Ny Tid 64. Endetidssyn 39. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 21. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 12. Den øydande styggedomen. 7. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 1.

Biletet: Kong Kyros 2, den Store. Han grunnla det Persiske storriket.

Sitat frå https://snl.no/Kyros_2._den_store :

Kyros’ toleranse overfor fremmede religioner, et klart politisk trekk, er særlig kjent fra tekstene i Det gamle testamentet og Tanakh, der det fortelles om hvordan han gav jødene tillatelse og hjelp til å vende tilbake fra eksilet i Babylon. Han skal også ha gitt dem midler til å gjenoppbygge tempelet i Jerusalem som var ødelagt av Nebukadnesar 2 i 586 fvt. (Esras bok 1).

At disse beskrivelsene kan ha sin rot i virkeligheten bekreftes gjennom den såkalte Kyros-sylinderen, en keramikksylinder med tekst i akkadisk kileskrift fra 500-tallet fvt. Teksten priser Kyros, og roser ham blant annet for å ha latt bortførte og undertrykte folk vende hjem og for å ha bidratt til å restaurere deres templer og helligdommer.

Erstattningteologi?

Erstatningsteologi er at den kristen kyrkja erstattar jødedommen, men det er eit definisjonsspørsmål, for kva er eigentleg jødedommen og kva er eigentleg den Kristne Kyrkja. Det er begge deler Abrahams tru, han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Han lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. 

Abraham demonstrerte trua ved å vise at han var villig til å ofre Sons sin, Isak, til Gud og viste dermed at han trudde at Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde. Men han fekk ofre ei lam i staden. Dette er eit førebilete på at Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok i mot han, gav han rett til å verte Guds born. Gud forsona verda med seg, ved å la Son sin døy på korset, for å sone all verda si synd. Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Denne glade bodskapen skal forkynnast for alle folkeslag.

Ordet «erstatningsteologi» kan få ei anna tyding, at Faderen og Sonen vert erstatta av Antikrist, at Abraham, Isak og Jakob sin Gud vert erstatta av ein anna gud eller gudar. Dernest at eit folk eller ei ætt vert utsletta og erstatta, etnisk reinsing altså. Og kva er det kanskje folka krigar om, eit land å leve i så dei kan overleve som folk. Då spørst det kven som har lært å dømme rett. Dommedagen kjem, men har vi teke imot nåde Gud gir oss i Kristus, skal vi ha frimod på dommedag og verte frelste frå domen.

1.Joh.4,7  De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.  8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.  9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.  10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.  11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

……..

17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken.  18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda.  19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.  20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett.  21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

Men der er profetert om ein som prøver å erstatte Herrens tenarar og som så prøver å erstatte Herren også. I Sak.11 vert han kalla den Duglause Hyrdingen og i 1.Tess.2 vert han kalla den Lovlause. Det talar sikkert om same fenomen.

Sak.11,7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –  8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.

Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.  11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.  13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.  14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som 

ikkje ser etter dei som går seg bort,

ikkje leitar etter dei som går seg vilt,

ikkje lækjer dei som er skadde,

ikkje syter for mat til dei friske,

men et kjøtet av dei feite dyra

og riv klauvene av dei.»

17 Ve den duglause hyrdingen min,

som går bort frå sauene!

Sverd mot armen og høgre auga hans!

Armen hans skal visna bort,

og det høgre auga sløkkjast ut.

I vers 13 er det tydeleg vis tale om Judas, men det fortel noko om presteskapet også, vi ser at det har eit større tidsperspektiv, både bakover og framover i tid. 

Og så var det den Lovlause då.

2.Tess.2,3  Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?  6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.

Dette har eg skrive om i mine siste dokument som handlar om «den øydande styggedomen» og Hanukka-feiringa.

Frå utrydding til balanse.

Dommartida. Utrydde heidningane i landet?

Når Gud sende Moses til folket sitt i Egypt, skulle han seie til dei at Abraham, Isak og Jakob sin Gud hadde sendt han og han førde dei ut av Egypt, mot det lova landet, der skulle dei vere hans folk og han skulle vere deira Gud. Han plan med det var å gjere namnet sitt kjent mellom heidningane.

Når Israelsfolket skulle inn i det landet som Gud hadde lova dei, så måtte dei gå til krig mot dei folka som var der og utrydde dei eller jage dei ut av landet men det var ved at Herren var med dei og hjelpte dei, han sende sin engel føre dei. Josva leia dei inn i landet, dei tok det og fekk ro. 

Josva.11,16  Såleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygdene, heile Negev og Gosen-landet, Sjefela og Jordan-dalen, fjell-landet i Israel og låglandet der,  17 frå snaufjellet som stig opp mot Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanon-dalen, nedunder Hermon-fjellet. Og alle kongane der tok han til fange og slo dei i hel. 18 I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongane.  19 Det fanst ingen by som gjorde fred med israelittane, utan hevittane som budde i Gibeon; alle dei andre tok dei med makt.  20 For Herren laga det så at dei gjorde seg harde i hugen og møtte israelittane i strid. Han ville at dei skulle bannstøytast og ingen nåde få, men rydjast ut, så som han hadde sagt til Moses.

21 På den tid drog Josva opp i fjellbygdene og rudde ut anakittane i Hebron, Debir, Anab og alle dei andre fjellbygdene i Juda og Israel. Han bannstøytte både dei og byane deira.  22 Det vart ikkje mange anakittar att i Israels-landet. Berre dei som budde i Gasa, Gat og Asjdod, fekk leva. 23 Så tok Josva heile landet, så som Herren hadde sagt til Moses. Og han lét israelittane få det til odel og eige; kvar ætt fekk sin del.

Og landet fekk ro etter ufreden.

Men så kom Herrens engel og sa til dei at sidan dei ikkje rydda ut alle folka med det sam, ville han ikkje gjere det og det skulle verte eit problem for dei.

Dom.2,1 Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og lét dykk koma til det landet som eg med eid lova fedrane dykkar. Og eg sa: «Aldri vil eg bryta mi pakt med dykk.  2 Og de må ikkje gjera pakt med dei som bur her i landet; de skal riva ned altara deira.» Men de høyrde ikkje på orda mine. Kvifor gjorde de ikkje det?  3 No seier eg dykk: Eg vil ikkje driva dei ut. Dei skal verta til snarer for dykk, og gudane deira skal verta ei felle.

4 Då Herrens engel hadde tala desse orda til israelittane, gret folket. 5 Difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren.

Dei hadde ikkje noko statsapparat, verken konge eller hær, dei hadde berre prestetenesta og heilagdomen deira var eit telt. Med sin gudlegdom og dyrking av Israels Gud skulle dei like vel klare å holde landet, han hadde endåtil lova dei regn i rett tid, så landet skulle vere fruktbart. Dette forstår vi ikkje heilt. Det var vel ikkje så rart om dei fekk problem med at andre folk kom inn i landet deira, det var då framleis mange nomadar på den tida. Dei sjølve vart fortrengde og det vart eit problem for dei. Men då påstod Gud at det var fordi dei hadde vendt seg bort frå han, så dei måtte vende seg til han og be om nåde og hjelp og då reiste han opp ein domar, som leia dei i stride mot fienden, så dei erobra landet igjen. Slik var dommartida. 

Kongetida. Utrydde dei ugudlege?

Så kom kongetida, men etter kvart vart deira fråfall dess tydelegare. Så Elia bad tvert om at det ikkje skulle komme regn på tre og eit halvt år. Då utfordra han Ba´als-profetane på kven som kunne be om regn og få bønnesvar. Først bad Ba’als-prestane, men fekk det ikkje til. Så bad han til Israels Gud og fekk bønnesvar. Like vel var det berre Elia og sju tusen andre som ikkje bøygde seg for Ba’al.

Assyrarane tok Nord-riket og så kom dei og ville ta Juda og Jerusalem også, men dei augmjuka seg og Gud og bad om nåde og hjelp og då svara han dei.

Jes.10,5 Ve Assur, mitt vreideris!

Min harme er staven i hans hand. 

6 Eg sende han mot eit gudlaust folk,

baud han fara mot det folk eg var harm på,

så han kan røva og rana og plyndra

og trakka det ned som avfall i gata.  

7 Men han har ikkje meint det så

og gjer seg ikkje slike tankar.

Nei, til å øyda står hans hug

og til å rydja ut mange folk.

8 Han seier: «Er ikkje mine stormenn

kongar alle saman? 

9 Gjekk det ikkje Kalno som Karkemisj?

Gjekk det ikkje Hamat som Arpad,

og Samaria som Damaskus?  

10 Når mi hand har nått til dei rika

der dei dyrka andre gudar,

og der det var fleire gudebilete

enn i Jerusalem og Samaria,

11 skulle eg ikkje då kunna gjera det same

med Jerusalem og gudebileta der

som eg gjorde med Samaria og gudane der?»

12 Men når Herren har fullført alt sitt verk

på Sion-fjellet og i Jerusalem,

då krev eg Assur-kongen til rekneskap

for fylgjene av hans hovmodige ferd

og for trassen i hans stolte augo. 

13 For han har sagt:

«Dette har eg gjort med mi sterke hand,

og i min visdom, for eg er klok.

Eg sletta ut grenser mellom folkeslag

og plyndra skattane deira.

I mitt velde støytte eg fyrstar frå trona.

14 Mi hand greip etter rikdomen åt folka

som ein grip etter eit fuglereir.

Som ein samlar inn egg når fuglen er flogen,

har eg samla alle land på jorda.

Det fanst ingen som rørte ein veng

eller opna nebben og peip.»

15 Briskar vel øksa seg mot den som høgg,

set saga seg over den som sagar?

Som om staven skulle svinga han som lyfter han,

og stokken lyfta han som ikkje er av tre!

16 Difor skal Herren, Allhærs Gud,

senda tærande sjukdom

mellom assyrarkongens sterke menn.

Under all hans herlegdom skal det kveikjast ein eld,

og som eit bål skal han loga.

17 Israels ljos skal verta ein eld,

Israels Heilage ein loge

som brenn i landet hans

og øyder både torn og tistel

på ein einaste dag. 

18 Han skal gjera ende på rubb og stubb

i dei herlege skogane og hagane hans.

Det skal gå som når ein sjuk tærest bort.

19 Dei tre som vert att i skogen,

skal vera lette å telja;

ein smågut kan skriva dei opp.

Jes.35,21 Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria.  22 Og dette er det ordet Herren talar mot han:

Ho hånar deg og spottar deg,

Sions dotter, den unge møy;

ho rister på hovudet etter deg,

Jerusalem, den unge jenta.

23 Kven er det du krenkjer og vanærar?

Kven tek du til ords imot?

Høgt lyfter du augo dine

mot Israels Heilage.

24 Du lét dine tenarar spotta Herren

og sa: «Med mine mange vogner

fór eg opp til dei høge fjell,

langt inn på Libanon.

Der felte eg høgvaksne sedrar

og dei finaste sypressar.

Eg nådde til den høgaste topp,

der skogen står som ein hage.

25 Eg har grave etter vatn

og drukke or framande kjelder.

Med mine fotsolar turka eg ut

alle elvane i Egypt.»

26 Har du ikkje høyrt om dette?

Eg planla det for lenge sidan;

eg laga det så i eldgamal tid,

og no har eg sett det i verk.

Så kunne du øyda festningsbyar

og gjera dei til ruinhaugar.

27 Dei som budde der,

stod med kraftlause hender,

fylte av redsle og skam.

Dei likna vokstrane på marka,

den grøne groen og graset på tak,

som svid av før det veks til. 

28 Om du sit eller står,

om du kjem eller går,

så kjenner eg til det.

Når du rasar mot meg, veit eg om det. 

29 Men fordi du rasar mot meg,

og eg har høyrt kor sorglaus du er,

set eg ring i nasen din

og legg beisel i munnen din.

Så fører eg deg attende

den vegen du er komen. 

30 Dette skal du ha til teikn:

I år må de eta det som gror av spillkorn,

og til års korn som har sått seg sjølv.

Men tredje året skal de så og hausta,

planta vingardar og eta frukta.

31 Den resten av Juda som vert berga,

skal atter skyta djupe røter,

og greinene skal bera frukt. 

32 For frå Jerusalem kjem det ein rest,

frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.

Dette skal Herren, Allhærs Gud,

gjera i sin brennhug.

33 Ja, så seier Herren om assyrarkongen:

Han skal ikkje koma inn i denne byen

og ikkje skyta ei pil dit inn.

Han skal ikkje gå imot han med skjold,

og ikkje kasta opp ein voll imot han. 

34 Den vegen han kom, skal han fara attende;

i denne byen skal han ikkje koma inn,

lyder ordet frå Herren.

35 Eg vil verna byen og berga han

for mi eiga og for min tenar Davids skuld. 

36 Så gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.  37 Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.

38 Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.

Manasse, son til Hiskia, tok over makta etter han, men han var så ugudeleg at Gud ikkje ville tilgi det (2.Kong.21), derfor skulle Babylonarane legg Jerusalem i grus og folket skulle bortførast til Babylonia.

Slutt på eksilet, ved Persarkongen Kyros, Gud kalla fram ættene.

Gud hadde allereie gjort namnet sitt kjent mellom heidningane og no kalla han seg for hærskaranes sin Gud. Han kalla Nebukadnesar for sin tenar, som gjorde hans vilje, når han la Jerusalem i grus og bortførde folket. Men før dette hadde han allereie profetert ved Jesajas at han ville la dei komme attende til landet sitt ved Persarkongen Kyros og det gjaldt dei andre folka også. Han kalla Kyros for sin slavevigde, så dette vart eit førebilete om evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Herren sa at det var han som kalla fram folkeslaga (Jes.41,4). Det kan minne oss om at etter syndefallet, gjekk Gud i hagen og ropte på Adam, men dei prøvde å gøyme seg med dårleg samvit, det klarde dei like vel ikkje, så det vart eit rettsoppgjer. Like vel var det han som kalla fram folkeslaga og her er det sentralt at han kalla Abraham, han trudde og følgde kallet. Gud velsigna han og lova at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle vert evelsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna.

Jes.41,1 Ver stille, de øyar og strender,

og høyr på meg,

lat folka samla nye krefter!

Lat dei koma og tala si sak,

lat oss saman gå fram for retten! 

2 Kven har vekt den mannen frå aust

som sigeren møter kvar han set foten?

Kven gjev folkeslag i hans makt

og lèt han råda over kongar?

Med sverdet gjer han dei lik støv,

med bogen lik fykande halmstrå. 

3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,

er berre så vidt nedpå vegen med foten.

4 Kven var det som sette dette i verk?

Han som frå opphavet kalla ættene fram.

Eg, Herren, er den fyrste,

og eg skal vera hjå dei siste. 

5 Øyar og strender ser det og reddast,

heimsens endar skjelv.

Dei stimar i hop og kjem.

Gudebilete er menneskeverk

6 Den eine hjelper den andre og seier:

«Gå frimodig til verket!»

7 Meisteren set mot i gullsmeden,

den som bankar til metallet med hamar,

set mot i han som slår på ambolten.

Han seier om loddinga: «Ho er god.»

Så fester dei biletet med naglar,

og det står støtt. 

Herren er med Israel

8 Men du Israel, min tenar,

Jakob, som eg har valt ut,

du ætt av Abraham, min ven! 

9 Eg henta deg frå heimsens endar

og kalla deg frå den ytste utkant.

Eg sa til deg: «Du er min tenar,

eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.» 

10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!

Sjå deg ikkje rådvill ikring,

for eg er din Gud!

Eg styrkjer deg og hjelper deg

og held deg oppe med mi frelsarhand. 

11 Sjå, dei vert til spott og skam,

alle som harmast på deg.

Dei vert til inkjes, går til grunne,

dei som set seg opp mot deg. 

12 Om du leitar, finn du dei ikkje,

dei som står deg imot.

Dei går heilt til grunne,

dei som strider mot deg.

13 For eg er Herren din Gud,

som har gripe di høgre hand

og seier til deg: «Ver ikkje redd!

Eg hjelper deg.»

14 Ver uredd, Jakob, du arme kryp,

og de, Israels menn!

Eg hjelper deg, lyder ordet frå Herren,

Israels Heilage er din utløysar. 

15 Sjå, eg gjer deg til ein treskjeslede,

kvass og ny, med mange taggar!

Du skal treskja fjell og krasa dei,

og haugar skal du gjera lik agner. 

16 Du skal kasta dei i veret, så vinden tek dei,

og stormen spreier dei vidt ikring.

Men sjølv skal du jubla i Herren

og rosa deg av Israels Heilage.

Kyros var ikkje særleg religiøs, men han var tolerant og let folka få ha gudane sine. Israels Gud var hærskarane sin Gud, Gud over alle gudar, den einaste sanne, levande og allmektige Gud, han hadde kalla han, hærskarenes Gud var overnasjonaliteten her, ved kong Kyros, så han var kongars konge. 

Balanse, Israels Gud skal skifte rett mellom mange folk.

Kongerika stridde mot kvarandre til samanlikning med korleis hanndyr strir for sine territorier og marker sine område. Så der vert ein balanse til samanlikning med økologisk balanse. Men menneska skal stå på eit høgare nivå enn dyra, korleis skal slike typisk menneskelege eigenskapar vinne fram?  Ved trua på Israels Gud og hans Ord. Ved sin Messias skal han skifte rett mellom både einskildmenneske og nasjonar.

Jes.2,1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:

2 I dei siste dagar skal det henda

at Herrens tempelberg skal stå

grunnfest høgt over alle fjell

og lyfta seg opp over haugane.

Dit skal alle folkeslag strøyma. 

3 Mange folk skal gå av stad og seia:

«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,

til huset åt Jakobs Gud,

så han kan læra oss sine vegar,

og vi kan ferdast på hans stigar!

For frå Sion skal lovlære gå ut,

og Herrens ord frå Jerusalem.» 

4 Han skal døma mellom folkeslaga,

skifta rett for mange folk.

Då skal dei smida sverda sine om til plogjern

og spyda sine til vingardsknivar.

Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk

og ikkje lenger læra å føra krig. 

5 Kom, Jakobs ætt,

lat oss ferdast i Herrens ljos!

Salme.110, Ein Davids-salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter!»  

2 Frå Sion retter Herren ut

din mektige kongsstav.

Ver herre mellom dine fiendar! 

3 Ditt folk møter viljug fram

den dagen du mønstrar din hær.

I heilagt skrud kjem din ungdom til deg

som dogg ut or morgonrodens fang. 

4 Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.»  

5 Herren er ved di høgre side,

han knuser kongar på sin vreidedag. 

6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,

hovdingar knuser han vidt over jord. 

7 Kongen drikk or bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.


25 responses to “Ny Tid 64. Endetidssyn 39. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 21. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 12. Den øydande styggedomen. 7. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 1.”

Leave a reply to New Time 70. End Time Vision 45. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 27. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good fo Cancel reply