Bøn med takk og lovprising for skapinga og frelsa.
Biletet: Soldaten og diktaren Aiskhylos. Som reaksjon mot demokratiet i antikkens Aten, fann han på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Så det vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige, men denne “guden” skapte ikkje utvikling og framgang, denne moralen sette i staden ein stoppar for det. Slik er det også med “den endelege openberringa”.
Gud er den same som når han skapte og han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2. Det gjeld både einskildmenneske, ekteskap, folk og nasjonar. Etter syndefallet gjekk Gud i hagen og kalla på Adam, men dei gøymde seg vekk med dårleg samvit. Dei vart utestengde frå hagen og jorda vart forbanna for Adams skuld.
Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Han følgde Guds kall og fekk den lovnaden at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus.
Israelsfolket fall ifrå Gud og Jesajas profeterte om at dei kom til å verte straffa ved at dei vart bortførde frå landet sitt, men også at dei fekk komme attende til det. Det same gjaldt dei andre folka. Dette var i tråd med korleis Gud som kalla fram folka, så sjølv om dei ikkje var heilt klar over det, så var det Han som hadde kalla dei og leia dei.
Jes.41,1 Ver stille, de øyar og strender,
og høyr på meg,
lat folka samla nye krefter!
Lat dei koma og tala si sak,
lat oss saman gå fram for retten!
2 Kven har vekt den mannen frå aust
som sigeren møter kvar han set foten?
Kven gjev folkeslag i hans makt
og lèt han råda over kongar?
Med sverdet gjer han dei lik støv,
med bogen lik fykande halmstrå.
3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,
er berre så vidt nedpå vegen med foten.
4 Kven var det som sette dette i verk?
Han som frå opphavet kalla ættene fram.
Eg, Herren, er den fyrste,
og eg skal vera hjå dei siste.
Jes.45,1 Så seier Herren
til den han har salva,
til Kyros, som eg held i hans høgre hand
for å tvinga folkeslag under han,
løysa beltet av kongar
og opna dører for han,
så ingen port skal vera stengd.
……..
12 Det var eg som laga jorda
og skapte menneske der.
Eg spente ut himmelen med mine hender,
og heile hans hær baud eg ut.
13 I rettferd har eg vekt ein mann
og jamna alle hans vegar.
Han skal byggja min by
og senda heim mitt bortførte folk
utan vederlag, utan betaling,
seier Herren, Allhærs Gud.
Kong Kyrus var den einaste heidningen i den gamle pakt som vart kalla Guds salvevigde, han let Israles-folket komme attende til landet sitt og det same gjaldt dei andre folka også. Dette er eit førebilete for evangeliet om Guds rike, som skulle forkynnast for alle menneske og alle folkeslag. Jesus er Guds Messias, øvsteprest til evig tid, etter Melkisedeks vis og han her kongars konge.
Rom.10,6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Kol.2,11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Ef.2,1 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.
Eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung, det heng saman med mi bøn for folket og landet, det har seg slik skapingssoga i 1.Mos.2 handlar både om den einskilde mann og kvinne og ekteskapet mellom dei og det handlar om eit heilt eit heilt folk. Soleis har Jesus gjort denne bønnetenesta mi til prestetenesta i den nye pakt. Eg er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll og ber om at det skal gjelde for folket mitt og landet mitt også. Dernest kan eg påstå at på det grunnlaget har vi fred med jødane/Israel og med andre folk og nasjonar også.
Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike og det er fundamentalt for fredsriket tusenårsriket.
Eg skal sitje i ro i einsemda og be til samanlikning med Elia i øydemarka.
Jesus har sagt til meg at det er sesong for meg til å sitje i ro og be, til samanlikning med profeten Elia i øydemarka, når han bad om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år (1.Kong.17,1…). Elia var profet medan Akab var konge i Israel og han leia folket i fråfall. Josjafat var konge i Juda på same tid, dei var vener og gjorde felles sak i krig (2.Krøn.18). Akab vart drepen i krigen, men Josjafat berga seg. Josjafat var gudeleg og no vende han seg meir og meir til Herren og leia folket også til det. Når fiendehærane mønstra seg mot han leia han folket i bøn og faste og fekk bønnesvar. Dei skulle lovprise Herren og han skulle stride for dei, slik vann dei ein merkverdig siger, i det som sidan var kalla Josjafat-dalen, eller «Lovprisings-dalen» (2.Krøn.20,26 & Joel.3).
Josjafatdalen har eg skrive om her:
I dei to siste dokumenta har eg skrive om mitt tru og bønneliv og tek oppatt tråden derifrå.
Eg er oppvoksen i Kyrkja og vart tidleg med på bedehuset. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud (kyrkje) var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og lovnaden om at vi skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.4-5). Så eg vart frimodig med å vitne om mi tru og vart ivrig med det. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale i dette er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru og takke han for det. Han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den og overgi meg heilt til han. Eg skulle takke for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skulle ta vare på den fagre skatten som eg hadde fått i leirkar og kveike den nådegåva han hadde gitt meg og bruke det som eg hadde fått. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte, så ville han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
Hausten 1988 studerte eg realfag på Blindern og oppdaga henne Reella og syntest ho var så vakker at eg sa til Jesus at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje hadde snakka med henne og ikkje kjende henne. Nokre dagar seinare leia og dreiv den Heilage Ande meg slik at eg møtte på henne, då sa eg i mitt stille sinn, «der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for oss frå himmelen og sa det same til henne: «Der er ho». Og eg er viss på at ho også opplevde det. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, han salva henne med den Heilage Ande, så ho fekk denne openberringa og det opplevde eg også. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, men hugsa på henne i mi ånd når eg bed til Gud i mi ånd.
Jesus sa eg skulle takke han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg ynskjer så inderleg at han frelser henne og eg trur han gjer det, så eg vil takke han for det og glede meg i Herren. Det vonar eg ho også vil gjere. Ved å erkjenne at Kristus er Herre, vert vi frelste. At han er vår frelsar og Herre er for oss ei glede, så vi takkar og lovprisar han som vår frelsar og Herre. Først og fremst skal vi glede oss over at han frelser oss for æva og gir oss evig liv. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, Jesus vil at den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss. Den skal også vere mellom mann og kvinne med tanke på eit kjærasteforhold og ekteskap, så dei kan seie at det er Gud som er kjærleiken mellom dei og som har skapt kjærleiksforholdet mellom dei, ja, skapt ekteskapet mellom dei. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det betyr lydnad, men det er då ei glede for både mannen og kvinna. Vi trur at Gud vekte Kristus opp frå dei døde og sannar at han er Herre og så lovpriser vi han som vår frelsar og Herre. Slik lyder vi han. Det var nettopp slik eg fekk oppleve at han openberra seg for meg. Dette vil eg halde fram med, så eg får oppleve meir av det.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur han gir meg det og at det har å gjere med at han reiser opp si kyrkje ved sitt ord, slik som han sa i eit møte på Maranata sitt landsstemne 11.7.2024, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ :
B2.FM.11.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.
For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»
Jes.45,8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
Trua, nåden, vedkjenninga av at Jesus er Herre og lydnaden, tilbe Gud i Ånd og sanning.
Den endelege eller den uendelege openberringa?
Jødane hadde omskjerings-pakta frå Moses og heilt tilbake til Abraham. Moses sa til dei at dei skulle vere Guds born, men føresåg at dei «sannsynleg vis» kom til vere ulydige og gjere opprør og verte straffa for det, så dei kom til å verte bortførde frå landet sitt. Like vel kom dei til å vende om og få nåde og få komme attende til landet sitt. Då skulle dei verte omskorne på hjartet. Og slik gjekk det, når dei kom attende til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet, for då ville Herren velsigne. Dei fekk motstand, men profeten Sakarja profeterte til byggherren Serubabel at det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Og nettopp det er poenget med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande.
Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.
2.Kor.3,4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. 7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. 10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande?
12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Om nokon då krev omskjering på kroppen etter dette, er det som om dei reknar det for ikkje å vere nok, så dei må skjere vekk noko meir, så Paulus kalla det for sundskjering.
Fil.3,1 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve.
Anden gjorde levande, men så gjekk dei over til å satse på lovgjerning i staden, så det vart lovens bokstav som slo i hel. Kjem dei med menneskebod i tillegg, så verkar det på same måten. Slik fekk dei «den endelege openberringa», for den gjorde slutt på det åndelege livet med den vedvarande openberringa.
Rom.6,15 Kva så? Skal vi synda, sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå! 16 De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd. 17 Men Gud vere takk! De som før træla under synda, har no av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk overgjeven. 18 De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda – 19 eg brukar eit bilete frå dagleglivet fordi de er skrøpelege menneske. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for umoral og urett, og det førte berre til endå meir urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for det som er rett, så de kan verta helga. 20 Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett. 21 Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden. 22 Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv. 23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.
Men vi er rettferdige skal leve ved tru, så vi lever at livsens brød som kom ned frå himmelen, det orde som Jesus har tala til oss er ånd og liv, då tek ikkje openberringa slutt, men vi får sjå at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende.
Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»
Joh.6,63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Joh.4,23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»
Vi har fått barnekår hos Gud, korleis vert det då med klassekampen? Har dei gått frå konsepta?
Barnekår hos Gud.
Jesus sa at vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Og konklusjonen er at no har vi fått det som dei tidlegare i sin klassekamp kjempa for. Døyparen Johannes sa at Jesus er Messias, alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born. Har vi fått barnekår hos Gud, har vi fått dei mest fundamentale menneskerettane, så vi kan vi komme til Faderen med våre behov. Han er den som døyper med den Heilage Ande. Han er den som har bruda. No veit vi at hans kyrkje er hans brud. For ein mann betyr det at når han vil ha seg ei kone, kan han gå til han med det behovet, sjølvsagt kan då ei kvinne også gå til han med sitt behov om ein ektemann.
Betyr det kanskje at vi ikkje treng klassekamp og arbeidstakar-organisasjonar lengre? Det har vorte ei vanleg menneskeleg ordning og det er ikkje utan grunn. Men det primære er å søke fyrst Guds rike og hans rettferd og så kan vi vente oss å få det andre i tillegg til det. Leve i barnekåret hos Gud, så vi fyrst og fremst går til han med våre behov. Og så skal vi bruke det som han gir oss, bruke dei talentane han gir oss. Så vi ikkje vet slik som han som grov ned talenten sin altså. Eg skal bruke det som Gud har gitt meg, det har eg skrive om her:
Vranglære frå hyklarar.
Paulus profeterte om at i den siste tid skulle der komme hyklarar som forbyr å gifte seg.
1TI 4,1 – 1TI 4,5 {VRANGLÆRE I DEN SISTE TIDA} Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vilt, og til lærdomar som kjem frå vonde makter. 2 Dei vert narra av hyklarar som fer med lygn og er brennemerkte i sitt eige samvit. 3 Dei nektar folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga. 4 For alt det Gud har skapt, er godt, og ingen ting treng vrakast når det vert motteke med takk. 5 Det vert helga med Guds ord og bøn.
I mellomalderen vedtok den Katolske Kyrkja at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Paven, prestane, munkane og nonnene måtte leve i sølibat. Dei skulle leve i barnekår hos Gud altså. Men då hadde dei i alle fall tapt noko vesentleg ved barnekåret, for Gud hadde då skapt kvinna for at ho skulle vere ei hjelp for mannen. Dei andre mista barnekåret og vart sett i trælekår i staden, for eit barn som lever i barnekåret heime hos far og mor, må då kunne snakke med sine foreldre. Dette reknar eg for å vere dei mest fundamentale menneskerettane, men i den Katolske Kyrkja i mellomalderen tapte menneska dei.
Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Det er berre på det grunnlaget vi får komme inn i Guds himmel.
Jesus sa at han var døra inn til sauene, dei som var komne før han, var komne berre for å stele, slakte og øydelegge, men han var komen for at vi skulle ha liv og overflod.
Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.
17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Løgna. Som motsetnad til den er Jesus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»
Jesus sa at Djevelen er Lygnaren og apostelen Johannes kalla han Antikrist.
Joh.8,44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.
I vår tid har det vorte tydeleg at Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod.
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
Den Duglause Hyrdingen gjette slaktesauene for sauehandlarane, Jesus vart selt for 30 sølvpengar, han vart krossfesta og døde, men då betalte han prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen, så vi skal tilhøyre han og dermed den sanne og levande Gud.
Judas selde Kristus for 30 sølvpengar. Men Jesus valde seg Paulus til apostel i staden for han, då valde han seg ein som var seld utan å vite det, i staden for ein som selde og visste det. For Jesus hadde betalt prisen for han, for å kjøpe han fri.
Når då folk vil ha bort læra til Paulus og Jesus, må vi rekne med at det har seg slik at dei vil gjer folk til salsvare som slaktesauer, som svikaren Judas og den Duglause Hyrdingen. Slik verka avlatshandelen i mellomalderen.
Ateistar, spesielt venstreradikale og andre «raddisar» har sans for korleis dei skal få med seg menneska, til å få dei på lag og få makt over dei og då kjem det gjerne i konflikt med dei kristne og deira organisasjonar. Men vi hevdar at Kristus betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han og dermed tilhøyre den levande og sanne Gud, han som vekte han opp frå dei døde. Og Jesus gir den Heilage Ande frå himmelen, den er som eit segl han set på oss, som viser at vi tilhøyrer han. Han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, så vi skal leve det livet han gir oss å leve og med den Heilage Ande vert vi utrusta til å tene han og dermed tene himmelens Gud. Vi er heilt avhengige av å bruke det som Jesus gir oss frå himmelen, så vi lever det livet som han gir oss frå himmelen og brukar det som han har gitt oss frå himmelen, til å tene han med. Soleis vert det klart at vi lever for han og tener han.
Jødane har omskjeringa, dei skulle vere omskorne på hjartet også om så det vart først etter at dei hadde vore bortførde og fekk komme heim att til landet sitt. Men er dei det? Er dei hjerteomskorne i den Heilage Ande? Dei messianske jødane skal vere det, liksom evangeliske og karismatiske kristne. Ved nåden Gud gir oss i Kristus, har vi fått den Heilage Ande, så vi er hjerteomskorne i den Heilage Ande. Men for dei som er omskorne utan denne nåden og Anden eller endåtil som erstatning for denne nåden og Ande er det som om dei har vorte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så dei vart Satans Synagoge. Og den endelege openberringa er som kunnskapen dei fekk av kunnskapstreet, bokstaven som slo i hel, så det vart slutt på det åndelege livet og dermed slutt på openberringa.
Dei hevdar dei må gjere noko sjølve, for å få evig liv. Slik vert dei lett salsvare for verdslege eigarar, så dei risikerer livet, ja, gjer sjølvmord, i trua på at dei skal verte lønna for det i det neste livet. Menn ventar seg at dei skal få fleire jomfruer i det neste livet, dersom dei døyr som sjølvmordsbombarar.
Dei ateistiske «raddisane» trur ikkje på dette, men ved å få seg muslimske venner og samarbeidspartnarar kan dei indirekte klare å nytte seg av det i deira langsiktige revolusjonære klassekamp. Men skal dei vere ærlege, må dei innrømme at det er lureri, så dei fer med lureri og folk vert lurte. Slik satsar dei på svik. Men dette strir då mot klassekampen i det gamle republikanske Romarriket.
«MAGA-internasjonalen», takke Gud og Lammet for frelsa.
Fann republikkanarane tonen i «lovprisingsdalen» og held dei tonen?
Slik strir det også mot republikanarane i USA og eg har ikkje noko særleg tru på at arbeidarrørsla i USA, vil godta slike metode heller. Republikanarane sitt slagord «Make America Great Again» (MAGA) gjeld i namnet ikkje berre USA, men heile Amerika, dei reknar sikkert med at USA framleis skal vere det førande landet i ei økonomisk utvikling for heile kontinentet. Arbeidarrørsla kan sikkert bidra i ei slik utvikling med ein moderat klassekamp, til samanlikning med Romarriket som republikk, ved at dei satsar på Keynes økonomiske teori, i staden for marxismen. Så får vi «MAGA»-internasjonalen til erstatning for den sosialistiske internasjonalen.
Under valkampen hadde republikkanarane bønnemøte der dei bad for sin president-kandidat, Trumph. Fann dei tonen i «lovprisings-dalen» og held den, held dei fram i den stilen? Det viktigaste her er å skilje mellom å la seg freiste til å verte liksom Gud og å audmjuke seg for han og leve i barnekåret hos han. Det er relevant for politikarar, kongar, keisarar og presidentar også, for Kristus er øvsteprest til evig tid etter Melkisedeks vis, Guds Messias og kongars konge og herrars herre. Det må då vere lov for kven som helst å be for seg sjølv, sitt folk og land, også for dei som sjølve har makt og ynskjer å få det og bruke det.
Men det primære er å finne tonen i lovprisingsdalen, Josjafatdalen, og halde tonen ved like. At vi takkar Gud for at han har skapt oss og lovpriser Kristus som vår frelsar og Herre.
Joh.Op.4,9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar:
11 Verdig er du, vår Herre og Gud,
til å få all pris og ære og makt.
For du har skapt alle ting;
du ville det, og dei vart til, skapte av deg.
Joh.Op.5,9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
Moderat klassekamp og sosialdemokrati høver med Keynes filosofi. Men i vår tid går sosialistane og mange med dei frå konsepta.
Klassekampen i Romarriket var lenge moderat og det gav resultat og vart ei indre drivkraft i framveksten av det. Ein slik moderat klassekamp og sosialdemokrati høver godt med Keynes økonomiske politikk. I desse to dokumenta har eg skrive historiske døme på noko som likna Keynes økonomiske politikk og litt om Kants filosofi:
I tidleg mellomalder rådde realismen (rasjonalisme) grunnen, i høgmellomalderen vart den moderat og i seinmellomalderen tok nominalismen over. Dei som meiner at berre dei sansbare tinga eksisterer (nominalisme), må hevde at vi berre kan vite noko om dei sansbare tinga (empirime). Men ein empirist påstår ikkje dermed at der ikkje finst noko som vi ikkje kan sanse. I følgje nominalismen undersøker vi tinga først og etterpå finn vi fellesnamn og set på dei, slik får vi universalia etter tingen. Konseptualisme er ein mellomposisjon mellom realisme og nominalisme, den hevder at universalia (som rettferd) eksisterer, men ikkje som noko realt, som noko uavhengig av menneske, men berre som begrep hos mennesket.
Vilhelm Ockham (1285-1349) var fransiskanar. Han var voluntarisk og nominalist og idehistorisk står han som føregangsmann for Luther og protestantismen. Begge vert rekna som nominalistar, fordi trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi Ord, trua kjem av å lese i Bibelen, så det er berre å tru det vi les eller som vert lese frå Bibelen. Metafysikk og filosofi fell for ein stor del bort og så vert den intellektuelle aktiviteten retta over frå filosofi til erfaringsvitskap.
Personleg var Immanuel Kant (1727-1804) og Hegel (1770-1831) protestantar, men filosofien deira kom inn i protestantisk teologi og marxismen vart neste steg i denne retninga. I vår tid er det tydeleg at det er mange som satsar på marxismen, både som økonomisk teori og som religion, men den er ateistisk, framandgjeringa er då avgudsdyrking som folk vert lurte av. Så dette er svindel og lureri som dei sjølve vert lurte av og det er ei fadese. Det verkar som misunninga og smålegheita har vorte så stor at dei ikkje unner andre noko til tross for at det betyr at det går dårleg med dei sjølve også. Korleis er det mogleg? Sikkert fordi dei tenker seg at dei skal kunne skulde på andre, fortrinnsvis dei som dei var misunnelege på.
Det verkar som dei har gått ifrå konsepta, ved å bruke namn på ting, spesielt menneske, utan å diskutere den rasjonalistiske forståinga av orda, som om den ikkje eksisterer. Til dømes når dei brukar skjellsord som rasist, fascist, nazist eller det vert påstått at du er dum. Deira eigen sjølvforståing vert heller ikkje diskutert. Dei meiner sikkert at dei tek del i klassekampen for å ivareta proletariatets interesser, men om det vart teke opp til ein reell diskusjon ville det verte klart at so ikkje er tilfelle. Men dei hever seg over slik diskusjon.
Det er tydeleg vis den Falske Profet som får folket til å tilbe biletet av Dyret, ein ny form for keisardyrking (Joh.Op.13&19).
Dersom du (eg) tenker tilbake på kva det var du hadde å be Faderen om, så kjem du til at det har vorte erstatta av noko anna, stemma di (bøna di) har vorte erstatta av noko anna eller den har vorte forvrenga. Slik vert det fuska med stemmene og dermed fungerer ikkje demokratiet lengre. Dei prøver gjere å gi uttrykk for at dei representerer deg, men dei gjer det ved å dikte opp noko i staden for å høyre på kva du seier.

