Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias.

Innleiing; Når Salomo vart konge, fekk han fred på alle kantar, men han etterlet seg eit dårleg grunnlag for fred. Men Kristus hadde større visdom og la eit godt grunnlag for fred.

Når Salomo vart konge etter David, far sin, fekk han fred på alle kantar og fekk bygt tempelet. Med det kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane, men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket. 

Når keisar Augustus kom til makta i Romarriket, kom det ei fredeleg tid, så folk snakka om å starte ei ny tidsrekning ved han, men den kom ved Jesu fødsel og det med god grunn. Han hadde større visdom enn Salomo og la grunnlaget for varig fred, for Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget får vi fred med Gud. Jesu frelseverk var fullført og fullkome og den nyfødde kristne kyrkja vart bygd på det grunnlaget. 

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød, som kom ned som manna frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre han og sende oss den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er framleis berre for oss å ta imot i tru, han gir oss seg sjølv som livsens brød, slik det er symbolisert i nattverden og det er berre for oss å ta imot i tru og leve av det.

Slik er det også vi skal vente på Jesu gjenkomst, det er først og fremst ved å ta imot han som livsens brød, som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, slik at vi lever av det. Så vi kan seie som Paulus, at hans nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.

Så vi blir som dei fem vituge brurmøyane som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Når dei då høyrde ropet om at brudgomen kjem, etterfyllte dei lampane og gjekk han i møte med lys på lampane. Dei trudde framleis at Guds nåde var nok for dei, soleis hadde dei nok olje med seg, dei trudde framleis at dei fekk ta imot han av berre nåde, så dei gjekk han imøte og tok imot han når han kom og vart med han inne til bryllaupet (Matt.25,1-13).

Når David vart gammal, vart han ikkje lengre med hæren i strid, for dei ville ikkje ta sjansen på at Israels lampe skulle slokne, ved at han falt i krigen (2.Sam.21). Og så fekk han ei ung vakker jente til hushjelp, som også skulle halde han varm i senga.

Når David vart gammal, ville ikkje mennene hans ha han med seg ut i striden lenger, for dei var redde for at han skulle verte felt. Det gjekk slik til:

2.Sam.21,15 Endå ein gong vart det krig mellom filistarane og israelittane. David og mennene hans drog ned og stridde mot filistarane, og David vart trøytt og sliten. 16 Då tenkte Jisjbi-Benob, ein av etterkomarane etter Rafa, å fella han. Jisjbi-Benob hadde eit bronsespyd som vog tre hundre sekel, og han bar eit nytt sverd.  17 Men Abisjai Serujason kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då gjorde Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i striden. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.»

Dei visste sikkert at han hadde skrive salmar der han lovprisa Gud for at han kunne ta si tilflukt til han og vere berga, det var lærdom og profeti som vart til lyd for dei, slik var han Israels lampe som dei ville den framleis skulle skine for dei.

Dei gav han ei vakker ung jente til hushjelp, så ho endå til skulle halde han varm i senga, men han gjorde ikkje hor med henne og det var heller ikkje samleie som kona hans, men det kunne ha ei symbolsk tyding, at dei førde folket til han som ei brud. Kom i hug at Akitofel prøvde å føre folket til Absalom som ei brud, i staden for å føre det til David.

1.Kong.1,1 Då kong David var gamal og langt oppi åra, greidde han ikkje halda seg varm lenger, jamvel om dei breidde teppe på han.  2 Difor sa mennene hans til han: «Lat dei finna ei ung jente til deg, herre konge, ei møy som kan stå til teneste og stella om deg. Når ho ligg i armane dine, vert du nok varm, herre konge.» 3 Så leita dei i heile Israels-landet etter ei ven jente; og då dei fann Abisjag frå Sjunem, kom dei til kongen med henne. 4 Det var ei ovven jente, og ho stelte om kongen og tente han. Men han låg ikkje med henne.

Adonja utropte seg sjølv til konge, men det var eigentleg eit kuppforsøk.

Adonja var nest eldste son til David og når David var gammal og skrøpeleg, utrope seg sjølv til konge og laga ein stor fest, for å feire det. Men det var eigentleg eit kuppforsøk.

1.Kong.1,1  Adonja, son til Haggit, hadde store tankar om seg sjølv og sa: «Eg vil vera konge.» Og så fekk han seg vogner og hestar og femti mann som skulle springa framføre han.  6 Faren hadde aldri tala han til rettes og spurt kvifor han bar seg så eller så åt. Adonja var uvanleg ven. Han var fødd nest etter Absalom.

7 Adonja samrådde seg med Joab Serujason og med presten Abjatar, som fylgde han og hjelpte han.  8 Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok, Benaja Jojadason, profeten Natan, Sjimi, Re’i og dei beste krigarane åt David.

9 Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar bortmed Sohelet-steinen, som ligg attmed Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, kongssønene, og alle judearar som var i teneste hjå kongen.  10 Men han bad ikkje profeten Natan, Benaja og krigarane og heller ikkje Salomo, bror sin.

Salomo vart salva til konge.

Når David fekk vite dette, sa han at presten Sadok og profeten Natan skulle salve Salomo til konge etter han, dei skulle la han ri på muldyret hans ned til Gihon-kjelda og der skulle dei salve han til konge. Så skulle han sette seg på kongsstolen i staden for han. Dei så gjorde, etter salvinga annonserte dei det med å blåse i horn og så feira dei det med på spele på fløyte og juble. 

Ja, det var då David som var salva til konge og dei gjorde slik som han sa og salva son hans, Salomo, til konge etter han, så det var salvinga som var så viktig her og dei feira det på ein enkel og fin måte. Og Adonja måtte audmjuke seg for Salomo.

1.Kong.1,11 Då sa Natan til Batseba, mor til Salomo: «Du har vel høyrt at Adonja, son til Haggit, har vorte konge, og David, herren vår, veit ikkje om det? 12 Lat meg no få gje deg eit råd, så du kan berga både ditt eige liv og livet åt Salomo, son din. 13 Gå inn til kong David og sei til han: Herre konge, har du ikkje med eid lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din? Korleis har det då gått til at Adonja har vorte konge? 14 Og så, medan du enno står der og talar med kongen, skal eg koma inn og stadfesta det du seier.»

15 Då gjekk Batseba inn i soveromet til kongen. Han var svært gamal no, og Abisjag frå Sjunem stelte for han. 16 Batseba la seg på kne og bøygde seg for kongen, og han spurde: «Kva er det du vil?» 17 Ho svara: «Herre, du har svore ved Herren din Gud og lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din. 18 Men no har Adonja vorte konge, og du, herre konge, veit ikkje om det. 19 Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede. 20 No vender heile Israel augo sine mot deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera for dei kven som skal sitja på kongsstolen etter deg, herre konge. 21 Elles kjem skulda til å kvila på meg og Salomo, son min, når du, herre konge, kviler hjå fedrane dine.»

22 Medan ho endå tala med kongen, kom profeten Natan, 23 og dei gjekk til kongen og sa at profeten Natan var der. Så steig han fram for kongen og kasta seg ned for han med andletet mot jorda. 24 «Herre konge,» sa Natan, «har du sagt at Adonja skal vera konge etter deg og sitja på kongsstolen din? 25 I dag har han gått ned og slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, føraren for hæren og presten Abjatar. No et og drikk dei i lag med han og ropar: Leve kong Adonja! 26 Men meg, tenaren din, har han ikkje bede og heller ikkje presten Sadok eller Benaja Jojadason eller Salomo, tenaren din. 27 Kan dette vera kome frå deg, herre konge, utan at du har late tenarane dine få vita kven som skal sitja på kongsstolen etter deg?»

28 Då tok kong David til ords og sa: «Kall Batseba hit til meg!» Ho kom fram for kongen og vart ståande der. 29 Kongen svor og sa: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:  30 Det eg før har svore ved Herren, Israels Gud, og lova deg, at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja på kongsstolen i min stad, det set eg i verk i denne dag.» 31 Då la Batseba seg på kne for kongen, bøygde seg til jorda og sa: «Gjev herren min, kong David, må leva evig!»

Salomo vert konge

32 Så sa kong David: «Kall presten Sadok, profeten Natan og Benaja Jojadason hit til meg!» Då dei kom fram for kongen,  33 sa han til dei: «Ta med dykk kongsmennene! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda!  34 Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Og de skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo! 35 Så skal de fylgja han opp att. Og når han kjem hit, skal han setja seg på kongsstolen min og vera konge i min stad; for det er han eg har etla til fyrste over Israel og Juda.»

36 Då tok Benaja Jojadason til ords og sa til kongen: «Ja, så skal det vera! Gjev Herren din Gud må stadfesta det du seier, herre konge! 37 Gjev Herren må vera med Salomo som han har vore med deg, og gjera hans kongsstol endå større enn din, herre konge.»

38 Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta. Dei lét Salomo ri på muldyret åt kong David og førte han ned til Gihon-kjelda. 39 Presten Sadok hadde teke med seg oljehornet frå Herrens telt, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!»  40 Så fylgde heile hopen han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt. Det var så jorda reint ville rivna av lyden.

41 Dette høyrde Adonja og alle gjestene hans. Dei var nett ferdige med måltidet, då Joab høyrde lyden av horn og sa: «Kvifor er det slikt ståk i byen?» 42 Ikkje før hadde han sagt det, så kom Jonatan, son til presten Abjatar. «Kom hit!» sa Adonja. «Du er ein påliteleg mann og kjem visst med godt nytt.»  43 «Nei,» svara Jonatan. «Kong David, herren vår, har gjort Salomo til konge. 44 Han sende presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta med han, og dei lét Salomo ri på muldyret åt kongen. 45 Og presten Sadok og profeten Natan salva han til konge attmed Gihon-kjelda. Så fór dei opp att med glederop, og no er det oppstyr i byen. Det er ståket de høyrer. 46 Salomo har alt sett seg på kongsstolen, 47 og kongsmennene har kome og ynskt kong David, herren vår, til lukke. Dei seier: Gjev din Gud må gjera Salomo meir namngjeten enn deg og gjera hans kongsstol endå større enn din. Då bøygde kongen seg i bøn på lega si 48 og sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag har sett ein av etterkomarane mine på kongsstolen, så eg har fått sjå det med eigne augo.»

49 Då vart dei reint forstøkte, alle gjestene åt Adonja. Dei tok ut og gjekk kvar til sin kant. 50 Adonja vart så redd for Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip om altarhorna. 51 Salomo fekk melding om at Adonja hadde vorte så redd for kongen at han hadde gripe om altarhorna og sagt: «No må kong Salomo lova meg med eid at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.» 52 Salomo sa: «Vil han fara fram som ein ærleg mann, skal det ikkje verta skadt eit hår på hovudet hans. Men viser det seg at han har vonde planar, skal han døy.» 53 Så sende kong Salomo folk av stad, og dei tok han ned frå altaret. Då han kom til kong Salomo, kasta han seg ned for han, og Salomo sa til han: «Du kan gå heim til deg sjølv.»

Salvinga var symbol på den Heilage Ande og Gihon-kjelda har sikkert også ei symbols tyding her, som symbol på frelses-kjelda, gledes-kjelda, kjelda med det levande vatnet. I følgje Biblex var Gihon-kjelda i Kedron-dalen, rett nedfor Jerusalems austmur, nye kongar som vart krona, skulle drikke av den.

Salme.110,7 7 Kongen drikk or bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.

Samanlikne med at Jesus reid inn i Jerusalem.

Til samanlikning med Salomos kroningsferd, reid Jesus inn i Jerusalem på ein asenfole.

Matt.21,1 Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg 2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg. 3 Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong.» 4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten, når han seier:

5 Sei til Sions dotter:

Sjå, kongen din kjem til deg,

audmjuk rid han på eit esel,

folen til eit kløvdyr.  

6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. 7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.  8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen.  9 Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa: 

Hosianna, Davids son!

Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!

Hosianna i det høgste!

10 Då han drog inn i Jerusalem, kom heile byen i rørsle og spurde: «Kven er dette?» 11 Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

Sak.9,9 Gled deg storleg, Sions dotter,

set i og jubla, Jerusalem!

Sjå, kongen din kjem til deg.

Rettferdig er han, og siger har han fått;

audmjuk rid han på eit esel,

på den unge eselfolen.

10 Eg vil rydja ut vognene i Efraim

og hestane i Jerusalem,

og stridsbogen skal brytast sund.

Han skal skapa fred for folka,

hans velde skal nå frå hav til hav,

frå Eufrat til heimsens endar.

Jes.62,10 Dra ut, dra ut gjennom portane,

og ryd ein veg for folket!

Bygg, ja bygg ein kongsveg

og reinsa han vel for stein!

Reis ei merkestong for folka! 

11 Høyr, Herren lèt det ljoma

til heimsens ende:

Sei til Sions dotter:

Sjå, di frelse kjem!

Sjå, dei han fekk i løn, er med han,

dei han vann, går føre han. 

12 Dei skal kallast det heilage folket,

dei som Herren har løyst ut.

Og sjølv skal du kallast den søkte,

byen som ikkje ligg aud og tom.

Adonja ville ha Abisjag til kone, men Salomo mistenkte det for å vere eit nytt kuppforsøk og gav ordre om at han skulle drepast.

Adonja bad Batseba om å be Salomo om å få Abisjag til kone, men kvifor gjekk han ikkje framfor Salomo og spurde han sjølv? Dersom dei begge vill ha henne til kone, kvifor spurde dei ikkje henne sjølv? Dette verka svært så rart utifrå vår moderne tankegang. Men når Adonja spurde Batseba, påstod han at eigentleg var det han som skulle ha vorte konge og så brukte han det som argument for å få Abisjag til kone, dermed fekk Salomo god grunn til å mistenke at det var spiren til eit nytt kuppforsøk, så han gav ordre om at han skulle drepast. Dermed mista David ein son til, den fjerde, inkludert lausungen han hadde fått med Batseba. Salomo nytta høvet til å hemne noko meir, slik som David hadde råda han til og sidan hadde han kongedømet trygt i si hand.

1.Kong.2,13 Ein dag kom Adonja, son til Haggit, inn til Batseba, mor åt Salomo. «Kjem du i fredeleg ærend?» spurde ho. «Ja,» svara han, 14 «eg har noko å tala med deg om.» «Tal du!» sa ho. 15 Då sa han: «Du veit at kongedømet med rette var mitt, og heile Israel venta at eg skulle verta konge. Men så gjekk kongedømet over frå meg til bror min. Han fekk det av Herren sjølv.  16 No er det berre ein ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» «Sei det!» svara Batseba. 17 Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.»  18 Batseba svara: «Ja vel, eg skal tala med kongen for deg.»

19 Så gjekk Batseba til kong Salomo og ville leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Det vart sett fram ein stol for kongsmora, og ho sette seg attmed han på høgre sida. 20 Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» Kongen svara: «Sei kva du ynskjer, mor! Eg viser deg ikkje bort.» 21 Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»

22 Men kong Salomo tok til ords og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongedømet for han. Han er då bror min og eldre enn eg, og han har presten Abjatar og Joab Serujason på si side.»  23 Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet! 24 Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, såleis som han lova: Adonja skal døy, og det i denne dag!»  25 Så sende kong Salomo Benaja Jojadason i veg; han rauk på Adonja og drap han.

Salomo bad Herren om visdom til å styre rett, det likte han og ville gi han mykje meir i tillegg til det. 

Gud viste seg for Salomo i ein draum og spurde han kva han ville ha og han bad Gud gir han eit høyrsamt hjarta, så han kunne styre rett.

1.Kong.3,4 Ein gong fór kongen til Gibeon og ville ofra der, sidan det var den største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der.

5 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta og sa: «Sei kva du vil at eg skal gje deg!»  6 Salomo svara: «Du har vist stor godleik mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i truskap og rettferd og hadde eit hjarta som var ærleg mot deg. Og denne store godleiken mot han har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. 7 No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar.  8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast. 9 Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?»

10 Herren tykte vel om bøna åt Salomo. 11 Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett, 12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan.  13 Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane.  14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»  15 Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine.

Her kan det høve å minne 

Matt.6,33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.

Gud gav Salomo ein visdom når han var ung, som gjorde han visare enn alle, så den kom i tillegg til visdomen han hadde fått frå dei gamle også frå far sin og det er tydeleg at denne visdomen finn vi i Høgsongen.

«Den Lytelause Reine» i Salomos Høgsong.

Då er det svært så sannsynleg at Abisjag frå Sjunem vart Salomos kone, kanskje vart han også inspirert av henne til å skrive om henne som «den Lytelause Reine» i Salomos Høgsong, men dette er berre spekulasjonar. Salomo kalla «den Lytelause Reine» for si syster, som eit uttrykk for kjærleik, altså, og Abisjag frå Sjunem hadde då butt heime hos far hans, som om ho var hans syster. Men Herren hadde sagt at han ville vere far for Salomo og poenget er nok at han var far for henne også, dei var Guds born, slik som Moses hadde sagt at Guds folk skulle vere.

Høgs.4,8 Kom med meg frå Libanon, mi brur,

kom med meg frå Libanon!

Stig ned frå Amanas tind,

frå toppen av Senir og Hermon,

frå løveheimar, frå panterfjell. 

9 Du har fanga min hug, mi syster, mi brur.

Du har fanga min hug med eit einaste augnekast,

med ei av lekkjene om din hals. 

10 Kor fager din kjærleik er, mi syster, mi brur!

Din kjærleik er betre enn vin,

og angen av dine salvar

meir ljuvleg enn balsam. 

11 Av honning dryp dine lipper, mi brur.

Honning og mjølk er under di tunge.

Angen av kleda dine

er som angen på Libanon. 

12 Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,

ein avstengd hage med kjelda forsegla. 

13 Dine lemer er som ein lund av granataplar

med den gildaste frukt,

av hennabuskar og nardusplanter, 

14 nardus, krokus, kalmus og kanel

og angande tre av alle slag,

myrra, aloë og alle slag balsam.

15 Du er som kjelda i ein hage,

ei oppkome med sildrande vatn,

som bekker frå Libanon. 

16 «Vakna, nordavind!

Kom, sønnavind!

Blås igjennom min hage,

så angen får strøyma fritt.

Gjev min ven ville koma til sin hage

og eta hans herlege frukt!»

Høgs.5,1 «Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,

og plukkar min myrra og balsam.

Eg et min honning og mi honningkake

og drikk min vin og mi mjølk.»

Ja, et og drikk, mine vener,

og lat kjærleiken riva dykk med!

Så Salomo inviterte sine vener til å vere med på å feire kjærleiken mellom han og hans brud, sentralt i dette er bryllaupsfeiringa, men kjærleiken var der først og kunne feirast allereie då.

Høgs.8,5 Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,

stødd til sin ven?

Under apalen vekte eg deg,

der mor di hadde føderier,

der ho fødde deg. 

6 Set meg til eit segl på ditt hjarta,

eit segl på din arm!

For kjærleiken er sterk som døden

og mektig som dødsriket i si trå.

Han brenn som logande eld,

han logar mot himmelen.  

7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,

elvar kan ikkje fløyma han bort.

Om einkvan ville gje

alt han åtte for kjærleik,

så vart han berre til narr. 

Kva skal vi gjera med syster vår?

8 «Vi har ei lita syster,

som enno ikkje har bryst.

Kva skal vi gjera med syster vår

når friarane kjem?

9 Er ho ein mur, vil vi byggja

tindar av sølv på han.

Er ho ei dør, vil vi stengja henne

med ein sederplanke.»

10 Eg er ein mur,

og mine bryst er som tårn.

I augo hans har eg vorte

lik ei som finn fred.

 Vingarden, frå Salomo til Jesus.

I Høgsangen er vinen symbol på kjærleiken, så kjærleikens hage kan kallast ein vingar, i slutten av Høgsongen vert det sagt at Salomo leigde ut vingarden og men «den Lytelause Reine» hadde sin eigen vingard. Så kan faktisk tolkast slik at han ville tene pengar på å leige ut vingarden og så vart det skilsmisse mellom dei. Men dette strir då mot det som vert sagt i Høgs.8,7.

Høgs.8,11 Salomo hadde ein vingard i Ba’al-Hamon.

Den gav han til vaktmenn,

og kvar skulle gje han

tusen sekel sølv for frukta.  

12 Eg har min eigen vingard.

Dei tusen sekel er dine, Salomo,

to hundre er til dei som vaktar frukta. 

Lat meg få høyra di røyst!

13 «Du møy som held til i hagane,

venene lyder på deg.

Lat meg få høyra di røyst!»

14 «Skunda deg, min ven,

fly som gasellen og den unge hjort

over balsam-angande fjell!»

For å forstå dette, trur eg vi må gå rett til det som Jesus sa om vingarden og paktarane.

Luk.20,9 Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:

«Det var ein gong ein mann som planta ein vingard og leigde han bort til nokre vindyrkarar. Så drog han ut or landet og skulle vera borte i lang tid.  10 Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei slo han og lét han gå tomhendt bort.  11 Då sende eigaren ein annan tenar; men dei slo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort. 12 Endå ein tredje sende han, og han slo dei til blods, og så kasta dei han ut. 13 Kva skal eg no gjera? tenkte han som åtte vingarden. Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær; han har dei nok age for. 14 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så vert arven vår.  15 Så kasta dei han ut or vingarden og slo han i hel.

Kva skal no vingardsherren gjera med desse paktarane?  16 Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!» 17 Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive:

Den steinen bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein?

18 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

19 Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.

Jesus har bruda og han har større visdom enn Salomo.

Johannes døyparen sa at alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, han sa også at Jesus er Messias (gresk: Kristus), det betyr den salvevigde, her er salveoljen symbol på den Heilage Ande. Han er den som døyper med den Heilage Ande og han er den som har bruda.

Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.  10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

…….

32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han.  33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande.  34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»

Joh.3,27  Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen.  28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.  30 Han skal veksa, eg skal minka.

Jesus sa han hadde større visdom enn Salomo.

Matt.12,42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.

Han sa vi måtte verte som born, ja, fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inni det.

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.»  

…….

 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 

……..

13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.  14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.  17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.


21 responses to “Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias.”

  1. Ny Tid 66. Endetidssyn 41. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 23. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  2. Ny Tid 67. Endetidssyn 42. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 24. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  3. Ny Tid 67. Endetidssyn 42. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 24. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  4. Ny Tid 68. Endetidssyn 43. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 25. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  5. Ny Tid 69. Endetidssyn 44. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 26. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  6. Ny Tid 69. Endetidssyn 44. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 26. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  7. Ny Tid 70. Endetidssyn 45. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 27. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  8. Ny Tid 67. Point of view on  “The Ending of  Time” 42. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes somthing new, he puts it into action, while we are still in this world. 24. There was peace during Solomon’s reign, but he Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  9. Ny Tid 66. Endetidssyn 41. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 23. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  10. Ny Tid 66. Endetidssyn 41. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 23. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  11. Ny Tid 66. Endetidssyn 41. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 23. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  12. Ny Tid 67. Point of view on  “The Ending of  Time” 42. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes somthing new, he puts it into action, while we are still in this world. 24. There was peace during Solomon’s reign, but he Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  13. Ny Tid 67. Point of view on  “The Ending of  Time” 42. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes somthing new, he puts it into action, while we are still in this world. 24. There was peace during Solomon’s reign, but he Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  14. Ny Tid 68. Point of view on  “The Ending of  Time” 43. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes somthing new, he puts it into action, while we are still in this world. 25. There was peace during Solomon’s reign, but Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  15. Ny Tid 69. Endetidssyn 44. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 26. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  16. Ny Tid 69. Endetidssyn 44. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 26. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  17. Ny Tid 69. End-time vision 44. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 26. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good foun Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  18. New Time 69. End-time vision 44. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 26. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good fo Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  19. Ny Tid 70. End Time Vision 45. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 27. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good foun Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  20. New Time 70. End Time Vision 45. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 27. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good fo Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

  21. New Time 70. End Time Vision 45. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 27. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good fo Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1. […]

    Like

Leave a reply to Ny Tid 69. Endetidssyn 44. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 26. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. Cancel reply