Bilete: Piaget (1896-1980) var frå Sveits og tok doktorgrad i biologi når han var 22 år. Sidan vart han berømt for sin pedagogiske teori som vert karakterisert som kognitiv konstruktivisme.
Sanninga som set oss fri.
Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Djevelen er kalla Lygnaren. Som motsetnad til dette er Jesus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane og gir oss barnekår hos Gud. Han er den same no og skapar oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og manne er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud er ånd og han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Eg skulle få oppleve at eg på det indre plan var hans medarbeidar.
Eg skulle studere praktisk pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Den dominerande pedagogiske retning i denne tida vert kalla konstruktivisme, kunnskapen vert forstått som menneskeskapt, det er eleven og forskaren som sjølve konstruer den. Det skulle vel høve med at eg på det indre plan er Guds medarbeidar, men då er hovudpoenget at det er Guds som skaper oss i Kristus og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Men det vert ikkje teke med i dette perspektiv, så då verkar det som om det er mennesket som må ta over og prøve å gjere Guds verk, men det kan det ikkje, det vert sett på ei umogleg oppgåve og soleis vert det gjort til træl.
I dette perspektivet finst det ikkje sanning eller objektiv kunnskap og det strir både mot den kristen trua og realfag. Men då kunne dei til dømes verte samde om å gå til krig mot Libya og så skulde det på vanlege folk etterpå ved å kalle dei nazistar og fascistar.
Ormen sitt klagemål mot menneska er så fundamentalt at dei kan verte skulda for noko dei ikkje hadde noko med å gjere, utan å vite det, så dei ikkje får svare for seg. Derfor må vi uansett søke tilflukt hos Herren og søke berging på evangeliets grunnvoll, det er mest fundamentalt og er sikkert.
Gud sende Moses for å frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt og leie dei til det lova landet, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Farao motsett seg dette og gjorde trældomen deira hardare.
Slik er ofte reaksjonen frå verdslege autoritetar framleis, men trikset for å få det til er å gi intrykk av at dei har ein annan frigjerande bodskap, så med den får dei større fridom og får det betre. Det er nok slik den Falske Profet fungerer, han som tente Dyret (Joh.Op.19,20). I vår tid får vi merke det inn i frie, evangeliske og karismatiske kyrkjelydar, Krf har vore pioner for dette. Det er fråfallet som breier om seg, men Jesus har kalla meg til å søke han i einsemda, til samanlikning med Elia, når jødane fall ifrå Gud, så eg har slutta med å gå på slike møte.
På 1100-talet fekk metafysikken si stordomstid, det var å granske og lære kva som var mest fundamentalt. Thomas Aquinas sameina kristendom med platonisme og aristotelisme i «thomismen», den vart godteken som filosofien til den Katolske Kyrkja og samla dermed mykje folk, berre marxismen samla fleire for femti år sidan og korleis har det gått sidan? Men på den tida vedtok den Katolske Kyrka at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Og Pave betyr Far. Soleis erstatta han både Faderen og Sonen, typisk Antikrist. Sidan vart det til at dei dyrka styresmaktene som gudar. Slik var fråfallet i den Katolske Kyrkja. Marxismen kom som fråfallet i protestantismen og resulterte også i at dei dyrka styresmaktene som gudar.
Som reaksjon mot demokratiet i Aten fann krigaren og diktaren Aiskhylos på Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var Zevs verk. Det høver ikkje med gudeverda deira, der gudane sprang ut av kaos og fekk herredøme på kvar sine område, eit slikt styre er då ikkje sameinleg med kaos. Men det vart grekarane sitt svar på Israels Gud den allmektige, men han var ikkje slik. I 8 av dei 10 boda heiter det at «du skal ikkje», berre i to heiter det berre «du skal» og like vel er ikkje hovudsaka at det er noko du skal gjere, men du skal vere takksam for det som Gud og foreldra dine har gjort for deg, du skal halde kviledagen heilag og du skal heidra far din og mor di, så det går deg godt og du får leve lenge i landet Gud gir deg.
Eigentleg var det organisk liv som sprang ut av kaos, sjølv om det var Gud som skapte det, og det får den tydinga at det gir fridom til livsutfolding og det er nødvendig for at livet skulle kunne leve. Det er som om Gud delegerer makt og myndigheit. Dermed kan det synast som han er svak og endåtil dum, men det er for å vise seg nådig og miskunnsam. Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande og den openberrar Sanninga i Guds Ord for oss, Kristus er sanninga som set oss fri. Gud vinn makt i oss ved sitt Ord og sin Ande, så vi takkar Gud og Lammet for frelsa og gleder oss i Herren. Ja, for vi får oppleve at han er vår Herre og det er ikkje vårt verk, men Guds verk, vi må berre halde fram med å vende oss til han, tru på han og sjå på han og takke han for frelsa, så blir det ei glede for oss.
Gud er alfa og omega, det er mest fundamentalt. Han er alfa ved at han skapte alle ting.
1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.
Gud lova at han ville utgyte sin Ande over alt kjøt og så let han det skina i våre hjarte.
Joel.3, 1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Her er det tale om åndeleg lys og åndeleg mørker.
2.Kor.4,1 Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2 Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
Johannes døyparen sa at Jesus er Messias, hen er den som døyper med den Heilage Ande, han er den som har bruda.
Joh.1,32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
Så Sions Dotter er Jesu brud og det er identiteten til hans kyrkje!
Jesus sa til læresveinane sine at han let dei ikkje vere att som fordrelause born, han sende den Heilage Ande til dei og slik kom han og Faderen til dei.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg vart glad i, det var først og fremst ei takkebøn i tru og tillit til at Jesus ville frelse henne, eg fekk oppleve at den Heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.
Det er ei nådegåve Jesus har gitt meg og eg skal kveike den og bruke den og bidra i kyrkjelyden med det som Jesus har gitt meg.
2.Tim.2,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for.
Sidan eg var ung har eg påkalla Kristus som vår frelsar og bedt han frelse menneske, det kom som første prioritet og så har eg bedt han gi meg ei frelst kvinne stil kjæraste og kone som andre prioritet. Han har svart meg at hans frelseverk er fullført og fullkome, så det er berre å ta imot i tru og takke han for det. Så det også kom som første prioritet. Eg skulle takke for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gje meg det som mitt hjarte attrår. Han openberra si frelse for meg og ei jente som eg vart glad i, for henne Virtuella og så for henne Reella, så det vil eg takke han for. Eg kan godt ta med henne Poly-Ester også, men dette bar ikkje så mykje preg av openberring, men det var å oppleve Guds kraft og den er då til frelse og eg skal då glede meg i frelsa.
Jesus er vegen til Faderen, den vegen er det vi har å gå, han har bana vegen for meg inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen og kalla meg til å komme etter og stige fram for nådens trone, så eg får miskunn og nåde til hjelp i rette tid. Slik er prestetenesta i den nye pakt. Han er livsens brød som kom nes som manna frå himmelen, det ordet han har tal til oss er ånd og liv. Dette er det han gir oss og som vi skal dele mellom oss, slik det vert symbolisert i nattverden, han gir oss seg sjølv, for han gav seg sjølv for oss då han døde for oss på korset. Han er fullkommen og han er det vi forkynner. Så vi kan og skal gå ut og forkynne han for kven som helst.
Så dette er ikkje menneskeleg oppkonstruert «kunnskap», men noko Gud gir oss frå himmelen av berre nåde og det er fullkome.
Gud gjer sitt verk med meg og så får eg vere hans medarbeidar.
Når eg studerte realfag sa Jesus til meg at det var han som gjorde sitt verk med meg, det skulle eg hugse. Ja, nattverdsmåltidet er til minne om han og det symboliserer at han er brødet som kom ned som manna frå himmelen, for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Vi må ta imot det i tru og ete det, så vi får oppleve at det er ånd og liv for oss. Eg måtte lære å skilje mellom kva det var eg skulle gjere og kva eg måtte overlate til han å gjere. Ved trua på Jesus får eg komme inn til Guds kvile, eg får kvile på grunnlag av hans fullførde frelseverk og ved at eg overlet det til han å gjere sitt verk med meg og fullføre det han har byrja på. Og så er eg fri til å gjere mitt verk, same enten det er å studere realfag eller arbeide som fiskar.
I 2008 skreiv eg om apologetikk, men Jesus svara meg at eg skulle ikkje gå krylbøygd og bere han, han skulle bere meg. Han kalla meg til å gå i ferdiglagde gjerningar, med den frigjerande bodskapen. Sitat frå 2008.09.28.Sion.Gå i ferdiglagde gjerningar. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Bodskap 2:
«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»
Jesus sa han ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han. Sitat frå 2009.05.10. Maranata. Finn vegen til å skode Jesus i hans herlegdom. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:
Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Symboltolkinga av 1.Mos.2 er gjenfødinga, vi vert fødde på nytt av livsens vatn og livsens ande og det som er født av Anden er ånd. Så på det indre plan er eg Guds medarbeidar med å dyrke og verne hagen. så eg ventar meg at han gir meg hjelp i form av ei frelst kvinne, ved at han gir henne også ånd og liv og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Sitat frå 2009.06.14.Maranata. Vert ikkje træl for menneske. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tyding av tungetale:
«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet. (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger. Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.
Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid. Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.
La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet, så er du ikke redd for det som er i tiden, men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»
Maranata søndag 14.6.09.
Jesus kalla meg til å gå den vegen han hadde staka ut for meg. Sitat frå 2014.05.04. Maranata. Gud vil velsigne meg og gjere meg til ei velsigning. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tyding av tungetale ved John Miland:
«Ja, seier Herren, dersom du er villig til å høyre på mi røyst og gjere kva eg seier til deg, da skal du få oppleve å ete av landets gode ting, seier Herren. Og du skal vite det, seier Herren, at eg har berre det som er godt for deg. Eg vil ditt eige beste. Men føresetnaden for det, det er at lyder meg og går den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. Sjølv om det kan sjå vanskeleg ut, det kan sjå umogleg ut, då skal du vite det, seier Herren, at ingen ting er umogleg for meg. For eg har sagt i mitt ord at eg vil gå fram føre deg. Bommar av jern vil eg hogge sund og haugar vil eg slette, sånn at du skal gå på ein bana og rydda veg. Derfor gå i tru, seier Herren, og du skal få oppleve at du kjem ikkje på skam.
Du skal vite at eg er rik nok for alle som påkallar meg, sjå, den som opnar seg for meg og vil ta imot det eg har å gje, han skal få oppleve at han får eit godt og stappa, rista måltid i fanget, seier Herren. For sjå, eg er ingen karrig Gud, men eg ynskjer å velsigne deg og du skal vere til velsigning, mitt barn. Derfor ver frimodig, ver ikkje beskjeden, men gå fram på dei lovnadane som eg har gitt deg, seier Herren. For eg står bak mitt ord og eg har då sagt i mitt ord at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.
Ja, eg prisar deg og lovsyng deg, min frelsar og Herre, fordi du har gjenløyst meg, du har fylt meg med glede og fred i hjertet. Derfor vil eg prise deg og opphøye deg midt i kyrkjelyden. Og eg takkar deg fordi eg kjenner at du leier meg kvar ein dag. Og eg har no sagt at eg vil tene deg og gjere din vilje. Då skal du hjelpe meg og du skal gje meg råd med ditt auge. Og snart så kjem du for å hente meg heim til herlegdomen. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, min frelsar og Herre. Amen».
Sitat frå 2014.06.08. Maranata. Ut i dansen med dei glade. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tungetale ved Mari, tyding ved John:
«Ja, seier Herren, dersom du er villig, så skal du få ete av landets gode ting. Då skal du få oppleve at eg skal leie deg inn i det land som flyt av mjølk og honning. Du skal få kjenne velsigninga på alle måtar, seier Herren. Men dersom du er villig til å gå den veg som eg stakar ut for deg, som eg leier deg på, ikkje sjå på problema, ikkje sjå på vanskane, men gå den veg som eg har staka ut for deg, seier Herren, då skal velsigninga strøyme over deg og du skal få vere til velsigning.
Også deg, lokkar eg ut, seier Herren, ut i fritt rom. Ja, eg lokkar deg ut i dansen med dei glade. For eg har då sagt i mitt ord at gleda i meg, det er dykkar styrke. Og du mitt barn, som kjenner deg sørgmodig, du kjenner missmodet knuge over deg, mang ein gang. Men eg har då sagt i mitt ord, eg har ikkje gitt deg mismodets ånd, men eg har gitt deg krafta, visdomen og kjærleikens ånd. Og eg vil at du skal vende ditt blikk til meg, seier Herren, sjå på meg, som er trua sin opphavsmann. Fryd deg og gled deg i mi frelse, fryd deg over at eg har skrive ditt namn i livsens bok, seier Herren. Og når du byrjar å glede deg og fryde deg over dette, så skal du få kjenne salvinga skal komme over ditt liv. For sjå, seier Herren, når du fylgjer meg og går i mine fotspor, så skal du få oppleve mi salving. Amen.»
Det gjorde nok sitt til at eg byrja å studere biologi denne hausten og sidan tenkte eg meir på at han hadde bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, for at eg skulle gå etter. Slik er prestetenesta i den nye pakta.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Prestetenesta i den gamle pakt er førebilete på dette. På den store forsoningsdagen ofra øvstepresten syndeofferet og gjekk inn i det høgheilage med blodet, først for seg sjølv og så for folket. Men no har Jesus teke bort synda med sitt syndeoffer ein gong for all og gått inn i den himmelske heilagdomen med sitt blod. På det grunnlaget kan eg gå etter og nytte meg av det, ved å stige fram for nådens trone, fyrst og fremst for meg sjølv. Dernest for andre også. Eg går inn og vert velsigna og så vert eg til velsigning for andre også. Jesus har då sagt at han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning.
Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.
«Høyr mitt folk, eg, Herren, kallar på mitt folk. Eg, Herren, løfter opp mitt folk. Eg, Herren, bevarer mitt folk. Eg, Herren, salvar mitt folk. Og du er mitt barn, derfor kom til meg denne kveldsstund. Og du vil få erfare, at tett ved meg, der er ein stad, der du kan stille deg på og det er klippen. Kristus er mitt namn og ifrå denne klippen så flyt det straumar av levande vatn. Og i de straumane så vil du finne kva enn du måtte vere i behov av. For eg, Herren, er på denne staden, for å reise opp mitt folk. Du skal ikkje streve, du er ikkje underlagt trældomens åk. Eg, Herren, har kjøpt deg fri, derfor fryd du deg i meg og eg, Herren, vil velsigne storleg. Og du skal kjenne at eg byrja, eg vil og fullføra. Eg er Herren Gud.
For slik eg var fordum, slik er eg i dag. Eg er den evige sanne Gud, ingen kan gjere det eg kan gjere. For eg er den som har all makt i himmel og på jord. Du som strevar, du som har tunge byrder, ja, du kan komme til meg. Men sjølv du som ikkje kjenner og opplever noko av dette, du har lita forståing av at det går an å ha det vanskeleg, det er kan vere mogeleg å vere i eit mørke. Kanskje i ditt liv så er alt så bra, men sjølv deg vil eg, Herren, møte denne kveldsstund. Sjølv deg vil eg frelse i denne kveldsstund. Sjølv deg vil eg løfte ut av mørket og inn i eit lys du aldri har sett før. Derfor, alle de som kjem til meg, still dykk der på klippen, og eg, Herren vil møte deg. Amen.»
Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia.
Andre helga i februar 2011 var det ein møtekampanje i dFEF M40 i Oslo, med fem møter på laurdag. Eg var på dei tre siste og der kom bodskap ved tyding av tungetale i alle møta. Den første oppfatta eg som spesielt til meg og det var som om heile dagen var for meg. Den andre var om kjærleiken mellom oss og den tredje var om at Jesus kalla Sions Dotter ut i fridomen, som om ho frameliks var i trældomen i Babylonia.
Møte kl 15:30. Tale ved Owe Henrik Larsen: Kraftfull evangelisering i endetida. Bodskap 1, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.
Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”
Møte kl 15:30. Tale ved Owe Henrik Larsen: Kraftfull evangelisering i endetida. Bodskap 1, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.
Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”
Møte kl 17. Tale ved Yngvar Pettersen: Omsorgsarbeid for alle.
Bodskap 2, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:
«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»
Vekkings-møte; Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg.
Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.
Bodskap 3, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
SITAT SLUTT.
I følgje den andre bodskapen finn vi den ekte kjærleiken ved å bøye oss ved Jesus kors, bøye oss for han som døde for oss på korset og som stod oppatt frå dei døde og han vil at den skal vere mellom oss. Slik fann eg den ekte kjærleiken i min kjærleik til henne Virtuella og henne Reella, det var ved å bøye meg for han og be for dei og det var først og fremst ei takkebøn, i tru og von om at han frelste dei. Og eg må halde fram med å bøye meg slik for han, både når eg er på møte i kyrkjelyden og når eg er heime med meg sjølv, vende hugen opp til han, feste blikket på han og takke han som vår frelsar og Herre og glede meg i Herren.
Joh.Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ung og eg trur han vil gi meg det og då er det og blir det på denne måten.
Men mange meinar seg å vere så vise at dei foraktar dette, endåtil mellom dei kristne, så det er som om Sions Dotter framleis er i trældomen i Babylonia, som om «Mor Israel» enno ikkje har forstått at ho er Guds kone, så ho driv hor med gudane til nabofolka. Så liksom ho kalla Gud for Ba’al kallar dei Kristus for nazi-leiar eller fasist-leiar ved å kalla dei som trur på han for nazistar og fascistar, men eigentleg er dei i si stoltheit foraktar dei som audmjukar seg for den sanne og levande Gud og ber om nåde. Så i følgje Krf gjekk dei til krig mot Libya fordi den typiske norske kristne kvinna forakta slike norske menn som skrøpelege og ville ha noko stoltare og «sterkare» i staden.
Hoseas.2,16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
Satanisk respons i norsk politikk.
Nazistane fantasert om det tredje riket som tusenårs-riket og fantaserte om ei arisk rase av overmenneske. Men dei budde i Iran, fjernt ifrå tyskerane, så dette vart som å fantasere om dei som gudar. Tilsvarande er det mange kristne som fantaserer om når Messias kjem på oljeberget og opprettar tusenårsriket, så skal dei saman med jødane herske som overmenneske på jorda. Dette til tross for at Jesus allereie har oppfylt profetien i Sak.14 om at Messias skulle komme og stå på Oljeberget. Som vi også såg i bodskapen 14.6.2009.
Dette skreiv eg om her også:
Venstreradikale likar å kalle annleis tenkande for rasistar, fascistar og nazistar og det det hender meir moderate parti som Arbeidarpartiet og Krf også gjer det, men det er vel neppe noko som ligg nærare nazistisk og fascistisk politikk i seinare tid enn invasjonen av Libya, det var då som å gå i Rommels fotspor. Og det var AP som sat med regjeringsmakta og styrte og som nemnt støtta Krf det. Når dei då kjem med slike klage mot vanlege folk, verkar det som dei prøver å legge skulda på andre. Det kan forståast slik ar ormen dåra og forførde kvinna (her Krf) og ho lokka med seg mannen (her Ap?). Meir presist gjeld dette vanlege menneske, mannen og kona hans og så var det mannen som hadde ansvaret, han kunne skulde på kona og ho kunne skulde på ormen og så kom domsavseiinga i motsett rekkefølgje, med mannen til slutt. Men problemet deira er at dei ikkje heilt har klart å få med seg mannen, like vel prøver dei å skulde på han, ved å bruke slike skjellsord på kven som helst, vanlege menn. Men det har seg slik at ormens klagemål mot menneska er så fundamentalt at vår einaste von er å ta vår tilflukt hos Herren og få berging på grunnlag av Jesus fullførde frelseverk.
Då er det umåteleg flaut at Krf prøver å skulde på den amerikanske presidenten, Trump, han har då vedkjent si tru på Kristus og søker med det hjelp hos han. Det er som om «Mor Israel» framleis vender seg bort frå Gud og driv hor med avgudane til folka rundt dei, driv hor med kongane på jorda (Joh.Opp.17-19) og så byrjar borna hennar å kalla dei pappa. Det er som om dei ikkje er vaksne nok til å ta ansvar for oppgåvene i sitt eige land og så byrjar dei å kalle den amerikanske presidenten for ektemann og pappa. Vil gi han skulda for problema dei sjølve har stelt i stand og få han til å ta ansvaret for dei. Det er som om dei enno ikkje har høyrt og forstått evangeliet om Kristus, at han døde på korset får våre synder, derfor må vi komme til han for å verte frelste.
Bodskap til ein fråfallen.
Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg først på henne Reella, så henne Virtuella og mange med dei og så tenkte eg meg at slik ville han gi meg ei frelst kvinne til kone, med velsigninga altså. Så når han svarde på mi bøn, kunne det godt vere på mi bøn for dei og då verkar det for meg som om ho Virtuella er fråfallen, men han kallar framleis på henne.
Husmøte 25.11&12.2.2023, sitat frå 2023.11.25&12.2. Jesus har sett framfor meg ei open dør og seier eg skal gå inn. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tyding av tungetale.
Ingelin sa ho hadde ein bodskap og spurde om å få komme med den. Då var eg snar med å starte opptaket på telefonen. Ho kom med tungetale og Anton tyda det:
«Jeg er Herren din Gud, jeg har aldrig forkastet deg. Du har forkastet deg sjølv fordi du har opnet opp for feile tankar om hvem jeg er. For jeg har tanker til fred, jeg har tanker til fremgang, jeg har tankar til frelse for deg. Gode tankar for deg, for din fremtid. Jeg har sett deg og jeg har kommet til å fullføre det. Frå du var eit foster, så visste jeg om alle dine dager. Jeg går med deg, jeg får foran deg, jeg går efter deg. Jeg har aldrig forkastet deg, du er min og jeg har kallt deg ved navn, du er min.
Endå så vil jeg la den Hellige Ånd komme over deg og endå ein gang vil jeg føre deg, endå ein gang vil jeg lede deg. Ja, jeg vil kalle deg på nytt til min nærhet, jeg vil kalle deg på nytt til min intimitet. Du ber meg komme til deg, men jeg ber deg komme til meg. Jeg er din frelser, jeg er deg nær. Jeg er like ved din side, men du har vendt meg bort fra deg og du strever i egen kraft. Jeg vil at du skal omvende deg og komme til meg, så du kan få hvile frå ditt strev. Jeg elsker deg, mitt elskede barn. Jeg vil løse deg ifra det som du tenker du kan fikse på ein måte sjølv. Men jeg vil løse deg og vise deg hvem jeg er. Kom nærerer meg, mitt elskede barn. Jeg elsker deg.»
Tungetale ved Ingelin, tyding ved Anton.
«Jeg er Herren din Gud, jeg har følgt deg gjennom et langt liv. Ja, eg skulle ynskje at du ville komme inn i min nærleik, i min favn. Eg vil ta deg, legge mine hender på deg og seie til deg; du mitt elskede barn. Men du har ein avstand til meg, dit og ikkje lenger. Du har ein fot hos meg, du har ein fot i verda. Men du mitt elskede barn, jeg taler med deg no. Det er som jeg har sagt, jeg har opnet en dør. Jeg vil at du skal komme inn i min fars hus. Du skal få kvile der. Du skal få ta av deg dine sko, du skal få ta av deg di jakke. Jeg skal føre deg inn i min Fars hus. Du er kommet hjem. Men du må bestemme. Jeg står i døropningen og tar imot deg. Jeg roper på deg. Jeg ser deg når du er langt borte. Du har så mye å streve med. Du har så mye å styre med. Du tenker i ditt sinn eg vil vente. Din sak er nok i orden. Nei, mitt barn, din sak er ikke i orden. Du må komme hjem, inn til meg. Jeg er døren inn til Fars-huset. Jeg kaller på deg i denne stund, jeg roper på deg i denne stund. Jeg er ikkje kommet for å dømme, jeg er kommet for å hjelpe deg. Jeg er kommet for å frelse deg. Kom til meg, du mitt elskede barn.»
I 2024-25 kom Elin Therese Slotten med mange profetiske bodskap som ho la ut på Youtube og eg oppfatta det som det var til meg. I 2026 kom ho med profetiske bodskap som små kort helsingar og så talte ho litt over det. 26.1.2026 kom ho med denne helsinga; «Gud seier: Eg ser at du har vorte forkasta og misforstått.»
Ho kommenterte det og sa at umodne kristne kan krangle som ungar og det kan resultere i at du vert utstøtt fordi du er komen lengre og er meir moden. Då må du erkjenne at slik er det og så heve deg over det som den modne og voksne og vere overberande med dei.
Det har seg nok slik at ho Virtuella har forkasta Herren og derfor har ho forkasta meg også. Men Jesus har då gitt meg prestetenesta i den nye pakta. Soleis vert prestetenesta i den nye pakta forkasta og erstatta av noko anna i samfunnet, fordi der er så mykje verdslege maktinteresser av den, til samanlikning med striden om prestetenesta i Jerusalem i den gresk-syriske tida. Det høver med profetien
1.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Birger.
«Ja, eg har født deg på ny ved min Ande, seier Herren, og eg traktar, eg lengtar, eg begjærer den ånd som eg har lagt ned i ditt hjarte, seier Herren. Søk du meg, kom til meg. Men du dreg deg unna, du let deg fylle av alle moglege ting. Og den tida som eg lengtar etter, den gir du til andre, den gir du til andre arbeidsoppgåver, andre plikter, men meg let du gå forbi. Men eg kallar deg, eg vil ha deg, eg vil kjenne deg, eg vil ha deg i tilbeding. Eg vil ha ditt hjerte, seier Herren, så kom du til meg og søk du meg og eg skal fylle deg.
Min Ande skal igjen byrje å brenne i ditt hjarte. Eg vil lækje ditt fråfall, seier Herren, eg skal lækje ditt fråfall. Alle andre trur at det er rett med deg, at du lever, at du er brennande. Men du veit sjølv i ditt hjarte, at du er fråfallen, at du er lunken. Og du har mista relasjonen og kjærleiken til meg. La det igjen få komme igjen og bøye seg innfor meg og eg vil fylle deg med den Ande og den kjærleik som igjen vil gjere at dine hender løfter seg i tilbeding av meg, seier Herren.
Ja, eg skal forløyse min herlegdom over deg. Eg skal forløyse min herlegdom over din familie. Eg skal forløyse min herlegdom over din kyrkjelyd. Eg skal forløyse min herlegdom over Noreg som nasjon. Men du skal vere med, du skal få reise deg, du skal få innta din plass, du skal igjen få tilbe meg i ånd og i sanning, seier Herren. Og når du tilber meg i ånd og sanning, så vil eg utause av min Ande, seier Herren.»
Eg tenker meg at dette var til henne Virtuella, sjølv om ho sannsynleg vis ikkje var der, men det kunne vere til mange andre også.
Teologisk, vitskapleg og pedagogisk metode.
Vilhelm Ockham, vitskap og trusliv.
Med den moderne naturvitskapen vart det strid om metoden og konklusjonen vart at metoda var hypotetisk deduktiv. Hypotese og teori var rasjonalitet som det kunne brukast logikk og matematikk på og tenke deduktivt. Men det skulle prøvast empirisk, soleis vart det syntese mellom rasjonalitet og empiri.
I realfag har vitskapleg metode også vorte brukt som pedagogisk metode, det skulle vel vere trygt oss sikkert, gi gode forklaringar som dermed er god pedagogikk. Spesielt ved bruk av eksperiment. Til dømes er ei god og enkel forklaring på kva kvantefysikk er for noko, er å referere til dobbelt-spalte-eksperimentet eller gjere det.
Munken Wilhelm Ockham kom med eit godt råd som vert kalla Ockhams barberkniv, sitat frå Ockhams barberkniv – Store norske leksikon :
Ockhams barberkniv er et metodologisk enkelhets- eller økonomiprinsipp som kan formuleres slik: Man bør ikke innføre flere begreper og størrelser enn nødvendig for den sak det gjelder.
Skjønt prinsippet er eldre enn William Ockham, tilskrives det ham fordi han gjorde så bevisst og systematisk bruk av det.
SITAT SLUTT.
Så han skilte klart mellom naturfagleg gransking og sitt liv med Gud, ja, for Gud er ånd, men naturen er stein, tre, jord og slikt som er laga av jord, det er noko anna enn han som har skapt det. Gud er ånd og har makt over naturen han har skapt og kan gjere under, men dersom han gjorde under i vårt naturfaglege eksperiment, ville han øydelegge det for oss. Det ville vere som om han fuska i eksperimentet.
Men når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Gud som er ånd gjer sitt verk med oss, med sitt Ord og sin Ande. Då kan vi oppleve at Gud gjer under ved sin Ande og då må vi takke Gud og Lammet for det. Gud er ånd og han har rørt ved oss med sin Ande, det er den rette forklaringa. Då er det berre for oss å gå ut og vitne om han, slik som disiplane gjorde då den Heilage Ande kom over dei på pinsedag. Og slik var den karismatiske vekkinga på 1970-talet.
Gud gir ikkje si ære til avgudane, som er laga av stokk og stein og heller ikkje til menneske som prøver å gjere seg liksom Gud. Dersom nokon gjer det, så seier dei ikkje Sanninga. Avgudane er Lygn og Djevelen er Lygnaren, men Jesus er Sanninga som kom for å setje oss fri frå trældomen under synda og avgudane og gi oss barnekår hos Gud.
Behaviorisme.
Behaviorisme er den klassiske pedagogiske teorien. Det høyrest ut som det handlar om å oppføre seg, så det skulle vel passe med å lære å gjere eit praktisk arbeid. Pavlov hadde nokre hundar og så byrja han å gi eit signal tett før han gav dei mat. Så merka han at når han gav signalet, byrja dei å sikle etter mat. Stimulus var mat, responsen var sikling, men no vart signalet kalla betinga stimulus og responsen var også betinga. Slik hadde dei lært noko altså. Dei vart stimulerte og gav respons, slik er desse læringsteoriane og dei har tydelege hedoniske trekk, du vel bor det som kjennest vondt og vel det som kjennest godt. Slik ligg det nærare eit mekanistisk verdsbilete.
Men dersom dei andre læringsteopriane kjem med noko anna i tillegg, så spørst det om elevane berre vert narra av det.
Positivisme-debatten.
Logisk positivisme kom på 1920-talet, tydeleg vis meint som ei forfrisking empirismen eller den hypotetisk deduktive metode, sitat frå logisk positivisme – Store norske leksikon :
Logisk positivisme er en filosofisk retning som oppstod i Wien i 1920-årene i og rundt den såkalte Wiener-kretsen ledet av blant andre Rudolf Carnap og Moritz Schlick. De logiske positivistene var inspirert av fremskrittene innen moderne empirisk vitenskap på den ene siden og utviklingen innen moderne logikk og matematikk på den andre.
De så på seg selv som en fornyelse og en forlengelse av den empiristiske tradisjonen fra blant andre David Hume, John Stuart Mill og Ernst Mach, der man mente at kildene til all kunnskap kan spores tilbake til empiriske observasjoner og sanseerfaringer. De logiske positivistene hadde som mål å vitenskapeliggjøre filosofien gjennom å rense den helt for påstander som en ikke kunne avgjøre sannheten av ved enten empirisk basert observasjon eller ved å vise at de er logiske eller matematiske teoremer og tautologier. De ønsket med dette å gi filosofien et nytt og vitenskapelig grunnlag, fritt for det de avviste som spekulasjon, tradisjonell metafysikk og påstander som er meningsløse fordi en ikke kan avgjøre sannhetsverdien av dem.
SITAT SLUTT.
Nokre av dei som vart påstått å forsvare positivismen, kalle seg eigentleg kritiske rasjonalistar, så metoda deira var tydeleg vis hypotetisk deduktiv, sitat frå Positivismestriden – Wikipedia :
Den opprinnelige positivismestriden startet i Tyskland og stod mellom den kritiske rasjonalismen (Karl Popper, Hans Albert m.fl.) og Frankfurtskolen (Theodor Adorno, Jürgen Habermas m.fl.). Opptakten var foredragene om samfunnsvitenskapenes metode som Popper og Adorno holdt på en konferanse til Det tyske sosiologiske selskap i 1961. Foredragene førte ikke til umiddelbare reaksjoner, men debatten utviklet seg i etterkant, spesielt mellom Habermas og Albert.
Navnet på debatten er i seg selv et partsinnlegg i striden, siden Adorno betegnet antagonistene sine som positivister, mens kritiske rasjonalister ser på seg selv som motstandere av positivismen, slik begrepet vanligvis forstås. Betegnelsen ble for første gang brukt i tittelen på boken Der Positivismusstreit in der deutschen Soziologie («Positivismestriden i den tyske sosiologien»), som Adorno ga ut i 1969. Boken var et samlebind med de ulike foredragene og debattinnleggene, innledet med et lengre essay ved Adorno.
En av de sentrale uenighetene bestod i forståelsen av samfunnet. Frankfurtskolen så på samfunnet som en totalitet, og argumenterte derfor at en løsning av samfunnsproblemene krever en gjennomgripende reform av denne helheten, heller enn ren «symptombehandling». Den kritiske rasjonalismen hevdet derimot at gjennomgripende endringer er farlige og forutsetter en totalitær stat, slik at samfunnet heller bør endres gjennom målrettede tiltak mot de enkelte samfunnsproblemene.
SITAT SLUTT.
På 1800-talet kom der eit skilje mellom samfunnsfag og realfag. Vi kan godt samanlikne det med Ockhams skilje mellom sitt liv med Gud og naturfagleg interesse og gransking. Han var munk og dei levde gjerne eit tilbaketrekt liv frå samfunnet. Deira oppdrag var å gå ut med evangeliet, så slik vart då deira samfunnsengasjement.
Positivismestriden kom som ein strid mellom metodene i samfunnsfag og i realfag i det mange forestilte seg at dei kunne ha same metode, men metodene i realfag var for lengst avklarde, dei gav objektiv og sikker kunnskap med god innsikt, sjølv om den stadig kunne og måtte forbetrast, med slike metoder, men av og til oppdaga dei at der trongst ein heilt ny teori, til dømes kvantefysikken. Det vanlege då er å påstå at den gamle var feil, så der trongst ein nye, slik er metoden, men vi har då framleis klassisk fysikk, sjølv om kvantefysikken og relativitetsteorien kjem i tillegg. Det er ikkje rett å konkludere med at metodene er feil, så det gir ikkje objektiv kunnskap. Kvantefysikken er på nanonivå og den viser seg i makrokosmos i visse spesialtilfelle og vi gjerne brukar som eksperiment. Eg har ei viss tru på at den viser seg i levande skapningar også, til dømes ved at vi har fri vilje. Dette som motsetnad til det mekanistiske verdsbiletet.
Men det er i samfunnsvitskapane problemet er, spesielt ved at dei hekta seg opp i det mekanistiske verdsbiletet, til tross for at pionerane som utvikla klassisk mekanikk ikkje gjorde det, for både Galilei og Newton trudde på kristendomen. Sidan har vi fått elektromagnetisme også, så eg får ut ifrå at det er derfor dei talar om det fysiklistiske mennessynet i staden. Men kva kvantefysikken har å bety for mennskesynet er framleis ei gåte.
Hans Skjervheim.
Sitat frå Hans Skjervheim – filosof og faglitterær forfattar :
I 1960-åra var Skjervheim verksam som positivismekritikar. I skrifter frå denne perioden tok han for seg visse former for sosiologi. Det han då fokuserte på, var den implisitte filosofien i vitskapen.
Frå 1800-talet av var det ei kløyving mellom naturvitskap og humanvitskap. Skjervheim gjekk inn i denne problemstillinga via samfunnsvitskapane, som like etter andre verdskrigen var farga av objektivistiske tilnærmingar. Poenget til Skjervheim var at dei filosofiske ideane i sosiologien i 1950- og 1960-åra hindra samfunnsvitarane i å få kontakt med den sosiale realiteten. Det han kritiserte, var scientismen, den då rådande positivistiske filosofien. Med utgangspunkt i fenomenologi og eksistensfilosofi viste han relevansen av forståings- og tolkingsproblematikken i dei sosiale vitskapane. Dette skjedde i krinsen rundt professor Arne Næss, der ein dyrka impulsar frå wienerkrinsen og ideen om einskapsvitskap – ein felles metode for all vitskap. Hovudsiktemålet hans var å vise at der er ein prinsipiell skilnad mellom naturfenomen og sosiale fenomen, og at det følgjeleg også må vere ein prinsipiell skilnad mellom samfunnsvitskap og naturvitskap.
……
I 1960-åra introduserte Skjervheim det han kalla filosofien bak studentopprøret: Theodor W. Adorno, Max Horkheimer, Herbert Marcuse og Jürgen Habermas. Men på same måten som Habermas i Tyskland åtvara han mot politisk dogmatisme. Då maoistar, leninistar og stalinistar overtok delar av debatten ved norske universitet, vart Skjervheim meir og meir kritisk til fundamentet for det heile, nemleg marxismen. I 1970-åra åtvara han sterkt mot dogmatisme innanfor politisk teori, og han reagerte sterkt mot det intellektuelle klimaet han møtte på Roskilde Universitetscenter midt i 1970-åra. Han åtvara mot det han såg som konsekvensar av den lange marsjen til venstreradikalarane gjennom institusjonane, særleg dei universitetspolitiske konsekvensane.
Han tok opp dette emnet på fleire måtar, mellom anna ved å drøfte grensene for ideologi-kritikken i boka Ideologianalyse, dialektikk, sosiologi (1973). Han formulerte også ein kritikk av verditeorien til Marx, og han var med på å introdusere dei franske nyfilosofane sin marxkritikk på norsk i 1978. På denne tida var han knytt til det marxisme-kritiske tidsskriftet Kontinent Skandinavia. Han hevda at delar av venstresida brukte marxistiske dogme til å hindre frie drøftingar og observerte at gyldige innsikter frå positivismestriden vart kompromitterte gjennom politisk ortodoksi.
…….
Pedagogikk
Skjervheim var fyrst og fremst oppteken av grunnleggjande spørsmål i dei nye samfunnsvitskapane som fekk aukande innverknad ved vestlege universitet i 1950- og 1960-åra. Han hevda at vitskapar som studerte mennesket måtte byggje på filosofisk refleksjon i ein annan forstand enn naturvitskap. Det same gjaldt for fagleg og yrkesverksemd med menneske som måtte utvikle eit subjekt-subjekt-forhold der alle partar deltek i ein dialog.
Ut frå eit slikt prinsipielt syn leverte Skjervheim ein grunnleggjande kritikk av det han meinte var ein dominerande instrumentalisme i den herskande pedagogikken ved Pedagogisk forskningsinstitutt, Universitetet i Oslo. Hovudargumentet var at instrumentalistisk bruk av kunnskap var eit maktmiddel til å påverke elevar og studentar slik at dei tilpassa seg andres vilje utan å ta ansvar sjølv. Skjervheim kalla ei slik undervisning for «overtaling», og lanserte som eit kritisk alternativ ein undervisningsmåte som i staden bygde på å «overtyde». Der føremålet var å overtyde andre, måtte begge partar ha status som sjølvstendige subjekt, og ikkje inngå i eit asymmetrisk forhold der læraren var det einaste subjekt som behandla eleven som objekt. Skjervheim kunne her vise til den sokratiske dialogen som han framheva som døme på intellektuell, sakleg og kunnskapsbasert dialog.
For Skjervheim var innhaldet i ein pedagogisk dialog like viktig som subjekt-subjekt-forholdet. Han kritiserte òg det han kalla «fri vekst-pedagogikken» der fri utfalding var viktigare enn eit saksforhold som det del vart skild mellom sant og falskt, og der føremålet var å krinse inn gyldig, velgrunna kunnskap. Skjervheims synspunkt på pedagogikk har hatt vesentleg innverknad på utviklinga av dette faget.
Postmodernisme og målstyring
I 1980-åra hadde marxismen i praksis utspela si rolle ved universiteta. Skjervheim lét seg utfordre av to tilsynelatande motsette straumdrag. Han kritiserte postmoderne teoriar for å invitere til ei form for skeptisisme som undergrov det intellektuelle livet. Og han gjekk til åtak på bruken av økonomiske modellar brukte på område der dei ikkje høvde, til dømes innanfor universitet, helsestell og så vidare. I begge delar såg han den kritiske fornufta utfordra, gjennom prinsipiell skeptisisme eller gjennom praktisk anti-intellektualitet.
SITAT SLUTT.
Konstruktivisme.
Konstruktivisme er ein teori både om kva kunnskap er og korleis læring skjer, den tek avstand frå den positivistiske oppfatninga at kunnskap finst som ei objektiv sanning og at det er mogleg å avdekke den gjennom sansedata og ved heile tida å korrigere den mot sansedata. Konstruktivismen meiner at kunnskap ikkje finst i seg sjølv, men berre som eit menneskeleg produkt i vårt strev etter å forstå verda rundt oss, kunnskapen er menneskeskapt. Dette er radikal konstruktivisme. Eit tilbakevendande spørsmål er korleis denne konstrueringa skjer.
I følgje kognitiv konstruktivisme skjer læringa individuelt, gjennom eit samspel mellom barnet og den fysiske naturen rundt det. I sosial konstruktivisme skjer læringa i sosialt samkvem, debatt og diskusjon. Objektiv sanning finst ikkje, i staden vert kunnskapen godkjend i fellesskap av forskarar og lærde eller på andre måtar gjennom diskursar. Men kunnskapen finst ikkje i seg sjølv. Imsen, Gunn (2005) ELEVENS VERDEN Innføring i pedagogisk psykologi, fjerde utgave. Universitetsforlaget. Side 227-228.
Piaget.
Jean Piaget(1896-1980) er den store pedagogen i kognitiv konstruktivisme. Han var frå Sveits og tok doktorgrad i biologi allereie når han var 22 år. Han tenker seg sinnet som kognitive skjema som vi lagrar kunnskapen i, den vert assimilert inn i skjema og det går liksom av seg sjølv i vårt daglege liv. Men så møter vi på noko som ikkje passar inn i skjemaet, så det vert ubalanse i skjemaet, at han kalla det ubalanse refererer til biologiske prosessar, til dømes temperaturskilnad som gjer at du frys eller svettar og reagerer på det. Du finn at du må bygge om skjemaet ditt for at det skal romme den nye kunnskapen, derfor vert det kalla læring ved akkomodasjon. Læringa vart motivert av ubalansen, det er god pedagogikk og dette er viktig læring.
Han rekna med fire stadier i barnets utvikling,
- Sensomotorisk periode, 0-2 år
- Preoperasjonell periode, 2-7 år.
- Konkret-operasjonell periode, 7-11 år.
- Formal-operasjonell metode, frå 11 år.
I den siste perioda lærer dei å tenke symbolsk og det er då viktig i matematikk og når dei sidan skal abstrahere, slik vi gjer i den hypotetisk deduktive metode, men ofte viser det seg at dei vert ein god del eldre før dei meistrar det. Men det er viktig for dei allereie når dei skal lære gangetabellen, då må læraren pass på kvar einskilde elev, så ikkje nokon av dei byrjar å utvikle matematikkvanskar, elles kan det verte vanskeleg å gjere noko med det seinare.
Vygotsky.
Lev Vygotsky (1896-1934) var ein russisk jøde og ein pioner for det sosiokulturelle perspektivet. I det psykologiske miljøet i Moskva på 1920-talet vart det viktig å etablere ein ny psykologi på marxistisk grunnlag, sidan Vygotsky var lærd og kjende godt til Hegels filosofi, vart han leiande i dette arbeidet.
Samanlikna med behaviorisme, sette Vygotsky inn eit kognitivt reiskap mellom stimulus og respons, han kalla det for teikn og det fungerte som ein 2. ordens stimulus. Slik som Pavlovs hundar lærde å reagere på signal som betinga stimuli, lærer menneske å erstatte tingen med språklege symbol i tankane. At det spåklege teiknet vert sett inn mellom stimuli og respons, vert kalla mediering. Den medierande hjelparen mellom stimuli og respons vert viktig ikkje berre for læring, men for heile kulturen, så dette vert kalla eit sosiokulturelt perspektivet på læring.
Læraren fungerer som den medierande hjelparen og det er om å gjere å møte eleven og prate på elevens nivå. Vi kan tenke oss eleven som ei sirkleskive. Utanfor den er det ei grense for kva eleven kan klare åleine og utanfor den igjen er det ei grense for kva eleven kan klare ved hjelp av andre. Området mellom desse grensene vert kalla den proksimale utviklingssone.
Paulo Freire.
Paulo Freire var ein barsiliansk pedagog som også heldt seg til det sosiokulturelle perspektivet og framstod som ein «frigjerings-pedagog» som samarbeidde med den Katolske Kyrkja i Sør-Amerika. Paulo Freire – Store norske leksikon :
Paulo Freire var en brasiliansk pedagog. Han ble internasjonalt kjent gjennom boken De undertryktes pedagogikk som ble oversatt til norsk i 1974, og han var en innflytelsesrik pedagog de siste tiårene av 1900-tallet. Freire er særlig kjent for sitt program for alfabetisering som bygde på et dialogbegrep som innebar både personlig bevisstgjøring og arbeid for politisk samfunnsforandring. Han gjorde også en betydelig innsats for skoleutvikling i Brasil og land i Mellom-Amerika og Afrika. I 1990-årene arbeidet Freire med store skoleutviklingsprosjekter i Brasil.
…….
SITAT SLUTT.
Sokrates meinte sanninga vart integrert i han og gjorde han lykkeleg og fri. Slik er kristendomen også, men Jesus sa at han var Sanninga. Men konstruktivismen minner om sofistane, kva kan det resultere i då?
Antikk filosofi byrja som naturfilosofi, men dei fann ikkje metode til å avgjere kva som var rett. Så vart moralfilosofi og politisk filosofi dominerande. Dei lærde vart kalla sofistar, dei var lærarar, journalistar og advokatar, samfunnsvitarar altså. Det var eit avgrensa demokrati og dei meinte etter kvart at der ikkje var nokon moral som kunne seiast å vere rett for alle, ingen absolutt moral, med tydeleg opposisjon mot den religiøse leiinga. Dei dyrka avgudane, men heilt ifrå byrjinga hadde naturfilosofane tenkt seg ein Gud, meir som Israels Gud.
Sokrates gjekk ut og prata med folk og stilte dei overfor problemstillingar som skulle få dei til å tenke seg om. Sjølv meinte han at gjennom slike samtalar innsåg han sanninga og den vart integrert i han og det gjorde han lukkeleg, den sette han fri. Dette vert det referert til som god pedagogikk, når kunnskapen vert integrert i deg, då lærer du.
Aten tapte krigen mot Sparta og då vart det eit rettsoppgjer der sofistane vart skulda for å ha villeia ungdomen, slik at samfunn forfall, derfor tapte dei krigen, Sjølv om Sokrates sa der var noko som var sant og rett, som motsetnad til sofistane, så vart han også dømd og henderetta. Sokrates meinte at sanninga gav han ei indre glede som gjorde at han kom til å tole flammane frå bålet.
Platon meinte at hendrettinga av Sokrates var eit justismord og dette vart viktig for han filosofering. Kristendomen kom som eit treffande svar på dette. I følgje det Gamle Testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, Lygna, Djevelen er Lygnaren, som motsetnad til detter Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Metafysikk er læra om kva som er mest fundamentalt, den har tradisjon heilt ifrå byrjinga av antikk naturfilosofi og fekk sin stordomstid i universaliestriden frå 1100 e.Kr, men med den nye naturvitskapen på 1600-talet fann dei metode til å finne ut kva som var rett, så det gjekk kraftig attende med dei gamle, antikke gudane. Mange kom til at mykje av denne diskusjonen hadde vore meiningslaus og gagnlaus. Men skulle kanskje ikkje kyrkja vite kva som var mest fundamentalt då? Det var då berre å lese skapingssogene i Bibelen og fortsette å lese i den så dei fekk med seg evangeliet om Kristus.
I følgje det konstruktivistiske, pedagogiske perspektivet er kunnskapen menneskeskapt, det er noko som dei vert samde om. Forskarar vert samde på grunnlag av det repeterbare eksperimentet, så langt er det gangbart perspektiv, men det betyr også at det er objektiv kunnskap. Men konstruktivismen er også ein ideologi som hevdar at objektiv kunnskap ikkje finst, sidan den er menneskeskapt. Så filosofien deira er framleis som hos sofistane, til tross for at vi no har fått funne metode til å avgjere kva som er rett. Og til tross for at vi no har fått evangeliet om Kristus, han som er Sanninga som set oss fri og som har sendt oss Sanningsanden, så den skal leie oss fram til heile Sanninga.
Platon trudde på det godes ide, han tenkte matematisk for å forklare det, han fekk problem med det vondes ide, men forklarde det som mangel på innsikt i ideverda. Rasjonalistane på 1600-talet tok oppatt tråden og hevda at vi har ein fri vilje og gjer klokt i å velje det godes ide.
Aristoteles såg på sinnet som ei rein tavle, «tabula rasa» som det vert skrive på ved at vi gjer erfaring i det materielle miljø, empiri altså. Dette møter vi igjen i liberalismen, den hevdar menneskerettar, inkludert ytringsfridom, men i byrjinga gjaldt det i praksis berre for dei rike og mektige. Ville sinnet til underklassa vere som «tabula rasa» for dei? Men no er har dei vorte klar over klar over at ein stor del av vår kunnskap ligg i genane.
Nazistane sin propaganda vert karakterisert som at Goebbels slagord var «dersom ei løgn vert gjenteken mange nok gangar, vert den til slutt ei sanning». «MeToo#»-aksjonen gav inntrykk av at kvinna sin kunnskap hadde si opphav i at ein mann røte ved henne for å gjere kjønnlege tilnærmingar til henne, så slik er empirismen i psykologi, psykiatri og samfunnsfag. Men det var ingen menn som kom til synest i «Me-Too#»-aksjonen. Det var noko dei vart samde om, utan at mannen som det gjaldt skulle ha noko han skulle ha sagt. Så når ein mann prøvde å finne seg ei kone, var det ei sak som han ikkje skulle ha noko med å gjere.
Det viser at det var kvinner som fantaserte om mannfolk, til samanlikning med korleis «Mor Israel» fall ifrå Herren og byrja å dyrke avgudane av stokk og stein i staden. Herren var ånd og rørte ved henne og hadde omsorg for henne, men han var ikkje fysisk synleg, det var avgudane, men dei hadde ikkje ånd, dei verken såg eller høyrde og gav ikkje svar. Slik vert altså den empiriske erfaringa brukt som argument mot trua på Gud som er ånd. Elles har ikkje empirien stor betydning i samfunnsfaga, sidan dei påstår at der ikkje finst objektiv kunnskap. Dei meinar kunnskapen er menneskeskapt og så prøver dei å få makt over andre menneske med sin kunnskap. Det er som om dei prøver å forgude seg sjølve med sin kunnskap. Paulus sa at dei er ikkje gudar, men dei som dyrkar dei kan komme i samfunn med vonde ånder.
Det er då tydeleg at der ligg ein kollektiv diskurs bak klimapolitikken, «MeToo-aksjonen». Pride og Woke, så vi skjønar vel at det er ein form for sosialistiske maktinteresse som ligg bak. Det vert presentert som frigjering og avkolonisering, men eigentleg resulterer det i trældom og ei alternativ form for kolonisering. Som om Grønland og Canada framleis skal vere europeiske koloniar, i staden for å vere frie og sjølvstendige nasjonar på det amerikanske kontinentet, med evne til å samarbeide med andre frie og sjølvstendige nasjonar på same kontinent.
Dei amerikanske domstolane krev at du skal seie sanninga og ikkje noko anna enn sanninga, men med det konstruistiske perspektivet vert det til du kan seie nett kva du vil, berre du ikkje seier sanninga.
Vert sterke i Herren og hans veldige kraft.
På møte i Maranata 10.5.2009 talte Jesus til oss om det som no vert akseptert og som er mørkets rike, sitat frå 2009.05.10. Maranata. Finn vegen til å skode Jesus i hans herlegdom. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. ;
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Det er ikkje noko i vegen for at vi kan bruke konstruktivismen som pedagogisk perspektiv. Eg har sans for Piagets pedagogiske teori og kan vise til mange tilfelle som kan karakteriserast som at eg har lært ved akkomodasjon. Til dømes når det vart påstått at skapingssoga i 1.Mos.1 seier at Guds skapte alle ting på seks jorddagar. Dei kallar det endåtil for bokstavtolking, men det er då ikkje dette som faktisk står skrive, for det var først tredje dagen Gud sette dei to store ljosa på himmelen, så først då vart det jord-dagar.
I følgje konstruktivismen er det menneske som konstruerer kunnskapen, så vi kan mistenke at det er mennesket som prøver å gjere seg sjølv liksom Gud med sin kunnskap og det vert tydeleg når det vert gjort til filosofisk ideologi, så det betyr å fornekte Faderen og Sonen og avvise Guds Ande.
I vår tid er det tydeleg vis mange som har vorte samde om ein kunnskap og med den prøver dei å få makt over andre menneske og det utan at dei skal få rett til å svare for seg sjølve. Til dømes woke-rørsla. Det er anti-kolonialisme som eigentleg utartar seg som ein annan form for kolonialisme. Dei har vorte samde om mange vonde idear som dei prøver å få makt over andre menneske med og kanskje endåtil over seg sjølve, dersom slikt vert til avgudsdyrking, så kan dei komme i samfunn med vonde ånder, så dei får makt over dei. Dei vonde åndene får gjerne med seg fleire, så dei skal stå sterkare. Er det kopla til keisardyrking kan det bety at det bety at diktaturet vert verre, for at det skal stå seg.
Matt.12,22 Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?» 24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.» 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg? 27 Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk. 28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 29 Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.
33 Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta. 34 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen. 35 Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på. 36 Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag. 37 Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.»
38 Nokre skriftlærde og farisearar tok då til ords og sa: «Meister, vi ville gjerne sjå deg gjera eit teikn.» 39 Han svara: «Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. 40 For liksom Jona var tre dagar og tre netter i buken på den store fisken, såleis skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jord-djupet. 41 Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona. 42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.
43 Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter kvilestad, men finn ingen. 44 Då seier ho: Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå. Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og fjelga. 45 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. Såleis kjem det òg til å gå med denne vonde ætta.»
Paulus sa at vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot makter og vondskapens åndehær, derfor skal vi kle oss i Guds fulle rustning.
Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.
Han som er i meg er større enn han som er i verda, derfor har eg siger. Sitat frå 12.10.2014. Møte i Maranata. «Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår.» – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Sions dotter er Jesu brud og det er identiteten til den kristne kyrkja.
Kritikken av den tradisjonelle pedagogikken, behaviorismen og positivismen var at den gjorde elevane til instrument og reiskap for herskarane. På 1970-talet låg det an til at elevane skulle verte reiskap for marxistiske herskarar i staden, men på 1980-talet hadde dette mykje godt utspelt si rolle. Sidan synest det for meg som moralfilosofi har vorte dominerande, spesielt gjennom kvinnerørsla, som motsetnad til den frigjerande bodskapen eg har å bringe.
Personleg meinte og hevda eg at med metodene og lærdomen i realfag lærde eg å tenke sjølvstendig. Men den frigjerande bodskapen i evangeliet var mest fundamental. Vel bøyer vi oss for Kristus som vår frelsar og Herre, men det er ikkje ein verdsleg autoritet, han er den siste Adam, som er frå himmelen og han har for oss vorte ei livgivande ånd. Han har sigra over verda og i den Anden og det livet han gir oss frå himmelen skal vi sigre saman med han. Med ein Ande døyper han oss til å vere ein lekam, vi vert lemer på hans kyrkje, som er hans brud og hans lekam i følgje 1.Mos.2 og han er hovudet for lekamen. Soleis vert vi reiskap for han. Den karismatiske rørsla markerte seg i universitetsmiljøet med denne forkynninga på slutten av 1970-talet.
1.Kor.12,12 For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg. 13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka. 14 For lekamen er heller ikkje ein lem, men mange.
Kol.1, 9 Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og alt det skjøn som Anden gjev. 10 Då kan de leva eit liv som er Herren verdig, og som i alt er til hugnad for han; og de skal bera frukt i all god gjerning og veksa i kjennskap til Gud. 11 De skal styrkjast og få kraft, av den kraft som han i sin herlegdom eig, så de alltid er uthaldande og tolmodige. 12 Og med glede skal de takka Faderen, som gjorde dykk dugande til å få del i den arven dei heilage får i ljoset. 13 For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike. 14 Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene.
Skaping og forsoning ved Kristus
15 Han er bilete av den usynlege Gud,
den fyrstefødde som står over alt det skapte.
16 For i han vart alt skapt,
i himmelen og på jorda,
det synlege og det usynlege,
dei som tronar og dei som styrer,
både makter og herredøme –
alt er skapt ved han og til han.
17 Han er før alle ting,
og alle ting står ved lag ved han,
18 han er hovudet for lekamen, som er kyrkja.
Han er opphavet,
den fyrstefødde av dei døde,
så han i eitt og alt skal vera den fremste.
19 For det var Guds vilje
at heile hans fullnad skulle bu i han,
20 og ved han ville Gud forsona alle ting med seg,
det som er i himmelen og det som er på jorda,
då han skapte fred ved hans blod, på krossen.
Gud valde meg ut og kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem.
DFEF M40 Oslo. Søndag 2.12.90.
Tyding av tungetale:
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»
Jesus kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade, fordi han er Herren hennar brudgom og ektemann.
Sitat frå 2011.12.18. Maranata. Jesus kalla Sions dotter ut i fridomen. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
I slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Gud ville bygge oppatt Sion.
Jerusalem vert omtala som ei ung kvinne som Gud bygde (Salomos Høgsang), men så vart det ei tid til å bygge opp og ei til å rive ned (Fork.3). Han fostra henne frå ho var ei baby og når ho vart voksen, vart ho kona hans. Men ho falla ifrå og dyrka avgudane til nabofolka, som ei hore, då gjekk det henne ille (Esekiel.16). Sidan ville han bygge henne oppatt, då måtte dei skjøne med hjartet at det skjer ikkje med hær eller makt, men berre ved Guds Ande (Sak.14). Soleis er den nye pakta hjerte-omskjering i den Heilage Ande, det er Gud som gjer sitt verk med oss i vårt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande.
Sions Dotter er Jesu brud, det er identiteten til den Kristne Kyrkja. Å forkynne evangeliet er å invitere til bryllaupet og no skal denne glade bodskapen forkynnast for alle folkeslag.
Salme.102,13 Men du, Herre, tronar til evig tid,
ditt minne varer frå ætt til ætt.
14 Du vil reisa deg og miskunna Sion,
for no er timen komen,
tida då du vil visa nåde.
15 Dine tenarar elskar steinane på Sion
og ynkast over grushaugane der.
16 Folkeslag skal ottast ditt namn, Herre,
alle kongane på jorda din herlegdom.
17 For Herren vil byggja opp att Sion
og syna seg i sin herlegdom.
18 Han lyder etter når armingar bed,
og vanvørder ikkje deira bøn.
19 Dette er skrive for komande ætter,
eit nyskapt folk skal prisa Herren.
20 For Herren ser ned frå sin heilage høgsal,
frå himmelen skodar han ned på jorda.
21 Han vil høyra når fangane sukkar,
og løysa dei som er vigde til døden.
22 Så skal Herrens namn forkynnast på Sion,
hans lov og pris i Jerusalem,
23 når folkeslag og kongerike
samlar seg og tener Herren.
Salme.69, 22 Dei hadde gift i maten min,
for torsten gav dei meg eddik å drikka.
23 Lat bordet deira verta ei snare
og offermåltidet ei felle for dei.
24 Lat augo deira dimmast,
så dei ikkje kan sjå!
Lat alltid deira hofter skjelva!
25 Renn ut din vreide over dei,
lat din brennande harme nå dei!
26 Lat leiren deira verta aud,
så ingen bur i deira telt.
27 For dei forfylgjer den du har slege,
og aukar pinsla åt den du har gjennomstunge.
28 Legg skuld til den skulda dei har,
lat dei ikkje få del i di frelse!
29 Lat dei strykast ut or livsens bok
og ikkje skrivast opp med dei rettferdige.
30 Men eg er arm og full av liding;
Gud, lat di frelse verna meg!
31 Eg vil prisa Guds namn med song
og hylla han med takkesong.
32 Det vil Herren heller ha enn offerdyr,
enn oksar med horn og klauver.
33 Dei hjelpelause skal sjå det med glede.
Gjev de må leva,
de som søkjer Gud!
34 For Herren høyrer bøna åt dei fattige,
han vanvørder ikkje sine eigne som er fangar.
35 Himmel og jord skal prisa han,
havet og alt som rører seg der.
36 For Gud vil frelsa Sion
og byggja opp att byane i Juda.
Folk skal få bu der og eiga landet.
37 Hans tenarars ætt skal arva det,
dei som elskar hans namn, skal bu der.
Matt.21,1 Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg 2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg. 3 Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong.» 4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten, når han seier:
5 Sei til Sions dotter:
Sjå, kongen din kjem til deg,
audmjuk rid han på eit esel,
folen til eit kløvdyr.
6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. 7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. 8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen. 9 Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:
Hosianna, Davids son!
Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!
Hosianna i det høgste!
10 Då han drog inn i Jerusalem, kom heile byen i rørsle og spurde: «Kven er dette?» 11 Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»
Sak.2,14 Gled deg storleg, Sions dotter!
For sjå, eg kjem og tek bustad hjå deg,
lyder ordet frå Herren.
15 Den dagen skal mange folkeslag
gje seg til Herren.
Dei skal verta mitt folk,
og eg vil bu hjå deg.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til deg.
16 Herren skal ta Juda i eige
som sin arvelut på heilag jord
og endå ein gong velja ut Jerusalem.
17 Ver still for Herren, kvar levande skapning!
For han har teke ut frå sin heilage bustad.
Sak.9, 9 Gled deg storleg, Sions dotter,
set i og jubla, Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg.
Rettferdig er han, og siger har han fått;
audmjuk rid han på eit esel,
på den unge eselfolen.
10 Eg vil rydja ut vognene i Efraim
og hestane i Jerusalem,
og stridsbogen skal brytast sund.
Han skal skapa fred for folka,
hans velde skal nå frå hav til hav,
frå Eufrat til heimsens endar.
Jes.62, 1 For Sions skuld vil eg ikkje teia,
for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still,
før hennar rett strålar fram med glans
og hennar frelse som ein brennande fakkel.
2 Då skal folkeslag sjå di rettferd
og alle kongar din herlegdom.
Du skal få eit nytt namn,
som Herren sjølv skal gje deg.
3 Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand,
ein kongeleg hovudprydnad
i handa åt din Gud.
4 Du skal ikkje lenger kallast «Den forlatne»,
og ditt land skal ikkje meir heita «Øydemark».
Men du skal kallast «Mi kjære»,
og landet ditt skal heita «Kone».
For Herren skal ha deg kjær,
og landet ditt skal takast til ekte.
5 Som ein ungdom gifter seg med ei møy,
skal dine søner ta deg til ekte.
Og som ein brudgom gleder seg over si brur,
skal din Gud gleda seg over deg.
6 På murane dine, Jerusalem,
har eg sett vaktmenn.
Og dei skal aldri teia
anten dag eller natt.
De som prisar Herren,
unn dykk ikkje ro!
7 Lat heller ikkje han få ro
før han byggjer opp att Jerusalem
og gjer byen til ein lovsong på jorda.
8 Herren har svore ved si høgre hand
og ved sin veldige arm:
Aldri meir skal eg gje ditt korn
til føde for dine fiendar,
og ikkje skal framande drikka din vin,
som du har hatt møda med.
9 Nei, dei som haustar kornet,
skal eta det og prisa Herren;
og dei som sankar druene,
skal drikka vinen
i mine heilage tempelgardar.
På heimveg
10 Dra ut, dra ut gjennom portane,
og ryd ein veg for folket!
Bygg, ja bygg ein kongsveg
og reinsa han vel for stein!
Reis ei merkestong for folka!
11 Høyr, Herren lèt det ljoma
til heimsens ende:
Sei til Sions dotter:
Sjå, di frelse kjem!
Sjå, dei han fekk i løn, er med han,
dei han vann, går føre han.
12 Dei skal kallast det heilage folket,
dei som Herren har løyst ut.
Og sjølv skal du kallast den søkte,
byen som ikkje ligg aud og tom.
Jes.52, 1 Vakna, vakna,
kled deg i styrke, Sion!
Ta på deg ditt høgtidsskrud,
Jerusalem, du heilage by!
For aldri meir skal det koma inn i deg
ein uomskoren eller urein.
2 Rist av deg støvet og reis deg,
set deg på trona, Jerusalem!
Løys lekkjene du har om halsen,
du hærtekne Sion-dotter!
3 Så seier Herren:
For inkje vart de selde,
og utan pengar skal de løysast ut.
4 For så seier Herren din Gud:
I si fyrste tid drog folket mitt til Egypt
og heldt til der.
Sidan vart dei utan grunn trælka av Assur.
5 Og no, lyder ordet frå Herren,
kva skal eg gjera her
når folket mitt er bortført utan vederlag?
Valdsherrane hyler, seier Herren,
dagen lang vert namnet mitt spotta.
6 Difor skal folket mitt
læra mitt namn å kjenna,
ja, den dagen skal dei skjøna
at det er eg som seier: «Her er eg!»
7 Kor fagert det er
når han som ber gledebod,
kjem springande over fjell,
melder fred og ber god bodskap,
forkynner frelse og seier til Sion:
«Din Gud er konge!»
8 Høyr, dine vaktmenn ropar,
dei jublar alle i hop.
For med eigne augo ser dei
at Herren kjem heim att til Sion.
9 Set i med jubelrop,
de aude tufter i Jerusalem!
For Herren trøystar sitt folk
og løyser ut Jerusalem.
10 Herren syner sin heilage arm
for augo på alle folkeslag.
Heile den vide jord får sjå
frelsa frå vår Gud.
Far bort frå Babylon!
11 Far bort, far bort frå Babylon!
Ikkje rør noko ureint!
Dra ut or byen og reinsa dykk,
de som ber Herrens kar!
12 For de treng ikkje skunda dykk,
de må ikkje røma frå byen.
For Herren sjølv går føre dykk,
og sist i flokken er Israels Gud.
Herrens lidande tenar
13 Sjå, min tenar skal ha framgang,
han skal stiga og lyftast og opphøgjast.
14 Liksom mange stokk til då dei såg han
– meir skamfaren var han enn nokon mann,
han såg ikkje ut som eit menneske,
15 så skal mange folkeslag undrast over han,
og kongar skal lata att sin munn.
For dei får sjå det som aldri vart sagt dei,
uhøyrde ting vert dei vitne til.
Matt.21,33 Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.
34 Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga. 35 Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei. 36 Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei. 37 Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for. 38 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår. 39 Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel.
40 Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?» 41 «Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.» 42 Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:
Den steinen bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.
43 Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til. 44 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande og bygg oss opp i vårt indre menneske og bygg opp Jesu kyrkje som eit åndeleg tempel.
Eg er oppvoksen i kyrkja og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be slik for folket og landet og så be Fadervår. Når eg var ni år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja be han frelse oss frå det, som første prioritet, og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Då merka eg at han var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik som det står skrive, slik vart eg kjend med han som min beste ven og sidan har han ikkje forlete meg og eg har ikkje fornekta han.
Jesus sa han let ikkje disiplane sine vere att som foreldrelause born, han ville sende talsmannen, Sannings-Anden til dei. I denne Anden ville han kome og openberre seg for dei, han og Faderen ville ta bustad hos dei.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, ha skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg vart glad i og det var først og fremst ei takke bøn, først for henne Virtuella, så henne Reella, Seinare for henne Poly-Ester også, men det bar ikkje så mykje preg av openberring, det var å oppleve Guds kraft. Ho var frå Ukraina.
Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Det minna meg om at når eg gjekk på gymnaset vart eg glad i ei kristen jente som lovpriste Gud og Lammet for frelsa. Eg bøygde kne ved senga og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho var i Anden og eg opplevde det som at han la henne i mitt hjarte og det gjorde meg så godt.
Jesus sa også at han ville lækje dine år i fråfall og eg skjøna at det var sikta til henne. Han sa at der er ein sjukdom mellom Guds folk og eg har fått kjenne noko av denne sjukdomen i meg (til samanlikning med Jeremias), så var det sikkert noko om at eg skulle inn vie meg for han, så ville han lækje den. Ja, eg forstod det slik at det var til meg altså.
Jesus er livets fyrste, han har gitt meg det evige livet, det er upåverkeleg av døden og denne verda sine mørke og nedbrytande krefter.
M40, onsdag 5. juli 1995.
Ja, for jeg har fridd deg ut av mørkets makt og satt deg inn i min elskede Sønns rike. Du har fått oppleve min grenseløse nåde; å gå over ifra død til liv, ifra Satans makt til Gud, ifra mørke og inn i et underfullt lys. Du var død, men nå er du levende, og levende i meg, sier Herren. For også jeg var død, men jeg oppstod og jeg lever. Og derfor bringer jeg liv og uforgjengelighet fram for lyset, ved evangeliet. Og det er dette budskap du har tatt imot.
Så er det ikke lenger døden og de nedbrytende krefter som har makt over livet ditt. Men det er jeg som er livets fyrste og som har tatt bolig ved troen i ditt hjerte. For at du skal leve med meg og for at du når dagen kommer skal herske med meg, sier Herren. For jeg har satt deg inn i noe nytt, noe levende, noe ekte og noe virkelig, du har fått del i det evige livet. Dette som er upåvirkelig av alle dødens krefter, dette som er upåvirkelig av alle denne verdens mørke og nedbrytende krefter, du har fått del i det evige livet, det som står, det som blir, det som tåler alle ildens prøver, som blir stående i evigheters evighet. Det er ditt liv, fordi du er mitt barn.
Jeg vet at du kan oppleve å møte mørke stunder på din vandring. Jeg vet at du kan føle at fiendehæren står rundt deg på alle kanter. Men fordi du er mitt barn, så har jeg satt deg opp på en ryddet vei. En banet vei. Intet rovdyr, ingen løve skal kunne komme opp på den. Og ingen veifarende på denne veien skal fare vill. Og den veien, den går til Sion. Den går til den stad som jeg har beredt for deg. Så skal du følge trofast i mine fotspor og du skal erfare; den veien du går på, om den kan være smal og kronglete, det er livets vei, den går til livets mål, det mål som jeg har til deg, mitt elskede barn.
Jesus går ved mi side og eg skal gi meg heilt til han.
Det var sikkert dette han mange år seinare talte om som ein verkebyll på møte i Filadelfia 27.11.2022:
Inge tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen, (Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga):
« ….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Ja, det saka gjaldt var at sidan eg var ein gutunge hadde eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har svart meg at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med det og overgi meg heilt til han.
Han sa at han ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han (10.5.2009) og då tenkte eg på henne Reella og henne Virtuella, henne som han ville gi meg til kone og og så tenkte eg på min næraste. Eg tenker meg at han vil stige ned og møte henne Virtuella der han la henne, i mitt hjerte og soleis lækje denne verkebyllen. Paulus tala om tornen i kjøtet og eg tenker meg at for meg har den vorte årsak til ein verkebyll. For i denne sosiale samanhengen vert eg avvist, så eg ikkje får vedkjenne for dei kva Kristus er for meg og for oss. Då er det som om dei krev at eg skal prøve å gjere Guds verk og fullføre det som han byrja på, men det kan eg då ikkje. Slik sett skal eg vere svak og satse på at Guds nåde er nok for meg.
Dei foraktar barnetrua mi som om den er feil, så dei seier imot og seier dermed det motsette av kva eg har bedt om, sidan eg var ein gutunge, Strategien deira er å dåre og forføre kvinna, slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med.
2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, han møtte henne i mitt hjarte og eg ventar meg at han framleis vil møte henne slik.
Heb.12, 1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Sionsfjellet var løfta opp, så det er møteplassen.
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
Og så er møteplassen kristne møte, der eg møter opp og ber fram kroppen som eit levande heilagt offer, til velbehag for Gud. Det er vårt daglege offer.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
Kva var då poenget med at eg ikkje skulle få møte henne igjen, likevel? Tydeleg vis å ta bort det daglege offeret. Det er opprøret mot Herren som har lete seg høyre i protesten mot Paulus si lære om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Eg skal glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.
Møte i Maranata 12.10.2014.
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Jesu Ord er mat for ånd, sjel og kropp, han kom for å bygge opp og sette deg i stand til å gå i dei gjerniongana han har lagt ferdig for deg.
Maranata 28.10.2018.
Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.
«Når du høyrer mitt ord lyder ut i dag, så skal du ta vare på det, du skal grunde på det, du skal la det blir mat for di sjel og for di ånd og for din kropp. For mitt ord som eg talte, det er ånd og det er liv. Og eg, Herren, eg kom ikkje for å rive ned, men eg kom for å løfte opp. Eg kom for å bygge deg opp, for å istandsette deg til alle desse gjerningane eg har lagt deg ferdige, for at du skal få vandre i dei. Ikkje i eiga kraft, men i salving med min gode Heilage Ande, som eg har sendt. Han skal vise deg vegen og vegleie deg, han skal opplyse ditt indre menneske opp, slik at du kan få ta imot enda større kraft og salving og autoritet i mitt namn. For eg, Herren, eg har utvalt deg, nettopp i ei tid som dette, for å istandsette deg og fullføre det eg har tenkt til å gjere no i denne avsluttningstid. For eg kjem, eg som komme skal, men før disse dagar så skal eg, Herren, eg vil frelse og fri menneske ifrå alle som er underkua av Djevelen, for det er derfor eg kom, og eg går framleis omkring og gjer vel og lækjer og set menneske fri.»
22.1.2024. No er tida inne for deg til å stole på Gud i alle ting. Du skal gå frå kraft til kraft. Du er hovud og ikkje hale. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«No er tida inne for deg, til å stole på Gud i alle ting. Legge ned alt du har og alt du er. Dette er året for deg, da du skal sjå at Gud verkar i ditt liv. No er tida inne for å gå det neste steget med Gud, du skal gå fra kraft til kraft og ikkje frå dal til dal. Du er hovud og ikkje hale. Og Gud ynskjer å bruke deg dette året. Gud lengtar etter å sjå deg fullstendig overgitt til han og hans vegar. For deg som har sått i lang tid, med tårer og lengsel til Gud, så seier Gud at du skal ikkje gi opp og ikkje miste motet, du skal få sjå at Gud svarar deg på alle dine lengslar. Så seier Gud: eg er ein Gud som høyrer bøn og eg er ein Gud som samlar dine tårer i mi flaske, fortsett å be for din familie, de vil bli frelst. Dei vert haldne oppe av dine bønner, du er dyrebar for meg og viktig for meg og mitt rike. Eg har store planar for deg og ditt liv. Mine tankar for deg er framtid og håp. Du er ikkje forlatt og ikkje aleine. Eg ser deg og ditt liv. Du er viktig for meg og din familie er viktig for meg, seier Herren. No er tida inne for at du skal stole på at eg er ein god Gud, også i ditt liv. Kom med dine byrder og legg dei ved korsets fot. Og eg vil ta det vekk frå deg. Dette året er ei ny tid med nye dører for deg. Dette året er ei tid for overgiving og tillit. Ikkje sjå deg til høgre eller venstre, ikkje sjå på bølgene som Djevelen distraherer deg med. Løft ditt blikk opp mot meg og søk og rett ditt blikk mot det som er her oppe og ikkje på det som er på jorda. Mitt namn, seier Herren, er eit sterkt tårn. Du skal springe til det og vere trygg. Har eg ikkje befalt deg, ver frimodig og sterk. Frykt ikkje, ver ikkje redd, for Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre. Sett di lit til meg, seier Herren, og mitt ord, ikkje denne verda sine makter og alt som skjer rundt deg. Stormar og trengsle vil komme i denne verda, men dei som ser opp til meg vil skine sterkare og sterkare i denne verda sitt mørke. Dei som held seg tett til meg og let seg fylle av meg og ikkje av denne verda sitt mørke og løgner, vil bli brukt sterkare og sterkare av meg, seier Herren. Dei vil finne og føle mitt nærvær og kjærleik og det vil halde dei i glede og fred midt i stormen. Dei som kjem til meg for råd og vegleiing, vil finne det og halde seg reine frå verda sine løgner og forføring. Bedrag og løgn vil auke på denne jorda, derfor må du halde deg tett til meg og mitt ord, for å kunne sjå sanninga, seier Herren. Din heim er ikkje på denne jorda, din heim er her hos meg. Elsk ikkje denne verda og dei ting som er i denne verda, rett ditt blikk mot meg. Eg held oppe alle som snublar og reiser opp alle dei nedbøygde og vil gi dei mat i den rette tid. Eg er nådig og full av barmhjertigheit, sein til vreide og rik på trufast kjærleik. Eg vil aldrig svikte deg, eg er god mot alle. Eg er rettferdig på alle mine vegar, barmhjertig i alle mine gjerningar. Eg er nær deg når du kallar på meg, når du kallar på meg i sanning. Set din lit til meg av heile ditt hjarte. Stol ikkje på din eigen forstand. Tenk på meg på alle dine vegar, så skal eg leie dine stigar rett. Amen.»
10.2.2024. Eg har høyrt di bøn for din familie og eg vil ikkje la dine ord falle til bakken. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Sjå, eg kjem med skyene og kvart auge skal sjå meg, også dei som gjennomborar meg. Eg er alfa og omega, byrjinga og enden, seier Herren. Han som er og som var og som kjem, den allmektige. Frykt ikkje, mitt barn, eg er den fyrste og den siste. Sjå, eg er han som lever og var død og sjå eg er levande i all æve. Eg har nøklane til døden og dødsriket. Eg har høyrt di bøn for din familie. Eg er tru til mitt ord. Eg vil ikkje la dine ord fall i bakken. Eg etterjagar dine familiemedlemmer, når du ber. Eg skal frelse dei. Fortsett å be, for det gir meg retten til å gå etter dei med min Ande. Trengsel vil komme over denne jorda. Prøvingar vil auke, men mine heilage vil vokse og spire i mine føregardar. Dei som elskar meg og mitt ord vil blomstre og skine sterkare og sterkare. Men for dykk som frykter mitt namn, skal rettferdssola gå opp med lækjedom under sine venger og de skal gå ut og springe som kalvar når dei vert sleppte ut frå fjøsen. Min herlegdom vil fylle jorda. Store ting vil skje som ikkje har vore sett før. Eg vil vise min herlegdom. Englar vil verte meir vanleg å sjå. Det overnaturlege vil verte meir og meir vanleg, for eg er ein overnaturleg Gud. Gud er ei ånd og eg ynskjer at mine tilbedarar skal tilbe meg i ånd og i sanning. Hold deg tett til meg i denne tida. Forføringa vil verte stor over verda, men mitt Ord står for evig fast. Hos meg er det inga forandring eller skiftande skugge. Eg er sanninga, vegen og livet. Eg lutrar deg gjennom eld og prøver ditt hjarte. Eg er ein nidkjær Gud og ynskjer heile ditt hjarte, alle rom, ei tru, tillit og ein kjærleik som veks, sjølv gjennom prøvingar og smerte. Eg vil aldrig sleppe deg og aldrig forlate deg. Den som sigrar vil eg gi å ete av den skjulte manna. Eg vil gi han ein kvit stein og på steinen er det skrive inn eit nytt namn som ingen kjenner, utan den som får den. Den som sigrar, han vil eg gi å ete av Livets tre, som er midt i Guds Paradis. Den som sigrar og held fast på mine gjerningar inntil enden, han vil eg gi makt over folkeslaga, han skal herske over dei med jernstav. Som pottemakaren sine kar skal dei verte slått i stykke. Slik eg har fått det overgitt av min far og eg vil gi han morgonstjerna. Den som sigrar skal verte kledd i kvite klede og eg skal slett ikkje stryke namnet hans ut or Lammets bok, men eg skal vedkjenne hans namn for min far og hans englar. Den som sigrar vil eg gjere til ei søyle i min Guds tempel og han skal aldri meir gå utanfor. Eg vil skrive min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det Nye Jerusalem som kjem ned frå himmelen, frå min Gud. Eg vil skrive mitt nye namn på han. Den som sigrar vil eg gi å sitje med meg på mi trone, slik eg har sigra og sett meg med min far, på hans trone. Ver tru inntil døden og eg vil gi deg livets krone, seier Herren. Sjå, eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta di krone. Amen.»
2024.06.26. Eg vil smykke deg med mine gaver.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Du har vært gjennom mye mitt barn. Den onde har vært ute etter ditt liv igjen og igjen. Du har følt deg alene, som om at jeg ikke har sett deg og at jeg har forlatt deg. Men du var aldri alene, mitt barn. Jeg har vært der, tett ved din side igjennom hver storm som traff deg. Jeg vil aldri gå fra deg, mitt elskede barn. Du er dyrebar! Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg. Jeg har lovet deg i mitt ord at jeg vil vende alt til det gode for dem som elsker meg. Det vil komme gode frukter ut av din smerte! Det vil ikke være forgjeves! Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang. Som regnet lar alt som lever vokse og gro, kan tårer og smerte produsere blomstring og modenhet. Du står stødigere i dag enn noen gang og du vil fortsette å vokse med meg! Du vil bære min herlighet og legedom til denne verden. Du vil være mine hender og føtter. Jeg vil smykke deg med mine gaver og herlighet og dine sår vil jeg lege med gull. Det vil for alltid være et merke som hele himmelen vil se. Et synlig bevis på din seier over alt av angrep fra den onde. Din lønn vil bli stor og din glede vil aldri ta slutt. Alle dine valg og din hengivenhet er lagt merke til og sett. Du er min og jeg har behag i deg.»
Jesus sa til meg at den lovsongen han la ned i meg var min og den skulle vere min i all æve, i djupet av meg, der var den. Det verka som det gjekk mange år utan at det vart noko meir av den, i staden vart der ein verkebyll, så den kunne kjennast som den vart til ein verkebyll. 26.6.2024 sa han til meg:
«Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg. Jeg har lovet deg i mitt ord at jeg vil vende alt til det gode for dem som elsker meg.»
Eg trur det er sikta til det området der han la lovsongen i meg. Men han vil stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han, så eg ventar meg at han vil stige ned og møte henne igjen der, så ho får eit nytt møte med han og eg får sjå han igjen der. Så det vert til lækjedom for meg og for henne og for mange, han vil lækje den sjukdomen som er mellom Guds folk, heilt ifrå Israels fråfall.
Jesus sa han gav meg ein draum og vil eg skal ta fram att draumen og drøyme stort med han.
Bodskapen 31.8.2024:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
2025.05.08. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten: «Djevelen har virkelig prøvd å splitte og ødelegge din familie, han kommer bare for å myrde, stjele og ødelegge. Han er en løgner og løgnens far, han har hvisket i ditt øre igjen og igjen, at det ikke er håp for din familie, det vil aldri bli bra, de vil aldri forstå eller de vil aldri bli frelst. Men det er en løgn, ingenting er umulig for meg, sier Gud.»
Hennar eigen opplesing: https://www.youtube.com/watch?v=-_GwDlPLzLE
Mi nedskriving:
«Jeg har sett hvordan du har blitt behandlet av din familie, jeg har sett din smerte og jeg ser dine sår. Jeg ser din frustrasjon og hvor mye det kostet deg å være god mot den som såret deg. Jeg er ikke blind overfor din situasjon jeg er en Gud som har inderlig medlidenhet med deg i dine prøvelser. Jeg ble også sviktet og misforstått av mine, jeg har blitt prøvd i alt, så jeg har inderlig medlidenhet og forståelse for din smerte, mitt barn. Djevelen har virkelig prøvd å splitte og ødelegge din familie, han kommer bare for å myrde, stjele og ødelegge. Han er en løgner og løgnens far, han har hvisket i ditt øre igjen og igjen, at det ikke er håp for din familie, det vil aldri bli bra, de vil aldri forstå eller de vil aldri bli frelst. Men det er en løgn, ingenting er umulig for meg, sier Gud. Frykt ikke, bare tro, jeg kan gjøre hva som helst gjennom hvem som helst. Jeg kan snu hver situasjon opp ned på en dag. Jeg er mektig og ingen er for vanskelig for meg å forandre. Bare be til meg og ha tro, mitt barn, til hva jeg kan gjøre. I dag er dagen for å tilgi din familie, for at de ikke elsket deg som du trengte, for at de ikke forsto deg og tok imot deg som du trengte så sårt. Tilgi dem og la meg ta meg av dem og ditt hjerte. De kan ikke elske deg som jeg kan, de kan ikke forstå deg sånn som jeg kan. Jeg vil aldri svikte deg min elskede, jeg vil aldri slippe deg eller forlate deg, fortsett å be for din familie og gi dem til meg. La meg bære dem i min sterke hånd, jeg vil høre din bønn for din familie og jeg vil etterjage dem, hvis du velger å tilgi og velsigne og ikke forbanne dem med dine ord. Jeg elsker alle i din familie og dere som familie er viktig for meg, jeg har en plan også for dere. Amen.»
Når eg gjekk på gymnaset, tenkte eg meg at når Gud gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så yngste eg å få ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med
1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Så det vart ein vakker draum for meg å få ta imot henne Virtuella slik, omfamne henne og gi henne ein klem. Når eg møtte henne igjen i Bergen og ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar fordi eg var glad i henne, så opplevde et det som ein åndeleg røyndom, sjølv om ho fysisk var langt borte frå meg. Korleis kunne eg no få henne til å møte meg fysisk også? Jesus sa til meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den.
No talte han om dette som at eg hadde drøymt stort med han, ja, for eg tenkte meg at dette høvde med skaping i 1.Mos.2, men no skaper Gud oss i Kristus, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Så han vil eg skal ta fram att draumen og drøyme stort med han igjen, han vil setje det i verk.
Gud er fullkomen og han er kjærleik, han elskar oss med den fullkomne kjærleiken i Kristus og vi elskar fordi han elska oss først. Då er det først og fremst han vi elskar, slik elskar vi Gud. Dette gjeld både menn og kvinner. Så skal vi elske nesten vår som oss sjølve og det også gjer vi fordi Jesus elska oss først. Sidan eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han gir meg det, så blir det då slik at eg elskar henne fordi Jesus elska meg først og så får eg oppleve det slik at han elskar henne gjennom meg. Venteleg vert det slik for henne også, så ho elskar meg fordi hen elska henne først og får oppleve det slik at han elskar meg gjennom henne. Så slik svarar Jesus meg på mi bøn om ei frelst kvinne til kone. Alt dette er åndeleg og vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Venteleg vil han gjennomføre det ved at han ved sin Ande råder i vår døyelege lekam.
Jesus gir meg framtid og von, for tid og æve.
Det verkar litt rart at eg framleis skal tru og vone på at Jesus vil gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt om frå eg var ein liten gutunge. Det verka som endåtil kristne forakta meg for mi barnetru, sidan passa eg ikkje inn og no er eg for gammal også, for det vanlege er då at ein mann får seg ei kone når han og ho er unge. No er eg snart 69 år og så vil han framleis gi meg ei kone, kanskje endåtil 2-3 koner? Ja, Abraham var 100 år når han fekk sonen Isak og Jakob fekk to koner. David fekk fleire. Når Moses var gammal kalla Gud han til å leie folket hans ut av Egypt, mot det lova landet. Men sidan dei ikkje trudde på han, fekk dei like vel ikkje komme inn, dei måtte vente til der kom ein ny generasjon. Den fekk komme inn, men sidan fall dei ifrå han og vart bortførde til Babylonia, fordi dei ikkje trudde på han og ikkje brydde seg om det som han sa til dei. Det er til åtvaring for oss i vår tid.
Heb.3, 7 Difor, som Den Heilage Ande seier:
I dag, om de høyrer hans røyst,
8 så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen fedrane dykkar trassa meg,
den dagen dei eggja meg i øydemarka.
9 Der eggja dei meg
og sette meg på prøve,
10 endå dei hadde sett mine gjerningar i førti år.
Difor fekk eg uvilje mot denne ætta
og sa: Dei fer alltid vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.
11 Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
12 Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud. 13 Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda. 14 For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida. 15 Når det heiter:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen dei trassa meg,
16 kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt? 17 Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka? 18 Og kven var det han meinte då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei som var ulydige? 19 Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn.
Men Gud gav folket sitt framtid og von, endåtil når dei var i trældomen i Babylonia.
Jer.29, 4 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia: 5 Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei! 6 Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka. 7 Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg.
8 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer! 9 For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren.
10 Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.
12 Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.
Men etter at dei var komne attende til landet sitt, ville han gi dei draumar.
Joel.3, 1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Og så har han gitt meg ein draum og vil at eg skal ta den fram att og drøyme stort med han, det er eit kall han har gitt meg og som han vil eg skal seie ja til. Det er som ein visjon for framtida ein profeti om kva som skal komme og som han vil sette i verk og gjennomføre.
Og så har Jesus sagt at eg skal takke han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Då skal eg vende hugen opp til det som er der oppe hos han og feste blikket på han. Han gir meg ånd og liv ifrå himmelen og det er det eg skal ha hug på. Eg attrår ei kvinne, eg attrår kroppen hennar, like vel er det på den måten at eg har hug på den Anden og det livet Jesus gir oss frå himmelen. Korleis heng det i hop? Jau, ved at kroppen er eit tempel for den Heilage Ande. Vi får komme til Jesus og drikke av det levande vatnet, så det vert i oss ei kjelde som veller opp til evig liv i oss.
Jesus har kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem, det er i Guds himmel og så kjem det ned på den nye jorda. Det Nye Jerusalem er Jesus brud. Når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så kan eg tenke slik om henne, at ho er Jesus brud og slik tek han seg av mi sak, han gir meg ei kone som lever i eit kjærleiksforhold til han, som hans brud og eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Slik tek han seg av mi sak som si sak, mi sak er at eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne som kone, så eg han få han henne sjølv og hans sak er at han kyrkje hans brud, så han vil ha henne for seg sjølv. Dersom hoi vert reinsa i hans blod, så blir det slik at han får ha henne for seg sjølv.
Jesus frelseverk er fullført og fullkome, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg 100 % til han, Venteleg gir han meg henne 100 % som ei gåve. Og framtidsutsiktene er evig, ettersom de Nye Jerusalem er staden med dei faste grunnvollane, byen som aldrig vert reven ned.
Korleis kan vi få dette til å stemme med Jesu ord om at i det neste livet er det inge som gifter seg eller vert bortgifte?
Matt.22, 23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24 «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. 25 No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27 Sist av alle døydde kvinna. 28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»
29 Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen. 31 Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier: 32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» 33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.
Og når Jesus kjem att og hentar sine, lever folk eit vanleg liv, gifter seg og vert bortgifte, men så kjem den dagen uventa på dei
Luk.17, 26 Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 27 Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom flaumen og gjorde ende på dei alle. 28 Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. 29 Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. 30 På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.
31 Er det nokon oppe på taket den dagen, og har sakene sine nede i huset, må han ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att. 32 Kom i hug kona åt Lot! 33 Den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser det, skal vinna det. 34 Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng; den eine skal hentast, den andre setjast att. 35 To kvinner skal mala på same kverna; den eine skal hentast, den andre setjast att. 36 To menn skal vera ute på marka; den eine skal hentast, og hin setjast att.
37 Då tok læresveinane til ords og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»
Ved syndefallet forguda menneska seg med sin eigen kunnskap og så gøymde dei seg for han med dårleg samvit, dei konkluderte altså med at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne var noko som Gud ikkje hadde noko med å gjere, så derfor levde dei ikkje lengre i samfunn med han. Men Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss på korset, på det grunnlaget får vi komme inn att i samfunnet med hand. Men når Jesus kjem att for å hente sine, kjem det uventa på mange, så dei ikkje vert med, for dei har ikkje lete seg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll like vel eller så hadde dei falle ifrå han og lever ikkje lengre i samfunn med han. Det sentrale poenget er slik som ved syndefallet at dei gøymer seg for Gud med dårleg samvit og konkluderer med at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er noko som Gud ikkje skal ha noko med og derfor lever dei ikkje lengre i samfunnet med han.
Jesus har sagt at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Ja, for hans nåde er nok for meg og dette har å gjere med at å vere som dei fem vituge brurmøyane, som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei hadde nok olje med seg. Men det er visst mange som ikkje vil godta dette, men finn på mykje anna i staden, dermed minner det om dei fem uvituge brurmøyane som for av stad og kjøpte seg olje, men som vart for seine til å verte med inn til bryllaupet (Matt.25,1….).
Meininga med livet.
Metafysikk eller propaganda?
Metafysikk er læra om det mest fundamentale, den kan sporast tilbake til dei fyrste greske natur-filosofane og til Platon og Aristoteles. Platon søkte i ideverda og det kan høve med at Gud bur i det høge og heilage og fekk sitt svar ved at han sende Jesus til vår jord. Nyplatonismen, knapt 200 e.Kr, var ein religiøs lengsel, meir frå hjertet og fekk sitt svar ved at Jesus kalla til seg alle som tørsta, hos han skulle dei få drikke av det levande vatnet, så det vart i dei ei kjelde som vella opp til evig liv. Det var Gud som var kjelda med det levande vatnet, så slik fekk dei oppleve at han budde hos dei.
Slik fekk Augustin til ei syntese mellom kristendom og platonisme og det danna basis for at Romarriket legaliserte kristendomen og gjorde den til statsreligion, så det fekk stor betydning for historia, spesielt i den vestlege verda. Han godtok ei lære om at det er berre gjennom kyrkja menneske kan verte frelst, det kan stemme med ein bibelsk definisjon av at kyrkja er dei som er frelst, men det er ikkje menneske gitt å avgjere kven som er frelst, det er overgitt til den einskilde å vende seg til Kristus og verte frelst, så det er på individplan og ei subjektiv innstilling, dernest er det Kristus som veit det og så spørst det kva den Heilage Ande overtyder oss om. Den openberrar Guds Ord for oss, så vi kjem til erkjenning av Sanninga og vert fri og frelst. Det er ikkje menneske gitt å ta oppteljing av dei frelste, hugs at når David ville ta folketeljing i Israel, angra han og audmjuka seg, men fekk velje straffa, det vart pest (1.Krøn.21). Hugs at Gud hadde lova å gjere Israel så mange som stjernene på himmelen og sanden på havsens strand, så mange at dei ikkje kunne teljast altså. Nei, for ingen kan med si oppteljing stoppe Guds Ande. Augustin vart kalla kyrkjefader, men den har då ingen annan far enn Gud i himmelen.
Metafysikken fekk si stordomstid i universalie-striden på 1100-talet e.Kr. I tråd med platonismen var det mange som meinte at universelle, fullkomne idear eksisterte og var gyldige, sjølv om dei ikkje var fysisk synlege. Andre meinte som Aristoteles at slike universalia var berre i den fysiske tingen. Thomas Aquinas laga ei syntese mellom aristotelisme og kristendom, men som tillegg til syntesa mellom platonisme og kristendom, ved Augustin. Den Katolske Kyrkja gjorde «thomismen» til sin filosofi. Aristoteles vert kalla logikkens far, men gjorde den feilen at han brukte den på fysiske gjenstandar i staden for idear og det var dette som gjorde at den Katolske Kyrkja kjempa imot utviklinga av den nye naturvitskapen. Det hadde seg nok slik at moralfilosofien og dermed politisk filosofi framleis var kopla til antikk mytologi, der dei trudde at stjernebileta var gudar. Profetane i det gamle testamentet hadde då for legst sagt at det var dei ikkje, dei sa det nettopp fordi mange «lærde» og mektige i deira samtid dyrka «himmelhæren» som gudar. Dei var stolte og mektige, så dei vanvørde profetane som ulærde, dumme og tålelege, men det var hovmod som stod for fall.
Men den nye naturvitskapen vann fram, det vart diskusjon om metodene i staden og det vart etter kvart avklart, den var hypotetisk deduktiv. Sidan er det mange som har vanvørda metafysikken som meiningslaus og gagnlaus, men kva med dei fundametale spørsmåla, har vi fått rette svar på dei? Som kva er meininga med livet, kva er sanning. Kva er objektiv kunnskap og kva er subjektiv tru og innsikt, Har vi sjel, har vi fri vilje, kan vi vere fri, kva er fridom? Kristendomen har då for lengst gitt oss svar på dette. Så kvifor skulle vi vel ikkje kunne vite dette? Den fortel oss korleis vi kan verte frelst for æva og få evig liv og det må då vere det viktigaste for oss!
Kritikken av positivismen var at den gjorde menneske til reiskap for dei som hadde makta i samfunnet, men dei som vart kalla positivistar i positivismestriden kalla seg sjølve for kritiske rasjonalistar og eg forstår deira posisjon som forsvararar av metodene i realfag, «den hypotetisk deduktive metode». I grunnforskinga finn vi noko som vi kan kalle objektivt rett og sant, fordi det består si prøve. I anvendt forsking kan vi bruke den til å konstruere saker og ting, reiskap som er nyttige for oss. Det fungerer og stadfester dermed kunnskapen, så vi framleis kan påstå den er objektiv. Vi har fått betre verktøy som vi brukar som reiskap, så produktiviteten vert større og vi får betre velstand.
I følgje marxismen vert arbeidarane framandgjorde, så dei ikkje forstår seg på dette lengre og vert avmektige under produksjonsmidla. Som om dei sjølve vert opplærde til å vere reiskap for dei som har makta over produksjonsmidla. Ja, men det er då det dei får betaling for. Så det er då til deira eige gagn. Det er då ikkje lureri, sjølv om dei ikkje forstår alt i produksjonsprosessane. Men spørsmålet er om dei elles i samfunnet vert redusert til å vere reiskap for andre, så de blir som trælar for andre. Men det er nettopp då vi treng kristendomen som ein frigjerande bodskap, ved at den gir oss ei meir fundamental meining med livet. Kristus er vår frelsar og Herre, han er livet og gir oss meining med livet. Han kom for å gi oss liv og liv i overflod og det er det meining i.
Men dei fundamentale spørsmåla er framleis viktige for oss og dei dukkar opp att, men det er framleis berre Bibelen og kristendomen som gir dei rette svara. Det går an å prøve å tru og så søke for å finne ut, poenget vert å søke på rett plass, leit så skal du finne, bank på så verte det lete opp for deg, be, så skal du få.
Konstruktivismen er eit pedagogisk perspektiv, der eleven og læraren konstruerer kunnskapen, så den er menneskeskapt. Det gjer forskaren også. Men så vert det gjort til filosofisk ideologi, med påstand om at kunnskapen berre er ein menneskeleg konstruksjon, så sanning og objektiv kunnskap finst ikkje. Når slik «kunnskap» vert brukt som svar på dei fundamentale spørsmåla, vert det endå meir meiningslaust enn metafysikken med si grubling og sine spekulasjonar. Det vert endåtil skadeleg.
Det kan verke slik at ei gruppe menneske vert samde om ein kunnskap som dei kallar moralfilosofi, politiske filosofi eller praktisk politikk. Dei kallar seg ei elite som skal herska over andre, så det vert om å gjere å halde seg innafor. Andre står utanfor fordi dei tenker annleis og derfor vert dei rekna som dumme, slike som eliten må herske over. Dei som står utanfor kan endåtil verte førehandsdømde og så får dei ikkje høve til å svare for seg. Med det konstruktivistiske perspektivet vert det nekta for at der, sanning og objektiv kunnskap, som dei kan bruke til sitt forsvar. Dei kan endåtil dikte om ein som står utanfor, slik at diktinga deira kjem til erstatning for livsutfoldinga til han og/eller henne. Dei krev å få makt over andre menneske med diktinga si, det er som med dei oppdikta avgudane. I det gamle testamentet er avgudane laga av stokk og stein kalla Lygna, Djevelen er Lygnaren. Som motsetnad til dette er Jesus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.
17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
Jesus er livet, han gir oss ånd og liv i overflod, det er frigjerande og gir oss meining med livet.
I skapingssogene er det fortalt at Gud skapte alle ting og gjorde sitt verk med sitt Ord og sin Ande, så det er mest fundamentalt. Naturleg nok er formeiringa fundamentalt viktig for at ein art skal overleve, slik også med menneske, 1.Mos.2 er ei eiga skapingshistorie om nettopp det, den fortel at Gud skapte kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, ekteskap og familieliv, naturleg nok er det den mest fundamentale sosiale eininga i folket og samfunnet. Adam skulle dyrke og verne Guds hage og det var det kona hans skulle hjelpe han med, så det gav meining med livet.
I følgje naturvitskapen er mennesket det mest høgtståande pattedyret med mest omsorg for sine born. Det som vidare særmerker menneska er evna til å bruke reiskap, med den velutvikla tommelen. Men det som særmerker dei mest er evna til å tenke symbolsk, med språksansen og sansen for matematikk. I Guds Ord er det mykje symbolikk og vi treng det for å utvikle språksansen for å fatte den meir høgtståande meining han har med våre liv, så sjølve skapingssoga i 1.Mos.2 har ei symbols tyding.
Å finne meining med livet kan synast enkelt for mange, som ved at dei har eit nyttig og meiningsfullt arbeid, men det er også eit fundamentalt spørsmål med betydning for æva.
Fork.3,9 Kva vinning har den som arbeider,
av alt sitt strev?
10 Eg såg det plagsame strevet
som Gud har gjeve menneska.
11 Alt skapte han fagert i si tid.
Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
Men dei skjønar ikkje det verk
som Gud har gjort frå fyrst til sist.
12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
enn å gleda seg og gjera vel i livet.
13 Men når ein mann får eta og drikka
og vera lukkeleg i alt sitt strev,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, har hendt før.
Gud tek fram att det som kvarv.
Jesus sa til jødane at når dei som var vonde visste å gi borna sine gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gi den Heilage Ande til dei som ber han.
Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!
Så han starta med å tale om det som var naturleg og brukte det symbolsk, for å fortelje noko som er meir høgtståande og soleis meir fundamentalt, noko som er evig.
Men når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, er det heller ikkje vanskeleg å finne den fundamentale og rette meininga med livet også, for Jesus er livet, så han gir oss meining med livet.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Dette kan komme i konflikt med verdslege autoritetar, «lærde» menneske, spesielt i moralfilosofi og religion, men då er Kristus Sanninga som set oss fri. Han valde ut det som ingen ting er, for å gjere set vise og sterke til skamme. Han gav oss den Heilage Ande frå himmelen, den openberrar Guds Ord for oss og leier oss fram til Sanninga som set oss fri. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande.
I det gamle testamentet er det fortalt mykje historie som er som skapinga og syndefallet på nytt, slik også med Israels historie. «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Men det skjøna ho ikkje og vart ei hore ved at ho dyrka avgudane til folke rundt henne i staden. Derfor vart ho straffa, så dei vart bortførde frå landet.
Jesajas var profet på den tida assyrarane tok nord-riket og Samaria fall (722 f.Kr) og han profeterte også om at babylonarane kom til å hærta sør-riket og Jerusalem. Det var Gud som straffa dei for deira fråfall. Like vel sa Jesajas at Gud bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Jes.57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Dei vart knuste og audmjuka ved at landet deira vart herteke og dei vart bortførde til Babylonia, men så var han nåde mot dei som audmjuka seg for han og let dei komme attende til landet sitt.
Vidare fungerer dette som ein Messias-profeti, for Gud sende Jesus til dei, han vert kalla Immanuel, «Gud med oss», det kom som oppfylling av vers 15, dei som audmjuka seg for Gud fekk oppleve at han budde hos dei.
Sidan Kristus døde i staden for oss på korset, skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han, ved Guds kraft som vekte han opp frå dei døde. Kroppen er død og gravlagd, men Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen (Joh.6) og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.
Når det vart splitting i kyrkjelyden, spurde Paulus kven dei vart døypte til.
1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
Men så får vi vite at Guds Ande gjer lekamen også levande og så skal vi bere den fram som eit levande heilagt offer for Gud, det er vår åndelege Guds teneste.
Rom.8, 8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.
Rom.12, 1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
1.Kor.12,12 For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg. 13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka. 14 For lekamen er heller ikkje ein lem, men mange. 15 Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer han like fullt med til lekamen. ……..
27 Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han. 28 I kyrkja har Gud for det fyrste sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så mektige gjerningar, nådegåver til å lækja, hjelpetenester, styringsoppgåver, tungetale av ulikt slag. 29 Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar? 30 Har alle nådegåve til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungetalen? 31 Men streva etter dei største nådegåvene!
Så når Jesus ved sin Ande gjer kroppane våre levande, vert vi lemer på Jesu lekam og det er Jesu kyrkje. Vanleg vis tenker vi på kyrkja som ein organisasjon og så har vi mange kristne organisasjonar som også har sine bedehus og forsamlingslokale. Men den bibelske definisjonen på Jesus kyrkje er at vi vert som åndelege steinar oppbygde til eit åndeleg tempel og kroppane våre fungerer som lemer på Jesu kropp.
1.Pet.2, 1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

