Ny tid 11. Gud utgyter sin Ande over alt kjøt. Så kjem rettssaka i Josjafatdalen (Joel.3). Kva er det?

Biletet: Riket til Aleksander den Store. I Joels bok er det tale om fienden frå nord.  Alle dei fire store rika som Daniel profeterte om kunne forståast som fienden frå nord, men i Joels bok var det mest sansynleg riket til Aleksander den Store. Korleis kom det til å gå? Persarkongen Artaxerxes 3. selde Sidonarane som slavar i 345 f.Kr (Esekiel.28,20-26). Aleksander den Store selde folket i Tyros (Esekiel.26-28,10)  og i filistarbyen Gasa (Esekiel.25,15-17)   som slavar i 332 f.Kr. Esekiel sine profetiar om det står i parantes. Dette har eg frå Biblex si forklaring til Joels bok.

Esekiel var profet omlag 592-570 f.Kr og Babylonarane hærtok Jerusalem i 587 f.Kr. Esekiel profeterte om det og at det gjekk slik med grannefolka også (Esekiel.25…..). Profetien om Tyrus er ein svært så interessant og lærerik profeti. Vi kan samanlikne med den politiske diskusjonen i Aten, inntil Aleksander den Store tok makta. Det er meir usikkert når Joel var profet, i følgje Biblex er gjetningane i tida 700-300 f.Kr.

Lær oss å telje våre dagar i nådetida rett.

Kva kjem etter endetida, kva kjem etter nådetida, er det same spørsmålet? Kva kjem etter den siste tid? Det må vel vere æva. Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga, sa han at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende. Og der er profetiar som høyrest ut som at når han kjem att for å hente sine, så blir det verda sin undergang. Den tradisjonell oppfatninga hos pinsevennane er at då kjem det i fæl trengsletid. Men det vart det også etter at han kom første gangen. Kan det vere i historie som gjentek seg? Han vart krossfesta i år 30 og førti år seinare vart Jerusalem lagt i grus. Dei vart straffa fordi dei avviste han. Og det er framleis slik for dei som har fått høyre den glade bodskapen at det følgjer eit visst ansvar med det, både for seg sjølv og andre.

Gå endetida i møte.

Daniel fakk mange profetiar om endetida, der skulle komm. Så fekk Daniel ein profeti om at den øydande styggedomen skulle verte oppsett og eit syn der ein mann spurde kor lenge den øydande styggedomen skulle verte ståande. Då er det først tale om ei tid, så tider og ei halv tid. Om ei tid er eit år, så må det minst vere tre og eit halvt år. Sidan er det tale om dagar, meir nøyaktig altså. Tre og eit halvt år er nøyaktig 1277 dagar.

Dan.12,5 Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva. 6 Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: «Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?»  7 Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.»  8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er endelykta på dette?» 9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.  11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar.  12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»

I Johannes Openberring vert det fortalt at Johannes fekk stige opp i himmelen og fekk sjå at Jesus, Guds Lam, var verdig til å få profetboka og braut eitt og eitt segl på den, så Johannes fekk syner og openberringar, både om hans eiga samtid, det han hadde vore med på og vore vitne til, det som var i ferd med å skje og kva som sidan skulle hende.

Messias-profetien og den mørke dagen i Joel.3.

Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt og dette bibelverset vart sentralt i den karismatiske rørsla i vår tid. Her og no tek eg med nokre vers til. Då skal vi først og fremst merke oss at i vers 4 vert det sagt at det vart mørkt, før Herrens dag og det er dommedag som også vert kalla Herrens dag. I Johannes Openbrring sa Johannes at han var på Patmos på Herrens dag. Denne tidfestinga er og må vere vesentleg i vår tolking av profetiane.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Denne vekkinga byrja med at Jesus vart døyt av Johannes og at då kom den Heilage Ande over Jesus, for han var Guds Son og Guds Messias. Det var i år 27 e.Kr. Han var den som døypte med den Heilage Ande, han forkynte evangeliet om Gud rike og valde ut sine disiplar og sende dei ut med denne glade bodskapen. Først og fremst var det berre til jødane, men sidan skulle det verte til heidningane også. Dei kom til å få motstand, så dei måtte kvar dag ta opp krossen sin og følgje etter han. Johannes døyparen vart drepen i år 28/29 og Jesus var drepen i år 30. Desse årstala har eg frå tidstabellen i bibeloversetjinga frå 1978/85. Det varde i omlag 3 og eit halvt år altså. Det høver med dei dagane Daniel profeterte om, altså.

Rettferdssola gå opp med lækjedom under sine venger.

Mal.3,2 Men for dykk som har age for mitt namn,

skal rettferdssola renna

med lækjedom under sine venger.

De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar

når dei slepp or fjøset.

Det er tale om eit åndelg lys.

Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.  2 Han var i opphavet hjå Gud.  3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til.  4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans.  7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.  10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

2.Kor.4,3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt.  4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.  5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.  6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.  

Men dei fekk motstand frå mørkets makt, rettferdssola vart formørka for folket, så det vart mørkt i landet, det er fyrst og fremst tale om eit åndeleg mørke, altså. Men når Jesus vart krossfesta, høyrest det ut som det også var fysisk mørke, som om det skulle vere ei solformørking og/eller tunge skyer, eigentleg har vi ikkje noko sikker forklaring på det, men det ser slik ut:

Mark.15, Så krossfeste dei han. Kleda hans skifte dei mellom seg og kasta lodd om kva kvar skulle ha.  25 Det var ikring den tredje timen dei krossfeste han. 26 Og innskrifta med klagemålet mot han lydde: «Kongen over jødane».

27 Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. 28 Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna mellom brotsmenn.  29 Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: «No, du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar!  30 Frels deg sjølv og stig ned av krossen!» 31 På same måten gjorde overprestane og dei skriftlærde narr av han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa! 32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.

Jesus døyr

33 Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen.  34 Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»  35 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» 36 Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.»  37 Men Jesus ropa høgt og anda ut. 38 Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned.  39 Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!»

Den mørke dagen i Amos.8.

Sjå også Amos.8,9.

Amos.8,4 Høyr, de som trakkar fattigfolk ned

og gjer ende på dei hjelpelause i landet!

5 De seier: «Når er nymånedagen slutt,

så vi kan selja korn,

og sabbaten til ende,

så vi kan opna vår kornbu?»

Då gjev de ringt mål

og tek for stor betaling

og fuskar med falske vekter. 

6 De kjøper småkårsfolk for pengar,

ein fattig stakkar for eit par skor

og seier: «No sel vi avfallskorn!» 

7 Herren har svore ved Jakobs ære:

Aldri skal eg gløyma

alt det dei har gjort!  

8 Må ikkje jorda skjelva for slikt,

så alle som bur der, syrgjer?

Ja, må ho ikkje stiga som Nilen,

stiga og siga som elva i Egypt? 

Ulukkedagen

Den dagen skal det henda,

lyder ordet frå Herren Gud:

Eg lèt sola glada middagstider,

gjer jorda mørk ved høgljos dag.

10 Eg gjer dykkar festar til syrgjehøgtid

og alle dykkar viser til klagesong.

Eg legg syrgjeklede om alle lender

og lèt kvart hovud rakast snautt.

Eg valdar slik sorg

som når ein syrgjer over einaste sonen,

og enden vert som ein ulukkedag. 

Hunger etter Herrens ord

11 Sjå, dagar skal koma,

lyder ordet frå Herren Gud,

då eg sender hunger i landet,

ikkje hunger etter brød eller torste etter vatn,

men etter å høyra Herrens ord. 

12 Dei skal flakka om frå hav til hav,

sviva ikring frå nord til aust

og leita etter Herrens ord,

men dei skal ikkje finna det.

Samanlikn med bodskapen til Paulus. 

Domen over synda i kjøtet og frelse for sjela.

Det kan høyrast ut som denne mørke dagen var Herrens dag og dommedag, men då var det altså på den måten at Jesus vart dømd og døde i staden for oss. Dette har eg skrive om i «Ny tid 10», men Rom.8,3 er nok det sentrale verset som forklarar det best:

Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.  4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. 6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred.  7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller.  8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til.  10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud.  11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

Ja, så bygginga av det nye tempelet skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande (Sak.4).

Paulus sa også at kvar den som kallar på Herrens namn skal verte frelst og så talte han om ein liten rest som vart frelst. 

Rom.10,1 Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste. 2 For det vitnemålet må eg gje dei at dei brenn for Guds sak, men ikkje med skjøn.  3 Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå Gud.  4 For Kristus er endelykta åt lova, så kvar den som trur, vert rettferdig for Gud.

5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova.  6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned –  7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst.  10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste.  11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.  13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

Rom.11,1 No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein.  2 Gud har ikkje støytt frå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel? 3 Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.  4 Men kva svar fekk han frå Gud? Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygt kne for Ba’al.  5 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.  6 Men er det av nåde, er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden nåde.  7 Kva så? Det Israel strevar etter, har dei ikkje nått, men dei utvalde har nått det. Dei andre har vorte forherda,  8 som det står skrive:

Gud har gjeve dei ei sløv ånd,

augo som ikkje ser og øyro som ikkje høyrer,

heilt til denne dag.

9 Og David seier:

Lat bordet deira verta ei snare og ei felle,

så dei snåvar og får si straff.

10 Lat augo deira dimmast,

så dei ikkje kan sjå,

og lat ryggen deira vera bøygd for alltid.

Kristus sigra på korset, Kristi omskjering.

Kristus sigra med sin død på korset.

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud!  8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus.  9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg,  10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad.  11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda.  12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde.  13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder.  14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen.  15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Den Duglause Hyrdingen, sett i eit lengre tids-perspektiv.

I Sak.11 er det profetert om om at den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlaren og så at Judas sveik Jesus (v. 12-13). Men profetien om den Duglause hyrdingen strekker seg over eit lengre tidsrom, både i fortid og framtid.

Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.  6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –  8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.

Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.  11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.  13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.  14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som 

ikkje ser etter dei som går seg bort,

ikkje leitar etter dei som går seg vilt,

ikkje lækjer dei som er skadde,

ikkje syter for mat til dei friske,

men et kjøtet av dei feite dyra

og riv klauvene av dei.»

17 Ve den duglause hyrdingen min,

som går bort frå sauene!

Sverd mot armen og høgre auga hans!

Armen hans skal visna bort,

og det høgre auga sløkkjast ut.

Joel.3 sett i lengre tidsperspektiv. 

I Jeol.1-2 er det tale om grashoppesvermar som kom og åt opp grøda. I Biblex er det fortalt at dei kom vanleg vis frå sør og aust, med vinden, svermane kunne vere så tette at dei skugga for sola, soleis vert det profetert om ein mørk dag i Joel.3,3-4. Men i Joel.1-2 vert det brukt symbolsk om ein fiende frå nord, kven var det? I Daniels bok er det fortalt at Herren streid mot Persar-kongen, i dei historiske skriftene Esra, Ester og Nehamja ser det ut til at jødane etter kvart kom godt ut av det med Persarkongane, men det var etter vanskelege konflikter, så det kunne vel vere fordi Herren streid imot dei på sin måte. Derfor må fienden frå nord, grahoppesvermane, mest sannsynleg vere det greske riket og det gresk-syriske Selevkideriket. Det høver også best med Messias-profetien.

Til samanlikning med Sak.11 kan vi også sjå Joel 3. i eit lengre tids-perspektiv, til dømes når det er tale om sola og månen, blod eld og røykskyer, ord og uttrykk som vi finn igjen i Johannes Openberring, til dømes kapittel 12. Gud ville samle folka og halde rettssak med dei, fordi dei selde folket hans. Sidan det her er tale om fortid, måtte det referere til at dei vart bortførde til Babylonia. Det var føresagt av profetane, Jeremias sa endå til at dei skulle overgje seg frivillig, for Babylonar-kongen Nebukadnesar var Guds tenar. Stormennene og herskarane i Jerusalem meinte at han prøvde å få til opprør og straffa han for det, kven var det då som sveik kven? Kven var det som selde folket eigentleg?

Gud vil halde rettssak med folka fordi dei selde folket hans.

Joel.3,6 For sjå, i dei dagar og på den tid,

når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 

7 då vil eg samla alle folkeslag

og føra dei ned i Josjafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei

om Israel, mitt folk og min eigedom,

som dei spreidde mellom folka.

Dei delte landet mitt  

8 og kasta lodd om folket mitt;

dei gav ein gut for ei skjøkje

og selde ei jente for vin – og drakk.

9 Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve, 10 for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel. 11 De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land.  12 No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort. 13 Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala. 

14 Rop dette ut mellom folka:

Bu dykk til heilag krig, vekk krigarane!

Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!

15 Smid plogjerna om til sverd

og vingardsknivane til spyd!

Den veike skal seia: «Eg er ei kjempe.» 

16 Skunda dykk og kom!

Kom saman, alle de folkeslag rundt ikring!

Herre, før dine krigarar dit!

…..

I Biblex er det skrive, som kommentar til vers 9, at Artaxerxes 3 (konge i Persia) selde sidonittane som slavar i 345 f.Kr. I 332 f.Kr. selde Aleksander den Store folket i Tyrus og Filisterbyen Gasa.

I vers 15 er det tale om å smi jordbruksreiskap om til våpen, stikk i strid med profetien om fredsriket, men i evangelisk forkynning vert væpninga brukt symbolsk om åndelege våpen. Sjå til dømes bodskapen i Maranata 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»

I Heb.3-4 vart det sagt at vi skulle sjå etter at ingen vert liggande etter, men det er nettopp det som skjer og her er det sagt kva vi skal gjere med det, vi skal sjå etter dei, men samtidig skal vi då gå vidare framover, så det vert eit dilemma, men uansett skal vi gå ut med evangeliet og slik kan vi også sjå etter dei som har vorte liggande etter.

Kva er Josajafat-dalen? «Avgjerdsdalen» og «lovprisingsdalen»?

Akab var den ugudlege kongen i Israel på Elia si tid, medan Josjafat var ein gudleg kone i Juda. Akab spurde Josjafat om han ville gå med han i striden mot aramearkongen. Josjafat sa først ja, men så ville han spørje Herren til råds. Akab kalla dei saman profetane, omlag fire hundrede og alle sa han skulle berre ta i veg. Men Josjafat spurde om der ikkje var fleire profetar dei kunne spørje. Som om han ikkje heilt trudde på dei altså?! Han ville ha fleire vitnemål eller rettare, han venta seg eitt betre vitnemål. Så viste det seg at der var ein profet til, som Akab ikkje ville høyre på, men det ville Josjafat. Han steig fram og sa det same, men det måtte tydeleg vis ha vore på ein ironisk måte, for Akab forstod han ikkje sa det han eigentleg meinte og visste. Så kom han med den truverdige profetien. Men Akab ville ikkje bry seg om den heller, like vel gjekk det slik som han profeterte. Dette er noko av dei raraste profetiane, for ånda som steig fram for Herren tilbaud seg å gå ut som ein lygnarånd og Herren let den gjere det.

2.Krøn.18,7 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!» 8 Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!»

9 Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine. 10 Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.» 11 Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

12 Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!»  13 Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det min Gud seier til meg, det må eg tala.» 14 Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far de, så skal de ha lukka med dykk! Dei skal gjevast i dykkar hand.» 15 Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

16 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»  17 Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?»

18 Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida. 19 Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, Israels-kongen, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så. 20 Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren. 21 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!» 22 Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg.

23 Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?»  24 Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.» 25 Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj 26 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!»  27 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folkeslag!»

Akab fell

28 Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.  29 Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden. 30 No hadde aramearkongen sagt frå til hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.» 31 Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det er Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop, og Herren hjelpte han. Gud fekk dei til å venda seg bort frå han. 32 Straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han.

33 Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.»  34 Striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen heldt seg oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane heilt til kvelds. Men då sola gladde, døydde han.

Etter dette var det ein annan profet som steig fram for Josjafat og stilte han eit spørsmål.

2.Krøn.19,1 Josjafat, Juda-kongen, fór uskadd heim att til Jerusalem. 2 Då kom sjåaren Jehu, son til Hanani, ut mot han og sa: «Skal du hjelpa den gudlause og halda av dei som hatar Herren? For dette kviler Herrens vreide over deg.  3 Men noko godt finst det hjå deg. Du har rudt ut Asjera-pålane or landet og lagt vinn på å søkja Gud.»

Josjafat hadde då teke parti med Akab i krigen og kunne ver glad dess han overlevde. Etter dette fornya han rettssystemet i Juda og sa at dei skulle tene Herren og dømme rett. Så fekk han melding om at moabittane og ammonittane og nokre meunittar samla seg til strid mot han. Då lyste han ut ei faste og folket samla seg, han sa dei skulle tru på Gud og så bad han for dei. Då kom den Heilage Ande over dei og ein levitt kom med ein profetisk bodskap. Dette var ikkje deira strid, men Herren skulle stride for dei. Like vel skulle dei gå mot fienden, men Josjafat let kor som lovprisa Herren gå først. Etter sigeren kalla dei det for lovprisingsdalen.

2.Krøn.20,3 Då vart Josjafat redd. Han vende seg til Herren og spurde han til råds, og lyste så ut ei faste over heile Juda. 4 Judearane samla seg og ville søkja hjelp hjå Herren. Frå alle Juda-byane kom dei og ville spørja Herren til råds.

5 Så steig Josjafat fram for folket som var kome saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden, 6 og sa: Herre, vår fedregud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen, og som rår over alle kongerike på jorda? I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kan stå seg mot deg.  7 Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut innbyggjarane i dette landet for Israel, folket ditt, og så gav landet til etterkomarane etter Abraham, venen din, for alltid?  8 Dei busette seg der og bygde ein heilagdom for namnet ditt. Og dei sa: 9 «Kjem det ei ulukke over oss, sverd, straffedom, pest eller uår, då vil vi gå fram for dette huset, for ditt åsyn; for i dette huset bur namnet ditt. Vi vil ropa til deg i vår naud, og du vil høyra og hjelpa.»  10 Sjå no ammonittane og moabittane og dei som bur i Se’ir-fjellet! Du gav ikkje israelittane lov til å dra inn i landa deira den gongen dei kom frå Egypt. Difor bøygde dei av og fór bort utan å øydeleggja dei.  11 Men sjå korleis dei løner oss, desse folka! No kjem dei og vil driva oss ut or landet ditt, det som du har gjeve oss til eige. 12 Vår Gud, vil du ikkje halda dom over dei? For vi har ikkje makt nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss. Vi veit ikkje kva vi skal gjera; men augo våre er vende mot deg.

13 Imedan stod alle judearane der for Herrens åsyn; jamvel småborna og konene og sønene deira var med. 14 Då kom Herrens Ande – midt imellom folket som var samla – over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je’iel, son til Mattanja, som var ein av Asaf-sønene. 15 Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds. 16 Far ned mot dei i morgon! Då dreg dei oppetter Hassis-bakken, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen ut mot Jeruel-øydemarka. 17 Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stella dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk, de Juda-menn og Jerusalems-buar. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»

18 Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og alt folket frå Juda og Jerusalem kasta seg ned for Herren og tilbad han. 19 Og dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med sterk og høg røyst.

20 Dagen etter tok dei ut i otta og fór til Tekoa-øydemarka. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de Juda-menn og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»  21 Sidan samrådde han seg med folket og stelte så opp ein flokk med songarar, som skulle lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut føre den væpna hæren. Dei skulle syngja: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»

22 Så snart dei tok til med fagnadrop og lovsong, lét Herren ein flokk som låg i bakhald, ta på ammonittane, moabittane og mennene frå Se’ir-fjellet, dei som rykte fram mot Juda, og dei vart slegne.  23 Då vende ammonittane og moabittane seg mot Se’ir-buane og hogg dei ned til siste mann. Og då dei hadde gjort ende på Se’ir-buane, gav dei seg til å drepa kvarandre. 24 Då judearane kom opp til den staden der ein kunne sjå utover øydemarka, og såg seg om etter hæren, fekk dei auga på alle som låg livlause på marka; ingen hadde sloppe unna. 25 Josjafat og mennene hans drog då dit og ville ta hærfang, og dei fann ei mengd med gods og lik og dyre eigneluter. Dei reiv til seg så mykje at dei ikkje kunne bera det alt. Tre dagar heldt dei på med å plyndra; så stort var hærfanget.

26 Fjerde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen, og der lova dei Herren. Difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det namnet har han hatt til denne dag.  27 Så fór dei heim att, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat føre, og glade kom dei til Jerusalem; for Herren hadde unnt dei den gleda å vinna over fiendane. 28 Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus. 29 Det kom ei redsle frå Gud over alle land og rike, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar.  30 Og sidan hadde Josjafats rike fred; for hans Gud lét han få ro på alle kantar.

Samling til rettssak i Josjafat-dalen.

Folkeslaga skulle ta ut og samle seg i Josjafat-dalen, til samanlikning med korleis dei gjekk til strid mot kong Josjafat, altså.

Joel.3,17 Folkeslaga skal ta ut

og fara til Josjafat-dalen.

For der vil eg sitja til doms

over folk frå alle kantar.

18 Sving sigden, for grøda er mogen!

Kom og trakk, for vinpressa er full,

pressekummane fløymer over!

For vondskapen åt folka er stor. 

Eg ser dette på bakgrunn av at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. Det skjedde når Jesus sende disiplane sine ut for å forkynne evangeliet om Guds rike. Då skulle den Heilage Ande overtyde verda om synd, dom og rettferd.

Joh.16,1 Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk. 5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?»  6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.  8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger;  11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.  14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

Maranata 8.12.2013, tungetale ved Mari, tyding ved John:

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»

Det vil seie at når vi går inn i Herrens rustningskammer og kler oss i Guds fulle rustning og så går ut og vitnar om Jesus for menneska, vert det til at Herren samlar dei i avgjerdsdalen. Hugs at Jesus sende ut disiplane sine for å hauste inn grøda, som Guds onnefolk. Og det verka då svært så fredeleg. Men i vers 18-20 set det ut til at det vart til dommedag, spesielt dersom vi tek med den tilsvarande profetien i Johannes Openberring.

Joh.Op.14,14 Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa.  15 Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.» 16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta. 17 Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd. 18 Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!» 19 Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide. 20 Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.

I vers 4 var det tale om Herrens dag (dommedag) og at det vart mørkt og det møter vi igjen i vers 19-20.

Joel.3,19 Det er eit mylder og ståk i avgjerdsdalen,

Herrens dag er nær i avgjerdsdalen.  

20 Sol og måne svartnar,

og stjernene misser sin glans. 

Judas herlege framtid

21 Herren skal torna frå Sion,

la røysta si ljoma frå Jerusalem,

himmel og jord skal skjelva.

Men Herren er eit vern for sitt folk,

ei borg for Israels søner. 

Herren dykkar Gud bur på Sion-fjellet.

Det vert profetert om at Herren dykkar Gud skal bu på Sion, ingen framand får komme inn i Jerusalem. Korleis då?

Joel.3,22 Då skal de sanna

at eg er Herren dykkar Gud,

som bur på Sion, mitt heilage fjell.

Jerusalem skal vera ein heilag stad,

der skal framande aldri meir koma inn. 

23 Den dagen skal det henda

at fjella dryp av druesaft,

og haugane fløymer av mjølk,

og i alle bekkefar i Juda

skal det renna vatn.

Ei kjelde vell fram frå Herrens hus

og vatnar Akasiedalen.  

24 Egypt skal verta ei audn

og Edom ei øydemark

for sitt valdsverk mot judearane.

For det var i deira land

dei spilte skuldlaust blod.

25 Men i Juda skal det alltid bu folk,

og i Jerusalem skal ætt fylgja ætt.

26 Eg vil hemna dei drepne

og ikkje spara dei skuldige.

……

I vers 23 er det fortalt om kjelda med det levande vatnet som renn frå Herrens hus, slik som Esekiel profeterte om i Esek.47 og elva som renn frå Oljeberget, slik det er profetert i Sak.14. 

Jesajas profeterte om at Herrens tempelberg skulle løftast opp (Jes.2). Det skjedde når Jesus stod oppatt frå dei døde. Og vi er komne til dette oppløfta Sionfjellet, det himmelske Jerusalem, der er det vi samlast. Det er berre ved å verte reinsa i Jesu blod og fylt av den Heilage Ande, vi får komme dit.

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.  

Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, dei einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Når han døde på korset, betalte han prisen for oss med sitt eige blod. Det er billetten til himmelen og det himmelske Jerusalem. Du får den gratis, av berre nåde, det er berre å ta imot i tru. Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, vert vi reinsa i Jesu blod og fylte med den Heilage Ande. Har vi teke imot Kristus, så har vi fått hans Ande. Då tilhøyrer vi han og er frelst for æva.

Rom.8,8  Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til.

Heb.11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.

2.Kor.1,21 Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud.  22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre.

I Heb.12,24 vart det sagt at reinsingsblodet talar sterkare enn Abels blod. Abel bar fram eit betre offer enn Kain, Gud viste godvilje mot Abel, for hans offer, derfor vart Kain misunneleg på han og slo han i hel. 

Jesus har betalt prisen for si kyrkje, så ho skal vere hans brud.

Det som no er heilt klart, er at Jesu har betalt prisen for si kyrkje, med sitt eige blod, så ho skal vere hans brud. Dersom då nokon annan vil prøve å gjere krav på henne i staden, så vert det rettssak, det var då som rettssaka i Josjafats dal.

Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin.  3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel.  7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd.  12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner!  14 For mange er kalla, men få er utvalde.»


One response to “Ny tid 11. Gud utgyter sin Ande over alt kjøt. Så kjem rettssaka i Josjafatdalen (Joel.3). Kva er det?”

  1. Ny Tid 90. Endetidssyn 65. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom mann og kvinne, som grunnlag for ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv. Fred mellom heidningar og jødar, mellom folk og nasjonar. For G Avatar

    […] Ny tid 11. Gud utgyter sin Ande over alt kjøt. Så kjem rettssaka i Josjafatdalen (Joel.3). Kva er&… Ny Tid 89. Endetidssyn 64. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom mann og kvinne, som grunnlag for ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv. Fred mellom heidningar og jødar, mellom folk og nasjonar. For Gud forsona verda med seg ved at Son hans, Jesus Kristus, døde i staden for oss på korset. 1. Den Gode Hyrdingen og den Duglause Hyrdingen. Rettargangen i Josjafat-dalen. Ny Tid 85. Endetidssyn 60. Frelse og frigjering. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ekte mann. Framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud. 8. Samanliknande politikk. 4.  Verte opplyst ved Guds Ord, realfag og moderne teknologi, så det vert fruktbart for politisk filosofi og økonomi. 2. Har Krf, kristne organisasjonar, Kyrkja og kongehuset vraka Guds Ord og gått til strid mot Guds salvevigde? Så det vert som kong Saul som streid imot David, altså?! […]

    Like

Leave a reply to Ny Tid 90. Endetidssyn 65. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom mann og kvinne, som grunnlag for ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv. Fred mellom heidningar og jødar, mellom folk og nasjonar. For G Cancel reply