Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, når vi søker samfunn med han på det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta, han kallar på dei fråfallne, for å lækje deira fråfall og slik vil lækje fråfallet i jødedomen og kyrkja.

Bilete: Persarkongen Kyros let jødane fare heim att til landet sitt og sette dei til å bygge oppatt tempelet for himmelens Gud. Herodes bygde på det og derfor vart det kalla Herodes tempel. Men Jesus viste til Daniels profeti om den øydande styggedomen som stod på heilag grunn.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born. Han er vegen til Faderen, ved å gå den vegen kjem vi inn i barnekåret hos Gud og får oppleve hans kjærleik og omsorg.

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born og åtvara dei mot å gjere opprør, men heldt det tydeleg vis som sannsynleg, nær sagt som ein profeti og slik gjekk dei. Profetane forklarde det slik «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere hans born, men ho fall ifrå og dyrka gudane til folka rundt henne, slik vart ho ei hore og borna hennar gjorde opprør mot han. Då tok han bort si omsorg og vern for dei, så landet vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei profeterte også om at dei skulle få komme attende til landet sitt og då ville han tale venleg til henne som i ungdomsdagane og ta henne til ekte igjen (Hoseas.2) og ho skulle ikkje lengre kalla han for «min Ba’al», men ho skulle kalla han for «min mann». Soleis er Sions Dotter Jesu brud og det er identiteten til den kristne kyrkja, for evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag og det er å invitere til bryllaupet mellom Kristus og hans brud.

Medan dei var i Babylonia såg profeten Daniel etter i profetboka til Jeremias om kor lenge det skulle gå før dei fekk komme attende og fann at det skulle gå 70 år, tida nærma seg så han fasta og bad (Dan.9), men då fekk han også profetien om at det daglege offeret skulle takast bort og den øydande styggedomen setjast opp.

Dan.9,27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,

midt i veka gjer han ende

på slaktoffer og grødeoffer.

På styggedoms venger

kjem det ein som herjar,

heilt til den fastsette øydelegging

strøymer ned over øydaren sjølv.»

Dan.12,9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»

Persarkongen Kyros let dei fare heim att til landet sitt og sette dei til å bygge oppatt tempelet til Israels Gud og kalla han for himmelens Gud. Og han elska verda så høgt at han sende Son sin, Jesus Kristus, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Jesus velsigna småborna og sa til læresveinane sine at dei skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til, dei vaksne måtte vende om og verte som born, ja fødast på nytt for å sjå Guds rike og komme inni det. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Gud er ånd, det er det han består av og når du er født av han, består du av hans Ande og er hans eigedom. Denne Anden er evig, så du vert berga for æva. Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og gjer sitt verk ved sin Ande, det er mest fundamentalt.

Joh.3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Men Jesus profeterte om den øydande styggedomen som stod på heilag grunn, for dei religiøse leiarane hadde falle ifrå Israels Gud, så det var Djevelen som var guden deira og Paulus kalla han for denne verda son gud.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

Matt.24,15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat!

2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Jesus sa til jødane at når dei som er vonde veikt å gi borna sine gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gi den Heilage Ande til dei som ber han?

Luk.11,9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.

11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Som om den Heilage Ande er vårt mest fundamentale behov og så viser det også kor fundamentalt viktig det er for oss å be. Jesus sa til disiplane sine at dei kom til å verte trekte fram for domstolane og stilte for retten, men dei trong ikkje bekymre seg for kva dei skulle seie til sitt forsvar, for den Heilage Ande ville gi dei ord i rette tid. Men då hadde dei altså vore hans læresveinar og høyrt på han og lært og det hadde også sitt grunnlag i det Gamle Testamentet.

Jesus sa han var livsens brød som kom ned som manna frå himmelen, for å gje verda liv. Då er det berre å ta imot i tru og ete, slik det er symbolisert i nattverden, dei orda han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Dei som tyrsta skulle få komme til han og drikke av livets vatn og få oppleve at det var i dei ei kjelde som vella opp til evig liv. Når han døde på korset sa han at det er fullbrakt og når han hadde stått oppatt frå dei døde, pusta han på dei og sa at dei skulle ta imot den Heilage Ande.

Joh.20,21 Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.» 22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!

Så å be var så enkelt som å puste inn og ut, drikke vatn og ete maten som du får gratis. Det er vår mest fundamentale bøn, for å tilfredsstille våre mest fundamentale behov.

No er det også klart at det er på evangeliets grunnvoll, så den er mest fundamental for oss.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Jesus kjem til oss og pustar på oss og slik tyner han den Lovlause.

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Livet er ein kamp for tilværet, men ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile. Fridomen i barnekåret hos Gud. Vekse i tru og kjennskap til Herren og få visdom frå han.

Jobs kunnskap og visdom.

Om nokon grev og granskar jorda, kan dei nok få kunnskap om den, men ikkje visdom. Job var ein rettferdig og rik vismann og han hadde kunnskap om denne verda også. Men så ramma ulykka han. I Job 28 fortel han om sin kunnskap, men kvar er visdomen?

Job.28,1 Det finst gruver der det er sølv,

og stader der dei vaskar ut gull.

2 Jern hentar dei fram or jorda,

og kopar smeltar dei ut or malmen.

3 Menneska bryt igjennom mørkret;

inst i krokane leitar dei opp

stein som ligg i svarte mørkret.

4 Arbeidarar frå framande land grev sjakter.

Gløymde av folk og utan fotfeste

heng dei og dinglar i reip

langt borte frå menneske.

5 Jorda gjev brødkorn;

men djupt der nede

vert ho omsnudd med eld.

6 I steinen er det safir,

og der finst det gullklumpar òg.

7 Ingen rovfugl kjenner vegen dit,

den har inkje falkeauga sett.

8 Der har korkje stolte rovdyr gått

eller løveungar sett sin fot.

9 Folk legg hand på den harde steinen

og grev fjella om frå grunnen.

10 Når dei høgg ut gangar i berget,

får dei auga på alle slag dyre ting.

11 Dei demmer for dropet frå vassårene

og hentar løynde skattar fram i dagen.

12 Men visdomen, kvar finst vel han,

og vitet, kvar har det sin bustad?

13 Ingen veit kva han er verd,

han finst ikkje i landet åt dei levande.

14 Djupet seier: «I meg er han ikkje,»

havet seier: «Han er ikkje her.»

15 Ein kan ikkje få han for det finaste gull,

prisen kan ikkje betalast med sølv;

16 han kan ikkje kjøpast for Ofir-gull,

for dyr karneol og safir.

17 Korkje gull eller glas kan liknast med han,

og ingen kan byta han til seg

for kar av det finaste gull.

18 Korallar og bergkrystall

kan ikkje nemnast attåt han;

å eiga visdom er betre enn perler.

19 Krysolitt frå Nubia kan ikkje liknast med han,

han kan ikkje betalast med reint gull.

20 Kvar kjem då visdomen frå,

og kvar har vitet sin bustad?

21 Han er usynleg for alle som lever

og løynd for fuglane under himmelen.

22 Undergangsstaden og døden seier:

«Vi har berre høyrt ei tidend om han.»

23 Men Gud kjenner vegen til visdomen,

han veit kvar han har sin bustad.

24 Hans auga når til heimsens endar,

alt under himmelen ser han.

25 Då han gav vinden styrke

og lét vatnet få det rette mål,

26 då han sette ei lov for regnet

og gjorde veg for toreskya,

27 då såg han visdomen og mælte han,

han lét han stå fram og granska han.

28 Og han sa til mennesket:

Å ottast Herren, det er visdom,

å halda seg frå vondskap, det er vit.

Jesus er Guds Ord og det er fundamentalt for skaparverket og livet. Han er det evige livet og det skal vekse, blomstre, modnast og bere frukt i oss og mellom oss.

Når Salomo hadde vorte konge, hadde han visdom frå dei gamle vise, men så viste Herren seg for han og spurde kva han ville be om og då bad han om visdom.

1.Kong.3, 7 No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar. 8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast. 9 Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?»

10 Herren tykte vel om bøna åt Salomo. 11 Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett, 12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan. 13 Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. 14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.» 15 Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine.

Men fråfallet kom ved at kongane vende seg bort og dyrka andre gudar og like vel heldt seg for å vere så vise og mektige at dei ikkje brydde seg om å høyre profetane som Gud sende til dei.

Men Jesus at han hadde større visdom enn Salomo. Han velsigna småborna og sa til læresveinane sine at dei skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei vaksne måtte vende om og verte som born, ja, fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Den som ville vere stor i Guds rike, måtte verte som eit lite barn som Jesus tok i sin famn og velsigna. Dette hadde då inga praktisk betydning, ingen praktisk nytte, men det var å få den åndelege velsigning, å oppleve samfunnet med Gud som er ånd.

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!

8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.

10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

Eg vil vone ingen tek det bokstaveleg at vi skal amputere kroppslemer, men sidan Jesus døde på korset i staden for oss, skal vi sjå det slik at vi er krossfesta med han og i dåpen gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han, ved Gud kraft. Soleis er ordet om korset ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.

Når dei som var vonde visste å gje borna sine gode gåver, kor mykje meir skulle ikkje då Gud gi den Heilage Ande til dei som bad han? Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Alle som tørsta skulle få komme til han og drikke av det levande vatnet og det skulle verte ei kjelde som vella opp til evig liv i dei.

Dette var ikkje å sjå på den fysiske naturen rundt seg og granske den, men det var eit subjektivt val om å vende seg til Gud som er ånd og er usynleg for det fysiske auget. Men det er fundametalt som i skapinga. Jorda var aud og mørk, men Guds Ande sveiv over vatnet, då sa Gud at det skulle verte lys og det vart lys. Og han som sa at lys skulle skine fram or mørket, har lete det skina i våre hjarte. Den andre skapingssoga starta med ei tørr og livlaus jord, men så vella der opp vatn, det tek eg som symbol på kjelda med det levande vatnet. Så skapte Gud mannen av mold frå jorda og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Livsens Ande tek eg som symbol på den Heilage Ande,

2.Kor.4, 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

 Han var livsens brød som kom ned som manna frå himmelen, det ordet han tala til dei var ånd og liv (Joh.6). Manna kom ned frå himmelen og dei måtte ut og sanke kvar dag, så dei hadde mat. Slik må vi ete av livsens brød og drikke av livsens vatn kvar dag, så vi lever av det. Jesus er livsens brød og vi har smaka og kjent at Herren er god, så vi vil ha meir av han. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Vi tok imot han og skal halde fram med det, ved at vi vender hugen opp til han og ha hug på han og det som er der oppe han, så vi held fram med å ta imot han og det som han gir oss frå himmelen. Vi skal vekse av det, så vi veks i nåde og kjennskap til han.

2.Pet.3,18 De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. Han skal ha æra, no og i all æve! Amen.

Han er den siste Adam, så han er den nye naturen og den nye identiteten for ein kvar mann, Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det er slik som når Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle verte ei hjelp som høvde for han. Slik vert vi som hans kyrkje tiltrekt av han og førde til han. Kvinna vert tiltrekt av han, som hans brud og soleis skal mannen vite å vinne seg si eiga kone i helging. Soleis er «Sions Dotter» Jesu brud, det er den nye identiteten til kvinna og til Jesu kyrkje, ho er Jesu brud og Jesu kone.  

Ef.4,7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:

Han steig opp i det høge

og førte bort fangar;

han gav menneska gåver.

9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.

14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

Jesus sa til læresveinane sine at han ville gå bort for å stelle til ein verestad til dei og så ville han komme att og ta dei til seg, så dei skulle vere der han var. Og vegen dit han var visste dei, for han var vegen sanning og livet, berre ved å gå den vegen kunne dei komme til Faderen. Han ville ikkje la dei vere att som foreldrelause born, men han ville sende Talsmannen, den Heilage Ande til dei. Den skulle openberre han for dei, så dei skulle få oppleve at han kom til dei, han og Faderen ville komme og ta bustad hos dei (Joh.14).

Tempelet i Jerusalem var berre ei etterlikning av den himmelske heilagdomen, men Jesus gjekk som øvsteprest inn i den himmelske heilagdomen, som ikkje er laga av menneske og som dermed ikkje er laga av denne fysiske naturen. Då bana han vegen for oss, så vi skal komme etter.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

I Høgsongen vert det fortalt om kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og bruda hans, som han kalla «den Lytelause Reine». Som eit refreng naudbad ho Jerusalems døttre (Sions døttre) om å ikkje vekke kjærleiken før sjølv han så ville. Han og ho var kjærestar så dei let kjærleiken vekse og modnast fram mellom dei, så han vart personalisert som Gud og hans kjærleik mellom dei. Brudgomen kom ein kveld og ville han henne med ut og gå på tur, men ho hadde lagt seg og var for sein med å stå opp. Når ho då kom seg opp og ut, var ho for sein, så ho vart gåande og leite etter han og vart fortvila.

Dette kan vi samanlikne med at Paulus lærer oss å sjå det slik at vi er krossfesta med Kristus, så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, så vi døyder lystene med Anden. Om ein ung mann og ei ung jente var kjærestar, anbefalte han dei å ikkje gifte seg, for å leve meir for Gud, i staden for å verte opptekne av dei verdslege sutene som følgjer med eit ekteskap. Det høyrest ut som  det var permanent, så det kunne vere eit godt argument for klosterliv. Men det kan vel tenkast at det var å vente til dei fekk betre råd til å ta omsorg for borna, som ved å utdanne seg for eit yrke. Men kom også i hug Jesu ord om å søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det.

Jesus sa til læresveinane sine at den Heilage Ande skulle minne dei om det som han hadde lært dei, den openberrar Gud Ord, også i det Gamle Testamentet. Han profeterte om at dei kom til å verte førde fram for domstolane, men dei trong ikkje bekymre seg for korleis dei skulle svare, for den Heilage Ande skulle gje dei ord i rette stund.

Luk.12,4 Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel lekamen, men sidan ikkje kan gjera meir. 5 Eg skal syna dykk kven de skal ottast: De skal ottast han som fyrst kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de ottast! 6 Sel dei ikkje fem sporvar for eit par øre? Og ikkje ein av dei er gløymd hjå Gud. 7 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.

8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. 10 Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving. 11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. 12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.

Læresveinane hans var jødar, så dei kjende nok til skriftene i det Gamle Testamentet, sjølv om dei var ulærde. Og når Stefanus vart stilt for retten, refererte han mykje til det Gamle Testamentet, så det vart som om dei lærde tapte på heimebane. Dess argare vart dei og steina han.

Stefanus var vis og forsvara seg med viksdom i retten, like vel vart han steina. Men apostlane heldt fram med å forkynne at vi kunne be Gud om visdom og få det og det kunne vi vel bruke til vårt forsvar. Men hugs også Jesu ord om at vi skal ikkje kaste perler for svin.

Matt.7, 6 Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.

Jak.1,1 Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som lever i framandt land.

2 Hald det berre for ei glede, mine brør, når de møter alle slag prøvingar; 3 for de veit at når trua dykkar vert prøvd, lærer de tolmod. 4 Men tolmodet må syna seg i fullført gjerning, så de kan vera fullkomne og heile og ikkje liggja etter i noko.

5 Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord. 6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden. 7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, 8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

Jak.3,13 Er nokon av dykk vis og vitug, må han syna det i gjerning, i eit rett liv merkt av den tolsemd som visdomen gjev. 14 Men ber de på bitter misunning og sjølvhevding i hjarta, då har de ikkje noko å rosa dykk av. Lyg ikkje mot sanninga! 15 Ein slik visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk, reint menneskeleg, ja djevelsk. 16 For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er. 17 Men visdomen ovanfrå er fyrst og fremst rein, dinest fredsæl, mild og ettergjevande, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og ærleg. 18 Og rettferds frukt vert sådd i fred, og veks fram for dei som skaper fred.

1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

1.Kor.2, 6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:

Det auga ikkje såg,

det øyra ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp

i nokon mennesketanke,

alt det Gud har gjort ferdig

for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.


Leave a comment