«Mor Israel».
På sine gamle dagar heldt Moses ei avskjedstale til folket, der han sa til dei at dei skulle vere Guds born og åtvara dei mot å gjere opprør, men føresåg nok at det kom til å skje, så dei miste landet sitt og vart bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.
Under kong David vann dei over fiendtlege nabofolk, så dei herska over dei. Når son hans, Salomo, skulle ta over, gav Gud han ein visdom som gjorde han visare enn alle. Jødane vart ei rik, mektig og lærd overklass i eit storrike.
Denne spesiell visdomen som Salomo fekk når han var ung, finn vi først og fremst i Høgsongen, Han er brudgomen som kallar bruda si «den Lytelause Reine» og dei lovpriser kjærleiken mellom dei. Som eit refereng seier ho til Jerusalems døtre at dei ikkje må vekke kjærleiken for tidleg, ikkje før sjølv han so ville. Det er som om kjærleiken vert personifisert som Gud sjølv, i det vi tek dette som førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud, så veit vi at dette er rett.
Høgs.2,7 Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer,
ved gasellane og hindane i marka:
Vekk ikkje kjærleiken!
Eggja han ikkje før sjølv han vil!
Han kalla henne til å komme ut i den vakre våren.
Høgs.2,8 Høyr, det er min ven.
Sjå der, han kjem
springande over heiane,
hoppande over haugane.
9 Min ven er som gasellen,
han liknar den unge hjort.
Sjå, der står han bortmed husveggen;
han glytter inn gjennom gluggen
og ser inn mellom sprinklane.
10 Min ven tek til ords og seier:
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
11 For sjå, vinteren er til endes,
regnet har kvorve.
12 Blomane sprett på vollane;
songtida er komen,
og turteldua kurrar i landet.
13 Frukta på vintreet raudnar,
og det angar av vintre i blom.
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
14 Du mi due på berghylla,
i livd under flogbratte fjell,
lat meg få sjå din skapnad,
lat meg få høyra ditt mæle!
For di røyst er så mjuk
og din skapnad så fager.
Men så vart ho for sein med å respondere på hans kall og vart gåande å leite etter han og vart fortvila over. Vaktene slo henne, sikkert fordi dei oppfatta henne som ei umoralsk kvinne.
Høgs.3,1 Om natta leita eg på lægjet
etter han som leikar i min hug.
Eg leita, men fann han ikkje.
2 «Eg vil opp og gå ikring i byen
og leita på gater og torg
etter han som leikar i min hug.»
Eg leita, men fann han ikkje.
3 Eg møtte vaktmennene som sveiv ikring i byen:
«Har de sett han som leikar i min hug?»
4 Eg hadde ikkje før gått frå dei,
så fann eg han som leikar i min hug.
Eg tok tak i han og sleppte han ikkje
før eg fekk han inn i huset åt mor mi,
i koven åt ho som fødde meg.
5 Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer,
ved gasellane og hindane i marka:
Vekk ikkje kjærleiken!
Eggja han ikkje før sjølv han vil!
Det kan forståast som ein profeti om at herlegdomen i den gamle pakta kvarv.
2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Men Salomo gifte seg med ei heil mengde utanlandske kvinner også, stikk i strid med Moselova og dei lokka hjarta hans bort ifrå Herren. Slik starta nedgangen for Israel.
1.Kong.11,1 Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. 2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei. 3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg. 4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore. 5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane. 6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane. 8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.
9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. 12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»
Salomo var konge ikring 965-926 f.Kr.
Hoseas var profet 750-722 f.Kr. Og han profeterte om at «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne og borna som han fekk med henne, men ho skjøna det ikkje og vart ei hore ved at ho dyrka avgudane til nabofolka. Derfor tok han bort omsorga si for henne og då gjekk det henne ille. Men Hoseas profeterte også om at Gud ville ta henne i nåde att, så ho skulle svare han som i ungdomstida, då skulle ho ikkje lengre kalle han for sin Baál, men kalle han for sin mann (Hoseas1-2).
I 722 fKr tok assyrarane Samaria, så det var slutten på Nord-riket. Dei prøvde å ta Jerusalem også, men kong Hiskia vende seg til Gud og bad om nåde, hjelp og vern og Gud svara han og berga han og byen. Men legg merke til korleis Hiskia ordla seg i meldinga som han sende til profeten Jesajas.
2.Kong.19,1 Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus. 2 Så sende han slottshovdingen Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i botsdrakt, til profeten Jesaja, son til Amos. 3 Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, tukt og vanære. For barnet er kome til livmormunningen, men det finst ikkje kraft til å føda. 4 Kanskje Herren din Gud høyrer alt det hærføraren har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å spotta den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den leivningen som enno er att!»
5 Då kongsmennene kom til Jesaja, 6 sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei ord du har høyrt, dei spottord som mennene åt assyrarkongen har tala mot meg. 7 No vil eg skyta det i hugen hans at han skal fara heim att til landet sitt når han får høyra eit rykte; og der vil eg la han falla for sverd.»
Hærføraren stod klar med hæren sin til å ta byen og den hadde ikkje kraft til å stå imot og så forklarar Hiskia det som at der ikkje var kraft til å føde. Det kan vel høyrast ut som svært så fantasifull poesi, men det var vel heller ein profeti, det var spørsmål etter kraft til å føde Guds born, så dei i Guds kraft kunne klare å stå imot.
Men når son hans, Manasse, tok over makta, viste det seg at han vart den mest ugudlege kongen der hadde vore, så Gud ville ikkje tilgi synda hans. Derfor let han Babylonarkongen ta byen og bortføre folket. Jeremias profeterte om det og sa at dei skulle overgi seg frivillig og det viste seg at det var det beste dei kunne gjere. Det gjekk dårlegare med dei som kjempa imot.
Jer.29,1 Såleis lydde det brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att mellom dei bortførte, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført bort frå Jerusalem til Babylonia. 2 Det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene, hovdingane i Juda og Jerusalem, handverkarane og smedane. 3 Brevet vart frambore av Elasa Sjafansson og Gemarja Hilkiason, som Juda-kongen Sidkia sende til Babylonia, til babylonarkongen Nebukadnesar, og det lydde så:
4 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia: 5 Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei! 6 Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka. 7 Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg.
8 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer! 9 For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren.
10 Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.
12 Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.
15 De seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babylonia.»
16 Så seier Herren om kongen som sit på Davids kongsstol, og om alt folket som bur i denne byen, frendane dykkar, som ikkje laut fara bort frå landet saman med dykk, 17 ja, så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg sender imot dei sverd og svolt og pest og gjer dei lik sprokne fikenar, som er så ringe at dei ikkje kan etast. 18 Eg forfylgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, til forbanning og skræmsle, spott og vanære mellom alle dei folk eg har drive dei bort til, 19 fordi dei ikkje lydde mine ord, seier Herren. Endå eg sende tenarane mine, profetane, til dei både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra, lyder ordet frå Herren. 20 Men høyr no Herrens ord, alle de bortførte, som eg sende frå Jerusalem til Babylonia!
21 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om Akab Kolajason og om Sidkia Ma’asejason, som spår lygn for dykk i mitt namn: Eg gjev dei i hendene på Nebukadnesar, babylonarkongen, og han skal drepa dei for augo på dykk. 22 Og etter dei skal dei laga ei forbanning, alle dei bortførte frå Juda som er i Babylonia, og seia: «Gjev Herren må gjera med deg som med Sidkia og Akab, som babylonarkongen steikte på bålet!» 23 For dei gjorde eit skjemdarverk i Israel då dei dreiv hor med konene åt landsmennene sine og tala falske ord i mitt namn; det hadde eg ikkje sett dei til. Eg veit det og kan vitna om det, lyder ordet frå Herren.
«Mor Israel» fødde Guds Son og all som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, slik vart ho mor til fleire. Men ho og borna hennar måtte ta røminga.
I Bibelen vert ofte eit folk omtala som ein mann eller ei kvinne, ein mann og kona hans. Slik skifter det mellom det individuelle plan og samfunnet av menneske. Slik også med «Mor Israel» og Jesu brud. Døyparen Johannes profeterte om at Jesus var Messias, han skulle døype dei med den Heilage Ande. Han var den som hadde bruda. Han elska dei med kjærleiken frå Gud, dei fekk oppleve det og derfor elska dei han som hans brud, så dei følgde han. Slik var den første kristne vekkinga. Sidan dabba det av, det hadde seg nok slik at herlegdomen i den gamle pakta kvarv (2.Kor.3,12-18), men Kristus var komen med noko nytt og nokre få fekk det med seg og følgde han framleis. Men det vart som når den Lytelause Reine vart gåande og leite etter brudgomen og fann han ikkje, for han vart krossfesta og gravlagd. «Mor Israel» hadde vorte personifisert som jomfru Maria, som fødde Guds Son, ho og Maria Magdalena kom til grava for å salve liket, men fekk oppleve å møte den oppståtte Guds Son. Maria Magdalena var den personifiserte Jesu brud, ho elska han som sin brudgom, men ho fekk ikkje røre ved han enno. Thommas og dei andre mennene som hadd følgt han som hans trufaste disiplar, fekk rør ved han slik som før. Men Maria Magdalena måtte altså vente til dess han vart teken opp til himmelen og fekk tilbake den herlegdomen han hadde hatt frå æva (Joh.20,11-19). Korleis kunne ho då få røre ved han? Ved at han sende dei den Heilage Ande, så han openberra seg for dei og rørte ved dei med sin Ande.
Dette er det profetert om i Joh.Op.12 og her ser vi at dei måtte ta røminga.
Joh.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.
Korleis fekk ho vengene til den store ørna? Babylonarkongen vart omtala som den store ørna, dei som gav seg over til han frivillig, kom forholdsvis velberga frå det. Og dette vart som om dei måtte røme, men ut i øydemarka, til samanlikning med når Moses ville leie dei ut ifrå Egypt og når dei prøvde å røme frå Antiokus 4. Epifanes (1.Maccabearbok).
Men det mest fulltreffande svaret synest vere at Gud gav dei ny kraft.
Jes.40,27 Kvifor talar du så, Jakob,
kvifor seier du, Israel:
«Min veg er løynd for Herren,
min Gud bryr seg ikkje om min rett»?
28 Veit du det ikkje, har du ikkje høyrt det?
Herren er den evige Gud
som skapte den vide jord.
Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mødd,
hans vit kan ingen grunda ut.
29 Han gjev den trøytte kraft,
og den som ingen krefter har,
gjev han stor styrke.
30 Gutar vert trøytte og mødde,
unge karar snåvar og fell.
31 Men dei som ventar på Herren, får ny kraft;
dei lyfter vengene som ørnar,
dei spring og trøytnar ikkje,
dei går og mødest ikkje.
Men så gav Djevelen Dyret makt.
Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
Djevelens klagemål mot menneska er fundamentalt og det vert brukt som grunnlag for verdsleg makt, spesielt som grunnlag for Dyrets makt, grunnlag og argument for keisardyrkinga altså.
Sions dotter er Jesu brud og han kallar henne ut i fridomen. Ho er Jesu kone, men då har vel bryllaupet allereie vore!? Og så føder ho Guds born. Slik er det for heidningane også, når dei vert forsona med Gud på evangeliets grunnvoll.
Sions Dotter er Jesus brud og Jesu kone, då må der vere eit bryllaup, det kan vere ei frelsesoppleving, oppleving av dåpen med den Heilage Ande. Der er ein åndeleg vekst og modning parallellt med biologisk vekst og modning, det er ved opplæring i Guds Ord, reinsing i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande, så den openberrar Ordet for oss og vi vert styrka ved Guds kraft. Då skal der også verte kraft til å føde, så menneske får oppleve frelsa, sjå Guds rike og komme inn i det.
Jesu kyrkje er det nye tempelet som vert bygt opp på evangeliets grunnvoll.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Sions Dotter er Jesu brud og det er identiteten til Jesu kyrkje, så det gjeld for heidningane også.
Joh.Op.19,6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»
Kristus er vår øvsteprest hos Faderen og kongars konge, så då er det også nasjonar som vert oppbygde på evangeliets grunnvoll (Joh.Op.19,11-21).
Jes.40,
Gledebod til Jerusalem
1 Trøysta, trøysta mitt folk,
seier dykkar Gud.
2 Tala mildt til Jerusalem
og ropa til henne
at striden hennar er enda,
at skulda hennar er kvitta,
at ho har fått av Herrens hand
dobbelt for alle sine synder.
Ryd veg for Herren!
3 Høyr, det er ein som ropar i heia:
Ryd veg for Herren,
lag gjennom øydemarka
ein kongsveg for vår Gud!
4 Kvar dal skal hevjast,
kvart fjell, kvar haug skal jamnast.
Bakket land skal verta slette
og kollane flat mark.
5 Herrens herlegdom skal syna seg,
og alle menneske skal sjå det.
Dette er ordet frå Herrens munn.
Guds ord står fast
6 Høyr, det er ein som seier: «Forkynn!»
Eg spør: «Kva skal eg forkynna?»
«Alle menneske er som graset,
og all deira herlegdom som blomen på marka.
7 Graset turkar bort, og blomen visnar
når Herrens ande blæs på dei;
ja, i sanning, folk er som gras.
8 Graset turkar bort, og blomen visnar,
men ordet frå vår Gud står fast til evig tid.»
Herren fører folket heim
9 Stig opp på høge fjellet,
du Sions gledebod!
Lat røysta ljoma,
Jerusalems fagnadbod!
Lat røysta ljoma, reddast ikkje!
Sei til byane i Juda:
«Sjå, der er dykkar Gud!»
10 Sjå, Herren din Gud kjem med velde,
hans arm gjev han herredøme.
Dei han fekk i løn, er med han,
dei han vann, går føre han.
11 Som ein hyrding skal han gjæta si hjord.
Han skal samla lamma i armen
og bera dei ved barmen,
og lamsauene skal han leia.
Joh.12,12 Dagen etter spurdest det i den store folkehopen som var komen til høgtida, at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk til møtes med han og ropa:
Hosianna!
Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn,
Israels konge!
14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
15 Ottast ikkje, Sions dotter!
Sjå, kongen din kjem
ridande på ein eselfole.
16 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same; men då Jesus var herleggjord, kom dei i hug at dette var skrive om han, og at dei hadde helsa han så.
17 Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut or grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. 18 Difor var det òg at folket drog ut til møtes med han; for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. 19 Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda flyg etter han.»
Jesus profeterte om at han skulle komme attende for å hente dei som einskild-menneske, samtidig er dei saman Jesu brud som han hentar, så det vert bryllaupsfeiring i himmelen, ved at det nye Jerusalem er Jesu brud, ho kjem ned på den nye jorda, så feiringa held fram der. Dette skal vi sjå fram til med von og glede oss til.
Eg hevdar at dette er sameinleg med at ein ung mann ser fram til å få seg ei kone og ei ung kvinne ser fram til å få seg ein ektemann. For Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss på korset. Så dersom vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, innser vi at slik er det og får oppleve det. Han gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss, så vi skal få vere der han er, ved at vi går vegen til Faderen, innstiller vi oss på det, tek imot det og får oppleve noko av det allereie her og no.
Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Lovnad om Den Heilage Ande
15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Å forkynne evangeliet er å invitere til bryllaupet til Guds Son.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Då er det om å gjere å ikkje ha så mykje anna å gjere, at vi prioriterer det i staden, men berre at imot i tru, takke for innbydinga og så komme, kle seg i bryllaups-klednaden som vi får og så verte med i feiringa, så vi vert med på å feire det i ekte kjærleik og med himmelsk glede, den kjærleiken som Gud har til oss i Kristus og den gleda som han gir oss frå himmelen. Med denne kjærleiken og gleda i vårt hjerte og vårt sinn vert vi også i stand til å forkynne den glade bodskapen vidare til andre og invitere dei til bryllaupsfesten. Då er det som om vi får ei dobbeltrolle i denne likninga og det kan verke litt merkeleg. Den kristne kyrkjelyden er Kristi brud, etter bryllaupet vert ho Jesu kone og då skal ho vel kunne føde Guds born.
2. Joh.
Helsing
1 Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg elskar med ein sann kjærleik, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna. 2 Vi gjer det fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid. 3 Nåde, miskunn og fred frå Gud, Faderen, og frå Jesus Kristus, Faderens Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.
Sanning og kjærleik
4 Eg vart inderleg glad då eg såg at nokre av borna dine lever i sanninga, så som Faderen har gjeve oss påbod om. 5 Og det eg no legg deg på hjarta, frue, er ikkje eit nytt bod som eg kjem med. Det er det bodet vi har hatt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. 6 Og dette er kjærleiken: at vi lever etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå fyrste stund, og det skal de halda.
Falske lærarar
7 For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist! 8 Ta dykk i vare, så de ikkje misser det de har vunne med arbeidet dykkar, men får full løn.
9 Den som ikkje held seg til Kristi lære, men går ut over den, har ikkje samfunn med Gud. Den som held fast ved læra, han har samfunn med Faderen og Sonen. 10 Kjem det nokon til dykk som ikkje fører denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje helsa han vel møtt! 11 For den som helsar han, vert medskuldig i alt det vonde han gjer.
Sluttord
12 Eg har enno mykje meir å seia dykk, men vil ikkje gjera det i brev. For eg vonar at eg skal få koma til dykk og samtala med dykk, så gleda vår kan vera fullkomen.
13 Borna åt den utvalde syster di helsar deg.

