Innleiing.
Mi bøn, mi sak og mi presteteneste.
Eg har bed Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ein liten gutunge og eg trur han har høyrt mi bøn og vil gi meg det, så for meg er det ein frigjerande bodskap både til meg sjølv og henne og den same glade bodskapen har vi å forkynne til andre også. Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/06/09/ny-tid-23-gud-skaper-noko-nytt-fra-generasjon-til-generasjon-og-har-ein-svaert-sa-langsiktig-plan-med-det-for-tid-og-aeve-han-sa-til-israels-folket-sja-eg-gjer-noko-nytt-merkar/ :
Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
………
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svar meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru. Han er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Jesus sa eg skulle overgi meg heilt til han og eg forstår det slik at eg skal la han ta seg av mi sak fullt og heilt og gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om.
SITAT SLUTT.
Framstille kyrkjelyden som Jesu blodkjøpte og salvevigde brud. Sions dotter er Jesu brud, det er identiteten til kyrkja som er hans brud.
Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Det er Gud som gjer sitt verk og det er fullkome, Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så vi må ære og takke Gud og Lammet for det.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har sagt han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg sjølv heilt til han. Javel, så soleis gjer eg felles sak med han og innstiller meg på å framstille både henne og kyrkjelyden for Kristus, som ei rein møy. Hans sak er at hans kyrkje er og skal vere hans blodkjøpte og salvevigde brud og verte framstilt for han som ei rein brud. Då er det og blir det også ho som framstiller seg sjølv for han slik.
Kristus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han lever i oss, så når han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone er og blir det han som lever i meg og som elskar henne som si brud gjennom meg.
Vi skal framstille kvinna og Jesu kyrkje for Kristus som ei rein brud. Og han kalla Sions dotter til å frigjere seg frå lenkene om halsen og komme ut av mørkret, til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Så slik skal ho følgje opp med å framstille seg sjølv for Kristus som ei rein brud, det er identiteten til hans kyrkje. Dette har eg skrive om her:
Joh.Op.19,4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Samfunn omtala som mann og kvinne.
I den andre skapingssoga, 1.Mos.2, er det tale om det personlege forholdet Gud og menneske, mellom mann og kvinne, der Gud skapte kjærleiksforholdet mellom dei. Men det er også samfunnet som er omtala som mann og kvinne, skapt av Gud. Dette ser vi seinare i Bibelen også, eit samfunn vert omtala som ættefaren, ein konge eller ei kvinne. Kvinneidealet er ei velkledd kvinne som har omsorg for heimen og familielivet, ektemann og borna. Ja, for familien er då den naturlege og mest grunnleggande sosiale eininga i samfunnet.
Vi ser døme på dette både når det gjeld Israel, Assyria og Babylonia.
Statsvitenskap, «samanliknande politikk», det finn vi i filosofihistoria og i Bibelen også.
Ved universitetet i Bergen er det eit samfunnsfag som vert kalla «Samanliknande Politikk». Ved Universitetet i Oslo vert det kalla Statsvitenskap. Det går ut på å samanlikne statar altså og den fundamentale politikken deira over lang tid.
I filosofien og historia vert statar karakteriserte med kva slags filosofi som slo igjennom, spesielt i grunnlova og elles i lovverket og dernest i praktisk politikk. Det vert samanlikna med tidlegare regime, spesielt antikkens Hellas og Romarriket. Demokratiet i Aten og klassekampen i Romarriket, underklassa som kjempa for å få demokratiske rettar etter føredøme av tidlegare demokratiet i Aten og småbønder som kjempa for å få tilbake jordene sine. Orda republikk, republikanar og Senat kjem frå Romarriket på denne tida, slik samanliknar amerikanarane seg med det. Orda Keisar og Tsar er avleia av avleia av Cæsar, slik har Europa og Russland samanlikna med Romarriket. Dette blir vesentleg når vi skal samanlikne og skjøne skilnaden mellom europeisk og amerikansk politikk. Og så vert det viktig for oss å samanlikna klassekampen då og klassekampen no og merke oss at mykje av det som vert kalla klassekamp no er noko heilt anna, kanskje endåtil det motsatte av det som vart kalla klassekamp då. Og det store spørsmålet vert korleis det kan ha seg.
Vi finn mykje samanliknande politikk i Bibelen også, her vert staten samanlikna med ein mann og ei kvinne, med ekteskap og familieliv, så det kan vi godt kalle ei naturfagleg tenking. Samtidig har det med Gud å gjere, som om han er både Fader og ektemann og folket er borna og kona hans, slik skulle det rett nok vere, så det er rett å samanlikne med det og justere etter det. Slik blir det gjort klart at det biologiske livet er fundamentalt for samfunnet og samfunnslivet.
Men det vert også sagt at Jesus er Guds Ord, han var i opphavet hos Gud og han er Gud, i han er liv og livet er lyset til menneska, så då er dette livet mest fundamentalt.
Samanlikning mellom Israel, antikkens Hellas og Romarriket.
Eg har skrive ein artikkel der eg samanlikna den økonomiske utviklinga i Israel, Hellas og Romarriket, der eg legg vekt på at klassekampen i Romarriket hadde det tidlegare demokratiet i Aten som målsetting. Dei ville ha skrivne lover og likskap for lova og kjempa for heilt grunnleggande menneskerettar, som å få lov til å gifte seg. Småbøndene hadde mista jordens sine i den andre Punarkirgen og ville ha dei tilbake, på grunnlag av dei gammal lov. Legg merke til at alt dette stemde godt overeins med Moselova, meir enn kva folk felst er klar over og Gud ville at denne retten skulle komme ut til alle folka. Sitat frå
Israel.
Israelsfolket erobra det lova landet og fekk ro og fred, det var eit jorbruksland, einaste «statsadministrasjonen» deira var prestetenesta og heilagdomen deira var eit telt. Då var det vel ikkje så rart at framande kom inn i landet deira og fortrengde dei, men då sa Gud til dei at det var fordi dei hadde vendt seg bort frå han, så det var deira feil. Så dei måtte dei audmjuke seg for han og be han om nåde og hjelp, då reiste han opp ein dommar som leia dei i kampen mot fienden. Derfor vert dette kalla dommartida.
Men så ville dei ha seg ein konge, slik som dei andre folka og Gud gav dei ein slik konge som dei ville han og let profeten Samuel salve Saul til konge. Men det vart ein fiasko, for han vraka Guds Ord. Så ville Gud gi dei ein konge etter sitt hjerte og let Samuel salve David til konge, medan han var ein ung gjetargut. Med tida gjekk det slik at slik at David måtte flykte som Saul med ein liten hær, for Saul ville drepe han. David kunne ha drepe han to gongar, men sparde livet hans, for han ville ikkje drepe «den som Gud hadde salva», til tross for at Saul eigentleg hadde mista salvinga. Det gjekk slik at Saul tapte for fienden og David vart konge i staden, med fredelege metode, utan at det vart ein skikkeleg borgarkrig altså. Han hadde salvinga, folket visste det og derfor vende dei seg til han.
David måtte stadig audmjuke seg for Gud og be om nåde og hjelp, så han såg seg sjølv som fattig og hjelpelause, så han måtte ta si tilflukt til Herren, slik bad han også for andre som kom i liknande situasjonar og slik vart han også eit førebilete på Messias, så han tala profetisk om Messias. Dette ser vi også hos Salomo (Salme72).
Når David kom til makta, fekk han strid mot nabofolka, men fekk oppleve at Gud var med han og gav han råd og styrke då også, så han sigra over dei og vart ein mektig konge. Når Salomo tok over makta fekk han fred på alle kantar, så han fekk oppdraget med å bygge tempelet i Jerusalem. Tempelet var pynta med gull innvendig, så det var som eit skattkammer. Han var vis og vart rik ved å vere konge, så det gjekk gjetord om hans visdom og rikdom heilt til Etiopia. Han vart rik, som om der ikkje var skilnad på hans personlege eigedom og statskassa. Han dreiv handel og skipsfart.
Like vel let han ikkje etter seg eit godt grunnlag for fred, så riket vart delt, son hans, Rehabeam fekk mindre enn halva, Sør-Riket Juda, med Jerusalem som hovudstad. Jeroboam vart konge i Nord-Riket og vende seg fort bort frå Herren. I Juda skifte det mellom gudlege og ugudlege kongar, Gud var nådig og tilgav, men kong Manasse var eig ugudeleg tyrann som drap ned mykje folk i Jerusalem, det ville ikkje Herren tilgi, derfor skulle Jerusalem også falle for Babylonarane og folket verte bortførde. Manasse var son til Hiskia og han var ein gudleg konge. Men det var allereie gjort stor urett i landet, stikk i strid med Davids politikk, storfolk gjorde urette mot småkårsfolk.
Mika.1,1 Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.
Mika.2, 1 Ve dei som tenkjer ut urett
og emnar på vondt
medan dei ligg på si lege!
Dei set det i verk når det ljosnar av dag,
fordi det står i deira makt.
2 Dei trår etter marker og røvar dei,
etter hus og tek dei.
Dei slår under seg mann og hus,
bonden og hans eigedom.
3 Difor seier Herren:
Eg tenkjer ut ei ulukke mot denne ætta,
den kan de aldri fria dykk frå.
De skal ikkje lenger gå stolte ikring,
for det vert ei vond tid.
4 Den dagen skal dei syngja ei nidvise
og setja i med ein klagesong over dykk.
«Det er ute med oss,» skal dei seia,
«vi er herja og øydelagde!
Jorda åt folket mitt skifter eigar.
Å, han har teke markene frå oss
og delt dei ut til fråfalne!»
5 Då skal det ikkje finnast nokon i Herrens lyd
som kastar lodd
og deler ut jord til andre.
6 «Hald opp med å preika!» seier dei.
«Ingen må preika så.
Tek skjellsorda aldri slutt?»
7 Korleis er det du talar, Jakobs hus?
Har Herren mist tolmodet?
Er det så han fer fram?
Har eg ikkje venlege ord
til dei som ferdast rett?
8 Lenge har folket mitt bore seg fiendsleg åt.
De dreg kappa av fredelege folk;
dei som ferdast trygt, vert krigsfangar.
9 De driv kvinnene i folket mitt bort
frå heimane dei var glade i.
De har for alle tider
teke mi ære frå borna deira.
10 Stå opp og far bort herifrå!
Dette er ingen kvilestad,
for her er ureinskap
som valdar skade og tyning.
11 Kom det ein mann som fór med laust snakk
og tala lygn og svik:
«Eg spår for deg om vin og drikk»,
sjå, det var ein profet for dette folket!
Herren vil samla Israels rest
12 Eg vil samla dykk alle, Jakob.
Eg vil samla Israels rest,
føra dei saman som sauer i ei kve,
som ein bøling på beite,
– ein ståkande flokk av menneske.
13 Han som brøyter veg, går føre dei;
dei bryt seg gjennom porten og fer ut.
Kongen deira går føre dei,
Herren sjølv går i brodden for dei.
Vi ser at dette også enda med ein Messias-profeti.
…………
Maccabearane gjorde fred- og vennskaps-avtale med Romarriket, så her låg det an til at det skulle vere den store kong Mikael som Daniel profeterte om i Dan.12, dei kunne vente seg at han skulle stå fram som kongen i Romarriket. Romarriket var på frammarsj og deira vennskapsavtale med dei stod det respekt av. Og så gjorde dei vennskapsavtale med Sparta i Hellas, sidan dei ætta frå jødane.
På denne tida var det eit avgrensa demokrati på topp-plan i Roma, for at dei skulle representere folket til deira beste, ein demokratisk tankegang altså, sjølv om det ikkje var formelt, med stemmerett. Sitat frå 1.Makk.8, https://bibel.no/nettbibelen/les/nb-2011/1MA/1MA.8 :
«Romerne hadde også ødelagt og underkuet de andre kongerikene og øyene, alle som noen gang hadde satt seg opp mot dem. 12 Men med sine venner og dem som søkte beskyttelse hos dem, sto de fast på vennskapet. De hadde beseiret konger både fjernt og nært, og alle som hørte gjetord om dem, fryktet dem. 13 Alle som de ville hjelpe til å bli konger, ble konger, og dem som de ville avsette, avsatte de. De var blitt svært mektige.
14 På tross av alt dette hadde ingen av dem satt kongekrone på seg eller kledd seg i purpur for å gjøre seg til av det. 15 Men de hadde opprettet et senat, og der kom hver dag 320 senatorer sammen, som hele tiden rådslo om hvordan folket kunne styres på beste måte. 16 Hvert år overlot de til én mann å lede dem og herske over hele landet. Alle adlød denne ene, det fantes ikke misunnelse eller sjalusi blant dem.»
SITAT SLUTT.
Roma starta også som eit jordbrukssamfunn, rundt Tiber-mynnet. Det var ei av dei beste hamnene på vestkysten av Italia. Skip sigla opp til vadestaden, som var knutepunkt i samferdsla mellom nord og sør. Dei måtte vere førebudd på angrep frå naboane, der var nokre haugar som var lett å forsvare, så landsbyane gjekk saman om eit forsvarssamband som vart Roma. I sør var latinarane, i nord var etruskarane, det var eit mektig kulturfolk som hadde kome frå landa nord for Alpane og var sterkt påverka av den greske kulturen i Sør-Italia. Rundt 600 f.Kr tok etruskarane makta, men i 509 klarde dei å frigjere seg. Kongedømmet vart avskipa og dei fekk republikk med to konsular, valde for eitt år om gongen. Dei delte makta med folketinget og senatet. Folketinget valde embetsmenn, m.a. konsulane, det hadde rett til å godkjenne eller vrake lovforslag, men ikkje rett til å komme med lovforslag.
Patrisarane (aristokratane) hadde mest makt, berre dei sat i senatet og kunne vere embetsmenn. Dei hadde makta i folketinget også, for røysteretten var gradert etter eigedomen. Plebeiarane (allmugen; vanlege folk) var så å seie rettslause, for det fanst ikkje skrivne lover og det var patrisarane som dømde. Men i striden mot ytre fiendar måtte patrisarane støtte seg på plebeiarane. Dei truga med å flytte frå byen, slik tvinga dei fram eine retten etter den andre. Den første store sigeren var folketribun-embetet. Folketribunen kunne legge ned veto mot lovforslag. Så kravde dei at lovene skulle skrivast ned. Senatet var eit råd av tidlegare embetsmenn, men no fekk plebeiarane også tilgang. Slik var klassekampen moderat og den vart viktig som ei indre drivkraft i framveksten av Romarriket. Kring midten av 300-talet f.Kr. hadde plebeiarane dei same politiske rettane som partrisiarane.
Sitat frå
Patrisiere og plebeiere
I den tidlige republikken eksisterte det et skarpt skille mellom to befolkningsgrupper eller stender i Roma: patrisierne (patricii), som utgjorde førstestanden, en slags tidlig romersk adel, og plebeierne(plebeii eller plebs), som utgjorde resten av borgerne. Vi vet ikke hva skillet opprinnelig kom av, men navnet patrisiere henger sammen med patres, fedre, og knyttes til familieoverhodene som hadde sete i kongens råd (senatet).
Den tradisjonelle historien forteller at Romulus utpekte 100 familiefedre til å sitte i sitt råd. Ved inngangen til republikken dominerte uansett patrisierne både økonomisk og politisk. Hele den tidlige republikken er dermed preget av de såkalte stenderkampene, med en gradvis imøtegåelse av plebeiernes krav: oppheving av gjeldsslaveri, tilgang til politiske embeter og til presteskapet, politisk medvirkning, likhet for loven og rett til ekteskap.
Plebeierne opprettet tidlig sine egne forsamlinger og egne ombudsmenn til å beskytte seg (folketribuner). Disse var ukrenkelige og kunne skride inn mot høyere embetsmenn for å beskytte vanlige folk. Gradvis vant plebeierne fram og fikk større rettssikkerhet, rett til å gifte seg og politiske rettigheter på linje med patrisierne, skjønt visse statusforskjeller alltid ble opprettholdt, og en del presteroller ble forbeholdt patrisierne. Striden ble først bilagt i 287 fvt., da romerne vedtok en lov (lex Hortensia) som anerkjente vedtak i plebeierforsamlingen (plebei scita) som rettsgyldige. I forhold til plebeierne var patrisierne ytterst fåtallige og deres makt forvitret gradvis. Ved inngangen til keisertid var mange slekter dødd ut.
Patrisiere opptrådte også tradisjonelt som beskyttere (patroner) for plebeiere som derved ble deres klienter. Forholdet innebar gjensidige forpliktelse og fordeler. Patronen fikk prestisje og oppvartning, politisk og militær støtte; klienten beskyttelse i retten og hjelp på andre måter. Klientellvesenet var i eldre tid formalisert og arvelig; det kunne senere være løsere og mer opportunistisk, men fortsatte alltid å være et sterkt mønster i det romerske samfunn og en viktig faktor i romersk politikk.
Standsforskjeller (som mellom patrisiere og plebeiere) og lojalitetsbånd mellom høy og lav (som mellom patroner og klienter) gikk på tvers av økonomiske og sosiale lagdelinger og virket konserverende på samfunnsordningen.
SITAT SLUTT.
Sør-Italia var eit fattig jordbruksland, adelsmennene arbeidde på åkrane sjølve. Men dei greske byane (koloniane) i Sør-Italia hadde drive lønsam handel med Middelhavs-landa. Då romarane la under seg Sør-Italia overtok dei denne handelen, så det vaks fram ei overklasse av rike handelsmenn, ved sida av jordeigar-adelen. Då låg det vel an til ei liknande konflikt mellom desse to overklassene, slik som det hadde vore i Hellas?
Fønikarane hadde grunnlagt Kartago og dei puniske krigane var tre langdryge krigar mellom Roma og Kartago, inntil Kartago vart jamna med jorda i 146 f.Kr. I den andre puniske krigen hadde hærane frå Hannibal frå Kartago herja i Sør-Italia, så gardane vart liggande aude og den frie bondestanden vart uttevla av rike godseigarar som kunne drive gardane med leiglendingar eller slavar. Tidlegare frie bønder kom inn til Roma som arbeidslause proletarar, så dei byrja med kornutdeling.
Statthaldarane kravde inn skatt, men var så korrupte at dei tente seg rike på eitt år. Alt dett gjorde at klasseskilnaden vart større og det vart ei sak for folketribunen. Tiberius Graccus vart folketribun i 133 f.Kr, han var påverka av dei greske tankane om fridom og folkestyre. Han ville føre dei arbeidslause proletarane tilbake til jorda og reise oppatt ein sjølvstendig bondestand. Han fekk nya oppatt ei gammal lov om at ein einskild mann kunne ha berre ei viss mengde statsjord, hadde nokon meir, skulle staten ta att det som var til overs og dele det opp i småbruk for fattigfolk. Det fekk mykje motstand, men vart like vel gjennomført. Tiberius stilte til attval, noko som vart mot lova, då vart det strid i gatene og han og 300 tilhengjarar vart drepne.
I 123 vart bror hans Gaius Graccus folketribun, så reformplanane fortsette, til tross for motstand frå Senatet. Sidan prøvde han å verte vald til folketribun for 121, men då vart det sett ut løn for å drepe han, så han tok sitt eige liv. 2-300 av venene hans vart drepne og sidan vart 3000 avretta utan lov og dom. Dei beste reformene til Gaius vart omgjorde, jordutdelinga stansa. Men no hadde folkepartiet lært, i striden mot senatspartiet mått vald møtast med vald. Slik starta borgarkrigane. Senatspartiet vann under hærføraren Sulla, dermed vann Senatet att den gamle makta si, folketinget og folketribunen fekk mindre makt.
Marius var ein dyktig hærførar og han let proletarar verte leigesoldatar i hæren sin, dei svor truskap mot hærføraren i staden for Roma, då kunne dei lettare verte eit reiskap for han, mot staten, om han det ville.
Cæsar meinte at senatet ikkje greidde å styre det store riket, stadig skifte av embetsmenn var farleg, det trongst ei grundig omorganisering under ei sterk leiing og han meinte han var den rette for den oppgåva, men førebels måtte han dele makta med Pompeius. Dei fekk kvar sine provinsar, Cæsar fekk Gallia og Pompeius fekk Spania. Pompeius reiste ikkje til provinsen sin, men vart verande i Roma, der gjekk han saman med Senatet og dei frykta den store makta til Cæsar, for han hadde sigra i sine krigar.
Så søkte Cæsar om å verte konsul i 49 f.Kr. Då kravde Senatet at han skulle oppløyse hæren sin, det sa han seg villig til, dersom Pompeius også gjorde det, men dei berre gav han ein tidsfrist på å løyse opp hæren. Då bestemte Cæsar seg for å gå over Rubicon, inn på Pompeius sitt område altså og han vann krigen, så i 45. f.Kr. kunne Cæsar fare til Roma som eineherre.
Cæsar styrte Romarriket som diktator, han prøvde å forsone gamle motsetnadar, men kom ingen veg med dei mest ihuga republikanarane. Det vart tydeleg at Cæsar ville ha kongsmakt, så republikanarane fekk til ei samansverging og i 144 f.Kr vart han myrda i senatet i Roma. Men det gjekk ikkje slik som republikanarane hadde tenkt seg, for senatet klarde ikkje oppgåva si. I forvirringa som følgde tok Antonius og Oktavian makta. Antonius var ein av konsulane det året og Oktavian var ein slektning og arving til Cæsar. Etter eit par år med borgarkrig vart republikanarane slegne. Oktavian fekk makta i vest-delen og Antonius fekk makta i austdelen.
Antonius rådde mest som ein eineveldig austerlandsk konge med hovudstad i Aleksandria og Antiokia. Senatet såg med uvilje på styremåten hans og at han gifte seg med den egyptiske dronninga Kleopatra. Så dei avsette han og Oktavian for imot han med ein stor hær og flåte og slo dei i sjøslaget ved Acticum (31 f.Kr.). Deretter tok han slagordet «attreising av republikken» og prøvde å blåse liv i den gamle religionen og skape eit nytt aristokrati. Han utropte seg som keisar Augustus og skulle vere øvste leiar for religionen, det vart til keisardyrking.
Senatet og folketinget heldt møta sine som før, det gamle embetsverket stod ved lag, men til dei viktigaste embeta let Augustus velje seg sjølv på livstid. Som imperator (feltherre), fekk han øvste makta over hæren, som prokonsul rådde han over dei viktigaste provinsane, som folketribun var han heilag og ukrenkeleg, som pontifex maximus var han øvste leiar for religionen. Han stod ikkje fram som despot, men som princeps, fremste mann i staten. Med klok politikk klarde han å forsone den republikanske opposisjonen som framleis fanst.
Slik vart Romarriket eit keisarrike, keisaren var øvste leiar for religionen og det vart til keisardyrking.
Messias, evangeliet om Guds rike.
Jesajas profeterte om at persarkongen Kyros var Guds salvevigde som skulle la Israels-folket få kome heim att til landet sitt. Han var den einaste heidningen i den gamle pakt som vart kalla Guds salvevigde. Det same gjaldt dei andre bortførde folka. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Han sette Serubabel til å leie bygginga av tempelet og Sakarja profeterte om at han og øvstepresten Josva var dei to som var salva. Men Daniel hadde allereie profetert om at den øydande styggedomen vart sett opp, soleis vart prestetenesta øydelagd og erstatta, altså. Og så profeterte han om at den salvevigde vart rydja bort. Det kunne vere ein tenkt statthaldar, som Serubabel, som var salva til tenesta. Så desse tenestene fungerte ikkje lengre altså. Men Gud sende profeten Johannes døyparen og han vitna om at Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd, han var Messias, Guds salvevigde, han var den som hadde bruda. Han frelser menneske og berga med det begge desse tenestene, så dei fungerer i den nye pakta (Joh.Op.11).
Jesus forkynte evangeliet om Guds rike, så det på lang sikt vart svaret og løysinga på alt dette som dei kjempa for i klassekampen, men når det gjaldt jordeigedomane vart det på svært så lang tid, vesentleg fordi den liksom lærde og rike overklassa stod imot. Dei mest fundamentale menneskerettane fekk vi ved at alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande. Han gav oss sitt Ord, då er det viktig for oss å imot det, tru det og tale det. Først og fremst ved å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og snakke med han og takke han for frelsa og så be til Faderen. Han gav oss sin Ande og då er det viktig for oss å bruke den utrustninga han gav oss ved sin Ande. Jesus gav oss salvinga og i 1.Joh.2&4 ser vi at den er essensiell i vår opplæring. Jesus var den som hadde bruda, så det skulle sikre oss retten til å gifte seg, Dette har Paulus forklart oss, mannen skulle vite å vinne seg si eiga kone i helging.
Vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det.
Matt.6,33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.
Gud sa til folket sitt at dei skulle halde seg heilhjarta til han, så ville han velsigne dei.
Salme.20,1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Gjev Herren må bønhøyra deg på trengselsdagen,
Jakobs Gud verna deg!
3 Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen
og gje deg støtte frå Sion!
4 Gjev han må minnast alle dine offergåver
og ta imot ditt brennoffer, Sela
5 gje deg det ditt hjarta ynskjer
og la alle dine planar lukkast.
6 Så vil vi jubla over di frelse
og lyfta banneret i vår Guds namn.
Herren oppfylle alle dine bøner!
7 No veit eg at Herren gjev siger til den han har salva,
og svarar han frå sin heilage himmel;
med si høgre hand gjer han storverk til frelse.
8 Andre lit på vogner og hestar,
men vi prisar namnet åt Herren vår Gud.
9 Dei andre sig i kne og fell,
men vi står og held ut.
10 Herre, gjev kongen siger!
Svar oss den dagen vi ropar!
Salme.119,1 Sæl er den som er heil i si ferd
og fylgjer Herrens lov.
2 Sæle er dei som held hans lovbod
og søkjer han av heile sitt hjarta,
3 dei som ikkje gjer urett,
men ferdast på hans vegar.
…….
9 Korleis skal ein ungdom
halda sin stig rein?
Når han held seg til dine ord.
10 Eg søkjer deg av heile mitt hjarta,
lat meg ikkje villast bort frå dine bod!
Gud er som ein bonde og Ordet hans er som såkorn han sår i åkeren i vond om at det skal spire og vekse og bere frukt, som han så vil hauste. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Vi blir som såkorn som han sår ut i verda, så den ber grøde. Det er tydeleg vis ved at vi forkynner Guds Ord til andre menneske. Denne grøda vil han også hauste.
Så det viktigaste var å ta vare på hjartet sitt.
S.Ordt.4,20 Lyd på det eg seier, son min,
vend øyra til og høyr mine ord!
21 Slepp dei aldri ut or syne,
gøym dei djupt i hjarta!
22 For dei er liv for den som finn dei,
og helsebot for heile kroppen.
23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
for livet går ut frå det.
Jesus kalla rike folk til å selje det som dei hadde og gi det til dei fattige (Luk.18,22), så det verka som å gå mykje lengre enn det som lova sa om frigjevingsåret, då folk skulle få komme attende til odelsjorda si. Men i den fyrste kyrkjelyden i Jerusalem, vart det slik at dei selde gardane sine og gav pengane til kyrkjelyden, så dei kunne dele ut til dei fattige. Med tanke på korleis det gjekk seinare, vart dette det beste dei kunne gjere, for landet vart då hærteke og folket bortførde som slavar.
Guds kone måtte rømde frå Draken, men dei kristne brørne vann over han i kraft av Jesus blod og ordet dei vitna. Og det vart ved hjelp frå Guds englar.
Dei jødiske leiarane ville ha Paulus hendretta, men han anka saka si til keisaren (Ap.gj.22-28). Slik tok han røminga frå Jerusalem, men sidan vart det også klart at heile Guds kone måtte ta røminga.
Joh.Op.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.
Ja, han hadde då lova at dei som kjendest ved han for menneska, ville han kjennast ved for Faderen og då kjendest han ved dei for englane også. Overengelen Mikael og englane hans er ein åndeleg røyndom som har betydning for oss, sjølv om vi ikkje ser det.
Matt.10,32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
Luk.9, 23 Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg. 24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det. 25 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne? 26 For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane. 27 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»
Matt.24,31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.
Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. 10 Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving. 11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. 12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.
Judas.5 Då er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut or Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru. 6 Og dei englane som ikkje tok vare på sitt høge stand, men drog bort frå staden der dei budde, dei held han bundne i mørker med evige lekkjer til domen på den store dagen. 7 Sameleis var det med Sodoma og Gomorra og grannebyane, der folk levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. No ligg dei der som eit døme på straffa i ein evig eld.
8 Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syner sulkar dei til lekamen sin, vanvørder herredøme og spottar englemakter. 9 Men då overengelen Mikael låg i strid med djevelen om lekamen åt Moses, våga han ikkje å spotta djevelen og døma han, men sa: «Herren straffe deg!» 10 Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; og det dei skjønar med sansane sine, liksom vitlause dyr, det tener berre til å tyna dei sjølve.
I følgje Biblex var denne Judas ein yngre bror av Jesus og Jakob, forfattaren av Jakobs brev. Det er skrive i år 80 og likar så mykje på Peters brev at det kan ha same kjelde, sjå til dømes 2.Pet.2,10. Det vert referert til
1.Mos.6,1 Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer. 2 Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha.
Dei vonde englane sitt hovmod og ærelyst, førde til deira fall. I følgje Biblex svarar dette til det greske sagnet om at titanane vart nedkjmepa av Zevs og den zoroastriske legenda om Ahriman og hans englars fall.
Sitat frå https://snl.no/zoroastrisme :
Zoroastrisme er en av verdens eldste levende religioner. Ifølge zoroastrismens egne hellige tekster, Avesta, ble den opprinnelig utformet av den iranske (persiske) religionsstifteren og profeten Zarathustra. Zoroastrismen er mest kjent for sitt verdens- og menneskesyn, der de gode og lyse krefter står i stadig motsetning til løgnens og mørkets makter. Zoroastere regner Avesta som Guds (Ahura Mazdas) ord.
Eg finn ikkje noko bibelvers der det er sagt at Djevelen sreid mot Herrens engel om Moses sin kropp, berre at han fekk ikkje kome inn i det lova landet, han fekk berre sjå inn i det før han døde og vart gravlagd.
5.Mos.34, 4 Og Herren sa til han: «Dette er det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob at eg ville gje ætta deira. No har eg late deg sjå det for augo dine, men du får ikkje koma inn i det.»
5 Så døydde Moses, Herrens tenar, der i Moab, som Herren hadde sagt. 6 Og han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor. Og til denne dag har ingen visst kvar grava hans er.
Men eg finn liknande formulering når Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva.
Sak.3,1 Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.» 5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der.
I Daniels bok er det også tale om hovdingen Mikael og kong Mikael.
Dan.10,13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen.
Dan.12,1 På den tid skal Mikael,
den store fyrsten, stiga fram,
han som vernar dine landsmenn.
Det skal koma ei trengselstid
som det ikkje har vore maken til
heilt sidan folkeslag vart til.
Men på den tid skal folket ditt verta frelst,
alle som er oppskrivne i boka.
Eg har tidlegare skrive at hovding Mikael i Dan.10,13 kunne høve med filosofen Thales, då kunne vel kong Mikael i Dan.12,1 høve med filosofen Platon. Eg tenker meg at med ideverda si kunne dei ha kontakt med overengelen Mikael og englane hans, som ein åndeleg røyndom. Sidan kom der ein stor konge med denne filosofiske overbygnaden, platonismen altså, men då er det ikkje berre tome teoriar, men ein åndeleg røyndom. Då må det vel vere med trua på Gud og hans rike, når kristendomen vart statsreligion i Romarriket altså.
Denne åndelege makta og autoriteten var allereie etablert i renessansen, og var viktig for pionerane i den nye naturvitskapen og rasjonalistane, til samanlikning med englane for dei sju kyrkjelydane i Joh.Op.1-3. Då var det faktisk prestane i den katolske kyrkja som opponerte. Eg trur og meiner Joh.Op.17 er profeti om renessansen, med den nye naturvitskapen og nasjonal frigjering og demokrati. Dei som trur på Jesus og er trugne mot han, skal sigre over Dyret og dei ti horna.
Joh.Op.17,12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. 16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»

