Innleiing.

Jesus kallar Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom. Slik er Sions dotter identiteten til den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt jødefolket også. Det er viktig at ho følger dette kallet og soleis gjer trua sine gjerningar. Soleis skal ho førebu seg på Jesu gjenkomst, då skal det verte bryllaup i himmelen.

Dersom norske kvinner identifiserer seg som Sions dotter og derfor konkluderer med at dei ikkje kan eller vil verte koner til norske menn, så tyder det på at dei likevel ikkje teke imot og  forstått denne frigjerande bodskapen. Det er då ein glade og frigjerande bodskap for både menn og kvinner og er sameinleg med at ein norsk mann får seg ei norsk kvinne til kone.

Jesus sende oss den Heilage Ande, den openberrar han for oss. Han og Faderen tek bustad hos oss, så vi får oppleve å vere heime i Faderhuset allereie her og no, vi får oppleve at Jesus elskar si kyrkje som si brud og si kone her og no, at det blir fest i Faderhuset, ja bryllaupsfest. Soleis utrustar den Heilage Ande oss til å leie menneske til Faderhuset og invitere til bryllaupet i himmelen.

Gå med ein frigjerande bodskap.

Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning. Ved å velsigne han, vert eg velsigna og vert til velsigning, derfor seier eg velsigninga til kven som helst som eg møter. Men ein kanal har no ei bestemt retning, så eg tenkte meg at han ville gjere meg til kanal for si velsigning til to kvinner som eg hadde vorte glad i og bedt for tidlegare og at han med velsigninga ville gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt om tidlegare. Det skulle no vere ei velsigning for både meg og henne.

Hausten 2008 sa Jesus til meg at det ord eg så ofte har teke i min munn, det er hans ord og det er ånd og liv. Då tenkte eg på Paulus sine ord om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så kalla han meg til å gå ut på lovnadane.

Bodskapen 28.9.2008:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Så eg for til Oslo i januar 2009 og byrja på praktisk pedagogisk undervisning og gjekk på møte i dFEF som tidlegare. På vitnemøte prøvde eg å seie noko om dette, men dei ville ikkje høyre på det.

Møtehelg i dFEF i Møllergata 40.

Men ei helg i februar 2011 hadde dei ein møtekonferanse der eg fekk svar på det som låg meg på hjertet. Bodskapane nedanfor kom på laurdag 12.2.2011.

Jesus gjer meg til ein menneskefiskar.

Første bodskapen oppfatta eg som primært til meg. Den er både til ein mann og ei kvinne, så eg tenker meg at den er primært til meg og ei kvinne som han gir meg til kone, som svar på det som låg meg på hjertet altså:

”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.

Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”

Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken.

Dette er ein bodskap om den ekte kjærleiken som skal vere mellom oss. Og eg hevdar den er spesielt verdifull i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg.

Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.

Jesus kalla Sions Dotter ut i dansen med dei glade. Maranata 18.12.2011.

Jesus kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom, han er Herren hennar ektemann.

«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»

«Mor Israel» og Sions dotter.

«Mor Israel» var Guds kone, så barna han fekk med henne skulle vere hans born. Men det forstod ho ikkje. Ho hadde ikkje omsorg for mann og born og som mora, så dottera. Når Moses førde dei mot det lova landet hende det at dei lengta attande til kjøtgrytene i Egypt. Til samanlikning hugsa ho på at menn i Egypt befølte henne. Så i staden for å vere trugen mot ektemannen sin, byrja ho å dyrke avgudane til folk rundt dei. Derfor gjekk det nord og ned med dei, inntil dei vart bortførde til Babylonia.

Dette kan de lese om i Esekiel 23 og i Hoseas 2. «Mor Israel» er eit namn som eg brukar, på grunnlag av Hosea.2,1… Døtrene hennar kallar eg Ohola og Oholiba, på grunnlag av Esekiel 23. «Sions Dotter» vart brukt om Jerusalem tett før det fall.

Men under persarkongen Kyros fekk dei komme attende til landet sitt og det same gjaldt dei andre små folka rundt dei. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande. Då er mor vår «det Himmelske Jerusalem», for vi får Anden frå himmelen, ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Kyrkja som er Jesu brud, er Sions dotter og det gjeld både jødar og heidningar.

No er det ein viss fare for at ho skal verte henta inn av si fortid, ved at ho hugsar på den, som når Ohola og Oholiba hugsa på si fortid i Egypt. Dette til tross for at det var fleire generasjonar sidan. Dei hugsa si historie altså. Dei hadde eit ordtak om at foreldra åt søte druer og borna vart sårtente. Gud ville ikkje vite av dette ordtaket, men slik kan kyrkja si arvesyndslære også verke. Mykje tyder på at mange lærde, prestar også, spekulerer i nettopp det, spesielt med psykologi og psykiatri. Så i staden for å vedkjenne Kristus som vår frelsar og Herre, Sanninga som set oss fri, diktar og fantaserer dei til samanlikninga med diktinga i antikken, som vart til avgudar som dei trælka under.

Soleis har klimapolitikken vorte til ein klimagud, til samanlikning med Zevs. Klimaforskarane brukar kraftige datamaskiner med såkalla kunstig intelligens. Sikkert fordi det vart klart at vi ikkje er så dumme som dei ville ha det til likevel, for det skin no så tydeleg gjennom at det er for å ta opp konkurransen med mannen og kvinna. Ja, for etter så som dei seier, så har ho protestert mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Med slik fantasering vert norske guteborn erta og mobba i norsk skule, kanskje allereie frå dei er 10 år, på grunn av syndefallet altså. Dette til tross for barnevelsigning i kyrkja med lovnad om at dei skal opplærast i den kristne trua. Slik vert dei innprenta at dei står overfor eit personleg problem vedrørande si sosialisering. Eg har ofte lurt på kva som ligg bak, men no har vi vel fått svar på det, med denne såkalla kvinnefrigjeringa og Pride-paradene.

Elles skulle eg ikkje bry meg om det tome ugudlege pratet. Det vart tydeleg at det var mykje av det, som verka til å distrahere meg i studiane. For eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og det var tydeleg at dei verdslege maktinteressene verka som motsetnad til dette, lokke og forføre kvinna, for så å bruke henne til å lokke mannen med.

«Sions Dotter» brukte evangeliet og kjærleiken til å lokke med, for å lure folk i fella. Så sa ho nei til den kristne og karismatisk vekkinga og engasjerte seg politisk i staden, for å fange dei som trudde på Jesus. Der utrusta ho dei stolte og frekke politikarane med frekkheita si nådegåva. Grunnsteinen som Gud la på Sion vart snublesteinen for henne og vart sjølv fanga. Men Gud kallar henne framleis til grunnsteinen for å byrje å bygge på den.

Forføringa vert gjerne forstått som pubertetstrass og eg opplever det som svært så rart at jamaldringar og dei som er eldre skal ha pubertetstrass mot meg.  Og det vert forstått som ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt og resulterer i at menneske ikkje modnast som mann og kvinne som vert vaksne nok til ekteskap og forsørgje sin born. Det har kome til uttrykk i politikken i lang tid og vert no demonstrert i Pride. 

Til tross for at prestane les i kyrkja om at Jesus velsigna småborna, vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei voksne må verte som born for å komme inn i det. Og så gjer dei avtale om at borna skal opplærast i den kristne trua. Det er rart å sjå og høyre korleis det tome pratet florerer i politikken og så talar dei som om dei ventar seg at vi alle skal høyre på det og bry oss om det? For dei har fått den frekkheita si nådegåve. Men svaret er nei. Eg skal tvert om unngå å høyre på det og ikkje bry meg om dette idiotiske tullpratet deira.

Men den levande Gud vekte Son sin opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, liksom Faderen er han i år og i dag den same til evig tid. Det kjem han til å halde fram med, lenge etter at alle datakraft har gått ut på dato. Kristus elska meg først, derfor elskar eg han. Eg skal sjå på han, snakke med han og vitne om han.

Jesajas-evangeliet.

Samuel salva David til konge når han var berre ung-guten og han fekk ein lang og vanskeleg veg å gå, før han kunne setje seg på trona. Ugudlege menneske prøvde å fange han i fella, men han søkte tilflukt til Herren sin Gud. Det takka han Gud for og slik vart hans politikk også, å berge den einskilde frå dei som låg i bakhald med sine feller. På hans tid og kong Salomos tid var «Mor Israel» Guds kone, så borna hennar var Guds born.

Sidan fall dei ifrå han, då vart «Mor Israel» ei hore som dreiv hor med avgudane til folka rundt dei. Dei gjorde opprør mot han, men då gjekk det nord og ned, dei mista meir og meir land inntil alt vart hærteke og dei vart bortførde som slavar til Babylonia.

Jesajas profeterte om dette i tida 736-700 fKr. og Jerusalem fall i 587 fKr. Men han profeterte også at under persarkongen Kyros skulle dei få kome attende til landet sitt. Det same gjaldt dei små nabofolka deira (Jes.41,44,45,48). Dette er førebilete på evangeliet om Kristus som skulle forkynnast for alle folkeslag. Jesajas har mange Messias-profetiar, så somme kallar det for Jesajas-evangeliet.

Dette er tydeleg i

Jesaja.52,1 Vakna, vakna og kled deg i kraft, Sion!
          Kled deg i finklede, Jerusalem, heilage by!
          For aldri meir skal ein uomskoren eller urein
          koma inn i deg.
          
     2 Rist støvet av deg, reis deg opp,
          set deg, Jerusalem!
          Løys lenkjene du har om halsen,
          dotter Sion i fangenskap!
          
     3 For så seier Herren:
          De vart selde utan betaling,
          og utan pengar skal de løysast ut.
          
     4 For så seier Herren Gud:
          Før i tida drog folket mitt ned til Egypt
          for å bu der som innflyttarar.
          Assur undertrykte dei utan grunn.
          
     5 Og no, kva skal eg gjera her?
          seier Herren.
          For folket mitt er teke utan vederlag.
          Dei som herskar over det, hyler,
          seier Herren,
          og alltid, dagen lang, blir namnet mitt forakta.
          
     6 Difor skal folket mitt kjenna namnet mitt
          på den dagen,
          for eg er Han,
          han som seier: «Her er eg!»
          
     7 Kor vakre dei er
          der dei spring over fjella,
          føtene til den som ber bod,
          forkynner fred,
          kjem med god bodskap,
          forkynner frelse
          og seier til Sion:
          «Din Gud er konge!»
          
     8 Høyr, vaktmennene dine ropar høgt,
          dei jublar alle saman.
          For med eigne auge ser dei
          at Herren vender attende til Sion.
          
     9 Bryt ut i jubel saman,
          de Jerusalems ruinar!
          For Herren trøystar folket sitt,
          han løyser Jerusalem ut.

          
    10 Herren viser sin heilage arm
          for auga på alle folkeslag.
          Heile jorda får sjå
          frelsa frå vår Gud.


    11 Dra bort, dra bort! Gå ut derifrå!
          Rør ikkje noko ureint!
          Gå ut frå henne, gjer dykk reine,
          de som ber Herrens kar!
          
    12 For de skal ikkje gå ut i hast,
          og ikkje skal de flykta.
          For Herren går framfor dykk,
          og bak dykk går Israels Gud.

    13 Sjå, min tenar skal ha framgang,
          han skal opphøgjast og lyftast opp og bli svært høg.
          
    14 Slik mange vart forfærde over deg
          – så øydelagd var han,
          han likna ikkje ein mann,
          han såg ikkje ut som eit menneske –
          
    15 slik skal mange folkeslag undrast,
          for hans skuld skal kongar lata att sin munn.
          For det som ikkje vart fortalt dei, skal dei sjå,
          og det dei ikkje høyrde, skal dei skjøna.

Jesajas profeterte om at Messias skulle stille seg i posisjonen til den einskilde som leid urett.

Jesajas.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje for kort til å frelsa,
          og øyret hans er ikkje for tungt til å høyra.
          
     2 Nei, det er skulda
          som skil mellom dykk og dykkar Gud.
          Syndene dykkar løyner andletet hans
          så han ikkje høyrer dykk.
          

     4 Ingen stemner til doms med rette,
          og ingen fører sak på ærleg vis.
          Dei lit på tomleik og talar løgn,
          dei unnfangar urett og føder vondskap.
          

          
    13 Vi har gjort opprør
          og fornekta Herren,
          snudd oss bort frå vår Gud,
          tala om undertrykking og fråfall
          og brumma usanne ord
          som vi unnfanga i hjartet.
          
    14 Retten er driven tilbake,
          rettferda står langt borte.
          For sanninga har snubla på torget,
          og det som er rett, kjem ingen veg.
          
    15 Sanninga er borte,
          den som vender seg frå det vonde, blir plyndra.
        
           Herren såg det, og det var vondt i hans auge,
          for det fanst ingen rett.
          
    16 Han såg ikkje nokon som kom til hjelp,
          han undra seg over at ingen greip inn.
          Men hans arm gav han siger,
          hans rettferd støtta han.
          
    17 Han kledde seg i rettferd som brynje
          og sette frelses hjelm på hovudet.
          Han kledde seg i hemnens drakt
          og sveipte om seg
          lidenskapens kappe.
          
        ……

      
    20 Ein som løyser ut, skal koma til Sion,
          til dei hos Jakob som vender om frå synd,
          seier Herren.
          
    21 Dette er mi pakt med dei, seier Herren:
          Min Ande som er over deg,
          og mine ord som eg har lagt i din munn,
          skal ikkje vika frå din munn
          og ikkje frå munnen til borna og barneborna dine,
          seier Herren,
          frå no og til evig tid.

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Slik stilte han seg i posisjonen til den einskilde som leid urett, for å frie ut han og henne.

Motstand frå den gamle vonde naturen.

Den gamle vonde naturen vart vekt av syndefallet, så menneska vart trælar.

Jesus openberra seg frå himmelen for Paulus og spurde han kvifor han forfølgde han, det skulle verte hardt for han å stampe mot brodden. Det vart eit tankekors for han at han som overtyda farisear hadde teke så feil. Han forklarte det på to måtar, den eine var at han hadde vorte dåra og forførd slik som ved syndefallet, slik vart den gamle vonde naturen vekt i han, så han sjølv døde, han var ikkje lengre levande for Guds om er ånd. Det vert eit spørsmål om sjølvforståing. Jesus frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv. Slik får vi den rette sjølvforståinga og den rett innsikta.

Den andre forklaringa var at han var seld som træl utan å vite det. Guds mottiltak var at Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Når vi seier ja til det og tek imot Jesus, vert vi hans eigedom, alle som tok imot han gav han rett til å vere Guds born, ved gjenfødinga får vi ein ny natur. Når Jesus valde Paulus som apostel i staden for Judas, så valde han ein som var seld utan å vite det, i staden for ein som selde og visste kva han gjorde.

Paulus fekk motstand frå farisearane og dei skriftlærde, så det verka som han møtte seg sjølv i døra, han stampa mot brodden som han sjølv kjende i sitt kjøt. Men Guds nåde var nok for han, for Guds kraft var fullenda i vanmakt. Gud gjorde noko nytt i hans liv og slik fekk han ei ny sjølvforståing. Gud openberra si frelse for han i Kristus og så fekk han oppleve frelsekrafta, alt av nåde, sidan Kristus døde i staden for han også.

Gud gjer noko nytt, det får motstand frå den gamle vonde naturen, men Paulus lærer oss å gå vidare framover mot det fullkomne og evige.

Paulus sa at vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot verdslege makter og vondskapens åndehær.

Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande.

Men vi kan vel også forstå det som motstand frå den gamle vonde naturen.

Den gamle vonde naturen er som Kain-naturen.

Den gamle vonde naturen kan også forståast som Kain-naturen. Han var misunneleg fordi Abel bar fram eit betre offer og oppnådde noko meir og noko betre overfor Gud. Jesu blod talar betre enn Abels blod, liksom Abel bar han fram eit betre offer, derfor vart han slått i hel av menneske med Kain-natur. Då døde han i staden for oss, Gud har godteke det offeret, det er gyldig. Så det er berre for oss å ta imot nåden det gir oss, godta og erkjenne at det offer er for oss og slik får vi «Abel-natur», Jesus-natur. Han har gjort oss fullkomne med sitt offer og vil gjennomføre det, han som byrja den gode gjerning i oss, skal også fullføra den.

Ormen si ætt.

Etter syndefallet sette Guds strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Vi forstår vel at det handlar om menneskelivet. Ormen er den gamle vonde naturen. Men det er ikkje opplagt at kvinna si ætt er den nye gode naturen, som skal sigre. Jesus sigra over ormen si ætt, då han døde i staden for oss på korset og hans kyrkje skal sigre saman med han. Men i Johannes Openberring er det fortalt om Dyret som skal dømme den Store Skjøkje.

Motstand frå Kain-naturen i kyrkja på byrjinga av 1980-talet.

Sommaren 1978 var eg på ein liten trålar som heitte Furnes, i lag med mine eldre brør OS og NAS. Sommaren 1979 var eg med fabrikktrålaren Ottar Birting. Etter ein tur kom bror min NAS ombord. Etter nyttår vart eg med ein saltfisktrålar, så ein fabrikktrålar og om sommaren vart eg med ein ferskfisktrålar. Frå hausten 1980 leigde eg eit lite hus i Bergen i lag med bror min NAS, i ei to års kontrakt. Han skulle ta grunnfag i samanliknande politikk, eg hadde planar om å fortsette realfagsstudiet og så gjekk eg på møte i dFEF og pinsekyrkja Tabernaklet i Marken i Bergen. Studiane vart det lite og inkje av, men Gud styrka meg med si kraft og igjen opplevde eg at det var saman med henne Virtuella, igjen openberra Gud si frelse for oss i Kristus. Eg skreiv eit brev til henne der eg gav henne adressa min og foreslo for henne at ho skulle komme dit. Eg bøygde kne og bad over det og opplevde det som at Jesus steig ned over henne og kall henne til det, men ho sa nei, eg vil at han skal komme hit. Og så gret ho, det var det eg fekk inntrykk av, for ho var ikkje glad for å seie nei til Herren.

Virtuella budde i Oslo og eg kasta eg vekk mykje tid og pengar på å reise for å prøve å få kontakt med henne, i staden for å studere, slik eg hadde tenkt. Når eg gjekk på møte i Tabernaklet sa Jesus til meg, gjennom tyding av tungetale, at denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk, at dersom du ikkje kjem no, vert du riven bort ifra meg. Så legg henne under deg, sa han. Eg er ikkje sikker på om det var same bodskapen, men eg trur helst det. Eg forstod det slik at eg skulle legge henne Virtuella under meg og slik skulle eg legge verda under meg. Det var ved at eg trudde på Kristus og bøygde meg for han. Vi er då rettferdige for Gud ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelst. Eg forstod det utifrå Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Derfor tok eg kontakt med leiinga i Tabernaklet om denne saka, eg sa noko om korleis eg hadde bedt for henne og korleis eg meinte Jesus svarde meg. Eg er ikkje sikker på tidsforlaupet her, men det måtte vere fram mot sommaren 1981 at eg kom ombord i ein liten ferskfisktrålar som heitte Sula, der eldste bror min OS var fast tilsett.

Rett etter nyttår 1982 reiste eg til Bergen og melde meg på studie i kjemi. Men så ringde eg til soknepresten (GT) i heime kommuna mi for å prate med han om mitt forhold til henne Virtuella, i von om at han kunne kontakte henne for meg. Han foreslo at eg skulle komme heim og prate med han og eg so gjorde. Det vart ein kort prat og så skulle eg komme igjen og slik fortsette han til dess det var for seint for meg å byrje på det studiet det semesteret. Men så byrja han å snakke om at eg måtte komme meg i gong med noko, men det var då nettopp det han hadde lokka meg bort ifrå og kva skulle eg no ta meg føre. Soleis viste det seg å vere heilt bortkasta og gagnlaust å prate med han. Han insisterte på å få meg med psykiater, elles ville han ikkje snakke meir med meg og ein gong fekk han meg med til ein psykiater ved Åse Sjukehus (Moa, Ålesund). Eg sa berre nokre få ord om at eg opplevde samfunn med henne Virtuella i den Heilage Ande, sjølv om ho fysisk var langt borte frå meg. GT sette store auge og psykiateren foreslo litt medisinering. Men då hadde eg allereie fått meir enn nok. Det ville eg ikkje ha noko meir av. Sidan ville eg ikkje snakke meir med GT og når mine næraste foreslo at eg skulle snakke med GT igjen, svarde eg berre at det var han sjølv som hadde sagt han ikkje ville snakke meir med meg.

Tida gjekk utan at eg hadde noko å ta meg i ferde med og heller ikkje fann på noko og når sommaren kom, fekk dei meg tvangsinnlagt på Oppdøl, til observasjon i 14 dagar. Der var ein psykolog som gjorde nokre psykologisk testar og eg prata litt med han og ein psykiater. Men så konkluderte eg med at det hadde ikkje noko handsikt å prate meir med dei. Det var berre å vende meg til Kristus og takke han for frelsa og soleis halde humøret oppe, til observasjonstida var over. Dei konkluderte med at eg hadde 100% sjølvkontroll og fann ingen grunn til å halde meg der. Observasjon, ja, erfaringsbasert psykologi, altså, der samtale hadde mindre betydning. Då var samtale ikkje så mykje å satse på heller.

Når eg gjekk på møte i Tabernaklet igjen, kom der ein bodskap der Jesus sa at det hadde gjort den Heilag Ande sorg at eg hadde vike av frå vegen. Men igjen vart eg oppmuntra. Eg kan forstå dette utifrå likninga om brurmøyane, når vekker-ropet kom, om. At brudgomen kjem, viste det seg at dei fem uvituge ikkje hadde nok olje, så lampane deira slokna. Dei vituge hadde med seg olje på kanner i tillegg, så dei etterfyllte lampane sine. Dei uvituge spurd om å få av dei vituge, men dei svarde at det kunne dei ikkje, for då hadde dei ikkje nok til seg sjølve, så dei fekk heller gå og kjøpe seg olje. Derfor hadde det inga hensikt for meg å prate noko meir med dei, resultatet ville berre verte at der var ikkje nok verken til dei eller meg. Her var det berre å klappe igjen og vere takknemleg for det Gud hadde gitt meg, takke Gud og Lammet for frelsa. Eg skal feste blikket mitt på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han som har byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.   Der kom ein bodskap der Jesus sa noko om at eg eg hadde vore lenge nok inn mellom desse tronge fjell, han ville leie meg vidare. Så på nyåret 1982 for eg til Oslo og leige meg ein hybel, for å studere realfag der, sjølv om det var for seint det semesteret.

Så var eg på kibbutz i Israel eitt år, frå sommaren 1983 til sommaren 1984, då byrja eg å studere realfag i Oslo. Og så gjekk eg på møte i dFEF i Møllergata 40 i Oslo og kontakta leiinga i den kyrkjelyden om denne saka igjen. No fekk eg til å kombinere detter med studiane. Hausten 1985 kom der ein bodskap der Jesus sa til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere di i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.»

Om det vart gråt, så var det slett ikkje det som var meininga med det, men glede og lovsong. For meg og for henne. Om det vart nederlag, så var det slett ikkje det som var meininga med det, Jesus har ikkje kalla meg til ein nederlagspris, men ein sigerspris. Det har han kalla henne til også, når ho lovpriste Kristus som sin frelsar og Herre, sigar ho saman med han. Hovudsaka er at Kristus har sigra og når vi audmjukar oss og bøyer oss for han, reiser han oss opp til å sigre saman med han.

Gjere menneska til salsvare, som trælar.

Jesus sa at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. Då er feilen på begge sider, men kan nokon vere feilfri? Jesus forstod nok at tempelet og synagogene var infiltrert av trua på Zevs, med sine metoder, korrupsjon, lygn og svik. Det viste seg ved at han vart seld for 30 sølvpengar.

Moralfilosofar kjem med skuldingar mot mennesket og gjer skulda om til økonomiske krav, får å gjere dei til trælar. Den interessa viser seg ved erting, mobbing og forfølging på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Eg har ofte undra meg på kvifor skuleborn på 10-13 år ertar kvarandre på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det kan gå over i stygg mobbing. Men eg trur det har seg slik at den tradisjonelt lærde overklassa held kunnskapen for å vere ei frukt av kunnskapstreet, det treet som gav vit på godt og vondt. Ved å ete av den frukta, forguda dei seg sjølve og slik vart dei herskarar. Men det skulle då straffast med døden! Resultatet var i første omgang at dei såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit.

Ja vel, så når borna kjem på skulen og skal verte disiplinerte for å lære noko, så kan dei verte truga med straff, for kva? For syndefallet?! Slik vert dei rekrutterte som trælar, altså. Det er tydeleg vis motivet med ertinga også, det viser seg når den går over i stygg mobbing. Borna vert straffa. For kva? Syndefallet! Det verkar som det ikkje er gjennomtenkt, det er meir eller mindre tilfeldige grupperingar som rottar seg saman.

Men når vi vert eldre, oppdagar vi nok at der er vaksne menneske som soleis fungerer som organisatorarar likevel. Det viser seg spesielt i Pride-paradene. Når eg byrja å studerer, oppdaga eg at der var mange som hadde ei slik kunnskapsoppfatning, at kunnskapen fekk dei av kunnskapstreet, for det gav kunnskap om godt og vondt. Men eg studerte då realfag og det var ikkje slik kunnskap. Eg trudde på Gud og hans Ord og heldt meg til evangeliet og det var no heller som å ete av livsens tre i staden. Den Heilage Ande openberra Ordet, at Kristus er Sanninga og den set oss fri. Soleis må eg sjå på han.

2.Kor.11,3 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 

Paulus sa at synda verka slik i lemene hans at den endåtil brukte lova til å vekke den vonde lysta i lekamen, til tross for at lova var god. Slik var den gamle vonde naturen. Men ved trua på at Jesus døde i staden for oss på korset, skal vi tenke som so at denne gamle vonde naturen er krossfesta og død med han. Ved Jesu oppstode frå dei døde, får vi då ein ny natur i staden.

Prestane stilte seg i den posisjonen at dei skulle lære folket det som er mest fundamentalt, men i middelalderen vedtok den Katolske kyrkja at Jesus er så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven og prestane og dei skulle leve i sølibat. Så vanlege folk som gifta seg og vart bortgifte, vart utestengde frå det nære samfunnet med Herren. Det var frafallet som var som syndefallet på nytt altså. Dette var ikkje å seie velsigninga, men å seie forbanninga. Men det var då prestane som skulle lære folket å be! Og likevel meinte dei at dei bad på ein slik måte at Kristus ikkje vill høyre på dei. Det vil sei at prestane ikkje lærde dei å be rett, men å be feil.

Noko liknande ser vi i vår tid. Folket har sine behov, men dei har ikkje lært seg å påkalle Kristus som sin frelsar og Herre og komme til han med sine behov. I staden vert dei opplærde til å be på ein annan måte og komme til politikarane med det, som om dei skulle vere gudane som dei bad til. Jfr. Religionen til den Store Skjøkje (Joh.Op.17-18).

Barnekår med arverett og bryllaupsfest heime i Faderhuset, i mitt hjerte og i kyrkjelyden.

Guds arvingar og Kristi medarvingar.

Jesus skulle be Faderen om å gi han folka til arv og det er no ved at han frelser menneske. Det er om å gjere for oss å be saman med han, be i Jesu namn, det har store lovnadar.

Joh.16,23 Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn. 24 Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Bed, så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen.
    25 Det eg no har sagt dykk, er gåtefull tale. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala gåtefullt, men ope og endefram fortelja dykk om Faderen. 26 Den dagen skal de be i mitt namn. Eg seier ikkje at eg skal be Faderen for dykk; 27 for Faderen sjølv elskar dykk, av di de har elska meg og trutt at eg har gått ut frå Gud. 28 Eg har gått ut frå Faderen og er komen til verda. No fer eg bort frå verda att og går til Faderen.»

Jesus er den heimeverande Sonen, så alt det som tilhøyrde Faderen, tilhøyrde han, som arv. No har vi også vorte arvingar, vi er Kristi medarvingar. Som frelste sjeler tilhøyrer vi Faderen og Sonen, soleis tilhøyrer vi kvarandre. Det har seg slik at Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Derfor må vi feste blikket på han og ære og takke han som vår frelsar og Herre.

Sidan eg er Jesu medarving, tilhøyrde ho Virtuella meg, som ei frelst sjel, som ein lovsong Gud la ned i meg, ved fylden av den Heilage Ande. Og lovangen var å lovprise Gud og Lammet for frelsa, for at Jesus frelste meg og han frelste henne, så vi tilhøyrde Kristus.

Eg fekk oppleve Jesus openberra seg for oss som vår frelsar og Herre, at Faderen og Sonen tok bustad hos meg, at Jesus elska henne som si brud og at Faderen elska henne som sitt barn,. At han frelste hennar sjel for æva og gav henne evig liv. Gud elska meg og han elska henne gjennom meg, for meg var det vidunderleg og herlege og eg er viss på at det var det for henne og. For Gud er kjærleik, så hans nærvær kjennes og oppleves som kjærleik. Ja, Jesus er då livet og han gir liv til vår sjel. Soleis fekk eg oppleve Guds kraft i mitt liv, i mitt hjerte, i mitt indre menneske.

Mi sak.

Eg vart tidleg med i kyrkja, på bedehuset og på husmøte, så livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse menneska, be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus om å gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Slik vart eg kjend med Jesus og fekk eit sjølvstendig bønneliv allereie når eg var 9 år.

Eg forstod eg stod overfor eit stort problem, men eg kunne gå til han med alle mine problem. Når eg gjekk på ungdomsskulen, verka det som eg stod overfor ei stor oppgåve, med å kombinere realfag med trua på Jesus. Eg innsåg at eg trengde hjelp ved at Jesus gav meg ei frelst jente til kjæraste og kone.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale og det har han fortsett med sidan. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så det er berre for meg å tru på det, ta imot og takke for det. Eg kunne gå til Jesus med alle mine problem, ja, men slik går det likevel an å verte altfor mykje problemorientert, så menneske likevel vert fanga inn av problem. Men Kristus har med sitt syndeoffer løyst våre mest fundamentale problem. Så det er berre for oss å løfte blikket opp til han og takke for det, soleis vert vi ved trua på han løysingsorientert.

Farisearane og dei skriftlærde lessa tunge byrder på folket, utan å lette dei sjølve. Men Jesus kalla til seg alle dei som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
    28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Vi fekk komme til Jesus og drikke av livets vatn.

Joh.4,14  Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»

Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord.

Ved å drikke av den kjelda får vi innlagt vatn. Så når eg påkallar Kristus som min frelsar og Herre og ber han gi meg ei frelst kvinne til kone, ventar eg at både eg og ho har fått innlagt vatn. Vi fekk drikke av kjelda med det levande vatnet og held vi fram med. Frelseskjelda er gledesbekken vår. Vi er fødde av vatn og Ande, eg tenker på livets vatn. Då skal vi leve av brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, Jesu ord som er ånd og liv for oss.

Gud openberra si frelse for oss i Kristus, så vi lovprisar han som vår frelsar og Herre. Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med henne Virtuella. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Gud, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og lovprisa Gud og Lammet for frelsa. Og eg syntest det var så vakkert, ho var så skjønne, så eg yngste å vere saman med henne og sjå det og oppleve det. Eg yngste ho skulle fortsette med det og eg yngste å få oppleve det. Dette var ein god grunn til at eg yngste å få henne til kjæraste og kone. Korleis kan nokon med sin lærdom hevde at dette var dumt og feil, så dette måtte det bli slutt på? Nei, ho trudde på Faderen og Sonen og lovprisa Jesus som sin frelsar og Herre. Då sa ho Sanninga. Dette var visdomen frå Gud, den sanne og rett læra, som vi skal forkynne og som Jesu kyrkje skal forkynne.

Gud var allereie kjelda med det levande vatnet for jødane, han var frelseskjelda som dei hadde å ause av, Guds bekk vart aldri tørr. Frå den kjelda fekk dei innlagt vatn, så Salomo tala om kona som ei kjelde med vatn.

So.4,20 Lyd på det eg seier, son min,
        vend øyra til og høyr mine ord!
    21 Slepp dei aldri ut or syne,
        gøym dei djupt i hjarta!
    22 For dei er liv for den som finn dei,
        og helsebot for heile kroppen.
    23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
        for livet går ut frå det.
    24 Hald deg frå falske ord,
        bruk aldri lippene til svik!
    25 Lat augo dine sjå beint fram,
        fest blikket på det som ligg framføre deg!
    26 Legg merke til dei far du skal fylgja,
        hald heile vegen stø kurs!
    27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
        hald foten din frå det som er vondt!

SO.5,15 Drikk or din eigen brunn,
        rennande vatn or di eiga kjelde!
    16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
        bekkene dine strøyma på torg og plassar!
    17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
        og ikkje dela dei med andre.
    18 Då skal kjelda di vera velsigna.
        Gled deg over din ungdoms kone,
    19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
        Fryd deg støtt ved hennar barm,
        lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Her er det tale om ei kone og opphavleg var det berre ein mann og kona hans.

 Matt.19,1 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?»  4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei som mann og kvinne  5 og sa: ‘ Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp’?  6 Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»  7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses gjeve bod om at mannen skal gje kvinna skilsmissebrev før han kan senda henne frå seg?»  8 Jesus svara: «Fordi hjarta dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så.  9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»

Matt.22,23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24 «Meister, Moses har sagt: ‘ Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.’ 25 No var det ein gong sju brør hos oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27 Sist av alle døydde kvinna. 28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»
    29 Jesus svara: «De er på ville vegar fordi de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller blir bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen. 31 Men om oppstoda frå dei døde, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk når han seier: 32 ‘ Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!’ Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» 33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.

Men David hadde fleire koner og den første vart svært viktig som hjelp for han. Sidan fekk han seg fleire koner. Salomo fekk seg mange koner, altfor mange i grunnen.

Frå eg var ung har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Hensikta er både frelse og å få hjelp, men eg fekk motstand. Så eg har bedt slik for fleire kvinner og skal ikkje utelukke at Jesu gir meg fleire koner. Eg har skrive at eg har bedt slik for tre kvinner og gjer det framleis. Det primære og viktigaste er å tru og vone at han frelser dei. Dersom eg trur, treng eg då å vone? I vona er vi frelste. Eg kjem ikkje forbi at deira frelse kjem an på deira subjektive val og svar. Jesus har kalla på meg og eg har valt å vende meg til han og svare, så eg snakkar med han. Eg ber til han med von om at han vil kalle på dei og at di også vil velgje å seie ja til kallet, svare han og snakke med han og komme inn i barnekåret hos Faderen.

Jesus kjem til oss. Bryllaupsfest i hjertet og i himmelen.

Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleikforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset, oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære. Frå eg var ein gutunge hadde eg bedt Jesus frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Soleis var det ein lengsel som han hadde lagt ned i meg og som han ville fylle.

Jesus sa vi skulle tru på han, elske han og halde fast på hans ord og elske kvarandre, så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss.

Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
    21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
    22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
        Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Dette fekk eg oppleve i forhold til henne Virtuella, eg fekk oppleve at Jesus elska henne og hadde omsorg for henne som si brud og Faderen elska henne og hadde omsorg for henne som sitt barn. Ho responderte på den kjærleiken med kjærleik, ho levede i eit kjærleiksforhold til Faderen og Sonen. For meg var det herleg og vidunderleg og eg meiner det var Faderen og Sonen som elska meg og som elska henne gjennom meg. Så eg gjer rett i å svare på den kjærleiken med kjærleik, ført og fremst ved å takke Faderen og Sonen for frelsa. Det som var umogleg for meg og andre menneske, det gjorde Gud (Rom.8,1…).

Slik vart det bryllaupsfest i mitt hjerte og det trur eg det vart for mange andre også, den skal ikkje ta slutt. Jesus kjem atter og atter til meg og sin kyrkjelyd og fornyer den.

Dette fekk eg oppleve også i mitt forhold til henne Reella, men i mitt forhold til henne Virtuella stakk det djupare. Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Ved å ta imot, kler bruda seg i bryllaupsklednaden og slik kler gjestane seg til festen også. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss og gjennom oss ved sitt Ord, sin Ande og si kraft, Anden driv oss til å gjere trua sine gjerningar.

Joh.Op.19,4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!»  5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
     6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
        Halleluja!
        Herren vår Gud, Den Allmektige,
        har vorte konge!
     7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
        Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
        Brura har butt seg;
     8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
        – Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
     9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»

Virtuella.

I djupet av meg.

Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med henne Virtuella, ho spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Slik tenkte eg om henne og eg trur den Heilage Ande la sin kjærleik i mine tankar, så eg opplevde det som openberring. Eg merka at Guds kjærleik var mellom meg og henne, så eg vedkjende for Gud at den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von.  5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.  7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god.  8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte, det vart som eg såg ned på henne, eg meiner eg fekk sjå henne meir frå Guds synsstad. No talar eg om henne som født av vatne og Ande og det som er født av Anden er ånd. Gud openberra henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Det gjorde meg så godt og eg vart så glad i henne, mest som om ho skulle vere mi eiga sjel. Eg meinar det var den Heilage Ande som la sin kjærleik inn i mine tankar.

Jesus gjorde henne fullkommen med sitt offer, ho var eit Guds barn, fødd av vatn og Ande. Den Heilage Ande openberra det for meg. Gud elska meg og han elska henne og det gleda meg og eg gjorde rett i å ta imot og takke Gud og Lammet for det.

Hausten 1985, medan eg studerte realfag i Oslo, sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» Jesus la den ned i meg ved fylden av den Heilage Ande.

Jesus er med oss både i djupet og på høgda.

Jesus er med oss både i djupet og på høgda. Om vi går gjennom ein tørr dal, gjer vi den til ein kjeldevang. Bodskapen 13.7.2023 (Maranata Landsstevne):

«Jeg er Herren din Gud, ja, jeg er med deg både når du er oppe i høyden, jeg er med deg også når du også er nede i dalen. Jeg er med deg over alt. Jeg er med deg når du gråter. Jeg er med deg når du har glede. Jeg er med deg uansett hva som skjer i ditt liv. Frykt ikke, for jeg er med deg. Jeg vil holde deg oppe med min rettferds høyre hånd. For ingen ting er umulig for meg. Og du skal fortsette å stole på meg, for jeg, jeg er Herren din Gud. For det er jeg som taler, det er jeg som oppbygger deg. Og jeg også vil sende mennesker på din veg, når du er nede i dalen. Det kan komme mennesker til deg, for å oppmuntre deg med mitt Ord og min herlighet. For ingen ting er umulig for meg. For jeg er Herren din Gud. For jeg er alle steds nærværende.

Jeg er Herren din Gud. Jeg er vegen, jeg er sannheten og jeg er livet. Ingen kommer til Faderen uten ved Jesus Kristus. Han som tok på seg alle dine synder, alle dine plager, alle dine sykdommer. For jeg er Herren din Gud. Det er jeg vil bruke deg, igjennom livets vanskeligheter. Jeg vil også bruke deg, når du har (enormt?) glede i ditt indre. Så gi meg alle ære og pris, for absolutt alle ting, for jeg vil la meg bruke av deg. Fordi du er mitt redskap, også når du er nede i dalen og når du også er oppe i høyden. For jeg, jeg er ikke borte ifra deg.  Jeg svikter deg aldri, for jeg er den som gjør alle ting nye, uansett hva som skjer i ditt liv, så er alt nytt, fordi jeg er med deg alle dager, jeg har tatt bolig i ditt indre. Så frykt ikke, vær ikke redd. Bare ha fokus på meg. Når du er oppe i høyden, men ikke bare da, men også når du er nede i dalen. Så skal du begynne å takke meg og gi meg all ære og pris. For jeg trenger (?) alt, for jeg er alt.

Jeg, jeg ser ditt hjerte, jeg ser ditt hjerte, jeg ser hva du har gjennomgått i alle år. Nå skal du bli løst ifra den dybden som du vært i, i den dype dal du har vært i, i så mange år. Jeg vil sette deg i frihet. Lenkene skal bli løst, lenkene skal bli løst i mitt dyrebare navn. Bare takke meg for at jeg har løst deg. For du skal vitne om hva jeg har gjort i ditt liv. Og du skal fortelle til folk at du har vært i dypet, men at nå er du oppe i høyden, sammen med meg. For jeg, jeg har løst deg. Jeg vil bruke deg i den tjenesten som du har fått i ditt hjerte, som du har vært så usikker på om du har fått. Men du har fått det, for jeg har talt til deg, gang på gang på gang. Men du har tvilt i ditt hjerte, for … har nått deg. Men jeg har løftet deg opp, du skal få kjenne det, du skal få erfare det og du skal fortsette å gjøre det som jeg har lagt i ditt hjerte. Jeg vil lære deg gjennom alle ting. Så frykt ikke, mitt barn, du vet hvem du er, for jeg har løst deg, i denne stund. Amen.»

Om ho Virtuella har vorte fanga i ein djup dal, så vil Herren strekke ut sin frelsar-arme og fri henne ut og løfte henne opp. Løysinga er som vanleg å verte fylt av den Heilage Ande.

På høgda.

Når eg gjekk på gymnaset, yngste å omfavne henne Virtuella og gi henne ein klem og då tenkte eg som so at eg ville ta imot henne som eit Guds barn og soleis ta imot Jesus også. Der var velsigning i det altså.

MTT 18,1 – MTT 18,5 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Når eg møtte henne igjen i Bergen, opplevde eg det slik i Andens verden, sjølv om ho ikkje var hos meg fysisk. Eg trur det var den Heilage Ande som bad for oss og som la sin kjærleik i mine tankar. Då måtte eg sjå på Jesus og takke han for frelsa, for at både eg og ho var fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. I den Anden Jesus har gitt oss, skal vi saman med han sigre over verda. Eg meiner at ho framleis skal leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Dette var Guds verk og han som byrja den gode gjerning i oss skal også fullføra den. Då betyr det vel at eg meiner ho skal halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til meg også. Ja, for Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg er viss på at han framleis vil gjere meg til ein kanal for si velsigning til henne, på denne måten altså. Guds kjærleik var mellom oss, det var Guds verk og då skal vi ikkje ha dårleg samvit for det. Dåpen er då eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Slik er det han frelser oss. Hans kjærleik er mellom oss og det skal vi ikkje ha dårleg samvit for. Så eg meiner eg gjer rett i å halde fram med å tenke slik om henne og ventar meg at den Heilage Ande legg sin kjærleik i mine tankar. Det verkar framleis frigjerande og det frigjer mine tankar.

Når eg vart så glad i henne Virtuella, er det vel ganske klart at eg yngste å få henne til kjæraste og kone? Ja, så derfor ville eg møte henne igjen og snakke med henne og fortelje henne kor glad eg var i henne og soleis fri til henne. Jesus var med oss og eg yngste at både eg og ho skulle snakk med han om det. Guds kjærleik var mellom oss og derfor skulle vi glede oss, eg meinte og meiner framleis at både eg og ho skulle glede oss over det, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Vårt vennskap skulle uansett verte betre, sterkare og meir personleg. Dersom eg hadde fått moglegheit til det og vore frimodig nok til å nytte meg av det, så trur eg faktisk ho hadde kome til å seie ja til mitt frieri, for den Heilage Ande hadde ført henne fram til Sanninga som set henne fri, Kristus.

Eg måtte vende meg til Kristus og sjå på han og det skal eg halde fram med. Å få ta imot henne som eit Guds barn, omfamne henne og gi henne ein klem er ein lengsel som Gud har lagt ned i meg og som eg trur han vil fylle den. Det er å velsigne henne og der er velsigning for både meg og henne i det. Det stemmer med at eg tek imot Jesus, ser på han og kjennest ved han som min beste ven, vår frelsar og Herre, så det stemmer med at vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Det trur eg ho også må innrømme, det stemmer med at ho lovpriste Jesu som sin frelsar og Herre og det vonar eg ho vil gjere igjen og halde fram med. Det er då han vi skal forkynne, nettopp ved at vi lovpriser han som vår frelsar og Herre.

Eg skal bidra i menigheta med det Gud har gitt meg i hjertet. Han har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den. Eg skal bruke mi nådegåve og naturgåve.

Jesus sa han hadde lagt lengselen ned i meg og han skulle fylle den. Og det er visst ved at eg kastar meg ut i livets flod.

1.Pinsedag.19.05.91.

(Kassettband-opptak.):

«Sjå, seier Herren, eg talar for å vekke din lengsel på nytt, at dette er vegen til å søke et djupare liv, at eg får lov til å få den plassen eg ynskjer i ditt liv, og sjå, eg er den som ynskjer at du skal kaste fortøyingane, du liker deg så godt der inne ved strandbreidda, men eg vil føre deg vidare fram, du er komen til den staden der, og det punktet der du ynskjer å fare utover det i dette nådens hav, og legge deg på sym, du skal få sjå det løfter, det  ber deg, og du skal få kjenne understraumen  i frå meg, der du erfarer det lyfter, det er berande, det er ikkje du som skal klare dette, men det er eg som gjer verket i deg.

Du får oppleve og du får erfare, det er eg som har byrja, og fordi det er eg som har byrja den gode gjerning i ditt liv, så er det eg som skal fullføre.»

Ikkje kassettband-opptak, (batteria var utladda):

«Tida heretter er ikkje berre kort, men den er såre kort. Søk meg i dag, for i dag er eg å finne. I morgon er det for seint. Men eg er her for å møte deg i denne kveldsstund. Når eg har skapt lengselen, så fyller eg den. Du som ein gong var brennande i ånda, eg vil du skal gjenopplive den nådegåve som er i deg. Det var ikkje tilfeldigheit som gjorde at då skuggen av Peter fall på den sjuke (den lame), så vart han lækt. Det er ikkje du som skal gjere ditt verk, med dine prestasjonar, men det er eg som gjer mitt verk i deg. Vinden bles dit den vil. Igjen vil eg minne deg om at vinden bles dit den vil. Eg tek sterke, (ja, kongar), i mi eige. Sjå, du som sår med tårer, du skal få hauste med glede. Du skal få vende tilbake med fulle kornband. Den som eg vil gjere sterk, han vil eg først gjere svak. Sjå, eg har førebudt meg eit ringe og audmjukt folk. …., som kan svinge Andens kvasse sverd.»

Eg kom tilbake til Oslo i 2009 og Jesus minna meg om å søke han av heile mitt hjerte. Då kom eg til at eg måtte be for både henne Reella og henne Virtuella, i tru på at Jesus høyrde meg og ville frelse dei var det takkebøn også. Så det er ikkje slik at mitt forhold til henne Reella erstattar mitt forhold til henne Virtuella. Jesus sa eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt meg i hjertet. Og igjen sa Jesus eg skulle hoppe ut i nådens flod. Bodskapen 29.3.2015:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Jesus sa han ville komme og ta bustad i meg med heile si fylde, då vert der både Faderhus og bryllaupssal for Lammet og hans brud. Vekkinga er som når bruda kler seg i brudekjolen og gjestane kler seg i bryllaupsklednaden. Vi får motstand frå den vonde, men Kristus har sigra over han, derfor kan vi gå med den glade og frigjerande bodskapen. For han som er i oss er større enn han som er i verda. Heilt til slutt vert der likevel ein som ikkje er bryllaupskledd, men han vert kasta ut.

Matt.12,22 Sidan kom dei til han med ein som hadde ei vond ånd og var blind og stum. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davidssonen?» 24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om det ikkje var ved hjelp av Beelsebul, herskaren deira.» 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kvart rike som ligg i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande? 27 Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk. 28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk. 29 Eller korleis kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
    31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som seier mot Den heilage ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.

Matt.22,8 Så sa han til tenarane: ‘Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verdige.  9 Gå difor ut på vegskilja og be til bryllaups alle de finn.’ 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
    11 Då kongen kom inn for å sjå til gjestene, fekk han auge på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Kongen seier til han: ‘Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede?’ Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: ‘Bind hendene og føtene hans og kast han ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!’ 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»

Ved Guds salving og kraft skal eg vinne meir enn siger. Bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Eg trur Jesus gjer meg til kanal for si velsigning til henne Virtuella, så den Heilage Ande frigjer henne. Eg skal sjå på Kristus og snakke med han. Han er sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han er livet og med den Anden og livet han gir oss, skal vi leve for han. Det er den overordna hendsikta med våre liv og gir oss meining med livet. Når vi gjekk på gymnaset lovprisa ho Virtuella Gud og Lammet for frelsa og den Heilage Ande openberra for meg at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, ho vart ein lovsang Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, ei nådegåve. Eg trur Jesus gjer meg til kanal for Guds velsigning til henne, så eg ved fylden av den Heilage Ande skal vekke henne som ei nådegåve og bidra i kyrkjelyden ved å bruke henne som ei nådegåve. Eg yngste  at ho skulle fortsette og leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og bruke henne som ei nådegåve, derfor yngste eg å få henne til kjæraste og kone. Den overordna hendsikta er å leve for Kristus, som ved at eg bruker henne som mi nådegåve. Men det er vel vanskeleg å tenke seg at det skal kunne fungere utan at ho møter meg igjen fysisk og held fram med å vere ein god venn for meg og bli min kjæraste og mi kone. De kan no godt prøve å få henne til å lovsynge Gud i forsamlinga, men dersom kjærleiken ikkje er ekte, vil det nok fort merkast på lyden.

Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og Jesus vil at den skal vere mellom oss og vi skal glede oss for at vi har funne den (ein bodskap 12.2.2011). Med den gleda i hjertet skal vi lovsynge Gud og Lammet. Eg skal feste blikket på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, det er han som elskar oss med kjærleiken frå Gud, han elskar meg og han elskar henne og han elskar henne som si brud gjennom meg. Faderen elskar oss som sine born, eg får oppleve at han elskar meg og han elskar henne gjennom meg og i meg og eg opplever det herleg.

Bodskapen 16.5.2016:

«Eg vil at mine barn, at deira liv skal vere som ei open kjelde, som er fylt til stadigheit  av min Heilage Ande. Slik at det til ei kvar tid kan byrje å flyte over. Derfor må du påsjå, at du stiller deg under min nåde, under mine lovnads ord, innfor mitt åsyn. Og du står der som ei open kjelde og let min Heilage Ande få lov til å fylle, så det flyt over. Då skal det komme til syne, som du lengtar etter. Då skal du kjenne det som du tørstar etter. Då skal fruktene og mine nådegåver byrje i ditt liv å fungere. Ikkje av deg sjølv, men det er min Ande som skal gjere det. Derfor, vert fyllt av min Ande, så skal alt det du stundar etter, det skal skje med deg.

Når salvinga fyller deg, då skal alle lenker briste. Då skal alle bånd rivast i stykker. Då skal alt det som du kjenner tynger deg ned, det skal du kjenne, skal verte løfta bort. Når den levandegjerande, min Heilage Ande, pinsekrafta, kjem inn i ditt tilvære, då skal du få oppleve  å få Bibel som du aldrig før har eigd, den skal verte levande. Du skal kjenne at Ordet skal bli eld for deg. Ordet skal lyse for deg. Du skal merke at Ordet skal byrje å danne deg, slik eg vil ha deg. Derfor bli fylt av min Heilage Ande og du skal få leve under ein open himmel. Halleluja.

Eg har talt til mine born gjennom mitt Ord. Men når mine born ikkje vil ta til seg av mitt Ord, kva skal eg då gjere. Når mine born ikkje vil opne seg for meg, kva skal eg då gjere? Jau, det er berre ein ting å gjere, det er at truas Ord får lyde. At evangeliets bodskap får lyde. At Andens salving får virke. Då skal de oppleve i dykkar møte, at eg Herren, skal opne stengde dører. Eg, Herren skal slette det bakkede. Eg, Herren, skal opne himmelens sluser. Og då nyttar det ikkje å stoppe til, då nyttar det ikkje å hindre. For der min Ande kjem til, der banast nye vegar, der opnast nye dører. Der smykkast mi menigheit i dei herlegaste prydingar og mi menigheit, den skal reisast opp i kraft og i herlegdom. Halleluja.»

Jesus gir meg ei kvile som overgår min forstand. Eg skal bidra i kyrkjelyden med det Gud har gitt meg i hjertet. Min forstand skal ikkje komme i vegen for det, den er ei naturgåve som eg skal bruke der ute. For meg er det også ei Guds teneste og det Gud gir meg i hjertet av berre nåde, støttar meg i det. Men forstanden skal ikkje hindre meg i å få liv og overflod av liv av berre nåde, den skal ikkje hindre meg i å verte velsigna så mitt beger flyter over.

Bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Jesus sa eg skulle sjå på han i alle livets forhold og tilskikkelsar. Då tenkte eg først på mitt forhold til henne Virtuella, så på mitt forhold til henne Reella.

Det saka gjeld er at eg har bedt han frelse menneska, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Då er sjølvsagt kjærleiken og gleda viktig mellom oss og ved å innvie meg for Jesus blir hans kjærleik og glede viktigast for meg med tanke på å vinne meg mi eiga kone i helging. Eg har som hensikt å leve for han og tene han og innser at eg treng ei kone til å hjelpe meg i den Guds-tenesta. Det er den overordna hendsikta. Og så vert ho sjølvsagt til hjelp for meg i det daglege liv også. Dette har å gjere med å finne meining i livet for både meg og henne, å få eit meiningsfullt liv.

Reella

24.7.2022. Vitnemøte.

 Mitt vitnemål.

Eg minna om David sine ord: I dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Der gjenstår ein kviledag for Guds folk, som vi ser i Hebrearbrevet 3-4. Dei vandra mot det lova landet, men etter at dei var komne inn, så var der framleis ei vandring, ved at øvstepresten gjekk inn i det høgheilage med syndeoffer, først for seg sjølv, så for folket. Slik representerte han folket for Gud. Og profetane søkte Gud heime hos seg.

I den gresk-syriske tida vart det strid om prestetenesta, desse utlendingane ville ta over den og så ville dei selje jødane som slavar, slik som det var profetert og slik som vi kan lese om i første Maccabearbok. Jødane forsvarde seg og gudsdyrkinga si og prestetenesta si som best dei kunne, men likevel vart dei påverka av presset. Det viste seg når Jesus kom og forkynte den frigjerande bodskapen i evangeliet, då fekk han motstand, endåtil frå øvsteprestane.

Jesus sa at vi skal ikkje bekymre oss for mat og klede, men søke først Guds rike og hans rettferd heime hos oss sjølve, så skal vi få alt det andre i tillegg. Så sjølv om vi held oss i ro er det likevel ein veg å gå. Ja, for no har Jesus bana vegen for oss alle inn i den himmelske heilagdomen.

Jesus sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia at han skulle sjå at han har sett framfor han ei opna dør. Det er vel først og fremst døra til himmelen, for så å gå inn i den himmelske heilagdome, ja, så er det framleis ein veg å gå. Då kan det vel vere han oppdagar opne dører for han i verda også. Ein engel frå Herren er ein bodberar frå han, så det spørst etter dører som er opne bode for han og bodskapen hans. Han er engel for kyrkjelyden i Filadelfia, så då handlar det først og fremst om å sjå den opne døra for han der og i kyrkjelyden sitt distrikt.

Når eg studerte realfag, så var det også ein veg å gå, sjølv om eg sat i ro og for meg var det då om å gjere å sjå det slik at det var ved å gå inn i den himmelske heilagdomen.  Når eg studerte realfag i Oslo, oppdaga eg ei jente som eg syntest var så vakker, så medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned. På høgre sida av siste trappa ned til første etasje er der ein murvegg og når eg kom ned siste trinna, kom ho frå høgre og gjekk rett forbi meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og han sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho».

Så det var ikkje berre eg som elska henne, men Kristus var med meg og han også elska henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne. Når Kristus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Men vi har ikkje sett han fysisk her på jorda. Likevel kjenner vi han, fordi vi har fått hans ord og hans Ande og Anden openberrar han for oss. Det er det som gjer at vi kjenner han og hugsar han. Så vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar han for oss.

Tungetale ved Arnstein Andersen, tyding ved  ei kvinne.

Arnstein spelte gitar og song i møtet og så sa han nokre få ord om at å gå inn i kyrkjelyden, det er rette vegen. Litt seinare kom han med tungetale og ei kvinne tyda det:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Gud ser til hjertet og så seier han «Du er min hjerteskatt».

Første dagane etter at eg møtte henne Reella slik, såg eg etter henne i von om å få møte henne igjen og kanskje komme i prat med henne. Då såg eg andre kvinner kvinner også, jau visst er der mange vakre kvinner, men ingen som henne. Ho var verkeleg så vakker. På eit møte i dFEF i Møllergata 40 (M40), sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale at han ser ikkje på det eg ser på, men han ser til hjertet. Det minna meg om eit vers i Bergpreika:

Matt.5,8 Sæle dei som er reine i hjarta,
        dei skal sjå Gud.

Både eg og ho var reine i hjertet, derfor fekk vi sjå Gud, derfor fekk vi denne openberringa. Sidan minna Jesus meg om å la kjærleikens flamme blusse opp i mitt hjerte, vere brennande i ånda og eg skjøna at det var i mi kjærleik til henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, men eg har følt at eg må hugse henne slik og slik har Jesus også minna meg om henne. No har eg også forklart det med nattverden, den er til minne om Jesus, den minner meg om han og derfor minner den meg om korleis han openberra seg for meg og for henne og slik hugsar eg på henne.

No svarde Jesus meg og sa «du er min hjerteskatt», ja vel, så er eg det, men eg oppfatta det også som ein bodskap til henne, at ho er hans hjerteskatt, som hans hjerteskatt er ho også min hjerteskatt. Gud har gitt meg ein skatt i leirkar, ved fylden av den Heilage Ande, håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,5). Slik har han gitt meg ei nådegåve som eg skal kveike, ein lovsang som eg skal lovsynge han med. Eg skal sjå til at eg bidreg med de Gud har gitt meg i hjertet. Korleis er det mogleg. Jau, Jesus tek bustad hos oss med heile sin fylde, så vi får oppleve at alt er mogleg for Gud.

Eg talar om kva den Heilage Ande overtyda meg om, den openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og for henne Reella. Ho gleda seg over det og det gleda meg endå meir. Og eg har den rette forklaringa på det, ved korsets fot fann eg den den ekte kjærleiken, som så mange andre, Jesus vil at den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss, for vi har funne den ekte kjærleiken. Den var mellom meg og henne, det gleda meg og eg er viss på at det gleda henne også. Den gleda skal vare ved. Jesus har nyleg sagt at eg skal ta imot den gleda han gir meg, så i tru og tillit til han gleder eg meg over at han frelser meg og han frelser henne. Frelseskjelda er då vår gledeskjelde! Han har sagt eg skal glede meg i han og lovprise han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjerte attrår. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur framleis han vil gi meg det.

Jesus sa til meg at han ser ikkje på det som eg ser på, men han ser til hjertet. Det refererer til kva han sa til profeten Samuel, når han skulle salve David til konge.

1.Sam.16,6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.»  7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.»  8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»  9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
    11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

Samuel salva David til konge, fordi Gud valde han ut til det, fordi han såg til hjertet hans og sa at han var ein mann etter sitt hjerte. Når Samuel salva han til det, fekk han oppleve at Herren kalla han og leia han til det han hadde utvalt han til.

Til samanlikning har Gud valt ut henne Reella til noko, for han såg til hennar hjarte, så eg kan trygt seie at ho var ei jente etter hans hjarte. Ho er hans hjerteskatt, så då er ho framleis ei kvinne etter hans hjarte. Han har valt henne ut og kallar henne til noko viktig, han frelser henne og frelser mange saman med henne.

Det saka gjaldt for mitt vedkommande, var at eg bad Gud gi meg ei frelst kvinne til kone og det frå visst større konsekvensar enn kva eg kunne ane. Eg innser at eg har kome i ein liknande posisjon som profeten Samuel og så kjem ho Reella i ein liknande posisjon som kong David.

Samuel salva først han til konge, men han vraka Gud Ord og derfor vraka Gud han som konge, Herren angra på at han hadde gjort han til konge og Samuel syrgde over han. Då er det nærliggande å samanlikne henne Virtuella med Saul. Men det skal ikkje verte ei dogme, der er andre måtar å sjå det på også. Det var Jesus som salva meg og som salva ei kvinne eg var glad i, saman med meg, først ho Virtuella, så ho Reella.

I vår tid er det mange som har vraka Guds Ord, til samanlikning med Saul, spesielt ved protesten mot Paulus sin bodskap om at Kristus er hovudet for mannen, mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette er å fornekte Kristus og av vise hans kjærleik og omsorg for si brud, det er å fornekte Faderen og avvise hans omsorg for sine born. Og det gjer dei moral, politikk og religion ut av. Men det er Antikrist som fornektar Faderen og Sonen og den åndsmakta er ikkje av Gud.

Joh.Op.3,9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.

Jesus går føre oss og vi skal følge etter han. Men når Israelsfolket vandra mot det lova landet, var det nokre som vart liggande etter, så dei som gjekk fremst måtte sjå etter dei og hjelpe dei. Slik har ho tydelegvis ho Virtuella og mange med henne vorte liggande etter, men vi må hjelpe henne og dei å komme seg vidare. Når jødane vender heim ifrå Babylonia går Herren føre dei og bak dei går Israels Gud (Jes.52).

Eg skal glede meg i Herren, eg skal vere hovud.

Jesus har sagt eg skal vere hovud, ikkje hale. Det betyr leiarskap. Han salve henne Reella til samanlikning med David, det også betyr leiarskap. Det også er ein god grunn til at eg ynskjer å få henne til kone. Det er så viktig for meg at Jesus frelser henne og eg trur han gjer det og det gleder eg meg over. Eg skal glede meg i Herren, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår. Og her sa han: «Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger.»

Jesus talar om ei ny tid og at han vil hjelpe meg til å komme inni det, så her ligg det an til leiarskap og fornying. Det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud og det som er umogleg for meg, det vil han gjere.

Sitat: Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Han sa eg skulle få merke hans nærvær og hans hjelp endå sterkare, når eg våger å stole på han. Så eg skal våge å stole på at han kjem meg til hjelp med si kraft, ved at han gir meg henne Reella til kjæraste og kone, som mi kone vert ho til hjelp for meg. Problemet som eg tenkte eg aldri kunne klare, var å kombinere trua i hjertet med forstanden, rasjonaliteten i realfag. Kombinere den matematiske innsikta med biologi. Men Jesus lever og er med meg og han klarer det.

Eg må løfte blikket opp til han, feste blikket på han, vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir meg frå himmelen, slik får eg fornying. Ja, det er vel som oljen dei vituge brurmøyane hadde på kanner, så dei kunne fylle på lampane sine. Med hjartets opplatne auge skal eg også sjå på det han har gjort i meg, då tenker eg på henne Reella og det gjer meg godt i mitt indre menneske, det gjer godt for mi psyke, det gleder meg. For eg trur Jesu har gitt henne ånd og liv, ho har fått oppleve at han elskar henne med den ekte kjærleiken og det gjorde henne glad. Eg er hans hjerteskatt og det er ho også og derfor er ho min hjerteskatt også.

Eg skal vakte hjartet mitt framfor alt det eg vaktar, for livet går ut ifrå det. Ved at eg elskar Jesus av heile mitt hjarte og er trufast mot den som han gir meg til kone. Og då er det henne eg tenker på. Dersom Gud vil gi meg fleire koner, så får det vere opp til han.

Openberringa og den som eg tilfeldig møtte. Bodskapen 27.11.2022.

Vi skulle få komme til Jesus og få kvile (Matt.11,28-31), for Gud openberrar si frelse for oss i Kristus. Det er noko han kallar oss til, så vi skal jage mot det fullkomne. Men det er berre Gud som kan skape noko som er fullkome og som står til evig tid, han som byrja den gode gjerning i oss, skal fullføra den. Vi må sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Vi møter krav frå verdslege autoritetar om at vi skal prestere og merkar at det vil fortrenge og erstatte at Gud gjer sitt verk med oss. Så det blir som eit krav om at vi skal verte selde som trælar, den Duglause Hyrdingen gjæter slaktesauene for sauehandlarane. Det blir til eit krav om at menneske skal prøve å gjere Guds verk, slik vert dei gjorde til trælar, for dei kan ikkje gjere Guds verk.

Vårt mottiltak er å feste blikket på Jesus og ære og takke han for frelsa og innvie oss for han. Paulus fekk høge openberringar, men fekk kjenne tornen i kjøtet, for at han ikkje skulle ovmode seg. For meg har den visst forårsaka ein verkebyll. Guds nåde var nok for Paulus, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Slik er det for meg også. Her minna han meg om ein som eg tilfeldig møtte, då tenker eg på henne Reella.

Bodskapen.

Inge Nerland tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen, (Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga):

 ….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.

Aktuelle bibelvers.

2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren.  2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det.  3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det –  4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala.  5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt.  6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg.  7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig.  8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg.  9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Heb.4, 14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Min kommentar.

I det sist har eg skrive meir på eit dokument som eg har kalla «Be, så skal de få» og denne bodskapen ser eg som svar på mykje av det eg har skrive om her, så då refererer et til det berre i korte ordelag.

Jesus talte om noko som ligg der som ein verkebyll i mitt liv, han talar om det på liknande måte som Paulus talte om tornen i kjøtet, så kanskje det er same problemet eller kanskje det er tornen i kjøtet som forårsakar verkebyllen.

Paulus sa han visste om eit menneske i Kristus, var det det det då Kristus han talte om eller om seg sjølv, slik han var i Kristus? Eg trur helst det var Paulus og derfor skulle han ikkje ovmode seg over den høge openberringa. Han var i Kristus, då er det svært så interessant at han sjølv ikkje var sikker på om han var i kroppen eller ikkje.

Eg skal sjå på Jesus og ikle meg den krafta Jesus har gitt meg. Bodskapen 28.9.2008.

Eg skal feste blikket på Jesus og sjå på han i alle livets samanhengar, både i forhold til henne Virtuella og henne Reella altså.

Bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: «Dette er vegen, vandre på den.»

Heb.12,1 Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss,  2 med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause.

Eg skal også sjå på det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Eg trur at han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2 og frelser henne saman med meg, som kona mi, så eg får oppleve i mitt indre menneske at han gir henne ånd og liv og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen Og dermed saman med meg også altså. Og no er det henne Reella eg tenker slik om.

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.

I bodskapen 28.9.2008 sa Jesus: «Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom». Dette  opplevde eg sterkast saman med henne Virtuella. 

Så sa han: «Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg.»

Kva er hensikta med at eg skal bevege meg i Andens verden då? Å vere kanal for Jesu velsigning, så andre også får ånd og liv frå han. Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så det primære for meg vert å få slik åndeleg kontakt med henne. Men eg var klar over at eg måtte bevege meg fysisk også.  

Så sa han: «Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren.»

Eg skulle få oppleve at krafta var den same som då eg var ung. Eg skulle vere frimodig og ikle meg den krafta han gav meg. Ja, det er vel bryllaupsklednaden det, slik skal eg kle meg til å feire Lammets bryllaup.

Så sa han: «Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Eg hadde nyleg skrive om at kristne apollegetikarar relaterte til matematikken for å sannsynleggjere at alt har vorte skapt av ein allmektig Gud. Men eg trengde altså ikkje å bere Gud slik, med min matematiske kunnskap. I staden skulle han bere meg og eg oppfatta det som ei støtte for mi interesse for matematikk og bruke det, til dømes i realfag.

2023.06.24. Husmøte. Hald fast på det du har. Du skal bli frelst, med heile ditt hus. Mi bønn for tre kvinner.

Det var husmøte hos familien Stahl, på Åheim. Denne dagen var Wagner-styrken på veg til Moskva, hadde allereie brote gjennom blokkeringar og teke nokre forstads-byar. Det verka svært så dramatisk. Når Magnor bad over den situasjonen kom denne bodskapen:

Tungetale ved Ingelin Stahl, tyding ved Magnor Myklebust.

«Tap ikkje motet. Sjå, eg går føre dykk. Og dine bøner har blitt besvart så mange gangar. Også det du lagt inn for meg, seier Herren, det siste døgnet. Du skal få sjå. Du skal bli frelst med heile ditt hus. Skulle noko vere for vanskeleg for meg, seier Herren. Hald berre fast på det du har. For dei heldt truleg fast på apostlane si lære, brødsbrytinga, brodersamfunnet og bønene. Og dei kom dagstøtt saman og delte. Det kjem ei tid no, det kjem til å bli nødvendig å dele med kvarandre. Vi går inn i ei tid som dette landet aldrig har opplevt. Med matmangel. Med forfølgjing. Men ver ikkje redde. Eg har sett føre deg ei open dør og du skal gå inn og du skal gå ut og finne vederkvegelse.»

Mitt vitnemål.

Eg las.

Jesaja.57,14 Det lydde eit ord:
        Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
        Ta bort kvar støytestein
        frå vegen åt mitt folk!
    15 Så seier han som er høgt opphøgd,
        han som tronar evig og heiter Den Heilage:
        I det høge og heilage bur eg
        og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
        Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
        og hjarta til liv hjå dei knuste.
    16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
        og ikkje alltid vera harm.
        Elles kom deira ånd
        til å missa si kraft for mitt åsyn,
        deira livsande som eg har skapt.

Vi er vande med at Jesus gir liv til vår sjel, men her er det sagt at Gud vekkjer ånda til liv og hjertet til liv. Jesajas profeterte rett før riket gjekk under. Men når riket var på høgda av si makt, under kong Salomo, så sa han:

S.Ordt.4,23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
        for livet går ut frå det.

Korleis ta vare på hjertet? Korleis gjekk det med Davids-ætta seinare? Dei veik av og sjølv om mange av kongane vende tilbake, så var det ikkje heilhjerta. Det vart profetert om dette folket at dei æra Gud med munnen, men hjarta deira var langt vekke.

Når vi skal vere heilhjerta, så tenker eg som so at det femner svært mykje, vi kan ha mange tenkemåtar i hjerte, men skal vende oss til Herren med dei alle. For meg vart det slik at eg hadde to tenkemåtar og eg kan betru dykk at det hadde å gjere med at eg bad for to jenter, eg hadde bedt for dei tidlegare og fann at når eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte, så måtte eg be for dei begge.

Menneske er laga av mold, men Gud er ånd, så vi kan ikkje komme til han utan at han kjem til oss. Så Gud sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

I den bodskapen som kom i stad, der det var tale om korleis du har bedt siste døgnet, så verka det for meg som om den eine tenkemåten vart avgjerande.

Er vi i dåpen gravlagde med Kristus, så skal vi ha hugen vendt til det som er der oppe, så vi får openberring. Vi har også to tenkemåtar, ved at tenker både med hugen og med hjertet. Når vi vender hugen opp der og har hug på det som er der oppe, så får vi merke at Jesus gir oss ånd og liv i hjertet. Den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i mitt hjerte. Slik vert han som er der oppe avgjerande og tek føringa. Slik vel eg å la han vakte mitt hjerte. Vi kan ha mange tenkemåtar i hjerte, det er mykje vi kan tenke oss, men når Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, så er det ikkje berre noko vi tenker oss, men det er ein åndeleg røyndom. Når vi vender blikket opp der, så er det openberring av Kristus som tek styringa. (Det var så lite flyt i det som eg sa, det verka stammande, men sidan det var eg sjølv som sa det, tillet eg meg å skrive det om og komprimere det).

Eg minna også om versa

LUK 12,8 – LUK 12,9   Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.

MTT 18,20 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.”  

Så her har vi store ressursar. Når Jesus sende ut disiplane sine, sa han at dei skulle få sjå at han var med dei alle dagar. Dersom vi går ut og vitnar om vår tru på Jesus, fortel at han har gitt oss ånd og liv i hjertet, så vi lever i eit personleg forhold til han, så dei kanskje endåtil merkar at han har med oss, så trur eg det kan ha langt større ringverknadar enn vi anar.

Anton Løvold hadde ei helsing til Vidar.

Anton las om då Gud kalla Ananias til eit oppdrag og talte over det som om Gud kalla vidar på liknande vis.

APG 9,10 – APG 9,15   I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i eit syn: “Ananias!” Han svara: “Her er eg, Herre.” 11 Og Herren sa til han: “Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset hans Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus. For no bed han. 12 Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.” 13 Men Ananias svara: “Herre, eg har høyrt mange tala om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. 14 Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å fengsla alle som kallar på ditt namn.” 15 Men Herren sa til han: “Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels folk.

Så kom Anton med sang i Anden, både tungetale og tyding:

”Himmelen er åpen, han har sett til deres hjerter. Og han fryder seg over sitt folk, han fryder seg over dere. Han vil la dere vandre inn i hans vilje og han vil gå med deg og lære deg og fullbyrde sitt Ord over og i deg, i deres liv, ved den Hellige Ånd. Den Hellige Ånd skal komme over på en ny og mektig og herlig måte over ditt hus. Den skal frigjøre dine tanker, den skal legge sin kjærlighet inn i dine tanker. Den skal gjennomsyre hele ditt vesen. For jeg har behag i deg. Jeg har behag i deg.

Jeg skal forevige denne pakt, denne stund, den er lukket i mitt hjerte. Ingen kan ta det ifra deg. Ingen kan komme inn og rive det ut av ditt hus. Ingen kan hente deg bort fra mitt åsyn. Jeg, Herren, er nær, jeg er beskyttende, jeg er din fred, jeg omslutter deg. Jeg sender engler for deg, for framfor din fot. Du skal ikke snuble, du skal ikke snuble. Mennesker skal ikke rådføre deg, jeg er Herren din Gud. Jeg skal vise deg  vei.”

Vidar tala om at Jesus vaska føtene til disiplane.

JOH 13,1 – JOH 13,19 {JESUS VASKAR FØTENE TIL LÆRESVEINANE}  Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste. 2   Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han. 3 Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. 4 Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. 5 Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet. 6 Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: “Herre, vaskar du mine føter?” 7 Jesus svara: “Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.” 8 “Aldri skal du vaska føtene mine,” seier Peter. “Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg,” svara Jesus. 9 Simon Peter seier til han: “Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!” 10 Men Jesus svara: “Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.” 11 For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: “De er ikkje reine alle.” 12   Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: “Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre. 15 Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. 16 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. 17 No veit de det. Og sæle er de så sant de gjer etter det.   18 {SVIKAREN}  Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:  Den som et mitt brød,  syner meg hælen.  [syner meg hælen: uttrykk for fiendsleg innstilling.] 19 Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at “eg er Han”.

Jesus viste disiplane sine kjærleik ved at han tente dei med å vaske føtene deira. Til tross for at ein av dei ikkje var rein, sjølv om han vaska føtene hans altså, det var han som kom til å svike han. Dei andre vart spreidde, men dei sprang med reine føter.

Å løfte hælen mot nokon er brukt om ein hest som sparkar sin eigar.

JOH 13,34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

FIL 2,1 – FIL 2,8   Når det no er trøyst i Kristus, kveik i kjærleiken, samfunn i Anden, og så sant det finst medkjensle og miskunn, 2 så gjer mi glede fullkomen: Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke. 3 Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 4 Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre. 5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! 6   Då han var i Guds skapnad,  heldt han det ikkje for eit rov  å vera Gud lik.  7   Men han gav avkall på sitt eige,  tok på seg ein tenars skapnad  og vart menneske lik.   I si ferd var han som eit menneske; 8   han nedra seg sjølv og vart lydig til døden,  ja, døden på krossen. 

Jesus vaska føtene til disiplane sine, så skal vi også vaske føtene til kvarandre.

Kommentar.

Etter møtet kunne eg sjå på internett at Wagnerstyrken hadde snutt. Leiaren, Prigozjin, har fått amnesti i Kvite-Russland.

I Israel gjekk dei i sandalar, så føtene vart lett skitne, sand kunne gnage også. Det vert her brukt symbolsk på at vi vert påverka av verda. Men det er like vel overflatisk trua på Gud og hans Ord er mest fundamentalt, ved å tru på Guds Ord vert vi reine i hjerte og sinn, ved å ta imot Jesus, vert vi fødde på nytt.

Gud gjer noko nytt og eg skal bidra med det han har gitt meg i hjertet.

Det nye som vi opplever ligg rett framfor nasa vår i tid og rom, så vi forstår det før vi opplever det og er klare til å reagere på det som skjer. Slik er det også når Gud skaper noko nytt, men i eit lengre tids-perspektiv. Han openberrar det for oss ved sin Ande, så vi i trua på Kristus og i den Heilag Ande får komme inn i det og oppleve det i Andens verden, så det får konsekvensar for denne verda. Slik skal vi gå ut og bere frukt, frukt som varer. Slik skaper han gjennom utvikling.

Bodskapen 29.3.2015: 

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg. 

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod. 

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.» 

Jesus sa eg skulle ikkje sjå på det som eg ikkje har, men sjå på det han har gitt meg og det eg er god på og bruke det. Ja, når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk. Det er usynleg for det fysiske auget, men likevel er det den viktige rasjonaliteten i realfag. Den Anden og det livet Jesus gir meg frå himmelen er også usynleg for det fysiske auget, men det er ein åndeleg røyndom som eg skal bidra med i kyrkjelyden. Jesus har gitt meg ei åndeleg nådegåve og den skal eg kveike og bruke. Eg forstår det slik at Jesus gir meg ei kone som ei åndeleg nådegåve, som eg skal kveike og bruke, i heimen, ja, i kyrkjelyden, ja, men også utanfor. Det er no tydeleg at det trengst i denne tida! Gud svarar meg med sitt Ord, det er det rette svaret til meg og det er det rette svaret til dei der ute også.

Korleis eg har bedt siste døgnet, mi bøn for henne Reella.

Jesus sa til oss: ««Tap ikkje motet. Sjå, eg går føre dykk. Og dine bøner har blitt besvart så mange gangar. Også det du lagt inn for meg, seier Herren, det siste døgnet. Du skal få sjå. Du skal bli frelst med heile ditt hus.»

Det kan vel vere at nokon hadde bedt spesielt for situasjonen i Russland, siste døgnet og at Jesus svara på deira bøn også, på denne måten, men eg skriv om korleis eg har bedt siste døgnet og korleis eg oppfattar hans svar til meg.

Guds nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Slik har eg vorte heilt avhengig av at Jesus frelser ei kvinne for at eg skal få henne til kone, javel, nettopp slik skal eg heilhjarta halde meg til han då (Jfr. bodskapen 27.11.2022). Så i det siste døgnet før dette møtet, har eg bedt for henne Reella, på den måten at eg trur at Gud openberra si frelse for meg og henne i Kristus, så eg trur han frelser henne som kona mi og eg opplever det ubegripeleg herleg og trur eg får oppleve det sterkare og herlegare.

At Jesus frelser hennar sjel vart så viktig for meg. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Slik tenker eg om min eiga sjel og slik tenker eg om hennar sjel, så eg kan godt seie at eg vart så glad i henne at ho vart så verdifull for meg som om ho var mi eiga sjel. Her er eit poeng med at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Paulus sa at mannen skal elske kona si og ha omsorg for henne som sin eigen kropp. Ja, men det er då ved at Jesus frelser både han og henne, at han frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv er det som er mest verdifullt for dei og som står høgast i kurs. Soleis erkjenner eg at ho er så verdifull for meg, så eg bøyer meg i støvet for min frelsar og Herre i von om at han frelser hennar sjel for æva og gir henne evig liv. Det er første prioritet, at eg ber han gje meg henne som kone, kjem så som andre prioritet. Det skulle då bety at ho kjem til meg og vert hos meg fysisk og biologisk. Den Heilage Ande ber for oss også og han legg sin kjærleik i mine tankar. Eg tenker meg at ho skal leve i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn. Når eg tenker slik, så byrjar eg å tenke på henne som kjærasten min og kona mi. Eg meiner det også har seg slik at den Heilage Ande legg sin kjærleik i mine tankar. Så eg meiner eg gjer rett i å tenke slik, men då må eg vende hugen og blikket på Kristus og erkjenne at han er vår frelsar og Herre, han er kjærleikens konge.

Jesus frelser meg og heile mitt hus, så eg ventar han frelser ei kone til meg og fører henne til meg, så ho kjem til meg fysisk, som kona mi, i samsvar med 1.Mos.2 og vert hos meg som kona mi, så vi får ein felles heim, i ”mitt hus”, samtidig høyrer vi heime i Guds hus, i Jesus kyrkje, så ho blir med meg på møte i den lokale kyrkjelyden. Korleis det skal skje ser eg ikkje, men eg skal sjå på Jesus, alt er mogleg for han. Sjølv om det enno ikkje er fysisk realitet, så er det ein åndelege røyndom som ikkje vert avsanna av at det enno ikkje er fysisk synleg røyndom.

Den bodskapen som kom når Anton bad for Vidar, var til han. Men eg trur den også var til meg, som svar på mi bøn for henne Reella det siste døgnet og som svar på mitt vitnemål i dette møtet. Så eg siterer det ein gong til i det eg tenker meg at det var til meg.

”Himmelen er åpen, han har sett til deres hjerter. Og han fryder seg over sitt folk, han fryder seg over dere. Han vil la dere vandre inn i hans vilje og han vil gå med deg og lære deg og fullbyrde sitt Ord over og i deg, i deres liv, ved den Hellige Ånd. Den Hellige Ånd skal komme over på en ny og mektig og herlig måte over ditt hus. Den skal frigjøre dine tanker, den skal legge sin kjærlighet inn i dine tanker. Den skal gjennomsyre hele ditt vesen. For jeg har behag i deg. Jeg har behag i deg.

Jeg skal forevige denne pakt, denne stund, den er lukket i mitt hjerte. Ingen kan ta det ifra deg. Ingen kan komme inn og rive det ut av ditt hus. Ingen kan hente deg bort fra mitt åsyn. Jeg, Herren, er nær, jeg er beskyttende, jeg er din fred, jeg omslutter deg. Jeg sender engler for deg, for framfor din fot. Du skal ikke snuble, du skal ikke snuble. Mennesker skal ikke rådføre deg, jeg er Herren din Gud. Jeg skal vise deg vei.”

«Poly-Ester», frå Ukraina.

Eg byrja å studere biologi og informatikk ved Universitetet i Oslo hausten 2014. På ei forelesing i biologi sat eg nær ei vakker jente med lyst hår. Når ho om innatt etter pausa og gjekk forbi meg, kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av henne, av kroppen hennar, eit ynskje om å få ta henne på fanget. Det er nærliggande å kalle det lyst, kjøtets lyst, å sjå på ei kvinne med lyst på henne, men eg opplevde det som at den Heilage Ande var i det, med si kraft, så det var slik som det vart sagt i denne bodskapen, at den Heilage Ande la sin kjærleik i mine tankar.

Når eg la meg om kvelden, tenkte eg på dette i kveldsbøna mi og bad over det. Eg syntest og meinte ikkje at eg hadde tenkt feil heller, men visste og forstod at her måtte eg vere forsiktig med mitt hjertes tankar. På møte i Maranata neste søndag, svara Herren meg slik, bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Ho såg ut som ho var skandinavisk, men sidan oppdaga eg at ho snakka eit aust-europeisk språk. Eg prata med henne og fekk vita at ho var frå Ukraina og snakka russisk meg ei jente frå Russland.

Det betyr no at det var ikkje noko gale i at eg kjende meg tiltrekt av henne, at eg syntest ho var vakker og tiltrekkande, eg kunne og skulle heller glede meg over det, men altså på den måten at eg gleder meg og fryder meg i Jesu frelse. Ja, eg fekk då opplevde at den Heilage Ande la sin kjærleik i mine tankar og styrka meg, slik frekk eg oppleve Guds kraft, dess meir takknemmeleg skulle eg vere. Så frimodig gjer eg rett i å vere altså, i samsvar med det gode samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde.

Det er tydelegvis mange som ikkje har forstått dette, at slik er det med det nye livet som Jesus gir oss frå himmelen, at soleis skal vi ved trua på Jesus sigre over verda. Så dei ser seg tilbake, ligg etter på vegen og er svake.

Tre jenter.

Eg kallar henne «Poly-Ester» for neste semester fortsette ho med organisk kjemi og molekylær-biologi, så vi kom på same forelesingar igjen. Ho brukte å sitje lang framme, eg sat langt bak og såg henne og det gleda meg. Jau, eg tenkte nok på henne som om ho var kjærasten min og følte det stemte med den Heilage Ande, ja, som det vart sagt her, at den la sin kjærleik i mine tankar. Her er eit poeng med at eg syntest det kjendest psykologisk sunt. Det var å be for henne, med ei takkebøn, eg meiner det var å velsigne henne. Eg tenker meg at slik bad eg for folket hennar også, sidan det låg an til konflikt med Russland.

Soleis har eg også kjent det psykologisk sunt å hugse på henne Reella i mange år. Eg skulle glede meg i Jesu frelse, ja, Gud hadde openberra si frelse for meg og henne Reella, så det ville eg glede meg over. For meg og henne Virtuella også, så det også skulle eg glede meg over.

Den Heilage Ande verkar i oss slik at vi tenker konstruktivt og gagnleg og hjelper oss med si kraft.

1.Tim.1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.

2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft. Slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone.

Sjå til at ingen vert liggande etter.

I bodskapen 12.10.2014 sa Jesus at det er mange som har vorte liggande etter, derfor må vi be for dei og gå ut og hjelpe dei vidare på vegen.

Heb.4,1 Lat oss difor vera på vakt så det ikkje skal visa seg at nokon av dykk blir liggjande etter, sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno gjeld.  2 For den gode bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, vart til inga nytte, fordi dei ikkje vart eitt i trua saman med dei som høyrde det.  3 Og det er vi som trur, som går inn til kvila. For han sa:
           Så svor eg i min vreide:
           Aldri skal dei koma inn til mi kvile!
Guds gjerningar var rett nok fullførte då verda vart grunnlagd.  4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen frå alle sine gjerningar.  5 Men her seier han: « Aldri skal dei koma inn til mi kvile!»  6 Så står det framleis igjen at nokre skal koma inn til kvila. Dei som først fekk den gode bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige.  7 Difor fastset han på nytt ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
           I dag, om de høyrer hans røyst,
           så gjer ikkje hjartet dykkar hardt.
 8 For om Josva hadde ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.  9 Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine. 11 Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila, så ingen fell frå på grunn av same slag ulydnad.
    12 For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet. 13 Ingen skapning er løynd for han. Alt ligg ope og nake for auga på han som vi skal gjera rekneskap for.

Dette er også som når Israelsfolket vende heim att frå Babylonia, men då går Herren både føre dei og Israels Gud går sist i ferda.

Jesaja.52,1 Vakna, vakna og kled deg i kraft, Sion!
          Kled deg i finklede, Jerusalem, heilage by!
          For aldri meir skal ein uomskoren eller urein
          koma inn i deg.
          
     2 Rist støvet av deg, reis deg opp,
          set deg, Jerusalem!
          Løys lenkjene du har om halsen,
          dotter Sion i fangenskap!
          
     3 For så seier Herren:
          De vart selde utan betaling,
          og utan pengar skal de løysast ut.
          
     4 For så seier Herren Gud:
          Før i tida drog folket mitt ned til Egypt
          for å bu der som innflyttarar.
          Assur undertrykte dei utan grunn.
          
     5 Og no, kva skal eg gjera her?
          seier Herren.
          For folket mitt er teke utan vederlag.
          Dei som herskar over det, hyler,
          seier Herren,
          og alltid, dagen lang, blir namnet mitt forakta.
          
     6 Difor skal folket mitt kjenna namnet mitt
          på den dagen,
          for eg er Han,
          han som seier: «Her er eg!»
          
     7 Kor vakre dei er
          der dei spring over fjella,
          føtene til den som ber bod,
          forkynner fred,
          kjem med god bodskap,
          forkynner frelse
          og seier til Sion:
          «Din Gud er konge!»
          
     8 Høyr, vaktmennene dine ropar høgt,
          dei jublar alle saman.
          For med eigne auge ser dei
          at Herren vender attende til Sion.
          
     9 Bryt ut i jubel saman,
          de Jerusalems ruinar!
          For Herren trøystar folket sitt,
          han løyser Jerusalem ut.

          
    10 Herren viser sin heilage arm
          for auga på alle folkeslag.
          Heile jorda får sjå
          frelsa frå vår Gud.

Dra ut
    11 Dra bort, dra bort! Gå ut derifrå!
          Rør ikkje noko ureint!
          Gå ut frå henne, gjer dykk reine,
          de som ber Herrens kar!
          
    12 For de skal ikkje gå ut i hast,
          og ikkje skal de flykta.
          For Herren går framfor dykk,
          og bak dykk går Israels Gud.

    13 Sjå, min tenar skal ha framgang,
          han skal opphøgjast og lyftast opp og bli svært høg.
          
    14 Slik mange vart forfærde over deg
          – så øydelagd var han,
          han likna ikkje ein mann,
          han såg ikkje ut som eit menneske –
          
    15 slik skal mange folkeslag undrast,
          for hans skuld skal kongar lata att sin munn.
          For det som ikkje vart fortalt dei, skal dei sjå,
          og det dei ikkje høyrde, skal dei skjøna.

Jau, Jesus gjer meg til kanal for si velsigning til henne Virtuella. Han vil fylle meg så mitt beger flyter over. Han vil fylle meg med sin Ande, si salving og si kraft i overflod, så det blir til henne også, ho også vert fylt av hans Ande, salving og kraft og så løfter han henne opp og brukar henne som sitt reiskap.

Men det betyr ikkje at eg skal verte hale, eg skal vere hovud.

Gud skapte menneska i si likning og til mann og kvinne. Naturvitskapen seier også at der er berre to kjønn.

To kjønn, utvikling og fakta.

Biologiprofessor Glen-Peter Sætre kjem med ei bok som heiter “To kjønn”. To kjønn gir meir genetisk variasjon i arten, så den vert meir tilpasningsdyktig og sjansen for at den overlever som art vert dermed større. Det trengst ikkje fleire kjønn. då er det rart at nokon byrjar å fantasere om at der er fleire kjønn. Nokre fiskar endrar kjønn når dei vert eldre (blåstål) og hos nokre krypdyr vert kjønnet bestemt av miljøet, for dei har ikkje to kjønnskromosom. Men høgareståande artar har to kjønnskromosom som bestemmer kjønnet, så det kan ikkje endrast. Kjønnskromosoma for kvinner er XX og for menn XY, så det er Y-kromosomet som gjer ein mann til ein mann. Då er det rart at nokon trur dei kan endre kjønn med operasjon og hormontilsetting. Det er noko som heiter «disorders of sex development» (DSD). Men dei som prøver å skifte kjønn gjer då dette verre.

Henrik Beckheim hadde ein fin introduksjon til denne podcasten, merkeleg nok kom den ikkje med, så eg kopierer den:

Snakket med professor i evolusjonsbiologi, Glenn-Peter Sætre i 2,5 timer på seneste episode. Vi snakket blant annet om hvor viktig det er å fortsatt ha et ytringsrom og ytringsfrihet til å kunne undervise om biologi, og det faktum at det finnes to biologiske kjønn. Og at det er viktig at vi i Norge ikke importerer amerikansk kulturkrig, men at vi istedet forholder oss til vitenskap.
Vi snakker også om menneskets evolusjon fra LUCA, via fisker til aper og homo sapiens. Vi snakker om forskjellene på menn og kvinner, hva vi har arvet fra neandertalere og huleboere, pubertetsblokkere og kjønn, samt st kjønnskorrigerende behandling er eksperimentelt (ref UKOM), trans og identitet. Omtrent som å høre på en episode av sommer i P2.
Info om Glenn-Peter:
Glenn-Peter Sætre er professor i evolusjonsbiologi ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Oslo. Sætre har gjort seg internasjonalt bemerket særlig med sine arbeider på artsdannelse ved forsterking, et arbeid han mottok prisen Fridtjof Nansens belønning for yngre forskere for i 2000, og kjønnskromosomenes betydning for denne prosessen.
I 2019 kom Sætre og Mark Ravinet ut med læreboken Evolutionary Genetics – Concept, Analysis and Practice, publisert av Oxford University Press.
Sætre er nå straks aktuell med boken “To kjønn” som utkommer høsten 2023.
*
Du finner Henrik Beckheim Podcast på Spotify, Youtube og Apple Podcasts.
*
Kapitler og oversikt over hva vi prater om når:
00:00 Hva har vi arvet fra neandertalerne?
07:58 Gjenskape neandertalerne i dag?
11:52 Sameksistens mellom mennesker og neandertalere?
19:15 Påfugler, aper og the missing link
22:42 Menneskets evolusjon, helt fra LUCA til oss.
46:06 Seksuell seleksjon vs tilpasningsdyktighet
53:41 Hva er forskjellen på menn og kvinner?
58:08 Hvor like er vi huleboere?
01:04:08 Epigenetikk og mutasjon
01:11:21 Hva er en professor?
01:15:35 Hva er liv?
01:22:50 Biologisk kjønn og mann/kvinne
01:33:17 Du kan ikke endre kjønn
01:46:14 Hvor mange kjønn finnes det?
01:51:18 Pubertetsblokkere og trans
02:01:10 Sosial smitte og kjønnsinkongruens
02:09:44 Kjønnsidentitet, et motefenomen
02:13:26 Kjønnskorrigerende behandling er eksperimentelt. (UKOM)
02:18:45 Kjønnsroller
02:25:18 Menn og kvinner er forskjellige
02:33:33 Hva gir deg motivasjon og mening?

https://open.spotify.com/episode/5FebJOV5rK9EwOIiIqtcjr?si=2078c5b5647f4914&fbclid=IwAR0hwSJXRmBZmhgbsTh7icA23IFhJKDPOXuoj-SYR01NpMCTXtmMO3uK284&nd=1

https://www.ark.no/produkt/boker/dokumentar-og-faktaboker/to-kjonn-9788248933076?fbclid=IwAR3qO3KqdukprCyonBRBXCWRleHl0C7xQBme1L0FKGxd-Y4xKjQ82FxP0EQ

Villfaring ved intraspeksjon. Ødipuskomplekset, elektrakomplekset og Kain-naturen.

Sokrates gjekk ut og prata med heilt vanlege folk og det vart risikabelt for han, han vart hendretta i eit justismord. Sigmund Freud prata med sine pasientar og det var no vel bra at han fekk dei i tale. Han stilte nokre diagnoser som vart til ein slags psykiatrisk «teori».  Men kva er det for noko? Det er diagnoser på psykisk sjuke menneske og må ikkje verte gjort til noko meir enn det. Psykologar og pykiaterar vil vel gjerne kalle faga sine sjølvstendige og vitskaplege, men då må dei relatere til sine eigne metoder og ikkje gå ut over det.

Evangeliet skal forkynnast for alle menneske, så kven som helst kan bruke evangeliets metode; å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Når vi går den vegen og opplever at den fører fram, så må vi ære og takke Faderen og Sonen for det.

Freud hadde ei diagnose om at når barna vert avvende, vert gutebarnet misunneleg på faren. Karl Gustav Jung meinte jentebarn hadde ei tilsvarande misunning overfor mora. Det første vert kalla ødipuskomplekset og det andre vert kalla elektrakomplekset, begge deler refererer til antikk mytologi. Freud var ikkje heilt samd i elektrakomplekset, han meinte jenteborn i staden var misunnelege på guteborn, fordi dei hadde noko som jenter ikkje har.

https://sml.snl.no/%C3%B8dipuskompleks

https://snl.no/elektrakompleks

Eg hevdar dette strir mot både kristendom og ekte naturvitskap. Det er ei seksualisering av born, stikk i strid med det Jesus sa når han velsigna småborna, vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer like til. Vi må vende om og verte som småborn for å sjå det og komme inn i det.

I vår tid ser det tvert om ut til at desse diagnosene har vorte til religion i staden for kristendomen og til politikk som vert framstilt som om det var vitskap. Snakk om bukken som passar havresekken! Når Israel fall ifrå Gud, sa han om prestane at dei levde av syndene til hans folk. Deira oppgåve var å lære folket å vende om frå synda, men gjorde det ikkje for i staden såg dei verdi i å leve av syndene deira. Dei vart korrupte altså. Slik verka avlatshandelen i den Katolske Kyrkja også.

Når lækjarane får nye metoder til å lækje meir sjukdom, får dei fleire kundar, men etter kart som sjukdom ver lækt, mister dei kundar igjen. Det er ikkje noko økonomisk problem for dei, for dei har nok å gjere likevel. Men når politikarane vil bruke psykologien og psykiatrien til å prøve å få politisk makt, kan det verte på den måten at dei er årsak til problema, som dei liksom prøver å framstille seg som løysinga på, med sin politikk. Det synest å skine igjennom i vår tid, sidan dei soleis, prøver å få makt har dei interesse av å diagnositsere fleste mogleg, så det kan verke som diagnosa er sjel. Det var då som den Duglause Hyringen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.3). Så dei fungerer som postmoderne heksedokterar.

Pride-rørsla ber preg av at kvinna vert misunneleg på mannen fordi han har noko som ho ikkje har, han har Y-kromosom. Kjønnskromosoma for kvinna er XX og for mannen XY. Derfor er det berre to kjønn. Dette er ikkje tilfelle for krypdyra, likevel er der berre to kjønn der også, men det er ikkje bestemt av kjønnskromosom som hos pattedyra. Så det verkar som det er ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt. No har dei funne på at der skal vere fleire kjønn, det verkar som fri dikting.

Men her er ein tredje part i biletet, representert ved nettopp prest, psykolog og psykiater og kva meir av «lærde» personar og problemet er at dei vert sjalu på både far og son, så eg kallar det i staden ødipus-syndromet. Eg skal ikkje utelukke at dei også vert misunnelege på mor og dotter også. Men poenget er no at det vert spekulert i misunning og sjalusi med ein splitt- og hersk-politikk, slik også med sosialistane sin klassekamp. Så det utartar seg som småligheit, ved at dei ikkje unner ein mann å få seg ei kone eller ei kvinne å få seg ein mann. Med si smålighet er det ikkje mykje godt dei unner oss her i livet.

Men prestar, kongar og politikarar er då ikkje gudar for oss heller. Den store villfaringa synest vere at den Store Skjøkje driv hor med kongane rundt om på jorda (Joh.Op.17-18), ho dyrkar dei som gudar. Det har seg tydeleg vis slik at ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei vere liksom Gud og kjenne godt og vondt. Så brukar han henne til å prøve å lokke mannen med. Men det er ikkje så lett å lokke norske menn til å verte med på denne galeien. Derfor reknar ho dei for å ikkje vere bra nok som menn og som menneske.

Så kva er det eigentleg sjalusien går ut på? Det er som når Kain vart sjalu på Abel.

Heb.11,4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

Og Jesu blod talar sterkare enn Abels blod (Heb.12,24).

Abraham fekk velsigninga først (1.Mos.12), så omskjeringspakta (1.Mos.17). Omskjeringa vart gjort på mannens kjønnslem og den er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, i den nye pakta. For sidan Jesus døde i staden for oss, skal vi ved trua på han sjå det slik at vi er krossfesta og døde saman med han. Liksom Abraham vart rettferdig for Gud ved tru, vert vi rettferdige for Gud ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde. Så ved å tru på han får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.

Med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande er vi omskorne og treng ikkje verte omskorne etter den gamle pakta. Når mange jødar likevel kravde slik omskjering, kalla Paulus det sundskjering, for det vart som å krevje på skjere vekk meir enn det som skulle bort ved omskjeringa. Slik er det mange som prøver å gi seg ut for å vere jødar, utan å vere det. For dei trur ikkje på Gud slik som Abraham gjorde.

Joh.Op.3,9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, slike som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 

Jesus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle, derfor trengst ikkje fleire syndeoffer. Han er fullkommen og gjer oss fullkomne med sitt offer, hans frelseverk er fullført og fullkome og den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Det er berre for oss å ta imot i tru.

Du skal ikkje misbruke Guds namn.

Som Guds born ber vi til Faderen, vi må då få lov til å snakke med far vår. Så kvifor vert vi forfølgde?

Gud sa til jødane at dei skulle ikkje ha andre gudar enn han, men dei skulle heller ikkje misbruka namnet hans.

2.Mos.20,1 Gud tala alle desse orda:
     2 Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.
     3 Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.
     4 Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.  5 Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden, når dei hatar meg,  6 men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.
     7 Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.
     8 Kom kviledagen i hug, så du held han heilag!  9 Seks dagar skal du arbeida og gjera di gjerning. 10 Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje tenaren eller tenestkvinna eller feet, eller innflyttaren i byane dine. 11 For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda og havet og alt som i dei er; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag.

Han sa dei skulle kalla han JHVH (Jahve), dei skriv ikkje vokalane, dei skulle følgje den munnlege tradisjonen, men dei var så redde for å misbruke Guds namn at dei gløymde korleis det skulle uttalast. Problemet var at dei ikkje kjende han. Det er likevel rart, for kvar den som kalla på Herrens namn skulle verte frelst.

Men Kristus velsigna småborna og sa vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som born for å sjå det og komme inn i det. Vi som er opplærde i den kristne barnetrua, har vorte opplærde til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og det må vi halde fram med. Jesus gjer Faderen kjend for oss (Joh.14,8-9 & 17,3). Vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande, så vi lærer å bruke Guds namn rett.

I denne verda vert vi forfølgde og kvifor det? Fordi der ligg stor makt i å bruke Guds namn, derfor er det også så mange andre som vil bruke det, der ligg mykje verdsleg maktinteresse i det. Men det er nærliggande at det blir på den måten at dei missbrukar Guds namn, at dei prøver å forgude seg sjølve med sin kunnskap. Og så lagar dei seg avgudar, som om dei kan konkurrere med den levande Gud?! Vårt mottiltak er då å søke Herren av heile vårt hjerte, innvie oss for han, så det blir klart at Jesus lever og er med oss og leier oss vidare mot det nye Jerusalem.

Sions Datter er Jesu brud og eg har påstått at det er sameinleg med at ho er kona til ein norsk mann. Er det å misbruke Guds namn?

Dersom vi ikkje bygger på evangeliets grunnvoll, er det å misbruke Guds namn, men når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, blir det slik. Vi påkallar Jesus som vår frelsar og Herre og ber til han får oppleve at han kjem oss i møte og svarar oss. Vi ber til Faderen og får oppleve at han elskar oss og svarar vår bøn. Han gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Så ærar vi og takkar han for det. Då er ikkje det å misbruke Guds namn. Med heilaggjeringa må vi passe på at bodskapen ikkje vert forvrenga på nokon måte. Vi reinsa i Jesu blod og helga ved Guds Ord og Guds Ande, så det nye livet veks fram i oss. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Eg trur og hevdar at soleis får vi oppleve at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud vert integrert i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så då trur eg det blir slik. Først og fremst er ho frelst, så ho er Jesu brud og Jesu kone. Og så blir ho mi kone, fordi Jesus er min frelsar og Herre og han lever i meg. Då er og blir ikkje det å misbruke Guds namn.

Jesus kalla Sions Dotter ut i dansen med dei glade. Var det nokon som fekk sjå det?

I februar 2011 kalla Jesus Sions Datter til å frigjere seg, gløyme det som ligg bak og lengte etter han som gir liv og soleis vende ansiktet mot framtida. Det hasta for henne å få eit nytt møte med han. Men det verka også som der var nokon som til tross for at dei hadde fått rikeleg med nåde og var godt opplærde i Guds Ord, likevel ikkje skjøna at kallet gjaldt dei også. I desember same år, kalla Jesus Sions Dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom. Eg synest det er rart at eg ikkje fekk sjå og oppleve nokon respons på dette. Men det “store” som skjedde dette året, var Libya-krigen og attentatet i Oslo. Men kvar vart det av Sions Dotter, som Jesus kalla ut i dansen med dei glade, fordi han er Herren hennar brudgom? og lengte etter han som gir liv og soleis vende ansiktet mot framtida. og lengte etter han som gir liv og soleis vende ansiktet mot framtida.

Aktuell sak: Manipulerer nokon språket ditt?

Link på Facebook:

https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/P4z1O7/ut-og-stjele-spraaket?fbclid=IwAR3pWP4YpNHYbsQ7SG5zFVBmBFGQFp7esiUbSAmoZ9cXX6uGY1ORc7WzvUs

Mine kommentarar:

Sitat:

De tydeligste eksemplene på en tro på at språket former virkeligheten er fra LGBTQIA-ideologi. Man sier for eksempel at «transkvinner er kvinner». Vi kan naturligvis bli enige om å behandle transkvinner som kvinner, og kanskje er det en god ting, men det endrer ikke virkeligheten. Transkvinner er transkvinner.

…….

Ifølge kjønnsforsker Elisabeth Stubberud er språkforbrytelser alvorlige: «Når noen nekter å bruke rett pronomen, er det en form for voldsutøvelse.» Det kan være mange «rette» pronomen, ikke bare hun, han og hen, men også they, zie, xe og ey.

Stubberud visker her språklig sett ut skillet mellom vold og ord. Dette passer med den systematiske nytolkningen av ordet «utrygg». I debatten rundt Linnébenken i botanisk hage ble det hevdet at den skapte en «utrygg atmosfære». Direktøren for hagen uttalte at «vi skal ta tilbake tryggheten i parken». Er benken snekret av råtne bord?

———-Så langt med sitat——–

Kodeknekker: https://no.wikipedia.org/wiki/LHBT

Rasjonaliteten i Bibelen og i Realfag.

Dei påstår dei driv med forsking, men dette er ikkje vitskap, men dårskap. Ved trua på Gud og hans Ord, vert vitituge og forstandige, vi får åndeleg og rasjonalistisk innsikt. I realfag brukar vi forstanden (rasjonaliteten i realfag), så for oss er vitskapen forstandig. I realfag brukar vi forstanden til å prøve å forstå det vi erfarer, det gjer vi også når vi lærer oss eit praktisk arbeid gjennom erfaring.

I følgje Bibelen skapte Gud mannen av mold frå marka og bles livsens Ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel og sette han til å dyrke og verne Edens hage. Då er der både ei praktisk og ei åndeleg side av saka, for Gud er ånd. Så skapte han kvinna av mannens sidebein, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Ho skulle hjelpe han med å dyrke og verne hagen, altså.

Det er ei utfordring å forstå dette, vi treng at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, så vi får oppleve det. Det kan det seiast mykje om og evangeliet skal forkynnast for alle, men det er opp til dei om dei vil høyre og ta imot.

Her er ein gjeng som har avvist denne rasjonaliteten (forståinga) Sjølv om dei ikkje har noko å fare med, prøver dei å få merksemd med dårskap en sin. Men eg hevdar vi heller skal oversjå det, for i staden å verte opptekne av det som er viktig og verdifullt for oss sjølve her i livet. Så det får positive ringverknadar for andre i vårt eige nærmiljø. Dei som brukar forstanden til å lære seg eit praktisk arbeid der det vert produsert materielle verdiar, er betre forskarar enn dette.

For meg er det opplagt at frekkasane (Jfr. dei som dyrka avgudane og var stolte av det) har prøvt å ta over initiativet som den vanlege gut og mann hadde frå naturen av og på grunnlag av evangeliet. Vi treng å ta tilbake initiativet, nettop ved å bruke språket. Kva så med kvinna?

To brukbare Pride-slagord.

To enkle slagord i Pride-paradene er P1: “kjærleik er kjærleik” og P2: “Alle har rett til å vere glad i den dei er glad i”. Så enkelt er det, seier dei. P1 er ein tautologi, til samanlikning med det Gud sa til Moses om at dei skulle kalle han “Eg er” (IHVH, ufullstendig setning), for “Eg er den eg er” (tautologi). Og kven kan protestere på P2? Det verkar som dei satsar på noko enkelt, fundamentalt og ekte. Det må då vere noko til totalitært regime som protesterer på dette?! Som satsar på å erstatte dette med noko anna?

Eg trur dei aller fleste får oppleve at livet ikkje alltid er så enkelt og det synest vere typisk for politikarar at dei lovar meir enn dei klarar å halde, dei likar å lokke med fagre lovnadar, for å få støtte i folke, så dei får makt, så er dei fornøgde med det. I møte med verdslege autoritetar får folk føle dei vert tvinga til å gå med på kompromiss, som ikkje stemmer med at du har lov til å vere glad i den du er glad i. Mann og kvinne vert selde som trælar, så i staden for å gifte seg på grunn av kjærleik, vert pengane avgjerande, det vert venta dei skal gifte seg på grunn av kjærleik til pengar og politisk makt i staden. Det vert som avgudar for dei og avgudsdyrking fører til avspora seksualitet. Det viser seg nettopp i Pride-demonstrasjonane.

Barnekår hos Gud og det kristne kjærleiksbodet.

Men Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born for å sjå det og komme inn i det. Eit lite barn som enno ikkje har lært seg å snakke, gjer seg forstått overfor sine foreldre ved å gråte og smile og le litt, dei trøystar det og oppmuntrer det til å vere glad, smile og le. Pratar med det, sjølv om det ikkje forstår, for å lære det å tale. Og det har den tillita til dei at dei elskar det og har omsorg for det og vil gi det det som det treng. Poenget er då at det kan ha ein slik tillit til Gud som sin Far. Velsigninga betyr at dei får oppleve hans nærvær, hans kjærleik og omsorg.

Det kristne kjærleiksbodet er ikkje berre at du skal få lov til å vere glad i den du er glad i, men at du skal elske Gud av heile ditt hjerte, all di makt, heile din hug og all di makt og elske nesten din som deg sjølv. Du skal endåtil elske dine fiendar, slik er det sterkare enn det som vart sagt i det Gamle Testamentet. Er det mogleg? Vi skal ikkje elske verda men elske Jesus. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt men ha evig liv. Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til å døy på korset i staden for oss, til soning for syndene våre. Så vi elskar fordi han elska oss først (1.Joh.3-4). Det er som eit frieri, Jesus frir til oss med sin kjærleik, kjærleiken frå Gud, vi tek imot og svarar på hans kjærleik med kjærleik. Soleis er Jesu kyrkje hans brud. Dette har også med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne å gjere, for Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Når vi lever i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, er det vel ingen som kan nekte oss det? Nei.

Rom.8,Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:

For di skuld vert vi drepne

dagen lang,

vi vert rekna som slaktesauer.

37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Vi elskar Gud fordi han elska oss først. Men Antikrist fornektar han. Korleis går det då?

Antikrist fornektar Faderen og Sonen (1.Joh.3-4). Det er visst mange som held dette for å vere vitskap, ved å referere til sine forskningsmetoder, for dei fører ikkje fram til Faderen, altså. Derfor konkluderer dei med at Faderen og Sonen ikkje eksisterer, som om det er vitskap?! Men då påstår dei noko langt meir enn kva dei eigentleg har funne ut med sine metode. Og så vil dei gjere moral og politikk ut av det? Med woke-rørsla, LHBT-rørsla og kva meir? Dersom Faderen og Sonen ikkje eksisterer er det meiningslaus for oss å vere glad i Faderen og Sonene og ved å fornekte Faderen og Sonen vil dei forby oss å vere glad i den vi er glad i?!

Men vår metode er å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Det er vår metode. Verken evangeliet eller vi som forkynner det har lova at noko anna metode fører fram!

Dersom Kristus ikkje var oppstått frå dei døde, var vi skrøpelegare enn alle menneske. Men den levande Gud vekte Jesus opp frå dei døde. Jesus er livet, å tru på han gir meining med livet. Fordi han lever.

Fagspråk?

Det er heilt vanleg at eit fag har sitt fagspråk, noko av det kan vere kjent for dei fleste, men dei som har lært faget har lært mange fagord som folk flest ikkje kjenner til. Fagfolk kan ikkje tvinge andre til å bruke dei, dei bør heller verne fagorda sine så folk som ikkje forstår fagorda brukar dei feil, misbrukar dei, så det vert misforståing. Bibelen og kristendomen har også sine fagord og det er ikkje til å komme forbi at det har berika språket for mange folk. Andre bodet var at vi skulle ikkje misbruke Guds namn, derfor er det også viktig å prøve å forstå Guds Ord rett og forstå fagorda rett, så vi ikkje misbrukar dei.

Barnetrua erstattar barnelærdomen åt verda.

I det Nye Testamentet er det tale om barnelærdomen åt verda, det er trældom under lova og menneskelege lovbod og tradisjonar. Men der er tydelegvis nokre som forvekslar barnetrua med barnelærdomen åt verda, så dei endåtil påstår at barnetrua ikkje frelser dei. Det vert faktisk sagt vel 7 min ut i denne tala: https://www.facebook.com/Korsets/videos/138354582597097 Men dette er då å forkynne vantru i staden for å forkynne tru. Kva er det som må til då? Vi må ta imot Jesus. Men det er då nettopp ved å tru på han at vi tek imot han! Paulus tala om barnelærdomen åt verda.

Gal.4, “1 Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen. 2 Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett. 3 Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda. 4 Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova. 5 Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår. 6 Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!» 7 Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.” (Jfr. Gal.4, 9& Kol.2,8…).

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som born for å sjå Guds rike og komme inn i det. Soleis vert barnelærdomen åt verda erstatta av barnetrua.

Jesus er miskunnsam, så han bryt ikkje eit broste sev og sløkker ikkje ut ein rykande veike.

Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Han skal ikkje bryte eit broste sev, ikkje sløkke ein rykande veike, han kom då ikkje for å gjere slutt på livet, men for at vi skulle ha liv og overflod.

Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut.

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

5 Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der:

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

Vi må bygge på barnetrua, for å gå vidare.

Jesus har sagt til meg at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han er då opphavsmann til mi barnetru. Dersom de hevdar at den ikkje frelser, så tek de bort det grunnlaget vi skulle ha å bygge på, for å komme vidare.

Heb.6,1 Lat oss difor ganga framum barnelærdomen um Kristus og skrida fram mot det fullkomne, og ikkje atter leggja grunnvollen med umvending frå daude gjerningar og tru på Gud, 2 med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom. 3 Og dette vil me gjera, um Gud gjev lov til det. 4 For det er umogeleg at dei som ein gong er upplyste og hev smaka den himmelske gåva og fenge lut i den Heilage Ande 5 og hev smaka Guds gode ord og kraftene av den komande verdi, og so fell frå, atter kann uppnyast til umvending, 6 sidan dei på nytt krossfester Guds Son for seg og gjer han til spott. 7 For den jordi som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber den gagnlege grøda åt dei som ho vert dyrka for, ho fær velsigning av Gud; 8 men ber ho tornar og tistlar, so er ho udugleg og forbanning nær, og enden med henne er å verta brend. 9 Men um dykk, de kjære, er me visse på det som betre er, og som høyrer til frelsa, endå me talar soleis. 10 For Gud er ikkje urettferdig, so han skulde gløyma dykkar verk og den kjærleiken som de hev synt for hans namn, med di de hev tent og endå tener dei heilage. 11 Men me ynskjer at kvar ein av dykk må syna den same ihugen for den fulle vissa i voni alt til enden, 12 so de ikkje skal verta seinføre, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod erver det som var lova. 13 For då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, sidan han ingen større hadde å sverja ved, og sa: 14 Sanneleg, eg vil rikeleg velsigna deg og gjera storleg mangfaldig. 15 Og soleis vann han det som var lova, då han hadde venta med tolmod.

Syndefallet og nåden i Kristus.

I Bibelen les vi om at etter syndefallet gøymde menneska seg for Gud med dårleg samvit, fordi dei såg at dei var nakne (1.Mos.3). Dei hadde lete seg freiste til å prøve å forgude seg sjølve med sin kunnskap, men dei kom til at det ikkje stemte heilt med deira eigen biologi, så når dei høyrde at Gud gjekk i hagen, prøvde dei å skjule seg for han. Men biologien var då korleis dei var frå naturen av og i følgje Bibelen korleis Gud hadde skapt dei. Feilen var at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap, kunnskapen om godt og vondt, slik som moralfilosofisk kunnskap, slik er det med religiøs stoltheit og hyklarskap, at dei med sin moralfilosfiske kunnskap prøver dei å gi seg ut for å vere noko anna enn dei er.

Og Pride betyr då nettopp stoltheit. Nokre går så langt at dei endåtil let seg kjønnsoperere. Då må vi i sanningas namn kunne seie at dei prøver å gi seg ut for å vere noko anna enn dei er. Men ingen kan skjule seg for Gud likevel, men vi får komme til Kristus slik som vi er, vi får komme til han med kroppen også, slik som den er. Sjølv om vi med trua på han må sjå det slik at kroppen vår vert krossfesta med han, så er det likevel det vi treng, det er det kroppen vår treng. Det er og blir som eit “reset”, der vi får starte på nytt. Slik er Guds nåde ny kvar dag. Det løyser oss frå trældomen under barnelærdomen til verda; frå lova, menneskebod og tradisjonar. Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk. Likevel ligg den kviledagen i framtida for dei som trur på Faderen og Sonen.

Heb.4,8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.

12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

JESUS, DEN STORE ØVSTEPRESTEN (4,14–10,18)

Prøvd i alt

14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Slik er det evangeliet vi har å forkynne for alle. Det er ikkje opp til oss å sortere kven som skal få høyre det, vi skal forkynne det for kven som helst og så blir dei deira val og deira ansvar.

På evangeliets grunnvoll får vi visdom frå Gud.

Paulus sa at Kristus sende han ikkje ut for å døypa, men for å forkynne evangeliet. Det vart rekna som ein dårskap for både jødar og grekarar, men eigentleg var det denne verda sin visdom som var dårskap for Gud. Evangeliet var enkelt og fundamentalt og på evangeliets grunnvoll får vi ein visdom frå Gud. Så forklaringa på den lærestriden som har vore i kyrkje er at dei ikkje veit kven dei liksom vart døypte til. Snakk om å manipulere språket!

1.Kor.1,1 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
   
Guds visdom og menneskevisdom
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
        Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
        og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
    20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
    26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.
   

Paulus reknar tydeleg vis dåpen for å gjere det klart for oss kva den visdomen, så den er for dei som er litt vidarekomne, for dei må i det minste vite kven dei vert døypte til.

1.Kor.2,1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom.  2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.  3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.  4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft.  5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
     6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.  7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen.  8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.  9 Men det står skrive:
        Det auga ikkje såg,
        det øyra ikkje høyrde,
        det som ikkje kom opp
        i nokon mennesketanke,
        alt det Gud har gjort ferdig
        for dei som elskar han,
    10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud.

Tradisjonen i kyrkja.

Dei fyrste kristne vart forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren som gud og heller ikkje tilbe avgudane. Så det var altså den rike og lærde overklassa som stod bak forfølgingane. Likevel skulle dei ikkje gjere opprør mot Romarriket og kyrkja voks, fordi Jesus var med dei og Gud gjorde sitt verk med dei, ved sitt Ord og sin Ande. Så keisar Konstantin legaliserte kristendomen og kyrkja og rett før 400 e.Kr. vart kristendomen statsreligion i Romarriket. Men då kom også platonismen inn i kyrkja ved kyrkjefaderen Augustin si lære, ei syntese mellom kristendom og platonisme. Han godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja menneske kunne verte frelst. Dei som stod utanfor skulle vere bannlyste, så dei skulle gå fortapt altså. Men kva så når Romarriket vart delt, så kyrkja også vart delt?

Den Katolske Kyrkja meinte den hadde tradisjon ifrå apostlane, så Paven var Peters etterfølgjar. Men dei hadde då også tradisjon frå antikken og frå den romerske keisaren og det viste seg ved metodane til maktutøving. Seinare vedtok dei at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via Paven, prestane og helgenane. Men dette er då ei forbanning. Paven, prestane, munkane og nonnene skulle leve i sølibat. Så dei som gifte seg skulle vere forbanna altså, men munkane og nonnene skulle ikkje vere så mykje forbanna som det, dei skulle i det minste prøve å lære seg noko betre.

Men kva med barnevelsigninga då? Det kan samanliknast med at Gud velsigna både menneska og landdyra etter at han skapte dei. Eg meiner som sagt at det er like fundamentalt, for Gud er den same og velsigninga betyr å leve i samfunn med han. Men det verkar som kyrkja med sin tradisjon ventar seg at når barnet veks opp vert forført på liknande måte som menneska vart forførde etter syndefallet. Den forventninga er å forbanne og fører til forbanning. Først vert dei forførde slik som ved syndefallet. Derfor sette Gud strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt. Så dei blir som ormungar altså!? Krypdyr kan ikkje snakke, det kan ikkje babyar heller, så deira metoder er annleis!? Dei treng tid for å lære det. Men det betyr då ikkje at menneska ættar frå krypdyra! Adam og Eva fekk sønene Kain og Abel, Abel bar fram eit betre offer enn Kain og vart velsigna, derfor var Kain sjalu og slo han i hel.

Ei slik forventning ligg også i Freuds psykoanalyse og det har vorte tydeleg ved religionsforskinga og kjønnsforskinga ved Universitetet i Oslo. Men forføringa og dåringa ved syndefallet fører til dårskap, om nokon soleis har teke doktorgrad i idioti så er det like fullt idioti. Og eg meiner folket må få verte sparde frå å verte opplærde i idioti. Vi må i det minste få lov til å velje å bruke tid og krefter og pengar på å lære noko vitugare, meir interessant og verdifullt.

Visdom frå Gud.

På apostlane si tid var denne verda sin visdom dårskap for Gud. Men etter renessansen og reformasjonen har vel noko av verda vorte klokare. Leibnitz vert gjerne kalla for det siste universalgeni, for han var heilt i toppen i svært så mange fagfelt. Sidan har dei ulike fagfelta vorte vidareutvikla og vorte meir avanserte så om eit menneske no klarar å halde seg i toppen i eit fagfelt, har det gjerne nok med det.

Nokon kan vel verte ekspert på å studere Bibelen også, gjerne ved å kombinere med andre fag, som språk, historie, filosofi, vitskap. Men når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi visdom frå Gud ved trua på Jesus og denne visdomen er frå himmelen og er ikkje avhengig av noko i denne verda. På evangeliets grunnvoll kan vi innvie oss for Herren, både heime med oss sjølve og i kyrkjelyden, så sjølv om vi er berre nokre få som samlast på møte, er det nok for han til å gjere storverk.

Vi blir ei einsformig elite, men også som ekspertar på litt ulike område, ved at vit tener Herren og tener kvarandre med ulike nådegåver. Gjer han storverk, så ventar vi oss at han legg fleire til kyrkjelyden, vekkinga skulle då soleis føre til innhausting.

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og henne og be han frelse menneske, det var første prioritet, som andre prioritet byrja eg å be han gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur framleis han vil gi meg det. Eg er viss på at det er eit verk han har byrja på, i meg og i sin kyrkjelyd, så eg skal bøye meg for han i hans kyrkjelyd, både for å ære og takke han for det og for å be han om å fullføre det. Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Vi har byrja i nåden og Anden og skal fullføra i nåden og Anden. Eg kan seie som Paulus at Guds nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.

På eit møte i Maranata i Oslo sa han til meg gjennom tyding av tungetale, at eg skulle ikkje berre stå på bredda av livets flod og sjå på, men hoppe uti og flyte. Eg skulle då ikkje berre stå på breidda og sjå på og «studere» livets flod, men hoppe uti og få oppleve at det gjeld meg, den ber meg.

Det refererer seg til Esekiel.47 (Jfr. Joh.Op.22,1-4) Esekiel fekk i eit syn sjå at der sildra vatn ut under dørstokken i tempelet. Han vassa ut i floda, tusen alner i gangen og den vart djupare og djupare inntil han flotna. Slik er Guds nåde for oss, vi får oppleve meir og meir av den. På sidene av elva stod livsens tre, vatnet rann ned i Jordan-dalen, så vatnet i Daudehavet vart friskt, så dei kunne fiske der. Det minner meg om Paulus sine ord om at bokstaven (lova sin bokstav og menneskebod og tradisjonar, barnelærdomen åt verda) slår i hel, men Anden gjer levande.

Vi får stige fram for nådens trone i den himmelske heilagdomen, så vi kan godt tenke på kyrkjelyden som tempelet og tenke oss at livets flod sildrar ut under dørstokken. Og så skulle det verte til så stor velsigning for landet og folket! Jau, for med forkynninga av evangeliet om Kristus utgyt Gud sin Ande over alt kjøt, han utgyt den over mitt kjøt, så eg kan seie det gjeld meg, det gjeld mi slekt og mitt folk også. Han gjorde storverk før eg skikkeleg fatta og begreip det og framleis er det slik at det er berre for meg å hoppe uti og erkjenne at det gjeld meg og mitt folk.

Det som eg forkynner med det som eg skriv og seier vonar eg får ein slik betydning for folket, som livets flod, fordi Gud har utgytt sin Ande over folket og det kan vi få oppleve meir av.


2 responses to “«Sions Dotter» er Jesu brud. Det er identiteten til den kristne kyrkja.”

Leave a reply to Eg vitna om mi tru på Jesus på Facebook og han svarde meg med profetiske bodskap ved Elin Therese Slotten. – Faith & Entropy Cancel reply