Ny tid 147. Jesus vil frelse oss frå syndefallet, fråfallet og domen.Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, når vi søker samfunn med han på det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta, han kallar på dei fråfallne, for å lækje deira fråfall og slik vil lækje fråfallet i jødedomen og kyrkja. 14. Skapingssoga og konstruksjon av kunnskap som pedagogisk teori. 6. Utviklingslæra og dommedag.

Bilete: Tyrannosaurus.

Dommedag refererer til domen etter syndefallet, men då er det både ein lang dryg prosess, ved striden mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og så kjem det til å ende med ei katastrofe til samanlikning med astroidnedslaget som utrydda dinosaurane. Men Jesus kjem til å frelse mange frå denne domendagen, ved at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende. Dette er den kvinneætta som sigarar over ormen.

Utviklingslæra og dommedag.

Utviklingslæra samanlikna med skapinga, syndefallet og domen, historia som gjentek seg.

I følgje utviklingslæra er livet ein kamp for tilværet, slik er det sjølv om individa lever i fred og ro, for det er eit spørsmål om kven som passar best inn i naturmiljøet. Men av og til vert det tydeleg ved ein kamp for liv og død, først og fremst fordi rovdyra lever av byttedyr og så fordi eit hanndyr markerer sitt territorium og forsvarer det, både for å sikre seg næring og for å samle sitt harem. Ved overleving av den mest veltilpassa, vil arten venteleg utvikle seg til å vere meir avansert og meir levedyktig. Men det er ikkje alle tider slik, for der kan komme naturkatastrofer som utryddar nettopp dei som var så godt tilpassa dette miljøet, fordi naturmiljøet vert forandra. Dinosaurane vart til dømes utrydda av eit astroide-nedslag for 62-65 millionar år sidan. Sauritschia (av «øglebekken») var dei dinosaurane som kunne sette føtene rett under seg og løfte buken frå bakken. Dei vart utrydda. Det ser ut til at domen etter syndefallet refererer til dette, ved at Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og dømde ormen til å måtte krype på buken. Den andre typen var Ornitschia (av «fuglebekken»). Noverande krypdyr ættar frå desse. Dei meinte at fuglane også gjorde det, herav ordet «ornitologi», men sidan har dei visast funne ut av fuglane ættar frå sauritschia.

Dommedag refererer til domen etter syndefallet, men då er det både ein lang dryg prosess, ved striden mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og så kjem det til å ende med ei katastrofe til samanlikning med dette astroidnedslaget. Men Jesus kjem til å frelse mange frå denne domendagen, ved at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende. Dette er den kvinneætta som sigarar over ormen.

I det gamle testamentet er det fortalt om mange rike som oppstod, tydeleg vis ved at folk samla seg om gudane sine, slik heldt religionen dei saman og slik fekk kongen mykje folk med seg i krig og så kriga dei mot kvarandre. Elles fekk dei ikkje hjelp frå gudane sine. Det spurdest berre kven som fekk mest folk med seg og kven som var mest veltrena og best utrusta i krigen, kva for ei hære som var størst og sterkast, sjølvsagt var det då viktig at kongen og hærførarane var dyktige.  Mange rike gjekk til grunne og det vert forklart som Guds straff fordi dei dyrka avgudane og ovmoda seg ved å prøve å gjere seg lik Gud. Likevel påstod Gud at det var han som gjorde det heile, så det vart som om skapinga, syndefallet og domen var historia som gjentok seg.

Israels Gud var den sanne og levande Gud og han hjelpte dei i striden, men så vart det indre splid, ein motsetnad mellom tru og tvil og det var ein åndskamp.

 

Israels-folket kom i trældom i Egypt og Gud sende Moses for å frie dei ut frå trældomen under avgudane i Egypt og leie dei til det lova landet, der dei skulle vere hans folk og han skulle vere deira Gud. På vegen vart derte indre splid, ein motsetnad mellom tru og tvil. Når dei kom til grensa til Ka’anans-landet sa Gud til Moses at han skulle sende tolv speidarar inn i landet, ein frå kvar stamme. Då dei kom attende rapporterte dei om at dei som budde der var store og sterke, så folket miste motet, berre to av dei, Josva og Kaleb, prøvde å oppmuntre dei med at Gud ville hjelpe dei i krigen, så slik skulle dei klare å innta landet like vel. Men folket trudde ikkje på han og gjorde opprør, derfor kom dei like vel ikkje inn i det landet som Gud hadde lova dei, dei måtte vente til der kom ein ny generasjon. Men Josva og Kaleb trudde på han og så får vi vite at der var ei anna ånd i dei. Dei fekk komme inn i landet etter dei 40 åra og då var det Josva som tok over som leiar etter Moses.

4.Mos.14,26 Sidan tala Herren atter til Moses og Aron og sa: 27 Kor lenge skal dette vonde folket murra mot meg? Eg har høyrt korleis israelittane murrar mot meg. 28 Sei til dei: Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Eg skal gjera med dykk som de har bede meg. 29 Her i øydemarka skal beina dykkar liggja, alle de som vart mønstra, kvar mann som er tjue år eller meir og har murra mot meg. 30 Ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg lova at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun. 31 Og borna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vanvørde. 32 Men dykkar bein skal liggja her i øydemarka. 33 Og borna dykkar skal flakka ikring her i førti år. Dei skal lida fordi de var trulause, til de alle har vorte til inkjes i øydemarka. 34 Liksom de speida ut landet i førti dagar, skal de lida i førti år for syndene dykkar, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna kva det vil seia å setja seg opp mot meg. 35 Eg, Herren, har sagt at så vil eg gjera med heile dette vonde folket som har svore seg saman mot meg. Her i øydemarka skal dei enda sine dagar; her skal dei døy.

36 Då dei mennene som Moses hadde sendt for å speida ut landet, kom att, gav dei ei nedslåande melding om landet og sette heile folket opp mot han. 37 Desse mennene, som hadde vore med på det, døydde av pest etter Herrens vilje. 38 Av dei som hadde fare på speidingsferd til Kanaan-landet, var det berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som fekk leva.

Herrens engel gjekk føre dei og dreiv ut folka, men sidan dei ikkje utrydda dei alle med det same, ville han ikkje drive ut resten av dei. Så sjølv om engelen gjorde sitt verk, var det like vel noko som var overlete til dei å gjere, men så fullførte dei det ikkje.

Dommarane.2,1 Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og lét dykk koma til det landet som eg med eid lova fedrane dykkar. Og eg sa: «Aldri vil eg bryta mi pakt med dykk. 2 Og de må ikkje gjera pakt med dei som bur her i landet; de skal riva ned altara deira.» Men de høyrde ikkje på orda mine. Kvifor gjorde de ikkje det? 3 No seier eg dykk: Eg vil ikkje driva dei ut. Dei skal verta til snarer for dykk, og gudane deira skal verta ei felle.

4 Då Herrens engel hadde tala desse orda til israelittane, gret folket. 5 Difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren.

Dei hadde berre prestetenesta i møteteltet som samla dei, ingen konge og ingen hær. Andre folk kom inn i landet og fortrengde dei. Gud påstod at det var fordi dei hadde vendt seg bort frå han, men sidan dei vende om og bad han om nåde og hjelp, reiste han opp ein «dommar» som leia dei i kampen mot fienden, så dei vann og frigjorde seg og landet sitt. Dette hende gang på gang, men så bad dei om ein konge, slik som dei andre folka. Då var Samuel dommar og Gud sa til han at eigentleg var det Herren dei hadde vraka som konge, så han ville gi dei ein slik konge som dei ville ha, eit sit snev av demokrati altså. Det vart Saul, i byrjinga fungerte det bra. Gud sa til han at han skulle gå til krig mot amalekittane og slakte ned for fote, for han hadde noko å hemne. Han vann striden, men så fann han på noko sjølv, at han skulle ofre noko av dyra til Herren. Like vel påstod han overfor Samuel at han hadde gjort slik som var sagt til han. Men lydnad mot Gud og hans Ord var då viktigare enn offer, han hadde vraka Guds Ord, endåtil med å ville ofre til han, derfor vraka Gud han som konge.

1.Sam.15,13 Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna vere du av Herren! Eg har halde meg etter Herrens ord.» 14 Men Samuel sa: «Kva er det då for bræking som læt for øyro mine, og kva er det for rauting eg høyrer?» 15 Saul svara: «Det er nokre krøter dei har teke frå amalekittane og drive hit. Folket sparte det beste av småfeet og storfeet, av di dei ville ofra det til Herren din Gud; men resten har vi bannstøytt.» 16 Då sa Samuel til Saul: «Hald opp, så skal eg kunngjera deg kva Herren tala til meg i natt.» «Tal!» svara Saul. 17 Samuel sa: «Endå du har så små tankar om deg sjølv, er du likevel hovding over Israels-ættene! Herren har salva deg til konge over Israel. 18 Sidan sende han deg i veg og sa: Gå og bannstøyt amalekittane, dette syndige folket, og strid mot dei til du har gjort ende på dei! 19 Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over hærfanget og gjorde det som vondt var i Herrens augo?» 20 Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og gjorde ende på amalekittane. 21 Men folket tok noko småfe og storfe av hærfanget, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»

22 Då sa Samuel:

«Trur du Herren har hugnad

i brennoffer og slaktoffer

så som i lydnad mot Herrens ord?

Nei, lydnad er betre enn slaktoffer,

og viljug hug er betre enn verefeitt.

23 Trass er jamgodt med spådoms-synd,

og stridlynde er som avgudsdyrking.

Fordi du har vraka Herrens ord,

har han vraka deg som konge.»

24 Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda; for eg har gjort imot Herrens ord og dine påbod. Eg var redd folket og gav etter for dei. 25 Kjære, tilgjev no synda mi, og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.» 26 Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg; du skal ikkje lenger vera konge over Israel.» 27 Dermed snudde han seg og ville gå. Men Saul treiv i snippen på kappa hans, så ho rivna. 28 Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du. 29 Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, så han skulle angra.» 30 Saul svara: «Eg har synda. Men vis meg likevel den ære framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel at du er med meg attende! Så vil eg tilbe Herren din Gud.» 31 Då gjekk Samuel med han attende, og Saul tilbad Herren.

32 Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg!» Skjelvande steig Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!» 33 Men Samuel svara:

«Som sverdet ditt har gjort kvinner barnlause,

skal mor di verta barnlaus, framom andre kvinner.»

Så hogg Samuel Agag ned for Herrens åsyn i Gilgal.

34 Med så gjort gav han seg på veg til Rama, og Saul fór heim att til Sauls Gibea. 35 Sidan ville ikkje Samuel sjå Saul meir så lenge han levde; for han syrgde over Saul.

Men Herren angra at han hadde gjort Saul til konge over Israel.

Gud såg seg ut ein mann etter sitt hjerte og let Samuel salve David til konge i staden. Saul fekk sine stunder med tungsinn og dei sa at det var ei vond ånd ifrå Gud som kom til han. Derfor fekk dei tak i David, så han skulle spele for han. Gud var med David i striden og folket la merke til det og då vart Saul misunneleg på han og vart så rasande at David flykta. Då måtte han ta tilflukt hos Herren og salvinga vart viktig for han, den symboliserer den Heilage Ande og den leia han og berga han.

1.Sam.16,11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

14 Herren tok sin Ande frå Saul og sende ei vond ånd, som skræmde han. 15 Då sa mennene åt Saul til han: «Vi ser at ei vond ånd frå Gud skræmer deg. 16 Sei berre frå, herre, så skal tenarane dine, som står her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela på harpe. Når så den vonde ånda frå Gud kjem over deg, skal han spela; då letnar det for deg.» 17 Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og før han hit til meg!» 18 Då sa ein av dei unge mennene: «Eg kjenner ein son til Isai frå Betlehem, som kan spela. Han er ein sterk og djerv krigar og god til å tala for seg. Han er ein staseleg kar, og Herren er med han.»

19 Så sende Saul bod til Isai og sa: «Send hit til meg David, son din, han som gjæter småfeet!» 20 Då tok Isai eit esel, kløvja det med brød, ei hit med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul. 21 Såleis kom David til Saul og gav seg i teneste hjå han. Og Saul fekk han kjær og gjorde han til våpensveinen sin. 22 Han sende bod til Isai og sa: «Lat David få vera i teneste hjå meg! For eg likar han.» 23 Når så ånda frå Gud kom over Saul, tok David fram harpa si og spela. Då letna det for Saul; han kjende seg betre, og den vonde ånda fór frå han.

Med David kom det ei stordomstid for Israel, når han vart gammal og son hans, Salomo skulle ta over, sa Gud til David at han ville vere far for Salomo, var han lydig, skulle det gå vel, var han ulydig, skulle han få straff, men han ville ikkje ta sin nåde ifrå han, slik som han gjorde med Saul.

2.Sam.7,1 Ein dag kongen sat i huset sitt, etter at Herren hadde gjeve han fred for alle fiendane rundt ikring, 2 sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Guds paktkiste står i eit telt.» 3 Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Herren er med deg!»

4 Men same natta kom Herrens ord til Natan, og det lydde så: 5 Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus åt meg til å bu i? 6 Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt, og til denne dag. Men eg har ferdast ikring med eit telt til bustad. 7 Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar som eg sette til å vakta Israel, folket mitt: «Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?» 8 Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt. 9 Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det. 10 Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir; valdsmenn skal ikkje plaga dei som i gamle dagar. 11 Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men deg har eg gjeve fred for alle fiendane dine. Og no forkynner Herren deg at han vil byggja eit hus åt deg. 12 Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans. 13 Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid. 14 Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Når han gjer det som vondt er, vil eg tukta han med manneris og menneskeslag. 15 Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg. 16 Ditt hus og ditt kongedøme skal alltid stå fast for mitt åsyn, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid. 17 Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.

Men Salomo gifte seg med kvinner frå dei folka Gud hadde forbode dei å blande seg med og på hans gamle dagar lokka dei hjartet hans bort frå Herren.

1.Kong.11,1 Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. 2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei. 3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg. 4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore. 5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane. 6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane. 8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.

9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. 12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»

Jeroboam kom til makta i Nordriket (Israel) i 927 f.Kr. Han sette opp to gullkalvar, ein i Dan og ein i Betel og sa til folket at dette var gudane som førde dei opp frå Egypt. Slik ville han med si makt stå fram som alternativ til makta i Jerusalem (1.Kong.12,25….). Seinare vart Akab konge, han gifte seg med Jesabel, dotter til ein Sidonar-konge og byrja å dyrke Ba’al. Han fekk med seg Josjafat, kongen i Sør-riket (Juda) for å gå til krig mot aramearkongen, men han ville spørje Herren til råds. Guds profetar kom og sa det var berre å gå til krig, slik som dei hadde tenkt, men Josjafat ville ha svar frå fleire profetar, så dei fekk tak i Mika og han kom og sa noko anna. Han hadde fått vite meir og kom med ei forklaring som syntest merkverdig, Gud hadde spurt etter nokon som kunne narre Akab til å gå til krig, slik at han fall i krigen. Då gjekk ånda fram og sa ho ville vere ei lygnarånd i munnen på profetane. Så dei skulle gi han falske profetiar altså. Var det då like vel same ånda som Mika hadde fått? Jau, for først profeterte han sameleis som dei andre, men så spurde kongen han ein gong til og då fekk han vite noko anna.

1.Kong,22, 10 Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine. 11 Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.» 12 Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

13 Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!» 14 Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.» 15 Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far du, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.» 16 Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

17 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!» 18 Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?»

19 Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida. 20 Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så. 21 Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren. 22 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!» 23 Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg.

24 Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?» 25 Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.» 26 Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj 27 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!» 28 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folkeslag!»

Og det gjekk slik som Mika profeterte. Eg tenker meg at dei andre profetane også hadde Guds Ande, men korleis kunne dei då ta så feil. Skilnaden kunne vere at Mika hadde innvia seg meir for Herren, derfor fekk han det rette svaret og det var nok for Herren til å spele sitt politiske spel. Dette bør vi ta lærdom av i vår tid, det kan vere mange kristne, som har fått den same Anden frå Gud, som framstiller seg som leiarar også politiske leiarar, som om dei var profetar, utan å innvie seg for Herren, for å få det rette svaret.

Seinare la Josjafat vinn på å søke Herren og fekk med seg folket for å be for seg sjølve og landet sitt og Herren svara at han skulle stride for dei, så dei skulle prioritere å lovprise han. Det er ein viktig lærdom for ettertida, også i den nye pakta (Joel.3,17).

2.Krøn.20,13 Imedan stod alle judearane der for Herrens åsyn; jamvel småborna og konene og sønene deira var med. 14 Då kom Herrens Ande – midt imellom folket som var samla – over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je’iel, son til Mattanja, som var ein av Asaf-sønene. 15 Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds. 16 Far ned mot dei i morgon! Då dreg dei oppetter Hassis-bakken, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen ut mot Jeruel-øydemarka. 17 Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stella dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk, de Juda-menn og Jerusalems-buar. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»

Nord-Riket vart eit par hundrede år, så tok assyrarane landet, Samaria fall i 722 f.Kr. Dei ville ta Jerusalem også, men kong Ussia bad til Gud og han berga dei. Han kalla assyrarkongen staven som han slo med, for å straffe folka, men han såg det annleis, at han ville utrydde mange folk, men staven kunne då ikkje løfte han som slo.

Jes.10,5 Ve Assur, mitt vreideris!

Min harme er staven i hans hand.

6 Eg sende han mot eit gudlaust folk,

baud han fara mot det folk eg var harm på,

så han kan røva og rana og plyndra

og trakka det ned som avfall i gata.

7 Men han har ikkje meint det så

og gjer seg ikkje slike tankar.

Nei, til å øyda står hans hug

og til å rydja ut mange folk.

8 Han seier: «Er ikkje mine stormenn

kongar alle saman?

9 Gjekk det ikkje Kalno som Karkemisj?

Gjekk det ikkje Hamat som Arpad,

og Samaria som Damaskus?

10 Når mi hand har nått til dei rika

der dei dyrka andre gudar,

og der det var fleire gudebilete

enn i Jerusalem og Samaria,

11 skulle eg ikkje då kunna gjera det same

med Jerusalem og gudebileta der

som eg gjorde med Samaria og gudane der?»

12 Men når Herren har fullført alt sitt verk

på Sion-fjellet og i Jerusalem,

då krev eg Assur-kongen til rekneskap

for fylgjene av hans hovmodige ferd

og for trassen i hans stolte augo.

13 For han har sagt:

«Dette har eg gjort med mi sterke hand,

og i min visdom, for eg er klok.

Eg sletta ut grenser mellom folkeslag

og plyndra skattane deira.

I mitt velde støytte eg fyrstar frå trona.

14 Mi hand greip etter rikdomen åt folka

som ein grip etter eit fuglereir.

Som ein samlar inn egg når fuglen er flogen,

har eg samla alle land på jorda.

Det fanst ingen som rørte ein veng

eller opna nebben og peip.»

15 Briskar vel øksa seg mot den som høgg,

set saga seg over den som sagar?

Som om staven skulle svinga han som lyfter han,

og stokken lyfta han som ikkje er av tre!

Det gjekk slik at Gud berga Jerusalem ved å sende sin engel for å krige for dei.

2.Kong.19,32 Ja, så seier Herren om assyrarkongen:

Han skal ikkje koma inn i denne byen

og ikkje skyta ei pil dit inn.

Han skal ikkje gå imot han med skjold

og ikkje kasta opp ein voll imot han.

33 Den vegen han kom, skal han fara attende;

i denne byen skal han ikkje koma inn,

lyder ordet frå Herren.

34 Eg vil verna byen og berga han

for mi eiga og for min tenar Davids skuld.

35 Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der. 36 Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.

Dette kan vi godt ta som førebilete på korleis det går når Jesus kjem att med sine englar (Joh.Op.19,11….). Det skal vi sjå fram til, men då får vi også sjå og oppleve at han kjem til oss her og no, ja, for han har då lova å vere med oss alle dagar, inntil verda sin ende.

Nåden og Sanninga.

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born og åtvara dei mot å gjere opprør, for elles kom dei til å miste landet sitt. Om dei då vende om til Herren, ville han la dei komme attende og då skulle dei verte hjerteomskorne. Slik gjekk det og soleis tala Paulus om den nye pakt som hjerteomskjeringa i den Heilage Ande.

Rom.2, 28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.

Jesus kom til sine eigne, men dei tok ikkje imot han, men dei som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Det var eigentleg dei som var ekte jødar og dei forkynte den glade bodskapen vidare til heidningane, slik som det var profetert. Johannes Døyparen sa at lova kom ved Moses, men nåden og Sanninga kom ved Kristus, han døyper med den Heilage Ande, han er den som har bruda. Ja, han sende oss Sanningens Ande, den openberrar Guds Ord for oss og leier oss fram til heile Sanninga, så den set oss fri. Kristus er vegen, Sanninga og Livet, den vegen fører oss til Faderen, så vi får oppleve hans kjærleik og omsorg, han oppseder oss og lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande. (Joh.1,3,14).

I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Ved trua på han får vi hans Ande av berre nåde, har vi teke imot, så vi har hans Ande, så tilhøyrer vi han. Vi trur oss frelst, det er i vona, men så er det viktig for oss å få rett opplæring, så vi vert bevisste på kva det er vi har å vone på.

Fråfallet i den nye pakta.

Elles heldt jødane fram med sitt fråfall i den nye pakta, ved at dei kravde at dei som vende om til Israels Gud skulle la seg omskjere. Men Paulus sa at Kristi omskjering var god nok, alternativet ville vere å falle ifrå den nye pakta og gå tilbake til den gamle.

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Det ville vere å forkynne eit anna evangelium og verte forbanna og få ei anna ånd.

Gal.1,6 Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. 7 Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! 9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!

10 Prøver eg no å verta godkjend av menneske – eller av Gud? Prøver eg kanskje å gjera menneske til lags? Var det menneske eg framleis ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar. 11 Eg kunngjer dykk, brør: Det evangelium eg har forkynt, er ikkje menneskeverk. 12 Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; men det var Jesus Kristus som openberra seg for meg.

2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

Kvinnerørsla har protestert mot Paulus si lære om at mannen er hovudet for kvinna, men hovudsaka er at då at han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Betyr det då opprør mot Herren, så er det fråfallet i den nye pakta, liksom fråfallet i den gamle pakta. Om dei då tenker seg eit alternativ, så finst det ikkje, Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Jesus sende oss den Heilage Ande frå himmelen, det må vi ære og takke Gud og Lammet for. Det har seg slik at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Om nokon prøver å komme med ei anna forklaring, så er det ikkje sant. Han gir ikkje si ære til nokon annan, han gir ikkje si ære til avgudane. Politikarar og økonomar vil gjerne forhandle for å få til ei avtale og ei kontrakt, men den nye pakt er allereie kontrakta vi har å forhalde oss til, så dette forhandlar vi ikkje om!. Om dei ikkje vil la seg forsone med Gud slik, så er det fråfallet som er alternativet. Dei tenker seg tydeleg vis at dei med sin likestillingspolitikk kjem i ein forhandlingsposisjon, men det er ikkje tilfelle. Det er eigentleg å prøve å lokke til fråfall. Vi har fått Guds Ande frå himmelens Gud og det går ikkje an å likestille den med denne verda si ånd, ånda frå denne verda sin gud. Dei vonde åndene går ikkje saman med Guds Ande, dei må flykte. Kristus har betalt prisen for oss med sitt eige blod ein gong for alle, så du kan ikkje komme og forhandle om prisen og du kan heller ikkje komme med ei vond ånd og prøve å likestille det med Guds Ande. Men dersom du tek imot Kristus i tru, så får du hans Ande av berre nåde, så du vert frelst og fri. Har du med avgudsdyrkinga kome i samfunn med vonde ånder, så reinsar hans blod deg frå avgudsdyrkinga, du får Guds Ande av berre nåde og då må dei vonde åndene flykte.

Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

Fråfallet i jødedomen og Islam førde til kolonivelde og det gjorde fråfallet i kyrkja også.

Klassekampen var ei indre drivkraft i Romarriket, så det voks fram som ein republikk med demokrati på topp-plan, til eit storrike. På den tida gjorde Israel avtale med dei. Men så vart klassekampen til borgarkrig og det vart eit keisarrike, der keisaren skulle dyrkast som gud. På den tida stod Kristus fram i Israel og forkynte evangeliet om Guds rike. Han lærde opp disiplane sikne og sende dei til heidningane også med den glade bodskapen og etter eit par hundrede år vart kristendomen legalisert i Romarriket og gjort til statsreligion.

Kristus fekk motstand frå dei jødiske religiøse leiarane, det var den Duglause Hyrdingen gjette slaktesauene for sauehandlarane, men Kristus er den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene og kjøpte oss tilbake til Gud med sitt eige blod. Slike motsetjande interesser er der enno. Men Kristus valde Paulus til apostel i staden for Judas, då valde han ein som var seld som træl utan i vite det, i staden for ein som selde og visste det. Då er det nærliggande å rekne med at det er interessa av å gjete slaktesauene for sauehandlarane som ligg bak protesten mot Paulus si lære. Dette kan ligge mykje politisk og økonomisk makt bak dette, endåtil overnasjonale kolonivelde.

Jødane sitt fråfall i den nye pakta kom ved at dei kravde at dei heidningane som vende om til Israels Gud skulle la seg omskjere. I Islam gjekk heidningane med på dette, så dei endåtil fann på omskjering for kvinner. Men for jødane vart dette som om mennene gifte seg med dei utanlandsk kvinnene som dyrka avgudane og vart med i avgudsdyrkinga deira. Og som om kvinnene dyrka av gudane til folka rundt dei. Slik var Israels fråfall.

Det fyrste muslimske kalifatet la fort under seg heile arabarverda som eit overnasjonalt kolonivelde. Den Katolske Kyrkja bar meir og meir preg av å vere eit keisarriket og så vart den tydeleg vis til eit kolonivelde i Sør-Amerika, Mellom-Amerika og Mexico og kva meir? Tsar kjem av Cæsar, så det russiske tsarveldet var som eit keisarriket, med kristendomen som religion, ved den ortodokse kyrkja.

Protestantismen kom som ei fornying av den evangeliske forkynninga og verka dermed frigjerande, spesielt som motsetnad til den Katolsk Kyrkja. Like vel kom den franske revolusjon og det resulterte i at paven kom for å krone Napoleon til keisar, men han tok krona sjølv og sette den på hovudet. Napoleons-krigane bar preg av å utbreie revolusjonen, men kva skulle det tene til anna enn å etablere eit kolonivelde?

Fråfallet kom i protestantismen også, ved tysk filosofi, Kant, Hegel, Marx …. Det slo gjennom ved den russiske revolusjon og slik ramma det den ortodokse Kyrkja også. Det førde eigentleg til diktatur, så kvar vart det av fridomen?

Etter den kalde krigen og Berlin-murens fall, så folka i Aust-Europa mot vest etter fridom og demokrati. For mange betydde det å søke medlemskap i EU og/eller NATO. Etter oppløysinga av Sovjetunionen har der kome fleire sjølvstendige statar, ein av dei er Ukraina og dei har vore interesserte i medlemsskap i EU og NATO. Derfor gjekk Russland til krig mot Ukraina, men det har då som hensikt å legge under seg Ukrainsk land, så dei skal miste landet sitt altså?! Som om dei har falle ifrå Herren og byrja å dyrke andre gudar og skal straffast for det?

Til samanlikning er vi medlem av NATO, men ikkje av EU, vi har greitt oss med handelsavtale med EU. Her er det framleis motstridande interesser hos oss. EU starta som eit økonomisk samarbeid med handelsavtaler, sidan bar det meir preg av ein politisk union og kva ligg i det? Det må no vel basere seg på at nasjonalstaten skal leve å fungere?

Men no har klimapolitikken, spesielt etter Parisavtala vorte som ein religion til erstatning av kristendomen. EU sin politikk ber preg av det, soleis framstår EU som ei keisarmakt til samanlikning med Napoleon, så EU kan framstå som eit koloni-samvelde.

Evangeliet er ein frigjerande bodskap og den kristne kyrkja skal forkynne den.

Men den frigjerande bodskapen i evangeliet er då den same og den kristne kyrkja skal forkynne den, same enten den kallar seg katolsk, ortodoks eller protestantisk. Desse namna har å gjere med organiseringa av kyrkja, men Guds Ande er ikkje avgrensa av det. Gud lova at han ville utgyte sin Ande over alt kjøt (Joel.3) og slik er den glade bodskapen om Kristus. Evangeliet er grunnvollen som kyrkja er bygd på og skal sjølvsagt forkynnast i den, elles tek den bort grunnlaget for sin eksistens. Kristus og disiplane hans forkynte evangeliet om Guds rike, hans rike er ikkje av denne verda, så det er ikkje underlagt noko menneskeleg styresett og nettopp slik er det frigjerande. Avgudane laga av stokk som stein var Lygna, Djevelen var Lygnaren, men som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.


Leave a Reply