Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad for oss. Open dør i Maranata Oslo, på realfag ved UIO og på Facebook.

Forstå profetiane slik at Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad for oss.

Jesus sa han gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss. Som hans medarbeidarar innstiller vi oss på det og arbeider med så langsiktige mål, plante, vatne og bygge (1.Kor.3).

Joh.14, 1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»

5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Sions Datter er Jesu brud og det er identiteten til Jesu kyrkje. Det gjeld sjølvsagt også for jødane. Jesus kjem for å hente henne og Jesu brud er det Nye Jerusalem som kjem ned på den nye jorda.

Joh.Op.21,22 Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der. 23 Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans. 24 Folkeslaga skal ferdast i ljoset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine. 25 Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der. 26 Og alt det verdfulle og herlege som folka har, skal dei føra dit. 27 Men noko ureint skal aldri koma inn, og ikkje nokon som fer med heidensk styggedom og lygn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hjå Lammet.

Sidan Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad for oss er dette ein motsetnad vi merkar allereie no, både på Universitetet og i kyrkjelydane. For meg er realfag reint og verdifull kunnskap, som verdifulle skattar folka får komme inn i det Nye Jerusalem. Men dei som fer med lygn og heidensk styggedom frå ikkje komme inn med det. Avgudane laga av stokk og stein er kalla Lygna, som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Med det har han sett fram for oss ei dør som ingen kan lukke. Han er sjølv døra inn til sauene, så det er berre å gå inn gjennom den, så får vi også komme inn i det Nye Jerusalem. Han kjem berre for å hente si blodkjøpte og det er berre fordi han har betalt prisen for henne. På det grunnlaget har vi fred med Gud og får komme heim til han som hans born og komme heim til Kristus, som hans brud. Dette skriv eg meir om her:

Dette får vi merke og oppleve noko av her og no, til vitne om det som skal koma. Dette er det strid om og det skriv eg om her.

Jesus har sett fram for meg ei open dør og invitert meg og det ser ut som eg får løysing på mange problem ved at eg går inn.

I haust påstod eg at Jesus hadde sett fram for meg ei open dør, både i Maranata Oslo og på realfag ved UIO. Det er ein sensasjonell påstand og det er ikkje rart om eg møter problem då. Det var klart at eg møtte på problem, mykje godt same problema som eg har hatt å stri med i lang tid. Men Jesu frelseverk er fullført og fullkome og det er for meg ei open dør som ingen kan lukke for meg. På eit møte på Sion Åheim vitna eg at Jesus har kalla meg til å gå inn gjennom døra og då er det ingen som kan erstatte meg og min bodskap. Eg vitna om mi tru på Jesus på facebook og fann ei open dør der også og i januar i år (2024) byrja det å komme profetiske bodskap som eg oppfatta som svar til meg. Det er ein sensasjon, spesielt ved ein bodskap som brukte Ordet DNA, den viser at vår åndelege innsikt høver med rasjonaliteten i realfag. Desse profetiane er så presise at det er om å gjere å ikkje komplisere det med lange kommentarar, men bruke dei som svar og konklusjon. Kanskje eg berre siterer dei eller refererer til dei og kopierer linken til dei.

 Og så vart eg med i ein debatt om korleis vi skal forstå profetiane. Eg meiner at pinserørsla sin tradisjonelle måte å tolke profetiane på er heilt feil og eg meiner eg gjekk sigrande ut av debatten og det er ein sensasjon.

UIO, Maranata, Sion Åheim og facebook.

Biologen Glenn-Peter Sætre skreiv boka «To Kjønn» og inviterte meg til boklanseringa på Bikuben på Biologibygget ved UIO. På eit møte på Sion Åheim var der ein gammal mann som kviskra ein bodskap i øyret mitt om at Jesus hadde sett fram for meg ei opna dør, så eg skulle gå inn der. Då tenkte eg både på dette og Maranata, så eg reiste til Oslo og var på bok-landseringa og på møte i Maranata søndagen etterpå. Sidan har eg skrive eit dokument om det, som om Jesus har sett fram for meg ei open dør både på realfag ved UIO og i Maranata Oslo:

Dette dokumentet kjem som oppfølgjar til det.

På møte på Sion Åheim sa Jesus igjen at han hadde sett framfor meg ei open dør. Eg har i lang tid vitna om Jesus på internett og no byrja det å komme profetiar på internett, som svar til meg. På eit møte på Sion i Januar 2024 vitna eg om korleis eg forstod at eg skulle gå inn gjennom den opne døra og fortalde litt om at eg fekk svar på internett:

Sidan har der kome fleire slike svar, så eg tek det med her.

Sions Datter eller den Store Skjøkje?

Kristendomen vart statsreligion.

Eg har skrive at Sions Datter er Jesu brud og det er identiteten til den kristne kyrkja.

Då er det sikkert mange som vil komme med innvendingar; dette er teori, men kva er ho i praksis? Liknar ho ikkje meir på den Store Skjøkje. Det kjem an på auget som ser. Eg skal feste blikket mitt på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Vi kom til tru på han som vår frelsar og Herre og når han fullfører vår tru, innser vi at slik er det, vi er hans brud og det sentrale poenget i det er at Kristus elskar mannen med kjærleiken frå Gud og elskar kvinna gjennom han. Han svarar på hans kjærleik med kjærleik, også når Kristus elskar kvinna gjennom han, og det i tru og von om å få seg ei kone som vil svar på denne kjærleiken med kjærleik, både til ektemannen og til Kristus.

Men rett før å 400 e.Kr. vart kristendomen statsreligion i Romarriket og då kom altså statsmakta inn i kyrkja, så den vart ein konkurrent til Kristus. Det viste seg i historia sidan og gjer det framleis. Dei konfliktene vi ser i Johannes Openberring utspelte seg no i kyrkja og etter kvart vart det tydeleg at det var ei konflikt mellom den Store Skjøkje og Jesu brud.

Davids synds-erkjenning.

John Miland var ein predikant i Maranata som venta seg at den Heilage Ande skulle minne han om bibelvers som han skulle tale om, som om han var avhengig av det for at det skulle nytt noko særleg. Og tre gangar talte han over Davids synds erkjenning etter at profeten Natan hadde tala han til rettes.

Ver meg nådig, Gud!

Salme.51,1 Til korleiaren. Ein salme av David, 2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.

3 Ver meg nådig, Gud, i din truskap,

stryk ut mine brot i di store miskunn!

4 Gjer meg rein og fri for skuld,

og reinsa meg for mi synd!

5 For mine brot kjenner eg,

mi synd står alltid for meg.

6 Einast mot deg har eg synda,

det som er vondt i dine augo, har eg gjort.

Så får du rett når du talar,

og står der rein når du feller dom.

7 Ja, med skuld kom eg til verda,

med synd vart eg avla i mors liv.

8 Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,

så lær meg visdom i hjartedjupet!

9 Reinsa meg for synd med isop,

vaska meg, så eg vert kvitare enn snø!

10 Lat meg kjenna fryd og glede,

lat dei bein du knuste, jubla!

11 Løyn ditt åsyn for mine synder,

og stryk ut all mi skuld!

12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,

gjev meg ei ny og stødig ånd!

13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,

ta ikkje frå meg din Heilage Ande!

14 Lat meg atter få fryda meg over di frelse,

hald meg oppe med ei viljug ånd!

15 Så vil eg læra brotsmenn dine vegar,

og syndarar skal venda om til deg.

16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,

– du Gud som er min frelsar!

Så skal eg jubla over di rettferd.

17 Herre, lat opp mine lipper,

så min munn kan lovprisa deg.

18 For slaktoffer har du ikkje hug på;

kjem eg med brennoffer, vil du ikkje ha det.

19 Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd.

Eit sundbrote og knust hjarta,

det vanvørder du ikkje, Gud.

20 Gjer vel mot Sion i din nåde,

bygg opp att murane kring Jerusalem!

21 Då skal du ha hugnad i dei rette offer

– både brennoffer og heiloffer,

då skal dei ofra oksar på ditt altar.

David prøvde å skjule si synd, men då gjorde han meir synd, dei fleste vil vel rekne det for verre synd. Så i staden for å skjule den, slik David først prøvde på, så må vi vedkjenne vår synd for Kristus (1.Joh.1,8-10). Dette gjeld generelt, men dette var også ei spesiell sak, ved at det var kongen som sjølv hadde synda. Det braut med Davids eigen politikk, han kunne ikkje legge om politikken slik, men korleis kunne han komme tilbake til den politiske linja og moralske standarden han tidlegare hadde hatt. Han måtte erkjenne si synd for Herren og få si sak med han i orden igjen.

Jesus hadde sagt at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den, så eg skrive om det til leiinga i kyrkjelyden. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så eg skreiv om korleis eg hadde bedt for både henne Virtuella og henne Reella.

Bodskapen 15.1.2012:

”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)?

Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi  kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst  ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.”

Bodskapen 19.2.2012:

«Ja, seier Herren, eg er den som kan frelse og eg kan fullkome frelse. Eg er den som tilgjev synder, eg er den som reinsar deg og gjer deg kvit som snø. Derfor skal du komme til meg og vedkjenne dine synder. Og du skal få oppleve at eg er ein god Gud. Eg er ein som vil at alle skal verte frelst og kome til erkjenning av Sanninga. Men du må komme til korset, seier Herren. Der må du knele ned og vedkjenne, seier Herre. For sjå, dersom du vedkjenner, då er eg rettferdig, eg er trufast og eg reinsar ifrå all urettferd.

Eg har sagt i mitt Ord, at det skal ikkje vende tomt tilbake. Sjå, mitt Ord som er sått ut, seier Herren, det gjer sin verknad no. Og eg Herren, eg skal la mange komme og dei skal oppleve at det Ord som eg har talt, det er kraftig og det er verksamt. Dei skal få oppleve, seier Herren, å verte fødde på ny, ved sannings ord, som lever og blir. Derfor mitt barn, ver frimodig, haldt fram mitt Ord. Forkynn mitt Ord og sei det står skrive og det står atter skrive. For sjå, det er mitt Ord som skal utføre det eg sender det til.

Ja, eg vil prise deg og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du frelste meg i unge år, eg har opplevd at du har vore med meg i alle ting. Eg har opplevt deg som ein trufast Gud forutan svik. Derfor vil eg opphøye deg og prise deg midt i kyrkjelyden. Hjelp meg du, Herre, til å gå dine vegar (som du leier?). Og eg elskar deg Herre, eg vil fryde meg i di frelse. For du har i Sanning lagt ein ny song i mitt hjerte. Amen.»

Bodskapane 3.6.2012:

«Ja, eg er her i kveld, seier Herren. Og eg har talt til ditt hjerte atter ein gang. Og eg vil at du skal vende deg bort ifrå synda, som du prøver å skjule for meg. Men du skal vite det, seier Herren, at alt er nake og bart for meg. Eg ser alle menneska sine born, også deira missgjerningar. Og det du skjuler, seier Herren, det vil du ein dag verte konfrontert med. Og sjå, i dag er frelsa sin dag, i dag er eg å finne. I dag kan du verte løyst og satt fri, seier Herren. Derfor vil du komme fram i lyset med det og vedkjenne innfor meg, så skal du få oppleve at eg er rettferdig, eg er trufast, eg er ein nådig Gud, eg er full av nåde, eg er full av miskunn, seier Herren.

Sjå, mi hand, den verkar i desse dagar, på mange, mange menneske. Og sjå, eg Herren, eg skal dra dei til mitt hus og eg skal la dei få høyre mitt ord, som dei kan verte frelst ved og få oppleve å verte sett fri, seier Herren. For sjå, eg har sagt i mitt ord, at når eg vert opphøgd, då vil eg dra alle til meg. Og sjå, de skal ikkje gjere anna enn å rope til meg og gå inn i dykkar løynkammer og søke meg, så skal eg løne dykk i det openberre, seier Herren. De skal verte forundra, seier Herren, når syndarar kjem, og dei vedkjenner sine synder og eg møter dei og eg set dei fri, seier Herren. For sjå, eg er då komen for å frelse syndarar og setje dei fri, seier Herren. Amen, amen.»

«Ja, eg vil prise deg, min frelsar og Herre, fordi du møtte meg ein dag, då eg var langt borte. Ja, eg var utan Gud og eg var utan håp. Men eg ropte på deg i min nød og då fekk eg oppleve at du er mektig som frelsar, eg fekk oppleve syndenes forlating og eg vart fri ifrå dei band og dei lenker som batt meg. Derfor vil eg prise deg og opphøye deg. Midt i menigheta vil eg lovsynge deg. For eg har opplevt gjennom alle desse år at du er ein trufast Gud for utan svik, du har vore med meg i motgang, du er med meg i medgang og eg får oppleve at du er ei trøyst og eg får oppleve at du hjelper ut av dei vanskeligaste situasjonar, så er du der og du gjer ein utveg, ja, du lagar ein utveg. Derfor prisar eg deg og lovsyng deg og eg takkar deg og eg kjenner at eg har denne lengselen etter meir av deg. Eg ynskjer å rive ditt rike til meg med makt. Eg ynskjer å leve heilt for deg og følgje i dine fotspor som dryp av fedme. Der opplever eg salving, der opplever eg glede. Og du skal hjelpe meg Herre til å bringe dette livgjevande ord til mine medmenneske. Og det gjer eg der som eg får moglegheit, der fortel eg om din store og herlege frelse. Amen.»

Bodskapen 16.2.2014:

«Ja, seier Herren, eg er den som kan frelse og eg kan fullkome frelse. Eg er den som tilgjev synder, eg er den som reinsar deg og gjer deg kvit som snø. Derfor skal du komme til meg og vedkjenne dine synder. Og du skal få oppleve at eg er ein god Gud. Eg er ein som vil at alle skal verte frelst og kome til erkjenning av Sanninga. Men du må komme til korset, seier Herren. Der må du knele ned og vedkjenne, seier Herre. For sjå, dersom du vedkjenner, då er eg rettferdig, eg er trufast og eg reinsar ifrå all urettferd.

Eg har sagt i mitt Ord, at det skal ikkje vende tomt tilbake. Sjå, mitt Ord som er sått ut, seier Herren, det gjer sin verknad no. Og eg Herren, eg skal la mange komme og dei skal oppleve at det Ord som eg har talt, det er kraftig og det er verksamt. Dei skal få oppleve, seier Herren, å verte fødde på ny, ved sannings ord, som lever og blir. Derfor mitt barn, ver frimodig, haldt fram mitt Ord. Forkynn mitt Ord og sei det står skrive og det står atter skrive. For sjå, det er mitt Ord som skal utføre det eg sender det til.

Ja, eg vil prise deg og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du frelste meg i unge år, eg har opplevd at du har vore med meg i alle ting. Eg har opplevt deg som ein trufast Gud forutan svik. Derfor vil eg opphøye deg og prise deg midt i kyrkjelyden. Hjelp meg du, Herre, til å gå dine vegar (som du leier?). Og eg elskar deg Herre, eg vil fryde meg i di frelse. For du har i Sanning lagt ein ny song i mitt hjerte. Amen.»

Eg hadde bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone og fekk oppleve at Gud svarde meg ved fylden av den Heilage Ande, så den openberra Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Då må vi bøye oss for han og lyde han, soleis let vi Anden råde i vår døyelege lekam.  Soleis vert vi helga ved Guds Ord og Guds Ande.

Eg skal vite å vinne meg mi eiga kone i helging, slik som Paulus lærer oss. Men kvinnerørsla og politikarane har protestert mot Paulus si lære, så politikken deira vert som om kongen skal ha henne til hore i staden, til samanlikning med korleis David tok over kona til Uriah. Det var då som politikken til den Store Skjøkje, ho dreiv hor med kongane rundt om å jorda. Det vil seie at ho dyrka dei som gudar i staden for å dyrke den sanne og levande Gud.

Jesu brud får eit ærefullt sete.

Sions Dotter er Jesu brud og det er identiteten til den kristne kyrkja. Jesus gir henne eit ærefullt sete.

Bodskapen 9.12.2012:

«Eg har lagt mi svake hand i di og eg kjenner den sterke handa di. Den held meg fast og den skal aldrig sleppe eller aldrig forlate meg. Derfor så opplever eg dag for dag at du er mi festning, du er mi sikre borg og mi tilflukt i vanskelege dagar og tider. Og når alle andre ikkje forstår, så forstår du og du kjenner meg frå di trone. Du ber omsorg for meg. Ja, seier Herren, eg ber omsorg for alle mine born, eg ber omsorg for den som har det vanskeleg. Derfor, om du kjenner motstand, om du har nederlag, kom til meg og eg skal hjelpe deg ut, kom til meg og eg skal løfte deg opp. Kom til meg og du skal få kjenne eg gjer alle ting nye.

Når du er skrøpeleg og du kjenner du ikkje duger til noko, men du held fast ved mitt ord, då skal mi kraft openberra seg i din skrøpelegdom. Om du kjenner at du går nedover, så skal eg Herren komme og hente deg inn igjen. Og eg skal løfte deg oppover og du skal få oppleve at sola som du trudde var gått ned, den skal igjen begynne å skine på deg, den skal begynne å stråle på deg. Og gleda som du trudde var borte, eg kallar den tilbake. Og gjev deg meir enn du før har hatt. For eg Herren, eg kjem igjen og eg kjem igjen og eg kjem igjen, eg gjev ikkje opp mine henders gjerningar, nei, eg kjem tilbake til mi menighet, og eg løfter den opp, for å gje den eit ærefullt sete. For eg er Herren, din Gud, den Allmektige, som gjer kva eg vil. Halleluja.»

Eg er overtyda om at denne bodskapen var spesielt til henne Virtuella og på Maranata sitt stevne i sommar sa han «innta ditt sete». Bodskapen 15.7.2023:

«Jeg vil gjenopplive de nedbøydes ånd, jeg vil gjere de sønderknustes hjerter levende. Jeg vil løfte deg opp, jeg vil styrke deg. Å, trelldomens tid er over. Jeg lokker deg ut i friheten og gleden med meg. Frykt ikke og vær ikke redd. Jeg har grepet din høyre hånd. Jeg vil lede deg med mitt råd. Jeg reiser opp et folk i denne tiden. Et folk som er hode og ikke hale. Det er over og ikke under. La meg ta din frykt. La meg ta alle dine nederlag. Og se framover med meg. For jeg har bruk for deg. I denne tiden, så reiser jeg opp en hær av menn og kvinner, sønderknuste og sønderbrutte i sine hjerter. Men de reiser seg i kraft og verdighet. Halleluja. Børst støvet av deg. Innta ditt sete, børst støvet av deg. Innta ditt sete.»

Vel, eg har i alle fall bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så då har eg gjort felles sak med han, så at ho blir Jesu brud, som hans kyrkjelyd er sameinleg med at ho blir mi brud.

Sjå til at de ikkje har noko uoppgjort med nokon.

Jesus sa vi skulle sjå til at vi ikkje hadde noko uoppgjort med nokon.

Profetisk bodskap 1 ved Magnor Myklebust:

«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»

Profetisk bodskap 2 ved Magnor.
     

MM kom og kviskra ein profetisk bodskap i øyra mi, den vart litt svak i innspelinga:

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.

Bodskapen 2.12.2023:

«Jeg er Herren din Gud, jeg har følgt deg gjennom et langt liv. Ja, eg skulle ynskje at du ville komme inn i min nærleik, i min favn. Eg vil ta deg, legge mine hender på deg og seie til deg; du mitt elskede barn. Men du har ein avstand til meg, dit og ikkje lenger. Du har ein fot hos meg, du har ein fot i verda. Men du mitt elskede barn, jeg taler med deg no. Det er som jeg har sagt, jeg har opnet en dør. Jeg vil at du skal komme inn i min fars hus. Du skal få kvile der. Du skal få ta av deg dine sko, du skal få ta av deg di jakke. Jeg skal føre deg inn i min Fars hus. Du er kommet hjem. Men du må bestemme. Jeg står i døropningen og tar imot deg. Jeg roper på deg. Jeg ser deg når du er langt borte. Du har så mye så streve med. Du har så mye å styre med. Du tenker i ditt sinn eg vil vente. Din sak er nok i orden. Nei, mitt barn, din sak er ikke i orden. Du må komme hjem, inn til meg. Jeg er døren inn til Fars-huset. Jeg kaller på deg i denne stund, jeg roper på deg i denne stund. Jeg er ikkje kommet for å dømme, jeg er kommet for å hjelpe deg. Jeg er kommet for å frelse deg. Kom til meg, du mitt elskede barn.»

Eg forstår det slik at denne bodskapen var til henne Virtuella. Hennar sak er ikkje i orden. Ho må gå ut av den Store Skjøkje og komme inn i Faderhuset i staden, inn i Jesus kyrkje og innta sitt sete der.

Eg yngste at ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og i kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud og det var derfor eg yngste å få henne til kone. Så spørst det om ikkje det var det som var Guds vilje også. Eg meinte det då og eg har ikkje nekta for det sidan heller. Eg har i alle fall ikkje fornekta Jesu namn og derfor har eg ikkje nekta for at Guds plan og vilje var at ho skulle verte kona mi.

«Sjå eg har sett fram for deg ei open dør».

Jesus har mange gangar sagt han har sett fram for meg ei open dør og invitert meg. Ja, for Gud gjer noko nytt og det er om å gjere å komme inn i det og verte med i det nye som han gjer. Kva då med tilpassinga til naturen og samfunnet? Eg skreiv ein lang kommentar til eit møte der han minna meg om det igjen og eg tek med slutten av den her, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-og-seier-eg-skal-ga-inn/ :

Eg skal bidra med det Gud har gitt meg i hjertet.

Jesus sa at i hans kyrkjelyd skal livet vere, derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet. Det er ikkje noko som eg har tenkt ut, men som eg har fått ifrå himmelen. Bodskapen 29.3.2015:

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.

Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg eg gjekk på gymnaset og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, om lovangen Gud soleis la ned i meg og om korleis eg bad for henne Reella når eg studerte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet. Sidan kom eg i hug at omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talta Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta ned i deg, dette livet, det skal vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.

 

Jesus har sett framfor meg ei open dør.

For å bidra i kyrkjelyden med det Gud har gitt meg i hjertet, må eg gå inn gjennom døra.

Jesus har sagt han har sett framfor meg ei open dør og det refererer både til Joh.10,1… og til Joh.Op.3.

Bodskapane 29.9.2019:

A. ”Sjå, eg har sett framfor deg ei open dør, seier Herren, eg veit om dine gjerningar, eg veit at du har liten styrke, men eg har opna ei dør, så du treng ikkje bruke styrke for å opne den. Eg har opna ei dør, sånn at du skal komme vidare i livet. Eg har opna ei dør, sånn at du skal kunne gå ut og inn og finne føde, seier Herren. Eg har opna ei dør, slik at du skal kunne sjå nye moglegheiter, som du ikkje før trudde var mogleg. Eg har opna ei dør fordi eg elskar deg, seier Herren. Eg har behag i deg, for eg gav mitt liv, slik at eg alltid skulle vere hos deg. Også når du ikkje orkar meir, så har eg grepe di høgre hand og eg løfter deg opp og eg set dine føter på solid grunn og eg ynskjer å legge ein ny sang i ditt hjerte, ein lovsong til Herren.”

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:

Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

Eg tenker meg at han ha opna ei dør som ingen kan lukke, ved at hans frelseverk er fullført og fullkome. Jesus er fullkommen, Gud openberrar han for oss som vår frelsar og Herre, slik må eg sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Soleis skal eg sjå på han som døra eg skal gå gjennom, for å komme inn i det nye, komme vidare i livet, komme inn i dei ferdiglagde gjerningane, som han skaper meg til å ferdast i. Då er det også det eg passar til. Den rette tilpassinga blir då at eg bøyer meg for han og kjennest ved han som min frelsar og Herre. Vi skal sjå at Jesus er med oss alle dagar inntil verdens ende. Då er han heile tida vegen vi har å gå, vi skal følge han og døra vi har å gå inn gjennom, for å komme inn i det nye. Når vi går ut gjennom den, går vi ut på lovnadane og kjem inn i dei ferdiglagde gjerningane.

I Joh.Op.3 er det berre tale om å gå inn og det trur eg har seg slik at det er ein Herrens engel som kjem med ein bodskap til kyrkjelyden. Men gjennom den blir den vonleg også ein bodskap til kyrkjelydens distrikt.

Mi bøn for henne Virtuella og henne Reella.

Sidan eg var ein gutunge har eg bedt Jesus frelse menneske, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, det opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg var glad i, først for henne Virtuella, så for henne Reella. Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst å takke Jesus for at han frelste henne, ja, det var då første prioritet. Mi bøn for henne Reella var ei bøn om ei kone, så det kom som andre prioritet altså. Frelsa var framleis første prioritet, så det vart første prioritet for meg å be i tru om at han ville frelse henne og takke for det i tru og von og glede meg over det.

Dette har eg skrive mykje om her: https://faith-and-entropy.com/2023/09/05/sions-dotter-er-jesu-brud-det-er-identiteten-til-den-kristne-kyrkja/ Denne artikkelen er frå 5.9.2023.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og det trur eg er både til henne Virtuella og mange med henne og henne Reella og mange med henne. Så mange vert velsigna og frelst ved trua på Jesus.

Reella og realfag.

Sommaren 2022 vitna eg i Filadelfia Ulsteinvik om at eg fekk ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne Reella. Jesus svarde meg at det er ei ny tid som ligg framfor meg (Bodskapen 24.7.2022) og han vil hjelpe meg vidare på vegen (Bodskapen 17.11.2022). dette også har eg skrive om her:

Eg skal bøye meg for Kristus i hans kyrkjelyd i påkalling, bønn med takkseiing og når eg ber for henne Reella tenker eg meg at det er som når apostelen Johannes segna for han i Joh.Op.1, slik legg eg meg langflat for han med mi bøn for henne og mange med henne, då tenker eg spesielt på dei som studerer realfag.

Joh.Op.1, 9 Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus. 10 På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun. 11 Ho sa: «Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju kyrkjelydane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»

12 Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.

17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:

Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.

20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.

Når eg studerer realfag er det med takk til Gud som har skapt det heile og med takk til Kristus for frelsa. Med trua på at Gud har skapt alt med sitt Ord, skjønar vi at det synlege har vorte til av det usynlege og slik er universet forståeleg, så vi kan granske det med metodene i realfag og lære å forstå. Med frelsa i Kristus vert vi betre i stand til å forstå det, men det viktigaste her er at Gud skaper noko nytt med sitt Ord og openberrar det med sin Ande, så det er berre for oss å ta imot i tru, gratis, utan krav om gjerningar, så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Soleis vert eg med i lovprisinga i Joh.Op.4-5.

Joh.Op.4, 7 Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg. 8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:

Heilag, heilag, heilag

er Herren Gud, Den Allmektige,

han som var og som er og som kjem.

9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar:

11 Verdig er du, vår Herre og Gud,

til å få all pris og ære og makt.

For du har skapt alle ting;

du ville det, og dei vart til, skapte av deg.

Joh.Op.5, 9 Og dei song ein ny song:

Verdig er du til å ta imot boka

og bryta segla på henne.

For du vart slakta

og har med ditt blod frikjøpt for Gud

menneske av alle ætter og tungemål,

av alle folk og folkeslag.

10 Du har gjort dei til eit kongerike,

til prestar for vår Gud,

og dei skal råda på jorda.

11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:

Verdig er Lammet som vart slakta,

verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,

ære og pris og takk.

13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:

Han som sit på kongsstolen,

han og Lammet skal ha all takk og ære,

pris og makt i all æve.

14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Slik er den nye songen det vart profetert om altså og slik er lovsongen Gud la ned i mitt hjerte ved den Heilage Ande.

«Verdig er Lammet som vart slakta,

verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,

ære og pris og takk.»

Realfag er visdom, pionerane som utvikla realfag; matematikken, den nye naturvitskapen og teknologien er verde si ære for det. Likevel hevdar eg at Lammet er verdig til å få denne visdomen, fordi det vart slakta for oss alle, også dei som studerer realfag og utvikler det. Det er visdom som er verdifull rikdom og eg tenker meg at det er slik rikdom som folka kjem inn i det nye Jerusalem med. Korleis kan det gå til? Det er då på den nye jorda.

Joh.Op.21,22 Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der. 23 Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans. 24 Folkeslaga skal ferdast i ljoset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine. 25 Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der. 26 Og alt det verdfulle og herlege som folka har, skal dei føra dit.

Ved at folka kjem inn i det Nye Jerusalem med det allereie no i dette jordelivet. For Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss og det får vi merke og oppleve i samfunnet med han og Faderen allereie her og no.

Dette har eg skrive mykje om, til dømes her https://faith-and-entropy.com/2023/09/05/jage-mot-det-fullkomne-og-sigre-over-verda-jesus-er-fullkomen-og-han-kjem-oss-i-mote/

 Og her:

 

Gå inn gjennom døra.

Jesus har mange gongar sagt han har sett fram for meg ei open dør og invitert meg til å gå inn. Det refererer både til Joh.10, der Jesus seier at han er den Gode Hyrdingen og døra inn til sauene, og brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia i Joh.Op.3,7-13. Det handlar både om å samlast fysisk, synleg og sansbart og å komme inn i samfunn med Gud som er ånd, komme inn i hans rike, som er ein åndeleg røyndom som ikkje er synleg for det fysiske auget. To røyndomar altså, så vi får ei dobbeltolking, slik også med skapingssoga i 1.Mos.2. Men det heng i hop, som himmel på jord (Ef.1-2), derfor kan vi likevel tale om det i ei likning, som likninga om den gode Hyrdingen og sauene hans.

Jesus er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome, slik har han sett fram for meg ei open dør, som ingen kan lukke. Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så kvar gong eg går inn i ein kristen kyrkjelyd, skal eg tenke meg at eg går inn gjennom den døra, at hans frelseverk er fullført og fullkomme og det er det for meg også. I Joh.10 er det tale om både å gå inn og gå ut gjennom døra, ja, for vi går då både inn i forsamlinga og ut att, vi går inn for å oppleve den åndelege velsigninga, når vi går ut att har vi den med oss, vi ut på lovnadane og vert velsigna i kvardagen.

I brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia var det kunn tale om å gå inn gjennom døra. Han hadde ein bodskap frå Gud og skulle gå inn gjennom døra med den. Det kunne vere ei bønn og Guds svar på bøna, som ei velsigning og ein profeti, men han måtte gå inn gjennom døra med den, for det er berre på grunnlag av at Jesus frelseverk er fullført, han og kyrkjelyden får den oppfylt.

Ein slik bodskap har eg å komme med og skal gå inn gjennom døra med den for å få den oppfylt, både for meg sjølv og for kyrkjelyden, på grunnlag av at Jesus frelseverk er fullført, altså. Då er det sjølvsagt viktig for meg å samlast fysisk med andre kristne i ein kyrkjelyd og gå inn der med den, same enten det er Sion Åheim, Filadelfia Ulsteinvik eller Maranata Oslo. Men det primære og mest fundamentale er å gå inn i Guds rike og at det kjem inn i oss, som ein åndeleg røyndom, på grunnlag av at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Jesus gir meg det som hans forsoningsverk har gitt meg, det som hans blod har gitt meg og det er frå himmelen og er fullkome. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har talt til oss er ånd og liv.

Han som har byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Jesus har sagt eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Det er ved at eg trur på han, elskar han og held meg til hans ord, så eg får oppleve at han openberrar seg for meg. Slik skal eg også hugse på han og hans fullførde frelseverk, i samsvar med nattverden. Slik vil eg også hugse på desse to jentene i mi bøn til han. Først og fremst ved at eg takkar han for at han har openberra seg for oss som vår frelsar og Herre og så be i tru og von om at han vil fullføre vår tru og den gjerninga han har byrja i våre liv.

Eg tenker meg at eg skal sjå på han som ei dør som eg har å gå inn gjennom, for å komme inni det nye og komme inn i dei ferdiglagde gjerningane, eg skal også gå ut att gjennom den same døra, for å komme ut i den ferdiglagde gjerningane. Når Jesus openberra seg for meg og desse to jentene, hadde det også denne betydninga for meg og for dei. Når eg tenkte på dette og bad over det, syntest eg det var svært så trist at det tydelegvis var noko som eg hadde gått glipp av, det føltest som ein vemodig gråt i mitt hjerte.

Dette handlar også om å gå den vegen Jesus har bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen og tre fram for nådens trone. Eg tenker gjerne på det som nådestolen over paktkista i tempelet og at det soleis er i den kristne kyrkjelyden, på det nivået altså. Men eg skal då også løfte blikket opp til Jesus, der han sit ved Faderens høgre hand, der sit han på nådens trone. No løfta eg mitt hjerte opp til han med den vemodige sorga, for ikkje å seie gråten, i mitt hjerte og sa til han at eg elska han. Ja, det er då ved å tru på han og elske han at eg får oppleve at han openberrar seg for meg.

Dette vitna eg om på eit møte på Sion Åheim 28.1.2024 og då svarde Jesus meg, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/01/29/2024-01-28-jesus-kjem-for-a-hente-berre-si-blodkjopte-brud/ :

«John Willy sa her var ei dame som hadde ein bodskap og så kom Ingelin med tungetale. Eg prøvde å ta det opp på video, men så oppdaga eg at den hadde ikkje starta likevel, så eg fekk ikkje med meg byrjinga, det vart litt klipping også, før eg var sikker på at den var på. Men eg hugsa han sa noko om at eg skulle glede meg i Herren heime med meg sjølv. Opptak:

«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.

Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.»

Elin Therese Slotten fekk eit personleg møte med Jesus og vart lækt for sjukdom.

Elin vart tungmetall-forgifta av vaksiner og var sjuk i 4 og eit halv år, men kjende til Herrens lovnad om at dersom vi søker han av heile vårt hjarte, så skal vi finna han. Ho gjorde det og fekk eit personleg møte med Jesus heime i stova si. Han sa ho skulle gå ut og forkynne lækjedom ved bøn. Det gjore ho sjølv om ho fortsatt var sjuk og skrøpeleg, men når ho kom ut, vart ho lækt.

Amos.5, 4 Så seier Herren til Israels ætt:

Søk meg, så skal de leva!

Jer 29,11-14 For eg veit kva tankar eg hev med dykk, segjer Herren, tankar til fred og ikkje til ulukka, å gjeva dykk framtid og von.  12 Og de skal kalla på meg og ganga og beda til meg, og eg vil høyra på dykk,  13 og de skal søkja meg, og de skal finna meg når de spør etter meg av alt dykkar hjarta.  14 Eg vil lata dykk finna meg, segjer Herren, og eg vil gjera ende på utlægdi dykkar og samla dykk frå alle dei folki og alle dei stadene som eg hev drive dykk burt til, segjer Herren, og lata dykk koma attende til den staden eg førde dykk burt ifrå.

Jes 52, Vakna, vakna,

kled deg i styrke, Sion!

Ta på deg ditt høgtidsskrud,

Jerusalem, du heilage by!

For aldri meir skal det koma inn i deg

ein uomskoren eller urein.

Rist av deg støvet og reis deg,

set deg på trona, Jerusalem!

Løys lekkjene du har om halsen,

du hærtekne Sion-dotter!

3 Så seier Herren:

For inkje vart de selde,

og utan pengar skal de løysast ut.

4 For så seier Herren din Gud:

I si fyrste tid drog folket mitt til Egypt

og heldt til der.

Sidan vart dei utan grunn trælka av Assur.

5 Og no, lyder ordet frå Herren,

kva skal eg gjera her

når folket mitt er bortført utan vederlag?

Valdsherrane hyler, seier Herren,

og dagen lang vert namnet mitt spotta.

Difor skal folket mitt

læra mitt namn å kjenna,

ja, den dagen skal dei skjøna

at det er eg som seier: «Her er eg!»

7 Kor fagert det er

når han som ber gledebod,

kjem springande over fjell,

melder fred og ber god bodskap,

forkynner frelse og seier til Sion:

«Din Gud er konge!»

8 Høyr, dine vaktmenn ropar,

dei jublar alle i hop.

For med eigne augo ser dei

at Herren kjem heim att til Sion.

9 Set i med jubelrop,

de aude tufter i Jerusalem!

For Herren trøystar sitt folk

og løyser ut Jerusalem.

10 Herren syner sin heilage arm

for augo på alle folkeslag.

Heile den vide jord får sjå

frelsa frå vår Gud.

Far bort frå Babylon!

11 Far bort, far bort frå Babylon!

Ikkje rør noko ureint!

Dra ut or byen og reinsa dykk,

de som ber Herrens kar!

12 For de treng ikkje skunda dykk,

de må ikkje røma frå byen.

For Herren sjølv går føre dykk,

og sist i flokken er Israels Gud.

Herrens lidande tenar

13 Sjå, min tenar skal ha framgang,

han skal stiga og lyftast og opphøgjast.

14 Liksom mange stokk til då dei såg han

– meir skamfaren var han enn nokon mann,

han såg ikkje ut som eit menneske,

15 så skal mange folkeslag undrast over han,

og kongar skal lata att sin munn.

For dei får sjå det som aldri vart sagt dei,

uhøyrde ting vert dei vitne til.

……

Jes 53,1  Kven trudde

det bodet vi høyrde,

og kven fekk sjå Herrens makt?

2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,

som ein renning or turr jord.

Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,

det var ingen hugnad å sjå han.

3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,

ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,

ein svivørd mann som ingen ville sjå på;

vi rekna han for inkje.

4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,

og våre pinsler bar han.

Vi trudde han var heimsøkt,

slegen av Gud og ille plaga.

5 Men han vart såra for våre brot

og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,

og ved hans sår har vi fått lækjedom.

6 Vi fór alle vilt som sauer,

vi vende oss kvar til sin veg.

Men Herren lét råka han

det vi alle var skuld i.

7 Ille medfaren vart han,

men bar det audmjukt;

han lét ikkje opp sin munn,

som lammet dei fører til slakting,

og sauen som teier når han vert klypt;

han lét ikkje opp sin munn.

8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.

Men kven i hans samtid vørde vel det?

Bortriven vart han or levandelandet,

for sitt folks brot laut han døy.

9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,

hjå ein rikmann, då han var død,

endå han ikkje hadde gjort nokon urett,

og det ikkje fanst svik i hans munn.

10 Det var Herrens vilje

å knusa han med sjukdom.

Men fordi han gav sitt liv til soning,

skal han få etterkomarar og leva lenge,

og ved han skal Herrens vilje ha framgang.

11 Etter all si møde og sjelenaud

skal han sjå ljos og mettast.

Og når dei kjenner han,

skal han, min rettferdige tenar,

gjera dei mange rettferdige;

for han har bore deira synder.

12 Difor gjev eg han dei mange til del,

og dei sterke skal han få til hærfang,

fordi han gav sitt liv i døden

og vart rekna mellom brotsmenn.

Han tok på seg synda åt dei mange

og bad for brotsmenn.

Du har vore gjennom mykje smerte, men no skal det snu, no er det ei ny tid for deg.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Elin kjem med profetiske bodskap om at eg har vore gjennom mykje smerte, vore i storm og likevel vore trufast og no skal det snu, no kjem ei ny tid for meg. Då er det sikkert mange som kan seie det same. Her er det berre å ta imot i tru og prøve å forstå det rett også, så vi verkeleg tek imot og får oppleve det nye og verte med i det. Eg har skrive ned desse bodskapane og kommentert dei og då må eg vere presis, så eg ikkje kompliserer. Eg kan samanlikne dert med å bruke occams razor på mine eigne kommentarar.

Du har vor gjennom storm etter storm, 13.1.2024:

https://blessings-from-heaven.com/2024/02/25/du-har-gatt-gjennom-mykje-smerte-men-no-skal-det-snu-di-lon-vil-bli-stor

Ny tid med nye dører, profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, ca 22.1& 21.2.2024:

https://blessings-from-heaven.com/2024/02/25/no-er-det-ei-ny-tid-for-deg

 

Stormen.

Jesus var midt i mellom oss. Der var ein sjukdom mellom Guds folk, som Jesus vil lækje. Jesus kalla Sions dotter ut i fridomen. Dette fekk motstand.

Men her vi eg skrive litt om stormen, åndskampen som har komplisert og gjort livet vanskeleg for meg og sikkar mange andre også.

Dette minner meg også om at når eg besøkte henne Virtuella på hybelen i gymnastida opplevde eg sterkt at Jesus var der mellom oss. Men når eg møtte henne igjen i Bergen og ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar, fekk eg ikkje møte henne igjen noko meir.

Eg byrja å studere realfag i Oslo hausten 1984 og gjekk på møte i dFEF M40 og skreiv til dei om mi sak som eg ville komme til Jesus med. Det var ikkje lenge før han svarde meg at der var ein sjukdom mellom Guds folk og at eg hadde fått kjenne noko av den sjukdomen i meg. Men han ville lækje den. Eg skjøna at det var på grunn av at lysta opponerte mot Anden og at der var verdslege politiske interesser i det (Romarbrevet), spesielt kvinnerørsla som protesterte mot Paulus si lære. Seinare oppdaga eg at det likna på korleis Jeremias opplevde Israels fråfall.

I 2011 kalla Jesus Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.

I 2012 fekk mot mi helveteseld og lungebetenning. Då bad vi for henne i Maranata og ho vart lækt, først for helveteseld, så for lungebetenning. Jesu svarde meg slik, bodskapen 30.9.2012:

“Du skal ikkje frykte for nokon ting. Men la i alle ting, alle dine ynskje komme fram for meg i bønn, med påkalling, med takkseiing, i tilbeding, og eg som veit før du ber, kva du treng, eg skal ause ut over deg min herlegdom, eg skal gi deg straumar av levande vatn, eg skal gi deg overflod av liv. Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.

Berre løys deg frå dine band, i mitt namn skal du kjenne banda brest, i mitt namn skal du kjenne lenkene, dei vert frigjorde. Og du skal få lov til å – kan du løfte frimodig ditt hovud, og du skal få kjenne at den eg set fri, er verkeleg fri. Du skal få oppleve det, at du skal stråle av glede. For fordømminga er teken bort, alt det tunge har eg bore, alle dine plager og sjukdomar tok eg på meg og i mine sår har du fått lækjedom. I kveld har du fått lækjedom, her og no har du fått lækjedom. Din kropp skal få oppleve lækjedom, fordi eg sona di synd, eg tok bort rota og eg fjerna årsaka og eg vart opphav til herleg frelse, til ånd og sjel og lekam for deg. Derfor i denne kveldsstund er du verkeleg fri, til ånd, til sjel og til lekam. Og er du broten ned på det ytre plan, eg kan reise deg oppatt, er du broten ned i ånda, eg skal blåse liv i deg, så du skal kjenne du blir ein ny skapning. Halleluja.”

Til samanlikning med dette vart Elin Therese Slotten tungmetallforgifta av vaksine og var sjuk i fire og eit halvt år. Men så søkte ho Herren og fekk oppleve at Jesus var i romet og sa til henne at ho skulle gå ut for forkynne lækjedom ved bøn. Sjølv om ho var sjuk og skral, gjorde ho det og vart lækt då ho kom ut.

Jesus har sett fram for meg ei open dør i Maranata og på realfag ved UIO.

Medan biologiprofessor Glenn-Peter Sætre skreiv boka «To Kjønn», skreiv han om det på FB og eg var ein av dei som kommenterte det, så han meg til boklansering på biologibygget ved UIO i haust. Eg tenkte på å reise og kombinere det med møte i Maranata søndags kvelden. På eit møte på Sion Åheim kom ein gammal mann og kviskra ein profetisk bodskap i øyret mitt:

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.»

Slik fekk eg svar og reiste til Oslo og var på boklanseringa. Der fekk eg faktisk seie noko som leia fram til eit spørsmål. Det tok. Eg oppatt på FB seinare og skreiv meir om. Søndags kvelden var eg på møte i Maranata. Etter møtet sa eg til forstandarden at for nokre år sidan kom der ein bodskap der Jesus sa at i hans kyrkjelyd skulle livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere. Så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt meg i hjertet. Dette var ein lovnad som var gitt til både meg og kyrkjelyden, derfor var eg framleis medlem der. Det var dette som framleis låg meg på hjertet. Og det er ein profetisk bodskap. Der vart litt samtale i kaffipausa etter møtet. Som kommentar til noko som vart sagt, viste eg dei boka «To Kjønn» og sa litt om det, han som hadde skrive den var evolusjonsbiolog og forklarde det utifrå evolusjonslæra. Då vart dei tydeleg forferda og så var der ein som svarde at dei skulle vere innvigde. Sidan prata litt med forstandaren om det og sa eg meinte utviklingslæra var sameinleg med skapingssoga. Dette meiner eg har med fornyinga å gjere.

Eg skulle bidra i kyrkjelyden med det Gud hadde gitt meg i hjertet. Då måtte eg sjølvsagt gå inn gjennom døra.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Lovnaden Jesus gav oss i

Joh.14,21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

….

23 Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

Opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg var glad i, først for henne Virtuella, så henne Reella. Første prioritet var å be Jesus frelse menneska, andre prioritet var å be han gje meg ei frelst kvinne til kone. Mi bønn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seis ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, slik vart ho ein lovsong som Gud la ned i meg (Rom.5,1-5). Mi bøn for henne Reella var eit ynskje om å få henne til kone. No var eg komen til andre prioritet, då måtte første prioritet også ver ok. Ja det var då Gud som openberra si frelse for oss i Kristus.

Når eg vende hugen opp til Jesus verka det som det stemte med at eg hadde huglagt henne Reella, det var med tru og von om at Jesus frelste henne. Men kva med henne Virtuella?

Grunnlaget for desse openberringane er at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, soleis er det ei open dør som han har sett framfor meg, som ingen kan lukke. Når Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, så er han framleis den open døra han har sett fram for oss, for meg, sidan det var eg som fekk openberringa. Så eg tenker meg at når han openberra seg for meg og henne Virtuella, så skulle den openberringa verke som ei open dør for meg i kyrkjelyden. Og når han openberra seg for meg og henne Reella, skulle det fungere som ei open dør for meg på realfag. Det verkar som det fungerer med henne Reella, utifrå dei svar Jesus har gitt meg når eg seinare har bedt for henne og skrive om det. Så når eg vender blikket og hugen min opp til Jesus, kan eg gjere det med tru og von om at ho som hans brud skal stige fram for han. Og då blir det mange med henne, for med mi bøn for henne har eg også bedt for dei som studerer realfag.  Eg tenker meg at det blir som ei lønn for meg som eg kan sjå fram til og den lønna blir stor. Slik tenker eg fordi Elin sa i ein av sine bodskapar at di lønn er umåtelig stor. Eg meiner dette er sentralt, men det gjaldt noko meir, argumentasjonen var som følgjer: 13.1.2024:

«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg.

Både eg og ho Virtuella velsigna Herren og vart velsigna, eg vart velsigna ved å velsigne henne også, men velsigninga kom opphavleg frå Jesus og den velsigninga vil eg bidra med, i kyrkjelyden.

Hanna og Peninna.

I bodskapen 25.1.2024 talte Elin om Hannas bøn. Eg samanlikna Virtuella med henne og Reella med Penina, meg sjølv med mannen deira Elkana. For eg har bedt for dei som om dei begge var Guds svar på mi bøn om ein kone. Dette har eg skrive om kort og konsist her:

https://blessings-from-heaven.com/2024/02/25/hannas-bon-profetisk-bodskap-25-1-2024

Her vil eg skrive litt stormen som kom, åndskampen. På ein måte stemte det nok at Virtuella var misunneleg på ei tenkt Peninna, før Reella kom inn i bildet. Eg kunne «lese» det ut av korleis venstreradikale kvinner kritiserte den typiske kvinnerolla og det tenkte kvinneideale, heldt dei for å vere dumme, som om blond vart synonymet med dum, og framstilte seg sjølve som dei smarte og lærde, med dårleg skjult misunning. Ho Reella kom inn i bildet seinare og ho var nettopp det blonde kvinneidelet. For meg var ho den vakraste kvinna eg hadde sett.

Hekseprosess.

Skilnaden er at det vart til at ho Virtuella ikkje ville ha noko med meg å gjere i det heile tatt. Tydeleg vis svarde ho med å forbanne og vart til ei forbanning, for meg og familien min, stikk i strid med den velsigninga eg vona på og bad om, eigentleg heilt ifrå eg var ein gutunge. Det er ein kyrkjeleg tradisjon bak dette, men eigentleg er det utspekulert djevelskap frå Djevelen sjølv. I staden for at kvinna skulle vere ei hjelp for mannen, motarbeidde ho han, som om ho var med i Synagoga hans. Ertinga og mobbinga i barneskulen var og er som byrjinga på ein hekseprosess og det er den enno, det er den meste fundamentale motstanden og stormen som har møtt meg og fleire med meg. Dette har eg skrive om her:

Kvinna med salvekrukka. Bruke dei talentane du har.

Men livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse og det overlevde. Jesus gav meg framleis ånd og liv frå himmelen og heldt meg i live. Eg skulle sjå på han og det verket han hadde gjort for meg, i meg og gjennom meg. Eg skulle ikkje sjå på det som eg ikkje hadde men på det som eg hadde fått og bruke det.

Bodskapen 22.8.2021:

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Det minner meg om at når eg gjekk på møte i Maranata, så sa Jesus at han var midt i mellom oss og det var det som betydde noko. Sjølv om vi var berre nokre få som innvia oss til han, så var det nok for han til å gjere storverk. Det minner meg om at på Maranata sitt årsstemne var der ei kvinne som heitte Mella, som minna om enka med salvekrukka.

2.Kong.4,1 Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.»  2 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.»  3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i.  4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
     5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei.  6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna.  7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»

Eg tenker slik om mor mi som bad kveldsbøna i lag med meg og bror min. Han fortalde om stygg mobbing på skulen og det hadde med seksualiteten å gjere. Vi kan forstå det slik at interessa som låg bak dette, var å gjere ungane til trælar. Men Jesus har då betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen. Vi var opplærde til å påkalle hans om vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste, be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse oss frå det, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Då merka deg at Jesus var meg nær som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste ven. Han var sjølv livet var planta i meg ved Guds Ord allereie då og det skulle vekse.

 Profeten spurde enka kva ho hadde i huset, ho hadde berre ei salvekrukke. I tru på profetens ord, som var Guds ord til henne, brukte ho det og det vart nok.  Slik skjal vi ikkje sjå på det som vi ikkje har, men sjå på det som Jesus har gitt oss og br

 

Ta vare på den fagre skatten. Jesus er den same og gjer liknande verk i ulike kyrkjelydar og på ulike plassar.

Gud skaper oss i Kristus. Han er evig og alltid den same og Jesus er i går og i dag den same, ja til evig tid. Derfor kan vi oppleve at han gjer liknande gjerningar heilt andre plassar. Den profetiske bodskapen som vert talt på ein plass, til ein person, kan også gjelde for andre og kan verte trudd og takast imot av andre personar og kyrkjelydar på heilt andre plassar. Så vi kan samanlikne det. Vi kan samanlikne det med brurmøyane. Men når dei 5 uvituge brurmøyane spurde dei 5 vituge om olje, kunne dei ikkje gi dei noko, for at det ikkje skulle verte for lite til dei sjølve.

Som sagt skal eg sjå på Jesus og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Eg skal ikkje sjå på det som eg ikkje har, men på det han har gitt meg og det eg er god på og bruke det.

Ta vare på den fagre skatten. Bruke nådegåva.

Jorda var aud og øyde og mørker låg over havet. Men Guds Ande sveiv over vatnet, då sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Og Gud som sa at lys skulle skina fram or mørkret, han har late det skina i våre hjarte. Slik har vi fått ein dyrebar og fager skatt i leirkar og det er viktig for oss å ta vare på den. Skatten er Guds Ord og Guds Ande og den Heilage Ande skal hjelpe oss til det. Då høyrest det ut som skatten er noko meir, ja, frelste sjeler, menneske som er fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Alt gjorde Gud fager i si tid, han skapte noko som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.

Jesus døyper oss med den Heilage Ande til å vere ein lekam, slik utruster han oss med nådegåver som vi skal bruke til å tene han med og tene kvarandre med. Han er hovudet for lekamen, så er han som bruker oss. Slik vert vi også lemer for kvarandre.

Når ein frelst mann får seg ei frelst kvinne til kone, blir ho ein slik fager skatt for han og ho vert ei nådegåve for han, som han skal bruke. Samtidig er det Kristus som brukar både han og henne, ved at han brukar si nådegåve og ho brukar si nådegåve.

2 Kor 4,3-18 Er då enn vårt evangelium dult, so er det dult millom dei som vert fortapte;  4 for denne verdsens gud hev blinda hugen åt dei vantruande, so ljoset frå evangeliet um Kristi herlegdom, han som er Guds bilete, ikkje skal skina for dei.  5 For me forkynner ikkje oss sjølve, me forkynner Kristus Jesus som Herre, men oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.  6 For Gud, som sa at ljos skulde skina fram or myrkret, han er den som og let det skina i våre hjarto, so kunnskapen um Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skulde lysa fram frå oss. 

2.Tim.1,1 Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden om liv i Kristus Jesus,  2 helsar Timoteus, sin kjære son. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
   
 3 Med takk til Gud som eg tener med reint samvit, liksom fedrane mine, nemner eg deg støtt i mine bøner, natt og dag.  4 Eg minnest tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att; det ville gjera meg hjarteglad.  5 Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg.
     6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.  8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev.  9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for. 12 Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem.
    13 Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

Maranata, 16.9.2013, tyding av tungetale ved John Miland:

Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.

Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.

Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.

Eg skal ta vare på den fagre skatten Gud har gitt meg og bruke den nådegåva han har gitt meg.

Jesus sa eg skulle bidra med det som Gud har gitt meg i hjertet. Bodskapen 29.3.2015:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er til stades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Eg har tenkt på henne Virtuella som lovsongen som Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og nådegåva som eg skulle kveike og bruke i kyrkjelyden. Og så skulle eg fare til Maranata i Oslo og bruke nådegåvene og tale profetisk.

Eg har nyleg skrive om Paulus si lære om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Jesus hovudet for kyrkja som er hans brud, at han grunngav det utifrå både skapingssoga, 1.Mos.2, og evangeliet. Jesu brud høyrer på kva han seier og når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så blir det vel slik at ho først og fremst høyrer kva han seier og dernest høyrer på meg.

No har det vore debatt om profetiane i «Dagen», på Facebook og på Dagen.no. Og eg meinar eg har vunne den diskusjonen og det er ved at eg sjølv har tala profetisk, det oppdagar eg vel først no, når eg tenker over det. Dette kjem eg tilbake til.

Ta imot den som Jesus sender med ein bodskap, ved å ta imot bodskapen, slik tek vi imot Jesus.

Vi skal vende hugen opp til Jesus og ta imot den Anden og livet han gir oss frå himmelen. Så vi må ta imot den som Jesus sender med ein bodskap, ved å ta imot bodskapen, slik tek vi imot Jesus. Sjølv om vi har teke imot han før, kjem til oss gang på gang med ny velsigning og då må vi ta imot han (Jfr Joh.Op.3,13).

Joh.13, 19 Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at eg er Han. 20 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

Matt.18, 1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.


Leave a comment