Gud bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Når vi tek imot den nåden Gud gir oss i han, skal vi sjå det slik at vi vert knuste saman med han, slik at han som stod oppatt frå dei døde skal leve i oss og bu hos oss. Så vi får oppleve at Gud bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Jes.57,15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Kristus sende disiplane sine ut for å hauste det som andre hadde sått og så sende han dei ut for å bere frukt som varer. Det heile tek sikte på at han kjem att for å hauste grøda. Både når dei skal bere frukt og når dei skal hauste, blir det viktig for dei å be.
Kristus sende ut disiplane sine for å hauste det som andre hadde sått.
Luk.10,1 Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til. 2 Og han sa til dei:
Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.
Joh.4,34 Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk. 35 Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten! 36 Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37 Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar. 38 Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.»
Seinare sende han dei også for at dei sjølve skulle gå ut og bere frukt, frukt som varer.
Joh.15,1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar.
9 Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!
Kristus vart herleggjord ved at Faderen løfta han opp og sette han ved si høgre hand i himmelen. Dette tener som førebilete på korleis det går når han kjem att for å hente dei som tilhøyer han. Først skal dei som døde i trua på han stå opp frå dei døde. Så skal dei saman med dei som lever i trua på han verte omskapte og så tek han dei med seg som si brud heim til Faderen og der vert det bryllaupsfest. Ho vert kalla det nye Jerusalem og skal komme ned på den nye jorda (Joh.Op.19, 21&22).
Når nokon er død og gravlagd går det ikkje lang tid før kroppen rotnar bort, så genane er ikkje meir, beina kan ligge i jorda mykje lengre, men så er dei også borte. Så kvifor vil Gud gjere det på denne måten då? Kvifor let han det ikkje berre gå sin gang til dess alt liv på jorda er utdøytt, eventuelt utrydde det alt saman, så det vert slutt på lidinga også? Og så heller skape noko heilt nytt?
Eg kan tenke meg at det har med hans hukommelse å gjere, dei som trudde på Kristus hugsa på han medan dei levde, men han hugsa på dei etter at dei var døde også.
Luk.22,14 Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.» 17 Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19 Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.
Luk.23,39 Den eine av brotsmennene som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» 40 Men den andre tala han til rettes og sa: «Har du ikkje age for Gud, endå du er under same domen? 41 For oss er han rettferdig; vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» 42 «Jesus,» sa han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!» 43 Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis.»
Ap.Gj.1,4 Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om. 5 For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»
Kristi himmelferd
6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?» 7 Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt. 8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»
9 Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira. 10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei 11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»
Matt.24,23 Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje! 24 For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd. 25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! 26 Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje. 27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28 Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29 Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast. 30 Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.
Lær av fikentreet!
32 Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 33 Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra. 34 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
Ver budde når Herren kjem!
37 Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.
At stjernene skal fall ned på jorda er fyrst og fremst symbolsk tale, det kan vi sjå av Johannes Openberring. Men det kan også bety at det endar med eit astroide-nedslag som gjer slutt på alt høgtståande liv på jorda, kanskje alt liv, ja, med tida tek det slutt.
I Johannes Openberring er det sagt at vi skal sjå at han kjem med himmelskyene, så det talar om ei åndeleg openberring som vi skal ha og oppleve, at han kjem til oss inntil han kjem og hentar oss ved verda sin ende.
Matt.28,18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»
Joh.Op.1,7 Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen!
Vi skal så og vi skal hauste og få oppleve at Jesus er med oss i arbeidet og så skal vi be Faderen sende ut arbeidarar til å hauste inn grøda si. Slik blir det inntil den endelege hausten, når Jesus kjem att og hentar sine.
Joh.Op.14,14 Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa. 15 Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.» 16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta. 17 Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd. 18 Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!» 19 Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide. 20 Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.
Druene i verdsens vingard vart kasta i vinpressa som er Guds vreide. Dette refererer til
Jes.63,1 Kven er han som kjem frå Edom,
frå Bosra i blodraude klede,
han som er så briken i sin bunad,
og skrid fram i si store kraft?
«Det er eg, eg som talar i rettferd,
eg som har makt til å frelsa.»
2 Kvifor er din bunad så raud,
lik kleda åt ein som trakkar druer?
3 «Åleine trødde eg i vinpressa,
ingen av folka var med meg.
Eg trødde på dei i vreide
og trakka dei ned i harme.
Då skvatt deira blod på kleda mine,
heile min klednad vart tilsølt.
4 For ein straffedag hadde eg i tankar,
mitt utløysingsår var kome.
5 Eg såg meg om, det var ingen som hjelpte,
eg vart forfærd, men fekk inga støtte.
Då kom min arm meg til hjelp,
min harme stødde meg.
6 Eg trakka folkeslag ned i min vreide
og knuste dei i min harme;
deira blod lét eg renna til jorda.»
Vingarden i Salomos Høgsang bar tydeleg vis god frukt, men seinare viste det seg at vingarden bar dårleg frukt, derfor var den øydelagd. Men korleis gjekk det med druene på det sanne vintreet då? Det var vel det vi las om i
Luk.22,18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»
I den endelege innhaustinga kjem han for å frelse oss frå domen.
Heb.9,27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Heb.15,35 Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?» 36 Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr. 37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad. 39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. 40 Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41 Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.
42 Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft. 44 Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. 45 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom.
51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.
Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
Når Jesus kjem att, skal vi openberrast i herlegdom saman med han. Men skal vi ikkje det allereie no då, sidan vi får sjå at han er med oss? Gud skaper oss i han, då skaper han oss i si likning, så vi får sjå oss sjølve som i ein spegel. Han vinn skapnad i oss, så dei andre kan sjå han i oss, slik gjer han oss til sine vinte.
Be i Jesu namn, slik kan vi gjere storverk, som Guds medarbeidarar, for det er han som gjer sitt verk.
Vi skal be i Jesu namn og slik skal vi gjere storverk, ved å få oppleve at Faderen svarar på vår bøn, altså, så eigentleg er det han som gjer storverk.
Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Jesus bad for syndarar når han hang på korset og døde i staden for dei og slik skal vi be saman med han og be i hans namn.
Jes.53,10 Det var Herrens vilje
å knusa han med sjukdom.
Men fordi han gav sitt liv til soning,
skal han få etterkomarar og leva lenge,
og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
11 Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.
Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han dei mange til del,
og dei sterke skal han få til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda åt dei mange
og bad for brotsmenn.
Det vart endåtil sagt at han skulle få etterkomarar og leve lenge. Det høyrest menneskeleg ut, men Jesus er då Guds Son, han er det evige livet, så han lever då evig. Men korleis får han etterkomarar? Han kyrkje er hans brud og han kone, så han skal få barn med henne, så ho føder Guds born.
Salme.2,7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
Skapinga og det evige livet. Gud dyrkar jorda som sin kornåker og haustar kornet inn til det evige livet.
Sidan eg var ein gutunge har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har svart meg at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Sjølv om det enno ikkje har vorte noko av, så er dette framleis hans svar til meg. Det er sikkert mange som meinar det er for seint, det er og blir mindre og mindre meining i det. Også kristne meiner det og så veit dei vel at i det neste livet er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte, så då er det og blir det vel aldri noko av!?
Matt.22,23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24 «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. 25 No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27 Sist av alle døydde kvinna. 28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»
29 Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen. 31 Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier: 32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» 33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.
Men når Jesus kjem att for å hente sine, lever folk eit normalt liv, gifter seg og vert bortgifte, nokre vert henta, andre ikkje.
Luk.17,26 Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 27 Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom flaumen og gjorde ende på dei alle. 28 Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. 29 Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. 30 På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.
31 Er det nokon oppe på taket den dagen, og har sakene sine nede i huset, må han ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att. 32 Kom i hug kona åt Lot! 33 Den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser det, skal vinna det. 34 Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng; den eine skal hentast, den andre setjast att. 35 To kvinner skal mala på same kverna; den eine skal hentast, den andre setjast att. 36 To menn skal vera ute på marka; den eine skal hentast, og hin setjast att.
37 Då tok læresveinane til ords og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»
Kva er det då det kjem an på? Jesus talte om ekteskapet ved å referere til skapingssoga i 1.Mos.2, altså som om den framleis gjaldt som rettesnor for våre liv.
Matt.29,1 Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan. 2 Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der. 3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?» 4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne 5 og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt? 6 Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.» 7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?» 8 Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så. 9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»
1.Mos.2,18 Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.» 19 Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita. 20 Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han.
21 Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt. 22 Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han.
23 Då sa mannen:
«Dette er då bein av mine bein
og kjøt av mitt kjøt.
Ho skal kallast kvinne,
for ho er teken av ein mann.»
24 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.
25 Dei var nakne, både mannen og kona hans, og dei blygdest ikkje.
Kristus er Guds Messias, han har bruda, han er den som døyper med den Heilage Ande og set soleis alt i rette stand, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han kjem att for å hente si brud, for å feire bryllaupet med henne i himmelen. Det skal ho innstille seg på og gjere seg klar til og det er då ved at han set alle ting i rette stand.
Eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone og han tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han, så seg ser fram til at han vil gi meg det og det er sameinleg med at eg ser fram til å få vere med på å feire Lammets bryllaup i himmelen og komme til det Nye Jerusalem, som er Jesu brud og som kjem ned på den nye jorda. Han gir meg si glede og det er ei himmelsk glede, han gleder seg over den bruda som han frelser og eg skal glede meg i hans frelse og glede meg i Herren alltid.
Eg forkynner den glade bodskapen til meg sjølv og ei kvinne som eg venter meg at han gir meg til kone, for så å forkynne den til andre også, dett er då i tråd med at ein mann skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.
2.Tess.4,3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.
Gud er kjelda med det levande vatnet, den er liv-gjevande for vår sjel, vårt hjerte og heile vårt indre menneske, ikkje alle innser det, men om du byrjar å innsjå det, så blir det din lengsel. Kvar den som tørstar får komme til Jesus og drikke av kjelda med det levande vatnet og oppleve at den veller opp til evig liv i seg.
Vi blir kjende med Jesus og han gjer Faderen kjend for oss. Vi får oppleve at Jesus kjenner kvar einskild av oss individuelt og har omsorg for den einskilde og slik er Faderens omsorg for sine born. Slik også når eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og eg hevdar det høver med at han skapte kvinna av mannens sidebein, eg meiner det betyr at ho var av hans eige folk og kultur, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Gud førde henne til han og han kalla henne kvinne, fordi ho var teken av ein kar.
Naturleg og åndeleg vekst og modning, dualisme mellom ånd og materie.
Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og det kan vel vere at han gir meg fleire, men det vestentleg for meg er å vere himmelvend og feste blikket på Jesus, han er Guds Ord og Guds svar på mi bøn og han stig ned og møter meg, som svaret på mi bøn og eg skal med glede sjå fram til at han kjem og hentar oss heim til seg, som si brud, som om det er den endelege oppfyllinga av vona og det endelege bønesvaret. Ja, for han er Guds Ord og dermed det endelege bønesvaret.
Sidan Gud gjorde ferdig skaparverket, fungerer naturen fundamentalt sett utan at vi treng å gjere noko med den og kan det heller ikkje. Gud trengde heller ikkje gjere noko meir med den, så han kvilte den sjuande dagen. Men vi kan granske naturen, slik som vi til dømes gjer når vi studerer realfag.
Matt.5,33 De har òg høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje sverja falskt, men halda det du med eid har lova for Herren. 34 Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, korkje ved himmelen, for det er Guds kongsstol, 35 eller ved jorda, for det er fotbenken hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen. 36 Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt; for du kan ikkje gjera eit einaste hår kvitt eller svart. 37 Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.
Matt.6,25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.
Heilt ifrå mennesket vart til, som eit befrukta egg inni mor si, så veks det som ein naturleg prossess, ved at det naturleg nok får næringa og omsorga som det treng. Når det veks opp, vert det opplært til å ta imot næringa og omsorga som det treng, naturleg nok veks det og modnast som ei lilje (Matt.6,28), utan at det treng å gjere noko for det, men det merkar at det vert i stand til meir og meir livsutfolding, inntil det byrjar å dabbe av. Ved å tru på sin skapar og takke han, lærer det å tenke konstruktivt og får livsglede og pågangsmot til livs-utfolding, så det naturleg nok prøver å få mest mogleg ut av livet.
Jesus velsigna småborna og sa læresveinane sine at dei skulle la dei kome til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei voksne måtte vende om og verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå Guds rike og komme inn i det. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er Guds Ord og det er som såkorn som vert sått i våre hjerte. Då er det om å gjere at det kjem i god jord og får vatning, så det spirer og veks og at ikkje ugraset veks opp og kjøver det.
Luk.8,4 Mykje folk strøymde no til frå byane rundt ikring. Då ei stor mengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning: 5 «Ein mann gjekk ut og skulle så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen; det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. 6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det rann opp, av di det ikkje fekk væte. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kjøvde det. 8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre foll.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyro å høyra med, han høyre!»
9 Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda. 10 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, så dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skjøna. 11 Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. 12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjarta deira, så dei ikkje skal tru og verta frelste. 13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur til ei tid, men når dei vert sette på prøve, fell dei frå. 14 Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet vert dei kjøvde av suter og rikdom og nytingar, så dei ikkje ber fullmogen grøde. 15 Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit vent og godt hjarta, så dei held ut og ber grøde.
Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.
Ideelt sett skulle det verte planta i menneske medan dei er små ungar og få vatning, så det veks som ein plante og modnast med blomst og korn (frukt), samtidig med at kroppen veks og modnast til voksne menneske, mann og kvinne som finn kvarandre som kjærestar og sidan ektefelle, med ekteskap og familieliv og evne til å forsørgje, oppsede og lære opp sine eigne born. Då kan vi trygt seie at der er ein psykofysisk dualisme (Descartes) eller parallellisme (Leibniz).
Ef.4,1 Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.
7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

