Guds rike og nasjonane, globalisme og tilpassing til miljøet.
Bildet: Keisar Konstantin legaliserte kristendomen, så han kravde ikkje lengre at folket skulle dyrke han som ein gud.
Innleiing.
Utviklingslæra har vorte brukt som argument mot skapingssoga. Den seier at Gud skapte alt med sitt Ord, men i følge Bibelen skaper han framleis ved sitt Ord og slik skaper han historie, han talte gjennom sine profetar og det skjedde og det gjer det framleis. Han skaper utvikling og det synest vere sameinleg med utviklingslæra, men Bibelen fortel noko meir enn den. Det er klart at mykje av dette er brutalt og det er ei gåte at det kan vere sameinleg med at Gud er god, men ved evangeliet gir han oss moglegheit til å gjere eit godt val, så vi får oppleve at han er god mot oss. Uansett fører han sitt verk vidare i historia, sjølv om det vert til ruin for mange.
Profeten Jesajas profeterte om at Israels-folket skulle verte bortførde til Babylonia, men under persarkongen Kyros skulle dei få komme attende til landet sitt. Det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dette er førebilete om evangeliet som skulle forkynnast for alle folkeslag. Medan dei var i Babylonia profeterte Daniel om fire store verdsrike, det første var Babylonia. Deretter skulle Guds rike komme. Det gjekk i oppfylling når Jesus kom til vår jord, han og disiplane hans forkynte evangeliet om Guds rike. Det skulle forkynnast i Romarriket og over heile jorda, så det er og blir den rette globalismen.
Jesus profeterte om at det kome til å verte mykje krig, folk skulle reise seg mot folk og rike mot rike. Men evangeliet om Guds rike skulle likevel forkynnast for alle folkeslag og dermed til rike som oppstod og som gjekk til grunne og til riker og nasjonar som er no. Ingen globalisme duger til erstatning for dette! Sjølv om vi med realfag og moderne teknologi og økonomi har fått mange universelle idear som fungerer godt globalt. For i følge biologien er det viktig for kvart einskilt individ å tilpasse seg lokalmiljøet, det er viktig for ein art å tilpasse seg lokalmiljøet, slik er det også viktig for folk og folkeslag å tilpasse seg naturen. Ved å bygge nasjon søker eit folk felles vern også for sitt næringsliv, så dei med sin økonomi kan tilpasse seg lokalmiljøet og planlegge si forvaltning av ressursane over lengre tid.
Då vil kanskje nokon åtvar mot planøkonomi som gang på gang har vist seg å vere ubrukande. Men eg tenker meir på ein blandingsøkonomi, som Keynes økonomiske teori. Liberalisme treng vel ikkje verte til eit krav om at du skal vere for dum til å bruke din forstand til å planlegge til ditt eige beste som einskildperson og heller ikkje til folkets beste både lokalt og nasjonalt.
Dersom nokon vil drive naturvern og miljøvern, blir det i følgje biologien vesentleg å tilpasse seg lokalmiljøet. Men miljøvernarar på venstresida satsar stor på globalisme i staden, så det verkar stikk i strid med eit folk si interesse av å tilpasse seg lokalmiljøet, slik vi har gjort i små nasjonar og regionar, ei interesse som eigentleg trongst å verte vidareutvikla. For meg verkar det som dei har spora av ifrå det saka eigentleg gjaldt, så vikarierande motiv har teke over.
Imperialisme og nasjonal frigjering 5. Krise for planøkonomien.
Gud skaper gjennom utvikling og skaper historie.
Utviklingslære, skapingssoge og profeti.
Menneska har si avgrensing, det er visse grense for kva vi maktar å gjere. Soleis har også utviklingslæra si avgrensing som vitskapleg teori, den går over i naturfilosofi som det ikkje er vitskapleg dekning for, det er ikkje underbyggt med erfaring. Skapingssoga høver med naturvitskapen, inkludert utviklingslæra, men den seier også noko meir, sjølv om der er ei lovmessigheit i naturen og sjølv om det elles ser ut til å vere tilfeldig kva som skjer og sjølv om menneska gjer sine verk, så hevdar Gud at det likevel er han som har gjort sitt verk og som framleis gjer det. Han talte og det skjedde og så talte han gjennom profetane om kva han som skulle skje og dei går i oppfylling.
Gud gjer sitt verk i historia.
Gud er ånd og han skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Han vekte han opp til liv i samfunn med seg, så han fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk. Men etter syndefallet gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit, så dei forstod seg ikkje lengre på det.
Dette synest vere historia som gjentok seg, Rike oppstod med mektige kongar, dei dyrka sine avgudar og gjorde seg sjølv til gudar, men så døde dei, ofte ved at dei fall i krig og riket deira gjekk under. Og så påstod Gud at han gjorde det heile. Og det viser han ved profetiane, dei går i oppfylling.
Menneska er som leira i pottemakarens hand, han former den slik han vil. Dersom han ikkje vart heilt fornøgd med forma på krukka, så knuser han den til ein leirklump igjen og byrjar på nytt.
Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka gagnlause planar?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva:
3 «Lat oss slita sund deira lekkjer
og kasta deira reip av oss!»
4 Han som tronar i himmelen, ler,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
med brennande harme skræmer han dei:
6 «Det er eg som har sett inn min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav
og slå dei sund som leirkar.»
10 Og no, de kongar, far visleg fram,
ta imot åtvaring, de styrarar på jord!
11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,
så han ikkje skal verta vreid
og de gå til grunne på vegen.
For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.
Jesajas.29,13 Herren sa: Fordi dette folket
held seg nær til meg med munnen
og ærar meg med lippene,
medan hjarta er langt borte frå meg,
og fordi deira age for meg
er menneskebod som dei har lært seg,
14 difor vil eg framleis fara underleg fram,
underleg og underfullt mot dette folket.
Då skal visdomen åt deira vismenn forgå
og klokskapen åt dei kloke kverva.
15 Ve dei som nede i det djupe
løyner for Herren det dei har føre!
Dei gjer sine gjerningar i mørkret
og seier: «Kven ser oss, kven veit om oss?»
16 Kor bakvendt de tenkjer!
Skal ikkje krusmakaren
aktast høgare enn leira?
Kan verket seia om handverkaren:
«Han har ikkje laga meg,»
og kjeraldet om krusmakaren:
«Han skjønar seg ikkje på slikt»?
Jer.18,1 Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 «Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.» 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.
5 Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt. 7 Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde. 8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det. 9 Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11 Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast! 12 Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»
Guds rike og nasjonane.
Israelsfolket vart bortførde til Babylonia, men under Persarkongen Kyros fekk dei kome attende til landet sitt. Det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dette er førebilete for evangeliet som skulle forkynnast for alle folkeslag.
Jesajas.41,1 Ver stille, de øyar og strender,
og høyr på meg,
lat folka samla nye krefter!
Lat dei koma og tala si sak,
lat oss saman gå fram for retten!
2 Kven har vekt den mannen frå aust
som sigeren møter kvar han set foten?
Kven gjev folkeslag i hans makt
og lèt han råda over kongar?
Med sverdet gjer han dei lik støv,
med bogen lik fykande halmstrå.
3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,
er berre så vidt nedpå vegen med foten.
4 Kven var det som sette dette i verk?
Han som frå opphavet kalla ættene fram.
Eg, Herren, er den fyrste,
og eg skal vera hjå dei siste.
5 Øyar og strender ser det og reddast,
heimsens endar skjelv.
Dei stimar i hop og kjem.
Så Gud kalla fram ættene frå opphavet (v4). Det minner om at Gud gjekk i hagen, men då gøymde Adam og Eva seg vekk. Likevel kalla han på dei og det vart eit rettsoppgjer. Men her ser vi at Guds kall til menneska likevel fekk den effekta at han kalla fram ættene. Så slik skapte han også gjennom utvikling.
For dei kristne er det om å gjere å audmjuke seg for Gud, så vi blir som ein mjuk leirklump som Gud får forme slik han vil. Kristus døde på korset i staden for oss, han vart knus for våre brot. Derfor tenker vi som so at vi vart krossfesta saman med han, vi vart knuste, så vi vart som ein mjuk leirklump i Guds hand.
Jes.57,15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Jesus og disiplane hans forkynte evangeliet om Guds rike, det var ein frigjerande bodskap og dei brukte fredelege metode. Hans rike var ikkje av denne verda, då hadde soldatane hans kjempa for han, men slik gjekk det ikkje, så han vart hendretta. Han gav livet sitt for disiplane sine. Slik døde han også for alle menneske, det er den glade bodskapen vi har å forkynne for dei. Likevel kalla han dei til å forkynne evangeliet, framleis med fredelege metode, men hadde allereie førebudt dei på at det kom til å gå slik med dei også. Med desse fredelege metodene fekk kristendomen framgang og kyrkja voks, til tross for at dei fart forfølgde. Han profeterte om at det kom til å verte krig, folk skulle reise seg mot folk, rike mot rike. Men vi skal forkynne evangeliet for alle folkeslag og det er framleis med fredelege metode, det er slik kristendomen får framgang og det er slik Jesu kyrkje veks.
Når kristendomen vart stats-religion i Romarriket, på slutten av 300-talet, vart det ved ei syntese mellom kristendom og nyplatonisme ved Augustin. Han godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst, dei som stod utanfor skulle dermed verte forbanna. Men korleis går det etter at Romarriket vart delt og det vart ei Katolsk Kyrkje i vest og ei Ortodoks i aust? skal dei forbanne kvarandre? Men i følgje Bibelen er Kristus vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Den rettferdige sin veg er som morgonglima, den vert lysare og lysare inntil høglys dag. Auget er lyset i lekamen, så det er om å gjere å vere klarsynte.
Matt.7,Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde! 2 For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølve mæler med.
3 Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? 4 Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige? 5 Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.
6 Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.
Men der kjem ei tid når Jesus skal dømme nasjonane og det vert ei todeling, han plasserer nokre på si høgre side og andre på si venstre side. Likevel gjer vi lurt i å sjå det som ein prosess, der vi må passe på å stille oss på den sida der vi vert velsigna.
Matt.25,31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» 37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»
41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.
I det eg tenker meg evangeliet som grunnlag for statsdanning og for avtale og union mellom statar, har eg teke til orde for ein fornya Nidaros-Gardarike-politikk.
Då tenker eg meg sjølvsagt at det er noko som Sverige vert med på, dernest Finland og Baltikum. Hugs at det var nordiske vikingar som grunnla både Gardariket, Kievriket og Russland. Den kristne kyrkja er viktig i historia til alle desse landa. Og vi gjer rett i å be saman med Kristus, slik som vi ser i Salme.2.
Salme.2,1 Kvifor er folkeslag i opprør?
Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane slår seg saman
mot Herren og den han har salva.
3 «Lat oss slita sund deira lenkjer
og kasta reipa av oss!»
4 Han ler, han som tronar i himmelen,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
i sin harme slår han dei med redsle:
6 «Det er eg som har innsett min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.
8 Be meg, så gjev eg deg folka som arv
og heile jorda i eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav,
som ei krukke frå pottemakaren skal du slå dei sund.»
10 Kongar, ver forstandige!
lat dykk refsa, de som styrer på jorda.
11 Ten Herren med ærefrykt,
gled dykk og skjelv for han!
12 Kyss jorda, så han ikkje blir harm
og de går til grunne på vegen.
For hans vreide kan lett flamma opp.
Sæle er dei som søkjer tilflukt hos han.
Gud ville gjere noko nytt.
I 2011 var eg i Oslo og gjekk på møte der og Jesus til oss om at han ville gjere noko nytt. Då tenkte vi først og fremst på Jesu kyrkje og den lokale kyrkjelyden vi gjekk i og lokalmiljøet. Det året kom «den arabiske våren» og krigen i Libya. 22.7.2011 kom terroraksjonen i Oslo. Men Jesus talt like fullt til oss om at han ville gjere noko nytt.
.
Møte i M40, Laurdag 12.2.2011.
Det var ein møtekampanje i dFEF i M40, frå fredags kveld til søndag formiddag, med fem møter på laurdag frå kl 11 til siste møtet kl 19 og det varde til langt på kveld. Eg var på dei tre siste møta på laurdag og der kom bodskap ved tyding av tungetale i alle møta.
Kraftfull evangelisering i endetida.
Møte kl 15:30. Tale ved Owe Henrik Larsen: Kraftfull evangelisering i endetida. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.
Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”
Omsorgsarbeid for alle.
Møte kl 17. Tale ved Yngvar Pettersen: Omsorgsarbeid for alle.
Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:
(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).
Vekkings-møte.
Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.
Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
Jesus har kasta det gamle i gløymings-havet. Sjå opp og fram mot det nye han har for oss. Bodskapen i Maranata 19.6.2011.
Del 1.
Ingen må sjå seg tilbake, ingen må ut i det som var, ingen må tenke på det som var. Eg, Herren, eg ynskjer å vere alt for den som har kome til tru på meg. Det som var, det har eg kasta i gløymingas veldige hav. Alt kva som låg i det gamle, det har eg lete vere under straumar av blod. Derfor ver frimodig, sjå oppover. Sjå framover. Sjå på mitt blod som reinsar frå all synd, sjå på dei sår, i dei du har fått lækjedom. Om du vert trøtt på ferda, så vert fylt av min Heilage Ande. Vert fylt av den kraft som gjer livet til ein leik.
Del 2.
Når min Heilage Ande fyller di ånd, då skal du kjenne at det å vandre med meg, det er komplett, det å leve saman med meg, det er å vere i det strålande lyset, som vert lysare og lysare inntil dagen bryt fram, og morgonstjerna går opp i ditt hjerte og du får sjå meg åsyn til åsyn, og du skal verte forvandla og eg skal vere alt for deg for evig.
Gud vil gjere noko nytt i midten av norsk politikk! Møte i Maranata 7.8.2011:
Tore Kristiansen heldt tale og han byrja med å kommentere terroråtaket. Det såg så meiningslaust ut, men så kom han på songstrofa:” der finst ei meining med alt som skjer, kanskje vi i framtida vil sjå ei meining med dette også. Han talte så over Hoseas.2,15.
HSE 2,14 – HSE 2,20 {GUD TEK ISRAEL TIL NÅDE ATT} Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. [ut i øydemarka: -> Jer 31, 2.] 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. [Akor-dalen: -> Jos 7, 24.] 16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. 18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. [ei pakt: Her er det nemnt visse drag som høyrer med til skildringa av freden og velsigninga i frelsestida. Sml. Jes 11, 6-9; Mi 4, 3.] 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
Akor er truleg avleia frå det hebraiske ordet akar som tyder å skade eller valde ulykke (Josva.7,24-26). Men no ville Gud gjere Akor-dalen til ein port som gjev von. Israel var Guds kone, men ho var utru og hadde vorte ei hore. Men i Akor-dalen, i ”ulykke-dalen”, der skulle ho atter svare han som i ungdomens dagar. Slik kan denne ulykka som har ramma Oslo og Noreg verte til ein port som gjev von.
Tyding av tungetale.
I slutten av møtet kom der tungetale som Tore tyda:
«Sjå eg skal bygge opp igjen det nedrivne. Og riva(?) skal eg igjen bygge opp og restaurere. Ja, ikkje berre det, eg vil gjere noko nytt i midten og du skal få oppleve det. For eg er rik nok til stadig å gjere noko nytt for mine born. Hos meg er ingen avgrensing, eg er full av nåde. Derfor …deg i møte med min omsorgsfullheit (?) Og eg gjenoppliver dei nedbøygde si ånd og eg gjer dei sundknustes hjerter, eg gjer dei levande. Eg løfter opp … på eit nytt stade(?) Og dei skal få oppleve at eg set deira føter på ei høgde der dei skal få oversikta på det som skjer og når uver og storm bryter laus, så skal dei få kjenne at dei har sin styrke i meg, dei har si kraft i meg, seier Herren, og dei har sitt håp i meg.
La deg ikkje besmitte til depresjon av det som nettopp har hendt. Men la deg oppmuntre ved mitt Ord til stadig å overvinne, til stadig å sjå det som skjer og …. Men ikkje tape motet, men klynge deg til meg. Og du skal få kjenne at den staden skal føre deg igjennom, gjennom uveret så fører det deg inn i det stille underbare riket, der freden skal vere rådande, der håpet skal lyde klarare, der du skal legge det triste bak deg og du skal få kjenne at eg Herren skal vere med deg gjennom dei djupe vatna. Amen.»
Legg bak det gamle og ta imot det nye, så du vert til velsigning. Bodskapen i Maranata 9.10.2011:
«Se, da jeg ropte ut på korset: ”det er fullbrakt”, se da revnet forhenget frå øverst og til nederst, og se, veien var fri like inn til Faderen. Og du skal vite det, sier Herren, at du er innberegnet i dette fullbrakte verket. Se ikke på deg selv, men du ved troen på meg, så blir du rettferdiggjort, sier Herren. Se, jeg har sonet dine synder, se, jeg har betalt gjelden, og du er … fri, sier Herren. Dersom du tar imot min frelse, så skal du få oppleve at syndebyrden, den blir lettet av deg og du kjenner deg fri. For se, den som jeg får frigjort, han blir virkelig fri …. Se, jeg vil bruke deg sier Herren, jeg ønsker å bruke deg til rik velsignelse. Derfor skal du være frimodig. Du skal ikke se deg tilbake og på det gamle livet ditt, men det har jeg tilgitt, sier Herren. Og du er renset i mitt blod, (herre), du er en ny skapning – og du er blitt en ny skapning, sier Herren. Få det inn i ditt hjerte og la ikke den onde anfekte deg for det gamle livet. For du er frigjort, du er rettferdiggjort, sier Herren. For se, jeg har gjort alle ting nye for deg. Amen.
Ja, jeg skal la mitt nådebudskap gå ut over dette landet, sier Herren, og mange skal ta imot, sier Herren. For det er mange som kjemper og (innser og føler) at det er tungt å være et menneske. For se, den vonde, han legger byrder på folket. Men se, sier Herren, jeg har gjort noe (grunnleggende nytt i møte med ham)? ….. sette mennesker fri ifra det som binder dem fast, sier Herre. Jeg kom for å møte … mennesker og jeg kom for å frelse, for å møte det som var fortapt, sier Herren. Og se der synden ble stor, der ble nåden enda større, sier Herren. Derfor mine barn, gå inn i deres lønnkammer og søk meg, sier Herren. Bli mitt rikes (tindebestiger over natten)? og du skal få oppleve at jeg er den som gir kraft, sier Herren, jeg har sagt i mitt ord at dere skal få kraft i det den Hellige Ånd kommer over dere.»
Jesus kallar Sions dotter ut i dansen med dei glade. Møte i Maranata 18.12.2011.
Tale.
Tore Kristiansen talte om kor viktig det var for jødane å bygge oppatt murane kring Jerusalem, då dei vende tilbake til landet sitt. Den einaste festningsmuren som gir godt nok vern, er Guds truskap.
Tyding av tungetale.
I slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Gud ville gjere noko nytt i midten.
Jesus sa han ville gjere noko nytt i midten og det høyrdest no ut til å vere politisk, ja, for slik også har han omsorg for sine born. Men det høyrdest lenge ut som om Ap ville bruke 22.7-aksjonen som eit syndeoffer for seg sjølve og dei som dei fekk med seg, så mange andre dermed vart utstøytte. Slik kunne dei framstå som ein disenter-kyrkjelyd som ikkje bygde på evangeliets grunnvoll. På ytre venstre-sida ytra antikolonistane også som ein disenter-kyrkjelyd som ikkje bygde på evangeliets grunnvoll. Så fekk vi Ap-Senterparti-regjeringa og det syntest då vere noko nytt. Men det ser ut til å kollapse.
Men når Gud gjer noko nytt, så er det ved at Jesus er Guds spire som han let renne opp frå den turre jorda. Han er det nye som Gud gjer, ved trua på han skal vi få oppleve at Gud gjer noko nytt. Vi må bygge på evangeliets grunnvoll, så vi får oppleve å vere Guds medarbeidarar.
Jesajas.53,1 Kven trudde bodskapen vi fekk?
Kven vart Herrens arm openberra for?
2 Han skaut opp som ei spire for hans andlet,
som ein renning av tørr jord.
Han hadde ingen herleg skapnad vi kunne sjå på,
ikkje ein utsjånad vi kunne gleda oss over.
3 Han var forakta, forlaten av menneske,
ein mann av smerte, kjend med sjukdom,
ein dei løyner andletet for.
Han var forakta, vi rekna han ikkje for noko.
4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han,
vår smerte bar han.
Vi tenkte: Han er ramma,
slegen av Gud og plaga.
5 Men han vart såra for våre brot,
knust for våre synder.
Straffa låg på han, vi fekk fred,
ved hans sår vart vi lækte.
6 Vi gjekk oss alle vill som sauer,
kvar tok sin eigen veg,
men skulda vi alle hadde,
lét Herren ramma han.
7 Han vart mishandla,
han vart plaga,
og han opna ikkje munnen,
lik eit lam som blir ført til slakting,
lik ein sau som teier når han blir klipt,
og han opna ikkje munnen.
8 Etter fengsel og dom vart han teken bort.
Men kven i hans tid tenkte på
at han vart utrydda frå landet til dei levande
fordi brota til folket mitt ramma han?
9 Då han var død, fekk han grav
blant urettferdige og hos ein rik,
endå han ikkje hadde brukt vald
og det ikkje fanst svik i hans munn.
10 Det var Herrens vilje å knusa han med sjukdom.
Når hans liv er gjeve som skuldoffer,
skal han sjå etterkomarar og leva lenge.
Ved hans hand skal det lukkast, det Herren vil.
11 Etter si naud skal han sjå *lys•,
han skal mettast ved si innsikt.
Min rettferdige tenar
skal gjera dei mange rettferdige,
han har bore deira skuld.
12 Difor gjev eg han del med dei mange,
med dei mektige deler han bytte,
fordi han tømde ut sitt liv til døden
og vart rekna blant brotsmenn.
Han tok på seg synda til dei mange
og vart ramma i staden for brotsmenn.
Kva er det så Gud gjer i midten, politisk altså, her i landet? Er det noko vi er med på? vi bygger på evangeliets grunnvoll og det gjeld fyrst og fremst våre liv og livet i kyrkjelyden. Men vi skal forkynne evangeliet for alle og slik legge den same grunnvollen for dei også. Så vert det deira ansvar å bygge på den , vonleg får dei då oppleve å vere Guds medarbeidarar og han har som hensikt å ta omsorg for sine born og sine henders verk.
Sjå på Jesus og sigre med han.
Den kristne kyrkjelyden er Jesu brud.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud viste oss sin kjærleik ved at Kristus døde på korset i staden for oss. Det er som eit frieri, når vi tek imot i tru, får vi oppleve at Gud er kjærleik og han elskar oss i Kristus. Paulus sa at han framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein møy. Ho er Kristi brud altså, og ei brud som er forelska i sin brudgom, ho vil vende seg til han og vere oppteken av han og sjå på han.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Med den openberringa Gud gav meg vart eg overtyda om at han gav meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Då venta eg meg også at ho kom til meg fysisk og at eg fekk møte henne fysisk, i samsvar med 1.Mos.2. Men der har eg altså fått motstand. Og kvifor det? I 1.Mos.2 står det skrive at Adam og Eva var nakne, men dei blygdest ikkje. Men i 1.Mos.3 står det at dei åt av kunnskapstreet og derfor oppdaga dei at dei var nakne og derfor gøymde dei seg med dårleg samvit. Så derfor gøymer ho seg vekk altså og slik er det mange kristne som gøymer seg vekk med dårleg samvit (Jfr.bodskapen 12.2.2011). Og så førestiller dei seg attpåtil at med den kunnskapen skal dei verte ei lærd overklasse som skal styre og regjere og få makt over andre? Som om det kjem i staden for å ta imot den glade bodskapen og verte frigjorde og utrusta til å gå med den glade og frigjerande bodskapen til andre. Som om dei enno ikkje har forstått bodskapen til Paulus!
Men når eg studerte realfag, såg eg ikkje på dette som slik kunnskap som menneska fekk av kunnskapstreet, det var heller som å ete av frukta på dei andre trea, men livsens tre var livet som var planta i meg ved Guds Ord. Dette høver med 2.Kor.11,3. Det betydde ikkje at eg var feilfri eller makta å levde feilfritt, men eg ville og følte eg måtte i det minste innstille meg på det, for eg ville då lære det som var rett og sant, så eg også kunne seie til andre det som eg meinte var rett og sant. Det var ei konflikt som eg har skrive mykje om, til dømes i
Striden om prestetenesta, vår presteteneste og mi presteteneste.
I vikingtida hende det at ein mann kunne utfordre ein annan mann på holmgang, for å ta over gard og grunn eller for å få seg ei kone. Brutalt, men det var tross alt ikkje så feigt som bakholdsangrep eller fange nokon i fella for å drepe han eller gjere han til træl på den måten.
Dette vart det slutt på når kristendomen kom til landet, for i følgje kristendomen døde Kristus i staden for oss. Men så spørst det om ikkje baktale, lygn, svik og justismord tok over som metode? Mykje tyder på det, spesielt ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære. Det viser seg ved at dei ikkje vil la ein mann svare for seg sjølv, men der er tydeleg vis mange som vil tale i staden for han. Den metoda er typisk for ein strategi som tek sikte på justismord, slik det til dømes viste seg ved drapet på Sokrates. I vår tid er det mykje som tyder på at den metoda har vorte godteken, endåtil langt inn i dei kristne forsamlingane.
Sigre over Dyret.
Eg meiner det som er sagt om Dyret i Joh.Op.17-18 talar profetisk om Vest-Europa, det vart tydeleg ved renessansen. Ved trua på Jesus skal vi sigre over Dyre og dei ti horna.
Joh.Op.17,9 Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: 10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. 11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
No har eg skrive om vikingtida, korleis dei kriga og korleis kristendomen kom til landet og fortalt at eg ætte frå desse viking-kongane og jarlane. Og så oppdaga eg at ved trua på Jesu skal vi vinne denne sigeren. Vi må verte fødde på nytt av vatn og Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det, vi må verte som born for å komme inn i Guds rike, den som gjer seg liten som eit slikt lite barn, er den største i Guds rike. Då må då vere fordi slik får vi oppleve at Gud gjer storverk med oss. Så eg tenker meg at slik skal eg vinne denne sigeren.
Motstand, på grunnlag av empirisme?!
Når eg var ung, verka det som eg stod overfor ei umogleg oppgåve og når eg byrja å studere og tok forberedande, oppdaga eg kva motstanden bestod i. Jesus er sanninga som set oss fri, ved trau på han skal vi sigre over verda, han gir oss ei åndeleg og forstandig innsikt som gjer oss i stand til å tenke sjølvstendig i forhold til verdslege autoritetar. Det høver med rasjonaliteten til rasjonalistane og metodane i realfag.
Det var mange som hevda dei var kongar av Guds nåde og slik innførde dei eineveldet. Men nåden skulle no forkynnast for resten av folket også. Problemet var no at den forkynninga var mangelfull.
Det var mange som ville frigjere seg frå eineveldet og som derfor opponerte mot rasjonaliteten til kyrkja og rasjonaliteten til rasjonalistane. Det gjekk i to retningar, den eine kallar eg dialektikken, ved Kant – Hegel – Marx … den andre kallar eg liberalismen, John Lock, Adam Smith. Den nye naturvitskapen har både empiri og rasjonalitet, likevel var det ein motsetnad mellom empirisme og rasjonalisme, John Lock var empirist og derfor tek eg med noko om filosofien hans her.
Sitat frå https://snl.no/John_Locke :
John Locke var en engelsk filosof og grunnleggeren av den engelske erfaringsfilosofien, eller empirismen. Den var en reaksjon mot den herskende rasjonalismen, forfektet av blant andre René Descartes (1596–1650) og Baruch Spinoza (1632–1677).
Locke var lege og pedagog og underviste i klassiske språk og moralfilosofi ved Universitetet i Oxford fra 1659. Han levde i eksil i Nederland fra 1683 til 1689, hvor flere av hans verker ble ferdigstilt.
Lockes hovedverk er An Essay Concerning Human Understanding (fire bind) fra 1690. Her hevder han at menneskene ikke har noen medfødte ideer (bevissthetsinnhold eller forestillinger av noen art), verken religiøse, moralske, logiske eller andre. Ved fødselen er sjelen (bevisstheten) et ubeskrevet blad – en tabula rasa. Alle våre ideer får vi fra erfaringen, som har to kilder: sansning og refleksjon.
Sansningen leverer ideer direkte til bevisstheten ved sin kontakt med egenskaper i den ytre verden. Den gir oss ideer som gult, hvitt, varmt, kaldt og så videre.
Refleksjon er en slags introspeksjon, «den indre observasjon av sjelens virksomhet når denne er opptatt av sine ideer». Gjennom refleksjon får vi forestillinger om sansning, tenkning, tvil, tro og så videre. Ideer fra sansning er enkle og skyldes direkte objekter i den ytre verden, mens ideer ervervet gjennom refleksjon kan være sammensatte og komplekse.
Lockes erfaringsfilosofiske program er at siden forstanden bare har ideer som stammer fra disse to kildene, skal det også være mulig å analysere alle komplekse begreper og ideer tilbake til deres opphav i sansningen. Dette programmet er felles for de tre klassiske, britiske empiristene Locke, George Berkeley (1685–1753) og David Hume (1711–1776).
Locke maktet ikke selv å være konsekvent i gjennomføringen av det. Han holdt fast ved skillet mellom primære og sekundære sansekvaliteter og mente at bare til de primære svarer det faktisk eksisterende egenskaper i den ytre virkeligheten. Derfor beholdt han også ideen om materielle substanser som noe eksisterende utover og i tillegg til de primære egenskapene, som et slags «samlingssted» for disse. Men han var selv klar over at han ikke hadde dekning for en slik substansteori i sitt eget filosofiske program.
Locke er også et av de store navnene i den politiske tenkningens historie. Med Two Treatises of Government fra 1689 fremstår han som en talsmann for et liberalt, konstitusjonelt styre preget av maktfordeling, ytringsfrihet og toleranse, i skarp opposisjon til stuartenes ambisjoner om å skape et eneveldig kongedømme. Han mente også at befolkningen kunne gjøre opprør dersom de ble utsatt for maktmisbruk. Noe demokrati i en moderne forstand av ordet, er det likevel ikke snakk om at Locke tok til orde for, og i andre sammenhenger forsvarte han både adelsprivilegier og slaveriet i Nord-Amerika.
Locke bygger sin politiske filosofi på tanken om en samfunnspakt og prinsippet om fordeling av den politiske makten i samfunnet på flere instanser. Folkesuverenitet og rettssikkerhet er viktige begreper for ham. Slik står han i samme tradisjon som Thomas Hobbes (1588–1679) før ham, og Jean-Jacques Rousseau (1712–1778) og Charles Montesquieu (1689–1755) etter ham. Hans politiske ideer fikk direkte betydning for statsforfatningen i det nydannede Amerikas forente stater.
Religion og pedagogikk
Lockes religionsfilosofi er deistisk. Vi innser med fornuften at verden er skapt av en Gud, og religiøse trossetninger er akseptable dersom de er forenlige med fornuftskunnskaper.
Også i sin pedagogiske filosofi, i verket Some Thoughts Concerning Education fra 1693, viser Locke seg som en forløper for Rousseau. Alt i alt var han en av de store banebryterne for opplysningstidens og liberalismens ideer.
John Lock var lækjar ja, biolog altså, så har anar vi ein motsetnad mellom meir og mindre matematiske realfag. Men læra om tabula rasa stemmer ikkje med biologien. Ein stor del av våre eigenskapar er nedarva og ligg i genane, dette har det vore forska på. Læra om tabula rasa kjem frå Aristoteles, han er kalla logikkens far, sjølv om han gjorde den fatale feilen at han brukte logikken på fysiske ting i staden for å bruke den om idear. John Lock får også problem med sin forståing av substansen. Så eg vil berre minne om kva profetane sa om avgudane som var laga av stokk og stein, der er ikkje ånd i dei, dei høyrer ikkje, ser ikkje, talar ikkje og gjer ingen ting. Men den levande og sanne Gud, som skapte himmel og jord, er ånd, han taler og han frelser.
Nåden som vi får i evangeliet var sjølvsagt ikkje berre for ein som var konge av Guds nåde, men den var for alle. Vi får alle søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så det er den fundamentale rasjonaliteten. Vi får den Heilage Ande ved trua på Kristus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Den openberrar Guds ord for oss, så vi oppdagar og erkjenner sanninga i Guds Ord og den set oss fri. Slik får vi ei åndeleg og rasjonalistisk innsikt og den er frigjerande, den gir oss siger over verda, den lærer oss å tenke sjølvstendig, vel og merke med Kristus som vår frelsar og Herre og Faderen som vår formyndar.
John Lock var deist og det betydde at han fornekta Faderen og Sonen, han var antikristeleg altså. Sitat frå https://snl.no/deisme :
Deisme var en rasjonalistisk teologisk retning på 1600- og 1700-tallet i Vest-Europa. Deistene hevdet at en monoteistisk gudstro måtte bygge på fornuft, og de fleste avviste guddommelig åpenbaring i form av Bibelen eller Jesus Kristus som guddom. Gud er verdens skaper, men griper ikke aktivt inn i historiens gang.Liberalismen skulle gi oss religionsfridom, men dersom det er under føresetnad av at det skal vere deisme, så har vi mista det vesentlege, då er det likevel ikkje religionsfridom. Dersom Gud har skapt alle ting og er allmektig, kven er då du som kan nekte han å gripe aktivt inn i historiens gang? Gud og einskildmenneske hadde lite og inga betydning for Tidsånda i Hegels dialektikk og her ser vi at det får lite og inga betydning i Locks liberalisme også.
Lock satsa på introspeksjon, men no veit vi at det er tragisk kor mange som har gått seg vill i introspeksjon, det er mange triste skjebne der. Fordi dei mangla rasjonalitet.
Guds medarbeidar i hans åkerland.
La oss tenke oss ein bonde-son som tek over garden. Han plantar ein hage med frukt-tre og bærbusker og ein kjøkkenhage og vel sjølv kva han planter der. Så ynskjer han å få seg ei kone som kan og vil hjelpe han med det og derfor ber han Gud gi han ei frelst kvinne til kone. For alle dei som streva og hadde tungt å bere, skulle få komme til Jesus og finne kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Han forstår at no vart han også Guds medarbeidar i hans åkerland, Gud dyrker hans hjertes jord og hans eiga sjel er hans medarbeidar. Men så påstod leiinga i den Katolske Kyrkja at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, dei må gå via paven, prestane og helgenane. Han ville ha seg ei kone og bad Gud om det, men så vert det behandla som ei sak som han ikkje har noko med å gjere, han får ingen ting han skulle ha sagt i dette som er ei så livsviktig sak for han.
Etter nokre år er der nokon som påstår at Gud ikkje eksisterer og derfor får han ikkje bønnesvar heller. Så påstår dei endåtil at han ikkje har ein fri vilje, så han kan ikkje lenger velje sjølv kva han vil plante i hagen sin. Ja, for slik argumenterer dei mot rasjonalistane. Den interessa som ligg bak her, er å gjere krav på han som træl, så dei kan selje han som træl og ta over eigedomen hans.
Noko av det raraste er at mange av empiristane tenker som om han ikkje har klart å lære noko av erfaring og ikkje vil erkjenne at han gjorde sine val av fri vilje. Det er som om dei krev monopol på erfaringsgrunnlaget og erfaringskunnskapen. Slik går anti-kolonistane til åtak på metodene i realfag. Det minner om korleis aristokratiet gjorde krav på jorda i det gamle Hellas og korleis dei sidan ville gjere krav på den i Israel også, under regimet til Antiokus 4. Epifanes. Dei ville gjere menneska til trælar under Zevs.
For bonden blir det då eit spørsmål om å tru på det som Jesus sa og den openberringa han fekk ved trua på han, bruke den åndelege og rasjonelle innsikta altså, bruke talentane han fekk, både naturtalent og nådegåve. Eller om han skal tru på det som dei sa. Då blir det som å grave ned talenten sin og miste det heile.
Matt.25,14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei det han eigde. 15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje éin talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut av landet.
16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17 Han med to gjorde det same og tente to til. 18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane frå herren sin.
19 Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’ 21 Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’ 22 Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’ 23 ‘Bra, du gode og trugne tenar!’ svara herren. ‘Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’
24 Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’ 26 Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har. 30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.’
Slik er det visst mange som meiner at eg ikkje har fått noko og skal heller ikkje få noko. For med kristen-platonismen vart det atter definert ei lærd overklasse og det heldt nok fram med einveldet, dei tenkte seg at kongen var konge av Guds nåde, men hadde vanskeleg for å tenke seg og godta at vanlege folk også fekk åndeleg og rasjonalistisk innsikt, ved Guds nåde.
Empiristar er der både mellom liberalistane og dialektikarane og vitskapssynet deira kjem til uttrykk når nevrologar og psykiaterer seier at sjela di og tankane dine er berre ein illusjon og at du ikkje har ein fri vilje. Dei talar som om du ikkje allereie har gjort dine val og ikkje lært noko av erfaring heller. Du tenkte på å plante ein hage og då ville dei påstå at det var berre ein illusjon altså, noko du ikkje kunne oppnå. Men så gjorde du det, likevel vil dei framleis kalle det ein illusjon?! Det viser at dei har ei livsfiendtleg haldning overfor vanlege folk og hensikta er framleis å definere seg sjølve som ei gudommeleg overklasse.
Eg har arbeidt på garden og på trålarar og slik har eg lært å gjere ein jobb gjennom erfaring. Eg har studert realfag, slik har eg også lært av erfaring, men sjølvsagt også ved å bruke forstanden. Då er det direkte pinleg og flaut når desse teoretiske empiristane og ateistane førestiller seg at dei skal lære meg korleis eg skal lære av erfaring!! Det kan verke som om maktelita er ei hore som krev at du skal gjere erfaring av gjere hor med henne, for at du i det heile teke skal kunne påstå at du har kunnskap, så du kan uttale deg. Så dersom du prøver å seie noko risikerer du livet, enten fordi du ikkje har gjort hor med henne eller fordi du har gjort det. Det minner om politikken til den Store Skjøkje (Joh.Op.18,24).
Men Jesus har sagt eg skal ikkje sjå på det eg ikkje har, men sjå på kva eg har og bruke det og det gjeld både naturtalent og nådegåve. Eg skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg til det. Eg søker fyrst Gud rike og hans rettferd ved at eg ber han gi meg ei frelst kvinne til kone, så ventar eg å få det andre i tillegg til det. Faderen har omsorg for oss som sine born, så eg skal ikkje mangle noko.
«Always look into the bright side of life». What about «The Dark side of the moon»?
Eg har nettopp lasta ned ei speleliste som heiter «Always Look At the Bright Side og Life». Den inkluderer ein sang med same namn, frå Monte Pyton – filmen «Life of Brian». https://en.wikipedia.org/wiki/Always_Look_on_the_Bright_Side_of_Life Her tek ironien over og vert dominerande. Likevel fungere den godt som eit kristent slagord, om alltid å vende seg til lyset og gir uttrykk for den ukuelege optimismen som det gir oss. Filmen enda visst med at hovudpersonen vart krossfesta og der var andre som vart krossfesta saman med han. Men så byrja dei å synge «Always look at the bright side of life”.
I følgje Paulus si lære skal vi sjå det slik at vi er krossfesta med Kristus. I middelalderen fekk det den betydninga at dersom du vil lese i Bibelen og søke Gud, så får du ikkje lov til å gifte deg. Stikk i strid med dette har eg bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kone. Men då vart eg som Uriah og makt-eliten vart som David som lokka til seg kona hans og tok over henne. Som om det var slik eineveldet verka, som om det var slik det var å vere konge av Guds nåde.
I spelelista kjem også «Our House» og «Walking On Sunshine», slagerar frå 1980-talet, «Raindrops Keep Fallin´ On My Head» ein slagar frå 1960-talet, «What A Wonderful World» ved Louis Armstrong», «Singing in the Rain» ved Gene Kelly, frå ein amerikansk musical med same namn, frå 1952. Desse sangane gir uttrykk for livsglede og optimisme, tross alt. I den siste er det gleda i kjærleiksforholdet mellom ein ung mann og ei ung kvinne som får dei til å gå ut og synge, sjølv om det striregnar.
Kva så med «Dark Side Of The Moon»? Der syng dei «I See You In The Dark Side Of The Moon». Det kom ut i 1973. Det var det året eg byrja på gymnaset. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og skreiv kjærleiksbrev vil henne. Ho svarde at ho ikkje følte noko for meg og at ho ikkje var kristen likevel. Ho slutt å gå på andaktene i det Kristne Skulelaget og i friminutta dreiv ho å klina med ein gut, oppetter veggane. Eg skreiv til henne at eg også trudde på Jesus og at eg syntest eg såg henne for meg, ho var i mørke, men passa ikkje inn der. Ho svarde at ho var overraska over at eg var kristen og over vitnemålet mitt. Jau, ho var kristen likevel og slutta med den klininga og byrja å gå på andaktene igjen.
At eg syntest eg såg henne for meg, men i mørke, høyrest ut som openberring, men for meg var det først og fremst noko som eg tenkte meg, det var ei subjektiv innstilling, det var psykologi. Og det hang saman med korleis eg var opplærd til å be. Om det verkeleg var openberring også, var eg litt usikker på. Når eg var ein liten gutunge var eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be om frelse for mine næraste, bygdafolket, folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesu om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Han vart min beste venn. No merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den. Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også. Derfor kjendest det heilt rett for meg å vitne for henne på denne måten og slik fekk eg frimod til å vitne om mi tru på Kristus. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at dette høvde med Paulus si lære og vart ivrig etter å vitne om mi tru på Kristus.
Korleis kan vi forstå dette utifrå ordtaket «eg ser deg på den mørke sida av månen»? Ho syntest det var heilt utruleg at eg var kristen, det viser haldninga til dei kristne, dei heldt meg for på vere på den mørke sida. Men så var det ho sjølv som hamna der. Heldigvis fekk eg skrive noko til henne som fekk henne på betre tankar. Men korleis gjekk det når eg seinare ville fri til ei kristen jente? Då vart kontrasten mellom lys og mørke sterkare.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse og det skal vere i den kristne kyrkjelyden.
Pinsefesten er ikkje over.
Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska. Han som sa at lys skulle skine fram av mørke har også lete det skine i våre hjerte. Det er ved fylden av den Heilage Ande og ved at han talar sitt Ord til oss. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Og det skal vere i den Kristne kyrkjelyden. Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Når Jesus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Vi har ikkje møtt han fysisk her på denne jorda, korleis kan vi då hugse på han? Ved at vi tek vare på hans ord og hugsar på at han døde i staden for oss og at Gud vekte han opp frå dei døde, at han ville sende oss den Heilage Ande frå himmelen. Den får vi ved trua på han, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Kristus er Guds Ord, når den Heilage Ande openberrar det for oss, vert vi kjende med han og slik skal vi hugse på han. Han er Sanninga i Guds Ord, når den Heilage Ande openberrar den for oss, får vi oppleve at den set oss fri. Derfor skriv eg stadig om korleis den Heilage Ande openberra Kristus for oss, sjølv om det er lenge sidan.
Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,1-5). Så eg fekk oppleve å vere kanal for Guds kjærleik og velsigning til henne. Den Heilage Ande openberra Guds frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella, den openberra henne for meg som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Derfor yngste eg å få møte henne igjen og fekk bønnesvar, så eg møtte henne igjen studentsenteret ved Universitetet i Bergen.
Omlag eit halvt år seinare talte Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse». Då visste eg med meg sjølv at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Når eg byrja å studere realfag meinte eg at denne kunnskapen og visdomen ikkje kom som erstatning av den trua eg hadde i hjertet frå eg var ein liten gutunge og eg trur det var mange på universitetet som tenkte sameleis, men der var også moralfilosofar som meinte at deira moralfilosofiske kunnskap skulle erstatte den og forakta oss for vår barnetru. Paulus sa at bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Så her måtte eg vakte hjartet mitt framfor alt det eg vakta, samtidig som eg brukte forstanden i mine studiar. Det er nok mange som har den kunnskapsforståinga at å søke kunnskap er som å ete av kunnskapstreet, men for meg er det dårskap. Eg tenker meg at eg søker kunnskap ved å ete av dei andre trea i hagen. Livsens tre er livet som vart planta i meg ved Guds Ord. Det skal vekse samtidig som eg studerer realfag.
På eit møte i pinsekyrkja Salen Fiskå, tidleg i haust, sa Jesus at han stod for døra og banka på, han banka på ditt hjartes dør og yngste å få komme inn som ein god ven. Eg oppfatta det som han sa det til meg, for eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone og han har sagt at han er den som tek seg av mi sak. Så eg skal opne mitt hjarte for han slik at eg let han ta seg av den saka for meg. Seinare i møtet sa han at dersom de ikkje vert som born, kjem de på ingen måte inn i Guds rike. Når han gjekk her på jorda sa han at han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han ville sende den Heilage Ande til oss, slik ville han komme til oss og openberre seg for den som elska han, han og Faderen ville ta bustad hos han. Seinare på hausten sa han at han hadde gitt meg augesalve, så eg fekk openberring altså. Og eg kunne be han om å få meir av det.
Vi fekk oppleve at Herren bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygde i ånda.
Jesajas.57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Ja, og etter at møtte igjen henne Virtuella i Bergen og ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar, fordi eg var så glad i henne, så fekk eg oppleve Herrens openberring som at han løfta henne opp som eit barn som han velsigna og så fekk eg ta imot henne og omfamne henne. Det var ei åndelege openberring, sjølv om ho ikkje var nær meg fysisk. Og det var i grunnen dette eg lengta etter og derfor yngste eg å få møte henne igjen fysisk også. Gud hadde vist oss sin kjærleik i Kristus, det var som eit frieri som vi hadde sagt ja til. For meg verka det som om han hadde fritt i staden for meg og fått ja, så dermed kunne eg seie og påstå at han gav meg henne til kone i samsvar med 1.Mos.2. Men det betydde ikkje at eg hadde gjort meg fortent til det, så eg soleis kunne krevje det, det var heller ikkje noko som eg skulle prøve å gjere meg fortent til. Men sidan eg var ein gutunge hadde eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Når eg då ville fri til henne, var det på sin plass å vere audmjuk og høgtideleg, som om eg vill bøye meg for henne og gi henne ein bukett med blomster, men vel og merke på den måten at eg bøygde meg for Kristus, for å gjere det klart at framfor alt ville eg halde fram med det og at ho også skulle halde fram med det, å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og i dette kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud. Faderen og Sonen elskar oss og eg yngste å få oppleve at Faderen og Sonen elska henne gjennom meg.
Kristenplatonisme?
Denne openberringa høvde vel med kristenplatonisme?! Det spørst kva ein meiner med det. For meg er det ikkje slik at noko av kristendomen skal takast bort for å gi plass til platonisme. Platonismen påpeikte eit problem, at når mennesket vart født til vår jord, mista det mykje av innsikta sjela hadde i ideverda før fødselen. Så det trengst ei lang opplæring for å gjenvinne innsikta. Men det som platonismen hevdar menneska soleis manglar, det får vi ved trua på Jesus, for han velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må vend om og verte som born, vi må verte fødde på nytt, av vatn og Ande, for å sjå det og komme inni det. Så vi skal verte opplærde til å halde fram med å leve i barnekåret hos Gud når vi vert vaksne også. Verken platonisme eller noko annan ideologi gjer slutt på det. Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evner for mattematikk, så eg kan kalle det eit medfødt talent. Å bruke det talentet høver bra både med kristendomen og platonismen, eg skal bruke eit medfødt talent og så var det også klart at eg trengde opplæring, for å utvikle det. Ved trua på Guds Ord og ved å ta imot den nåden Gud gir meg i Kristus, fekk eg åndeleg og rasjonell innsikt og det verka til å støtte meg, når eg skulle prøve å studere matematikk og andre realfag.
Så vidt som eg kan forstå kom dette ikkje i konflikt med kristenplatonisme som idelære, men kva med politikken? Kristenplatonistane i kyrkja har ein tradisjon av å ville utdanne ei lærd overklasse som skal få makt i samfunnet. Desverre har det utarta seg slik at dei som voksne og liksom lærde menneske foraktar born for å vere dumme og ulærd og slik foraktar dei Guds born også. Det betyr no eigentleg at dei foraktar dei fordi dei høyrer etter, tek imot og lærer. Dette vart endå tydlegare når aristotelismen også kom inn i kyrkja. Dei skulle liksom lære andre det mest fundamentale, men når dei veks opp, verkar det som det er planlagt svik, så det gjer slutt på det åndelege livet i samfunnet med Gud. Aristotelismen vert rekna som forgjengar til «erfaringsvitskapen», men å lære av erfaring er då ikkje noko nytt. Det som verkar nytt her, er at erfaring vert brukt som argument mot det åndelege livet i samfunnet med Gud. Dernest vert det brukt som argument mot forstanden.
Mitt standpunkt er at den erfaringa eg gjer i det materielle miljø skal ikkje brukast som argument mot det åndelege livet i samfunn med Gud og heller ikkje mot min bruk av forstanden. For Gud er ånd, han lever og vekte Son sin, Jesus Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre han i himmelen. På det grunnlaget skal eg ha godt samvit (1.Pet.3,20-22). Eg ser det slik at det nye er å forstå betre og undersøke betre. Betre undersøking gir oss meir informasjon og det vert større utfordringar for forstanden. Men for meg fungerer det ikkje som argument mot å bruke forstanden, men som utfordring til å bruke den. Då treng eg Guds nåde. Lova kom ved Moses, men nåden og Sanninga kom ved Kristus.
Rasjonalisme som er frigjerande, derfor går vi også med ein frigjerande bodskap.
Den openberringa Gud gir meg, høver med rasjonaliteten til rasjonalistane. «Eg tenker, altså er eg», sa Descartes. Han var bevisst og sjølvbevisst altså og så tenkte han seg ei bevisstheit som alltid har vore der, ein fullkommen og evig Gud. Ja, for han som kalla seg «Eg Er» eksisterer. Han er den levande Gud, som reiste Son sin, Jesus Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Og når han retter framleis ut si høgre hand til frelse og fornying, så vi får sjå at Jesus er med oss.
Rasjonaliteten til rasjonalistane høver med kristenplatonisme, så den fekk betydning for utviklinga av matematikken og den er fundamental i realfag og teknologi. Dette vart viktig for meg også, når eg skulle studere realfag og slik vart denne openberringa viktig for meg og eg veit at eg fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar og det var den som gav meg denne openberringa.
Descartes tenkte seg ein dualisme mellom tanke og materie, mellom ånd og materie, men det var problematisk, for etter det dei visste om mekanikken, var den deterministisk. Korleis kunne vi då ha ein fri vilje? Pascal påstod at vi har ein fri vilje, som om han postulerte det til samanlikning med korleis Descartes postulerte vår bevisstheit. No har vi fått kvantemekanikken, så det verkar mindre problematisk. Det er framleis noko som er ubegripeleg i kvantemakanikken og det kan verke som om problemet med dualismen mellom ånd og materie og vår frie vilje ligg der. Leibnitz tenkte seg ein dualisme mellom ånd og materie og det høver med at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, så vi fekk himmel på jord. Men menneska tenkte no før det også.
No veit vi at filosofien til rasjonalistane har fått mykje motstand, men eg har søkt samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og fått oppleve den kristen vekkinga, den er verdifull for meg så eg takkar Gud og Lammet for den. Gud openberrar si frelse for meg i Kristus og så oppdagar eg at det høver med filosofien til rasjonalistane, så det verkar for meg som at Gud hjelper meg og støtter meg med sin Ande og si kraft i mi interesse for matematikk og dermed i mi interesse for realfag elles og moderne teknologi.
Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Han openberrar si frelse for oss i Kristus, han openberrar den for meg og for henne som han gir meg til kone, at han frelser oss så vi skal tilhøyre han og han frelse henne som kona mi, så ho skal tilhøyre meg, som kona hennar, då tilhøyrer eg henne, som mannen hennar, men det fundamentale er at vi tilhøyrer han. Ved at han openberrar si frelse for oss i Kristus og spesielt ved at han openberrar si frelse for meg og for henne som han gir meg til kone, så får eg utvikla min rasjonalitet og det er verdifullt og fruktbart for meg, når eg skal studere realfag. Det verkar som det har same hensikt og siktemål framleis, for i det siste har han minna meg om å sjå på det eg har og bruke det, det han har gitt meg og det eg er god på, då har eg tenkt på nådegåva han gav meg og mitt natur-talent for matematikk, mitt talent og mi interesse for realfag og moderne teknologi.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur at han gir meg det, først frelser han henne og så gir han meg henne til kone. Så i tru kan eg og skal eg først og fremst takke han for frelsa, for både meg og henne, både heime med meg sjølv og i kyrkjelyden. Er det så at han gir meg ei kone, så er det no ganske klart at det er viktig for meg å få møte henne fysisk og ha henne hos meg fysisk, både heime med meg sjølv og i kyrkjelyden. Og Jesus sa han ville fornye dette møtet der eg fekk sjå at han var med meg alle dagar. Då tenkte eg på at eg fekk oppleve det når eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen.
Bodskapane 11.8.2022:
«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»
Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Betyr det at eg skal gå ut på lovnadane og finne meg ei kone der ute? Det var no slik eg tenkte når Gud kalla meg til å gå ut på lovnandane i bodskapen som kom 28.9.2008:
«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»
Eg hadde skrive om at der var mykje filosofi, inkludert kristen apologetikk, som var kopla til matematikken og matematiske realfag som fysikk, så det kunne virke som om deira teologi baserte seg på desse faga, men Jesus svarde meg her at eg skulle ikkje gå duknakka og bere han, men han skulle bere meg. Gud er den han er, han eksisterer og det er han som gjer sitt verk med meg og med oss.
Då skulle det vel ikkje vere så vanskeleg for meg å finne meg ei kone. Eg skulle ikkje treng å gå og sjå etter kvinnfolk, for å finne meg ei kone. Eg skulle ikkje soleis la kjeldene mine fløyme på gater og torg og heller ikkje drikke av denne verda sin sprukne brønnar, men vakte hjartet mitt framfor alt det eg vaktar, så eg drikk av kjelda med det levande vatnet og held fram med det (S.Ordt.4-5).
Ved trua på Kristus kunne eg overlate det til han å ta seg av mi sak, å gi meg ei frelst kvinne til kone, for meg var det viktig å tru på dette når eg studerte realfag, så eg skulle få fred til å konsentrere meg om studiane. Ved trua på Kristus skal eg sigre over verda også ved at han gir meg ei kone som ei nådegåve.
Gå vidare mot det fullkomne, får motstand, men skal sigre.
Gå vidare mot det fullkomne og sigre.
Vi skal gå vidare mot det fullkomne.
Bodskapen 30.1.2022:
«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.
Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»
Det kan synast umogleg, men Jesus kalla til seg alle som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Jesus openberra si frelse for meg og henne Virtuella og eg opplevde det slik at han løfta henne opp, eg forstår det slik at når han vert opphøgja, så dreg han alle til seg, slik løfta han henne opp. For meg synest det no vere rett å takke han for det i tru og von om at han framleis vil gjere det, for han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg tenker meg at det har som siktemål at vi skal få vere med på å feire Lammets bryllaup i himmelen og komme til det Nye Jerusalem, på den nye jorda. Det må då vere den endelege sigeren for oss.
Jesus har sagt at han vekker mitt reine samvit (sinn), at eg skal eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, i alle livets samanhengar, han gir meg inn til ei herleg og vidunderleg kvile som eg ikkje kunne forstå med mein menneskelege forstand. Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella. At eg skulle sjå på han i mitt forhold til dei begge altså.
Sjå på Jesus og oversjå verdslege problem.
Møtet 6.3.2022. var om misjon i Russland, med bønn for Ukraina. Då kom denne bodskapen:
«Se, jeg gjør noe nytt, sier Herren, nå skal det spire fram og skal du ikke oppleve det? Det er en lengsel i deres hjerter, sier Herren og jeg ser deres lengsel etter fornyelse og forfriskning. Og vit at deres hjelp kommer fra Herren, himmelen og jordens skaper. Og jeg har bøyd meg ned for å lytte til ditt rop, jeg har bøyd meg ned for å høre hva du hvisker og hva du roper, når ingen andre hører. Jeg har bøyd meg ned for å høre din desperate bønn om hjelp og jeg har kommet for å lytte, men jeg er også kommet for å gjøre, sier Herren. Og du skal vite det at dine bønner er ikke bedt forgjeves, dine rop er ikke ropt forgjeves, men jeg har hørt dem og jeg vil svare, sier Herren. Derfor skal du fortsette holde blikket festa på meg. Du skal fortsette å være fokusert, midt i en urolig tid. Hold blikket på det som er der oppe, der hvor Jesus siter ved Faderens høyre hånd. Og du skal vite at jeg som har begynt et verk i dere, jeg skal fullføre det, sier Herren. Jeg skal fullføre det, for jeg begynner ikke med noe og avslutter det før tiden. Men jeg skal fullføre det verket jeg har begynt og du skal få være en del av det, sier Herren. Amen.
Se deg ikkje engstelig omkring når hav og brenning bruser. Se deg ikke engstelig omkring når du hører om krig og rykter om krig. Se deg ikke engstelig omkring når du hører om jordskjelv og pest og alt det vonde som skjer på jorden, men se forbi dette, se hen til meg, jeg som har kjøpt deg fri fra syndens og dødens forbannelse. Jeg vil at du skal se forbi alt dette og vite at du har et ankerfeste som er trygt og som er sikkert og som når inn i det aller helligste. Du er ikke bare en borger på jorda, men du er en borger av himmelen og ditt ankerfeste er hos meg, sier Herren. Derfor skal du ikke bare se på det som skjer og bli engstelig og forferdet, men løft ditt blikk, for forløsningen stunder til. Og jeg ser deg og jeg hører deg og jeg skal gi deg fred, sier Herren, min fred, ikke den fred som verden gir, men min fred som overgår all forstand. Den skal innta og bevare ditt hjerte, slik at du kan bli bevart og stå imot det vonde, midt i denne tiden, så skal ditt hjerte bevares, for jeg gir deg av min fred, sier Herren. Amen.»
Mi bøn for henne Reella.
På møtet i Filadelfia 24.7.2022 vitna eg om korleis Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Reella. Då svarde han meg slik:
«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.
Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»