Ny Tid 125. Endetidssyn 101. Vekse opp som Guds born og verte vaksne, som «gudar»? Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 13. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han skal verte frelst.  Igjen stod Gud fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom. 11. Forsoning og fred. Sanninga som set fri eller lureri? 6. Til fridom har Kristus frigjort oss. Den fridomen må vi passe på. Keynes økonomiske teori vart ein suksess i USA, Europa og særleg i Noreg. 2. Samanlikning mellom USA og Romarriket. Som Guds medarbeidarar får vi oppleve at Gud gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, han bygger Jesu kyrkje og byggar nasjonar, slik at Kristus er hovudet for kyrkja som er hans brud og han er kongars konge. 

I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.

Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.  

Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.

Salme.82,1 Ein Asaf-salme.

Gud står fram i gudelyden,

mellom gudar held han dom:  

2 Kor lenge vil de fella urett dom

og halda med dei ugudelege? Sela

3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,

frikjenn dei arme og trengande, 

4 berga småkårsfolk og fattige,

og fri dei ut or nidingars hand!

5 Dei har korkje vit eller skjøn,

dei ferdast ikring i mørker,

heile grunnvollen under jorda ragar.

6 Eg har sagt: «De er gudar,

søner åt Den Høgste er de alle. 

7 Men som menneske skal de døy,

som ein av fyrstane skal de falla.»

8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar.

Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn! 

2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn! 

3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!

4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!

Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.

Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.

Kom med grunnane! seier Jakobs konge.

22 Lat dei koma og kunngjera oss

det som sidan skal henda.

Fortel oss kva som før har hendt,

så vi kan merka oss det!

Eller lat oss få høyra kva som skal koma,

så vi kan vita kva utgangen vert!  

23 Kunngjer det som eingong skal henda,

så vi kan skjøna at de er gudar!

Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,

så vi alle kan sjå det og undrast! 

24 Sjå, de er reine inkjevetta,

og det de gjer, er ingenting verdt.

Ein styggedom er det å velja seg dykk. 

25 Eg har vekt ein mann frå nord,

og han kjem, frå eit land i aust;

han skal kalla på mitt namn.

Styresmenn trakkar han ned som søle,

liksom pottemakaren stampar leire.  

26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,

så vi kunne vita det?

Kven forkynte det i gamal tid,

så vi kunne seia: «Det er rett»?

Ingen har kunngjort det,

ingen har sagt frå,

ingen har høyrt eit ord frå dykk. 

27 Eg er den fyrste som seier til Sion:

«Sjå, der er dei!»

og sender gledebod til Jerusalem.

28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,

ikkje ein som kan gje råd,

så eg kunne spørja og få svar.

29 Nei, alle er dei inkjevetta,

og det dei gjer, er ingenting verdt.

Gagnlause er deira støypte bilete.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i  «gude-forsamlinga» og held dom.

Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.

Joel.3,1 Når Anden vert utrend

1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet. 

Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså. 

Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.

Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelsarkonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelsekraft som reiste han opp frå dei døde. 

Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.

Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.  16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.  17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Kjennast ved Kristus som vår frelsar og Herre, så vi passar oss for dei som vil lure på fridomen vår.

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør og verte straffa for det og verte bortførde frå landet sitt. Men ved Guds nåde skulle dei få komme attende til det og då skulle dei verte hjarteomskorne. Jau, når dei då kom attende til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet, for då ville Gud velsigne dei. Dei fekk motstand, men profeten Sakarja oppmuntra dei og sa at det skjer berre ved Guds Ande.

Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

7 Kven er vel du, du mektige fjell?

Framfor Serubabel skal du verta ei slette.

Han skal føra fram toppsteinen,

medan dei ropar:

«Nåde, nåde vere med han!»

Sidan kalla Paulus den nye pakta for hjarteomskjering i den Heilage Ande. Poenget er vel nettopp at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande og det er mest fundamentalt.

Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen.  29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.

Rom.8,14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.  17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Paulus lærde oss å leve i fridomen i barnekåret hos Gud og passe på at ingen får lure på fridomen vår. 

Gal.2, 3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.  4 Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura på den fridomen vi har i Kristus Jesus, så dei kunne gjera oss til trælar.

Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og då må ikkje andre prøve å lure han (1.Tess.4,3-8). Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og så skal vi vekse opp til han som er hovudet for den kristne kyrkja, Kristus.

Vi seier kva Jesus er for oss og ærar og takkar han for det. Dersom då andre avviser det, er det som om dei vil erstatte det med menneskeverk, mest nærliggande eit krav om at vi må prøve å erstatte det med våre eigne gjerningar. Men menneske kan då ikkje gjere Guds gjerningar. Det vert som eit krav om at dei like vel må prøve å gjere Guds gjerning, men i eiga kraft altså?! Prøve å forgude seg sjølve med sin menneskelege og kjøtlege natur? Soleis ligg det an til dåringa og forføringa slik som ved syndefallet, endåtil som eit krav. Soleis kan det føre til at dei avviser og fornektar Faderen og Sonen. Og dersom dei startar med å fornekte Faderen og Sonen, vil det føre til at dei erstattar Guds verke med menneskeverk og krev at menneske skal gjere det. Men menneske kan ikkje gjere Guds verk, resultatet er at dei vert gjorde til trælar. Og det har seg slik at der er dei som vil selje dei som trælar og slaktesauer, for å tene pengar på det.

Som Guds medarbeidarar er det noko vi også skal gjere, vi må lære å skilje mellom kva  han gjer i våre liv og kva vi skal gjere, det Gud gjer er mest fundamentalt, når vi erkjenner det og ærar og takkar han for det, som først prioritet, får vi vel klårleik i kva vi skal gjere, som andre prioritet. 

Forvaltinga; dyrke og verne Guds hage.

Forvaltinga ved Adam og Eva.

Gud velsigna menneska og sette dei til å råde over det andre han hadde skapt, men dei skulle leve av frø og frukt med frå i. Korn, nøtter og frukt er god mat. Dette var noko som jorda bar fram kvart år, så verdiane fornya seg, dei trong ikkje hamstre store lager. 

Men kvifor skulle dei råde over resten av dyrelivet?

1.Mos.1,27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.  28 Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!»  29 Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk.  30 Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.» Og det vart så. 31 Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

I den andre skapingssoga, 1.Mos.2, er vi på det individuelle og personlege plan, det personlege forholdet til Gud og han gav dei ei forvaltaroppgåve og det følgde ansvar med det.

1.Mos.2,15 Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen. 16 Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. 17 Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»

18 Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.»  19 Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita. 20 Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han.

21 Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt. 22 Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han. 

23 Då sa mannen: 

«Dette er då bein av mine bein

og kjøt av mitt kjøt.

Ho skal kallast kvinne,

for ho er teken av ein mann.»

24 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.

Det er som om alle menneska vert omtala som eitt folk, ja, ein mann og kona hans. Dei fekk ei forvaltaroppgåve og den var langsiktig. Ved syndefallet vart dei døme til døden, forvaltinga var så langsiktig at den like vel gjekk over mange generasjonar, men dei mista mykje av rikdomen dei tidlegare hadde å forvalte.

Forvaltinga ved Noah og ætta hans.

Etter syndefloda gjorde Gud ei pakt med Noah.

1.Mos.8, 15 Då sa Gud til Noah: 16 «Gå ut or arka, du og kona di og sønene og sonekonene dine med deg! 17 Ta med deg alle dyra som er hjå deg, alt som lever, både fugl og fe og alt krypet som krælar på jorda! Dei skal yrja på jorda og alast og aukast.»  18 Så gjekk Noah ut, og sønene hans og kona og sonekonene hans saman med han. 19 Og alle villdyr og husdyr og fuglar og alt krypet som krælar på jorda, det eine slaget etter det andre, gjekk ut or arka.

20 Noah bygde eit altar for Herren og tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret.  21 Då Herren kjende den gode angen, tenkte han med seg: «Aldri meir vil eg forbanna jorda for menneska skuld; for menneskehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, som eg no har gjort. 

22 Så lenge jorda står,

skal sånad og skurd, kulde og hete,

sommar og vinter, dag og natt

aldri ta slutt.»

1.Mos.9, Guds pakt med Noah

1 Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «De skal veksa og aukast og fylla jorda.  2 Otte og age skal dei kjenna for dykk, alle dyra på jorda, alle fuglane under himmelen, alt som rører seg på marka, og alle fiskane i havet; de skal ha rådvelde over dei. 3 Alt som lever og rører seg, skal vera til føde for dykk. Liksom eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.  4 Men kjøt med blod i, det som livet er knytt til, skal de ikkje eta.  5 Berre for dykkar blod vil eg krevja hemn. Eg vil krevja både dyr og menneske til rekneskap. Eg vil krevja kvar mann til rekneskap når han tek livet av nesten sin.

6 Den som tek menneskeblod,

hans blod skal menneske ta;

for i sitt bilete skapte Gud mennesket 

7 Men de skal veksa og aukast,

myldra på jorda og verta mange der.»

8 Så sa Gud til Noah og sønene hans: 9 «No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar 10 og med kvar levande skapning hjå dykk, både fuglar og fe og alle villdyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arka, alle dyr på jorda. 11 Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.»

12 Og Gud sa:

«Dette er teiknet på pakta eg skipar

mellom meg og dykk

og kvar levande skapning som hjå dykk er,

for ætter som kjem i alle tider:

13 Eg set bogen min i skyene;

han skal vera eit teikn på pakta

mellom meg og jorda.

14 Når eg samlar skyer over jorda,

og bogen syner seg i skyene,

15 då skal eg koma i hug den pakta

som er mellom meg og dykk

og kvar levande skapning.

Aldri meir skal vatnet verta

til ein storflaum som tyner alt liv.

16 Bogen skal koma i skyene;

eg skal sjå han og minnast

den pakta som alltid skal vera

mellom Gud og kvar levande skapning

som rører seg på jorda.»

17 Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.»

Dei skulle råde over dyrelivet, men no skulle det også verte til føde for dei. Slik vart forvaltaransvaret endra, så det vart meir meiningsfullt for dei.

Korleis vere førebudd på tørke? Sabbatsår?

Jakobs søner selde bror sin, Josef, som slave og han kom til Egypt. Der tyda han faraos draum som ein profeti om at der skulle komme 7 gode år og så sju uår med tørke, så han rådde Farao til å hamstre korn i dei 7 gode åra. Josef fekk no stor makt og skulle administrere innsamlinga av korn. Og det vart ein suksess. Dette er i prinsippet eit døme på det som vert kalla Keynes økonomiske teori. 

Når Israels-folket kom inn i det lova landet, skulle dei ha sabbatsår, kvart sjuande år skulle dei la jorda ligge brakk. Like vel skulle jorda bere nok grøde til at dei hadde både mat til sabbatsåret og såkorn til året etter. Med deira gudlegdom skulle dei få regn i rett tid og jorda skulle vere så fruktbar at dei fekk overflod. Men dersom der då like vel kom eit uår med tørke, så skulle dei då ha lager med korn, slik som i eit sabbatsår. Det ville då vere rart om der ikkje kom tørke igjen, men denne velsigninga er rar for vår tankegang. Vi må prioritere den åndelege velsigning og så kan vi vente oss at det skal resultere i materiell velsigning også.

Dette har eg skrive om her:

Gud velsigna Abraham og lova at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. Forvalte Guds nåde.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, så Gud velsigna han og lova at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. Dei som velsigna han skulle velsignast, men dei som forbannar han, skal verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Ved å tru at Gud vekte han oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Rom.10,5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova.  6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst.  10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste.  11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.  12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.  13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

Apostlane var Kristi tenarar og hushaldarar over Guds løyndomar, det vart å forvalte den åndelege velsigninga dei fekk av berre nåde, ved trua på Kristus. 

1.Kor.4,1 Så skal de då halda oss for Kristi tenarar og hushaldarar over Guds løyndomar.  2 Og av hushaldarar krevst det at dei er true.  3 Men for meg har det ingen ting å seia om eg vert dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol i det heile. Ja, eg dømer ikkje meg sjølv eingong. 4 Rett nok veit eg ikkje av å ha gjort nokon urett; men dermed er eg ikkje frikjend. Herren er den som dømer meg. 5 Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal føra fram i ljoset det som er løynt i mørkret, og avsløra det menneska ber i hjarta. Då skal kvar og ein få si ros av Gud.

Luk.12,42 Herren svara:

Kven er den trugne og kloke hushaldaren, den som husbonden set over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?  43 Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han! 44 Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.  45 Men dersom tenaren seier med seg: «Herren min dryer nok endå ei stund,» og han så tek til å slå tenestgutane og jentene og eta og drikka og fylla seg, 46 då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, og hogga han ned og la han få same lagnad som dei vantruande. 47 Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det han vil, han skal få mange slag.  48 Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre.

Den som mykje har fått, av han vert det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast di meir.

Forsoninga.

Menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet og utestengde frå det nære samfunnet med Gud. Jorda skulle vere forbanna på grunn av Adams synd, torn og tistel skulle ho bere, med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød, inntil han for i jorda igjen, mold var han og til molda skulle han attende. Gud var ånd, men mannen var mold, så han var ikkje slik som Gud like vel.

Men Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss på korset, på det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

På evangeliets grunnvoll får vi fred med Gud, fred mellom jødar og heidningar, fred mellom mann og kvinne. Vi vert Guds medarbeidarar så vi med fredelege metode kan bygge ekteskap, familie og heim, kyrkjelyd, utdanning, samfunn og nasjon.

Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.  12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.  13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen.  15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske.  16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen.  17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær.  18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande.  19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.  21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel,  22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Det er viktig for oss å takke Gud for dette her i Noreg, slik får vi den rette nasjonalkjensla, s held vi den ved like og fornyar den.  Det er ved å komme til Kristus og drikke av livets vatn.

Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka.  38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord. 

Jes.57,14 Det lydde eit ord:

Bygg, ja bygg og ryd ein veg!

Ta bort kvar støytestein

frå vegen åt mitt folk! 

15 Så seier han som er høgt opphøgd,

han som tronar evig og heiter Den Heilage:

I det høge og heilage bur eg

og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

og hjarta til liv hjå dei knuste. 

16 For eg vil ikkje evig føra klagemål

og ikkje alltid vera harm.

Elles kom deira ånd

til å missa si kraft for mitt åsyn,

deira livsande som eg har skapt.

Livsens vatn og Guds Ande. Dei fire vindane.

I 1.Mos.2 er det tale om ei tørr og livlaus jord, men så vella der opp ei kjelde som vatna marka.

1.Mos.2,4 På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen, 5 fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka. 6 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.

Denne kjelda meiner eg er symbol på det levande vatnet og livsens ande er Guds Ande. Jødane fekk drikke av Guds bekk, frelsekjelda, gledeskjelda, men så fall dei ifrå Gud, kjelda med det levande vatnet.

Salme.36,8 Herre, kor dyrverdig di miskunn er! 

I skuggen av dine venger, Gud,

søkjer menneskeborna livd.

9 Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus,

du lèt dei drikka or gledebekken din.  

10 For hjå deg er livsens kjelde,

i ditt ljos ser vi ljos.

Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:

Dei har gått bort frå meg,

kjelda med levande vatn,

og hogge seg brunnar,

leke brunnar som ikkje held vatn.

Daniel profeterte om at dei fire vindane bles over storhavet og sette det i opprør, så der steig opp fire store dyr, det var fire store rike som skulle komme. 

Dan.7, 2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.

Dei fire vindane er Guds Ande og dette viser kor fundamentalt viktig den er for samfunnsoppbygginga. Esekiel profeterte om at dei fire vindane skulle fare inn i landet og blåse på nokre tørre menneskebein, så dei vart levande menneske igjen. Dette viser endå tydelegare kor fundamentalt viktig Guds Ande er for samfunnsoppbygginga.

Esekiel.37,1 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein.  2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» 4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att.  6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»

7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.

11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet.  13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er fødet av Anden er ånd. Slik blir vi med i dei fire vindane og dermed i Guds rike.

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.»  4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt.  12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.  14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.  17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.  18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son.  19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde.  20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen.  21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Kongars konge, kristen nasjonalisme?

Kristus har gjort oss til eit kongeleg presteskap, det er ved at han er vår øvsteprest hos Faderen, han er kongen i Guds rike og kongars konge.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.  10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Kristus er kongen i Guds rike og det skulle breie seg utover heile jorda, hos alle folkeslag. Vi er alle hans folk og vi er eitt folk, sjølv om vi kjem frå ulike folk og nasjonar. Men han er også kongars konge og det viser at der like vel kan vere ulike folk og nasjonar, for Guds rike er meir fundamentalt enn dette, ved gjenfødinga er vi Guds born og det er meir fundamentalt, Guds rike er mest fundamentalt og det trengst i eit kvart folk og samfunn.

Her er eit viktig poeng med at eit forholdsvis lite folk med ein forholdsvis liten nasjon, kans spesialisere seg på å tilpasse seg naturmiljøet i landet, dyrke jorda og forvalte ressursane fornuftig, på lang sikt, over fleire generasjonar, til gang for folket på lang sikt.

Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det.

Kristen misjon og u-hjelp.

Foreldra og besteforeldra mine likte misjon og det hang saman med å vere medlidande med dei fattige i u-landa, det var fælt å sjå bilete av radmagre ungar med oppblåste magar, fordi dei var ramma av tørkekatastrofe i Afrika. Mi mor og særleg mi farmor var opptekne med misjon, det hang saman med at dei var heimeverande og hadde tid til det.

Dette var også eit bønne-emne for meg. Så eg vart begeistra for Jesu ord om å søke først Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det (Matt.6,33-34). Det gjaldt for meg og oss og det gjaldt for meg og oss i i-landa og det gjaldt for misjonsmarka i u-landa. 

Men dei venstre-radikale (AKP-ml) var imot misjonen, dei meinte at kapitalistane kom trippande etter misjonærane ut på misjonsmarka for å utnytte folket og få tak i rikdomen. Slik var imperialismen. Det som trongst her var utvikling av nasjonalstatar som kunne ta ansvar for ei langsiktig forvaltning av naturressursane til gagn for folket i landet. Men så protesterer sosialistane mot det også og kallar nasjonalisme for nasjonalsosialisme. Kva står dei då igjen med? Ein sosialistisk imperialisme?! Norsk statleg u-hjelp måtte vel vere bra? Men så har det vist seg gang på gang at ikkje det heller fungerer.

Men Jesu ord i Matt.6,33-34 står ved lag, lovnaden gjeld framleis, søk først Guds rike og han rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det. Gud står bak sitt ord, så det utfører det som han sende det til.

Forsoninga. Forvaltninga, imperialisme, nasjonal frigjering. Internasjonal politikk og økonomi.

Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss på korset. På det grunnlaget vert vårt forhold til han gjenoppretta slik som det var før syndefallet, så vi får oppleve at Gud framleis skaper oss i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som har vorte ei livgivande ånd. Gud skaper oss i han og slik skaper han oss i si likning. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det gjeld for den einskilde mann og kvinne og for ekteskapet mellom dei og det gjeld for alle folk og nasjonar.

Adam skulle dyrke og verne Guds hage og kona hans skulle hjelpe han med det. Det var eit personleg Guds-forhold og det var familieliv. Men det tala også om det første folket og ei langsiktig forvaltning over fleire generasjonar. Seinare folk og nasjonar vert omtala på liknande vis, først og fremst ved at Gud brukte Israel til å gjere sitt namn kjent mellom heidningane, så dei vart til eksempel for andre folk, eigentleg både på godt, som føredøme,  og vondt, som avskrekking. Men ideelt sett skulle den åndelege velsigninga føre til materiell velsigning ved ei god forvalting av ressursane, ved å dyrke og verne Guds hage, dyrke jord og hauste fruktene av det.

Likevel gjekk det så gale at landet deira vart hærteke av babylonarane og dei vart bortførde til Babylonia. Det same gjaldt dei små nabo-folka deira. Men under persarkongen Kyros fekk dei kome attende til landet sitt. Det same gjaldt dei andre små nabo-folka deira. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Der kom fire store imperium, Babylonia, Media, Persia og det Greske riket. 

Så kom Guds rike ved Kristus og det skulle utbreie seg over heile jorda. Jesu rike er ikkje av denne verda, like vel gjer vi rett i å søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Guds rike og den åndelege velsigninga er mest fundamentalt, så får vi materiell velsigning i tillegg til det. Det kan vere ved utdanning i realfag og teknologi, ved arbeid og ved utvikling av nasjonalstaten, slik at den står for ei langsiktig og god forvalting av naturressursane over lang tid, over fleire generasjonar. 

Dette kan fungere godt saman med internasjonal økonomi og politikk, eg tenker spesielt på Keynes økonomiske politikk,  at i tider med høgkonjunktur skal staten tene pengar, i tider med lavkonjunktur skal den bruke pengar, for å få arbeidslivet i gang igjen. 

I Noreg har vi lenge hatt høgkonjunktur og staten har spart pengar i oljefondet. Småbruk etter småbruk har vorte nedlagde, fordi folk får betre betalte jobbar. Dei brukar beitepusse-maskiner, for at dyrka mark ikkje skal gro til, men mykje beitemark er i ferd med å gro til, så det kan endåtil hindre utsikta. Men dette er då naturleg og vi kan vel sjå verdi i det som naturen bringer fram utan at vi treng å jobbe for det? Tek vi ein kortvarig jobb med å plante noko som er nyttig for oss på lang sikt, kan naturen bringe det fram, mykje godt av seg sjølv, utan at vi treng å arbeide med det. Så spørst det kor langsiktig folk er villige til å tenke og investere? Kanskje ein småbarnsfamilie tenker fleire generasjonar fram i tid, men har gjerne nok med å syte for den kortsiktige økonomien. Men styresmakta kunne vel ta ansvar for slik langsiktig økonomisk tenking, over fleire generasjonar. Til dømes skogplanting.

Samanlikning mellom USA og Romarriket.

USA kan samanliknast med Romarriket medan det var republikk. Når det vart keisarrike, vart det som Dyret i Joh.Op.13,1…, det hovudet det er tale om her, meiner eg er keisar Nero.

Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud.  2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.  3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Dyret likna på alle dei fire dyra som Daniel profeterte om (Dan.7), det var Babylonia, Media, Persia og det Greske riket, ved Aleksander den Store. Babylonia var eit sterkt rike, som gjorde mange folk til slavar. Media var svakare og bar meir preg av opprør og konflikt. Persia var sterkt og vart større, men den første store kongen, Kyros 2, den store, let jødane fare heim att til landet sitt. Det same gjaldt dei andre folka. Jesajas hadde profetert om dette og kalla Kyros for Guds salvevigde. Soleis vart han førebilete på Kristus og evangeliet om han, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Det greske riket bar preg av gresk filosofi, som også kunne kallast for denne verda sin visdom. I deira filosofi og historie låg også det greske demokratiet, men demokratiet var kontroversielt, var det kanskje ikkje heller slik at dei gamle vise mått måtte styre med diktatorisk makt. Aleksander den Store let det vere demokrati på lokalplanet i Hellas og var tolerant der han tok makta, for å hindre opprør.

Til samanlikning med denne historia, tok amerikanarane slavar, for å dyrke jorda og bygge landet, til tross for at evangeliet dei hadde å forkynne både til seg sjølve og andre folk, var ein frigjerande bodskap. Den moderne teknologien kom til stor grad som ei vidareutvikling av gresk filosofi, så rasjonalisering av arbeidet gjorde at dei ikkje trengde så mykje slavar lengre. Dette saman med evangelisk kristendom vart gode argument for dei til å gjere slutt på slaveriet. 

Når eg no samanliknar USA med Romarriket, medan det var republikk, så var det demokrati på topplan. Det var eit farleg politisk spel som kunne føre til at riket gjekk i oppløysing, spesielt sidan klassekampen tilspissa seg, det vart borgarkrig og så vart det keisarrike, der keisaren skulle styre med diktatorisk makt. 

Men så kom Kristus og forkynte evangeliet om Guds rike og det skulle fylle heile verda (Dan.2,44-45 Dan.7,26-27). No har det vorte stort og sterkt og kan halde USA samla i eitt rike, sjølv om det er demokrati, utan at det vert eit keisarriket der keisaren vert dyrka som ein gud. For evangeliet er ein frigjerande bodskap, som vert fundamental for fridom og demokrati i samfunnet.

Vi må vende om og verte som born, ja fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inni det. Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden. Når vi då ser det og får komme inni det, er det viktig for oss å ære og takke Gud og Lammet for skapinga og frelsa (Joh.Op.5). Gud frelser oss i Kristus og gjer oss til sine medarbeidarar, så vi får vere med på å plante og vatne og bygge. Men Gud gjev vekst.

1.Kor.3,5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.  7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.  9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.

10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer.  11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.  12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er.  14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?  17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.

Gud gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande, det er mest fundamentalt, han skaper noko fullkome som står til evig tid, slik er det når han frelser menneske for æva og gir dei evig liv. Ingen kan gjere som han. Ingen kan legge til noko eller ta noko ifrå. Like vel får vi vere hans medarbeidarar. Det er ikkje avgrensa til Noreg og heller ikkje til USA.


Leave a comment