Bilde: Eit hus bygt på ein klippe, med eit fyrlys som gjer det synleg langan lei.

Kva er det Norske Hus?

Einig og tru til Dovre fell.

Dersom vi skal definere og tale om «det Norske Hus» og vere med på å byggje det, må vi byrje med grunnmuren, det mest grunnleggande og det må no ført og fremst vere eit bustadhus, der den norske familien bur og lever, mannen, kona hans og borna. Det kan vere einebustad eller bustadblokk. Dernest kan vi tenke på kyrkje, bedehus og skulehus. Så rådhus. Høgskule, universitet, storting og regjeringsbygg kjem på toppen. Så då må grunnmuren allereie ver lagt.

Den grunnlovgivande forsamlinga på Eidsvoll sa dei skulle vere einige og trufaste til dess Dovre fall, det har vore eit slagord i 17.mai talene sidan. Soleis vart det lagt opp til å bygge det Norske Hus på fjell, det skulle her vel vere nok av. Så la det også minne oss om

Matt.7, 24 Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

26 Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand. 27 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.

28 Då Jesus hadde halde denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29 For han lærte dei med mynde, og ikkje som deira skriftlærde.

Men kor mange veit kva Jesus nettopp hadde sagt, når han sa dette?

Jesu Kyrkje er global.

Gud sa at han gjer noko nytt, Jesus forkynte evangeliet om Guds rike og det er globalt. Jesus sa til disiplane sine at han hadde fått makta over alt som menneske heiter. Etter at han stod opp frå dei døde, gav han disiplane sine misjonsbefalinga:

Matt.28,18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Noahs ark er førebilete på dåpen, det er ei pakt og avtale med Gud om at han frelser oss i Kristus, så vi skal ha godt samvit på grunnlag av at Jesus stod opp frå dei døde.

1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.

Gud er fullkommen, Jesus er Guds Son og er fullkommen, hans frelseverk er fullført og fullkome, det er ikkje noko vi kal legge til eller ta ifrå. Vi kan berre ta imot i Jesus i tru, så får vi rett til å verte Guds born, fødde av vatn (livets vatn) og Ande. vi vert heilaggjorde ved Guds Ord og Guds Ande, reinsa i Jesu blod og verte fylte av den Heilage Ande. Slik får vi oppleve eit regimeskifte, vi kjem inn i ein ny globalisme, den gamle er utgått på dato, likevel tek det tid før den er heilt borte. Ja, det vert nok mykje krig og spetakkel endå, før tusenårsriket kjem.

Johannes Openberring 12,7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

Legg merke til at dette er ikkje noko vi kan gjere i eiga kraft, men vi vinn seier i kraft av Jesu blod og ved at vi viner om han. Det er ved at vi trur på han og kjennest ved han for menneska.

Jagland-regjeringa.

Jagland-regjeringa (1996-1997) kalla si politiske målsetjing for «Det Norske Hus», sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Det_norske_hus :

Det Norske Hus var et politisk slagord brukt av Thorbjørn Jaglands regjering om målene for regjeringens politikk frem mot årtusenskiftet. I regjeringens tiltredelseserklæring fra 1996 het det:

Grunnmuren i Det Norske Hus er den samlede verdiskapningen innenfor et økologisk bærekraftig samfunn. De fire søylene som bærer huset er:

  • Nærings- og arbeidslivspolitikk.
  • Velferdspolitikk.
  • Kultur-, forsknings- og utdanningspolitikk.
  • Utenriks- og sikkerhetspolitikk.[1]

Men det kom ikkje stort lengre enn til teiknebrettet. Sitat frå https://snl.no/Thorbj%C3%B8rn_Jagland :

«Det norske hus

Han lanserte store vyar om at han no skulle omstille samfunnet for møtet med eit nytt årtusen, og dei trauste sosialdemokratiske verdiane skulle no få eit nytt innhald. Den store visjonen sin kalla han for «Det norske hus». Han visste at han no skulle «hoppe etter Wirkola». Han kunne ikkje bli, og hadde knapt noko ønskje heller om å bli samanlikna med forgjengaren Brundtland.

Politikken var fastlagd i partiprogrammet. Han måtte difor markere seg på andre måtar. «Det norske hus» var eit slikt nytt «konsept». Kanskje ville ikkje «huset» ha blitt så verst om Jagland og byggmeister Rød Larsen hadde fått fred til å bygge, men det fekk dei ikkje. «Det norske hus» kom ikkje lenger enn til teiknebrettet.

Utskifting av statsrådar

Ironisk nok var det gamle saker frå før hans tid som kom til å velte planane. Det starta med at visestatsminister og planleggingsminister Terje Rød Larsen måtte gå av nesten før han hadde fått eigen kontorpult i regjeringskvartalet. Ei gammal skattesak knytt til eit fiskeindustriprosjekt i Finnmark skapte eit enormt mediapress og gjorde at Rød Larsen måtte trekkje seg.

Den sentrale posisjonen som Jagland hadde tiltenkt Rød Larsen i regjeringa, gjorde at mykje av fornyingsprosjektet hans vart borte då Rød Larsen måtte gå. Mykje av Jaglands prestisje vart også øydelagt av gammalt grums frå tidlegare statsministrar i form av den såkalla Furre-saka.

Overvakingspolitiet si gransking av ein av medlemene i Lund-kommisjonenBerge Furre, slo ned som ei bombe. Justisminister Grete Faremo, ein av dei sterkaste statsrådane i regjeringa, vart pressa til å gå. Terje Rød Larsen vart erstatta med riksbibliotekar Bendik Rugaas. Heller ikkje det vart nokon suksess.

Justisministeren Anne Holt måtte gå av som følgje av sjukdom. Også ho skulle vere ein frisk pust i Jaglands regjering. Det første halve året i den nye regjeringas liv vart noko bortimot eit mareritt av personutskiftingar og problemsaker. I staden for det store svevet som Jagland la opp til, vart det landing på kulen.»

Gudmund Hernes; teoretisering av yrkesfag.

Gudmund Hærnes fekk stor betydning for utdanningspolitikken. Sitat frå https://snl.no/Gudmund_Hernes :

«Gudmund Hernes er en norsk sosiolog og tidligere politiker for Arbeiderpartiet. Fra 1990 til 1995 var han kirke-, utdannings- og forskningsminister i regjeringen til Gro Harlem Brundtland, deretter helseminister fra 1995 til 1997.

Som forsker har Gudmund Hernes vært særlig opptatt av makt og sosial ulikhet. Som politiker har han satt store spor etter seg i det norske samfunnet. Han stod bak de to store omleggingene av norsk skole på 1990-tallet, Reform 94 (videregående opplæring) og Reform 97 (grunnskolen) samt innføringen av fastlegeordningen. Han utnevnte Norges første kvinnelige biskop, opprettet Norges forskningsråd og slo sammen 98 høyskoler til bare 26 i den såkalte Høgskolereformen fra 1994.Akademisk karriere

Gudmund Hernes tok doktorgrad i sosiologi ved Johns Hopkins University i USA, og ble deretter universitetslektor ved Universitetet i Bergen i 1969 og professor i 1971.

Fra 1972 til 1979 var han formann i forskergruppen for den første Maktutredningen, og han var leder av Norges almenvitenskapelige forskningsråd (NAVF) sitt senter for samfunnsvitenskapelig forskerutdanning fra 1978. Han var formann i Politisk Forum fra 1980 til 1981.

Sammen med blant andre Terje Rød-Larsen var Hernes sentral i opprettelsen av Fafo (Fagbevegelsens Senter for Forskning, utredning og dokumentasjon) i 1982, hvor han var forskningsleder fra 1983 til 1988.

Hernes kom inn i regjering første gang som statssekretær i Planleggingssekretariatet fra 1980 til 1981. I 1990 ble han kirke-, utdannings- og forskningsminister, og gikk inn for en mer teoretibasert skolegang, også for yrkesfag, med den begrunnelse at elevene måtte klargjøres for livslang læring. Reformene har møtt kritikk for å utestenge teorisvake elever.” 

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Gudmund_Hernes :

Som kirke-, utdannings- og forskningsminister gjennomførte han store reformer av norsk skole og høyere utdanning som Reform 94Reform 97 og Høgskolereformen.

Etter at han forlot regjeringen har han hatt oppdrag for FN og vært knyttet til forskjellige akademiske institusjoner, blant annet som forsker I ved Fafo[6] og professor II ved Handelshøyskolen BI.[7]

Reform 94 har imidlertid vist seg å være kontroversiell og har resultert i massiv kritikk, hvor hoveddelen av kritikken synes å være rettet mot teoretisering av yrkesfagene.

Som utdanningsminister ble han mest husket for innføringen av Reform 94, som gav elever rett til tilbud om videregående opplæring, men som også har blitt møtt med kritikk om teoretisering av (særlig) yrkesopplæringen.

Reform 94 var en parallell til den elevsentrerte reformpedagogikken i Danmark, der Bertel Haarder var undervisningsminister inntil 1993.

Som minister forberedte Hernes også grunnskolereformen R97 som utvidet grunnskolen fra ni til ti år.

Praktisk pedagogisk undervisning, PPU.

Bygge på evangeliets grunnvoll.

Siste helga i september 2008 tenkte eg på eit par bibelvers og når eg sette meg ut i bilen for å fare på møte på Sion Åheim og då sa eg i mitt stille sinn at dette yngste eg å dele på møtet, men det var litt mykje til å ta i vanlege vitnemål. Når eg kom på møte og predikanten fekk ordet, sa han at no skulle vi late det det vere frie vitnemål før tala. Så eg gjekk fram og las det eg hadde tenkt på, frå 1.Kor.3,5-23 og Frk.3,1-14. vi skal bygge på evangeliets grunnvoll, som Guds medarbeidarar, då er det om å gjere å bygge med noko som er verdifullt og varer, det er berre Gud som kan skape noko som står til evig tid og det er mest verdifullt. Etterpå svara Jesus meg med denne bodskapen, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/ :

“Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du så sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.”

Å opne for frie vitnemål før tala er heilt uvanleg, predikanten sa at det var berre ein gong før han hadde gjort det. Så det var tydeleg at det var den Heilage Ande som dreiv han til det. Denne bodskapen har eg skrive om mange gangar før, det får holde for ei stund. Eg tok det som kall om å fare til Oslo og byrje på praktisk pedagogisk utdanning, så eg byrja på det i januar 2009.

PPU 2009 ved UIO.

Teori og erfaring, hjerte og hjerne.

Det var lett å sjå den pedagogiske teorien  i forhold til filosofihistoria og det syntest eg var interessant. Men då syntest det var litt rart at metodene i realfag ikkje kom betre fram i den pedagogiske teorien. Det var viktig for læraren å sjå elevane, høyre og sjå om dei fekk med seg det som du snakka om, slik vart det ein motsetnad mellom den faglege teorien og det du såg og høyrde, til samanlikning med motsetnaden mellom teori og erfaring i den vitskaplege metoda. Denne motsetnaden vart sjølvsagt større når der var elevar som var svake i teori.

Vere kanal for Guds velsigning.

Dette handlar også om motsetnaden mellom hjerte og forstand og då kjem eg i hug at Jesus sa eg skulle få oppleve at krafta er den same som når eg var ung, eg skulle få oppleve at eg var på det indre plan i kompaniskap med han.

Bodskapen 2.12.2001:

”……i min menighet. (Det måtte sikkert vere velsigninga det er tale om her, straumen med levande vatn.) Åpna ditt hjerte, for den flyt også deg i møte, mitt elskede barn, og eg ønsker å nå deg, slik at du skal få oppleva både hjelpen ifra helligdommen og støtten ifra Sion. Eg har opna himmelen over deg, men også mens du vandrer her nede, skal du få oppleva det er en husvalelse som flyter midt i min menighet. Og denne husvalelse skal også du få lov til å bringa ifrå ditt hjerte, der eg får væra, der eg får bo, der eg får leva ved troen, skal du også få bringa denne velsignelsen med deg ut. Derfor har eg plassert deg, eg har plassert deg midt iblant mitt folk, slik at du der skal få oppleva å bli fylt, igjen og igjen og igjen. Og så kan du få lov til å ta denne fylde, denne kraft, denne velsignelse med deg, midt ut i hverdagen. Og husk då på at, då vil eg også i den grad fylla deg at det får flyte over kanten av ditt hjerte. Og du  får oppleva sannheten av ordet, fra deres liv skal det som skriften har sagt rinne strømmer av levende vann. Og så skal du sleppe å frykta for å gi ut, for eg har ny fylde. Slik skal du få oppleva at min menighet skal du få venda tilbake til, for å oppleva ny fylde, ny velsignelse, ny støtte, og slik skal du få ha menigheten som et kraftsenter, og du skal få ha den som en -, en velsignelsessenter i din tilværelse. Og du skal få oppleva at -, du kan også -, du skal oppleve at i min menighet så finnes det en motkraft imot de nedbrytande krefter du får -, får oppleve du er bombardert av. Søk næring, søk hjelp, opna deg for velsignelsen, den er her. Og i min menighet, der eg er midt i blant, sier Herren, skal du også få oppleva at, der er eg som miraklenes Gud, der er eg som åndsdøperen, der er eg som den store legen, der er eg som den som kan gjøra det umulige mulig. Eg er underets Gud, miraklenes Gud. Vit at det er en undergjørande kraft også i min menighet, fordi eg er der, sier Herren, og eg har det navnet som, der eg fremdeles kalles Under, veldig Gud, evig Fader, og rådgiver. Amen. Amen i Jesu namn.

Frå R94/97 til kunnskapsløftet 2006.

Pedagogane var svært kritiske til Gudmund Hærnes si reformering av utdanninga. Han prøvde å gjere det lett å gå frå yrkesfag til teoretiske fag, for å komme vidare med etterutdanning. Praktiske fag som ikkje passa til dette vart kutta ut. Det var eit tap for lokal-demokratiet. For å gjennomføre dette rådførde han seg berre med nokre få og gjennom førde det nokså eigenrådig i lag med nokre få. Pedagogar som sat høgt i utdanningssystemet kjende seg forbigådde fordi han ikkje rådførde seg med dei, dei tok det nær sagt som ei fornærming. Soleis var det ei sentralisering av makt og dei oppfatta det som det var også hensikta med denne skulepolitikken.

R94/97 hadde ein generell del som var svært god og som vart vidareført i kunnskapsløftet, den vart også kopiert av andre land. Læreplanane var svært så detaljerte, kanskje eg såg eit døme på det. Men under Bondevik-regjeringa var Kristin Klemet utdanningsminister og gjennomførde Kunnskapsløftet 2006. Læreplanane var korte og konsise, dei stod endåtil i lærbøkene. Det gav læraren større fridom til å tolke kva som skulle vere med. Det likte eg, det var lett å forholde seg til.

Søke sanning eller makt?

Vi har todeling mellom ånd og materie, kropp og sjel, hjerte og hjerne, erfaring og teori, teoretiske interesser og praktiske interesser. Det synest vere ulike sider av same sak. Så seier vi gjerne at kunnskap er makt, det er rett i mange samanhengar. Men så skil vi mellom maktinteresser og interesser av å søke sanning. Her høver det å minne om Jesus ord om at dersom vi høyrer på han skal vi få lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Men dersom dei som er svake i teoretiske fag og ikkje interesserer seg for det heller, skal vere nøydd til å prøve å lære det, i staden for å lære eit praktisk yrke og utføre det, så opplever dei ikkje det som fridom. Men Jesus er sanninga som set dei også fri, ja, han prioriterte å gå til dei ulærde og det hadde han gode grunnar for.

1.Kor.1, For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap?

Frå tullete master-oppgåve til forsking i fysikk.

Akademisk tøv på linje med Erasmus Montanus.

Det viste seg at to statsråd hadde skrive masteroppgåver ved å kopiere frå andre og så skreiv Erling Kjekstad ein artikkel der han samanlikna dei to masteroppgavene med det akademiske språket til Erasmus Montanus. Sitat frå https://www.nationen.no/derfor-hadde-ludvig-holberg-elsket-borch-og-kjerkol/o/5-148-489464?fbclid=IwAR33cvlXfHSdz4i1gMfaZJnk9oC8z2YOxKnxtkxIBgzpIyth9TEK-Gn0tCM :

Sandra Borchs oppgave er i hvert fall blant de som har en interessant problemstilling: «Drøftelse av om HMS -forpliktelser i rettighetshavergruppen på norsk sokkel blir ivaretatt.» Så hva er hennes hovedkonklusjon? Jo, at «på bakgrunn av de vurderinger som er gjort ovenfor vil jeg si at utviklingen av regelverket i norsk petroleumsnæring har vært vellykket. Men samtidig er det heller ingen tvil om at rettighetshavergruppene står overfor noen utfordringer (…)»

Kanskje ikke så banebrytende, men underveis kunne en moderne Ludvig Holberg funnet mye å glede seg over hos Borch. Som dette: «Det er ikke vanskelig å se at Petroleumstilsynet, som myndighetsansvarlig for den tekniske og operasjonelle sikkerheten på norsk sokkel, har en kapasitetsutfordring som må håndteres også i kommende år. I tillegg vil det være nødvendig å ha fokus på å opprettholde et kompetansenivå i etaten som samsvarer med utviklingen i næringen».

Her er det mulig å oversette Rasmus Montanus-språket til norsk: «Etaten må følge med og holde seg oppdatert». En tilsvarende oversettelse blir vanskeligere når Ingvild Kjerkol slår til med dette: «Velferdsteknologiske løsninger kan i enkelte tilfeller være enkeltprodukter som brukeren selv håndterer, men i mange tilfeller brukes velferdsteknologiske løsninger i en større sammenheng, der for eksempel signaler hjelpemiddelet sender ut, må følges opp av brukeren selv eller andre. Teknologien gir et behov for interaksjon mellom kunnskap, produkt, teknologi og organisering.»

Særlig den siste setningen hadde Ludvig Holberg hatt mye glede av.

Og hva med denne, også fra Kjerkols oppgave: «Det er et lederansvar å lede tjenesteinnovasjonsarbeidet, slik at nye ansvarsområder blir ivaretatt og at eventuelle overflødige rutiner lukes ut. En problemstilling som kommer frem i vår forskning er behovet for å lære opp vikarer og andre ansatte, slik at tjenesten kan håndtere teknologien i perioder hvor de som håndterer teknologien best er fraværende, eller har ferie.»

Trenger man virkelig en forskningsoppgave i kunnskapsbasert ledelse for å slå fast at sjefene må sørge for at vikarer får opplæring før de slippes løs alene? Hvilken bonde slipper en vikar inn i fjøset uten på forhånd å forsikre seg om at hen klarer jobben? Ingen, selvsagt. En bonde som – i motsetning til Erasmus Montanus – har beholdt bakkekontakten, averterer ikke etter hjelp med å skrive i annonsen at i fjøset her på gården kreves «interaksjon mellom kunnskap, produkt, teknologi og organisering».

Den er ein fulltreffar. Rasmus Berg skifta namn til Erasmus Montanus, broren var bonde og syntest det var rart, han var jordnær og tenkte på det som var nyttig og som folk trengde. Til samanlikning kan ein bonde seie konklusjonen i Kjerkols oppgåve med godt norsk, det er ganske enkelt at ei bedrift vurderer behovet for passande kvalifisert arbeidskraft.

Kjerkol har studert psykologi (bachelorgrad) og drift og vedlikehald av EDB-system og så var det denne masteroppgava i kunnskapsbasert ledelse då, merkeleg nok er det ikkje teke med her, sitat frå https://nn.wikipedia.org/wiki/Ingvild_Kjerkol :

Kjerkol har utdanning frå NTNU, der ho har ein samfunnsvitskapleg bachelorgrad innan psykologi. Ho har også studert drift og vedlikehald av EDB-system ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Ingvild Kjerkol har jobba som både lærar og miljøarbeidar i Stjørdal kommune. I 2009, før ho vart fylkesråd, jobba ho i ein periode som næringspolitisk rådgjevar i ALLSKOG

Ho har vore helse- og omsorgsminister, men det burde vere ein realist, biolog, lækjar. Arbeidarpartiet er venteleg interessert i å rekruttere frå arbeidslivet, då burde det vere ein helsefag-arbeidar som er vand til å snakke med sine overordna på vanleg godt norsk, for å representere både pasientane og dei tilsette, slik at dei forstår det og blir forstått. Men i marxismen er det noko som heiter framandgjering og dette språket verkar til at både pasientane og helsefag-arbeidarane vert framandgjorde. Og kva så? Den skulle gjere det klart at det trengst ein revolusjon.

Javel, så her trengst ein opposisjon, kanskje endåtil som opprør, frå dei som gjer nytte for seg, bønder, fiskarar mm. Sitat frå artikkelen: Trenger man virkelig en forskningsoppgave i kunnskapsbasert ledelse for å slå fast at sjefene må sørge for at vikarer får opplæring før de slippes løs alene? Hvilken bonde slipper en vikar inn i fjøset uten på forhånd å forsikre seg om at hen klarer jobben? Ingen, selvsagt. En bonde som – i motsetning til Erasmus Montanus – har beholdt bakkekontakten, averterer ikke etter hjelp med å skrive i annonsen at i fjøset her på gården kreves «interaksjon mellom kunnskap, produkt, teknologi og organisering».

Feil i logikken heilt ifrå Aristoteles, «logikkens far».

Ludvig Holberg vart professor i metafysikk, eit fag han mislikte, fordi han meinte det var å verte oppteken av uinteressante og unyttige problemstillingar, som om englane var skapte før menneska, eller menneska kom først, etter så som eg minnest å ha høyrt og det er slike metafysiske problemstillingar han ironiserer over, når han skriv om det som Erasmus prøver å bevise. Aristoteles er kalla logikkens far, men han gjorde den feilen at han brukte den på fysiske gjenstandar, i staden for idear. Og det er det vi ser eit døme på her, når Erasmus vil prøve å bevise at Mor Nille er ein stein. Realfag har kvitta seg med denne feilen for lenge sidan, ved at metodene i den nye naturvitskapen er hypotetisk deduktive.

Kjerkol har bachelorgrad i psykologi, men her er noko som verkar litt merkeleg med metoden. Universaliestriden i middelalderen resulterte i Thomas Aquinas rekna med universalier før tingen, i tingen og etter tingen, det siste var vår erfaring av tingen. Men kva om tingen er eit menneske? Då får vi vel ei eineståande moglegheit til å få vite meir om universalia i tingen. Dei fleste menneske er ikkje dum som ein stein som ikkje kan svare for seg, ikkje Mor Nille heller. Vi kan legge merke til korleis eit menneske oppfører seg (empiri) og så snakkar vi med det og spør kvifor det oppfører seg slik. Det svarar med ein tanke eller ide og så kan vi diskutere om det er universelt, om tanken er god, om det er ei god forklaring. Vi kan spørja kva idear det har og diskutere om det er gode hypoteser. I følgje Karl Popper må utsagnet vere negerbart, for at det skal kunne brukast som hypotese i vitskapen, men då er det mykje i vår kommunikasjon som ikkje er vitskapleg. Kva så med “våre funn”, som det er snakk om? Det er empiri. Men kva er det som er poenget her, å stille hypotese for å prøve den som teori? Nei. Det som trengst her er at menneske får svare for seg sjølve, både pasientar og helsefag-arbeidarar, erkjenne sine behov og prøve å få gjort noko med med det. Eller skulle kanskje ein psykolog prøve å tilsløre det? Kvifor skulle han vel det? Er det ikkje heller psykologens oppgåve å hjelpe pasientar med å forstå seg sjølve og sine eige behov og hjelpe dei til å komme vidare i livet, så dei kan oppnå sine mål. Det er no slik eg har forstått det i alle fall.

Occams razor Poppers krav til ei vitskapleg setning prega moderne vitskap, men så kom «postmodernismen».

Når vi skal prøve å løyse eit problem i realfag er det om å gjere å finne den enklaste forklaringa som gir rett og best mogleg forklaring på mest mogleg, Jfr. Occams barberkniv. Ganske enkelt fordi problema vi møter er store nok frå før, om ikkje vi skal prøve å gjere dei vanskelegare. Dei store forklaringane var rasjonelle (forstandige), så det gav god innsikt, dei vart store brikkar i eit puslespel som gav god oversikt og vidsyn. Det var typisk for modernismen. Postmodernismen vart ein reaksjon mot dette, med empirisme som motsetnad til rasjonalitet vart det oppdeling i mindre bitar, resultatet vart mindre forstand og innsikt. Det viser seg her. Resultatet av den liksom empiriske undersøkinga vert kalla “våre funn”. Teksta er vanskeleg å forstå, men ved å bruke occams razor når vi oversetter til vanleg norsk, vert teksta forståeleg for vanlege folk. Då oppdagar vi at dette er då lett å forstå, det er endåtil sjølvsagt for alle og ein kvar. Dersom det verkeleg er noko meining i det, då.

..

Dette problemet merka eg når eg tok praktisk pedagogisk undervisning også, vi skulle liksom få forskningsbasert undervisning, sidan det var eit universitet (UIO), men når eg skulle prøve å få tak i kva som vart sagt, var det som å gripe ut i skodda. Når eg kom ut att etter ein dobbeltime, vart eg ståande og lure på kva som hadde vorte sagt, kva hadde eg lært. Ingen ting. I følge Karl Popper skal eit vitskapleg utsagn vere negerbart. Men her var det ikkje ein gong råd å formulere ei setning om kva som var det sentrale poenget. I nokre forelesingar vart klart at det handla om makt, om den skulle vere sentralisert, slik som den vart ved Gudmund Hærnes som utdanningsminister eller om den skulle vere desentalisert, dvs. ved at pedagogiske ekspertar fekk meir makt. Det siste vart framstilt som meir makt til distrikta, men det fungerer sjølvsagt ikkje slik når dei kjem med slikt idiotisk akademisk språk, når det kan seiast mykje enklare på vanleg norsk, slik at vanlege folk forstår det.

Motsetnad mellom faglege interesse og makt-interesse.

Den vanlege påstanden er at sjølv om nokon er fagleg flinke, er det ikkje sikkert dei er flinke å undervise og det vert det gjort vesen av. Spesielt på realfag, har eg fått inntrykk av. Det er tydeleg at det soleis også er maktinteresser som motsetnad til faglege interesser. Kravet om forskarbasert utdanning er både fagleg, at det skal vere oppdatert, og det har med metode å gjere. Metodene i realfag er også pedagogiske metoder. Det er tydeleg at der er ein motsetnad mellom det og maktpolitiske metode.

Saul Perlmutter vann nobelprisen i fysikk i 2011 og Peter Higgs i 2013. Begge meinte at med dagens bevilgningssytem, hadde dei ikkje klart å vinne fram. For i staden for å innvie seg til det faglege arbeidet, måtte dei bruke mykje tid på å skrive søknad og det ville slett ikkje vere sikkert dei fekk bevilgning til nettopp det faglege arbeidet dei dreiv på med. Fordi der er så mykje makt-politiske interesse bak bevilgningane. Det er ein trend i tida.

Du skal ikkje ete av frukta på kunnskapstreet.

På slutten av 1970-talet var venstreradikale kritiske til at bukken passa havresekken. Men kva når konflikter vert havresekken? Kan noko verte meir øydeleggande? Skal psykologar og juristar mm. løyse og hindre konflikter og leve av det eller trengst det meir konflikter for at fleire psykologar og juristar skal få meir å leve av?

Det minner meg om at etter syndefallet sa Gud til mannen at jorda skulle vere forbanna for hans skuld, torn og tistel skulle ho bere og med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød, mold var han og til molda skulle han attende. På grunnlag av eit fundamentalt klagemål mot mennesket vert det meir behov for psykologar, juristar mm. Men løysinga på det vondes problem er evangeliet om Kristus. I realfag brukar vi fredelege metode og vert overtyda. Når vi søker samfunn med Gud på evangeliet grunnvoll, brukar vi også fredelege metode og vert overtyda. Begge deler har vore å dyrke og verne Guds hage, for eg har ei dobbeltolking av 1.Mos.2, det er både den fysiske jorda og hjertets jord. Fordi Gud eksisterer, han er ånd og han gir oss sin Ande, det er Sanningens Ande, den overtyder oss.

Men når eg har studert realfag, har eg ikkje forstått det som å ete av kunnskapstreet, men av dei andre trea i hagen, men livsens tre fann eg i trua på Jesus og hans fullførde frelse verk. Lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Kristus. Løgna er avgudane laga av stokk og stein, som motsetnad til dette er Jesus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Så metodene i evangeliet kjem i tillegg til metodene i realfag eller rettare; metodene i realfag kjem i tillegg til metodene i evangeliet.

Klipp frå Facebook:

Baard Meidell Johannesen

25.1.2024.

Diskusjonen om Mastersyken er et blindspor. Det interessante er hvilke fag alle disse masterne tar. Og ser vi på statistikken (riktignok på Bachelornivå) ligger Norge svært lavt når det gjelder teknologi og realfag.

Det er en utbredt oppfatning at arbeidslivets behov bestemmer ungdommens utdanningsvalg. Det er faktisk omvendt:

Utdanner vi mange ingeniører, får vi mange bedrifter.

Utdanner vi mange jurister, får vi mange konflikter.

Utdanner vi mange samfunnsvitere, får vi mange organisasjoner.

Jeg tipper organisasjonslivet går enda bedre tider i møte. Konfliktbransjen også. De er jo også gjensidig avhengig av hverandre.

Snåsa-koda.

Avisartikkel om Snåsa-mannen i fysikk-didaktikk i PPU.

I ein undervisningstime i fysikk fekk vi sjå ein avisartikkel om Snåsa-mannen og vi vart spurde om kva vi syntest om det. Der var fleire kristne som vitna om lækjedom ved bøn. Eg sa berre at Gud har makt over naturen han har skapt. Men eigentleg hadde eg ikkje brytt meg om å lese avisartiklar om Snåsamannen, så eg viste eigentleg ikkje så mykje om han. Sidan Dagbladet skreiv om han rekna eg med det var ikkje bryet verdt å lese om han.

Så tok dei opp spørsmålet om korleis vi skal forhalde til den kristne trua. Fysikarar som var ateistar hadde kollega som trudde på kristendomen, samtidig som dei var glimrande fysikarar og vitskapsfolk, og dei respekterte dei både som vitskapsfolk og respekterte dei for trua deira. Slik må vi som fysikarar og vitskapsfolk respektere kristendomen og dei som trur på den.

Rett etter neste didaktikk-dobbeltime eller i pausa fortale eg om eit misjonærpar i Afrika som hadde ein son som hadde «vass-hovud» (hydrocefalus). Dokterane hadde montert ein slange som skulle drenere vatn frå skallen, ned i magen. Den måtte skiftast når han vart større, men dei var i Afrika, korleis kunne dei få det gjort? Då bad dei for han og han vart lækt. Etter at han var voksen hadde han framleis slangen, men då rakk den berre ned på halsen. Då var der ein av studentane som fortalde at han hadde same sjukdomen og vi fekk kjenne på halsen hans at slangen var der rett innfor huda.

«Snåsakoden».

Det vart sagt om Snåsa-mannen at han hadde «varme hender», så det kjendest godt når han la hendene på nokon altså og  fekk rykte på seg om at han lækte folk på den måten, ein «healer» altså, så folk vart lækte ved hans bønn for dei. Biologen Kristian Gundersen undersøkte saka og fann ikkje noko lækjedom ved Snåsamannens bønn. Så han skreiv ei bok som han kalla «Snåsakoden», for sidan han vart godteken og motteken i det offentlege rom som «healer», vart det koden som opna opp for så mykje anna som vart godteke av alternativ medisin og rein svindel.

Seinare såg eg ein liten video av Snåsamannen der han innrømma at der skjedde ikkje noko lækjedom ved bøn. Ja, «mykje skrik, men lite ull, sa kjerringa, ho klipte grisen». Der skje mykje lækjedom ved bønn i kristen evangeliske forsamlingar, men det vert det ikkje skrive noko om. Og kvifor det?

Snåsamannen som helgen, kode til sentralisering av makta.

Seinare talte Snåsamannen for ein nasjonal politikk til vern mot innvandring. Ja, det kunne no trengast det, for det er no tydeleg at innvandringa ber meir og meir preg av å vere ein invasjon. Snåsamannen fungerte altså som ein helgen til samanlikning med Olav den Heilage, så lat oss sjå det på bakgrunn av historia.

Samanlikning med Olav den Heilage.

Kristendomen kom til Noreg uansett og dei to kristningskongane Olav Tryggvason og Olav Haraldson prøvde å bygge makta si på den. Einar Tambarskjelve kjempa ved sida av Olav Tryggvason, dei tapte, Einar vart benåda og mest truleg slapp Olav unna også. Seinare kjempa Einar mot Olav Haraldson og vann, men så vart han med på å proklamere Olav som helgen. Han og Kalv Arneson for til Gardarike og henta Olavs son, Magnus den Gode og gjorde han til konge i Noreg.

Harald Hårdråde var onkelen til Magnus den Gode og regjerte saman med han inntil han sat att med makta åleine. Einar Tambarskjelve kom i opposisjon til Harald Hårdråde og vert drepen.

Vi kan samanlikne det med Ragnvald Mørejarl som hjelpte Harald Hårfagre til å samle Noreg til eitt rike. Men sidan vart han drepen av Harald-sønene, fordi dei ville erstatte jarlane.

Frå holmgang til trygge kristne heimar.

I byrjinga av vikingtida hende det at ein mann kunne by ein annan ut på holmgang, då vart dei sett ut på ein holme og der skulle dei kjempe til der var berre ein att eller den andre underkasta seg. Striden kunne gjelde eigedom, hus og gard eller at der kom ein mann og ville ha seg ei kone. I religionen deira vart dette godteke, men det vart etter kvart mindre av det.

Når kristendomen kom til landet, vart det heilt slutt på dette, så mannen og kona hans fekk bu trygt i heimane sine.

Jesu brud eller «den Store Skjøkje».

Paulus sa at mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.

1.Tess.4,2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

9 Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.

Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette har eg gjenteke mange gangar og det er ånd og liv (Bodskapen 28.9.2008).

Kva skulle eventuelt vere alternativet til dette? I Johannes Openberring er det tale om den Store Skjøkje, den Store Hore. For eigentleg skulle ho vere Guds kone, men i staden driv ho hor med kongane rundt om på jorda, dyrkar dei som gudar altså.

Så mannen vert lurt (1.Tess.4,6) ved at verdsleg maktinteresse med sentralisering av makta kjem på kostnad av hans interesse for å finne og vinne ein kjæraste og ei kone, så ho vert til hjelp for han med å bygge ekteskap, familie, hus og heim og bygge kyrkjelyd saman med henne.

«Vil Gud ikkje vera bygningmann, med fåfengd på huset byggje.»

Ville Jagland ikkje vera bygningsmann, korleis gjekk det då med «det Norske Hus»?

Slik syng vi i salmen «Gud signe vårt dyre fedreland». Og så skulle regjeringa Jagland bygge det Norske Hus. Etter to år var det val og då stilte han krav om at Ap måtte få minst like mykje stemmer som sist, 36,9 %, for at dei skulle fortsette. Det var som å stille kabinettspørsmål til veljarane og dermed vart det slutt på den regjeringa. Ville Jagland ikkje vere bygningsmann, korleis gjekk det då med det Norske Hus? Vart det bustadhus og Guds-hus eller vart det luftslått, Drakulas Slått og Madam Anna Konda sitt ormebol? Jagland kunne i alle fall ikkje erstatte Gud. Vi må først og fremst innstille oss på å vere Guds medarbeidarar med å bygge og plante (1.Kor.3).

Ta Guds fulle rustning på!

Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot verdslege makter og vondskapens åndehær. Derfor må vi verte sterke i Herren og hans veldige kraft og kle oss i Guds fulle rustning.

Ef.6, 10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Elin Therese Slotten meiner du kanskje må reinse huset for demonar!

Søk Herren av heile ditt hjarte, så skal du finne han.

Elin Therese vart tungmetall-forgifta av vaksine og var sjuk i fire og eit halvt år. Men så hadde ho lese i det gamle testamentet at dersom vi søker Herren av heile vårt hjarte, så skal vi finne han. Så ho satsa på det og ein dag opplevde ho det som at Jesus stod midt fram for henne i romet ho var i, heime hos henne sjølv, og sa til henne at ho skulle gå ut og forkynne lækjedom ved bøn. Så ho gjekk ut, så skrøpeleg og elendig som ho var og når ho kom ut, vart ho lækt. Her fortel ho om det:

I januar oppdaga eg eg ein video av henne på fb-sida til Maranata, der ho kom med ein profetisk bodskap som eg tok imot som om den var til meg, eg presiserer at der kan sikkert vere mange som kan seie det same. Slik oppdaga eg forkynninga hennar på hennar eiga fb-side og der kom ho med fleire slike profetiske bodskapar, som eg oppfatta som at dei var til meg personleg. Så dette takkar eg Jesus for. Dette har eg skrive om her:

Demoner i huset? Reinse huset ditt i Jesu namn.

I to videoer taler ho om demoner (vonde ånder) som vi kan tenke oss er i gamle spøkelseshus, men som også kan vere i nye hus. Dersom vi flytter inn i eit hus, kan der vere demoner, så vi treng å reinse huset. Dette fortel ho om her:

Her fortel ho om korleis du kan reinse huset ditt og halde det reint:

Eg har høyrt fortellingar om gjenferd, men her ikkje tenkt å komme med det her. Det verkar mest som dette er henta rett frå ein spøkelsesfilm. Elles misteker eg at det kjem frå katolisisme og/eller jødedomen. Her er ikkje mykje som er henta direkte frå Bibelen, bortsett frå vedkjenninga av Jesu namn.

Prøve det på Bibel-sitat og naturvitskap.

Når ho kom med profetiske bodskap, sa ho at vi skulle prøve det på Bibelvers, ja, både for å sjekke at det er rett og for at vi skal forstå det betre, for slike bodskap refererer oftast til mange bibelvers og når vi oppdagar dei, ser vi kva samanheng det står i og då får vi også meir ut av det.

Dersom du flytter inn i eit nytt hus og vert sjuk, er det første du bør tenke på vere om der kan vere noko du er allergisk for. Det er ikkje alltid lett å oppdage og finne ut av. Dersom du i staden prøver å forklare det med vonde ånder, er du på villspor.

Ho meiner eitt av symptoma på at der er demon, er at noko beveger seg på unaturleg vis. Det var då som hente frå ein spøkelsesfilm, der det er gjenferd i huset. Men er gjenferd det same som demon? Ikkje nødvendig vis! Kanskje er ein domon ånda til ein skapning som har levd, kven veit. Men det er ikkje dermed sagt at eit gjenferd er ein demon. Uansett skal der ikkje vere gjenferd i eit hus.

Du skal ikkje mane fram daudingar og spådomsånder.

Vi skal prøve alt på Guds Ord, ja. Etter Moselova var det forbode å mane fram daudingar. Kong Saul gav beskjed om det og handheva det. Men på sine gamle dagar kledde han seg ut og gjekk sjølv til ei slik spådoms-kone for å be henne om å bringe fram profeten Samuel for han. Ho vart forferda når ho oppdaga at det var Saul og var redd for at han lurte henne, men nei, han ville få kontakt med Samuel, for å få ein profetisk bodskap frå han. Og slik gjekk det, men det vart ei mager trøyst.

1.Sam.28,8 Saul skifte no klede og gjorde seg ukjenneleg. Han gjekk av stad saman med to mann, og dei kom til kvinna om natta. Saul sa til henne: «Hjelp meg til ein spådom med manarkunsta di! Henta opp den som eg nemner for deg!» 9 Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rudt ut or landet alle som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?» 10 Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.» 11 Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.» 12 Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er Saul!» 13 Då sa kongen til henne: «Ver ikkje redd! Fortel meg heller kva du ser!» Kvinna svara: «Eg ser ei ånd som stig opp or jorda.» 14 «Korleis ser ho ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Det er ein gamal mann som stig opp, og han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda.

15 Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistarane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg og svarar meg ikkje meir, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.» 16 Då sa Samuel: «Kvifor spør du meg, når Herren har vendt seg frå deg og vorte din fiende? 17 No har Herren gjort det som han sa gjennom meg. Han har rive kongedømet ut or di hand og gjeve det til ein annan, til David. 18 Fordi du ikkje lydde Herren og ikkje fullførte vreidedomen hans over amalekittane, difor har Herren gjort dette mot deg i dag. 19 Og saman med deg skal Herren gje Israel i hendene på filistarane. I morgon skal du og sønene dine vera hjå meg. Og Herren skal gje Israels-hæren i filistarhand.»

20 Med det same Saul høyrde desse orda, kom det slik redsle over han at han fall til jorda så lang han var. Han var reint kraftlaus, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natta.

Kvinna såg ei ånd som stig opp or jorda, det var ein gammel mann kledd i ei kappe. Då skjøna Saul at det var Samuel. Samuel kom med ein bodskap til han og det var ingen god bodskap for Saul. Her ser vi at daudningen var ei ånd som steig opp or jorda, det var profeten Samuel, men det var då ikkje ei vond ånd, sjølv om han ikkje kom med ein god bodskap til Saul.

Uansett skal vi ikkje vende oss til daudningar og mane dei fram. Kvifor skal vi då leite etter moglege daudningar heime med oss? For å kaste dei ut? Eg meiner det er feil innstilling og det skal ikkje vere nødvendig. Det vi har å gjere, er å vende oss til lyset, så må mørket vike for lyset. Vi skal vende oss til Kristus, verte reinsa i hans blod og fylte av den Heilage Ande. Då må mørkets makt vike, for han som er i oss er sterkare enn han som er i verda.

Når Jesus døde vart det sett «gjenferd» og kva med Jesu oppstode.

Når Jesus døde, var der døde som stod opp.

Matt.27, 45 Frå den sjette timen låg det mørker over heile landet alt til den niande timen. 46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 47 Nokre som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.» 48 Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med eddikvin, feste han på ei stong og ville la han få drikka. 49 Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.» 50 Men Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut.

51 Då rivna forhenget i templet i to frå øvst til nedst. Jorda skalv og berga rivna. 52 Gravene opna seg, og mange heilage som var avlidne, stod lekamleg opp. 53 Etter at Jesus hadde stått opp, gjekk dei ut or gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.

54 Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»

Dei stod opp lekamleg, javel, men kvar vart dei av? Vi høyrer ikkje noko meir om dei. Var det likevel som gjenferd som forsvann igjen?

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, kunne han plutseleg dukke opp og forsvinne igjen, men han demonstrerte for disiplane sine at det likevel var ei lekamleg oppstode.

Luk.24,28 Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger. 29 Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei. 30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31 Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei. 32 Då sa dei til einannan: «Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?» 33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, 34 og desse sa: «Herren er sanneleg oppstaden og har synt seg for Simon.» 35 Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.

36 Medan dei tala om dette, stod Jesus midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 37 Dei stokk til og vart redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. 38 Men han sa til dei: «Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk? 39 Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» 40 Så synte han dei hendene og føtene sine. 41 Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: «Har de noko etande her?» 42 Dei gav han eit stykke steikt fisk, 43 og han tok det og åt medan dei såg på.

Ein daud gjenstand som der er ånd i?

Nei, det er ikkje det Bibelen seier.

Jeremia.10, 1 Høyr dette ordet som Herren talar til dykk, Israels ætt. 2 Så seier Herren:

Ven dykk ikkje til å gjera som andre folk

og reddast ikkje teikn på himmelen,

endå om andre folk reddast dei.

3 For skikkane åt folka er ingenting verde.

Dei høgg eit tre i skogen,

ein treskjerar lagar det til med øks,

4 han pryder det med sølv og gull

og fester det med naglar og hamar,

så det står støtt.

5 Gudebileta liknar

fugleskræmsla i ein agurkåker;

dei kan ikkje tala,

og dei må berast, for dei kan ikkje gå.

Ver ikkje redde dei!

Dei gjer ingen skade,

men kan heller ikkje gjera noko godt.

6 Ingen er som du, Herre.

Stor er du,

stort og mektig er ditt namn.

7 Kven må ikkje ottast deg,

som det sømer seg,

du konge over folkeslag.

For mellom alle vismenn hjå folka,

i alle rike er ingen som du.

8 Alle saman er dumme som fe,

frå gagnlause tregudar har dei sin lærdom.

9 Platesølvet er kome frå Tarsis

og gullet frå Ufas.

Det er eit verk av treskjerar og gullsmed,

kledt i purpur, fiolett og raudt;

alt er laga av kunstnarar.

10 Men Herren, han er i sanning Gud,

ein levande Gud og ein evig konge.

Jorda skjelv for hans harme,

folka kan ikkje halda ut hans vreide.

11 Så skal de seia til dei:

«Dei gudar som ikkje skapte himmel og jord,

skal kverva frå jorda

og ikkje finnast under himmelen.»

12 Herren skapte jorda med si kraft,

han grunnla fastlandet i visdom

og spente ut himmelen med skjøn.

13 Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,

han lèt skodd stiga opp frå enden av jorda,

han lèt lyna blinka og regnet falla

og sender vinden frå hans opplagsrom.

14 Alle menneske er dumme og uvituge.

Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,

dei støypte bileta hans er lygn,

det er ikkje ånd i dei.

15 Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,

i rekneskapsstunda er det ute med dei.

16 Såleis er ikkje han som er Jakobs del,

for det er han som skaper alt.

Israel er hans eiga ætt.

Herren, Allhærs Gud, er hans namn.

Sjå også 1.Kor.8.

Nattverden.

Nattverden delar vi mellom levande menneske, ikkje med daude ting, bord, benkar og golv. Vi skal då ikkje trakke Jesu blod under føtene (Heb.6).

Herren skal vare din utgang og din inngang til evig tid. Sjå deg ikkje rådvill ikring.

Herren skal vare din utgang og din inngang.

I Salme 121 sa Herren at han skal vakte deg, han er ein skugge ved di høgre hand, han skal vare din utgang og din inngang til evig tid.

Salme 121,1 1 Ein song til festferdene.

Eg lyfter mine augo til fjella:

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

Mi hjelp kjem frå Herren,

han som skapte himmel og jord.

3 Han lèt ikkje foten din vera ustø,

din vaktar blundar ikkje.

4 Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,

Israels vaktar.

Herren er din vaktar, Herren er din skugge,

han er ved di høgre hand.

6 Sola skal ikkje stikka deg om dagen

og månen ikkje skada deg om natta.

7 Herren skal vara deg frå alt vondt

og verna om ditt liv.

Herren skal vara din utgang og din inngang

frå no og til evig tid.

Ut av Egypt.

Ja, når dei skulle gå ut av Egypt, så skulle dei først slakte påskelammet og stryke blodet på dørkarmen, det skulle vere til vern for dei. Så skulle dei ete påskelammet. Det er eit førebilete på at Jesus er Guds Lam som bar verda si synd. Så no har eg skrutt fast eit kors i karmen til utgangsdøra, så det skal minne meg om at hans blod reinser meg frå all synd. Minne meg om det både når eg går ut og inn, for med sitt blod vil Herren Jesus vare min utgang og min inngang. Han er døra inn til sauene og vi skal gå inn og ut gjennom den. Det gjeld både kyrkjelyden og heimen.

Ut av Babylonia.

Jødane fall ifrå Gud og profetane tala om det som eit Sodoma-land, inntil dei vart bortførde til Babylonia. Men så fekk dei også vende heim att til landet sitt. Det er førebilete på evangeliet om Kristus. Landet deira var framleis å samanlikne med eit Sodoma-land (Matt.10,15&11,23 Rom.9,29, Joh.Op.11,8) som dei mått ut av. Jesus tala også om ei tid då dei som var oppe på taket ikkje kunne gå ned og dei som vart ute på marka, ikkje kunne gå heim. Dei måtte ta røminga.

Matt.24, Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

Den «øydande styggedomen» resulterte i at jødedomen vart infiltrert, men det vart kyrkja også (2.Tess.2). den infiltreringa må vi prøve å verne heimane og husa våre frå. Så la oss skrue korset fast på dørkarmen så det minner oss om kva Jesus har gjort for oss, når vi går ut og inn.

 I Joh.Op.18 er det fortalt at Guds folk gå ut av eit Babylonia.

Jesus er døra inn til sauene.

Han sa han var døra inn til sauene, men så handla det først om at han opna opp for å sleppe dei ut og så gjekk han føre dei. Ulven kom til å spreie dei, men han var den Gode Hyrdingen som sette livet til for dei. Så ville han atter samle dei. Då var han framleis døra dei hadde å gå inn gjennom, for å samlast i nye kyrkjelydar. Dei skulle også gå ut gjennom den, for å finne beite.

Peter vart send til heidningane.

Jødane var opplærde til at dei ikkje skulle gå inn i huset til heidningar og når Gud ville sende Peter til Kornelius sitt hus med evangeliet, ser vi at dette vart som om han skulle ete noko som var ureint i følgje Mose-lova. Men Gud sa til han at det som han hadde helga, skulle han ikkje halde for ureint.

Ap.Gj.10, 9 Dagen etter, medan dei var på vegen og nærma seg byen, gjekk Peter opp på taket for å be. Det var omkring den sjette timen. 10 Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom han i ekstase, 11 og han såg himmelen open og noko koma dalande ned. Det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna. 12 I duken var det alle slags dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slags fuglar under himmelen. 13 Og det kom ei røyst som sa: «Stå opp, Peter! Slakt og et!» 14 «Det kan eg ikkje, Herre!» svara Peter. «Aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.» 15 Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.» 16 Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen.

Dei skulle ikkje sjå seg rådville ikring, for Herren var deira Gud og ville la dei komme attende til landet sitt.

Jes.41, Men du Israel, min tenar,

Jakob, som eg har valt ut,

du ætt av Abraham, min ven!

9 Eg henta deg frå heimsens endar

og kalla deg frå den ytste utkant.

Eg sa til deg: «Du er min tenar,

eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.»

10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!

Sjå deg ikkje rådvill ikring,

for eg er din Gud!

Eg styrkjer deg og hjelper deg

og held deg oppe med mi frelsarhand.

Hekseprosess eller evangelium?

Korleis kunne det ha seg at med reformasjonen kom hekseprosessar, som i Sverige på 1600-talet? Det var nifse greier, sitat frå https://www.forskning.no/boker-historie-middelalderen/kraftig-heksebrygg-fra-jan-guillou/1086096 :

Et nokså tilfeldig møte mellom livlige barnefantasier og det lokale presteskapets sterke djevelfrykt i Österdalarna i Sverige høsten 1667 kom til å få fatale følger. To helt ulike verdensoppfatninger resulterte i en kulturkollisjon som i løpet av åtte år krevde rundt 300 menneskeliv – de aller fleste kvinner.

Blant de mange barnene treffer vi i disse kapitlene gutten fra Gävle som gjennom sitt vitneprov sendte sin egen mor til bålet, men ble selv, knapt 13 år gammel, hengt da hans historier ble avslørt som løgn og bedrag.

I Stockholm 1676 påfører en kommisjon djevelen det endelige nederlaget, og de svenske hekseprosessene er i Guillous framstilling over. Gjennomgangen av forløpet relateres til diskusjoner om forklaringer og drøfting av hvem de svenske trollkvinnene var.

…..

Guillou har et godt poeng når han peker på at personligheten er av stor viktighet for hvilken retning de ulike lands trolldomsprosesser tok (s.274). I det hele tatt argumenterer han godt for den individuelle faktors avgjørende betydning for gjennomføring og avslutning av hekseprosesser.

Først i kapittel ni og ti trer heksenes forsvarer i egen person med klarhet fram for leseren. Kapitlene handler om den spanske inkvisisjonen undersøkelse av hekseinvasjonen i Baskerland og om hvordan inkvisitoren Alonso de Salazar gjennom systematisk skepsis klarte å redde flere tusen menneskeliv fra henrettelse. Med innlevelse og drivende god fortellerkunst får Guillou fram et hendelsesforløp som dirrer av spenning. Dette er så desidert bokas høydepunkt og viser Guillous penn på sitt beste.

Det siste kapitlet på 45 sider beskriver aktuelle hendelser som, ifølge Guillou, har kulturelle likhetstrekk med 1600-tallets trolldomshysteri. Han fokuserer på en rekke incestsaker og forestillingen om satanistiske pedofilisekter i flere land på 1980- og 1990-åra.

Sentralt står den norske Bjugn-saken fra første halvdel av 1990-åra. Psykologer, terapeuter og en del forhørsledere får gjennomgå for sin tiltro til løgnaktige og morderiske foretellinger fra barn. Gjennom sin behandling får spesialistene fram minner hos barn om noe som aldri har hendt, heter det. Religionsviteren Eva Lundgren og tidligere barneombud Trond-Viggo Torgersen er norske personer som avlegges en kritisk visitt for sin tvilsomme rolle i slike saker.

……

Eg las om dette for nokre år sidan og etter det eg hugsa brukte prestane som stod bak hekseprosessen desse bibelversa; Salme 8,3 og 1.Joh.1,8.

Salme8,1 Til korleiaren. Etter Gittit.

Ein Davids-salme.

2 Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn

er over all jorda,

du som har breitt ut din prydnad på himmelen!

Av munnen på småborn og spedborn

har du reist deg eit vern mot dine fiendar,

så du kan stagga kvar motstandar

som trår etter hemn.

4 Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,

månen og stjernene som du har sett der,

5 kva er då eit menneske, sidan du kjem det i hug,

eit menneskebarn, sidan du tek deg av det?

6 Du gjorde han lite ringare enn Gud,

med ære og herlegdom krona du han.

7 Du sette han til herre over dine henders verk,

alt la du under hans føter:

8 sauer og oksar, alle i hop,

ja, jamvel dei ville dyr på marka,

9 fuglen i lufta og fisken i sjøen,

alt som ferdast på havsens stigar.

10 Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn

er over all jorda!

1.Joh.1, 5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.

Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

Prestane lokka til seg småborn og stilte dei leiande spørsmål for å få dei til å fantasere. Når folket vart stilte for retten, sa dei at i følgje 1.Joh.1,8-10 måtte dei vedkjenne syndene for å få tilgiving, for å lokke dei til å gi dei rett i klagemålet. Men i staden for å få tilgiving, vart dei hendretta. Ei litt eldre jente var voksen og ansvarleg nok til å nekte for klagemålet, men vart hendretta likevel.

Vi må sjå dette på historisk bakgrunn, at den katolske kyrkja vedtok at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte. Så kom skriftestolane og gapestokkane. Det vondes problem var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Derfor er det berre for oss å vedkjenne vår synd for han, så reinser hans blod oss frå all urettferd. Ved trua på at han stod opp att frå dei døde vert vi rettferdige for Gud. Dåpen er eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,21). Så problemet var at dei ikkje visste og forstod betydninga av den kristne dåpen at dei skulle verte døypte til Kristus, for det var han som tok bort synda med sitt offer ein gong for alle. Så når dei no vedkjende «syndene» sin for desse prestane og verdslege autoritetar i staden, vart det for desse prestane og verdslege autoritetane som om dei nekta for at dei trudde at Jesus tok bort syndene deira med sitt offer, som om hans offer ikkje var godt nok likevel, det vart som om dei fornekta han. Så dei ikkje skulle få den nåden Gud gav dei i Kristus, altså. Men den nåden hadde den Katolske Kyrkja for lengst teke frå dei, ved at den hevda Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte. Men kva skjedde no? Det var då ikkje folket som fornekta Kristus, tvert om innrømma dei at dei trengde den nåden Gud gav dei i han. Det var prestane og desse verdslege autoritetane som fornekta han.  Dei kjendest ved han og innrømma at dei trengde den nåden Gud gav dei i han, vart hendretta slik som dei kristne vart hendretta under kristendoms-forfølgingane, fordi dei ikkje ville dyrke keisaren som gud.

Så slik vart altså prestetenesta i den nye pakta erstatta av den Duglause Hyrdingen.

…..

Dei skulle liksom granske ei sak, men med sine metode påverka dei den saka som dei liksom skulle undersøke, for å få det resultatet dei yngste seg. Det er vel ikkje så vanskeleg å forstå at slik er det med religionsforskinga, kvinneforskinga og kjønnsforskinga ved Universitetet i Oslo.

…….

Kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er og skal vere ei glede for begge partar og for samfunnet, slik det kjem til uttrykk i bryllaupsfeiringa. Til tider kan det også virke litt komisk, men vi må vite å ta oss inn att i den høgtidlege gleda. Ertinga i barneskulen var nok til underhaldning, men det vart så mykje av det at det verka rart heile greie og så gjekk det over i stygg mobbing og endå rarare vart det. Kva var det som stod bak dette? Er det kanskje dette religionsforskinga, kvinneforskinga og kjønnsforskinga ved Universitetet i Oslo prøver å finne ut av, for å liksom å gjere noko med det? Nei, det er heller slik at dei er deltakarar som har stått bak det og som framleis står bak det, så dei held fram i same stilen overfor vaksne menneske.

Kva har vi å stille opp med? Det ser vi her:

Joh.Op.12,7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

Verkebyll eller lovsang.

Referat frå møtet 28.1.2024, med kommentarar, https://blessings-from-heaven.com/2024/01/29/2024-01-28-jesus-kjem-for-a-hente-berre-si-blodkjopte-brud/ :

John Willy Lien talte om det Nye Jerusalem.

Joh.Op.21, Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der. 23 Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans.

Joh.Op.22,1 Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. 2 Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka. 3 Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. 4 Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. 5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.

17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Mitt Vitnemål.

Når ein kjem med eit vitnemål, bør det vere om ein skriftstad som ein opplever har vorte viktig for seg sjølv, ved at det har vorte til liv for seg sjølv. Då er det vel på sin plass at ein seier litt om seg sjølv, men det primære og viktigaste er då bibelverset. Og Jesus har mange gangar minna meg om at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn. Så eg har tenkt ein del på det. Det refererer til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia. Pinsevennar likar godt å kalle kyrkjelyden sin for Filadelfia, for det verka som engelen for denne kyrkjelyden kom best ut av det. Men når eg opplever at det er ein bodskap til meg, så må eg få lov til å seie litt om meg sjølv og om korleis eg opplever at det er ein bodskap til meg og komme med min bodskap. Då er det ikkje ein kvan annan som skal svare i staden for meg.

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:

Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

Eg såg dette på bakgrunn av likninga om den Gode Hyrdingen i Joh.10. Eg har ei dobbeltolking av det, liksom skapingssoga i 1.Mos.2, det handlar både om den fysiske realiteten, ein fysisk og biologisk hage og det åndelege samfunnet med Gud som er ånd, å dyrke hjertets jord. Det er slik som det står skrive i Ef.1 at Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og i Ef.2 står det skrive at der har han sett oss. Sidan ei og same likning handlar om begge deler er det ikkje alltid så lett å forstå. Jesus er døra inn til sauene, likevel handlar det om å gå inn gjennom døra for å samlast fysisk i ein kristen kyrkjelyd og så gå ut att gjennom same døra. Og faktisk byrja denne likning med at Jesus leia dei ut gjennom døra. Dei samlast i tempelet i synagogene og i heimane og sidan i nye heimar. Jesus leia dei ut og leia dei gjennom landet til samanlikning med David når han og flokken hans var utstøytt og David sa at Herren var hans hyrding, det vanta han ingen ting, han leia han til dei grøne grasgangane og til vatn der han fann kvile.

Jesus sa at dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar som hadde klive over ein annan stad, i staden for å gå inn gjennom døra og sidan kom ulven og spreidde dei, men då var han den Gode Hyrdingen som sett livet til for sauene og så samla han dei igjen. Han gav dei misjonsbefalinga og sa dei skulle få sjå at han var med dei alle dagar. Når dei då gjekk ut og forkynte evangeliet på nye plassar, fekk dei sjå at han var døra dei hadde å gå inn gjennom for å samlast i nye kyrkjelydar.

  Jesus har sett framfor meg ei open dør, som ingen kan lukke, for hans frelseverk er fullført og fullkome. Ingen kan stenge den døra for meg. Han har bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, så eg får stige fram for nådens trone. Eg tenker på det som å bøye meg for Jesu kors og så tenker eg på nådestolen over pakt-kista. At der får eg openberring. Men heime med meg sjølv løfta eg blikket opp til Jesus, der han sit ved Faderens høgre hand, der sit han også på nådens trone og så sa eg til han at eg elskar han, ja, for det er no ved at vi elskar han at vi får openberring. Då oppdaga eg at eg byrja å få svar på internett.

Så byrja eg på eit personleg vitnesbyrd om korleis kom til tru når eg var ein liten gutunge og det var ikkje lenge for John Willy sa eg måtte avrunde, for der var andre som også ville seie noko. Men eg tok meg tid til å minne eg om at der kom ein profetisk bodskap når Oddleif var her, der Herren sa at endå ein gong sender eg min tenar til deg og ditt distrikt for å vende fedrane sine hjarte til borna og borna sin hjarte til fedrane. Det handla også om å verne ekteskap og familieliv. Det er bodskapen til Johannes Døyparen, han forkynte at Jesus er den som har bruda og det er han som døyper oss med den Heilage Ande. Den bodskapen har eg teke imot og gjort til min bodskap og den vil eg gå inn gjennom døra med.

Tungetale ved Ingelin, tyding ved John Willy.

John Willy sa her var ei dame som hadde ein bodskap og så kom Ingelin med tungetale. Eg prøvde å ta det opp på video, men så oppdaga eg at den hadde ikkje starta likevel, så eg fekk ikkje med meg byrjinga, det vart litt klipping også, før eg var sikker på at den var på. Men eg hugsa han sa noko om at eg skulle glede meg i Herren heime med meg sjølv. Opptak:

«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»

Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.

Kommentar 1. Mitt vitnemål.

Kona til Oddleif var der, så eg prata litt med henne etter møtet og sa at bodskapen til Johannes Døyparen har å gjere med ekteskap og familieliv også, det kan vi sjå tidlegare i Malakias bok, der Herren seier at han vil ikkje vite av skilsmisse.

Det vart også sagt i same bodskapen, så eg tek den med her, bodskapen 20.3.2022:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Eg viste John Willy dette verset:

Joh.Op.3,12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

Og spurde han korleis han får det til å stemme med det han las om  at i det nye Jerusalem er der ikkje noko tempel. Det var ikkje godt å svare på, så eg sa berre at det er kanskje fordi han gjer oss til levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel.

Når Ingelin gjekk ut gjennom utgangsdøra, stod eg på utsida og tok imot henne og takka henne for den bodskapen ho kom med, no igjen. Då er det heilt greitt at eg vert avbroten, dess lettare er det å vite kva bodskapen er sikta til. Dette var eg førebudd på og vurderte om eg skulle seie det heilt i byrjinga, men tenkte det var ikkje nødvendig.

Svara som kom på internett har eg skrive ned på slutten av dette dokumentet.

https://faith-and-entropy.com/2023/12/02/evangeliet-og-det-mekanistiske-verdsbildet/  ,

 Der skreiv eg eit kapittel. «Gå inn gjennom døra» som likna dette vitnemålet mitt og avslutta det slik:

«Dette handlar også om å gå den vegen Jesus har bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen og tre fram for nådens trone. Eg tenker gjerne på det som nådestolen over paktkista i tempelet og at det soleis er i den kristne kyrkjelyden, på det nivået altså. Men eg skal då også løfte blikket opp til Jesus, der han sit ved Faderens høgre hand, der sit han på nådens trone. No løfta eg mitt hjerte opp til han med den vemodige sorga, for ikkje å seie gråten, i mitt hjerte og sa til han at eg elska han. Ja, det er då ved å tru på han og elske han at eg får oppleve at han openberrar seg for meg.»

At eg skreiv at det var med vemodig sorg, for ikkje å seie gråt, i mitt hjerte, var både fordi eg følte eg hadde gått glipp av det som Jesus ville gi meg og så var det for at det skulle passe til den første bodskapen.

Men her sa Jesus at eg skulle glede meg heime med meg sjølv, ja, for det var då ein lovsang han hadde lagt ned i meg og den skulle eg lovsynge han med. Og det er no først og fremst å lovprise han for mi eiga frelse. Det er å lovprise han for at han frelser si kyrkje som si brud og den er eg med i.

Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Han som byrja den gode gjerninga i oss, han skal også fullføra den. Eg var med i den kristne og karismatiske vekkinga og det betydde at eg også fekk ein bodskap å gå med. Og Jesus har sagt at eg skal feste blikket mitt må han som er trua sin opphavsmann og fullendar (Heb.12,1…). Då ser eg på han som er døra inn til sauene og han har sagt eg skal sjå at han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og inviter meg inn. Då er det ingen som kan gå inn der med ein annan bodskap til erstatning for meg og min bodskap. Og kanskje endåtil prøve å slå att døra mitt i trynet på meg og låsen den for både meg og andre.

Det vert sagt at Paven hadde sin tradisjon frå apostlane, så han er Peters etterfølgjar på jorda, for det verka som han fekk ein spesiell autoritet:

Matt.18, 18 Sanneleg, det seier eg dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen. 19 Sameleis seier eg dykk: Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen. 20 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.

Matt.16, 16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» 17 Jesus tok til ords og sa: «Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» 20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia det til nokon at han var Messias.

Korleis paven og dei katolske prestane og prestar i kyrkja elles har forvalta den oppgåva, får vere deira ansvar og det er ei lang historie. Vi veit at det var noko som ikkje fungerte evangelisk og det får vi merke framleis. I staden for å skrive om det og prøve å sortere i det, skriv eg om prestetenesta i den gamle pakt som førebilete på prestetenesta i den nye pakt, med utgangspunkt i Sak.3-4. Øvstepresten måtte først bere fram eit syndoffer for seg sjølv, så eit for folket, slik representerte han folket overfor Gud. Eg meiner dette finn vi igjen ved at Jesus sa at den som går inn gjennom døra, vert frelst og slik så vert han hyrding også. Og som hyrding går han føre dei, både med å leie dei inn gjennom døra og leie dei ut gjennom den og leier dei til grøne enger og til vatn der dei finn kvile.

Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Så når eg går inn gjennom døra med min bodskap, bøyer meg for korsets fot og for den oppståtte Kristus, så ærar og takkar eg han for at han byrja den gode gjerninga i meg og ynskjer å få oppleve meir av det. For Gud gir ikkje si ære til nokon annan, han gir ikkje si ære til avgudane.

Mitt personlege vitnemål med utviding.

Barnetru og mobbing på skulen.

Her vil eg skrive litt om mitt personlege vitnemål og då tilføyer eg ein god del. John Willy har ein spesiell stil, ved at han kallar seg amcar-prest og stadig slår over til engelsk, tydeleg vis for å gi uttrykk for glede over at Gud gjer noko nytt, det gir oss eit intrykk av at mykje av dette nye kjem frå Amerika og det er ikkje til å komme forbi at den amerikanske kulturen (USA og Canada) har vore pionerar her også. Men eigentleg får vi alle det nye frå himmelen og det er det som er så viktig å lære å forstå, når det kjem frå den amerikanske kulturen, så er det vel og bra.

Så eg byrja mitt personlege vitnemål med å fortelje foreldra mine budde i Chicago i USA før eg var  fødde, eg vart laga der og var der før eg var fødde. Når dei flytta tilbake hit og var kledde som amerikanarar og hadde med seg noko amerikanske ting som vart oppfatta som det nye. Dei hadde mykje nytt å fortelje og det var litt spesielt at sonen (8) og dottera (6) kom med amerikanske gloser. Klart det var stas. Sonen, Arvid, var fødd der borte og var eitt år når dei kom hit.

Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og Arvid, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. Når Arvid byrja på storeskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen og det hadde med kjønn og seksualitet å gjere. Dette problemet vart eit bønne-emne i kveldsbøna vår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.

Dette siste gløymde eg å ta med i vitnemålet mitt, men det hadde også med at det kunne ikkje vere for langt. I storeskule vart det mykje erting på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det gjekk også over i stygg mobbing. Det var i grunnen rart heile greia, men dette også kan vel forståast ut ifrå filosofihistoria og kyrkjehistoria. På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen. (Då fekk eg beskjed om å avslutte for der var andre som ville seie noko også).

Ikkje fornekte Jesus namn, men vedkjenne han som Sanninga som set oss fri.

Eg kjende til Jesu ord om at den som fornektar han for menneska, vil han fornekte for Faderen og englane, men den som kjennest ved han, vil han kjennast ved for Faderen og englane. Eg torde ikkje kjennast ved han, seie til dei andre at eg trudde på han og kvifor det? Fordi då ville det verte forventa eg eg skulle vere på ein bestemt måte, som om eg måtte prøve å gi meg ut for å vere noko anna enn eg var. Og så kunne eg ikkje kunne forsvar meg om eg vart angripen. Kanskje eg kom til å verte utfordra på det med krav om at eg ikkje var slik likevel, med krav om at eg skulle fornekte han i staden altså. Men det ville eg då slett ikkje. Så det var best berre å ligge lavt og ha trua og vedkjenninga i hjertet. Mor mi hadde lært meg å gå til han med alle ting, alle problem som eg møtte, så eg gjekk til han med dette også og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta, for eg visste at han var Sanninga som skulle sette oss fri. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus. Då var eg ikkje redd for det i det heile tatt. Og kvifor det? Fordi det stemte med trua og kjærleiken i mitt hjerte. Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at dette høvde med Paulus si lære. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det var ufatteleg stort for meg å få oppleve at han som vart min beste venn når eg var ein liten gutunge, talte til meg frå himmelen, der han sat ved Faderens høgre hand. Han har fortsett å tale til meg slik sidan og det sentrale poenget er at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å ta imot i tru og takke for det. Han gjer sitt verk i mitt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande. Derfor skulle eg ikkje sjå på meg sjølv eller det som var rundt meg eller bekymre meg for det, men eg skulle sjå på han og det ver han hadde gjort for meg, i meg og gjennom meg og takke han for det.

Så etter møtet sa eg til John Willy at eg beundra han litt for at han meistra den stilen. «Meistra?», sa han, «eg er slik». Det kjem frå hjertet sa eg. Eg gjentok det som eg sa til han sist, at eg synest det er bra at han er så spesiell, så ikkje dei der ute trur at vi alle må verte like, som om dei må prøve å liksom oss for å komme her. Eigentleg beundrer eg at han stadig klarer å gi uttrykk for så mykje glede og entusiasme. Men eg klarer ikkje å «matche det» og vil ikkje prøve på det ein gong.

Bidra med det Gud har gitt deg i hjertet.

Når eg gjekk på møte i Maranata i Oslo, sa Jesus at han har bestemt at midt i kyrkjelyden skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud har gitt meg i hjertet. Då tenkte eg først på den lovsangen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, når eg gjekk på gymnaset. Så kom eg i hug at omlag eit halvt år etter eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge, det var det eg merka så tydeleg som svar på mi bøn, når eg var 9 år. Eg skjøna at det skulle ha fått betre vekst-vilkår tidlegare og det trongst no også. Eg måtte lære å skilje mellom kva eg skulle gjere og kva han skulle og ville gjere i mitt liv. Eg skulle gjere ein innsats med å studere, men i tru og tillit til at han gjorde sitt verk med meg, det var mest fundamentalt.

Eg trudde Jesu ville gi meg ei frelst kvinne til kone i samsvar med Paulus si lære og skapingssoga i 1.Mos.2. Jesus sa at dersom vi trur på han, elskar han og held fast på hans ord og elskar kvarandre, så vil han openberre seg for oss, han og Faderen vil ta bustad hos oss. Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg var glad i, først henne Virtuella, når eg gjekk på gymnaset, så henne Reella, når eg studerte i Oslo. Eg opplevde også uventa Guds kraft når eg kjende at eg vart tiltrekt av ei jente på ei forelesing i Biologi hausten 2014. Sjølv om eg enno ikkje har fått oppleve å få ei kone ved at ho kjem til meg fysisk og vert kona mi, som svar på bøn, så har eg ikkje nekta for at dette kom som svar på den bøna eg bad når eg var 9 år. Eg har ikkje fornekta han og han har ikkje forlatt meg.

I den kristne og karismatisk vekkinga vart det forkynt at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. Han utgytte den også over mitt kjøt, det fekk eg merke allereie når eg var 9 år, eg fekk merke at Herren var ein skugge ved mi høgre han. Det vil eg takke han for i tru og von om at eg skal få oppleve meir av det, så det vert endå sterkare og herlegare. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skal vekse.

Gå inn gjennom døra, med bodskapen din, for å vedkjenne Jesu namn, vedkjenne kva han er for deg og for å få kraft.

Engelen for kyrkjelyden i Filadelfia hadde sikkert forkynt evangeliet der, så han hadde vedkjent Jesus namn. Men det kan verke som han var komen på defansiven og med tanke på kristendomsforfølgingane er ikkje det så rart, for det vart sagt om han at han hadde lite kraft, men hadde ikkje fornekta Jesu namn. Då er det rimeleg å tenke seg at han skulle sjå at Jesus hadde sett fram for han ei opne dør, så han kunne gå inn med sin bodskap og med den vedkjenne Jesu namn og for å få ny kraft ifrå det høge.

Slik tenker eg om meg sjølv og min bodskap var at eg var opplærde til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske, allereie når eg var omlag 9 år forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og kjæraste og då merka eg at han var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjen med han. Så det var som om han sjølv var svaret på den bøna, det kan eg seie no i ettertid, at det er han.

Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente, eg skreiv eit brev og fortalde henne det. Ho skreiv tilbake at ho ikkje følte noko for meg og at ho ikkje var kristen likevel, slutta på gå på møte i det Kristne Skulelaget og slo lag med ein annan gut i friminutta. Då skreiv eg tilbake at eg og trudd på Jesus og prøvde å overtale henne til å komme tilbake til han. Det virka, så det gjorde ho. Ho var heilt overraska over at eg var kristen og det var det ei jente i klassa mi som sa også, ho hadde då ikkje fått noko hint om det. Men dette var det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus, for det stemte med trua, vona og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet. Eg vedkjende Jesus namn i den samanhengen, då sa eg sanninga som set oss fri, nettopp i den samanheng, altså. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiken mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og lovnaden om at vi skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.4-5). Så eg vart frimodig med å vitne om mi tru og vart ivrig med det.

Bodskapen min er kort sagt at Gud forsona verda med seg sjølv ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss, for å sone all verdens synd. På det grunnlaget får vi komme inn i eit slikt forhold til han, som menneska var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og så seier eg at det gjeld meg også, eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og trur han vil gi meg det. Eg har endåtil formulert det slik at han allereie har gitt meg det. Han gir meg det som Golgata kors allereie har gitt meg, det som hans blod allereie har gitt meg, så han vil fylle meg til overflod med det som er fullkome. Gir han meg liv og liv i overflod, så det blir til andre også, henne Virtuella og mange med henne, henne Reella og mange med henne og henne Poly-Ester og mange med henne. For han har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, så då vel eg å sjå stort på det.

Men når eg prøver å komme med den bodskapen inn i viss kyrkjelydar, kristne organisasjonar og forsamlingar, og i visse sosiale samanhengar elles også, så vert eg møtt av ei stengd dør. For meg er det som om dei fornektar han og krev at eg også skal gjere det. Det er som å krevje at dersom eg vil ha meg ei kone, må deg fornekte mi tru på Kristus, fornekte Kristus altså!? Den går eg ikkje på, om eg så hadde gjort, hadde eg neppe fått meg ei kone, om eg det hadde fått, hadde det ikkje vore særleg vellukka. Det er Djevelen som forfører kvinna og prøver å bruke henne til å lokke mannen med. Soleis prøver han å gjere seg til gud, så han med den dialektiske omforminga vil prøve å framstille seg som guds som skaper kvinne og mann, men det er då så tydeleg at han soleis prøver å øydelegge både mann og kvinne, så dei vert øydelagde som menneske.

Men eg har altså ikkje vore villige til å fornekte Kristus, det har eg ikkje gjort, eg fekk heller berre teie stilt. Sjølv om eg ikkje har fått den moglegheita til å kjennast ved han for menneska, som eg yngste, har dei ikkje kunne hindre meg i å kjennast ved han for Faderen, løfte blikket mitt opp til Jesus og takke han for kva han er for meg.

Gled deg i Herren og gled deg til at han kjem og hentar si brud.

Ja, korleis kan ein mann glede seg til at Jesus kjem og hentar si brud? Korleis kan ein ung mann og hans brud glede seg til at Jesus kjem og hentar si brud? Ved å ta imot bodskapen til Johannes døyparen om at Jesus er den som har bruda, han er Messias og døyper oss med den Heilage Ande. Ved å ta imot bodskapen til Paulus om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Jesus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Eg byrja å studere biologi hausten 2014 og på ei forelesing kjende eg meg brott sterkt tiltrekt av ei vakker jente, det varde berre ei lita stund, men nok til at eg tenkte at her måtte eg vere litt forsiktig, for eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar, likevel opplevde eg Guds Ande og kraft i det, så det var ikkje noko eg fekk dårleg samvit for. Men om kvelden når eg la meg sa eg det til Herren i kveldsbøna mi og tenkte soleis litt over det. I møtet i Maranata opplevde eg at Gud svarde meg på det, både i innleiinga, tala og i tyding av tungetale. Referat frå møtet 12.10.2014, https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/ :

Innleiing ved John Miland.

HAB 3,17 – HAB 3,19   For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. 18   Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. 19   Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene.   Til korleiaren. Med strengespel.

Om så det er ”bånn i bøtta”, til samanlikning med dette, så kan vi likevel sjå opp til Jesus og glede oss i hans frelse og lovprise han.

Tale ved Terje.

Terje talte om reinsinga i Jesu blod.

1JO 1,9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.

På eit møte i Filadelfia Ulsteinvik sommaren 2022 vitna eg om korleis eg hadde ved for henne Reella (frå hausten 1988) og korleis Jesus svarde meg. Og no, så mange år etterpå, svarde han meg slik, bodskapen 24.7.2022:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Eg forstod at lovsangen vart lagt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og at det hadde med min kjærleik til henne Virtuella å gjere, ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det takke eg Gud for. Eg merka at hans kjærleik var mellom oss og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Den Heilage Ande openberra henne Virtuella for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til han og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Ut på hausten skreiv eg om dette og at eg yngste ho skulle fortsette å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, derfor yngste eg å få henne til kone.

Kva då med verkebyllen?

I bodskapen 27.11.2022 sa Jesus at han er ikkje langt borte frå nokon av oss, men i bodskapen 2.12.2023 tala Jesus om nokon som var langt borte frå han også ved å ikkje møte opp fysisk i den kristne forsamlinga. Eg er overtyda om at det var ho Virtuella.

Bodskapen 27.11.2022, https://blessings-from-heaven.com/2022/12/03/2022-11-27-filadelfia-ulsteinvik-jesus-er-med-oss-ver-heilhjerta-med-han/ :

(Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga) ….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.

«ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv.» Då var det henne Reella eg tenkte på.

På desse to møta kom der to bodskapar som eg trur var primært til henne Virtuella, som svar på mi bøn for henne:

 
Kommentar 5, til møtet 27.11.2022, 16.2.2024:
 

Paulus sa han hadde fått ein torn i kjøtet, ein Satans engel som skulle slå han, så han ikkje skulle ovmode seg over dei høge openberringane. Ein Satans engel er ein Satans bodberar. Eg ser dette på bakgrunn av korleis han tala om kjøtet i Romarbrevet. Sjølv om Moselova var god, brukte synda i kjøtet bodet til å dåre han og drap han med den. Slik som ved syndefallet altså. Etter at han tok imot nåden i Kristus og vart fylt av den Heilage Ande, opplevde han framleis ein motsetnad mellom kjøtet og Ande,, kjøtet opponerte mot Anden. Vi fekk Anden av berre nåde og Guds nåde er nok for oss. Då er det berre om å gjere å verte fylt av Anden, slik at vi ved Anden døyder lystene i kroppen. Gud utgyter sin Ande over alt kjøt, så han ved sin Ande råder over vårt kjøt.

For meg har visst tornen i kjøtet forårsaka ein verkebyll og det har med mitt forhold til henne Virtuella å gjere. Gud skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no, men tornen i kjøtet opponerer mot det. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte til ei livgivande ånd, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Guds nåde er nok for meg, så eg får framleis oppleve at Gud gjer meg til kanal for si velsigning, både til henne Reella og henne Virtuella.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Jesus vil komme og ta bustad i meg med heile si fylde. Då er det både han og Faderen som tek bustad i meg, så her vert det både Faderhus og bryllaupssal. Så her får ho Virtuella komme til Faderen og få oppleve at han tek imot henne med ein open famn. Og her vert ho framstilt for Kristus som ei rein brud (2.Kor.11,3).

Kroppen min er eit tempel for den Heilage Ande og eg skal la den fylle alle rom i dette tempelet, så den skal nå henne også og fylle henne også, så ho blir til den lovsongen Gud fødde henne til og skapte henne til i Kristus. Dette er å seie velsigninga.

Kommentar 2, 19.2.2024.

Lovsongen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande.

Eg vart med i den kristne og karismatiske vekkinga og når eg merka at eg byrja å verte glad henne Virtuella, vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Så ho vart ein lovsong i mitt hjerte, fordi ho var fødd på nytt av vatn og Ande og det som er fødet av Anden er ånd.

Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovangen eg la ned i deg, den er din og skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.»

Her tek eg med nokre vers ifrå det gamle testamentet om den nye songen Gud gav oss, som han la i vårt hjerte og vår munn (Salme.33,3 40,4, Jes.42,10).

Salme.33,

Syng ein ny song for han,

spel fagert og rop av glede!

For Herrens ord er sanning,

alt han gjer, kan ein lita på.

5 Han elskar rett og rettferd,

jorda er full av hans miskunn.

……….

For han tala, og det skjedde,

han baud, og det stod der.

10 Herren bryt dei planar folka legg,

hindrar dei i å fullføra sine tankar.

11 Men Herrens plan står fast for evig,

hans hjartans tankar frå ætt til ætt.

12 Sælt er det folk som har Herren til Gud,

det folk han har valt til sin eigedom!

….

20 Vi ventar med lengsle på Herren;

han er vår hjelp og vårt skjold.

21 Vårt hjarta gleder seg i han;

for vi set vår lit til hans heilage namn.

22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!

Det er deg vi ventar på.

……

Salme.40,1 1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

Eg venta og vona på Herren.

Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.

3 Han drog meg opp or den tynande grav,

opp or den djupe gjørma.

Han sette mine føter på fjell

og lét meg gå med faste steg.

4 Han la ein ny song i min munn,

ein lovsong til vår Gud.

Mange skal sjå det og ottast

og setja si lit til Herren.

…..

7 Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på,

– du har opna mitt øyra;

brennoffer og syndoffer krev du ikkje.

8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.

I bokrullen er det skrive om meg.

Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst,

eg har di lov i mitt hjarta.»

10 Eg forkynte bodskapen om frelsa

i den store samling.

Eg lét ikkje att mine lipper;

det veit du, Herre.

11 Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv,

eg tala om din truskap og di frelse.

Di miskunn og di sanning forkynte eg ope

i den store samling.

….

17 Men lat alle som søkjer deg,

fegnast og gleda seg i deg!

Lat dei som elskar di frelse,

alltid seia: «Stor er Herren!»

18 Eg er hjelpelaus og fattig,

men Herren har omsut for meg.

Du er min hjelpar og bergingsmann;

dryg ikkje lenger, min Gud!

Jes.42, 1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

….

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

11 Øydemarka med sine byar skal syngja,

landsbyane der Kedar held til.

Dei som bur på fjellet, skal jubla,

frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.

12 Dei skal gje Herren ære,

forkynna hans pris på øyar og strender.

Salme 96, 1 Syng ein ny song for Herren,

syng for han, all jorda!

2 Syng for Herren, pris hans namn,

forkynn frå dag til dag hans frelse!

3 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,

mellom alle folk om hans under!

4 Ja, stor og høglova er Herren,

meir ageleg enn alle gudar.

5 Alle gudane åt folka er ingenting verde.

Det var Herren som skapte himmelen.

6 Høgd og herlegdom er framføre han,

makt og glans i hans tempel.

7 Gjev Herren ære og makt,

gjev han ære og makt, de folkeætter!

8 Gjev Herren den ære hans namn skal ha!

Kom med offergåver til hans tempelgardar!

9 Bøy dykk ned for Herren

og tilbed han i heilagt skrud!

Skjelv for hans åsyn, all jorda!

Salme 149, 1 Halleluja!

Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han der dei trugne er samla.

2 Gjev Israel må gleda seg over sin skapar,

Sions søner jubla for sin konge.

3 Dei skal prisa hans namn med dans

og spela for han med pauke og lyre.

4 For Herren har hugnad i sitt folk,

han kronar dei hjelpelause med siger.

5 Dei trugne skal jubla med ære

og ropa av fagnad på si lege.

6 Dei har lovsong til Gud i sin munn

og tvieggja sverd i si hand.

Jesus frelser og har omsorg for meg og heile mitt hus.

Eg kan seie til Jesus at alt som er hans er mitt og takke han for det, som den heimeverande sonen sa til Faderen. Han frelser og har omsorg for meg og heile mitt hus. Bodskap i Maranata Oslo 18.3.2018:

«For det er eg, Herren, som har kalla dykk ved namn og de er mine. Og det er eg, Herren sjølv, som er profetrøysta. Så lytt ikkje til den kvar profetrøyst i denne tid, men gå inn i skriftene som eg, Herren, har innblest og inspirert mine tenarar, og du skal få lov til å finne alt kva du treng å vite. Derfor så skal du ikkje gå til verken høgre eller til venstre, men du skal sjå på meg og du skal stole på at eg har sagt og talt, ja, det skal eg og utføre. Fordi eg kan ikkje seie ein ting og ikkje gjere det. Men eg, Herren, eg vil seie og eg vil gjere det. Og når eg har sagt det i mitt Ord, så vil eg, Herren, trå til og fullføre min plan med mi menigheit, som eg, Herren, har planta på denne stad. Og menneske skal sjå det og dei skal forstå det, at dette er ikkje menneskeverk, men det er eit verk av meg, seier Herren. For eg er Herren som byrja og eg skal fullføre.

Ja, for eg ser over den ganske jord, for å kraftig støtte den som har eit heilt hjarte med meg. I dag så er det mange menneske som har vanskar med å kunne tru at eg er miraklenes Gud. For dei høyrer så mangt og mykje som ikkje stemmer overeins med mitt Andens inspirerte Ord, men når eg, den Heilage Ande, bringer deg ord ifrå heilagdomen,  og du opnar opp ditt hjerte og du seier: «takk skal du ha, Jesus, for at alt ditt, det er mitt», ja, så vil eg, Herren, drive plagene bort. Eg, Herren, vil forsørgje deg, eg, Herren, er din rådgjevar, eg, Herren, er din Fredsfyrste, eg, Herren, tek hand om deg og heile ditt hus, for eg, Herren, eg er den allmektige og eg står bak mitt Ord. Så stol på mitt Ord og hald fast ved mitt Ord, så vil eg, Herren, eg skal fullføre alle mine planar, all min herlegdom, det skal skje, for det er Herren, som har talt.»

Bodskap 1, 24.6.2024:

«Tap ikkje motet. Sjå, eg går føre dykk. Og dine bøner har blitt besvart så mange gangar. Også det du lagt inn for meg, seier Herren, det siste døgnet. Du skal få sjå. Du skal bli frelst med heile ditt hus. Skulle noko vere for vanskeleg for meg, seier Herren. Hald berre fast på det du har. For dei heldt truleg fast på apostlane si lære, brødsbrytinga, brodersamfunnet og bønene. Og dei kom dagstøtt saman og delte. Det kjem ei tid no, det kjem til å bli nødvendig å dele med kvarandre. Vi går inn i ei tid som dette landet aldrig har opplevt. Med matmangel. Med forfølgjing. Men ver ikkje redde. Eg har sett føre deg ei open dør og du skal gå inn og du skal gå ut og finne vederkvegelse.»

Bodskap 2, 24.6.2023:

”Himmelen er åpen, han har sett til deres hjerter. Og han fryder seg over sitt folk, han fryder seg over dere. Han vil la dere vandre inn i hans vilje og han vil gå med deg og lære deg og fullbyrde sitt Ord over og i deg, i deres liv, ved den Hellige Ånd. Den Hellige Ånd skal komme over på en ny og mektig og herlig måte over ditt hus. Den skal frigjøre dine tanker, den skal legge sin kjærlighet inn i dine tanker. Den skal gjennomsyre hele ditt vesen. For jeg har behag i deg. Jeg har behag i deg.

Jeg skal forevige denne pakt, denne stund, den er lukket i mitt hjerte. Ingen kan ta det ifra deg. Ingen kan komme inn og rive det ut av ditt hus. Ingen kan hente deg bort fra mitt åsyn. Jeg, Herren, er nær, jeg er beskyttende, jeg er din fred, jeg omslutter deg. Jeg sender engler for deg, for framfor din fot. Du skal ikke snuble, du skal ikke snuble. Mennesker skal ikke rådføre deg, jeg er Herren din Gud. Jeg skal vise deg  vei.”

Apgj.11,13 Han fortalde oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: ‘Send bod til Jaffa etter Simon med tilnamnet Peter! 14 Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.’

Apgj.16, 31 Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.» 32 Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans.

Kommentar på Facebook.

Kristian Gundersen

Samfunnet trenger ikke bullshit mastre, eller bullshitfag.

Vi advarte tidlig mot såkalt akademisk drift og universiteter på hvert nes.

For blir hendene varmere eller blir skolen bedre av at sykepleierne og lærerene leser obskure franske filosofer?

TV2.NO

– Samfunnet trenger det ikke

Topp-akademikere og kommentatorer mener masteroppgave-produsent Martin Thaulow (39) har et poeng når han kritiserer antall «bullshitgrader».

Torbjørn Sivertstøl

Sitat frå denne artikkelen

Snåsamannen som helgen, kode til sentralisering av makta …..

Postmoderne akademikarar granskar (“forskar på”) avdøde (moderne) forfattarar, både av vitskapleg litteratur og dikting, for å vurdere dei utifrå sin nye moralfilosofi, som om dei prøvar å finne ut om dei passar som helgenar i deira nye teologi? Men eg meiner det har lite for seg å prøve å prate med daudningar. dessutan var det forbode i det gamle testamentet å mane fram daudningar, så det var no meir rart at den Katolsk Kyrkja byrja med det. Vi har nok med å forsvare ytringsfridomen med å taler med levande menneske, samfunnet folket og landet har då betre av at menneske talar med kvarandre medan vi framleis er levande. Når nokon vil avgrense ytringsfridomen, så heng det saman med mangelfullt utvikla sjelsevne og sosiale eigenskapar. Men Kristus stod oppatt frå dei døde, vi som vender oss til han får sjå og oppleve at han lever og er med oss og vi talar med han, sjølv om vi ikkje ser han som ein fysisk skapning, han er Guds Son og er ånd liksom Gud Fader. derfor er det også viktig for oss å gå ut og snakke med levande menneske. Vonleg skal det verte verdifullt for dei og for oss også.


3 responses to “Det Norske Hus, kva er det?”

Leave a comment