Ny tid 130. Skaping og utvikling. Gud dømde menneska til døden på grunn av syndefallet. Men kvifor utrydda han dei ikkje med det same då og skapte noko heilt nytt i staden. Han hadde då skapt livet på jorda på seks dagar, menneska og landdyra på sjette dagen, så då ville det vel vere fort gjort å skape noko nytt i staden? Men desse dagane er lange perioder og så får vi vite at han skaper gjennom utvikling. Det får endåtil betydning for æva, ved at han frelser folk for æva.

Bilete: Lilje.

Matt.6,25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande!

Skaping og utvikling. Gud knuser menneska som leirkrukker, men han er også som ein pottemakar som skaper ei ny krukke av den same leiren. Og så gir han oss ein skatt som vi får ha i leirkar, leirkaret er skrøpeleg og forgjengeleg, men skatten vi får er evig. Verte frelst og komme til å erkjenne sanninga. Få den rette sjølvforståinga.

Skapinga og syndefallet, historia som gjentek seg.

I opphavet skapte Gud himmelen og jorda, jorda var aud og mørk, men Guds Ande sveiv over vatnet. Då sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Så kom det 6 «lys-dagar» der Gud talte og det skjedde, slik skapte han livet på jorda ved sitt Ord. Han skapte menneska til slutt og velsigna dei og sa at dei skulle vekse og aukast, fylla jorda og legge henne under seg. Han såg at det han hadde skapt var godt og så kvilte han den sjuande dagen, etter alt sitt verk og velsigna den dagen og lyste den heilag.

Deretter kjem ei skapings-historie til, om Adam og Eva. Han talte til Adam og sette han til å dyrke og verne hagen. Då var det framleis slik at han talt og det skjedde. Adam fekk lov til å ete av trea i hagen, men fekk ikkje ete av kunnskapstreet, dersom dei gjorde det, så skulle dei døy. Dei hadde fri vilje til å velje altså, men så talte Gud til dei om noko dei fekk lov til å velje og noko som dei ikkje fekk lov til å velje.

Då gjekk det slik at ormen lokka kvinna til å ete av kunnskapstreet og ho gav mannen sin med seg og han åt. Derfor vart mannen dømd til døden. Men kvifor utsletta ikkje Gud menneska på jorda med ein gong då? Kvifor utsletta han ikkje alt liv på jorda med ein gong og byrja å skape noko heilt nytt med ein gong? Han hadde då brukt berre seks dagar på det. Ja, men det var «lyd-dagar», så det var lange epoker i vårt perspektiv. Dessutan kvilte han den sjuande dage, så då ville vel helst få kvile i fred. Men han stengde dei ute frå Edens Hage, så dei ikkje skulle få komme inn og ete av livsens tre og leve evig, dermed ville det gå mot slutten med dei.

Gud dømde menneska til døden på grunn av syndefallet. Gud var ånd, men mannen var mold og til molda skulle han attende. Han var ikkje heilt slik som Gud likevel, altså. Men kvifor utsletta han dei ikkje med ein gong og skapte noko heilt nytt i staden? I staden skaper han gjennom utvikling, ved å drive avl, så det får betydning for vår genetiske utvikling. Og genane vårer er avgjerande for kven vi er.

Sidan er det fortalt om kongerike som oppstod, men så ovmoda dei seg og ville gjere seg liksom Gud, dyrka avgudar og gjorde urett. Då straffa han dei for det. Like vel påstod han at det var han som gjorde det heile, så det var som om skapinga, syndefallet og straffa var historia som gjentok seg.

Dyrke og verne Guds hage. Kampen for tilværet.

Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk og lyste han heilag. Men så kjem ei skapingshistorie til, der Gud skapte skapte mannen og sette han til å dyrke og verne Guds hage, så kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle verte ei hjelp som høvde for han. Han hadde eit arbeid å gjere og ho skulle hjelpe han med det. Her var det fred og idyll, sjølv om vi kan forstå arbeidet som ein kamp for tilværet. Saman skulle dei bygge familie, folk og samfunn, det måtte dei vere saman om, det er då naturleg. Det også var ein kamp for tilværet og dei måtte vere saman om det.

Men etter syndefallet var det ikkje så fredeleg og idyllisk lengre. Gud sette strid mellom ormen, jorda skulle bere torn og tistel, så med sveitte i andletet skulle mannen ete sitt brød, inntil han for i jorda igjen, mold var han og til molda skulle han attende. Framleis skulle ho naturleg nok vere ei hjelp for han i kampen for tilværet. Om ho i staden kjempa imot han, så ville det verte til kampen mot tilværet for dei begge og det strir då mot naturen, det strir mot biologien med utviklingslæra. Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, vi forstår vel at det handlar om menneskelivet, om om kvinna sin natur og liv, men det er då ikkje naturleg for henne å leve som ein orm. Ormen skulle ete mold, men mannen var mold, så då kunne vel ormen ete han også. Slik vart det strid om mannens natur også, men det var ikkje naturleg for verken kvinna eller mannen å leve som ormar.

Nasjonalisme og imperialisme.

I Bibelen er det fortalt om mange kongerike som oppstod og gjekk til grunne og så påstod Gud at det var han som gjorde det heile, det var som skapinga, syndefallet og domen var historia som gjentok seg. Men då var oppgåva deira framleis å dyrke og verne Guds hage og soleis forvalte natur-ressursane i landet, så det vert til gagn for dei på lang sikt.

Gud straffa dei også ved at der kom overnasjonale storriket, men dei også straffa han. Mange venstre-radikale har påstått at når misjonærane kom ut misjonsmarka i Afrika og andre fjerne land, kom kapitalistane etter, for å gjere folket til slavar og få tak i rikdomane i landet. Slik vart stormaktene imperialistiske gjennom koloniar.

Men med rett opplæring og oppfølging skulle dei vel kunne bygge sine eigne nasjonar, til samanlikning med den nasjonale frigjeringa til dømes i Noreg. Ja, men vi ser også at den same konflika framleis er i Noreg, endåtil ved at dei venstreradikale er imperialistiske, som motsetnad til Noreg som eit kristent land og ein fri og nasjon, med ytringsfridom og demokrati.

Evangeliet om Kristus er ein glade bodskap til einskildmenneske, folk og nasjonar.

Ved persarkongen Kyros fekk jødane kome heim att til landet sitt og det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for einskilmenneske, folk og nasjonar. Jødane byrja å bygge oppatt tempelet og profeten Sakarja oppmuntra dei med at det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande (Sak.4). Ja, slik er hjarteomskjeringa i den Heilage Ande. Ved Herodes vart det bygt vidare på dette tempelet, men det vart nedrive i år 70 e.Kr. Men Kristus er grunnsteinen i det nye tempelet, vi skal ved hjerteomskjeringa i den Heilage Ande verte som åndelege steinar oppbygde til eit åndeleg tempel for Gud.

Sakarja profeterte om at den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane. Så selde han Herren for 30 sølvpengar, det var ein profeti om at Judas sveik Jesus. Men han var den Gode Hyrdingen, som sette livet til for slaktesauene. Slik betalte han prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til seg og Faderen.

Ei tid til å plante og bygge, ei tid til å rykke opp og rive ned. Gud gjentek det som kvarv, like vel skaper han noko som står til evig tid.

Kong Salomo talte så vemodig om alt det vi bygger opp og som vert nedrive og får til grunne. Men så sa han også at Gud skaper noko som står til evig tid.

Fork.3,9 Kva vinning har den som arbeider,

av alt sitt strev?

10 Eg såg det plagsame strevet

som Gud har gjeve menneska.

11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

Så spurde han om menneska har nokon fordel framfor dyra, kven veit om menneskeånda stig opp og dyreånda fær ned i jorda?

Fork.3,1 Alt har si faste tid,

alt som hender under himmelen, har si tid:

2 ei tid til å fødast, ei til å døy,

ei tid til å planta, ei til å riva opp;

3 ei tid til å drepa, ei til å lækja,

ei tid til å riva, ei til å byggja;

……….

18 Eg tenkte med meg om menneska:

Gud prøver dei så dei kan sjå

at dei i seg sjølve ikkje er meir enn dyr.

19 Same lagnaden ventar

både menneske og dyr.

Den eine skal døy som den andre,

same livsanden har dei alle.

Menneske har ingen føremon framfor dyr.

For alt er fåfengd.

20 Alle går til same staden.

Av jord er alle komne,

og til jord skal dei atter verta.

21 Kven veit om menneskeånda stig opp,

medan dyreånda fer ned i jorda?

22 Eg såg at det beste mannen kan gjera,

er å gleda seg i sitt arbeid;

det er den lut han har fått.

For kven lèt han sjå

det som sidan skal koma?

Gud skaper menneska som pottemakaren formar ein leirklump.

Slik også når Israels-folket fall ifrå han. Gud samanlikna seg med ein pottemakar som skapte dei som leire til ei krukke. Dersom han ikkje var fornøgd med den, byrja han på nytt. Slik arbeidde han med dei andre folka også.

Jer.18,1 Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 «Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.» 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.

5 Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.  7 Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.  8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.  9 Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

11 Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane:

Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast!  12 Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»

Jeremias profeterte om at Babylonar-kongen kom til å hærta landet, Jerusalem også, og sa at dei skulle overgi seg frivillig. Dei som gjorde det, berga livet, men dei som ikkje ville høyre på han og stridde imot, gjekk det ille med. Så når Gud forma dei som folk, var det ikkje berre med «silkehanskar», men ved at mange av dei vart drepne i krig, svolt og sjukdom.

Gud har sett inn sin konge på Sion.

I Salme 2 er det sagt at Gud har sett inn sin konge på Sion og han skal knuse folka, som ein slår sund leirkar med ein jernstav.

Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,

kvifor legg folka gagnlause planar?

2 Kongane på jorda reiser seg,

fyrstane legg råd i lag

mot Herren og den han har salva:

3 «Lat oss slita sund deira lekkjer

og kasta deira reip av oss!»

4 Han som tronar i himmelen, ler,

Herren spottar dei.

5 Så talar han til dei i sin vreide,

med brennande harme skræmer han dei:

6 «Det er eg som har sett inn min konge

på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.

Han sa til meg: «Du er son min,

eg har født deg i dag. 

8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv

og heile jorda til eige.

9 Du skal knusa dei med jernstav

og slå dei sund som leirkar.»

10 Og no, de kongar, far visleg fram,

ta imot åtvaring, de styrarar på jord!

11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,

så han ikkje skal verta vreid

og de gå til grunne på vegen.

For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.

I følgje Biblex var dei fleste salmane i den første salmeboka, Salme1-41, salmar av David eller til David. David visste Gud ville Gud vere far for Salomo (v7), så det kan vel vere David som har skrive salmen. Like vel meinar eg det først og fremst er ein Messias-profeti. Når han knuser menneske som leirkar er det ved at han sjølv først vart knust for vår skuld.

Jes.53,1 Kven trudde

det bodet vi høyrde,

og kven fekk sjå Herrens makt?

2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,

som ein renning or turr jord.

Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,

det var ingen hugnad å sjå han.

3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,

ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,

ein svivørd mann som ingen ville sjå på;

vi rekna han for inkje.

4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,

og våre pinsler bar han.

Vi trudde han var heimsøkt,

slegen av Gud og ille plaga.

5 Men han vart såra for våre brot

og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,

og ved hans sår har vi fått lækjedom.

6 Vi fór alle vilt som sauer,

vi vende oss kvar til sin veg.

Men Herren lét råka han

det vi alle var skuld i.

7 Ille medfaren vart han,

men bar det audmjukt;

han lét ikkje opp sin munn,

som lammet dei fører til slakting,

og sauen som teier når han vert klypt;

han lét ikkje opp sin munn.

8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.

Men kven i hans samtid vørde vel det?

Bortriven vart han or levandelandet,

for sitt folks brot laut han døy.

9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,

hjå ein rikmann, då han var død,

endå han ikkje hadde gjort nokon urett,

og det ikkje fanst svik i hans munn.

10 Det var Herrens vilje

å knusa han med sjukdom.

Men fordi han gav sitt liv til soning,

skal han få etterkomarar og leva lenge,

og ved han skal Herrens vilje ha framgang.

11 Etter all si møde og sjelenaud

skal han sjå ljos og mettast.

Og når dei kjenner han,

skal han, min rettferdige tenar,

gjera dei mange rettferdige;

for han har bore deira synder. 

12 Difor gjev eg han dei mange til del,

og dei sterke skal han få til hærfang,

fordi han gav sitt liv i døden

og vart rekna mellom brotsmenn.

Han tok på seg synda åt dei mange

og bad for brotsmenn.

 


Leave a comment