Biletet: Esekiel fekk sjå Guds herlegdom i eit syn ved Kebarelva i Babylonia. Der var fire skapningar med fire ansikt, han kalla det kjeruber. Ved sida av skapningen var der hjul og ånda til skapningane var i hjula. Dei gjekk på jorda og hjula gjekk ved sida av dei. Er dette berre himmelske skapningar eller skal synet forståast symbolsk, slik at det fortel noko om korleis Gud råder over dyrelivet på jorda? Eg tenker meg helst at det er begge deler.
Apostelen Johannes fekk sjå noko liknande i himmelen, fire ulike skapningar som likna på ei løve, ein okse, ei ørn og eit menneske. Dei hadde fullt av auge framme og bak og så hadde dei fire venger kvar.
Innleiing.
Gud har skapt alle ting og har ein annan slags eksistens enn den fysiske naturen han har skapt, den er forgjengeleg, men sjølv er han ånd og er evig og allmektig, han er i sin evige himmel og han rike er evig. Vi er støv og kan ikkje komme til han, utan at han kjem til oss. Like vel sa han til folket sitt at dersom dei søkte han av heile sitt hjarte, så skulle dei finne han. Hans arm var ikkje for kort til å frelse dei, men syndene deira skilde dei frå han.
Men Jesus var det Guds Lam, som bar verda si synd, han bar seg sjølv fram som eit syneoffer som vart slakta for å sone verda si synd, med det eine offeret tok han bort verda si synd ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunn med Gud igjen. Kristus er Guds Son, Guds Messias, han har satt seg ved Gud høgre han i himmelen og hans armer framleis ikkje for kort til å frelse.
Vi har inga moglegheit til å frelse oss sjølve, frelsa er ei gave og vi kan bere ta imot den som ei gave Gud gir oss frå himmelen. Han elska verda så høgt at han sende Sone sin den einborne, så kvar den om trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv.
Gud forsona verda med seg før vi visste ordet av det, så vart det forkynt for oss, så vi fekk von om Guds herlegdom, og den vona gjer oss ikkje til skamme.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Erstattningteologi?
Erstatningsteologi er at den kristen kyrkja erstattar jødedommen, men det er eit definisjonsspørsmål, for kva er eigentleg jødedommen og kva er eigentleg den Kristne Kyrkja. Det er begge deler Abrahams tru, han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Han lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus.
Abraham demonstrerte trua ved å vise at han var villig til å ofre Sons sin, Isak, til Gud og viste dermed at han trudde at Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde. Men han fekk ofre ei lam i staden. Dette er eit førebilete på at Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok i mot han, gav han rett til å verte Guds born. Gud forsona verda med seg, ved å la Son sin døy på korset, for å sone all verda si synd. Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Denne glade bodskapen skal forkynnast for alle folkeslag.
Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/08/13/ny-tid-63-endetidssyn-38-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-20-det-var-fred-i-salomos-regjeringstid-men-han-2/
Frå David til Salomo.
David var ein mann etter Guds hjerte, så Gud let profeten Samuel slave han til konge over Israelsfolket og det vart ein suksess, han vart ein stor og mektig konge. Like vel fall han i synd, då han dreiv hor med Batseba og sveik mannen hennar, så han fall i krigen. Profeten Natan tala han til rettes, så han sanna si synd for Gud, audmjuka seg og bad om nåde og tilgiving, så han slapp å døy for si synd. Like vel vart han straffa, ved at det var strid i hans hus, eldste sonen, Absalom gjorde opprør og ville ta over makta, så han måtte flykte. David vann striden som følgde, men Absalom vart drepen. Batseba vart Davids kone og då fekk han sonen Salomo med henne og det var han som skulle ta over kongsmakta, når den tid kom. På sine gamle dagar var David ikkje med hæren ut i striden lengre, han fekk ei ung vakker jente, Abisjag, som hushjelp, ho skulle halde han varm med natta også, var meininga, men ikkje som hore, altså.
Nest eldste sonen, Adonja prøvde å utrope seg til konge, men då let David profeten Natan salve Salomo til konge og Adonja måtte audmjuke seg for Salomo. Seinare bad Adonja om å få Abisjag til kone, men Salomo forstod det som eit kuppforsøk og sende hærføraren for å drepe han (1.Kong.2).
Salomo var ung når han tok over eit stort rike, men han fekk fred på alle kantar, han skulle bygge tempelet. Gud ville vere far for han og gav han stor visdom og gjorde han rik, så det gjekk gjetord om han heilt til Etiopia. Med dette, spesielt med tempelet, kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane.
Salomo lovprisa Guds Messias, til samanlikning med David.
Salme.72,1 Av Salomo.
Gjev kongen dine domar, Gud,
lat kongssonen få rettferd frå deg!
2 Så skal han døma ditt folk med rettferd
og dine armingar med lov og rett.
3 Då skal fjella gje folket fred
og haugane rettferd.
4 Gjev kongen må hjelpa dei verjelause i folket,
så dei får sin rett.
Han skal berga dei fattige
og knusa valdsmannen.
5 Lat han leva frå ætt til ætt
så lenge sol og måne skin.
6 Han skal vera lik regnet
som fell på nyslegen eng,
lik ei regnskur som væter jorda.
7 I hans dagar skal rettferd gro
og lukke og fred råda
så lenge månen er til.
8 Lat han styra frå hav til hav,
frå Storelva til heimsens endar.
9 Dei som bur i øydemarka,
skal bøya seg for han,
hans fiendar skal slikka støvet.
10 Kongar frå Tarsis og fjerne strender
skal senda skatt til han.
Kongane i Saba og Seba
skal koma med sine gåver.
11 Han skal alle kongar hylla,
han skal alle folkeslag tena.
12 For han bergar den fattige som ropar,
armingen som ingen hjelpar har.
13 Han ynkast over småkårsfolk
og bergar livet åt dei fattige.
14 Han løyser dei frå tvang og vald,
deira liv er dyrt i hans augo.
15 Gjev kongen må leva
og få gullet frå Saba!
Folk skal alltid be for han
og velsigna han dagen lang.
16 Lat det vera slik mengd med korn i landet
at det bylgjar over åsane.
Lat grøda vera som skogen på Libanon,
lat byar bløma og breia seg som graset på marka.
17 Lat namnet hans leva til evig tid,
skyta friske skot så lenge sola skin.
Alle folk skal velsigna seg med det
og prisa han sæl.
18 Lova vere Herren, Israels Gud,
han som gjer under, einast han!
19 Hans herlege namn vere evig lova!
All jorda er full av hans herlegdom.
Amen, amen.
*
20 Her endar bønene av David, son til Isai.
Men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket.
Dette har eg skrive om her:
Esekiel fekk sjå Herrens herlegdom. Han fekk ete Guds Ord og vart profet.
Esekiel var prest og var profet i kring 592-570 f.Kr. og Jerusalem fall i 587 f.Kr. då vart tempelet og muren kring Jerusalem nedriven.
Babel-kongen Nebukadnesar hærtok Jerusalem i 597 f.Kr. Jojakin var berre 18 år og hadde vore konge berre i 3 månadar og han overgav seg frivillig og vart bortførd til Babylonia, han følgde altså det rådet profeten Jeremias hadde gitt. Fem år etter dette, i 592, fekk Esekiel sjå Guds herlegdom i Kaldea.
Herrens herlegdom.
Esekiel.1,1 I det trettiande året, den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, hende det at himmelen opna seg, og eg fekk sjå syner frå Gud.
2 Den femte dagen i månaden – det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført – 3 kom Herrens ord til presten Esekiel, son til Busi, attmed Kebar-elva i Kaldea. Herrens hand kom over han der.
4 Eg hadde eit syn, og sjå, eit stormver kom frå nord. Det var ei stor sky med logande eld. Det stråla og skein ikring henne, og inne i elden blinka det som av skinande metall. 5 Midt i elden viste det seg liksom fire skapningar som såg såleis ut: Dei hadde utsjånad som menneske, 6 men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger. 7 Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei stråla som skinande bronse. 8 Skapningane hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, og alle heldt andleta og vengene såleis: 9 Dei nådde bortåt kvarandre med vengene. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk, men kvar av dei gjekk beint fram. 10 Såleis såg andleta deira ut: Dei hadde menneskeandlet framme, og alle fire hadde løveandlet på høgre sida, okseandlet på venstre sida og ørneandlet bak. 11 Det øvste vengeparet var utspent såleis at den eine skapningen nådde bortåt den andre, og med dei to andre vengene løynde dei kroppen. 12 Kvar av dei gjekk beint fram. Dei gjekk dit ånda ville, og snudde seg ikkje når dei gjekk.
13 Skapningane såg ut som brennande kol og som faklar. Elden fór att og fram mellom skapningane. Det stråla av han, og det gjekk lyn ut frå han. 14 Skapningane fór att og fram og var som lyn å sjå til.
15 Medan eg såg på skapningane, sjå, då var det eit hjul på jorda attmed alle fire. 16 Hjula såg ut som om dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var eins på skap. Det såg ut som dei var laga såleis at det eine hjulet var inni det andre. 17 Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. 18 Hjulringane var høge og skræmelege, og det var fullt av augo rundt ikring på alle fire hjula. 19 Når skapningane gjekk, gjekk hjula attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg. 20 Dei gjekk nett dit ånda ville. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda åt skapningane var i hjula. 21 Dei gjekk når skapningane gjekk, og stod når dei stod. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei; for ånda åt skapningane var i hjula.
22 Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Det var som krystall, skræmeleg å sjå til, utspent høgt over hovuda på dei. 23 Under kvelven rette vengene seg ut, så dei nådde bortåt kvarandre. Kvar skapning hadde òg to venger som dei løynde kroppen med. 24 Når dei gjekk, høyrde eg lyden av vengene deira. Det var som duren av store vassmengder, som røysta åt Den Allmektige, som ståket frå ein leir. Men når dei stogga, lét dei vengene siga. 25 Det lydde eit drøn over kvelven som var over hovudet deira. Men når dei stogga, lét dei vengene siga.
26 Høgt oppe over denne kvelven var det noko som likna safirstein. Det var på skap som ein tronstol, og på denne stolen sat det ein skapnad; han var som eit menneske å sjå til. 27 Frå det som syntest å vera hoftene hans, og oppover, såg eg noko som likna skinande metall; det var som eld med ein ring ikring. Frå det som syntest å vera hoftene, og nedover, såg eg noko som likna eld, med ein strålande glans rundt ikring. 28 Synet av glansen var som synet av regnbogen når han viser seg i skya ein regnversdag. Såleis var synet av Herrens herlegdom. Då eg såg det, fall eg ned med andletet mot jorda. Og eg høyrde røysta åt ein som tala.
Dei fire skapningane (v.6) var like og hadde fire andlet kvar. Same andleta møter vi igjen i Joh.Op.4, men der har kvar skapning eitt andlet, slik er resten an skapningane ulike også. Eg meiner dette fortel om korleis Gud råder over livet på landjorda. Han skapte fuglane på den femte dagen og her er dei representert ved ei ørn. Han skapte menneska og landdyra sjette dagen og vi kan tenke oss at løva representerer rovdyra og oksen representerer hjortedyra. Mennesket er den mest høgtståande primaten og representerer dei. Dei andre er også høgtståande i forhold til dei som dei representerer, oksen kan vere sterk, er han tam, han han også vere høgtståande på den måten. Eigentleg er der mange hjortedyr som enten er sprekare eller større og sterkare.
Hugs at i Israels første tid hadde dei ikkje nokon konge, hær eller stats-administrasjon, dei hadde berre prestetenesta. Dei hadde lovnad om at med sin gudlegdom skulle dei verte velsigna og få regn i rett til. Og når dei kom attende til landet sitt, etter eksilet, sa profetane til dei at dei måtte komme i gang med å bygge oppatt tempelet for då ville Herren velsigne dei. Det vart tydeleg vis ein demonstrasjon av at han hadde makt over naturen. Dette forstår vi ikkje heilt, men søker vi Herren av heile vårt hjarte, kan vi nok få oppleve noko liknande.
Der var fullt av auge på hjula, ja Guds auge fer utover heile jorda, for å støtte den som heilhjarta held seg til han.
2.Krøn.16,7 Ved det leitet kom sjåaren Hanani til Asa, Juda-kongen, og sa til han: «Fordi du sette di lit til aramearkongen og ikkje til Herren din Gud, difor har hæren åt aramearkongen sloppe ut or hendene dine. 8 Hadde ikkje nubiarane og libyarane òg ein stor hær med stridsvogner og hestfolk i mengd? Men fordi du den gongen leit på Herren, gav han dei i ditt vald. 9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Et Guds Ord og vert profet.
Esekiel.2,1 Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp på føtene, så vil eg tala med deg.» 2 Med det same han tala til meg, kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp, så eg stod. Og eg høyrde på han som tala til meg.
…….
7 Du skal tala mine ord til dei anten dei vil høyra eller ikkje; for trassige er dei. 8 Men du, menneske, høyr på det eg talar til deg! Ver ikkje trassig som denne ætta! Lat opp munnen og et det eg gjev deg!»
9 Då eg såg opp, fekk eg auga på ei hand som var rett ut mot meg, og i den var det ein bokrull. 10 Han breidde ut rullen framføre meg. Det var skrive på han både inni og utanpå. Og det som stod skrive der, var klagesongar, sukkar og verop.
Apostelen Johannes fekk sjå Herrens herlegdom. Han fekk ete Guds Ord og vart profet.
Herren Jesus openberra seg for Johannes.
Joh.Op.1,12 Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.
17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:
Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.
20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.
Johannes fekk sjå Herrens herlegdom.
Joh.Op.4,1 Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»
2 I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen. 3 Han som sat der, var å sjå til som jaspis og karneol, og kring kongsstolen var ein regnboge; han var som smaragd. 4 I ein ring kring kongsstolen såg eg tjuefire andre stolar, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede og med gullkransar på hovudet. 5 Frå kongsstolen gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor stolen brann det sju faklar; det er dei sju Guds ånder. 6 Framfor kongsstolen var det som eit glashav, likt krystall. Og kringom kongsstolen, midt på kvar side, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av augo framme og bak.
7 Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg. 8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:
Heilag, heilag, heilag
er Herren Gud, Den Allmektige,
han som var og som er og som kjem.
9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar:
11 Verdig er du, vår Herre og Gud,
til å få all pris og ære og makt.
For du har skapt alle ting;
du ville det, og dei vart til, skapte av deg.
Boka med sju segl.
Daniel fekk sjå syner med profetiar om kva som skulle koma og yngste å få vite meir, men det var forsegla til endetida (Dan.12) og så fekk Johannes sjå at Gud hadde ei forsegla bok som ingen fekk opne utan Guds Lam.
Joh.Op.5,1 Eg såg at han som sat på kongsstolen, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. 2 Då såg eg ein mektig engel, som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla på henne?» 3 Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne. 4 Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne. 5 Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda ætt, Davids rotrenning, han har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»
6 Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.
7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Lammet tok til å bryta eitt og eitt segl og slik fekk Johannes meir og meir syner og profetiar. Når det braut det sjuande seglet, vart det heilt stilt (Joh.Op.8) og så kom der sju englar med basunar, dei bles i basun etter tur og då fekk Johannes nye profetiske syner.
Den vesle boka som Johannes skulle ete.
Før den sjuande engelen bles i basun, fekk Johannes ei bok som han skulle ete.
Joh.Op.10,1 Eg såg ein annan, mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var kledd i ei sky og hadde regnbogen om hovudet; andletet var som sola og føtene som eldsøyler. 2 I handa hadde han ei lita, opna bok. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda 3 og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene. 4 Etter at dei hadde tala, ville eg til å skriva; men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje opp!» 5 Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte den høgre handa mot himmelen 6 og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som finst der: «Tida er ute. 7 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds løynlege plan vera fullført, så som han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»
8 Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter til meg: «Gå bort og få den opne boka frå engelens hand, han som står på havet og på jorda.» 9 Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle boka.» Han sa til meg: «Ta og et henne! Ho skal vera beisk i magen din, men søt som honning i munnen.» 10 Så tok eg den vesle boka or handa på engelen og åt henne, og i munnen smaka ho søtt som honning; men då eg hadde svelgt henne, kjende eg at det sveid i magen. 11 Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål, og mot mange kongar.»
Først i Joh.Op.11,15 bles den sjuande engelen i basunen. Det er den siste og sjuande basunen og der er framleis ti kapittel igjen av Johannes Openberring. Men i følgje Matt 24,31 og 1 Kor 15,52 skulle Jesus komme att når den siste luren ljoma, det skulle komme brått og uventa og vi skulle verte bortrykte på ein augneblink og verte omskapte. Men det rare er at dette finn vi eigentleg ikkje att i Johannes Openberring. Det einaste som liknar på det, er at dei to tempelvitna steig opp i himmelen, men det skjer allereie i Joh.Op.11, før den sjuande engelen bles i basunen.
Herrens herlegdom forlet tempelet.
Vel eit år etter at Esekiel fekk sjå Herrens herlegdom ved Kebar-elva, flytta Gud han til Jerusalem og let han få sjå at Herrens herlegdom forlet tempelet.
Esekiel.8,1 I det sjette året, den femte dagen i den sjette månaden, hende det at Herrens hand kom over meg medan eg sat i huset mitt, og dei eldste mellom jødane sat framfor meg. 2 Då fekk eg sjå ein skapnad som likna ein mann. Nedover frå hoftene såg han ut som eld, og frå hoftene og oppover var det liksom ein glans, som skinande metall å sjå til. 3 Han rette ut eitkvart som likna ei hand, og tok tak i hårluggen min. Ånda lyfte meg opp mellom jord og himmel, og i syner frå Gud tok ho meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit gudebilete som gjorde Gud brennande harm.
4 Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, så som eg hadde sett han i dalen.
Esekiel.9,1 Så høyrde eg han ropa med høg røyst: «Kom hit og lat byen få si straff! Kvar og ein må ha sitt øydeleggingsvåpen i handa.» 2 Og sjå, frå den øvre porten, den som vender mot nord, kom seks mann, kvar med sitt øydeleggingsvåpen i handa. Og mellom dei var det ein mann som var kledd i lin og hadde skrivesaker hangande i beltet. Dei kom og vart ståande attmed bronsealtaret.
3 Då lyfte herlegdomen åt Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og lyfte seg til dørstokken i templet. Herren ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet, 4 og han sa til han: «Gå gjennom byen, midt igjennom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over all den styggedomen som går føre seg der.» 5 Og til dei andre sa han så eg høyrde på: «Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned for fote! Vis ikkje medkjensle, og spar ingen! 6 Gamle og unge menn, unge jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydja ut. Men de må ikkje røra nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.» Og dei tok til med dei gamle mennene som stod framfor Herrens hus. 7 Då sa han til dei: «Gjer huset ureint, fyll tempelgardane med drepne! Far av stad!» Så fór dei av stad og slo ned folk i byen.
8 Medan dei heldt på med det, vart eg åleine att. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda og ropa: «Å, Herre Gud, vil du tyna alt som er att av Israel, sidan du lèt din harme gå ut over Jerusalem?»
Esekiel.10,1 Brått fekk eg sjå at det på kvelven over hovuda på kjerubane var noko som likna ein safirstein; noko som likna ein tronstol, var synleg over dei. 2 Då sa Herren til mannen som var kledd i lin: «Gå inn i hjulverket, under kjerubane! Ta hendene fulle av glørne som ligg mellom kjerubane, og strøy dei ut over byen!» Og han gjekk inn medan eg såg på. 3 Kjerubane stod på sørsida av templet då mannen gjekk inn, og skya fylte den indre føregarden.
4 Då lyfte Herrens herlegdom seg frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i templet. Skya fylte huset, og glansen av Herrens herlegdom fylte føregarden. 5 Susen av kjerubvengene høyrdest heilt ut i den ytre føregarden, som røysta åt Gud Den Allmektige når han talar. 6 Då mannen som var kledd i lin, vart beden om å henta eld under hjulverket, mellom kjerubane, gjekk han inn og stod attmed det eine hjulet. 7 Ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane, tok opp noko av han og la i hendene på mannen med linkleda. Han tok elden og gjekk ut. 8 Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko som likna ei menneskehand.
9 Så fekk eg sjå at det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub; og hjula såg ut som krysolitt. 10 Alle fire var like å sjå til, og det var som om det eine hjulet var inni det andre. 11 Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Dei fylgde etter det fremste i den leia det vende seg, og snudde seg ikkje når dei gjekk.
12 Over heile kroppen åt skapningane, på ryggen, hendene og vengene, og like eins på dei fire hjula, var det fullt av augo rundt ikring. 13 Eg høyrde at hjula vart kalla hjulverk. 14 Kvar av skapningane hadde fire andlet. Det fyrste var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet. 15 Kjerubane lyfte seg. Det var dei skapningane som eg hadde sett attmed Kebar-elva. 16 Når kjerubane gjekk, gjekk hjula òg; når kjerubane breidde ut vengene og ville lyfta seg frå jorda, skilde ikkje hjula seg frå dei. 17 Når kjerubane stod, stod hjula òg; og når kjerubane lyfte seg, lyfte dei seg med dei. For ånda åt skapningane var i hjula.
18 Så flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i templet og vart ståande over kjerubane. 19 Eg såg korleis kjerubane breidde ut vengene og lyfte seg frå jorda, og når dei steig, fylgde hjula med. Dei stogga attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og herlegdomen åt Israels Gud var oppover dei. 20 Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar. 21 Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender. 22 Andleta deira likna dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva; dei såg like eins ut. Kvar av kjerubane gjekk beint fram.
Esekiel.11,22 Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula fylgde med. Høgt oppover dei trona herlegdomen åt Israels Gud. 23 No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stogga på det fjellet som ligg austanfor byen. 24 Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds Ande, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt. 25 Og eg tala til dei bortførte alle dei ord som Herren hadde openberra for meg i synet.
Mannen som skulle strø eld ut i Jerusalem (v. 2,6,7). talar profetisk og den elden som Jesus kom for å spreie utover jorda, han yngste at det alt hadde fata, men han måtte døypast med ein dåp først.
Luk.12,49 Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata! 50 Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!
Merket i panna (Esekiel.9,4) er den Heilage Ande sitt segl.
Joh.Op.7,1 Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind på jorda eller over havet eller mot trea. 2 Og eg såg ein annan engel: Han steig fram i aust og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å skada jorda og havet: 3 «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har sett segl på panna til tenarane åt vår Gud!»
Joh.Op.9,4 Det vart sagt dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna.
2.Kor.1,21 Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud. 22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre.

