Ny Tid 62. Endetidssyn 37. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 19. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 10. Den øydande styggedomen. 5. Frå jordbrukssamfunn til demokrati med fred og rettferd eller tyranni. Ei samanlikning mellom Israel, Hellas og Romariket.

Biletet: Hanukka er jødane si feiring tempelvigsla i Jerusalem i 165 eller 164 f.Kr. 

Sitat frå https://snl.no/hanukka :

Hanukka er en jødisk lysfest som feires i åtte dager til minne om gjeninnvielsen av tempelet i Jerusalem i år 165 eller 164 fvt. På norsk kalles hanukka derfor også for tempelvigselsfest.

Festen er ikke nevnt i Det gamle testamentet og Tanakh og er ikke den viktigste religiøse høytiden i jødedommen, men den har stor kulturell betydning for jøder over hele verden. Å tenne lys i hjemmet hver dag i åtte dager regnes som en religiøs plikt (mitzva). Svært mange jøder overholder denne skikken, også de som ellers ikke overholder andre jødiske skikker. Siden hanukka feires i samme årstid som kristen jul, er hanukka blitt en viktig fest for jødiske barn. I mange land i Vesten, som i USA, holdes nå også offisielle markeringer av hanukka.

Innleiing.

 Når Salomo vart konge, fekk han fred på alle kantar, men han etterlet seg eit dårleg grunnlag for fred. Men Kristus hadde større visdom og la eit godt grunnlag for fred.

Når Salomo vart konge etter David, far sin, fekk han fred på alle kantar og fekk bygt tempelet. Med det kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane, men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket. 

Når keisar Augustus kom til makta i Romarriket, kom det ei fredeleg tid, så folk snakka om å starte ei ny tidsrekning ved han, men den kom ved Jesu fødsel og det med god grunn. Han hadde større visdom enn Salomo og la grunnlaget for varig fred, for Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget får vi fred med Gud. Jesu frelseverk var fullført og fullkome og den nyfødde kristne kyrkja vart bygd på det grunnlaget. 

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød, som kom ned som manna frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre han og sende oss den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er framleis berre for oss å ta imot i tru, han gir oss seg sjølv som livsens brød, slik det er symbolisert i nattverden og det er berre for oss å ta imot i tru og leve av det.

Den øydande styggedomen. Hellenisering?

I 167 f.Kr. sette kong Antiokus 4. Epifanes opp «den øydande styggedomen» i Jerusalem og kravde at alle i riket hans skulle tilbe Zevs og dei andre greske gudane. Som reaksjon mot demokratiet i Aten, hadde den greske diktekunsten gjort Zev endå meir suveren, som gud over alle gudar, som regjerte med ein universell moral, slik at alt som skjedde var Zevs verk. Til tross for at gudane i gresk mytologi sprang ut av kaos! Men det var tydeleg vis deira svar på jødane sin Gud den Allmektige. Rart at diktekunsten skal få så stor makt over folk, no vart det endåtil kravt at dei som ikkje dyrka denne gudeverda, skulle verte drepne. Antiokus sine metode var korrupsjon, lygn og svik. Det var jødane si tru på sine fedrars Gud som gjorde at dei tok mot til seg og kjempa imot og klarde å frigjere seg frå denne trældomen. Men dette kom så plutseleg på dei at dei vart rådville og gjorde vedtak som skulle gjelde inntil det stod fram ein ny profet, ein sann profet.

Daniel hadde profetert om dette for lenge sidan, men Malakias profeterte også om sendebodet som skulle rydje veg for Herren (Mal.3,1&4,5 Matt.11,10  Luk.1,17), men då vart det som om dei hadde gløymt bodskapane til både Joel og Malakias og som om dei sjølve trakka ned føregarden og forskansa seg i Davidsbyen med sin heidenskap, slik som heidningane hadde gjort tidlegare. Så Jesus profeterte om den øydane styggedomen som står på heilag grunn, som om den framleis stod der og sa at den som ser det, han akte på det. Han sa også at i den siste tid kjem mange til å falle ifrå og svike og hate kvarandre. Då er der sannsynleg vis ei religiøs/politisk makt som står bak og set opp den øydande styggedomen, for å prøve å få makt med den. Soleis kom kristendomsforfølgingane, dei vart forfølgde liksom jødane vart forfølgde eit par hundrede år tidlegare. 

Dersom vi ser noko liknande tendensar i vår tid, enten det er mot kristne eller jødar, så bør vi akte på det. 

Dei 70 årsvekene i Dan.9, sabbatsår og frigjeringsår.

Peter spurde Jesus kor mange gangar dei skal tilgi, 70 gangar 7, svara han.

Matt 18,21 Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?» 22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!

23 Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. 24 Då han tok til med oppgjerda, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar. 25 Men han hadde ikkje noko å betala med. Då baud herren hans at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han åtte, så gjelda kunne betalast. 26 Men tenaren fall på kne for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det alt saman. 27 Herren tykte synd i han, ettergav han skulda og lét han gå.

28 Då tenaren kom ut, møtte han ein av dei andre tenarane som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: Kom med det du er skuldig! 29 Den andre fall ned for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det. 30 Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til skulda var betalt.

31 Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei sorgfulle; dei gjekk til herren sin og fortalde han alt i hop. 32 Då kalla herren han for seg att og sa til han: Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det. 33 Skulle ikkje du òg ha vore mild imot medtenaren din, som eg var mild imot deg? 34 Og herren vart harm og overgav tenaren til harde fangevaktarar, til dess han hadde betalt heile skulda.

35 Såleis skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjarta tilgjev bror sin.»

Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk og lyste den heilag, så vi skal halde kviledagen heilag. Derfor vert sjutalet rekna for eit heilagt tal. Men kvifor svarde han 70 gangar sju? Det refererer nok til dei 70 årsvekene i Dan.9. Profeten Jeremias hadde profetert at de skulle gå 70 år før dei skulle få komme attende til landet sitt, tida nærma seg og Daniel gjekk inn i bøn og faste i tre veker. Men Jesajas hadde profetert at dei skulle få komme attende ved persarkongen Kyros og det hadde allereie skjett. Jerusalem fall i 586 f.Kr., 70 år seinare ville vere i 516, men det nye tempelet vart innvia allereie i 515 f. Kr.

Sitat frå https://snl.no/tempelet_i_Jerusalem :

Etter at perserkongen Kyros 2 erobret Babylon i 539 fvt., fikk både jødene og andre bortførte befolkningsgrupper tillatelse til å vende tilbake til sine hjemland. Jødene skal også ha fått de røvede kultgjenstandene fra det første tempelet tilbake (Esra kapittel 1, vers 7–11). Ifølge bibeltekstene ble det også sendt administratorer for å organisere gjenoppbyggingen av både byen Jerusalem og dens tempel. Det nye tempelet ble innviet cirka 515 fvt. I jødisk tradisjon kalles dette for Det andre tempelet.

Men når Daniel bad slik, kom engelen Gabriel og svara han, 70 veker skulle gå for byen og folket, då må vi forstå det som årsveker, sabbatsår. Eit sabbatsår er det sjuande året, då skal dei la jorda ligg brakk. Dersom nokon hadde vorte gjelds-slavar, så dei vart driven frå gard og gunn, måtte selje, jorda, så dei vart slavar, så skulle dei like vel få komme attende til jorda si etter sju sabbatsår, 49 år altså. Slik var odelsretten. På 70 sabbatsår skulle dette skje ti gangar altså. Det ville ta 490 år. Gud hadde truga dei med at dersom dei fall ifrå han, kom dei til å verte bortførde frå landet sitt, så det fekk ta tilbake sabbatsåra sine. 

Etter ei 7 sabbatsår skulle det stå fram ein som var salva, det måtte vere Kyros. Jerusalem fall i 587 f.Kr, 49 år seinare ville då vere i 538, så det høver bra. Den siste årsveka skulle verte vanskeleg, reknar vi 69 sabbatsår, 483 år frå 586, kjem vi til 103 f.Kr. Neste sabbatsår ville vere i 94 f.Kr. Det skulle då vere det tiande frigivingsåret.

Dan.9,22 Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn.  23 Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!

24 Sytti veker er fastsette

for ditt folk og din heilage by

før vondskapen har nått sitt mål,

før synda tek slutt.

Då vert skulda utstroken,

det kjem ei evig rettferd,

det profetane såg, vert stadfest,

og Det høgheilage vert salva. 

25 Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde.  26 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.

Byen og heilagdomen skal øydeleggjast

av hæren åt ein fyrste som kjem.

Han skal enda sine dagar i ein flaum.

Den fastsette øydelegging

skal vara til krigen er slutt.

27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,

midt i veka gjer han ende

på slaktoffer og grødeoffer.

På styggedoms venger

kjem det ein som herjar,

heilt til den fastsette øydelegging

strøymer ned over øydaren sjølv.»

Korleis høver dette med historia? Sitat frå sitat frå https://snl.no/Det_gamle_Israel :

Aleksander Janneus (Jannai) (103–76 fvt.) ble den første som utnevnte seg selv til konge, og som styrte et område som omfattet hele Palestina fra Middelhavet i vest til høylandet øst for Jordanelven, fra Golan i nord til Edom i sør. Etter hans død overtok hans kone, Salome Aleksandra (139–67 fvt.), som regjerende dronning. Hennes regjeringstid regnes som den siste fredelige tiden i landet.

Sitat frå https://snl.no/Aleksander_Janneus :

Aleksander Janneus var konge av Judea og yppersteprest. Han regjerte cirka 103–76 fvt. Aleksander var sønn av Johanan Hyrkanus og var som sine forgjengere av makkabeerslekten opptatt av å utvide landets grenser. Ifølge den jødiske historikeren Josefus Flavius erobret Aleksander Janneus hele kystområdet fra Dor (dagens Caesaria) til Gaza, samt deler av Negevørkenen og store deler av Moab. I nord innlemmet han både Golanhøydene og Gilead, et område på østsiden av elven Jordan. Flere angrep fra nabolandene ble avverget.

I religiøse anliggender samarbeidet Aleksander Janneus med saddukeerne, mens fariseerne ble motarbeidet og tvunget ut av ledende posisjoner. Hans hensynsløse oppførsel og hans åpenhet for hellenistisk innflytelse førte til sterk motstand fra både folket og fra de fariseiske rabbinerne. Ifølge Josefus ble Aleksander direkte mobbet av sine motstandere under feiringen av løvehyttefesten (sukkot). De skal ha bombardert ham med små sitrusfrukter, etrogim. Motstanden førte til en borgerkrig, der begge parter søkte hjelp hos utenforstående.

Mot slutten av sitt liv inngikk Aleksander Janneus flere avtaler med fariseerne, men først under hans enke og senere dronning Salome Aleksandra, fikk fariseerne sin makt tilbake, og landet fikk en periode med fred.

SITAT SLUTT.

Mange kriteiserte t dei ikkje var av den rette presteætta, andre meinte at dei ikkje kunne vere øvsteprestar samtidig som dei hadde kongsmakt. Nei, dette var då i strid med Esekiel.46 og kva då med Malakias sin kritikk av prestetenesta i Mal.2? Dette vart då berre endå verre. Korleis kunne dei vere salva? Nei dette vart  nok så verdsleggjort at verken prest eller konge var salva, det var som om den salvevigde vart rydja or vengen og ikkje lengre var til. Det vart då tydeleg når dei seinare avviste Kristus, Guds salvevigde.

Sitat frå https://snl.no/saddukeerne :

Saddukeerne var et jødisk religiøst politisk parti i Judea fra 2. århundre fvt. til 1. århundre evt.

Navnet er trolig avledet av Sadok (Zadok), som i henhold til flere tekster i Det gamle testamentet og Tanakh var en prest på kong Davidstid (2. Samuelsbok 19,11 og 1. Krønikebok 15,11).

Mannlige etterkommere av Sadok skal i henhold til tradisjonen ha tjent som yppersteprester helt frem til jødenes oppstand mot selevkidene, landets gresk/syriske herskere. Kampene begynte i 167 fvt. og ble ledet av Juda Makkabeeren og hans brødre. Familien var hasmoneere, navnet på en jødisk presteslekt. (Makkabeer er et tilnavn som betyr «hammeren».) Jødenes seier førte til at denne slekten overtok av makten i landet. I 152 fvt. lot Jonatan Makkabeeren seg utnevne til yppersteprest, og dette embetet gikk senere arv i familien. Slekten hadde deretter både den verdslige og den religiøse makten, noe som ikke hadde vært tilfelle tidligere. Dette møtte mye motstand. Flere grupper, blant dem fariseerne, mente at hasmoneerne ikke hadde rett til yppersteprestembetet fordi de ikke ble regnet som nedstammet fra Sadok. Andre mente de ikke kunne være både yppersteprester og ha kongemakt.

Eit nådeår med frigjering av fangar; frigjeringsår!

Jesajas profeterte om at der skulle komme ein som var salva av den Heilage Ande og forkynne eit nådeår med frigjering av fangar, eit frigjeringsår, altså.

Jes.61,1 Herrens Ande er over meg;

for Herren Gud har salva meg.

Han har sendt meg til å forkynna

ein gledebodskap for armingar,

til å lækja dei som har eit knust hjarta,

til å ropa ut fridom for fangar

og frigjering for dei bundne. 

2 Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,

ein dag med straff frå vår Gud.

Eg skal trøysta alle som syrgjer, 

3 og gje dei syrgjande i Sion

hovudprydnad i staden for oske,

gledeolje i staden for syrgjeklede

og lovsong i staden for motløyse.

Dei skal kallast rettferds mektige tre,

som Herren har planta

for å syna sin herlegdom. 

4 Dei skal byggja opp att gamle ruinar,

reisa det som før vart lagt i øyde,

byggja på nytt dei nedbrotne byar,

som låg der aude frå ætt til ætt.

Jesus las til og med halve vers 2, stoppa før det var skrive noko om straff og så sa han at no hadde dette gått opp fylling. Farisearane og dei skriftlærde festa blikket på han, dei venta sikkert på fortsetjinga, men då sa han noko dei ikkje likte.

Luk.4,14 Så fór Jesus attende til Galilea, fylt av den krafta som Anden gav. Og ordet om han kom ut i alle bygdene der ikring.  15 Han lærte folket i synagogene, og alle tala vel om han.

16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, 17 gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18 Herrens Ande er over meg,

for han har salva meg til å forkynna

ein gledebodskap for fattige.

Han har sendt meg for å ropa ut

at fangar skal få fridom,

og at blinde skal få sjå,

for å løysa dei trælka or tvang 

19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.

20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!» 24 Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.  25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet.  26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na’aman.»  28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette. 29 Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor. 30 Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg.

Frå fredeleg jordbruksland til tyranni. Eller kan demokrati gi rettferd og varig fred?

Israel.

Israelsfolket erobra det lova landet og fekk ro og fred, det var eit jorbruksland, einaste «statsadministrasjonen» deira var prestetenesta og heilagdomen deira var eit telt. Då var det vel ikkje så rart at framande kom inn i landet deira og fortrengde dei, men då sa Gud til dei at det var fordi dei hadde vendt seg bort frå han, så det var deira feil. Så dei måtte dei audmjuke seg for han og be han om nåde og hjelp, då reiste han opp ein dommar som leia dei i kampen mot fienden. Derfor vert dette kalla dommartida.

Men så ville dei ha seg ein konge, slik som dei andre folka og Gud gav dei ein slik konge som dei ville han og let profeten Samuel salve Saul til konge. Men det vart ein fiasko, for han vraka Guds Ord. Så ville Gud gi dei ein konge etter sitt hjerte og let Samuel salve David til konge, medan han var ein ung gjetargut. Med tida gjekk det slik at slik at David måtte flykte som Saul med ein liten hær, for Saul ville drepe han. David kunne ha drepe han to gongar, men sparde livet hans, for han ville ikkje drepe «den som Gud hadde salva», til tross for at Saul eigentleg hadde mista salvinga. Det gjekk slik at Saul tapte for fienden og David vart konge i staden, med fredelege metode, utan at det vart ein skikkeleg borgarkrig altså. Han hadde salvinga, folket visste det og derfor vende dei seg til han. 

David måtte stadig audmjuke seg for Gud og be om nåde og hjelp, så han såg seg sjølv som fattig og hjelpelause, så han måtte ta si tilflukt til Herren, slik bad han også for andre som kom i liknande situasjonar og slik vart han også eit førebilete på Messias, så han tala profetisk om Messias. Dette ser vi også hos Salomo (Salme72).

Når David kom til makta, fekk han strid mot nabofolka, men fekk oppleve at Gud var med han og gav han råd og styrke då også, så han sigra over dei og vart ein mektig konge. Når Salomo tok over makta fekk han fred på alle kantar, så han fekk oppdraget med å bygge tempelet i Jerusalem. Tempelet var pynta med gull innvendig, så det var som eit skattkammer. Han var vis og vart rik ved å vere konge, så det gjekk gjetord om hans visdom og rikdom heilt til Etiopia. Han vart rik, som om der ikkje var skilnad på hans personlege eigedom og statskassa. Han dreiv handel og skipsfart. 

Like vel let han ikkje etter seg eit godt grunnlag for fred, så riket vart delt, son hans, Rehabeam fekk mindre enn halva, Sør-Riket Juda, med Jerusalem som hovudstad. Jeroboam vart konge i Nord-Riket og vende seg fort bort frå Herren. I Juda skifte det mellom gudlege og ugudlege kongar, Gud var nådig og tilgav, men kong Manasse var eig ugudeleg tyrann som drap ned mykje folk i Jerusalem, det ville ikkje Herren tilgi, derfor skulle Jerusalem også falle for Babylonarane og folket verte bortførde. Manasse var son til Hiskia og han var ein gudleg konge. Men det var allereie gjort stor urett i landet, stikk i strid med Davids politikk, storfolk gjorde urette mot småkårsfolk.

Mika.1,1 Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.

Mika.2, 1 Ve dei som tenkjer ut urett

og emnar på vondt

medan dei ligg på si lege!

Dei set det i verk når det ljosnar av dag,

fordi det står i deira makt. 

2 Dei trår etter marker og røvar dei,

etter hus og tek dei.

Dei slår under seg mann og hus,

bonden og hans eigedom. 

3 Difor seier Herren:

Eg tenkjer ut ei ulukke mot denne ætta,

den kan de aldri fria dykk frå.

De skal ikkje lenger gå stolte ikring,

for det vert ei vond tid. 

4 Den dagen skal dei syngja ei nidvise

og setja i med ein klagesong over dykk.

«Det er ute med oss,» skal dei seia,

«vi er herja og øydelagde!

Jorda åt folket mitt skifter eigar.

Å, han har teke markene frå oss

og delt dei ut til fråfalne!»

5 Då skal det ikkje finnast nokon i Herrens lyd

som kastar lodd

og deler ut jord til andre. 

6 «Hald opp med å preika!» seier dei.

«Ingen må preika så.

Tek skjellsorda aldri slutt?» 

7 Korleis er det du talar, Jakobs hus?

Har Herren mist tolmodet?

Er det så han fer fram?

Har eg ikkje venlege ord

til dei som ferdast rett?

8 Lenge har folket mitt bore seg fiendsleg åt.

De dreg kappa av fredelege folk;

dei som ferdast trygt, vert krigsfangar.

9 De driv kvinnene i folket mitt bort

frå heimane dei var glade i.

De har for alle tider

teke mi ære frå borna deira. 

10 Stå opp og far bort herifrå!

Dette er ingen kvilestad,

for her er ureinskap

som valdar skade og tyning.

11 Kom det ein mann som fór med laust snakk

og tala lygn og svik:

«Eg spår for deg om vin og drikk»,

sjå, det var ein profet for dette folket! 

Herren vil samla Israels rest

12 Eg vil samla dykk alle, Jakob.

Eg vil samla Israels rest,

føra dei saman som sauer i ei kve,

som ein bøling på beite,

– ein ståkande flokk av menneske. 

13 Han som brøyter veg, går føre dei;

dei bryt seg gjennom porten og fer ut.

Kongen deira går føre dei,

Herren sjølv går i brodden for dei.

………

Vi ser at dette også enda med ein Messias-profeti.

Hellas.

Jeremias hadde profetert om at dei skulle få komme attende om 70 år og når tida nærma seg, fasta og bad Daniel i tre veker. Då kom Herren til han og sa at han hadde stridt mot persarane i tre veker, men så kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane og hjelpte han. Derfor fekk han tid til å komme og gi han svar, altså. Kven var denne Mikael? Tida høver med starten for naturfilosofien i Hellas, ved Thales. Han var ingen hærførar med ein fredeleg og fattig matematikar og natur-filosof. Denne røyndomsforståinga var vesentleg for at der sidan vart eit avgrensa demokrati i Hellas. 

Like vel gjekk utviklinga i Hellas på liknande måte som i Israel, det starta som eit gammaldags jordbrukssamfunn, så vart det eit meir moderne samfunn med avgrensa demokrati, handverk, handel og skipsfart, så kom der ein reaksjon.

Sparta var, liksom Makkedonia, eit gammaldags aristokratisk jorbrukssamfunn, elles var Hellas  eit meir moderne samfunn med handel, skipsfart, handverk og eit begrensa demokrati og så vart Aten dominerande i dette. Det var stor motsetnad mellom Aten og Sparta og Peloponeskrigen starta ved at Sparta angrep Aten i 431 f.Kr og dei vann i 404 f.Kr. Sidan kom Filip av Makkedonia og tok over makta i Hellas, han hadde ein plan og son hans, Aleksander den Store gjennomførde den ved å gå til krig mot Persia. Hellas fekk ha lokal-demokrati, slik var han tolerant mot folket i den landa han la under seg også, for å unngå opprør.

Romarriket.

Men i Selevkide-riket, klarde Antiokus 4. Epifanes å gjer kupp, metodene hans var korrupsjon, lygn og svik, og så kravde han diktatorisk makt, ved å krevje att alle skulle Zevs og dei andre greske gudane. Her høver profetien i Dan.10 om at kong Mikael hjelper Herren i striden mot både Persarriket og Hellas.

Dan.10,19 Då sa han: «Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg nok fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Og når eg det har gjort, kjem fyrsten over Javan.  20 Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar.

Maccabearane gjorde fred- og vennskaps-avtale med Romarriket, så her låg det an til at det skulle vere den store kong Mikael som Daniel profeterte om i Dan.12, dei kunne vente seg at han skulle stå fram som kongen i Romarriket. Romarriket var på frammarsj og deira vennskapsavtale med dei stod det respekt av. Og så gjorde dei vennskapsavtale med Sparta i Hellas, sidan dei ætta frå jødane.

På denne tida var det eit avgrensa demokrati på topp-plan i Roma, for at dei skulle representere folket til deira beste, ein demokratisk tankegang altså, sjølv om det ikkje var formelt, med stemmerett. Sitat frå 1.Makk.8,  https://bibel.no/nettbibelen/les/nb-2011/1MA/1MA.8 :

«Romerne hadde også ødelagt og underkuet de andre kongerikene og øyene, alle som noen gang hadde satt seg opp mot dem. 12 Men med sine venner og dem som søkte beskyttelse hos dem, sto de fast på vennskapet. De hadde beseiret konger både fjernt og nært, og alle som hørte gjetord om dem, fryktet dem. 13 Alle som de ville hjelpe til å bli konger, ble konger, og dem som de ville avsette, avsatte de. De var blitt svært mektige.

14 På tross av alt dette hadde ingen av dem satt kongekrone på seg eller kledd seg i purpur for å gjøre seg til av det. 15 Men de hadde opprettet et senat, og der kom hver dag 320 senatorer sammen, som hele tiden rådslo om hvordan folket kunne styres på beste måte. 16 Hvert år overlot de til én mann å lede dem og herske over hele landet. Alle adlød denne ene, det fantes ikke misunnelse eller sjalusi blant dem.»

SITAT SLUTT.

Roma starta også som eit jordbrukssamfunn, rundt Tiber-mynnet. Der var nokre haugar som var lett å forsvare, så landsbyane gjekk saman om eit forsvarssamband som vart Roma. Latinarane pressa på frå sør og etruskarane frå nord, rundt 600 f.Kr tok etruskarane makta, men i 509 klarde dei å frigjere seg. Kongedømmet vart avskipe og dei fekk republikk med to konsular, valde for eitt år om gongen. Dei delte makta med folketinget og senatet. Folketinget valde embetsmenn, m.a. konsulane, det hadde rett til å godkjenne eller vrake lovforslag, men ikkje rett til å komme med lovforslag.

Patrisarane (aristokratane) hadde mest makt, berre dei sat i senatet og kunne vere embetsmenn. Dei hadde makta i folketinget også, for røysteretten var gradert etter eigedomen. Plebeiarane (allmugen; vanlege folk) var så å seie rettslause, for det fanst ikkje skrivne lover og det var patrisarane som dømde. Men i striden mot ytre fiendar måtte patrisarane støtte seg på plebeiarane. Dei truga med å flytte frå byen, slik tvinga dei fram eine retten etter den andre. Den første store sigeren var folketribun-embetet. Folketribunen kunne legge ned veto mot lovforslag. Så kravde dei at lovene skulle skrivast ned. Senatet var eit råd av tidlegare embetsmenn, men no fekk plebeiarane også tilgang. Slik var klassekampen moderat og den vart viktig som ei indre drivkraft i framveksten av Romarriket. Kring midten av 300-talet f.Kr. hadde plebeiarane dei same politiske rettane som partrisiarane.

Sitat frå

https://snl.no/Romerriket :

Patrisiere og plebeiere

I den tidlige republikken eksisterte det et skarpt skille mellom to befolkningsgrupper eller stender i Roma: patrisierne (patricii), som utgjorde førstestanden, en slags tidlig romersk adel, og plebeierne(plebeii eller plebs), som utgjorde resten av borgerne. Vi vet ikke hva skillet opprinnelig kom av, men navnet patrisiere henger sammen med patres, fedre, og knyttes til familieoverhodene som hadde sete i kongens råd (senatet).

Den tradisjonelle historien forteller at Romulus utpekte 100 familiefedre til å sitte i sitt råd. Ved inngangen til republikken dominerte uansett patrisierne både økonomisk og politisk. Hele den tidlige republikken er dermed preget av de såkalte stenderkampene, med en gradvis imøtegåelse av plebeiernes krav: oppheving av gjeldsslaveri, tilgang til politiske embeter og til presteskapet, politisk medvirkning, likhet for loven og rett til ekteskap.

Plebeierne opprettet tidlig sine egne forsamlinger og egne ombudsmenn til å beskytte seg (folketribuner). Disse var ukrenkelige og kunne skride inn mot høyere embetsmenn for å beskytte vanlige folk. Gradvis vant plebeierne fram og fikk større rettssikkerhet, rett til å gifte seg og politiske rettigheter på linje med patrisierne, skjønt visse statusforskjeller alltid ble opprettholdt, og en del presteroller ble forbeholdt patrisierne. Striden ble først bilagt i 287 fvt., da romerne vedtok en lov (lex Hortensia) som anerkjente vedtak i plebeierforsamlingen (plebei scita) som rettsgyldige. I forhold til plebeierne var patrisierne ytterst fåtallige og deres makt forvitret gradvis. Ved inngangen til keisertid var mange slekter dødd ut.

Patrisiere opptrådte også tradisjonelt som beskyttere (patroner) for plebeiere som derved ble deres klienter. Forholdet innebar gjensidige forpliktelse og fordeler. Patronen fikk prestisje og oppvartning, politisk og militær støtte; klienten beskyttelse i retten og hjelp på andre måter. Klientellvesenet var i eldre tid formalisert og arvelig; det kunne senere være løsere og mer opportunistisk, men fortsatte alltid å være et sterkt mønster i det romerske samfunn og en viktig faktor i romersk politikk.

Standsforskjeller (som mellom patrisiere og plebeiere) og lojalitetsbånd mellom høy og lav (som mellom patroner og klienter) gikk på tvers av økonomiske og sosiale lagdelinger og virket konserverende på samfunnsordningen.

SITAT SLUTT.

Sør-Italia var eit fattig jordbruksland, adelsmennene arbeidde på åkrane sjølve. Men dei greske byane (koloniane) i Sør-Italia hadde drive lønsam handel med Middelhavs-landa. Då romarane la under seg Sør-Italia overtok dei denne handelen, så det vaks fram ei overklasse av rike handelsmenn, ved sida av jordeigar-adelen. Då låg det vel an til ei liknande konflikt mellom desse to overklassene, slik som det hadde vore i Hellas?

Fønikarane hadde grunnlagt Kartago og dei puniske krigane var tre langdryge krigar mellom Roma og Kartago, inntil Kartago vart jamna med jorda i 146 f.Kr. I den andre puniske krigen hadde hærane frå Hannibal frå Kartago herja i Sør-Italia, så gardane vart liggande aude og den frie bondestanden vart uttevla av rike godseigarar som kunne drive gardane med leiglendingar eller slavar. Tidlegare frie bønder kom inn til Romar som arbeidslause proletarar, så dei byrja med kornutdeling. 

Statthaldarane kravde inn skatt, men var så korrupte at dei tente seg rike på eitt år. Alt dett gjorde at klasseskilnaden vart større og det vart ei sak for folketribunen. Tiberius Graccus vart folketribun i 133 f.Kr, han var påverka av dei greske tankane om fridom og folkestyre. Han ville føre dei arbeidslause proletarane tilbake til jorda og reise oppatt ein sjølvstendig bondestand. Han fekk nya oppatt ei gammal lov om at ein einskild mann kunne ha berre ei viss mengde statsjord, hadde nokon meir, skulle staten ta att det som var til overs og dele det opp i småbruk for fattigfolk. Det fekk mykje motstand, men vart like vel gjennomført. Tiberius stilte til attval, noko som vart mot lova, då vart det strid i gatene og han og 300 tilhengjarar vart drepne. 

I 123 vart bror hans Gaius Graccus folketribun, så reformplanane fortsette, til tross for motstand frå Senatet. Sidan prøvde han å verte vald til folketribun for 121, men då vart det sett ut løn for å drepe han, så han tok sitt eige liv. 2-300 av venene hans vart drepne og sidan vart 3000 avretta utan lov og dom. Dei beste reformene til Gaius vart omgjorde, jordutdelinga stansa. Men no hadde folkepartiet lært, i striden mot senatspartiet mått vald møtast med vald. Slik starta borgarkrigane. Senatspartiet vann under hærføraren Sulla, dermed vann Senatet att den gamle makta si, folketinget og folketribunen fekk mindre makt.

Marius var ein dyktig hærførar og han let proletarar verte leigesoldatar i hæren sin, dei svor truskap mot hærføraren i staden for Roma, då kunne dei lettare verte eit reiskap for han, mot staten, om han det ville.

Cæsar meinte at senatet ikkje greidde å styre det store riket, stadig skifte av embetsmenn var farleg, det trongst ei grundig omorganisering under ei sterk leiing og han meinte han var den rette for den oppgåva, men førebels måtte han dele makta med Pompeius. Dei fekk kvar sine provinsar, Cæsar fekk Gallia og Pompeius fekk Spania. Pompeius reiste ikkje til provinsen sin, men vart verande i Roma, der gjekk han saman med Senatet og dei frykta den store makta til Cæsar, for han hadde sigra i sine krigar.

  Så søkte Cæsar om å verte konsul i 49 f.Kr. Då kravde Senatet at han skulle oppløyse hæren sin, det sa han seg villig til, dersom Pompeius også gjorde det, men dei berre gav han ein tidsfrist på å løyse opp hæren. Då bestemte Cæsar seg for å gå over Rubicon, inn på Pompeius sitt område altså og han vann krigen, så i 45. f.Kr. kunne Cæsar fare til Roma som eineherre.

Cæsar styrte Romarriket som diktator, han prøvde å forsone gamle motsetnadar, men kom ingen veg med dei mest ihuga republikanarane. Det vart tydeleg at Cæsar ville ha kongsmakt, så republikanarane fekk til ei samansverging og i 144 f.Kr vart han myrda i senatet i Roma. Men det gjekk ikkje slik som republikanarane hadde tenkt seg, for senatet klarde ikkje oppgåva si. I forvirringa som følgde tok Antonius og Oktavian makta. Antonius var ein av konsulane det året og Oktavian var ein slektning og arving til Cæsar. Etter eit par år med borgarkrig vart republikanarane slegne. Oktavian fekk makta i vest-delen og Antonius fekk makta i austdelen.

Antonius rådde mest som ein eineveldig austerlandsk konge med hovudstad i Aleksandria og Antiokia. Senatet såg med uvilje på styremåten hans og at han gifte seg med den egyptiske dronninga Kleopatra. Så dei avsette han og Oktavian for imot han med ein stor hær og flåte og slo dei i sjøslaget ved Acticum (31 f.Kr.). Deretter tok han slagordet «attreising av republikken» og prøvde å blåse liv i den gamle religionen og skape eit nytt aristokrati. Han utropte seg som keisar Augustus og skulle vere øvste leiar for religionen, det vart til keisardyrking. 

Senatet og folketinget heldt møta sine som før, det gamle embetsverket stod ved lag, men til dei viktigaste embeta let Augustus velje seg sjølv på livstid. Som imperator (feltherre), fekk han øvste makta over hæren, som prokonsul rådde han over dei viktigaste provinsane, som folketribun var han heilag og ukrenkeleg, som pontifex maximus var han øvste leiar for religionen. Han stod ikkje fram som despot, men som princeps, fremste mann i staten. Med klok politikk klarde han å forsone den republikanske opposisjonen som framleis fanst.

Slik vart Romarriket eit keisarrike, keisaren var øvste leiar for religionen og det vart til keisardyrking.


8 responses to “Ny Tid 62. Endetidssyn 37. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 19. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 10. Den øydande styggedomen. 5. Frå jordbrukssamfunn til demokrati med fred og rettferd eller tyranni. Ei samanlikning mellom Israel, Hellas og Romariket.”

Leave a reply to Ny Tid 82. Endetidssyn 57. Frelse og frigjering. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ekte mann. Framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud. 5. Samanliknande politikk Cancel reply