Lovnad, profeti og filosofihistorie 11. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 3. Den som stig fram for Gud, må tru at han er til og at han lønner den som søker han, så det er  berre å ta imot i tru og takke. Hans tankar for meg er tallrike som sanden.

Innleiing.

På evangeliets grunnvoll får vi dei mest fundamentale menneskerettane.

I opplysningstida kjempa folk om menneskerettar og det gjer dei framleis. Vår tid synest bere meir og meir preg av at innhaldet i menneskerettane smuldrar bort, det meiner eg viser klarare og klarare at folk treng å verte opplyste av Guds Ord, for slik får dei mest fundamentale menneskerettane. Vi får ta imot Guds rike som små born og komme inn i det. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, fødde på nytt av livsens vatn og Ande, så vi får sjå Guds rike og komme inn i det. Vi får komme inn i fridomen i barnekåret hos Gud. Vi får prestetenesta i den nye pakt. Alt dette er fundamentale menneskerettar for den einskilde, slik bør det forkynnast og slik bør det verte forstått og motteke. Eg kan referere til nokre sentrale og velkjende bibelvers (Joh.1,1-15, Joh.3,3-21, Joh.14,6, Rom.8,12-39, Heb.9,26 & 10,14).

Dette er fyrst og fremst på det individuelle plan, Gud er personleg og vi kjem inn i eit personleg forhold til han (Joh.10,1…). Men det har også med vår sosialisering å gjere, for vi vert fødde inn i Guds rike, som hans born skal vi få leve i fridomen i barnekåret heime i Faderhuset. Slik er og blir Guds rike det meste fundamentale samfunnet i menneskelege samfunn allereie her og no, på denne jorda.

Sidan det er eit personleg forhold til den personlege Gud, som har skapt alle ting og er allmektig, kjem dette først og fremst til å handle om mitt personlege samfunnet med Faderen og Sonen, slik som eg sjølv opplever det.

Dette har relevans til det eg har skrive om profetien om Jesu gjenkomst og romantikken i desse dokumenta:

Her er det sentrale poenget at vi må velje å drikke av kjelda med det levande vatnet, i staden for å drikke av denne verda sin sprukne brønnar, for å få noko varig, verdifullt og meiningsfullt både for tid og æve.

Synda skilde menneska frå Gud, det er det vondes problem og menneska sitt mest fundamentale problem, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vinn vi tilbake det tapte. I det gamle testamentet er  avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Jesus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

I vår tid er det mange som avviser evangeliet om Guds rike og om Kristus som Guds Messias. Slik mister dei sine mest fundamentale menneskerettar og så påstår dei endåtil at dette gjeld det norske folk og Noreg som nasjon også. Så det forvitrar innan frå. Så viser det seg at dei også avviser sanninga i realfag. Det var då som «antikolonialismen» som markerte seg på universiteta for knapt ti år sidan og det var som trua på dei gamle gudane, laga av stokk og stein.

Søke sanning med fredelege metode, metoda i evangeliet og metodene i realfag er fredelege.

Evangeliet gir oss ei metode til å søke og komme til erkjenning av Sanninga. I tillegg har det i realfag vorte utvikla metode til å søke sanning. I begge tilfelle vert vi overtyda med fredelege metode. Vi kan oppleve at det vert motsetnad mellom metodene, men det må vi lære oss å leve med, så vi innser når den eine metoda tek over for den andre. Eg tenker meg at begge desse metodene vert fundamentale i eit framtidig fredsrike; tusenårsriket. Det er profetert at prestetenesta i den nye pakt vert fundamental i tusenårsriket. Med den skal vi søke sanninga i Guds Ord, men poenget mitt er at det er sameinleg med å søke sanning ved å studerer realfag og moderne teknologi. Det vart fundamentalt for vestleg sivilisasjon, vår velstand og velferd og vi gjer rett i å takke Gud for det. Det ligg an til at det kan verte like fundamentalt og verdifullt for dei andre sivilisasjonane også.

Guds Ord og evangeliet om Guds rike var likevel mest fundamentalt, det ser vi av historia og vi gjer rett i takke Gud og Son hans for det, så vi held fram med å bygge både kyrkjelyd og samfunn på evangeliets grunnvoll.

I dokumentet «Lovnad, profeti og filosofi 9. …» skreiv eg etter innleiinga kapittelet «Mi tru, bøn og von», for det er bakgrunnen og det er det her også, sjølv om eg ikkje tek det med her, for her skal eg i staden prøve å gå over på lovprising og takk for at Gud høyrer mi bøn og vil gi meg det eg har bedt om.

Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det.

Det naturlege livet veks og lever av seg sjølv, så vi treng ikkje bekymre oss for det, vi skal berre søke først Guds rike og hans rettferd, så får vi alt det andre i tillegg til det.

Matt.6,25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Når vi tek imot Guds Ord i tru, vert det evige livet planta i oss.

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

Det er Gud som gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande, så det evige livet vert planta i oss og det er Guds som gir det vekst, ved sitt Ord og sin Ande. Derfor må vi audmjuke oss for han, så planten får vatning og næring gjennom røtene, luft og sollys på blada. Så veks den også av seg sjølv, utan at vi treng å bekymre oss så mykje for det, det vesentlege er at vi stoler på Faderen og Sonen, som gav oss livet.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, så vi kan studere den med metodene i realfag. Då skal ikkje sanninga i realfag vere noko problem for vår tru. Realfag er vanskeleg å forstå når det vert avansert og så vert det ofte påstått mykje meir enn dei har dekning for, både med hypotese og teori, det må vi vere klar over og hugse på, dei vitskaplege metodene er slik. Vi er berre menneske og kan ikkje forgude oss sjølve med kunnskapen vår.

Heb.11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Gud er den same og han skaper framleis noko nytt med sitt Ord. Det nye har vi ikkje erfaring av, korleis kan vi då få greie på det og erkjenne det. Ved å tru på Kristus og ta imot han, så vi får oppleve at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande. Dette kjem dermed i tillegg til den sanninga vi finn i realfag.

Vi har fått barnekår hos Gud og får komme til han som hans born, seie kva vi treng og ynskjer oss og seie kva vi tenker og meiner og så gir han oss det vi treng og oppseder oss og lærer oss opp. Det er mykje vi kan tenke, seie og meine, utan at det er straffbart, men vi er førebudde på å prøve det, enn om vi kan få ei betre forståing for det og slik lærer vi.

Den som stig fram for Gud må tru at han er til og at han løner dei som søker han.

Jesus forkynte evangeliet om Guds rike og det var det han lærde disiplane sine også. Det er himmelriket som kjem til oss. Voksne folk måtte vende om og verte som born, ja, fødast på nytt av livsens vatn og Ande, for å sjå det og komme inn i det. Det er det livet som den Anden som Jesus gir oss frå himmelen og det som er født av Anden er ånd. Gud er ånd og hans rike er åndeleg, det er ikkje fysisk synleg, likevel trur vi på Gud og hans rike og får oppleve det som ein åndeleg røyndom.

Heb.11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

…..  6 Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

Luk.17, 20 Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. 21 Ingen kan seia: «Sjå her er det,» eller: «Der er det.» For Guds rike er midt imellom dykk.

22 Til læresveinane sa han:

Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men de skal ikkje få sjå det. 23 Folk skal seia til dykk: «Sjå der,» eller «Sjå her er han.» Gå ikkje dit og fylg ikkje etter! 24 For liksom lynet, når det blinkar, lyser frå himmelbryn til himmelbryn, såleis skal det vera når Menneskesonen kjem til syne på sin dag. 25 Men fyrst skal han lida mykje og verta vraka av denne ætta.

Jesus lærde oss å be slik:

Matt.6,8 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. 9 Difor skal de be såleis:

Fader vår, du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

10 Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.

Jesus har sigra over verda, døden og Djevelen. Ved trua på han skal vi sigre saman med han. Vi ber Faderen om å la riket sitt kome og la viljen sin råde på jorda, slik som i himmelen og ved trua på Jesus, får vi oppleve det i våre liv.

I Johannes Openberring er det fortalt om noko som skjer både i himmelen og på jorda og i nokre vers er det fortalt om at dei som trur på Jesus sigrar saman med han: Op.11,12-13 Op.12,7-12 Op.17,14 Op.19 Op.20,4-6 (Tusenårsriket).

2024.09.11. Dette vil få deg nærmare Gud og fortare ut av det du synest er tungt og vanskeleg.

Tre dagar før eg byrja på dette dokumentet, kom Elin Therese Slotten med ein profetisk bodskap som høver godt som målsetjing for det eg har tenkt å skrive, så då er det berre å få det inn med det same.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:

«Jeg er din Gud som alltid er der for deg og aldri svikter deg. Jeg har velsignet deg med utallige velsignelser. Jeg hører deg mitt barn og det gleder mitt hjerte å gi deg gode gaver. Jeg vil deg bare godt og du kan alltid stole på min godhet. Jeg svarer deg igjen og igjen og jeg trøster deg og fyller deg med nytt håp og glede. Du er min dyrebare skatt som jeg aldri i evighet kan glemme. Du er i min tanker konstant. Mine tanker for deg er tallrike som alle sandkorn. Du er i mitt hjerte mitt barn. Jeg døde for deg for å gi deg alt med meg. Enda du ikke fortjente det.

Å som jeg lengter etter at mine barn vil uttrykke seg mer i takknemlighet for alt jeg er og gjør for dem. Dette er en frukt jeg ønsker skal vokse i ditt hjerte mitt barn. Jeg lengter etter å høre din takkesang til meg enda mer. Takksigelse vil flytte ditt fokus på alt som tynger til et sted hvor glede og håp vil komme tilbake i din sjel. Jeg lengter inderlig etter å høre din takknemlighet og lovprisning til meg. I mitt ord skrev jeg takk under alle forhold. Det er alltid noe å være takknemlig for. Vær ikke som mitt folk som vandret i ørkenen og fant alltid noe å klage på. Klagingen og dens harde hjerte endte bare med at de måtte vandre i det samme i 40 år. Hadde de hatt et takknemlig hjerte for den herligheten de var vitne til, hadde de kommet inn i sitt lovede land lenge før. Vend ditt fokus mot meg i takksigelse og lovprisning. Dette vil få deg nærmere og fortere ut av det du syns er tungt og vanskelig.»

21.9.2024 kom ho med ein profeti om at denne hausten skal mang få bønnesvar og få hauste det som dei har sått og vatna. Men det kan også vere ei tid for mange til å verte beskåren, som grein på vintreet altså. Og så la ho Joh.15,1-21. dette kan de sjå og høyre her:

https://faith-and-entropy.com/2024/09/12/lovnad-profeti-og-filosofihistorie-10-vi-far-dei-mest-fundamentale-menneskerettane-ved-a-ta-imot-guds-rike-som-sma-born-ved-gjenfodinga-far-vi-sja-det-og-komme-inn-i-det-det-er-himmelriket-men-de/ .

Kommentar; takketale.

Ei tallaus mengde, som sand.

Jesus seier han har velsigna meg med utallige velsigningar, eg er i hans tankar og hans tankar for meg er tallrike som alle sandkorn. Det er då enormt, langt meir enn noko menneske kan telje. Gud ville gjere Israels-folket så mange som sanden på havsens strand, så det er sikkert sikta til det.

1.Mos.22, Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. 14 Og Abraham kalla den staden «Herren ser». Og den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»

15 Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, 17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, 18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.»

1.Kong.4,20 Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden på havsens strand. Dei åt og drakk og var glade. 21 Salomo rådde over alle kongerika frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei svara skatt og stod under han så lenge han levde.

Jes.48,17 Så seier Herren, din utløysar,

Israels Heilage:

Eg er Herren din Gud,

som lærer deg det som gagnar,

og fører deg den vegen du skal gå.

18 Å, ville du lyda på mine bod!

Då vart din fred som elva,

di rettferd som havsens bylgjer.

19 Då vart di ætt så tallaus som sanden,

dine etterkomarar som sandkorna;

deira namn vart aldri stroke

og ikkje sletta hjå meg.

Ei tallaus mengde, ja, då passa det ikkje med folketeljing.

Moses heldt folketeljing to gongar, andre gangen var det berre Kaleb og Josva som var att etter første folketeljinga (4.Mos.26,63). Kong David sette i gang ei folketeljing i Israel, men Herren likte ikkje det. David merka det og audmjuka seg og bad om nåde og fekk svar gjennom profeten Gad.  Gud ville straffe Israel for det og let David få tre val. Då valde han pest. Sidan sa profeten at han skulle ofre og Gud svara med eld frå himmelen, som for ned på brennofferaltaret. Så sa Herren til engelen at han skulle stikke sverdet i slira att. Då stoppa pesten altså.

Kva var feilen med at han sette i gang folketeljing? Gud hadde då sagt at han ville gjere dei tallause og no når dei var komne inn i det lova landet, skulle lovnaden oppfyllast. Korleis kunne dei verte tallause då? Gud hadde sagt at dei skulle vere hans born, Jerusalem var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Det var ikkje avgrensa eller betinga av den naturlege fødselen. Guds plan med Israel var å gjere namnet hans kjent for nabofolka deira. Ja, for han er den rettmessige Gud for heidningane også, så dei også skulle kunne verte hans born. Det er ikkje mogleg for menneske å telje kor mange det er.

Kjelda med levande vatn og livsens ande.

«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Det skjøna ho ikkje, så ho vart ei hore i staden, då vart landet hærteke og folket bortførde til Babylonia. Profeten Jeremias sa at dei hadde vendt seg bort frå Herren, kjelda med det levande vatnet. Kjelda som vella opp i Edens hage er symbol på kjelda med det levande vatnet. Så lenge dei heldt seg til den og drakk av den så hadde dei også livsens ande, for det er begge deler den Heilage Ande (Joh.7,37-39).

Livsens ande er dei fire vindane som sette havet i opprør, så dei fire store rika oppstod, dei fire dyra i Daniels bok. Vi som er fødde av Anden er ånd (Joh.3) og slik er vi dei fire vindane. Det har eg nyst skrive om her:

 https://faith-and-entropy.com/2024/09/12/lovnad-profeti-og-filosofihistorie-10-vi-far-dei-mest-fundamentale-menneskerettane-ved-a-ta-imot-guds-rike-som-sma-born-ved-gjenfodinga-far-vi-sja-det-og-komme-inn-i-det-det-er-himmelriket-men-de/ ,

Så då var denne helsinga som Elin kom med midt i blinken, får eg seie. Ved at menneske vert fødde av Anden og blir ånd, vert vi tallause som sand. Så tallause er Guds tankar om meg og for meg er det velsigning.

Verte som born for å komme inn i Guds rike og så kjem det til oss.

Vi må verte som born for å komme inn i himmelriket.

Matt.18,2 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Matt.19,13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.»

Jesus lærde oss også å be: «Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt komme. Lat viljen din råda på jorda, slik som i himmelen …..». Korleis skal det skje då? Ved at vi trur og tek imot med takk, som små born som har tillit til sin Far, stolar på at han elskar dei og har omsorg for dei som sine born.

Jesus sa at vi skulle verte verande i hans ord, så skulle vi lære å kjenne sanninga og den skulle setje oss fri. Vi skulle tru på han og ta vare på hans ord, elske han og elske kvarandre, så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss.

Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Gud openberra si frelse i Kristus for meg og ei kvinne eg var glad i.

Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei kvinne som eg var glad i og det var først og fremst ei takkebøn fordi eg trudde at han frelste henne, først henne Virtuella, så henne Reella. Eg hadde bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone, så det kom som andre prioritet. Første prioritet vart då å takke for at han frelste både meg og henne. Eg skal glede meg i Herren og hans frelse og takke han for den, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Då utartar det seg slik at han frelser ei kone til meg, så i tru skal eg takke for det også og det gjeld begge to, som om Gud gir meg to koner.

Jesus vil at vi skal takke han for alle ting, men det kjem først og fremst som resultat av at vi vert frelst og fri ved erkjenning av sanninga, frelseskjelda er gledeskjelda vi drikk av. Han er sanninga, vi er i han og tilbed Gud i han.

Joh.4,21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»

Jesus har då sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg tenkte meg at det var ført og fremst til desse to kvinnene, så i den velsigninga kjem dei inne i tilbedinga av Gud i ånd og sanning, der dei opplever frelsa og fridomen i Kristus. Og eg opplever det som ei frukt som veks i mitt hjerte. Det er mange som talar om ein bestemt dag då dei vart frelst, men for meg er det den dagen Jesus døde i staden for meg på korset. Og merk at frelsa også vert omtala som ein plante og ei frukt og den treng tid på å vekse og modnast, ved at Gud gir vekst (Joh.15,1…, .

Livet er som ein plante som veks og frelsa er som ei frukt som modnast.

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

Jes.45,8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,

lat rettferd strøyma, de skyer!

Jorda skal opna seg for det,

og den frukt ho ber, er frelse,

det ho lèt gro, er rettferd.

Eg, Herren, skaper dette.

Bodskap2.FM.11.7.2024, på Maranata landsstemne. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon:

«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.

Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.

For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»

Gud er fullkomen og skaper noko fullkome og evig. Slik frelser han oss.

Ja, eg må lære å skilje mellom kva eg skal gjere og kva eg må overlate til Gud å gjere, det er ikkje berre teori, men noko eg opplever i mitt daglege liv. Ved å ta imot i tru og takke for det, får eg oppleve meir og meir av kva Gud vil gjere i mitt liv. Vi må ta imot Guds rike som små born for å komme inn i det og oppleve det.

Fork.3,9 Kva vinning har den som arbeider,

av alt sitt strev?

10 Eg såg det plagsame strevet

som Gud har gjeve menneska.

11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

1.Kor.3, 5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.

10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er.

Jesus sa at vi skulle vere fullkomne.

Matt.5,48 Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

Korleis kan eit menneske vere fullkome?

Job.25,5 Jamvel månen skin ikkje klårt nok for han,

i hans augo er ikkje stjernene reine.

6 Kor mykje mindre då menneskekrypet,

mannen – den makken han er?

Gud er fullkomen og det verket han gjer er fullkome og varer evig, det er ved at han gjenføder oss, av livsens vatn og sin Ande, det som er født av Anden er ånd. Slik vert vi fullkomne.

Heb.9,27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Heb.10,14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

1.Joh.4, At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

Med heilaggjeringa (Heb.10,14) skal vi ha den innstillinga at vi går framover mot det fullkomne.

Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og ei jente som eg var glad i og då openberra han henne for meg som sitt barn, fødd av livsens vatne og Ande og det som er født av Anden er ånd, sitt barn som han elska og hadde omsorg for og som Kristi brud, som han elska og hadde omsorg for. Først for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella. Han openberra for meg at han frelste dei, frigjorde dei, fødde dei på nytt til å verte hans born, gjorde dei til ny fullkomne skapningar. Og det er det eg vil fram til, for eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og trur framleis han vil gi meg det som svar på bøn. Så det gjeld begge to, som om han gir meg to koner. Korleis kan eg komme fram til det og ta imot det? Ved at eg tek imot i tru og takkar han for det, ja, for det er då berre Gud som kan skape noko fullkome, som står til evig tid.

Jesaja 42,8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

Den nye songen

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!


Leave a comment