Lovnad, profeti og filosofihistorie 10. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born. Ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 2. Jesus gav meg ein draum, slik gav han meg visjonar om si hensikt og plan for mitt liv og den vil ikkje verte teken ifrå meg. Han vil eg skal ta den fram att og fortsette å drøyme stort med han.

Innleiing.

I opplysningstida kjempa folk om menneskerettar og det gjer dei framleis. Vår tid synest bere meir og meir preg av at innhaldet i menneskerettane smuldrar bort, det meiner eg viser klarare og klarare at folk treng å verte opplyste av Guds Ord, for slik får dei mest fundamentale menneskerettane. Vi får ta imot Guds rike som små born og komme inn i det. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, fødde på nytt av livsens vatn og Ande, så vi får sjå Guds rike og komme inn i det. Vi får komme inn i fridomen i barnekåret hos Gud. Vi får prestetenesta i den nye pakt. Alt dette er fundamentale menneskerettar for den einskilde, slik bør det forkynnast og slik bør det verte forstått og motteke. Eg kan referere til nokre sentrale og velkjende bibelvers (Joh.1,1-15, Joh.3,3-21, Joh.14,6, Rom.8,12-39, Heb.9,26 & 10,14).

Dette er fyrst og fremst på det individuelle plan, Gud er personleg og vi kjem inn i eit personleg forhold til han (Joh.10,1…). Men det har også med vår sosialisering å gjere, for vi vert fødde inn i Guds rike, som hans born skal vi få leve i fridomen i barnekåret heime i Faderhuset. Slik er og blir Guds rike det meste fundamentale samfunnet i menneskelege samfunn allereie her og no, på denne jorda.

Sidan det er eit personleg forhold til den personlege Gud, som har skapt alle ting og er allmektig, kjem dette først og fremst til å handle om mitt personlege samfunnet med Faderen og Sonen, slik som eg sjølv opplever det.

Dette har relevans til det eg har skrive om profetien om Jesu gjenkomst og romantikken i desse dokumenta:

Her er det sentrale poenget at vi må velje å drikke av kjelda med det levande vatnet, i staden for å drikke av denne verda sin sprukne brønnar, for å få noko varig, verdifullt og meiningsfullt både for tid og æve.

Synda skilde menneska frå Gud, det er det vondes problem og menneska sitt mest fundamentale problem, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vinn vi tilbake det tapte. I det gamle testamentet er  avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Jesus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

Evangeliet gir oss ei metode til å søke og komme til erkjenning av Sanninga. I tillegg har det i realfag vorte utvikla metode til å søke sanning. I begge tilfelle vert vi overtyda med fredelege metode. Vi kan oppleve at det vert motsetnad mellom metodene, men det må vi lære oss å leve med, så vi innser når den eine metoda tek over for den andre. Eg tenker meg at begge desse metodene vert fundamentale i eit framtidig fredsrike; tusenårsriket. Det er profetert at prestetenesta i den nye pakt vert fundamental i tusenårsriket. Med den skal vi søke sanninga i Guds Ord, men poenget mitt er at det er sameinleg med å søke sanning ved å studerer realfag og moderne teknologi.

Draum og/eller profeti.

I det gamle testamentet er det fortalt om at nokon fekk ein draum som var ein profeti. Josef fekk ein draum og fortalde den, men brørne hans var misunnelege på han og vart endå meir  misunnelege på han på grunn av deira tolking av draumen, så dei selde han som træl. Slik kom han til Egypt, men Herren var med han og han kom høgt på strå ved at han tyda draumar, endåtil draumen åt Farao og slik vart hans eigen draum ein profeti som gjekk i oppfylling. Gud viste seg for Salomo i ein draum og let han komme med si bøn og han høyrde den og gav han det han bad om og meir til.

Men sidan gjorde profeten det klart at dei mått skilje mellom draum og profeti, ja, det er då sjølvsagt ikkje alle draumar som er profeti.

Jer.23,21 Eg har ikkje sendt profetane,

og likevel spring dei av stad;

eg har ikkje tala til dei,

og likevel stig dei fram som profetar.

22 Men hadde dei vore med i mitt råd,

då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk

og fått det til å venda om

frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar.

23 Er eg ein gud som berre er nær, seier Herren,

og ikkje ein gud langt borte?

24 Kan nokon gøyma seg på løynlege stader

så eg ikkje ser han? seier Herren.

Fyller ikkje eg både himmel og jord?

lyder ordet frå Herren.

25 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. «Eg har drøymt, eg har drøymt,» seier dei. 26 Kor lenge skal dei tenkja så, desse profetane som spår lygn og forkynner sine svikefulle påfunn? 27 Med draumane som dei fortel kvarandre, tenkjer dei å få folket mitt til å gløyma meg, liksom fedrane deira gløymde mitt namn og dyrka Ba’al. 28 Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning.

Kva har halmen sams med kornet?

lyder ordet frå Herren.

29 Mitt ord, er ikkje det som ein eld,

lik ei sleggje som knuser fjell? seier Herren.

30 Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre. 31 Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid. 32 Eg vender meg mot profetane som har lygndraumar og fortel dei, seier Herren. Dei fører folket mitt vilt med lygnene sine og skrytet sitt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, lyder ordet frå Herren.

Når dei vart bortførde til Babylonia, sa han til dei at dei skulle ikkje tru på draumane sine, dei skulle berre arbeide til sitt eige beste, for han ville gi dei framtid og von.

Jer.29, 4 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia: 5 Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei! 6 Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka. 7 Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg.

8 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer! 9 For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren.

10 Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

12 Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

Men kong Nebukadnesar fekk ein draum og kravde av vismenneene at dei både skulle fortelje draumen og komme med tydinga. Det var det berre Daniel som kunne. Han var allereie komen høgt på strå hos kongen, som ein av vismennene og no kom han endå høgare, til samanlikning med Josef. Daniel tyda ein draum til for Nebukadnesar og så tyda han eit syn for son hans. Sidan fekk han sjølv syner og draumar som var profetiar om dei fire store rika som var tolkinga av Nebukadnesar sin fyrste draum. Men han var altså komen høgt på strå, dette var ikkje for vanlege folk.

Joel var profet, mest sannsynleg etter at dei var komne attende til landet sitt og han profeterte om at vanlege folk skulle få draumar, som profetiar altså.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner.

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

….

Desse versa er sentrale i den karismatiske vekkinga.

Jesus gav meg ein draum som han vil la gå i oppfylling, som ein profeti. For livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse, blomstre og bere frukt.

24.7.2022. Vitnemøte i Filadelfia Ulsteinvik. Eg skal blomstre på ein ny måte, for det er ei ny tid eg går inn i og Jesus vil hjelpe meg inni den.

Mitt vitnemål.

Eg minna om David sine ord: I dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Der gjenstår ein kviledag for Guds folk, som vi ser i Hebrearbrevet 3-4. Dei vandra mot det lova landet, men etter at dei var komne inn, så var der framleis ei vandring, ved at øvstepresten gjekk inn i det høgheilage med syndeoffer, først for seg sjølv, så for folket. Slik representerte han folket for Gud. Og profetane søkte Gud heime hos seg.

I den gresk-syriske tida vart det strid om prestetenesta, desse utlendingane ville ta over den og så ville dei selje jødane som slavar, slik som det var profetert og slik som vi kan lese om i første Maccabearbok. Jødane forsvarde seg og gudsdyrkinga si og prestetenesta si som best dei kunne, men likevel vart dei påverka av presset. Det viste seg når Jesus kom og forkynte den frigjerande bodskapen i evangeliet, då fekk han motstand, endåtil frå øvsteprestane.

Jesus sa at vi skal ikkje bekymre oss for mat og klede, men søke først Guds rike og hans rettferd heime hos oss sjølve, så skal vi få alt det andre i tillegg. Så sjølv om vi held oss i ro er det likevel ein veg å gå. Ja, for no har Jesus bana vegen for oss alle inn i den himmelske heilagdomen.

Jesus sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia at han skulle sjå at han har sett framfor han ei opna dør. Det er vel først og fremst døra til himmelen, for så å gå inn i den himmelske heilagdomen, ja, så er det framleis ein veg å gå. Då kan det vel vere han oppdagar opne dører for han i verda også. Ein engel frå Herren er ein bodberar frå han, så det spørst etter dører som er opne bode for han og bodskapen hans. Han er engel for kyrkjelyden i Filadelfia, så då handlar det først og fremst om å sjå den opne døra for han der og i kyrkjelyden sitt distrikt.

Når eg studerte realfag, så var det også ein veg å gå, sjølv om eg sat i ro og for meg var det då om å gjere å sjå det slik at det var ved å gå inn i den himmelske heilagdomen.  Når eg studerte realfag i Oslo, oppdaga eg ei jente som eg syntest var så vakker, så medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned. På høgre sida av siste trappa ned til første etasje er der ein murvegg og når eg kom ned siste trinna, kom ho frå høgre og gjekk rett forbi meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og han sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho».

Så det var ikkje berre eg som elska henne, men Kristus var med meg og han også elska henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne. Når Kristus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Men vi har ikkje sett han fysisk her på jorda. Likevel kjenner vi han, fordi vi har fått hans ord og hans Ande og Anden openberrar han for oss. Det er det som gjer at vi kjenner han og hugsar han. Så vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar han for oss.

Tungetale ved Arnstein Andersen, tyding ved  ei kvinne.

Arnstein spelte gitar og song i møtet og så sa han nokre få ord om at å gå inn i kyrkjelyden, det er rette vegen. Litt seinare kom han med tungetale og ei kvinne tyda det:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Aktuelle bibel-vers.

1.Joh.3, 18 Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning! 19 Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet. 20 For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt. 21 Mine kjære, dersom hjartet vårt ikkje fordømmer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss. 24 Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

Kommentar.

Eg hugsa at eg hadde fortalt dei om at eg hadde vitna om mi tru på nettstaden «Closer to truth», som ei gledeleg nyhende, som eg gleda meg over. Og eg forstod det slik at Jesus svarde meg på ved å seie at han fryda seg over meg og sa at eg elska han og var hans medarbeidar.

Denne verda sin gud har prøvt å gjere slutt på dette livet som Jesus gav meg frå himmelen, men det har overlevt og skal bere dess meir frukt for Jesus.

Dersom vi vil gå framover på ein sti, så må vi sjå framover, så vi ikkje snublar i noko, det blir endå tydlegare når vi køyrer bil, vi må sjå på vegen framfor oss og ikkje bruke mykje tid på å sjå i bakspegelen, berre korte augneblink. Slik også når vi går inn i framtida, Jesus går føre oss, vi må sjå på han og følge han, han er vegen til Faderen, det er vegen vi har å gå.

Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Då er det berre for oss å leve i fridomen i barnekåret hos Faderen, så får vi oppleve det som var lova i våre liv, som oppfylling av lova og profetane, for han kom for å oppfylle lova og profetane.

I år har Elin Therese Slotten kome med profetiske bodskapar på «Youtube» som eg i tru og tillit til Jesus har fått teke imot som hans svar til meg på det som eg har skrive i bloggesida mi og på Facebook og då er det som kompakte konklusjonar på det eg har skrive og svar på mi bøn og min lengsel med von om ei betre framtid. Då har eg mykje å takke for, men eg kan ikkje byrje å skrive opp att alt det gir meg svar på, det må først og fremst få tale for seg sjølv. Det er profeti og vegleiing om det nye som eg skal gå inn i.

Her har eg valt ut nokre bodskapar som går på at eg har fått motstand, for Djevelen er denne verda sin gud og han står imot den Anden og det livet Jesus gir oss frå himmelen og prøver å gjere slutt på det. Det klarer han like vel ikkje, fordi den levande og sanne Gud vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, salva han med den Heilage Ande til å vere sin Messias, vår øvsteprest og frelseskonge. Då er det berre for oss å hengi oss til han og innvie oss for han, så vi får oppleve at han lever og er med oss. Den levande og sanne Gud har vitna om Son sin og vitnar om det gjennom oss. Då blir det klart at denne verda sin gud ikkje er gud like vel, dei gudane som ikkje skapte himmel og jord er ikkje gudar.

 Først nokre stikkord frå desse bodskapane, dette er å proklamere siger i Jesu namn.

13.1.2024: «Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg.»

26.6.2024: «Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg…. Det vil komme gode frukter ut av din smerte! Det vil ikke være forgjeves! Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang. Som regnet lar alt som lever vokse og gro, kan tårer og smerte produsere blomstring og modenhet.»

17.7.2024. «Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker…… Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. ….. Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre!

31.8.2024: «Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.» 

13.1.2024 Du har gått gjennom mykje smerte, men no skal det snu. Di løn vil bli stor. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»

2024.06.26. Eg vil smykke deg med mine gaver. ELT.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten,

https://www.youtube.com/@elinthereseslotten2987 , sitat:

«Du har vært gjennom mye mitt barn. Den onde har vært ute etter ditt liv igjen og igjen. Du har følt deg alene, som om at jeg ikke har sett deg og at jeg har forlatt deg. Men du var aldri alene, mitt barn. Jeg har vært der, tett ved din side igjennom hver storm som traff deg. Jeg vil aldri gå fra deg, mitt elskede barn. Du er dyrebar! Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg. Jeg har lovet deg i mitt ord at jeg vil vende alt til det gode for dem som elsker meg. Det vil komme gode frukter ut av din smerte! Det vil ikke være forgjeves! Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang. Som regnet lar alt som lever vokse og gro, kan tårer og smerte produsere blomstring og modenhet. Du står stødigere i dag enn noen gang og du vil fortsette å vokse med meg! Du vil bære min herlighet og legedom til denne verden. Du vil være mine hender og føtter. Jeg vil smykke deg med mine gaver og herlighet og dine sår vil jeg lege med gull. Det vil for alltid være et merke som hele himmelen vil se. Et synlig bevis på din seier over alt av angrep fra den onde. Din lønn vil bli stor og din glede vil aldri ta slutt. Alle dine valg og din hengivenhet er lagt merke til og sett. Du er min og jeg har behag i deg.»

2024.07.17. Djevelen har lagt lok på deg. Men no er tida inne for at du skal blomstre! Profetisk bodskap ved ELT.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:

«Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker. Verden har laget seg er egent system hvor noen passer inn og andre ikke. Men jeg ønsker å bruke det som denne verden ikke ser. Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. Du har en stor rolle i mitt rike og jeg ønsker å bruke deg mektig. Ikke i egen kraft, med min herlighet, sier Herren. Du er kalt mitt barn og du er sett! Du er viktig og du har en oppgave. En stor oppgave! Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre! Du har lenge nok sett ned på deg selv og tenkt du er ubrukelig. Men i dag mitt barn kaller jeg deg til å ta et steg i tro. Stå den onde imot og han vil fly fra deg. Ta min hånd og stol på meg. Er det noe som er for vanskelig for meg? Sier Herren. Er det noe som er for vanskelig for meg å bruke? Nei! La meg lede deg ut steg for steg, i ditt nye liv med meg. Du er kalt og viktig og du er elsket! Åpne din munn, så skal jeg fylle den! Jeg vil vise deg store og ufattelige ting, ting du ikke kjenner til.»

2024.08.31. Jesus gav meg draumar og lengslar i mitt hjerte, han gav meg visjonar om si hensikt og sin plan for mitt liv og vil gjennomføre det. 

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten: 

 «Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.» 

Ikkje gå på måfå og dagdrøyme, men be og arbeid og tenk konstruktivt med di tru, von, kjærleik og din framtidsdraum.

Jesus er vegen til Faderen, når vi går den vegen, skal det gi oss framtid og von, vi er då på veg til Faderhuset, der vi får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Det er ikkje å gå på måfå og dagdrøyme, det er den som søv som drøymer, skal du gjere ein jobb, kan du ikkje stå og sove. Blir du sløv på jobben i ein fiskebåt, vert det gjerne sagt at no må du ikkje stå og sove. Du må ikkje verte så åndsfråverande at du ikkje får med deg det som skjer rundt deg og er med på det, heller ikkje når du går på skule og studerer. Men det er om å gjere å be og arbeide og tenke konstruktivt med si tru, von, kjærleik og sin framtidsdraum. Eg skriv det ei eintal for å gjere det klart at det er på det individuelle plan ettersom vi har eit personleg forhold til den personlege og allmektige Gud.

1.Tess.1,2 Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre. 3 For vår Gud og Fars åsyn kjem vi dykk i hug og tenkjer stadig på korleis trua dykkar syner seg i gjerning, kjærleiken i arbeid, og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod. 4 Vi veit då, brør, som er elska av Gud, at de er utvalde. 5 For då vi forkynte evangeliet hjå dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den Heilage Ande og med full overtyding. De veit korleis vi ferdast mellom dykk; vi tenkte berre på dykk.

Eg var usikker på om det verkeleg var Guds kall til meg at eg skulle studere realfag, men det overtyda han meg om så då var det berre å lege seg i selen og gjer ein innsats, samtidig som eg såg mi avgrensing, i det eg erkjente at eg var heilt avhengig av at Jesus var med meg og gjorde sitt verk med meg. Eg måtte lære å skilje mellom kva eg sjølv skulle gjere og kva eg skulle overlate til Jesus å gjere med meg og gjennom meg, det er ikkje heilt statisk, men dynamisk, for Jesus lever og er med meg og det skal eg oppleve i min kvardag. Det er kvile samtidig som eg vaker, for Jesus gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Sameleis når eg dreiv tråling. Min iver etter å vitne om han måtte eg no avgrense til å vente på det laglege høvet. Ja vel, så var det om å gjere å vere årvåken for det då. Det gjaldt også å vere våken for at han ville gi meg munn og visdom til å svare for meg. Ja, for verda og denne verda sin gud ville legge lokk på meg for å gjere slutt på det livet Jesus hadde gitt meg frå himmelen.

I bodskapen 17.7. vart det sagt:  «Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre!».

Dette kan vi også sjå og forstå på grunnlag av filosofihistoria. Det er som om den er verda sin plan for den einskilde sitt liv her på jorda.

Og i bodskapen 31.8. vart det sagt: Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det.

Eg var ivrig med å vedkjenne Jesus namn for mine medmenneske, ja, men det var i min eigen personlege fridom, på den måten skulle livet som var planta i meg leve og vekse og blomstre, som ein plante og med tida bere fullmoden frukt. Slik skulle det også verte forstått og vonleg motteke av dei eg vitna for. Då måtte det ikkje verte til ei ny form for lovgjerning og heller ikkje jobb, eg var då ikkje ein betalt forkynnar og hadde heller ikkje planar om å verte det. Men eg hadde ikkje lagt noko planar om kva slags jobb eg skulle utdanne meg til, eg tenkte nok litt på det når eg gjekk på ungdomsskulen men når eg gjekk på gymnaset, var tankegangen min at eg skulle ikkje bekymre meg for den dag i morgon, vi skulle berre søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det (Matt.6,33-34). Ja, slik skal det vel vere for dei som tek sikte på å vere forkynnarar på heiltid. Men kva med oss andre. Paulus lærde då folket å arbeide og sjølv jobba han som seglmakar, for å finansiere si forkynnargjerning, men då nytta han seg ikkje heilt av den retten han hadde som hushaldar.

Men poenget mitt her er at sjølv om du ikkje tek sikte på å verte forkynnar på heiltid, så har du likevel ei presteteneste å ta deg av. Det er ikkje berre di plikt men det er din rett, sum ein fundamental menneskerett som er verdifull for deg sjølv. Kven skal det kanskje gagne at du stig fram for nådens trone om ikkje deg sjølv? Eg skal tene Kristus og himmelen med mi presteteneste og eg eit medmenneske og eg forstår det slik at det er henne som han gir meg til kjæraste og kone.

Livet som ein plante.

Livet er som ein plante, den treng å stå i god jord med rikeleg vatning, den treng luft og solskin. Dersom det vert lagt lokk på den, så skygger det for sola, kanskje er det så tett at den ikkje får frisk luft, men at det skygger for sola vil nok slå den ut lenge før det blir mangel på frisk luft. Konsentrasjonen av CO2 i atmosfæra er 0,041%, 410 ppm (parts pr. million), det skal planten ha å leve av, står den i ei lita tett boks, går det vel ikkje så lenge før det er brukt opp. Men får den ikkje lys, så stoppar fotosyntesa og då får den ikkje brukt noko av det.

Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande, det er motsetnaden. Men har vi Anden, så vert det lys også. Guds Ande sveiv over vatna, då sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Han som sa at lys skulle skine fram av mørket, har lete det skina i våre hjarto. Slik har vi fått ein skatt i leirkar.

Verda har dømt meg, med lovens bokstav altså, og lagt lokk på meg. Gud gav meg ein draum og eg drøymde den draumen lenge, men så gav eg opp og la lokk på den? Draumen var ikkje berre av mitt eige hjerte men det vart Jesus som gav meg den og han vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han. Ja, eg skal ta vare på den fagre skatten som Gud har gitt meg ei leirkar og kveike på nytt nådegåva som eg har fått.

Sjå til at du bidreg med det Gud har gitt deg i hjertet, lovsangen, livet og draumen.

Bodskapen som kom i Maranata 29.3.2015 har eg sitert mange gangar, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ :

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Først fekk det meg til å tenke på at hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Eg forstod at lovsangen vart lagt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og at det hadde å gjere med min kjærleik til henne Virtuella. Seinare fekk det meg også til å tenke på at livet var planta i meg ved Guds Ord, allereie når eg var ein liten gutunge.

Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, vi takka Gud og Lammet for frelsa og så takka for at ho var frelst. Når ho lovprisa Kristus, tenkte eg meg henne som ei ung jente som var forelska i han, som sin brudgom. Og eg meinte det var rett, det var nettopp slik det skulle vere og det var ei slik jente eg yngste å få meg til kjæraste og kone, i samsvar med korleis eg hadde bedt sidan eg var ein gutunge. Eg merka at eg byrja å verte forelska i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenning opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Så eg yngste å få ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med

Matt.18, 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Eg yngste å få ta imot henne som eit slikt barn, omfamne henne og gi henne ein klem og eg tenkte meg at der låg velsigning i det, som vi ser i vers 5, den som tek imot eit slikt barn i Jesu namn, tek imot han. Då måtte eg sjå på han. Eg yngste å få henne til kjæraste og kone på den måten og den lengselen stemte med lengselen etter å drikke av kjelda med det levande vatnet. Eg yngste å møte henne igjen og bad om det og fekk bønnesvar, ved at eg møtte henne igjen ved Universitetet i Bergen. Dette skreiv eg til henne i eit brev og gav henne, men akkurat når eg gav henne det, følte eg at eg gjorde feil, eg skulle ha snakka med henne i staden. Eg skreiv at eg yngste å få henne til kone, eg skreiv endåtil at eg trudde og meinte det var Guds vilje, men i ettertid angra eg på den formuleringa, eg burde ha formulert frieriet på ein betre måte, aller helst slik som eg no nettopp skreiv, for det var slik eg tenkte og bad for henne. Dessutan gjere det klart at i barnekåret hos Gud får vi gå til han også med den saka og søke Guds vilje i samsvar med Rom.12,1-3.

Men eg fekk ei åndeleg openberring nettopp som svar på den bøna eg bad for henne, som at eg fekk ta imot henne som eit Guds barn og gi henne ein klem. Og eg trur det var ein åndeleg røyndom eg opplevde saman med henne, sjølv om ho fysisk var langt borte frå meg. Då måtte eg feste blikket på Jesus, for han var midt i mellom oss og gjorde sitt verk med oss. Det var ein draum som han gav meg og han vil visst at eg skal ta fram att den draumen og drøyme vidare med han. Det var å gå på vatnet, til samanlikning med Peter.

I bodskapen 2024.08.03 sa Jesus at han ser min lengsel etter han, men han lengtar meir etter meg, han vil lære meg å gå på vatnet med han. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:

«Jeg hører ditt hjerte som roper ut til meg. Du sier; min sjel lengter, ja tæres av lengsel etter deg, min Gud. Mitt hjerte og min kropp roper etter den levende Gud. Jeg lengter etter deg også mitt barn. Jeg lengter mer etter deg enn du noen gang kan lengte etter meg. Du er dyrebar og høyt elsket. Skapt og formet av meg. Du er verdifull og underfull. Du har en hensikt og er viktig for meg og ditt kall er viktig for meg. Jeg holder deg i min hånd, mitt barn. Jeg har behag i deg. Og du er min! Jeg er en god Gud og en god Far. Jeg ønsker å ta deg dypere og lengere med meg. På steder du aldri kan gå alene. Ta min hånd og slipp aldri tak! Du og jeg skal gå sammen gjennom ild og vann, og på den andre siden venter min herlighet. Stol på min ledelse og min vei i ditt liv. Søk meg alltid og hold deg tett til mitt hjerte! Se ikke på bølgene som truer på hver side, men se kun på meg! Jeg skal lære deg å gå på vannet med meg. Jeg vil lære deg å se verden og ditt liv fra himmelsk perspektiv. Jeg ønsker gi deg det ditt hjerte lengter etter. Jeg er lys og sammen med meg vil du bringe lys inn i mørke rundt deg. Se ikke på problemene, la deg ikke distrahere, men se opp til meg og strål av glede. Jeg har alt du trenger for i dag og til du en dag skal hjem til meg.»


16 responses to “Lovnad, profeti og filosofihistorie 10. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born. Ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 2. Jesus gav meg ein draum, slik gav han meg visjonar om si hensikt og plan for mitt liv og den vil ikkje verte teken ifrå meg. Han vil eg skal ta den fram att og fortsette å drøyme stort med han.”

  1. 2015.03.29.M. Livet, vekkinga og fornyinga. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Lovnad, profeti og filosofihistorie 10. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot… […]

    Like

  2. 2022.07.17&24 Filadelfia Ulsteinvik. Vitnemøte. Jesus leier meg inn i ei ny tid. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Lovnad, profeti og filosofihistorie 10. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot… […]

    Like

  3. 2024.06.26. Eg vil smykke deg med mine gaver. ELT. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Lovnad, profeti og filosofihistorie 10. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot… […]

    Like

  4. 2024.08.03. Gud ser din lengsel etter han, men han lengtar meir etter deg. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Lovnad, profeti og filosofihistorie 10. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot… […]

    Like

Leave a reply to Lovnad, profeti og filosofihistorie 12. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 4. Jes Cancel reply