjøen: Daudehavet.] 9 Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut. 10 Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet. [En-Gedi: midt på vest-stranda av Daudehavet.] [En-Eglajim: langt nord på vest-stranda av sjøen.] 11 Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt. 12 På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.”

HSA 4,12   Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,  ein avstengd hage med kjelda forsegla.

HSA 4,15 – HSA 4,16   Du er som kjelda i ein hage,  ei oppkome med sildrande vatn,  som bekker frå Libanon.  16   “Vakna, nordavind!  Kom, sønnavind!  Blås igjennom min hage,  så angen får strøyma fritt.  Gjev min ven ville koma til sin hage  og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]

HSA 5,1   “Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,  og plukkar min myrra og balsam.  Eg et min honning og mi honningkake  og drikk min vin og mi mjølk.”   Ja, et og drikk, mine vener,  og lat kjærleiken riva dykk med!

JES 51,3   Ja, Herren skal trøysta Sion,  trøysta alle hennar aude tufter.  Han gjer hennar øydemark lik Eden,  hennar aude hei lik Herrens hage.  Der skal fryd og glede råda,  der skal takkesong og jubeltonar lyda.

JES 58,11   Herren skal alltid leia deg  og metta deg i det turre land.  Han skal styrkja deg;  du skal verta som ein vassrik hage,  ja, som ei rennande kjelde  der vatnet aldri tryt.

JES 60,21   I ditt folk skal alle vera rettferdige,  dei skal eiga landet til evig tid.  Dei er ei plante i min hage,  eit verk eg har gjort til mi ære.

JER 31,12   Dei kjem med jubelrop til Sion-fjellet,  dei strålar av glede over Herrens gode gåver:  korn og vin og olje,  sauer og geiter og oksar.  Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage  og ikkje lenger lida naud.

HSA 2,8 – HSA 2,14 {SJÅ, HAN KJEM!}  Høyr, det er min ven.  Sjå der, han kjem  springande over heiane,  hoppande over haugane. 9   Min ven er som gasellen,  han liknar den unge hjort.  Sjå, der står han bortmed husveggen;  han glytter inn gjennom gluggen  og ser inn mellom sprinklane.  10   Min ven tek til ords og seier:  Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 11   For sjå, vinteren er til endes,  regnet har kvorve. 12   Blomane sprett på vollane;  songtida er komen,  og turteldua kurrar i landet. 13   Frukta på vintreet raudnar,  og det angar av vintre i blom.   Stå opp, min hugnad!  Kom ut, mi fagre møy! 14   Du mi due på berghylla,  i livd under flogbratte fjell,  lat meg få sjå din skapnad,  lat meg få høyra ditt mæle!  For di røyst er så mjuk  og din skapnad så fager.

Kommentar.

Seglbåten, bustad og studiane.

Det ser ut til at eg skal få sjøsette seglbåten, Kintyre,  igjen i sommar, men eg kjem til å få ein god del å gjere på den sjølv også, for å sette den i stand. Igjen byrja eg å tenke på å segle den til Asker og bruke den til hybel. Men så kjem bror min, Arvid, heim frå Seattle og vert i Noreg frå 22.7 til 20.8, då skal vi dele arven etter mor og så vert det å bruke tid på å feriere på heimlege trakter når han er der.

Dette semesteret byrja ganske bar, men så dabba det av, det vart meir og meir skriving og mindre og mindre studering. Sidan midten  av februar har eg vore på Blindert ein dag i veka, fredag, og ikkje studert stort meir enn den dagen, då har eg vore på trening også, på kvelden. Eg trekte meg frå to av tre fag og skal ta oppatt eksamen i to, eitt av dei er fysikalsk kjemi 2, men det er noko ulikt dei to andre, så no tenker eg på å trekke meg frå det også. Til hausten vil eg ta oppatt informatikkfaget og den informatikken kan eg bruke i fysikalsk kjemi 2. Då kan det passe å jobbe med dei to faga i sommar og så sløyfe seglasen. Etter dette som vart sagt i denne bodskapen, synest det å falle på plass slik. Når eg studerer, skal eg ikkje stole på mine eigne evner, men stole på den Heilage Ande og la den leie meg, så eg ikkje slit i eigne krefter, men let Guds kraft vere verksam i meg.

Han sa eg skulle kaste laust fortøyingane og legge ut på djupt vatn, ja, eg skal nok bokstaveleg tala kaste laust og legg ut på djupt vatn med Kintyre, i sommar. Men eg trur nok helst dette har symbolsk betyding. Det refererer til at Jesus sa disiplane skulle legg ut på djupt vatn og då fekk dei så mykje fisk. Det vert brukt symbolsk om å vere menneskefiskar (Luk.5.1-11). Eg forstår det slik at det har å gjere med å tenke meir generelt og ordlegge seg i meir generelle former, som å vere meir teoretisk.

2017.04.23. Måtte vår kjærleik verte rikare på dømmekraft og skjøn, så vi kan dømme rett i ymse spørsmål og stå reine og lytelause på Kristi dag. 

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon byrja å lese frå Fil.1,8, men eg byrjar med vers 3 for samanhengen skuld og fordi eg lengre nede refererer til ein bodskap som minner oss om vers 6.

FIL 1,3 – FIL 1,11 {TAKK OG BØN FOR KYRKJELYDEN}  Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. 4 Og kvar gong eg bed for dykk alle, gjer eg det med glede. 5 For frå fyrste dagen og til no har de vore med i arbeidet for evangeliet. 6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. 7 Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet. 8 Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. 9   Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn, 10 så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag, 11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.

ÅPE 3,6 – ÅPE 3,8   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!   7 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

Kommentar.

I det siste har eg tenkt meir på at det er eit verk Gud gjer i mitt hjerte ved sitt Ord og sin Ande, slik som det vart sagt i bodskapane 19.3.2017:

På din lange ferd, så har du vorte trøytt. Men du gav ikkje opp, men du fann vissa for din fot, for eg har gått føre deg. Bakkar skal eg jamne og kvar ein port skal eg sprenge. Og eg har gått føre deg, for eg har bana veg for deg like inn i heilagdomen, der du kan få nåde og hjelp til rette tid. Eg har sett din motgang og den prøvinga du har gått gjennom. Men den prøvde tru er kostelegare enn …… gull. Og når du er skrøpeleg, då skal du vite at du er sterk. Og når du ingen krefter har, då skal eg gje deg stor styrke. For eg som har byrja den gode gjerning i deg, eg vil fullføra den inntil Jesu Kristi dag. Eg slepp deg ikkje og eg forlet deg ikkje. Og før beina dine vart danna i mors liv, så såg eg dine dagar, før dei vart talde. Og eg har lovnad om at du skal gå på mitt Ord og eg skal bere deg på mine armar. Og eg vil aldri sleppe deg. Så kast alt på meg, som er tungt å bere, så skal eg gje deg kvile. For eg har omsorg for deg.

Eg er Herren din lækjar, eg er Herren din styrke, eg er Herren di kraft, eg er Herren som har lova å vere med deg. Og eg har tala inni ditt hjerte her i kveld, at du skal ta imot mitt Ord i eit vakkert og godt hjerte og det vil skape det det nemner. For mitt Ord, det vender ikkje tomt tilbake, men det skal ha framgang til det eg sender det til. Derfor skal du opne din munn vidt opp og eg vil fylle den.

Ja, det som ikkje oppkom i menneskehjerte, det har eg førebua for den som trur. For eg har gitt deg mitt Ord, for at det skal vere ei lykte for din fot og eit lys på din sti. Og du skal få oppleve at ingen av dei våpen som vart smidde mot deg, skal ha framgang. Det er den retten som mine tenarar har fått. Derfor skal du gå fram med alt det frimodet som eg har gitt deg.  Frimodet må du ikkje kaste bort, for det har stor lønn. Og du skal få kjenne at eg skal vere med deg og styre dine steg og gjere dine trinn faste. Og når du kastar alt på meg, som er tungt å bere og set din veg i mi hand, så skal eg gjere det.

9.4.2017:

Ikkje rekn med deg sjølv. All din styrke kjem til kort i kampen mot vondskapens velde. Men rekn med meg, sett din lit til meg, av heile ditt hjerte. I kampen mot det vonde, så sjå opp til meg. Eg er sterk, eg har vunne, sigeren er fullkomen. Den sigeren eg vann, den er din, seier Herren. Skjul deg i mine skader (vunder) og sår. Gøym deg i mitt blod. Og du skal få oppleve at når stormen kjem, så skal inkje vondt nå deg. Men du skal verte bevara gjennom det heile. For eg, eg vil bevare den som tek si tilflukt til meg.

Stormen, den kjem, er allereie i gang over denne klode. Angsten tek folk, og fortvilinga. Du ser det med dine auge. Men klyng deg inn til meg og vert buande i min lovnads ord. Så skal du midt i all denne strid og denne larm og virvar, få kjenne du vert bevara rein og sunn i trua på mitt herlege namn. Og når alt det som eg har sagt skal komme, kjem, då skal du få oppleve at den lovnaden eg gav, eg kjem att for at du skal sjå min herlegdom, det skal du få oppleve. Men bli hos meg, uansett, og du skal få kjenne, du skal bevarast.

Jesus seier han er Herren min lækjar, han talar sitt ord inn i mitt hjerte og eg skal bevare det i eit vakkert og godt hjerte. Då tenkte eg på mitt forhold til henne Virtuella, for eg trur at no har Jesus frelst henne og gjort meg til ein kanal for si velsigning til henne og det er eit verk han har gjort i mitt hjerte ved sitt Ord og sin Ande og det skal eg bevare i mitt hjerte, som den fagre skatten som er meg overgjeven ved den Heilage Ande og som den lovsongen Gud la ned i meg, slik som eg har skrive om tidlegare. For Guds Ord vender ikkje tomt tilbake, men utretter det som Gud sender det til. Det som ikkje kom opp i noko menneskehjerte, det har han gjort ferdig for den som trur (Bodskapen 19.3.2017).

Eg skal klynge meg til han og verte buande i hans lovnads ord, så får eg kjenne at eg vert bevara rein og sunn i trua på hans herlege namn. Då tenkte eg igjen på mitt forhold til henne Virtuella, eg får kjenne gleda i mitt hjerte over at Gud han frelst henne og født henne på nytt, ja, det var då Gud som la lovsongen ned i meg ved sin Ande og fødde henne på nytt ved sin Ande, så ho vart ein slik lovsong som han la ned i meg. Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born, dette er sant og rett og der er ingen god nok grunn til at eg skal gå tilbake på det.

Stormen kjem, den er allereie i gang og når det brakar skikkeleg laust skal eg få oppleve at lovnaden vert oppfylla, at han kjem att for at eg skal få sjå hans herlegdom. Då tenkte eg på korleis eg fekk oppleve ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne Miss Oslo 1990. Eg trur Gud skapte  kjærleiksforholdet mellom Kristus og henne, som hans brud og både eg og ho opplevde det herleg.

Der er eit kjærleiksforhold mellom Kristus og hans brud, det er født av Gud og skapt av han og det er det sentrale poenget med Jesu kyrkje. Dette kjærleiksforholdet vart født inni meg ved den Heilage Ande når eg var ung, så for meg gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinna. Så eg har bedt han om å gje meg ei frelst kvinne til kone, det har han lova meg i samsvar med sitt Ord, så då er det berre for meg å klynge meg til han og til hans lovnads ord.

Når eg merka at eg byrja å verte glad i ei ung kvinne, fekk eg oppleve at Guds jorde sitt verk i mitt hjerte ved sitt Ord og sin Ande, Gud elska oss i Kristus Jesus, Jesus elska oss med Guds kjærleik og han elska henne gjennom meg, som si brud. Det opplevde eg både med henne Virtuella og henne Miss Oslo 1990 og eg håper framleis dei vil svare på hans kjærleik med kjærleik, som hans brud.

Eg forstår det slik at der er verdslege maktinteresser som vil ha makt over kvinna og som derfor kjem i motsetnad til mine interesser når eg vil ha meg ei kone og som også kjem i motsetnad til Kristus, ved at dei vil ha makta over kyrkja i staden for han. Det vert sett voldeleg, militær og politisk makt bak det og det må nedkjempast med politisk og militær makt, derfor kjem ”stormen”. Men så kjem Jesus og oppfyller lovnaden om at eg skal få sjå hans herlegdom. Det minna meg som sagt først og fremst om dette herlege kjærleiksforholdet mellom henne Miss Oslo 1990 og Kristus, men det er  meir omfattande og generelt, det møtet mellom Kristus og hans brud.

Men kva med mi bønn om ei kone, skal eg ikkje få meg ei kone før det? Ho Virtuella har då vore gift i mange år og eg må berre rekne med at det har ho Miss Oslo 1990 også vore. Eg har berre med å gå ut i kvardagen med frimod og møte nye menneske og vitne for kven som helst, gå ut på Guds Ord og få sjå at Jesus er med meg. Gud har gjort sitt verk i meg ved sitt Ord og sin Ande og han skal fullføra det.

Heilag kvardag.

Sasmtale om ”Hellig Hverdag” og Hans Nilsen Hauge.

Eg fekk litt ventetid i Volda kvelden før, eg skulle Oslo med nattbussen, så eg gjekk inn på ein kafe og der møtte eg Gunnar Andås, han er ein av leiarane for Betel (den Frie

Evangeliske Forsamling) og jobbar med å selje og montere video-kommunikasjonsutstyr. Eg fortalde eg dreiv å studerte enno, men eg syntest det var litt betenkeleg å bruke opp pengane sine slik. Eg sa eg kunne ha tenkte meg å vere på ”Hellig Hverdag” på Gardermoen om to veker, det er eit arrangement som tek sikte på å få folk til å engasjere seg etter Hans Nilsen Hauges førebilete. Då fortalde han meg at for omlag 5 år sidan fekk NHO nokon til å skrive bok om Hans Nilsen Hauge. For han har hatt så stor betyding både for den økonomiske utviklinga av landet og for vår nasjonale frigjering. Han var berre ein bondegut når han vart kalla til å forkynne. Han skreiv bøker og det tente han godt med pengar på. Han vart gründer både ved å investere sjølv og foreslå for andre låne dei pengar til å starte opp. Når han fekk igjen pengane, lånte han dei ut att, for å få i gang nye prosjekt.

Samanlikning med Elia og H. N. Hauge?

Elia kom til ei gammal enke og son hennar og dei fekk oppleve at Gud gjorde under og forsørgde dei. Eg kunne tenke meg at eg til samanlikning kom til ei kvinne, som vart kjærasten min og kona mi, så eg fekk prate med henne om dette skriveriet mitt og ho vart til hjelp for meg, så kunne det verte bøker ut av det, sjølvsagt for å bringe ut den gode bodskapen, men så hadde vi også tent pengar på det.

Men her må eg altså la den Heilage Ande leie meg, slik som det vart sagt i bodskapen. Med dette skriveriet mitt har eg vorte nokså passivisert heime med meg sjølv, vore på Blindern berre på fredagen og ikkje lese stort meir enn den dagen i fleire veker. Men Jesus kallar meg ut i det frie området.

No har eg meldt meg på ”Hellig Hverdag” og det ser eg fram til.

Forstanden, frimodet og tilfeldigheita.

Igjen vart vi minna om frimodet og tilfeldigheita, det vert svært godt forklart i For.11,1-6. Tilfeldigheitene betyr at vi kan ikkje føresjå nøyaktig kva som kjem til å skje, vi forstår det ikkje og kan ikkje styre det, i fylgje kvatefysikken er det ein meir fundamental eigenskap ved naturen enn kva vi tidlegare visste. Men Gud har kontrollen likevel og kan styre det slik han vil. Vi skal berre la tilfeldigheitene få utspele seg, same enten det bles, regnar eller er finever, så skal vi så kornet uansett. Vi skal forkynne Guds Ord for alle og ein kvar, kven som helst, same enten vi synest det er godt eller dårleg ver til å gjere det. Kast brødet ditt på vatnet og du skal finna det igjen. Det betyr visst å ta sjansar. Når vi tek sjansar, skal vi få oppleve at Gud gjer sitt verk, vi skal få oppleve at den Heilage Ande leier oss.

Meir samanlikning med Elia. Klosterkultur og Descarts rasjonalisme. 

Elia talte mot kongen fordi han hadde vendt seg bort frå Gud og dyrka avgudane. Derfor tok han også røminga og søkte tilflukt ut i øydemarka, men Gud var med han og forsørgde han.

Jfr bodskapen 26.3.2017:

Mitt Ord, det er levande. Og mitt Ord, det er virkekraftig. Og mitt Ord, det skaper det som ikkje er til, som om det var til. Og mitt levande Ord, det er din mat. Ta til deg av maten, så du har brød å ete. Ja, du skal ha brød i løyndom, som dei andre ikkje veit noko om. Og når det er tørt og hungersnaud rundt omkring deg, så har eg, Herren, openberra meg for deg, i løyndom. Og medan det omkring deg er ufruktbart, så kjenner du i ditt hjerte, du har glede, du har fred, du har frimod. Alt dette vil eg gi til den som tek til seg av mitt levande Ord.
Det var Gud som leia han dit ramnane gav han mat og sidan til denne enka. Sidan leia Gud han til å stå fram på Karmel, der Gud gjorde eit mektig under som viste at han var Gud. Likevel måtte han flykte for Jesabel og vart igjen åleine ut i ei fjellhole. Der møtte Gud han og sa at der framleis 10000 som ikkje hadde bøygt kne for Ba’al-gudane. Dette minna Herren meg om og sa at i denne tida er det mange fleire som ærar hans namn.

Bodskapen 11.6.2011.

Misjonsbefalinga.

Jesus lærde disiplane sine å søke Gud i einsemda, i løynkammerbøna, sjølv gjekk han opp i fjellet for å be til Gud i einsemda, så steig han fram og talte til folket. Når Jesus hadde stått oppatt frå dei døde, gav han dei misjonsbefalinga:

MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET}  Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

Siste setninga er både ein lovnad og eit påbod, det er gjerne slik med lovnadar at der er ei føresetjing og påbod, for å  få lovnaden oppfylla, slik også her, men ein del av føresetnaden og oppfyllinga er to sider av same sak, vi skal få sjå at han er med oss, men då må vi også sjå etter han. Vi må ha den innstillinga at vi vender oss til han, søker han og ser etter han. Fyrst skulle dei halde seg i ro og vente på det som han ville gi dei frå himmelen. Så dei stengde seg inne i fellesskap og når den Heilage Ande kom over dei, gjekk dei ut og vitna for kven som helst.

Klosterkulturen, ikkje drikke av denne verda sine sprekte brønnar, men av den levande brønnen.

Paulus sa at dei levde i ei vond tid, derfor frårådde han folk å gifte seg. Det vart nok sidan eit godt argument for klostertilvære, men å gå ut å vitne for kven som helst, vart det heller lite av. Og det kjenner vi igjen i vår tid. Kva er eigentleg grunnen til at vi ikkje skal gå ut, er det fordi verda er vond, tida er vond, nei, det viser i så fall at verda treng den glade bodskapen vi har å bringe, så det er tvert om eit argument for at vi skal gå ut. Eg har så mykje teoretisk arbeid å gjere, ja vel, men pedagogisk sett er det ein fordel for meg å gå ut og vere i lag med dei andre studentane.

Ikkje drikke av denne verda sine sprekte  brønnar, men drikke av  det levande vatnet.

Ja vel, og så skal eg vitne om at eg har bedt Gud gje meg ei frelst kvinne til kone og tydeleg gje uttrykk for at eg ventar at han vil gje meg ei ung, vakker kvinne til kone. Men vil ho oppleve det som gledeleg å få ein ektemann som er på alder med bestefar hennar? Tanke på det gjorde meg tungsindig og endå meir tung i sessen enn eg er, så det kjendest tungt å gå ut. Men eg følte Faderen minna meg om den heimeverande sonen, han gjekk ut og ville ikkje delta i festen som Faderen stelte i stand for den bortkomne sonen. Men Faderen gjekk ut og sa til han at alt mitt er ditt. Då innsåg han vel at han hadde noko å glede seg over likevel. Til samanlikning må eg med trua og med hjertets opplatne auge innsjå at eg har noko å glede meg over, når eg skal gå ut og forkynne den glade bodskapen for andre menneske.

Jfr. bodskapen 22.1.2017:

Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv. 

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.

Descarts rasjonalisme.

Dette får meg igjen til å tenke på Descarts rasjonalisme. Der er kanskje dei som kallar det forstandstru, som om det er å tru å eigen forstand, tru på eigne evne, men eg kallar det ei feilformulering, for som eg har forklart tidlegare er aksioma i matematikken utganspunkt som vi tenker utifrå, då er det om å gjere å bruke forstanden og forstå. Slik kjem vi fram til læresetningar som vi tenker vidare utifrå, slik reknar vi og kjem fram til svar. Det går vel an å rekne feil og ikkje alle er like flinke til å rekne. Når vi sansar noko, brukar vi også forstanden og hukommelsen til å prøve å oppfatte kva det er vi sansar. Og vi kan ta feil. Descart argumenterte for at det han forstod var det sikre, det han sansa var meir usikkert, men så var han også eit matematisk geni. Går det an å seie at slik er det meir generelt? Det vesentlege poenget blir då å samanlikne trua på det fullkomne med matematikken.

Slik samanliknar eg Guds Ord med matematikken, trua på Gud og hans Ord er utgangspunktet eg har å tenke og leve utifrå, Jesus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd, han gjev meg ånd og liv ifrå himmelen og det er fullkome. For meg svarar det til det fullkomne som Descart talte om. Det er frå himmelen og er dermed suverent over den sanselege fysiske naturen og suverent over mine fysiske sansar. Det er likevel ikkje berre teori, men ein åndeleg røyndom som eg erfarar i mitt indre menneske, med mi sjel, som om eg har ein sjuande sans. For eg fekk den Heilage Ande av berre nåde og den openberrar Ordet for meg. Eg er rettferdig ved trua på Jesus, av berre nåde, eg fekk Anden ved tru av berre nåde, den rettferdige, ved tru skal han leve, så då lever eg ved å ete Guds ord, ved at eg vedvarande tek imot den Anden og det livet som Jesus gjev meg frå himmelen (Joh.6).

FIL 3,12 – FIL 3,21 {FRAM MOT MÅLET}  Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet! 17   Ha meg til førebilete, brør, og sjå på dei som ferdast på same måten som vi. 18 Eg har sagt dykk det ofte, og no seier eg det med tårer at mange lever som fiendar av Kristi kross. 19 Dei endar i fortaping, dei har magen til gud, dei set si ære i si skam, og dei er berre opptekne av jordiske ting. 20 Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. 21 Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.

Det er to fysiske sansar som likevel er viktig for oss i vårt forhold til Gud, det er hørsla, så vi kan høyre forkynninga av Guds ord og det er synet, så vi kan lese det. Likevel er der også ei åndeleg side av saka, å ha hjertets opplatne auge og å ha øyre for kva Anden talar til oss.

EFE 1,15 – EFE 1,23 {TAKK OG BØN}  Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

HEB 12,18 – HEB 12,29 {SINAI OG SION}  De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: “Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.” 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: “Eg er så redd at eg skjelv.” 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, [Sion-fjellet: tempelhøgda i Jerusalem. Sjå 2 Sam 5, 6 ff; Sal 48.] 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. 25   Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: “Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.” 27 Her står det: “endå ein gong”. Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

ÅPE 2,7   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

Eg brukar forstanden til å prøve å oppfatte rett det eg sansar, til å forstå realfag, til å forstå Guds ord, profetisk tale er fyrst og fremst ei åndeleg nådegåve, men den som talar profetisk brukar vit og forstand. Sjølv om eg ikkje heilt kan stole på mine eigne evne, heller ikkje på forstanden, så er tross alt eigne evne gode å ha og dei er til for å brukast, mitt eige vit og forstand er tross alt noko av det mest verdifulle eg har, eg kan ta feil, men då er det berre å tenke om att og eg kan tenke om att mange gongar, for å forsikre meg om at eg tek tenker rett. Sjølv om eg på sett og vis tenker rett, så kan det hende eg på sett og vis likevel må tenke nytt, på grunn av motstand frå verda. Men så stoler eg ikkje på eigne evne, men eg stolar på Gud, på hans Ord og hans Ande, Gud fornyar meg ved sitt Ord og sin Ande.

RMR 12,1 – RMR 12,5 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.

Kvifor skulle kvinna bruke slør i kyrkjelyden?

Hausten 1976 møtte eg igjen henne Virtuella på Studentsenteret i Bergen. Ho fekk vite at eg var forelska i henne og hadde bedt Jesus om å få møte henne igjen og tok dette som eit bønnesvar. Då var dette sjølvsagt noko som eg ville snakke meir med henne om, men sidan fekk eg ikkje møte henne igjen og snakke med henne eller ha noko meir med henne å gjere. Men eg gjekk i den Frie Evangeliske Forsamling og pinsekyrkjer og der fekk eg oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale og eg forstod at det gjaldt mitt forhold til henne. Han hadde kalla henne, men ho vende seg bort frå han og fall ifrå. Og det har vist seg no siste åra, at han framleis kallar på henne.

På slutten av 1970-talet protesterte kvinnerørsla og dei venstreradikale mot Paulus sine ord om at kvinna skulle bruke slør og teie i kyrkjelyden og slik gjekk dei til åtak mot kristne organisasjonar som rekna seg for å vere Bibel-trugne, som Ungdom i Oppdrag og det kristne skulelaget. Eg går ut ifrå at folk kjenner til Paulus sine forklaringar, korleis han argumenterte for det.  For det første skapte Gud kvinna av mannens sidebein, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Slik skulle ho underordne seg mannen sin og det skulle sløret hennar symbolisere. Det var kvinna som let seg lokke og forføre ved syndefallet, så det vart nok eit argument. Ho skulle teie i forsamlinga og ta imot lærdom og dersom ho hadde noko å spørje om, skulle ho spørje mannen sin heime med seg. For Gud er ordens Gud.

Poenget er at vi skal lese Guds Ord og lytte til det, til det brukar vi augene og øyrene og let den Heilage Ande openberre Ordet for oss og minne oss om det, vi skal lytte til han som talar til oss frå himmelen og det er med den Anden han har gjeve oss, det er med den åndelege og forstandige innsikta Gud gjev oss med sitt Ord og sin Ande. Vi skal rette hugen og blikket topp til Jesus og ta imot den Anden og det livet som han gjev oss frå himmelen. Då er det klart at dette kjem i tillegg til det vi kan sanse med dei fysiske sansane.

Ei kvinne kan fort verte eit blikkfang for ein mann, spesielt om det er ei ung, vakker kvinne, spesielt om ho sit og pratar, slik at det verkar til å få hans merksemd bort frå Guds Ord, bort frå Herren, så det kjem i motsetnad til heilaggjeringa, for den går ut på at vi skal vende blikket på Jesus og helge han som Herre i vårt hjerte. Om kvinna opplever at ho soleis vert blikkfang, kan ho vel kjenne seg brydd og det verkar til at hennar merksemd også vert trekt bort frå Herren. Då er det ein fordel både for henne og for mannen at ho ber slør. Dette kan synest merkeleg i ein verdsleg samanheng, men då vil eg minne om at Gud er kjærleik, Jesu kyrkje er Jesu brud og det er Guds verk, når vi tek imot Jesus i tru, blir kjærleiks-forholdet mellom Kristus og hans brud integrert i oss, slik at det for oss gjeld kjærleiks-forholdet mellom mann og kvinne. For å forstå dette og bevare det, begripe det og gripe det (Fil.3,12), må vi vere klar over at denne åndelege innsikta og rasjonaliteten kjem i tillegg til det som vi fysisk kan sanse.

Det vart ikkje noko påbod om at kvinna skulle bruke slør i kyrkjelydane og det var det vel ingen som venta seg heller, vi lever i eit fritt land og kvinne vel sjølve om dei vil ha noko på hovudet både i og utanfor kyrkjelyden. I dei frie kyrkjelydane er det mange som deltek på ulik vis, ja, som ulike lemer på lekamen, slik som Paulus sa. Det hender også at der er kvinner som held tale, der er kvinnelege pastorar og i  kyrkja er der kvinnelege prestar. Ærleg tala er dette ikkje strengt teke etter Paulus sine ord. I vår tid diskuterer dei om kvinna skal bruke burka eller hijab, endåtil i det sekulære samfunnet og så kritiserer dei Listhaug for at ho ber korset som smykke. Men  kva var symbolverdien, kva var det sentrale og verdifulle poenget? Det var at vi skulle lytte til Guds Ord, høyre på han som talar til oss frå himmelen, den som har øyre han høyre kva Anden talar til kyrkjelydane.

Men det vart tvert om protestert mot at kvinna skulle høyre etter, dei kalla det frigjering, men i praksis verkar det som forbod mot at mannen skulle få tale, altså forbod mot det som var det sentrale og verdifulle poenget. Så det kan samanliknast med prestane som ville forby Hans Nilsen Hauge å forkynne Guds Ord, så dei endåtil fekk han fengsla for det. Stikk i strid med Guds Ord betyr det forbod mot å bruke språksansen, med synet og hørsla, til kommunikasjon mellom mann og kvinne. For kyrkja og mange kristne organisasjonar kjem dette endåtil i tilelegg til at vi ikkje skulle få bruke dei andre sansane, for kvinna skulle vere tildekt og skjult. Slik er altså mørkmannskulturen, det er mørkets rike, som den rake motsetnaden til lysets rike.

Då kan vi samanlikne kvinna med krokodilla, den har ikkje språksans, slik som menneska, den er ikkje eit pattedyr og har ikkje så mykje omsorg for avkommet sitt som pattedyra. Den har ikkje ei tynn og følsam hud, men ei tjukk, sterk og ufølsam hud som er som eit panser, så den trivast godt i vatnet og i gjørma, der stein og røter skraper mot skinnet, det tåler det godt, ingen smerter med det. I Bibelen vert slike krypdyr brukt som symbol for usivilserte menneske som lever langt borte frå det siviliserte samfunnet, bysamfunnet, men som også kan opponere mot det ”opplyste”, siviliserte mennesket/ samfunnet (jfr. syndefallet).

Dei venstreradikale ville bryte ned det beståande, kapitalistiske samfunnet, for å omforme det, gjere revolusjon, så dei kjempa mot kapitalinteressene og leitte etter argument for det og metodar til det. Slik argumenterte venstreradikale kvinner mot mannen, dei såg på han som kapitalist, med kapitalistiske interesser, derfor skulle dei frigjere seg frå han og kjempe mot han. Men det var den einskilde, vanlege mannen, men nokså vanlege ressursar å rutte med, det gjekk ut over. I staden for å vere ei hjelp for han, som kona hans, med å bygge opp hus og heim, med familieliv, deira felles økonomi, så vart ho ein fiende for han, som kjempa imot han for å prøve å rive ned det han prøvde å bygge opp. Som om ho var av ein annan art, ormeætta som kjempa mot kvinna si ætt.

I vår tid viser det seg så at dei same venstre-radikale menneska er svært så ”gode busser” med diverse storkapitalistiske interesser. Så konklusjonen er, at ved å fornekte Kristus som vår frelsar og Herre, vart menneska endå meir hjelpelause overfor dei storkapitalistiske interessene.

https://bluehost944.com/2017/02/08/kjonnsroller-er-naturleg-men-kva-betydning-har-det-at-vi-trur-pa-gud-og-hans-ord/

Kvinneforsking?

Når ein ung mann som trur på Jesus, vil ha seg ein kjæraste og ei kone, så vert det viktig for han å komme i kontakt med mange unge kvinner og prate med dei. Han gjer heilt rett i gjere det i samsvar med misjonsbefalinga, slik at han får sjå at Jesus er med han i det også. Samtidig som han ser dei og sansar dei, ser han på Jesus, slik har han den åndelege innsikta og rasjonaliteten, samtidig som han brukar dei fysiske sansane til å kommunisere med andre menneske, også med kvinner, også med tanke på å få seg ei kone. Samtidig som han har den åndelege innsikta og rasjonaliteten, lærer han noko nytt ved å bruke sansane, så han lærer gjennom erfaring. Slik kan han vel oppfatte seg sjølv som forskar, men må passe på å halde seg til den rasjonaliteten og åndelege innsikta han har fått. Når han vil ha seg ein kjæraste og ei kone, så må han opptre som gentelmann og friar overfor henne og etter kvart som seier ja til hans frieri og hans tilnærmingar, får han erfare meir av henne. Seier ho ja til hans frieri og verte kona hans, betyr det at han med sin kjærleik til henne, på sett og vis, får makt over kroppen hennar, men det må skje i helging, slik at Gud ved sitt Ord og sin Ande råder i kroppane deira, slik vert dei ein kropp, eitt tempel for den Heilage Ande.  Då er det rett, fordi Gud har skapt oss slik. Jesus er den døra han går inn gjennom, for å møte Jesus i løynkammeret og i kyrkjelyden, for å søke samfunn med Gud. Og Jesus er den døra han går ut gjennom, ut i verda for å få oppleve at Jesus leier oss som sauer til grøne enger og til vatn der vi finn kvile.

Men det som er så merkeleg i denne tida, det er at prestar og politikarar, lærarar og filosofar opptrer som konkurrentar til den unge mannen, så dei prøver å få makt over kvinna i staden for mannen og slik prøver dei å få makt over kyrkja i staden for Kristus. Så kallar dei det kvinneforsking og legg vekt på den empiriske erfaringa som motsetnad til den åndelege og rasjonalistiske innsikta. Slik prøver dei tydelegvis å bruke ”erfarings-vitskapen” som motsetnad til den åndelege og rasjonalistiske innsikta, skapingssoga i 1.Mos.2, kreasjonismen.

Dersom ein naturvitar forskar på ein flokk antiloper, så er det antilopene som skaper og gjev han dei empiriske erfaringane som han registrerer som data. Presenterer han det som nyhende i dokumentarfilm og magasin, massemedia, så er det antilopene som skaper nyhende. Forskar dei på menneske, så er det menneske som skaper nyhende. Eg reknar med at samfunnsvitskaplege forskarar og journalistar er klar over at dei påverkar dei menneska og det samfunnet dei forskar på, så dei er med på å skape nyhende. Men når forskingsresultat vert presentert, vert ikkje dette alltid forklart for dei som det vert presentert for. Det vert tvert om brukt bevisst, men skjult, for å oppnå bestemte mål og derfor forteia for det publikum det vert presentert for. Forskinga og resultata kjem til erstatning for menneskets ytringsfridom og så vert det brukt til å ta avgjerder over hovudet på oss, med konsekvensar for vore liv. Det blir då så tydeleg når dei fortenger den unge mannen for å drive ”kvinneforsking”, for å få makt over kvinna i staden for at han skulle få henne til kone.

Konferansen ”Hellig Hverdag”

I sitt foredrag på ”Hellig Hverdag” sa Frank Årebråt at før reformasjonen føregjekk høgmessa på latin, dei uforståelege orda presten sa ved nattverden, vart til ”hokus pokus”, for folk flest var dette uforståeleg, det vart som magi til samanlikning med heidenske religionar i Afrika.

Så munkane og nonnene vart sitjande i sine kloster, i staden for å gå ut til folket med evangeliet, slik som Jesus hadde sagt i misjonsbefalinga. Men Luther meite at det skulle forkynnast på folkets morsmål, så dei forstod det og han forkynte rettferd ved tru. Då fekk han motstand, dei ville setje han i fengsel og hendrette han. Det tyder på at klostera allereie var som fengsel for fangar.

Den same motsetnaden finn vi framleis, eg har fått oppleve det ved at eg har vorte utstøytt i einsemda, sidan eg vedkjende mi tru på Jesus.

Kommentarar på facebook om ”Hellig Hverdag”.

https://www.facebook.com/pg/hellighverdag/photos/?tab=album&album_id=1282622688503724

Torbjørn Sivertstøl http://www.hellighverdag.no

Torbjørn Sivertstøl Frank Årebråt fortalde om reformasjonen. For Henrik den 8. var det viktig å få skilje seg og gifte seg oppatt, derfor støtta han reformasjonen, men elles heldt han fram som katolikk. https://no.wikipedia.org/wiki/Henrik_VIII_av_England Det var også eit krav frå ein av dei tyske fyrstane, for at dei skulle støtte Luther. Sidan patriarkane hadde fleire koner let han fyrsten også få det og det gjorde sitt til at katolikkane fekk meir vind i segla. http://www.robin.no/~arildjo1/luther/Full6.htm#6.2 Luther arbeidde eigentleg for å reformere den katolske kyrkja, men det vart ei protestantisk kyrkje og reformasjonen i den katolske kyrkja kom også. Dei tyske småfyrstane la vekt på arbeid og nøysemd (jfr. calvinismen), som motsetnad til å sitje og drikke på vertshuset og det har sidan prega pietismen og dermed haugianarane og dei fekk betyding for vår nasjonale frigjering, men dei høge herrane på Eidsvoll var nok meir prega av liberale filosofar som Voltair.

Henrik VIII av England – Wikipedia

Henrik VIII av England (engelsk Henry VIII) (født 28. juni 1491, død 28. januar 1547) var konge av England og Lord…

NO.WIKIPEDIA.ORG

Torbjørn Sivertstøl Dette var svært interessant for meg, men det var framleis berre som innleiing til det han eigentleg skulle snakke om: “Kristne samfunnsbyggarar frå Hauge til i dag”, men no var han allereie på overtid og måtte til å runde av og då tala han om at no hadde vi fått kvinnelege prestar og no ville dei ha homofile ekteskap i kyrkja. Ja, det er vel nok eit døme på at dei som har politisk makt har heilt andre interesser enn dei som forkynte og som forkynner den kristne trua. Det som er det sentrale poenget i den kristne trua hoppar dei over og ignorerer, ja, teier det i hel.

Torbjørn Sivertstøl Men eg har framleis håp om at det skal vere hovudpoenget for Oase og “Hellig Hverdag”, at på evangeliets grunnvoll er vi forsona med Gud, så vårt forhold til han er gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Vi kjem inn i samfunn med Gud og får oppleve at hans gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han er den same no og gjer framleis sitt verk i samsvar med 1.Mos.2 og vårt oppdrag er framleis å dyrke og verne Guds hage. så hovudsaka for oss er å vere Guds medarbeidarar, fyrst og fremst ved at vi let han gjere sitt verk med oss.

Torbjørn Sivertstøl Jeff Van Duser talte om at Guds opphavlege meining med menneska var at dei skulle dyrke og verne Guds hage. slik har han framleis mål og meining med vårt arbeid og vår næringsverksemd. Det er vanleg å rekne økonomisk resultat som hendsikta, men med vår tru på Gud får vi eit anna perspektiv på det, som om det er sjølve arbeidet og næringsverksemda som er hendsikta. Så viste han døme på at ein kan komme i dilemma, når ein skal prøve å gjere “det rette val”.

Torbjørn Sivertstøl Alf Inge Wang er Norges einaste professor i spelteknologi, han har vore med på å utvikle “Kahoot”, som vert brukt i quiz.

Torbjørn Sivertstøl Werner O Filtvedt har doktorgrad i fysikk og er forskingssjef ved Dynatek. Dei er i ferd med å utvikle eit solcellepanel som vert mykje billigare. Han viste eit kart over Sahara, om ein forholdsvis liten firkant var dekt av solecellepanel, ville det vere nok til å forsyne heile verda med energi. Og eg som såg for meg at det kunne brukast til skugg for sola, så ikkje plantane sveid av og tørka ut. Men her er no bruk for mykje meir kraft til å pumpe opp grunnvatn eller lage ferskvatn ved avsalting.

Torbjørn SivertstølCato Lyngøy var i ein god jobb, men hadde fått ein ide om å skapte noko nytt, det var eit originalt påfunn og det ville vere risikabelt å sate på det, men han bad lenge til Gud om råd, for å forvisse seg og vart meir og meir overtyda, inntil han satsa på det. http://www.bt.no/btmagasinet/Og-Gud-skapte-egget-281b.html

Og Gud skapte egget

Vårherre gav han ideen. Oppfinnar Cato Lyngøy er sikker på at eit gigantegg kan revolusjonera norsk oppdrett.

Grillselskap laurdags kvelden, etter “Hellig Hverdag”, kommentarar på facebook.

Karine Grønli Kvalvaag Kan dere vekke mannen min før dere går?

Torbjørn Sivertstøl Grilla elgkjøt, øl og wiskey på toppen av myke god mat tidlegare i helga, sidan eg kom rett frå konferansen “Hellig Hverdag” på Gardermoen og fortalde litt om foredraget til professor Frank Årebråt. Her var no heilt sikkert folk med historisk interesse. Så set verten på musikk av gruppa “Satan”, så eg misstenker det var ein demonstrasjon av at eg ikkje var velkommen likevel, ein mørkemannskultur som ikkje tek imot lyset. Men eg lurer no på kven i helvete som er mannen din? Same kven han er, så treng de nok å verte oppvekte av Sanningens Ande de også.

Karine Grønli Kvalvaag Han gledens herre, nr 2 fra venstre!

Torbjørn Sivertstøl Johannes Openberring.12,7Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

Torbjørn Sivertstøl Siterer frå Paulus brev til Kolossarane kap.2: 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Kai Runar Wang Kol 4 5-6 er nok mer relevant akkurat nå:

5 Gå fram med visdom blant dem som står utenfor, og bruk den dyrebare tiden godt.

Torbjørn Sivertstøl For Paulus var det verset eg siterte sjølve visdomen. Eg hadde referert til Årebråts tale om reformasjone og bemerka kor stor betydning militær makt hadde i det politiske spelet. Midt opp i dette stod dei som vitan om si tru på Jesus og forkynte rettferd ved tru. Så sitatet er sentralt i den samanheng også.

Petter Ludvik Berger APO PANTOS KAIKODAMONOS!!

Håvard Skaadel = “Away, every evil daimon!”

Fra nettet: «This is often said to be derived from the Greek Orthodox liturgy.» Nærmere bestemt etter den hl. Basilios

Håvard Skaadel Alle kristne er vel enige om at Skaperen elsker verden, og Forløseren har forløst den – så alt vennskapelig samvær er godt og velsignet. Utover det må bemerkes at sanne Lutheranere også bør spille lutt

Håvard Skaadel «Alt er rent for den rene,» Titus 1,15. Så i slikt et trivelig vennelag kan man slappe av og vite at man er velkommen akkurat slik man er

Når satan først er kastet ned fra jorda, er det forresten betryggende at han ikke driver med verre ting enn å romstere rundt i engelskspråklige gutteband og spille dårlig rock.

Torbjørn Sivertstøl I tidlegare tider trudde menneska at Djevelen var gud, men Jesus sigra over han og dei som risikerte livet på å vitne om det fekk hjelp frå Guds englar, så Djevelen vart kasta ned frå himmelen, eg reknar med at slik mista han sitt gude-status. Likevel er det framleis mange andre plassar på jorda som må lide smerteleg for si tru på han og mange som lid martyrdøden, men dei også skal få hjelp frå Guds englar. Vi som tolker Bibelen utifrå Bibelen får forståelse for at Djevelen ikkje er ein gud, men eit lavtståande dyr og eg påstår at metodane hans er ein primitiv, dyrisk trong til sjølvhevding.

Torbjørn Sivertstøl Verten, ståande til venstre og han som sit på mi høgre side har hovudfag i astronomi og underviser i fysikk. Eg filma dei når dei sat i klosterruinane i gamlebyen og spelte middelaldermusikk. Men av all mogleg moderne musikk valde dei i denne samanheng dette. Då var bibelsitatet frå Johannes Openberring12 treffande, for det fortel kva som har skjett i mellomtida, nokre vitna om si tru på Jesus, draken vart styrta, det vart glede i himmelen, men arme jord og hav …..

Torbjørn Sivertstøl Desse to kammeratane er venstremenn også. Det var eg også når eg var ung. Då var partiet oppteke av å verne små og mellomstore bedrifter og definerte seg langt på veg som populistisk, særleg Unge Venstre, for dei la vekt på lokaldmokrati og desentralisering. Dei la altså opp til å støtte privat initiativ, spesielt i distrikta, for å få til næringutvikling. Slike røyster og tonar har stilna vekk i Venstre. Det heng nok saman med at einsrettinga i massemedia er så massiv. Men Hans Nilsen Hauge var både forkynnar og dreiv grunderverksemd også og det fekk store konsekvensar både politisk, for nasjonal frigjering og for den økonomiske utviklinga av landet og “Hellig Hverdag” oppmuntrer folk til følge opp. Og eg ventar meg av venstremenn at dei skal vere i stand til å sjå det verdifullet i det.

Are Vidar Boye Hansen Venstres gründerpolitikk fra side 67, for de som måtte være interessert: https://www.venstre.no/…/Venstres-stortingsvalgprogram…

 2017.04.30. Heilag kvardag. Herren er oss nær og vi kan stole på han.

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon talte over Luk.14,8-11, eg tek med litt meir:

LUK 14,7 – LUK 14,14 {SANN AUDMYKT OG GJESTFRIDOM}  Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, fortalde han dei ei likning: 8   Når du vert beden i gjestebod, så set deg ikkje øvst ved bordet. For det kunne henda at ein som er gjævare enn du, var beden, 9 og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: “Gjev rom for denne gjesten!” Då må du setja deg nedst og skjemmast. 10 Nei, når du er beden ein stad, så gå og set deg nedst ved bordet. Så kan verten koma og seia til deg: “Flytt deg høgare opp, venen min.” Då får du ære medan alle gjestene ser på. 11 For den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt. 12   Han sa òg eit ord til den som hadde bede han: “Når du vil halda eit middags- eller kveldslag, så bed ikkje vener og brør og skyldfolk og rike grannar. For dei kjem til å be deg att, så du får vederlag. 13 Nei, når du vil halda gjestebod, så bed fattige, vanføre, lame og blinde. 14 Då vert du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje att. Men du skal få vederlag når dei rettferdige står opp.”

SLM 118,1 – SLM 118,4 {DETTE ER DAGEN SOM HERREN HAR GJORT}  Pris Herren, for han er god,  evig varer hans miskunn. 2   Så skal Israel seia:  Evig varer hans miskunn. 3   Arons ætt skal seia:  Evig varer hans miskunn. 4   Dei som ottast Herren, skal seia:  Evig varer hans miskunn.

Så tok han med eit vers ifrå Salme 18 om at Gud gav David siger over sine fiendar, det var kanskje vers 39:

SLM 18,37 – SLM 18,39   Du jamnar veg for mine steg,  og mine okle er støe. 38   Eg jagar mine fiendar og tek dei att;  eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei. 39   Eg knuser dei, så dei ikkje kan reisa seg,  men ligg under føtene mine.

SLM 18,37 – SLM 18,39   Du jamnar veg for mine steg,  og mine okle er støe. 38   Eg jagar mine fiendar og tek dei att;  eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei. 39   Eg knuser dei, så dei ikkje kan reisa seg,  men ligg under føtene mine.

Så refererte han til Paulus’ ord om at skuldbrevet mot oss vart nagla til korset:

KOL 2,14 – KOL 2,15 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

For eg er ikkje langt borte ifrå nokon av dykk, eg er komen nær. For eg er den som bryr meg også i dag. Eg vil ikkje etterlate dykk farlause og åleine i denne verda. Men eg har lova å vere med dykk alle dagar, til den dagen eg hentar dykk heim, til dei bustadar eg no førebur for deg. Men eg ynskjer å seie til deg i kveld, mitt kjære barn, eg er med deg, du treng ikkje frykte, for eg, Herren, er den som vann ein evig og fullkomen siger, då eg ropte for deg, på Golgata kors: Det er fullført. Det gjorde eg for deg, der tok eg all di synd, all di skuld og straff, den tok eg på meg, for at du skulle gå fri og få fred med himmelens Fader, han som har skapt alle ting. Derfor, fryd deg og gled deg mitt barn, for eg har frelst deg og eg er din Gud og din frelsar.

For eg ser dine dagar då du er einsam. Menneske har gått ein annan veg, menneske som du fleire gongar har satt din lit til. Men menneske, dei er ikkje til å stole på. Men du kan stole på meg, for eg, Herren, eg er klippen, den evige. Og det er på meg du er satt. Derfor treng du ikkje fly, hit eller dit. Men sett di lit til meg, for eg, Herren, eg er klippen, eg er det levande vatn. Eg er den som gjev deg alt kva du treng til. Derfor kom du til meg. Flyg ikkje til menneske, men kom til meg, du som strevar og eg, Herren, eg vil gje deg kvile. Eg ser dine dagar, eg veit om dine netter, men du er for mine auge. Amen.

Aktuelle bibelvers.

SLM 118,5 – SLM 118,29   I trengsla ropa eg til Herren,  han svara og førte meg ut i ope lende. 6   Når Herren er med, reddast eg ikkje.  Kva kan vel menneske gjera meg? 7   Når Herren er min hjelpar,  kan eg sjå på mine fiendar utan otte.  8   Det er betre å fly til Herren  enn å setja si lit til menneske. 9   Det er betre å fly til Herren  enn å setja si lit til stormenn.  10   Alle folkeslag kringsette meg;  eg heldt dei frå livet i Herrens namn. 11   Dei var ikring meg på alle kantar;  eg heldt dei frå livet i Herrens namn. 12   Dei var ikring meg som bier.  Dei slokna som eld i klunger;  eg heldt dei frå livet i Herrens namn.  13   Dei støytte meg hardt, eg heldt på å falla,  men Herren kom meg til hjelp. 14   Herren er mi kraft og min styrke,  og han har vorte mi berging.  15   Høyr, jubel og sigersrop lyder  i telta åt dei rettferdige!  Herrens høgre hand gjer storverk, 16   Herrens hand reiser opp.  Herrens høgre hand gjer storverk.  17   Eg skal ikkje døy, men leva  og fortelja om Herrens gjerningar. 18   Hardt har Herren tukta meg,  men han lét meg ikkje døy.  19   Lat rettferdsporten opp for meg,  eg vil gå inn og prisa Herren! [rettferdsporten: Tempelporten fører inn i heilagdomen, der Guds rettferd vert openberra.] 20   Her er Herrens port,  gjennom den går dei rettferdige inn.  21   Eg takkar deg fordi du svara meg,  fordi du vart mi berging. 22   Den steinen bygningsmennene vraka,  har vorte hjørnestein.  23   Det er Herrens eige verk,  underfullt er det i våre augo. 24   Dette er dagen som Herren har gjort;  lat oss jubla og gleda oss no!  25   Å, Herre, gjev frelse,  å, Herre, lat det lukkast! 26   Velsigna vere den  som kjem i Herrens namn!  Vi velsignar dykk frå Herrens hus. 27   Herren er Gud, han gav oss ljos.  Knyt festtoget saman med greiner  heilt opp til altarhorna! [festtoget: truleg pilegrimar som gjekk i prosesjon til templet med grøne greiner i hendene.] [altarhorna: Sjå 2 Mos 27, 1-2.]  28   Du er min Gud, eg takkar deg;  min Gud, eg lovsyng deg. 29   Pris Herren, for han er god,  evig varer hans miskunn.

SLM 18,1 – SLM 18,7 {KONGEN TAKKAR OG LOVSYNG}  Til korleiaren. Av David, Herrens tenar, som kvad denne songen for Herren då han hadde fria han frå alle fiendane hans og frå Saul. 2 Han sa:   Herre, min styrke, deg har eg kjær. 3   Herren er mitt berg og mi borg, min utfriar,  min Gud, mitt fjell, som eg flyr til,  mitt skjold, mitt frelsehorn og mitt vern. [mitt frelsehorn: mitt sterke vern.] 4   Eg kallar på Herren, han som får lovsong,  og eg vert frelst frå mine fiendar.  5   Dødens lekkjer snørte seg om meg,  undergangsstraumane skræmde meg. 6   Helheims reip vart spente om meg,  dødens snarer låg i min veg.  7   Då kalla eg på Herren i mi naud  og ropa til min Gud.  Han høyrde mi røyst frå sitt tempel,  til hans øyra nådde mitt rop.

SLM 18,17 – SLM 18,20   Han rette ut si hand frå det høge og greip meg,  drog meg opp or det djupe vatnet. 18   Han berga meg frå min mektige fiende,  frå motstandarar som var meg for sterke. 19   Dei gjekk imot meg på ulukkedagen,  men Herren var ei støtte for meg. 20   Han førte meg ut i ope lende  og fria meg ut, for han har meg kjær.

SLM 22,2   Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?  Kvifor er du så langt borte frå meg?  Kvifor hjelper du ikkje når eg klagar mi naud?

SLM 35,22   Du har sett det, Herre. Tei ikkje!  Ver ikkje langt borte frå meg, Herre!

SLM 38,22   Forlat meg ikkje, Herre!  Min Gud, ver ikkje langt borte frå meg!

SLM 71,12   Gud, ver ikkje langt borte frå meg!  Skund deg og hjelp meg, min Gud!

OSP 15,29   Herren er langt borte frå dei vonde,  men han høyrer bøna åt dei rettferdige.

JES 29,13 {MENNESKEBOD OG HERRENS VISDOM}  Herren sa: Fordi dette folket  held seg nær til meg med munnen  og ærar meg med lippene,  medan hjarta er langt borte frå meg,  og fordi deira age for meg  er menneskebod som dei har lært seg,

JER 12,2   Du plantar dei, og dei røter seg;  dei veks og ber frukt.  Nær er du i deira munn,  men langt borte frå deira hjarta.

JOH 14,16 – JOH 14,18 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  [talsmann: Det greske ordet kan òg tyda: hjelpar, trøystar, advokat.] 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk.

JOH 14,1 – JOH 14,7 {VEGEN, SANNINGA OG LIVET}  Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.” 5   Tomas seier til han: “Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?” 6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.”

JOH 1,29   Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: “Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!

JOH 1,36 Då såg han Jesus koma gåande og sa: “Sjå, der er Guds lam!”

HEB 9,24 – HEB 9,28 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneske må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET}  Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

SLM 33,4   For Herrens ord er sanning,  alt han gjer, kan ein lita på.

JES 2,22   Hald opp med å lita på menneske  som berre har ein pust i nasen!  Kva er dei å rekna for?

JES 50,10   Dei av dykk som har age for Herren,  skal høyra på hans tenar.  Den som ferdast i mørker  og ikkje ser det minste ljos,  han kan lita på Herrens namn  og stø seg til sin Gud.

JER 12,6   Brørne dine og farsætta di,  jamvel dei er trulause mot deg;  dei ropar etter deg av full hals.  Du må ikkje eingong lita på dei  når dei talar venleg til deg.

SLM 1,1 – SLM 1,6 {DEI TO VEGANE}  Sæl er den som ikkje fylgjer  råd frå gudlause menneske  og ikkje slår inn på syndarveg  eller sit i lag med spottarar, 2   men har si glede i Herrens lov  og grundar på hans lov dag og natt.  3   Han er lik eit tre,  planta ved rennande bekker:  Det gjev si frukt i rette tid,  og lauvet visnar ikkje på det.  Alt det han gjer, skal lukkast.  4   Så er det ikkje med dei gudlause.  Dei er lik agner som spreiest for vinden. 5   Difor skal ingen gudlaus  stå seg når domen fell,  og ingen syndar vera med  der dei rettferdige samlast. 6   For Herren kjenner vegen åt dei rettferdige,  men vegen åt dei gudlause  fører til undergang.

5MO 31,30 {MOSES BER FRAM SITT AVSKILSKVAD}  Så bar Moses fram heile dette kvadet for Israels-lyden:

5MO 32,1 – 5MO 32,4   Lyd etter, himmel, eg vil tala,  høyr orda frå min munn, du jord! 2   Lat læra mi risla som regn,  talen min drypa som dogg,  som regnskurer på grøne graset,  som regndropar over det som gror. 3   Herrens namn vil eg forkynna,  og de skal gje vår Gud ære.  4   Han er Berget,  fullkome er hans verk,  rettferdige er alle hans vegar.  Ein trufast Gud, utan svik,  rettferdig og rettvis er han. [Berget: Gud. Sml. v. 18 og 30.]

SLM 40,1 – SLM 40,4 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.

SLM 23,1 – SLM 23,6 Ein Davids-salme Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3 og gjev meg ny kraft. Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. 4 Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. 5 Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. 6 Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.

MTT 11,25 – MTT 11,30 På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

JER 2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort: Dei har gått bort frå meg, kjelda med levande vatn, og hogge seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.

JER 17,13 Herre, du Israels von, alle som går bort frå deg, skal verta til skammar; dei som vik frå deg i landet, skal skrivast opp. For dei har gått bort frå Herren, kjelda med levande vatn.

ÅPE 11,4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda.

SKR 4,14 Då sa han: “Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.”

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

1PE 3,12 For Herrens augo fylgjer dei rettferdige, og han vender øyra til deira bøn. Men Herren vender seg mot dei som gjer vondt.

1PE 2,1 – 1PE 2,10 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta: Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein, som er utvald og dyrverdig; den som trur på han, skal ikkje verta til skammar. 7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

ÅPE 4,8 – ÅPE 4,11 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den Allmektige, han som var og som er og som kjem. 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: 11 Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få all pris og ære og makt. For du har skapt alle ting; du ville det, og dei vart til, skapte av deg.

ÅPE 5,7 – ÅPE 5,14 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song: Verdig er du til å ta imot boka og bryta segla på henne. For du vart slakta og har med ditt blod frikjøpt for Gud menneske av alle ætter og tungemål, av alle folk og folkeslag. 10 Du har gjort dei til eit kongerike, til prestar for vår Gud, og dei skal råda på jorda. 11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst: Verdig er Lammet som vart slakta, verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk. 13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia: Han som sit på kongsstolen, han og Lammet skal ha all takk og ære, pris og makt i all æve. 14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Kommentar.

Gå ut i det frie området.

Jesus har nyleg sagt eg skal gå ut ifrå det tronge romet mitt og ut i det frie området (bodskapen 2. påskedag) og det minner om Salme.118,5 og Salme.18,20. Eg skal ikkje stole på mine evne men stole på at hans Ande skal leie meg, så skal eg ha lukke med det eg tek meg iføre. Eg skal vitne om han med frimod, så ved alle vatn, så kal eg finne det att. Eg skreiv ein god del om det i kommentaren og eg byrja å lure på om eg skulle stoppe dette skriveriet mitt og satse på å snakke med andre og nye menneske i staden. Satse på at Guds Ande vil leie meg i kvardagen også med tanke på å finne meg ei kone. Men det er ikkje eit enten eller, for Jesus er døra inn til sauene og eg skal både gå inn og eg skal gå ut og han er den gode hyrdingen som vil leie oss til dei grøne engene og til vatn der vi finn kvile. Skriveriet mitt skal eg nok fortsette med og det har å gjere med å gå inn gjennom døra til sauene og få oppleve at den Hyrdingen steller vel med oss der, så det er ein balansegang, ei veksling, mellom det og å gå ut og finne beite.

Ikkje flyge hit og dit.

Eg har bedt han om å gje meg ei kone og han har sagt eg skal komme til han med den saka og slik svarar han meg no igjen, han er ikkje langt borte frå oss, så vi treng ikkje leite etter han andre plassar i staden, for han er her hos oss, han let oss ikkje vere att som farlause born åleine i denne verda.  Eg treng ikkje frykte, for han vann ein evig og fullkomen siger, då han ropte ut på korset: ”Det er fullført”. Eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på han, han er klippen og han har sett meg på den. Derfor treng eg ikkje fly hit eller dit. Han er klippen og han er det levande vatnet og han vil gje meg alt kva eg treng. Derfor kan eg komme til han med denne saka, eg skal ikkje flyge til menneske. Det vart eit strev, men skal komme til han med det og han vil gje meg kvile.

Ja slik talte han til meg når eg studerte i Oslo på slutten av 1980-talet også. Eg hadde bedt han om ei kone og den saka kunne eg trygt overlate til han, eg kunne trygt stole på han, frelseverket var fullført og fullkome, ei kone var inkludert. Så eg kunne berre ta det med ro og konsentrere meg om studiane. Han gav meg kvile, fred og ro i mitt sinn og min tanke og det var viktig for meg når eg studerte. Det var viktig for meg når eg var i praktisk arbeid også, på fiske, midt i ein stressande arbeidssituasjon var det viktig for meg å behalde roen i mitt hjerte, mitt sinn og min tanke.

Ulven spreier sauene.

Det er så tydeleg at her er stikk motsette og motstridande lærer, interesser og leiarskap i kyrkja, kristne organisasjonar og mellom dei kristne. Det er slik som dei motstridande interessene mellom David og Saul, Saul hadde fornekta Guds ord, likevel heldt han fram som konge og leiar over Guds folk og forfølgde David. Til samanlikning har dei kristne i Noreg hovudsakleg eit leiarskap som har fornekta Guds Ord, både skapinga (1.Mos.2) og forsoninga, evangeliet om at vårt forhold til han vert gjenoppretta i Kristus. Derfor står dei meg og mi sak imot. Men Jesus kallar meg ut i ope rom og det viser til Salme.18 der David takkar Gud for at han hadde gitt han siger over sine fiendar, for Saul var fallen. Så David takka Gud for at han leia han ut i open lende.

Dei motstridande interessene viser seg også ved at ulven spreier sauene, men Kristus er den gode hyrdingen og han samlar dei.

Jesu brud.

I Høgsongen les vi om at bruda leitte etter sin brudgom.

HSA 5,6 – HSA 5,8   Så opna eg døra for min ven,  men min ven hadde fare sin veg.  Eg vart reint ifrå meg fordi han var borte.  Eg leita etter han, men fann han ikkje;  eg ropa på han, men han gav ikkje svar.  7   Då møtte eg vaktmennene  som sveiv ikring i byen.  Dei slo meg så eg fekk sår.  Dei reiv sjalet av meg,  vaktmennene på murane.  8   “Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer!  Om de finn min ven,  kva skal de då seia han?  At eg er sjuk av kjærleik.”

Kjærleiksforholdet mellom bruda og brudgommen i Høgsongen er førebilete på kjærleiken mellom Kristus og hans brud (hans kyrkje), så dette talar profetisk om at Kristus vart hendretta. Hyrdingen vart slått ihel og sauene spreidde, men han stod opp att og samla dei hos seg. Han samlar oss som si kyrkje og den er hans brud. Det sentrale poenget med Jesu kyrkje er kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, vert dette kjærleiksforholdet integrert i oss, slik at det  for oss gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Då er det nettopp dette som er det sentrale og viktige poenget med Jesu kyrkje. Jesus er sanninga som set oss fri. Gud skaper oss i Kristus Jesus, han er den same no som då han skapte og han gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2.

Hellig Hverdag.

Eg var på konferansen ”Hellig Hverdag” på Gardermoen frå fredag ettermiddag til laurdag ettermiddag og eg fekk helse på mange nye menneske og prate med dei, også nokre av foredragshaldarane. Særleg ved middagen ut på kvelden. Og her tek eg med noko av det eg sjølv sa og noko som elles har relevans til den bodskapen som kom på søndag.

Vårt forhold til Gud er gjenoppretta ved trua på Jesus.

Eg er realist som trur på Jesus og prøver å sjå korleis skapingssoga og naturvitskapen kan sameinast. Prestane tolkar Bibelen utifrå det historiskfilosofisk perskeptivet dei har ifrå gresk filosofi, men det blir feil, derfor forstår dei ikkje skapingssoga. Men eg let Bibelen tolke seg sjølv og då kjem eg til at den er meir naturvitskapleg enn kva prestane har forstått. Sjølv om Gud fullførde sitt verk då han skapte, var det hans mål og hendsikt at menneska framleis skulle leve i samfunn med han og få oppleve at han gjorde sitt verk i deira liv. Dette forholdet til han vert gjenoppretta ved vår tru på Jesus, så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande.

Og i denne bodskapen sa Jesus til meg at han døde i staden for meg, for at eg skulle gå fri og få fred med himmelens Fader, han som har skapt alle ting.

Eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på Jesus.

Eg fortalde om at eg hadde vore fiskar og då var det viktig for meg å vere ein god kollega, samarbeidspartnar og kamerat, det var viktig for meg å gjere ein god jobb og det var krevande. Det var ein konkurranse, ei ”kniving” og eg måtte bite frå meg, men eg måtte lære meg å gjere det også på ein skikkeleg måte. Når så høvet baud seg, kunne det passa å fortelje dei at eg trudde no på dette eg.

Eg må nok innrømme at det stilna vekk, sjølv om eg hadde trua i hjertet og vende meg til Jesus i mi løynkammerbønn. Jesus hadde sagt til meg at han ville gjere meg til eit vitne om seg på arbeidsplassen og eg forstod at det var ved å gje meg ei kone. Men det vart det ikkje noko av. Derfor stilna det vekk, men eg visste og forstod at det var først og fremst fordi teologar og kristne leiarar ikkje ville vite av vedkjenninga mi, men vart mine fiendar som stod meg imot og det gjorde dei politikk ut av. Sidan har andre politiske interesser teke over og gått vidare med det på sin måte.

Eg er realist som trur på Jesus, om andre ikkje trur fordi er realistar og naturvitarar, så venta eg meg at dei i det minste at dei kan snakke med meg på ein vitug og forstandig måte om den saka som realistar og naturvitarar, kollega og medstudentar. Men så viser det seg at det heller ikkje går. Så då påstår eg at det er fordi dei har erstatta trua på den sanne Gud med avgudar. Dei argumenterer gjerne mot trua på Faderen og Sonen, utifrå naturvitskapen, men då kjem dei ut med religiøs overtru som erstatning for trua på den sanne Gud. Dette har eg nyst skrive om og eg trur Jesus svarar meg på det slik:

”For eg ser dine dagar då du er einsam. Menneske har gått ein annan veg, menneske som du fleire gongar har satt din lit til. Men menneske, dei er ikkje til å stole på.”

Når eg kom tilbake til Oslo laurdags kvelden, var eg på eit grill-selskap med lærde menneske. Eg var frimodig nok til å fortelje dei litt ifrå konferansen ”Hellig Hverdag”, men der var ikkje særleg stor interesse av å ta opp tråden og prate vidare om noko av dette (dette skriv eg meir om lengre nede). Nei, det har seg nok slik at menneska gjekk ein annan veg, derfor vart eg einsam. Jesus seier at menneske har gått ein annan veg, menneske som eg fleire gongar har sett min lit til, men dei er ikkje til å stole på. Korleis har eg fleire gongar sett mi lit til dei? Det må då vere som venner. Men dei er ikkje til å stole på.

Men det er no litt rart også, for Jesus har nyleg sagt at eg skal vere frimodig, eg skal så ved alle vatn, så eg skal vere frimodig og vitne for kven som helst og det er nettopp det eg har gjort. Vi skal vere lys og salt i verda og saltet må trenge inn i eit kjøtstykke for å konservere det. Kva er vel då meir verdifullt enn at vi er gode kollegaer, medarbeidarar og medstudentar, kameratar og slektningar, samtidig som vi lever med Jesus og får oppleve at han er med oss i kvardagen?

Men generelt sett skal vi ikkje stole på menneske, men vi skal stole på Gud. Jesus har nyleg sagt til meg at eg skal ikkje stole på mine eigne evner, men eg skal stole på at den Heilage Ande vil føre meg vidare. Han har tidlegare sagt til meg at eg kan ikkje stole på, eller rekne med menneske, men eg kan rekne med hans kraft. Eg skal heilhjarta halde meg til han, så vil han komme meg til hjelp med si kraft. Og eg ventar meg at slik vil han gje meg hjelp i form av ei kone.

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

Jesus ser mine dagar og veit om mine netter, men eg er for hans auge.

Det vart mykje kaffidrikking og når eg la meg vart eg liggande vaken utan å få sove. I det siste hadde eg fått ein god del tankar og idear som eg kunne tenke meg å skrive, så eg stod opp att og skreiv ned stikkord som skulle minne meg om det. Så når Jesus sa han visste om mine netter, minna det meg om nettopp dette, som om han visste om det eg skreiv ned. Eg skreiv noko om at menneske kan med si fysiske makt stride mot forstanden. Og eg reknar med at slik strir mørket mot lyset. Og Gud kalla mørket natt og lyset kalla han dag. Så det kan hende  det var sikta til dette også.

1MO 1,1 – 1MO 1,5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

Satan prøver å hindre meg i å overgi meg heilt til Jesus:

https://tsivert.com/2016/08/25/1990-12-09-m40-gud-har-kalla-meg-til-a-tene-han-og-eg-skal-innvie-meg-til-det-og-han-vil-utruste-meg-til-det/

I denne tida har Satan fere ned på jorda i stor vreide, for å plage Jesu kyrkjelyd:

https://tsivert.com/2016/08/25/1991-01-13-m40-likninga-om-brurmoyane-ha-olje-pa-lampar-og-kanner/

Pietistisk arbeidsmoral og pedagogikk, ”bryte ned barnets vilje”? Nei, den som talar profetisk, talar til oppbygging.

Fanesaka for reformasjonen var rettferd ved tru, utan gjerningar og så at høgmessa og forkynninga skulle skje på morsmålet. I Tyskland bar det likevel preg av pietisme med sin strenge arbeidsmoral. Men sidan trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord og vi vert rettferdige ved tru, så var det viktig for folk å lære å lese og skrive, dermed vart pietistane pionerar med å få i stand allmenn skulegang og den bar preg av pietistisk arbeids-disiplin.

Sitat fra ”SKOLEN I HISTORISK PERSPEKTIV” av Tove Baune s 24-25:

”Først med pietismen ble det fart i arbeidet med å bygge skoler. Pietismen var en religiøs vekkelse som oppstod i Tyskland omkring år 1700. Bevegelsen brøt frem som en reaksjon mot ortodoksien eller rettroenheten, som på den tida preget den lutherske kirken. Mot den intellektuelt  pregede kristendomsforståelsen ble den religiøse opplevelse, erfaring og fromhet framhevet. I den pietistiske kristendomsforståelsen var oppmerksomheten konsentrert om det rette liv i stedet for mot den rette lære. Fromhet, gudsfrykt, lydighet og flid var sentrale verdier i pietismen.

Pietistenes oppdragelsesmål var å skape trossterke, levende kristne. All kunnskap skulle underordnes den sanne gudsfrykt, og barnets ”naturlige egenvilje” måtte brytes ned og underordnes Guds vilje:

Mest om å gjøre er det vel at den naturlige egenvilje blir brutt. Derfor skal man særlig sikte mot dette. Den som bare underviser ungdommen for å gjøre den mer lærd, ser …. På forstandens pleie, hvilket er godt, men ikke godt nok. For han glemmer det beste, nemlig å bringe viljen under lygidheten, og vil derfor til siste finne at han arbeidet uten virkelig frukt.

Den pietistiske pedagogikken var motsetningsfylt. På den ene siden var den preget av ekte omsorg for mennesket og dets kår, både i denne verden og den kommende. På den andre siden var kravene til lydighet og askese strenge. I Franckes skoler var religionen det sentrale, og alt elevene foretok seg, ble ledsaget av andaktsøvelser og strenge disiplinære tiltak. Barnets medfødte og ”onde” natur måtte tuktes.

Dette betyr imidlertid ikke at Franckes skoler var rene oppdragelsesanstalter i kristelig forstand. Fattigskolene i Halle, som snart ble kalt ”tyske borgerskoler”, ga også barna undervisning i morsmål, regning, naturkunnskap og historie, og Franckes latinskoler var mer moderne enn latinskoler flest på den tida. I tillegg til klassisk dannelse la Francke vekt på realdannelse, slik at fagkretsen inkluderte fag som matematikk, fysikk og botanikk.”

Det er uhyggeleg nifst å sjå slike sitat som at ”barnas naturlege eigenvilje måtte brytast ned” og ”barnas medfødde vonde natur måtte tuktast”, men det skriv seg frå arvesyndslæra og barnedåpen og ei fundamental missforståing av Paulus sin bodskap. Mykje av fromheta var menneskebod og irrelevant både for det åndelege livet med Gud og i det praktiske liv, det verka som ein påtrykt kunstig gudlegdom. Lydighet og flid høyrest bra ut, det kan vere til gagn for både seg sjølv og andre. Men det mest verdifulle ved pietismen er at den legg vekt på den religiøse opplevinga og erfaringa. Eg forstår det slik at dette er å oppleve samfunnet med Gud i bøn. Er lydnaden å tru på den levande Guds Son og kjennast ved han, er den lydnad mot evangeliet, er opplevinga å oppleve samfunnet med han, då har vi den verdifulle kjerna i evangelisk kristendom, då er det berre å konsentrere seg om dette og legg igjen det andre. Det er nok mykje levande kristenliv, både individuelt og i kyrkjelydar, som på denne måten har sitt utspring i pietismen. Pietismen var eit viktig steg i rett retning, men den intellektuelle og åndelege utviklinga måtte gå vidare, det var heilt naturleg, då er det også naturleg at vi innser kva som har vore og kva som er ei god utvikling. Vi bygger på grunnvollen med tre, høy strå og dyre steinar, men elden skal prøve byggverket. Berre det som ikkje vert oppbrent vert ståande.

No må vi hugse på at folk levde under andre kår då, vanlege folk var fattige, det var om å gjere at borna lærde seg tidleg å hjelpe til med praktisk arbeid, slik at dei vart verdifull arbeidskraft. At dei skulle gå på skule i staden, vart i fyrst omgang rekna som ei ekstra byrde og mange av borna opplevde det slik også. Men folk hadde nok fått forståing for at der var noko verdifullt i det, for trua kom av forkynninga og vi vert rettferdige for Gud ved trua, der er lovnad om frelse og evig liv. Den strenge pietistisk oppsedinga hang nok saman med vanleg, tradisjonell barneoppseding på den tida og politikken til dei tyske småfyrstane, dei ville heller at menneske skulle arbeide og gjere nytte for seg enn at menneska skulle sitje på kneipa og drikke alkohol, så å vere avholdande, var menneskebod som i pietismen vart likestilt med Guds bod og vart til lovgjerning som motsetning til å forkynne rettferd ved tru.

Men fanesaka ”barnas naturlege eigenvilje måtte brytast ned” og ”barnas medfødde vonde natur måtte tuktast”, barnets ”naturlege eigenvilje” måtte brytast ned og underordnes Guds vilje, det skurrar fælt i mine øyre. Eg hevdar det kjem tvert om som prestane sin motsetnad til Jesus som velsigna småborna og sa av vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til, vi skulle vende om og verte som born, vi skulle ta imot Guds rike som små born, vert fødde på nytt av vatn og Ande, Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande, han verkar i oss både det å ville og det å virke, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Så det gjev framleis uttrykk for prestane si maktinteresse som motsetnad til dei som forkynte rettferd ved tru og til lekmannspredikantar som Hans Nilsen Hauge. Så for meg høyrest det ut til å bryte med den gode og kjærlege oppsedinga og omsorga som Faderen og Sonen har gjeve meg frå eg var ein liten gutunge, både i heimen, kyrkja, bedehus, kristne organisasjonar, den Frie Forsamling, pinsekyrkjer og Maranata.

Det er tvert om den vonde som prøver å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med. Slik prøver han å lokke menneska til synd og så brukar han det til argument for å straffe dei, slik prøver han å bryte ned deira eigenvilje, for å få makt over dei, for å få sin vilje og sin plan med dei. Slik strir han mot sjela, han er sjelefienden som vil drepe den.

1PE 2,11 – 1PE 2,25 {DET KRISTNE LIVET I SAMFUNNET}  Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela. 12 Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem. 13   For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste, 14 eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt. 15 For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og målbinda uforstandige menneske som ikkje veit kva dei talar om. 16 De er frie; bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera det som vondt er; men bruk han som Guds tenarar! 17 De skal ha vørdnad for alle, elska brorskapen, ottast Gud og æra keisaren. 18   De tenestfolk skal underordna dykk herrane dykkar og ha age for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg. 19 Om nokon finn seg i ufortent liding fordi han kjenner seg bunden til Gud i samvitet, så har Gud hugnad i det. 20 For kva er det å rosa seg av om de toler straff når de har gjort noko gale? Men om de tek det med tol når de gjer godt og endå må lida, då er det til hugnad for Gud. 21 Det var dette de vart kalla til. For Kristus leid for dykk og gav dykk eit føredøme, så de skulle fylgja i hans fotefar. 22 Han gjorde ikkje synd, og det fanst ikkje svik i hans munn. 23 Han skjelte ikkje att når han vart utskjelt, han truga ikkje når han leid, men overlét si sak til han som dømer rettferdig. 24 Han bar syndene våre på lekamen sin opp på krosstreet, så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda, og ved hans sår har de fått lækjedom. 25 De var som bortkomne sauer, men no har de vendt om til han som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.

2PE 2,15 – 2PE 2,22 For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett. 16 Men han vart tala til rettes for si misgjerning; eit umælande esel tala med mannemål og stogga profeten i hans vitlause framferd. 17   Slike menneske er som brunnar utan vatn, skodde som driv med vinden. Det svartaste mørker har dei i vente. 18 For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt. 19 Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av det moralske forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av. 20   For når nokon har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus og har kome fri frå det ureine i verda, og dei så atter lèt seg fanga av dette og ligg under for det, då er dei verre farne enn før. 21 Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært rettferds veg å kjenna, enn at dei fyrst kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate. 22 Då har det gått med dei som det så råkande heiter i ordtaket: Hunden snur seg til sitt eige spy, og: Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla.

JUD 1,17 – JUD 1,23 {VER VAKNE OG SAMHUGA!}  Men de, mine kjære, kom i hug dei ord som vår Herre Jesu Kristi apostlar føreåt har tala. 18 Dei sa til dykk: “I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.” 19 Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei. 20   Men de, mine kjære, oppbygg dykk på dykkar høgheilage tru og bed alltid i Den Heilage Ande. 21 Hald dykk i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, som gjev dykk evig liv. 22 Dei som tvilar, skal de ha medkjensle med, 23 andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame så de jamvel skyr kappa som dei har flekka til i si sanselege lyst.

Dersom vi skal få dette til å fungere, så må vi fyrst og fremst tru at Gud vekte Jesus opp frå dei døde og med det viste at han av herlegdoms Ande er Guds veldige Son, så vi vert rettferdige for Gud ved tru. Så må vi kjennast ved han som vår frelsar og Herre (Rom.10). Vi må vende hugen og blikket opp til han i tru på at han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd og ta imot den Anden og det livet som han gjev oss frå det høge, han kom for å gje oss ånd og liv og liv i overflod, av berre nåde og det er berre om å gjere for oss å ta imot i tru, og verte fylt av den Heilage Ande, av hans kraft og hans salving. Verte utrusta, kle oss i Guds full rustning og gjere bruk av det i kvardagen. Gud er god, han elskar oss og har omsorg for oss som sine born, han er den same no som då han skapte og han gjer framleis sitt verk slik som i 1.Mos.2.

Den som talar profetisk, talar til oppbygging, både for einskildmenneske og for kyrkjelyden. Jesus vart broten for mi skuld, han tok straffa på seg og døde i staden for meg, så eg skulle gå fri, han kjøpte meg fri med sitt eige dyre blod, så eg skal tilhøyre han og leve for han. Så skal ikkje lenger dei nedbrytande kreftene ha makt over livet mitt.

Så er det ikkje lenger døden og dei nedbrytande kreftene som har makt over livet mitt:

https://tsivert.com/2016/08/23/1995-07-05-m40-jesus-bringer-liv-og-uforgjengelegdom-fram-i-lyset-det-evige-livet-vert-ikkje-papverka-av-nedbrytande-krefter/

Ha Jesu kyrkjelyd som kraftsenter, ei motkraft mot dei nedbrytande kreftene som eg vert bombardert med:

https://tsivert.com/2016/08/17/2001-12-02-m40-jesus-er-med-oss-og-der-vi-moter-andre-menneske-er-kontaktpunktet-mellom-han-og-dei/

Og eg har fått oppleve at det har vorte talt til oppbygging i den Frie Evangeliske Forsamling, i pinsekyrkjer og i Maranata. Gud gjer sitt verk i meg, ved sitt Ord og sin Ande, og bygg meg opp i mitt indre menneske. Han er den same no og gjer sitt verk i samsvar med 1.Mos.2, slik gjev han meg hjelp i form av ei kone. Eg forklarar det med ei ”dobbel” tolking av 1.Mos.2, det handlar både om hjertets jord og den fysiske jorda, men det verket Gud gjer i vårt indre menneske må ha første prioritet, Gud er ånd og Gud er god og det verket han gjer i vårt indre menneske er godt og det er om å gjere at det får konsekvensar for den fysiske jorda. Guds Ord er såkornet som vert sått i vårt hjertes jord. Når det ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, blir vi som såkron som vert sått i den fysiske jorda.

For meg er det heilt avgjerande viktig å ta imot Ordet i tru i mitt hjerte, ta imot det livet og den Anden som Jesus gjev meg frå himmelen av berre nåde, slik tek eg imot Guds nåde, misskunn, godleik, kjærleik og omsorg, slik får eg oppleve at Gud elskar meg i Kristus og det er det som gjer meg i stand til å fortelje andre menneske at Gud elskar dei.

Jesus sa til meg noko om at det er ikkje min iherdige innsats som er så viktig, men det verda treng, er mitt varme hjerte. Og det har seg no slik at Jesus bur ved trua i mitt hjerte, at eg har Guds kjærleik i hjertet.

Verda treng mitt varme hjerte: https://tsivert.com/2016/08/25/1991-04-10-m40-gud-vil-bruke-meg-slik-som-eg-er-og-han-vil-bruke-sin-kyrkjelyd/

Der eg møter andre menneske er kontaktpunktet mellom Kristus og dei:

https://tsivert.com/2016/08/17/2001-12-02-m40-jesus-er-med-oss-og-der-vi-moter-andre-menneske-er-kontaktpunktet-mellom-han-og-dei/

Det  verkar for meg som at intensjonen om å bryte ned barnets vilje, bryt med den gleda vi skal ha i trua på Jesus og den bryt med den gleda vi skal ha når vi skal feire Lammets bryllaup og det får meg til å tenke på at der kjem til å vere ein som ikkje er kledd til å vere med på å feire det.

MTT 22,1 – MTT 22,14 {BRYLLAUPET FOR KONGSSONEN}  Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 “Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester. 11   Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.”

Kvinnefrigjering i strid med sjela, bryte ned viljen, motivasjonen og pågangsmotet. 

Når eg var ein liten gutunge, vart livet planta i meg ved forkynninga av Guds Ord, ved at eg trudde og tok imot. Eg vart opplærd til å påkalla Jesus som min frelsar og Herre og til å be han frelse menneska. Eg forstod at det var det motsette av å vert dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg bad han frelse oss frå det. Når eg vart eldre bad eg soleis spesielt for kvinna og bad han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Eg fekk greie på at Jesus kyrkje var hans brud og forstod etter kvart at kjærleiksforholdet mellom han og hans brud var født i meg ved Guds Ord og Guds Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Så eg hadde ei klar prioritetsordning i mitt bønneliv, fyrst og fremst at Jesus frelste oss for æva og gav oss evig liv, dernest at han gav meg ei frelst kvinne til kone.

Når eg merka at eg byrja å verte forelska i henne Virtuella, bad eg soleis for henne og fekk oppleve som svar på mi bønn for henne, at Guds kjærleik vart utrend i våre hjarto ved en Heilage Ande som var oss gitt og fekk oppleve det sterkt som åndeleg openberring, at Jesus elska henne som si brud og Faderen elska henne og hadde omsorg for henne som sitt barn. Eg bad om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar, slik at eg møtte henne igjen i Bergen. Det fekk ho vite og ho fekk vite at det var fordi eg var forelska i henne.

Men då er det altså så tydeleg at der har vore prestar og politikarar som har hatt heilt andre interesser, som har sett det som si hovudoppgåve å ”bryte barnets eigen vilje” og derfor bryte min vilje, så eg skulle ikkje få møte henne igjen, snakke med henne eller ha noko meir med henne å gjere, ho skulle ikkje verte kjærasten min eller kona mi, ho skulle heller ikkje verte frelst, men gå fortapt. Dette har det vorte gjort politikk ut av og vorte kalla kvinnefrigjering, som protest mot Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja, som er hans brud.

Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel, men Djevelen er sjelefienden som prøver å drepe menneskesjela. Djevelen dårar og forfører kvinna og gjer krav på henne, så ho skal gå fortapt. Og så brukar han henne til å lokke mannen med for å gjere krav på han også, slik prøver han å lokke menneska i fortapinga, det er ei skjebne verre enn døden. Å få seg ei slik kvinne til kone, må vere ei skjebne verre enn døden. Då er det kanskje ikkje lengre så rart at somme vel homofilt samliv i staden, men det også endar i fortapinga.

2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE}  Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Kva er poenget med å fornekte trua på Jesus?

Vel, vi som trur på han skal fyrst og fremst glede oss over at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen, at han har frelst oss og gjeve oss evig liv, det er det overordna målet og hendsikta vi har med å tru på han. Då skal vi også vende hugen og blikket opp til han, vere opptekne av han, tru på han og kjennast ved han. Han er vegen som vi skal gå, sanninga som vi skal vedkjenne og livet som han gjev oss å leve. Han gjev oss meining med livet og slik er han Sanninga som set oss fri. Han gjev oss barnekår hos Gud og han er vegen til Faderen, Faderen elskar oss som sine born og når vi går den vegen, får vi oppleve han kjærleik og omsorg. Då oppdagar vi gjerne kva meining menneske har med å fornekte han.

Vi kan oppleve at livet er vanskeleg, vår får motstand, menneske kan vere vonde mot oss og mot kvarandre, derfor er det dess viktigare for oss å søke tilflukt hos han og be han om hjelp, så vi også kan vere til hjelp for andre som treng det. Men det kan vere andre som opplever livet på ein heilt annan måte, det går på skinner, møter ikkje store problem, dei er vellukka og klarer seg bra utan å trenge hjelp anna enn det som naturleg byr seg i deira sosiale krets. Kanskje har dei levt pent og pynteleg også og har ikkje så mykje å angre på eller be om tilgjeving for. Tru eller ikkje tru vert av teoretisk interesse, ikkje særleg interessant, å bry seg om det vert berre bortkasta tid for dei, så dei interesserer seg ikkje for det. Kanskje fornektar dei trua, så slepp dei å bry hovudet sitt med det også, dei har viktigare ting å tenke på. Men eg vil tru at når det kjem på det på det personlege, medmenneskelege plan, særleg når det gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og familielivet, så har kristendomen noko å gi dei likevel, som dei treng. Men først og fremst den overordna hendsikta, å få sitt namn skrive i livets bok i himmelen, ved trua på Jesus og så få sjå mål og meining med livet i det kallet Gud har gjeve oss i han.

Men så er det mange som aktivt engasjerer seg i sin ateisme, i fornekting av Faderen og Sonen, i fornekting av Guds Ord, i fornekting av den evangeliske forkynninga og det endåtil i kyrkja og langt på veg inni frie kyrkjer og kristne organisasjonar også. Og kva er hendsikta med det? Jau, eg har skrive det mange gangar tidlegare, det er eit svik og hendsikta med det er keisardyrking. Det er slik som med den Duglause Hyrdingen, som gjætte slaktesauene for sauehandlarane, motivet var økonomisk vinning og makt.

Når eg var i Bergen på slutten av 1970-talet engasjerte eg meg i det kristne studentlaget, dei venstreradikale var svært aktive då og vi kom ofte i samtale med dei. Dei hevda gjerne at det vart sett strenge krav om forsaking av materielle ting, for å få evig liv, men det var kunstig og verka slik at menneske gjekk med å leve i fattigdom, men det eigentlege poenget var at den rike overklassa skulle få berike seg dess meir. Derfor burde menneske tvert om engasjere seg i klassekampen, men den store feilen med det Kristne Studentlaget var at dei fekk folk til å gå med på denne uretten i staden og dermed fekk ikkje dei så stor rekruttering som dei elles kunne ha fått. Eg må innrømme at dei hadde mykje rett i det, med tanke på Paulus sine ord om at der var dei som forkynte evangeliet med ei anna hendsikt enn han, dei ville berike seg på det og han åtvara om at slikt ville det komme til å verte meir av, grådige ulvar ville komme til å snike seg inn. Men eg var ikkje samd i deira fornekting av den kristne trua av den grunn, eg var så sikker i mi tru og frelsa var så verdifull for meg, og det livet og den Anden Jesus hadde gitt meg i hjertet var slik ein dyrebar skatt for meg, det hadde ev fått av berre nåde, heilt gratis, og det var så verdifullt for meg at det var heilt uaktuelt for meg å gje slepp på det. Men henne Virtuella mista eg likevel. Sidan har det vist seg at dette var ikkje berre deira beskriving av det kapitalistiske samfunnet, men det viste seg vel så mykje i deira politikk, så det vart poenget med å fornekte trua på Faderen og Sonen.

Humanetisk forbund har engasjert seg i denne fornektinga og då veit vi at der er moral- og politisk-filosofiske interesse i det og det har vist set til dømes i at dei støttar den såkalla kvinnefrigjeringa, ein politikk som strir mot ein manns interesse av å få seg kone, born, familieliv, bygge opp hus og heim, velstand for seg sjølv og sine, ja, kanskje endåtil starte ei familiebedrift. Desse venstreradikale kvinnene kalla slike ikkje-sosialistiske menn for kapitalistar og deira interesse var tvert om å kjempe mot slike kapitalistiske interesser. Ikkje fordi mannen var ein rik kapitalist, men fordi han var fattig og bad Gud om hjelp til å oppnå noko her i livet, ban han om ei kone, i håp om at ho naturleg nok ville vere til hjelp for han. Men med sin eminente morallære definerte dei han då som sin fiende, som om det sentrale poenget med klassekampen var å kjempe imot han, så det vart kjerna i hennar og deira politikk.

Soleis stilte dei liknande moral- og politisk-filososfiske krav til andre menn også. Dette betyr i praksis verre forsaking for ein mann enn noko av det som var kyrkjeleg tru og moral tidlegare eller politikk på heile den politiske skalaen og ein skal leite lenge før ein finn nokon meir livsfientleg religion enn dette. Den katolske kyrkje si lære med sin klosterkultur har ikkje vore så livsfiendtleg og seksualfiendtleg som dette. Dette liknar mest på kristendomsforfølging.

Deira lære er å fornekte Faderen og Sonen, alternativet er ikkje naturvitskapen, men Antikrist og det er tydelegvis som ei religiøs tru og ein politikk, keisardyrking.

ÅPE 13,1 – ÅPE 13,3 {DRAKEN OG DEI TO DYRA}  Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det.

ÅPE 13,13 – ÅPE 13,18 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret. 16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.

Jesu kyrkje vart oppbygd på evangeliets grunnvoll, det var Gud som gjorde sitt verk ved sitt Ord og sin Ande i det indre mennesket og i forsamlinga av dei heilage. Den voks og i middelalderen vart kristendomen gjort til statsreligion, keisaren ville bygge makta si på den. Den tradisjonelt lærde overklassa kom inn i kyrkja, og etter kvart fortrengde dei den evangeliske læra med sin antikke filosofi. Den motsetnaden er der framleis og mange lærde, særleg sosialistar og sosialdemokratar framstiller det som om det var antikk, gresk filosofi som var det samlande grunnlaget, det var rett og kristendomen var feil. Det var det sjølvsagt ikkje, men det er ei forfalsking av historia og filosofihistoria. Det var gresk moralfilosofi som var komen inn i kyrkja, som vart årsak til at kristne vart forfølgde for si tru og at dei som hevda det geosentriske verdsbiletet var forfølgde. Likevel freistar humanistar framleis å fornye og hevde ein moralfilosofi som motsetnad til evangeliet, men då blir resultatet framleis gale.

Deira hendsikt med å fornekte trua på Faderen og Sonen er å få menneska til å tru på eit menneske i staden, den lærde humanisten (Op.13,13-18). Slik prøvar dei å få til ei politisk vekking som erstatning for den kristne vekkinga og målet og hendsikta med det er keisardyrking. Så dette vert mål og hendsikt med menneskets liv, i staden for å leve for Kristus, i staden for å få oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, i samsvar med 1.Mos.2, så vi skulle sjå mål og hendsikt med våre liv i å dyrke og verne Guds hage. Gud gjorde sitt verk i kyrkja ved sitt Ord og sin Ande, så kom dei og ville ta over, det gjekk ikkje bra og det gjer det framleis ikkje.

Tilsvarande fekk eg oppleve at Faderen og Sonen gjorde sitt verk i mitt liv og mellom oss som trur, men så ville dei ta over, som om det var deira verk, deira ære og deira forteneste, som om dei kunne fullføre det, eigentleg ved å stille krav til meg, som om eg kunne fullføre det. Det gjekk ikkje vel. Det var den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane, dei vart selde som trælar og selde til døden. Så dette var hendsikta med å fornekte Faderen og Sonen. Hendsikta er å få menneska til å sette si lit til menneske i staden, til dei. Det verkar som krav og forventning om at menneska skal tilbe menneske i staden for å tilbe Gud i ånd og sanning. Det verkar som krav om keisardyrking.

Rekruttere folk  til soldatar som skal kjempe for dei frivillig og riskere livet for deira sak? Verte kanonføde. Kvinnefrigjerings-demonstrantar, kvifor demonstrerer dei ikkje ti totalitære arabarstatar? Motspørsmål: kvifor gjer ikkje kristne det? Igjen viser det korleis dei vil bruke dei kristne. Men eg skriv som svar at vi har vårt frigjerande bodskap og der er det fortalt kva slags metodar vi skal bruke også.

Jesus er vegen til Faderen, eg har gått den vegen og går den framleis. Då vert det klart for meg at den pietistiske pedagogikken som gjekk ut på å ”bryte barnets vilje”, bryt av ifrå den vegen og leier ein annan veg, det bryt med barnekåret hos Gud, så dei vil ikkje gi oss rett til å be til Faderen og vil ikkje godta det svaret som han gjev oss. Eg bad til Gud og han svarde meg, men dei ville ikkje vite av det, for dei såg det som si hendsikt å bryte end barnets vilje. Eg utdanna meg likevel og dei ville framleis ikkje høyre på meg, til samanlikning med korelis ”kyrkje-folket”  ikkje ville høyre på Erasmus Montanus. Eg har framleis mi barnetru, men eg har utdanna meg vidare med realfag og kan snakke fagleg med folk som er velutdanna i realfag. Så var eg på ”Hellig Hverdag” og kvelden etterpå var eg i eit grillselskap med slike lærde folk. Så fortalde eg litt frå konferasen. Men så sette verten på denne bråkete musikken til gruppa ”Satan”. Det er sjølvsagt ein protestmusikk.

Intensjonen om å bryte ned barnets vilje, vart til Kfr-politikk og sidan svarde dei venstreradikale ved å vidareføre det og forsterke det. Det viser seg at det strir mot den einskilde mann sin vilje og pågangsmot (motivasjon) til å bygge opp verdiar, både med utdanning,  kone, born, familieliv, hus og heim. Dei skulle bryte ned barnets vilje og held fram med å bryte ned viljen og motivasjonen til den vaksne mann. Det har seg slik at Djevelen er sjelefienden, han er ein lygnar og far til lygna, han rår ved døden. Med døden og dei nedbrytande kreftene prøver han å hindre oppbygging av verdiar, utvikling og framgang. Den intensjonen er det også som ligg i denne bråkete musikken.

Etter at Trump vann det amerikanske presidentvalet, demonstrerte kvinneorganisasjonar i gatene, mot Trump og for kvinnefrigjering og muslimske kvinner var med å leia arrangementa. Så vart det spurt på Facebook kvifor dei ikkje demonstrerte i totalitære statar som i dei muslimske landa i Midtausten. Då var der ein som spurde kvifor kristne ikkje gjer det. Då svarde eg at evangeliet om Kristus er den frigjerande bodskapen vi har å forkynne og Jesus og hans apostlar har lært oss kva slags metodar vi skal bruke. Det er andre som brukar slike metodar som demonstrasjonar i gatene, så det er dei spørsmålet vert relevant for.

Men dette viser korleis evangeliet om Kristus vert forvrengt i den vestlege verda, i Noreg, også av dei som kallar seg kristne, ja det vert erstatta av noko anna som så vert framstilt som kristendom. Fordi visse maktpersonar vil gjere andre kristne til sine reiskap. Derfor fornektar dei Kristus og vik dermed av frå den evangeliske forkynninga og frå vegen til Faderen, for etter den skulle kvar einskild av oss vere reiskap for Kristus, som lemer på hans lekam. Når dei soleis gjev eit forvrenga og feil bilete av kristendomen, fører det til større liding for dei kristne som lever i desse diktaturstyrte landa og som må lide for si tru.

Så poenget med å bryte barnets vilje var å fornekte Sanninga som set oss fri, det var den Duglause Hyrdingen si interesse av å gjæte slaktesauene for sauehandlarane, selje dei tilbake til trældomen og døden. For sauehandlarane tente pengar på det. Så det var hendsikta med å fornekte trua. Hendsikta med å fornekte Sanninga, er at det blir så mykje enklare å lyge og Lygna, det er avgudane. Hendsikta var altså for det fyrste keisardyrking og dernest å dyrke styresmaktene som avgudar.

I pedagogikken var det tale om internalisering, ein læringsprosess, der du skal lære og godta visse normer i ein danningsprosess, slik at dei dannar deg og formar deg, så det er ein del av hensikta med skulegangen. Sitat frå https://snl.no/internalisering:

«Internalisering, psykologisk prosess hvor ytre normer, ideer og andre personers innstillinger og egenskaper som opprinnelig ikke finnes hos personen, opptas og oppleves som del av personens selvbilde.

Internalisering skjer like mye ved indirekte påvirkning som ved bevisste forståelsesprosesser. Den er særlig viktig for evnen til å utøve moralsk kontroll og føle ansvar og skyld for det man gjør. En vellykket internalisering av gode verdier er altså en vesentlig forutsetning for stabil sosial tilpasning og trivsel.»

Men for oss som trur på Jesus er internaliseringa at Ordet ved trua smeltar saman med oss i vårt hjerte, det er å ta imot brødet frå himmelen, den Anden og det livet som han gjev oss (Joh.6). Hans frelseverk er fullført og fullkome, så vi treng ikkje noko i tillegg til det. Vi skal vandre med han i denne verda og det er likevel ein læringsprosess, til samanlikning med andre menneske, men poenget er at han er med oss. Han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han kjem til oss.

Så poenget med å bryte ned barnets eigen vilje er at deira normer og idear skal verte integrert i dei, for å gjere dei til reiskap for dei og deira politikk, for styresmaktene. Dei vert opplærde til å verte slavar for andre, i vår tid ser vi denne sterke interessa ved fiendskapen mot ein manns naturlege og sjølvsagde intensjon om å få seg kone, born hus og heim. Dei krev at han skal oppofre seg for fellesskapet, men hans eigen vilje og eigen interesse at å oppnå noko for seg sjølv, skal berre brytast heile tida. Men når Gud sette jødane til å bygge på hans tempel, så ville han velsigne dei, så dei skulle få sjå at dei sjølve fekk noko igjen for det (profeten Haggai).

Vitskap, empiri og rasjonalitet. Kva med den kristne trua?

Det vert demonstrert for vitskap, kva vert det demonsteret mot?

Etter at Trump vart vald til president, demonstrerte kvinne-organisasjonar i gatene, for kvinnefrigjering og mot Trump, som om dei ikkje ville godta val-resultatet. Kva då med demokratiet? Og no har vitskapsfolk demonstrert i fleire land, for fri forsking og delvis mot Trump. For han har tala om falske nyhende og alternative nyhende, så dei påstår på sine parolar at vitskapen er ikkje alternative nyhende. Dei påstår at aksjonen ikkje er retta mot Trump, men mot kven då? Populistisk opposisjon mot klimaforskinga og klimavedtaket og då veit vi at Trump har valt ein klimaskeptikar til miljøvernminister. Dei vil forsvare utviklingslæra og då veit vi at visepresident Mike Pence har tala om kreasjonismen. Dei legg vekt på fakta og seier det er den beste sanninga vi har, kva med Bibelen som seier at Jesus er sanninga? Og eg kjem akkurat til å tenke på at Jesus kalla Sions dotter til å komme ut i fridomen, for han er Herren hennar ektemann, han er Herren hennar brudgom.

Lenker med informasjon om aksjonen og kommetarar på facebook:

http://www.forskerforum.no/derfor-skal-vi-marsjere-for-vitenskap-og-kunnskap/

Min facebook-kommentar:

Dei som demonstrerer for vitskapen her, framstiller det som at vitskapen er på apestadiet samanlikna med politikken som er på menneskestadiet. Sjå: https://www.nrk.no/…/alle-for-vitenskapen_-mange-mot-trump-…. det tyder på at det ikkje er vitskapen som er hovudsaka likevel, men politikken.

Torbjørn Sivertstøl Det synest eg er skuffande. På plakaten i denne lenka vert det påstått at vitskap ikkje er alternative fakta. Men med akademisk fridom kan ein forskar velje mellom mange alternative fakta og det er om å gjere å finne heilt spesielle fakta, som kan brukast til støtte for ein teori. Sidan er det om å gjere å finne alternative fakta, for å prøve teorien.

Lenke med ein etterfølgjande avisartikkel:

http://www.vg.no/nyheter/meninger/vitenskap-og-forskning/fake-science-kommer-for-fullt/a/23988087/

Kombinasjonen av empirisme og liberalisme, utan trua og rasjonaliteten, kunne føre til at mennesket og vitskapen vart degenerert. Kva er alternativet?

Her vert vitskapen omtala som fakta, men det vert ikkje sagt noko om rasjonaliteten, matematikken. Desse fakta er vitskaplege data som vert registrerte med instrument og med sansane. Så dei legg vekt på den empiriske sida av vitskapen eller framstiller den som empiristisk. Empirismen vart viktig for liberalismen, så den kombinasjonen  kunne utarte seg til å leve etter sine sanselege lyster stikk i strid med læra til apostlane, sitert lengre oppe. Og empirismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst. Så han utvikla sin moralfilosofi og det vart starten på ei filosofisk retning med Hegel, Marx og så vidare. Politisering altså. Det kan vere forklaringa på at vitskapen vert framstilt som om den er på apestadiet på ein av desse plakatane, samanlikna med politikken som er på menneskestadiet. Annleis tenking vert då framstilt som uvitskapleg, populisme som er farleg og vondt og som dei skal prøve å halde nede (Jfr. Tyfon som var nede i avgrunnen i fylgje antikk mytologi og som var ein trussel mot gudane på Areopagos). Men kristendomen er eit tredje alternativ i forhold til dette. Ved å tru på Kristus tek vi imot den Anden og det livet han gjev oss av berre nåde, slik blir vi frelst, så vi  tilhøyre han og då lever vi for han og det gjev oss meining med livet. Så ved trua på han vert vi forstandige, som motsetnad til å leve etter lystene i uforstand.

Og realistar og forskarar veit at dei må vere kristiske til det som dei sansar, det vert systematisert som kjeldekritikk og dette også vert det forska på. Her ser vi at Descarts rasjonalisme er ei kjærkomen og verdifull bru mellom den kristen trua og realfag. Sjølv om hypoteser formulerte som matematiske formlar vert avsanna av empiriske fakta, så vert ikkje matematikken avsanna av den grunn. Til samanlikning vert vår tru på Kristus heller ikkje avsanna slik, for Gud vekte han opp frå dei døde og viste med det at han av herlegdoms Ande er Guds veldige Son.

Ei empiristisk beskriving av realfaga er degenerert.

Det har vorte fortalt at Newton sat og sola seg ut i hagen, så datt der ned eit eple og det gav han ideen  om gravitasjonslova. Denne forteljinga er berre tull. Mange teologar har visst den oppfatninga at all vår kunnskap kjem som frukt av at kunnskapstreet og eg misstenker at det er opphavet til denne forteljinga, men då hadde han altså vorte litt klokare enn Adam og Eva, for han tok ikkje å åt av det, men han let det berre falle. Eg veit ikkje korleis denne forteljinga oppstod, men for å setje det på spissen, så kan faktisk høve med ei empiristisk beskriving av realfaga.

Men Newton utvikla differensial- og integral-rekninga (moderne matematikk) og skreiv det ned i ”Principa Mathematica” og det er rekna for å vere det største einskilde naturvitskaplege dokument som nokon gong har vorte skrive. Og det var med denne matematikken han kom fram til Newtons tre lover og gravitasjonslova. Denne matematikken har hatt enorm betyding for moderne teknologi som har vorte verdifull både for økonomisk utvikling og utvikling av nye forskingsmetodar.

Riemann utvikla differensialgeometrien for krumme flater, men såg ikkje mykje den kunne brukast til. Men Einstein fann ut at han trengde noko slikt, oppdaga den og lærde seg den og brukte den til å utvikle den generelle relativitetsteorien, som også er ein gravitasjonsteori. Teorien vart utvikla før den vart underbygd av eksperiment. Nyare og meir avanserte eksperiment har underbygt teorien.

Men å påstå at vitskapen empiristisk, altså utan rasjonalitet, er som å bruke empiriske data mot teorien, fordi dei ikkje forstår teorien, som om det er det konkret fysiske som eksisterer og ikkje teorien.  Det er som å degenerere til steinaldernivå og bruke ei klubbe og slå teoretikaren i hovudet for å gjere slutt på teorien. Som om det var hendsikta med kampen for tilværet.

Slik vert det sett makt bak ”kunnskapen” for å stride mot sjela. For Djevelen forfører menneska slik som ved syndefallet, slik strir han mot menneskesjela. Og slik prøver han å setje makt bak det. Men når det soleis trengst å verte sett makt bak ”kunnskapen”, tyder det på at den ikkje er særleg haldbar.

Naturfilm, massemedia og samfunnsvitskap.

Det starta med kritikk av massemedia, kva så med vitskapen? Så la oss tenke oss at ein naturvitar lagar ein dokumentarfilm om ein bestand av antiloper og/eller løver. Dyra kommuniserer på sine måtar og forskaren prøver å forstå seg på det. Då er det dyra som lagar ”fakta” det vet filma og presentert som film. Der kunne vere andre forskarar som var ute etter blodprøver, så det vart alternative fakta.

La oss så tenke oss at ein samfunnsforskar forskar på eit samfunn av menneske. Då er han klar over at han sjølv er ein av dei og kommuniserer med dei og soleis påverkar han det han studerer. Det veit dei og dei kan og bør prøve å gjer minst mogleg av det, eller dei kan innstille seg på det, i det dei hevdar at deira påverknad er god, slik at den subjektive innstillinga svarar til rasjonaliteten, jfr. Kant. Men då må dei vel ha ei viss forståing for kva som er den menneskelege livsforma. Har dei det?

Om vi samanliknar med ein dyrebestand, så vil eit hanndyr vere revirhevdande og markere sitt territorium. Det er tydelegvis denslags interesse som kjem til uttrykk i den såkalla kvinneforskinga og som også kjem til uttrykk ved at dei vil undertrykke populistiske tankar og meiningar. Men det verste av det heile er at den såkalla kvinnefrigjeringa og kvinneforskinga ikkje ber særleg preg av den typiske menneskelege livsforma, men ber preg av ei meir primitiv livsform, slik som eg har skrive lengre oppe.

2017.05.07. Knyt trua di til Guds Ord og la det vere lykte for din fot og lys på din sti.

Tyding av tungetale:

Ikkje la deg dirigere av kva dine auge ser, ikkje la deg dirigere av kva dine sansar føler. Men den tru eg har gitt deg, knytt den til mitt Ord og la det verte det som avgjer for deg. For mitt Ord, det er ei lykte for foten og eit lys på din sti. Derfor, knytt trua di til mitt Ord.

Det naturlege mennesket lever i sansane sitt område. Men det gjenfødde mennesket lever i trua sitt område. Og den rettferdige, han lever av tru, til tru. Derfor la deg ikkje påverke av det som er rundt deg. Men la deg påverke av mitt Ord, så skal mitt Ord danne deg. Mitt Ord skal framstille min skapnad i deg. Og mitt ord, det skal halde deg oppe, som ei kraft og som ei makt i ei tid som er vanskeleg. Halleluja.

Innleiing ved Ola-Kåre Bjørneset.

Ola-Kåre las 1.Tit.2,4.

1TI 2,2 – 1TI 2,4 Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad. 3 Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, 4 han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna.

Vi ber om frelse for slekt og venner, men Gud vil at dei alle skal verte frelst og han vil det endå meir enn oss.

Tale ved Tore Kristiansen.

5MO 31,30 {MOSES BER FRAM SITT AVSKILSKVAD}  Så bar Moses fram heile dette kvadet for Israels-lyden:

5MO 32,1 – 5MO 32,4   Lyd etter, himmel, eg vil tala,  høyr orda frå min munn, du jord! 2   Lat læra mi risla som regn,  talen min drypa som dogg,  som regnskurer på grøne graset,  som regndropar over det som gror. 3   Herrens namn vil eg forkynna,  og de skal gje vår Gud ære.  4   Han er Berget,  fullkome er hans verk,  rettferdige er alle hans vegar.  Ein trufast Gud, utan svik,  rettferdig og rettvis er han. [Berget: Gud. Sml. v. 18 og 30.]

Når Gud kalla Moses, unnskylda han seg med at han var ikkje særleg talefør, men Gud valde ut Aron til å hjelpe han, han kunne tale. Og no, på slutten av si gjerning med å leie Guds folk, heldt han slik ei mektig tale, han tala til himmelen og til jorda.

Når Gud ville føre israelittane ut or Egypt, skulle dei førebu seg med å slakte påskelammet og stryke blodet på dørstolpane. Så skulle dei tilbereie det og vere klar til å fare medan dei åt det, med belte om livet, skor på føtene og stav i handa. Men når dei for, kom egyptarar og slo seg ilag med dei og dei hadde ikkje førebutt seg slik. Derfor bidrog dei sidan til å vende hugen til folket tilbake til Egypt, når dei møtte motstand og vanskar, så dei lengta tilbake til kjøtgrytene i Egypt. Til samanlikning kan der vere interesser i dei kristne forsamlingane som vender forsamlinga si interesse tilbake på verda i staden for å vende den opp til Jesus.

David talte også om Berget, det er Jesus.

SLM 40,1 – SLM 40,4 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.

Moses slo på Berget og det strøymde fram vatn.

2MO 17,5 – 2MO 17,6 Herren sa til Moses: “Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! 6 Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.” Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på.

Det er symbol på at Jesus vart slegen for vår skuld. Men no skal vi tale med han.

1KO 10,1 – 1KO 10,4 {ISRAEL I ØYDEMARKA, EI ÅTVARING FOR OSS}  Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet. 2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, 3 og alle åt dei den same åndelege maten 4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.

JES 8,16 – JES 8,18 {VITNEMÅL OG VENTING}  Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine. [vitnemålet, bodskapen: forkynninga og påminninga frå profeten sjølv. Sml. v. 20.] 17 Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han. 18 Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet. [teikn og varsel: Sjå 7, 3; 8, 3.]

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

Ikkje la deg dirigere av kva dine auge ser, ikkje la deg dirigere av kva dine sansar føler. Men den tru eg har gitt deg, knytt den til mitt Ord og la det verte det som avgjer for deg. For mitt Ord, det er ei lykte for foten og eit lys på din sti. Derfor, knytt trua di til mitt Ord.

Det naturlege mennesket lever i sansane sitt område. Men det gjenfødde mennesket lever i trua sitt område. Og den rettferdige, han lever av tru, til tru. Derfor la deg ikkje påverke av det som er rundt deg. Men la deg påverke av mitt Ord, så skal mitt Ord danne deg. Mitt Ord skal framstille min skapnad i deg. Og mitt ord, det skal halde deg oppe, som ei kraft og som ei makt i ei tid som er vanskeleg. Halleluja.

Aktuelle bibelvers.

HEB 4,1 – HEB 4,13 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE}  Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:  Så svor eg i min vreide:  Dei skal aldri koma inn til mi kvile!  Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:  I dag, om de høyrer hans røyst,  så gjer ikkje hjarto dykkar harde. 8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka. 12   For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

SLM 119,105   Ditt ord er ei lykt for min fot  og eit ljos på min stig.

HAB 2,4   Sjå, frekk og uærleg er han.  Men den rettferdige skal leva ved si tru. [uærleg er han: fienden.] [tru: Det hebr. ordet kan tyda truskap òg.]

RMR 1,17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.

RMR 5,1 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.

GLT 3,11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva.

HEB 10,38   Min rettferdige skal leva ved tru;  men dreg han seg unna,  har eg ikkje hugnad i han.

1PE 2,11 {DET KRISTNE LIVET I SAMFUNNET}  Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela.

1PE 4,3 Det er nok at de i farne tider har levt på heidensk vis, i sedløyse og sanselege lyster, i drikk og svir, og i stygg avgudsdyrking.

2PE 2,10 fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.  Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter.

2PE 2,18 For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt.

JUD 1,23 andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame så de jamvel skyr kappa som dei har flekka til i si sanselege lyst.

GLT 4,19 Mine born, som eg atter føder med smerte til dess Kristus vinn skapnad i dykk!

2KO 3,16 – 2KO 3,18 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

SLM 37,27 – SLM 37,31   Hald deg frå det vonde og gjer det gode,  så skal du for alltid bu trygt. 28   For Herren elskar det som er rett,  han forlèt ikkje sine trugne.   Dei vert haldne oppe til evig tid,  men ætta åt dei gudlause vert utrudd. 29   Dei rettferdige skal arva landet  og alltid få bu i det.  30   Den rettferdige talar visdom,  rett er det som kjem frå hans munn. 31   Han har Guds lov i sitt hjarta,  og hans steg er alltid støe.

1PE 1,3 – 1PE 1,9 {EI LEVANDE VON}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, 4 til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid. 6   Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar. 7 Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord; 9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.

JUD 1,1 {HELSING}  Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, som er elska av Gud Fader og haldne oppe for Jesus Kristus. [Judas: ein av brørne til Jesus. Matt 13, 55.]

1KO 1,17 – 1KO 1,25 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM}  Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:  Eg vil tyna visdomen hjå dei vise  og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

RMR 12,1 – RMR 12,3 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.

JES 8,16 – JES 8,18 {VITNEMÅL OG VENTING}  Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine. [vitnemålet, bodskapen: forkynninga og påminninga frå profeten sjølv. Sml. v. 20.] 17 Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han. 18 Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet. [teikn og varsel: Sjå 7, 3; 8, 3.]

Kommentar.

I kommentaren til møtet 17.4.17 (2.påskedag) skreiv eg om tru og sanse-erfaring, Descarts rasjonalisme og kvifor Paulus sa at kvinnene skulle bruke slør i kyrkjelyden, det var for at vi ikkje skulle verte opptekne av det vi såg og sansa rundt oss, men verte opptekne av Herren og lytte til hans Ord. Dette har eg teke inn i eit større dokument og skrive meir om.  Og Herren svarar meg på det i denne bodskapen, han sa at eg skulle ikkje la meg dirigere av det eg såg og sansa rundt meg, men den trua han har gitt meg, skal eg knyte til hans Ord.

Dette er ein fin oppfølgjar til det han sa førre helg om at han er komen nær, derfor treng vi ikkje flyge rundt. Han er klippen som eg er sett på.

Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande og vi veit at vi skal opne alle våre rom for Guds lys og Guds Ande, ja, Jesus har gang på gang minna meg om å ta imot av berre nåde og verte fylt av den Heilage Ande og eg venta meg at slik ville han gjere meg til ein kanal for si velsigning. Og eg har fortalt at Gud brukte meg som kanal for si velsigning til henne Virtuella og eg har forklart at når eg opnar meg slik har eg opplevt det som at han framleis brukar meg som kanal for si velsigning til henne. Gud elska både meg og henne og det var rett og sant. Men så føler eg at det også hadde å gjere med at eg bad Gud om ei kone og det vart det ikkje noko av. På dette møtet sat eg igjen og opna meg for Guds velsigning slik, eg følte at det framleis hadde med mitt forhold til henne å gjere, at eg var kanal for Guds velsigning til henne og det var då rett, men eg følte også at det hadde å gjere med at eg hadde med kjærleiksforholdet mellom  mann og kvinne å gjere, for eg hadde bedt Gud om ei kone, men eg tenkte det hadde mindre betyding at eg følte det slik, for det vesentlege er å opne meg for Guds velsigning og vere kanal for den.

No var ikkje dette å vere oppteken av det som eg ser og sansar rundt meg, men Gud har gjort sitt verk i mitt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande og han skal fullføra det, så dette handla først og fremst om å opne meg for hans velsigning og la han fullføra det. Men eg har då sette og sansa kva som har skjett rundt meg, ho vart ikkje kona mi, eg fekk ikkje sjå henne igjen, eg vart berre meir og meir einsam. Men Jesus sa at eg skulle ikkje la meg dirigere av det eg såg og sansa rundt meg. Men den trua han har gitt meg, skal eg knyte til hans Ord.

Han har gitt meg den trua at han gjev meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Og den trua er suveren over den sanselege fysiske naturen, den er som Descartes rasjonalisme. Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Og han sette han til å dyrke og verne hagen. Gud han opp til å leve i samfunn med seg og han skapte kvinna til å vere ei hjelp for han, som levde  i saman med han. Til samanlikning skaper Guds oss i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige, for at vi skal vandre i dei. Jesus frelser vår sjel for æva og gjev oss evig liv, han gjev oss ånd og liv og vekker vår sjl opp til liv i samfunn med Gud. Han sa at hans Ord skal framstille hans skapnad i meg. Det minner meg om det Jesus sa til meg  i haust, om at han er oppstått i mitt indre menneske og slik ville han gjere seg til kjenne for mine medmenneske. Då opplevde eg det som om Gud vekte henne ”Miss Oslo 1990” opp til liv i samfunn med seg og med meg og med oss, med sitt Ord og sin Ande (1.Joh.1).

No er det fantastisk lenge sidan eg har sett henne og møtt henne og som eg har skrive tidlegare, må eg vel rekne med at ho er gift for lenge sidan og eg må innrømme at eg har byrja å tenke på at Gud kanskje vil gje meg ei anna jente til kone, ei jente som studerer biologi, ei jente som eg tilfeldig møter i kvardagen, for Jesus er no med meg i kvardagen, han har kalla meg og han vil leie meg vidare. Men så seier han at han er komen nær, så eg skal ikkje flyge rundt, for han er klippen som eg er sett på. Eg skal ikkje la meg dirigere av kva eg ser og sansar rundt meg, men den trua han har gitt meg, skal eg knyte til hans Ord.

Så dette tyder på at eg framleis skal rekne med at han gjev meg henne ”Miss Oslo 1990” til kone. Eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på Gud, eg kan stole på hans Ord, hans lovnadar og hans kraft.

https://tsivert.com/2016/09/27/2016-09-18-m-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-opna-dor/

3 Comments »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: